SKOLE- MATERIELL - Det Norske Teatret

Transcription

SKOLE- MATERIELL - Det Norske Teatret
SKOLEMATERIELL
BRAND
BAKGRUNNSINFORMASJON • RESYMÉ AV STYKKET • INTERVJU • UTDRAG FRÅ MANUS • ARBEIDSOPPGÅVER
INNHALD
HAMLET
INTRODUKSJON
Ein vegvisar inn i framsyninga | 3
Introduksjon til Ibsens liv og verk | 5
Handlinga i korte trekk | 7
Karakterane/rollene | 10
INTERVJU
Sanningssøkjaren – ein samtale mellom regissør Kjetil Bang Hansen,
skodespelar Svein Tindberg og dramaturg Carl Morten Amundsen | 13
ARBEIDSOPPGÅVER OG BAKGRUNNSINFORMASJON
1.
Bakgrunnsinformasjon, nokre historiske glimt | 16
2.
Ein introduksjon til oppgåvene | 21
OPPGÅVER KNYTTE TIL LÆREPLANAR I FAG
1.
Norsk: Munnlege, skriftlege og samansette tekstar, Språk og kultur | 21
2.
Drama/Teater: Teaterproduksjon, Teater i perspektiv | 25
3.
Formgjeving: Scenografi og kostyme | 24
4.
Psykologi: Sosialpsykologi, Kommunikasjon, Samfunnsfag: Individ og samfunn, Kultur | 26
5.
Historie: Samfunn og menneske i tid, Historieforståing | 26
6.
Religion og livssyn | 27
UTDRAG FRÅ MANUS: TEKSTVEDLEGG | 27
KJELDER | 59
2
INTRODUKSJON
Ein vegvisar inn i framsyninga
Brand har fått mange merkelappar opp gjennom dei siste hundre åra: heroisk,
tragisk, komisk/satirisk, rein natur, idealistisk, fundamentalistisk, svak mann som
vil vere sterk, og den amerikanske litteraturprofessoren og kritikaren Harold Bloom
kallar han beint fram eit troll! Ein kan ikkje unngå å undre seg over kven som har
rett, eller om nokon har rett i det heile teke. Forfattaren sjølv, Henrik Ibsen, skreiv
i eit brev til den danske journalisten Peter Hansen 28. oktober 1870: «Brand er
mig selv i mine bedste øjeblikke» Då blir ein kan hende endå meir nyfiken. For
kva kan det då vere Brand står for? Kan den utsegna gi oss ei forståing av mannen
og verket Brand? Ver velkomen til Det Norske Teatret, for å sjå kva du opplever og
finn ut gjennom denne framsyninga, ver velkomen til å utforske gjennom tekst
og oppgåver, om du ikkje kan møte oss her på huset.
Oppføringane har vore mange og ulike, verda over sidan verket kom ut i 1866,
sjølv om det frå Ibsen si side var tenkt som eit lesedrama og ikkje meint for scena.
Slik gjekk det ikkje, som vi veit. Alt i 1928 ønskte Det Norske Teatret å setje opp
Ibsen. Den gong vart dei 100 åra som hadde gått sidan Ibsen vart fødd, feira. Men
ikkje før i 1948 vart Ibsen for første gong omsett til og spela på nynorsk. Brand
vart første gong spela på Det Norske Teatret i 1973, ved teatrets 60 års jubileum,
då teatret heldt til i Stortingsgata 16 i Oslo. Den gongen var det med Svein Erik
Brodal som Brand, Liv Ullmann og Ragnhild Hilt alternerte i rolla som Agnes, og
regien var ved Bjørn Endreson. Denne gongen er det regissør Kjetil Bang Hansen
som har gjeve Brand scenisk liv saman med det kunstnarlege ensemblet, der
hovudrolla Brand er spela av Svein Tindberg, Agnes av Agnes Kittelsen, og Mads
Ousdal spelar målaren Einar.
Kvar tid og kvar regissør har si tolking av eit drama. Somme seier at alt ligg i
teksten, men teksten skal tolkast, og der ligg utfordringa og det spanande: Kva
vel regissør og skodespelarar å legge vekt på no? Ser dei noko nytt? Kjenner vi
3
BRAND
INTRODUKSJON
oss att? Når det gjeld Brand, ville det ta meir enn 5 timar om ein skulle framføre
heile teksten, så her er det og spørsmål om kva som er med og kva ein vel bort.
Kjetil Bang Hansen har tatt sine val, ensemblet òg.
Det er 40 år sidan det var «Brand-feber» på Det norske teatret. Fredag 16.
februar 1973 var det førehandstinga 15000 billettar, noko som representerte 40
fulle hus! Aftenposten melde at det var «rene Bør-Børson stemning på teateret,
og det er ikke vanlig at et stykke av Brands karakter skaper så stor interesse og
forventning allerede før premieren». Det ligg vel i utsegna «et stykke av Brands
karakter» at ein har visse forventningar til korleis Brand skal framstå. Og han
framstår, i følgje denne kritikaren som «ingen from prest som teppet går opp for,
men den skremmende refseren som ikke beveger seg på jorden, men oppe under
skyene». I siste akt ser kritikaren det slik at «refseren roper desperat på sin frelser,
han har ikke hatt bruk for ham før. Men i denne forestillingen får han ikke noe
svar fra himmlenes deus caritatis. Barmhjertighetens gud tier!»
1 2015 er det ein ny samfunnssituasjon, ei anna verd enn for 40 år sidan. I
denne rike og mangslungne teksten – og med teatret sine eigne kunstnarlege
uttrykksformer til å framstille sider av menneskeleg eksistens og sameksistens,
kven og kva møter oss? Svein Tindberg synest for sin del at det ville vere «temmeleg
uinteressant om det kom inn ein mann på scena som frå første stund er nett så
ufyseleg som alle i salen har forestilt seg på førehand». Så igjen: Kven og kva møter
deg når du går gjennom denne portalen som fører deg inn i Ibsens univers, og
kanskje vår eiga samtid? Vel møtt til undring, oppleving, refleksjon og diskusjon!
Fagleg arbeid med tekst og/eller
framsyning
Det pedagogiske materiellet i dette heftet er meint som inspirasjon til arbeid med
tekst og teater, innhald og form i mange perspektiv, fleire fag og emne. Vi har
som før valt ein brei innfallsvinkel og peika på fleire fag og kompetansemål som
vi ser kan finne samklang med Brand: norsk, drama og teaterfag, formgjeving
med scenografi og kostyme, psykologi, samfunnsfag, historie. Så overlet vi til dei
enkelte brukargruppene å finne den fordjupinga som for dei synest mest spanande,
interessant eller utfordrande; anten innanfor eige fagfelt, eller sett i eit tverrfagleg
perspektiv. Vi vonar du kan du finne område her som treffer ditt fag med noko
som kan gi ein ekstra dimensjon inn mot bestemte faglege kompetansemål.
I materiellet får de mellom anna oversikt over innhaldet i skodespelet, karakterar, ein artikkel der du møter Svein Tindberg og Kjetil Bang Hansen i samtale
med dramaturg Carl Morten Amundsen. Ikkje alle har høve til å vitje oss her på
teatret, men vi vonar likevel å kunne inspirere til refleksjon og arbeid med tema
som er aktuelle i ulike faglege perspektiv.
Vi høyrer gjerne frå brukarar av det pedagogiske materiellet, og tek med glede
i mot kommentarar, innspel og eventuelle ønskje for seinare opplegg knytte til
andre framsyningar.
Vi vonar stoffet blir til glede og nytte!
Med vennleg helsing
Solhild Linge og Ylva Catodotter Fyllingsnes
4
BRAND
INTRODUKSJON
Introduksjon til Ibsens liv og verk
Henrik Ibsen (1828–1906) er fødd og oppvaksen i Skien. Han flytta til Grimstad i
1844 for å byrje som apotekarlærling. Ibsen debuterte med Catilina, eit historisk
drama, i 1850. Det dramatiske diktet Brand kom ut i 1866, og året etter kom Peer
Gynt. Han reiste frå Norge i 1864 og busette seg først i Roma. Med det starta ein
periode på heile 27 år i utlandet. I løpet av den tida budde han i Roma (1864–1868),
Dresden (1868-1875), München (1875–1878), Roma (1878–1885) og München
(1885–1891). Det var altså under det første Roma-opphaldet at han skreiv dei store
idédramaa sine, Brand og Peer Gynt (1867).
Nemninga idédrama har desse skodespela fått fordi dei nettopp tar for seg dei
store spørsmåla og ideane om mennesket sin relasjon til tru og kjærleik, liv og
død, det som gjeld livet vi lever, og korleis vi lever det. Begge skodespela vart ein
suksess. Etter dette fikk han diktargasje av Stortinget, det hadde tidlegare ikkje
blitt innvilga.
Etter Peer Gynt skreiv Ibsen samtidsdrama. Dei blir rekna blant verdas mest
sentrale scenelitteratur. Mange av skodespela hans blei til i Italia.
Det er eit faktum at Henrik Ibsen er eitt av dei største namna i verdslitteraturen.
Han blir rekna som det moderne dramaets far, det moderne realistiske dramaet.
At han framleis er så viktig og populær, har både med tematikken, rollefigurane og
det dramatekniske å gjere. Han var i sterk opposisjon til det overflatiske og løgnaktige i det borgarlege livet, noko vi møter i mange av skodespela hans. Han tok
opp sentrale og til dels brennbare tema i samtida, tema vi her i Noreg, og mange
5
BRAND
INTRODUKSJON
BRAND
andre land i verda kjenner att også i dag; til dømes kvinna si stilling i ekteskap og
i samfunn, hykleri, maktmisbruk i næringsliv, politikk, kyrkje og media, tilhøvet
mellom sant og usant, rett og urett, fridom og plikt, minoritet og majoritet, miljøvern versus økonomiske interesser, incest, og til og med dødshjelp .Ofte kjem det
til ein konflikt mellom samfunnsmessige og eksistensielle spørsmål for ein eller
fleire av rollefigurane i skodespela hans. Dette er tema som har hatt og framleis
har ein sterk appell og gjer at stykka hans blir spela i stadig nye land.
Ibsen var også reint dramateknisk ein dyktig og smart forfattar, mellom anna
kjend for å nytte særs godt og naturleg den retrospektive teknikken i dramaturgien. Det vil seie ein teknikk der fortida kjem naturleg fram gjennom samtalar i
stykka si notid. Desse fortidige handlingane er uløyseleg knytte til den notidige
handlinga, påverkar denne i stor grad og driv den notidige handlinga framover.
Henrik Ibsen presenterer problemet, intrigen, og gjev eit klårt bilete av konflikten som utspelar seg, men han tek ikkje sjølv stilling til det som skjer – eller
kjem med løysinga. Det er vi som lesarar, eller som tilskodarar i teatret, som må
finne svaret eller løyse gåta. « Jeg spørger kun, mit kald er ej at svare», sa han sjølv.
Henrik Ibsen skreiv og lyrikk. Digte frå 1871 er den einaste diktsamlinga han
gav ut.
I 1891 kom han tilbake til Noreg og slo seg ned i Kristiania. Der budde han til
han døydde i 1906.
Bibliografi:
• Catilina 1850
• Kjæmpehøien 1850
• Sancthansnatten 1852
• Fru Inger til Østeraad 1857
• Gildet på Solhoug 1856
• Olaf Liljekrans 1856
• Hærmændene på Helgeland 1858
• Paa Vidderne 1859
• I billedgalleriet 1859
• Terje Vigen 1861
• Kjærlighedens Komedie 1862
• Kongsemnerne 1863
• En bror i nød 1863
• Brand 1866
• Peer Gynt 1867
• De unges Forbund 1869
6
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Ballongbrev til en svensk dame 1870
Digte 1871
Kejser og galilæer 1873
Samfundets støtter 1877
Et dukkehjem 1879
Gengangere 1881
En folkefiende 1882
Vildanden 1884
Rosmersholm 1886
Fruen fra havet 1888
Hedda Gabler 1890
Bygmester Solness 1892
Lille Eyolf 1894
John Gabriel Borkman 1896
Når vi døde vågner 1899
INTRODUKSJON
BRAND
«Ver ikkje eitt i dag, i går,
og noko anna om eit år.
Ver fullt og heilt den mann du er
og ikkje delt i all di ferd.»
Handlinga i korte trekk
Personane i Brand, gjengitt her etter Hundreårsutgåva av Ibsens samla verk, bind V.
Brand, av Henrik Ibsen. Omsett til nynorsk av Edvard Hoem
Omarbeiding Kjetil Bang-Hansen. Det Norske teatret, 3. januar 2015
PERSONENE I BRAND
Brand.
Hans Moder.
Ejnar, en Maler.
Agnes.
Fogden.
Doktoren.
Provsten.
Klokkeren.
Skolemesteren.
Gerd.
En Bonde.
Hans halvvoxne Søn.
En anden Bonde.
En Kvinde.
En anden Kvinde.
En Skriverkarl.
Prester og Embedsmænd.
Almue, Mænd, Kvinder og Børn.
7
Fristeren i Ødemarken.
De usynliges Kor.
En Røst.
