SHOCKHEADED PETER - Det Norske Teatret
Transcription
SHOCKHEADED PETER - Det Norske Teatret
SKOLEMATERIELL SHOCKHEADED PETER BAKGRUNNSINFORMASJON • RESYMÉ AV STYKKET • INTERVJU • UTDRAG FRÅ MANUS • ARBEIDSOPPGÅVER INNHALD shockheaded peter INTRODUKSJON 1) Ein vegvisar inn i framsyninga | Side 3 2)Kven er med? | Side 5 3)Der Struwwelpeter | Side 6 4)Musikken og The Tiger Lillies | Side 11 INTERVJU 1) Intervju med musikar Espen Beranek Holm | Side 13 2)Intervju med Vidar Magnussen, seremonimeisteren | Side 17 3)Intervju med Ingrid Nylander, kostymedesignar | Side 19 ARBEIDSOPPGÅVER OG BAKGRUNNSINFORMASJON 1) Ein vegvisar til oppgåvene | Side 20 2) Om organisering av oppgåvene | Side 20 OPPGÅVER OG UTDRAG FRÅ LÆREPLANAR I FAG 1) Musikk: Musikk i perspektiv 1 og 2 | Side 21 2)Formgjeving: Scenografi og kostyme | Side 23 3)Psykologi: Sosialpsykologi, Kommunikasjon, Utviklingspsykologi | Side 24 4)Samfunnsfag og historie: Individ og samfunn, Samfunn og menneske i tid | Side 26 5)Norsk: Munnlege, skriftlege og samansette tekstar, Språk og kultur | Side 27 6)Drama/Teater: Teater og rørsle, Teaterproduksjon, Teater i perspektiv | Side 28 7)Dans i perspektiv 1 og 2: Dansekomposisjon og koreografi | Side 29 SCHOCKHEADED PETER: LENKJER | Side 31 KJELDER | Side 31 UTDRAG FRÅ MANUS: TEKSTVEDLEGG | Side 32 2 EIN VEGVISAR INN I FRAMSYNINGA shockheaded peter Ein vegvisar inn i framsyninga Busteper, eller Der Struwwelpeter som originaltittelen er, vart skriven av den tyske legen Heinrich Hoffmann(1809–1894) i 1844! Ein førjulsdag dette året gjekk han for å finne ei morosam bok til barna sine. Men han fann ikkje ei einaste bok han likte, og gjekk rett heim og skreiv noko sjølv som han kunne lese for dei. Han skal ha vore ein skikkeleg skøyar, sjølv om han hadde ein svært seriøs profesjon som nervelege. Han laga også morosame teikningar til. Det var den gongen sju små historier på rim. Dei vart seinare til ti, og barna hans fann på namnet «der Struwwelpeter», som på norsk blei til Busteper, fordi ein av hovudpersonane hadde heilt vilt og raudt, krølla hår. Til jul i 1845 vart Der Struwwelpeter gjeven ut som eiga bok, etter at vener hadde overtalt Hoffmann til det. Dei tykte nemleg teksten var framifrå. Boka vart den gongen omtala som høveleg for barn frå tre til seks år. I seinare utgåver står det «for barn i alle aldrar». Det er nok mange einige i! Opprør eller moralisme? Busteper er ein oppviglar, han vil ikkje innordne seg, ikkje klippe neglane, ikkje vaske seg. Andre barn vi møter i boka, gjer opprør mot andre reglar. Det synest kort og godt som om dei ter seg etter mottoet: «Ikkje gjer som mora di seier!» Kanskje tykte Hoffmann humor var ein viktig reiskap i oppsedinga av barn? Skulle dei gjennom desse forteljingane skjøne kor viktig det var å vere lydige? Eller ville han tvert i mot at barn skulle dyrke opprørsgenet sitt og ikkje innordne seg etter alle slags reglar dei vaksne hadde laga? Kan det vere at han ville rette ein åtvarande peikefinger til foreldre og seie frå at det kanskje ikkje er verdas enklaste oppgåve å oppdra barn? Kvar og ein finn si tolking, men humoren er det berande prinsippet uansett svar, svart humor må vi kanskje seie. Ut i verda Boka om Busteper er omsett til meir enn 30 språk, og er seld i meir enn 30 millionar eksemplar. I Danmark vart Den store Bastian seld i 88 000 eksemplar dei første femti åra. I Noreg kom boka ut i Christiania i 1858, og førebels siste utgåve her til lands er frå 1997 på Cappelen forlag. Har du kanskje eit eksemplar i bokhylla di? Ulike lesemåtar Den tyske filosofen, sosiologen og musikaren Adorno ( 1903–1969) ser eit klart slektskap mellom fleire av Ibsens rollefigurar og barna i Busteper. Det kan vere interessant å utforske. Kven av figurane i Busteper, er i slekt med Osvald i Gjengangere, med byggmeister Solness eller Hilde Wangel i skodespelet Byggmester Solness? Under andre verdskrig vart Der Struwwelpeter oppfatta som ei motstandsbok i Tyskland, eit bilete på at ikkje alle tyskarar var servile. I 1960-åra vart boka i Tyskland teken til inntekt for studentopprøret, i likskap med filosofen Adorno. Ungdomsopprøret som byrja i Berkeley i USA i 1964, heldt fram i Berlin og manifesterte seg sterkt i Paris i 1968, resulterte i ein rocke-operaversjon av Schockheaded Peter, som og var den tittelen Mark Twain nytta på si omsetjing i 1894. 3 ein vegvisar inn i framsyninga shockheaded peter Rockeopera Det britiske kultbandet The Tiger Lillies skapte midt på 90-talet ein verkeleg West-End hit med sin rockeoperaversjon av Schockheaded Peter. Om musikken og The Tiger Lillies kan du lese meir seinare i heftet. Fagleg arbeid med tekst og/eller framsyning. Det pedagogiske materiellet i dette heftet er meint som inspirasjon til arbeid med tekst og teater, innhald og form i fleire perspektiv, fag og emne. Vi ser det er mange fag og kompetansemål som kan passe saman med Schockheaded Peter: musikk, formgjeving med scenografi og kostyme, psykologi, samfunnsfag, norsk, historie, dans, drama og teaterfag. Så overlèt vi til dei enkelte brukargruppene å finne den fordjupinga som for dei synest mest spanande, interessant eller utfordrande; anten innanfor eige fagfelt, eller sett i eit tverrfagleg perspektiv. Vi håpar du kan finne område her som treffer ditt fag med noko som kan gi ein ekstra dimensjon inn mot bestemte faglege kompetansemål, saman med ei leiken teaterframsyning i god musikaltradisjon. I materiellet får de mellom anna oversikt over innhaldet i framsyninga, karakterar, intervju med scenograf, skodespelar og kostymedesignar. Arbeidsoppgåvene er laga til både for- og etterarbeid; i samband med teaterbesøk, eller om ein vil setje seg inn i tekst og teater på annan måte. Vi høyrer gjerne frå brukarar av det pedagogiske materiellet og tek med glede i mot kommentarar, innspel og eventuelle ønske for seinare opplegg knytte til andre framsyningar. Vi vonar stoffet blir til glede og nytte! Med vennleg helsing Solhild Linge, drama- og teaterfaglærar Maia Strand Pedagogisk ansvarleg, Det Norske Teatret 4 shockheaded peter KVEN ER MED? Shockheaded Peter av Julian Crouch og Phelim McDermott Originalmusikk: The Tiger Lillies Omsetjing: Are Kalvø Seremonimeister Songaren Mor Far Vidar Magnussen Espen Beranek Holm Unn Vibeke Hol Ingunn Beate Øyen Storken, veslesyster til Fredrik, Harriet, Marie Blokhus Konrad, bøllefrø, Filip, Robert, tenar Mor til Fredrik, mor til Harriet, haren, Jan Martin Johnsen saksemann, bøllefrø, tenar Mor til Augustus, amma, rar liten mann, tenar, fuglereir Jon Bleiklie Devik Fredrik, kona til jegaren, mor til Filip, katt Marianne Krogh Bikkja, jegaren, diger mann, tenar, katt Niklas Gundersen Augustus, harebarn, mor til Konrad, Kristin Grue bøllefrø, tenar, Johnny, katt Ukulele og vokal Espen Beranek Holm 5 Ingunn Øyen Jan Martin Johnsen Jon Bleiklie Devik Kristin Grue Marianne Krogh Niklas Gundersen Unn Vibeke Hol Vidar Magnussen Espen Beranek Holm Marie Blokhus DER STRUWWELPETER shockheaded peter Kva var moralen? Det er ei barnelitteraturhistorisk kjensgjerning: Vår eiga Margrethe Munthe var ei av dei for seint fødde. Kvifor? Fordi det kom ut ei barnebok i Frankfurt i 1845, med tittelen Struwwelpeter. Fordi det med denne utgjevinga burde ha blitt atskillig vanskelegare å vere aldeles oppriktig moralsk i barnebøker. Slik går forteljinga: Heinrich Hoffmann (1809–1894) var ein Frankfurt-lege med sterkt utvikla evner til å kommunisere med barn. Dette skal stadig ha komme dei små pasientane hans til gode, via morosame dikt og teikningar. Da han så sjølv 6 der struwwelpeter shockheaded peter fekk barn og jula 1844 ville kjøpe ei bok til treåringen Carl, blei han skuffa over utvalet i bokhandlane. Dei hadde nemleg ikkje det han var ute etter. Barnelitteraturen den gongen bestod av lange, moralske forteljingar med konklusjonar av typen «barn må snakke sant» og «barn må vere reine». Altså skreiv og teikna Hoffmann like godt si eiga vesle bok. Nokre kjenningar som fekk sjå produktet meinte han burde få det trykt, og slik blei det. Busteper, som boka er blitt heitande på norsk, blei ein suksess med det same og raskt omsett til ei mengd språk. Da Hoffmann døde, var ho kommen i 176 opplag, og sidan skal ho ha blitt seld i vel 25 millionar eksemplar. Truleg er denne boka det viktigaste tyske bidraget til barnelitteraturen, nest etter brørne Grimms eventyr. På norsk kom Busteper først ut i 1921. Men da hadde nordmenn lenge kunna lese danske omsetjingar, faktisk heilt sidan jula 1847. Det var først frå midten av 1700-talet at det begynte å komme ut bøker skrivne særskilt for barn, gjerne med ei blanding av bilde, gåter, alfabet, rim og regler, og ikkje minst moralske leksjonar. Dette skjedde dermed litt etter «oppfinninga av barndommen» (eller av våre moderne idear om han), skal vi tru den franske kulturhistorikaren Philippe Ariès. Men kor lenge var den moralske barneboka i paradis? Problema må i alle fall ha begynt med Busteper, og 20 år seinare følgde den definitive utkastinga. Da kom Lewis Carrolls Alice i eventyrland (1865). Sidan har barnelitteraturen knapt nok kunna vere den same – om vi nå ein augneblink, aldeles forenkla og uforsvarleg, tenkjer oss historia som ein serie av brot, der nye ting erstattar dei gamle. Først i