2014 nr.2 - Kirken i Nord-Fron

Transcription

2014 nr.2 - Kirken i Nord-Fron
KYRKJEBLAD
for
NORD-FRON
Nr. 2 • JUNI 2014 • Årgang 59
Kvam kyrkje
Alt som vedkjem jorda,
vedkjem oss som er born av jorda.
Det veit vi, at jorda ikkje er vår.
Vi er trådar i jordeveven.
Det veit vi, at alle ting heng saman
slik blodet er limet i ein familie.
Det veit vi, at det vi gjer mot veven,
det gjer vi mot oss sjølv.
Fritt etter Høvding Seattles’ tale. Omsett av Estrid Hessellund.
Kvikne kyrkje
Skåbu kyrkje
Kven har skapt alle blomane? Jo, Gud i himmelen! Foto: Jo Røssummoen
Les i dette nummeret:
Side 4: Salmekveld i Kvikne
Side 7: Rullatorfestival!
Side 8: Grunnlova 200 år
Sødorp kyrkje
Side 12: Konfirmasjonsbilete
Side 18: Barnas side
Side 20: Prøysen og religionen
www.nord-fron.kirken.no
TIL TENESTE
Nord-Fron kyrkjekontor
Tlf 612 16 290
Fax 612 16 291
Kyrkjeverje: Aud Haadem
Tlf 612 16 292
Sekretær. Marit Hagen
Tlf 612 16 290
KONTORTIDER:
Kl 09.00-12.00
og elles etter avtale
SOKNEPREST:
Jens Petter Ous
Tlf kontor 612 16 293
Mobil 975 74 993
SOKNEPREST:
Marie Margrethe Lie Sperre
Tlf kontor 612 16 294
Mobil 951 97 428
DIAKON OG TRUSOPPLÆRAR:
Brit Ninni Fossli
Tlf 612 16 286
Døypte
Døde
SØDORP
Eirik Lien Hage
Sunniva Lien Hage
Julie Storbråten
Andrea Nybakken
Ola Nybakken
Ole Tobias Rolstad
Anton Haug Watterud
Mikkel Haug Watterud
Elise Eide Laugsand
Ingrid Underalshaugen, Oslo
Isabelle Lillegård Løkken
SØDORP
Ola Fagervold
Johan Hagen
Bjørn Andrè Løkken
Ruth Aasmundstad
Oddvar Flatøy
Ole Gunnar Dokken
Heidi Østli
KANTORAR:
Lars A Mensonides
Tlf: 95 46 03 51
Cindy van der Leden
Tlf: 95 46 13 56
KVAM
Iver Kolloen
Julie Storbråten
Liv Tonje Smestad
SØDORP SOKN
Soknerådsleiar:
Rune Støstad
Tlf 91 86 47 67
Kyrkjetenar/gravar:
Anders Stø
Tlf 612 90 974/909 60 650
Kyrkjetenar:
Frank Varpestuen
Tlf 456 06 026
SKÅBU
Bjørn Erik Elserud
KVAM SOKN
Soknerådsleiar:
Aud Brendstuen
Tlf 612 94 038/478 22 324
Kyrkjetenar:
Svein Fredrik Kjæstad
Tlf 908 45 584
KVIKNE SOKN
Soknerådsleiar:
Kristian Ekre
Tlf 612 95 832/911 31 563
Kyrkjetenar:
Jan Smikop
Tlf 951 22 470
SKÅBU SOKN
Soknerådsleiar:
Unni Bøyum Kluge
Tlf 932 92 209
Kyrkjetenar:
Jan Smikop
Tlf 951 22 470
FAMILIE-RÅDGJEVING
Kirkens Familierådgiving
Storgt 21, 2670 Otta
Tlf 612 30 536
Kl 09.00 – 14.00
Grafisk produksjon:
Dale-Gudbrands Trykkeri a.s,
www.dg-trykk.no
2
HEIM OG KYRKJE
Kyrkjeblad for Nord-Fron
KYRKJEBLAD
FOR NORD-FRON
Dette er fyrste bladet
til ny redaktør Bjørn Sletten.
Denne gongen ligg det også
med giro, og vi blir svært glade
for støtte til å gi ut eit så
godt blad som mogleg for
kyrkjelydane våre.
Vigde
SØDORP
Signe Bryhn og
Anders Nybakken
Inger Lise Kvalvågnes og
­Morten Ullnæss, Askim
Marita Skogstad og
Stig Brandvold
KVAM
Margit Hansen
Anne Lise Haugen
Ragna Seidelin
Gro Astrid Lønberg Olsen
­Redaksjonskomité:
Per Ottesen (Sødorp),
Randi Brendløkken (Skåbu),
Knut Barkenæs (Kvikne)
og Jens Petter Ous.
OPNINGSTIDER
ved kyrkjekontoret i Nord-Fron frå 15. juni til 15. august:
Kl.09.00 – 12.00
NESTE NUMMER
av ”Kyrkjeblad for Nord-Fron” kjem ut ca. 15. september 2014.
Frist for stoff: 1. september 2014.
Kyrkjeblad for Nord-Fron – Nedregate 50 – 2640 Vinstra
Kontonummer: 2095.49.59776
Andakt
Tekst og foto: Jens Petter Ous
Det var ikkje så lett å sjå reiret borte på marka!
Men fuglen låg på, då eg kom, og med god kikkert var det
ikkje så vanskeleg å finna det att då fuglen flaug.
Men eg tenkjer på alt eg ikkje ser i naturen.
Men som eg veit er der.
Alt det som skal til for at livet skal kunne levast på jorda.
Noko er usynleg, rett og slett fordi det er så lite at mine
auge ikkje kan sjå det.
Anna er, som fuglereiret, så i eitt med naturen at mine
sansar ikkje så lett får tak i det.
Naturen er underfull!
No på våren merkar vi det kanskje som sterkast; det kalde
og daude, må vike for liv og fargar.
Varmen gjer at til og med stive kroppar kjem lettare i gang.
Lys og varme gjer noko med oss.
Det er mykje som er usynleg.
Gud er usynleg for oss!
Men det treng ikkje tyde at han ikkje er!
”Eg er den eg er!” var det namnet Moses fekk frå Gud, då
han i si tid skulle vitje faraoen i Egypt og føre folket ut frå
landet.
”Eg er” seier mykje for den som søkjer og leitar.
Gud er der, før meg og saman med meg og etter meg; han
er evig.
Han er; både der eg trur han er og der eg ikkje fattar at han
kan vera.
For han har lova sitt nærvèr alle dagar alle stader så lenge
jorda finnast.
Sjølv i dei mørkaste krokane der eg tenkjer med usett, der
er han òg.
Eit heilagt nærvèr.
Eit himmelsk nærvèr, midt på Guds skapte jord.
Og han ser! Til oss alle!
Så spørs det om vi ser det han ser?
