Sunnmørsposten sin reportasje om filminnspelinga på

Transcription

Sunnmørsposten sin reportasje om filminnspelinga på
4 KULTUR
SUNNMØRSPOSTEN
Mandag 20. juni 2011
HERSKAPSHUSET. Her bur hovudpersonen i filmdramaet. Huset er eigd
av Petter Flem, svigerfar til den norske kulturministeren, som er hyppig
gjest på Flemsøy.
ADMINISTRERER. Andrea Virnich (framme) er produksjonskoordinator i
Studio Hamburg. Her med innehavaren av Gunnabuda, Mette Krogsæter,
der sekretariatet held til.
LEGGER TIL RETTE. Location manager Eirik Vaage (t.v.) frå Frost Media
i Volda legger til rette for filmopptaka i de norske fjordane. Her med regissør Jörg Grünler og den tyske produsenten Hartmut Damberg.
FOLKEFEST. Eitt av høgdepunkta i filmen «Abschied von Hannah» er ein folkefest på den lokale sjøbuda. Lokalbefolkninga
Fjord» kan skilte med 11 millionar sjåarar.
Tysk TV-drama på Flem
Nordmenn i idyllisk natur,
med problem. Det er oppskrifta for dei populære fjernsynsfilmane «Liebe am
Fjord». No filmar tyskarane på
Flemsøy.
FILM. Studio Hamburg sin 40
mann- og kvinne store filmstab
brukar dagen på utescener.
Torsdag var den første varme,
solfylte dagen sidan dei starta
innspelinga i midten av mai, og
glad er dei for den.
– Vi har hatt nok å gjere, men
det blir ein del endringar og improvisering i forhold til speleplanen når været ikkje slår til. Dei
seier det har vore uvanleg dårlig
ver her, sjølv til denne landsdelen å vere, men eg veit no ikkje,
ertar regissøren for «Abschied
von Hannah», Jörg Grünler.
Hekta på Norge. Den største TV-
kanalen i Tyskland, ARD, har for
alvor oppdaga Vestlandet. Fire
filmar har dei spelt inn her dei
siste to åra.
– Dei to første filmane blei sett
av 11 millionar, dei neste to av
rundt 10. No er vi i gang med film
nummer fem og seks, fortel location manager Eirik Vaage frå
Frost Media i Volda.
«Liebe am Fjord» er fellestittelen på ei rekkje frittståande filmar som alle handlar om
nordmenn busett i idyllisk kystnatur. Karakterane i blir spelt av
tyske skodespelarar.
Kjærleiks- og ekteskapsproblem, familiehemmelegheiter,
adopsjon, karrierekvinne frå ho-
vudstaden som buset seg på gard
i utkant-Norge er blant temaa i
«Liebe am Fjord».
– Tyskarane har lyst til å sjå at
dei som lever i vakker natur ikkje
nødvendigvis lever eit idyllisk liv,
men har både utfordringar og
problem, trur Vaage.
– Det er greitt at draumen forblir ein draum.
Kjekt for bygda. Dei første fire
filmane er filma ulike stader i
Sogn og Fjordane. No er det
Sunnmøre og Flemsøy sin tur.
Fole kjekt, synest Mette Krogsæter, innehavar på Gunnabuda
og vertskap for delar av den
tyske filmstaben.
– Dei er både hyggelege og
omgjengelege, og skaper litt liv
og røre her. Og så er det sjølvsagt
artig å sjå korleis dei jobbar. Dei
er flinke til å bruke lokalbefolkninga her, både når det gjeld statistroller og praktiske ting som
rekvisittar og kulisser, meiner
ho.
«Abschied von Hannah»
handlar om ein 74 år gamal misantrop, Henrik Agdestein. Han
legg seg ut med både naboar og
dei tre borna sine. Spesielt konfliktfylt er forholdet mellom han
og sonen Leif som er homofil,
noko faren ikkje kan tolerere.
Herskapeleg. Når syskena i filmen skipar til ein stor samkome
for innbyggjarane i bygda, er det
på Gunnabuda opptaka skjer. Eit
vakkert, kvitt hus i nærleiken av
brua over til Haramsøy er heimen til familien Agdestein.
– Manuset ville ha eit herskapeleg, eldre hus som låg litt for
seg sjølv, med havet rett ut. Eg
leita både på Vigra, Godøya og i
Fosnavåg, utan å finne noko som
både var passande og som budsjettet kunne tåle. Her på
Flemsøy fann vi huset, og fekk til
ein god avtale med både huseigar
og grunneigar, fortel Vaage.
Reklamefilm. Den økonomiske
biten på «Liebe am Fjord» er viktig for framtidas filmindustri i
Norge, meiner han.
– Det er dyrt å spele inn filmar
i Norge. Men når Tyskland sitt
leiande film- og TV-produksjonsselskap kan lage film her
utan å gå over budsjett, er det eit
viktig signal til andre stor filmselskap, som vi håpar vil våge seg
på Norge som filmland, seier
Vaage.