Bustepers ueinsarta persongalleri står Busteper sjølv. Hoffmanns teikning viser verdas mest uflidde gutunge, med viltert hår og meterlange negler. Med ei sta og stolt mine, som var han sjølve sola i sitt eige solsystem, i freidig opprør mot foreldreautoriteten. «Fy da, stygge Busteper!», blir det ropt i det vesle verset som akkompagnerer teikninga. Så følgjer dei små forteljingane på vers, ni i talet, som enkeltståande moralleksjonar av det tydeleg overdrivne slaget. Grunnforteljinga er enkel og treledda: Foreldre åtvarar barn om konsekvensane av å være uskikkeleg, barn lar vere å høyre på foreldra, og foreldra får rett. Først den slemme Fredrik, ein liten kar som plukkar beina av fluene og vengene av fuglane, heilt til han gjer sitt korte livs store tabbe: å piske hunden. Deretter Konrad som syg på tommelen, heilt til Saksemannen dukkar opp, ganske som mor har føresagt. Og dessutan Augustus som ikkje vil ete suppa si, og som derfor sakte visnar bort, forutan bøllegjengen som får seg ei overrasking når dei utfordrar gatas kjempe. Mellom anna. Tysk humor, altså. For mange, og kanskje ikkje aller minst i eit britisk perspektiv, er dette omgrepet eit suverent eksempel på det som i retorikken blir kalla ein oksymoron, ein språkfigur som består av to motsetnader. Orda «tysk» og «humor» slår kvarandre i hel, altså. Omtrent som «italiensk ærlegdom», «fransk seksualmoral» eller «norsk danning». Da gløymer dei (og kanskje også vi) at tyskarane har produsert nokre av dei største ironikarane i historia (og dessutan, men det er det kanskje mindre nødvendig å nemne, ironiteoretikarar). Men dei beste britane – for så vidt i til liks med dei beste menneska – er dei som har større sans for det framande enn som så, og som samtidig veit å gjere det til sitt eige. Nettopp slike britar og menneske er Julian Crouch, Phelim McDermott og kultbandet The Tiger Lillies, dei hovudansvarlege for musikalen Shockheaded Peter. Takk vere dei blei ein aparte tysk barnebokklassikar tilført eit aldeles konsekvent britisk vidd, av typen svartare enn Blackadder. Mens Hoffmann, ein smule mjuk som han må ha vore, let somme av dei små figurane leve vidare etter at dei hadde forbrote seg, er moralen 7 der struwwelpeter shockheaded peter i denne musikalversjonen nemleg trekt ut i sin yttarste, logiske konsekvens. Løna for synd er som kjent døden, og her endar kvart einaste songnummer nettopp der. Kjempa slår bøllehovud mot bøllehovud, i staden for å duppe dei i blekk. Og etter å ha dradd duken av bordet endar den klåfingra Filip opp med kroppen full av bestikk. I Shockheaded Peter handlar rammeforteljinga om eit barnlaust par som til slutt får oppfylt ønska sine, ved hjelp av storken. Resultatet er Peter, den ufordragelege og uflidde skapningen som sidan skal komme til å heimsøkje heimen sin og foreldra sine, til siste slutt. Det er vanskeleg å tenkje seg dårlegare reklame for fertilitetsklinikkar. Forteljaren i stykket er ein sjølvforelska, teatralsk og smått sadistisk skoedespelar, kalla seremonimeisteren. Han tek konsekvent parti for far, mor og ein nådelaus natur. Mot barna. Det er forestilling av blod, gørr og snørr. Og likevel – eller nettopp derfor. Shockheaded Peter hadde premiere i England i 1998, og er blitt ein internasjonal suksess. Kanskje snakkar vi her om starten på ein ny trend i den internasjonale musikalen. I alle fall demonstrerte Shockheaded Peter at det ikkje var grenser for kva musikalar kunne handle om. Dessutan stod han for eit farvel til sentimentaliteten i denne sjangeren. I dag ser det ut som om musikalar kan handle om kva som helst, men den gongen var det vanskeleg å tenkje seg at ein musikal om mormonarrørsla kunne feire triumfar i Londons West End og på Broadway i New York, slik The Book of Mormons gjer nå. Men kanskje er det like rett å seie at Shockheaded Peter overskrid musikalen som sjanger, at det er teater, pantomime, kabaret, dokketeater, skrekkfilm, skuggeteater og det dei ansvarlege sjølve kallar «søppelopera». Som ein av dei heldige som fekk oppleve den første engelske oppsetjinga på Lyric Hammersmith i West End, må eg vedgå at eg seinare har lengta tilbake. Til ein av dei morosamaste og mest grufulle teaterkveldane eg har opplevd. The Tiger Lillies er slett ikkje dei einaste som har sett musikk til Hoffmanns bok, men ingen andre har gjort det så stilfullt og underhaldande. La det elles vere nemnt, dersom nokon skulle lide under ei svenskfabrikkert misforståing: Musikk skal ikkje alltid byggjast av glede. Å påstå at Hoffmann ganske enkelt utleverte den didaktiske barnelitteraturen i tida, er for enkelt. Versa i Busteper er ikkje reine parodiar på «den åtvarande forteljinga». Det finst utan tvil også eit element av genuin oppsedingslyst i Busteper, jamvel om det skjer med glimt i auget. Både ulydnaden og straffa blir feira, på like ekstravagant vis. Slik har Busteper også fungert som skremmepropaganda opp gjennom åra, sjølv om dei vaksne i tillegg har kunna smile skeivt – og kanskje også vondskapsfullt. Generasjonar av barn er blitt vettskremde og veloppseda som ein konsekvens av tidleg Busteper-eksponering. Hordar av sarte og forsvarslause har mista nattesvevnen av å lese om den dagdrøymande Johnny som hamnar i elva fordi han er for lite realitetsorientert, eller om Harriet som leikar med fyrstikker og dermed, uunngåeleg, sjølv blir ståande i fyr og flamme. Heilt frå starten av blei Busteper møtt med omsetjingar, parodiar, med stadig nye versjonar og spinoffs. Det har også komme velmeinte motsvar, som Der Anti Struwwelpeter, der det går godt for barna og dårleg for dei vaksne. Beatrix Potter har vore på banen, saman med Mark Twain og Astrid Lindgren. H.C. Andersen hadde sansen, og Freud sette Sutte-Konrad og Saksemannen i samband med kastrasjonsproblematikken. Tyskarar har stadig brukt Busteper i politisk satire, mellom anna gjekk det hardt utover keisar Wilhelm, mens britane presterte ein 8 der struwwelpeter shockheaded peter eigen Struwwelhitler. For dei lærde finst det ei parallellutgåve på latin, engelsk og tysk. For dei mindre lærde dukkar Busteper opp i ein episode av The Office. Struwwelpeter er i det heile for lengst blitt ein «kulturtekst», ein tekst som lever nærmast uendeleg mange liv utanfor permane til den opphavlege boka. Ei vedgåing: Pedagogar har ikkje alltid hatt sans for Hoffmanns verkemiddel. På 1970-talet jamførte dei hemnlogikken i desse forteljingane med nazistiske konsentrasjonsleirar og amerikanarar i Vietnam-krig. Ikkje noko mindre. Men så er dette da også sterk kost for moderne sinn. I førsteutgåva av Struwwelpeter sto det «forteljingar for barn frå 3 til 6 år»; kanskje kunne det like gjerne stått «frå 30 til 60». «Eg kan seie meg nøgd med at den vesle slyngelen har lagt under seg heile verda, ganske fredeleg utan blodspille,» kunne Hoffmann konstatere i memoarane sine. Og slik har det halde fram. Mykje på grunn av at den vesle boka er så fascinerande open. Og også denne musikalversjonen av Busteper står fram som ein open tekst. På den eine sida driv parodien moralen ut i det absurde, på den andre sida dveler ein ved mørket på eit vis som ikkje kan avfeiast aldeles som humor. Men alle som har hatt ein barndom, bør i grunnen klare å ta stilling til det grufulle i desse situasjonane, til redsla som følgjer etter lovbrotet, etter den vesle løgna, tilsnikinga, den vesle naskinga frå skåpet. «Kva er moralen?» blir det stadig spurt i Lewis Carrolls nonsensverk om Alice. Det same spørsmålet blir også stilt, om enn på meir indirekte vis, i Busteper. Svaret er det verre med. Men kanskje råkar satiren i desse bøkene ikkje minst betrevitaren i oss. Kanskje pirkar akkurat denne versjonen av Busteper borti den velutvikla og aldeles menneskelege evna vår til å formulere oss slik: «Kva var det eg sa?» Kvar og ein får ransake seg sjølv. Da kan det sjølvsagt vere at dei finn stadfestinga på Shockheaded Peters påstand om at «Menneskesinnet er fullt av monster». Eller, for i staden å ty til Margrethe Munthe: «Det var ikkje pent!» Tore Rem er forfattar og professor i britisk litteratur. Han har mellom anna soge på tommelen, bite negler, nekta å ete suppe og skrive den kritikarroste biografien om Jens Bjørneboe, Sin egen herre (2009) og Født til frihet (2010). 9 der struwwelpeter shockheaded peter Klipp klipp (Konrad som sutta på tommelen) Konrads mamma gjekk ut eit ærend Og sa til Konrad ‘Høyr no her Når eg har gått på turen min, Så ikkje sutt på tommen din Du har vel høyrt om saksemannen Ein lang fæl mann med saks i hand Han kjem med saksa si og kuttar fingrane av barn som suttar’ Vel, ein skulle jo tru at han forstod Men nei, med ein gong mora drog stakk Konrad tommen i munnen sin Og saksemannen storma inn Klipp klipp! Klipp klipp! går saksa hans Og Konrad hyler Stans! Klipp klipp! Klipp klipp! Klipp klipp! Ha ha! Og Konrads fingrar ramlar av Vel, mamma kjem heim, og Konrad grin Han viser mora handa si ’Ha ha!’ sei’r mamma, ’eg visste det Det der er heilt til pass for deg!’ Klipp klipp! Klipp klipp! går saksa hans Og Konrad hyler Stans! Klipp klipp! Klipp klipp! og ikkje mukk Når Konrad trekk sitt siste sukk Klipp klipp! Klipp klipp! går saksa hans Og no må mora kjøpe krans Klipp klipp! Klipp klipp! Ho veit det vel At no vil Konrad blø i hel 10 MUSIKKEN shockheaded peter Djupsvart kastratkomikk The Tiger Lillies er som namnet sitt: Farleg, vakker og dødeleg. I tillegg kan ein le av dei. Tekst Per Asbjørn Risnes jr. Foto Andrew Attkinson /tigerlillies.com Mange band og artistar rotar rundt på den mørke sida. Mange seier dei er røysta frå undergrunnen. Men berre The Tiger Lillies klarer å få perversitetar, blod, grøss og gru til å bli så surrealistisk og fascinerande morosamt. Trioen blei starta i 1989 av Martyn Jaques, ein småfeit gubbe med fletta hestehale langt ned på ryggen, bowlerhatt og ei skingrande vakker falsettstemme. «Den kriminelle kastraten» har han blitt kalla, sjølv om han stundom bryt ut i meir gryntande og snerrande bass, og strengt tatt ikkje er meir lovstridig enn at han har selt hasjrøykar-utstyr i sin ungdom. Songaren hadde lenge budd åleine over ei strippebule i Soho og tatt halvhjarta songtimar, før han ein dag tok opp trekkspelet og kombinerte det med å synge høgt og skjerande om horene, junkiane og taparane han hadde rundt seg. Han tenkte det var såpass originalt at han ville selje millionar. Han hadde berre rett i det første. Ikkje det siste. Sidan då har han hatt med seg den speltynne Adrian Stout på bass, sag og theremin, medan den meir normalbygde Adrian Huge har spelt perkusjon på alt 11 Musikken shockheaded peter frå barneslagverk til porselen-servise. Saman har dei gitt ut omlag 29 album og fem bøker. På midten av 90-talet fekk dei ein West End-hit med framsyninga Shockheaded Peter. Trioen laga musikk og tekstar basert på Heinrich Hoffmann si bestialske «sjølvhjelpsbok» for barn. Resultatet blei ein slags «alle-barna-vitsar» i dramatisk kabaretversjon. Veleigna til å gje kven som helst mareritt. Og derfor ein dundrande suksess. Men The Tiger Lillies er framleis eit relativt ukjent kultband. Dei speler for eit par hundre tilskodarar på konserthus og festivalar. Men dei gjer det over heile verda, så no kan dei fint leve av galskapen. Samstundes er trioen noko så uvanleg som eit band som har meir berømte fans enn dei er sjølve. Folk som Mel Brooks, David Byrne, Matt Groening, Terry Gilliam og Marilyn Manson er svorne tilhengarar. Og grunnen er at det er svært få som gjer noko liknande som det The Tiger Lillies gjer. Den burleske blandinga av opera, sigøynarmusikk og svart humor-kabaret er ikkje daglegdags. Sjølv kallar Jacques det dei gjer for «Brechtisk pønkekabaret». Men det er eit understatement. Du kan gange det biletet med ti. Publikum blir både uvel og rørt. Den tvikjønna framtoninga, dei grufulle tekstane sungne med englerøyst, er meinte å skape forvirring og motstridande kjensler. Det seiest at etter ein konsert i Hamburg kom det ein psykiater opp på scenen til dei og sa: «Det er imponerande korleis de klarer å få plass til absolutt alt.» 12 shockheaded peter INTERVJU MED ESPEN BERANEK HOLM Litt av ein mann! Ein barsamtale med Espen Beranek Holm Tekst Ragnar Hovland Foto Eivor Eriksen Espen Beranek Holm (51) er ein slik mann du legg merke til når han kjem inn i eit rom. Det er sjølvsagt fordi du har sett han på tv. Men sjølv om du ikkje hadde sett han på tv, er han ein mann du ville lagt merke til. Han er ein mann som er til stades. Og det er noko med sjølve framtoningen. Alltid like pen i tøyet. Og så denne distingverte hårmanken som har noko nesten hollywoodsk over seg. Hr. Holm (namnet Beranek, for no å gjere oss ferdige med det, har han frå ei tsjekkisk farmor) har i tillegg ein høg og smittande latter og eit utprega vennleg vesen. Det er i det heile vanskeleg å finne noko vondt å seie om denne Frogner-guten med den sonore røysta. Eg har forhøyrt meg litt blant folk som kjenner han, men dei har ingen saftige anekdotar å by på. Ingen skandalehistorier. Så er det vel ikkje noko der, då. Ein kan vere freista til å kalle Espen Beranek Holm ein mann frå ei anna tid. (Og det er ikkje 80-talet!) Eller kanskje han berre er tidlaus. Holm er også truleg renessansemennesket framfor nokon i den norske underhaldningsverda. Er det noko han i det heile ikkje har gjort? Truleg ikkje. Begynte som svartrockar og popgut ein gong på 70-talet, noko han vidareutvikla i det neste tiåret, med ei respektabel rad med plateutgivingar, ein legendarisk singelhit (Dra til hælvete) og ein Spellemannpris (for albumet X-Ray). I tillegg har han vore teknikar og gjestemusikar på ei nærmast endelaus rekke med norske plateutgivingar. Men dette viste seg å berre vere éi side ved Beraneks talent. Nærmare vår tid har han, samen med Are Kalvø, i mange år vore programleiar for Hallo i uken. På tv har vi m.a. sett han i humorprogrammet Løvebakken, og han har vore programleiar for musikkprogrammet Maestro, der det handla om klassisk musikk og dirigentens rolle. Han har spelt i revyar, med Rune Andersen, Marit Voldsæter, Are Kalvø. Han har forsyne meg også lese inn og produsert lydbøker! Musikar, lydteknikar, komikar, imitator. – Og som om ikkje alt dette var nok: No skal du altså spele musikal? Ja, eg skal syngje på nynorsk. Og så skal eg spele strengeinstrument på nynorsk! Eg har jo gjort det før, då, i Dei Nye Kapellanane, så det er ikkje framandt for meg. Og faktisk har eg laga musikk til Det Norske Teatret tidlegare, ved eit par høve, revyen Tusen år og like blid i ‘97, og Det folk vil ha i 2005. Så eg har vore innom, men eg har aldri stått på scenen der sjølv. – Men det er ikkje akkurat første gongen du speler musikal! Nei, det er det ikkje. I 1984 spelte eg Danny i musikalen Grease, på Chat Noir, mot Linn Stokke. – Og det var sjølvsagt eit nøye planlagt karrieretrekk? Nei, det var det ikkje! Det var til og med, i enkelte miljø, eit omstridt karrieretrekk. 13 intervju med espen beranek holm shockheaded peter Eg var vel på den tid mest kjend for å vere mørk og mystisk. Hadde gitt ut eit par plater, singelplata Dra til hælvete, og eit par LP-ar. Og mange meinte det var eit totalt feil trekk av meg. Eg har jo alltid vore så glad i revy, eg. Og då eg fekk tilbodet om å stå på scenen på Chat Noir, så tenkte eg at den måtte eg gripe, same kva det var. Stå på scenen der alle mine store heltar frå fordoms tider hadde stått. Så det var faktisk avgjerande årsak til at eg gjorde dette. Eg rådførte meg med plateselskapet mitt, og dei skulle jo byggje meg opp som kjend artist, så dei syntest det var kjempestas at eg gjorde det. Men det fanst musikkjournalistar som meinte at det var frykteleg gale. Lettbeint, tanketomt amerikansk underhaldningsshow. Det høyrde ingen stad heime. Men så sa eg at det er jo akkurat det det er og akkurat det det skal vere på ein sommarrevy. – Men eg høyrde du nemnde revytradisjonen, som jo er eit påfallande trekk ved deg? Ja, det er jo det. – Og far din var kjend jazzmusikar, så eg går ut frå at det var mykje musikk i heimen? Ja, det var det. Men det var mykje ordentleg musikk, seriøst, altså. Og då snakkar vi ikkje om klassisk musikk i vanleg forstand, det var jazz, storbandjazz. Det var jo det som eigentleg var underhaldningsmusikken på 40- og 50-talet. Men det der med revy… Eg har alltid vore glad i å høyre på radio, for eg såg aldri nokon av desse revyane. Det var eg for liten til. Men eg høyrde det på radio, og eg trur nok mykje av det gjekk over hovudet på meg, men det var god stemning i det! – Likevel blei du popstjerne og rockemusikar først. Ja, eg har vel hatt ei ganske vanleg tilnærming til musikk og underhaldning oppigjennom. På 60-talet, heilt til å begynne med, så var det desse revytinga. Eg har ein bror som er to år eldre, han høyrde òg litt på dette, men han høyrde jo på andre ting også, på Beatles og Rolling Stones, slike ting. Eg syntest mykje av det var litt vanskeleg, så det blei mykje tyggjegummipop på meg, The Monkees og Middle of The Road og slikt. Og så gjekk det i singelplater. Og då forsvann mykje av revyinteressa. Det var popmusikk som galdt, poplåtar. Og så utvikla det seg utover på 70-talet, eg spelte litt i korps, det var også noko ein berre gjorde. Og så var jo visebølgja ein tsunami i musikklivet. – Du har fortalt at Øystein Sunde inspirerte deg til å spele gitar. Ja, Øystein Sunde, Ole Paus… Og Lillebjørn Nilsen, sjølvsagt. Dei var store stjerner. Men Øystein Sunde hadde jo dette revygrepet, eigentleg, og spelte samtidig så virtuost. Etter kvart fekk eg grep på det Ole Paus gjorde på gitar, det gjorde eg aldri med Øystein Sunde. Men eg klarte å uttale tekstane hans! Og så meldte eg meg på gitarkurs på skulen i 72. Eg fekk låne gitar av far min. Og då var ikkje vegen lang til el-gitar. Det første bandet mitt kalte seg Myggen Torvalds Danseensemble. Det var absolutt ikkje noko danseensemble. Vi spelte Beatles, Santana, Alice Cooper. Og så begynte vi å prøve å lage låtar sjølve. Det blei mykje blues! Seinare kom eg med i eit nytt band, med delvis dei same folka, OHM, det var ganske progressivt. – Men samtidig som du har vore svartrockar, så gløymde du ikkje revytradisjonen. Nei, den har jo vore der. Eg dreiv med litt revyaktige ting saman med ein kamerat og så laga eg eigne låtar. Eksperimenterte mykje med lydteknikk og opptaksteknikk og slikt. Og av rein nysgjerrigheit, så kjøpte eg string ensemble og min første synthesizer, det var vel rett etter at Kraftwerk… Eg hadde jo høyrt på mykje musikk oppigjennom, men Kraftwerk stod for noko heilt nytt. 14 