Om vi ser dei svakaste, dei som treng oss?
Om vi ser konsekvensane av det materialistiske og behagelege livet vi har lagt oss til i vår kultur.
Slite vil vi ikkje.
Vondt vil vi ikkje ha det.
Og alt som er annleis og framandt, unngår vi, om det gjev
oss meirarbeid og ubehag.
Og dårleg samvit vil vi ikkje ha, så då gjeld det å pakke inn
problema på ein slik måte at vi unngår at det rammar oss.
Eit døme: Alle veit at å fly er ein av dei mest forureinande
måtane å ta seg fram på. Men vi flyr meir enn nokon gong.
Og kor mange gonger har vi ikkje høyrt: ”Flya flyg jo likevel, så eg tek ein tur!”
Då er eg attende der eg byrja:
Mange har merka seg at naturen endrast.
Blomar vi såg før, er sjeldanre å sjå no, i alle høve nokre av
dei. Og fuglane; kor har stæren vorten av?
Han såg vi støtt før, no er han blitt sjeldan å sjå i vårt
område.
Kan endringane ha noko med korleis vi innrettar livet vårt
og samfunnet vårt?
Påverkar vår framfær livet rundt oss?
JA – er det sjølvsagte svaret!
No skal visstnok om lag 90% av dei som forskar på natur
og miljø også slutta seg til det svaret.
Er det då slik at eg ved å bli rikare, eigentleg blir fattigare?
At når auga berre ser tinga og hungrar etter meir av det
gode, problemfrie livet, så missar eg noko av det som gjev
livet verd?
Ja, trugar det eigentleg livet, når vi godtek stadig større
forskjellar mellom folk, mellom rik og fattig? Og når vi
ikkje tek konsekvensane av det vi veit: Vår livsstil går ut
over andre!
Det er lett å spørje. Bøna blir:
Gud, gje oss auge som ser!
Han, og alt liv rundt oss.
Kyrkjeblad for Nord-Fron
3
Salmekveld i Kvikne
Salmesong i kyrkjebenken.
Ei salmebok for kyrkje og heim
For at kyrkjelyden skal bli betre kjent med innhaldet i den nye salmeboka inviterer
kyrkja til salmekveldar i bygdene våre. Fyrst ut til å freiste songgleda var Kvikne.
Tekst og foto: Bjørn Sletten
Fyrste søndag i advent vart det tatt i bruk ei ny salmebok
i Den norske kyrkja: Norsk salmebok 2013.
Den nye salmeboka er langt meir innhaldsrik enn
forgjengaren, og slett ikkje berre til innvortes bruk i
kyrkja. Arbeidet med denne salmeboka har gått føre seg
sidan 2004, og den ferdige boka vart vedteke av Kyrkjemøtet 2012. Norsk salmebok 2013 er eit fyldig og allsidig
utval av gamalt og nytt. Den består av 899 salmar og 92
bibelske salmar og liturgiske songar, altså til saman 991
nummer. Siste helga i mai inviterte organistane våre,
Cindy van der Leden og Lars Mensonides til salmekveld
i Kvikne.
– Vi i soknerådet tykkjer det er veldig ålreit at de står
på og vil arrangere dette, sa nestleiar i soknerådet Karen
Birgitte Øvreness innleiingsvis til dei om lag 30 frammøtte på bygdahuset i Kvikne.
Må gå framover
Bakgrunnen for at ein har ønskt å få i stand ein slik salmekveld, er eit mål om å få opp allsongen i kyrkja, og at kyrkjelyden skal kjenne til dei ulike skattane i salmeboka. For
av dei 899 salmane i salmeboka er det nok mykje relativt
ukjent stoff.
– Går vi ut frå folkets gjennomsnittlege kunnskap om
eller kjennskap til salmar så ligg den nok på om lag 100
4
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Kantor Cindy van der Leden akkompagnerer Tea Aasmundstad i ”Blå salme”.
Etter at fire vers er unnagjort kjem Lars med konstruktiv kritikk kva angår punkterte notar og pustepausar.
Snart er sjuande verset og den sjuande dagen unnagjort.
Skapinga og songens under. Og klangen i bygdahuset
hjelper godt til.
– Eg er heilt overraska eg. Det er utruleg flott! seier
Lars før songarar og pianistar får velfortent kaffi og biteti
før ferda går vidare til kyrkja.
salmar, men også i salmane si verd må det gå framover,
og det er eit ønske både blant kyrkjegjengarar og oss son
jobbar i kyrkja å få inn nye salmar, seier kantor Lars Mensonides.
– Men sjølvsagt på ein betingelse: Vi skal love å ikkje
gløyme dei ”gamle” salmane.
Og kva passar vel da betre enn å starte salmekvelden
med å drille ”Herre Gud, ditt dyre namn og ære”? Songen
rungar forbausande godt – og gjer slett ikkje skam på
tradisjonane i forsamlingshuset der mellom anna fana til
Kvikne songkor skodar ned på salmesongarane.
Ikkje nokon operaskule
Salmekvelden i Kvikne er den fyrste av fleire planlagde
salmekveldar i Nord-Fron. Og terskelen skal vera låg.
– Dette skal ikkje vera nokon operaskule, men også
her i Gudbrandsdalen skal det vera mogleg å syngje ut,
smiler Lars Mensonides, vel vitande om at allsongen ikkje
står all verda sterkt i bygdene våre. Men det ser ikkje ut til
at kvikneverane har latt seg påverke av dei tradisjonane.
Songen brusar friskt i maikvelden.
– Meget bra! Eg må seie at de lærar veldig fort!, kjem
det frå kantor Cindy van der Leden bak tangentane.
Dette går over all forventning, og kantorparet gir
songarane ei utfordring: Edvard Hoem og Henning Sommero si vakre salme ”Når heile verda syng” er komen med
i salmeboka, og fortener ein plass gudstenestene.
– Den har sju vers, så den sitt nok til slutt, seier Cindy
med eit smil.
Blå salme
Det er tid for å få blad i den nye salmeboka. Noko av det
som er nytt med den nye boka, er dei mange ulike språka
den rommar. Frå før har vi hatt salmar på dansk og svensk.
Det er norske kyrkjelydar vant til. Nå kjem det med mange
originaltekster, anten fyrste vers eller heile salmen. Boka
inneheld i tillegg til salmane ei bønnebok, eit utval av liturgiar og Den vesle katekismen. I tillegg er det fyldige register,
som hjelper til ein god bruk av boka. Samla sett fyller dette
1455 sider. I motsetnad til den ”gamle” salmeboka, som låg
føre i ei bokmålsutgåve (raud) og ei nynorskutgåve (grøn),
er den nye felles for begge målformer. Ei av dei nye salmane
som har fått plass i den nye boka, er Erik Byes ”Blå salme”.
