Del 2 av Ryfylke – nr. 29 Fredag 11. april 2014
Transcription
Del 2 av Ryfylke – nr. 29 Fredag 11. april 2014
Pao sk s i v a e Del 2 av Ryfylke – nr. 29 Fredag 11. april 2014 2 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 o Paskehilsen 2014 Velkommen til påskeferie i vår flotte by. I Sauda har vi alt; fjell, fjord, handel, byliv, kaféliv og publiv med mer. Sentrum satser som aldri før, du vil oppleve den beste service noensinne. I skrivende stund er det dessverre lite og ingen snø i Sauda og du må høyt til fjells for å finne skiføre. Saudabuen kan ikke huske en slik mild vinter med så lite snø. I år er påsken sen og våren stormer frem, vi kan glede oss. I Sauda får du alltid en fin ferie, og det er du som bestemmer aktivitet. Siden du i år må høyt til fjells for å kunne gå på ski kan du i stedet gjerne ta en liten times gangtur opp til vår populære Rondehaugen, ca. 480 m.o.h. I fjor var der åtte tusen besøkende. Her kan du sitte på benken og nyte sol og den flotte utsikten utover hele byen SAUDA KOMMUNE og fjorden. Legg gjerne opp som en picnictur med hele familien. Påsken i Sauda har tradisjonelt vært et reisemål for svært mange båtturister. I vår moderne, flotte og godt tilrettelagte båthavn kan du nyte påskedagene og kose deg, de fleste fasiliteter finnes her. Her holder båtforeningen vakt og gir deg trygghet. Siden isen på fjorden gjorde at båtforeningen måtte avlyse i fjor satser vi på fullt belegg i år. Båthavna er i umiddelbar nærhet av sentrum med alle dets tilbud, både dag og kveld. Butikker, svømmebasseng, kino, kafé, restauranter, torg og uteliv. I Saudahallen kan du bade og leke deg i vårt flotte innendørs basseng. Her vil både du og ungene garantert trives. Du kan også velge å besøke et av våre museer eller gå på kino. Vi har og fått ny, flott aktivitetspark ved musikkpaviljongen, rett bak Rådhuset. Sauda kommunale kino NORGESPREMIERE! NORGESPREMIERE! Rio 2 Divergent Glassdukkene 11 år, 92 min Søn 13/4 kl. 21.15 Doktor Proktors Prompepulver Alle, 93 min Fre 11/4 kl. 16.30 – 3D Søn 13/4 kl. 16.30 – 3D Ons 16/4 kl. 16.30 – 3D Fre 18/4 kl. 16.30 – 3D Man 21/4 kl. 16.30 – 2D 7 år, 85 min Ons 16/4 kl. 18.30 11 år, 140 min Fre 11/4 kl. 21.00 Søn 13/4 kl. 18.30 Man 21/4 kl. 20.15 Noah Hvis ingenting av dette frister kan du velge å finne på noe helt annet, eller bare være på hytta og slappe av, kose deg med familien og rett og slett ikke gjøre noen verdens ting. Jeg håper på flott påskesol og vil gjerne ønske dere alle noen fine, avslappende fridager i Sauda. Gå gjerne inn på www.saudaferie.no og www. sauda.kommune.no for å bli enda bedre kjent med oss. Legg inn bilder og skriv gjerne en påskehilsen om dine opplevelser i Sauda på kommunens Facebook-sider. NB! Husk fjellvettreglene. GOD PÅSKE :-) Hilsen Ordfører Frode Sulen Renovasjon påska 2014 Papp rute 2 kjøres 10. april. Restavfall rute 1 og rute 2 kjøres 14. april. Restavfall rute 3 og rute 4 kjøres 15. april. Papp rute 3 kjøres 22. april. Se tømmekalender eller www.sauda.kommune.no for detaljer. Natt til 17 11 år, 137 min Fre 11/4 kl. 18.30 – 3D Fre 18/4 kl. 18.30 – 2D 11 år, 80 min Ons 16/4 kl. 20.15 Man 21/4 kl. 18.30 Captain America: The Winter Soldier 15 år, 128 min Fre 18/4 kl. 21.00 – 2D Symjehallen Ungdomskafé Ryfylkebiblioteket Opningstider i påsken 2014, veke 16 Ungdomskafé i kantina på Sauda ungdomsskule Kom og besøk Ryfylkebiblioteket Sauda. Biblioteket har opna i nye lokal i Torggata 8! Familiebading: mån. t.o.m. fre. Påskeaftan kl. 16.00 - 20.00. kl.13.00 - 17.00. Opningstider i påskeveka Opningstider i påska Morgonbading: mån. & ons. kl. 07.00 - 08.00. Skjærtorsdag 17. april Langfredag 18. april Påskeaftan 19. april Palmelaurdag Måndag Tysdag Onsdag Saudahallen held stengt 1. og 2. påskedag. Ikke sol ute? Vi har solarier! kl. 18.45 – 21.45 kl. 19.00 – 24.00 kl. 20.00 – 24.00 Servering, spel, PC-ar osv. Aldersgrense: 15 år. Gratis inngang. Velkommen! 12. april 14. april 15. april 16. april Påskeaftan stengt kl. 10.00 – 14.00 kl. 10.00 – 18.00 kl. 10.00 – 18.00 kl. 10.00 – 14.00 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 Svandalspåske Dei seinare åra er det bygt ei mengd med hytter i Svandalen, då særleg i tilknyting til Sauda skisenter. Men området var òg populært blant turistar lenge før dei mekaniske heisane begynt å frakta folk til fjells. på 50- og 60-talet Tore Bastlien Dahl [email protected] Øyvind Djuv flytta til garden Djuv i Svandalen i 1960, og har mange påskeminne frå dalføret. Han er òg grunneigar i eit av dei største hyttefelta i området, Haugane, og har difor vore aktivt med i dei store endringane som er skjedd i dalføret dei siste tiåra. Viktig inntekt Fram til mot 1970-talet var utleige av hytter, stølar og husly, ifølge Øyvind Djuv, ei viktig inntektskjelde for mange gardar rundt om i Sauda. Svandalen var alt den gongen ein populær utfartsstad for turistar frå Stavanger-området. – Sjølv om ein ofte måtte gå heile vegen frå Lindvoll-myra og oppover mot Djuvsbotnen var det alltid mykje folk. Eg meiner å hugsa at talet på besøkande i Djuvsboten blei stipulert til omlag 2 000 menneske ein påskedag på 1960-talet, fortel Djuv. Sjølv dreiv familien Djuv med utleige av ei hytte i Djuvsbotnen og dei gav husly til folk på sjølve garden. Øyvind hugsar godt at fem av romma i hovudhuset på Djuv blei leigd ut til turistar. – Eg, dei tre syskena mine, far og mor budde ofte på to rom i påska, då alt anna var oppteke. Du kan trygt seia at det var folksamt, minnast han. Folkefest Dei fleste påsketuristane som ferierte i Saudafjella var personar frå Stavanger, då gjerne folk frå dei høgare samfunnslaga. Fleire gonger 1. 2. 3 blei det sett opp ekstra-båt for å frakta alle som ville innover i Ryfylkefjordane. Første stopp var Sand, før det bar vidare til Saudasjøen og Sauda. – Det var reine folkefesten når desse båtane la til kai. Alle ville sjå Stavanger-folket.Turistane stod på dekk og venta på å legga til kai, medan me stod på land og vinka til dei. Eg hugsar særleg ein båt som heitte «Kronprinsesse Märtha». Båten var så fullasta at han krenga kraftig då den nærma seg kai, fortel Djuv. Mykje arbeid Då turistane kom i land gjaldt det å finna personen som stod og venta på å ta dei med til fjells. Djuv fortel at det ofte var eit liv utan like, då lett rusa siddisar skulle finne fram i folkemengda. – Ein gong fann dei ein mann, som tydelegvis hadde fått mykje god drikke, sovande i vegen opp mot Amdal. Men det skal han ha, han var tydelegvis ein ordenskar. For han hadde sett skoa fint ved sida av seg, humrar svandalsbonden. For bøndene som leigte ut husvære i påska, betydde det ikkje berre ei god ekstrainntekt. Utleigedrifta førte med seg mykje arbeid. Det var ikkje uvanleg at bøndene måtte proviantera for dei besøkande fleire veker i førevegen. Sjølv om det var veg opp til dei fleste gardane i Svandalen, blei det mange turar med hest og slede. – Vegen frå sjølve Svandalen og oppover mot Djuvsbotnen var tung. Ein gong måtte far min grava fram hesten, då den gjekk seg fast i snøen, seier Djuv. Dreiv kiosk I tillegg til å leiga ut hytter og hus dreiv familien Djuv òg ein liten kiosk frå hytta i Djuvsbotnen. Kiosken opna for første gong i 1955 og blei nedlagt i 1994. Der kunne dei forbipasserande til dømes kjøpa pølser, buljong og brus. Alt blei frakta opp med hest og slede. Øyvind fortel at kiosken tidlegare var ein naturleg stoppestad for mange, då dei fleste tok bussen opp til skulehuset og gjekk dei siste kilometerane vidare til fjells. Skitrekket opna først i 1968. – Det var noko heilt anna enn i dag. Det var faktisk folk som sykla opp til Svandalen og gjekk på ski til Hustveitsåta før dei rann ned igjen og sykla heim att, utdjupar han. Gode minne Djuv har mange gode minne frå hyttelivet i påska. Han fortel at han og resten av familien som oftast oppheldt seg i Djuvsbotnen i høgtida. Der fekk dei god kontakt med dei mange turistane som ferdast i området. – Det var ei kjekk tid, utan tvil. Det blei mykje kortspel og anna leik og eg blei godt kjent med fleire av turistane, forklarer han. Men mest av alt minnast han dei gode historiene. Som då ein skihoppar blei diska frå eit noko uvanleg hopprenn. – Eg hugsar at personen hoppa langt og landa støtt. Det var tydelegvis ikkje godt nok for dei andre, dei hadde nok kosa seg litt meir enn vedkommande, så han blei diska grunna manglande rus, forklarer Djuv muntert. Eit anna poeng Djuv vel å framheva er levestandarden til folk på denne tida. – Det er ikkje mange tiåra sidan, men samfunnet var heilt annleis enn i dag. Folk gjekk jo på treski og i nikkers, og det første far min gjorde når påskegjestene var dratt var å sjekka om dei hadde lagt att noko skismurning eller proviant. Slik er det ikkje i dag, konstaterer Øyvind Djuv. 3. 4. 1. PÅSKETURISTAR: Biletet viser påsketuristar som gjer seg klare til å dra til fjells med hest og slede. 2. PASIENTTRANSPORT: På biletet ser me ein skada person som er blitt frakta ned frå fjellet. Øyvind Djuv fortel at Røde Kors på den tida hadde mykje utstyr i Djuvsbotnen som blei brukt i diverse redningsarbeid. 3. SNØRIKT: Det var lite å utsetta på snømengdene i Djuvsbotnen vinteren 1962. 4. ANDRE TIDER: Det er først i dei seinare åra at det er blitt vanleg å frakta proviant og utstyr til fjells med snøskuter. Tidlegare brukte ein hest og slede til å gjera den same jobben. (Foto: Utlånt av Øyvind Djuv) 4 Fredag 11. april 2014 PÅSKEAVISA Grenselause mulegheiter pen med Svein Hoftun at me for alvor blei Inge Waage og kona Kirsten Berge Waage får ikkje skrytt nok av Sauda. kjent med Sauda og dei muleghei- tene som er her, fortel Inge. Ifølgje Kirsten er det nettopp dei varierte mulegheitene, sommar som [email protected] vinter, som gjer Sauda – Her finn me ro i sjela. Sauda har jo så unikt. alt, seier Kirsten Berge Waage. – Og så må eg bare nemna folka som bur Unik plassering i Sauda. Eg kan nesten … kan nesten ikkje få skrytt nok. Her Det er den siste helga i mars. Sola ikkje få skrytt tar folk seg tid til å skin frå skyfri himmel og gradestokken viser 15 varmegrader. Frå terrassnakka med deg og nok… sen på hytta har ekteparet Waage ei alle er så vennlege, fantastisk utsikt over Saudafjorden og servicen i butikog dei snøkledde Svandalsfjella. For kane i sentrum er omlag seks år sidan fann ekteparet frå Stavanger jo fenomenal, seier ho. hyttedraumen i Sauda, sjølv om hytta verken ligg ved fjorden eller i fjellet, som mange hytter ofte Treng marknadsføring gjer. Stavangerparet gjorde eit litt utradisjonelt val Sjølv om stavangerparet når dei skulle bygge seg hytte i Sauda. stortrivst både på hytta og – Kombinasjonen av nærleik til sjøen og at det i Sauda generelt, håpar dei bare er ti minutt med bil til fjellet gjorde at me valde på ei snarleg realisering å bygga fritidsbustaden vår i Sauda Panorama, av det planlagde utebaforklarer Inge. deanlegget i tilknyting Det kombinerte bustad- og hyttefeltet er blitt til den eksisterande populært både blant fastbuande og turistar, og byr symjehallen. på storslått utsikt kombinert med nærleik til både Både Inge og Kirfjord, bysentrum og fjella som omkransar Sauda. sten synest det er for få ting, utanom Gammal kjærleik fjell og fjord, som lokkar folk I Sauda har det dei seinare åra blitt bygt ei mengd til Sauda. Dessutan meiner dei Sauda hytter og stadig fleire rogalendingar har fått auga må bli flinkare til å marknadsføra seg som turistopp for byen inst i Ryfylke. Men for familien Waage destinasjon. var hyttebygginga eit resultat av eit langt og godt – Når me tek venner med oss inn her blir dei heilt forhold til bygda. overvelda. Det er jo ein by her inne. Folk i Stavanger – Eg studerte saman med ein frå Sauda og sidan har bare høyrt om skitrekket, men Sauda har jo alt. har me halde kontakten. Det var gjennom vennska- Det er ei perle, konkluderer Kirsten Berge Waage. Tore Bastlien Dahl VELKOMMEN: På Bjørkhaug, hytta til Jon og Eli Hansen, finn ekteparet ro i sjela. Ifølge dei to er storslagen natur og ei lett tilgjengeleg hytte bare nokre av fordelane med å ha hytte i Åbødalen. Lever livet i Åbødalen til mange hyggelege stunder. – Hytta tilhøyrde AUF og eg var her mange gonger som ung. I 1984 fekk me tilbod om å Ekteparet Jon og Eli Hansen bur i hytta mest halve året. – I fjor hadde eg 186 overnattingsdøgn på hytta. Året før, som var mitt første år som pensjonist, gav nærare 250 hyttedøgn i Åbødalen, seier Jon Hansen muntert. Tradisjonelt hytteval Ekteparet frå Sauda har hatt hytte i Åbødalen sidan 1984 og det er lita tvil om at dei trivst i det kontrastfylte dalføret. Medan mange av dei nyare hyttene i Sauda inneheld både store bad, badstove og soverom med fjernsyn, har Jon og Eli gått inn for eit meir tradisjonelt val av hytte. Som så mange av dei andre hyttene i området er det ei koseleg, eldre hytte på rundt 50 kvadratmeter, som innbyr EI PERLE: Ekteparet Waage har funne sitt paradis i Sauda. Dei trekker fram variasjonane og mulegheitene i kommunen som avgjerande for at dei valte å bygga hytta si nettopp her. leiga hytta mot at me pussa ho opp, og i 1991 blei hytta vår, fortel Eli. sjølv, og så er det jo kjekt når barnebarna stikk innom, seier Eli. Varierte mulegheiter På spørsmål om kva som er så bra med Åbødalen og Sauda, er ekteparet raskt ute med å nemna variasjonen og mulegheitene som ligg i området. – Du kan gå i fjellet, sommar som vinter, om du vil det. Om sommaren blir badeplassen ved Storemyr mykje brukt, og så er jo Åbødalen lett tilgjengeleg sidan det er bilveg opp hit. Ein god venn av meg sa ein gong til meg, « Jon, eg har hytte i Tengdal, men den finaste dalen i Sauda, ja, kanskje i heile verda, det er Åbødalen.» Eg synest at det seier sitt, konkluderer Jon. Ut på tur, aldri sur Med nærare 200 overnattingsdøgn i året blir det naturleg å spørja kva dei tek seg til når dei er på hytta. Like utanfor stovevindauget er det lagt ut rikeleg med fuglemat, og Jon innDrøymde om Breiborg rømmer at han bruker mykje tid på å At familien Hansen enda opp med hytte studera fuglane. i Åbødalen var, ifølge Eli og Jon, heilt – I år kom linerla 2. april, kan hyttilfeldig. Jon ønska i utgangspunktet ei teeigaren meddela. hytte på Breiborg, då dei brukte natuJon er dessutan leiar i den lokale ren i området mykje. Det som truleg …ute minst hytteforeininga og aktivt med i Sauda ikkje er tilfeldig er at to av sønene deira to timar kvar Turlag, så det blir mange turar i nærhar valt å bygga hytte i Åbødalen. Kun dag,… områda for det aktive pensjonistparet. få meter frå hytta til ekteparet har – Me har eit mål om å vera ute minst nemleg sønene Harald og Ketil kvar to timar kvar dag, uansett vêr. Elles si hytte som òg blir flittig brukt. bruker me tida på hytta til å lesa bøker og tek livet – Me har eit avslappa forhold til at dei er hytmed ro, avsluttar Eli Hansen. tenaboane våre. Det er kjekt med familien rundt seg, men likevel føler me at me får nok tid for oss PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 Bergensaren som blei Sauda-patriot 5 Jeff – 6 Fredag 11. april 2014 PÅSKEAVISA heilt ærleg 1 Linda Merethe Lie [email protected] OPPVEKSTEN: 1. Alan G. Thompson vaks opp som eitt av to sysken. Systera Susan er fire år eldre. 