intervju med espen beranek holm shockheaded peter Eg kunne ikkje eigentleg spele tangentinstrument, men poenget var å lage lyd. Det var det som var innfallsvinkelen min. Då det var folk som var interesserte i å gi ut musikken min, munna det ut i ein song som Dra til hælvete, som har litt av det revyaktige i seg. Den har t.d. ein trommemaskin som blei kjørt gjennom synthesizeren og klipt opp… Veldig elektroniske greier. Slik blei det første albumet også. – Men din store og sensurerte hit Dra til hælvete, det var ein av dei få med norsk tekst? Ja. Eg skreiv også norske tekstar, men dei låg i den revybiten, spesielt saman med Martin Nygaard. Vi hadde eit prosjekt der vi skreiv norske tekstar og norske viser og omsette for moro skyld utanlandske hits. På nokre kassettar så har eg nok Bobby Brown på norsk – «Hei der folkens, jeg er Ola Brun, og alle syns at jeg er så kul»- og så har eg «Spell den fine plata høyt,» Play that funky music loud. Nokre slike ting som vi omsette for moro skyld. Men singelen gjorde ikkje noko av seg i førstninga. I desse dagar er det 30 år sidan, det må ha vore før 17. mai, den var med på nokre russetreff og slikt det året. Den steig opp av ingenting i løpet av sommaren, med mykje pushing. Det var ein platebar nede på Grønland som selde voldsomme mengder, eg trur dei rapporterte omtrent åleine til VG-lista, det var heilt sjukt. Så, i august, toppa den VG-lista og blei spelt på radio. Det var heilt hinsides! Og ingen visste kven eg var. Eg var Anonym! – Men du fekk ikkje vere anonym altfor lenge? Nei, det var nokon som ringde 1000-tipset og gave it away. Eg likte det ikkje den gongen, og eg har det vel framleis slik. Eg kjenner meg ikkje som nokon kjendis, men eg har registrert at det er overraskande mange som veit kva eg driv med. Og eg kjenner heller ikkje at eg har dyrka den delen av tilværet i særleg grad. Eg har forsøkt å setje fokus på det eg driv med. – Du er jo eit renessansemenneske. Føler du av og til at du har spreidd deg over for mange ting, eller føler du at det har vore rett å spreie seg såpass mykje? Nei, eg kjenner ikkje at eg har spreidd meg over for mange ting. Einaste gongen eg kan kjenne på det, er vel når eg ser at avtaleboka er litt for full og at det er litt for få timar i døgnet til å få gjort alt eg har lyst til og alt eg faktisk har sagt ja til, men eg er blitt flinkare til det der etter kvart, til å føresjå korleis prosjekt kjem til å utvikle seg. Men eg føler samtidig at eg ikkje har spreidd meg over så forferdeleg mykje, for eg kjenner at det eg driv med er i botn og grunn musikk, språk og kommunikasjon. Alt eg gjer dreier seg om desse tinga. Mens enkelte seier: Er du musikar eller er du revyartist eller er du komikar? Det er denne båstenkinga. Når folk spør meg kva eg gjer, så seier eg at eg speler gitar og idiot. Det dekker det meste. Då slepp eg også å gjere hevd på respektable titlar som skodespelar og musikar. – Musikalsjangeren, kva slags forhold har du til den? Det er ikkje berre berre (høg latter)! Det var eit bra svar. Hæ hæ hæ! Det kan bety mykje! Eg spelte jo som sagt sjølv i ein musikal, i 1984, og eg må innrømme at eg aldri hadde sett musikalen Grease, eg visste ikkje at det var ein musikal eingong, eg trudde det var ein film, med John Travolta og Olivia Newton-John. Og på den tida, 1978, var eg heilt uinteressert, eg hadde aldri sett filmen. Og den tid hadde eg eit forhold til musikalen som noko overdramatisk, unaturleg, oppstylta, konstruert noko. Eg syntest at sjangeren hadde meir enn eitt problem… Ein av dei kulaste musikalane eg kan hugse var vel Jesus Christ Superstar. Den kjøpte eg på cd for ikkje så veldig mange år sidan. Med Ian Gillan og det der gamle castet. 15 intervju med espen beranek holm shockheaded peter Og det er tøft, det. Det var jo den gongen Andrew Lloyd-Webber faktisk skreiv gode låtar. Men det har han slutta med. Men det var noko eg ikkje heilt fekk tak i med musikalen. Det er nok forma. Og musikkstilen som eg etter kvart syntest blei forutsigbar. Men i tillegg til det, så krev musikalforma nesten umenneskelege evner av deltakarane. Du skal vere tipptopp dansar, du skal vere tipptopp songar, og du skal vere ein djevel på å levere replikkar. Det er kinderegget sitt, det! Eg har sett dårlege ting. Til og med i Londons West End har eg sett grusomme ting. Men der har eg også sett lyset. – Så du ser faktisk på musikalar? Ja. Der har eg sett nokre oppsetningar som har fått håret til å reise seg på heile kroppen. Og eg synest også det har skjedd ting… Det Norske Teatret har vore eksponent for utruleg mange flotte oppsetningar. Og det har også vore gøy å sjå ein del av dei tinga som har blitt sette opp på Oslo Nye Teater, fordi ensemblet er så bra. Dei plukkar folk til å gjere rolla spesielt, og det fungerer veldig godt. Og når det musikalske er på plass og dei har gode dansarar, flinke vokalistar, så funkar det. Då er det plutseleg slik at ein kan forsvare veldig mykje meir. Det eg synest er bra med musikalar no, er at det er nokon som er i stand til å utvikle sjangeren, som t.d. Next to Normal, som har eit vanskeleg tema, og det får dei til å spele… Eg blei så gripen av det stykket, det var heilt voldsomt. Og musikken så bra. Og dette viser at musikalen som form har ei framtid, når dei rette folka sit med penn og notepapir. Så dermed kan vi vel oppsummere med at musikal er ikkje berre berre. Det krev sin mann og dame på alle sider av papiret! Etter å ha bestilt meir drikke (husets kvite til Hovland og ”husets brune” til Holm), fordjupar intervjuaren og intervjuobjektet seg i humor, kritikkar, musikksmak, ukulele-fagprat og i ei oppklaring av Beraneks musikalske samarbeid med JeanJacques Burnel, den legendariske bassisten i det like legendariske bandet The Stranglers. Men om nokon vil vite meir om dette, får dei heller spørje. Saka er iallfall, om nokon ikkje skulle ha fått det med seg, at frå september av står Espen Beranek Holm på scenen på Det Norske Teatret og syng og speler strengeinstrument. På nynorsk. Tekst: Ragnar Hovland (som er ganske kry over at han har spelt saman med Espen Beranek Holm i bandet Dei Nye Kapellanane). Espen Beranek Holm • Espen Beranek Holm leiar bandet i Shockheaded Peter som har Noregspremiere på Hovudscenen 30. august. • Tysk barnebok skrive og illustrert av Heinrich Hoffmann i 1845. • Lustige Geschichten und drollige Bilder für Kinder 3-6 Jahren er originaltittelen. Blei kort etter endra til Der Struwwelpeter som boka er mest kjent under. • 10 korte illustrerte historier om korleis det går med ulydige barn. Kan lesast som eit forsvar for ein autoritær oppsedingsstil og krass straffepedagogikk, men Struwwelpeter er òg tatt for å vere revolusjonær. • Populær også i parodiske omskrivingar eller politiske omdiktingar – for militæret, kom ut i 1877. Struwwelhitler, utkom i England i 1941, og Der Anti-Struwwelpeter, utkom i Berlin i 1970. • Også i DDR blei det utgitt ein tilpassa versjon. 16 INTERVJU MED VIDAR MAGNUSSEN shockheaded peter Skrekkeleg sjarmerande Tekst Sissel Fantoft Foto Eivor Eriksen Som seremonimeister i Shockheaded Peter skal Vidar Magnussen sørgje for at den skumle stemninga kjem snikande. For her går det skikkeleg gale for barn som ikkje oppfører seg. Shockheaded Peter byggjer på ti små historier skrivne av den tyske psykologen Heinrich Hoffmann i 1845. Historiene handlar om dei grufulle følgjene det får om ein ikkje gjer som foreldra seier. Historiene er omarbeidde for scenen av Julian Crouch og Phelim McDermott, og det er Are Kalvø som har omsett manuset til norsk. – Hoffmann var lei av den snille og pedagogiske måten å oppdra barn på, og eg trur at denne framsyninga vil vere eit befriande friskt pust for dei som synest at barneoppsedinga i dag er lulla inn i litt for mykje kos og frie tyglar, seier Vidar Magnussen. Ei av historiene handlar om ei jente som leiker med fyrstikker og brenn i hel, og ei anna om ein gut som får tomlane klipte av fordi han ikkje klarer å la vere å suge på dei. – Det er ti historier om barn som har dei fælslegaste lagnader. Men det er gjort på ein utruleg sjarmerande måte, seier Vidar. Det er mykje song og musikk i framsyninga, med eige band på scenen, og som seremonimeister skal Vidar Magnussen beskrive det som skjer og vere limet mellom songnummera. – Espen Beranek Holm er perfekt i rolla som hovudsongar. Are Kalvø bruker ein «brei» nynorsk og har laga ein utruleg morosam tekst, så dette er verkeleg eit artig stykke å jobbe med, seier Vidar. Heinrich Hoffmann skreiv historiene som ei julegåve til den tre år gamle sonen sin Carl i 1844 og samla dei i boka Lustige Geschichten und drollige Bilder für Kinder von 3–6 Jahren som kom ut året etter. Musikalen hadde urpremiere i 1998 med bandet Tiger Lillies som musikalsk bakteppe. – Eg så framsyninga i England for ti år sidan, og det er ei av dei beste teateropplevingane eg har hatt, seier Vidar. Han budde fleire år i England mens han utdanna seg til skodespelar. Etter utdanninga vart han buande og jobba som skodespelar, mellom anna ved Sheringham Little Theatre i Norfolk. – Eg var ganske sjenert som ung, og torde ikkje tenkje på å stå på ein scene eingong. Etter gymnaset visste eg ikkje heilt kva eg skulle ta meg til, så då ei venninne snakka om å ta eit