(Handlingen foregår i vor tid, dels i, dels
omkring, en fjordbygd på vestkysten av
Norge)
DEI HANDLANDE:
Brand
Mor hans
Einar
Agnes
Futen
Dokteren
Prosten
Gerd
Kvinna
Koret
INTRODUKSJON
Kort resymé, av den reint
ytre handlinga:
Om presten Brand: Brand er ein ung prest med ein sterk kallstanke. Han meiner
at dei kristne inngår for mange kompromiss, han sjølv krev at tru og liv må henge
saman utan kompromiss. Viljen må vere ubøyeleg og sterk, og vere det som ber
eit menneske opp og fram. Det er som ein gjenklang frå Catilina, der opningsreplikken er: «Jeg maa, jeg maa, saa byder mig en Stemme, i Sjælens Dyb, og jeg
vil følge den.»
Når skodespelet byrjar, er Brand på veg over fjellet og møter ein tidlegare skulekamerat, Einar, som er blitt målar, og jenta hans, Agnes, som han er trulova med.
Dei er svært lykkelege, dansar og ler, tøyser og tullar, men Brand gjev uttrykk for at
dei har ei for overflatisk haldning til livet. Han møter så ei galen taterjente, Gerd,
som fortel at det er ein hauk som heile tida er etter henne oppe i fjellet, der ho
held seg. Ho prøver å få Brand med seg til ei «iskyrkje» oppe i fjellet, men Brand
vil ned til bygda ved fjorden, den gamle heimstaden sin. I bygda står det ikkje så
godt til, det er svolt og dårlege tider. Dette ser Brand som Guds straffedom over
bygdefolket, fordi dei ikkje er sterke nok i trua. I ein frykteleg storm er han den
einaste som vågar å dra ut på fjorden i båt for å nå fram til ein døyande mann
som sårt treng til skriftemål. Agnes og Einar er og komne ned til bygda og skal
reise bort saman, men Agnes blir så sterkt gripen av Brand sin veremåte, hans
mot og vilje til handling, at ho går frå Einar og fylgjer Brand i båten. Dei to gifter
seg seinare og får ein son, Alf.
Brand blir prest i heimbygda, han har ein konflikt med mor si som skriv seg
frå barndomen, og når ho ligg for døden, nektar han å dra til henne og gi henne
nattverd, dersom ho ikkje gir frå seg alt det jordiske ho eig. Mora nektar å gi frå
seg alt, slik han krev, og ho døyr utan forsoning og utan at sonen er til stades.
Vesleguten Alf blir sjuk, og doktoren meiner Alf vil døy om dei ikkje flyttar til ein
stad med betre klima. Her er for kaldt og rått. Brand slit med dette, fordi han ser
det som ei freisting til å gi opp kallet sitt. Han får Agnes til å gå med på at dei
skal bli. Alf døyr, og etter å ha blitt pressa av Brand til å gi bort alle dei små kleda
ho har etter vesle Alf, til ei fattig taterkvinne som og har eit barn som frys, døyr
også Agnes.
Brand har fått ein sterk posisjon hos bygdefolket, og han byggjer ei ny, storslagen kyrkje i bygda. Men den dagen kyrkja skal innviast, går det opp for han at
det ikkje er her, i dette store, overdådige kyrkjebygget dei skal søkje Gud, så han
får heile kyrkjelyden med seg opp i fjellet for å finne Gud der ute i det fri. Det blir
uver og tåke, og folk blir redde, sinte og misser modet. Dei snur seg mot Brand,
forlet han og finn vegen attende til bygda. Brand gir seg ikkje, han vandrar åleine
vidare innover i fjellet for å søkje Gud. I eit syn, eller nærast i uvit, synest han å
møte den døde Agnes, som ber han halde opp med dette ufråvikelege kravet sitt
«inkje eller alt», men han står fast ved si overtyding – det er inkje eller alt som
gjeld for han. Og han vandrar vidare på leiting for å finne si kyrkje og møte sin
Gud der ute. Så møter han på nytt der oppe i fjellet den galne taterjenta Gerd,
som trur Brand er sjølvaste Kristus . Gerd går rundt med gevær, fordi ho vil skyte
hauken som ho meiner trugar henne. Ho seier ho ser han, skyt eit skot mot der
ho meiner han sit. Skotet løyser ut eit stort snøskred som velter over dei begge.
8
BRAND
INTRODUKSJON
Og ei røyst høyrest, som seier: Han er Deus Caritatis / Han er kjærleikens gud.
Den første utforminga av Brand var som eit dikt i episk / forteljande form.
Det var til å byrje med knytt til ei storpolitisk hending, den dansk-tyske krigen
om Slesvig–Holstein. Ibsen var rasande over at Noreg ikkje støtta danskane. Frå
denne tida skreiv han og diktet « En Broder i Nød».
Framferda til dei tyske soldatane, som han observerte på ei reise gjennom
Berlin på veg til Italia, tente elden i han og han skreiv seinare i eit brev til Peter
Hansen at då «begyndte Brand at vokse som et Foster indeni mig».
Ibsen arbeidde intenst med diktet fram mot sommaren 1865, blei ikkje nøgd
og la stoffet til side, men det ville ikkje sleppe taket i han. Han endra det frå å ha
ein politisk undertone, til å få ein religiøs overtone. Og det blei til drama. I eit
brev til Bjørnstjerne Bjørnson 12. september 1865, skildrar Ibsen prosessen med
dramaet og korleis inspirasjonen og arbeidet endeleg losna for han, slik :
«Saa gik jeg en Dag i Peterskirken – jeg var et Erinde i Rom – og der gik det
med engang op for mig en stærk og klar Form for hvad jeg havde at sige. – Nu har
jeg kastet overbord hvad jeg i et Aar har pint mig med uden at komme nogen Vej,
og i Midten af Juli begyndte jeg paa noget nyt, der gik frem saaledes, som endnu
aldrig noget er gaaet frem for mig. Nyt er det i den Forstand at jeg da begynte at
skrive, men Stoffet og Stemningen har hvilet som en Mare over mig ligesiden
de mange uhyggelige Begivenheder hjemme bragte mig til at se ind i mig selv
og vort Liv der, og tænke over Ting, som før havde strøget mig løseligt forbi og
som jeg ialfald ikke havde havt noget Alvor for. Det er et dramatisk Digt, Stof fra
Nutiden, alvorligt Indhold, 5 Akter paa rimede Vers (ikke nogen «Kjærlighedens
Komedie»). 4de Akt er nu snart færdig og 5te føler jeg at jeg kan skrive paa 8 Dage;
jeg arbejder baade Formiddag og Eftermiddag hvilket jeg før aldrig har kunnet.
Herude er velsignet fredeligt, ingen Bekjendtskaber, jeg læser ikke andet end
Bibelen, – den er kraftig og stærk!»
Heile dramaet blei så fullført på litt over fire månader. Siste akt var ferdig i
midten av oktober 1865 og Ibsen sende siste rest av det reinskrivne manuset til
den nye forleggjaren sin, Frederik Hegel i København, i midten av november.
Brand kom ut 16. mars 1866 i København. Førsteopplaget var på 1275 eksemplar.
Før utgangen av året, var boka trykt i ikkje mindre enn tre nye opplag.
9
BRAND
INTRODUKSJON
BRAND
Karakterane
Brand
Svein Tindberg
Mora
Britt Langlie
Agnes
Agnes Kittelsen
Einar
Mads Ousdal
Futen
Jon Bleiklie Devik
Prosten
Per Schaanning
Doktoren
Paul-Ottar Haga
Kvinna
Ingunn Beate Øyen
Taterkvinna
Iren Reppen
Korleiar
Svein Roger Karlsen
1. korist
Espen Løvås
2. korist
Øyvin Berven
3. korist
Morten Svartveit
4. korist
Grethe Ryen
5. korist
Hilde Olausson
Ingvild Holthe Bygdnes
Språk: Nynorsk med eigen klangbotn
Regissør
Kjetil Bang-Hansen
Scenograf og kostymedesignar John-Kristian Alsaker
Lysdesignar
Torkel Skjærven
Komponist
Håkon Berge
Lyddesignar
Jostein Reistad
Dramaturg
Carl Morten Amundsen
Inspisient
Per Berg-Nilsen
Sufflør
Sissel Lillo-Stenberg
Rekvisitør
Helge Fykse
Scenemeister
Stian Næss
Lysmeister
Rune Aspeggen
Maskør
Marit Framstad
Videoteknikar
Raymond Stubberud
Kostymekoordinator
Line Antonsen
10
INTRODUKSJON
På leiting i ordet
Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.
Det er diktaren Tor Jonsson som undrast etter å ha slått fast at det lite nyttar å
skape venleik i verda, « …når Ordet lyt tapa/for svolten og sverda.» Det var nok
nærlesinga av ulike tekstar, både med religiøse og andre eksistensielle tema, som
førte skodespelaren Svein Tindberg og instruktøren Ketil Bang Hansen saman til
eit årelangt samarbeid og vennskap på og utafor scenen. Dei har begge uttrykt ei
redsle for at teatret skal bevege seg bort frå ordet, og har saman leita etter stoff i
det overskridande framhaldet av ordet, det kunstnarlege kraftfeltet rundt ordet,
søkt mot det religiøse og det mystiske om ein vil. Tre produksjonar på Det Norske
Teatret i 1990-åra er den eine enden av ein raud tråd og seinare har det nøsta på seg.
Det begynte med Ordet, det mest kjende stykket til den danske presten og
dramatikaren og motstandsmannen Kaj Munk, som vart myrda av tyskarane i
1944. Munk var ein av dei mest omtalte, diskuterte og spelte dramatikarane i
Skandinavia på 1930 og 40-talet. Ikkje mindre enn sju av stykka hans vart sette
opp på Det Norske Teatret i denne perioden, mirakelstykket Ordet var det første,
i 1933. Den same sesongen raste diskusjonen om Marc Connellys Guds grøne
enger på Nationaltheatret, der Gud vart framstilt som ein farga person, og Arnulf
Øverland heldt sitt kjende føredrag «Kristendommen – den tiende landeplage» i
Studentersamfunnet, der Gud vart utstyrt med både tarmkanal og kjønnsorgan.
11
BRAND
INTRODUKSJON
Ordet handlar om trua på underet. Johannes, den eine sonen til den Grundtvigianske storbonden Morten Borgen, er galen og trur han er Jesus. I slutten av
stykket kan det likevel sjå ut som han gjer eit under, han vekker opp kona til den
eldste bror sin og dei religiøse motsetningane i stykket blir forsona med denne
sterke hendinga.
I Kjetil Bang Hansens regi av stykket i 1991, spelte Svein Tindberg Johannes,
sliten mellom tvil og tru, men med overtyding nok til å be om eit mirakel.
Svein Tindberg refererer gjerne ei historie etter Kaj Munk om korleis stykket
vart til. Han hadde forretta ei gravferd over kona til ein nær venn, snakka direkte til
han om trøysta i Gud og at han fekk møta henne att i himmelen. Men han merka
at det gjorde lite inntrykk. «Det er kroppen hennar eg lengtar etter», sa vennen,
«Da gjekk eg heim og skreiv Ordet», sa Munk.
Liknande tema som i Ordet tar den franske mystikaren Paul Claudel opp i det
kjende stykket Bodskapen til Maria, omsett av Halldis Moren Vesaas. Da stykket
vart sett opp på Scene 2 i 1993, spelte Svein Tindberg den spedalske kyrkjebyggaren Pierre de Craon, som blir brukt i ein strid mellom to systrer, den audmjuke
Violaine og den meir driftsstyrte Mara. Stykket endar også her med eit under,
barnet til Mara blir vekt til live ved det spedalske brystet til systera.
I 1995 bestemte så dei to teatervennene seg for å gå rett på sak, det vil seia til
sjølve grunnteksten utan rammeforteljing og episke omvegar. Dette vart opptakten
til ein av dei mest særeigne produksjonar i nyare norsk teaterhistorie, nemleg
monologen Evangeliet etter Markus. Det begynte med eit spørsmål om å få gjera
tre matinear med det uavkorta evangeliet, det enda med billettkøar rundt kvartalet,
flytting til Victoria Teater på Karl Johan, gjestespel landet rundt, meir enn 230
framsyningar for rundt 76 000 tilskodarar. Ikkje eit ord vart stroke ikkje eit ord
lagt til, det var Markus Evangeliet slik ein kan lesa det i Bibelen, det var nok av
dei som sat med boka på fanget for å sjekka at det ikkje vart juksa. Eg hadde sjølv
glede av å ta imot ein telefon frå ein kollega på Dramaten i Stockholm som bad om
manus til stykket. Eit høve til å hovere over svenskar lar ein ikkje gå frå seg, så eg
spurde om ikkje Sveriges kongelege hovudscene hadde ein Bibel ståande ein stad.
»Det var ein mann og ein tekst og eit mørkt rom. Ordet blei kjøt og tok bustad
på Scene 2. Og kritikarane kjende det som dei hadde vore vitne til eit mirakel»,
skriv Alfred Fidjestøl i teaterhistoria Trass alt. Han refererer vidare til idehistorikaren Eivind Tjønneland som omtalte den generelle nyorienteringa mot religion
i 1990-åra som …» ein lemmenmarsj mot Gud». Dette var ein marsj som Det
Norske Teatret hadde stor glede av i fleire sesongar etterpå, siste framsyninga
vart spelt i Jerusalem.
