Landbruksnummer

Transcription

Landbruksnummer
Laurdag 10. november 2012
Landbruksnummer
Nr. 42
•
Årgang 33
•
Laussal kr 20
2
Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T
Storfenytt –
mellom anna
Då vi i Storfjordnytt valde landbruk som tema for
årets ekstranummer, dukka følgjande historie opp:
For ei tid tilbake tok ein tidlegare redaktør i Storfjordnytt ein telefon til Oslo. Då ho sa ho ringte frå
Storfjordnytt, høyrte ho i andre enden: «Hva sier
du? Storfenytt?». Sunnmørsdialekta er tydelegvis
ikkje alltid så lett å skjøne, og då kan det oppstå
misforståingar, i dette tilfellet av det morosame
slaget.
Landbruk er eit felt som mange i området vårt er
opptekne av og arbeider med på ein eller annan
måte. Landbruk er ikkje det same no som det var
for femti år sidan, samfunnsutviklinga har gjort at
også landbruket må tilpasse seg den tida det er ein
del av. Ei stor utfordring innanfor næringa i dag er
at stadig fleire gardsbruk blir lagt ned og mykje av
kulturlandskapet er i ferd med å gro att. Dersom
det norske samfunnet er interessert i å halde liv i
landbruket i åra framover, er det viktig at ein både
lokalt, regionalt og nasjonalt legg tilhøva best
mogleg til rette for gardsdrift, slik at ein framleis
kan få kjøpt norske gardsprodukt i butikken.
I landbruksnummeret kan du lese om alt frå dyrking av kålrot til hesteassistert terapi. Vi vonar her
vil vere noko for ein kvar smak. Denne utgåva av
Storfjordnytt blir fulldistribuert til alle husstandar
i dekningsområdet vårt, og er du ikkje abonnent så
er du velkomen til å bli det.
Ingvild Parr
Einaste med storfe
– Alle kyrne her har fått
namn, seier Kari Dyrkorn
medan ho klappar kua
Bjørg på hovudet.
Ingvild Parr
[email protected]
Kari Dyrkorn har teke ein pause
i fjøsarbeidet då Storfjordnytt
kjem på besøk. Eg møter henne
på gardsplassen der ho har kome
i snakk med nokre av naboane.
– Vi står her og løyser verdsproblem, seier ho og smiler.
Smalt og svingete
Det er litt over 20 år sidan faren
hennar kjøpte garden på Dyrkorn, og i 2001 vart det ho som
tok over drifta. For å kome seg til
gards må ein køyre eit lite stykke
opp i høgda på ein smal og svingete veg. Det er lett å førestille
seg at denne vegen kan by på
visse utfordringar for større bilar,
og då særleg på vinterstid, noko
Kari kan bekrefte.
– Om vinteren må vi sjølve
frakte mjølka ned til vegen der
mjølkebilen står og ventar. Til
dette har vi to mindre tankar som
vi fyller opp og køyrer ned med
traktoren, seier ho. Årsaka til at
mjølkebilen ikkje vågar å køyre
opp hit på denne årstida, er faren
for å skli. Dersom den må bremse
på veg ned att, så kan skvulpinga
i tankane føre til at bilen kjem ut
av balanse.
– Men både slaktebilen og
bilen som kjem med fôr kjem seg
opp hit uansett tid på året, fortel
ho.
Elitemjølk
Tlf. 70 25 78 50 – Pb. 134 – 6211 Valldal – www.storfjordnytt.no
[email protected][email protected]
Redaktør/dagleg leiar
Ingvild Parr
46 62 09 10
[email protected]
Journalistar
Britt Ingunn Maurstad
95 49 30 11
[email protected]
John Kristian Hjelle
92 62 86 91 (frilans)
[email protected]
Annonsar
Alfred Nilsen
92 05 70 85
[email protected]
Sats og montasje:
Storfjordnytt
Utgjevar:
Storfjord Bladlag AS,
6210 Valldal
I 2007 gjekk Kari saman med
Karl Vaksvik og stifta Dyrkorn
Samdrift DA. Eit DA er eit selskap med delt ansvar (DA) der
deltakarane har eit personleg
ansvar for heile gjelda i selskapet, men kvar deltakar kan berre
belastast opptil eigardelen sin.
Fellesfjøset har vore i drift i
omlag fire år, og totalt har dei to
bøndene drygt 50 dyr fordelt på
to fjøs. I fjøsen på Dyrkorn bur
der 20 mjølkekyr og åtte kalvar.
Dei 28 ungdyra har adresse hos
Karl Vaksvik på Vaksvik.
– Det er eg som står for all
mjølkinga, seier Kari og fortel at
ho har ein mjølkekvote på 135
tonn, noko som tilsvarar 135.000
liter i året. Mjølkebilen er på
garden tre gongar i veka, og ifølgje bonden er det god kvalitet på
mjølka som vert levert.
– Heilt sidan eg overtok i
2001 har vi levert elitemjølk til
meieriet, opplyser ho, før ho tek
meg med på ein runde i fjøsen
som vart bygd ut då dei bestemte
seg for å få på plass ein fellesfjøs.
Både kyr og kalvar er nyfikne
på kven den ukjente gjesten er.
Nokre er skeptiske og trekk seg
litt unna, medan dei modigaste
kjem nærare for å helse på. Kari
fortel at alle kyrne har fått namn,
og ein del er oppattkalla fordi dei
er fødde på spesielle dagar.
– Ei av desse er kua som har
bursdag same dag som dottera
vår Bjørg, difor kalla vi henne
opp att etter henne, forklarer ho
medan ho klappar kyrne. Det er
ikkje vanskeleg å sjå at Kari har
eit godt lag med dyra.
Får meir mark
Kyrne er urolege, og då bonden
fortel at det er tid for mat skjønar
eg fort kvifor. Gjennom ei luke i
taket kjem det godt og saftig fôr
som ho fordeler utover til kyr og
kalvar. Det blir stille og matroa
breier seg i fjøsen. I tillegg til
mjølkekyr og kalvar har Kari 45
sauer på garden, men desse er
ikkje ein del av samdrifta, det er
det berre storfeet som er, og ho
er den einaste i nærområdet som
driv med storfe.
Ein av sauene har blitt sjuk så
ho får medisin medan eg er der.
Det blir også tid til litt klapp og kos innimellom
På spørsmål om kva som feilar
henne, svarar Kari at ho når ho
skal snu seg rundt så går ho mot
venstre heile tida, og dette er
fordi ho anten lir av mangel på
B-vitamin eller hjernehinnebetennelse.
– Forhåpentlegvis vil medisinen gjere susen, seier ho.
Kari har mykje mark å slå,
all leigejord frå skulen i Stordal og heilt inn til Vestre er det
Har du eit gamalt interessant foto med opplysningar og årstal, set vi det gjerne på trykk
Fotominne
Bankgiro:
4020 05 01774
Bladpris:
Heilår kr 770
Halvår kr 395
Student/vernepliktig kr 395
Annonseprisar:
Vanleg plass: kr 4,80 pr. mm + mva
Tekstside:
kr 7 pr. mm + mva
Fargetillegg: kr 350
Prent:
Polaris Trykk Ålesund AS
Storfjordnytt arbeider etter reglane for god presseskikk
i «Vær Varsom»-plakaten. Den som kjenner seg råka av
urett avisomtale, vert oppmoda om å ta kontakt med
redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet som har medlemmer
frå presse- organisasjonane og ålmenta, handsamar klager mot pressa i
presseetiske spørsmål. Adresse: Rådhusg 17, 0158 Oslo. Tlf. 22 40 50 40
Kåre Storås og Magne Skuseth meinte begge det var viktig med ein god forhandlar når du skal kjøpe traktor. Det
sa dei for om lag 20 år sidan og det er sikkert slik i dag òg.
3
STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012
på Dyrkorn
Snart har alle kyr, også dei i lausdrift, rett to månaders sommarferie.
Lausdrift og kuferie
Frå nyttår vert det
endringar for kyr i
lausdrift. Dei skal også
få sommarferie, seier
forskriftene.
Britt Ingunn Maurstad
[email protected]
m alle gjeremål på garden hos Kari Dyrkorn.
ho som tek seg av. Dette blir til
mykje god mat til dyra. Det er
Kari som har hovudansvaret for
gardsdrifta, men mannen hjelper
til når han er heime.
– Det er kjekt å ha ein assistent på garden, seier Kari og
smiler lurt.
AT T E R S Y N F R Å A R K I V E T
Det er fin utsikt
frå fellesfjøsen
på Dyrkorn.
Reidun Hove og Nils Tomas Hove i Stordal har fått fart på produksjonen av sjampinjong. Sekkar med
kompost vert sett mørkt og kjølig og etter eit stund kjem soppen. For 20 år sidan kunne hotell i Ålesund og
nærmarknaden smake på herligheita.
For bønder med båsdrift, har det
i årevis vore slik at for å drive
i tråd med forskrift om hald av
storfe, så må dyrane ut på beite
i åtte veker kvar sommar. Det er
for at dei skal vere sikra høve til
fri bevegelse og mosjon.
Frå årsskiftet vil også kyr i
lausdrift ha ein slik lovfesta rett
til sommarferie, og grunngjevinga er dyrevelferd. Dette vart
bestemt i endring av forskrifta
som kom for nokre år sidan. Det
betyr at problemstillinga dei no
står oppe i, med at pålegget om
kuferie også for lausdriftsfjøs
trer i kraft frå nyttår, ikkje bør
vere ei ukjent problemstilling.
Iallfall ikkje for dei nyaste samdriftene.
I Storfjordnytt sitt distrikt er
det i hovudsak samdriftene som
driv med lausdrift. Då samdriftene var planlagt og bygde og
har kusommarferie openbarrt
ikkje vore tema under planlegginga. Det skapar no ein god
del hovudbry rundt om i samdriftene.
– Då vi starta opp med dette
prosjektet gjaldt ikkje kravet til
sommarferie for oss, så dette
er nytt for oss. Det er framleis
usikkert kva som skjer, om det
er tilstrekkeleg å få på plass ein
luftegard for kyrne i tilknyting
til fjøsen eller om vi må sende
dei ut på beite, seier Per Ivar
Skodjereite som i desse dagar
er i full gang med bygging av
fellesfjøs i Stordal.
Problemet for samdriftene
slik Storfjordnytt forstår det,
er at fellesfjøsane ofte er blitt
bygde på areal som ikkje er
spesielt eigna korkje til dyrking
av fôr eller til beite. Som til
dømes fellesfjøsen på Skuset.
Der har dei utnytta eit litt myrlendt område til fellesfjøsen sin.
Heller ikkje drivarane her veit
korleis dei skal løyse kravet om
dyr ut på beite – rett og slett
fordi fjøsen ligg der den ligg,
med areal som er lite eigna for
beiting i tilknyting til fjøsen.