I kyrkja blir den vakkert sunge av Tea Aasmundstad, konfirmant av året. Snart blir koret med også. Sjeldan har det vel
vore meir songglede i Kvikne kyrkje enn denne kvelden.
– Eg håper vi kan gjere dette oftare. Dette har overraska meg på ein veldig positiv måte. I england har dei aftansong i kyrkja – nå har vi henta tradisjonen hit, seier ein
nøgd kantor Mensonides før sokneprest Marie Margrethe
Lie Sperre før siste ordet.
– Salmane er mangfaldige. Det har vi sett her i kveld.
I tillegg kan dei tale til sansane våre. Det er det fantastiske
med musikk – det gjer godt. Det trur eg vi alle har kjent
på her i kveld. Eg håper vi kan ta med oss frimodigheita
frå denne kvelden vidare, avsluttar Lie Sperre.
I kvar utgåve av kyrkjeblad for Nord-Fron vil vi presentere ei ny salme frå den nye salmeboka.
Fyrst ut er Erik Byes ”Blå salme”.
Tekst og melodi: Erik Bye (1926-2004)
Jeg synger meg en blå, blå salme
når dagen svinger hatten til farvel
og ror med sakte åretak mot strender
dit alle dager ror når det blir kveld.
Da søker jeg min hvile
ved treets trygge rot
mens sankthansormer gløder grønt
i gresset ved min fot.
Da synger jeg min salme.
Jeg synger meg en blå, blå salme
og takker for all grøde som ble min.
For lyse døgn, for barneskritt i tunet
og dine gode kjærtegn mot mitt kinn.
Men òg for våkenetter
som aldri unte ro
men gav min dag et dunkelt drag
jeg aldri helt forsto.
Nå synger jeg min salme.
Jeg synger meg en blå, blå salme
til deg, du Hånd som sanker og som sår
og senker deg med signing over jorden
med legedom for alle våre sår.
Som byr oss rette ryggen
stå opp og gå i strid.
med løftet hode skal hver sjel
gå inn i Herrens tid.
Så synger vi vår salme.
Kyrkjeblad for Nord-Fron
5
Salmespesial
Salmeboka minutt for minutt
på NRK
I november lanserer NRK ei ny form for «sakte-TV» når den nye salmeboka
skal syngast frå perm til perm.
Ei maratonsending på om lag 60 timar er planlagt når
alle dei 899 salmane skal syngast vers for vers den fyrste
adventshelga.
− Det er ei veldig god nyheit at NRK ønskjer å gi den
nye salmeboka så stor merksemd, seier Jens-Petter Johnsen, direktør i Kyrkjerådet.
− Salmeboka rommar ein kulturell og åndeleg skatt
som spenner frå 300-talet fram til vår eiga samtid. Her
finn vi diktarar og komponistar som har sett sitt preg på
den europeiske kulturhistoria og kyrkjehistoria. Her er
tekster og melodiar som har bidratt til å forme Noreg
som nasjon dei siste 200 åra, samtidig som vi ser korleis
salmesongen nå er vorte global. Salmeboka har songar
både frå Afrika, Asia og Latin-Amerika. Heile denne skatten får tv-publikum nå sjansen til å bli betre kjent med,
seier Johnsen.
Heile folkets kulturelle arv
Salmeboka minutt for minutt er eit samarbeid mellom
NRK og korrørsla i Noreg samt Kyrkjerådet, som har gitt
ut salmeboka, og Vår Frue kirke i Trondheim, der salmane skal syngast og programmet blir sendt frå.
– Salmane er Noregs kulturelle arv, og har vore sunge
i generasjonar. Vi
håper kor og utøvarar frå heile landet
også vil stille opp og
vera med når vi om
ei kort stund går ut
med invitasjonar om
å delta. NRK ønskjer
med prosjektet også
å vise fram breidda
i Kultur-Noreg, det
er stor koraktivitet i
både byar og grender. Når det gjeld
salmane betyr dei
mykje for folk. Dette
Kringkastingssjef Thor Gjermund ser vi derfor fram til,
Eriksen meiner det er viktig å lyfte seier kringkastingsfram salmeskatten som er ein del av sjef Thor-Gjermund
Noregs kulturarv.
Eriksen.
6
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Den nye salmeboka skal syngast frå perm til perm – på NRK.
Ei gullgruve til begeistring
Preses for Bispemøtet, Helga Haugland Byfuglien, er
minst like entusiastisk over salmesatsinga til NRK.
– Her har landets største mediebedrift forstått kva for
gullgruve salmeboka er. Det å synge saman er noko av det
flottaste vi kan gjere, så dette trur eg kan bli eit lyft for
allsongen i Noreg. Vi har allereie sett kor stor begeistring
den nye salmeboka har skapt i Den norske kyrkja, og eg
har store forventningar om at begeistringa kan spreie seg
langt utanfor gudstenester og kyrkjerom, smiler Byfuglien.
Stort mangfald
Norsk salmebok 2013 vart tatt i bruk i advent i fjor, og
har eit svært variert innhald. Den har tekster på ulike
språk som samisk, kvensk og engelsk. «Julekveldsvisa» av
Alf Prøysen har fått plass, det same har artistar som blant
andre Bjørn Eidsvåg og Kari Bremnes, i tillegg til dagens salmediktarar som Eyvind Skeie, Svein Ellingsen og
Edvard Hoem og klassikarar frå Petter Dass og Magnus
Brostrup Landstad. Her er alt frå dei tradisjonelle salmane til gospel og spirituals.
Salmeboka minutt for minutt har planlagt oppstart
fredag kveld 28. november på NRK 1, og vil visast kontinuerleg på NRK 2 med innsmett på NRK 1. Kyrkjerådet
håper på stort lokalt engasjement og salmesong og deltaking i kyrkjer og forsamlingar frå nord til sør.
Reportasje
Smil og godt
humør etter vel
utført ­rullatorløp.
Rullator, latter og fjonge hatter
26. mai ble det nok en gang arrangert rullatorfestival på Sundheim, et arrangement
i forbindelse med den internasjonale aktivitetsdagen 10. mai.
Av Britt Ninni Fossli, diakon
Det var 78 deltagere med på toget. De hadde startnummer på brystet og mange var pyntet med festlige hatter.
Henry Eggen med trombone ledet toget fra hovedinngangen på Sundheim og rundt om på området. Halvveis
i runden var det drikkestasjon. Unger fra Kulturbarnehagen serverte saft og underholdt med Prøysensanger.
Været var strålende og deltagerne fikk servert kaffe og
kaker ute. Alle deltagerne fikk diplom og drikkeflaske til
premie. Gunnar Skar spilte trekkspill og det var flere som
svingte seg til musikken.
Det er Nord- Fron pensjonistlag som arrangerer festivalen og de retter takk til eldrerådet, aktivitører og ansatte
ved Sundheim og Kvamstunet, Frivillighetssentralen,
seniordansen og andre frivillige og pårørende. Det var
seniordansen som stod for serveringa.