Ved tusenårsskiftet gjorde så parhestane den naturlege oppfølgjaren, som det
heiter i serieverda, Apostlenes gjerninger, eit utval av historiene stila som brev til
Teofilus om korleis kristendomen breidde seg i tida etter Jesu himmelfart. Forma
på stykket var også denne gongen forteljeteater, spelt i ein sjølvstendig produksjon
på Filmteatret, den gamle scenen til DNT, i repertoar med filmen Stage Story, også
denne turnerte, til saman 76 000 tilskodarar og siste framsyning på øya Samos i
Egeerhavet arrangert av eit reiseselskap i apostelen Paulus sine fotspor.
9. september 2011 stod Svein Tindberg igjen åleine på scenen i eit sjølvskrive
brubyggingsprosjekt, ei Oskeladdvandring i dei tre verdsreligionane som alle har
Abraham som stamfar, ei blanding av personlege aha-opplevingar, pilegrimsreiser
12
BRAND
INTERVJU
BRAND
og skriftstader, Abrahams barn. Først ville ein prøve seg fram med 10 framsyningar
på vår minste scene, det enda med fulle hus på Hovudscenen, strålande kritikkar, Heddapris, 86 329 tilskodarar, 242 framsyningar, dei siste for den norske
turistkolonien på den tradisjonstyngde spanske solkysten.
Og no har dei to herrane gjeve seg i kast med Ibsens Brand, denne uutgrundelege og motsetningsfylte trusberserken som har blitt utsett for så mange og heilt
ulike tolkingar sidan dette lesestykket kom ut i 1866. Og da er det vel like greitt å
la hovudrolle og regissør få direkte tilgang til ordet:
Det byrja med ordet
Kjetil Bang-Hansen og Svein Tindberg snakkar om samarbeidet
dei har hatt sidan Ordet av Kaj Munk i 1991.
Av Carl Morten Amundsen
– Vi har vel følt at ordet har fått mindre plass i teatret, og vi har kjent eit ansvar
for ordet, seier regissøren. Og så har vi vore opptatt av erkjenningsdramaet eller
tankedramaet. Vi har søkt noko som har rørt oss personleg.
– Eg har alltid hatt kjensla av at kunsten og religionen handlar om den same
lengten, jakta på ein djupare meininga og samanhengen, tilføyer Tindberg. Kanskje
er det noko brandsk i det, ein lengt etter reinheit, etter heilskap. Eg og du har
nokre gongar valt å gå saman ut på ei lita øy og undersøke noko vi lurer på. Der
orda sluttar, der byrjar teatret.
– Vi er jo ekstremt forskjellige, men vi har hatt ei felles interesse for det som
ligg på sida av det materielle, på sida av det politiske. Vi har hatt behov for å
nærme oss det uforklarlege, det som har med draumar å gjere, det metafysiske
eller andelege om du vil. Abrahams barn er kanskje noko anna, meir ei oppdaging
av verda, utdjupar Bang-Hansen. Og så har dette med vennskap og tillit å gjere.
– Aasmund Olavsson Vinje meinte at Brand var ein komisk figur, han meinte at
han umogleg kunne vere alvorleg meint: «Alt skal vere heilt. Det er fælt» Kva tenkjer de
om Vinje?
– For oss er det litt rart, seier Bang-Hansen. Men Vinje leverer jo eit førsteinntrykk. Han må ha vore blant dei aller første som las verket, og han har sjølvsagt
ikkje med seg i lesinga all den ballasta vi har 150 år seinare, etter at stykket har
vore med på å forme norsk sjølvmevit og norsk historie. Vi har vanskeleg for å
sjå han som ein parodisk fyr. Men det er klart at det går an å spele han slik, dra
han så langt ut i vanvit at det ver komisk. Men det er eit dikt dette, og som kjent
tenkte ikkje Ibsen heller at det skulle oppførast, og det kom opp på scenen nesten
førti år (1904) etter at det blei gjeve ut (1866). Vi ser han som ein overgang til
Peer Gynt. Dei to stykka liknar mykje meir på kvarandre enn ein trur. Og dei to
hovudpersonane har mykje til felles. Brand vil bli gud og Peer Gynt keisar. Det
er same slags hybris.
Samtalen kjem inn på den norske oppsetjingstradisjonen. Den aller første
Brand var Egil Eide, Nationaltheatrets skodespelar med tilnamnet Kongen. Han
var den malmfulle høvdingen, eit heroisk stykke granitt med ei røyst større enn
13
INTERVJU
BRAND
livet. Han spelte rolla i alle Nationaltheatret sine oppsetjingar fram til 2. verdskrig.
Men sjølv om han nok var heroisk og deklamatorisk, så leita også Egil Eide etter det
menneskelege ved Brand., og det er vel felles for mange av dei som har hatt rolla.
Svein Tindberg synst ikkje det er vanskeleg å forstå kvifor: – Eg for min del,
ville syntest det var temmeleg uinteressant om det kom inn ein mann på scenen
som frå første stund er nett så ufyseleg som alle i salen har førestilt seg på forhand
og som så ikkje endrar seg i det heile. Og det ville vore komplett uinteressant for
meg som skodespelar og spilt noko slikt. Det er ikkje min jobb å vise korleis det
går. Det skal stykket gjere, og det skal Kjetil gjere, Min jobb går ut på å vise fram
Brands prosjekt. Eg veit at mange har ei oppfatning om Brand basert på det dei
veit skal skje i stykket, at Alf døyr og at Agnes døyr og at alt endar i galskap på
fjellet. Men ein må finne fram til alt det som kompliserer bildet, ikkje forenklar
det. Set ein seg ned og les Brand, så finn du fort mange vakre trekk ved idealismen
hans. Vi er på jakt etter eit menneske i utvikling, og der resultatet blir annleis enn
det som var tanken. Vi lever i ei tid og i eit land der førstesidene på avisene våre
har vore vigd til Farmen-Martha og Farmen-Olav Harald. Det at eit menneske då
reiser seg og vel å gå ein annan veg, det synest eg er sympatisk.
Brand-figuren har fått mange merkelappar opp gjennom dei siste 150 åra:
heroisk, tragisk, komisk/satirisk, rein natur, idealistisk, fundamentalistisk, svak
mann som vil vere sterk, og Harold Bloom kallar ham eit troll.
Svein Tindberg blir engasjert. – Må han vere ein ting då? Oppgåva vår er jo å
gjere det samansett. Men alle desse ulike merkelappane seier noko om rikdomen
i stoffet.
– Vi vel å lese Brand ut frå vår tid samstundes som vi freistar å vise respekt for
den tida stykket er skrive og for det diktaren har villa. Kjetil Bang-Hansen held
fram. – Det er eit dobbeltperspektiv. Det er klart at det er vanskeleg ikkje å få
assosiasjonar til fundamentalistisk religionsutøving når ein arbeider med Brand,
og ein kan også spele han slik. Eg synest det er meir fruktbart heller å sjå stykket
som ein klassisk tragedie, som rørsle, ei boge. I utgangspunktet har hovudpersonen ein lengt, ein draum om noko og freistar å forfølgje den, og eg blir meir og
meir opptatt av Brand som ei erkjenningsreise. Men noko av det vanskelege ved
Brand er jo nettopp det at han tilsynelatande er så ferdig, at han alt i starten er låst.
Men det finst ein innebygd dialektikk: Han vil så intenst, han vil bryte veg, han
vil drøyme og følgje draumen. Samstundes skal han sjå andre, ta ansvar, skape
fellesskap. Konflikten i Brand ligg jo nett her. Alle kan jo kjenne seg igjen i ønsket
om å vere konsekvent, vere heil i livet, men samstundes lever vi i ein røyndom
der det også må vere plass til andre. Det er her Brand sviktar.
– Kva er det Brand vil?
Svein: Det er akkurat det! For det endrar seg. Det er ikkje ein ting. Brand på
side 1 og Brand på side 30 er to ulike menneske. Først skal han ut i den store verda
for å forkynne sitt gudssyn, men så går det ikkje mange sidene før han slår fast at
vegen går innover. Han har vilje til soning, til offer, til skyld. Det er kanskje ikkje
populære tema i vår tid. Brand lengtar etter det oprinnelege, eit fundament, ja ein
kan seie at han vil vere fundamentalist i den forstand at det handlar om å finne
fram til Guds meining. Og det er jo i utgangspunktet ein god tanke. Men det kan
jo også gå så frykteleg gale.
– Er Brand i det heile ein kristen?
14
INTERVJU
BRAND
– Ja, det kan ein godt spørje om, svarar Kjetil Bang-Hansen.. Jesus blir utruleg
lite omtalt. Brand vil vere Gud, ikkje Jesus. Elles er dette med viljen òg eit stort
paradoks. For det er jo denne viljen som feller Brand. Han er i det heile ein spennande psykologisk rollefigur. Ta relasjonen til Gerd til dømes. Gerd er på same
tid både speglinga av Brand og demonen hans. Dei kunne på eit vis vore søsken.
Begge er dei farlause, begge har dei ein sterk lengt etter kjærleik. Det er som om
Gerd kjem over frå Peer Gynt ein tur. Ho er n jo eit slags troll, ei naturkraft, og ho
er også opprøret hans, isolasjonen hans. Brand er i sin tørst etter kjærleik nærast
eit dyr. Her og i Peer Gynt er vi langt unna det realistiske teatret . På denne tida
ville Ibsen skrive som Goethe, og i Peer Gynt har Ibsen fullt og fullt tatt rolla som
eventyrforteljar. Men vi har nettopp fordi Gerd er slik ein Peer Gynt-figur og kome
på sporet av andre karakterar i Brand. Futen til dømes. Kanskje han òg kjem frå
det same riket? For Futen høyrer jo òg heime i undermedvitet til Brand, og Einar.
Det er ikkje tilfeldig at han dukkar opp igjen nett der Brand står på vippen. Sjå på
Einar! Sjå korleis du kjem til å bli! Men det er klart, det er vanskeleg dette å skilje
mellom det «realistiske» og det meir mytiske og undermedvetne.
– Ja, for Brand er ikkje berre ein ting, det er ikkje berre realisme, eller draumspel eller religiøst idédrama, eller ei forteljing om fanatisme. Det er til dømes også
masse psykologi. Eg trur ikkje eg har vore borti ei rolle med så mykje psykologisk
«mat» for meg som skodespelar. Alle bilda frå oppveksten hans, all einsemda, all
kjærleikslengten. Det er ei stor fagleg utfordring desse orda, dei er skrivne med
sånt meisterskap. Frykteleg vanskeleg er det, og det er som Ibsen dansar på årene.
Når det innimellom lukkast, kjenner ein ei intens lukke, avsluttar Svein Tindberg.
15
HISTORISKE GLIMT
Nokre historiske glimt
frå mottakinga av Brand
Når vi skal få eit perspektiv på kor mangslunge verket er, ser vi det sjølvsagt frå
vår eiga tid, men det og interessant, og morosamt, å sjå på kva meldarane meinte
om verket i Ibsen si samtid. Her er nokre få døme, med meldingane i utdrag.
Vinje startar med litt av ei kraftsalve, og nyttar samstundes høvet til eit lite
sleivspark til Bjørnstjerne Bjørnson, Paul Botten-Hansen kjenner korkje lyst eller
evne til tyding, men han gjer si plikt, og den danske litteraturkritikaren Georg
Brandes ser det storslegne i verket, men peikar samstundes på kva helten manglar
for å vere eit sant ideal.
«Det var som Skjemt eg tok det; ellers havde eg slengt Brand’en lukt i Elden. Skulde
det derimot vera meint i Aalvor, vilde det likefram vera criminelt.»
Anmelder: Aasmund Olavsson Vinje
Avis: Dølen
Utgivelsessted: Kristiania, Norge
Publiseringsdato: 8. april 1866
«Eg verdt sjeldan kjeid under Lesnaden af hans Dramaer. Derimot er det eit
Pligtarbeid at lesa Bjørnsons. Det maa til, men det gjeng traadt. Den blanke
Kniven med den kvasse Odden til Ibsen leikar meir i Hugen min en Smørsmilen
til Bjørnson.»
Her i Brand overgjeng Ibsen seg sjølv i si Maalkunst. Det er eit spraaklegt og
satirisk Meistarverk som nærast kann samanliknas med «the Dunciade of Pope»
(Daarediktet). Eg kjenner ikki nokot annat Sidestykke til det af det Slag i nokon
annan Literatur. Det er beiskt og bitande og vittigt og poetisk.
For rett at njota det glimrande i Brand maa eg derfor taka honom skjemtefullt.
Han er for ravende galen, maa vita, til at vera aalvorsam. Alt i første Akt verdt dette
klart, daa han Side 28 segjer:
Einar.
«Og nu skal Slægten skabes om?
Brand.
Det skal den, du, saa sandt og visst.
Jeg ved at jeg til Verden kom,
Som Læge for dens Sot og Brist!»
Dette maa vera eit Skjemt over unge Folk, som tru at dei kunna omskapa Livet;
for den Mannen, som trur slikt er likefram galen. Og det kann vel ingen falla paa
at koma med Christus som Prov herimot. Det siter mangein paa Daarehuset,
netup fordi han trudde slikt om seg.
Det var som Skjemt eg tok det; ellers havde eg slengt Brand’en lukt i Elden.
