Last ned pdf av Kvinnhersminne – Årbok VIII

Transcription

Last ned pdf av Kvinnhersminne – Årbok VIII
KVINNHERS-MINNE
Årbokfor Kvinnherad VIII
KVINNHERS-MINNE
o
Arbokfor Kvinnherad VIII
Skriftstyre:
Aslaug Eik, Arne Sunde, Jardar Skaadel,
Oddmund Tofte, Anfinn Otterå, Ivar Vaage
Skriftstyrar:
Ivar Vaage, 5450 Sunde
Utgjeven av
KVINNHERAD SOGELAG OG HUSNES MÅLLAG
1 996
K V INNHERSMINNE
Årbok for K vinnherad V III
ISSN 0800-6393
Skriftstyrar: I var Vaage,
5450 Sunde
Grafisk produksjon:
als K vinnheringen, Husnes
Omslag: « En1igrantreisens Begyndelse».
Foto: Anders Beer Wilse.
Leiv Døssland
Leiv Døssland til minne
3 1 . mai i år sovna Leiv Døssland inn, 8 1 år gammal. Med han er grunn­
leggjaren og mangeårig redaktør i Kvinnhersminne borte.
Leiv Døssland var fødd i Fana 23. desember 1 914. Far hans var lærar
der. Men han døydde tidleg, og mora flytte til barndomsheimen sin på
Sunde, der Leiv voks opp.
I sitt vakse liv har Leiv Døssland flakka mykje ikring som lærar i ulike
skuleslag. Lenge var han i folkehøgskulen, men i dei seinare åra kom han
inn i gymnaset, og då ein tok til med gymnas i Kvinnherad i 1 972, kom
han attende til heimkommunen og vart rektor der. Denne stillinga hadde
han til han gjekk av i 1 979.
Leiv Døssland hadde heilt frå tidleg ungdom vore aktiv med i kultur­
livet, både ungdomslag og song- og musikkarbeid. Målrørsla var ei rørsle
som låg hjmta hans nær, og då han såg at Husnes Mållag trong kveik midt
i 1 970-åra, tok han på seg formannsvervet eit års tid. Han ko.m attende til
Husnes Mållag etter at han hadde gått av som rektor. No hadde han nye
idear. Ein av desse var at mållaget skulle gje ut eit tidsskrift med hovud­
vekt på lokalsoge. Han undersøkte liknande tiltak andre stader i landet og
by1ja å samla stoff.
Men han kom fort til at Husnes prestegjeld var for lite for eit Iokal­
sogeskrift. Han tok difor initiativet til å få skipa eit nytt lag for heile kom­
munen, Kvinnherad sogelag, som mellom anna skulle vera med og gje ut
det nemnde tidsskriftet.
I 1 982 kom første boka ut. Tittelen var Arbok for Kvinnherad 1982.
Døssland faun fort ut at tittelen var misvisande og kunne gje folk eit rangt
inntrykk av innhaldet. Neste bok bar difor tittelen Kvinnhersminne, og
dette vart namnet på tidsskriftet seinare og.
Det var Leiv Døssland som gav ut dei fem første kvinnhersminna,
1 982, 1 984, 1 986, 1 98 8 og 1 990. Då gav han frå seg arbeidet. Men i desse
åra la han ned mykje arbeidskraft i tiltaket. Han hadde sjølvsagt eit skrift­
styre til å hjelpa seg, men hovudarbeidet var det han som !aut gjera. I
kvart nummer skreiv han fleire artiklar, og noko hjelp hadde han av kona
si, Eldbjørg. Han redigerte og vørdsla på det andre skreiv, og han tok sta­
dig kontakt med folk som hadde stoff som dei - eller han - kunne skriva
om. Dessutan var det han som styrde distribusjonen, og dei første num­
mera var han sjølv på bygdene og seide. Lageret hadde han i huset sitt på
Opsåsen.
No er han ikkje lenger blant oss. Men minnet om han vil leva, og
Kvinnhersrninne skal førast vidare i Leiv Døsslands ånd.
Fred over minnet han s !
o
Anfinn Otterå
Innhald
AMERIKA - DRAUMEN OM FRIDOM OG JORD
10
Av Arne Sunde
PORTEN TIL AMERIKA
19
Av Kåre Eldøy
AMERIKABREV
22
A CHILD FOR A DAY
26
Av B aard Stordahl
ElT B REV FRÅ ROSENDAL TIL AMERIKA
28
Av Johan Storm Munch
A LT ER LIGESOM EN DRØM
36
Av Kåre Eldøy
FRÅ OMVIKDALEN TIL USA SOM 8-ÅRING
o
44
Av Ase Marie Hellesøy
UTVANDRINGA FRÅ HELVIK
53
Av A den Twedt
THE LANDA CLAN
61
Av Oddmund Tofte
7
NYBYGGJARAR I STORY COUNTY, IOWA
71
Av Reidar S ætre
FANN LUKKA I AMERIKA
78
FRÅ MUSLAND TIL USKEDALEN
83
MINNE
85
Av Lilly Johnson Eckstrom
LARS VAAGE ALIAS LEWIS OLSON
88
Av Erling Vaage
HUSNESINGAR I SEATTLE
91
Av Erling Vaage
HEIM TIL 1 7 . MAI
94
Av Knut Eikeland
DIVIDED HEART
98
Av Inger og Ingrid Lund
GODE HANS KJÆRLAND
104
BESTEFAR FORTALDE
107
Av Kjetil Hellesøy
8
-<:(
Cl
"'(
<
q_-
\_}
1
1
)
l
l
7
)
l
--...
�
---
_
__
,
,
•
,
. El )
'
.
l
l
l
l
l
l
l
l
l
l
/
'
l
(/
\
//
/
l
9
ARNE SUN DE:
Amerika
draumen om fridom og jord
Bit riss o ve r utvandringa frå Kvinnherad og Noreg
- Få sider av Noregssoga er så fascinerande som utvandringa frå Noreg til
USA. Statistikkane forte! at over 800.000 menneske forlet Noreg i hun­
dreårsperioden 1 825- 1 925; etter 1 925 reiste ca 100.000. Til saman vert
dette godt og vel 900.000 menneske som emigrerte frå Noreg til over­
sjøiske land. Utvandringa frå Noreg var støne enn frå dei fleste land. I
høve til folketalet er det berre Irland som sende fleire av sine eigne til
USA enn Noreg. Korleis kunne dette skje? Kvifor forlet nesten ein mil­
lion nordmenn familie, heimbygd og fedreland for å søkja lukka i eit
framandt land? Grunnane er mange og samansette som utvandrarane
sjølve. Det let seg ikkje peika på ein einskild grunn, eller nokre få, men
eit konglomerat av årsaker. Dei varierer frå tid til tid, frå distrikt til dis­
trikt og frå person til person.
- Kvinnherad høyrer ikkje blant dei kommunane som sende flest
utvandrarar over havet. Totalt reiste bene vel 2.500. I høve til folketalet
er dette omlag p å gjennomsnittet for fylket, men over landsgjennomsnit­
tet. Men utvandringsintensiteten i dei ulike bygdene i Kvinnherad vari­
erte. Dette er kanskje ikkje så merkeleg i ein så stor og langstrekt kom­
mune som Kvinnherad er. Flest utvandrarar finn vi i dei indre bygdene.
- Hittil har det vore skrive lite om utvandringa frå Kvinnherad til
Amerika. I Kvinnherad Bygdesoga av Erling Vaage, har forfattaren skrive
10
.. ·:
FILLINGTHEPRAIRIEWITHFARMERS
·.
·
·.,.'·�,::·:··.
·
�
,.·,
·'-
,
..".
