Årsmelding 2014 Valldal Idrettslag

Transcription

Årsmelding 2014 Valldal Idrettslag
Årsmelding 2014
Valldal Idrettslag
Styret 2014 Einar Hoel
Anders Rem
Trond Håvoll
Karianne Vestre Døving
Kristin Sandnes
Ellisiv Valdal Jarvik
Magne Eivind Glomnes
Kristi Linge Stakkestad
Kjersti Magnussen
leiar
nestleiar
kasserar
skrivar
styremedlem, ansvarleg klubbhus
leiar fotball gruppa
leiar friidrettsgruppa
leiar langrennsgruppa
leiar trimgruppa
Inge Sunde
Torkjell Bjørstad
1. varamedlem
2. varamedlem
Styrearbeid Det har vore gjennomført 8 styremøte i 2014. Oppmøte til styremøte er godt og det er eit
godt samarbeid i styret. 1.varamedlem er alltid innkalla til styremøte
Medlemstal –
For 2014 er det registrert 280 betalande medlemmar. Dette er ein nedgang med om lag 20
frå året før.
Representasjon –
Einar Hoel sit i styret i Norddal Idrettsråd.
Einar Hoel har delteke på anleggsmøte i Møre og Romsdal Idrettskrets/Møre og Romsdal
Fylke
Valldal IL har delteke i dialogmøter for frivillige lag i Norddal kommune
Arbeid gjennom året –
Idrettsskulen for barn 6-10 år har vore i gong både sist vinter og siste haust. Oppslutninga
har vore god, med deltaking frå om lag 30 barn. Elevar frå Stranda v.g.s er engasjert som
leiarar.
Nettsida www.valldalil.no er brukt både som informasjonskanal, men også for å omtale
aktivitet i laget og ulike grupper. Det er Facebook-grupper for ski- fotball- og trimgruppa for
informasjon.
Arbeidet med skilting og merking av råser er i gang. På seinhausten vart det levert mykje skilt
som skal settast opp til våren. Tinging av skilt vart gjort i samarbeid med lokalkjente. Det skal
også lagast eit tur-/stikart for sal. Dette er helst tenkt overfor tilreisande og vert seld på
turistinformasjonen. Det vert seld annonser som skal finansiere utgiftene.
Rehabilitering av klubbhuset er så godt som ferdig. Det er nokre små detaljar som må på
plass før vi kan be om godkjenning og sette opp sluttrekneskap. Dette er grunnlag for
utbetaling av spelemidlar på inntil kr 245.000. Det er ei utfordring med universell tilkomst
mellom kjellar og hovudetasje. Rehabiliteringa er godkjent utan innvendig heis, men det er
føresett utvendig tilkomst. Dette kan vere vanskeleg å oppfylle med store snøfall. Det
føreligg ikkje formell avtale med Norddal kommune om grunn til klubbhuset, kun eit
kommunalt vedtak om å avstå grunn. Idrettslaget har bedt om at dette vert ordna, men det
verkar som den saka dreg i langdrag.
På årsmøtet 2014 vart det vedteke å rehabilitere Idavollen med kunstgras og oppgradert
lysanlegg. Det vart oppretta eiga nemnd for å ta seg av arbeidet. Søknader om spelemidlar
vart godkjent og Norddal kommune gav tilsagn om støtte på kr 985.000. Etter kvart kom det
fram opplysningar som gjorde det aktuelt med betre utnytting av arealet på Idavollen. Det er
andre løysingar for å legge kunstgras på eksisterande baner med gode grunnforhold. I tillegg
tilrådde Norges Fotballforbund at det vart bygt eit 11-ar bane med kunstgrasflate på
96mx56m med forbetra lysanlegg. Total kostnad er rekna til i underkant av kr 4,0 mill. Bana
har fått idrettsfunksjonell godkjenning og det vil verte sendt søknad om spelemidlar på kr
1,320 mill. Resterande kostnad vert fordelt mellom Valldal IL og Norddal kommune. Endring
av planane vert lagt fram for årsmøte 2015. Framdriftsplan er oppstart av arbeid på
vår/forsommar. Den utpeika banenemnda arbeider godt med både sjølve planane og
finansiering.
På førre årsmøte vart det vedteke å arbeide vidare med ny trakkemaskin. Ei eiga nemnd vart
oppnemnd og hausten 2014 vart det jobba med kjøp og finansiering. Det vart kalla inn til
ekstraordinært årsmøte 4.12.14 for endeleg godkjenning. Det vart då vedteke å kjøpe ei
demonstrasjonsbrukt trakkemaskin, 2013 modell til kr 1,5 mill. Finansiering med sal av gamal
maskin, spelemidlar, tilskot frå Sparebanken Møre og Gjensidigestiftelsen, bruk av eigne
midlar, kronerulling og lån. Det viser seg at innsamling/kronerulling har vorte så vellukka at
det er lite eller ingen behov for lån. Svært god jobb av ”trakkemaskingruppa” og skigruppa.