Andre stader, som hos Kari
Dyrkorn på Dyrkorn, er tilhøva
noko annleis. Der skal dei i
gang med å rydde eit stort areal
frå garden og oppover og innover fjellet der kyrne som høyrer
til samdrifta der skal ha sin
sommarferie.
Så er det å håpe at også dei
andre samdriftene finn gode
løysingar både for folk og fe
som stettar forskriftene.
Vegvesenet
fekk både gode
ord og god
mat av folket
frå Geiranger
som kom opp
på fjellet for å
gje merksemd
til dei som
arbeidde med
den nye vegen
gjennom
Indreeidsdalen.
4
Landbruk
Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T
Prosjektering hus, hytte, landbruk og industri
Din lokale rørleggar • Tlf. 95 13 90 30
Landbruksklynga på indre
Sunnmøre har utvikla eit
kurstilbod for avløysarar
og landbruksvikarar som
skal arbeide i landbruket.
Mange kjem til Norge heilt
utan landbrukserfaring og
kommunikasjon er den
største utfordringa
Alfred Nilsen
[email protected]
• Regnskap • Fakturering • Lønn • Årsoppgjør
Grunnarbeid – Transport – Naturmurstein
Veggrus, singel og pukk
Lokal entreprenør med stor kapasitet
Dyrehald og matproduksjon krev
høg kvalitet på mange nivå i prosessen og verdiane er store. Difor
er det naudsynt med god opplæring av dei som skal avløyse
bonden når han skal ha fri.
Fann midlar
Landbruk Nordvest har mange
medlemmar som kan oppleve
kommunikasjonsproblem når den
nye avløysaren kjem. På eit medlemsmøte kom ein bonde med
framlegget om å lage eit grunnleggjande kurs for dei som ikkje skjønar språket. Jon Geirmund Lied
plukka opp ballen og sparka den
vidare.
– Eg fann midlar som var øyremerka til utdanning i landbruket
gjennom KIL (Kompetanseutviklingsprogram i landbruket), og
i samarbeid med Storfjord Landbrukstenester starta vi på eit prosjekt som skal gi grunnleggjande
opplæring til dei som skal vere
avløysarar eller landbruksvikarar,
seier Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest.
Oversett til to språk
6250 Stordal | Tlf 70 27 93 00 | www.busengdal.no
Dei starta med å samle fagstoff
som skulle vere med, mellom
anna frå handboka til Norske
Landbrukstjenester. Dyrlege Unni
Yttredal bidrog med stoff om korleis tyde kua sine signal, og Språksmia fekk i oppdrag å få teksten
oversett til polsk og litauisk. Innhaldet er tilpassa slik at nytilsette
som ikkje har landbrukserfaring
får opplæring i grunnleggjande
husdyrhald, sjukdomar og i dei
viktigaste reglane i norsk landbruk
i tillegg til mjølkeforeskriftane.
– Vi har sett saman ein lærepakke som vi no har prøvd på både
nybyrjarar og gamle ringrevar frå
desse to landa, eit slags testpanel
om du vil, seier Jon Geirmund
Lied.
Saman med gruppa har dei
vore rundt om i ulike fjøs, og for
dei erfarne var det kanskje mykje
grunnleggjande. No skal dei evaluere kurset, spikre lærepakka
og avslutte prosjektet. Finansiere prosjektet har dei gjort gjennom midlar frå Fylkeskommunen,
næringsfondet i Norddal kommune, Tine og Norske landbrukstenester
– Behovet for ei slik opplæring
er stort, og vi tenkjer at Norske
Lanbrukstjenester kan tilby dette
Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest er sjølv
kurset fleire plassar i landet,
mellom anna her i Valldal, seier
Jon Geirmund og legg til at velvillige bønder har stilt fjøsa sine til
disposisjon for kurset, noko dei set
stor pris på.
Kurset er på om lag 30 timar
og under evalueringa fann dei ut
at kursdeltakarane bør meistre
enkel engelsk slik at opplæringa
berre skjer på eit språk. Elles var
det berre små justeringar på kursopplegget dei oppdaga etter evalueringa.
Store verdiar
Når bonden ikkje er til stades, er
det store verdiar som skal takast
vare på og ansvaret er stort. Det
er snakk om matproduksjon og då
er kvalitet viktig, og ikkje minst
så er det dyr det skal arbeidast
med. Ei grunnopplæring for dei
som skal gjere denne jobben er
difor naudsynt, det er fagmiljøet
samd om. Løna i dette yrket er
konkurransedyktig med industriarbeidsplassane i området, litt
ukurante arbeidstider er det nok
– i tillegg til at det vert ein del
køyring. Generasjonen som i dag
driv i landbruket er godt oppdatert
fagleg og ofte utdanna innan landbruket, så kunnskapen er på plass.
Med eit slikt grunnleggjande kurs,
meiner fagmiljøet at formidlinga i
kvar einskild fjøs vert lettare og at
verdiane på den måten vert betre
tekne vare på.
kskurs på morsmålet
STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012
5
v mjølkeprodusent og veit godt kva han snakkar om, her er dei i fjøsen til Randi Overå og Svein Henning Haugen i Liabygda. I tillegg var kursdeltakarane i fellesfjøsen på Hjelme og fjøsen til Petter Lingaas.
Ireneusz Karpeta likar å arbeide med dyr. I fjøsen på Overå trivst han godt.
Bastian Weiberg Aurdal i samtale med bonde Nils Jarle Hjelme saman med gruppa som er valt ut til å teste materiellet som er omsett til polsk og litauisk.
6
Fellesfjøsen
tek form
Per Ivar Skodjereite,
administrerande direktør
i Stordal Fellesfjøs AS,
vonar fjøsen står klar til
jul
Ingvild Parr
[email protected]
Det er mange år sidan ein byrja å
tenkje på om ein skulle etablere
ein fellesfjøs i Stordal, men det
var først i 2009 at planane verkeleg skaut fart.
– Det har vore ein lang prosess, mellom anna grunna store
protestar frå naboar som ikkje
ønskte å ha ein fellesfjøs i nabolaget. I tillegg ligg det nye fjøset
nært opptil Storvasselva som er
eit verna vassdrag, og vi måtte
difor utarbeide ein reguleringsplan for området før vi kunne
starte bygginga. Dette er ei stor
og spennande investering for
oss, og vi er avhengige av god
drift for å få det til å gå rundt,
fortel Per Ivar Skodjereite.
I tillegg til lån, har Innovasjon Norge gitt 750.000 kroner i
tilskot til Stordal Fellesfjøs AS.
Det er Måløy Bygg som står som
totalentrepenør på prosjektet,
medan Felleskjøpet skal ordne
med fjøsinnreiing og mjølkerobot. Andre involverte aktørar er
Busengdal Transport AS, YIT og
Sunn Rør AS.
Meir rasjonell drift
Dei andre bøndene som har gått
inn i samarbeidet om eit fellesfjøs er Bente og Jon Geir Selboskar, Pål Bjørn Øvrebust og Johan
Arnt Ludvigsen, der dei to sistnemnte er passive eigarar.
– Det er Bente og Jon Geir
Selboskar og eg som skal stå
som aktive eigarar og ha ansvar
for fjøsarbeidet, men alle skal
drive jorda sjølve og levere fôr
til fjøset, fortel Skodjereite.
Årsaka til at dei bestemte seg
for å setje planane ut i livet var
at dei passive eigarane vurderte å
slutte med mjølkeproduksjon og
enten selje eller leige ut kvoten.
Utanom desse fire er det berre sju
andre mjølkeprodusentar i området, så for å hindre at produksjonen forsvann ut av kommunen
ønskte bøndene å bevare den
ved å gå saman om ein fellesfjøs,
Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T
som vil gi ei meir rasjonell drift
og erstatte gamle og nedslitne
fjøs med moderne lokale.
– Når fjøsen står ferdig vil
vi ha plass til 200 dyr, og det
inkluderer kviger, oksekalvar og
ungdyr som vi skal fôre opp til
slakt. Av desse er det 65 mjølkekyr og vi har ei kvote på 450
tonn, noko som tilsvarar 450.000
liter i året. Det vil ta omlag to år
før vi vil kome opp i ei slik produksjonsmengde, opplyser han.
Samfunn i endring
Grunnen til at planane om eit
fellesfjøs oppstod, var nedslitne
og utdaterte driftsbygningar på
gardane og at arbeidet var både
tungt og arbeidskrevjande.
– Slik situasjonen blei for
oss så stod valet mellom fellesfjøs eller nedlegging, så vi
gjekk for det første, fortel Per
Ivar Skodjereite, som meiner
samfunnsutviklinga har ført til
at bøndene vel å samarbeide om
drifta i staden for å halde på for
seg sjølv.
– Det er vanskeleg å drive på
åleine, og ein del bønder kjenner
seg avskore frå sosialt liv fordi
gardsdrifta bind opp tida deira.
Så frå å vere eit sosialt yrke har
det kanskje utvikla seg til å bli
det minst sosiale yrket. Ein må
tilpasse seg samfunnet, og ein
kan ikkje forvente at nokon held
fram slik lenger, seier Skodjereite, som er spent på om samarbeidet i fellesfjøsen vil fungere,
men han ser fram til å kunne vere
ein del av eit arbeidsfellesskap
både fagleg og sosialt.
– Det blir minst like mykje
arbeid som før, men det vil bli på
ein heilt annan måte.
Håpar på skulebesøk
Per Ivar Skodjereite synest det
er overraskande at så få i dagens
samfunn verkar å vere bevisste
Eit ope kulturlandskap
Kulturlandskapet forsterkar verneverdien
av området vårt. Attgroing er eit av dei
største trugsmåla mot verdsarvområdet.
GreenTEAM
Green TEAM
GreenTEAM
Å ta vare på og utvikle mangfaldet og
opplevingskvalitetane i kulturlandskapet
har vore den viktigaste fanesaka for
Vestnorsk Fjordlandskap.
Landbruksnæringa, organisasjonar og
einskildpersonar i området får tilført
særskilde tiltaksmidlar til skjøtsel som slått,
beiting og rydding.
Men framleis må det arbeidast for å styrke
landbruksnæringa. Vi ynskjer å vere ein
pådrivar for å ta vare på kulturlandskapet.
Har du idear og konkrete framlegg
til kva som bør gjerast, tek vi gjerne imot
innspel.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
Norsk Fjordsenter N-6216 Geiranger
Tel: + 47 70 26 38 10
[email protected] – www.verdsarvfjord.no
Green TEAM
på det som går på matproduksjon og tryggleik og kulturlandskap, og meiner mange tek som
ei sjølvfølgje at alt skal virke til
ei kvar tid.
– For at vi skal lukkast med
fellesfjøsen er vi avhengige av at
dei rammevilkåra som gjeld no
held seg oppe, men aller helst bli
betre, understrekar han.
