Vitjing frå Frankrike - Knarvik vidaregåande skule

Comments

Transcription

Vitjing frå Frankrike - Knarvik vidaregåande skule
2
Lørdag 27. april 2013
Go’ morgon,
RANDI BJØRLO
YNGVE GAREN SVARDAL
[email protected]
Tlf. 56 35 55 70
[email protected]
Tlf. 56 35 55 74
ENDRE HOPLAND
[email protected]
Tlf. 56 35 55 77
Kvernhusmyrane 29, Knarvik senter - 5914 ISDALSTØ - TLF: 56 35 55 55 - FAX: 56 35 55 56 - [email protected]
Ei uønska
utvikling
Sparebank Vest har vedtatt å leggja ned
sine banktenester på Fedje, Lindås og Hosteland. Ikkje uventa har vedtaket vekkt
skarpe reaksjonar. Også i denne saka har
det vorte mobilisert med protestkampanje
på Facebook.
I dagens avis går både handelsmann Terje Storemark og ordførar Kristin Handeland
på Fedje hardt ut mot banken, som har fatta vedtak utan å gå i dialog med kommuneleiinga.
Fedjingane - som mange andre i denne
regionen - har eit livslangt og trufast forhold til banken sin. Ikkje berre er det trygt
og godt å kunna møta eit menneske når du
kjem i banken. Gjerne ein du kjenner, som
Sparebank Vest så fint reklamerer med. For
mange er og banken ein av dei få møteplassane som er igjen i bygda.
No meiner ikkje vi at banken skal oppretthaldast fordi den fungerer som ein
kjærkomen møteplass. Men banken er eit
nødvendig tilbod til dei som driv næring
og til dei som ikkje er fortruleg med internett som betalingskanal.
For Storemark betyr nedlegginga av
banken at han må til Austrheim for å levera
oppgjer. Og han er ikkje åleine om å ha det
slik.
Vi kan vanskeleg sjå at det hadde kosta
banken som kan visa til eit solid overskot
første kvartal i år, dei veldige summane om
dei hadde halde ope eit par timar for veka,
slik at kundane kunne fått nødvendig hjelp
til dei ærenda ein måtte ha i banken.
Når folk først merkar at banken ikkje
lenger er interessert i å yta same service
som tidlegare, og når ein vert vist til internett og nettbank, må banken og rekna
med at kundane ser seg om etter tilbod
som kan vera gunstigare for dei - enn det
banken dei har hatt eit nært forhold til,
greier å levera. Slik sett er det slettes ikkje
sikkert at eit totalt fråvêr av direkte kontakt
er det banken vil tena på i lengda. Gevinsten kan sjå betre ut på papiret, enn det
som vert det reelle resultatet av å fjerna eit
slikt tenestetilbod.
–Utruleg at elevane f
Franske Lise
og Floriane
var i Knarvik
LINDÅS: Lise Pinatel (17) og
Floriane Dubost (16) har vore
på besøk fjå Amalie Tvilde
Evensen (17) og Tonje Brekke
Hjellestad (17).
DAGRUN STOKKE
[email protected]
Amalie og Tonje har begge vore utvekslingstidentar på skulen Lycée Robin i
byen Vienne i Frankrike. Der var dei tidlegare i år og budde då hjå Lise og Floriane.
No var det dei franske jentene sin tur
til å koma til Knarvik vidaregåande skule, der Amalie og Tonje går. Det vart litt
av eit kultursjokk.
– Hjå oss er det heilt utenkjeleg å ha pc
med i klasserommet. Der skal læraren ha
den heile og fulle merksemda. Med ein pc
ser ein det som lett for å gå på nettet og
sosiale media, seier dei franske jentene.
Dei skulle nok gjerne ønskt seg pc som
arbeidsreidskap dei også, men så er ein
franske skuletime lagt opp på ein heilt
annan måte.
