Kongevegen over filefjell

Transcription

Kongevegen over filefjell
Ny bruk av gamal veg
Flotte turar langs Kongevegen
Kongevegen over Filefjell er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike
offentlege og private aktørar. Prosjektet ynskjer å formidle den
nasjonalt viktige samferdslehistoria over Filefjell, og å leggje til rette
for ein 10 mil lang, samanhengande kulturhistorisk turveg mellom
Lærdalsøyri og Vang. Den historiske Kongevegen er ein gjennomgåande raud tråd i prosjektet, men der denne er borte eller ikkje
eignar seg til turbruk, kan ein nytte alternative trasear for å få ei
samanhengande rute.
Galdane – Dei frykta Galdane langs Lærdalselvi er i dag ein fin turveg.
Frå Sjurhaugen til Seltun, ca. 4 km. Fin rundtur om ein tek Seltunåsen
andre veg.
Kongevegen
over filefjell
Vindhella – eit av Noregs mest kjende vegstykke. Frå Borgund stavkyrkje
til Husum, ca. 2 km. Fin rundtur om ein tek Sverrestigen andre vegen.
Men Kongevegen over Filefjell ynskjer også å tilby ei total ferieoppleving der vandraren skal nyta opplevingane undervegs med
alle sansar. Her kan ein få ei sorglaus vandring på historiske veger
gjennom storslagen natur, og i tillegg god mat og drikke på utvalde
overnattingsstader. Den langsame reisa!
Dei neste åra vert kulturminne og andre attraksjonar tilrettelagt,
skog og vegetasjon rydda og deler av vegen vert restaurert. Kongevegen over Filefjell er ein verdifull ressurs for lokalsamfunnet,
både med fine turmoglegheiter i nærområdet og som trekkplaster
i turistsamanheng. Vegen er ein del av reiselivssatsinga på begge
sider av fjellet, samstundes som ein får tilrettelagt, restaurert og
vedlikehalde eit veghistorisk kulturminne av høg nasjonal verdi.
Vandring langs Kongevegen. Foto Kirsten Inga Kamrud
Rundtur på stølsområdet Honingane. Vert tilrettelagd for
rullestolbrukarar. Ca. 2 km.
Maristova – Kyrkjestølen – Noregs høgst liggande Kongeveg på
1250 meter over havet. Ca 10 km.
Gjennom Øvre Dalen – Frå fjellet og ned i jordbruksbygdene i
Valdres. Frå Varpe til Hermundstad, ca. 3,5 km.
Kvamskleiva – Stupbratt over Vangsmjøsi. Frå Syndrol til Hemsing bru,
ca. 4,5 km.
Restaurering av vegen i Galdane, 2014. Foto Sverre Hjørnevik.
Et samarbeidsprosjekt mellom
Oppland fylkeskommune, Sogn- og Fjordane fylkeskommune,
Vang kommune, Lærdal kommune, Valdres Natur- og kulturpark,
Valdresmusea, Musea i Sogn og Fjordane, Statens vegvesen og
Bedriftsnettverket Kongevegen.
For meir info: Sjå Kongevegen over Filefjell på Facebook
og www.turapp.no/kongevegen.
Steinselet på Kyrkjestølen. Foto Tine Eikehaug
Foto: Sverre Hjørnevik.
Følg oss på Facebook
Ei reise mellom landsdelane
Unike opplevingar
å Kongevegen over Filefjell, det kanskje mest spektakulære partiet av den Bergenske Kongevei, var ferdigstilt på 1790-talet, kunne ein for fyrste gongen køyre med hest og kjerre mellom Aust- og
Vestlandet. På vestsida enda vegen ved Lærdalsøyri, der ferda gjekk
vidare med båt til Gudvangen eller med båtskyss heile vegen til Bergen. Kongevegen var eit storstila samferdsletiltak og ein viktig del av
moderniseringa av landet. Han avløyste den gamle ride- og kløvvegen,
som alt frå mellomalderen hadde rykte på seg for å vere blant dei vanskelegaste og farlegaste i landet. I åra som kom vart Kongevegen lagd
om og endra i fleire omgangar, og den bytte fyrst namn til Bergenske
Hovudveg, før den vart til noverande E 16.
For turgåarar i dag er vegen ei kjelde til både oppleving og undring. Han tek oss gjennom eit fantastisk landskap og byr på mange
minnerike opplevingar undervegs. Som perler på ei snor ligg levande kulturlandskap, spektakulære fjell og flotte attraksjonar.
D
Foto Jan Adriansen.
Her er sjeldne planter, jettegryter, spennande kulturminne, segner
og historier, levande kultur og mykje anna ein kan glede seg over.
Alt er knytt i hop av den gamle Kongevegen.
Alle kan bruke Kongevegen, både små og store. Han er perfekt
for deg som vil nyte det beste av norsk natur, kombinert med fjellvandring i historiske fotefar. Ei vandring langs Kongevegen over Filefjell vert eit minne for livet. Det er berre å ynskje dykk GOD TUR!.
Soldatar byggjar vegen på Filefjell, 1792. Illust. Kjersti Hjelmeland Brakstad.
Strekninga over Filefjell, mellom Vang og Lærdal, vart opparbeidd i åra
mellom 1790 og 1794. Det bratte landskapet gjennom Lærdal baud på
store utfordringar for vegbyggjarane. I dalsidene måtte vegen leggjast på
høge murar, fleire stader med svært bratt stigning. Vegbygginga vart leidd
av generalvegmeister Christopher Hammer i Bergens Stift og generalvegintendant Peder Anker i Akershus Stift, og arbeidet vart utført av soldatar.
Også bøndene måtte delta på pliktarbeid, noko dei ikkje var særleg glade
for.
Filefjell 1250
Kvamskleiva 1819. Wilhelm Maximilian Carpelan.
Kongevegen over Filefjell er blant dei finaste veghistoriske kulturminna
vi har i landet, bygd for hand med enkle reiskap i ei tid der dynamitten
enno ikkje var teken i bruk. Vegen går frå det tronge og dramatiske
fjordlandskapet inst i Sognefjorden via høgfjellet på Filefjell og ned til
innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane
Nystøga
Tyinkrysset
Kyrkjestølen
Maristova
Borlaug
Grihamar
Borgund stavkyrkje
Lærdalsøyri
Ljøsne
Varpe
Galdane
Øye stavkyrkje
Seltun
Hemsing
Vangsmjøsa
Vennis
Vang
Kvamskleiva
Lundskleivi
9 km
10 km
7 km
2
13 km
7 km
10 km
7 km
3 km
5 km
4 km
20 km
6 km