Mellom anna har han eit
ønske om at tilskotsordninga for
dei dyra ein har kan kome opp på
eit høgare nivå. Slik det fungerer
i dag så får ein høgare sats for dei
femten første dyra, medan den er
lågare for dei øvrige. Når fellesfjøset står ferdig vonar Per Ivar
Skodjereite på besøk frå skulen
som ligg rett i nærleiken.
– Det hadde vore kjekt om
skuleelevane nyttar sjansen til å
kome hit for å sjå og lære, seier
han.
7
STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012
Geitene er mellom dei beste kulturlandskapsarbeidarane vi har. Slike vil Geiranger ha fleire av.
Verdsarvbygda gror att når landbruket døyr
Ein etter ein legg
bøndene i Geiranger ned
drifta. Arnfinn Westerås er
ein av berre nokre få som
framleis har dyr.
Britt Ingunn Maurstad
[email protected]
Westerås er svært uroa over
utviklinga i bygda, ikkje minst
med tanke på mangfaldet og attgroing. Ved sidan av han sjølv, er
det eigentleg berre to bønder att
i bygda, ein mjølkeprodusent og
ein som driv med geit.
Grasklipparar
På Westerås har dei mellom 30
og 40 vinterfôra sau og same
antal geit. I tillegg har han sju
lamaer. Han driv med andre ord
gardsbruk i relativt liten skala og
både han og kona har anna arbeid
ved sidan av.
– Slik må det nesten vere om
ein skal få økonomien til å gå
rundt, seier han.
Sjølv om ikkje lamaene
utløyser tilskot av noko slag, og
det i og for seg ikkje er noko å
tene på dei, korkje med ull eller
kjøt eller anna, så er dette dyr
han er stornøgd med.
– Dei er utrulege kulturlandskapsarbeidarar, reine grasklipparane, seier han og fortel at
lamaen også tek grovare ting
som sauene og geitene ikkje et.
Geitene legg eg merke til er
litt mindre av vokster og har litt
tjukkare pels enn vanlege geiter.
– Dei er angorageiter, og
såframt dei held seg tørre, tåler
dei temperaturar ned til minus 30
grader. Men det føreset som sagt
at dei er tørre, for dei har ikkje
lanolin i ulla slik som sauene,
seier han.
Vil gro att
Arnfinn Westerås synes det er synd
at landbruket er i ferd med å døy.
Likevel, Westerås er uroa for
utviklinga i verdsarvbygda no
når landbruket ikkje lenger er
noko næring der.
– Ettersom det nesten ikkje er
bønder att her, er det heller ikkje
dyr, seier han og peikar på at
hovudutfordringa i åra som kjem
vil vere å halde kulturlandskapet
sånn nokon lunde ved like. For
alt kan ikkje ordnast maskinelt,
spesielt ikkje i det mildt sagt
ulendte terrenget ein har i Geiranger.
– Eg veit at kommunen ser
på moglege måtar å løyse dette
på, men kva dei landar på veit
eg ikkje. Og eg trur ikkje det er
mogleg å halde kulturlandskapet
slik det er i dag utan dyr.
Han seier at eitt alternativ
kan vere at dyr frå andre stader
kjem på ”sommarferie” til Geiranger for å beite, men likevel vil
det ikkje vere nok dyr til å hindre
attgroing.
Vurderer kvart år
Sjølv tenkjer han seg om kvart
år med tanke på om det er nokon
vits i å halde fram med dyra.
– Ein må vege det ein legg i
det opp mot kva ein får att, seier
han.
Han fortel at verdsarvtilskotet som kom for nokre få år sidan
hjelper noko og kom i grevens
tid for hans sin del.
– Tilskotet bikka vektskåla
over til å halde fram ei stund til,
seier han.
Verdsarvtilskotet avheng av
Ferdigbetong – Sand
Betongpumping – Singel
6210 Valldal | Tlf. 70 25 77 71 | 45 00 14 05
storleiken på bruket og talet på
dyr og for mange kom tilskotet mange år for seint. Det var
mange små bruk i Geiranger og
dei som dreiv bruka la ned på
grunn av alder – og etterkomarane deira har reist ut og fått seg
utdanning og gode jobbar.
– Det er diverre ikkje attraktivt økonomisk å halde på med
dyrehald. I tillegg er ein bunden
til garden heile tida, og eg trur
ikkje eg ville anbefale mine å ta
over drifta etter meg, seier han.
Skal snart inn
For han og familien er eigentleg
dyra meir eit tilbod til dei som
om sommaren besøker fjellgarden der oppe i fjellsida.
– Det skal liksom vere litt dyr
på ein gard og turistane set pris
på å få sjå og til og med klappe
dyra. Lamaene er også noko litt
eksotisk som folk likar å sjå,
seier han.
Då Storfjordnytt var på
besøk, var det like før vinteren
gjorde sitt inntog her på indre.
Dyra var sanka saman og samla
på beite på Westerås for så å
takast ned i bygda og innomhus.
Sjølv om mange nok har
klaga på ein dårleg sommar i
år, seier Westerås at med tanke
på dyra så har det vore ein fin
sommar.
– Det har vore godt beite i
år, fuktig og grøderikt. Slikt gir
flotte dyr til slakt.
– Synd
Men attende til attgroingsproblematikken. Westerås seier det nok
er fleire årsaker til at verdsarvbøndene har valt å leggje ned
drifta. Ein ting er at verdsarvmidlane kom i seinaste laget for
enkelte av bøndene, dei hadde
allereie lagt ned. For andre er
det restriksjonane styresmaktene har sett når det gjeld verna
område som gjer at enkelte ikkje
får løyve til å gjere dei tiltaka dei
meiner er naudsynte for vidare
drift.
– Og så er det rett og slett eit
generasjonsskifte, seier han.
Mange av dei som har lagt
ned, har vore i ”passande alder”
til å ta det meir med ro, og borna
deira har ikkje ønska å flytte
attende for å bli gardbrukarar.
– Og eg har forståing for det.
Det er ikkje berre berre å gå frå
gode jobbar andre stader og bli
bonde i Geiranger, seier han og
innrømmer at heller ikkje han vil
anbefale den yngre garde å forsøke å leve av gardsdrifta.
– Men det er synd at landbruk
ikkje lenger er noko næring her i
Geiranger.
Matproduksjon og kulturlandskap på indre Sunnmøre
Indre Sunnmøre har landets største konsentrasjon av produsentar innan kjøt og industriell
matproduksjon. Landbruk, nærings- middelindustri og turisme er store næringar nær
internasjonale reisemål som Geiranger, cruisetrafikk og Nasjonal turistveg.
Landbruket ivaretek viktige kulturlandskapsverdiar i dette området.
Den mektige naturen med fjord og fjell, og velstelte gardsbruk med eit aktivt husdyrhald,
særmerker det biletet tilreisande får av regionen.
NORGES BONDELAG
Lokallag i: Norddal/Eidsdal, Geiranger, Valldal, Liabygda og Stordal
8
Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T
-
GÅ TIL EN SOM KAN DET - GÅ TIL FELLESKJØPET
Novemberkupp!
Snøfreseraksling
Ensil tar vare på
fôrkvaliteten og
bedrer lønnsomheten!
FAST LAVPRIS
Effekt av forskjellige ensileringsmidler på
innholdet av vannløselige karbohydrater/sukker
Gardener snøfreser
8hk, 242cc
8990.Våpenskap
FG-godkjent våpenskap
for 5 våpen.
H145cm x B35cm x D30cm.
Vekt 90kg.
Fra
2890.-
60.800.-
ekskl.mva
Kombinasjons gjødselpumpe
DeLaval TP360
John Deere 5080M
Pilkemaster EVO vedmaskiner
- mye traktor for pengene!
Finskproduserte vedmaskiner som har blitt bestselgere på grunn av
unike egenskaper når det gjelder sikkerhet, kraft og hurtighet,
• Markedets raskeste i sin klasse
• Sikker og lettbetjent
• Enkel justering av arbeidshøyden
msJubileu d
• Lettvint sammenfelling for transport
tilbu
ekskl.mva
• Liten transportbredde (2,34 cm)
• Jubileumstilbud på de to mest
virke).
EVO 30 (30cm Vnr 31P
00.
populære modellene til 15.12.12
Ord. pris 47.5
44.900.-
54.900.EVO 36 (36cm
msJubileu d
tilbu
ekskl.mva
.270. Vnr 41P
virke). Ord. pris 59
*Jubileumsprisen innbefatter hydraulisk stokkløft, 6-delt kløyveøks (gjelder EVO 36)
og spak for separat betjening av kløyver uten tillegg i prisen. Verdi 5.260,-
Tlf.: 03520
www.felleskjopet.no
pris
Kampanje
Fast
lavpris
9
STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012
Kristin Gilje Sandnes (nummer to frå høgre) har starta opp med hesteassistert terapi på Stall Bjørstad. Til å hjelpe seg med dette arbeidet har ho med seg Øyvor Berdal (nummer to frå venstre).
På hesteryggen sit fysioterapeut Liv Hanne Svensvik (til venstre) og idrettspedagog Kristin Aarø som leier ei av gruppene frå Muritunet som får tilbod om slik terapi.
Nyttar hest til terapi
– Samvær med dyr kan
ha god effekt på oss menneske, seier Kristin Gilje
Sandnes.
Ingvild Parr
[email protected]
Det er ein kjøleg haustdag, og
på Stall Bjørstad i Valldal er
markane dekka av frost denne
formiddagen. Sola skin men har
ikkje nådd fram til Døving-sida
ennå. Inne i stallen er det godt
og varmt, og her er Kristin Gilje
Sandnes og medhjelpar Øyvor
Berdal godt i gang med dagens
gjeremål. Om ikkje lenge kjem
det besøk til garden, det skal
kome ei gruppe pasientar frå
Muritunet og Kristin kjenner ho
er spent.
– Dette er første gruppe ut
og markerer såleis starten på det
toårige prosjektet vi skal gjennomføre i samarbeid med Muritunet, fortel ho.
Positive effektar
I løpet av den tida prosjektet
varer skal pasientar frå Muritunet gjennom eit opplegg som
går på aktiv betring med hest
gjennom hesteassistert terapi
(H.A.T). Dyreassistert terapi
er i sterk vekst, og stadig fleire
ser kva slags positive effektar
kontakt mellom menneske og
dyr kan ha for både helse og velvære. H.A.T. er ein metode som
blir brukt av fleire kjente institusjonar, slik som Modum Bad i
Vikersund, Attføringssenteret på
Rauland og Veksthuset Gaustad
i Oslo.
– Motivasjonen for å starte
opp med dette er hovudsakleg mi
store interesse for hest. Dessutan har eg ved fleire høve sett at
samvær med dyr kan ha positive
effektar på oss menneske, fortel
Kristin, som i kring ti år har gått
med eit ønske om å starte opp
med slikt arbeid.
