Klauva via Strandstøylen som PDF

Transcription

Klauva via Strandstøylen som PDF
ut.no/tur/2.17229/
UT.no
KLAUVA VIA STRANDSTØYLEN 
Type:  Fottur, fjelltur
Lengde:  Ca. 3,9 km
Varighet:  2 timer, 30 minutter
Gradering:
Middels
1
2
Passer: Barn
Område: Breheimen med Jostedalsbreen
Sesong:
mai
jun
jul
aug
sep
okt
Utsikt frå Klauva mot Skei
Foto: Anne Cecilie Kapstad
Anne Cecilie Kapstad
13 turforslag
Med berre sine 847 moh er likevel Klauva ein
markant topp langs Jølstravatnet. Fjellet
er godt synleg frå både Skei og Vassenden.
Denne ruta startar ved austlegaste garden på
Strand. Du startar på traktorveg som går i
bratt terreng heilt opp til Strandstøylen på
ca 600 moh. Traktorvegen er eigna for sykkel.
Frå støylen går du på sti i noko myrlendt
terreng. Etter å ha tatt første høgdene frå
støylen kjem du opp på ei flate der du blant
anna går forbi ein enorm steinblokk som vert
kalla "Jakobssteinen". Det er rydda skog
rundt denne slik at steinen er godt synleg
frå gardane på Strand.
Stien går vidare i noko flatt terreng, før du
så byrjar å ta siste stigninga opp mot
toppen. Her vert terrenget tørt og fint å gå
i. På veg mot toppen får du flott utsikt mot
Ålhus, Nonsnipa og Vassenden i vest. På
toppen flatar terrenget ut, og du må gå litt
i flatt terreng før du kjem til
utsiktspunktet der du ser ned i Sandalen
under deg, og "heile" Jølstravatnet inn mot
Skei.
Det er bok som ligg i ein boks i ei postkasse
på toppen av Klauva!
Opp til støylen: ca 30-45 minuttar. Gradert
som enkel tur.
Frå Jølstravatnet og opp til Klauva: ca 1 t 1,5 time. Gradert som middels tur.
ADKOMST
Køyr fylkesveg 451 langs sørsida av
Jølstravatnet. Turstart rett etter
austlegaste garden på Strand .
1. Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her: http://www.ut.no/artikkel/1.6678864/
2. Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her: http://ut.no/artikkel/1.8404239/
ut.no/tur/2.17229/
UT.no
▸
▸
▸
▸
▸
▸
▸
▸
▸

Ekvidistanse: 20m
300 m
Leaflet | © Kartverket
Fylke: Sogn og Fjordane
HØYDEPROFIL
1 000
750
500
250
0
0,0 km
0,5 km
1,0 km
1,5 km
2,0 km
2,5 km
3,0 km
3,5 km
Sist oppdatert: 08.06.2016
Klauva via Strandstøylen av Anne Cecilie Kapstad. Tilgjengelig under en CC BY-SA 4.0 lisens.
UT.no er en tjeneste fra Den Norske Turistforening. Ansvarlig redaktør Nils Øveraas
Opphavsrett, der ikke annet er angitt, Den Norske Turistforening og NRK © 2008 - 2015. Den Norske Turistforening © 2015 - 2016