Trekkspel høyrer med på festival.
Sola nytes!
Smil under hatten!
Kyrkjeblad for Nord-Fron
7
Prolog forfatta av
Edvard Hoem
Dette er landet vårt. Her er vi heime.
Her mellom fjell og fjord lyser Guds kjærleik.
Her skal vi tryggja vår fridom og rett.
Her skal vi takke og ære vår Gud,
vi som er borgarar av ei større verd,
og deler framtid med alle menneske.
To hundre år er gått
sidan Napoleonskrigane endte.
Kong Frederik den sjette av Danmark avstod
landet vårt, som ingen fiende før hadde teke,
til Sveriges tronarving.
Forlatne og svikne kjende vi oss.
Så snudde alt.
Den danske kronprins Christian Frederik
skreiv eit brev som vart lese frå preikestolen
i alle Noregs kyrkjer.
Han bad folket sverja fedrelandet truskap.
Og folket svarte:
Det sværge vi, saa sandt hjælpe os Gud,
og hans hellige Ord!
Ein myndig ordre følgde brevet.
Alle distrikt skulle velja talsmenn
som skulle møte på Eidsvoll den 10. april 1814.
for å gjeva landet ei grunnlov.
Bodet kom på bededagen 25. februar.
Grunnlova vart vedteken 17. mai 1814.
Slik fekk dette landet Europas friaste grunnlov.
Men enno var verket uferdig. Mykje stod att.
Berre eit fåtal av alle norske menn
deltok i valet.
Kvinner, husmenn,
eigedomslause og arbeidsfolk var ikkje med.
Jødar og jesuittar var utestengde fra riket.
Men trykkefridom og talefridom,
forsamlingsfridom og tankefridom
opna ein veg mot eit samfunn
med større rettferd.
8
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Framtidslandet kunne vi skimte,
morgondagens land, der fleire og fleire
fekk hand om sin kvardag
og fann ord for å krevja sin rett.
Stortinget valde regjering,
ein ny rettsorden vart skapt.
Røysterett vart innført, steg for steg.
I 1905 vart Noreg eit uavhengig rike
blant Europas frie nasjonar.
Mykje er enno uferdig.
Mykje er enno ugjort.
Verda er komen til oss,
og vi er heime i verda.
Alt som hender av krig og ulykke
kjem oss ved.
Alt som tenner håp og ber bod om framgang,
kjem oss ved.
Saman med alle menneske av god vilje
skal vi forvalte rikdomen på jorda.
Dette er landet vårt. Her er vi heime.
Her mellom fjell og fjord lyser Guds kjærleik.
Her skal vi takke og ære vår Gud,
han som har gitt oss landet i gåve,
vi som er borgarar av ei større verd,
og deler framtid med alle menneske.
Reportasje
Grunnlovsmarkering på Aamot
200-års-jubileum for Grunnlova vart markert på Aamot på Sjoa i år.
Og grunnen var sjølvsagt: Einaste Eidsvollmannen frå Gudbrandsdalen heldt til
mesteparten av livet sitt der.
Tekst og foto: Jens Petter Ous
Driftig gardskar
Garden Aamot kjøpte han ein halvdel av, frå bror sin.
Broren hadde sett seg i gjeld og fikk ordna det problemet
ved at broren kjøpte halve garden. Eigentleg var Paul frå
Harildstad i Heidal. Han hadde eit ”godt hovud” og fekk
difor tilbod av presten i bygda til å byrje som omgangsskulelærar.
Presten i Vågå flytte til Telemark, og Paul vart med
dit. Som gardbrukar, var Paul Thorsen Aamot ein som
tok i bruk det nye som kom innan jordbruket. Han byrja
å dyrke poteter, og han laga seg kjøkkenhage og hadde
søteple. Potetene berga mang ein fattig døl frå sulten i
desse tider.
Til Aamot høyrde det ingen husmannsplassar, og i folketeljingane frå denne tida går det fram at dei ikkje hadde
gardgutar eller anna tenestefolk på garden, så alt arbeid
på garden vart gjort av Paul og kona og ungane.
Fåmælt døl
På Eidsvoll var ikkje Paul så aktiv i debatten; ja, det vert
sagt at han ikkje opna munnen i forsamlinga. Og det var
kanskje ikkje så underleg: Ikkje lett for ein gudbrandsdøl
med bondebakgrunn og dialekt, å blande seg i samtalen
med lærde embetsmenn med omstendeleg, dansk-norsk
embetsspråk. Men det er kjend at det vart levert skrifteleg
forslag frå Paul Thorsen Aamot, så han visste å få fram det
som var viktig for han og dei han representerte, mellom
anna når det gjaldt verneplikta (Han representerte det
militære) og sal av prestegardane. Han ynskjte at bøndene
skulle få meir jord, og vera sjølveigarar.
Dette, og mykje meir, fekk vi høyra om Paul Thorsen
Aamot på 17.mai i år. For mange av oss var det ny kunnskap, som gav sterkare forståing av kor viktig Grunnlova
var og er for oss nordmenn.
Vi runde av med å takke folket i Aamot for at dei
opna garden for oss alle og historielaga i Kvam og Heidal,
for det flotte arrangementet dei laga til.
Mykje folk på Aamot 17.mai 2014
Kyrkjeblad for Nord-Fron
9
Kirken og Peer Gynt
Gud og Gynt
Kirka i Nord-Fron ønsker velkommen til
Peer Gynt-gudstjeneste på Kvamsfjellet!
Marie Margrethe Lie Sperre, sokneprest
10. august kl. 11 ved Rondablikk Høyfjellshotell, på
utescenen like ved statuen av Peer Gynt på bukkeryggen,
vil vi feire Peer Gynt-gudstjeneste, med en liturgi som
henspiller på skuespillet om Peer Gynt.
Tro, håp og kjærlighet
Mange tenker nok at det ikke er en naturlig link mellom kirken og Peer Gynt. Men stykket om den bemerkelsesverdige karakteren Peer Gynt er fullt av linker til
Bibelen. Vi kjenner igjen mye klangbunn fra tekstene i
det nye testamentet. Blant annet er Solveigs tro, håp og
kjærlighet for Peer et viktig henspill på Paulus` brev til
menigheten i Korint, en av Paulus` mange brev i det Nye
Testamentet. Solveigs reddende ord: «Du har vært i min
tro, i mitt håp og i min kjærlighet», er vel det som til slutt
frelser Peer. Den som kjenner til både dialog og monolog i skuespillet, vet at her er mange lag i Henrik Ibsens
verker.
Ibsen gir oss alltid rom for vidt ulike tolkninger. Han
klarte, på sin særdeles dyktige måte, å fange livets store
spørsmål og problematikker inn i bilder og ordelag som
taler til oss, enda den dag i dag, og videre inn i fremtiden.
