Rovdefjordbrua banar veg fo or E39-fjordkryssingar

Transcription

Rovdefjordbrua banar veg fo or E39-fjordkryssingar
6
AKTUELT
SYNSTE MØRE Torsdag 15. mai 2014
SYNSTE MØRE Torsdag 15. mai 2014
AKTUELT
7
Klar tale frå eksperthald:
Rovdefjordbrua banar veg fo
or E39-fjordkryssingar
– Kompetansegevinsten vi får på den
nedsenka rørtunnelen
på Rovdefjordbrua
vil ha enormt mykje
å seie for realisering
av dei større teknologiske utfordringane på
E39, deriblant Hafast.
Derfor bør Rovdefjordbrua byggast først!
Leiar for forprosjektet for Rovdefjordbrua, Dr.ing. Morten
Bjerkås frå Reinertsen AS, slo
fast på pressekonferansen på
rådhuset på Larsnes onsdag at
den vel 200 meter lange etappen frå Saudeholmen og inn
mot Storeneset kan realiserast
som ein neddykka rørtunnel
utan forankring på botnen og
at det var på høg tid at ein fekk
gjennomført bygginga av eit
slikt samband.
hadde fått godkjenning av vegsesenet, men som vart teken av
kartet av politikarane og aldri
vart realisert. Kompetansen
frå dette prosjektet er utvikla
og vil vere god ballast når vi gir
oss i kast med Rovdefjordbrua,
sa Bjerkås og la til:
–Den første nedsenka rørbrua i sitt slag vil bli følgd med
både nasjonale- og internasjonale auge, ei nødvendig og
svært så nyttig landevinning
som dei langt meir utfordrandre E39-fjordkryssingane vil
kunne dra vekslar på, prosjekt
som langtifrå er teknologisk
gryteklare enno. Vi må gjere
som innan olje og gass-sektoren å ta steg for steg i utviklinga
av ny kompetanse. I så måte vil
Rovdefjordbrua vere eit naturleg første steg å satse på, framheva Dr.ing Bjerkås.
Etter tidsplanen skal forprosjektet stå ferdig til 1. juli. Då vil
prislappen på sambandet også
kunne fastsetjast. Den utrekninga er det SINTEF som vil gjere.
Forprosjekt
Fleire fjordkryssingar
KJELL BRENNE
Vi lagar eit forprosjekt som er
gjennomførbart. Her dreiar
det seg om eit forholdsvis kort
strekk og som kan realiserast
med utgangspunkt i det utviklingsarbeidet som alt er gjort
på rørbruer, fastslo Morten
Bjerkås.
Steg for steg
Prosjektleiaren til Reinertsen
viste til at rørbruer har det vore
jobba med i lenger tid utan at
ei einaste nedsenka rørbru har
vorte realisert.
– Tida er for lengst inne til at vi
kan ta steget fullt ut og få gjennomført eit slikt pilotprosjekt,
framheldt Bjerkås som serleg
nemnde den tidlegare prosjekterte Høgsfjordbrua i Rogaland,
eit rørbrukonsept som teknisk
Prosjektleiaren viste til at på
strekninga Trondheim – Kristiansand er det åtte lange fjordarmar med fastsamband som
er tenkt skal fjordkryssast.
Prosjekt som teknisk vil by på
store utfordringar og som påkallar kompetanse som ikkje er
utprøvd i dag.
Synfaring
Etter orienteringa på rådhuset
var det synfaring på traseen for
Rovdefjordbrua med ambulansebåten frå Larsnes. Fleire av
den tilreisande kompetansen
uttrykte at det var nyttig å få
kome ut på fjorden og studere
forholda kring Saudeholmen.
–Det er greitt å ha bilda på
dataskjermen, noko anna er det
likevel å få kome ut og studere
STUDERER: Dr.ing Morten Bjerkås frå Reinertsen og arkitekt
Julie Aars i Snøhetta kikar mot Saudeholmen og studerer
forholda der rørtunnelen og flytebrua skal knytast saman.
forholda i naturen, meinte Bjerkås.
Prosjektleiaren i Reinertsen
var serleg oppteken av dei topografiske forholda kring Saudeholmen. Han ville ikkje tippe
kva prosjektet ville kome opp i
prismessig, men var klar på at
overgangane frå flytedelen til
flyterøret ville koste ein del.
Bjerkås trudde største utfordringane ville knyte seg til
landfall, skipslei, sikringar med
omsyn til skipsstøt og tilpassing til eksisterande landskap.
–Det skal bli eit vakkert samband og ei positiv oppleving
for trafikantane, lova Julie Aars
frå arkitektfirma Snøhetta AS.
Ho nytta fotokameraet flittig
under synfaringa kring Saudeholmen.