Kva reklameeffekt denne
SUNNMØRSPOSTEN
Mandag 20. juni 2011
KULTUR 5
BLUESJAM. Ungdommane på BandCamp Eiksund fekk også sjå andre
spele, som då dei rutinerte musikarane «jamma». Nærast Peter Demirov på orgel.
Blues
på Eiksund
For tredje året på rad vart
det arrangert bandcamp på
Eiksund skule, og for andre
gong på rad var blues temaet.
MUSIKK. Eiksund skule vart
lagt ned for nokre år sidan, og
lokala står stort sett tomme.
Men i helga flytta over 20 ungdommar og fleire instruktørar
inn i skulebygga. Med seg
hadde dei haugevis av instrument og utstyr for lyd og lys.
Ungdommane var i alderen
14 til 19 år, og frå Ørsta, Volda,
Herøy, Ulstein, Hareid, Vanylven, Ålesund og Haram. Både
gutar og jenter.
– Nokon har meldt seg på
som band, andre som enkeltutøvarar. Dei som har meldt seg
på som artistar får med seg eit
backingband på sine låtar, forklarer styreleiar i BandCamp
Eiksund, Bertil E. Tødenes.
Røynde rettleiarar. Helga på
stilte villig opp som statistar då opptaka vart gjort på Gunnabuda på Flemsøy. Dei to første filmane i serien «Liebe am
FOTO: METTE KROGSÆTER
søy
typen filmar har, er vanskeleg å
seie, meiner Vaage.
– Men det fungerer jo som ein
halvannen time lang reklamefilm. Og det at filmen si Flemsøy
eksisterer i verkelegheita, noko
som kjem klart fram i filmen,
gjer ho nok til eit freistande feriemål, meiner han.
Profesjonell. Både regissør Jörg
Grünler og produsent Hartmut
Damberger, er svært nøgd med
sin norske location manager.
– Eg likar godt å jobbe med
Eirik. Han finn ei løysing på alt.
Han kjem lett i kontakt med lokalbefolkninga, kjenner alltid
nokon som kjenner nokon, og
som kan hjelpe med alt frå rekvisittar og innspelingslokale til
husvære for oss i filmteamet,
seier Damberger.
Eiksund munna ut i ein konsert
– og vonleg ei plate.
I går kveld framførte bandcampdeltakarane dei nummera
dei hadde øvd inn i løpet av
helga. I tillegg håper Tødenes
at dei får gi ut ei plate, eit prosjekt dei starta på under bandcampen i 2010.
Under helga har dei ivrige
ungdommane fått kursing og
rettleiing av fleire røynde fagfolk.
Gitaristen Per Arne Brandal,
kjend frå mellom anna BokkeReidars Blues Band var på
plass. Det same var gitaristen
Gard Eirik Austerheim frå
Fatty Sunroad og den allsidige
tangentmannen Peter Demirov.
I tillegg til mange fleire med
fagfelt innan alt frå trompet til
lyd og lys.
Dialekt. Det største trekkplasteret var nok uansett Sunnmøre
Baarelag. – Kyrre Grimstad frå
Baarelaget har også vore her og
halde føredrag. Han forklarte
korleis ein låt blir til, heilt frå ide
til framføring, seier Tødenes.
Det har blitt lagt vekt på at
dei unge og talentfulle musikarane skal uttrykke seg mest
mogleg verbalt gjennom dialekt
i musikken. Noko som i stor
grad er blitt realisert.
Nyttig input. Elias Johan Liavaag (16) frå Hjørungavåg i Hareid kommune var ein av
deltakarane under bandcampen.
– Dette er veldig artig, og nyttig av fleire grunnar. Det beste
er at vi får lære mykje og spele
saman med andre, fortel Liavaag.
Han har vore trommeslagar
sidan han begynte i Hjørungavåg skulekorps for 6–7 år
sidan. – Eg er «sånn eigentleg»
med i eit band i Ulsteinvik,
samt at eg er med på eit låtskrivingsprosjekt på Hareid. Under
bandcampen får eg mykje input
som eg kan ta med meg vidare,
seier Liavaag.
Deltakarane på BandCamp
Eiksund blir å sjå ved tre konsertar seinare i sommar,
mellom anna under Trandalblues.
– Og får vi fleire oppdrag tar
vi dei gjerne, seier Tødenes.
EINAR ORTEN TROVÅG
[email protected]
HOVUDROLLE. Matthias Habich (70) er en av Tysklands mest kjende
skodespelarar, og har spilt i filmar som «Enemy at the gates» og «Der
Untergang».
– Norge er eit dyrt og vanskeleg land å filme i fordi reglane er
strenge. Men kystfolket i Norge
er svært imøtekomande, dei stiller opp og hjelper til. Og så er
Eirik veldig dyktig. Han er profesjonell, og opnar dører på kort
tid. Utan Eirik hadde det ikkje
blitt nokon filminnspeling her.
Han er ein mann vi ynskjer å
bruke på dei neste filmane også,
seier regissør Grünler.
KARIN RYKKJE
[email protected]
MORTEN HJERTØ (FOTO)
[email protected]
TROMMIS. Trommeslagar Elias Johan Liavaag likte seg svært godt
under bandcampen.