ÅRSMØTE IL FANARÅK 2014

Transcription

ÅRSMØTE IL FANARÅK 2014
ÅRSMØTE IL FANARÅK 2014
Torsdag 12.februar 2015 kl 19.00 – Fjordstova
15 stk møtte.
Sakliste:
1. Opning
2. Godkjenning av innkalling – godkjent
3. Godkjenning av sakliste- godkjent
4. Val av møteleiar og sekretær
Møteleiar: Anders Fortun
Sekretær: Mona Bukve
5. Val av to til å skriva under møteboka
Kjartan Kvien og Silvija Apeinãne
6. Årsmelding frå styret – godkjent
Innspel:
Krefter i kommunen ynskjer eit idrettslag. Sidan idrettslaget er ein frivillig
organisasjon kan ein ikkje leggje oss ned, men kommunen kan kutte støtte
til laget. Årsmøtet er i mot eit idrettslag i kommunen og ynskjer at styret
jobbar for å behalde eige idrettslag.
7. Årsmeldingar frå undergruppene
- Fotball: godkjent
- Trim: godkjent
Innspel:
Få oppatt ein turpost i Ormelid. Dette må avklarast med grunneigar.
Korleis kan me gjere Sognefjellsmarsjen meir attraktiv? Kanskje
samarbeide med Luster sogelag?
- Ski: godkjent
Innspel: Det vert jobba for å få ordna trase i Kveinahagen på Yttri.
Anders Fortun, Steinar Mørkrid og Magne Rauntun har vore i møte med
grunneigar og ein jobbar med saken.
-
Volleyball: godkjent
Barneidrett: godkjent
Friskis: godkjent
Klatring: godkjent
Innebandy: godkjent
8. Rekneskap/budsjett – godkjent
9. Innkomne saker
- Lov om idrettslag. IL Fanaråk er plikta å ha ein lov som vert godkjent
kvart år. Styret har utarbeida eit forslag som årsmøtet godkjente. Det
vert no sendt til Idrettsforbundet for godkjenning.
- Sak frå Fortun Bygdelag om trakkemaskin.
Vedlegg: Brev frå Fortun Bygdelag og saksinformasjon frå styret i IL
Fanaråk.
Ein er einige om å sjå på løysingar der ein får betre og lettare
preparering av løypa. Ulike alternativ vart nemnd: kjøp og leige av
trakkemaskin og bruk av prepareringsutstyr bak traktor. Ynskje er å få
ei trakkemaskin i Hestahagen på etterjulsvinteren.
Vedtak: Skigruppa skal i samarbeid med styret komme fram med til ein
formålsteneleg løysing. Anders Fortun kallar inn til møte i mai og ein
avtalar då vidare jobbing. I mai reknar ein med at avtalar rundt løypa i
Kveinahagen er avklara.
- Styrehonorar: Pr i dag har leiar 2000 kr og kasserar 1800 kr i
styrehonorar. Forslag om at og sekretær får styrehonorar.
Vedtak: Leiar, kasserar og sekretær får kvar 2000 kr i styrehonorar.
10.Val – innstillinga til valnemda vart godkjent ( sjå vedlegg).
Styret takkar Evi Katrine Solhaug Lidal og Trygve Lerum for den jobben dei har
gjort i idrettslaget.
Ref Mona Bukve
Skjolden 12.februar 2015
_____________________________
_____________________________
Kjartan Kvien
Silvija Apeinãne