Reinglede

Transcription

Reinglede
magasinet
KJÆRLEIK PÅ STORTINGET
PÅSKE
ESPEN KLOUMAN HØINER ETTER TRAGEDIEN
Rein
glede
2014
56
57
PASSAR REINEN
Elskar yrket sitt
Ho kunne ikkje tenkt seg å gjere noko anna.
Å gjete 3000 rein er dagleg kost for denne jenta.
Tekst og foto: Line Sandvik
DRIVE REIN:
Når dei fyrst
har funne
reinsdyrflokken,
driv dei
den mot
nye beitemarker.
HALLINGDØLEN
PÅSKEMAGASINET 2014
PÅSKEMAGASINET 2014
HALLINGDØLEN
58
59
Alle har lyst til å drive med rein.
Og dei er kjempestolte over det.
May Kristin Haugo
MIL ETTER MIL på aude skuterløyper.
Gjennom vinterskog, over islagde
vatn og opp på dei kvite, stille fjelltoppane. Så er det å sirkle litt rundt
for å få auge på dette fjellets kronprins. Det kan virke som om reinen
gøymer seg i snøen mellom fjelltoppane. Men plutseleg dukkar flokken
på om lag 100 dyr opp – ut av ingenting. Som eit spøkelse. Og med mjuke
bevegelsar spring flokken som om
den var eitt einaste dyr. Slynger seg
bortover fjellet, nedi søkket og oppover dei bratte, snøkledde viddene.
Det gjeld å vere på rette plassen med
snøskuteren. Reinen trekkjer heile
tida til fjells. No skal dei drivast ned
frå fjellet for å krysse dalbotnen. Før
dei kjem over på neste fjell i Vassfaret. Til vinterbeitet.
Snart er reinen leia innpå tråkket
der dei andre, nesten 3000 dyra, har
gått før dei.
ROSA
LASSO:
Reingjetarlærlingen til
Filefjell Reinlag
fekk rosa lasso
av kollegaene
til jul.
HALLINGDØLEN
PÅSKEMAGASINET 2014
– DET ER MYKJE VERRE å flytte ein liten
flokk enn ein stor på tusen dyr. Ein
stor flokk går rolegare, seier reindriftslærling May Kristin Haugo.
19-åringen frå Ål har vore reindriftslæring i Filefjell Reinlag sidan i haust.
Reindriftarane flytta ein flokk på
300 rein dagen før. Dei siste dyra av
ein flokk på 3000 dyr. Men så braut
det ut ein liten flokk på om lag 100
dyr undervegs. Dei drog rett opp på
Raudalsfjellet att. Der dei nett kom
frå. No skal gjetarane hente desse
dyra att. For å få dei til vinterbeitet
på Hedalsfjellet.
May Kristin Haugo frå Opheim i Ål
har valt eit svært utradisjonelt yrke.
Då ho gjekk grunnkurs naturbruk på
Lien landbruksskule på Torpo, fekk
ho vere utplassert hjå Filefjell Reinlag ein dag i veka siste halve året. Ho
vart svært fascinert. Før jul hadde ho
skogbruk som fag.
– Men eg sakna å jobbe med dyr.
Me var og såg på reinslaktinga før
jul. Og då tenkte eg at det var noko
eg ville prøve. Å vere reingjetar. Eg
hadde aldri høyrt om det eingong
før eg starta på Lien, seier den vevre
ungjenta. At denne vesle frøkna lett
handterer snøskuterar fylt av kraftige
hestekrefter, like lett som ho styrer
store reinsflokkar på mange tusen
dyr i ugjestmildt terreng, kan ein
ikkje sjå med det same. Men etter ei
lita stund, anar me at jenta har vilje.
På ein svært positiv og lugn måte.
Det likar dei andre reingjetarane.
– May Kristin gjer i tillegg det me
seier til ho. Det er viktig. Ho står ikkje
tilbake i forhold til andre me har hatt.
Tvert om, seier reingjetar og kollega
Henning Perlestenbakken og fyller
bensin på skuteren. Det trengst. For
dei skal køyre langt i dag.