2. Thompson budde i England i ei kort periode, før familien flytta til Bergen, der han begynte på skule. 3. Forholdet til mormora, ”Grandma” var svært godt. (Alle foto: Privat) I løpet av sine 35 og eit halvt år år som kommunetilsett har Alan G. Thompson alltid virka seriøs. Svært seriøs. Det har også vore meininga. Men når han først blir «varm i trøya» er han svært open. Thompson er førebudd når Ryfylke kjem på besøk i heimen til den tidlegare rådmannen. Han har lagt fram penn og papir. «I tilfelle det skulle være noe», som han forklarer på klingande bergensk. Han verkar noko ukomfortabel i starten, men det tar ikkje lang tid før han slepper skuldrene ned og fortel gjerne om både privatliv og jobb. Ofte i detalj. For hukommelsen er imponerande god. I 1946 fekk ekteparet Turid og Alan Charles Thompson sitt første born, ei jente fødd i Hull i East Yorkshire, England. Veslebroren Alan Geoffrey blei fødd i Bergen i 1950. Alan Charles Thompson var eitt av fem sysken i ein arbeidarfamilie frå Hull. Militærtradisjonar var godt forankra i familien. 1. september 1939 invaderte tyskarane Polen og to dagar seinare erklærte Storbritannia og Frankrike krig mot Tyskland. Same dag meldte 18 år gamle Alan Charles Thompson, saman med ein bror og nokre syskenbarn, seg til teneste i Hæren. Då krigen braut ut var reglane slik at ein ikkje blei sendt utanlands med Hæren om ein ikkje hadde fylt 20 år. Broren til Alan Charles Thompson derimot, som var to år eldre, blei sendt med Britisk Ekspedisjonskorps til Frankrike og måtte, som ein av over 300 000 allierte soldatar, bli redda frå strendene i Dunquerke. Alan Charles Thompson blei sendt med troppetransportskipet ”Queen Elisabeth”, som hadde kurs mot Singapore i februar 1942, då var han fylt 20 år. Kursen visste dei ikkje før dei var midt på havet. Singapore fall imidlertid mot Japan og skipet sendte derfor soldatane til Afrika i staden for. Der var Alan Charles Thompson med i Den britiske 8. armé under general Bernard Montgomery, og deltok mellom anna i slaga i ørkenen. Deretter gjekk felttoget vidare til Sicilia og Italia. Då var general Mark W. Clark leiar for Den amerikanske 5. armé, Montgomery for Den britiske 8. armé. Dei to blei slått saman til femte allierte armé i Italia. Det stampa hardt i Italia og dei allierte baska seg oppover, med mellom anna Monte Cassino og Gustav-linja. Deretter blei Alan Charles Thompson sendt til Frankrike og så vidare til Bergen 8. mai i 1945 for å bidra i ein okkupasjonsstyrke. Der trefte han Turid Hovland. T urid Hovland var einebarn og også frå ein familie som tilhøyrte arbeidarklassen. Ho trefte sin utkåra hausten 1945 og paret gifta seg året etter, i England. Meininga var at familien på fire skulle bu i Hull, der dei hadde eit hus ikkje langt frå sentrum. Bestefaren til Alan Thompson, George Henry, budde i første etasje, onkelen i andre og familien Alan Charles Thompson i tredje. Då mora til Turid Thompson blei kreftsjuk bestemte imidlertid familien at dei ville reise tilbake til Vestlandets hovudstad, som på den tida var eit eige fylke. I slutten av 1940-åra og starten på 1950-talet reiste dei litt fram og tilbake, men fann til slutt ut at dei ville flytte til Bergen, då Turid Thompson si mors sjukdom blei langvarig. – Eg hugsar lite frå den perioden eg budde i England. Eg var jo så liten, fortel Alan Thompson. Minna frå oppveksten forbinder han derfor mest med tida i Bergen. Sjølv om familien budde i bydelen Landås i Noregs nest største by var nettverket deira i stor grad knytt til det engelske miljøet. Sosialt hadde dei kontakt med den engelske kyrkja i byen og konsultatet der. Det var generelt mange engelskmenn i byen, og mange av desse kom frå Hæren og generasjonen som tenestegjorde under andre verdskrig. Familien Thompson snakka også engelsk heime. Alan Thompson hugsar oppveksten som svært fin. – Eg ser på meg sjølv som heldig som fekk vakse 2 3 opp på 1960-talet. 1960-talet var på mange måtar eit revolusjonerande tiår. Musikken, ungdomskulturen og opposisjonen mot det beståande var sterk i denne perioden. Det blei mellom anna markert gjennom hippiekulturen i USA og motstanden mot Vietnamkrigen. Då Thompson begynte på gymnaset i 1967 var det midt i ein periode der mote, kultur og musikk hadde stor påverknad. Dette var også året då USA fekk sine to første mørkhuda borgarmeistrar, planen for Arpanet, forløparen til Internett, blei lansert og stemmeretten for norske borgarar blei sett ned til 20 år. Og Bergen blei kalla Norges Liverpool på grunn av alle rockebanda. – Eg var privilegert som fekk vere ein del av alt det som skjedde. Eg hugsar det var slike motekåringar i bladet Det Nye, mykje nyskapande musikk og dans på lokalet. Veldig morosamt å vere ein del av den kulturen. Det var ei oppvakningstid, både kulturelt og politisk. Ei spennande brytningstid eg synest det var spennande å vere ein del av. M usikken fascinerte Alan Thompson. Med det følgde ein ungdomskultur som stod litt i konflikt med den etablerte generasjonen. Det innebar langt hår, også på gutane. Thompson følgde moten. – Det var ikkje alle som likte det, men som tenåring var det jo litt gøy. Eg hugsar vi var oppe til munnleg eksamen. Vi hadde ein kjekk lærar i norsk og historie på gymnaset, men sensor var av den gamle skulen. Han gav ein av kompisane mine karakteren G på munnleg eksamen. Læraren vår sa at han hadde fått M viss han ikkje hatt hatt langt hår. Thompson humrar. – Du hadde jo også langt hår. Fekk du også G på eksamen? – Jo, eg hadde langt hår, men eg blei høyrt i engelsk, Portrettet: Alan Geoffrey Thompson PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 7 Vi visste lite om Sauda, bortsett frå streiken. 1 FAMILIEN: 1. Alan Thompson trefte sin utkåra, Ellen, i 1971. 2. Alan Thompson saman med sonen Steinar i 1979, same år som han blei fødd. 3. Sønene Steinar (til venstre) og Espen er Alan Thompson sine store stoltheiter. 4. Espen, Ellen, Steinar og Alan Thompson i 1982. 5. Alan på kanalferie i England med den då fire år gamle Espen. (Alle foto: Privat) Vanity Fair av Thackeray. Og fekk M. Antakeleg ein litt meir liberal sensor. D et politiske engasjementet begynte etterkvart å spire i den halvt engelske bergensaren, som seinare skulle bli den øverste leiaren av administrasjonen i ein liten vestlandskommune. Thompson var ung i ei tid der det kapitalistiske systemet og deira utnytting av utviklingslanda var markant, som USA si hjelp til Juntaen i Chile i 1973. Sosialistisk Folkeparti (SF) begynte på starten av 1970-talet å få oppslutnad, og i ein kort periode var Alan Thompson medlem i Sosialistisk Folkeparti Ungdom, og blei kjent med fleire av dei mest sentrale lokalpolitikarane i partiet. – Eg blei veldig engasjert i desse tinga. Forfattar Georg Johannessen og Finn Gustavsen var personar eg fekk snakke med og bli litt kjent med. Det var veldig kjekt, synest Thompson. Gustavsen blei i 1961 ekskludert frå Arbeidarpartiet etter at han, saman med andre utbrytarar frå partiet, fremma ein resolusjon mot atompolitikken i USA. Saman med andre ekskluderte medlemmar var han i 1961 med på å danne SF. Finn Gustavsen markerte seg seinare som ein sterk motstandar av amerikanarane si krigføring i Vietnam. Thompson trefte Gustavsen for første gong i 1972, i samband med folkeavstemminga mot EF. Thompson var aktivt med i Nei til EF og var i team med Gustavsen ein heil dag rundt i Bergen i samband med valkampen der. Interessa for musikk, og særleg rock, var for Alan Thompson også sterk i ungdomsåra. Det var såvidt vanskeleg å ikkje la seg påverke, då han var rimeleg tett på det som etterkvart blei solide musikalske krefter i Bergen. Då Thompson gjekk på Langhaugen gymas på Landås, frå 1967 til 1970, var fleire medelevar med i bandet Neither Nor, forløparen til Saft. Saft utgjorde kjernen i dei musikarane som spelte under oppsetninga av rockemusikalen Hair på Den Nasjonale Scene i Bergen i 1970-1971. 2 4 Bandet låg på VG-lista i 14 veker med hiten «People in Motion» i 1971 og 1972, og gav også ut to album som kom inn på lista. Thompson gjekk mellom anna i klasse med trommeslagar Karsten «Kassa» Olsen, medan vokalist Ove Thue gjekk i parallellklassen. I 1971 hadde Alan Thompson vore på arbeidskontoret i Bergen for å få sommarjobb. Han hadde då meldt seg til arbeid på smelteverka i Årdal og i Sauda. Det blei Sauda. Thompson visste ikkje så mykje om bygda inst i Ryfylke. Sjølv om Sauda den gongen hadde langt fleire innbyggarar enn i dag, omlag 6 000, var skilnaden frå Bergen, som hadde 200 000 fastbuande, stor. Likevel, Thompson trivst godt i den vesle bygda. – Vi visste lite om Sauda, bortsett frå streiken. Som radikaliserte tenåringar var vi naturlegvis opptatt av den. Vi møtte opp på hybelhuset ei kveldsstund og begynte på jobb på fabrikken dagen etter. Dette var før dei fekk knuseriet, så den jobben tok vi. Knuste store steinblokker før metall skulle skillast frå slagg. Det var eit veldig greitt arbeid. Sommarjobben varte frå mai til midten av juli. På fritida opplevde Thompson mykje liv og røre på hybelhuset. Og utebassenget var ein populær samlingsstad. – Fleire bada utan tilsyn. – Også du? – Eg trur det. S å trefte han Ellen. På dans på Folkets Hus. – Ellen var og er ei vakker dame. Flott på alle måtar. Ikkje rart at eg fall pladask. Eg er privilegert. Då ferien var ferdig fekk ho seg jobb i Bergen og på hausten flytta dei saman. Sommaren etter, i juni, gifta paret seg i Sauda. Då hadde Ellen ennå ikkje fylt 18 år. – Det gjekk raskt, vedgår Thompson, som etter snart 42 års ekteskap er svært klar over at han den gongen opplevde skjebnens ironi. 3 5 – Eg kunne fått sommarjobb i Sogn, men det blei i Sauda. Det var heilt tilfeldig. Eg hadde aldri sett for meg at eg, som var oppvaksen og hadde budd nesten heile mitt liv i Bergen, skulle flytte til Sauda. Men slik gjekk det. I mai 1975 begynte Alan Thompson, eller «Jeff», som mange i Sauda kjenner han som, på likningskontoret i Sauda kommune. I utgangspunktet tenkte han at det var greitt å bu i Ryfylke i nokre år, for å få praksis. Overgangen var stor, med tanke på at han hadde heile sitt nettverk i byen mellom dei sju fjell. – Men eg forstod fort at dei kvalitetane ein liten stad som Sauda hadde var svært verdfulle. Det var så trygt og kompakt, særleg for ungar. Ellen hadde lyst til å bu i Sauda, og etter få år hadde også eg komme fram til at eg ikkje kunne tenke meg å flytte til ein annan stad. Eg hadde fått røter og eit nettverk, og synest heilt enkelt det å bu på ein liten stad var det beste alternativet. Ein dryg månad etter at Alan og Ellen flytta til Sauda blei deira første son, Espen, fødd. Broren, Steinar, kom til verda påskeaftan snautt fire år seinare. D å han budde i Bergen var det lett å dyrke mange ulike interesser. Alan Thompson vil likevel ikkje seie at det blei noko stor utfordring å finne noko å fylle fritida med. I Bergen hadde han spelt både handball og fotball. Interessa for idrett tok seg opp igjen då han flytta til Sauda. I 1975, same år som Alan og Ellen flytta til Sauda, stod Saudahallen ferdig. – Eg blei med på den første handballgenerasjonen her inne. Jan Edvin Birkeland, tidlegare ordførar og nabo, var primus motor. Han hadde spelt handball på høgt nivå i Kristiansand. Vi fekk med oss Øyvind Portrettet: Alan Geoffrey Thompson 8 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 ...fekk ti-tolv elektrosjokk på hjernen for å gløyme. 1 BARNEBARNA: Alan Thompson set stor pris på samver med barnebarna. 