– I fjor haust tok eg kontakt
med Muritunet for å høyre om
dei var interesserte i å vere med
på prosjektet, noko dei svarte
bekreftande på. Så då sendte
eg først inn søknaden min til
interesseorganisasjonen
Hest
og helse, som måtte godkjenne
denne før den gjekk vidare til
ExtraStiftelsen Helse og rehabilitering. Det er ExtraStiftelsen
som deler ut tilskot, så då eg
fekk innvilga søknaden min i
november ifjor sa eg umiddelbart
opp jobben som naturforvaltar i
Norddal kommune, seier Kristin
og understrekar samstundes at
det ikkje hadde vore mogleg å gå
i gang med dette utan dei store
investeringane dei sjølve har
gjort på garden dei seinare åra.
Stall Bjørstad har totalt åtte
hestar som skal nyttast i samband med prosjektet, og av desse
er det fem som er ferdig opplært medan tre framleis er under
utdanning.
Ein god terapeut
Det er to pasientgrupper som
skal vere med på dette prosjektet
kvar sin dag i veka i to år framover. Den eine er ei gruppe som
skal gjennom arbeidsretta rehabilitering og den andre består
av pasientar med bekkenplager,
fibromyalgi og nevrologi. Det
er den siste gruppa som er her
i dag, og av desse er det berre
nokre få som har erfaring med
hest. Samlinga startar med ein
kort presentasjon av prosjektet
og litt grunnleggande kunnskap
om hest.
– Hesten har unike eigenskapar som terapeut, den har ingen
fordommar og gir ein umiddelbar ærleg respons, fortel Kristin,
samstundes som ho poengterer
viktigheita av å vise kven som er
sjefen.
– Hestane skjønar ikkje ein
«flat struktur», dei må ha ein
tydeleg leiar, seier ho.
Etter den teoretiske delen går
gruppa ut i stallen for å klappe
og kose med hestane for å bli
litt kjent, før to av hestane blir
plukka ut til å vere med ned på
ridebana. Her får pasientane
høve til å både leie dei og ta ein
ridetur under leiing av anten
Kristin eller Øyvor. Så nær som
alle prøvar hesteryggen denne
dagen og Kristin er imponert
over kor modige dei er, spesielt
med tanke på at nesten ingen av
dei hadde erfaring med hest frå
før.
Tru på opplegget
På evalueringa etterpå kom det
fram at samtlege var svært nøgde
med opplegget og fleire av dei
hadde allereie byrja å gle seg til
neste gong. Pasientgruppa har
med seg idrettspedagog Kristin
Aarø og fysioterapeut Liv Hanne
Svensvik som begge har stor tru
på opplegget.
– Når ein rir så får ein same
bevegelsane i musklaturen som
når ein går, utan at ein treng å
gå. Dette er god trening fordi ein
får både avspenning og bevegelse i musklaturen samstundes,
forklarer Svensvik, medan Aarø
fortel at for dei fleste pasientane
var dette første gong dei har hatt
nærkontakt med hest, og dei var
difor svært spente i forkant.
Utnyttar ressursane
– Eg er veldig godt nøgd med
første økt, fortel Kristin, som
vonar dette prosjektet vil leggje
grunnlaget for at ho kan halde på
med liknande arbeid i mange år
framover.
Kristin har ein mastergrad i
økonomi og ressursforvaltning
frå den tidlegare landbrukshøgskulen på Ås, og ho fortel at ho
har møtt folk som har sagt at ho
gjennom sitt arbeid med hestar
ikkje får brukt utdanninga si.
- Eg er ikkje samd i det, men
dei får meine kva dei vil, seier
ho.
Det er over ti år sidan det
vart slutt med kyr på garden på
Bjørstad, som er foreldra hennar
sin gard. Sjølv er ho gift med ein
odelsgut og bur på andre sida av
dalen.
– Eg er odelsjente her, så vi
får sjå korleis vi løyser det når
den tid kjem.
I perioden frå 1999 til 2004
var det berre jordbærdyrking på
Bjørstad. Då Kristin, som fekk
sin første hest då ho var 12 år,
kom tilbake til bygda etter fullført utdanning i 2004, tok ho
med seg hestane tilbake til Bjørstad.
– Når ein ikkje har kyr lenger,
så synest eg det arbeidet eg no
har fått i gang på Stall Bjørstad
er ein god måte å utnytte ressursane på garden, meiner Kristin,
som i tillegg til H.A.T. nyleg har
starta rideskule for barn og unge
i nærområdet.
10
Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T
Formidlar arbeidskraft til landbruket
Storfjord Landbrukstenester sitt kontor er
samlokalisert med Landbruk Nordvest og Valldal
Grønt på Grandane i
Valldal.
Alfred Nilsen
[email protected]
Storfjord Landbrukstenester er
eigd av brukarane (andelslag)
og er eit selskap med SA til slutt
som tyder samvirkeforetak. Lars
Magnar Muribø er den daglege
leiaren, og den jobben har han
hatt i snart 30 år. På veggen
heng det ein diplom frå Norske
Landbrukstjenester som takk for
framifrå arbeid i 25 år.
Mange kommunar
Det er når bonden treng avløysing eller vikar når dei er sjuke
eller skal ha ferie, dei nyttar
seg av tenestene til Storfjord
Landbrukstenester. Lars Magnar
Muribø skal dekkje det behovet
i kommunane Norddal, Skodje,
Ørskog, Stordal, Stranda, Ålesund, Sula, Giske, Haram og
Sykkylven. Det vert òg utleigd
ein del arbeidskraft til verksem-
der utanfor landbruket. I årsmeldinga deira frå 2012 kan eg lese
at dei er om lag 50 årsverk og 25
av desse er heile stillingar. Same
året løna dei i underkant av 400
personar og omsetninga var på
17.1 millionar kroner.
Lars Magnar Muribø tek seg
òg av system når det berre er eg
som er her på kontoret, men så
langt har det gått bra, seier Lars
Magnar frå sin plass i stolen.
Utanlandsk arbeidskraft
Dei seinare åra har fleire utanlandske arbeidstakarar teke
avløysarjobbar, og av dei 25
heile stillingane Storfjord Landbrukstenester, er 19 av dei tilsette utanlandske arbeidarar
som i hovudsak kjem frå Polen
og Litauen. Fleire er komne til
Norge som jordbærplukkarar og
så busett seg her i området.
Ein av desse er Ireneusz Karpeta frå Polen, som ofte går under
namnet Irek. Han har arbeidd
som avløysar i fire år før han 1.
september 2011 starta som landbruksvikar. I 2008 budde han på
Dyrkorn saman med sambuaren
Edyta Stefanska. Som avløysar
skal han handtere mange ulike
fjøs og det kan vere utfordrande.
Men Ireneusz opplever at han er
Lars Magnar Muribø formidlar arbeidskraft frå kontoret til Storfjord Landbrukstenester på Grandane i Valldal.
teken godt i mot og fått mykje
god hjelp. Han er snar å nemne
Kari på Dyrkorn, Lars Magnar
Muribø i Storfjord Landbrukstenester og Harald Gjedrem.
No har familien kjøpt seg
hus i Murigjerdet og stortrivst
i Norge og Valldal. Ireneusz er
ein sjølvskriven mann å ha med
på prøveprosjektet med opplæring på morsmålet. Han seier det
hadde vore fint som ny avløysar
med informasjon som han lett
kunne forstå. Som avløysar har
han køyrt mykje, og til saman
har han vore innom 30-40 ulike
fjøs.
Foto: Henny Stokseth
DIN SMÅKRAFTPARTNER
TAFJORD® har kompetanse på alle faser av utbyggingen – fra idé til ferdig
kraftverk. I tillegg kommer inngående kjennskap til rammebetingelser.
Kontakt oss på telefon 70 10 00 00 eller på [email protected]
w w w. t a f j o r d ko n s e r n . n o
11
STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012
Harald Jøssvoll ved enden av den 2,5 km lange skogsvegen grunneigarane der har bygd i fleire etappar. 5000 kubikkmeter skog er teke ut og meir står klart om ikkje lenge.
Veg til verdiane
Grana som vart planta på
1950- og 60-talet er i dag
hogstmoden, og store
verdiar står og ventar på
å bli teke ut.
Alfred Nilsen
[email protected]
Mange av grunneigarane på
indre Sunnmøre er medlemmar
i Allskog. Allskog er eit samvirke som er eigd av skogeigarar
i Møre og Romsdal, Trøndelagsfylka, Nordland og Troms.
Skogsvegar
Då uvêret Dagmar herja skogane
resulterte det i mykje felte tre.
No er det den skogen som prioriterast på grunn av at kvaliteten
vert ringare om den blir liggande
for lenge før den vert tatt ut. Elles
er det mykje skog i Stordal og
Norddal som ventar på å bli tatt
ut. Begge kommunane har eigne
skoglag, og 6. oktober hadde
dei jubileumsfest på Blåtind der
dei feira skogeigarsamvirket,
som i dag er blitt til Allskog, sitt
100-årsjubileum.
Utfordringa for å få felt den
hogstmodne skogen er skogsvegar. Mykje av skogen vart
planta i område som det ikkje er
lett å kome til. Skogdagen som
skoglaga i Stordal og Norddal
arrangerte i oktober skulle vise
både korleis hogstmaskinene
arbeidde og korleis ei taubane
vert nytta. På Hove i Stordal har
seks grunneigarar gått saman om
å byggje skogsveg. Kostnadene
på den vegen var om lag ein million kroner utan meirverdiavgift.
Med å søkje dei rette midlane har
dei fått dekt 65 prosent av vegkostnadane, då med eit Dagmartillegg og kan såleis rekne med
å tene pengar på skogen no og i
framtida. I enden av den vegen
er det Dagmar-tømmer som skal
hentast ut, i tillegg til gran som
framleis står er det mykje bjørk
og lauvskog som kan nyttast til
ved. Når dei byggjer skogsvegar
eller plantar skog mot bebyggelse i dag, nyttar dei bjørk og
lauvskog inntil vegen for å få eit
lysare inntrykk.
han ut at dette gjer han ikkje
meir. Allskog sit på stor kompetanse og gjennom å orientere
medlemmane sine, kan grunneigaren få mest mogleg ut av ressursen som skogen er.
Stor i 2020
Harald Jøssvoll seier det er litt
varierande aktivitet i skoglaget
i Stordal og at det ikkje alltid
er lett å få hogstmaskinene til å
kome.
– Det er mange som vil ha
dei samstundes og akkurat no er
det den skogen som er ramma
av Dagmar dei prioriterer, seier
han. Etter prognosar vil Møre
og Romsdal vere eit større skogbruksfylke enn Nord-Trøndelag
som er det største i området til
Allskog i dag.