Som Satire over Vilskap i Smak er derimot Diktet stort og gripande. Daa verdt der
Samanheng og Styrke i det at han drep si Kone; for det gjerer han om just ikki
likefram med Kniven; daa verdt der Meining i det at han kastar Nyklarne til den
Kyrkja han sjølv har bygt i Elvi; daa kjem der Meining i hans Taler til Soknefolket
16
BRAND
HISTORISKE GLIMT
og Futen og andre; daa kjem der Tanke i hans Strid mot «Humanitet» og i Byttingen Gerd, som flyg ikring og skrik som ei Kattugle; daa verdt hans siste Stund i
Fjellet og Snjoskrida stor; daa verdt denne Fanatikeren, denne Villstyringen, dette
Abstractum, denne «heile» Mannen ein makalaus Spott over Tidens romantiske
Smak, over det, som Engelskmanden kallar Sensations-Noveller. Skulde det derimot
vera meint i Aalvor, vilde det likefram vera criminelt.
Og naar vi sjaa all denne Styggedomen i dette Ljos, so kunna vi med den reinaste
Gleden njota Agnes, denne menneskelege Kona til denne Skuggen, denne Møkkurkalven, dette «Abstractet», dette «Begrebet», som tvilar og den Daaren, naar
det rett gjelder paa, so han just ingen Mann er til at omskapa Livet; men denne
Tvil maa hava ei satirisk Meining og liksom setja den Lesaren paa rett Leid, som
kunde taka Mannen aalvorsam. Han er altso til Slutt «halv» han og.
TUNGT I TANKEN OG FYLDIGT I FORMEN
Anmelder: Paul Botten-Hansen
Avis: Illustreret Nyhedsblad
Utgivelsessted: Kristiania, Norge
Publiseringsdato: 1. april 1866
Brand. Et dramatisk Digt af Henrik Ibsen.
Kbh. 1866. 271 S. Gyldendalske Boghandel. Priis 99 ß.
Tonen her er ein annan enn hos Vinje, han ser ikkje mykje skjemt i dette verket,
men ser det som ei plikt å skrive om det.
«Dette Digt, som vor Landsmand Ibsen har forfattet i Rom, hvor han fremdeles
opholder sig, hører blandt det Slags Digtninger, der snarere friste til Forsøg paa
at tyde Digterens Plan og Øiemed end til at levere nogen Kritik over selve Værket.
Naar vi alligevel uden at føle Lyst eller Evner til hint Slags Tydning, ikke kunne
forholde os ganske tause, er vor Hensigt nærmest at gjøre vore Læsere opmærksomme paa dette mærkelige Digt og at bibringe et Begreb om dets Retning, for at
de selv skulle gjøre sig bekjendt med samme i dets Helhed. – «Brand» – »
Interessant er det likevel å sjå kva han tenkjer om det at Brand vert teken av
snøskredet, og den soningstanken han ser her. Og er det noko vi kjenner att frå
Ibsen si seinare diktning, at det ikkje går så bra med den som svik sin reine og
eigentlege kjærleik?
«I halv Vanvid, i halv prophetisk Seen styrter han frem og begraves under en
Lavine, kun i Nærværelse af Gerd, et dæmonisk, vanvittigt Væsen, der feirer
sin Gudstjeneste i Bræens Iiskirke. At Gerd er et Fortvivlelsens Barn af den
Huusmandsgut, som Brand’s Moder ved sin Ungdomskjærlighed tilhørte, men
som hun af Familiehensyn og Egennytte forskjød, er ingen Tilfældighed, men et
forklarende Moment i den tragiske Skjæbne, hvorfor Brand bukker under, idet han
saaledes udsoner den Skyld, som hviler over Slægten for hvad den har forbrudt.
– Af disse korte Antydninger ville vore Læsere erholde et, ihvorvel ufuldstændigt
Begreb om Gangen i Ibsens Digtning. At dvæle ved dens Enkeltheder, tillader
hverken Tiden eller Rummet os idag; senere haabe vi dog at kunne gjøre dette.
Indtil da maa det kun være os tilladt at udtale den Dom, at Digtet – tungt i Tanken
17
BRAND
HISTORISKE GLIMT
og fyldigt i Formen – i sin Helhed gjør et mægtigt Indtryk, at det selv med sine
Misgreb – og disse ere tildeels af den Beskaffenhed, at enhver kritisk Stymper
kan pege paa dem – viser den sande Digter, – en rig og selvstændig Aand, hvis
Villiekraft ikke har kunnet stækkes selv ved de haarde Kaar, hvorunder han nu
lever og digter.»
«Hvad vil en Digter med disse Kræfter ikke kunne frembringe, naar han heelt og
fuldt er bleven Herre over sig selv!»
Anmelder: Georg Brandes
Avis: Dagbladet
Utgivelsessted: København, Danmark
Publiseringsdato: 23.mai 1866
«Af den norske Digter Henrik Ibsen, hvis udmærkede Drama «Kongs-Æmnerne»
langt fra har gjort sin Forfatter saa navnkundig, som han fortjente at være det,
er paa den Gyldendalske Boghandels Forlag udkommet «Brand, et Dramatisk
Digt». Denne Bog vil ikke lade noen Læser kold; ethvert modtageligt og ukløvet
Sind fornemmer, naar Læsningen er endt, et rystende, ja overvældende Indtryk
af at have staaet Ansigt til Ansigt med en stærk og indigneret Genius, for hvis
gjennemskuende Blik Svagheden tvinges til at slaae sit Øie ned; og hvad der
gjør Indtrykket mindre reent, nemlig at denne overlegne Mand ikke i lige Grad
18
BRAND
HISTORISKE GLIMT
er gjennemsigtig for den Læser, i hvis Øre dens Opraab runger, det gjør det til
Gjengjæld kun saa meget mer betagende.»
«Hos Ibsen raader den bittre Indignation, hvis tunge Vaaben ikke tillade nogen
Fjernkamp, men som gaaer Samtiden ind paa Livet uden Naade. Vanskeligheden
her er ikke den, at Poesien har en polemisk Karakter. Det havde den allerede, da
den i sin Tid forfægtede sin egen Sag mod en Spidsborgerverdens Prosa; men
Ulykken er den, at Poesien nutildage kjæmper i det Religieuses Tjeneste, og
tidt som f. Ex. hos denne Digter saa hensynsløst og udelukkende, at den træder
fjendlig op mod det hele Fantasiliv, hvis forklarede Billede Poesien er. Men denne
Selvmodsigelse kan Digtekunsten ikke rumme. Der indtræder den Krise, som
de Nulevende føle, som hverken kunde eller skulde undgaaes, da den ligger i
Udviklingens Medfør, men under hvilken mangt et poetisk Geni vil spredes i store,
ud fra hinanden faldende Digterevner og under hvilken mangt et Digterværk vil
opløse sig i poetiske Elementer, som først i Fremtiden vor egen eller den næste
Slægt vil kunne magte og forme til en Poesi af høiere Natur end det foregaaende
Tidsrums. Det betydelige Værk vil under saadanne Omstændigheder naturligst
og nærmest fremkalde et Beundringsudbrud som dette: «Hvad vil en Digter med
disse Kræfter ikke kunne frembringe, naar han heelt og fuldt er bleven Herre over
sig selv!» og et saadant udbrud vil sikkert ogsaa hilse det nye norske Digterværk.»
I litterære tekstar, og sceniske framføringar, spør vi oss ofte kva motivet for handlingane er. Det gjer også Brandes i høve til Brand som person og «Digtet» som
Brandes kallar det.
«Hvad mangler da Helten i at være et sandt Ideal? Berettigelse; thi hvor Digteren
har villet fremkalde Indtrykket af den, der oprøres for det Meste Læseren. Og
hvorledes hedder saa denne Mangel i Æsthetikens Sprog? Der kaldes den Mangel
paa Motivering; thi at motivere er æsthetisk at berettige. Det Umotiverende i en
Handling, Mangelen på Plan, paa Hensigt og Formaal kan selv være motiveret
ved den Handlendes Sindstilstand, og saaledes er det tildeels, hvor Brand i sidste
Akt vandrer ud i Landet med den hele Folkeskare efter sig; men langt hyppigere
føles den i Digtet som en Ufuldkommenhed.»
Paul Botten-Hansen hadde sitt syn på kvifor Brand hamna i iskyrkja, eller skredet.
Brandes er noko meir prosaisk:
«Det Udviklede maa nu paa ingen Maade forstaaes, som om det Umotiverede
i Digtet kom reent uforaarsaget: Det Allermeste har sin dybere Aarsag, sin
Hensigtsaarsag i, hvad Grundtanken netop paa dette Punkt kræver og fordrer, og
det er da kun den nærmere og faktiske Motivering, som mangler, saaledes ved alt
det, der enten kan eller maa forstaaes symbolsk, f. Ex. Ombyggelsen af Kirken.
Symboliken er vel heelt igjennem mere dyb end klar, men et saadant Træk, som
at Brand til Slutningen havner i Naturens vilde Iiskirke (i hvilken Enhver, der
forlader de bestaaende Aandskirker, staaer i saa stor en Fare for at ende), et saa
mesterligt Udtryk for en dybsindig Tanke forsoner med megen Uklarhed.»
19
BRAND
HISTORISKE GLIMT
Førsteoppføring i Noreg
Laura Gundersens Aftenunderholdning i Studentersamfundets Theater
Fjerde akt av Brand blei framført 14. mai 1867 på Studentersamfundets Theater i
Kristiania med Laura Gundersen som Agnes og mannen hennar, Sigvard Gundersen,
som Brand. Ho stod for « aftenunderholdning» der. Trass i at Brand var skrive som
lesedrama, blei fjerde akt tidleg eit populært scenestykke. J.B. Halvorsen opplyser
at fjerde akt blei framført i 1866 «ved nogle private Aftenunderholdninger» i
Kristiania «og senere med Aars Mellemrum ved et par Beneficeforestillinger paa
Kristiania Theater, altid nærmest for at give Fru Laura Gundersen Lejlighed til at
optræde i Agnes’ Rolle».
Men aller først framførde ho og andre fjerde akt i Studentersamfundets Theater:
Framføringa 14.mai 1867 var del 5 på programposten, som i sin heilskap såg slik ut:
Kvartet for Strygeinstrumenter (C-moll) af Rubenstein […]
20
1.
I Nøddeskogen, Fortællinger af Bjørnsons Arne, fortælles af Laura Gundersen.
2.
En lystig Gesel af Meltzers Smaabilleder fortælles af Hr. Johannes Brun.
3.
Andante spinato e Polonaise brilliante af Chopin, udføres af Frk. Erikka Lie.
4.
Fjerde Handling af Henr. Ibsens Brand udføres af en Del af Kristiania Theaters
Skuespillerpersonale.
BRAND
ARBEIDSOPPGÅVER
Ein introduksjon til oppgåvene
Arbeidsoppgåver og tekstutdrag
Oppgåvene kan brukast som forarbeid og etterarbeid. Oppgåvene kan vere aktuelle
uansett fag og kompetansemål, gjerne på tvers av fag og fagområde, du kan gjere
fleire eller nokre få utvalde.
Ofte er det kjekt å bli kjend med nokre av rollefigurane før ein ser framsyninga,
og få ei aning om moglege konfliktar og relasjonar mellom dei – utan å lese heile
stykket eller lange utdrag frå stykket på førehand. Du kan prøve deg på å lage
utkast til eigne idear om iscenesetjing.
I etterarbeidet er det ofte diskusjons- og refleksjonsoppgaver som høver etter
ein har sett oppsetjinga, eller sett seg inn i stykket på annan måte. Men diskusjonar og refleksjonar kan og vere ein god inspirasjon før ein ser ei framsyning.
Vi har valt ut nokre fag, men ikkje fagområde og kompetansemål, det reknar
vi med kvar enkelt lærar og elevane finn ut av sjølve.
Arbeidsoppgåver i eit norskfagleg perspektiv
Norskfaget lever i spenningsfeltet mellom det historiske og det samtidige, det
nasjonale og det globale. Tekstar kan få ny og uventa tyding når perspektiv blir
utvida. Kulturarven er slik sett ein levende tradisjon som blir forandra og skapt på
nytt, og norskfaget skal oppmuntre elevane til å bli aktive bidragsytarar i denne
prosessen. ( Frå læreplanen)
21
1.
Studer tekstutdraga frå Brand
a) Diskuter temaet / kva tekstane handlar om.
b) Lag ei dramatisering av eitt eller fleire tekstutdrag.
c) Sjå på spørsmåla til dei enkelte tekstutdraga, og diskuter dei
d) Bruk dramateknikkar som er foreslått til dei enkelte tekstutdraga
2.
Kva for ytre og indre konfliktar finn du i personen Brand? I kva grad kan
slike konfliktar vere til stades også i dag, men kanskje frå andre perspektiv i
vår samtid? I kva grad kan teksten spegle uro i dagens samfunn?
3.
Kva var det som gjorde at Ibsen vart kalla det moderne dramaets far? Kan du
finne anslag til dette i Brand?
4.
Kva synest du dei tre omtalane / kritikkane av Brand legg vekt på? I kva grad
fortel det også noko om kritikaren gjennom vurderinga av teksten?
5.
Dersom du kjenner andre skodespel av Ibsen, er det trekk ved rollefigurane
i Brand du kjenner att i andre roller og andre skodespel?
6.
Korleis er sceniske verkemiddel med på å underbyggje temaet (kostyme,
rekvisittar, sminke, verbalspråk og kroppsspråk)? Prøv deg fram gjennom
dramatisering.
7.
Regissøren Kjetil Bang Hansen har omtala Brand og Peer Gynt som portalar
inn til Ibsens dikting – i kva grad er du einig i det?
8.
Skriv ei teatermelding av framsyninga.
