God opning for Lykkeriet

Transcription

God opning for Lykkeriet
MÅNADSNYTT FRÅ FJORDHAGEN – KNUTEPUNKT FOR REGIONAL NÆRINGSUTVIKLING – NR. 7 l 17. OKTOBER 2014
HELSEKLYNGEPROSJEKTLEIAR TILSETT
Egil Ove Farstad er tilsett i Fjordhagen AS
som prosjektleiar for eit
1-årig forprosjekt for
helseklynga
Muriparken.
Han tek til
i stillinga 3.
november.
Egil
Ove er 44 år og busett i Ålesund.
Han har dei siste sju åra jobba
som leiingskonsulent og intern
konsulent innanfor fagområdet
kvalitetsarbeid og prosessforbetring
i selskap som Ulsteingruppen, Novo
Consult og CoPro Live. Han har
også bakgrunn som konsulent, har
erfaring med prosjektleiing innanfor
IKT og har nøkkelkvalifikasjonar
innan prosjektleiing, kvalitets- og
prosessleiing.
Han er sterkt motivert og gler
seg til å ta fatt på denne jobben
som han karakteriserer som spennande og utfordrande.
SKAL – SKAL IKKJE?
Går du med planar om å starte
eiga bedrift? Har du behov for meir
informasjon om kva dette inneber?
Onsdag 5. november arrangerer vi
kurset «Starte bedrift – skal, skal
ikkje» på Nilsgardstunet i Stordal.
Dette kurset vil hjelpe deg godt på
veg til å ta den endelege avgjerda.
Kurset gir deg innsikt i kva som
krevst for å starte bedrift, både
personleg og formelt. Her får du råd
om korleis du skal gå fram, og kven
som kan hjelpe deg i etableringsprosessen.
For meir informasjon og
påmelding, gå inn på www.hoppid.
no og klikk på Gründerkurs. Her
finn du både dette kurset samt
andre nyttige kurs for gründerar. Du
kan også gå inn direkte via denne
linken: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Regional-og-naeringsutvikling/hoppid.no/Gruenderkurs/
(event)/75920
GARN OG GODBITAR: Garn er eitt av hovudsatsingsområda til Lykkeriet. Du kan kjøpe ein strikkepakke med garn KAFFIBAR: Bente Elisabeth Skarbø serverer god,
og oppskrift, eller berre velje nøste etter eiga lyst.
norskbrend kaffi med eksklusiv sjokolade til.
MÅNADENS GRÜNDER:
God opning for Lykkeriet
– Eg har alt omsett for ein
tredel av det som eg har
budsjettert med i år, seier
den ferske butikkeigaren om
den første veka.
Laurdag 4. oktober opna Bente
Elisabeth Skarbø dørene til Lykkeriet Garn og Godbiter i lyse og
lette lokale på Grandane i Valldal for
første gong.
Opningsdagen var travel med
fleire ekstrahjelper i butikken, men
til vanleg er det meininga at Bente
skal stå i butikken åleine.
– Eg har fått gode tilbakemeldingar sidan opningsdagen, og mange
kundar seier at dei vil kome att. Her
er mange fine sanseinntrykk, og eg
ynskjer å gje ei heilskapsoppleving
med syn, lukt og smak – at alle
sansar vert stimulerte. Eg håper
kundane synest det er godt å kome
hit.
LAGA NAMNET SJØLV
Lykkeriet er eit namn dei færraste
har høyrt før.
– Det er mi oppfinning. Då eg
googla det, fekk eg ingen treff.
Namnet spelar på garnlykke og
gleda med å skape ting. Dessutan er
eg glad i kaffi og gode kaker. Det får
endorfinane til å strøyme, seier ho
som har bakgrunn som sjukepleiar i
psykiatrien.
NORSK PROFIL
Bente ynskjer å profilere norske og
lokale varer så langt det går.
– Kaffi og sjokolade er vidareforedla her i landet og mykje av garnet
kjem frå nabokommunen Rauma.
Eg vurderer òg å ta inn pesto, olivenolje og liknande etter kvart.
I tillegg sel ho interiørvarer frå
den danske produsenten Green
Gate, som er så populær at mange
kundar kjem langvegs frå for å
kjøpe varene deira. Barneklede i god
kvalitet kjem frå produsentar som
Devold og Hust & Claire.
– Eg har fire born, så eg har sett
at det løner seg å kjøpe kvalitetsklede.
Før ho starta opp, hadde ho
ein plan om kva varer ho ville ha i
butikken.
– Men det er mykje å velje i, så
det er nødvendig å reise på messer.
AKTIVITETAR OG NETTBUTIKK
Lykkeriet planlegg å ha strikke-
kafé og andre aktivitetar knytte til
handarbeid. Snart skal ei strikkebok
lanserast der.