1. Frida 2. Sikke 3. Henni 4. August (Alle foto: Privat) Eeg, sannsynlegvis den beste mannlege handballspelaren vi har hatt i Sauda. Han hadde spelt i første divisjon for Rjukan. Lynvingen, som eg kalla han. Vi stabla eit lag på beina og spelte i femte og fjerde divisjon. Det var nokre innflyttarar og saudafolk, som mellom anna Jan Edvin, Terje Risvoll og Gunnar Juvet, som begynte å spele handball. Thompson karakteriserer handballgutta som ein fin gjeng. Etterkvart blei det likevel vanskeleg å stille lag på grunn av manglande rekruttering. Etter ei stund begynte dei som var igjen å spele bedriftshandball i Haugesund. – Vi begynte i fjerde divisjon og rykka opp kvart år, heilt til første. Laget blei nummer to i første divisjon. Vi spelte både heime- og bortekampane i Haugesund, då det var for langt for motstandarane å reise inn hit. Thompson, som tidlegare hadde stått i mål, fekk plass på vingen på Sauda sitt lag. – Var du god? – Midt på treet. Men eg var betre i handball enn i fotball. H an speler fotball ennå, i Saudahallen, saman med tilsette ved Sauda vidaregåande skule, kvar fredag. Som pensjonist har han meir tid til å trene og har nå ni økter per veke. Viss alt klaffar. Sju på Frisk & Rask treningssenter, ei symjeøkt i Saudahallen og altså ei fotballtrening. Sjølv om han alltid har vore opptatt av idrett, blei det etterkvart litt av og på med trening då arbeidsmengdene auka på. Mot slutten av yrkeskarrieren i årsskiftet 2012/2013 fann Thompson ut at det var på tide å ta ansvar for eiga helse. Han vog då 112 kilo. Livvidden var 117 centimeter. – Det handlar om å sette seg mål. Eg skulle redusere livvidda mi til under 100 centimeter. I dag, eitt år og tre månader etter at eg tok beslutninga, er eg 96 kilo og livvidda er 101. Avgjerda om å endre livsstil dreidde seg ikkje bare om kosthald og trening. I romjula 2012 bestemte 2 3 Alan Thompson seg, etter å ha tatt familien med på råd, at han ville seie opp jobben som rådmann etter nyttår. Då hadde han jobba både dag og kveld i Sauda kommune i 35 og eit halvt år. I desember 1977 gjekk Thompson over i stillinga som nestleiar på kommunekasserarkontoret i Sauda, før han overtok sjefrolla snautt sju år seinare. Denne stillinga blei omgjort til økonomisjef på starten av 1990-talet. I år 2000 kom det ei omorganisering i kommunen. Det skulle vere to kommunalsjefar. Ein på stab og internt og ein på produksjon. Håkon Solheim fekk ansvaret for produksjon, medan Alan Thompson blei tilsett som kommunalsjef for stab og det interne, i tillegg til assisterande rådmann, den gong Ståle Pedersen var rådmann i Sauda. Etterkvart gjekk Håkon Solheim over i rektorstillinga ved Austarheim skule. Thompson var då kommunalsjef, økonomisjef og assisterande rådmann. Han jobba 50-55 timar kvar veke. Veka starta søndag ettermiddag. Då las Thompson seg opp og førebudde seg til den kommande arbeidsveka. Han hadde alle papir med seg heim kvar dag og var sjeldan heime før klokka åtte om kvelden frå måndag til torsdag. – Eg tok fri på laurdagen. S å gjekk det galt. Thompson, som har svært god hukommelse, minnast svært lite av det som skjedde. Han møtte veggen rundt årsskiftet 2002/2003 grunna overarbeid. Han fekk ein depresjon og blei behandla på mellom anna Bjødnateigen psykiatriske senter i Suldal og ved Haugesund sjukehus. – Eg fekk ti-tolv elektrosjokk på hjernen for å gløyme. Det var om å gjere å slette korttidsminnet for ein viss periode, for å få vekk tankar. Dette blei på mange måtar ei solskinshistorie om korleis folk kan vere så dårleg som eg var og så bli ikkje bare frisk, men endå sterkare. Det viser jo at alle kan. Eg forsøkte jo til og med å skjere meg, forklarer 4 Thompson, medan han viser fram venstre underarm som har tydelege arr. Tidlegare kollegaer av Alan Thompson seier at for han går arbeid foran alt. Det er den tidlegare rådmannen einig i. – Ja, det gjorde det på mange måtar. Det skulle ikkje bety at eg nedprioriterte familien. På ingen måte. Men det var det at når eg først var tilsett i dei leiarjobbane så skulle eg gjere jobben. Det skulle ikkje vere tittel og lønn. Eg har alltid følt at eg skulle gjere mitt beste uansett kva jobb eg hadde. Då gjekk kanskje jobben foran alt. Kanskje det var litt derfor eg tok valet om å slutte. – Har du hatt dårleg samvit for at du har vore mykje vekke frå familien grunna jobb? – Ja, kjem det kontant frå 63-åringen. – Absolutt. Men, pliktfølelsen dukka etterkvart opp igjen. Etter å ha vore sjuk i store delar av 2003 begynte Thompson i halv stilling på Rådhuset. Arbeidsgivaren meinte at han ikkje var klar for full jobb og ville finne noko alternativt arbeid til han i mellomtida. Då reagerte Thompson med å slå kaffikoppen i bordet. – Dette finn eg meg ikkje i, sa eg. Eg skulle tilbake i same jobb. Det var eg fast bestemt på. Eg følte meg styrka og var klar for å gjere plikta mi. Og eg ville ikkje ha noko «stakkars Jeff-snakk». Her skulle det vere full rulle. At eg var ynkeleg og stakkarsleg på nokon som helst måte, det ville eg ikkje akseptere. K lok av skade prøvde han å halde seg i taumane i starten og ikkje kjøre seg sjølv for hardt på jobb. Det varte i eitt år og to. Så var det tilbake i same tralten, som han sjølv beskriver det. Han jobba like mykje som før. Portrettet: Alan Geoffrey Thompson PÅSKEAVISA ...eg ville ikkje ha noko «stakkars Jeff-snakk». FRITID: 1. Tallause bøker, filmar og dvdar har fått plass i kjellaren. 2. Alan har respekt for sola. 3. Thompson spelte bedriftsfotball for HSD, her under Shipping Cup i 1974. 4. Familien tilbringer mykje tid på hytta til eldstesonen Espen, på Jelsa. 5. Som pensjonist har Alan Thompson via mykje tid til trening. Her på Rondehaugen. (Foto: Linda M. Lie og privat) – Opplevde du at dei som var rundt deg var bekymra for at du skulle bli sjuk igjen? – Ja, kanskje dei som var nærmast meg. Ellen og gutane mine, og dei næraste kollegene mine. – Fastlegen min, Brita Øygard, var fantastisk og sleppte meg aldri. Ho skal ha stor ære for at det gjekk bra. – Familien, då? – Jo, det trur eg nok. – Hadde du dårleg samvit for det? – Ja. V åren 2010 fekk Alan Thompson jobben som fungerande rådmann og blei fast tilsett 1. juli same år. Etter over 35 år med stor arbeidsmengd bestemte han seg i romjula tre år seinare. Første arbeidsdag etter nyttår leverte han oppseiinga si. – Eg kom fram til ein erkjennelse. Kor mange år har du igjen etter at du har fylt 62 år? Gjennomsnittsalderen på norske menn er kanskje 78 år. Då har du mulegens 16 år igjen av livet ditt. Og jo eldre du blir, desto større er faren for at noko kan skje. Du kan få kreft, hjarteinfarkt, alt muleg. Den tanken at du aldri skulle oppleve å hauste godene, eller kvile på laurbæra, begynte å surre litt i hovudet mitt. Så begynte eg å tenke på barnebarna. Eg har fire frå fem til ti år. Dei veks ifrå meg. Det var for eksempel episodar der barnebarn som bur i Sauda kom på besøk heime hos oss om ettermiddagen. Då eg kom heim seint på kvelden hadde dei gått. Dei spurde etter besten, men han var på jobb. – Kva gjorde det med deg? – Det var forferdeleg sårt. Sjølv om eg prøvde å vere saman med dei, kunne det komme situasjonar der det blei samtidigheitskonflikt. Det var ikkje kjekt. Nå har eg lyst til å vere tilstades. Med ein gong eg gjekk av var eg så heldig at eg fekk ansvar for barnebarna ei veke etter at skulen slutta og foreldra var på jobb. Eg har også passa dei i andre feriar. Alle slike ting er veldig kjekt. Eg føler at eg Fredag 11. april 2014 9 1 2 4 3 5 gjer mi plikt som bestefar, samtidig som det gir meg utruleg mykje å vere saman med dei. Det er antakelegvis det kjekkaste ein kan oppleve. Å vere saman med små menneske. Det er så spennande å høyre korleis dei tenker, og ikkje minst å ta dei med på ting. Kino og symjing, turar, ferie, for eksempel. På spørsmål om korleis han er som bestefar, humrar Thompson. – Nei, eg er jo veldig, trur eg sjølv, ettergivande. Sikkert ikkje flink til å sette grenser. Det får eg jo høyre. Eg er raus og snill med dei. Eg er kanskje ikkje så veldig... For første gong i løpet av intervjuet leitar Thompson etter orda. – Eg er kanskje ikkje den personen som er den flinkaste til å klemme folk. Det er tosidig... Jaja, både og. Uansett, eg er veldig opptatt av barnebarna og det å ta dei med og vere til stades for dei. Eg vil at dei skal tenke tilbake på at dei hadde besteforeldre som dei kan minnast med glede. Slik eg kan med mi bestemor, som tok seg veldig mykje av meg då eg var liten. Mi bestemor var veldig tilstades i mitt liv i Bergen. Eg tenker litt på det. Eg vil at mine barnebarn skal ha ei god kjensle av at dei har hatt gode besteforeldre. I tillegg veit eg også korleis det er med foreldre, dei er travelt opptatt. Steinar bur på Bryne, og eg har ønska å ha meir tid til å reise til han og familien. Då eg bestemte meg for å gå av med pensjon kjente eg på at det kanskje er det som er det viktige i livet og kanskje ikkje jobben, trass alt. Jobb er bare jobb. Sønene, Espen og Steinar, er Alan Thompson sine store stoltheiter. Og hans beste venner. – Eg har eit veldig nært forhold til dei. Dei er mine nærmaste fortrulege. Vi kan snakke om alt. Dei er store støttespelarar og har stilt opp for meg uansett, og vil alltid gjere det. Vi er mykje saman og reiser på feriar og andre turar saman. Vi har som tradisjon å ta ein fotballtur til London kvar haust. Eg er veldig privilegert som har to så kjekke søner. Dei er gode menneske. – Det er jo di forteneste? – Jaja, vi er nå to om det. Men eg føler at dei har flotte og reflekterte verdiar og er veldig flinke. Eg føler vi har vore heldige med oppdragelsen. Dei er jo individ sjølv, så det er sikkert ikkje bare oppdragelsen, men eg håpar at eg har bidratt til at dei har blitt slik dei er. A lt året han kom inn til Sauda, i 1975, meldte Thompson seg inn i Arbeidarpartiet. Han blei så vald inn i kommunestyret i 83-valget. Han var engelsk statsborgar fram til 1987. Fram til 1983 kunne ikkje «utlendingar» stille på lista. I 1983, då han hadde vore med i Arbeidarpartiet i sju år, som kasserar, stod han på vallista. Thompson fekk så mange stemmer at han var på formannskapsplass, men sjefen hans skulle gå av som kommunekasserar og Thompson sikta seg inn på den jobben. Det gjorde at han ikkje ønska å gå inn i formannskapet. Men han blei vald inn i kommunestyret. Karrieren blei likevel rimeleg kort, i og med at han begynte som kommunekasserar i august 1984. – Har du nokon gong følt at di stilling som rådmann kjem i konflikt med din politiske ståstad? – Nei, eg veit med meg sjølv at eg alltid har vore ryddig og profesjonell i mi rolle som leiar i kommunen. Eg var veldig bevisst på at dei råda eg gav og alt eg heldt på med utelukkande var ut frå mine faglege vurderingar på kva som var rett og best for samfunnet og innbyggarane til eikvar tid. Om det var samanfallande med SV, Høgre, Senterpartiet eller Ap var noko eg ikkje tenkte på, eller brydde meg om i det heile tatt. Som rådmann må du sjå vekk frå det, både i sinn og skinn. Det er noko ein lærer i ei slik rolle gjennom så mange år. Likevel, eg har alltid hatt eit sosialdemokratisk Portrettet: Alan Geoffrey Thompson 10 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 ...ein del enkeltting som etter min smak har vore litt unødvendige... 2 JOBB: 1. Kontoret til Alan Thompson på Rådhuset bugna alltid av papir, men han påstår at han alltid visste kor alt var. 2. Sjølv som pensjonist har han ein stram timeplan og fører alle planar opp i sin digitale kalender. 3. I slutten av juni 2013 hadde Alan Thompson sin siste dag som rådmann i Sauda kommune. Han blei mellom anna takka av av ordførar Frode Sulen. (Alle foto: Linda M. Lie) livssyn. Når eg nå er fri og frank til å ha ein ståstad, er det den bevegelsen eg føler tilknyting til. Men eg har også sympati for andre politiske parti. – Å leve saman med ein så travel mann, i ein så utsett posisjon, kan vere ei belastning. Kva tankar gjorde du deg om kva Ellen måtte tåle på grunn av deg og din jobb? Det har gått 50 minutt sidan intervjuet starta når eg tar opp temaet. Då lurer Thompson på om eg vil ha noko å drikke. – Ja, takk. Eit glas vatn er fint. Det viser seg at Thompson har størst behov for å væte ganen. Kanskje ikkje så rart. Han snakkar stort sett utan pause. Ikkje fort. Men jamt. Eller er den plutselege kjøkkentenesta eit skalkeskjul for å dekke over at han ikkje er like rask i replikken når vi kjem inn på privatlivet hans? Han kjem tilbake med vassglaset og pratar medan han tar ein ny tur ut på kjøkkenet. – Det er jo litt synd... Eg har nokre lappar her... Han kjem tilbake med eit fat dandert med nysteikte lappar og eit fat med småkaker. – Kva var det du sa? Godt spørsmål, ja. Tilbake til kjøkkenet. Han kjem inn igjen og skjenkar seg sjølv ein kopp kaffi. – Viss du vil ha kaffi så gir du bare beskjed, sant? oppmodar han, medan han tar nok ein tur ut på kjøkkenet, og samstundes startar med å gi eit lengre svar på spørsmålet. – Eg har jobba veldig mykje i alle dei åra eg har vore tilsett i Sauda kommune. Det hadde aldri gått viss ikkje det var ei som tok eit større ansvar på heimebane. På mange måtar er det eit team-arbeid å ha ein slik jobb som eg hadde. Når du ikkje er der dei 50-55 timane må det vere ein aksept heime og ei arbeidsfordeling som er tilpassa dette. Vi hadde ungar. Då eg blei kommunekasserar var Espen ni år og Steinar fem. Det har alltid falle meir på Ellen, dei tinga der. Det har vore ein føresetnad og sikkert slitsamt for ho, at eg ikkje har vore der, ikkje kjem heim, middagen er kald og så vidare. 