·
1
The settlement of Iowa generally occurred from southeast to northwest. The map shows that by 1B50.�fult
agricultural settlement had occurred in seven counties, generally lying along the Mississippi and Des Moines river
·
valleys.
•
t wasn't until 1890 that northwest
I Iowa- generally the state's most
marshy and treeless region - had
reached a point of full agriculturaf
settlement, defined as a population
SOURCE: Daryl M. S�ith, University of NorthGm Iowa.
EXPLQSJON Of PEOPLE
1833
1836
1838
1840
about 50 people
l1
l
0,531 people
23,242 people
l
43,112 people
density of at !east 15 people per
square mile. That density of
population suggested a family living
on each quarter-section(160 acres)
of land.
".
.
•
.
'
·
. ·
B
:
.
.
'
Open to settlement
SOURCE: State Hlstorlcal Soclø!y
·
•
"
••
.
�
..
.
.
• The 1860 census showed where
the residents of Iowa were born:
for the first time in 1833,
lowa's population
increased at an
incredible rate as more
and more lndian lands
became available to the
white settlers.
Other
Virginia
17,944
Illinois
26,696
New Yorl< t--=::S..IJI
46,053
1850
1860
·
·
674,913
people
.
V.,.
'
/'.L\H.Y El.LEN KELLEY/ TUE REGlSTt:R
11
eit interessant kapittel om utvandringa frå bygdene våre. Elles finst der
nokre få einkildartiklar og nokre slektsstudiar (helst av etterkomarar av
kvinnheringar i Amerika) som forte! om familiebakgrunnen i Kvinn­
herad. Noko samla oversyn eller studie over utvandringa frå Kvinnherad
fins ikkje. Her ligg det mykje interessant materiale og ventar på den som
får tid og høve til å setja i gang. Ei slik undersøkjing ville ha vore eit
verdfullt bidrag til lokalsoga vår. Denne vesle artikkelen her er ikkje
meint å vera noko uttømmande studie. Målet med denne vesle artikkelen
er å setj a utvandringa frå Kvinnherad inn i eit nasjonalt perspektiv.
2500 emigrantar
Utvandringa frå Kvinnherad er del av den store emigrasjonen frå Noreg.
Den organiserte utvandringa frå Noreg bytja i 1 825 då 52 menneske drog
Kvinnhered kyrkje i Calamus i Iowa.
12
frå Tysvær til Amerika med sluppen Restauration. Desse menneska var
kvekarar som søkte religionsfridom og ei betre framtid i Amerika.
Dermed var det heile i gang.
I det første tiåret etter 1 825, var utvandringa heller lita og sporadisk,
og årviss vart ho ikkje før i 1 836. I 1 836 drog dei første utvandrarane frå
Voss og Hardanger, og i 1 839 for dei første frå Sogn.
I tidbolken mellom 1 825 og 1 850 emigrerte berre ein 1 5-16.000 men­
neske frå Noreg. Det er frå midten av 1 860-åra at masseutvandringa tek til.
Etter borgarkrigen skil ein mellom tre store utvandrarbølgjer. Den før­
ste vert rekna frå 1 866-1 877 med 1 1 1 .000 utvandrarar. Den andre og
største strekkjer seg frå 1 879- 1 893 med 256.000 emigrantar, og den siste
store bølgja kom i det første tiåret av vårt hundreår med 1 90.000 utvan­
drarar. Ei mindre bølgje kom i åra mellom 1 923 og 1 929 med 86.000
emigrantar. Med depresjonen minka utvandringa noko, men i etterkrigs­
åra har omlag 50.000 menneske reist til USA og Canada. Det ser ut til at
utvandringa frå Kvinnherad følgjer utvandringsmønsteret for resten av
landet. Som i landet elles, reiste dei fleste frå Kvinnherad i 1 880- og
1 890-åra. Utvandringa synest og avhengig av konjunkturar her heime og
i Amerika; etter dårlege tider i Noreg finn vi ein auke i utvandringa.
Borgarkrigen og rykte om indianaroppstandar førde til ein nedgang i
utvandringa.
Det gjekk ikkje lang tid før dei første norske immigrantane slo seg ned i
Midtvesten som alt tidleg vart sentrum for det norske Amerika. Seinare
spreidde den norske busetnaden seg til alle statar og Canada, og i dette
hundreåret finn ein mange store norske koloniar i byane på aust- og vest­
kysten av USA. Men Midtvesten har alltid vore hovudsetet for den mest
framståande sosiale og kulturelle aktiviteten til nordmennene i Amerika.
I 1 836 reiste dei første kvinnheringane til Amerika. Det var eit ektepar
frå Ølve; Eirik Johannessen Huse og kona Ingeborg Johannnesdotter f.
Svoldal. Ekteparet var busette i Jektevika på Nes ved Mundheim. Dei for
til Amerika med båten «Norske Klippe» saman med eit følgje frå
Sunnhordaland og Hardanger. Eirik og Ingeborg slo seg ned i Fox River i
Illinois. Dei fekk to barn. Eirik døydde alt i 1 840, 37 år gamal, medan
Ingeborg levde til 1 884. I 1 839 reiste bror til Eirik til Amerika. Han og
kona kom og frå Jektevika. I 1 840 drog eit følgje frå Hatlestrand.
13
Utvandringa kom altså relativt tidleg i gang i vårt distrikt. I perioden
1 836- 1 843 er det registrert 154 utvandrarar frå Sunnhordland og
Hardanger. Av desse kom 1 8 frå Kvinnherad og 1 6 frå Fjelberg. Mot slut­
ten av 1 840-åra reiste fleire frå Uskedalen, og nokre av desse grunnla eit
Kvinnherad-settlement i Clinton County i Iowa som vi skal høyra meir
om semare.
Kor mange som til saman reiste frå Kvinnherad, veit eg ikkje nøyak­
tig. Frå 1 840, då dei fyrste drog, og fram til 1 900, har bygdabokskrivar
Erling Vaage talt opp 1 . 682 utvandrarar. Ein annan statistikk (emigrant­
protokollar) over utvandrarar frå Fjelberg og Kvinnherad forte! at 1 .708
utvandrarar forlet kommunen i åra 1 865-1905. I åra like etter hundreårs­
skiftet var det stor utvandring frå landet som heilskap og venteleg også
frå Kvinnherad. I 1 930-åra minka utvandrarstraumen, men i åra etter kri­
gen reiste etter måten mange kvinnheringar over havet til USA. Dersom
ein reknar rundt 2.500 utvandrarar totalt, er ein nokolunde på rett veg.
Samanlikna med andre kommunar, er utvandringa frå vår kommune over
gjennomsnittet. Utvandringsintensiteten (årleg utvandring pr. tusen av
middelfolkemengda) er for Kvinnherad i åra 1 836-1 865 2.6, for Horda­
land fylke 2.7, for Sogn og Fjordane 4.5, for Rogaland 3.0 og 1 .7 for lan­
det elles. Grunnen til at Kvinnherad, Hordaland og grannefylka elles
hadde større utvandring enn andre landsdelar den første tida, skuldast at
utvandringa tok til i kyst- og fjordstroka. I femårsbolken l 860-65 au kar
utvandringa frå Kvinnherad. Då forlet 260 menneske Kvinnherad, 200
for frå Kinsarvik og 157 frå Fjelberg.
K vifo r reiste folk frå Kvinnherad?
Som sagt er årsakene for utvandringa samansette og kompliserte; dei
varierer frå voner om ei betre framtid, håp om arbeid, flukt frå fattigdom
og elende, til p ersonlege grunnar som sviken kjærleik. Til dette biletet må
vi og rekna det psykologiske aspektet, smitteeffekten, det som ofte vert
kalla Amerikafeber.