Norddal kommune har gjort vedtak ved 2 høve om bygging av idrettshall og rehabilitering av
Valldal Samfunnshus med symjehall. Dette har skapt ein del ”støy” i kommunen, også
innanfor idretten. Valldal IL har hatt ei klar halding om at eit slikt anlegg vil vere positivt for
idretten og dekke eit behov for større kapasitet for innandørs aktivitet. Idretten er
representert både i plan-/anleggsnemnd for prosjektet og er med i eiga dugnads/innsamlingsnemnd.
Usemja med ein hytteigar på Omenås om rett til lysløype over vedkomande sin eigedom er
vanskeleg å få avslutta. Vedkomande er ikkje interessert i å diskutere løysingar og
idrettslaget held på sin tinglyste rett til lysløype i den traseen som er brukt sidan 1985.
Advokat er kontakta for å få ei vurdering av vårt standpunkt og kva vi bør gjere vidare.
På seinhausten vart det planert areal for to volleyballbaner på ”rådhusmarka”. Dette er gjort
etter avtale med Norddal kommune. Til våren vert det sett opp nett og banene kan takast i
bruk.
I samband med sommararrangement vart det innkjøpt diverse utstyr, ma. telt. Det er kjøpt
inn prosjektor med lerret på klubbhuset
Etter vedtak på årsmøte 2014 vart Valldal IL innmeldt i Norske Amerikanske Idretters
Forbund, avdeling diskgolf.
Tilsette –
I 2014 har det vore tilsett reinhaldar på klubbhuset. Det har vore ein del uklarheiter omkring
arbeidet og utføring av dette. Det medførte at avtale ikkje er forlenga og det vert arbeidd for
å få ny reinhaldar på nyåret.
Det er avtale med vaktmester på klubbhuset for å utføre forefallande arbeid.
Rekneskap vert ført ved Norddal Rekneskapskontor AS..
Arrangement Den årvisse marknaden vart arrangert i april med god oppslutning. Marknadsnemnda
fungerte ikkje og ein del av styret tok ansvar for arrangementet. Nettoinntekt om lag kr
50.000
Olsok og Mefjellet opp er også årvisse arrangement. Mange var i aksjon å hjelpte til, men det
er ei vanskeleg tid midt på sommaren så på nokre områder var det krevjande å få saman
arbeidslistene. Olsokarrangement var kanskje det mest vellykka som er gjennomført. Totalt
ga arrangementa om lag kr 110.000 i netto inntekt. Kr 55.000 vart fordelt tilbake til
gruppene i tillegg til at gruppene ikkje betalar fellesutgifter.
Valldal IL var i april medhjelpar på aktivitetsdag på Samfunnshuset for personar med
nedsett funksjonsevne.
Det vert vist til gruppene sine årsmeldingar om deira aktivitetar og arrangement.
Økonomi –
Resultat for 2014 viser eit underskot på kr 500.000. Hovudårsaka til dette er at kjøp av
trakkemaskin er ført i driftsrekneskapet, m.a. for å få det inn i grunnlag for
momskompensasjon. Mykje av inntektene i samband med kjøpet vil kome inn i rekneskapet
for 2015. Dersom ein tek ut dette kjøpet og dei inntektene som er ført i 2014, vert resultatet
eit overskot på om lag kr 50.000. Kjøp av trakkemaskin er i tillegg finansiert med kr 170.000
frå Valldal IL og Trimgruppa; dette trekke også resultatet ned i 2014.
Vi meiner difor økonomien i laget er god. Resultatet er bra og bankinnskot på i overkant av
kr 600.000 er bra. Det kan også takast med at vi har tilsagn om spelemidlar i samband med
rehabilitering av klubbhuset på inntil kr 245.000 som ikkje er utbetalt. Laget står framfor
arbeid med Idavollen og det vert også forventa bidrag til idrettshall/kulturbygg så det er heilt
nødvendig å ha midlar til disposisjon.
Mange gjer ein stor for idrettslaget og idretten i Valldal og styret vil rette eit stor takk til alle
som har bidratt til dette i 2014.
Valldal 2.3.2015
Einar Hoel
Anders Rem Trond Håvoll Karianne Vestre Døving Kristin Sandnes
Ellisiv Valdal Jarvik Magne Eivind Glomnes Kristi Linge Stakkestad Kjersti Magnussen
Årsmelding 2015
Valldal IL, fotballgruppa
Årsmøte 23.02.15.
Styret har vore slik samansett:
Ellisiv Valdal Jarvik (leiar)
Kenneth Hovden (nestleiar)
Silje Sandøy Grønning (kasserar)
Hege Bjørstad (sekretær)
Robin Gjerde (styremedlem)
Vara: Dag Snorre Grønningsæter og Ann Kristin Godø.
Anders Rem har fungert som «møtande konsulent» på styremøta, og han har teke seg av
mange praktiske oppgåver.
Arbeidet har vore fordelte slik: Anders og Robin har vore ansvarleg for bane/anlegg. Hege
har vore materialforvaltar. Kenneth har hatt ansvar for kiosken. Kenneth er fotballgruppa sin
Fair Play representant. Anders har vore dommaransvarleg.
Vi har hatt ni styremøter i løpet av året i tillegg til ein god del kontakt på e-post og telefon.