På Jøssvoll har grunneigarar
bygd skogsveg i fleire etappar,
og Harald Jøssvoll viser meg
vegen og på den kjem vi høgt til
fjells. Høgt oppe er det lunneplass og snuplass for vogntoga. I
fjor haust har dei 24 meter lange
vogntoga henta ut om lag 5000
kubikkmeter virke. På kvart lass
fekk dei med seg 35 kubikk så det
vart nokon vende. Av den skogen
som står her inne er det ikkje
uvanleg å hauste 50 kubikkmeter
per dekar, seier Harald Jøssvoll
og legg til at snittprisen per
kubikk er om lag 290 kroner.
På
jubileumsfesten
på
Blåtind sa Allskog sin næringspolitiske sjef Jarle E. Holberg, at
det er ei myte at vestlandsgrana
ikkje er av særleg god kvalitet.
― Dette er er direkte feil.
Grana på Sunnmøre har ein
ypperleg kvaliet, og Allskog
har så langt i 2012 levert 40.000
kubikkmeter gran som sagbruka
i Midt-Norge er veldig godt nøgd
med kvalieteten på, kunne Holberg fortelje sine medlemmer.
Effektive hogstmaskiner
Harald Jøssvoll seier at dei
prøver å få medlemmane sine
til å ta ut mest mogleg skog, og
gjennom orienteringsmøte vil
dei motivere grunneigarane til å
tenkje langsiktig med vegbygging og taubanedrift.
– Å byggje veg kostar, men
skogen er ein ressurs som kan
haustast av fleire gonger og
vegen kan og nyttast til hyttebygging for dei det ligg til rette
for, seier Harald Jøssvoll.
Han kjem med eit døme på
ein gardbrukar som nyttar tida
mellom fjøsstella til å sjølv
hogge skogen sin gjennom ein
heil vinter. Då han fekk sjå den
moderne hogstmaskina gjere
same jobben på ei lita økt, fann
På skogdagen som fleire skoglag hadde gått saman om å arrangere var temaet vegbygging i bratt terreng og ei
kabelkran vart demonstrert.
12
Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T
Med ei gulrot får dei opp kålrota
I ein kålrotåker i Liabygda
har ungdommen ansvar
for tynning, luking og
hausting. Gulrota dei har
er at til betre avling dei
får, til meir tener dei. I
fjor fekk ungdommane i
familien inntekta av ein
sjettedel av arealet. Dei
andre som jobbar der har
ei grei timeløn.
Alfred Nilsen
[email protected]
På mottaket i Valldal er det rolegare tider, og det som kjem inn
dit på denne tida er potet og
kålrot. Det er seks produsentar
som leverer potet og to som leverer kålrot.
Kålrot til Brussel
Dei som leverer potet til Valldal Grønt sitt mottak sorterer og
pakkar potetene sjølve. Då pakkast potetene i firekilos posar
merka First Price utan at dei vert
vaska. Kålrota som vert levert av
to produsentar tek produsenten
sjølv hand om sortering og vasking på mottaket i Valldal før det
vert køyrt ut til forbrukar gjennom Bama. I midten av oktober
vart det køyrt ut eit parti Vall-
dalskålrot som skulle til Brussel.
Der er det ein norsk leverandør
av mattenester som ville bruke
kålrota frå Valldal saman med
mellom anna sauekjøt frå Ole
Ringdal til å vise kva det norske
kjøkkenet har av råvarer å by på.
Ikkje store mengder
I fjor var det 56 tonn med poteter som vart distribuert gjennom
Valldal Grønt. Dei seks produsentane leverer då Oleva, Pimpernell, Astrix, Peik, Folva og
Keers Pink. Sjølv om ikkje potet
og kålrot er ein stor del av omsetninga til mottaket, seier Harald
Valle at alle monnar dreg og at
det er viktig og ha variasjon av
produkt med høg kvalitet. Potet
er òg eit prispressa produkt som
det ikkje er så lett å få god forteneste på utan å ha store volum. Av kålrot vil mengde i år vere
på mellom 20 og 25 tonn. Når
eg går rundt på mottaket og ser
på dei store kjøleromma, seier
Jon Geirmund Lied at desse var
stappfulle seint på 90-talet. Da
var volumet mangedobla, ja heile
150 – 160 tonn.
Valldalskålrot
Frå ein stamme frå sorten Bangholm kom det på 1920-talet
kålrot til Valldal som sidan er
blitt foredla og tilpassa forholda
her inne. Avlinga av denne typen
er god, og den har høgare C-vita-
Hæ du
haurt det før?
Matias Lied og Anna Gjerde Lied brukte delar av haustferien til å få opp kålrota til Jon Geirmund Lied i Liabygda.
mininnhald enn andre kommersielle sortar.
– Forma er litt flatare og
kålrota tek litt større plass, men
elles har den berre positive
eigenskapar og er grei å dyrke,
seier Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest. Dei tre sortane
som vert dyrka av kålrot her inne
er Altaswede, Valldalskålrota og
Vigod, som er den norske hovudkålrota.
Tre sortar kålrot av det mest brukte slaget. Frå venstre Altaswede, Valldalskålrota og Vigod.
HÅREK DEN HARDBALNE
av Dik Browne
Klukkhøne
Høne som ruger.
Ej trur oss hæ ei klukkhøne
no.
Kjelde: Arne Nydal
Graving, transport, grøfting og dyrking
Levering av pukk, grus og naturmurstein
– ein bilverkstad for alle bilmerke
Mekonomen
6210 Valldal – Tlf. 950 32 687 – 976 69 982 – 971 70 090
Avd. Eidsdal tlf. 911 05 034 | Avd. Ålesund tlf. 95 89 89 00
TRAKTOR
Vi har eit stort produktutval og legg vekt på service og kvalitet i alt vi gjer
Dekk, delar
og service
Vi har sett saman
tre ulike korger
med lokale smakar
du kan velje mellom.
Gåveidear
SMAKEN AV KORTREIST MAT
Du kan òg plukke sjølv
og gle ein du er glad i
med ei smakfull gåve.
6 2 1 0 VA L L DA L - T E L E F O N 7 0 2 5 7 7 0 6 - FA K S 7 0 2 5 7 6 4 6
Tlf. 92 42 92 22
SJØGATA 18 | 6200 STRANDA
WWW.MATBUDA.NO
13
STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012
Morell er eit sjansespel, då dei har lett for å sprekke når regnet kjem. Sigurd Linge satsar i staden på plommer og har dette året planta ut tusen tre.
Dei er ikkje så store, men det er druer som er dyrka fram ved løeveggen til
Annbjørg og Sigurd Linge.
Eg sit i ein stol på Linge
og haustsola varmar. Det
luktar frukt, ei lukt eg kan
hugse frå tidleg barndom
Alfred Nilsen
[email protected]
Lukta av frukt er heilt spesiell,
det er ein gass som vert utvikla
under modninga, seier Sigurd
Linge
Alltid drive med frukt
Han har sidan tidleg på 70-talet
hatt fruktdyrking som arbeid og
garden på Linge som leveveg.
Og når vi i dag snakkar om å
drive fruktgard på Linge, er det
akkurat på grensa, når det gjeld
klima.
– Du skal ikkje så mykje
lenger syd før avlinga fort vert
større på same areal, seier Sigurd
Linge. I tillegg til å drive sin
eigen, forpaktar han nabogarden.
No satsar han på meir plommer
og ti mål med morellar, der trea
var for gamle, vart erstatta med
plommer dette året.
– Vi har planta ut 1000 plommetre, men skulle eigentleg
plante 2000, seier Sigurd Linge.
Sjukdom på ei leveranse frå Nederland var grunnen til at dei ikkje
fekk nok tre. Det er for det meste
Reevs som vert planta, då det er
desse plommene kundane vil ha,
men dei har òg andre sortar som
Malard og Edda.
– Det tek fem til sju år før du
kan rekne med å tene noko på eit
plommetre, seier fruktbonden på
Linge. Kostnaden ved å rydde
vekk gamle tre, gjere klart og
plante ut nye, er om lag 30.000
kroner per dekar legg han til.
Sukkerinnhald
– Denne sesongen har vore kald
og med for lite solvarme, seier
Sigurd.
Summen av solvarme skal
gi eit sukkerinnhald i epla på
tolv prosent. Held dei ikkje dette
nivået brukast dei i industrien, og
det vil seie at det vert laga saft
og andre produkt av dei. No har
Sigurd kjøpt eiga eplepresse og
skal lage saft av eple som han
ikkje leverer til Bama sitt mottak
i Innvik. Epla pressast og safta
vert pasteurisert (varma opp) og
så vert den tappa på pappkartongar.
– Dette skal vi prøve denne
sesongen og prøve å selje det
sjølve og sjå korleis det går, seier
Sigurd Linge. Det er ein måte å
prøve å få meir igjen for frukta
på eigen gard, og når safta er pasteurisert held den i eit år, så da
kan den settast til lagring.
Summen
av solvarme
direkte til mottaket i Innvik. Epla
vert henta av eigen bil og dei vert
levert i storkasser. Plommene
vert det ikkje så store volum
av, så dei leverer dei sjølve med
eigen bil. Sigurd Linge seier han
får eit tonn i sin varebil som han
bruker. Elles så vert ein god del
av frukta som vert hausta på
Linge, seld der. No når hausten
er komen så langt, er det ikkje så
mykje folk som fartar forbi, men
i helgene er det framleis mange
som stikk innom for å kjøpe
frukt.
Det opne landskapet og plasseringa midt i sola gjer Linge til
ein stad dei kan dyrke frukt så
langt nord. Og det er den nordlegaste plassen frukt vert dyrka i så
stor stil. Opp gjennom åra er det
mange ulike eksotiske artar dei
har prøvd å dyrke der. Aprikos
mellom anna. Ved løeveggen har
Sigurd og Annbjørg i år fått fram
druer. Plantane er store, men
druene er små og ganske sure,
men klasar med druer kan Sigurd
vise fram.
Fruktlageret
Dei to gardane på Linge som
driv størst med frukt, eig fruktlageret ilag. Før sorterte dei epla
der, men krava til maskiner og
kjølelager er så avanserte og vert
så kostbare at dei no leverer eple
På garden på Linge har Sigurd eige kjølerom og pakkehus med fruktutsal.
Lukta av frukta dei dyrkar på Linge gjer at du lett får lyst til å sette tennene i
eit friskt eple eller ei søt plomme.
14
Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T
Har du bruk for
rekneskapstenester?