Historikarar bruker ofte termane push og pull faktorar når dei diskute­
rer utvandrarårsakene. Pushfaktorane er dei som fekk folk til å reisa frå
landet, medan pullfaktorane er forholda i USA som lokka immigrantane
til seg.
14
Det er mange spor etter utvandra kvinnheringar på kyrkjegardane
Iowa.
z
Tek vi pushfaktorane først, er det dei sosiale, demografiske og økono­
miske forholda i Kvinnherad ein må leggja mest vekt på. Dette skriv
Vaage mykje om i bygdeboka. Vaage nemner at før 1 850 var Kvinnherad
eit samfunn i stillstand eller sein utvikling når det galdt jordbruksdrift og
andre næringar, men med eit aulande folketal som truga med å sprengja
alle grenser. Dette kan vera med på å forklara den til dels store utvan­
dringa før 1 860 frå bygdene.
Men frå 1 850 skj er det store endringar i bygdene. Vaage skriv om
framgang i næringsvegane i siste halvparten av 1 800-talet, og hovudkon­
klusj onen hans er at kvinnheringane stod seg relativt bra i denne bolken.
Om jordbruket ikkje kunne sysselsetja alle som voks opp, var Kvinnherad
relativt tidleg ute med andre næringar som hermetikkindustri, dampskips­
fart og skipsindustri som gav nye arbeidsplassar. Vidare kunne mange få
ekstra matforsyningar frå jakt og fiske. Fisket har vore ei viktig attåtnæ­
ring og mataukkjelde for kvinheringane i generasjonar. Vaage nemner og
at kvinnheringane var tidleg ute med nye metodar innan jordbruk.
15
Jordbruket var hovudnæringa for dei aller fleste i Kvinnherad på 1 800talet. Dei som ikkje hadde gard, hadde gjerne ein åkerlapp der dei kunne
dyrka litt til matauk. Dessutan var jektefarten ein leveveg eller attåtinn­
kome for mange. Slik sett ser det ut til at dei fleste fekk sitt daglege brød.
Når det gjeld dei demografiske forholda, er det overfolking ein først
og fremst tenkjer på. Store barneflokkar førde til rift om brødet. Berre ein
kunne overta garden, og dei andre måtte finna seg arbeid andre stader.
Dette førde til ei søking etter arbeid. Mange fekk seg arbeid som teneste­
folk på gardane, i dei mange nye næringsvegane som voks fram eller i
andre bygder eller byar.
Vaage nemner at talet på husmenn gjekk kraftig ned etter 1860-åra.
Dette vil eg tru ikkje åleine skuldast utvandringa til Amerika. Ikkje alle
husmenn kunne skaffa seg pengar til Amerikabillett. Mest truleg er det at
husmennene og borna deira fekk seg arbeid i andre næringar som voks
fram på denne tida. Dette kan forklara noko av tilbakegangen av talet på
husmenn. Mange unge fekk seg ofte arbeid andre stader på Vestlandet.
Etterspurnaden etter arbeid var stor i byar som Bergen og Haugesund, og
mange kvinner og menn fann seg arbeid i desse byane. Ein skal heller
ikkje sjå bort frå at etappeutvandring gjorde seg gjeldande. Etappe­
utvandring er når ein person først slår seg ned mellombels ein stad i lan­
det får så å emigrera seinare.
Konklusjonen her må vera at Kvinnherad hadde nokolunde tilfredsstil­
lande næringstilbod og bra tilbad på arbeidsplassar samanlikna med
andre kommunar. Kva som er bra eller tilfredsstillande til ei kvar tid, er
relative omgrep. Dei reelle årskane for utvandringa kan tru leg sporast til
ein draum eller eit ynskje om å skaffa seg betre levekår for seg og sine.
Pullfaktorane er minst like samansette og spennande som pushfaktorane.
Kva var det med USA som lokka titusenvis av immigrantar til seg? Først og
fremst var det vonene om ei betre framtid. Dei fleste som reiste til Amerika i
fØlTe hundreåret enda opp innan jordbruket. Amerika vart tidleg draumelan­
det, eit Canans land. Kor kom desse ideane ifrå? Allereie rundt 1 840 kom
der ut bøker om Amerika med norske emigrantar som målgruppe.
Den viktigaste kjelda for kunnskap om Amerika, og kanskje den vikti­
gaste pullfaktoren for potensielle emigrantar, var likevel breva frå slekt
og vener i Amerika. I tallause brev til gamlelandet fmtalde emigrantane
om forholda i det nye landet. Svært ofte enda breva med ei oppmoding til
16
dei kjære heime i Noreg om å koma etter. No var det slett ikkje noko
enkel sak å senda brev frå USA til Noreg for 1 50 år sidan. Eit frimerke
kosta omlag ei dagløn, og sendinga tok ganske lang tid. Derfor var breva
ofte stila til fleire mottakarar og var generelle i innhaldet. Breva kunne gå
frå g ard til gard, frå grend til grend, og det retoriske innhaldet kunne nok
påverka mang ein potensiell emigrant til å ta den endelege avgjerda om
oppbrot og reise. Ein av dei meste kjende brevskrivarane frå pionertida,
Gjert Gregoriusen Hovland, utvandra frå Tysnes i 1 83 1 . I mange brev til
slekt og vener i gamlelandet gav han eit rosande bilete av det nye landet.
Prost Niels Hertzberg meinte at det var breva til Hovland som spreidde
amerikafeberen til Hardanger. Breva hans vandra frå bygd til bygd, og det
er slett ikkje utenkjeleg ut frå den geografiske nærleiken at ein del kvinn­
heringar kan ha lese breva til Hovland og vorte påverka av dei.
Då dampskipa kom etter borgarkrigen, tilsette ein del selskap agentar
for å lokka folk over. Med dampskipa vart overfarten kortare og enklare,
og norskamerikanarane kunne lettare ta seg ein tur heim til gamlelandet.
Desse folka gjorde ofte eit sterk inntrykk på dei heime. Fine klede, pengar
i lomma og ut:rulege historier om Amerika var noko som gjorde inntrykk
på folk her heime. Tidlegare ernigrantar hadde ofte med seg eller sende
heim såkalla «prepaid tickets». Slike førehandsbetalte billettar var ganske
vanlege. Ein reknar med at vel ein tredel av alle ernigrantar frå Noreg
kom over på slike billettar i åra før hundreårsskiftet.
Sjølve reisa over havet endra seg gjennom åra. Dei første f6r sjølvsagt
med seglskip. Først bar det i båt frå Kvinnherad til Bergen der seglskipet
låg. Der kunne avreisa bli utsett på grunn av dårlege vindforhold. Sjølve
overfarten kunne ta fleire månader, og forholda om bord var heller dår­
lege, ernigrantane måtte sjølve ha med seg forsyningar for den lange
reisa. Dei fleste seglskipa kom til New York, og enno gjenstod ei lang
reise . Med dampskipa endra reiseforholda seg, og dampskipa brukte ofte
Quebec som endehamn. Delifrå nytta imrnigrantane jarnbane innover i
landet.
S v ært mange kom til slekt og vener. Flest Kvinnhelingar finn vi i
Iowa, men mange slo seg også ned i dei andre statane i Midtvesten som
Illinois, Minnesota, Wisconsin og Dakotastatane. Homesteadlova av
1 862 gav gratis jord mot eit lite oppmålingsgebyr. Tanken på gratis jord
lokka mange. Flesteparten av dei tidlegaste imrnigrantane vart fannarar.
17
Andre fekk arbeid innan skogsdrift. Seinare finn vi mange Kvinnheringar
som fiskarar p å vestkysten og som tenestefolk i byane.