Og ikkje minst var botnforholda langs traséen noko som
fagfolka tok ein ekstra kik på,
Ikkje minst for Stein Atle Haugerud, frå firmaet Dr. techn
Olav Olsen. Han overvaka radaren medan Ambu gjekk ruta
opp mot lågbrua mellom Bjørlykkeskjera på Koparnessida.
Avløysingsmidlar
Leiar i samferdselutvalet i
Møre og Romsdal, Oddbjørn
Vatne, såg signala frå Reinertsen som svært så spennande
og interessante for eit pilotprosjekt, eit viktig teknologisk steg
framover.
–Får vi på plass ferjeavløysingsmidlar i 40 år slik regjeringa har gitt signal om vil skje
også på fylkesvegprosjekt og
kan garantert stå inne for slike
midlar i pakt med dei årlege
utgiftene til ferjedrift i desse
åra, så er vi komne eit langt
steg på veg. Attåt bompengar
burde ein kome langt i finansieringa av nye samband. For
PROSJEKTERER: Denne kompetansen skal utarbeide eit
forprosjekt på Rovdefjordbrua. Frå venstre: arkitekt
Julie Aars frå Snøhetta
AS, strukturingeniørkonsulent Stein Atle Haugerud
i Dr.techn Olav Olsen og
prosjektleiar for Reinertsen
AS, Dr.ing. Morten Bjerkås.
I tillegg er SINTEF inne som
aktør i kostnadsrekning.
det må vere mykje fornuftigare
å investere kronene i prosjekt
framtida vil ha nytte av enn å la
pengane berre svinne ut i form
av ferjedrift i all framtid, poeng-
terte Vatne som også hadde fått
med seg den teknologiske læringseffekten Rovdefjordkryssinga kan gi og som kan vere eit
svært nyttig steg å ha gjennomført, noko også Lage Lykke frå
samferdselsavdelinga i fylket
kunne slutte seg til.
Forventningar
Både styreleiar Magne Løvoll
i Rovdefjordbrua AS og Svein
Gjelseth i Vanylven Utvikling
hadde godfølelsen i magen då
Ambu la til kaia på Larsnes etter turen.
–No er forventningane skrudd
over skulderhøgde! Dette blir
utruleg spennande, sa Løvoll
om perspektivet på nedsenka
tunnel.
–Ingen skal tvile at eit så spennande prosjekt for forskingskompetansen i landet ikkje vil
bli gjennomført, fastslo Svein
Gjelseth som gjennom Vanylven Utvikling er ein viktig
pådrivar i planprosessen med
Rovdefjordbrua.
ROVDEFJORDBRUA vekker
mediainteresse. Her er det
Arne Flatin for fjernsynet i
NRK Møre og Romsdal som
intervjuar prosjektleiar
Morten Bjerkås.
PILOTPROSJEKT: Leiar i
samferdselsutvalet, Oddbjørn Vatne, såg prosjektet
som eit spennande pilotprosjekt for nyvinning teknologisk. Her i samtale med Ane
Nygård og Svein Gjelseth i
Vanylven Utvikling
Fremste kompetansen i landet sett på nedse nka rørtunnel
Landets fremste offshorekompetanse frå
betongplattformer i
Nordsjøen skal prosjektere ein nedsenka
rørtunnel som alternativ til høgbru mellom
Saudeholmen og Storeneset. Det kan bli eit
fyrtårn for nyvinnande
ingeniørkunst.
KJELL BRENNE
Det er Vanylven Utvikling som
har valt det renommerte Reinertsen AS til å leie det tekniske forprosjektet til Rovdefjordbrua. Målet er å bygge
fjordkryssinga som ein tredelt
kombinasjon av lågbru - flytebru og neddykka rørtunnel.
Vi har alt vist korleis konseptet
med neddykka rørtunnel og
flytebru er konkurransedyktig
på spenn med djupe og vanskelege botnforhold. Vi har allereide gjort mulegheitsstudier og
kostnadsestimat på liknande
utbyggingar. Nettopp dette er
basisen for at Vanylven Utvikling gir oss dette oppdraget,
framheld prosjektleiar frå Reinertsen Dr.ing. Morten Bjerkås.
Brua tek i bruk teknologi frå
dei enorme oljeplattformene i
Nordsjøen når ingeniørane går
til verks med prosjektet.
– Vi er stolte over dette oppdraget og den tilliten som Vanylven Utvikling viser oss. Prosjektet er eit signalprosjekt der
vi får vist fram det ypparste av
det ingeniørkunsten kan by på,
seier Kristian Reinertsen.
Velsmurt lag
Og med tung kompetanse i
landsmålestokk skal det satsast. Reinertsen AS blir berre
det eine selskapet i eit velsmurt firkløver som saman
har jobba med fjordkryssingar
sidan 2011 der dei har sett nærane på ulike flytande konsept.
Dei andre er Dr. Tech Olav Olsen, Snøhetta AS og SINTEF.