Gjødselmiksar – ei god, enkel og rimeleg løysing
❚ Horisontal montering gir svært
god blandeeffekt
❚ Fast montering i vegg gjer arbeidet
med gjødselblanding enkelt
❚ Full utnytting av høgde i gjødsellager
❚ Stabil og solid konstruksjon
❚ Kan leverast med skrå festeplate
Vi kan tilby:
Rekneskap
med løn, fakturering
og andre administrative rutinar
Eigarskifte
– gode råd og alt «papirarbeidet»
Driftsplanar
og økonomisk rettleiing
Vi har
lang erfaring
og solid fagkunnskap
og er ein
aktiv medhjelpar
i lokal næringsutvikling
6250 Stordal – Tlf. 70 27 80 20
Vi er på heimebane
– bruk ditt lokale forsikringsselskap –
Tiden går
Gjensidige består
– lokalt styrt og lokalt eigd sidane 1859 –
Pb 82 6211 Valldal | Tlf 70 25 96 60 | [email protected]
Storgata 8, 6200 Stranda – Tlf. 70 26 92 50
Bank - meir enn pengar
Ved å vere bank for både privatpersonar og landbruk bidreg vi til å
skape vekst og utvikling i lokalsamfunnet. Omstilling frå færre til større
einingar i landbruket har vore nødvendig for mange. Vi kan bidra med
kapital, kunnskap og erfaring.
I tillegg deler vi banken sitt overskot med lokalsamfunnet. Vi fordeler
om lag ein halv million kroner til lag og organisasjonar i Norddal i 2012.
Det gjer vi fordi vi høyrer til her!
15
STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012
Mange av tilskotsordningane er retta inn mot beiting for på den måten å stelle kulturlandskapet.
Tilskotsordningar i og rundt verdsarvområdet
Det er mange tilskotsordningar for bøndene. I
tillegg finnest det eigne
verdsarvmidlar for
gardbrukarar i og rundt
verdsarvområdet vårt,
Geiranger.
Britt Ingunn Maurstad
[email protected]
Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCOs verdsarvliste i 2005, med bakgrunn i
naturlandskapet. Tittelen medfører krav til bevaring av området
og avgrensingar på utbygging
og modernisering av mellom
anna driftsbygningar. Det gir dei
bøndene som er att i og rundt
verdsarvbygda ekstra utfordringar både med omsyn til drifta og
ikkje minst, økonomisk.
Det er utarbeidd forvaltningsplanar og tiltaksplanar for
Vestnorsk fjordlandskap som
inneheld informasjon om korleis
arbeidet med verdsarven skal gå
føre seg.
For Geiranger sin del vil det
seie tiltak for å styrke setring og
tiltak for å ivareta aktivt landbruk
som er vesentleg for bevaring av
kulturlandskapet i området. Til
dette vert det løyvd særskilte
verdsarvmidlar som vert fordelte
på Geiranger, Nærøyfjorden og
Vegaøyane.
Evaluering av ulike tilskot
I tillegg til verdsarvmidlane, er
det ei heil rekkje andre tilskotsordningar innan landbruket.
Mellom anna er det tilskot som
skal fremje beiting, og i jordbruksoppgjeret for i fjor vart det
semje mellom partane om at det
skulle gjennomførast ein ekstern
evaluering av tilskotsordningane
som har som formål å stimulere
til beiting. Norsk institutt for
landbruksøkonomisk forskning
(NILF) har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet
(LMD) og Statens landbruksforvaltning (SLF) vurdert både
verdsarvmidlane over LUF og
tilskotsordningane som dreier
seg om beiting.
Mange ulike tilskot
Det er mange tilskotsordningar, mellom anna tilskot til dyr
på beite, utmarksbeitetilskot,
areal- og kulturlandskapstilskot
til innmarksbeite (AK-tilskot),
RMP-midlar, SMIL-midlar og
BU-midlar.
RMP står for regionalt miljøprogram. Desse midlane er
rettigheitsbaserte, det vil seie
at bøndene får dersom dei stetter krava. RMP vert forvalta av
Fylkesmannen etter regionale
prioriteringar. I verdsarvområdet
vert RPM-tilskot gitt til beitelag
og organisert beitebruk og kan
bli gitt som eit ekstra tilskot til
husdyr på utmarksbeite. RPMmidlar kan mellom anna også
nyttast som tilskot til drift av
areal som er brattare enn 1:5, til
stell av automatisk freda kulturminne og til stell av areal i soner
med særs verdfullt kulturlandskap.
SMIL står for spesielle miljøtiltak i landbruket og desse
midlane er prosjektbaserte. Dei
forvaltast på kommunalt nivå,
etter prosjektsøknad frå bøndene og går stort sett til prosjekt
og investeringar innan natur- og
kulturminneverdiar. I verdsarvområdet er det ifølgje NILF få
som mottek SMIL-midlar eller
investeringsstøtte over verdsarvsatsinga. Grunngjevinga for det
kan vere samansett, men SMILtilskota er små og dermed ikkje
store nok til å møte dei største
investeringsbehova. Ein annan
grunn er dei avgrensingane som
verdsarvstatusen set for utbygging og modernisering av drifta.
Bygdeutviklingsmidlane,
eller BU-midlane, vert i hovudsak forvalta av Innovasjon Norge
og går for det meste til større prosjekt som til dømes driftsbygningar.
Beiting viktig
Beiting har fleire føremål, og det
å sende dyr ut på beite vert av
bøndene sett på som beste måten
å halde kulturlandskapet i hevd
på. I vårt område er det for det
meste sau og geit som har sommarjobb som kulturlandskapsarbeidarar.
Også sentrale styresmakter
interesserer seg for beiting og
Stortinget har nyleg fått ei melding om landbruks- og matpolitikken og der vert det nemnt
minst tre føremål med å stimulere til meir beiting. Det vert frå
departementshold sagt at beitebruk er ein økologisk og økonomisk berekraftig måte å nytte
norske arealressursar til å produsere mat. Vidare vert det sagt at
beitebruk er viktig for å nå mål
om pleie av kulturlandskap og
ivareta biologisk mangfald, i tillegg til at beitebruk er ein kulturberar i norsk landbruk med sine
lange tradisjonar for beiting i
utmark og setring.
Mål eller middel?
NILF konkluderer med at beitetilskota bidrar til meir beiting,
men at effekten er relativt liten,
spesielt for sau og lam. Det vert
sagt at det er tvilsomt om ordningane er målretta nok og det er
uklart for rapportskrivar om verkemidla er meint å støtte beiting
generelt eller beiting i utmark
spesielt.
Eit spørsmål NILF stiller, er
om beiting er eit mål eller eit
middel. Dei seier at slik ordningane er i dag, så er det lett å tolke
beiting som eit mål og ikkje som
eit middel for å nå eit mål.
Dei politiske signala er ikkje
klare på om det er beite generelt,
beite på utmark eller beite på
spesielle areal som er viktigast.
Innføringa av det generelle beitetilskotet for seks år sidan kan
tyde på at det politisk er blitt lagt
meir vekt på beiting generelt enn
utmarksbeite spesielt.
Det har i fleire år vore føringar frå departementshald om
beiting. Eit gjennomgangstema
er at vi her i landet må utnytte
alle ressursar, også beiteressursar, til å produsere mat. Beiting
er oppfatta som ein viktig del av
landbruket, noko også viljen til å
gje tilskot til beiting også viser.
Nasjonalt miljøprogram
Beitetilskotet som vart innført i
2006 hadde som del av grunngjevinga for innføring at delar
av kulturlandskapet er truga av
attgroing på grunn av redusert
beiting. Det vart den gongen sagt
at beitedyr ikkje berre held landskape ope og førebyggjer attgroing, men også bidrar til større
opplevingar av eit vakkert og
variert kulturlandskap. Dermed
vart beitetilskotet innretta mot
både dyr og skjøtselstiltak som
gjerding, rydding av beite og liknande.
I dag er beiteordningane del
av Nasjonalt miljøprogram og
har mellom anna som mål å sikre
eit ope og variert jordbruks- og
kulturlandskap. Nasjonalt miljøprogram set rammene for RMP
og SMIL og fylkesmessige og
kommunale prioriteringer skal
sjåast i samanheng med nasjonale føringar. Ein kan dele tilskotsordningane inn i fleire nivå,
med staten på toppen. Det er
staten som handterer slikt som
arealtilskot, kulturlandskapstilskot, tilskot til dyr på beite og
tilskot til dyr på utmarksbeite.
Neste nivå er fylkeskommunen som administrerer RMPmidlane. Så har ein kommunalt
nivå som har ansvaret for SMILmidlane og til nedst finn vi
garden og kvar einskild gard sin
miljøplan.
Må ut for å få tilskot
NILF skriv i rapporten sin at beitetilskota alt i alt bidreg til mer
beiting, men at effekten er relativt liten, spesielt for sauer og
lam som truleg ville ha vore på
beite uansett. Det er også tvilsamt om ordningane er målretta
nok.
For å få beitetilskot, må dyra
vere ute i minst fem veker. Sett
på landsbasis går sau og lam stort
sett på beite i minst 12-16 veker
og kvalifiserer på den måten for
beitetilskot. Det er med heimel
i mellom anna dyrevernlova at
det er gitt føresegner om beiting for dei ulike dyregruppene.
Til dømes er det slik at storfe i
båsfjøs iallfall skal vere på beite
eller på anna vis sikrast mosjon i
minst åtte veker i året. For storfe
i lausdriftfjøs er det førebels
fritak for sommarferieplikt, men
frå nyttår skal også dei få sommarferie.
Konklusjonar
Konklusjonane til NILF er at
tilskotsordningane må vidareførast. Spesielt verdsarvsatsinga
treff godt med omsyn til arealstøtte og beitebidrag, men i liten
grad investeringsstøtte og kulturbidrag. NILF ser det slik at ein
også bør inkludere høve til å få
investeringstilskot. I tillegg kan
det vere naudsynt med større
andel beitetilskot enn arealtilskot for å oppretthalde drift av
husdyr framfor arealtilskot som
går til slått. Det er eit stort behov
for investeringar både innanfor
verdsarvområdet og ikkje minst,
i randsonene og det vert tilrådd
å sjå på støtteordningane til dei
som bur i randsona.
Når det gjeld dei andre tilskota, seier NILF at tilskotssatsane utgjer så lite at dei ikkje
kan kompensere for meir enn
små ulemper ved beiting. I ein
del høve er det så stor avstand
mellom bruket og sommarbeitet,
spesielt utmarksbeitet, at dyra
må fraktast med traktor eller
anna. Dette kan medføre betydelege kostnader og vil også kunne
gjere at tilsyn blir meir tidkrevjande. Det vert dermed antyda at
utmarksbeitetilskot kan kompensere for slike ulemper og stimulere til meir beiting i utmark.
Sjølv om dei aller fleste
ønskjer eit levande landbruk
og innser at ymse tilskot er ein
føresetnad for næringa, lever dei
ulike tilskotsordningane farleg
kvart år, både under jordbruksforhandlingane og i budsjettarbeidet.