I Iowa finn vi det sosiale og kulturelle senteret til kvinnheringane. I
denne staten slo mange kvinnheringar seg ned, og der bygde dei seg sku­
lar og kyrkjer. Fjelberg kyrkjelyd vart skipa sommaren 1865. Skipinga
gjekk føre seg i huset til TØtTes Skarveland. Presten N. Amlund fekk ski­
pinga i stand. I desember 1 866 talde kyrkjelyden 8 1 medlemer.
Kyrkjebygging, religionsskule og presteval vart difor ståande forhand­
lingsemne på kvart møte. I 1 867 vart det bestemt å byggja kyrkja, og byg­
get vart vigsla i november same året. Kyrkjelyden kalla seg «Fjelberg
Norsk Evangelisk Lutherske Menighet av den uforandrede augsburgske
Konfession, ved B allard Grove, Story og Polk Counties». I 1 868 talde
kyrkj elyden 534 medlemer. I 1 888 blei kyrkja splitta grunna nådevalsstri­
den. Kyrkjelyden dreiv songkor, kvinneforeining, ungdomsforeining,
religionsskule, misjonsforeining m.m.
Ein annan kyrkjelyd-Kvinnhered norsk luthersk evangelisk menighet
-blei skipa i Calamus i Clinton county i Iowa i 1 8 6 1 . Den første kyrkja
vart reist i 1 863. I 1 877 vart det bygd ny kyrkje. Prisen var 6.000 dollar
eller 40.000 kr. Blant namna på prestar og tillitsfolk finn vi Thvedt,
Donnehoug, B ringedal, Lund og Nerhus. Også denne kyrkjelyden dreiv
kvinneforeining, ungdomsforeining og sogar ei eiga «Pikeforening.»
No er båe kyrkjene borte, men enno finst der spor etter kvinnheringar
i Iowa. Ei vandring på kyrkjegardar vil kunna fortelja sitt. Banda mellom
den gamle og den nye verda vert framleis haldne i live. Kvinnherad har
sin venskapsby i Story City. Og kvart år kjem det amerikanarar hit til byg­
dene på leit etter slektsband.
Litteratur:
Eggen, Arnfinn: (red) Utvandringa- det store oppbrotet, Oslo l 979
Lovoll, OddS.: Det løfterike Landet, Oslo 1983
Nerhus, Hans: Sunnhordlendske kyrkjelydar i Amerika, Stord
Norlie, O.M.(red): Norsk Lutherske Menigheter i Amerika
1843-1916
Augsburg Publishing House 1918
Semmingsen, Ingrid: Veien mot Vest, I.II Oslo
1941, 1950
Vaage, Erling: Kvinnherad, Bygdesoga. Kvinnherad 1972
18
1943
KÅREELDØY:
Porten til Amerika
og «Emigrantreisens Begyndelse»,
o
i Arvik i Kvinnherad
For nokre år sidan var Eirik I. Eldøy - med røter i Kvinnherad og hytte i
Årvik - innom immigrasjonsmuseet på Ellis Island i New York. Inne i
hovudbygningen fanga eit kjempestort fotografi på mest ein heil vegg
hans interesse, for det var noko heimekjent med det, ein robåt på fjorden
fullasta med folk og bagasje mot ein traust bakgrunn av bergskorter og
marker, nokre hus hist og her. Etter å ha studert meir på detalj ane, særleg
handelsbua nede ved sjøen, gjekk det opp for han at det var Kysnesstrand
han såg i bakgrunnen. Fotografiet hadde påskrifta «Emigrantreisens
Begyndelse» og var signert av fotograf Wilse.
Vel heirnkomen frå USA sette han seg føre å finna ut meir om historia
attom dette fotografiet. Han spurde seg fram i Kysnesstrand og Arvik, og
fekk spesielt god hjelp av Ingrid Nelly Hesvik, busett i Arvik. Ho visste
namna på alle som var med i båten, dei fleste frå Årvik. Etter å ha under­
søkt nærare i Utvandrararkivet for Hordaland, kan det gjevast desse opp­
lysningane om dei som sit i båten. Me nemner først Amerikafararane:
o
o
l)
2)
Peder Jonsson Årvik, f. 1880, frå husmannsplassen Øvrebøen,
står bak i båten, på veg attende til Tacoma i staten Washington,
USA, etter å ha vore der i fire år alt. Han reiste ut første gong i
mars 1900 med America Line frå B ergen. No var han heime for å
henta kjærasten sin.
Inger Jonette Jonsdtr. Arvik, (1886-1976), frå Øvrebøen, syster til
o
19
3)
4)
5)
6)
7)
Peder. Ho har rund, kvit hatt på seg. Reiste også til Tacoma,
Washington.
Gunhilde Kristine Mikkelsdtr. Kysnes, f. 1886, trulova med
ovannemnde Peder Jonsson Årvik. Ho også med kvit hatt.
Rasmus Mikkelsen Kysnes, f. 1885, sit attarst i båten. Han er bror
til Gunhild.
Dei neste er med for å skyssa Amerikafararane ut til rutebåten og
seia farvel :
Sjur Jonsson Arvik (1877-1964) er med og ror ekspedisjonsbåten.
Denne gongen har dei borda rutebåten utanfor Kysnes.
Ingrid Pedersdtr. Arvik (1850-1945) frå Øvrebøen, mor til Peder
og Inger, som begge skal til Amerika. Ho sit mellom dei to unge
jentene.
Frantz Butler Jonsson Årvik, f. 1881, frå garden Å rvik.
o
o
Dette biletet, «Emigrantreisens Begyndelse», heng på heidersplass i
immigrasjonsmuseet i New York. Biletet er frå Å rvik, og er telæ av foto­
grafAnders Beer Wilse.
20
8)
9)
Tobias Gangdal
Knut Furhovde, f. 1888, frå Gausvik.
Ombord i rutebåten til Bergen stod fotografen med fotoapparatet sitt opp­
stilt. Han må ha tykt om motivet og fanga det inn på linsa i rette augne­
blinken. Datoen må ha vore ein av dei siste dag ane av august månad 1906,
for etter utvandrararkivet reiste alle fire frå Bergen l. september 1906 med
skip tilhøyrande Canadian Pacific Line.
Fotografen var Anders Beer Wilse (1865-1949), fødd i Flekkefjord.
Han hadde utdanna seg som teknikar i Horten, og var i mange år jernba­
neingeniør i USA, deretter i åra 1897-1900 fotograf i Seattle. I 1901 var
han komen attende til Noreg og hadde opna eigen fotograffonetning i
Oslo. Wilse var pioner i landskapsfotografering her i landet. Me ser at han
hadde nær tilknyting til USA. Det er på det reine at han også var på Ellis
Island og fotograferte immigrantmiljøet der kring hundreårsskiftet.
Gunhild og Peder Årvik gifte seg i Amerika og busette seg i Tacoma,
Wash. I USA skreiv han seg for Peder Johnson Orwick. Det er fortalt at
han ei tid budde i San Francisco, der han fekk seg jobb som fangevaktar
på den vidgjetne fengselsøya Alcatraz utanfor byen. Rasmus Mikkelsen
Kysnes stogga ikkje meir enn kring fire år i Amerika, og vende så heim­
att.
Unge Inger Årvik tente hos ein norsk familie i USA, visstnok på vest­
kysten, der ho møtte sunnmøringen Laurits Måseide. Etter ei tid i
Amerika reiste også dei heimatt til Noreg, der dei gifte seg og slo seg ned
på Sunnmøre. Dotter deira, Ingrid, som har gjeve viktige opplysningar
om Amerikafararane, kom attende til Årvik, der ho vart gift med John
Hesvik. Frå tunet sitt ser ho opp på husmannsplassen Øvrebøen. Det var
derifrå dei reiste, han Peder Årvik og systera hans, Inger Jonette.
Som ein kuriositet kan nemnast at Ingrid Hes vik har eit vakkert målar­
stykke på veggen i stova si, måla av Svein Bringeland etter det same
Wilsebiletet som heng i stmt format på ein vegg i immigrasjonsmuseet på
Ellis Island.