år på folkehøgskole, syntest eg det verka som ein god idé, fortel Vidar. Han begynte på Sunnhordland folkehøgskole, og der kom han over sceneskrekken. Neste steg var å søkje på Teaterhøgskolen i Oslo. – Eg søkte to gonger, men kom berre til førsteprøven, så eg gav opp. 17 intervju med vidar magnussen shockheaded peter Teaterhøgskolen er ekstremt bra, men for meg vart åra i England ei fantastisk erfaring. Eg fekk meg ein eigen agent då eg var ferdig på skolen, og gikk på mange rare auditionar. Men det var ingen jamn straum av jobbar, og etter kvart oppdrag var det tilbake til start att, så etter nesten to år drog eg heim til Noreg igjen, seier Vidar. Her heime fekk han nokre jobbar ved Hordaland Teater og Radioteatret, og på same tid tok han oppdrag som manusforfattar i NRK. – Etter kvart hadde eg nesten gitt opp skodespelarkarrieren, men ein dag fekk eg ein telefon frå Riksteatret med spørsmål om eg kunne steppe inn for Jørgen Langhelle i Hedda Gabler. Og etter det ringde Bjarte Hjelmeland og ga meg fast jobb ved Den Nationale Scene (DNS). Det var stort; DNS har vore draumearbeidsplassen min sidan eg var 18–19 år gammal, fortel Vidar. Ved DNS har han vore med i framsyningar som Panikk i kulissene, Les Misérables, Mascarade, Jungelboken og La Cage aux Folles. No har han to års permisjon frå DNS for å jobbe ved Det Norske Teatret. – Det gjev ein stor fridom og tryggleik å ha ein fast jobb, men på same tid er det fint å flytte litt på seg, og no var eg moden for det. Og eg stortrivst her på Det Norske og er imponert over måten eg er blitt teken imot på. Med på flyttelasset over fjellet var og sambuaren og den halvtanna år gamle sonen deira. – Han er såpass liten at det ikkje var noka dramatisk oppleving for han å flytte, og heldigvis var sambuaren min også motivert for å bu i Oslo ein periode, seier Vidar. Han har førebels ikkje kjent nokon trong til å bruke Hoffmanske metodar i si eiga barneoppseding. – Men det er befriande med eit stykke som Shockheaded Peter, som ikkje inneheld ein einaste pedagogisk peikefinger, seier Vidar Magnussen. NB: Intervjuet blei skriven i 2011, då Shockheaded Peter eigentleg skulle spelast, og sidan den gong har det skjedd mykje. Familien har blitt større, og sambuarparet har no ein son på fire år og ein på 0. Og ved nyttår fekk Vidar fast jobb her på Det Norske Teatret, så no blir dei i Oslo! Han gjer stor suksess også i NRK om dagen, som ein del av gjengen i Undersholdningsavdelingen, og i haust får vi sjå han i NRKs nye storsatsing Side ved side. Så se opp for Vidar Magnussen! (red.) Vidar Magnussen • Fødd og oppvaksen i Fana utanfor Bergen • Utdanna skodespelar ved Webber Douglas Academy of Dramatic Arts i England • Fast tilsett ved Det Norske Teatret • Fekk Komiprisen 2010 for Årets gjennombrudd for Mascarade ved DNS. • Vann Bergen Teaterforenings «Pernillestatuetten» 2010 for Jungelboken ved DNS. 18 INTERVJU MED INGRID NYLANDER, KOSTYMEDESIGNAR shockheaded peter «Det groteske må blandast med humor, då er det heilt sjukt gøy» Tekst Line Rosvoll Foto Adam Den Haene – Du jobbar med eit kunstnarleg team no som du har laga fleire framsyningar med, går de «på rutinen»? – Dei er teaterfamilien min. Vi er eit lag som er blitt trygge på kvarandre. Vi kjenner kvarandre så godt no at vi kan sitje saman med beina på bordet og finne på tullete ting og le oss skvett i hel. Eg kan vakne opp midt på natta med dei villaste idéar og gle meg til å kunne fortelje om det. Vi er i ein kontinuerlig prosess som går utover den enkelte produksjonen. Eg trur og håpar at energien i arbeidet vårt når ut til publikum gjennom framsyninga. Så likar eg dei opne prosjekta der eg kan vere med på å påverke det kunstnarlege resultatet. – …som i Shockheaded Peter? – Ja, no lagar vi noko heilt nytt. Noko eg aldri har sett før. Det som er med inn på scenen i første bilde, inneheld alt det som seinare skal brukast i resten av framsyninga. Det er ei krevjande samarbeidsform for alle involverte. Meir enn det som er vanleg. Og det er ei herleg utfordring. Det skal vere fascinerande utan å vere ekskluderande, og vår oppgåve blir å finne balansen. Publikum må forstå at vi tullar, for det er jo ikkje slik at vi hatar barn. Her må kostyma vere med på å gjere det så aparte at det er opplagt at dette ikkje har noko med realisme å gjere. – Kor har du funne inspirasjon til kostyma? – Det groteske har alltid tiltrekt meg, både innan biletkunst og film. Her finn eg ein klang eg kjenner att. Dette er i slekt med dei bilda eg målar, når eg ikkje har så dårleg tid. Shockheaded Peter er galskapens musikal der det er stygt, skittent, fælt og morosamt. Vi dreg i uttrykket både i spelestil og kostyme. Eg har også brukt referansar frå det lykkelege 50-talet: Mann og kone som er pene på håret og reine i tøyet. Dei har alt, bortsett frå barn. Det groteske må blandast med humor, då er det heilt sjukt gøy. – Går du aldri lei? – Nei, aldri. Eg er privilegert som får lov til å ha det gøy på jobb. Eg elskar institusjonsteatret der eg finn medkunstnarar og spesialistar i alle rom. «Små verneverdige yrke» som dei blir kalla. Det er ekstremt dyktige folk som videreutviklar dei ideane eg har: Dei er på systua, i maskeavdelinga, dei er sceneteknikarar, rekvisittmakarar. Det er ekstremt dyktige folk, og eg er heldig som kan dra veksel på kunnskapen deira. – Kva synest du er det viktigaste du gjer i jobben din? – Det er å samarbeide med folk. Alle må forstå kva vi skal fram til, sjå heilskap og samanheng og ha eigarskap til konseptet. Då blir det mykje snakking. Kostymedesign er ikkje ein einsam jobb. Paradokset er at det ofte blir som det ser ut på teikningane mine, men det skal likevel mange samtalar til for å komme dit. Det tek tid å finne kjernen. 19 Ingrid Nylander • Hovudfag i klede og kostyme frå Statens handverk- og kunstindustriskole i 1999 • Eit lite utval av framsyningar: • Sangen om den røde rubin, Riksteatret, 2010 • Jungelboka, Det Norske Teatret og Rogaland Teater, 2008 • Få meg på for faen, Det Norske Teatret, 2007 • Fekk Heddaprisen for La Cage aux Folles, Oslo Nye Teater, 2004. • Jakten på nyresteinen, film med Vibeke Idsøe, 1996. ARBEIDSOPPGÅVER shockheaded peter Arbeidsoppgåver Ein vegvisar til arbeidsoppgåvene I samband med framsyninga Schockheaded Peter, er det fleire kompetansemål i skolefag og studieområde som kan vere aktuelle å knyte opp mot eit teaterbesøk. Det tilrettelagde materialet som elevar, studentar og lærarar kan nytte seg av, vonar vi gir fagleg inspirasjon, oppleving, og moglegheiter til refleksjon og eiga formidling i klasserommet eller i gruppa di. Vi har valt ut nokre fag, fagområde og kompetansemål og laga oppgåver knytte til dei. Nokre av kompetansemåla vi har teke fram, eignar seg i samband med førebuande arbeid, andre i samband med etterarbeid knytt opp mot framsyninga. Dette vel de sjølve ut frå interesse, innfallsvinkel og andre omsyn de vil leggje til grunn for å arbeide med framsyninga og/eller tekstutdraga. Organisering av oppgåvene Oppgåvene er presenterte kvar for seg, knytte opp mot det enkelte faget og kompetansemåla der, men dei kan sjølvsagt nyttast om kvarandre om de ynskjer det. Til dømes kan oppgåver i eit musikk- eller danseperspektiv vere nyttige for drama og teater, og vise versa. 20 arbeidsoppgåver shockheaded peter Oppgåver og utdrag frå læreplanar MUSIKK Utdrag frå Læreplan i Musikk i perspektiv 2 Utdanningsprogrammet Musikk, dans, drama: Programområdet Musikk Musikkhistorie Hovudområdet omfattar hovudlinjene i musikkhistoria. Det blir lagt vekt på ulike musikalske ytringsformer. Hovudområdet omfattar også musikken sin funksjon og plass i samfunnet til ulike tider. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • drøfte karakteristiske trekk og stilistiske verkemiddel i musikk • setje musikk frå 1900 og fram til i dag inn i ein politisk, økonomisk, sosial og kulturell kontekst Musikkhistorisk fordjuping Hovudområdet handlar om eit relevant musikkfagleg omgrepsapparat innanfor utvalde område i musikken. Samanliknande tilnærmingsmåtar, utviklingsliner og fellestrekk på tvers av sjangrar og stilhistoriske epokar er sentralt. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • samanlikne og drøfte stiltrekk ved musikk frå ulike sjangrar eller stilartar Arbeidsoppgåver i eit musikkperspektiv Om musikken, sjå intervju med Espen Beranek Holm og annan omtale av musikken. 1. Musikalen er skildra som ein makaber junk-opera og har blitt eit kultfenomen i New York og London. Kva legg du i omgrepet junk-opera, og kva er karakteristisk for denne type musikk? 2. På kva måte kan dette fungere som musikalsk ytringsform? For kva målgruppe vil du velje denne musikalske ytringsforma? Kva er eit kult-band for deg? Reflekter og diskuter med andre. 3. Korleis skil denne tilnærmingsmåten seg frå ein meir tradisjonell tilnærmingsmåte i klassisk opera? Kva skilnader og kva fellestrekk finn du? Samanlikn og drøft stiltrekk ved musikk frå ulike sjangrar og stilartar. 4. Ta for deg denne omtalen av musikken: «Musikken og tekstane er laga av skranglebandet The Tiger Lillies og minner om ei vill blanding av Tom Waits’ bluesmusikk og sliten sirkus-ompa-ompa som gjer dei 150 år gamle rima om til små, makabre mareritt. a) I kva grad er du einig i utsegna? Kva meiner du kjenneteiknar musikken med omsyn til sjanger og stil? Kva legg du i omgrepet skrangleband? b) Samanlikn og drøft stiltrekk ved popmusikk frå ulike sjangrar og epokar. 