I vårsesongen 2014 har vi hatt 11 lag med i seriesystemet. Dette var: G07, G08, G10, G11,
G14, G16, J08, J10, J11, J14, J16. Det eine laget, G16, var eit samarbeidslag mellom Valldal IL
og Norddal/Eidsdal/Geiranger Fotballklubb. Dette laget blei oppløyst etter sommaren fordi
mange av spelarane flytta på hybel. Dei resteande spelarane spelte i haustsesongen på G14
9-ar med dispensasjon frå fotballkretsen. Også i 2014 var det herretreningar både inne i
vinterhalvåret og ute vår og haust.
I tillegg til at laga har spelt i serien, har dei fleste laga også vore med på ein eller fleire cupar.
Vi hadde to lag av garde på Norway Cup i 2014. Dette var G16 og J16. Begge laga gjorde det
bra sportsleg. G16 vann gruppa si i innleiande runde og gjekk vidare til A-sluttspelet. Her
vann dei 1/16 finalen, men måtte sjå seg slått i 1/8 finalen mot Åndalsnes. Jentene fekk ein
siger, ein uavgjort og eit tap i gruppespelet. Dette sende dei til B-sluttspelet. Her nådde dei
kvartfinalen, men blei slått ut på straffesparkkonkurranse. Flott innsats av begge laga som
hadde ein super tur til Oslo.
Dei andre lag våre deltok på cupar i nærområdet. J14 og G14 var på Seljecup i juni. Valldal
har delteke på denne cupen i fleire år. Erfaringane er svært gode. Begge Valldalslaga
presterte godt sportsleg. J10 og J11 deltok på Stordalscup og på Tarecup i Sparebanken
Møre Arena. G11 var på Tarecup. G10 var på Benditcup i vårsesongen og G-Maxcup i
haustsesongen. Begge turneringane var i Spjelkavik. G08 deltok på Tarecup. G07 var med på
Miniputten på Blindheim. J08 deltok berre i seriespelet.
Også i 2014 hadde vi lag med på futsal-KM. G14 og J14 deltok på dette i haust og begge laga
spelte B-sluttspel no på nyåret.
Fire jenter (fødd 2000) var med på «Jente-akademiet» til Herd i vårsesongen. Her var ekstra
motiverte og interesserte jenter frå Herd og naboklubbane samla til ca. 5 treningar.
Påsketurneringa vi hadde tenkt å arrangere for alle årsklasser, blei avlyst pga. for lita
påmelding.
Opplegget rundt dommarar for ungdomsklassene blei strengare i 2014. Desse skal no i
utgangspunktet ha utdanna dommarar som blir oppsette frå kretsen. Dette har medført
ganske stor auke i utgifter til dommarar for oss. Tidlegare blei desse kampane dømde av
lokale heltar på dugnad.
Fire spelarar frå G14 og G16 deltok i mai på keeperskulen som Blindheim arrangerer.
1. september arrangerte vi «Motivasjonskveld» for trenarar, lagleiarar og styret. Det var
Ronny Ødegård frå fotballkretsen som var invitert og sto for dette. Vi hadde både ein
teoretisk del og ein praktisk del. Vi fekk mykje gode tips og innspel. Dette var eit positivt
tiltak. Vi har i etterkant gjort som Ronny anbefalte – vi har laga «køyrereglar» for alle som er
med på fotball med bl.a. krav og forventingar til spelarar og foreldre på ulike alderstrinn.
Desse er utsende til alle foreldre. Vi ser for oss at desse retningslinjene kan bli utvida etter
kvart. Eit grunnlag er i alle fall lagt.
Det blei kjøpt inn 2 stk. 5-ar mål og 2 stk. 11-ar mål frå Simek i Stordal (ca. 33 000,-)
For å få pengar i kassa har dette vore gjort:
 Sal av sparekort (ca. 13 000,-)
 Sal av annonser i programbladet (ca. 37 000-17 000= 20 000,- i overskot)
 Vakter på Kulå (ca. 5 000,- blei utført av dei som skulle på NC. Gjekk direkte til dette)
 Bingo i november (ca. 15 000,-)
 Sal av lodd og adventskalenderar (ca. 17 000,-)
 Kiosksal ved kvar heimekamp (ca. 30 000)
 Treninigsavgift for spelarane (ca. 35 000,-)
Vi har fått tildelt dette frå sponsorar/støttespelarar:
 8000,- til innkjøp av drakter frå Tafjord
 10 000,- til innkjøp av fotballmål frå Tafjord
 5 839,- frå Norges Fotballforbund, spelemidlar til utstyr - ikkje kome med i
rekneskap!
Klubbavtalen vi har med Intersport Rognve som gir oss framleis gode rabattar ved kjøp av
utstyr. Vi fekk i haust ta ut bonusen vår for 2014 – varer for 15 000,- kroner. For dette fekk vi
fotballar, hanskar, vestar, ballsekkar og anna småutsyr.
Avtalen vår med G-sport på Stranda var også gjeldande for 2014. Her får alle «medlemmar»
20% rabatt ved kjøp av fotballutstyr.