Han stiller de store spørsmål som vi ofte nettopp må gå
til Bibelen og troen for å finne svar på.
Bilde: Peer Gynt ved Gålåvatnet. Foto: Bjørn Sletten.
10
Kyrkjeblad for Nord-Fron
I fleire av sine drama, blant anna Peer Gynt, bruker Henrik
Ibsen kristen symbolikk. Her er Ibsen slik den norske kunstnaren Håkon Gulvåg ser han.
Feiring av troen
Henrik Ibsen kunne sin bibel, og kunne både kritisere og rose kirken og prestene, men i verkene finner vi
omfattende bruk av Bibelens språk og motiver. Halvdan
Koht skrev også at «det er noko djupt religiøst» i de krav
Ibsen stilte til seg selv. Til og med det norske navnet Peer,
kommer fra navnet til en av Jesu Apostler: Peter/Petrus,
som igjen betyr «klippen»
Vi ønsker å feire Peer Gynt-gudstjeneste, og vi inviterer alle med til gudstjeneste ute i Guds frie natur. Samme
dagen er det også konsert ved Kringkastingsorkesteret,
samt tur med DNT, så her er mulighet for å slå sammen
mange opplevelser.
Vi feirer troen, håpet og kjærligheten; til Guds ære, til
menneskers gavn, og til og med litt i Peer Gynts ånd.
Vel møtt!
Jubileum i Kvikne
Kvikne kyrkje 250 år
Søndag 17.august markerer vi at det er 250 år sidan Kvikne kyrkje vart vigsla.
Kristian Ekre, Kvikne Sokneråd
Det er ei stor hending i soknet, å kunne be inn til denne
markeringa. Kyrkja har vore eit samlingspunkt gjennom
alle desse åra og mange sit med minner, både i glede og
sorg. Kyrkja framstår i dag, som den einaste i Nord-Fron,
slik den gjorde då den vart bygd. Det er berre tekniske
installasjonar som har endra seg.
Vi vil starte med festgudsteneste i kyrkja og deretter
fortsette samlinga på Kvikne bygdahus. Samtlege prestar
som har tenestegjort i kyrkja sidan siste jubileum, er invi-
tert. Det same er biskop og prost med fleire. Programmet
vil innehalde song og musikk av lokale krefter, innslag av
4H, helsingar og traktering.
I samband med jubileet, vil det bli gitt ut ei bok som
fortel historia til kyrkjene i Kvikne og sjølvsagt særskild
den nåverande. Dette blir ei flott bok, som soknerådet
vil legge ut for sal i samband med jubileet.
Velkomen til denne store dagen!
I år er det 200 år sidan Kvikne kyrkje vart vigsla. Her frå årets 17. mai-feiring.
Kyrkjeblad for Nord-Fron
11
Ungdom i kyrkja
Konfirmanter Skåbu kyrkje,
7. juni 2014
Konfirmanter Kvikne kyrkje,
31. mai 2014
Frå venstre: Michael Møllerplass Huse, Anine Eriksen,
­sokneprest Jens Petter Ous og Per-Henrik Audestad Lien.
Sokneprest Marie Margrethe Lie Sperre og
Tea Karoline Uhlen Aasmundstad
12
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Kyrkjeblad for Nord-Fron
13
Ungdom i kyrkja
Ny innsamlingsrekord i Nord-Fron
Det vart ny rekord for Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon i Nord-Fron i år.
­Konfirmantar frå heile kommunen gjekk med bøsser og folk bidrog
med om lag 35 000 kroner i år.
Kirkens Nødhjelp retter ein stor takk til alle som har
hjelpt til, både til folk som har støtta aksjonen med pengar og dei som har gått med bøsse eller stelt i stand andre
aktivitetar. Engasjementet og responsen har vore fantastisk. Det er tydeleg at folk i Nord-Fron har lyst til å støtte
menneske i katastrofesituasjonar og vere med i kampen
for ei framtid utan fattigdom.
Pengane som er samla inn går til Kirkens Nødhjelp
sitt arbeid over heile verda, og vil blant anna medverke til
at fattige menneske får hjelp i katastrofer.
Det er framleis mogleg å støtte Kirkens Nødhjelp sin
fasteaksjon 2014. Ring gjevartelefonen 820 44 088 (200
kroner), send ein sms <GAVE> til 2468 (200 kroner)
eller nytt kontonummer 1594 22 87493.
Ungdomsleir på Bjorli
For tredje gang var det også i år aktivitetsleir for ungdom på Bjorligard hotell på
Bjorli, 2. helga i mars. Dette er et tilbud for alle ungdommer fra 16-18 år
i hele Nord- Gudbrandsdal prosti.
Vi startet helga med ”bli kjent”-samling med grilling i
gamma fredag kveld.
Lørdag var det diverse workshops på formiddagen.
Om kvelden var det leirkveld med festmiddag og eget
leirband. Kvelden ble avsluttet med fakkeltog ute og
midnattsmesse.
På dagtid er det mange frie aktiviteter etter eget ønske:
alpinbakke, skigåing, badebasseng, boblebad, bowling,
golf- stimulator, treningsrom eller en tur på kafe i Vetlegrenda.
Som kirke i Nord- Gudbrandsdalen ønsker vi å skape
et trivelig fellesskap med kristne verdier!
14
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Trivelig felleskap i gamma på ungdomsleiren på Bjorli.
Konfirmasjons-selfie
At mor og far tek bilete av poden på konfirmasjonsdagen er relativt vanleg.
I Nord-Fron har presten begynt å ta bilete av seg sjølv – såkalla selfie –
og legge ut på Facebook!
Mange kjenner etterkvart til omgrepet ”selfie”. Der ein tek bilete av seg sjølv og legg ut i sosiale medium.
Dette har nå sokneprest Marie Margrethe Lie Sperre gjort ein eigen vri på, og i konfirmasjonstida har ho tatt bilete –
frå preikestolen – og lagt ut på Facebook. Slikt liker vi! Eller ”laiker” som det heiter på det rette språket.
Selfie med Kviknes einaste konfirmant!
Selfie på preikestolen i Sødorp kyrkje
Offensiv konfirmasjonssatsing
I april fikk alle landets 14-åringer brosjyren ”Konfirmant 2015” i postkassa.
I brosjyren heter det:
Til deg som fyller 14 år i år.
Du er bare et år unna en høytidelig dag i livet ditt. Nå er
det tid for å velge hvordan du vil foreberede deg på den.
Konfirmanttiden i kirken er ikke bare for deg som tror. Den
er like mye for deg som tviler eller bare er nysgjerrig.
Nettstedet www.konfirmant.no er nært knyttet opp til
brosjyren. På en egen mobilversjon av nettstedet (konfirmant.no/mobile) finner man flere filmer hvor de unge
møter tidligere konfirmanter og får innblikk i konfirmasjonsgudstjenesten og leirliv.