Nedskrivaren av dette seier takk til informantane Eirik L Eldøy og
Ingrid Hesvik for opplysningane, og til Utvandrararkivet for Hordaland
v/ Jahn Sjursen for verdfull hjelp i arbeidet med denne artikkelen.
21
Amerikabrev
Bård Hansson Eikeland (f 1 788) frå Hatlestrand, emigrerte til Amerika
kring 1835, og var såleis ein av dei aller fyrste som reiste. Han hadde
med seg kone (som ein ikkje sikkert veit namnet på, og borna Hans og
Birthe. 1 1838 sende han dette brevet heim til bror sin:
!Al ægte6az,
CYffa/zd !l!az:J
!l!aøaz,
cfA:au�etAtt/l·
.0et <lz<:t7ez /JZ(Y./zillt paa /JliJllle O/ll /Jli1z ,cjlezlatte_fi///ilk o'7./tY .'Jlttllllez
til at ilJeza /e;zyeJ q/iez at d<le lwoz· <let ez .r;aael m(t;. ,�lf ;}al i xmlze<l
tl/ll/eztiiJe ilJe/lb O/Il /JliN.JOZl!//lJ {l{!ZeiJ/ll/i'ff Yo/ /Ill/Cl pziJC ///(f7 !fi,,}}e/{!1 i
111t/z a<tlla;ll/zi;zy./za CYf6zye.·
JTgr lzm Jj}t<l at taÆ-h-c;/Oz al//la.'J!e/lJ �Ht/Jl lzaz 6CJ1'flt!c! /J/('7 rien lal?f7e
(lei '?'/ Oa<tcle;/gr og mitfillr ez Jtm<le o.r�.Jlillre oy �rj!/1rtl'Z on t'CI. c?Y./<37
ø/lJirez æz/re;z. m{!! ellez IZO,l/e!Z q/"mbæ at (læte i c;f6zyz;·.JOz lzez cz lO
ga;zyez 6eclze �zd '?'/ J!oue Sføzd)/ !JJ!aJlt!t./OIIr: $/{f7Cl ez lzez '{}Kl
!llaad at.!/me.:fiz <lm. dez lzm m:6eiJ -%Jt cJ(e;z <laz .JO/Il ez 5/Jwlefiaz
bzyea till_l/flZ· latet; /lle/z <lm .JO/Il az6g<le t'i(J{iaz Jto z. .0<:'71ølltl '?'7 �z<loz
løJl/let got az6g<let � �z<loz./Oz<lzez 2 ga;zye mill<lze mO,rj<le C/l <lm
c;f6vh-e;/ozcl.
CU tJaz
tzye 0.'7 2 i2Jqt7ez ttaclemay i .Jøa1: '?'/ !llgiell .l/iaf o.; t'el; ,)fy
t'<tv ilrlre Jøe -!f!lr og miN h-o;te tlaz ei lzellez ·!Yir til ;zoge;z lzi11rkz Z:t7 //lille
22
7
!lJom Jloc! elet got ad - fZJez fZJøde
!ZJ!eo !7lrgzame
cy
i
/JJøm, en t'at
5
elet Jtoze IYltla/lliJiie ftm;
cy
1!0
am;
cy
tm G'ztlfl;xtg'lz A.eJ;ede/lagcl
tli Jtl/lf/CUfizotillte OJJ de/l t!!f cy !ffJe 2!/a/?Yt (leue Ol/l cloz t'al. .Jo/ ez
OtE/?tJe at �e til CYI6?tle i gioz.fiz Jøoz, men jJllll la/ld !ZJaadoz
- i_/en/lO/lZ /llll/?tJe jJæ/le !ZJyez !ffJie t'(/Za CYfYozA
cla/lVJ6aa<l
mil cy dezfi muz Aone
100
oi jJaa A-a/tal !7laac! til .9Jyoz
æ:
!ffJte natt qy clag i
Aanalen
cy
fZJe
6
eie !7laacle t;azfia
qy
1! yrgte
1!5 til 30
Jtoz
o1/6m1ia jJllll
oz
oz Øattez2� 67g dez fia !/bite
.9Jg/!o'J1 (!ZJ�#[!o
c!�tJez med
cy til
(lat
Mlæ
æcl
2!/aA-e Czie zed) da
JO/ll Jtot!jJaa
{J{W/j
c5'Æfo ved
alle/l !a/?tle og 3 acl 4 alen 6æcle
JtaÆ oz 3ficlt c(t;6t
� .93� ez. e/t !ZJy JO/Il 49'ez /læz æcl et M/lcl Aak!et ::tleyA-Æez/ 300
mile lcu?tJt;· og gam i moe! /Zoz. S'icmat!a cy i -!f!CI mocl CYfYøz. 2!/aÆe fZJez
ez. //Ztl/lge &Jez. qy J!oz J!ttpyazt;· //Za/?Ye fZJa/IVJ !lJaat!e og clerf/la !ffJte {!/
jJaa et
3-mcotzet
JA-tp
cy
oaz
6
t{'/a tl/ldez oægJ ./Øzo
oz
tJi A-om til !lJyoz
&tÆago.;1 (G'zicago. zed) Øet ez../Øute &fm til C!uzoeJ 61 f.!lllinoh. zed) og
dez. 6/eo 6zæA-Æet
1!
/ltmke /Ile/l i'?CJm to/t; JÆade clezq/.
%. oi Aez fZJa/IVJOaacl - Attn<ie oi .f!/Ott elet jJlltl
cf
<k?tJe /Jzen ela oaz
U?tJOlfizAa/zcloz og clq/Oz �jte oi jJll<t oog/z med to Aotez../Øz
tende m[!l
C!!e/ZOCJ
6
qy
Øalez og elet oaz.
60
mil uz
c!aJ{g Aom til &fm ekleJ{g
mezt m[!l med
5
/lØttta6eJte
cy
til
elet AOJ­
oi Æom til clall CYI6uA-e
ih-Æe 6
clem ÆoJtez m[!l
cy
JA-4 /lle/z
100
i
/ltb AmJo/./Oz­
clalez -tidl[!!e Aazjet;
!ZJetalt muul.!fleki 50 dalez.
CU (<;-eie i omeolet
1000
fl) ogfi c!erif 600 Øa!ez.
ta6te elet !tele Øet acloazeJ alle at.!fløze
CU !tal MA-e atJfj;gtefizo Az[y. fZJe./Oze/U:ie Jtatez.
cy
clez iflagcleJ{g
eze
Jaa· ttduøteJ at
75 qy
ingoz jJOtle/lta/ ffllaA t m:IJ Æa/t tout elet � to <lage .r:JfezJ{g oaz Ao/lv
mel; Ao11Z c!ez en //Ut/lcija IYltAozq; og ijecle /Ill/te 1! æ/Jte !lJøz/Z; !lJzitAa
23
.J!h:
50
clakzqy .9ltmJ lientfiz Alæc!ez
q{j .1Aole
oy /ltcJåme LYJzitlta
Ø �pute am (tjefJie lt1111 //lo/ 30 q{j .Pc/et am
O'fft/1e 6øm lmez
q{j
65
50.
talez yot mye!J --;--/�9' oy mi/l Aone tala .Jaa /ll�(jet
at tlf Aa11 yot (!le�e oJ.J Jelt< � tlalll/llolet ltez ez c(!lzt -.Jaa /ta;z .Øozcle elet
yoclt cle;z. JO/N (tjØjJ!e tlC//11/llO I cy-fizcle !tid qy !tat;e /lleci.Jo/.9'orle J(e/?j'C Alæ­
Oz .f:Jøzo&?j' AoJ!ezltez;fia 40 til
clez.