1 S om ein del av kommuneleiinga må ein med jamne mellomrom tåle tøff kritikk frå både innbyggarar og folkevalde, særleg som rådmann. Thompson vedgår at det ikkje var alle saker som var like enkle å takle, men at det var fleire enn han som fekk merke presset ei stilling som kommunen sin øverste administrative leiar førte med seg. – Når ein får pes frå talarstolen eller i avisa og så vidare er det ikkje bare den det gjeld som må tåle det. Eg er betalt for å måtte stå fram og måtte tåle det som kjem. Ho, som «bare» er gift med meg, og eventuelt andre, dei tar også innover seg ting som ikkje er kjekt å lese eller å høyre. Sjølvsagt skal ein få seie kva ein vil, men dei som kjem med kritikk på den offentlege arenaen må også vere klar over at det ikkje bare er hovudpersonen som eventuelt får ein trøkk, men også familien. Den empatien der, den er det viktig at folk er bevisst på og har forståing for. Det er ein kjensgjerning at det ikkje bare er du som får ein trøkk, men også dei som du er mest glad i, det må ein ta med seg i ein slik jobb. Det var også noko som låg i bakhovudet då eg skulle legge på vektskåla i forhold til om eg skulle slutte. Det å opne avisa og tenke «kva er det no»... Slik har eg hatt det i periodar. – Føler du at du har fått mykje uberettiga kritikk? – Nei, i grunnen ikkje. Thompson tar ein slurk kaffi før han fortset. – Men det har kanskje vore ein del enkeltting som etter min smak har vore litt unødvendige, skal eg vere heilt ærleg. Stort sett er folk veldig greie og behagelege, men så er det nokre unnataksvise slag langt under beltestaden. Det er det jo. A lan Thompson slår meg som ein veldig korrekt mann. Har han aldri gjort noko galt, bortsett frå å bade ulovleg i utebassenget? – Eg er ikkje meir enn eit menneske. Eg prøver alltid å gjere ting rett, men det er klart at eg ikkje alltid strekker til. Eg er ikkje noko supermenneske 3 eller ufeilbarleg. Eg trur det er viktig å vere audmjuk overfor at ein kan gjere feil. Ein må reflektere litt over ting. Stille seg spørsmålet: oppførte eg meg skikkeleg nå? Ein må tenke litt gjennom det å vere eit godt menneske, ein god kollega, ein god sjef. Eg trur nok at dei fleste på jobben i Sauda kommune vil seie at eg, på min måte, var omsorgsfull. – Har du nokre negative sider? – Eg er veldig utålmodig. Av og til må eg telle til ti. Sjølv om Thompson framstår som veldig strukturert var alltid kontoret hans i Rådhuset fullt av papir. Men det var systematisk rot, meiner han sjølv. – Eg hadde det som punkt på agendaen at eg skulle rydde, men det blei utsett og utsett. Det var for mykje papir der. Det var det, men eg hadde fullstendig kontroll på kor alt var. Eg lyg ikkje. Men eg var også overnøye med ting, eg kunne liksom ikkje sleppe taket i ting. – Kan det ha vore irriterande for andre? – Kan hende, men eg trur også det var ein trygghet. Var det noko så kunne dei spørje meg. Eg hadde oversikta og erfaringa på mykje. Eg var opptatt av å halde meg oppdatert og å få informasjon. Viss avisa eller politikarane ringde så måtte eg vite det. Det nytta ikkje å seie at eg ikkje hadde peiling. Det kan kanskje ha blitt oppfatta som pedanteri, men det var ikkje meint slik. Eg følte at for min eigen del så måtte eg ha oversikta for at alle brikkene i puslespelet skulle falle på plass. T hompson har i sin jobb virka som ein alvorleg person. Iallfall utad. – Korleis er temperamentet ditt? Kan du bli hissig? – På jobben dei siste tre åra kunne eg tenne ein fire-fem gonger og gi klar beskjed. Eg har evna til å gjere det. Men det er sjeldan. Portrettet: Alan Geoffrey Thompson PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 11 Eg er veldig utålmodig. Av og til må eg telle til ti. OPP- OG NEDTURAR: Dei jobbane Alan Thompson i løpet av 36 og eit halvt år som tilsett i Sauda kommune har hatt har bydd på både mot- og medgang. Han vedgår at livet i profilerte og til tider svært utsette roller til tider har vore utfordrande å takle, særleg for familien. (Faksimile) – Kva med kommunestyret, når du fekk kritikk eller folk var ueinige meg deg? Korleis forhaldt du deg til desse personane når du trefte dei utanfor salen. Tok du det med deg vidare? – Eg har aldri hatt noko problem med det. Slik er systemet. Det er der og då og ferdig med det. Det sit gjerne litt i bakhovudet viss det er noko som har vore litt ekstremt, men du prøver å ikkje la deg påverke. I ein krevjande kvardag er det viktig å finne måtar å avreagere og stresse ned på. Thompson har gjennom mange år opparbeida seg ei imponerande samling litteratur, musikk og filmar. Han geleidar meg ned i underetasjen. Hylle på hylle med vinylplater, cder, litteratur, magasin, vitenskap, historie og filmar. – Kor mange bøker og filmar har du? – Eg har omlag 1 500 bøker og 2 000 filmar. Eg samla jo på VHS, men då dei gjekk ut av produksjon måtte eg begynne på nytt igjen. Dette er mi glede. Eg er veldig interessert i film og var glad i det både som barn og ungdom. Det å få tak i slike gode, gamle filmar som eg aldri fekk tid til å oppleve, det gjer meg glad. «Gjøkeredet», «Pulp Fiction», «Easy Rider», «Blues Brothers», historiske ting og gamle svisker. Eg hadde filmane, men aldri tid. Eg har gleda meg til å bli pensjonist slik at eg kunne få tid til å sjå filmane og spele all den musikken. – Har du hatt tid til det, då, etter at du pensjonerte deg? – Ja, men ikkje så mykje som eg kunne tenkt meg. F or livet som pensjonist er travelt. Iallfall viss ein skal få tid til alt ein har hatt lyst, men ikkje mulegheit, til tidlegare. Alan Thompson sit i styret i Sauda Vekst, blei nyleg vald til nestleiar i fotballgruppa i Sauda idrettslag, er engasjert i vennskapssamarbeidet Sauda-San Juan del Sur og Fairtrade, nestleiar i Sauda Arbeiderparti og møtande vararepresentant til styret i Rogaland Arbeiderparti. – Ligg det i korta at vi får sjå deg i kommunestyresalen etter neste val? – Viss nominasjonskomiteen spør meg så trur eg nok eg ganske sikkert vil seie ja. Årsaka til det er at eg har tid, interesse og omsut for saudasamfunnet si framtid. Eg kjenner til kommunal drift. Eg kjenner til jus og økonomi. Eg har nettverk og veit korleis ting heng saman. Eg trur eg kan bidra med noko. – Siktar du deg inn på ordførarrolla? – Nei, det gjer eg ikkje. Eg forheld meg til at vi har ein oppegåande ordførar i dag og eg støttar han. I fotballgruppa består nå leiarduoen av to bergensarar, som naturlegvis også er Brann-patriotar. – Vi spøkte med at det kanskje kunne vere ein idé å skifte ut Sauda sine blå drakter med raude, ler Thompson. Det er ikkje bare Brann som har ein tilhengar i Åbødalsveien 59 i Sauda. Hull City, laget som gjennom suksess på fotballbanen har vore med på å løfta ein by som for ein del år tilbake var fattig og hadde store problem, ligg også Alan Thompson sitt hjarte nært. – Blir du veldig engasjert når du ser fotball? – Ja, viss Brann eller Hull taper er eg småsur og lei meg den helga. Tenker på det om natta og alt muleg. Viss dei vinn er eg desto meir munter og synest alt går bra. Men eg har bite i det sure eplet og erkjent at andre lag gjer ein god jobb. Som FK Haugesund. Det å klare å bli nummer tre i Tippeligaen, med dei ressursane, må vere eit eksempel på ein svært veldriven klubb som har lukkast. Sjølv om eg skulle ønske at Brann gjorde det betre. A lan Thompson vedgår at han ikkje er veldig utadvendt, men han liker å snakke med folk. Han må likevel ha ein kontakt, eller trygghet, før han slepper seg laus. – Er den først der så kan eg snakke om alt muleg med folk. Eg må bare komme over den terskelen. Det er tydeleg at Thompson har komme over den kneika når det gjeld møtet med Ryfylke. Han, som for to og ein halv time sidan virka litt skeptisk til å dele sine yrkes- og livserfaringar med ein journalist frå lokalavisa, gir nå uttrykk for at han har meir på hjarta. – Eg kjøpte meg ei flott bok i går. Nå skal eg lese Einar Gerhardsen sin tale på Kråkerøya. Han tok eit oppgjer med kommunismen. Thompson begynner å lese høgt. – «62 historiske taler». Då kan du tenke over kva for ein sær gubbe det er som sit her og interesserer seg for historiske talar. Eg er veldig interessert i historie. Både i bøker og filmar. Eg har alltid eit prosjekt på gang. Det gir meg veldig mykje. Min far og bestefar hadde same interessa. Du skal vite kor du kjem frå. Og det veit heilt tydeleg Alan Thompson. Han har arva ei rekke autentiske forsvarsmedaljar som symboliserer faren sin innsats i krigsåra. Han fortel detaljert om sin historiske bakgrunn. Datoar, årstal, namn – alt kjem utan at han treng tenkepause. Det gjeld for så vidt det meste eg spør han om. Så forklarer han også sjølv at han er ein utålmodig person som liker at ting blir gjort når dei er lova. Vi rundar av intervjuet. – Mitt oppdrag er å finne nokre bilete? kvalitetssikrar Alan Thompson – Ja. – Okei, då skal eg ta den jobben. Eg treng ikkje purre. Bileta kjem av seg sjølv kort tid etter intervjuet. Naturlegvis. Portrettet: Alan Geoffrey Thompson 12 Fredag 11. april 2014 Påskemeny PÅSKEAVISA Marita Ims [email protected] Til seks personar Forrett Hovudrett Spekeskinke med appelsin Lam med rotgrønsaker og rosmarin 12 skiver god spekeskinke, gjerne Suldalskinke 1 appelsin Litt ruccula Olivenolje Salt og pepar Legg to skiver spekeskinke på ein tallerken. Skjær ut filètane av appelsina, og klem safta ut av resten i ei lita bolle. Rør inn litt olje, salt og pepar og bland dette med ruccula, som du legg oppå skinka. Legg så på nokre fine appelsinfilètar og servér. 1 lammelår, ca 2,5 kg 3 gulrøter ½ sellerirot 1 pk grøne bønner 1 liten raudløk 1 kg mandelpotet Rosmarin 1 sitron Smør Olje Salt og pepar Sett omnen på 230 grader. Gni inn lammelåret med olje, salt og pepar. Stikk eit steiketermometer inn i den tjukkaste delen. Pass på å ikkje kom borti beinet. Etter cirka 15 minutt PÅSKEAVISA skal den ha fått ein fin farge. Skru omnen ned til 70 grader. Når steiketermometeret viser 65 grader tar du låret ut av omnen og pakkar det inn i aluminiumsfolie for at det skal kvile ferdig. Imens lagar du tilbehøret. Skru opp omnen til 200 grader. Del poteter i to, bland med olje, salt, pepar og rosmarin. Bak i omn i cirka 30 min. Del også gulrot, sellerirot og løk. Ha over salt, pepar, olje, gjerne ei spiseskjei honning og litt sitronsaft i ei eldfast form og steik i omnen i cirka 20 minutt. Lag saus av sjyen frå kjøtet. Visp inn ein god klatt smør og jamn hvis det trengst. Kok opp grøne bønner i lettsalta vatn og bland dette med resten av grønsakene rett før servering. Fredag 11. april 2014 13 Dessert Frisk sitron- og appelsinfromage med Kvikk Lunsj 3 egg 125 g sukker 5 dl fløyte 7 pl gelatin Saft av 2 appelsiner og ½ sitron 3 Kvikk Lunsj Pisk egg og sukker luftig. Blautlegg gelatin og smelt det forsiktig saman med appelsin og sitronsaft. Bland inn i eggedosisen. Bland så dette saman med lettpiska krem. Fordel i porsjonsformer eller glas, lagvis med knust Kvikk Lunsj mellom laga. Sett kaldt i ein time. Stikk ei Kvikk Lunsj-stang nedi før servering! Påskemenyen er utvikla og tilberedt av Nicholas Guindani, innehavar av Ryfylke Mat 14 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 EKTE KJÆRLEIK: Ingen ville ha den gamle blandingshesten Willow før Stephanie Birkeland såg mulegheitene i han. I dag er araber/welsh-hesten Birkeland sin best utdanna hest. Hestekjærleik Barn og vaksne strøymer til Stephanie Birkeland sin rideskule Take the Step. Ingvil Bakka [email protected] Hestane må behandlast rett, og dei skal ha det godt i livet sitt… – Dette er livet mitt. Ikkje eit liv med rikdom, men eg kan ikkje ha det betre. Eg har draumejobben, seier Stephanie Birkeland. Tolv hestar Heime på garden på Mosbakka har Stephanie Birkeland, som opphaveleg kjem frå Amerika og har budd i Sauda i tjue år, travle dagar som bonde og smågrisprodusent – og som rideinstruktør og hestetrenar. Fire-fem kveldar i veka driv ho rideskulen Take the Step, som ho starta i 2010. I tillegg gir ho privattimar i helgane, både i og utanfor Sauda. På garden på Mosbakka bur det i dag tolv hestar, der åtte av desse er familien Birkeland sine. Stor interesse Interessa for hest og ridning aukar stadig blant fleire unge og vaksne saudabuar. Ifølge Birkeland skjer det ofte at hesteinteressa til borna smittar over på foreldra. – Eg merkar ei stor interesse på den akademiske sida av hestehaldet. Folk blir fascinert og overraska over kor komplekst det er å læra alt det tekniske når ein jobbar med hestar, fortel Birkeland, som er utdanna innan akademisk ridekunst. Minst tre gonger i året reiser ho med ein av hestane sine på kurs hos ridemeistrar i Sverige, Danmark eller Tyskland. Teori og praksis Fem av hestane på Mosbakka blir brukt av rideskuleelevar. Elleve år gamle Martine S. Logiestava har lagt sin elsk på islandshesten Oskar. Kvar onsdag er ho på rideskulen. Av og til rir dei opp til Litlestølen, andre gonger har dei teoretisk og praktiske øvingar på garden. – Det er veldig kjekt. Eg har vore med i eitt og eit halvt år nå, og lærer alltid noko nytt, seier ho. Anne Margrethe Grindheim, som går i fjerde klasse på Risvoll skule, fortel at ho blei lokka med då det viste seg at nesten alle jentene i klassen gjekk på rideskulen. – Eg synest det hørtest gøy ut. Eg har alltid likt dyr og hestar, seier ho. Torid Morsund Øygard begynte på rideskulen med eit par venninner for tre år sidan. – Fordi eg elskar, elskar, elskar hestar. Først trudde ikkje mamma at eg meinte det, men nå gjer ho det. Eg er her fleire gonger i veka og rir på Oskar, Linda, Belle eller Dharma, fortel ho. Fire leiger plass 14 år gamle Lotte Baardsen er ein av fire hesteeigarar som leiger stell og stallplass hos Stephanie Birkeland på Mosbakka. Ho fekk den nå elleve år gamle ponnyen Dina for snart eitt år sidan, etter at ho sjølv hadde vore elev ved rideskulen i eit par år. – Eg har henne fast her oppe hos Stephanie. Men eg er her fire-fem gonger i veka, fortel ho. Også familien Løvik, som bur i Amdalsvegen, har hest, men ikkje plass til den heime. Tinkerhesten Qwin er åtte år. – Eg dreiv sjølv med hest då eg var fjortis og kalla meg ”ridelærar” i ungdommen. Men det var PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 15 Fordi eg elskar, elskar, elskar hestar… DELER INTERESSE: Marina Løvik og mamma Jorunn Løvik er begge glade i hestar. I fjor kjøpte familien tinkerhesten Qwin, som bur hos Stephanie Birkeland på Mosbakka. GØY MED HEST: Sofie Rafdal (til venstre), Martine S. Logistava og Anne Margrethe Grindheim har det gøy på rideskule på Mosbakka. Bak ser me Jorunn Løvik og Dharma, som er ein welsh ponny. PÅ TUR: Stephanie Birkeland og elevane hennar rir ofte opp til Litlestølen. Frå venstre: Mathilde Kalvik Stålesen på Oskar, Anna Løyning på Belle, Martine Århus på Dina, Stephanie Birkeland på Rose og Marina Løvik på Qwin. k på Mosbakka jo på eit heilt anna nivå enn det Stephanie driv med, innrømmer Jorunn Løvik. Då dottera Marina fekk ei gryande hesteinteresse såg mora det som uaktuelt å senda den då ni år gamle jenta ut av bygda for å dra på rideleir. – Men så fekk me høyra om Stephanie og hestane hennar. Me har vore her i fem år nå, og i juni i fjor kjøpte me Qwin, seier Løvik, som har fått gjenoppfriska rideinteressa si. – Det er kjekt å ri på tur. Og dessutan må eg jo opp hit for å sjå dottera mi, ho er jo aldri heime, bare her, seier ho blidt. Glad i dyra Stephanie Birkeland stortrivst med hestane og skryt av elevane sine. – Hestar er store dyr, og det er eit omfattande arbeid å få få god kommunikasjon mellom menneske og dyr. Tid er det viktigaste når ein skal bli kjent med dyr. Det finst ingen snarvegar, seier ho. Stephanie Birkeland vil aldri gi opp ein hest som er ”vanskeleg”. – Viss hesten er vanskeleg er det eg som gjer noko feil. Hestane må behandlast rett, og dei skal ha det godt i livet sitt. Eg kunne aldri tenkt meg å byta ut ein av hestane mine. Eg er glad i dyra mine, seier ho. I slutten av mai vil det bli halde eit kurs om akademisk ridekunst i Sauda, med innleigde profesjonelle instruktørar. Ifølge Stephanie Birkeland har det aldri tidlegare blitt halde tilsvarande kurs på Vestlandet. SAMARBEID: Etter rideturen får islandshesten Oskar kos av Martine S. Logistava (til venstre), medan Mathilde Kalvik Stålesen ordnar med salen. HESTEJENTER: Den elleve år gamle New Forest-ponnyen Dina er midtpunktet blant jentene Marina Løvik (frå venstre), Martine Århus, Anna Løyning – og Lotte Baardsen, som eig hoppa. 