– Den personlig adresserte utsendelsen av informasjon til
potensielle konfirmanter, er en årlig kommunikasjonsbegivenhet i kirken. Hovedmålet med å sende ut brosjyren
til de 60 000 unge som ble født for 14 år siden, er å
minne hjemmene på at det snart er deres tur til å ha en
konfirmant i huset, opplyser Den Norske kirken på sine
hjemmesider.
Kyrkjeblad for Nord-Fron
15
Barnas kyrkje
Pølsefest og laurdagsklubb
Laurdags-klubben møtast på Kyrkjestugu ein laurdag i månaden.
– Vi er nokre vaksne, men mest born frå 4 år og oppover. Dei minste har litt eige opplegg. Vi deler ei bibel-forteljing,
syng, dansar og leikar litt, og har ymse slag formingsaktivitetar, fortel Kjartan Ruset, som saman med
Jorun Haanes Ruset har ansvaret for Laurdags-klubben.
Klubben varar frå kl 11 til 12.30. Frukt, saft og kjeks blir servert.
– Vi er tilslutta Norges Søndagsskoleforbund, og klubben er open for alle! reklamerer Ruset.
Laurdagsklubben startar opp att i september.
Laurdags-klubben avslutta semesteret med pølsefest for store
og små! Foto: Kjartan Ruset.
Frå du er fire år er du velkommen i Laurdagsklubben!
Vi har aktivitetar og opplegg for alle aldrar, og har det både
morosamt og lærerikt! Foto: Kjartan Ruset
Krølle-gudstjeneste
Skulebesøk
25. mai var det familiegudstjeneste i
­kapellet med utdeling av bok til 2 og
4- åringene og dåpsfest for ettåringene.
Kyrkjene våre har ofte besøk frå skular
og barnehagar. Nyleg var 2. klasse frå
Barhaug skule på vitjing i Sødorp kyrkje
Det var mer folksomt enn vanlig i kapellet denne mai-­
dagen.
– Det myldret av små barn fra ett til fire år denne
dagen, forteller diakon Britt Ninni Fossli.
– Vi startet med to sanger fra babysangen, prekenen var dramatisering av lammet som forsvant, Krølle
og Krøllesangen. Det var også dåp av ei lita jente, sier
Fossli.
Det var også utdeling av bøker til to- og fireåringer.
– Fireåringene fikk hvert sitt bilde fra samlingen
i forkant. De fikk vise at de kunne sangen ”Kven har
skapt alle blomane” for resten av menigheten, før gudstjenesten ble avsluttet med en keltisk velsignelse som vi
sang sammen, sier Fossli.
Glade barn på kyrkjebesøk!
16
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Barnas kyrkje
Kven har skapt alle blomane,
blomane, blomane?
Kven har skapt alle blomane?
Vår Gud i himmelen.
1
Kven har skapt alle blomane….
Kven har skapt alle fuglane,
fuglane, fuglane?
Kven har skapt alle fuglane?
Vår Gud i himmelen.
2
Kven har skapt alle stjernene,
stjernene, stjernene?
Kven har skapt alle stjernene?
Vår Gud i himmelen.
3
Kven har skapt alle stjernene …..
Kven har skapt både deg og meg,
deg og meg, deg og meg?
Kven har skapt både deg og meg?
Vår Gud i himmelen.
4
Kven har skapt alle blomane,
fuglane, stjernene?
Kven har skapt både deg og meg?
Vår Gud i himmelen.
5
Kven har skapt både deg og meg……
Tekst og melodi: Ukjend
Alle foto frå familiegudsteneste
i Kvam. Foto: Jo Røssummoen
Vår Gud i himmelen.
✷ ✷✷
Kyrkjeblad for Nord-Fron
17
125 å r
LUKAS
SUKAI
LINNEA
MARTI
N
18
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Stabstur til Berlin
Kyrkjeliv
Staben i kyrkja i Nord-Fron var i tida
12-15.mai i år på studietur til Berlin.
Tema vi jobba med på turen var mellom anna diakoni,
fortel sokneprest Jens Petter Ous.
– Vi fekk ei god innføring i temaet ved eit besøk hjå
den evangeliske stiftinga Berliner Stadtmission, og vi fekk
sjå noko av deira arbeid. Eit anna tema vi var innom –
ikkje unaturleg i eit år der vi feira tohundreårsjubileet for
grunnlova, og vart sterkt minna om ”jødeparagrafen” –
var eit besøk i ei av synagogane i Berlin, fortel Ous.
Vi kjem att i neste nummer av kyrjebladet med meir
stoff frå turen til Berlin. I dette nummer blir det berre ein
liten smakebit.
Delar av staben i kyrkja i Nord-Fron framfor Brandenburger
Tor. Foto: Jens Petter Ous.
Ein stor takk!
Takk til alle som deltok på dugnadane våre, både dei som
var ute og dei som vaska inne. Likså ei takk til alle som
gjev pengegåver til kyrkjene i Nord-Fron.
Kyrkjeverja
Kirketeigen 50 år
29.-31. august blir det 50-årsjubileum
på Kirketeigen.
– Herved inviteres alle til en spennende helg med
møter, jubileumssamling, konsert, gudstjeneste og
ikke minst sosialt samvær og mimring. Rune Enstad
kommer, og i den forbindelse inviteres alle som var
med i Kretsungdomskoret i perioden 1980 – 86. Det
legges opp til parallelle arrangement med korøvelse,
møtesamlinger og aktiviteter fredag kveld og lørdag.
Lørdag er det jubileumssamling, og etterpå blir det
konsert med «gamle» Music Mission, Rondane gospelkor og Kretsungdomskoret. Søndag blir det gudstjeneste i Kvam kirke ved Kjartan Ruset og Vidar Hoel,
og sang av Kretsungdomskoret, opplyser jubileumskomiteen.
Mer informasjon og program blir lagt ut på Normisjon, region Oppland sine hjemmesider. Det er oppretta Facebookgruppe for kretsungdomskoret, under
navnet Kretskoret.
– Vi håper at de som leser dette kan være med å gi
videre beskjed til alle som kan være interessert i å komme. Hjertelig velkommen!
Vaskegjengen i Kvam. Foto: Jens Petter Ous.
Kyrkjeblad for Nord-Fron
19
Alf Prøysen 100 år
I Alf Prøysens religiøse landskap
I juli ville «hele Norges» Alf Prøysen ha fylt 100 år, og året 2014 er blitt utropt
til et ”Prøysen-år”.