21 shockheaded peter arbeidsoppgåver 5. Dersom du ser framsyninga: Korleis verkar musikken og songtekstane med i handlinga og historiene i Schockheaded Peter? 6. Kva for problem møter bandet (og du som musikar) når ein både skal ivareta det musikalske og handlinga? 7. I ein kommentar på The Tiger Lillies Forum, (http://www.tigerlillies.com/) skriv Mina Courtauld under overskrifta The Criminal Castrati’s Anarchic Brechtian Blues Trio: «The music is a startling mixture of opera, gypsy song and left bank Paris, but what really marks out this band from any other is the emotional charge and raw passion of the delivery.» a) Høyr på dette: http://www.youtube.com/watch?v=TOVSp-fYUQc (Tid: 07:03) b) I kva grad meiner du omtalen høver til det du høyrer? Samanlikn med bandet og musikken i teaterframsyninga. Har dei andre kvalitetar du meiner særpregar det musikalske? Korleis vil du beskrive dei kvalitetane? 8. The Tiger Lillies turnerte fram til august 2013 i Danmark, Kroatia, Korea, Kina, Polen, Tyskland, Romania, Frankrike, Storbritannia, og USA. Dei har stor publikumsappell, men sel førebels lite. a) Kva grunnar kan det vere til at slikt skjer i musikkbransjen? b) Kva grunnar kan det vere til at rockeoperaen deira, Shockheaded Peter, vart så vel motteken? 22 arbeidsoppgåver shockheaded peter SCENOGRAFI OG KOSTYME Utdrag frå Læreplan i scenografi og kostyme – valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag. Scenerom Hovudområdet scenerom omfattar utforming av modellar av scenerom og produksjon av enkle sceneoppsetjingar. Korleis lys, farge og komposisjon verkar inn på bodskapen og uttrykket til scenerommet, er sentralt. Planlegging og utforming av scenografi for digital produksjon høyrer med. Val av materiale og teknikkar står sentralt. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • utforme modellar i målestokk av scenerom til tenkte arrangement • planleggje og produsere enkle sceneoppsetjingar • vurdere korleis kvitt og farga lys verkar inn på uttrykket til scenerommet • nytte form, farge, komposisjon og materiale til å formidle ein bodskap Kostyme Hovudområdet kostyme omfattar enkel design og produksjon av kostyme. Val av materiale, teknikkar og farge i klede og kostyme står sentralt. Sminke, kostyme og rekvisittar som del av scenerommet er med i hovudområdet. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • designe og produsere enkle kostyme • lage skisser til presentasjon av kostyme • vurdere val av farge og materiale i klede og kostyme • vurdere verkemidla sminke, kostyme og rekvisittar som kommunikasjon i scenerommet. Arbeidsoppgåver i eit scenografiog designperspektiv Om kostyma, sjå intervju med kostymedesignar 23 1. Kva kan grunntanken vere i utforminga av teaterrommet? 2. Kvar kan vi plassere utforminga av scenerommet i 2013-framsyninga teaterhistorisk? 3. Korleis verkar scenerommet og kostyme inn på ei framsyning, både generelt, og spesieltw i Schockheaded Peter? 4. La oss seie at du fekk i oppdrag å lage kostyma og/eller scenografien til Schockheaded Peter? Korleis ville du tenkt og gått fram i arbeidet? Sjå tekstutdraga og annan informasjon i dette heftet. shockheaded peter arbeidsoppgåver PSYKOLOGI Utdrag frå Læreplan i psykologi – programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram UTVIKLINGSPSYKOLOGI (psykologi 1) Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • drøfte samanhengar mellom erfaringar i oppveksten og haldningar og verdiar som vaksen • beskrive korleis mennesket utviklar sjølvbilde og identitet • gjere greie for forsvarsmekanismar og meistringsstrategiar SOSIALPSYKOLOGI (psykologi 2) Hovudområdet handlar om individet som ein del av det sosiale fellesskapet. Det dreier seg om grupper, roller, verdiar og haldningar, og om sosial kompetanse, leiing og makt. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • drøfte kva som påverkar og endrar haldningar KOMMUNIKASJON (psykologi 2) Hovudområdet handlar om ulike kommunikasjonsmåtar og samhandling. Det dreier seg om kommunikasjon på tvers av og innanfor ulike kulturar. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • gjere greie for omgrepet kommunikasjon, og kunne greie ut om kommunikasjonsprosessen og kva som påverkar han. Arbeidsoppgåver i eit psykologisk perspektiv, i tekstar og/eller framsyning 1. Tekstutdrag 1: Kva for verdiar og haldningar kjem fram her? Kva er det mannen og kona drøymer om? I kva grad er dette representative haldningar og draumar for barnlause i dagens samfunn? Er det ein menneskjerett å få barn? 2. I kva grad trur du miljøet, den sosiale statusen, har å seie for sjølvbildet til karakterane og identiteten deira? Korleis opplever du at dette viser seg i framsyninga? 3. Tekstutdrag2: Kva er det som påverkar handlingane deira? I kva grad meiner du at dette kan skje i den verkelege verda? 4. Når babyen er gravlagd, seier seremonimeisteren: «Så fekk dei altså oppfylt det store ønsket sitt. På ein måte. Kva skjer så med eit barn som blir sveltefora på kjærleik? Trivst og veks han? Eller svinn han hen og blir svak?» • 5. 24 Reflekter over og drøft samanhengar mellom erfaringar i oppveksten og haldningar og verdiar som vaksen, slik du ser det og i lys av eit fagleg perspektiv. Tekstutdrag 3: Kva er det som styrer handlingane til rollefigurane i dette tekstutdraget, slik du ser det? shockheaded peter arbeidsoppgåver 6. Tekstutdrag 4:Korleis kan vi skildre karakterane i teksten når det gjeld forsvarsmekanismar og meistringsstrategiar? Studer tekstvedlegget. 7. Eit stykke ut i teksten / framsyninga, skjer dette: «Mor og far kjem inn, begge med hår og neglar like viltveksande som på barnet dei gravla. Dei sovnar på bakken, utan å legge merke til kvarandre.» • Ta for deg kompetansemåla under utviklingspsykologi. I kva grad kan analyse av rollefigurane Mor og Far sjåast i samband med desse måla? 8. Tekstutdrag 5: Korleis utviklar karakterane Mor og Far seg gjennom stykket, slik det kjem fram gjennom dette tekstutdraget? Korleis vil du forklare denne endringa? 9. Ta for deg det som guten / mannen, Schockheaded Peter, seier til Mor og Far (tekstutdrag 5). Kva kan det vere som har påverka haldningane og verdiane hans, slik at han har ein bodskap å kome med? Kva kan ein gjere med det som «ligg under golvplankane»? 10. Bildeteater: a) Gå i par og lag eit frysbilete som syner tilhøvet mellom Far og Mor medan dei ventar på barnet som skal kome. La dei andre i gruppa / klassen få gå rundt statuen / frysbiletet og snakke høgt om kva dei ser. b) Gå i grupper på fire. Lag ein serie på fire frysbilete som syner utviklinga i tilhøvet mellom Far, Mor og Sonen (saman med seremonimeisteren): • • • • Når barnet kjem (rett før dei ser han) Når dei oppdagar korleis han er Når dei bestemmer seg for å grave han ned Og korleis dei har det etter han er nedgraven Syn desse bileta etter kvarandre, først i rekkjefølgje, deretter med pause imellom slik at dei andre i gruppa / klassen kan kommentere og greie ut om kva dei ser. 25 arbeidsoppgåver shockheaded peter SAMFUNNSFAG Utdrag frå Læreplan i samfunnsfag, hovudområda Individ og samfunn vg1 og Historie – etter 10. årssteget Individ og samfunn Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • gjere greie for endringar i familie- og samlivsformer Historie Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • skape forteljingar om menneske i fortida, og slik vise korleis rammer og verdiar i samfunnet påverkar tankar og handlingar Arbeidsoppgåver i eit samfunnsperspektiv og i eit historisk perspektiv 26 1. Busteper, eller Der Struwelpeter som originaltittelen er, vart skriven av den tyske lækjaren Heinrich Hoffmann i 1844. Kva for syn på barn og barndom viser seg i framsyninga og i tekstutdraga? I kva grad og på kva måte har dette endra seg i vår tid? 2. Når vart barn først sedde på som barn og ikkje små vaksne? Kva konsekvensar hadde det for familielivet og for samfunnet, til dømes i arbeidsliv og industri? 3. I kva grad gir tekst og songar uttrykk for rollene til barn og vaksne slik dei var/har vore? Studer til dømes tekstvedlegg 6 og 7 . 4. Kan vi kalle stoffet i Schockheaded Peter samfunnspolitisk – i tilfelle kvifor og korleis? Sjå på tekstutdrag i dette heftet, eller reflekter over og diskuter det som viser seg i framsyninga. 5. På kva måte synest du rammer og verdiar frå midten og slutten av 1800talet viser seg i framsyninga når det gjeld tilhøvet mellom barn og vaksne? I kva grad gjeld dei same reglane og normene i dag? Skal barn innrette seg etter vaksne sine reglar, eller skal dei opponere for å bli respekterte og få sjølvrespekt? 6. I kva grad kan teater vere ein måte å oppleve læring på innanfor dette faget? 