Arbeidet med å få til kunstgrasbane på Idavollen vart intensivert i 2014. Torkjell Døving,
Anders Rem, Robin Gjerde og Anne Lene Hjelle blei valt til å sitte i arbeidsgruppa. Dei har
gjort ein stor og god jobb. Dei opprinnlege planane om å lage til ei 7-ar og ei 5-ar bane, blei i
løpet av hausten gjort som slik at ein no går for ei lita 11-ar bane. På denne måten får ein
utnytta område betre. Samstundes er det valt å oppgradere lysanlegget med nye master til
ein standard som er anbefalt for idrettsanlegg av denne typen. Kostnadane blir litt noko
større, men no får vi eit mykje betre og meir framtidsretta anlegg for pengane. Norddal
kommune førehandsgodkjent planane og søknad om spelemidlar er sendt. I tillegg til
spelemidlar, kommunalt tilskott, gåvemidlar og sponsorstøtte, vil det krevje ein stor
dugnadsinnsats frå idrettslaget. Dette er heilt nødvendig for å klare å realisere
kunstgrasplanane. Det blir til slutt eit fantastisk fint anlegg! Etter planen skal arbeidet settast
i gong så snart snøen forsvinn frå grusbana. Målsetninga er at graset skal ligge klart til bruk
før sommarferien. Det blir nok ein del dugnadsarbeid med tilstelling etc utover sommaren og
hausten. Men dette vil vere eit kjekt arbeid sidan dette handlar om å «pynte kaka». Vi håper
alle er positive til å bidra på ein positiv måte. Dette er eit anlegg for, ikkje berre dagens
omlag 110 aktive fotballborn og –ungdommar, men også for framtidige generasjonar for
fleire idrettsgreiner i Valldal Idrettslag.
Evaluering av «Arbeidsplan for 2014 / langtidsmål»
* «halde fotballinteressa oppe også når ungane kjem opp i ungdomskulealder – greie å stille
lag også i dei eldste klassene»
- Dette ser ut som vi greier fint. Desse er påmelde: G16, J16, J13 og G13
* «halde oppe talet på påmelde lag i serien»
- I 2013 hadde vi 10 lag, vårsesongen 2014 hadde vi 11 lag. Haustsesongen 2014 hadde vi 10
lag. Det blir 11 påmelde lag i vårsesongen 2015.
* «alle skal få sjansen til å delta på Norway Cup mot slutten av aldersbestemte klasser»
- Både G16 og J16 deltok i 2014. J15 og G16 kjem ikkje til å delta i 2015, men vil vente til
2016.
* «i august skal vi arrangere treningshelg på stadion for G/J12 og eldre. I tillegg skal vi ha
ekstra treningsøkter for fleire årsklasser i lag, nokre gongar med litt sosiale aktivitetar
utanom fotball».
- Dette blei ikkje gjennomført i 2014.
* «gjere bingoen vi arrangerte i november til eit årleg arrangement»
- bingoen blei arrangert også i 2014.
Valldal, 21.02.15.
Ellisiv Valdal Jarvik
leiar i fotballgruppa, Valldal IL
ÅRSMELDING 2014
VALLDAL IL FRIIDRETTSGRUPPA
Styret i friidrettsgruppa har siste året hatt følgjande samansetjing:
Magne Eivind Glomnes, leiar
Kjersti Magnussen, nestleiar
Lars Tomas Bersås, kasserar
Øyvind Reiten, styremedlem
Solfrid Fjeldstad, styremedlem
Petter Lingaas og Jan Ole Fuglem har vore varamedlemar.
Det har vore to styremøte, eitt saman med Liabygda der friidrettscup og treningar har vore
diskutert. I tillegg har det vore kontakt mellom styremedlemane i høve arrangement
sommar og haust utan at styret har hatt formelle møter. I 2014 arrangerte vi
Valldal/Liabygda cup og Norddalsstafetten. Mefjellet opp og jordbærdilten vart arrangert
også dette året ved hjelp av heile idrettslaget.
Arrangement:
Valldal/Liabygda cup:
I 2014 samarbeidde vi nok ein gong med Liabygda IL om friidrettscup. 6 cupar totalt; 3 i
Valldal, 3 i Liabygda. I tillegg arrangerte vi Storfjordstemnet saman med Eidsdal, Norddal og
Liabygda i på Langereiten stadion i Eidsdal i slutten av august. Dette telde også i cupen.
Samanlagt premie for 3 cupar totalt. Det har vore svært bra oppslutning på heimebane, og35
frå Valldal fekk premie for deltaking i 3 cupar. Heile 47 samanlagtpremiar vart delt ut i fjor og
det er fleire enn noko år tidlegare. Det vart ei enkel avslutning med premieutdeling på
klubbhuset rett etter siste cupen i september.
Stafettar:
Norddalstafetten vart arrangert i Valldal 22. august med overraskande god deltaking frå alle
klubbane. Å bruke ein fredagskveld viste seg å vere lettare å få med løparar enn det ofte er
ein søndag. Valldal sit dette året igjen med 4 av 6 pokalar, så no er det om å gjere å stille
med gode lag også dei komande åra anten det er på heimebane eller bortafjords.