Etter nyttår har ho planar om
å opne nettbutikk med felles lagerstyring med butikken. Då kan
nettkundar kjøpe alt frå eitt enkelt
garnnøste til pakkeløysingar frå
sofaen.
HOPPA I DET
Då Bente innsåg at ho ikkje kunne
halde fram i den jobben ho hadde,
vart ideen om å starte butikk dregen
fram att.
– Skal det skje, så må det skje
no, tenkte eg, og fekk støtte frå
mannen min som sa: ”Sett i gang!”
Eg har ikkje tort før og hadde heller
ikkje same høve til det som no, seier
Bente og kallar seg heldig.
Ho skryter òg av hjelpa ho har
fått i Fjordhagen, og kursa dei tilbyr.
– Å starte for seg sjølv krev mykje. Fjordhagen har hjelpt meg med
detaljar, budsjettering, forretningsplan og kundegruppeananlysar. Det
er nyttig å ha tenkt gjennom planane skikkeleg, ikkje minst forventningar ein har til seg sjølv òg. Kursa
i merkevarebygging og netthandel
var midt i blinken for meg!
TRYKKJEKLARGJERING: TIRILTUNGA AS
Bedrifter i næringshagen:
Fjordhagen AS
Hjelme Web ENK
Norddal Eigedomsselskap KF
Næringsavdelinga i Norddal kommune
Stiftinga Kraft- og skredsenter i Tafjord
Trollbinding AS
Nord-Vest Revisjon AS
Valldal naturopplevingar AS
NY SØKNADSPROSEDYRE
FOR NÆRINGSFONDET
Styringsgruppa i prosjektet Vekst i
Stordal har teke over sakshandsaminga av næringsfondsøknader i Stordal
kommune. Søknadane vert framleis
handsama fortløpande, men søkjar må
sende inn søknad via www.regionalforvaltning.no med ein god prosjektomtale
og realistisk budsjett. Endeleg vedtak
om kven som får støtte, vert fatta i
første moglege styringsgruppemøte for
Vekst i Stordal etter at søknad er sendt
inn. For nyetableringar vert støtte berre
gitt til søkjararar som har gjennomført
gratis oppstartssamtale med hoppid.
no kontoret for Stordal kommune. For
meir informasjon, kontakt prosjektleiar
Harald Espeland på epost: espeland@
tibesamfunn.no
NY BEDRIFT I FJORDHAGEN NÆRINGSFORUM
Vi ynskjer Stiftinga Kraft- og skredsenter
i Tafjord velkomen som ny bedrift i Fjordhagen næringsforum. Gro Marita Valdal
er dagleg leiar for senteret som skal vere
eit spennande og framtidsretta senter
med fokus på læring og opplevingar
knytt til energi og skred.
NYTTIG TEMAKVELD
OM NETTHANDEL
Torsdag 25. september hadde vi open
temakveld om det å drive nettbutikk,
og 17 personar deltok. Martin Foldal frå
Sunnmøre kulturnæringshage og drivar
av nettbutikken www.gitarist.no delte
av si erfaring og kom med gode råd
og tips til dei frammøtte. Det som er
viktig å tenkje over, er at når du startar
nettbutikk, har du aldri fri. Butikken
må alltid vere open. Stengjer du han eit
halvt år, må du starte opp att frå null
kvar gong. God produktpresentasjon,
god kundeservice og rask utsending er
viktige kriterium for å lukkast. Og har du
ein fysisk butikk i tillegg til nettbutikken,
er det ein fordel.
Deltakarane fekk med seg mykje
nyttig kunnskap, og vi ser ikkje vekk frå
at det vil dukke opp ein og annan lokal
nettbutikk i nær framtid. Kom gjerne
med innspel
til aktuelle
temakveldar
– vi har fleire
dyktige fagfolk i hoppid.
no nettverket
vårt!
Bedrifter i Fjordhagen næringsforum:
Alternativ Terapi ENK
Juvet landskapshotell
Duo Bygg AS
Kulå Bowling AS
Eidsvatnet hyttegrend DA
Muritunet AS
Gjerde Camping
Norddal Rekneskapskontor AS
Gjerde Entreprenørdrift AS
Nord-Vest Revisjon AS
H.L. Muri AS
Omenås Hyttegrend AS
Hovden Bygg AS
Petter Lingaas ENK
Indreeide Mek. Verkstad AS Rempro AS
Jemtegård Feriesenter ENK
Sparebanken Møre
Stall Bjørstad
Stiftinga Kraft- og skredsenter i Tafjord
System-Electro Norddal AS
Vika servicesenter AS
Valldal Grønt AS
Valldal Høvleri AS
Valldal Kailag AS
Nyttige adresser:
www.fjordhagen.com
www.hoppid.no
www.innovasjonnorge.no
www.kvinnovasjon.no
www.ue.no
www.altinn.no/no/starte-ogdrive-bedrift
Følg Fjordhagen på Facebook!
http://www.facebook.com/Fjordhagen
Kveldsmat frå mange land
«Kveldsmat frå mange land»
vart ein suksess som bør
takast opp att.