7. Bruk tekstar, songar og inspirasjon frå framsyninga til å lage dykkar eiga vising som speglar tilsvarande konfliktar mellom barn/ungdom og vaksne i dag. arbeidsoppgåver shockheaded peter NORSK Utdrag frå Læreplan i norsk: samansette tekstar, munnlege tekstar, skriftlege tekstar, språk og kultur – alle trinn Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • gjere greie for estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjonar knytte til språk og bilete • gjere greie for samspelet mellom munnleg og skriftleg språk, bilete, lyd og musikk • bruke kunnskap om tekst, sjanger og litterære verkemiddel i eiga skjønnlitterær skriving på bokmål og nynorsk • samanlikne og vurdere tekstar som blir overførde frå eitt medium til eit anna Munnlege tekstar Hovudområdet munnlege tekstar dreier seg om munnleg kommunikasjon, det vil seie å lytte og tale, og utforsking av munnleg tekst. Sentralt er utvikling av ulike språklege roller og sjangrar og forståing av korleis ein tilpassar språk og form til mottakar, og til føremål med teksten. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • meistre ulike munnlege roller i gruppesamtalar, foredrag, dramatiseringar, presentasjonar og framføringar som aktør og tilhøyrar. SKRIFTLEGE TEKSTAR Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • analysere tekstar i ulike sjangrar for å kunne ta stilling til spørsmål tekstane tek opp, og verdiar dei representerer. • skrive essay, litterære tolkingar og andre resonnerande tekstar på bokmål og nynorsk, med utgangspunkt i litterære tekstar og norsk tekst- og språkhistorie. Arbeidsoppgåver i eit litteratur- og språkperspektiv 27 1. Studer tekstutdraga frå Schockheaded Peter og diskuter temaet / kva tekstane handlar om. 2. Korleis vil du samanlikne og vurdere tekstane i innhald og form, slik dei er blitt når dei er overførte frå eitt medium til eit anna – her med teatrale verkemiddel, og i rockeoperaform? 3. Prøv deg, gjerne saman med ein annan, på ei dramatisering av eitt eller fleire tekstutdrag. 4. Korleis er sceniske verkemiddel med på å underbyggje temaet (kostyme, rekvisittar, sminke, verbalspråk og kroppsspråk)? 5. Korleis skapar scenografien eit fysisk miljø på scena? 6. Kva vil du seie om musikken, både som språk (tonar, rytme osv.) og som litteratur (nonsens-sjangeren, rim og regler)? 7. Teatermelding eller bokmelding av Schockheaded Peter: sjå Drama og teaterfag 8. Dramatisering / bildeteater / skriveoppgåver: sjå Drama og teaterfag arbeidsoppgåver shockheaded peter DRAMA OG TEATERFAG Utdrag frå Læreplanen for Programområdet Drama, vg2 og vg3 Utdanningsprogrammet Musikk, dans, drama Teater og rørsle Programfaget skal fremje forståing av rørsle som sentralt verkemiddel og sjølvstendig uttrykk i teatersamanheng og gi den enkelte erfaring med å utforske, formidle og tolke ulike sceniske idear og uttrykk. Skapande arbeid, vg2 og vg3 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • drøfte rørsle og handling som verkemiddel i ei framsyning Teaterproduksjon, programfag Sjanger og spelestil, vg2 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • drøfte tilnærmingsmåtar til ulike sjangrar Scenisk formidling, vg3 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • utvikle monologar og dialogar og formidle dei som kunstnarlege uttrykk • drøfte spelestil, verkemiddel og tilnærmingsmåtar Teaterproduksjon, programfag til fordjuping Dramatisk form, vg2 • presentere scenografiske løysingar i teaterrom og på speleplass Utforsking av form, vg3 • drøfte verknaden som ulike regival kan ha for ein teaterproduksjon Teaterteori og -analyse 1 og 2 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne • analysere og tolke framsyningar og skrive teatermeldingar • analysere framsyningar i eit sosialt og kulturelt perspektiv Arbeidsoppgåver i eit teaterog dramaperspektiv 28 1. Vel eit tekstutdrag frå Schockheaded Peter og lag ei eiga dramatisering der du utviklar ein monolog / dialog og formidlar teksten i individuelt skodespelararbeid eller samspel. 2. Presenter eit regikonsept for eitt av tekstutdraga (tekstutdrag 1–8). 3. Vel ei scene frå vedlegga og presenter tre versjonar av spelestil: psykologisk-realistisk, episk og performanceorientert. 4. Bildeteater: Ta for deg eitt av tekstvedlegga og lag ei bildeteaterframsyning der du har med den undertrykte situasjonen, idealsituasjonen og eit bilete som viser prosessen. Lag eventuelt replikkar og tankebobler. 5. Korleis ville du arbeide med fysisk ekspressivitet i rolletolkinga av Mor, Far, eller ein av dei andre rollefigurane? shockheaded peter arbeidsoppgåver 6. Lag eit utkast til scenografisk løysing for framsyninga. 7. Dersom du har høve til å sjå framsyninga: Skriv ei teatermelding av framsyninga «Schockheaded Peter» 8. Eller: Lag ein analyse av framsyninga, gjerne to eller tre saman. Om analyse, sjå skjemaet nedanfor, henta frå Teater i Perspektiv, 2009 (Leirvåg og Eriksen, Thalia forlag). DANS Utdrag frå Læreplanen for Programområdet Dans, vg2 og vg3 Utdanningsprogrammet Musikk, dans, drama Dansekomposisjon og koreografi vg2 Hovudområdet omfattar utforsking og utvikling av rørsler knytte til rom, relasjonar, stil, form og teknikk. Improvisasjonsteknikkar og koreografiske verktøy er sentralt. Målet er at eleven skal kunne: • utforske og anvende eit rørslevokabular med vekt på intensjon og dynamikk • bruke koreografiske prinsipp og verktøy i koreografisk formgiving • beskrive eigen og andres koreografi Dansekomposisjon og koreografi vg3 Målet er at eleven skal kunne: • skape ein koreografi med et sjølvvalt utgangspunkt og kunne skilje mellom form, stil, teknikk og innhald i eit koreografisk uttrykk • grunngi kunstnarlege val i eiga koreografisk formgiving • vurdere eigen og andres koreografi Arbeidsoppgåver i eit danseperspektiv 1. Vel eit tekstutdrag frå Shockheaded Peter der du åleine eller saman med ein annan utformar ein rørslesekvens der du legg vekt på intensjon og dynamikk. Kva for koreografiske prinsipp vil du ha nytte av i dette arbeidet? ( Tekstutdrag 6,7,8) • 29 Studer kvarandre sine sekvensar, reflekter, beskriv og vurder. 2. Vel eit nytt tekstutdrag, utforsk og bruk eit rørslevokabular med vekt på rom og relasjonar. Lag ein koreografi der du / de gjer medvitne val i høve til form, stil, teknikk og innhald. 3. Studer kvarandre sine koreografiar, reflekter, beskriv og vurder eigen koreografi og dei andre sin. 4. Studer koreografien og regien i rørslesekvensane i framsyninga. Korleis vurderer du tilhøvet mellom rom og relasjonar, form, stil og teknikk sette opp mot innhald og sjanger? shockheaded peter arbeidsoppgåver ANALYSE Ein analyse av verkemidla i ei framsyning vil kunne gi auka kunnskap og medvit om korleis ei framsyning er produsert og konstruert, samstundes som analysen gir grunnlag for moglege tolkingar av og perspektiv på framsyninga. 1. Ein generell diskusjon av framsyninga a) Kva held dei ulike delane av framsyninga saman? b) Kva skapar eventuelle brot i framsyninga, med tanke på framstillinga av dei ulike historiene i stykket? c) Kva opplever du som markante trekk ved framsyninga (sterke og svake augneblinkar)? d) Korleis vil du skildre karakterane i framsyninga, samla og kvar for seg? 2. Scenografi (inkludert lyssetjing, rekvisittar og kostyme) a) Korleis er forholdet mellom publikumsplasseringa og spelerommet utforma? b) Kva funksjon har lyssetjinga (i forhold til rommet, handlinga og skodespelarane sine rørsler)? c) – og rekvisittane? d) – og kostyma? 3. Spelestil a) Korleis er spelestilen i framsyninga (realistisk, episk / forteljande, eksperimentell)? b) Korleis er tilhøvet mellom skodespelar og ensemblet? c) – skodespelar og tekst? d) – skodespelar og rolle? 4. Musikk og lydeffektar a) Kva funksjon har musikken i framsyninga som heilskap? b) – for teksten? c) – for karakterane? d) Kva funksjon har musikken og andre lydeffektar for dramaturgien? 5. Teksten a) Kva rolle spelar teksten (eventuelt dramatiseringa)? b) Kva er forholdet mellom teksten og dei andre verkemidla i framsyninga (spelestil, scenografi, musikk, osv.)? 6. Fortolking av fabelen i framsyninga a) Kva for historie(r) blir fortald(e)? b) Korleis er framstillinga av historia / historiene (dramaturgien)? c) Kva moglege tolkingar/meiningar/ assosiasjonar får vi i møtet med framsyninga? 7. Publikum a) Kvar går framsyninga føre seg og kva for rolle spelar det for forventningane til publikum? b) Kva forventningar hadde du til framsyninga? c) Korleis reagerte publikum under framsyninga? d) Korleis reagerte dei rett etter framsyninga? 