50
clalezIlle/l Aozt /i;z .J(tjozla ez
!tez yot (tjØjJ paa. � Aa;z. gme to .9iamaw J(tjoztezjoz en iYll6ciJ Øqc;
O!f J/lttJ ev ltez; yot (jØjJ paa.
� leclo/e
Ame
.JO/Il· Ao/ll ltezeim Ja/Il/Ile tid JO/llJ�Y C!'/ tYtt .J!f!flcl(rje
ez. /lit qezezq/'20 clalezcy- Aa;z 2 ampvete .J{Cj til !&mel - CfC/IOCJ ez
et !&!fl
. !&t;zc/ /lleci.JilWa ooezlt'!'JilU?j'Cl;./loclel/le yaaz .J!ille - U?j'e/l .JAacle­
l(r;e Øyz ltazoi ayfyyte,/Oz O!f i;?c;e;z ltamcle !lc{tzijlet; cSA' olm ez !tez til alle
.9Jøm
qy
6/ivez· lcezcle
Ylaz /leJfoz.
alle
at !zo
.9Ji6elm
qy
r!Yui.Jii !&cle!Je C!9' Øøcl
Jlq(jJ løo !zæz. xl Jom o-ØA:
qy
oy paa JO/Il/Ile J!eclez ez .JNAAn tzæet; .9iozt Jqc;t
jJZOJ/ez
qy eie
CiAe q{j mlnøtt /llec(jleze
d
ltm 6aacle pzco!ez
Acm yot .9Ji6elm. � !zoz at claJcy tYll
i
ul6zyrc;
elet
qy
til6acl
./�'7 '§ltd med til/a/,ie '!'file &/Il cle/Jl. t'ilcle yiæ clezo .91æJkr 6aacle ;OC/?j'Cl!
qy
llteze Aa;z. lta;z
Mlre
JAq#? clml· cS'alo/ltecl -Jeta 6/it'n . Øø;!Ciellle iA/re
playet //led /zaazde ttk(tzi/iet; CZ$ yioez. c!Cill· JO/Il·
vi .!JIIle.J.
lltllrlt cy- pzæAez. ooz c/e;;z /rom/Ila % ev i;�r;e;z .9iiezlrer,
. 91coteme yctaz
/l/at
eie .9'aaz O!f
pzælrezltiJt cy- ltez i ltttttJ O!f tttlepaa mmAen oy /ll{{/1 Acm rfs;rlre '§rtclltooz,
Jlza;z ezJaa· vel JO/IZ. i lrizAe;z,
W '§!tel Jo/ez. wz; to ellev 3 oezefivamleclo i lllit llltl'll clez d(/cy Jelo tJæte
mit i6la;zc/et c/e/ll, iZJen;ze .9z:æc/iAallten
ez.
JO/Il C/l .9J/bl(l clez. d/cle tiJe
{lltc/e;z. .9Jibld t:§lm. !7llltøzel/le Aa;z Mlre 6/ioe O/lll'Cil!e o/C/l oævl(c;Jilztlet
pze.Jt qy mela /llaa !/Jø;zcleme .9Jdale tienclaz. til !tam - enc6(f!Ønt eie ii?(/C/b
I!JIIte /zav elev q/' -!teztøz /Ila ilrlre .J!aa /llec! %tte;z. i ltaa;lllm/Oz Jill .!JIIl/Z
optzæA/ret; CZ$ ez. alle q/'az. CYftazmAe cS'IæAt oy '§ltd /zaz licltt/O z alle tZ9'e
24
mqet ej' rim.fimæmme 6/iæz &øo giez fZJørlea ty Jj}td rlømmez ih-A-e
gfez 1Jolm ttlæadiyJ, men rlet A-oaztJzez m eze aa-jJaa tiOZ !ij{:zte ez 6eJA-q.fåz,
CZJæz. 1Jærl{t; lzi&et tyjy ømA-ez !7!Cuetz .2!/ec/;aj'e OJ til det c5'.åte
ty
at
maate OjJJtaa til et 2}/oa!iyt !&ti.
.2!/e;et 9a�t!i a. .Yatta C/lttarq;. 27 !k6utartt 1S3<f
[It gfez fZJørlm
.9Jaaz %m etzJ')
1>
Rørelse:::: aktivitet?
"Kona var
50 år i 1835, reiste dei likevel før?
"Buflo =Buffalo ved Lake Erie. Frå New York opp Hudsonelva til Albany, kanalen vestover til Buffalo.
Siste delen vestover dei store sjøane til staten Illinois.
" Leykkeri =Lake Erie.
s>
Artig skrivemåte for byen Chicago.
"Elinoes!Ellenoes som han skriv= Illinoes.
'' Potentat= (frå latin) makt.
"'Baard Hansson Eikeland f.
1788 Hatlestrand, bondeson av foreldre Hans Olson 1728-1815 og Brita
HansdotterTufta 1748-1814. Baard vart gift
" Broren er vel Steffen f.
1818 med Bol Larsdotter Skarvatun 1785-
1778. Broren Hans f. 1775 og søstra Herborg f. 1791 var begge gifte på
Skarvatun.
25
A Child For A Day
My years are declining but well I can see
the place of my birth, it's so vivid to me.
The bel! in the steeple, the church on the hill
where Mother and God have me registered still.
The sunset, the flowers, the meadow in dew
it all lies befare me, how grand is the view.
The breath of the pinetrees, the birch by the mill,
the old apple orchard that blossomed at will.
The scent of the field and the new mown hay
how sweet it would tinger, how long it would stay.
The meadow brook lazily winding its way
as though it had done all its workfor the day.
The birds that would sing from the trees and in flight
how they filled my heart and my soul with delight.
Their music a symphony, sweet and so clear
I still seem to hear them as though I were there.
The sides that emne dressed up in crimson and blue
then changed into colours that God only knew.
The tang in the air and the smell of the earth
when nature in splendour gave infinite birth.
How later in autumn she coloured the leaves
when iceicles formedfrom the drip of the eaves.
The moss covered roof and the log cabins walls,
so c old in the summer and warm in the fall.
The fireplace that glowedfrom the birch wood and coal,
how homey it looked when I think of it all.
My grandmother's spinning wheel, rocker and shawl,
the pendulum clock that tickedfrom the wall.
The kitten that purred by her side on the flom;
the jar with sweet cookies that tasted like more.
When mother she tenderly put me to bed
26
thenfolded her hands and bowed with her head.
Still well I remember the words in her praye1;
« We thank Thee O Lord for thy love and thy care.»
My heart how it thrills when I think of it all
that part of my life is a part of my soul.
l�
•
l
Jf I had a wish, only ane, I would pray:
God, let m e again be a childfor a day!
B aard Stordahl ( 1 884-1959).
(Fødd i Ølve, emigrerte som ung gut)
'
27
AV JOHAN STORM MUNCH
Eit brev frå Rosendal
til Amerika
Amerikabrevet den andre vegen
Frå Rosendal vart det sendt eit brev til Amerika den 10 oktober 1 892.
B revet er skrive av Brita Tvedt frå Omvikdalen. Ho tente på den tida hos
stamhusbesidder Rosenkrone på Baroniet. Ho sendte brevet til bror sin,
Johannes, som hadde reist til Amerika dette året. Johannes Tvedt var frå
før av utdanna som treskj erar og modellør, og hadde i dei to siste åra vore
i København. Der var det steinarbeid i Marmorkyrkja og gyldenlærarbeid
som gav han livsutkome.