I handlingsplanen til friidrettsgruppa som vart laga i 2012 har vi som målsetjing å delta i
fleire stafettar, også utanfor lokalområdet. Dette har vist seg å ikkje vere så lett å prioritere,
men vi bør prøve igjen. Vi merkar ei litt aukande interesse for friidrett på cupane, og dei som
har lyst må få tilbod om å delta også utanfor nærområdet. Oversikt over ulike arrangement
både lokalt og regionalt blir laga til.
Trening og aktivitet:
Det vart også i fjor forsøkt ein felles oversikt over treningar og cupar. Cupane fungerte bra,
men framleis dårleg oppmøte på treningane som var lagt til Liabygda.
Når det gjeld deltaking utanfor lokalområdet har det vore nokre løp på landeveg og
motbakke av nokre få løparar frå Valldal med gode resultat.
Økonomi:
Økonomisk vart det i 2014 eit overskot på kr 931, men oppgjer mellom idrettslaga etter
sesongen manglar og ville ført til eit overskot i staden. Dette vil bli følgd opp i 2015.
Banksaldoen viser kr. 37.594 og viser at friidrettsgruppa har høve til å bruke meir midlar.
Styret takkar for seg og ønskjer vel møtt på friidrettsbana i 2015.
Valldal 26. februar 2015
Friidrettsgruppa Valldal IL, styret
Magne Eivind Glomnes, Kjersti Magnussen, Lars Tomas Bersås, Øyvind Reiten,
Solfrid Fjeldstad
Årsmelding 2014
Valldal IL Ski
1. Innleiing
Skisesongen 2014 er over. Deltakinga i lokale renn og arrangement er god, og nokre
deltek også på kretsnivå og nasjonalt nivå. Det er gledeleg at vi har stor stor breidde
og bruk av lysløypa, spesielt gjennom oppslutninga om skikafeen torsdagane i
vintersesongen – sjølv om 2014 vart ein mager skisesong – på grunn av snømangel
vart det berre to skikafear og tilsvarande få økter på ski i lysløypa. Då var det godt at
vi hadde reservearena på Grønningsæter og på Trollstigvegen. Mange skiøkter vart
gjennomført med hovudlykt her sist sesong.
VIL langrennsgruppa skifta namn til VIL skigruppa etter vedtak på sist årsmøte. Dette
vart gjort for å inkludere skiskyting og eventuell anna skisport i gruppa.
2. Organisering
Styret:
Kristi Linge Stakkestad – leiar
Jan Ole Fuglem – nestleiar
Geir Arne Myren – kasserar
Marian Myklebust Sunde – styremedlem
Anett H. Steinnes – styremedlem
Per Jomar Nerli – 1. varamedlem
Arne Sandnes – 2. varamedlem
Undergrupper:
Trakkemaskingruppe
kontaktperson Jan Ole Fuglem
Magne Hoel
Fridjon Døving
Jostein Gjerde
Terje Hoel
Skikafe- / premienemnd
Marian Myklebust Sunde
Anett H. Steinnes
Treningsnemnd
(langrenn/skiskyting)
Jan Ole Fuglem
Marian Myklebust Sunde
Hans Martin Gjedrem
Per Jomar Nerli
Tilsynsgruppe lysløype
Aksel Indreeide
Magne Hoel
Kjell Vad
Terje Nerhus
Anleggsnemnd skiskyting
Jan Ole Fuglem
Per Jomar Nerli
Hans Martin Gjedrem
Terje Magnussen
Programbladnemnd
Per Jomar Nerli
Aud Lindis Ødegaard
Arne Sandnes
Sonekontakt
Jan Ole Fuglem
Bingokomite
Anett H. Steinnes
Marian Myklebust Sunde
Kjersti S. Magnussen
Prosjektgruppe for ny
trakkemaskin
Jan Ole Fuglem (skigruppa)
Geir Arne Myren (skigruppa)
Inge Sunde (VIL hovudstyre)
Terje Hoel (sjåfør)
3. Økonomi
Hovudtal
2009/2010
2011
2012
2013
2014
Inntekter
382 565
470 341
160 294
302 014
1 214 901
Utgifter
304 562
418 601
249 663
380 878
1 712 652
Ved årsavslutninga har gruppa inneståande i bank kr 57 033 (31.12.13).
I tillegg har skigruppa verdiar i trakkemaskin, Skjeldalfres og snøscooter.
Gruppa/hovudlaget har (pr 31.12.14) gjeld på kr 430 000 (banklån) og 150 000 (VIL
hovudlaget) i samband med kjøp av ny trakkemaskin. Desse låna blir etter planen
innfridd i 2015
Viktige inntektskjelder:
- Inntekter på arrangement: matsal, startkontingent
- Programhefte (annonsesal)
- Olsokarrangement
- Sponsorar: H.L. Muri AS, Sparebanken Møre
Dei største utgiftspostane:
-
Drift av utstyr og anlegg
Ny trakkemaskin
Årsmøtet i VIL skigruppa i 2014 vedtok å arbeide for innkjøp av ny trakkemaskin. Ei
prosjektgruppe vart sett ned, og utpå hausten vart det klart at finansieringa kom i
orden og ny maskin kunne bestillast. Etter ekstraordinært årsmøte i VIL hovudlaget 4.
