Den store låvereisa
Transcription
Den store låvereisa
Landbruk Nordvest Ringreven 4/2014 Den store låvereisa Tekst: Gerd Gunnerød Den karakteristiske låven har preget det norske kulturlandskapet i over hundre år. På det meste hadde vi over 200.000 av de - stavreiste store og små bygninger plassert noen titalls meter fra det hvite våningshuset. Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Eva Røyrane har reist gjennom alle fylkene for å dokumentere det svært mangfoldige norske låvelandet. Resultatet er ei praktbok, som med sine 564 sider og over tusen foto er det største verket som er laga om denne delen av norsk kulturhistorie. Forfattar og fotograf har oppsøkt både særegne og representative låver landet rundt. De presenterer mangfoldet fra velholdte til forfalne låver og fra tradisjonelle til arkitekttegnede låver. De viser nyere tids spesialiserte driftsbygninger og gamle landbruksbygg som har fått nytt innhold gjennom nye former for næringsvirksomhet. Boka er således et referanseverk som viser de mange ulike geografiske variantene, de arkitektoniske kvalitetene og kulturminneverdien til denne bygningen. Låven har vært et landemerke i det norske kulturlandskapet i flere hundre år og er et signalbygg som viser den sentrale posisjonen bonden og landbruket fremdeles har her i landet. Boka er en honnør til låven, den gamle sliteren som har blitt stående i skyggen av verneverdige våningshus og dekorerte stabbur. Dette brukshuset har vært med på å forme kulturlandskapet landet rundt. Vi kan ikke forestille oss norske bygder uten røde låver. Men vi ser at mange av disse uthusa nå blir borte, mens andre står til forfalls. Derfor mente vi at det var på tide å dokumentere denne delen av bygningsarven, sier Røyrane. 3. 2. 1. 6. 5. 9. 7. 10. 4. 8. 11. 12. Låvene fra følgende kommuenr: 1. Surnadal, 2. Rauma, 3. Rauma, 4. Nesset, 5. Nesset, 6. Sunndal, 7. Valldal, 8. Nesset ,9. Nesset prestegard, 10. Sunndal, 11. Rauma, 12. Rauma. 66 Landbruk Nordvest Ringreven 4/2014 Underverket i Valldal Tekst Eva Røyrane, Norges Låver På Framgarden i Valldal ligg eit kunstverk av ei låvebru. Bonden brukte sju år på å bygga henne. Snigleforma og vel fire meter brei ligg køyrebanen der, slakt skrånande i ein mjuk sving frå tunet og opp til låvebrua som endar i ein mura kvelving i nordre løegavlen. All steinen til løa og den gedigne låvebrua henta bonden i Framgarden, Lars Petter Olsen Valldal, oppe i f jellsidene over Valldal. Ein del stein drog han heim på kuskinn, men han brukte også ein spesiallaga slede. Ved løa bygde han eit apparat til å løfta stein med. Då jobben var gjord, passerte bygdevegen til gardane i Øvre Valldal gjennom den vakre steinkvelvingen. Framgards-Lars Petter bygde først løa, ein driftsbygning heilt utanom det vanlege den gongen i 1885. Han fekk laga både gjødselkjellar og eige rom til den flytande gjødsla. På denne tida hadde bønder flest møka liggande i ein dunge på utsida av fjøsveggen. Bonden i Framgarden monterte drikkekar i fjøset lenge før det var vanleg med springvatn i bustadhusa. Han henta inn vatn t il dyra ved hjelp av ei trerenne utan frå. Fjøset var romsleg og forseggjort med kvitmåla, høvla bord i taket. Som golv i fjøset la han tre-fire meter lange steinheller attmed kvarandre og ståande skiferheller som skilje mellom båsane. Men løa blei litt lågare enn bonden hadde planlagt. Bygningsmennene som kom til gards for å reisa det nye uthuset, tykte det fekk vera måte på stor løe, og kappa litt av lengda på alle grindane. Dette ergra Lars Petter Olsen Vallda l seg over resten av livet. Denne innovative bonden i Norddal 67 kommune likte betre å bygga og vera produktutviklar og handverka r enn å driva garden. Det overlet han til kona Lisbet. Det seiest at han ikkje kjende sine eigne kyr, og at han ikkje eingong mata hesten. Men han brukte mykje tid på grøfting og planering for å legga til rette for det som var moderne jordbruk på den tida. Blant oppfinningane hans var ein spreiar for flytande gjødsel, slik kunne han byrja med gylle før alle andre. Han laga sledar og vogner, spadar og andre reiskapar til garden. Alle dørhandtaka i løa var laga av dreia reinsdyrhorn. Oppe på lven hadde han eit system av knaggar langs veggene. Han la troer på knaggane og tørka høy på desse innandørshesjene når veret var for vått i onna. Framgards-Lars Petter vart beundra for sin praktiske sans og sitt svært gode handlag.
Similar documents
Forsvarets forum
Uansett hendingsforløp – det er eit historisk vedtak, og det kjem til å vere ein milepåle i likestillingshistoria – slik Lars Peder Brekk oppsummerte det frå talarstolen på Stortinget. Som tilsette...
More informationGjødselhåndbok 2014/2015 - the Yara Brand Library.
derfor fortrinnsvis at bladanalyser tas ut av rådgivere i Norsk Landbruksrådgiving. Rådgiverne er også sentrale ved tolkning av analysesvarene fra Megalab, og påfølgende rådgiving. Skifteplan bruke...
More information