Av Nils-Petter Enstad
På 99-årsdagen sist sommer la daværende statsminister
Jens Stoltenberg ned grunnsteinen til det nye Prøysenhuset i Ringsaker kommune. Nesten 45 år etter hans død er
hans diktning fremdeles levende. Det er en diktning med
mange landskap: Et barnelandskap, et politisk landskap,
et «mørkt» landskap og et religiøst landskap. Dette siste
er først og fremst preget av de inntrykk Alf Prøysen fikk
gjennom barndommens møter med frelsessoldatene fra
Brumunddal.
Ett av de tidligste eksemplene på denne påvirkningen
finner man i diktet «Sangen», som sto på trykk i Arbeidermagasinet nr. 49, 1939. Det er ikke et «kristent» dikt i
snever forstand, men sterkt preget av en undring over de
paradoksene som den kristne tro ofte representerer.
Diktet skildrer en kvinne - en frelsessoldat? - som
står med sin gitar og synger om Jesus og om himmelen.
Diktet har en lang rekke referanser til bibelske fortellinger
og til sanger fra vekkelsesmiljøene i sin alminnelighet og
Frelsesarmeen i særdeleshet.
I markeringen av Prøysens 100-årsjubileum, hører også den religiøse siden av forfatterskapet med, skriver Nils-Petter Enstad.
20
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Sangen
Hun står og håndterer gitaren og synger om hyrdens får,
og maner: I dag må du komme.
1 morgen er tiden omme.
Slik synger hun hele året, og dagene kommer og går.
Hun laster den rike bonde som hadde sin åker så kjær
og la seg på senga og døde.
Hvem skulle arve hans grøde?
Hans gull og rubiner og perler? O, hvilket jordisk begjær.
O, hvilken fryd å få bryte de jordiske lenker og bånd,
og skue sin gud i det fjerne.
Jeg bryter min sentenkte hjerne
og undres hvordan hun evner å se en usynlig ånd.
Gullet er djevelens åte, og perler er fjas og tull.
Men rarest i hele sangen
er at Getsemanegangen
går gjennom perleporter på gater av pure gull.
Så synes hun synd på alle som styrtes i avgrunnen ned,
og aldri skal skue hans åsyn
Så lyser i alles påsyn:
En underfull frelser jeg eier: Ham alle, alle skal se.
Uttrykket «hyrdens får» i første vers refererer til ett av de
mest kjente bildene Jesus brukte om seg selv: «Jeg er den
gode hyrde» (Joh 10, 11 og 14). Hyrde- eller gjetermotivet er sentralt i hele Bibelen; det er nok å minne om
Salme 23 og åpningslinjen: «Herren er min hyrde».
Formuleringen «I dag må du komme» og «I morgen er
tiden omme» er også velkjente formuleringer fra evangelisering, forkynnelse og vitnesbyrd i de vekkelsesmiljøene
som blant andre Frelsesarmeen er en del av. «De jordiske
lenker og bånd», som det henvises til i det andre verset,
er et annet eksempel på klassisk, kristelig språkbruk; det
man ofte har omtalt som «Kana’ans tale».
I det tredje verset er det to referanser til kjente, kristne
sanger. Uttrykket «skue hans åsyn» finner man blant
annet i sangen «Jesus har bedt oss å komme», som frelsesoffiseren og poeten H.A. Tandberg (1871 – 1959) skrev
i 1906. I det tredje verset heter det at «Jesus har bedt meg
å lære, lære å ligne Guds lam..». Det skjer ved å: «…skue
hans åsyn så lenge, at jeg forvandles ved det, så at hans
bilde kan trenge dypt i mitt hjerte seg ned».
I det samme verset har Prøysen også en dobbel referanse til en annen kjent, kristen sang. Det er setningen
«En underfull frelser jeg eier», som også er tittelen på en
sang som ble skrevet i 1890 av den amerikanske lyrikeren Carrie Elizabeth Breck (1855 – 1934), og oversatt til
dansk i 1905. Derfra var veien kort til Norge. Setningen
«Ham alle, alle skal se» finner man i sangens omkved, der
det heter: «Alle, alle skal se, /den herlige Frelser jeg eier,/
ham alle, alle skal se».
I det fjerde verset i Prøysens dikt er det en referanse til
en av Jesu kjente liknelser, nemlig om den om den rike
bonden (Luk 12, 13 – 21). Det er en krass tekst, der Jesus
advarer mot kun å fokusere på de materielle verdiene, og
glemme det som har med Guds rike å gjøre.
I det siste verset bruker Prøysen ordet «Getsemanegangen», som knapt kan sies å være noe etablert uttrykk,
men som henspeiler på hagen der Jesus kjempet kampen
med seg selv før han ble arrestert og korsfestet. Getsemane er blitt en metafor for et kristent menneskes kamp, og
Prøysen avrunder – med full rett! – sitt dikt med å peke
på det paradoksale at mens det i mye kristen forkynnelse
har vært advart mot rikdom og skatter, er metaforene for
den himmelske herlighet nettopp slike ting – perler og
gull.
Hvor bevisst Alf Prøysen var på bakgrunnen for disse
referansene som tydeligvis lå så tett opp under huden
hans, er det ikke godt å vite. Det er lite trolig at han lette
dem opp; snarere lå de der og meldte seg når han gikk
inn i dette stoffet for å skrive om det. Det som er interessant i denne sammenheng, er nettopp det faktum at de
lå der, og at de meldte seg på en nesten påtrengende måte
i et dikt som ikke var ment som noen salme, men som
kritikk av en måte å forholde seg til verdens urettferdighet på.
Også i andre Prøysen-dikt finner man slike referanser
til kristne sanger og begreper. For de fleste er nok likevel
«Julekveldsvise» den Prøysen-teksten man først tenker
på som religiøst innslag i hans diktning, til tross for at
verken Gud eller Jesus er nevnt i sangen. Men fortellingen er ikke til å ta feil av, eller hva som menes når det sies
om stjerna at «sea har a brønni i alle verdens land». En
nærlesing av så vel viser som stubber viser at det religiøse
landskapet var der og utviklet seg gjennom hele Prøysens
aktive forfattergjerning, fra de første tekstene han hadde
på trykk og til de siste.
I markeringen av Prøysens 100-årsjubileum, hører
også denne siden av forfatterskapet med.
Kyrkjeblad for Nord-Fron
21
Åpen kirke i Skåbu
Også i sommer stiller et lite korps av dyktige frivillige opp for å ønske velkommen
til Skåbu kyrkje.
– Fra 16. juni til 16. august er kirken åpen for besøkende mandag, onsdag og lørdag fra klokka 11 til klokka 15. Vi kan
også åpne andre dager og tider på forespørsel, - kontakt da Unni på telefon 932 92 209, opplyser soknerådet i Skåbu.
Mer informasjon om Skåbu kyrkje finner du på www.kirkesok.no
– Hjertelig velkommen innom den vakre kirken vår!
Vakre Skåbu kyrkje er den einaste av kyrkjene i kommunen som held ope for turistar i løpet av sommaren.
Foto: Unni Bøyum Kluge.