desember vart ny maskin innkjøpt til kr 1 500 000, og finansiert med sal av gammal
maskin (kr 450 000), spelemidlar (kr 250 000), støtte frå VIL hovudlaget (kr 170 000),
frå Sparebanken Møre (kr 200 000), Gjensidigestiftelsen (kr 200 000), TAFJORD (kr
75 000), mva-kompensasjon, lån og ikkje minst kronerulling frå næringsliv og
privatpersonar i bygda. Vi takkar alle for støtta, kvar krone kom godt med! Den nye
maskina vart markert med kick off for skisesongen 8. januar, der representantar for
sponsorane Sparebanken Møre og TAFJORD var tilstades. Dette gav oss god dekning i
media, både Storfjordnytt og Sunnmørsposten.
4. Aktivitet
Trening
Treningsopplegget har vore ganske likt det som har vore nytta dei siste åra. Kvar
tysdag var det trening i klassisk/fristil/skileik for to grupper frå 1. klasse og oppover.
Treningane føregjekk med hovudlykt frå Langdal og Høghjelle så å seie heile vinteren
2014. Torsdag var det skiskytingstreningar på Myklebust, dei fleste på barmark.
Barmarkstreninga starta opp med miljøsamling på Ullsheim skistadion på Markane
siste helga i september. Dette vart ein kjekk, nyttig og god start på sesongen.
I oktober starta vi opp med barmarkstreningar for barn tysdagar og skiskyttartrening
torsdagar.
Laurdag 20. desember arrangerte VIL treningssamling for barn og unge i klubbane i
sona. Det vart to økter på snø i lysløypa og matpause på klubbhuset midt på dagen.
Eit vellukka opplegg med fornøgde deltakarar frå Liabygda, Stordal, Stranda og
Valldal.
Den uorganiserte barmarkstreninga for vaksne (tysdagar i lysløypa) tok også til i
oktober. Treningsnemnda har ansvar for treningsoppsettet og har gjort ein god jobb
med både tradisjonell og nyskapande aktivitet.
Skiskyting
I mars 2013 starta vi opp med skiskyttarskulen for barn, unge og føresette. Nytt
utstyr er kjøpt inn og skiskyttaranlegg er bygt på Myklebust med støtte frå
Sparebanken Møre, Gjensidigestiftelsen og ordninga Spelemidlar til utstyr. Standplass
er tilrettelagt i nærleiken av lysløypa og hoppbakkane. Det blei også gjennomført
skiskyttarskule i september 2014, og etter det har det vore 5-15 barn på
skiskyttartrening kvar veke.
Kretslag
Valldal IL har i 2013/2014 og 2014/2015 to løparar på Møre og Romsdal skikrets sitt
juniorkretslag, Trond-Marius Vad, Iver Matias Linge Glomnes og Kornelius Linge
Glomnes. Dette laget ser ut til å fungere bra. Dei har vore og er elevar ved Stranda
skigymnas, som har eit nært samarbeid med kretslaget.
Storfjordlangrenn
Valldal IL er medeigar i Storfjordlangrenn.
Sesongane 2013/2014 og 2014/2015 er det ingen frå Valldal IL som er med.
Materiell
Skigruppa disponerer om lag 20 par skøyteski i lengder frå 145 til 170 cm til utlån.
Skia er tenkt til aldersgruppa 8-12 år (2.-6-kl). Vi har også fleire par rulleski til utlån.
Gruppa eig fem skiskyttarvåpen. Alt utstyret har vore jamt i bruk siste året.
Arrangement – skirenn
Valldal IL arrangerte søndag 23. mars Sparebanken Møre cup i duatlon, som på
grunn av snøforholda blei endra til eit fristilsrenn på Grønningsæter. Rennet vart
vellukka og 95 deltok, trass i at det også der var knapt med snø. Dette var det
avsluttande rennet i cupen, med påfylgjande samanlagtpremiering på samfunnhuset.
VIL fekk også denne gongen skryt for eit godt arrangement, og det i tillegg til at
kretsen i fleire år på rad har lagt dette rennet til Valldal, tek vi som ein honnør til det
gode arbeidet som blir lagt ned av mange dyktige og erfarne frivillige medhjelparar.
Ei ekstra utfordring vart det med bruk av reserve arena.Vi nyttar høvet til å sende alle
frivillige ein stor takk!
Søndag 2. mars var det sonerenn i Valldal. Sonerenna omfattar Stordal, Liabygda,
Geiranger og bygdene i Norddal kommune. Deltakarar utanfrå er også velkomne.
Rennet vart arrangert som skicross, der mange utfordringar som til dømes
orgeltramp, portar, slalom, hopp og labyrint blir lagt inn i løypa. Ei spennande og
populær form for skirenn for spesielt dei yngste deltakarane. Ei ekstra utfordring vart
det at også dette rennet måtte avviklast på reservearena Grønningsæter, men om lag
85 deltakarar møtte opp og gjennomførte rennet.