16 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 Velkommen til påskekos i sentrum Barne Foto: Fjellheim Foto Malene Steen Nordbø Nilsemann Mr. Podsoll Program Mandag 14. april: Kl. 09.00 – 21.00 Kl. 12.00 – 18.00 Kl. 16.00 Kl. 18.30 – 21.00 Butikkene byr på hyggelig påskehandel Telt på Rådhusplassen m/servering og god stemning Minikonsert m/Malene Steen Nordbø, vinner av “Stjernå 2013” Barnedisko i teltet. GRATIS INNGANG Tirsdag 15. april: Kl. 09.00 – 21.00 Kl. 12.00 – 21.00 Kl. 17.00 Kl. 20.00 Kl. 18.00 – 21.00 Kl. 21.00 Butikkene byr på hyggelig påskehandel Telt på Rådhusplassen m/servering og god stemning Påskequiz i teltet Trekning av påskekyllingkonkurranse Allsang og god påskestemning m/Nilsemann i teltet “Aftershopping” på Kløver m/Mr. Podsoll Gunnar og Wenche (kjent fra City Bistro) serverer god, hjemmelaget mat og god drikke PÅSKEQUIZ HVOR HAR HØNEMOR GLEMT/GJEMT SINE 5 KYLLINGER? I enkelte utstillingsvinduer har vi gjemt unna 5 påskekyllinger. Bli med i trekningen av et stort påskeegg fylt med overraskelser. Svarslipp fås i teltet fra mandag 14. april kl. 12.00. Leveres ferdig utfylt i teltet innen tirsdag 15. april kl. 18.00. Send påmelding til: [email protected] innen mandag 14. april kl. 15.00. Max 6 pers. pr. lag. PÅSKEAVISA TARA-telt: Peak Performance -50% OUTLET: Underetasjen -70% Fredag 11. april 2014 17 KAN DU TENKJA DEG Å JOBBA MED... G AVEKORT snøscooter, ATV, butikk/salg, traktor, kontor? Sauda Handelsforening www.tara-sauda.no Designsolbriller Frå 10. april stiller vi ut diverse Tredal-hengere på Byggeriet i Sauda Klokker For meir info kontakt Byggeriet Sauda, tlf. 52 78 58 20 eller Møgedal Mek. Verkstad as, tlf. 52 79 25 30 Briller/linser Klokker fra bl.a. Ta kontakt med oss på yrkesmessa! Skulegata 6, Sauda, telefon 52 78 39 77 Bergekrossen, Sand - tlf. 52 79 25 30 18 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 PÅSKEN I SLETTEDALEN Skulle du ha behov for påfyll før eller etter turen sel parkeringsvaktene brus og sjokolade. ÅTVARING Parkeringsplassen er brøyta. Parkeringsavgift kr 30,-. Parkering for heile påsken kr 150,-. Vakter ordnar trafikken. Skjærtorsdag 17. april: Andakt kl. 12.00. Ha en fin påske i Slettedalen i gode løyper! Slettedalen skianlegg - satser på Vestlandet Meny Sjøen 12 Sauda Fjord Camping Tlf. 52 78 18 00 PÅSKEFERIEN Onsdag 16. april kl. 14.00 – 17.00 KOMLEMIDDAG Fredag 18. april kl. 16.00 – 20.00 THAIBUFFET Til alle som ferdast i Saudefaldene sitt reguleringsområde: På grunn av tapping frå våre magasin og varierande vasstand er det stor fare for usikker is, spesielt langs land og ved innløp og utløp av magasina. Hugs at snøen kan skjule store sprekker, groper og rasfarlege isblokker. Kraftliner: Dersom det er mykje snø kan det vere liten avstand til straumførande kraftliner. Det er viktig å ferdast i god avstand. Sjå nettportalen www.varsom.no for meir informasjon om usikker is og andre farar ved ferdsel i naturen. Deksel: OBS! På grunn av komande arbeid vert det tappa meir enn normalt • Ipad frå Holmavatnet. Ein må pårekne stor fare for usikker is. • iPhone • Mobilar GOD TUR! Vi ønsker alle våre kunder og forretningsforbindelser en god påske! Powerrocks; ekstra batteri til nettbrett og mobil IT & SUPPORT Apple TV - leig film direkte til TV KONKURSPARTI av hagemøbler , Apple du treng av PC t de i l va ut t God og nettbrett. king, virustil data, overva p el hj du g en Tr blem? ler andre IT-pro fiksing eliPad Air g - utruleg tynn, utruleg m kan hjelpe de karar solett ni ek -t IT r ha e M innan data. med det meste E. Janson Service Blikkenslager og taktekking Tlf. 970 32 801 / 918 80 256 - [email protected] Pinell DAB / Internett radio Lytt til kva du vil, når du vil. IT & SUPPORT Companiet Sauda har kjøpt opp deler av et stort konkursparti, og hagemøbler i topp kvalitet skal ut til under halv pris. Salg fra Rådhusplassen fredag og lørdag. Godt utval i det du treng av PC, Apple og DETTE VIL DU IKKE GÅ GLIPP AV! nettbrett. Treng du hjelp til data, overvaking, eller IT-problem? Me har IT-teknikarar som kan hjelpe deg med det meste innan data. Fredag: 11.april: kl.21.00 - Kveldsmøte kl.23.00 - DJ - Jørgen Jonassen Lørdag: 12.april: kl.19.00 - Kveldsmøte + lovsangskonsert Søndag: 13.april: kl.19.00 - Kveldsmøte kl.22.00 - Underholdningskveld Sted: Turnhallen, Sauda Fra 8.klasse GRATIS INNGANG! Me sel parabol og abonnement. Velkommen innom på kaien! Velkommenbutikken innom vår butikkane våre på Sand i Sauda! Godeeller prisar på kvitevarer og PC.og TV NB! Butikken i Sauda fører kvitevarer Tlf.: 52 79 06 67 epost:52 [email protected] Felles telefon: 79 06 65 www.bok-it.no PÅSKEAVISA 19 Design / Idé: www.steinariversen.no Foto: Haakon Nordvik -20% Fredag 11. april 2014 Frihet på spa og personlig pleiemiddel Vi har stort utvalg av spa-modeller. Priser fra kr 43.490,Kom innom for tilbud! NORSK DESIGN&PRODUKSJON www.hurricane.no Viking ute-spa og pleieprodukter Når du velger et Hurricane Massasjebad, velger du et klorfritt massasjebad designet for ren velvære Butikk i n e Saudasjø Litt slik er det å vere kunde hjå Tveit. Du får ein enklare kvardag, større frihet og meir fritid. Me set pris på besøk både av eksisterande og nye kundar. Du treff oss elles på telefon 414 73 177 eller på www.tveit.no Sauda Varme & Bad A/S Åpningstider: Hverdager 09.00–16.00 Torsdag 09.00–17.30 Lørdag 10.00–14.00 Rekneskap og økonomisk rådgjeving for næringsliv og landbruk Nesøyra 20 4208 Saudasjøen Tlf. 52 78 54 40 www.vb.no Møbler levert fra; Vi leverer og monterer etter avtale Har også stor garnavdeling Dalegarn Sandnesgarn Drops Vikinggarn Fagmøbler Sauda Skulegata 3 Tlf. 53 78 32 25/906 53 759 [email protected] Åpent: 9–16, tor 9–18 (10–15) Ny hytte i Sauda? Kontakt Tlf. 900 56 822 - [email protected] 20 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 VÅRENS NYHETER ER PÅ PLASS FRA ALLE VÅRE LEVERANDØRER TIL DAME - HERRE - UNGDOM ÷20% Dame: Alle bukser Herre: Ved kjøp av bukse og overdel ÷200,- i rabatt GJØR ET KUPP! Resten av vintervarene opptil ÷75% Bolleposer Prinsessestenger 39,39,- Vi baker alle våre brød med rapsolje Velkommen innom til nyoppussede, hyggelige lokal! Åpningstider: Vi har åpent alle dager kl. 12.00 - 24.00 Ring og bestill! Max 10 minutt ved avhenting eller spis hos oss i hyggelige omgivelser. Alle retter fås som take away God påske til alle våre kunder! (Alf Selvig a/s) ITALIEN SK - N O RSK MEKSIKAN SK - IN D ISK - TYRKISK PIZZA, PASTA, KEBAB, RULLEKEBAB, KJØTTRETTER Alle rettigheter Selskap, julebord, konfirmasjon, firmafest... i alle avdelinger Hos oss finner du det meste til de fleste a Rosa m a M Rådhusgata 37, 4200 Sauda - Tlf. 52 78 29 02 Her kan du bruke sentrumsgavekortet T GAVEKOR Her kan du bruke sentrumsgavekortet ing Sauda Handelsforen T GAVEKOR ng Rådhusgata 40 Sauda Handelsforeni Eventyrlig effektiv mot lus gjør deg påskefin Velkommen til oss Vi har det lille ekstra til påskekosen, blant annet fra Amundsen og Lille Special, samt nødvendigheter som solkrem, aloe vera og betakaroten. Husk marshmellows til kakaoen. • Lusehemmendeeffekt • Utenkonserveringsmidler • Naturligfruktduft • MedAloeVera Påskepris 175,- daily wellness Rådhusgata 26 · Tlf. 52 78 13 99 Påsketilbud Elizabeth Arden Visible Difference 75 ml Før 700,- Declaré Caviar Body Butter 200 ml Nå 199,- Før 699,Green Tea Dusjsåpe 500 ml Før 299,Nå Vi ønsker alle en riktig god påske! Åpningstider: Følg oss på Mandag 14/4: 09.00 – 16.00 Tirsdag 15/4: Langdag. Drop In fra kl. 16.30 Hilse Onsdag 16/4: 09.00 – 16.00. Drop In/Timebestilling Trine ong Karoline Tlf. 944 36 002 • Nedvask av hus, kontorer etc. Før 499,Nå 199,- • Vikaroppdrag • Alle renholdsoppdrag • Vaskeritjenester • Skuring og boning • Daglig renhold Avdeling fra Sauda til Karmøy Tlf. 4003 6006 www.effektivt-renhold.no Ta 3 - betal for 2 Elizabeth Arden Mascara Før 225,Nå • Vindusvask • Kantineservice 149,- Green Tea Honey Drops 500 ml Vi i Effektivt Renhold Haugaland as kan hjelpe til med følgende: • Ukentlig vask av hus og hytter Nå 399,- Ta 3 - betal for 2 99,- Jean Paul Gaultier Deo Stick Før 250,Nå 169,- Mye nytt i halskjeder og ørepynt Van Gils Deo Stick Ass. Før 199,- Nå 99,- PÅSKEAVISA Bålpanne Hygge basic Outdoorchef 480 Delta Nå Nå 1.795,- Fredag 11. april 2014 21 S P ORTS H Y T TE PÅ V E TRHUS , SAUDA 2.200,- Kampanjepriser Ariens gressklippere SULDAL HYTTEBYGG • TLF. 52 79 63 00• HEDDA.NO Tlf. 52 78 21 75 - Tlf. etter åpningstid: 468 88 537 Parkett Laminat Tepper Maling Tapet Belysning Golvbelegg Gilde Påskeskinke Saudasjøen 99,pr. kg Utvalgte Sætre kjeks Fanta -30% 2 for 30,Nidar 1,5 ltr. ass. pose 3 for 99,Rådhusgata 22 - tlf. 52 78 22 48 Håper du stikker innom 22 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 God påske! T GAVEKOR g forenin Sauda Handels Her kan du bruke sentrumsgavekortet Beste tilbud? Har du planer om graving, sprenging, betongarbeid, eller et totalprosjekt? Vår styrke er et bredt fagmiljø med rett person til oppgaven. Dette begynner med gode råd og forslag på et tidlig stadium. Ta kontakt for et konkurransedyktig tilbud. Tlf. 52 78 54 00 www.brselvik.no Alt fra undertøy til vann- og vindtette klær til jente og gutt 0 – 12 år Påsketilbud STILLASUTLEIE Kontorvarer Trygt, enkelt og billig 50% på all ull Skrivesaker Matbokser 3for2 Vi spanderer den billigste! Tilbudet gjelder fra 11. – 19. april Skolestartvarer Brugata 19 - Tlf. 52 78 22 30 Spill Leker Lager i Etne og Sauda Tlf: 48 10 15 65 www.leiestillas.no Kort Plukk og miks varer i alle disse kategoriene og noen til! Tilbudet varer fra 2. – 7. september. R&L Fashion VI ER HER. Butikken med det lille ekstra Vårens nyheter fra kjente markevarer finner du hos oss spv.no / 05555 Lik R&L fashion på facebook G AV E K O RT Sauda Handelsforening Barfota Line of Oslo NU by Staff Beltecompaniet Tulip & Tatamo Elisa Cavaletti Beck Søndergaard Nora Norway Toms Shoes Barn - Dame - Herre Nyhet: Også til herre Ta turen innom for en hyggelig påskehandel. God påske! Besøk vår nettbutikk, rlfashion.no Tlf. 52 78 00 52 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 GOD PÅSKE til alle våre lesarar, annonsørar og påsketuristar. Helsing Ryfylke Få med deg kva som skjer i Sauda... Bestill abonnement på Ryfylke eller kjøp avisa i laussal, i butikk eller på nett! Tlf. 52 78 68 00 - www.ryfylke.net 23 24 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 Saudafjella - frå sør til nord - i merka løyper Skisport i Sauda dreier seg ikkje berre om alpine aktivitetar. Fjella og dalføra i Sauda-traktene kan ôg by på ei mengd varierte løyper for turskientusiastar. Nordstøldalen For tilreisande er Svandalen, omlag fem kilometer frå Saudasjøen, best kjent som utfartsstad for alpinistar og snøbrett- og telemarkskøyrarar. Men fjellheimen sør og aust for skisenteret er òg eit eldorado for dei som svergar til ”bortoverski”. Om snøforholda tillet det, blir det merka/oppkøyrt fire løyper i Svandalsfjella. Bjødnahålene Start frå nybegynnarheis og følg til venstre ned mot bru. Ein rundtur mot Hauane hyttefelt før den vender tilbake. Kan gåast begge vegar frå brua. Foto: Per Inge Fjellheim Djuvsbotn Start frå nybegynnarheis og følg til venstre opp trasé i barneheisen. Deretter langs elva og kryssar over bru og vidare opp mot hyttefelt i Djuvsbotn. Kryssar elv og går på andre sida inn mot Djuvsbotn. Herfrå kan ein følge merka løype rundt Botnanuten eller følge same trasé ned igjen. Lyngmyr skianlegg Hustveitsåta Turen til Hustveitsåta følger same trasé til Djuvsbotn, deretter mot Smalanuten (i alpin-trasé). Gå rundt Ravnafjell (fjellet med masta på toppen) via Reinfossvatnet og over skaret til Storavatnet. Løypa går over vatnet og opp mot Hustveitsåta (1189 moh) eller følg merka løype vidare mot skisenteret før nedstiging i alpintrasé. Det er bok i varden på Hustveitsåta der ein kan skrive seg inn. Sauda Skisenter - Botnanutane Start frå Skisenteret og følg same trasé til Djuvsbotn. Traséen går vidare oppover til venstre og rundar Botnanutane i lett terreng tilbake til Djuvsbotn og vidare i same trasé ned til baseområdet i skisenteret. Frå Sauda følger du fv 520 til Saudasjøen, her tar du av til høgre like etter tunnelen ved skilt mot Ivarsrød og Tveittunet. Det er omlag sju kilometer frå Sauda sentrum til parkeringsplassen på Brekkestølsbråtet. Nordstøldalen er eit lunt og fint dalføre å gå i, og skogen skjermar godt mot vêr og vind. Frå parkeringsplassen på Brekkestølsbråtet kan du følge vegen innover mot Nordstølen og vidare mot Storevassbu. (Her har Haugesund Turistforening ei sjølvbetjent hytte). Vidare kryssar ein elva og går på andre sida Parkering Svandalen har god kapasitet når det gjeld parkering. Det går elles skibuss til skisenteret kvar føremiddag og retur om ettermiddagen. Ta av mot Sauda Skisenter og følg vegen oppover ca. ein kilometer. Ta av til høgre (skilt Lyngmyr Skianlegg). Lyngmyr byr på eit løypenett med tilsaman 7,5 kilometer med preparerte løyper. Passar godt for småbarnsfamiliar. Anlegget har tre kilometer lysløype. Usikre snøforhold seint på vinteren. Løypene på Lyngmyr er knytta opp mot løypene i Nordstøldalen. Parkering Gode parkeringsmulegheiter. nedover mot Lia, tilbake til Skeivaflåta og ned att til Brekkestølsbråtet. Rundturen er omlag åtte kilometer og går unna på 1-1,5 time. Parkering m.m. Rimeleg god parkeringskapasitet. Skiløypene i