Opplev en husmannsplass!
Husmannsplassen Bakkestugu i Kamfossvegen i Skåbu vil være åpen for besøkende
en del dager i sommer.
Det blir skiltet når det er åpent, men du kan nærmere få
informasjon, og også be om å få det åpnet, på telefon 932
92 209.
– Bakkestugu eies og drives av Skåbu sokneråd, og vi
vil gjerne at flere skal benytte seg av dette unike stedet.
Ta med familie og venner og stikk innom, eller legg et
lite møte hit, - vi er åpne for det meste, sier Unni Bøyum
Kluge i soknerådet.
Fastlagte arrangementer i sommer er Bakkestugudagen
søndag 29. juni – da er det kulturvandring på den gamle
skolevegen fra klokka ti og friluftsmesse klokka tolv. Skåbu musikkorps spiller.
– Dessuten har vi Åpen Dag søndag 20. juli i forbindelse med arrangementet Skåbu Liv Lågå (18. til 20.
juli). Da kommer tidligere fylkeskonservator og husmannsplass-ekspert Arvid Engen og holder foredrag om
husmannsvesenet. Det blir lokale musikkinnslag og litt av
hvert annet fra klokka 15, sier Bøyum Kluge.
Du kan lese mer om Bakkestugu på www.skabu.com.
Velkommen innom!
22
Kyrkjeblad for Nord-Fron
Bakkestugu – Nord-Frons siste husmannsplass.
Foto: Unni Bøyum Kluge.
2640 VINSTRA. TLF. 612 95 270
SØDORP, TLF. 61 29 15 46
www.dg-trykk.no
Tlf. 612 18 000 - Web adr: www.s1g.no
STØTT VÅRE
­ NNONSØRER!
A
DIN
ANNONSE HER?
Statoil Vinstra.
Tlf 61 29 04 01
Tlf. 91 57 50 74 fax 61 29 45 76
Tlf.
91 57
50 74 - fax 61 29- www.bjorke.no
45 76
E-post:
[email protected]
E-post:
[email protected]
www.bjorke.no
Åpen blomsterbutikk
i hagesenteret- hele
året.
Sorgbinderi - utkjøring av blomster.
Åpen blomsterbutikk i hagesenteret hele året.
Sorgbinderi - utkjøring av blomster.
Lomoen - Vinstra
Tlf. 61 21 60 00
Fax 61 21 60 01
Tlf. 47 68 22 27
Tlf. 40 24 24 24
HELSEKOST-BUTIKKEN
Nedregate 29. Tlf. 612 22 446
– Vi støtter barneprosjekt i Latvia
Tlf. 40 24 24 24
Stiftelsen Fred og toleranse
Nedregt. 29, 2640 Vinstra
NYE ANNONSØRAR
er velkomne får og med neste nummer. Ta kontakt med Kyrkjekontoret, tlf. 612 16 290. E-post: [email protected]
Kyrkjeblad for Nord-Fron
23
FULLDISTRIBUSJON
Gudstenester i Nord-Fron 2014
Dag/Tid
SØDORP
Treeinigssøndag
15.juni
Matt 28,16-20
2.s. i treeingstida
22.juni
Matt 3,11-12
KVAM
11 Høgmesse
Nattverd
JPOus
KVIKNE
11 Høgmesse
Nattverd
MMLSperre
11 Kapellet Høgmesse
Nattverd
Øyvind Mæland
3.s. i treiningstida
29.juni
Luk 14-15-24
4.s. i treiningstida
6.juli
Mark 10,17-27
10 Kulturvandring
12 Familiegudsteneste
MMLSperre
11 Sætermesse
Lomsætra
MMLSperre
5.s. i treiningstida
13.juli
Matt 7,15-20
13 Høgmesse
Nattverd
MMLSperre
Aposteldagen /6.s. i t.
20.juli
Luk 15,1-11
10 Kyrkja Høgmesse
Nattverd
MMLSperre
7.s. i treiningstida
27.juli
Luk 15,1-10
Ingen gudstenester i Nord-Fron
Olsok
29.juli
Joh 12,24-26
20 Bygdatunet
Olsokmesse
JPOus
8.s. i treiningstida
3.august
Matt 6,19-24
10.30 Sundheim
Høgmesse. Nattverd
JPOus
13 Høgmesse.
Nattverd.
MMLSperre
18 Kvam kapell
Olsokmesse. Nattverd
JPOus
19 Kveldsmesse
Nattverd
JPOus
Jubileumsgudsteneste
Kvikne kyrkje 250 år
(Tidspunkt uavklåra)
19 Kyrkja
Høgmesse. Nattverd.
JPOus
10 Høgmesse
Nattverd
JPOus
11.s. i treiningstida
24.august
Matt 23,37-39
12.s. i treiningstida
31.august
Matt 6,24-34
10 Sødorp kapell
Gudsteneste i samband
med byjubileum JPOus
13.s. i treiningstida
7.september
Matt 25,14-30
19 Kyrkja Kveldsmesse
Konfirmantpresentasjon
MMLsperre
14.s. i treiningstida
14.september
Matt 20,1-16
11 Kyrkja
Konfirmantjubileum
MMLSperre
15.s. i treiningstida
21.september
Matt 5,38-48
10 Høgmesse
Nattverd
MMLSperre
11 Kvamsfjellet
”Peer Gynt-messe”
JPOus m.fl.
9.s. i treiningstida
10.august
Matt 11,28-30
10.s. i treiningstida
17.august
Luk 5,27-32
SKÅBU
12 Sætermesse
Breistulen
JPOus
17 Eftasmesse
Konfirmantpresentasjon
JPOus
11Høgmesse
Konfirmantjubileum
MMLSperre
11 Høgmesse
Konfirmantjubileum /
Konfirmantpres. JPOus
11Ungdomsgudsteneste
Konfirmantpresentasjon
(Konf-weekend)
11 Høgmesse
Konfirmatjubileum
MMLSperre
Det kan koma endringar.
Alle gudstenester vert annonsert i GD på fredagar. Sjå ellers nettsida: www.nord-fron.kirken.no
815 33 300

Similar documents

Klare for innsats

Klare for innsats Generalsekretær i Kirkens Nødhjelp AnneMarie Helland ønskjer å rette ei stor takk til alle kyrkjelydane landet rundt som deltek, alle frivillige som går med bøsse og alle som gjev pengar: – De utgj...

More information

Nr. 4 – advent/jul - Familiegudsteneste, Vaksdal Kyrkje

Nr. 4 – advent/jul - Familiegudsteneste, Vaksdal Kyrkje meg! Viss du kastar meg ut igjen, skal du få oppfylt tre for Gud sjølv. Men dei hadde gløymt juleevangeliet. Då ønske, uansett kva det Gud kom til verda, hende måtte vera.” Den syntest det ikkje i ...

More information