Nå er årboka klar for juletreet!

Transcription

Nå er årboka klar for juletreet!
Østfoldmål
MEDLEMSBLAD FOR
ØSTFOLD MÅLLAG
NR. 2 - 2015
27. ÅRGANG
Ei viktig støtte for laget:
Nå er årboka klar
for juletreet!
Den ellevte årgangen av Aust i Vika, årbok for
Østfold Mållag, er nå klar, og tingar du boka
seinast 4. desember, har du ho i postkassa før
jul.
Som vanleg finn ein eit stort spekter av interesser
og innspel i boka.
Her er ei kort oppsummering av forfattarane og
artiklane i år:
Edvard Hoem, kjend forfattar, har ein artikkel
om korleis Hans Nielsen Hauge skapte ein mentalitetsrevolusjon.
Edvard Mogstad skriv om korleis lovtradisjonen frå norrøn tid framleis set sitt preg på det
norske samfunnet.
Eldbjørg Skaug har ein fyldig artikkel om historikken til lensene i Eidsberg.
Marit Aasbrenn og Anne Sofie Øgar
Svendsen skriv om livet rundt Kornsjø stasjon i
mellomkrigstida.
Benthe Kolberg Jansson ser på forholdet vårt
til svensk og korleis kjennskapen til det språket
har blitt dårlegare.
Øyvind Bremer Karlsen fortel om barnefolklore i Østfold og deler med seg også ei novelle og
to dikt.
Magne Aasbrenn skriv eit historisk essay om
sitt møte med Berlin.
Gerard Doetjes gir ein introduksjon til frisisk.
Merete Bratsberg Aae skriv om korleis folk i
Latvia er betre enn oss til å ta vare på kulturen
sin.
Ragnhild Lier skriv om orda vi vel å bruke om
flyktningar og innvandring.
Erling Flote skriv om ein sunnmørings språklege og kulturelle møte med Østfold.
Framsidefoto: Randi Larsen
Rune Østhagen presenterer tre prosastykke frå
naturmiljø.
Morten Tutturen bidrar med skildringar frå
Fjella i Indre Østfold og eit nytt, fint dikt på
Eidsberg-mål.
VER LYNRASK OM DU VIL HA
BOKA TIL JUL!
Bestill årbok/årbøker
på tlf/sms 97970065
eller frå [email protected]
Pris kr. 150,- per bok
(med porto inkludert)
Kr. 100,- per bok om du tingar 5 eller
fleire.
Vi må ha bestillinga seinast torsdag 4.
desember om du vil ha levering før jul!
Hausten 2015
Her er nokre glimt frå ymse hendingar denne hausten.
Øvst eit bilde av tribunesituasjonen under kampen
FFK-Hødd 18. oktober. K-rekneskap frå Ørsta sponsa
FFK, og Hødd-supporterane heia på seg sjølv - dermed
var det nynorske banner for begge lag på ein østfoldsk
fotballarena. Kven har trudd at det skulle skje i vår tid?
Under. Wenche Mortensen og Knut Sandmo les Karius og Baktus på færøysk under haustfesten til Fredrikstad Mållag 14. november. Nede til venstre: Mange fann
vegen til Spydeberg prestegard 6. september for å ha
omvising i hagen etter J. N. Wilse.
Nede til høgre ser vi leiar i Målungdommen Synnøve
Marie Sætre og skrivar Kirsti Lunde på sykkel-misjonsferd etter Målungdommens konferanse i Spydeberg.
Dei sykla (nesten heilt) til Fredrikstad for å møte skoleklassar på Frederik II vidaregåande skole.
Styremøtet i Østfold Mållag 10.09.2015
Styret for laget: Magne Aasbrenn, leiar, Ragnhild Lier,
skrivar og styremedlemmene Kjetil Aasen, Edvard
Mogstad og Morten Tutturen hadde møte i Fredrikstad
10. september. Det blei blant anna utveksla informasjon om ymse arrangement denne hausten, gjort vedtak
om at det var stoff nok til årbok også i år og løyvd
2000 kroner til Målungdommens seminar i Spydeberg.
Så var det eftasverd med sterke innslag av matvarer
med nynorsk teksting på emballasjen
Aktuelle adresser:
Indre Østfold Mållag Eldbjørg Skaug, Skjørshammerlia 24, 1880 Eidsberg,
Sarpsborg Mållag: Ragnhild Lier, Veslemyrvn. 11, 1715 YVEN
Fredrikstad Mållag: Marit Aasbrenn, Bjørndalsvn. 47,1605 Fredrikstad
Østfold Mållags nettsider: http://ostfold.nynorsk.no/
Søk også opp "Østfold Mållag" og "Østfold dialekt- og målungdom"
på Facebook!
Østfoldmål
Meldingsblad for Østfold Mållag
Adresse: Bjørndalsvn.47, 1605
Fredrikstad
Tel. 97970065
E-post: [email protected]
Østfold Mållag ønsker "gamle" og nye medlemmer ei god jul og eit godt, nytt år!