KVA FOR 17-ÅRING vel å reise til Kautokeino for å lære om reindrift? May
Kristin fann ut at dette faktisk var
eit av vala ho kunne ta etter eit år på
Lien. Ho hadde vorte så godt motteken av Filefjell reinlag under utplasseringa, så ho ville prøve seg med
meir skulegang – retta mot reindrift.
Men at ho skulle møte ei undervisning som gjekk føre seg på samisk
– og at alle bøkene er skrivne på
samisk, var ho ikkje heilt klar over på
førehand. Ho måtte faktisk ta samiskkurs før ho starta.
– I Kautokeino er alle som går på
reindriftlina samiske. Rettare sagt er
alle i Kautokeino samar, smiler ho.
Men lærarane var greie og snakka
norsk i timen og omsette bøkene så
godt dei kunne for søringen.
FAKTA


FILEFJELL
REINLAG
Tamreinlag i
fjellområda mellom
Valdres, Hallingdal
og Sogn. I fylka
Buskerud, Oppland
og Sogn og Fjordane.
Stifta
12. desember 1945.
– Men dei fleste ord og uttrykk
innan reindrift er faktisk samiske.
Dei har ingen norske ord for det.
Norsk er ikkje så utbreidd der eg var,
smiler May Kristin.
Ungjenta reiste langt mot nord for å
leve og bu i lag med ein samisk familie som driv med rein. May Kristin
kjende ingen, men vart godt teken
imot av lokalsamfunnet og andre
ungdommar i Kautokeino. Dei var
berre tre elevar på skulen det året.
Året før var det 16. Elevane skal utvikle kunnskap, ferdigheiter og haldningar knytt til reindrift. Det handlar
om økologisk forvaltning av naturressursar og samisk kultur og naturbruk.
– Dei er utruleg flinke på tradisjon der oppe. Dei nyttar for eksempel heile reinsskrotten. Og då meiner eg heile. Reindrift er alt der. Alle
har lyst til å drive med rein. Og dei
er kjempestolte over det. Her i sør er
det ingen som vil drive gard lenger,
seier ho og sukkar. Mange foreldre vil
ikkje at ungane skal ta over garden og
slitet som følgjer med.
– Men der oppe er foreldra opptekne av at ungane skal ta over.
Borna blir tekne med på alt frå dei
er veldig små, fortel ho. May Kristin kjenner ho har lært veldig mykje
under skuleåret i Finnmark. Ho har
vakse mykje.
– Eg har sett så mykje. Visste du at
alle samanes reinmerke står samla i
ei bok? Dei skil dyra oftare enn det
me gjer. Kanskje driv samane litt
gammaldags i forhold til reindrifta
her i sør. Og kanskje er det ikkje heilt
ideelt at det er status å ha flest mogleg rein. Det er baksida. Men dei held
tradisjonane i hevd. Det er sikkert.
Jenter på min alder syr framleis si
eiga kofte, smiler ho.
PÅSKEMAGASINET 2014
HALLINGDØLEN
61
60
TIME ETTER TIME: Her
er reingjetarane på
veg mot Raudalsfjell
for å hente dei siste
reinsdyra.
KAKAORAST: Henning Perlestenbakken (f.v.), Trond Galaasen og May Kristin Haugo tek seg ein kakaorast
etter at flokken har gjort retrett og søkt opp på fjellet att. Dette er tolmodigheitsarbeid.
Eg har jo lyst til å drive med dette.
Det er ein flott livsstil.
May Kristin Haugo
May Kristin hadde med seg klassen og
læraren frå Kautokeino under slaktinga på
Golsfjellet. Då fekk dei sjå korleis me gjer
det her i sør.
– Eg vart veldig stolt. Me har fine rein i Filefjell Reinlag, smiler den unge reingjetaren.
– MEN ER DET jobbutsikter innanfor reindrift?