Tysdag 23. september var det klart for
kveldsmat på Røde Kors-huset i Eidsdal.
Dørene opna kl 18. Gjertrud Melchior
ynskte alle velkomne på vegner av
Eidsdal/Norddal Røde Kors som hadde
lagt ned ein imponerande innsats i å
dekke og pynte bord og lage til eit norsk
tradisjonsmatbord med lokale produkt.
16 NASJONALITETAR
Døropnar Agnieszka Jemtegård
ynskte deretter velkomen på vegner av
Døropnartenesta, Norddal kommune
og Fjordhagen og takka for den store
innsatsen til dei som laga maten. 30
representantar frå ulike nasjonar i
Norddal kommune stilte opp og laga
smaksprøver av kveldsmatrettar frå sine
land. Så mange som 16 nasjonalitetar
var representerte, og det var om lag 50
rettar på borda.
Det var laga til 87 sitjeplassar då
dørene opna kl 18, men dette vart snart
for lite. Fleire stolar og bord måtte
setjast opp i kvar ei ledig krå, og i løpet
av kvelden hadde over 130 personar vore
innom. Det var svært gledeleg å sjå at
MYKJE GODT: Mat frå mange nasjonar stod på kveldsmatbordet på Røde Kors-huset i Eidsdal. Foto: Caren
Evers Koesling
innbyggjarar frå alle bygdene i kommunen hadde tatt turen og praten gjekk
livleg rundt borda.
Næringssjef i Norddal kommune,
Toralv Klokkehaug takka for den gode
maten og takka også innflyttarane for
at dei har kome hit og blitt verande.
9,7 prosent av dei 1739 innbyggjarane i
Norddal kommune er innvandrarar og
norskfødde med innvandrarforeldre. Det
er viktig med møteplassar der folk kan
kome saman, prate og ha det kjekt.
FAST ARRANGEMENT
«Kveldsmat frå mange land» var eit
veldig positivt tiltak, ein suksess som
må gjerast som eit fast arrangement.
Det kan vere forskjellige tema for ein
slik kveld med mat i fokus. Mange har
alle reie meldt seg som bidragsytarar til
neste gong.
Møre og Romsdal fylkeskommune
har vore med å støtta arrangementet
gjennom prosjekttilskot frå IMDImidlane.
NORDDAL KOMMUNE
GRØN FJORD-PARTNAR
GOD
STEMNING:
Nøgde kursdeltakarar
diskuterer
merkevarer.
Foto: Mette
Fagerli
«VEKKINGSMØTE» PÅ JUVET LANDSKAPSHOTELL
Den 2. og 3. oktober arrangerte Fjordhagen AS workshop i merkevarebygging
med Mette Fagerli frå Merkeledelse,
denne gongen i samarbeid med Nordveggen AS i Rauma. Målgruppa denne
gongen var gründerbedrifter som driv
innan opplevingsnæringar. Mette er ein
anerkjent og svært dyktig foredragshaldar i emnet, og ho kunne gi deltakarane
nyttig informasjon om korleis utvikle
attraktive og unike produkt og tenester.
Fokuset var konkurransekraft gjennom
marknadsorientering, og det å vere
bevisst på kva vi lovar kundane våre.
13 bedrifter deltok og fekk med seg to
lærerike dagar i vakre omgjevnader
på Juvet landskapshotell i Valldal.
At deltakarane var nøgde, ser ein av
tilbakemeldingane: ” Kan betegnes som eit
vekkelsesmøte. supre deltakere, kursleiar og
hjelparar. Mette; Noone above noone beside,
you are the champion Takk”.
Kommunestyret vedtok 2. oktober at
Norddal kommune skal bli partnar i
Grøn fjord 2020. Stranda kommune
har allereie gjort vedtak om å bli
partnar.
Grøn fjord er ei samarbeidsrørsle som skal skape berekraftig
utvikling av menneskeleg aktivitet i
verdsarvområdet Geirangerfjorden
med omland.
Rekrutteringa av partnarbedrifter
er i full gang. Er du interessert i å
teikne partnarskap, ta kontakt med
Fjordhagen AS som hjelper til med
mobiliseringa.
Partnarar får tilbod om deltaking
i miljøsertifiseringsprogram og blir
kontakta og følgde opp framover.
Det kostar ikkje noko å vere medlem.
Innsatsen legg du att i di eiga
bedrift. Eit årleg steg mot visjonen
«Sporlaus ferdsel» er nok.