Valldal Liabygda-cup/Telenorkarusellen er eit samarbeid mellom Valldal IL, Liabygda
IL og Stordal IL. På grunn av snøforholda blei to av renna våre avvikla på
Nedstestølvegen frå Langdal. Det tredje rennet blei slått saman med VM. Liabygda
sine renn/Stordalscup blei avvikla på Overøye. Nokre blei utsett og avlyst. Dette gav
låg deltaking. Om lag 20 deltakarar gjekk minst fire renn og gjorde seg fortent til
samanlagtpremie. Premiar frå Telenor (drikkebelte) blei utdelt ved deltaking i minst
to renn og det var det ein del som oppnådde.
Valldalsmeisterskapen vart arrrangert i klassisk stil søndag 6. april. Dette måtte også
leggast til Grønningsæter, men sjølv der var det så knapt med snø at løypa bokstavleg
talt gjekk mellom grastustane. Om lag 70 skiløparar deltok, ei halvering av
deltakartalet frå året før (148). Snømangelen får ta skulda for dette også. Dei klart
største klassane i VM er framleis barn under 8 år og herrar senior.
Skikafe
Det var planlagt skikafe på klubbhuset kvar torsdag frå nyttår og fram til påske. Sidan
snøen let vente på seg på Omenås vart det berre to skikafear i heile sesongen, begge i
slutten av mars. Skikafe er eit positivt tiltak med svært god oppslutning når
skiforholda på Omenås er gode! Det er mange som nyttar denne kvelden til ein skitur
og ein prat over kakao- eller kaffikoppen etterpå. Det er eit godt system for
arbeidsfordeling, så kafeane går om lag ”av seg sjølv”.
Ski i skulen
Ski i skulen er eit prosjekt for skiopplæring som kom til i samband med arbeidsplanen
for 2013. Vi søkte og fekk støtte frå Sparebanken Møre og Tafjord til prosjektet, og
kunne difor tilby 1.-10. klasse ved Valldal skule 1-2 økter med skiinstruksjon ved
lokale instruktørar sesongen 2013. Prosjektet blei vidareført for 2014, men på grunn
av snømangel på Omenås blei det ingen økter dette året. Vi prøver på att i 2015.
Vintertrim
Det var som tidlegare år sett ut fire vintertrimpostar; Valldalssætra, Høghaugen på
Gjerde, Klovset og lysløypa. Postane stod ute til april, og premiar vart trekt mellom
dei som hadde besøkt postane.
Skiskytingens dag og skisportens dag
Dette har ikkje vore markert dei siste åra.
Marknad
Sesongen vart avslutta med marknad på samfunnshuset laurdag 12. april. Det var
også samanlagtpremiering av deltakarar i Valldal Liabygda-cup og trekt premiar
mellom dei som har registrert seg på vintertrimpostane.
Sommararrangement
Valldal IL (hovudlaget) arrangerte Mefjellet opp søndag 20. juli med god deltaking.
Helga etter var det Olsok i Valldal, for tredje gong med heile laget som arrangør. Ein
tradisjon som har vart i over 20 år, med rømmegraut, grillmat, vaflar og jordbær,
Jordbærdilt og underhaldning. Det vart ikkje rulleskistafett denne gongen, på grunn
av vanskelege trafikale forhold og utfordringar med å skaffe deltakarar i ferietida.
Derimot vart nye barneløpet Minidilten ein stor suksess med mange ivrige barn på
startstreken. Det økonomiske resultatet var godt, og gav kroner i kassa for laget.
5. Prestasjonar – resultat
Valldal IL har dei siste åra vore representert på mange ulike nivå innan vinteridrett.
Frå Europa-cup i skiskyting til Valldalsmeisterskapen i langrenn.
I sesongen 2013-2014 deltok Valldal sine juniorløparar Trond Marius Vad og Iver
Matias Linge Glomnes både på kretsnivå og i regionale og nasjonale meisterskap og
cupar.
Mange små og store løparar stilte til start på kretsrenn, sonerenn, i Valldal Liabygdacup/Telenorkarusellen og i VM.
Også i 2014 reiste ein gjeng med birkebeinarar frå Valldal IL. Ambisjonane er ulike,
men alle er nok godt nøgd når dei 54 kilometerane er unnagjort. Men denne gongen
blei rennet avlyst på grunn av vanskelege verforhold, og tusenvis av skuffa
birkebeinarar måtte gjere vendereis og finne andre løyper å trene i denne dagen.
Fleire medlemmar deltek også på turrenn både regionalt, nasjonalt og internasjonalt,
og det er flott at Valldal IL er representert både her heime og ute i den store verda.
6. Avslutning
Vi håper at mange hadde gode treningsøkter og fine opplevingar i skiløypene sist
vinter, trass dei vanskelege snø- og løypeforholda. Sjølv om vi ikkje har så mange
deltakarar i renn på kretsnivå og høgare, så har vi hatt god breidde av små og store
som brukar løypene i vinterhalvåret. Det er flott at så mange er i fysisk aktivitet og
finn glede i å gå på ski, og vi håper på snørike vintrar som gir auka rekruttering i åra
som kjem!