BRAND
ARBEIDSOPPGÅVER
22
BRAND
ARBEIDSOPPGÅVER
Arbeidsoppgåver i eit scenografi- og designperspektiv
Scenografi og kostyme blir nytta på ulike måtar i arrangement og oppsetjingar.
Kunnskap om korleis scenografi og kostyme kommuniserer visuelt, er ein sentral
del av den kulturelle kompetansen.
(Frå læreplanen)
1.
Studer bileta frå scenografien, eller diskuter på bakgrunn av framsyninga:
2.
Kva kan grunntanken vere i denne utforminga av teaterrommet?
3.
Kvar kan vi plassere utforminga av scenerommet i 2015-framsyninga
teaterhistorisk?
4.
Korleis verkar scenerommet og kostymer inn på ei framsyning, både generelt
– og spesielt i Brand?
5.
La oss seie at du fikk i oppdrag å lage kostyme til Brand. Korleis ville du tenkt
og gått fram i arbeidet? Sjå tekstutdraga og anna informasjon i dette heftet.
6.
Studer Ibsens scenografianvisningar. Lag ei enkel skisse til scenografien frå
bygda/ fjorden, fjellet og Brand og Agnes sin heim der oppe. Vel tre fargar
og lag ein abstrakt / stilisert komposisjon. Vel deg til dømes tre scener. Om
du skal sjå framsyninga, samanlikn dine idear med det du møter i teatret.
Eller studer bileta her i heftet og diskuter i kva grad dette samstemmer med
di eiga oppfatning om kva scenebiletet kan eller skal spegle.
Første akt: Oppe i sneen på fjeldviddene. Tågen ligge tæt og tung; det er regnvejr
og halvmørkt.
Anden akt: Nede ved fjorden med bratte bergvegge omkring. Den gamle forfaldne
kirke ligger på en liden bakke i nærheden. Et uvejr treækker op.
Tredje akt: Tre år senere. En liden have ved prestegården. Høj fjeldvæg
ovenfor,stengærde omkring. Fjorden ligger trang og lukket i baggrunden. Husdøren
går du til haven. Eftermiddag.
Brand står på trappen udenfor huset. Agnes sidder på trinnet nedenfor.
Fjerde akt: Julaften i prestegården. Det er mørkt i stuen. På bagvæggen en udgangsdør; vindu på den ene side, dør på den anden. Agnes står sørgeklædt ved vinduet
og stirrer ud i mørket.
Femte akt: Halvandet år senere. Den nye kirke står fuldfærdig og smykket til
indvielsen. Elven rinder tæt forbi. Det er tidlig tåget morgen. Klokkeren er i ferd
med at hænge kranse op udenfor kirken; lidt efter kommer skolemesteren.
23
BRAND
ARBEIDSOPPGÅVER
Arbeidsoppgåver i eit teater- og dramaperspektiv
Teateret sine uttrykksformer har det til felles at noko formidlast frå ein arena til
eit publikum. Formidlinga byggjer på utforsking, utvikling og formgiving. Teater
er eit levande kunstverk, der teksten og ideen skapast og skapast om, og får nytt
liv i møtet mellom kunstverket og publikum. (Frå læreplanen)
Vel eit tekstutdrag frå «Brand»og lag ei eiga dramatisering der du utviklar ein
monolog/dialog og formidlar teksten i individuelt skodespelararbeid eller samspel.
1.
Presenter eit regikonsept for eitt av tekstutdraga.
2.
Korleis ville du arbeide med tekst/undertekst i rolletolkinga av Brand, Agnes,
Einar, Gerd, Futen, mor til Brand eller ein av dei andre rollefigurane?
3.
Prøv ut ulike undertekstar i tekstutdraga.
4.
Lag eit scenografiutkast til ei eller fleire scener, sjå Ibsens scenetilvisingar til
arbeidsoppgåver i eit scenografi- og designperspektiv.
5.
Skriv ei teatermelding av framsyninga Brand.
Arbeidsoppgåver i eit samfunnsperspektiv og i eit historisk perspektiv
Menneska er prega av den kulturen dei veks opp i, og dette påverkar haldningar,
kunnskapar og handlingar Som reflekterande og handlande individ og fellesskap
kan menneska bidra til å forme seg sjølve, og både påverke og bli påverka av
omgjevnadene sine.( Frå læreplanen)
24
1.
Kva for syn på tilhøvet mellom ulike samfunnsklassar og deira roller, viser
seg i framsyninga og i tekstutdraga? I kva grad og på kva måte har dette
eventuelt endra seg i vår tid? Er det nokre likskapar?
2.
I kva grad kan vi kalle stoffet i Brand samfunnspolitisk – i tilfelle kvifor og
korleis?
3.
I kva grad er dette eit religiøst drama? Sjå på tekstutdrag i dette heftet, samtalen
mellom Tindberg, Bang-Hansen og Amundsen i «Sanningssøkjaren», eller
reflekter over og diskuter det som du synest kjem fram i syninga.
4.
I kva grad synest du Brand handlar om fundamentalistisk religionsutøving,
den gongen, og kanskje no?
5.
Bruk tekstar frå vedlegga til å lage dykkar eiga vising som speglar tilsvarande
konfliktar i dag. Kravet til det absolutte, kan og vere til inspirasjon.
BRAND
ARBEIDSOPPGÅVER
Arbeidsoppgåver i eit psykologisk perspektiv, i tekstar og/eller framsyning
Psykologisk grunnforståelse er sentralt i de fleste samfunnsmessige og mellommenneskelige sammenhenger.
(Frå læreplanen)
«Med deg drog kjærleiken hit inn, som solklar vårdag i mitt sinn.
Den hadde før eg aldri kjent, og far og mor han aldri tent.
Eg måtte lengte, måtte sakne, så herda hjartet seg til stein.»
(Brand til Agnes)
25
1.
I kva grad er Brand si åtferd styrt av emosjonar og personlege behov? Kan
du finne konkrete døme i teksten, eller i framsyninga som du kan grunngje
synet ditt med?
2.
I kva grad kan det vere forsvarsmekanismar og meistringsstrategiar som
styrer Brand sine reaksjonar og haldningar? Reflekter, diskuter.
3.
Drøfte samanhengar mellom erfaringar i oppveksten og haldningar og verdiar
som vaksen. Kan dette ha spela ei rolle i Brand sitt tilfelle? Sjå på Brand sin
replikk til Agnes under biletet.
4.
Kva er det som etter di meining påverkar kommunikasjonen mellom Brand
og dei menneska han møter? Til dømes mellom han og Agnes, han og mora,
Brand og Futen?
5.
Korleis vil du beskrive Brand sitt sjølvbilete, og korleis vil du grunngje synet
ditt?
6.
Svein Tindberg seier at Brand er «ein spennande psykologisk rollefigur». Kva
kan det vere som gjer at han meiner det? Er du einig / ueinig?
BRAND
ARBEIDSOPPGÅVER
Arbeidsoppgåver i eit religions- og livssynsperspektiv
Religionar og livssyn speglar menneske sine djupaste spørsmål og har gjennom
historia bidratt til å forme individ, fellesskap og samfunn.( Frå læreplanen)
26
1.
Brand som person har fått mange merkelappar opp gjennom tidene.
2.
I kva grad oppfattar du Brand som ein kristen, ein forkynnar, ein fundamentalist, eit menneske på leiting, eit menneske med ein livsfjern draum?
Og kvifor?
3.
Diskuter aktuelle spørsmål som oppstår i møte mellom religion, kultur og
samfunn. Korleis kjem dette til uttrykk i Brand?
4.
Beskriv og reflektere over hovudtrekk i kristen etikk. I kva grad kjenner du
dette att i dramaet, og i personen Brand?
5.
Brand gifter seg med Agnes, dei får ein son, Alf. Mor hans kjem til han på
vitjing etter han er kommen attende til heimbygda, Einar er ein tidlegare
skulekamerat, folket i bygda knyter seg til han. Samstundes går det ikkje så
bra med relasjonane mellom Brand og dei rundt han.
6.
Reflektere over etiske spørsmål knytte til mellommenneskelege relasjonar,
familie og venner, samliv, sett i lys av det personen Brand står for.
7.
Drøfte ulike former for religiøs søking i vår tid. Finn du nokre likskapar
mellom det du ser i vår tid og den søking Brand gjev uttrykk for?
8.
«Guds kjærleik kjenner eg godt til, og den er ikkje veik og mild», seier Brand
til Agnes. Kva kan Brand byggje si oppfatning på?
BRAND
TEKSTUTDRAG
Tekstutdrag
første handling
TEKSTUTDRAG 1
Tusen menneske kryssar scena, fram og tilbake. Berre ein står stille. Brand. Han
stirer ei anna lei enn alle dei andre. Mot oss, publikum. Går mot oss.
BRAND
Kvar skal du?
BRAND
Fram!
BRAND
Fram eg må.
Eg går ein stor manns bod.
BRAND
Kva heiter han?
BRAND
Han heiter Gud.
BRAND
Hugs at han med flammeriset
mannen dreiv frå paradiset!
Vegen dit har evig stengsel.
BRAND
Men han opna for vår lengsel!
Menneska forsvinn. Brand er aleine, kjem fram enda nærare publikum. Talar til oss.
To tankar fall som gut meg inn
min mage fekk ein lattervri
Eg tenkte meg ei mørkredd ugle,
ein fisk med vasskrekk. Som eg lo
or sinnet ville eg dei smugle,
men dei hang fast med nebb og klo!
Kva kom han av, den lattervri?
Det var ei aning om ein splid
imellom tingen, slik han er,
og tingen, slik han skulle vera,
i mellom det å skulle bera,
og finne børa altfor svær.
Snart kvar ein landsmann, sjuk og frisk,
er slik ei ugle, slik ein fisk,
Han skulle leva livsens mørker,
men det er det som gjer han redd.
Han skyr sitt eige stjernekammer,
han skrik på luft og dagens flammar!
Han går lenger opp i fjellet. Sola bryt gjennom tåka. Det blir klar sommarmorgon.
27
BRAND
TEKSTUTDRAG
Diskuter: Kva fortel tekstutdraget om Brand sine tankar og kjensler?
I kva grad møter vi ein tvilar, ein med klåre meiningar eller ein fanatikar?
TEKSTUTDRAG 2
Han (Brand) går lenger opp i fjellet. Sola bryt gjennom tåka. Det blir klar sommarmorgon. Einar og Agnes, blussande og varme, kjem leikande fram over sletta.
EINAR
Sommarfugl, Agnes! Sommarfugl!
AGNES
Sommarfugl?
EINAR
Ja, ein sommarfugl!
Agnes, min herlege sommarfugl –
AGNES
Nei!
EINAR
Jo!
Eg flettar eit garn med masker små,
og maskene er mine songar!
AGNES
Dansar framføre han og smett heile tida frå han.
Er eg ein sommarfugl, ung og blank,
eg lystig i leiken meg svingar;
men fangar du meg under nettets spinn….
AGNES/EINAR
så rør ikkje ved mine venger!
Han kastar seg leande over henne. Ho prøver halvt å sleppe unna, men han fangar
henne, og dei sig ned saman. Så breier ho det store sjalet over dei begge, så dei til
slutt ligg på bakken under ei vakker raud og gul sol. Ler og kysser.
BRAND
Skrik brått ned til dei.
Stans, stans! Det er ein avgrunn bak!
De er på skavlens hóle tak.
EINAR
Ser leande opp.
D’er inga naud med meg og henne!
AGNES
Vi har eit liv å leike rundt!
EINAR
Kom ned til oss! Så skal de høyre
kor makelaus han er, vår Gud,
som ga meg Agnes som mi brud!
Stå’kje slik, som om De fraus!
Sjå det! Tin opp!
28
BRAND
TEKSTUTDRAG
Først er eg målar, skal De vita,
Eg kom frå sør, frå fjerne land
med målarskrinet på min rygg AGNES
Så kongeglad og frisk og trygg,
EINAR
Just som eg gjennom bygda fór,
var ho på gjesting same stad.
Da måla eg mitt meisterstykke,
Ei rosebluss på hennar kinn,
eit augnepar som lyste lykke,
eit smil som song i sjela inn –
Da strauk den tanken meg forbi
at heilt eg hadde gløymt å fri!
Hurra, i hast vart fridd og svart,
og dermed var det greitt og klart.
BRAND
Og no går vegen -?
EINAR
Like fram, til byen.
AGNES
Der har eg heimen min.
EINAR
Og så til land langt sør så fort
som svaner i det første floget,
BRAND
Og der
EINAR
Eit bryllaupsliv i fest og glede
ei fager segn, som draumen stor.
BRAND
Farvel!
Vil gå.
EINAR
Stussar og ser nærare på han.
Nei, vent!
D’er noko her, som synest kjent Brand!
Vel møtt, vel møtt, av hjartans grunn!
Sjå på meg! Ja, du er den gamle,
som alltid i deg sjølv var nok,
den leiken aldri kunne samle
i kameratars viltre flokk.
BRAND
Eg var ein heimlaus mellom dykk.
Men deg trur eg, eg hadde kjær.
29
BRAND
TEKSTUTDRAG
EINAR
Heimbygda di? Ja, den er jo her?
BRAND
Igjennom den no vegen ber.
EINAR
Igjennom den? Så lenger fram?
BRAND
Ja langt og fort forbi min heim.
EINAR
Du er jo prest?
BRAND
Stiftskapellan.
Det skip som ventar på dykk to
tar også meg bort herifrå no.