– Medan vi jobbar med oppgåver og
bruka pc-en som hjelpemiddel og notatverktøy, har dei reine førelesningar, der
elevane sit og noterer for hand, seier
Amalie og Tonje.
Formelt og uformelt
Ein annan ting som forbausa dei franske
jentene var at elevane på Knarvik vart,
som alle andre norske elevar, tiltala med
førenamn.
– I Frankrike tiltaltalar læraren elevane med Monsieur og Mademoiselle,
det forbausa oss, seier Amalie og Tonje.
Vi er heime hjå Amalie, men flott
utsikt over Alverstraumen mot Radøy;
eit naturbilde som spesielt i fint vêr kan
ta pusten frå nokon og ein kvar.
Her er det Lise har budd den siste
veka, medan Floriane har budd hjå Tonje
på Tertnes.
– Det er så flott her, seier Lise, som
også uttrykte det til Amalie med ein gong
ho kom hit.
I tillegg til å vera med dei to norske
veninnene på skulen, har dei fire vore
saman på forskjellige ting på fritida, som
byvandring i Bergen, på Akvariet, Hanseatisk Museum, Kunstindustrimuseet
og dei har gått til toppen av Fløyen.
– Fantastisk flott utsikt frå Fløyen,
men eg forstår ikkje korleis folk klarar å
snakka med kvarandre når dei går opp
den bratte vegen. Likeis når folk joggar. I
Frankrike er det heilt utenkjeleg at folk
joggar og snakkar samstundes, seier dei
franske jentene.
Kulturskilnad
Heilt tydeleg at kulturen mellom Norge
og Frankrike er stor på mange område,
sjølv om begge er vestlege land. Og det er
litt av det som gjer det så spennande å
vera utvekslingsstudent.
– Vi synest det er viktig å koma oss ut
og sjå korleis dei har det andre stader og
å bli kjent med folk som bur der, seier
Amalie og Tonje.
Lise og Floriane er heilt samde. Dei
visste nokre fakta om Norge før dei kom
hit, men svært lite om Bergen. Når vi spør
kva som imponerte dei mest, svarar dei
“Bryggen” med den spesielle byggjestilen.
Norsk kost
I løpet av opphaldet har dei også besøkt
eit fiskeoppdrett på Radøy, der dei fekk
smaka laks. Det var eit måltid dei begge
likte godt. Her på våre kantar har dei to
jentene verkeleg fått full dose. Vertsfamilane serverte både smalahovud, pinnekjøt og rømmegraut.
3
Lørdag 27. april 2013
DAGRUN STOKKE
[email protected]
Tlf. 56 35 55 75
MORTEN SÆLE
IRENE B. JENSSEN
[email protected]
Tlf. 56 35 55 73
[email protected]
Tlf. 56 35 55 71
Kjem ut onsdag og lørdag • Sjå www.nordhordland.no for prisar og info. Redaktør Randi Bjørlo: 56 35 55 70 - Marknadssjef Roger Myhr: 56 35 55 60
får bruka pc i timane
Utsett
frist for SMIL
RADØY: Søknadsfristen for
SMIL-midlar i landbruket er
utsett til 3. mai. Døme på tiltak det
kan søkast midlar til, er rydding
av beite, tilrettelegging for
ålmenta, restaurering av
gardflor, torvhus, og
hesjing.
Nh ønskjer å retta seg etter reglar for god presseskikk slik desse er nedfelt i Vær Varsom-plakaten. Om
nokon meiner seg ramma av urettmessig omtale,
oppmodar vi dei om å ta kontakt med redaksjonen.
Det er også høve til å reisa klage for Pressens Faglige
Utvalg, Rådhusgt. 17. pb. 46 Sentrum, 0101Oslo,
tlf: 22 40 50 40. E-postadresse: [email protected]
Arkivering og avfotografering Nh tar unna rett til å arkivera og distribuera
stoff som blir kjøpt eller utgitt av Nh, i elektronisk eller annan form - anten
gjennom eigen database-eller gjennom samarbeidspartnarar som avisa
har avtale med. Avfotografering av stoff og annonsar for vidare produksjon er ikkje tillate utan etter avtale med Nh.