Han reiste til Amerika som så mange andre nordmenn for å tena
pengar, og for å realisera ein draum om å verta rik. Johannes busette seg i
Chicago, og fekk seg arbeid straks i ein tenacottaverkstad. Denne verk­
staden hadde mange store oppgåver med å dekorera monumentale bygg i
Chicago. Byen var på den tida i ei rivande utvikling med mange nye
bygg. I 1 888 brann mesteparten av sentrum i Chicago ned, og byen vart
bygd opp att som «storbyen» mot «prærielandet» i vest.
Frå før hadde B rita to systrer i Amerika. Martha, den eldste, var på den
tida gift med ein nordmann som heitte John Massa. Han var frå
Arendalskanten. Dei budde på ein nybrottsgard i Ohio.
Martha hadde reist over til Amerika tidleg i 1 880-åra avdi truloveden
hennar, Mons Mehl, frå Rosendal, hadde vorte sjuk der borte. Ho fann
28
guten dødssjuk av tæring. Mons døydde snart etter at Martha kom over.
Martha vart også smitta av denne sjukdommen, og i 1 892 er ho sjuk. Det
er nett dette Brita skriv om i brevet sitt: «Da æ so maangeleisne mæ da,
somme maa væra laake al si ti men æ da tæring so blir da desværre inkje
so laang ti».
Turberkulosen tok hardt for seg, og var den største folkesjukdommen
på den tida.
Brita prøvde å trøyste seg og broren med å skrive at den andre systera,
Marianne, hadde skrive heim og fortalt at mannen til Martha var ein snill
mann. Men Brita ynskjer seg over til Amerika for hjelpa den sjuke systera.
Ho slær det frå seg avdi det ville vore gale for dei som sat att i gamlelandet.
Brita klagar over at ho ikkje har høyrt frå syster Marianne på lang tid,
men ho har fått vite av Johannes at Marianne har det bra og tener godt.
Det siste var viktig å vite og var det fyrste målet på om ein lykkast i det
nye landet.
I brevet kjem Brita inn på tilhøvet til mora. Ho er sers bunden til mora
og vil hjelpa henne så mykje som mogleg. Mora vart enkje i 1 886 og
budde på Tvedt i Omvikdalen. Ho var frå Krakjet i Rosendal. Mora hadde
dagen føreåt sagt til Brita at ho hadde spunne ein del garn og ville laga
grå klede til Johannes. Det var stasklede dengong. Mora planla å veva
stoffet i kommande vinter og alle skulle få klede av stoffet, både Nils og
Johannes. Nils var tvillingbror til Johannes og er odelsguten. Nils Tvedt
var en spesiell kar, sier Brita. Det kjem fram ved at mora må be dei andre
søskna om å få vita kor mykje dei einskilde eigelutane på garden var verd
da Nils overtok garden frå felleseiget etter faren. Korkje B rita eller
Marianne hadde slik kunnskap, og no vart Johannes spurt om han kunne
hugsa noko. Dette hadde rimeligvis noko med vilkåra for det kåret som
mora hadde rett på etter overtakinga av garden.
Ei større sak i brevet er lensmannshusa. Mora har gitt Brita eit påbod
om å skriva til Johannes at han burde kjøpa lensmannshusa på Skåla etter
lensmann Halvard J. Enæs som døydde i 1 892. Desse husa vart no selde
for 4400 kroner eller 1 100 daler på siste tinget.
Det er litt overraskande at Brita gjev opp begge myntformene. Noreg
gjekk over frå dalar til kroner i 1 875. 22 år etter er det turvande for B rita
å oppgi begge formene. Ho gjorde det rimelegvis for at det ikkje skulle
verta nokre mistyingar.
29
30
Neste gong og tredje gong garden skulle bydast fram var i j anuar
1 893. B rita tykte det var litt leit at ho måtte skriva dette og prøva å få bro­
ren sin attende til Kvinnherad. Ein grunn for at ho tykte det var leit, var
sjølvsagt at ho sjølv gjerne ville dra over til Amerika, om det ikkje hadde
vore for mykje som batt henne heime. Men mora ville gjerne at Johannes
kom heim og kjøpte seg hus på Skåla. Da kunne ho, skriv Brita, bu der og
ikkje berre på Tvedt eller på Krakjet. Mora har slått frampå om at
Johannes kunne halde skule på Skåla. Det er vel helst ein handverksskule
av den typen Lars Kinsarvik hadde inne i fjorden, dei tenkjer på for
Johannes Tvedt.
B rita har ei rekkje skarpe kommentarar.Ved neste avsnitt nemner ho at
John Eik har vore og henta ein kopparkjele og ville ha ein stor ein og.
Nett den som Johannes hadde kjøpt attende til garden. John Eik er onke­
len til Brita. B rita er oppgitt over at nokre er so svære til å grave til seg.
Brita blir «mismodig av alt dette kave» seier ho.
Så fortel ho vidare at ho har fått noko rips som ho hadde safta og ville
gje til mor si. Mora ville ikkje ha safta, så det er ikkje so greitt. Vidare
fortel B rita at tausa til mora skal reise til våren, og ho trur at dottera,
Brita, skal ta over arbeidet med å hjelpe mora. Her er B rita heilt klår. Det
vil ho ikkje.
Ei anna hending opptek B rita som ho må skrive om til bror sin. Låven
til Mons på Kirkhus har brunne ned. Det var smågutane hans som tente på.
B rita gjev vidare små glimt frå livet på Tvedt. Ho skriv at «Hos
Tveiten gaar da mæ da sammo som det hm· jort før». Tveiten er far til dik­
taren Jens Tvedt og budde i Haugahuset på Tvedt. Tveiten hadde vore den
fyrste herredkasseraren i Kvinnherad kommune, og m·kivskapet hans til
kommunearkivet, det var eit skråskåp, står i Haugahuset den dag i dag.
Så nemner B rita at Vodla Heljen skal ha bryllup, og ho veit ikkje om
ho vert beden, men blir ho det, så vil ho ikkje gå! Ingen veit kva for ei
straff det skulle ha vore, men noko gale er det sikkert, avdi meldinga er
heilt klår. Helje på Vodlane må vere Helge Haugland som i 1 892 gifte seg
med Marta J onsdatter Skeie.
B rita arbeidde hos stamhusbesiddar Gerhard Markus Hoff Rosen­
krone. Ho lærte finare handarbeid og matlaging av søstrene til stamhus­
besiddaren. B åde ho og broren Johannes hadde eit nært tilhøve til
Baroniet, og difor er det naturleg for B rita å nemne familien til stamhus-
31
Brita Tvedt skreiv brev til bror
sin Johannes.
Johannes Tvedt reiste frå
Omvikdalen til Amerika, og
busette seg i Chicago.
32
besidderen. Dei danske slektningane hadde fått utsett heimreisa av di det
var kolera i Århus. Det var ein sjukdom ein måtte halde seg langt i frå.
Det vart med to koleratilfelle i Arhus. Epidemien stogga med det.
Det var familien Weiss som budde i Å rhus. Det var frå den familien
dei kom dei siste stamhusbesidderene som budde på baroniet i dette
hundreåret.
S å kommenterer B rita at Johannes har bedt om at B rita kunne sende
noko handarbeid til Verdsutstillinga i Chicago i 1893. B rita nernner dette
også i det føne brevet som ho sendte til bror sin den 5. august -92. Men
denne gongen kjem ho med framlegg om kva det kunne vera. Johannes
hadde foreslått eit perlebrodert belte, men Brita meiner det blir for dyrt å
senda det den lange vegen. Ho trur at ein brystduk er lettare å få av garde.
Brita sjølv vil lage eit brodert forkle med kvit, raud og blå tråd. B rita vil
setj a i gang med dette arbeidet og senda det til Johannes så snart ho får tid
til å sauma det.