EINAR
Tenk, Agnes, han skal same veg!
BRAND
Ja, men eg skal i gravøl, eg.
AGNES
I gravøl?
EINAR
Du? Kven skal i grava?
BRAND
Den Gud som du nyss kalla din.
Diskuter: Kva er skilnaden på Einar sin Gud og den Brand har i tankane? Kvifor trur
du Brand seier han skal i gravøl til den Gud Einar kallar sin?
30
BRAND
TEKSTUTDRAG
TEKSTUTDRAG 3
Ein stein blir kasta ovanfrå og rullar nedigjennom lia tett ved han.
BRAND
Ropar opp.
Hei der! Kven kastar stein? I Herrens namn!
Gerd, ei femten år gammal jente, spring oppe på bergkammen med stein i
nevane.
GERD
Kven er du?
Stå stilt, stå stilt, no flyg han bort!
BRAND
Kven?
GERD
Såg du ikkje hauken?
BRAND
Nei.
GERD
Med kammen flatt på panna stroken,
med rand kring auget, raud og gul?
BRAND
Kvar skal du?
GERD
Til kyrkja.
BRAND
Peikar nedover.
Men kyrkja er jo der!
GERD
Ser hånleg smilande på han og peikar ned.
Den der?
BRAND
Ja visst. Kom med.
GERD
Nei, den er stygg.
BRAND
Stygg? Kvifor det?
GERD
Alt der er smått. På alle vis
Mi kyrkje er av snø og is!
BRAND
Av is og snø?
Iskyrkja –
GERD
Det ser ut som is og fjell,
men er no kyrkje likevel.
31
BRAND
TEKSTUTDRAG
BRAND
Gå aldri dit, det er ‘kje trygt!
GERD
Peikar ned.
Gå aldri dit, der er det stygt!
BRAND
Guds fred med deg.
GERD
Kom heller med!
Der oppe preikar foss og skred!
Der preikar vind i jøklars hall,
så du blir både heit og kald!
Og hauken, han slepp aldri inn,
han slår seg ned på Svartetind, og der sit han, det styggetøy
som hane på min kyrkjefløy.
Kom ikkje nær! Eg kastar stein!
Slår du med klo, slår eg med grein!
Flyktar oppover fjellet.
Diskuter:
Kva slags kyrkje og Gudsbilete har Gerd?
Kva er meint, trur du, med: «Alt der er smått. På alle vis»
Kva kan hauken vere eit bilete på?
32
BRAND
TEKSTUTDRAG
ANDRE HANDLING
Tekstutdrag 4
MOR TIL BRAND
Kjem oppover, stansar halvvegs synleg i bakken, held handa skyggande for
auga og ser seg om.
Son, er det deg? Son er det deg?
BRAND
Ja.
MORA
Den vonde
Ta sola, – ho gjer meg halvt blind!
Gnir auga.
Hu, det skinet,
brenner seg i auga inn,
kan ‘kje skilja prest frå bonde
BRAND
Heime var det aldri sol,
frå lauvet fall til gauken gol.
MORA
Ler stille
Nei, der er det godt, der blir ein frossen
som ein istapp over fossen.
BRAND
Goddag! Farvel! Mi tid er knapp!
MORA
Ja, du har alltid vore rapp.
Som gut du lengta herifrå.
BRAND
At bort eg fór, deg syntest best.
MORA
Ja, det trongst vel at du vart prest.
Granskar han nærare.
Men akt no berre på mitt ord, –
Far vart med livet!
BRAND
Er det alt?
MORA
Ja, livet? Ja, kva er det meir?
BRAND
Eg meiner, rådet som no fall,
er det det heile?
33
BRAND
TEKSTUTDRAG
MORA
Veit du fleir,
så bruk dei som du vil. Men livet
berg det for meg, for eg har gitt det.
Kva du har gjort spørst vidt og breitt.
og det har gjort meg redd og skremd meg.
Du er den einaste i slekta.
Du er min son, mitt kjøt og blod.
Far vart med livet! Aldri svikt!
Å leva, er ein arvings plikt –
og du blir min – eingong – omsider.
Diskuter: Kva slags haldningar kjem fram dei i mellom, tykkjer du?
Spel scena mellom Brand og mora, og legg vekt på å få underteksten fram,
i replikkane og i det fysiske arrangementet.
BRAND
Så derfor er det at du kjem
og søker meg med fylte lommer?
MORA
Son, er du galen?
Vik tilbake.
Kom ikkje nær!
Bli ståande! Eg slår med staven!
Du son min, du får arven heil,
alt saman går til deg aleine.
I denne delen av scena, gi ein tanke til kvar av dei, etter replikken.
Når Brand har sagt sin replikk, kjem ein annan opp, stiller seg bak han og seier,
medan Brand står i frys, det Brand eigentleg tenkjer. Som vi veit, kan ein tanke vere
noko heilt anna enn det ein seier…
Deretter kjem replikken til mor hans, ein annan kjem opp, stiller seg bak henne og
seier, medan mora står i frys, det mora eigentleg tenkjer. Diskuter ulikskapar det
kan vere mellom det dei seier og det dei faktisk tenkjer.
BRAND
På visse vilkår?
MORA
På det eine,
at du skal ikkje øyde livet,
hald ætta oppe, son for son,
Eg krev’kje noko anna løn.
Ver hard, ver stri, ver istappkald,
dei kløyver kje mitt bringeskjold;
men gøym din arv!
BRAND
Og om det tvert om fall meg inn
å strø alt ut for vêr og vind?
34
BRAND
TEKSTUTDRAG
MORA
Strø ut det som i trældoms år
har krøkt min rygg og bleikt mitt hår?
BRAND
Strø ut!
MORA
Strø ut! Om det er det du gjer,
for vinden strør du ut mi sjel!
I denne delen av scena, gi ein tanke til kvar av dei, etter replikken.
Når Brand har sagt sin replikk, kjem ein annan opp, stiller seg bak han og seier,
medan Brand står i frys, det Brand eigentleg tenkjer.
Deretter kjem replikken til mor hans, ein annan kjem opp, stiller seg bak henne og
seier, medan mora står i frys, det mora eigentleg tenkjer.
Diskuter ulikskapar det kan vere mellom det dei seier og det dei faktisk tenkjer.
BRAND
Og om eg gjer det likevel,
står der ved senga di ein kveld;
når du med salmebok i hender
skal sova dødens første natt,
om eg da gramsar, famlar, kjenner
finn fram alt saman, skatt for skatt,
om eg tar lyset, om eg tenner –?
MORA
Kvar har du denne tanken frå?
BRAND
Frå kvar? Skal eg fortelja?
MORA
Ja!
BRAND
Det er eit barndomseventyr
som aldri meg or minnet flyr,
som skjemmer sjela lik eit sår;
eit arr frå gjengrodd hareskår.
Det var ein haustkveld. Død var far,
og du låg sjuk. Eg sneik meg inn
der han låg død i vokslysskin,
eg stod og stirte frå ein krok,
og såg han heldt ei salmebok.
Eg kjende lukt av kuldslått lin,
da høyrde eg på gangen trinn,
inn kom ei kvinne, såg’kje meg,
til senga gjekk ho med raske steg.
Ho flytta hovudet til han som låg,
35
BRAND
TEKSTUTDRAG
BRAND
ho gramsa, rota, famla og,
så trakk ho fram, ein bunt, så fleir,
ho talde, kviskra, meir, meir, meir!
Ho reiv, ho hogg med ilske hender
ho beit den opp med sine tenner.
Ho grov på ny! Ho hitta fleire;
Ho telte, kviskra: Meir, meire!
Til slutt var kvar ein løynkrok tømd,
ho gjekk frå stova som ein dømd,
ho sveipte funnet i ein pjalt;
og stønna stilt: Så det var alt!
Spel denne scena, der ein elev framfører den vesle monologen, medan to andre
spelar / mimar liket, og mora som leitar etter pengar. Pass på at de gjev tid til at
den som spelar mora får nok tid til å gramsa og leite.
Lat den som spelar mora få denne replikken: (Ho telte, kviskra) Meir, meire! Og:
Så – det var alt!
Lat ein eller fleire gå opp og stille seg bak mora som går i frys etter siste replikk,
og seie kva ho tenkjer.
MORA
Mitt krav var stort, mitt funn var skralt,
og det vart meir enn dyrt betalt.
BRAND
Dyrt ja – din vinst vart meir enn skral.
Mitt sonesinn den frå deg stal.
MORA
Eg gav frå først ein større pris.
Eg trur eg gav mitt livs forlis.
Eg gav kva knapt eg lenger veit
det folk har kalla kjærleik.
Eg minnest godt min strid var svar,
eg minnest godt eit råd frå far,
gløym husmannsguten, ta den andre!
Akt ikkje på hans visne kropp!
Det er ein kar med kløkt i panna,
han aukar eiga dobbelt opp!
Eg tok han, men fekk skam til takk.
Til dobbelt opp han aldri rakk.
Men sidan har eg slept og slite,
så no det manglar berre lite.
Diskuter: Var det rett av henne å ofre sin kjærleik?
36
TEKSTUTDRAG
«Eg minnest godt min strid var svar,
eg minnest godt eit råd frå far,
gløym husmannsguten, ta den andre!»
Er det andre stader i Ibsens skodespel denne tanken kjem fram – om å svike sin
eigentlege kjærleik? Korleis vil du tolke dette?
BRAND
Og minnest du så nær di grav
at sjela du på kjøpet gav?
MORA
Gransk ikkje son, mitt modersinn,
men ta din arv når den blir din!
BRAND
Og skulda?
MORA
Skulda? Kva for skuld?
Her er ‘kje skuld.
BRAND
Du blinde, lær deg no å sjå!
Guds bod på jord har du forringa,
ditt sjelelån har du øydd bort.
Det er di skuld. Kvar vil du av
når Herren krev sitt eige att?
MORA
Kvar eg vil? Kvar?
BRAND
Frykt ikkje,
din son tar all di skuld på seg,
det du har skjemt blir reint ved meg.
Gå berre trøstig til dei døde,
eg greier skulda.
Diskuter: Ser du likskap til ein annan son som har teke andre si skuld på seg?
I kva grad er dette hovmodig, eller eit uttrykk for hybris, frå Brand?
Og stundar du imot eit møte,
send meg eit bod, så skal eg koma!
MORA
Ja, du med dine straffedommar!
BRAND
Nei, varm som son og mild som prest.
MORA
Det lovar du med hand og munn?
BRAND
Ja, eg kjem i din angers stund.
37
BRAND
TEKSTUTDRAG
Men vilkår set eg, slik som du,
alt det som no til jorda bind deg,
skal du frivillig kaste av,
og skride naken mot di grav.
MORA
Byd elden skiljast frå sin hete,
snø frå sin frost, sjø frå si væte!
Krev anna bot, krev svolt og tørst,
men ikkje det som synest størst!
BRAND
Går ein det største utanom,
mildnar det andre ingen dom.
MORA
Eg legg mitt sølv i kyrkjeblokk!
BRAND
Alt!
MORA
Son, er ikkje mykje nok?
Mitt gods, mitt smertens barn, mitt gods,
for deg reiv eg mitt bryst til blods.
Kvifor vart sjela født i kjøt,
når kjøtleg elsk legg sjela død? Bli nær meg, prest! No veit eg ikkje
kva sinn eg får når timen slår,
om eg må alt i livet misse,
så vil eg vente til det siste!
Går.
Diskuter: Korleis oppfattar du denne utsegna frå mora: «om eg må alt i livet misse,
så vil eg vente til det siste!» Kvifor trur du ho held fast ved det jordiske gods og
gull til det siste?
TREDJE HANDLING
Tekstutdrag 5
Tre år seinare. Ein liten hage ved prestegarden. Husdøra går ut til hagen.
AGNES
Du er uroleg!
BRAND
Eg ventar bod.
I tre år har eg venta på
at ho skal sende etter meg.
No veit eg hennar tid er omme
AGNES
Utan bod du skulle komme
BRAND
38
BRAND
TEKSTUTDRAG
Har ho inga anger har eg inga trøyst
AGNES
Ho er di mor.
BRAND
Eg har ingen rett
til avgudar i eiga ætt
AGNES
Brand, du er hard!
BRAND
Mot deg?
AGNES
Å nei!
BRAND
Eg spådde deg ein trengselsveg.
AGNES
Slik gjekk det ikkje, du har ikkje
halde ord.
BRAND
Jo, her er kvast og kaldt.
Vårt hus finst ingen trivsel ved,
det ligg her midt i ur og skred.
Og sola, ho når aldri ned.
AGNES
Ho dansar jo så varm og blid
på bergets skuldrar.
BRAND
Tre veker, ja, ved sommartid,
men aldri når ho bergets fot.
AGNES
Ser rett på han.
Brand, noko finst som gjer deg redd.
BRAND
Nei, deg!
AGNES
Nei, deg!
BRAND
Du ber ei gru.
Ei løyndomsfull.
AGNES
Brand, også du!
BRAND
Tal ut! Nemn alt!
AGNES
Eg stundom skalv.
BRAND
Kven skalv du for?
Stansar.
Kven skalv du for?
AGNES
39
BRAND
TEKSTUTDRAG
For Alf!
BRAND
For Alf?
AGNES
Du også?
BRAND
Stundom, ja!
Men han blir ikkje tatt ifrå oss.
Gud er jo god. Min vesle gut
veks seg nok stor og sterk til slutt.