Vi ser også fleire unge og ivrige løparar som vi håper å sjå meir til i åra som kjem, og
vi håper og ønskjer at skisport i Valldal vil stå sterkt også i framtida. Det er plass til
fleire, både i lysløypa og på treningane.
Heilt til slutt vil vi rette ein stor takk til alle som har hjelpt og støtta oss på ulike
måtar det siste året. Utan innsatsen dykkar hadde det ikkje gått!
Dette gjer at vi framleis har ei sterk og livskraftig skigruppe i Valldal IL som kan
gjennomføre små og store arrangement.
Valldal IL ski, februar 2015
Styret
Kristi Linge Stakkestad Jan Ole Fuglem Marian Myklebust Sunde
Geir Arne Myren Anett H. Steinnes 1.vara: Per Jomar Nerli
Årsmelding 2014
Valldal IL Trim
Styret for 2014 har vore slik
Leiar
Kjersti Magnussen
Nestleiar/skrivar
Liv Hanne Svensvik
Kasserar
Odd Martin Hoel
Styremedlem
Robert Wollmann
Styremedlem
Joerg Barthel
Varamedlem
Dagrunn Rem
Varamedlem
Nelly Ytterli
Valnemnd
for 1 år
andre av 2 år
for 2 år
andre av 2 år
for 2 år
for 1 år
for 1 år
Reidar Bjørstad og Gerd Myren Hoel
Representant til hovudstyret
Kjersti Magnussen
Representantar til Jordmormarsjen Robert Wollman/Kjersti Magnussen
Aktivitetar gjennom året:
Sykkeltrim 1. mai
Ein flott aktivitet med godt oppmøte sjølv i dårleg ver. Syklane blei vunne av Jostein Lied og
Olai Hjelle Reiten. Vi hadde også mange flott premiar som ble trekte ut på startkontigenten.
Vekas tur i samarbeid med God Helse
Trimgruppa hadde vekas tur til Vardefjellet 16. juni og der deltok 20 stor og små. Kjekt at
også born var med på turen.
28. august gjekk turen til Gjerdsegga 1140 moh. Da var vi 15 stk som kom oss heilt til toppen.
Jordmormarsjen
Vi var også i år med på å hjelpe til under Jordmormarsjen. Robert vart med på møta i forkant
og Kjersti og Liv Hanne + innlånt hjelp hadde ansvaret for drikkestasjonane ved
Onilsavatnet, Tafjordbadet og utdeling av gevinstar i Muldalen. Vi hjalp også til med salg av
billettar i Muldalen.
Trimpostane 2014
I år tok vi bort 3 postar og la til 3 nye. Det ble Ormula på 1418 moh, Berdalsnibba 1343 moh
og Gjerdsegga 1140 moh som fikk komme inn i det gode selskap av flotte turmål. Alle
postene var klare frå 1. juni og dei har vært meget godt besøkte i løpet av sommeren og
hausten.
Vi har solgt flest kort til voksne og vinner med flest poeng var Andreas Håvoll med 373
poeng. Flest poeng for barn var Elida og Heine Fuglem med 89 poeng. Vi hadde også en egen
konkurranse for ungdom mellom 15-25 år, der var det kun Karoline Nerli som hadde alle
postene og gikk av med seieren. Litt dårlig info og uklart rundt premiene og hvor en kan
kjøpe kort er kanskje noe av grunnen til lite salg og deltakelse på trimkortene. Det er noe vi
må få bedre til neste år . Alle barn under 15 som hadde nok besøkte poster fekk 4 stk Poul
Pava glass og det har vi fått tilbakemelding på var en fin premie.
Kjekt med 2 spreke gutter som tok ALLE trimpostene på ett døgn og skapte god blest rundt
trimpostene. Dette står det stor respekt av og kjekk lesning på vår Facebook side.
Moro også at så mange som 8 damer/jenter tok utfordringen og stillte i kjoler på toppen av
Ormula 31. mai for å markere åpningen av årets trimposter.
Nyttårsmarsjen 1. januar 2015
59 startet i litt dårlig vær og på glatte veger. Vi hadde slag av vafler, kaffi, saft og gløgg.
Hovudpremie som var ei fruktkorg frå Muri/Spar blei vunnet av Pia Lise Nybråten. Elles
hadde vi over 20 mindre premier som ble trekt ut på startnr.
Elles dette året:
Vi har opprettet Facebook side: Trim Valldal IL. Der legger vi ut det som skal skje og målet er
også at det kan bli en side der folk kan avtale fellesturer.
Fresbeegolf er blitt ein del av trimgruppa og Richard Moen er flink til å bruke Facebook
sidene for å holde oss orientert på kva som skje på området.
Trimgruppa støttet skigruppa med 20.000 kr til ny trakkemaskin.
Vi har hatt noen møter og god kontakt på sms, mail og Facebook.
En representant har prøvd å møte på styremøta i hovudstyret.
Arbeidsplan for 2015:
2015 er friluftslivets år og det må vi prøve å markere med å prøve å få så mange som mulig
ut på tur. Vi vil fortsette med dei arrangementa vi har hatt og delta/hjelpe til under det som
evt blir arrangert dette året.
Valldal
Trim Valldal IL, Styret