Nordstøldalen er knytta saman med Lyngmyr skianlegg, slik at ein kan følge merka løype mellom desse to turområda, så sant det er snø nok til dette. Foto: Oddvar Årthun Svandalen Foto: Bente Rasmussen Foto: Eilin Åbø Haglund NB! Denne vinteren er det varierande snømengder kring i dalføra og fjella. Rondehaugen Utsiktspunktet ligg 480 meter over havet og har utsikt over Sauda og Saudafjorden. Ligg i Brekkeheia. Ein kan gå opp frå Brekke og frå Rød. Begge stader er løypa godt skilta. Løypa opp frå Brekke er 1,3 kilometer og er enkelte stader svært bratt. Løyperekordane opp er 16.07 (menn) og 18.11 (kvinner). Ein barnefamilie treng nok ein times tid opp. I topp-året 2010 blei det registrert 6 754 besøk. Året etter, då det regna heile våren, sommaren og hausten, var talet 5 624. PÅSKEAVISA 25 Slettedalen Nasjonalen Følg oppkøyrt løype til Buer. Her dreier ein kursen til høgre opp Moringdalsbrekka og Moringdalen til Fjotene, her er løypa merka. Frå Fjotene er løypa oppkøyrt/ merka og går rundt Buernuten og Liasetnuten til Vatndalsvatnet. Her har ein to val, anten å følge over til Herheimsdalen og ned til Fiveland (oppkøyrt løype) eller følge merka løype vidare ned til Liaset og ta deg tilbake til utgangspunktet i Jeskedalen (parkeringsplassen). Siste del ned mot Tråskår er relativt bratt (ikkje å anbefale for barn). Parkering Åbødalen: Gode parkeringsforhold i Jeskedalen. Følg fv 520 retning Røldal. Like før Hellandsbygd tar du av til venstre, vegen er skilta til parkeringsplass ved skiarenaen i Slettedalen. Dalføret ligg omlag 23 kilometer frå Sauda sentrum. Deler av løypa er opplyst kveldstid. Slettedalen er også utgangspunkt for lengre turar i fjellområdet mot Seljestad og til Haugesund Turistforening sitt løypenett. Slettedalen rundt/Torvøynå Følg oppkøyrde spor frå parkeringsplass på venstre sida av vatnet mot Indrejordet. Her er det lett og barnevennleg terreng. Her har du to alternativ; anten at du følger merka/oppkjørt løype til venstre, ca seks kilometer tur/retur til Torvøynå, ca ein times gange. Det andre alternativet er å fortsette vidare rundt vatnet. Her vil ein då møte nokre fleire stigningar. 14 km rundt Slettedalsvatnet/ca 2- 2,5 time. Det er bok på Indrejordet der ein kan skrive seg inn. Ønsker ein å ta seg fram utanfor oppmerka løype kan vi anbefale Kyrkjenuten (1 602 moh). Eit anna alternativ er Nevroldsnuten, kor ein har ei fantastisk utsikt over heile Ryfylke. Minnehaugen Start frå parkeringsplass på høgre side (lysløype), følg vegen tilbake mot Hellandsbygd og vidare rundt opp og parallelt tilbake rundt turisthytta. Så ei lita stigning mot Minnehaugen før ein renn ned og tilbake til start. Lengde omlag 1 400 meter. Lett terreng og barnevennleg. Parkering m.m. Slettedalen skianlegg har fem kilometer lysløype, brytar er på idrettshytta. Dusjmulegheiter og toalett i idrettshytta. Parkering til om lag 200 bilar. NB! Slettedalsvatnet er regulert. Foto: Oddvar Årthun ”Åbødalen rundt” Turen startar og endar ved Jeskedalsbrua. Følg vegen opp Nipbakkane inn til Buer. Her viser løypestikkene den vidare ruta over mot Bakkasida og nedover til ein kjem inn på vegen som går nedover til Jeskedalen att. Løypa er omlag ti kilometer lang og går, med unntak av Nipbakkane, i flatt og småkupert terreng og blir karakterisert som barnevennleg. Denne rundløypa kan ein gå begge vegar! På Knaggamyra eller på Buhidler kan ein velje å forlenge turen ved å gå merka løype innover Buerflatane og opp til brua ved Takhidler. Her kryssar ein elva og går nedover att på andre sida. Denne rundturen er ca fem km lang. Det er bok på Via der ein kan skrive seg inn. Foto: Per Inge Fjellheim Åbødalen Frå Sauda sentrum følger du skilt til Åbødalen. Vegen går vinterstid til parkeringsplassen i Jeskedalen, ca åtte km frå sentrum. Foto: Torunn Djuvik Foto: Bente Rasmussen Fredag 11. april 2014 Breiborg Herheimsdalen/Austarheimsdalen merka løype over til Åbødalen (Tråskår) eller vidare i oppkøyrt løype mot Fjotene. Frå Fjotene og ned til Buer (Åbødalen) er løypa merka. Foto: Linda Merethe Lie Start frå Fiveland og følg veg innover til Herheimsdalen. Før Fetavatnet dreier løypa til venstre i lett stigning inn mot Austarheimsdalen. Her kan ein følge Maldal Reinsvatnet Start frå parkeringsplassen i lett stigning oppover mot Maldalsstølane. Vidare går løypa oppover til Reinsvatnet. Ved utløpet av vatnet snur ein mot høgre i retning Vardanuten. Løypa går i ein runde og snur ned mot Maldalstølane og same trasé ned til parkeringsplassen. Reinsnuten Start i same trasé som til Reinsvatnet (oppkøyrt løype). Ta av ved ”Gamlestølen”, herfrå er det merka opp til venstre gjennom skaret og opp på baksida av Reinsnuten. Same trasé tilbake. Fv 520 frå Sauda, retning Røldal, ca 20 kilometer frå Sauda. Breiborg har mange fine mulegheiter for friluftsliv både sommar og vinter og kan by på variert skiterreng vinterstid. ”Nasjonalen” Nasjonalen må ikkje forvekslast med turløypa med same namn i Åbødalen! Dette er ei merka og oppkøyrt løype som startar ved Breiborg Fjellstove og går inn mot Breibotn. Vidare dreier den til høgre (sørover) mot Tverrdalen og over Tverr- dalsheia. Det er bok på Tverrdalsheia der ein kan skrive seg inn. Herfrå går turen i lett og fint terreng tilbake og ned mot fjellstova. Turen er ei snau mil lang og tar ca 1,5 time. Parkering Langs vegen frå turisthytta til bommen før Tverrdalen er det gode parkeringsmulegheiter. Fjellvettreglane 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. Legg ikkje ut på langtur utan trening. Meld frå kor du går. Vis respekt for vêret og vêrmeldingane. Ver rusta mot uvêr og kulde sjølv på korte turar. Lytt til erfarne fjellfolk. Bruk kart og kompass. Gå ikkje åleine. Vend i tide, det er inga skam å snu! Spar på kreftene og grav deg ned i snøen om nødvendig. All ferdsle er på eige ansvar! 26 Fredag 11. april 2014 P PÅSKEAVISA å sporet av Dei får ofte skulda når ting ikkje går som planlagt i langrennssporet og har måtta tåla mykje kritikk, men kva skjer eigentleg bak kulissane i den norske smørjetraileren? Tore Bastlien Dahl [email protected] …kva ski skal ein gå på først og sist, kva ski me skal smørje opp att… Dei norske langrennsløparane har dårlege ski. Strukturen pakkar seg og det er vald feil struktur. Under dei olympiske leikane i Sotsji tidlegare i vinter florerte skjellsorda mot dei ansvarlege, både i media og på diverse nettforum. Smørjarane. Nokre kalla dei inkompetente, andre kalla dei for idiotar. Det som iallfall var sikkert, ifølge den norske opinionen, var at dei norske langrennsløparane heilt klart var blitt frårøva medaljesjansane sine grunna dårlege ski. Stakkars Therese Johaug, stakkars Chris Jespersen og stakkars resten av dei norske landslaga i langrenn. Fleire år med trening og førebuingar er gått i vasken. Alt på grunn av desse inkompetente og totalt kunnskapslause smørjarane me har. For å gi lesarane kunnskap om kva som går føre seg i kulissane under eit skirenn fekk Ryfylke eit eksklusivt innblikk i det som må vera det norske samfunn sin uriaspost, den norske smørjetraileren i langrenn. Smørjesjefen Vekkarklokka ringer, den viser 06.00. Me har kome til andre helga i mars og det er klart for verdscup i nordiske greiner i sjølvaste Holmenkollen. Ein noko morgontrøytt og lite opplagt journalist kjem seg etter mykje om og men ned i matsalen. Der møter eg Øyvind Hellerslien, sonen Bjørnar og racingsje- PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 27 SIRKUS: Dei store nasjonane innan langrenn har kvar sin smørjetrailer som reiser verda rundt for å gi løparane best muleg ski, og må seiast å vera eit imponerande syn. HELSESKADELEG: Øyvind Hellerslien er nøye med å bruka riktig verneutstyr når han jobbar. Avgassane som kjem frå skismurning kan vera helseskadelege. På biletet legg han siste finish, ein såkalla topping, på dagens ski. v suksess fen i Fischer Norge, Tobias Dahl Fenre. Øyvind er vaskekte saudagut, sjølv om han har budd ein del år i Sandnes. I sesongen 2013/14 har han vore smørjesjef for det norske rekruttlandslaget i langrenn og smurt skia til mellom andre Simen Østensten, Didrik Tønset og Martine Ek Hagen. Nå skal han vise meg kva som skjer i smørjebua både før, under og etter ein langrennskonkurranse. Ingen tilfeldigheiter Eg merkar raskt at desse karane er over snittet interessert i skismurning, både under frukosten og når me køyrer i retning smørjeområdet. Øyvind har sjølvsagt sørga for at eg kan parkera inne på området, like ved den svenske og tyske smørjetraileren. Det skulle jo i grunnen bare mangla, det er jo trass alt Ryfylke som er ute på oppdrag. Klokka er snart halv åtte og dei norske smørjarane er alt i gang TRIVST: Bjørnar Hellerslien studerer til dagleg i Stavanger, men i delar av vintersesongen reiser han rundt med det norske smørje-teamet, ein jobb han trivst godt med. med førebuingane til dagens renn, 50 kilometer klassisk for menn. – Me testa mange par ski i går, så me har alt valt ut dei skia løparane skal testa seinare i dag, fortel Hellerslien. Arbeidsdagen startar med å måla fukt og temperatur i både snø og luft. Snøtemperaturen denne dagen er minus fem og ei halv grad. Fuktigheita i snøen blir målt til 26 prosent, noko som er relativt vått. – Det er veldig laus og grovkorna snø i dag. Det betyr at det kan bli vanskeleg å få feste og spora vil bli blanke og våte utover dagen, noko som gir oss nokre ekstra utfordringar, forklarer smørjesjefen. Testing, testing, testing Når me kjem inn att i traileren er Bjørnar Hellerslien alt i gang med å preparera ski. Bjørnar har vore VITENSKAP: Noko av det første ein smørjar gjer i løpet av arbeidsdagen er å måla temperatur og fuktigheit i luft og snø, som ein så bruker i det vidare arbeidet med å sikra godt feste og god glid på skia. 28 Fredag 11. april 2014 Øyvind sin faste assistent heilt sidan jul i fjor og ser ut til å trivast i jobben. Det er ennå snaue fire timar til herrane skal starta, og smørje-teamet går i gang med å legga dagens feste. Øyvind fortel at det første dei gjer er å legga eit lag med grunnklister, før dei legg dagens smurning og ein test-serie på glid. Deretter går skia ut til testing. – Testinga er ferdig omlag 40 minutt før start. Då er både me og løparen ferdigtesta og me har fått eit svar. Deretter legg me siste finish på løpsskia som i dag tel fire par, då det er mulegheit for skibytte under fem-mila. Dessutan har løparane aldri fire like gode par. Så utfordringane våre blir blant anna kva ski skal ein gå på først og sist, kva ski me skal smørje opp att, og om me rekk å smørje opp at, utdjupar Hellerslien. Team-arbeid Øyvind er ikkje åleine om å bestemma kva som skal ligge under dei norske skia, men han har eit hovudansvar for rekruttløparane. Sidan det denne helga er verdscup-løp er òg elitelandslaget sin smørjetrailer på plass. Om folk der heime synest denne traileren ser stor ut på tv, kan eg lova at den er endå større i verkelegheita. Det er reine laboratoriet som møter meg når eg tek turen innom for å sjå kva som går føre seg i den mykje omtala smørjebussen til seks millionar kroner. Medan Øyvind diskuterer glid med glid-sjef Ronny Frydenlund Hansen, tek eg meg ein liten rundtur i det dei tilsette kallar smørjebua, men som for meg ser ut som eit middels stort danselokal. I det 110 kvadratmeter store lokalet bugnar det av ski- og smørjeutstyr. Frå sjåfør til smørjar Smørjefasilitetane til det norske landslaget er nokre hakk over det utstyret Øyvind byrja smørje-karriera med. Det heile starta, som for så mange andre fedre, heime i garasjen. Sonen Bjørnar, som i dag er 20 år gamal, satsa ei stund på skiskyting. Då blei det fort mange timar i garasjen for å gi sonen best muleg ski. – Det starta vel for omlag fem år sidan, då Bjørnar gjekk første året på vidaregåande skule i Sirdal. Eg var sjåfør når elevane reiste rundt på ulike konkurransar. Dei hadde det eg vil karakterisera som eit uvanleg smørjesystem, så eg engasjerte meg og fekk raskt gode resultat, fortel supersmørjaren. Starstrucked Medan Øyvind og resten av smørje-teamet legg glider og feste på skia, tek eg meg ein rundtur på området. Utøvarane begynner å dukka opp, og som den sportsidioten eg er, må eg helse på fleire av verdsstjernene. Det skal dei ha, det var lite primadonnanykker å spora hos utøvarane. Eg svinsar vidare rundt i draumeland og prøver å få til nokre besøk hos smørje-teama til dei andre nasjonane. Svenskane er skeptiske. Dei byr meg ikkje ein gong på korv eller billeg flesk. Hektiske minutt Men jobben kallar, og eg må igjen oppsøka Øyvind for å finna ut av kva han driv på med. Resultata frå PÅSKEAVISA testane er klare og dei siste justeringane blir gjort før løparane skal ut og måla krefter med kvarandre. Denne dagen har Øyvind ansvaret for skia til Sindre Bjørnestad Skar og Hans Christer Holund. Starten nærmar seg med stormskritt og dei siste justeringane blir gjort ut frå resultata i dei ulike testane. Dei siste detaljane skal på plass, arbeidet som nå blir gjort kan vera skilnaden mellom suksess og fiasko. Nå får eg ikkje ein gong lov til å ta bilete av utstyret som blir brukt. Her gjeld det å halda den nyaste teknologien for seg sjølv. – Me er nøye på å ligga eit hakk føre dei andre. Eg gir ikkje frå meg tips før eg har utvikla noko som er endå betre enn det eg anbefaler dei andre, utdjupar Hellerslien. Dommen er klar Startskotet går. Publikum jublar vilt og hemningslaust i det løparane går ut frå stadion. På ein parkeringsplass like ved langrennsløypa står ein spent sjefsmørjar utolmodig og ventar. Det er nå han får vita om jobben han har gjort dei siste timane er god nok. Har løparane god glid og godt feste? Meldingane som kjem over radioen er lovande. Det ser ut som om Øyvind og temaet hans har treft godt med smurninga. Vinnarski Me spoler litt tilbake i tid. Etter eit år som kombinert smørjar og sjåfør for Sirdal Ski blir Øyvind Hellerslien kontakta av Norges Skiskytterforbund. Han får tilbod om å bli med i smørje-teamet til skiskyttarane. – Eg hadde