– Vi er eit team som har jobba
godt saman i fleire år. Neddykka rørbruer er blitt utgreidd
for eit antal lenger kryssingar
fleire stader i verda. Så langt
er det ikkje bygd ein einaste
flytande rørtunnel utan kontakt med sjøbotnen. Utan å ta
resultata på førehand, meiner
vi teknologien no er moden for
å ta dette steget fullt ut på Rovdefjordbrua. I motsetning til
ein del andre kryssingar opererer vi her med ei kort kryssing.
Rørtunnelen Saudeholmen
– Storeneset blir eit kortare
teknologisk sprang frå eksisterande teknologi enn i tidlegare
gjennomførte studiar, påpeikar
Dr.ing. Bjerkås.
Vi ser verdien av å bringe inn
vår offshorekompetanse frå
betongplattformer i Nordsjøen
når vi no set i gang med rørbrua, seier Kolbjørn Høyland,
direktør i Dr. Techn. Olav Olsen.
skal vere eit vakkert element i
omgjevnaden. Opplevinga av å
bruke brua må vere god. Med
arkitektfirmaet Snøhetta, mest
kjend for operabygget i Bjørvika og biblioteket i Alexandria
i Egypt, på laget, burde denne
sida av prosjektet vere sikra.
– Brukaropplevinga av rørtunnelen er svært viktig. Vi teiknar
tunnelen slik at han blir opplevd som lys og innbydande å
køyre i. I eit elles fantastisk naturlandskap påser vi at denne
tunnelen bringar fram positive
kjensler og tek i vare estetikken
i nærområdet, forklarar Tonje
Frydenlund i Snøhetta AS.
Estetisk
Internasjonalt fokus
Det er ikkje berre dei tekniske
utfordringane det vil bli sett
fokus på i forprosjektet. Brua
Ei rørbru over Rovdefjorden
vil utløyse ei betydeleg internasjonal merksemd som verda
sitt første flytande betongrør
brukt som vegtunnel.
Vi i Vanylven Utvikling er godt
nøgde med at Reinertsen tek
på seg oppgåva med å prosjektere verdas første dykka
rørtunnel i kombinasjon med
flytebru. Reinertsen deltok i
prosjekteringa av den første
endeforankra flytebrua i verda,
Bergsøysundbrua i Krifastsambandet, samt deltok i prosjekteringa av Nordhordlandsbrua
som var den første høgbrua
som vart kobla saman med ei
flytebru. Det er både brukompetansen og kompetanse på
prosjektgjennomføring vi har
valt, seier Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling.
Nye utviklingssteg
Styret i Vanylven Utvikling ser
på prosjektet som ein eineståande sjanse til samfunnsutvikling i regionen. Rovdefjordbrua
som pilotprosjekt der nyvinnande teknologi blir fortrinnet,
kan framskunde ei realisering
av sambandet, samstundes
som det kan bane veg for andre
prosjekt. Rovdefjordbrua AS
og Vanylven Utvikling AS kan
no køyre parallelle løp med
kommunedelplanarbeidet og
slik vinne tid til arbeidet med
reguleringsplan og endeleg
prosjektering av denne piloten.
i ein større kystregion der verdiskaping har ein framskoten
posisjon sett med både nasjonale og internasjonale auge.
Rovdefjordbrua som ein del
av Kystvegen er også eit stort
samfunnsgode for folk i Vanylven og ytre Nordfjord med tanke på tettare tilknyting både Ulstein/Ålesund og Ørsta/Volda
der ikkje minst kortare reisetid
til fødestova på Volda sjukehus
vil vere eit stort pluss, framhevar Svein Gjelseth i Vanylven
Utvikling.
Framdrift
Samankople
Rovdefjordbrua vil kople buog arbeidsmarknadsregionar
saman og sikre eit transportsystem som gir god mobilitet
både for folket og næringslivet
Status for Rovdefjordbrua er at
kommunedelplanen no er oversendt til Vanylven og Sande
kommune. Planen er alt lagd ut
på offentleg høyring. Gjennom
kommunedelplanen fastlegger
kommunane traséen. I reguleringsarbeidet tek kommunane
stilling til tekniske løysingar
m.m. Her kan rørbrua bli ei
mulegheit som kan gi prosjektet ein framskundande status i
staden før å stille i fylkeskommunen sin ventekø for realisering.
Vil vurdere kjøp i Sandvika
Møtet i formannskapet var
denne veka lagt til Kragset
hamn, der ein først hadde
synfaring på tilboden grunn
til utviding av bustadfelt
i Sandvika. Saka vart sist
veke utsett, då ein meinte
det kanskje var for brattlendt. Etter synfaring fann
fleirtalet området nok eigna
til å legge vekt på den positive utviklinga som har vore
på byggsida og valde mot
ei røyst å be rådmannen gå
inn i forhandlingar om pris,
for deretter å vurdere saka
på ny.