16
Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T
GRUBLERI
Vandelaus – Sudoku Overkomleg – Sudoku Hardnuen – Sudoku Utkropen – Sudoku
8 4
6 2
2 9 3 4
9 6 3
4
9
2
4 6
1 9 8
1 5
1 4 2
8
2
6
1
6 8
1
2
3
1 8
9
2
8 3
7
1
1
3
2 7 1
5
3
9
2
4
5
8 3
9 6
1
8
2
6
7 9
7 9
4 6
3
4 5
3
7
3
9
6 1
9
4
8
6 3
5
3 6
8
4
8 9
7
2
6
4
6
7 5
3
2
4
6
1
7
1 5 3
1
9
4
8
Kryssord nr 149
MÅLARSTYKKE
OPERA
REISK.
HASTE
INITIALORD
ORM
DYRET
FUGLEN
STAT
LEIKAR
GRØDE
PREST
AVIS
HUD
VOKALEN
SYMJE
ÅR
FLÅTE
GASS
FASE
FARGE
ØYGRUPPE
GLI
RIKSSTYRAR
DRIKK
NAMN
LYS
DIKT
MASKIN
DESSERT
ART.
FRISK
KV.NAMN
UKJEND
YPPARLEGE
VERS
HUMRE
TAL
MANNSNAMN
SLANGE
KJÆRLEIKEN
REISE
PRØVA
KLANT
SINTE
PRON.
LEGGE
SAMAN
ARVEANLEGG
BY
2000
EUROPEISKE
FRED
KAOS
TONE
KYRKJESOKN
KV.NAMN
ØY
RÅVARE
TYNN
SINTE
VEIK
NASJON
ØYBUAR
TRÅD
ORGANISASJ.
NÆR
HYLLE
KAV
HÆR
FISKEN
STUDER
-TE
FRÅ
M.NAMN
OS
SVINGOM
LIKE
KEISAR
GUD
SKIP
MÅSE
KORT
REISK.
(OMV.)
LIKE
TITTEL
PREST
LIKE
BLAD
LAUGE
GRIP
(OMV)
TAL
SEKUND
HAST
YRKESTITTEL
PLANTE
BRUS
FUGL
ART.
LIKE
ULIKT
STOLT
GUD
VASKEMIDDEL
HAT
SVAR
PLANTE
FRED
BY
NESTE
PADLE
KONJ.
MAGASIN
FORSTÅ
SKRAP
NASJON
LIKE
55
STAD
INNSLAG
PRON.
MOTTA
ME
DYR
Send kryssordnummer med løysingsordet til: [email protected] eller Storfjordnytt, postboks 134 – 6211 Valldal
innan laurdag 17. november. Hugs namn og adresse!
Sudokuløysing frå sist
2
7
5
4
3
9
6
8
1
9
8
6
1
2
5
4
3
7
4
3
1
6
8
7
9
5
2
7
5
4
2
1
6
3
9
8
1
6
8
9
5
3
7
2
4
3
9
2
7
4
8
1
6
5
8
2
9
3
7
1
5
4
6
6
4
7
5
9
2
8
1
3
5
1
3
8
6
4
2
7
9
5
2
7
8
6
1
9
3
4
9
1
6
2
3
4
7
5
8
8
4
3
5
7
9
6
2
1
6
5
2
1
4
3
8
7
9
7
9
4
6
5
8
3
1
2
1
3
8
9
2
7
5
4
6
3
8
5
4
9
2
1
6
7
4
6
9
7
1
5
2
8
3
2
7
1
3
8
6
4
9
5
7
6
3
9
5
8
1
2
4
1
2
5
6
7
4
3
9
8
4
8
9
3
1
2
5
7
6
8
5
4
2
3
9
7
6
1
3
1
2
7
4
6
9
8
5
6
9
7
1
8
5
4
3
2
5
7
1
8
2
3
6
4
9
9
4
8
5
6
7
2
1
3
2
3
6
4
9
1
8
5
7
2
7
4
5
8
9
3
6
1
5
1
3
4
7
6
2
9
8
8
9
6
3
1
2
4
7
5
3
6
5
8
9
4
1
2
7
9
4
7
2
3
1
8
5
6
1
2
8
7
6
5
9
4
3
7
8
9
6
2
3
5
1
4
6
5
2
1
4
8
7
3
9
4
3
1
9
5
7
6
8
2
17
STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012
Kom innom å få tilbod
på ny traktor
Vi har òg brukte traktorar i tillegg til ein
moderne verkstad med godt kvalifiserte
mekanikarar og stort delelager.
Service og klargjering
Grasutstyr
Ny kraftpakke frå
Bestiller du før
15. desember 2012,
kan vi gi deg eit tilbod
du kan hauste med
i mange år!
Deutz-Fahr
Agrotron 7250 Ttv
Ny modell introdusert
100-120 HK
Du finn oss
i Djupøyna
VALLDAL
www.stihl.no
www.stihl.no
6210 Valldal – Tlf. 70 25 96 50 – Vakttelefon 916 94 113 – www.remseth-maskin.no
Smaken av sommar
- heile året
I tillegg til motorsager finn du eit utval av verneutstyr
og utstyr til bruk i skogen i Stihl-butikken vår.
Velkomen innom!
6210 VALLDAL – TLF. 70 25 75 54
Vedlikehald, påbygg eller ny fjøs?
Vi leverer det du trenger av byggvarer:
Trelast – dører – vindu – veggplater
takplater – porter - måling
Fraktfritt levert i Norddal, Stordal
og Stranda kommune.
Valldal Grønt AS 6210 Valldal – www.valldal.com
VALLDAL HØVLERI AS
6210 VALLDAL – Tlf. 70 25 85 80 – www.v-h.no
Sauehotell
18
Laurdag 10. november 2012 • STORFJORDNY T T
Næringssjef i Norddal
kommune, Toralv Klokkehaug, er særs optimistisk
med tanke på landbruket i
kommunen. Men har også
kritiske merknader til
delar av lovverket.
Britt Ingunn Maurstad
[email protected]
Optimismen grunngir han med
dei store investeringane bøndene
i kommunen, og då spesielt i dei
to bygdene på sørsida av fjorden,
har gjort dei siste åra og ikkje
minst nytenkinga mellom bøndene.
– Det har vore investert
fleire titals millionar på sørsida
dei siste få åra. Og det som er
så moro er at det ikkje berre er
ungdommen som satsar, men dei
andre også. Dette er faktisk noko
heilt spesielt, seier han.
Hotell i særklasse
Med nytenking mellom bøndene, sikta han først og fremst
til noko han kallar sauehotell i
verdsarvklasse. Litt humoristisk
kan sjølv ein næringssjef vere,
og innrømmer at namnet er inspirert av fjernsynsserien “hotell i
særklasse” – og eit namn var jo
kjekt å ha når ein søkjer fylket
om midlar til eit forprosjekt.
Klokkehaug som næringssjef
har nemleg hjelpt initiativtakar
Georg Indreeide med å søkje om
midlar til eit forprosjekt som skal
kartlegge moglegheitene for ein
fellesfjøs for sau på sørsida av
fjorden. Meir spesifikk enn det
kan han ikkje vere, for ein har
enno ikkje tenkt så langt som til
kvar noko slikt skal plasserast.
Klokkehaug fortel at grunngjevinga for å sjå på ein fellesfjøs også for sau er å ha ein meir
rasjonell handtering og drift av
sauehaldet, spesielt vinterstid og
å behalde dei sauebøndene som
er att for å ta vare på kulturlandskapet i og rundt verdsarvområdet. Han fortel at også Stranda
kommune er positiv til initiativet, dei ser det som ein måte å
redde turistnæringa og verdsarvstatusen på. Han vonar det også
vil vere mogleg å få Nasjonal
Turistveg med på planane – om
dei viser seg å verte noko av, for
det å hindre attgroing av ”gullruta” frå Geiranger og retning
Trollstigen, er også i deira interesse.
Du skal ha ein god rygg for å vere bonde i dag.
Gi kroppen din den beste kvile!
÷ 25% på
madrasser
Gjeld laurdag 10. – laurdag 17. november 2012
Sylte 6210 Valldal
Tlf. 48 08 21 01 – www.hlmuri.no – [email protected]
og odelslov
19
STORFJORDNY T T sitt landbruksnummer • Laurdag 10. november 2012
Georg Indreeide som er den
som har sysla mest med ideen,
synest ikkje det er nokon grunn
til å snakke så mykje om ”sauehotellet” enno, ettersom det berre
er på tankestadiet. Førebels.
flinke og gjort det dei har kunna
for å tilpasse seg stadig nye krav
frå sentralt hald. No er det rett og
slett ikkje så mykje meir å hente,
meiner han.
Smertegrensa er nådd
Når det gjeld tankane til Georg
Indreeide med sauehotell, så er
han positiv.
– Dette er ein helt ny måte å
tenke sauedrift på, og altså ein
mykje meir effektiv og profesjonell handtering av dyra vinterstid.
Viss fylket finn å kunne gje
midlar til eit forprosjekt i saka,
oppmodar han Indreeide og dei
han drodlar høgt saman med om
å reise rundt og sjå på liknande
prosjekt andre stader for å sjå og
lære.
– Noko slikt som dette krev
nøye planlegging. For ein må
satse på ein modell som ikkje
krev så alt for store investeringar,
og det betyr at dei bøndene som
eventuelt blir med på dette, må
tenke kreativt.
Det med attgroingsproblematikken er noko næringssjefen er
svært oppteken av.
Det er eit stort behov for dei
beitedyra vi har og utmarka blir
så lite nytta. Samdrifter utnytter
diverre ikkje beitemarka på same
måten som tidlegare, seier han.
Sjølv om han forstår at drivarane vel å organisere seg i samdrifter, så er han klar på at dei
skapar nye utfordringar mellom
anna med omsyn til beiting og
ikkje minst det faktum at ein får
ein struktur med svært mange
passive gardbrukarar og berre
nokre få aktive.
– Likevel, samdriftene redder
noko av drifta. For mange av dei
som no er med i ei av samdriftene våre, hadde kanskje alternativet vore å leggje ned.
Klokkehaug meiner at smertegrensa for kor mykje ein kan
effektivisere og rasjonalisere i
landbruket no er nådd.
– Eg synest bøndene har vore
Kreativitet må til
Verdsarvkjøt
Det er mykje næringssjefen har
på hjartet når det kjem til landbruket i Norddal kommune. Det
er alt frå tilskot – der det frå
❚ Graving, større
og mindre oppdrag
nyttår i tillegg til slikt som arealtilskot og beitetilskot, også vert
gitt tilskot til grøfting med inntil
1.000 kroner per dekar.
– Når det offentlege går inn
med små midlar, kan det føre til
store ting, seier han entusiastisk
og legg til at slike tilskot som
dette er ein viss anerkjenning av
kva bøndene held på med.