– Eg har jo lyst til å drive med dette. Det
er ein flott livsstil, så det håpar eg. No er eg
reindriftslæring i to år. Så er det fagprøve. Så
får me sjå etterpå, smiler ho lurt. May Kristin var litt redd at Filefjell Reinlag kanskje
ikkje ville ha lærling. Og vart veldig glad då
ho fekk plass.
– Eg trur gutane synest det er litt artig at eg
er med. Eg fekk rosa lasso av dei til jul, ler ho
og syner fram den knallrosa lassoen ho har
over skuldra. Men det er ingen rosabloggar
me snakkar med heller. May Kristin er jenta
som likar å gå på elgjakt og å ha ein snøskuter som går raskt. Ho likar å vere reingjetar.
Jobben som reingjetar er avhengig av vêr
og vind – og reinen sjølvsagt.
– Blir det dårleg vêr, blir me forsinka i
flyttinga, fortel May Kristin. I god tid før jul
vart reinen flytta frå sommarbeita i Hemsedalsfjella og mot Furuhytta, slakteplassen
på Golsfjellet. Her blir flokken på 5000 rein
redusert til 3000. Så vert reinflokken flytta
vidare mot Vassfaret i januar og februar. Til
vinterbeitet. Men i dårleg vêr ser ein ikkje
HALLINGDØLEN
PÅSKEMAGASINET 2014
reinen, og det kan vere farleg å ferdast på
snøskuter.
– Før jul var det dårleg med snø. Me køyrde på lyng. Og reinlaget brukte vel ein halv
million på å leige helikopter for å drive reinen, så me fekk slakta i god tid før jul, fortel
May Kristin.
Å vere reingjetar inneber å følgje reinen og
årstidene. Dei tobeinte skal gjete rein, flytte
dei, slakte og merke dei. 30–40 av reinsdyra
er radiomerkt, så dei kan sporast på GPS. Det
gjer det lettare å vite kor ein skal leite.
– Ei veke før påske skal me flytte dei mot
Hemsedal att. Det går saktare. Då flyttar
flokken seg sjølv. Me slepp å drive dei. Dei
vil opp på fjellet for å kalve oppi dalen der
dei sjølv var født, fortel ho.
REINGJETARANE KAN GODT flytte over 1000 rein
om gongen. Eller meir. Det kan bli lange
dagar – eller korte. Ein veit aldri. Ingen dag
er lik. I dårleg vêr som skodde kan dei like
godt snu. Her er elvar som opnar seg, ein
kan få motorstopp og ein kan gå bensintom. Snøskuteren kan køyre seg fast. Reinen
kan øydelegge gjerde der dei passerer. Dei
skal kanskje gjennom område der det beiter
husdyr. Og dei må heile tida passe på at reinen går innanfor beiteområdet. May Kristin ramsar opp. Det er mange utfordringar.
Men ho tek dei som dei kjem – og legg inn
ein snus medan ho fortel.
FAKTA


TAMREINLAGA
I SØR-NORGE
Det har vore tamreindrift i Sør-Norge frå
tidleg på 1700-talet. Både
samar og bygdefolk dreiv
med dette. På og rundt
Hardangervidda skal det
ha vore 35–40 flokkar på
det meste. I 1897 kom ei
lov som gjorde det ulovleg med samisk reindrift
utanom tradisjonelle
beitedistrikt.
Talet på beitedyr i SørNorge var 26.600 i 1910,
fordelt på 17 lag. Kring
1960 var talet 20.000 fordelt på 12 lag. I dag er det
fire tamreinlag i Sør-Norge
og eitt reinselskap. Lom,
Vågå, Fram og Filefjell
er reinlag i fjellområda
i Oppland, Buskerud og
Sogn og Fjordane. Her har
kvart lag frå 10 til nærare
250 medlemmer med felles eigarskap til reinen og
felles reinmerke. Rendal
renselskap i Hedmark driv
ikkje tradisjonell reindrift,
men jakt på eigen reinstamme.
Det er i dag om lag
11.000 rein i tamreinlaga i
Sør-Norge.
PÅSKEMAGASINET 2014
HALLINGDØLEN