MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 4

Comments

Transcription

MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG Nr 4
MEDLEMSBLAD FOR NORDHORDLAND HUSFLIDSLAG
Nr 4 / Desember 2016
KURS vår 2017
Kurs
Kursleiar
Vevkurs/Flatvev
Aud Marit Halland
56373278
Pilfletting
Skinnfell
Timar
48
26. jan
Lise Dyrhovden
Helg
46896147
14
Kjersti Børilden
993 61 071
Grunnleggande kurs i
strikkemaskin. Deltakarene må ha eige
maskin
Vidaregåande kurs i
maskinstrikk, bygger
på kurs 1 H-2016
Arnlaug Hofland
Herrebunad
Airin Espelid
34
19.—20. feb
10.- 15. mars
Stad
Pris
Dale
Kr 2.600
Grendahus
Hillesvåg
Hillesvåg
Kr
900
Kr 1.900
Helg
14
41443579
Randi Falla
21. og 22. Hillesvåg
jan
14
90926019
Helg
18.—19. mar
Dag/kveld
Nordhordlandsbunad 456 65 990
Spinnekurs
Start
48
Vigdis Valde
11
977 40 380
11. jan
7., 9. og
16. mars
Kr 900
Hillesvåg
Kr 900
Falkanger
Kr 2.600
Hillesvåg
Kr 750
Jorun Sætre
Uttrekkssøm til forkle
24
98833861
30. jan
Alverssund Kr 1400
Material utgiftar kjem i tillegg til kursavgifta. Medlemmar i Nordhordland Husflidslag får 10%
rabatt på kursavgifta.
Påmelding på http://www.husflid.no/nordhordland eller på epost:
[email protected] eller på telefon til Gina Blomberg, tlf. 982 22 833.
Andre spørsmål/ynskjer/forslag ta kontakt med studieleiar
Kjersti Haugland, tlf. 977 61 061
2
Innkalling til Årsmøte
Årsmøtet i Husflidstova SA og Nordhordland Husflidslag vert halde
måndag 13. feb. 2017 kl. 18.00 i Husflidens hus i Hillesvågen.
Saker til årsmøtene må være dei respektive styra i hende før 16.januar-2017
Saksliste til årsmøtet for Husflidstova SA:
1. Val av møteleiar.
2. Godkjenning av møteinnkalling.
3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps.
4. Godkjenning av årsmelding.
5. Godkjenning av årsrekneskap (dersom ferdig).
6. Innkomne saker
7. Val
Saksliste til årsmøtet for Nordhordland Husflidslag:
1. Val av møteleiar.
2. Godkjenning av møteinnkalling.
3. Val av 2 referentar, 2 til å skriva under protokollen, 2 til teljekorps.
4. Godkjenning av årsmelding for laget, bunadsnemnda og broderinemnda.
5. Godkjenning av årsrekneskap for laget, bunadsnemnda og broderinemnda.
6. Forslag til årsplan for laget, bunadsnemnda og broderinemnda.
7. Innkomne saker
8. Val
Enkel servering
Vel møtt.
Med helsing
Arild Hagenes
dstreff i
Første Handarbei 9 januar
2016 vert mandag :00 i
kl 18
Hillesvågen
Tema: Dobbeltstrikk ved Gina
og kontstrikk
3
Nye åpningstider for Husflidsstova SA.
Maandag—onsdag 9:00 - 16:00
Torsdag
10:00 - 18:00
Fredag
9:00 - 16:00
Lørdag etter avtale.
Adressa til Husflidstova er nå:
Blombakken 1, 5911 Alversund
4
Medarbeidarsamling
i Hordland husflidslag 19. november 2016
Den 19. november var styrerepresentantar frå
husflidslag i Hordaland samla på Thon Hotell
Rosenkrantz til ein fin dag med organisasjonslære og
øving i praktiske handarbeidsteknikkar.
Før lunsj snakka direktør Marit Jacobsen til ei lydhøyr gruppe om viktigheita av godt organisasjonsarbeid og dei utfordringar som møter oss i dag.
Etter lunsj vart deltakarane delt i tre grupper. Kvar
gruppe fekk instruksjon og deretter prøvd seg i
karding av ull og spinning på handtein.
Husflidskonsulent Hege Therese Nilsen hadde ei eige
økt om ulike ullkvalitetar og synte døme på ull
produkt og deira eigenskapar.
Ein fin dag som gav inspirasjon til vidare arbeid.
Julemøte
Bilete frå julemøte
29 november:
Også i år fekk me
vitjing av blomsterdekoratør Ingvill M
Svenheim. Under
kyndig veiledning
fekk dei, som ville
prøva, laga sin
eigen juledekorasjon.
5
Strikkemaskinkurs: 21. - 22. januar 2017 vert det nytt kurs for deg med eigen
strikkemaskin og for deg som treng å få friska oppatt kunnskapen om strikkemaskinen din. Kursleiar vert Arnlaug Hofland. Ho var assistent på kurset tidlegare i
haust saman med Randi Falla. Her er nokre bilete frå kurset med Randi Falla.
6
Emneved
Av Helge Stangnes
Tel rivtind-emna vil hegga høve.
Ho e så hardvedt som kvalrosstann.
Men treng du keipemna, skal du prøve
med einekroka og vidjeband.
En båt må bygges av beste vørke.
Då e det forra som byr seg te.
Av krok- og rotved får spantan størke
mens skroget legges av greikløyvd ved.
Og vil du leita deg tresko-emne,
e tørka older et heldig val.
Det e en vedsort som sjelden remne,
og lett å skære som gammel talg.
Og får du hand om en solvridd stokk,
et forraemne der veden tvinnes;
då skal du høvle deg kistelokk,
førr tettar ved trur eg neppe finnes.
Tel bandstak-emne og sperre-ris
e via den som du då skal nøtte.
Ho kan du tvinne på snærlingsvis
og slå som band kringom stamp og bøtte.
At bjørka e et velsigna tre,
det har vel fleire enn eg fått sanne.
Ja, meire allsidig gagnevéd
det finn du knapt kor du bor i landet.
Den beste borken e den av skav.
Som krettursfôr va han god å ty te
når han om våran blei skaven av
og kokt med bromfôr i tynnegyrte.
Først løypes nevra tel tekkingsbruk,
så skaves borken tel barkekaret,
og kvestan nøttes, når dem e mjuk,
tel soplimris og tel rypesnare.
Og hadde skjævvelen endekrok
- som skava får når ho veks i lie då vær du sikker på at man tok
og tørka han førr å lage skie.
Av strangan gjør du deg økseskaft
og hjul og ause og mei tel sléen.
Og vinterstida, då trur eg knapt
man sto han av utan bjørkeveen.
Når det gjeld lunna tel støa di,
då hadde gamlingan denne læra
at asp som felles rundt St. Hans-tid,
ho e den beste tel bruk i fjæra
Det va vesst alle; - no skal vi se:
- Du meine kanskje eg glømte grana?
Frå gammalt av e ho ikkje med;
ho vil 'kje frøe seg nord om Rana.
Med selja e det vel mijnner skikk.
men like fullt e ho vær å nemne,
førr ingen tre eig vel sånn musikk
som det som bær på et fløyte-emne.
No har eg lært deg om emnevéd,
og gammel lærdom skal ingen håne.
Men husk å leit han når tida e:
- på fløan sjy og i veksan måne.
Keip: Den forsterka delen av ei båtripe der åra ligg under roing
Bandstak: Emne til tønneband av tre
Sperre-ris: Tynn og seig riskvist til å sperre fisk med
Bromfór: Lauv, ris og anna dyrefór som var sanka i utmarka
Snærling: Dobbeltvinna snøre
Skav: lokalt namn på rogn
Skjævel: Stokk som borken er skavd av
7
Styret i Nordhordland Husflidslag takkar for
året som er gått og ynskjer alle ei riktig God
Jul og eit godt nytt handarbeidsår.
Husflidstova SA
Postboks 49
Blombakken 1
www.husflid.no/nordhordland
5911 ALVERSUND
POST TIL PRIMSTAVEN
Har de stoff til redaksjonen, som de trur kan vera av interesse for andre, ver snill å ta kontakt med oss:
Kjersti Haugland, Risnes 74, 5937 Bøvågen. Tlf 97761061, e-post: [email protected]
[email protected] eller [email protected] eller [email protected]look.com
Utgjevar: Nordhordland Husflidslag.
Returadr.: Arild Hagenes, postboks 42, 5931 Manger
8
Telefon: 56 36 07 44
[email protected]
www.husflidstova.no

Similar documents