tydelegvis gjort noko rett, seier Øyvind muntert. Frå å preparera ski til unge og håpefulle elevar ved Sirdal vidaregåande skule går ferda vidare ut i verda. Nå skal saudabuen sørga for at skia til løparar som Emil Hegle Svendsen og Tora Berger er i topp stand. I løpet av sesongen blir det blant anna turar til USA og fleire land i sentral-Europa. Resultata talar for seg, og Hellerslien står bak fleire av vinnarpara til Tarjei Bø, Emil Hegle Svendsen og Tora Berger. Slett ikkje verst av ein mann på knappe 170 centimeter frå Sauda. På’an igjen Medan Sindre Bjørnestad Skar, og resten av løparane Øyvind har smurt for, går livet av seg i hovudstadens djupe skogar er Øyvind alt i gang med å preparera nye ski. Han og resten av teamet må vera klare til å trø til dersom det trengst justeringar på skia undervegs i løpet. Det ser ut som om dei har treft rett smørjetaktikk denne gongen, for resten av løpet går føre seg utan dei store justeringane på skia. Sjølvsagt er det vanskeleg å skjula skuffelsen når svenske Daniel Richardsson rykkar frå Martin Johnsrud Sundby. Personleg blir eg svært sjeldan glad når ein svenske vinn noko som helst. Åleine i mørket Jubelen står i taket i den svenske smørjebussen. Dei er tydelegvis fornøgde med innsatsen. I den norske smørjetraileren er stemninga òg god, trass MORGONSTEMNING: Ein bør ikkje vera eit b-menneske om ei skal smørja ski for det norske langrennslandslaget. Klokka nærmar seg halv åtte og Øyvind Hellerslien er alt i gang med dagens arbeid. Lite minnar oss om at det nokre timar seinare er fleire tital tusen menneske på tribunane i nasjonalanlegget Holmenkollen. HEKTISK: Det nærmar seg start. Øyvind Hellerslien og resten av smørje-team og Øyvind Hellerslien. i svenskesigeren. Løparane som Øyvind har ansvaret for markerer seg. Blant anna går Bjørnestad Skar inn til ein akseptabel 28. plass, medan Hans Christer Holund endar på ein god 37. plass etter å ha gått delar av løpet med ein brekt ski. Dei to er godt fornøgd med skia supersmørjaren frå Sauda har gitt dei. Medan utøvarane skiftar klede og seinare forlet bussen, står Øyvind og teamet hans att. Arbeidsdagen er langt frå over. – Det er nå den kjedelege delen av jobben tar til, seier Hellerslien, medan han reinskar dagens løpsski og førebur morgondagens ski-par. Klokka nærmar seg sju om kvelden og det er på tide å late att døra i smørjetraileren. Arbeidsdagen er over. Tolv timar i ei blanding av skireinsk og klister, og oppgåver som skal løysast. I morgon ventar eit nytt løp med nye utfordringar, og mulege kommentarar frå dei verkelege ekspertane som sit heime foran tv-skjermen. (Slik er kvardagen for det norske smørje-teamet i langrenn). GODT UTSTYRT: I forkant av eit verdscup-løp blir det testa mange par med ski. Smøresjef Knut Nystad (fremst i rekka) skryt av arbeidet saudabuen Øyvind Hellerslien gjer for langrennslandslaget og meiner han kan nå langt innan sitt fagfelt. PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 29 HEILAGDOMMEN: På desse benkane blir skia til utøvarar som Petter Northug jr. og Martin Johnsrud Sundby preparerte, og det er lite å utsette på fasilitetane. KONTRASTAR: Medan den norske smørjetraileren er gigantisk har sveitsarane gått inn for ei noko mindre løysing. Pascal Jaun (til venstre) og Pascal Clement har trass i dette smurt fleire gullpar for den sveistiske storstjerna Dario Cologna. – Me har små ressursar samanlikna med Noreg og me prøver difor å gjera ting så enkelt som muleg, forklarer Jaun. met er travelt opptekne med å preparera ski. Får venstre Tobias Dahl Fenre, Kåre Johny Engesland, Bjørnar Hellerslien Smørjetips for påska Ryfylke ba landslagssmørjar i langrenn, Øyvind Hellerslien, gi folk nokre enkle og gode tips til smurning under forskjellige vêrforhold: – For dagar der sola skin og det er fint vêr, noko me forhåpentlegvis får mykje av, vil eg anbefala: SOM FAR, SOM SON: Uttrykket, «eplet fell ikkje langt frå stammen», kjem til sin rett når Bjørnar og Øyvind Hellerslien preparerer ski. * Rode Violet Special-klister i botn med Rode T-line KM3 på toppen. Eller VM Universal-klister frå Swix. – Når sola varmar godt kan føret i skiløypa forandra seg raskt. Ofte kryp gradestokken under frysepunktet på nattestid, og ein kan difor oppleve is-sette og harde spor om morgonen, før snøen smeltar og blir våt og korna utover dagen. Eit tips er difor å legga eit tynt lag med festevoks, såkalla dekkvoks, på toppen for å hindre ising og lugging i starten på dagen, forklarer han. Dårleg vêr og våt snø: * Rode Rossa Special. Dette klisteret gir godt feste og dekkar eit stort spekter av våt snø. Hellerslien oppmodar òg folk om å ha med seg både ein kaldare og varmare type skismurning viss det blir behov for endringar. – Etter skituren er det lurt å reinska skia sine godt. Eg tilrår fluor-reinsk på glidsona slik at sålen ikkje tørkar ut. På smørjesona anbefaler eg vanleg sitrus-reinsk, og så er det lurt å rubba opp att denne sona med eit fint slipepapir. Dette bidreg til at smurninga heng betre i skien og dermed blir seinare slitt. For å få betre glid på skia er glidvoksane CH6, LF6, CH8 og LF8 gode og rimelege alternativ, opplyser landslagssmørjaren. STORE DIMENSJONAR: Den norske smørjetrailaren kostar omlag seks millionar kroner og har eit areal på 110 kvadratmeter. Traileren rommar både smørjebu og eit eige løparrom der utøvarane har tilgang til det meste. … ser ut som eit middels stort danselokal… 30 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 n a m d å r å p n e k Kven tok knek Av Linda Merethe Lie T ore Sandberg hadde rett nok lagt merke til dei imponerande fjella som omkransa Sauda, men han hadde ikkje behov for å ta dei i nærmare augesyn. Den pensjonerte etterforskaren hadde registrert at for ein god del saudabuar gjekk det nærast sport i å bestige den eine fjelltoppen etter den andre. For han var fjellklatring og alle andre formar for fysiske utskeiingar reservert fjernsynet, med han sjølv som publikum. Likevel, nysgjerrigheten han naturleg hadde opparbeida seg i løpet av den lange yrkeskarrieren på jakt etter lovbrytarar, sat framleis sterkt i. Sandberg hadde derfor hamna i eit dilemma. Mannen, som hadde leigt seg ei lita hytte inst i Ryfylke, hadde høyrt rykte om at det skulle arrangerast eit motbakkeløp nær feriestaden hans. Ordet «motbakkeløp» fekk Sandberg til å puste tungt, men tanken på at han kunne få sjå kjende fjes på nært hald var så freistande at han vurderte å bryte alle sine prinsipp med tanke på fysisk aktivitet. – Kor kan eg finne ut meir om dette arrangementet, mumla Tore Sandberg, medan han tok eit godt grep rundt kaffikoppen som kvilte på den omfangsrike vomma. Med eitt velta koppen og ein halv kopp kaffi jobba seg inn i det lyse teppet som låg på golvet. – Arg, veste Sandberg irritert og orienterte seg i rommet for å sjå etter eit eller anna han raskt kunne avgrense skaden med. Ei gammal avis låg slengt på stovebordet. Sandberg prøvde etter beste evne å bruke avispapiret for å tørke opp kaffisølet og reiv side for side, medan han pressa papiret ned i teppet. Han blei fort utslitt og måtte gi opp kampen. Tungpusta lente han seg bakover og betrakta uhellet, som han følte «lo» mot han. – Der fekk eg for latskapen min, tenkte pensjonisten, før han fekk auge på ein smilande mann på ei av avissidene som låg delvis krølla på golvet. – Rådmannen skal til toppen av Hovlandsnuten... har aldri vore der... eg har bare lånt ut kroppen min... Sandberg heva det eine augebrynet medan han leste. Kven kunne vere så dum? Gi seg ut på ein fjelltur av fri vilje? Sjølv om Tore Sandberg rista på hovudet av det han meinte var ein sprø idé måtte han vedgå for seg sjølv at han blei imponert over denne mannen. Men det måtte sjølvsagt ingen få vite. Sandberg hadde ein plan. Han oppsøkte lokalavisa. ein død mann! Det kan sjå ut som om han har blitt drept! Sandberg hadde ikkje venta denne velkomsten då han gjekk inn døra i lokalavisa sitt bygg, men han var opptatt av å uttrykke kontroll. H S an hadde vore der før. Då var stemninga god. I dag var det ein heilt annan tone som venta han då han etter mykje om og men hadde klart å karre seg opp trappene. Bente, som sat i resepsjonen, var heilt fortvila. Han hugsa frå tidlegare at ho hadde ei relativt markert røyst, men i dag nådde ho nye høgder. Stemmen var så dominerande at han ikkje kunne unngå å høyre kva ho sa. Nysgjerrig var han jo også, så det passa for så vidt godt. – Jajaja, eg skal seie frå til redaksjonen med ein gong! Dette er jo heilt forferdeleg, sa ho før ho avslutta telefonsamtalen. Tore Sandberg kremta for å få merksemd. – Å, hei, er det du? Du er komme på rett tidspunkt. Det er nettopp funne D et gjekk ikkje lang tid før det lokale politiet fekk snusen i at Sandberg var i bygda. Etterforskaren hadde ved fleire høve bidratt til å løyse både mord- og forsvinningsgåter i Sauda. Nå kunne han bidra med sin ekspertise, nok ein gong. Det kom ikkje som noko sjokk for sjølvsikre Sandberg. Det som derimot var overraskande i saka var at mannen som blei funnen død var nettopp mannen Sandberg bare for nokre timar sidan hadde lest om i avisa, rådmannen. Og åstaden var i turløypa opp mot Hovlandsnuten. aman med politifolk frå lensmannskontoret sette Tore Sandberg kursen mot åstaden. Han håpa i sitt stille sinn at liket ikkje låg for langt oppe, då det ville by på utfordringar for den særdeles undertrente Sandberg. Rådmannen hadde heldigvis ikkje komme langt før turen blei avbroten. I nokre buskar i ein bratt bakke låg han delvis skjult. Turantrekket imponerte ikkje Sandberg, som la merke til at den avdøydde bare hadde på seg ein sko. Sår i den blanke issen til rådmannen indikerte at han hadde blitt slått med ein stump gjenstand. S andberg visste at rådmannsjobben var krevande og at ein i ei slik stilling måtte tilbringe mange og lange dagar på kontoret. Tilsette på Rådhuset var derfor dei første Sandberg meinte kunne gi svar på kven som hadde motiv til å ta rådmannen av dage. Han starta i første etasje, på Kundetorget. Solfrid, leiaren av Kundetorget, tok velvillig imot han. – Kan du tenke deg kven som kan ha ønska rådmannen død? lurte Sandberg. Solfrid såg i kontorpulten medan ho rista på hovudet. – Det er jo ikkje kvar dag politikarane er heilt einige i rådmannen sine ønske om prioriteringar, men eg trur ingen av dei ville ha gått så langt. Uansett, så... – Ja? spurde Sandberg. – Nei, han har ikkje vore her så mykje i det siste. Han har prioritert trening. Eg trur han har vore meir på treningssenteret enn på Rådhuset, fortalde ho, før ho skunda seg å legge til: – Ja, altså, ikkje at det gjer noko for meg, altså. Eg meiner, eg skulle gjerne sett meir til han, men eg bestemmer jo ikkje korleis han skal legge opp dagane sine, forsvarte Solfrid seg, før ho bøgde seg ned for å knytte joggeskoa sine. – Eg liker best å trene ute, eg. Skal ta meg ein skitur rett etter jobb, nå, opplyste ho. Sandberg var ikkje overbevist. Hadde mørke og mystiske Solfrid reint mjøl i posen? På tide å avlegge rådmannens «andre heim» eit besøk. K ort tid etter hadde Tore Sandberg endeleg fått seg ein stol å sitte på. Overfor han sat dama som tydeleg var sjef på det lokale treningssenteret. Også ho mørk og mystisk. Men Sandberg let seg ikkje lure. Gunn, som ho heitte, var alt informert om at rådmannen var funnen død. 195 190 185 180 175 170 165 160 155 150 145 140 135 130 125 120 115 110 105 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 31 nnen? 5 0 5 0 – Rykta går fort i denne bygda. Eller kanskje denne dama hadde førstehandsinformasjon? undra Sandberg inni seg. – Eg har opplysningar om at den avdøydde brukte mykje tid her på treningssenteret, sa han. – Han er eit relativt ferskt medlem ho oss, men har vore her ein god del i det siste, ja. Eg forsto det slik at han ville komme i betre form fordi han hadde som mål å komme seg til topps under Hovlandsnuten Opp. Det er eit løp som blir arrangert.... Gunn blei avbrutt. Inn på kontoret ramla ein lyslugg som var omtrent like kortpusta som Sandberg. Han hadde tydelegvis ikkje tid, eller manerer, til å vente på tur. – Du, kva var det den mølla skulle stå på igjen, sa du? ville han vite. – Vi er litt opptatt her, men set deg på ein sykkel medan du ventar, oppmoda Gunn, medan ho nikka mot Sandberg for å signalisere at ho ikkje hadde høve til å hjelpe den lyshåra mannen. – Asle her har også eit treningsmål. Han bloggar om det, forklarte Gunn, som av ein eller annan grunn virka litt stolt. – Ho er min personlege trenar, forklarte Asle. Sandberg betrakta lysluggen, som 195 såg både sveitt og utålmodig ut, der han stod og trippa. Blogg...190Sandberg hadde høyrt snakk om det, men trudde 185 det bare var unge jenter som dreiv med 180 det. Eller andre som hadde behov for merksemd. – Bloggar du om treninga di? – Ja, altså. Eg har jo eit mål og synest det er greit at folk får sjå utviklinga undervegs. Dessutan er Gunn veldig opptatt av at eg skal markere meg under Hovlandsnuten Opp, noko eg sjølv også reknar med eg kjem til å gjere. Då må eg jo forklare folk korleis eg har klart å komme meg i så god form, forklarte Asle. Sandberg tenkte at mannen heller kunne brukt meir tid på sjølve treninga framfor å oppdatere bloggen sin, men han fann ut at han ikkje var rett person til å påpeike det. – Kva tid var rådmannen her sist? spurde Sandberg. Spørsmålet var retta til Gunn, men Asle, som tydeleg ikkje var sjenert, svarte. – Han var her i går føremiddag. Vi jogga ved sida av kvarandre. På mølla, altså. Eg sprang lett ifrå han, gliste Asle. Gunn virka også svært godt fornøgd, og lente seg tilbake i stolen med stoltheit over at disippelen hennar hadde hatt framgang. – Eg veit ikkje om du er klar over det, men rådmannen blei funnen død i dag, sa Sandberg. 195 Det elles så sjølvsikre ansiktsuttrykket til Asle endra seg 190på eit blunk. 