Kvar er han no?
AGNES
Han søv.
BRAND
Gud signe deg, sov deg no sunn!
Eg tok mitt kall som martyrdom,
men sjå som alt har vendt seg om,
kor hell har følgt meg på mi ferd –
AGNES
Ja, Brand, men du er hellet verd.
BRAND
Med deg drog kjærleiken hit inn,
som solklar vårdag i mitt sinn.
Den hadde før eg aldri kjent,
og far og mor han aldri tent.
Eg måtte lengte, måtte sakne,
så herda hjartet seg til stein.
AGNES
Men lell, din kjærleik, den er hard,
den som du skulle klappe, slår du.
BRAND
Deg, Agnes?
AGNES
Meg? Å nei, du kjære!
Lett var det du bad meg bera,
men mang ei sjel i frå deg fall,
i kravet: inkje eller alt!
BRAND
Kva verda kallar kjærleik, vil
eg ikkje vita noko om.
Guds kjærleik kjenner eg godt til,
og den er ikkje veik og mild.
At du ikkje kan, det kan forlatast,
men aldri at du ikkje vil.
AGNES
Eg går den vegen du tar fatt.
BRAND
For to er inga kleiv for bratt.
40
BRAND
TEKSTUTDRAG
Prøv deg fram:
Kva trur du kan ligge i underteksten til Agnes når ho seier: «Mang ei sjel i frå deg fall,
i kravet: inkje eller alt!»
Er ho refsande? Er ho fortvila? Er ho mild og kjærleiksfull, bedande?
Kva kan ligge i underteksten til Brand når han seier: «Guds kjærleik kjenner eg godt
til, og den er ikkje veik og mild.»
Er han redd? Er han streng? Er han ein som vil frelse andre frå undergangen?
TEKSTUTDRAG 6
Ser doktoren komme.
BRAND
Mor?
DOKTEREN
Ja –
BRAND
Død? Men i bot?
DOKTEREN
Det trur eg knapt.
Ho hang ved sitt på denne jord,
til timen slo, og dei vart skilde.
DOKTEREN
Kan hende vil ho dømmast mildt,
og møte kjærleik, ikkje hån.
BRAND
Kva sa ho?
DOKTEREN
Ho mumla stilt:
Gud er ‘kje hardhendt, som min son.
De trur visst Prest at lov og pakt
for Gud og godtfolk står ved makt; men kvar slekt har sitt eige vis
vår blir ‘kje skremd av flammeris.
med amme-snakk om sjele-ran!
Vårt første bod er: Ver human!
BRAND
Human! Ja, dette slappe ord
er feltrop for den heile jord!
Var Gud human mot Jesus Krist?
Om dykkar Gud den gongen rådde,
og han på korset ropte: Nåde!
vart soningsverket omgjort ved
eit diplomatisk himmelbrev!
41
BRAND
TEKSTUTDRAG
TEKSTUTDRAG 7
Agnes er komen ut på trappa, bleik og forfæld og kviskrar til doktoren.
AGNES
Kom her!
DOKTEREN
Kva er det?
AGNES
Kom-! For Guds skuld!
Dei går inn i huset. Brand merkar det ikkje.
BRAND
Død utan bot. Død, slik ho levde.
Er ikkje det Guds fingerpeik?
No ti gonger ve meg, om eg sveik!
DOKTEREN
følgd av Agnes, kjem snøgt ut på trappa og ropar
Skikk huset ditt, og reis din veg!
BRAND
Om jorda skalv, så vart eg her!
DOKTEREN
Så er ditt barn til døden dømd.
BRAND
Alf!
Vil inn i huset.
DOKTEREN
Nei, bli!
Ein vinter til på denne stad,
vil visne bort hans spede liv.
Reis, Brand, og så er barnet frelst,
men gjer det snart, i morgon, helst.
BRAND
I kveld, i dag, i denne stund.
Å, han skal vekse sterk og sunn!
Og gufs frå bre og sno for kyst
skal ikkje isne til hans bryst.
AGNES
Eg løynleg ante, løynleg skalv,
men eg såg berre faren halv.
Agnes går inn i huset.
DOKTOREN
Mot verdsens flokk så ubønhøyrleg
For den gjeld inkje eller alt,
men frå ein sjølv veik motet bort
i same stund som loddet fall,
og offerlammet var eins eige.
BRAND
Kva meiner De?
42
BRAND
TEKSTUTDRAG
DOKTOREN
Til Dykkar mor
De tordna lova, ord for ord,
om ikkje alt straks vart lagt av,
og ho gjekk naken til si grav,
var ho fortapt, og same rop
vart retta mot den store hop.
No når De er i havsnaud sjølv
De gløymer alt om helvets pøl,
no gjeld det i ein kuling stiv
å berge eige avkoms liv.
BRAND
Er eg no blind? Var eg det før?
DOKTOREN
De handlar slik ein god far bør.
Eg lastar ikkje det De gjer,
for meg er De meir stor enn før,
Reis bort no om de held han kjær
Går.
BRAND
No eller før, når vart det feila?
FJERDE HANDLING
Tekstutdrag 8
Julekvelden i prestegarden. Det er mørkt i stua, men ute på kirkegarden blinker
det i tusen lys på gravene. Den eine lille kirkeklokka ringer jula inn. Agnes sitt i
en gyngestol, kledd i kvit underkjole. Doktoren kjem
AGNES
Goddag doktor!
Kom inn!
Spring ned og opnar hagegrinda.
DOKTEREN
Nei!
Å knyte seg til slik ein stad,
der viddevêr og vintervind
skjer iskald gjennom sjel og skinn BRAND
Nei, ikkje gjennom sjela.
DOKTEREN
Ikkje?
Nei,-nei, det kan vel synast så,
at denne dykkar hastverkspakt
står like fullt og fast ved makt.
AGNES
Eit solskins-kyss, eit klokkeslag
kan vekke for ein sommardag.
43
BRAND
TEKSTUTDRAG
DOKTEREN
Farvel. Eg må på vitjing til ein sjuk.
BRAND
Mor mi?
DOKTEREN
Ja, vil De med?
De var der kanskje?
BRAND
Nei.
DOKTEREN
Brand, Du er hard. Eg kom
så fort i naud det spurdest om.
BRAND
Dykk har ho bodsendt, eg er gløymd.
Eg ventar, ventar, hjarteklemd
DOKTEREN
Kom, utan bod!
BRAND
Før bod ho sender,
eg ikkje noko ærend kjenner.
DOKTEREN
Du stakkars veike, som vart lagt
i slike harde henders makt!
BRAND
Eg er’kje hard!
AGNES
Sitt blod han gav
om hennar sjel det vaska av!
BRAND
Som hennar son i arv tok eg
frivillig hennar skuld på meg.
DOKTEREN
Gjer opp Di eiga!
BRAND
Manges mein
for Gud kan slettast gjennom éin.
DOKTEREN
Ikkje gjennom ein
som sjølv i skuld til øyra ligg.
BRAND
Rik eller arm, heilt eg vil,
og dette eine, det strekk til.
DOKTEREN
Ja, viljen er din medisin,
men kor er så kjærleiken din.
44
BRAND
TEKSTUTDRAG
BRAND
Følgjer han ei stund med auga.
Knapt noko ord var søla ned
av løgn som dette ordet: kjærleik.
Det er kje martyrskap, i ve
berre å døy på korsets tre,
først det å ville korsets død,
først når du vil, i åndfull angst,
først da kan frelsa bli din fangst!
BRAND
Om viljen vinn i slik ein strid,
kjem kjærleiken som dua kvit
og gir oss livets oljeblad,
men her, mot slekta, slapp og lat,
eins beste kjærleik heiter hat!
Hat! Hat!
Tekstutdrag 9
Futen kjem på vitjing til Brand
BRAND
Og no, kva aktar De å gjera?
FUTEN
Bygge.
BRAND
Bygge?
FUTEN
Ja vel, –
meg sjølv og bygda her til hell.
Først vil eg bygge opp mitt ry
til noko stort eg da må ty.
Så derfor er eg mogent komen
til at eg no
vil søke bot mot fattigdommen.
BRAND
Den vil De rydde ut?
FUTEN
Nei visst,
den er jo ein nødvendig brest
i alle samfunn, han må tålast,
men med litt klokskap kan han bøyast,
i visse former, og bli stansa
så sant i tide han blir ansa.
No skal eg, til distriktets gagn
hjelpe på eit djupfølt sakn,
få bygd eit fattigdommens pesthus.
Og dette bygget, har eg tenkt,
skal bindast tett til eit arresthus.
Og når eg så er godt på glid,
45
BRAND
TEKSTUTDRAG
bygger eg nok på same tid
ein fløy innunder same tak,
som brukast kan til val og lag,
kort sagt, eit pent politisk festhus
BRAND
Men midlane?
FUTEN
Ja, det er knuten.
Men støttar De med ordets makt,
min tanke, vil han lettvint fremjast,
og får eg han til mogning lagt,
skal hjelpa Dykkar ikkje gløymast
BRAND
De meiner at De vil meg kjøpe?
Da har De ille tida kåra.
FUTEN
Av kva for grunn?
BRAND
Eg vil bygge sjølv.
FUTEN
De? Bygge? Stel De min idé?
BRAND
Ikkje nettopp dét.
Peikar ut av vindauget.
Fut, kan De sjå – ?
FUTEN
Der?
BRAND
Ja.
FUTEN
Det svære stygge?
Det er jo prestegardens fehus!
BRAND
Nei, ikkje det. Det vesle stygge
FUTEN
Kva? Kyrkja!
BRAND
Den vil eg bygge stor.
FUTEN
Nei, det skal fanden ikkje skje!
Kvifor skal no den i mold?
Den var da god nok før i tida?
BRAND
Mogleg det, men no er ho for lita.
FUTEN
Eg har aldri sett den full!
46
BRAND
TEKSTUTDRAG
BRAND
Sjølv for ei enkelt sjel der inne
er ikkje løftingsrom å finne.
FUTEN
Ristar forundra på hovudet.
Og pengane, kvar får vi dei?
BRAND
For eigne pengar vil eg bygge,
alt mitt, min arv, til siste skjerv,
skal delast ut til dette verv.
FUTEN
Brand, vi vil bygge kyrkje saman!
BRAND
Kva? Vil De sleppe Dykkar eige?
FUTEN
Det veit den søte Gud eg vil!
Ville eg ikkje, var eg galen,
kven trur De mengda flokkast til,
når éin vil meiske, gjø og så,
ein annan hauste, klippe, flå?
Ja, død og plage, eg blir med!
Ser ut.
Sett herifrå, i måneskin,
tar ho seg ut som noko skrammel-.
BRAND
Men – !
FUTEN
Kyrkja er for gammal!
I helga skal, jo før jo heller,
eg ordne alt av det formelle,
og setta saka glatt i veg!
Men no får eg sjå til banden.
BRAND
Til kven?
FUTEN
Jo, tenk Dykk det,
i dag på bygdegrensa kneip eg
eit fantefølgje, fælt som fanden.
Men, det forstår seg, på ein måte,
dei høyrer saktens soknet til. –
Ja, tilhøyrer Dykk! Det er ei gåte,
løys den, ifall De kan og vil.
De har vel titt nok høyrt
i bygda eitt og anna ord
om fattigguten, her i vest,
som var så lærd som bisp og prest,
han fridde ein gong, til Dykkar mor.
47
BRAND
TEKSTUTDRAG
BRAND
Kva meir?
FUTEN
Han fridde til ei grunnrik jente!
Naturlegvis, ho lét han sende
til Bloksberg, som han måtte vente.
Men veit De så kva fyren gjer?
Først sørgjer han seg halvt frå vettet,
og sidan fester han ei anna
av taterslekt, og før han døyr
aukar han, med sitt avkom, banden
som stryk omkring i synd og naud
til minne om hans vakre ferd BRAND
Og det er -?
FUTEN
Taterungen Gerd.
BRAND
Ja så!
FUTEN
Kva? Gåta er ikkje så galen!
Hans avkom er jo til i kraft
av den som De har opphav i,
for ynglens indre opphav var
at elsk til mor Dykkar han bar.
Ei gledelig jul, vi møtest att
Teksten endrar seg frå at han handlar om, for både fut og prest, å bygge eit storverk
i bygda, til å nå eit punkt der ei tidlegare hending blir rulla opp for Brand, med ei
innsikt og ein kjennskap han ikkje hadde frå før. Taterungen er eit resultat av at mor
hans og den ho elska ikkje fekk kvarandre. Her er ei binding til Gerd som Brand
får openberra no. Spel siste del av teksten der de viser ulike reaksjonar Brand kan
syne på det han no blir klår over.
TEKSTUTDRAG 10
Heime hos Brand og Agnes. Plutseleg blir døra riven opp, og ei kvinne i fillete
klede stig inn med eit barn på armen.
IREN ( taterkvinne)
Del med meg, du rike mor!
AGNES
Du er tifald meire rik!
IREN
Hå, du er dei andre lik!
Alltid munnen full av ord!
48
BRAND
TEKSTUTDRAG
BRAND
Nemn meg kva du søker her!
IREN
Ikkje deg, for du er presten,
heller ut igjen i blesten?
drukne, rotne på eit skjer!
Kan eg hjelpe, eg, for fanden,
at eg vart til den eg er? BRAND
Denne røysta, desse trekk
isnar meg med anings-skrekk!
AGNES
Kvil deg, verm deg, om du frys,
Svelt det, barnet, skal det mettast.