Andre ting han har på hjartet,
er dette med å i større grad kunne
vidareforedle varene sjølve.
– Tenk deg å kunne selje
ting som ”reinheimen sauekjøtt”
eller ”verdsarvkjøt”, seier han og
meinar at lokal mat som er lokalt
vidareforedla så definitivt kan
nyttast i marknadsføring.
– Folk vil faktisk vite kvar
akkurat den sauen dei et til
middag har gått og beita.
Han meiner at lokalt råstoff
som blir vidareforedla lokalt og
ikkje minst, omsett lokalt, vil gi
auka inntekter til produsentane.
– Men vi manglar eit omsetningsapparat som fungerer, seier
han og ønskjer seg ein plass, ein
eigen utsalsstad der folk kan
finne alle lokale godbitar som
vert produsert i kommunen på
ein stad og viser til Matbuda på
Stranda som eit døme på ein slik
stad.
Oppteken av busetnad
Andre ting han gjerne vil snakke
om, er landbruksmeldinga for
Møre og Romsdal som han nettopp har gitt ein høyringsuttale
til. Han seier at mange gløymer
at landbruket i dag er noko heilt
anna enn for berre nokre få år
sidan.
– For 30 år sidan var ein gard
eit familiebruk og henta inntekta
si derifrå. No er det vel knapt
nokon som hentar heile inntekta
si frå landbruket.
Samstundes meiner han at
landbruket er ein viktig føresetnad for at det framleis skal vere
busetnad i bygdene våre.
– I 1950 var det 2500 innbyggjarar i kommunen, i dag er det
drygt 1700. Om utviklinga held
fram, vil det om 120 år ikkje vere
nokon att her. Det er utfordringa
vi har. Og landbruket er ein
viktig føresetnad her.
– Vekk med odelslova
Og så er vi framme ved kjepphesten hans, nemleg odelslova.
Den likar han ikkje i det heile
tatt.
– Odelslova er det mest tragiske vi har i landbruket. Den er
gammaldags og urettferdig. Folk
forstår den rett og slett ikkje,
❚ Formidling av landruksvikarar
og avløysarar
❚ Septikanlegg, tomting
og muring
❚ Utfører også slått
og jordarbeid
Kontakt Håvard Sunde, tlf. 95 92 74 16
Trefelling – Flishogging – Trepleie – Skogsdrift
Skogrydding – Kulturlandskapspleie
Kurs i AKTIVT SKOGBRUK
1•2•Tre 6212 Liabygda – Tlf. 97 12 97 85
❚ Formidlar òg
arbeidskraft til andre
typer arbeid
Bokslepp
Tlf. 70 25 78 50
[email protected]
www.storfjordnytt.no
på grendahuset i Norddal
søndag 11. november kl 16.00
Presentasjon av ny biletbok
Kaffi og kaker
Overrasking
Sal av boka
29. november - 2. desember
(forbehold om nok deltakere)
Mer info: http://nordvest.lr.no/
Kristiansand Truckopplæring
er faglig ansvarlig.
Info og påmelding innen 23. november til:
Gerd, tlf. 909 98 479 eller [email protected]
Produsert lokalt
av lokalt virke
Gjermundnes
Teikn
eit abonnement
på lokalavisa!
Storfjord Landbrukstenester Pb 132 – 6211 Valldal – Tlf. 70 25 78 00
Fagkjeden
Norddal mållag
Maskinførerkurs
seier han og fortel at odelsretten
er ein særnorsk rett som ikkje
finnest nokon annan stad i andre
vestlege land. Til dømes hadde
Danmark noko liknande som
vart starta avvikla på slutten av
1600-talet og endeleg avskaffa i
1926. Men elementer av odelsretten er integrert i arvelovgjevinga i enkelte andre land, men
ikkje mange. Han er fullstendig
klar over at han ved å meine slik
han gjer trakkar mange på tærne,
men han meiner debatten er for
viktig til å berre la ligge.
– Vi har diverre mange døme
på born som ikkje er skikka som
sit som eigarar av gardsbruk
på grunn av odel. Og mange
av desse er med på bryte ned
omdømmet til næringa, meiner
han.
Dessutan er odelslova eit stort
hinder for sal av gardsbruk på
den opne marknaden. Og det er
synd, for det er stor etterspurnad
etter slike eigedommar, seier han
og trur Norddal kommune kunne
ha fått iallfall nokre nytilflyttarar
dersom odelslova ikkje hindra fri
omsetnad av slike eigedommar.
– Den er rett og slett til hinder
for busetnad rundt om i bygdenorge, avsluttar han.
®
Ørskog Bilsenter Antirust
Tlf. 99 55 11 05
Villmarkskledning
Natursøyler
Spesialdimensjonar
– og snart sel vi óg vanleg trelast
Omenås Sagbruk
6210 Val l d a l – Tl f. 9 0 8 9 6 5 4 0
Tips oss om store og små nyheiter på
Reagerer på
Tine-framlegg
I førre veke stod det å
lese i Nationen at Tine
ønskjer å redusere kvotene på geitemjølk. Med
det tergar dei på seg
geitebøndene og organisasjonane deira.
Britt Ingunn Maurstad
[email protected]
Tine ønskjer altså å kutte geitemelkkvotene med to prosent allereie frå neste år. Det er
grunngjeve med at behovet for
geitemjølk er venta å vere 16,8
millionar liter i 2013 mot 17,2
millionar liter førre år. Spesielt
er det nedgang i salet av geitost
som gjer at behovet for geitemjølk vert lågare. Tine seier at
dersom kvotene ikkje vert endra
så vil samla leveranse av geitemjølk neste år vere på om lag
19,2 millionar liter, noko som
ifølgje deira prognoser er alt for
mykje. Tine føreslår at kvotereduksjonen går av den disponible
kvoten til bøndene, ikkje grunnkvoten.
Det er Landbruks- og matdepartementet som bestemmer
mjølkekvotene og ei avgjerd om
kvotene til neste år er venta i
desse tider.
Færre bønder, meir mjølk
Talet på produsentar av geitemjølk har gått kraftig ned dei
siste åra, medan produksjonen
hos kvar einskild produsent har
auka kraftig.
I 2000 var det på landsbasis
Tlf. 70 25 78 50 – [email protected]
650 produsentar som søkte om
tilskot til mjølkegeiter og desse
hadde ein gjennomsnittleg kvote
på om lag 35.000 liter. I fjor var
det berre 376 produsentar, med
ein gjennomsnittskvote på om
lag 61.500 liter. Det vil seie at
sjølv om talet på geitebønder har
gått ned, så har produktiviteten
auka kraftig.
Kritisk
Leiar i Møre og Romsdal Sau
og Geit, Inger Johanne Tafjord,
er – til liks med kollegaer andre
stader i landet – kritisk til framlegget frå Tine.
– Det som er det mest urovekkjande, er signala dette gir,
seier ho.
Ho peikar på at ikkje på langt
nær nok av mjølka som vert nytta
og det faktum at Tine slett ikkje
har marknadsført produkt av geitemjølk godt nok.
– Eg meiner å hugse at det
vart tilsett ein person som berre
skulle drive med marknadsføring
av geiteprodukt?
– Det stemmer, det vart tilsett ein slik person. Men vedkomande er ute i permisjon, så det
arbeidet ligg førebels nede, seier
ho.
Konsekvensar
– Kva vil ein slik reduksjon i
kvotene ha å seie for geitebøndene?
– Det har heilt klart økonomiske konsekvensar, seier ho og
peikar på dei enormt store investeringane som mange bønder –
også her i bygdene – har gjort dei
siste åra.
– Dersom dette slår til, så
Inger Johanne Tafjor, geitebonde og leiar av Møre og Romsdal Sau og Geit, reagerer på framlegg om kvotekutt.
vil det på sikt føre til færre dyr
som igjen vil føre til færre dyr på
beite, noko som i sin tur fører til
meir og fortare attgroing av landskapet, seier ho.
På Kilsti kan det hende dette
vil føre til at det ikkje lenger er
250 geiter som beitar rundt Kilstivatnet, men kanskje ein del
færre.
– I tillegg kan det bety at vi
må vurdere å ikkje la kjea våre
beite på Homlong slik vi har
gjort, men heller ha dei heime
for å halde i hevd vårt eige kulturlandskap, seier ho, men presiserer at dette berre er tankar
ho førebels har gjort seg om
kva konsekvensane av reduserte
kvoter kan bli.
Spesielt for Geiranger der det
frå før av er lite beitedyr att, kan
konsekvensane bli store.
– Med tanke på kulturlandskapet og attgroingsproblematikken er dei avhengige av å få dyr
inn frå nabobygdene på sommarferie.
Eit anna moment ho trekk
fram, er dette med kvoteleige.
– Dei aller fleste leiger kvoter
og ein reduksjon som føreslått
vil bety at vi må betale leige for
noko vi ikkje får brukt. Det er
ganske alvorleg.
Kjedemakta er stor
Ho seier at mykje av problemet
er at kjedemakta er skremmande
stor. Ein slit med å få nisjeprodukt inn i sortimentet til butikkane. Ho har sjølv vore ein runde
rundt om i butikkane her på indre
og i Ålesund for å få dei til å ta
inn den faste kvite snøfrisken.
Ho har fått avslag alle stader,
unntatt hos Eurospar.
– Det er einaste staden i heile
området her det er mogleg å få
tak i osten, seier ho.
Og ho har ei lita tilståing å
kome med. Sjølv om ho sjølv
er geitebonde, så har ho ikkje
vore særleg begeistra for geitost.
Inntil no.
– Den kvite faste snøfriskosten er berre aldeles nydeleg, seier
ho og legg til at med eit slikt
produkt så veit ein kva ein får, i
motsetnad til visse andre produkt
ein finn i ostedisken. Her viser
ho spesielt til produkt som utgjer
seg for å vere ost, men som ikkje
er det.
– Ta til dømes den rivne
”osten” til Coop og FirstPrice.
Det er ikkje så rart at forbrukaren
trur det er ost når produktet ligg
saman med tilsvarande produkter som faktisk er ost. Men ost er
det altså ikkje, konstaterer ho og
fortel at ho – til liks med svært
mange andre forbrukarar er blitt
meir bevisst kva som snik seg
med i handlevogna når ho er på
butikken.
– Eg trur ikkje forbrukarane
er like opptekne av at det skal
vere billig som dei var før. Og
så er det slik at om noko er overraskande billig, så kan ein vere
ganske så viss på at det er noko
muffens med produktet, avsluttar
ho og oppmodar oss alle til å lese
på pakken kva produktet inneheld og bli meir medvitne når det
gjeld kva i puttar i oss.
Lesarbiletet
Send eit av dine blinkskot med ein bilettekst til:
[email protected] – og få det på trykk
Fotograf: Randi Flø> Gode sommarminne