TIPS OSS!
916 20 916
Tiltala for aktlaust
drap etter jaktuhell
MASDFJORDEN: Statsadvokaten
har bestemt seg for å ta ut tiltale
etter at ein mann frå Haugesund
mista livet etter eit jaktuhell i Masfjorden i oktober 2012.
Den døde var med i eit jaktlag
på sju menn. Dei kom frå ulike
delar av landet, og dei fleste er i
byrjinga av 20-åra. Kommunen sitt
kriseteam, lege, prest og helsesøster tok hand om dei involverte
etter jaktulukka. Ulukka skal ha
skjedd i eit fjellområde nord-aust
for Mjanger. Det skal vera bratt
terreng i området og vanskeleg å
ta seg fram. Det vart først tatt ut
tiltale mot to personar, men for
politistudenten vart saka lagt vekk
som ikkje noko straffbart forhold.
21-åringen er tiltala for aktlaust
drap etter straffelova sin paragraf
239. Han risikerer tre år i fengsel.
– Det objektive i saka er at det
er ein gjeng ungdommar på jakt,
dei skyt først mot ein hjort, men
den fell ikkje. Deretter kjem det eit
skot til som treff den fornærma i
saka, seier politiadvokat Marita
Mellingen til nh.
Uhellet skjedde klokka 18.25,
ein laurdag seint i oktober.
Ho seier at grensa for aktsemd
er overtrådt i denne saka, difor har
dei tatt ut tiltale. Ho peikar på at
det har vore skytevåpen inne i
biletet, fleire personar og tidspunktet det heile gjekk føre seg.
Politiet tek sikte på å få saka
opp for Nordhordland tingrett
snarast mogleg. Truleg til hausten.
Forsvarar Marius Wesenberg
seier at hans klient ikkje er nøgd
med tiltalen.
– Han er skuffa over avgjerda.
Han er av den oppfattinga at det
er snakk om eit uhell som ikkje er
straffbart, seier han.
GRATIS motor
og fjernkontroll
- ved kjøp av terrassemarkise
VENER OVER LANDEGRENSENE: Franske Lise Piantel (t.v. og Floriane Dubust (t.h.) har opplevd norske skuledagar, norsk natur og norsk kultur på
sitt beste. Dei har fått to gode veninner i Amalie Tvilde Evensen (t.h. for Lise) og Tonje Brekke Hjellestad. Amalie og Tonje var på besøk i Frankrike tidlegare i år. (Foto: Dagrun Stokke)
Det er NÅ det lønner seg
å kjøpe
øp
pe so
sols
solskjerming!
lskj
ls
kjjer
erm
m
- Pinnekjøtet var alt for salt, slår Floriane fast. Lise åt tunga av smalahovudet
utan å veta kva det var før etter etterpå;
dei kjem neppe å smaka denne type mat
att med det første.
Dei forklarar at sau ikkje er vanleg
kost i Frankrike, derimot har dei alltid
dessert. Og så vert salat, pasta, brød eller
kva det no måtte vera, ete kvar for seg og
ikkje lagt saman på tallerken slik vi gjer
det.
Mange inntrykk
Lise og Floriane reiste heim att i går med
mange nye inntrykk, og i tillegg til Amalie og Tonje, er dei også blitt kjende med
andre frå Knarvik vidaregåande skule.
Og heimane deira står opne for kvarandre, så kanskje møtest dei fire elevane
att ein dag? Men først må jentene bli litt
betre i kvarandre sine språk. For sjølv om
opplegget handlar om at dei skal læra
språk, føregjekk nok ein del av kommunikasjonen på engelsk.
Tilbudet gjelder ut april
Gratis befaring:
04990
www.scandic.no

Similar documents