IREN
Nei! Lynsnart må eg ut igjen,
dei er etter meg som hundar,
fut og lensmann, lovens menn.
BRAND
Her skal ingen røre deg.
IREN
Her?
Under tak og mellom vegger?
Nei, du, vinternatta ber
betre lufting for oss begge.
Men eit plagg til sveip for barnet?
Ser du, han er halvvegs naken,
blå, forfrossen, gjennomstroken
av det rim som rauk forbi.
BRAND
Kvinne, gjer ditt spebarn fri
for din ville dødsferds sti,
la han…..
IREN
Krig med dykk som støytte han ut!
Vil du høyre kvar eg fekk han?
Jo, på grøftekantens helling,
under drikk og spel og song,
han vart døypt i sluddets velling
same stund han sleppte mor!
Kring oss stod det folk som svor,
veit du kven det var? Gu’ be’re,
Far til ungen, – ungens fedre!
BRAND
Agnes.
AGNES
Ja.
49
BRAND
TEKSTUTDRAG
BRAND
Du ser di plikt.
AGNES
Med redsle.
Til henne!
IREN
Gi meg, gi meg! Gi meg alt!
Silkevev og vraka filler!
Snart vil pusten sleppe opp!
Han skal døy med tina kropp!
BRAND
Høyrer du at valet ljomar?
IREN
Gi meg!
AGNES
Det er heilagbrot!
Blodskuld mot den vesle døde!
BRAND
Gagnlaus vart i død han sendt,
vart på tersklen vegen endt.
AGNES
Ja så kom og ta imot!
Delast skal i overflod.
KVINNA
Gi meg!
BRAND
Delast? Agnes, delast?
AGNES
Med vill styrke.
Halvt er nok! Meir enn ho treng!
BRAND
Var det heile da for mykje
da det kjøptest til ditt eige?
AGNES
Gir.
Her er kjolen, skjerfet, kufta,
den er god mot nattelufta.
Ta det, alt, til siste fille!
IREN
Gi meg!
BRAND
Agnes, gav du alt?
AGNES
Kvinne, kroningskåpa får du,
den han bar i offerdåpen!
IREN
Så, no ser eg det er tømt,
den som no var langvegs rømt! Kvinna tar tøyet og går.
50
BRAND
TEKSTUTDRAG
AGNES
Står i sterk indre kamp, endeleg spør ho.
Sei meg Brand, finn du det rett
at her enno meir skal krevast?
BRAND
Sei meg først om det var villig?
AGNES
Nei.
BRAND
Da er gåva slengt i havet.
Over deg står enno kravet.
Vil gå.
AGNES
teier til han er nær ved døra, da ropar ho.
Brand!
BRAND
Kva vil du?
AGNES
Eg har loge.
BRAND
No?
Agnes tar ei samanlagt kappe fram frå brystet.
Kappa?
Ho nikkar.
Bli i dine gudars vald!
Vil gå.
AGNES
Stans!
BRAND
Kva vil du?
AGNES
Å, du veit det.
Rettar kappa til han.
BRAND
Nærmar seg utan å ta kappa.
Villig?
AGNES
Villig!
Brand tar kappa og går ut etter kvinna. Agnes står ei stund urørleg stille, litt
etter litt går uttrykket i ansiktet hennar over til strålande glede. Brand kjem tilbake,
ho spring han i møte og kastar seg om halsen på han.
Eg er fri, Brand, eg er fri!
51
BRAND
Tekstutdrag
FEMTE HANDLING
Tekstutdrag 11
Halvtanna år seinare. Den nye kyrkja står fullt ferdig og pynta til innviing. Elva
renn tett forbi. Klokkaren er i ferd med å henge kransar opp utanfor kyrkja. Litt
etter kjem skulemeisteren. Einar, bleik, uttært, svartkledd, kjem forbi på vegen
og stansar ved synet av Brand.
BRAND
Du Einar!
Å kom, kom innerst i min famn!
EINAR
Det trengst ikkje. Eg er i hamn.
BRAND
Ber du nag for det som hende?
EINAR
Nei.
Du har’kje skuld, eg ser i deg
den blinde reiskap Herren sende
da vill eg fór på verdsens veg.
BRAND
Vik tilbake.
Kva språk er det?
EINAR
Det språk ein får når ein blir trekt
av syndesøvn og nyfødd vaknar.
BRAND
Forunderleg, eg hadde høyrt
at du på andre vegar fór.
EINAR
Eg var forført,
Men gudskjelov, Han var meg god,
sitt svake får forlet han ikkje,
han tok seg av meg da det gjaldt.
BRAND
På kva slags vis?
EINAR
Han gav meg smak på kort og terningar.
BRAND
Og det kallar De Herrens gjerningar?
EINAR
Det var det første steg til frelsa,
deretter tok han frå meg helsa,
eg miste heile mitt talent,
mi lyst til spøk og skjemt var endt.
Til hospitalet vart eg sendt,
52
BRAND
Tekstutdrag
låg lenge sjuk, låg som i flammar,
eg syntest eg i alle stuer
såg tusenvis av store fluer,
kom sidan ut, så vart eg kjent
med nokre systrer, tre i tal
som stod i himlens sodd og manntal
og desse, samt ein teolog
fekk løyst meg heilt frå verdsens åk,
og dei drog av mitt syndegarn
og gjorde meg til Vårherres barn.
BRAND
Ja så!
Spel teksten med ulike undertekstar. Einar er tydelegvis komen til den forsoning med
Gud som Brand drøymer om. Korleis trur du Brand reagerer på det? Misunneleg?
Bitter? Glad på Einar sine vegner? Og Einar, er han triumferande, streng, mild?
Vidare, noko seinare i same scene:
FUTEN
Brand!
Kjære pastor, skund Dykk, berre
kyrkjeprosesjonens skare
er i orden til å fare.
BRAND
Eg blir her.
FUTEN
Er De blitt gal?
BRAND
Dykkar veg blir meg for smal.
53
BRAND
Tekstutdrag
TEKSTUTDRAG 12
Inne på dei store viddene. Uvêret veks, og jagar skyene tungt over snøslettene;
svarte tindar og toppar stig fram hist og her, før dei atter blir tilsløra av tåka. Brand
kjem blodig og forslått innover fjellet. Kastar seg ned i snøen.
BRAND
Alt er grått og skjult i tåke.
Var det sjuke syner, berre,
det eg såg til denne stund?
Mannens sjel vart ein gong skapt
i Guds bilete. Er det tapt?
Opphavs-ånda overvunnen?
Ha, det læt som song frå grunnen!
KOR AV USYNLEGE
Susar i stormen.
Aldri, aldri blir du lik han!
For i kjøtet er du skapt!
Gjer hans gjerning, eller svik han!
Like fullt er du fortapt!
Aldri, drøymar, blir du lik han,
arv og odel har du tapt,
alt ditt offer gjer ‘kje rik han,
for ditt jordliv er du skapt!
BRAND
Alf og Agnes, kom tilbake,
einsam sit eg her på tinden,
gjennomblåst av nordavinden,
skremt av gjenferd, klamme, spake.
Han ser opp, ein demrande flekk opnar seg og vidar seg ut i tåka, ein kvinn
skapnad står der, lyst kledd, med kåpe over skuldrane, det er Agnes.
SKAPNADEN
Brand, her har du meg igjen!
BRAND
Agnes
SKAPNADEN
Alt var feberdraum, min venn!
Du har vore sjuk, min kjære,
Du har gått på vanvits veg,
drøymt di kone gjekk frå deg gjekk. –
BRAND
Å, du lever. Lova vere-!
SKAPNADEN
Hysj, tal heller om det sidan.
Følg meg, følg meg, knapp er tida.
BRAND
Å, men Alf?
54
BRAND
Tekstutdrag
SKAPNADEN
Han lever jo.
BRAND
Lever!
SKAPNADEN
Ja sunn og god.
BRAND
Nei, eg drøymer.
SKAPNADEN
Ikkje lenger.
Men til ro og ly du treng.
Alle syner, stygge, bleike,
vart mant fram av tre små ord.
Stryk dei orda som det gjaldt.
BRAND
Sei dei!
SKAPNADEN
Inkje eller alt!
BRAND
Er det så?
SKAPNADEN
Så sant eg lever,
og så visst du ein gong døyr!
BRAND
Ve oss begge! Sverdet svevar,
drege over oss som før!
SKAPNADEN
Brand, ver mild, min famn er varm!
Hald meg med din sterke arm!
La oss søke sol og sommar
BRAND
Andre gong kjem inga sott.
SKAPNADEN
Høyr på meg.
BRAND
Rister på hovudet.
Eg må gå min egen veg.
SKAPNADEN
Ha! Umogleg! Hugs kvar den
vegen bar deg!
BRAND
Om igjen!
SKAPNADEN
Redslers ritt i draumetåke,
vil du ride fri og vaken!
BRAND
Fri og vaken!
55
BRAND
Tekstutdrag
SKAPNADEN
Sleppe barnet?
BRAND
Sleppe barnet.
SKAPNADEN
Brand!
BRAND
Eg må.
SKAPNADEN
Blodig rive av meg garnet?
Meg med offersvepet slå
inntil døden?
BRAND
Ja, eg må.
For eg går ein stor manns bod.
SKAPNADEN
Hugs at han med flammeriset
mannen dreiv frå paradiset!
Vegen dit har evig stengsel
BRAND
Men han opna for vår lengsel!
SKAPNADEN
Forsvinn i eit brak. Tåka veltar seg, der den stod,
og det blir skrike skjerande og kvasst, som frå ein som flyktar.
Døy! Deg har ‘kje verda bruk for!
TEKSTUTDRAG 13
Framhald frå tekstutdraget ovanfor
BRAND
Står ei stund som lamslått.
Vekk det fór da skodda rauk!
Flaug på store, kvasse venger
over vidda som ein hauk!
GERD
Kjem med ei rifle.
Såg du hauken? Såg du hauken?
BRAND
Ja du, denne gong eg såg han.
GERD
Fort, sei vegen han er stroken,
vi vil etter, vi vil nå han!
BRAND
Ingen våpen bit på han.
56
BRAND
Tekstutdrag
GERD
Prest, du haltar jo på foten?
Kva kom det av?
BRAND
Folket dreiv meg.
GERD
Nærare.
Raud, som blod frå hjarterot
er din tinning.
BRAND
Folket slo meg.
GERD
Før du hadde song i orda,
knirkar no, som frost i jorda.
BRAND
Alt og alle –
GERD
Kva?
BRAND
Alle sveik meg.
GERD
Ser med store auge på han.
Hå, no kjenner eg deg først.
Eg har tenkt at du var presten.
Tvi med han og heile resten!
Du er mannen som er størst!
La meg sjå på dine hender!
BRAND
Mine hender?
GERD
Nagle-såret?
Eg ser blodet drypp i håret,
bitt etter ei tornetanna,
hogd så vilt og kvasst i panna.
Deg har korsets tre jo bore!
Far min sa, da eg var lita,
det vart gjort for lenge sidan,
langt herfrå i framandt land,
eg ser no at, eg vart ei dåre,
ja, for du er vår frelsar-mann!
BRAND
Vik i frå meg!
GERD
Skal eg falle
ned og be, her for din fot?
BRAND
Vik!
57
BRAND
Tekstutdrag
GERD
Du spilte jo det blodet
som har makt å frelse alle!
BRAND
Eg kan ikkje eingong finne
Frelse for mi eiga sjel!
GERD
Ser oppover, skyene lettar.
Veit du kvar du står?
BRAND
Eg står
ved det første trinn av trappa,
høgt er opp og foten sår.
GERD
Villare.
Svar meg! Veit du kvar du står?
BRAND
Ja, no fell ho, tåkekappa!
GERD
Ja, ho fell, og Svartetind
peikar heilt i himlen inn!
BRAND
Iskyrkja!
GERD
Ja.
BRAND
Tusen mil bort herifrå!
Å, kor inderleg eg lengtar
etter sol og lys det milde!
Etter fredens kyrkjestille,
etter livsens sommar-rike!
Jesus, eg har ropt ditt namn,
aldri tok du meg i famn!
GERD
Bleik.
Kva er det? Sjå, no græt du,
varmt, så det på kinnet ryk
varmt, så breens grav-lin stryk
dryppande frå topp og tinde,
varmt, så isen i mitt minne
løysest opp i gråt her inne Mann, kvifor gret du aldri før?
No er frelsestimen nær
dersom berre sølvet bit!
Kastar rifla til kinnet og skyt.
Eg har råka! Sjå han fell!
Høyr no skrik han, så det gjallar!
58
BRAND
Tekstutdrag
Sjå, kor han blir stor og kvit,
og han rullar ende hit!
GERD
Å, eg vil’kje lenger grue
han er kvit jo, som ei due!
Kastar seg ned i snøen.
BRAND
Kryp saman under skredet som styrtar ned.
Svar meg Gud, i dødens stund!
Eg bygde alt på viljens grunn.
Gjekk eg vill, eg må forstå det?
Skredet fell over han og grev han ned, heile dalen blir fylt.
RØYSTER
Gud er kjærleik, Gud er nåde.
Kjelder
Det norske teatret: Manus til Brand
Thalia forlag: Teater i perspektiv, Oslo 2009
http://www.detnorsketeatret.no/
http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/brand/
http://ibsen.nb.no/
http://www.aftenposten.no/arkivet/
59
BRAND