8. Dokumentasjon og etterarbeid med analysen a) Korleis skaffa du deg dokumentasjon om framsyninga (notat, program, bilde, videoopptak, osv.) b) I kva for ein samanheng vil du sette framsyninga (repertoar, jubileum, anna markering, osv.? c) I kva for eit perspektiv vil du sette framsyninga (kunstnarisk, politisk, kulturelt, kommersielt, osv.) (Frå Patrice Pavis (1985): «Theatre Analysis: Some Questions and a Questionnaire» i New Theatre Quaterly ½: 2008-12. Omarbeidd og omsett til nynorsk av Siren Leirvåg) 30 shockheaded peter LENKJER www.youtube.com/watch?v=TOVSp-fYUQc (Frå Shockheaded Peter, Tid: 07:03) www.tigerlillies.com/2003/index.php ( heimesida til The Tiger Lillies) www.youtube.com/watch?v=jC5Vp2Ze7Bw&feature=c4-overview-vl&list=PL668AE9F712190A07(Shockheaded Peter Film Screening) KJELDER 1. Manus: Shockheaded Peter av Julian Crouch og Phelim McDermott 2. Det Norske Teatret 09.mai 2011 3. Det Norske Teatret, programmet for hausten2011 4. Bakteppet hausten 2013 5. Busteper for alle overalt ( Dagbladet 22.februar 2012) 6. www.detnorsketeatret.no Tilrettelagt av Solhild Linge og Maia Strand Framsyningsfoto: Fredrik Arff Design: Concorde Design Vi gjer merksam på at materiellet er laga før premieren. Endringar kan skje. 31 TEKSTUTDRAG shockheaded peter TEKSTUTDRAG 1 Frå innleiinga: Ei viktoriansk stue kjem til syne. SEREMONIMEISTEREN: Heim kjære heim. Her er mannen som har alt eit menneske kan ønske seg. FAR: Han har eit fint hus, ei sterk tru, men først og fremst og best av alt: Han har ei nydelig kone frå fin familie. MOR: Ho har eit vakkert smil, ho ber dei flottaste kjolane, og ho dansar som ein draum. Dei dansar. SEREMONIMEISTEREN: Men meir enn all verdas velstand ønska dei seg noko anna. Det hjerta deira var fylte av var lengselen etter ein nydelig lubben og rosa liten baby. Kvart år når det går mot jul samlar husets herre alle tenarane. Tenarane kjem inn, seremonimeisteren som ein av dei. FAR: Gå ut! Gå! Klatr! Klatr til toppen av huset, stå på taket, sjå mot himmelen og bak horisonten! Leit og sjå. Sjå og leit. Leit og sjå. Og så! Leit og sjå meir, for det som de leitar etter, mine venner, er ikkje større enn ein prikk. Men når du får auge på denne prikken, hald augene på han, for denne prikken vil vekse, finne form og få kropp, og du vil sjå at denne prikken er ein fugl. Følg denne fuglen, følg han nøye, og du vil sjå den lange halsen og dei slanke beina, og du vil sjå at i nebbet har han ein pakke. Ja, mine venner, denne fuglen er storken og han ber med seg vår lenge etterlengta baby. Når de ser storken, tenn då vardane og vis storken vegen til dette huset og berre til dette huset. Gå no! Vi har inga tid å miste. Tenarane går. SEREMONIMEISTEREN: Men kvart einaste år var utfallet det same, og etter som åra gjekk blei blikka deira blasse og slokna som skinet frå julekulene. Men så, plutselig, eit år ... SEREMONIMEISTEREN (som tenar): Herre, det har komme ein pakke. 32 tekstutdrag shockheaded peter Storken kjem inn med pakken i nebbet. FAR: Dette barnet skal få alt som kan kjøpast for pengar. MOR: Dette huset kjem aldri til å bli det same igjen. FAR: Alle som ser han, kjem til å elske han slik vi elskar han. MOR: Han kjem til å vekse opp og bli ein stor og sterk mann. Det veit eg. SEREMONIMEISTEREN (som tenar): Sjå herre, han har di hake. Sjå frue, han har den søte vesle nasen din. Sjå herre, han har di panne. MOR: Det stemmer. Han har verkelig di panne. FAR: Han skal heite Peter. MOR: Peter. Eit vakkert namn for ein vakker gut. FAR: Han er heilt vedunderlig. Å så fin du var. Var du så fin du då? Ja, du var så fin. 33 tekstutdrag shockheaded peter TEKSTUTDRAG 2 Dei pakkar ut babyen og vi får sjå dei ekle lange og ustelte neglane hans, og det stygge,flokete viltveksandehåret. Dei er rysta. SEREMONIMEISTEREN: Sjå på han der han står Sjå så ekle hender og ekkelt hår Denne vesle ekle karen Kan knapt kallast eit barn Denne guten treng ei saks Saks og såpe og det straks Denne vesle ekle karen Kan knapt kallast eit barn Feite flokar hit og dit Lange neglar samlar skit Feite flokar hit og dit Lange neglar samlar skit Denne vesle ekle karen Kan knapt kallast eit barn Denne vesle ekle karen Kan knapt kallast eit barn Knapt nok eit barn Knapt nok eit barn Knapt nok eit barn Knapt nok eit barn ... FAR: Skal dette vere lønna for strevet, etter at vi har vore tålmodige i alle desse åra? MOR: Det må ha skjedd ein feil. Dei gir babyen til seremonimeisteren. Dei tek opp golvplankane og gravlegg babyen under golvet. 34 tekstutdrag shockheaded peter TEKSTUTDRAG 3 SEREMONIMEISTEREN: Jula har komme og jula har reist og tidas tann kan tære nådelaust. Men er det ikkje også sånn at tida lekar alle sår? Eller? Mor og far sitt uttrykkslause og ser på ei bestefarsklokke. Mor strekker ei hand mot golvplankane, far held henne tilbake. Far går. Mor blir sittande. Seremonimeisteren hypnotiserer henne og fører henne ut. TEKSTUTDRAG 4 SONG: Slemme Fredrik Sjå godt på slemme Fredrik her Kor vondskapsfull og stygg han er Han knabba ungar frå fuglereira Og reiv av dei vingane deira Han spikra katten fast til døra Han tissa i vaffelrøra Han svor og stal og laug og sveik Og banka søstra Til ho skreik Til ho skreik Bikkja drakk frå eit trau i hagen Det var ein lummer sommardag Ho hadde knapt fått leska seg Før Fredrik kom med piska si Han slo og slo så bikkja gjødde Han slo og slo til bikkja blødde Og bikkja snerra og ho grein Og ho beit Fred Ho beit Fred Til det knaste I bein Du skulle vore der då Då Fredriks fot blei gul og blå Han skreik og skreik, fekk aldri ro Og Fredrik mista masse blod Då doktor’n kom var senga rød Fred, Fred, Fred Han var død Han var død Ut med songar og band. 35 tekstutdrag shockheaded peter SEREMONIMEISTEREN: Synd at det skulle gå sånn. Eg likte han der, eg. Barn bør ha ein hobby. Eg hadde det. Vel, dei kan uansett ikkje bevise noko. Når vi no er inne på dette med interesser, kvar blei det av den gode mor? Vi ser mor. SEREMONIMEISTEREN: Ah! Der står ho. Eit ansikt ved glaset. Der står ho og stirrar med lengsel i auga, stirrar og speidar mot fjell, over haugar, lengtar fåfengt og håper å få ei lita tulle med auge blå. Ho spisser øyra, lyttar etter storkens sterke vingeslag, men alt ho høyrer er lyden av sine eigne tårer. I strie straumar knuser dei draumar og græv og græv endå djupare furar der tårer har trilla for mange turar før. Og kva med den kjærlige far? Kvar er han? La oss følgje han og observere han, den heiderlege høviske mannen på veg for å gjere den daglege dont. Seremonimeisteren går. Vi ser far på veg til jobb. FAR: Stopp! Eg må ha ein drink. Far går ut. TEKSTUTDRAG 5 Inn med songar og band. Og seremonimeisteren som katt. Mor og far vaknar sakte og ser kvarandre med nye auge. Dei dansar. Vi høyrer skraping under golvet. Golvet opnar seg, og ein no vaksen Shockheaded Peter kjem til syne. Mor og Far omfamnar han kjærlig. FAR: Han har dine auge. MOR: Han har dine neglar. BEGGE: Han har vårt hår! FAR: Han skal heite Peter. 36 tekstutdrag shockheaded peter MOR: Eit vakkert namn for ein vakker gut. Babyen tek av seg hovudet, avslører seremonimeisteren inne i kostymet. SEREMONIMEISTEREN: Den kloke vender om frå sine ville vegar. Den truskuldige går på og må bøte. De synest dette er heilt meiningslaust. Ikkje sant? Det var det eg trudde. Det er vel min feil. Eg burde vel ha forstått det. Her prøver du å gjere noko som er litt ... annleis, og så ender det med at du blir til latter. Ha ha ha ho ho ho. Men det skal de vite: Det er faktisk ei meining bak alt dette. Det er faktisk ein bodskap her. Jajamennsann. Bodskapen er at det kan hende, det kan hende! at det ikkje skadar å av og til spørje seg sjølv: Har kanskje også eg noko som ligg gøymt under golvplankane? Der fekk de noko å tenke på, ja. Seremonimeisteren legg golvplankane tilbake på plass. Inn med songaren. Seremonimeisteren går, utan å bry seg om far og mor. Han kjem inn att nesten med ein gong. SEREMONIMEISTEREN: Eg har faktisk gått teaterhøgskulen. Seremonimeisteren går igjen. Songaren og bandet begynner på finalen. 37 tekstutdrag TEKSTUTDRAG 6 SONG: Ouverture Snille barn som ter seg fint Barn som et opp maten sin Snille barn som ber om ordet Og sitt pent og stille ved bordet Barn som gjer det bra på skulen Skal få fine ting til jul Men frekke, skitne, slemme barn Som ikkje heidrar mor og far Som aldri pyntar seg eller takkar Dei fortener ingen pakkar Slike barn bør følgje med Med på det som no skal skje TEKSTUTDRAG 7 SONG: Klipp klipp (Konrad som sutta på tommelen) Konrads mamma gjekk ut eit ærend Og sa til Konrad ‘Høyr no her Når eg har gått på turen min, Så ikkje sutt på tommen din Du har vel høyrt om saksemannen Ein lang fæl mann med saks i hand Han kjem med saksa si og kuttar Tomlane av barn som suttar’ Klipp klipp! går saksa hans Og Konrad hyler Stans! Klipp klipp! Klipp klipp! Ha ha! Og Konrads tomlar ramlar av Vel, ein skulle jo tru at han forstod Men då mora drog, kva då? Jo då stakk Konrad tommen i munnen sin Og saksemannen storma inn Klipp klipp! går saksa hans Og Konrad hyler Stans! 38 shockheaded peter shockheaded peter tekstutdrag Klipp klipp! Klipp klipp! Ha ha! Og Konrads tomlar ramlar av Vel, mamma kjem heim, og Konrad grin Han viser mora hendene sine Ha ha! sei’r mamma, eg visste det Det der er heilt til pass for deg! TEKSTUTDRAG 8 SONG: Små ekle bøllefrø Det var ein fyr som var litt rar Han var ein rar liten kar Sjølv i sol gjekk han i byen Med ein grøn paraply Og mange smilte, mange lo Og bøllefrøa vêra blod Og dunka dei til dei var død For Edvard var ein liten ramp Og Pål var ein doven slamp Og Markus ville vere med Når bøllegjengen laga leven Dei lo og ropte fy Til han med grøn paraply Små ekle bøllefrø Dei fortente å dø Dei terga på seg feil mann Og blei så død som det går an D’er slik det går med bøllefrø Dei ender gjerne opp død Dei terga feil mann Og blei så død som det går an Små ekle bøllefrø Dei fortener å dø Så kom ein diger mann forbi Ein mann på meir enn to ti Han var så høg at du blir svimmel Han nådde nesten opp til himmel’n Han ropte høgt som berre det: ‘La mannen vere i fred! Det er vel greitt om folk er rare’ Men bøllerfrøa lo til svar Små ekle bøllefrø Dei fortener å dø Den høge mannen blei forbanna Og gjekk frå snakk til noko anna Han greip eit par bøllefrø 39 No er det slutt på flir og hån Dei hadde liva på lån Han drepte bøllefrøa slik At no har alle blitt lik