185 – Kva gjorde du etter treninga i går? lurte Sandberg. – Eg blogga, svarte Asle. – Det tok vel ikkje så lang tid. Kva gjorde du på ettermiddagen? – Eg blogga i fleire timar. Av og til lagar eg innlegg som kan publiserast seinare. Eg har det travelt, veit du, sa Asle irritert. – Han har det ikkje travlare enn han vil, tenkte Sandberg, før han ba Gunn forklare kor ho hadde vore i tidsrommet rådmannen skulle ha blitt drepen. – Eg var her. Jobba og trente, sa ho. Sandberg visste at han måtte sjekke alibiet hennar. Det verka ikkje vasstett og ho såg noko nervøs ut der ho sat. Etterforskaren klødde seg i hovudet. Han visste ikkje kva det var, men på veg ut av kontoret til Gunn hadde han ei kjensle av at det var noko han hadde oversett. Var det noko på åstaden som ikkje rimte? Var det noko med desse personane han så langt hadde snakka med som gav grunn til mistanke? L okalavisa verka for Sandberg å vere oppdatert på kva som skjedde i Sauda. Han tenkte derfor at dei mulegens kunne gi han litt «inside information» om både rådmannen og mulege motiv. Han vurderte først å ringe, då 195 tanken på dei mange trappene i bygget var alt anna190 enn freistande. Men han måtte innrømme at han var litt inspirert, 185 og kanskje litt konkurranselysten, etter 180 180 5 175 175 175 0 170 170 170 5 165 165 165 0 160 160 160 5 155 155 155 0 150 150 150 5 145 145 145 0 140 140 140 5 135 135 135 0 5 0 So lf rid 130 125 120 Eg il 130 125 120 Gunn 130 125 120 5 115 115 115 0 110 110 110 5 105 105 105 møtet med Asle. Kunne han så kunne Sandberg. Men blogging kom han aldri til å begynne med, uansett kor sprek han hadde blitt. I trappa blei han blokkert av ein mann med stokk. Den eldre mannen snudde seg raskt og beklaga at han stod i vegen for Sandberg. – Unnskuld meg. Eg er bare på veg opp for å levere nokre referat til avisa, forklarte mannen, før han vifta Sandberg forbi seg. – Og så reknar eg med at Ingvil vil intervjua meg i samband med Hovlandsnuten Opp, supplerte han. – Kva er det med saudabuen? Er heile bygda opptatt av dette motbakkeløpet, undra Sandberg nok ein gong. – Eg er speaker. Liker å halde kontrollen på storkanonane når dei kjem i rekordfart oppover bakkane, svarte mannen, som nå hadde behov for å presentere seg. – Egil, smilte han. Sandberg kikka ned på joggeskoa til den eldre mannen. – Du deltar ikkje sjølv? ville Sandberg vite. – Nei, det lar eg andre ta seg av. Nokon må oppdatere publikum også, veit du. Det er ikkje alle som er like lette på foten, humra Egil. Då gjekk lyset opp for Sandberg. Han hadde løyst gåta. Veit du kven som tok livet av rådmannen og korleis veit du det? Asle Send oss ditt svar innan måndag 21. april til: [email protected] eller LL Ryfylke, Rådhusgata 1 4200 Sauda Vi trekker ut tre observante vinnarar! 32 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 Åtte lokalpolitikarar i Sauda har vore på kommunestyremøte og skal på Coop Extra for å handla seg påskegodt. Men brua over Nordelva er riven, og den einaste måten dei kan komma seg over elva på er ved å bruka ein flåte. Bernt Egil Strømme, Eli-Jorun Tangeraas, Karl Erik Handeland og Haldis Eikeland, Frode Sulen og Laura Seltveit, Ivar Tangeraas og Tore Johan Prestegård skal alle over elva. Dei må nytta seg av flåten som kun kan ta to personar om gongen. Frode Sulen, Laura Seltveit, Karl Erik Handeland og Haldis Eikeland kan ikkje reisa aleine med flåten. Bernt Egil Strømme kan ikkje vera saman med Frode Sulen og Laura Seltveit utan at Eli-Jorun Tangeraas er til stades (på land/ på flåten). Eli-Jorun Tangeraas kan ikkje vera saman med Karl Erik Handeland og Haldis Eikeland utan at Bernt Egil Strømme er til stades (på land/på flåten). Ivar Tangeraas kan ikkje vera saman med andre enn Tore Johan Prestegård. Korleis skal ein gå fram for at alle skal komma seg over til den andre sida utan at dei bryt nokre av reglane? Spørsmål: Kven er den siste som blir frakta over til Coop-sida? Veit du svaret? Send oss løysinga, anten på tekstmelding til vakttelefonen (958 41 660), på epost til [email protected] eller ring inn svaret i kontortida (52 78 68 00 – ikkje på raude dagar) A: Du deltar i konkurranseklassen i motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp. Ved Hovlandsstølen spring du forbi nummer to, Torstein Tengsareid, som vann løpet i fjor. Kva plass får du i løpet? B: Du deltar i sykkelrittet Haugesund – Sauda. På veg opp frå Ropeid syklar du forbi sistemann. Kva plass kjem du på då? Redaktøren i Ryfylke, Linda Merethe Lie, kjem heim og finn ei merkeleg melding på telefonen sin. Meldinga er frå rådmannen i Sauda kommune, Wictor Juul, men i staden for bokstavar kjem det bare opp tal. Kan du hjelpa Linda med å finna ut kva viktig melding rådmannen har sendt? 8 666 777 33 666 4 444 66 4 888 444 555 33 777 7777 88 7 33 777 55 88 555 33 � Veit du svaret?? Send oss løysinga, anten på tekstmelding til vakttelefonen (958 41 660), på epost til [email protected] eller ring inn svaret i kontortida (52 78 68 00 – ikkje på raude dagar) (A: Andreplass. B: Det går ikkje an å sykla forbi sistemann. Du er sistemann…) PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 33 Kryssordet er laga av Kjell Inge Seim Send løysinga på påskekryssordet til Ryfylke, Rådhusgt. 1, 4200 Sauda eller [email protected] innan torsdag 24. april. Namn: ________________________________________________________________________ Adresse: _______________________________________________________________________ 34 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 Påske på ulikt vis Ukraina Marita Ims Mila Maks [email protected] – I påska h med malin søte, hø I om ikkje påsk vin py o I nærast heile verda blir det dekorert egg til påske. Andre tradisjonar er meir spesielle. Påska er både ein gammal heidensk vårfest og den viktigaste høgtida, i både kristendommen og jødedommen. Jødane feirar påske til minne om då israelittane blei fri frå det egyptiske slaveriet og kristne feirar påske til minne om Jesu liding, død og oppstode. Påske i Norge i dag betyr for mange påskeferie. Det er ein særeigen norsk tradisjon at mange dreg til hytter i fjellheimen, solar seg, går på ski og nyt det siste av vinteren. I tursekken har me god niste, appelsin og Kvikk Lunsj. Somme målar egg, lagar fastelavnsris, pyntar med påskekyllingar og påskeharar, løyser kryssord og påskekviss og les påskekrim. Men kva er våre nye landsmenn og -kvinner sine påsketradisjonar? fa vera i lag er vanleg at bå festdagen. KUNSTVERK: I Ukraina dekorerer dei egg på ulike måtar, med farge og klistremerke (Krasjenka) eller som på biletet der det er skrapa inn eit mønster med ei spesiell nål (Pisanka). Kvart fylke i Ukraina har sitt eige mønster. ALL VERDAS PÅSKETRADISJONAR Tyskland I Tyskland samlar ein gamle juletre og lagar «påskebål». Bålet skal driva ut vonde krefter og symboliserer at dei siste restane av vinteren forsvinn. Sverige Blant barn i Sverige var det tidlegare populært å gi kvarandre påskebrev. Barna leverte sjølv breva utkledd som påskekjerringar. Helst skulle breva rima, og dei inneheldt gjerne ein karamell. USA I hovudstaden Washington DC har presidenten i mange år arrangert eggtrilling ned plenen foran Det kvite hus. I parvise konkurransar dyttar barna egga gjennom graset med ei lang skei. Høgtståande politikarar og tenestemenn møter opp utkledd som påskeharar. Finland I Finland blir det laga ei spesiell pannekake kalla «blini». Slovakia I Slovakia er det tradisjon at unge menn heller iskaldt vatn over unge jenter under ein spesiell seremoni 2. påskedag. Dette skal gi jentene god helse. Som takk får gutane påskeegg av jentene. England I England er det ein fleire hundre år gammal tradisjon å servera steikt skinke til eit tidleg middagsmåltid påskesøndag. Hellas I Hellas blir Jesu oppstode feira påskemorgon med store utandørs familiefestar. På menyen står alltid raude egg som symboliserer Jesu blod. Mennene grillar lam på spyd med rituell merksemd. Det blir drukke vin og dansa. Vestkysten av Mexico Her er skilpaddekjøtt ein sentral del av påsken. Kvart år blir titusenar av havskilpadder slakta. Bakgrunnen er det katolske forbodet mot å eta raudt kjøtt på denne tida av året. (Kjelde: Aftenposten) Litauen Laimute (Laima) Bluseviciene – Påske er for oss ein stor fest der vaksne og barn k seg i lag. Me startar dagen før påskeaftan med å far legga egg, noko som er til stor glede for barna. Det mykje lått når dei får måling på seg og det blir festle stemning i heimen. På morgonen påskeaftan leitar barna etter påskeegg som «Påskekjerringa» har gøymt ein stad i heimen. Før var det eit fint farga hardkokt egg, medan det i dag ofte er Kinderegg dei finn. 1. påskedag går me til gudsteneste tidlig om morgonen. Me har store kyrkjer, men likevel er det ikkje plass til alle. Mange står utanfor og høyrer andakta frå høgtalarane. Denne dagen er det veldig mange ungdommar som går i kyrkja. Under gudstenesta er det også ein seremoni der alle går tre gonger rundt kyrkja. Først går unge jenter foran presten og kastar blomar på bakken, så kjem presten og resten av følget. Etter gudstenesta klemmer me kvarandre og seier gledeleg påske. Det blir vist mykje varme og godheit mellom kvarandre. Vidare dreg alle heim og lager mykje god mat. Den mest vanlege retten er kjøtt i aspik med pepparrot. Og påskekaker til dessert. 2. påskedag samlast venner eller slekt og går tur. Me har med oss egg og har konkurranse om kven sitt egg som trillar fortast. Det skaper m glede hos både barn og vaksne. Me har også tradisjon om at fadrar må gi eit farg fadderbarna når dei kjem på besøk i påsken. PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 35 Eritra Nebiat Semere og Noah (fire månader) – Vår tradisjon er at me fastar i 55 dagar før påske. Då et me ikkje før klokka to-tre på dagen, alt etter kva prestane bestemmer. Me et ikkje kjøtt, meieriprodukt eller egg i faste-perioden, bare grønsaker, eigentleg. I fastetida er det gudsteneste kvar dag. Palmesøndag går me i kyrkja der presten blant anna deler ut palmeblad som me lagar ring av til å ha på fingeren. Måndag, tysdag og onsdag fastar me fram til klokka fire og på torsdag koker me bønner som me et i lag med familien. Langfredag et me ikkje før klokka 18.00-19.00. Under gudstenestene er det tusenvis av folk i kyrkja, og dei som ikkje får plass står utanfor og høyrer andakta gjennom høgtalarar. I fastetida er det ingen som blir døypte eller gifte. Ein skal ha fokus på Gud og seg sjølv. Laurdag kveld, natt til 1. påskedag, går alle som har mulegheit i kyrkja og blir velsigna av presten. Rundt klokka 04 er det offisielt slutt på fastetida og alle kan eta kjøtt og anna vanleg mat. Me kjem heim klokka 05 om morgonen og et tradisjonell graut i lag med familien. Søndag morgon slaktar me eit dyr og lagar god mat. Denne dagen pyntar me oss i dei finaste kleda og barna får gjerne nye klede. Det er også vanleg at me besøker venner og familie denne dagen og seier gledeleg påske til kvarande. a symova har me tradisjon med å farge egg ng eller klistremerke, og me bakar øge påskekaker med rosiner i. mlag ein månad før påske et me kjøtt, fisk eller egg. Medan 1. kedag førebur me ei korg med n, god mat og påskekaker, gjerne ynta med blomar, som me tek med oss til gudsteneste i kyrkja. Der lagar me ein sirkel rundt kyrkja, der presten går rundt og skvettar kyrkjevatn på alle korgene, som ei symbolsk handling. Etter gudstenesta tek me med oss korga heim og et påskefrukosten saman med amilien. Då er det fest og me kan g rundt bordet i mange timar. Det åde slekt og venner samlast denne LANG FASTE-PERIODE: Nebiat Semere gler seg til påske sjølv om påsketradisjonane i Norge er veldig annleis enn slik dei er i Eritrea. Her med sonen Noah (fire månader) på fanget. kosar rgeblir eg g mykje ga egg til Påske • • • • • • MED MØNSTER: Eit egg i ein liten nylonstrømpe med litt dill og skrell frå ein gul løk. Kok egget, og vips så har du eit flott påskeegg. • Den eldste kristne høgtida. Dagane frå palmesøndag til påskedag er viktige på kvar sin måte og fortel ei historie om kva som skjedde i Jerusalem for omlag 2 000 år sidan, ei veke som har fått følge for heile menneskeheita. Trua på at Jesus stod opp frå dei døde er grunnvollen i kristen tru. Ordet påske stammar frå det hebraiske ordet pesah, som betyr forbigåing. Innan kristendommen er påskelammet symbol på at Gud ofra sin son for vår skuld. Jesus var Guds lam, Guds påskeoffer, offeret Gud gjorde for å frelsa menneska. I gamle dagar pleidde folk å dra opp på ein fjelltopp tidleg påskemorgon. Ein trudde at sola oppførte seg heilt spesielt denne dagen og dansa på himmelen, i glede over Jesu oppstode. Også før landet blei kristent blei det helde fest i Norge ved påsketider. Det var ein gledesfest for våren. (Kjelde: aktivioslo.com) 36 PÅSKEAVISA Fredag 11. april 2014 Påsken i Sauda 2014 Helikoptertransport, ’Back to the 80s’ skidag og afterski i Sauda Skisenter. Skibuss kvar dag. NB! med forbehold om nok snø. Felles skiturar og påskerenn i fjella med organisert transport. Påskekos i Sauda sentrum med langope i butikkar, minikonsertar, barnedisco, ungdomskafé, kino, bibliotek, quiz, konkurransar, bading i Saudahallen og påskefeiring i båthamna. Påskemarkeringar i Sauda Kyrkje og Saudasjøen Kapell. Konsertar på Kløver Hotel med Vestlandsfanden, Rabbagast, Odd Erik Egge og fleire! Du finn trykt eksemplar av påskeprogrammet overalt i Sauda! Elektronisk versjon finn du på www.saudaferie.no Foto: Per Inge Fjellheim Layout: TeHoKreativ Velkommen til påskefeiring i Sauda! Alltid noko å sjå fram til i Sauda! SAUDADAGANE 22-25. mai Dei tradisjonsrike Saudadagane kjem med tettpakka og spennande program. Her blir det opplevingar og aktivitetar for store og små! Bli med på innhaldsrike dagar i sentrum. Her er noko av det som skjer: Målgang Haugesund-Sauda, tve-kamp og andaløp i Nord-elva med flotte premiar. Me kan lova god Sauda-stemning og ei rekkje tilbod i butikkane. Musikk-opplevingane i fjor var store. Dette gav meir-smak! Me tek sats og inviterer til festival med PLUMBO, GLUNTAN, POSTGIROBYGGET og ANNE NØRDSTI. Konsertbillettar kan kjøpast på www.billettservice.no Meir informasjon på www.saudaferie.no