Noreg markerte seg sterkt på verdsutstillinga. Det var til denne utstil­
linga at det vart bygd ein modell av Gogstadskipet, og nordmenn seglde
med dette vikingskipet over Altanterhavet og opp i dei store sjøane fram
til Chicago til utstillinga. Går ein igjennom registeringa av norsk handar­
beid som blei stilt ut, finn vi handarbeid av Brita Tvedt. Ho gjorde for­
kleet ferdig og sende det til utstillinga ved hjelp av bror sin.
Johannes Tvedt hadde også gjenstander på utstillinga saman med
fleire treskjerarar frå Hardanger. Men han hadde mykje anna arbeid med
å gjere i stand utstillinga. B lant anna var han med på å laga den store inn­
gangsporten til verdsutstillinga - «The golden Gate». Denne porten er
dekorert med terrakottafliser og er det einaste bygget som i dag står att frå
verdsutstillinga i 1 893.
Så er B rita heime att i brevet og skriv om kor vanskeleg det var å få tak
i rimelege kåper. Ho hadde kontakta slekt i Stavanger utan å lykkast og
såg seg nødd til finna noko i Bergen. I Rosendal var det tydelegvis ikkje
kåper å få kjøpt som høvde for unge jenter i 1 892. B rita er 18 år gamal
dette året...
B rita skriv at for ei stund sidan hadde ho vore på Krakjet og vitja
Besto. Det var mormora. Ho var diverre skral og ho helste til Johannes og
takka for livet. Besto såg fram til å sjå Johannes på ein betre plass i eit
anna liv.
o
33
Til slutt i brevet kjem Brita tilbake til lensmannshuset, og ber
Johannes seia ifrå om han vil ha det og spør i brevet om dei skal halde på
det til han kjem heim. Brita sjølv rår han ifrå kjøpet. Det blir for dyrt,
seier ho.
I eit svarbrev seinare seier Johannes nei takk. Det vart til slutt den nye
lensmannen, Meidell, som kjøpte huset. For Johannes drog Chicago meir.
Der er det mykj e arbeid. Interessant arbeid var det med ei verdsutstilling
med mykj e utsmykking og kunsthandverk. Chicago var på den tida eit
sentrum som Johannes likte å virke i.
Sluttkommentar på Amerikabrev a:
Dette brevet som Brita sende frå Rosendal den l O. Oktober 1892, er eit av
dei 600 breva eg har frå Amerikakorrespondansen mellom syskena frå
Tvedt. Eg har funne breva etter Marianne og Brita i kister i Omvikdalen
og etter Johannes i skuffer på Tangerås i Strandebarm. Sidan folk flest
den gongen tok vare på alt, var det og naturleg for denne g enerasjonen å
ta vare på breva dei fekk frå venner og slekt. Både Marianne o g Johannes
kom heim frå USA etter nokre år i Amerika og tok breva med seg.
Marianne kom heim i 1 895 og var tæringssjuk og døydde hos systera
Brita. Johannes kom heim til Kristiania i 1 899 og starta opp med ein
modellørverkstad der.
Desse breva er ein skatt ein kan ause av, og få detaljkunnskapar om
den kontakten det var mellom dei som reiste og dei som vart att heime.
Brita er bestemor mi, så det er triveleg å lære henne betre å kjenne gjen­
nom breva ho skreiv.
Alle breva er fulle av detalj ar om dagleglivet og dei små hendingane i
lokalsamfunnet. Det er kanskje ikkje så rart, mottakeren Johannes Tvedt
hadde nett reist heimanifrå og kjende til alle dei tilhøva som er nemnde i
brevet.
Innimellom forteljingane om daglege hendingar kjem det fram person­
lege synspunkt frå skrivaren.
Brita har så lyst til å reise over til Amerika ho og. I eit anna brev nem­
ner ho at systera, Marianne som hadde huspost i Chicago, tente på 2
månader det Brita sjølv fekk i årsløn hos baronen. Men Brita følte at ho
var så bunden til mor slik at ho blei verande att heime.
34
Eit anna emne ho tek opp, er tilhøvet til broren Nils. På mange måtar
sto Nils utanfor den nære kontakten som dei andre syskena hadde. Han
var spesiell, mellom anna var han den som kunne drive forretning med
hell. Han hadde i mange år landbruksmaskinforretning i Stavanger.
Forholdet til sjukdom og død var naturleg på den tida. Brita skriv at
Besto takka for alt Johannes hadde gjort for henne, og Besto håpa at ho
fekk sjå han i ei betre verd.
Sjukdomen tæring var skremande, og mange døydde av den på denne
tida. Alle tre systrene Tvedt bukka under for denne lungesjukdomen.
Martha i 1 893, Marianne i 1 895 og Brita i 19 10. I brevet skriv Brita med
redsel om tæring. .
Språkforma o g ortografien er spesiell i brevskriving. Dei lærte riksmål
på skulen og det vart nytta til formelle skriv som tinglysing og slikt. I
breva skriv dei på dialekt og brukte nokre gonger riksmålsuttrykk der
ikkje dialekten hadde ord som høvde.
På slikt vis blei breva munnlege meldingar heimafrå, og Johannes
Tvedt var heldig som hadde ei syster som sende brev nesten kvar månad
med glimt frå dagleglivet i Kvinnherad.
35
KÅRE ELDØY:
Alt er ligesom en drøm...
Eagle Grove vart samlingsstaden for ein del husnesingar. Frå husmanns­
plassen B orvik under baronigarden Bogsnes i Husnes utvandra i 1880-åra
tre sysken til Amerika. Ole Gundersen Borvik f. 1859 reiste i april 1884,
samstundes med systrene Kari Oline f. 1854 og Pernille Gjertine f. 1862.
Kari Oline hadde med seg mannen Erik Gundersen Vaage f. 1849 og dot­
tera Berta på l år. Dei slo seg ned på ein stad kalla Eagle Grove i staten
Iowa. Kring hundreårsskiftet budde det godt og vel 3000 menneske der.
Staden ligg ikkje så langt frå byen Fort Dodge, som utvikla seg til å veita
eit handelssentrum og trafikknutepunkt, og der det også kom ein del
sunnhordlendingar og busette seg.
Dei reiste over havet med Imman Line, og det er oppført at Erik hadde
med seg 100 kroner på indrelomma. Det var startkapitalen hans. Foreldra
hans var Gunnar Halvorsen Vaage og kona Brita, frå husmannplassen
Vågshaugen på Sunde. Erik var nest yngst av 6 sysken. Eldstebroren
døydde utanlands i ung alder, og dei fire systrene gifte seg og flytte or
heimen. Foreldra var begge eldre folk då Erik reiste til Amerika.
Både Erik og Ole la frå seg dei heimlege etternamna Vaage og Borvik
då dei kom over til Amerika, og kalla seg ben·e Erik Gundersen og Ole
Gundersen, og det vart borna deira heitande etter dei også.
Staten Iowa ligg mellom elvane Missisippi og Missouri, er vel l45 .000
km2, for det meste flatt prærieland, og derfor eit av dei største jordbruks­
områda i heile USA. Folketalet er kring 2,9 mill. Fast busetjing i dette
området kom ikkje før kring 1830-åra, og Iowa vart oppteken som eigen
36
·';
'
Ole Gundersen Borvikfrå husmannsplassen Borvik på Røssland, reiste i
1 880-åra til Amerika saman med søstrene Kari Oline (t.v.) og Pernille
Gjertine.
37
stat i unionen først i 1846. Norske innvandrarar kom til denne staten i
1847, og i 1853 skipa dei den første norske kyrkjelyden.
Kvifor desse folka frå Husnes busette seg nett i Eagle Grove i staten
Iowa, veit me ikkje sikkert. Men det kan vera at andre husnesingar hadde
reist i førevegen. Av gamle amerikabrev kan vi sjå at det etter kvart vart
ein liten koloni av husnesingar i denne vesle byen, og dei heldt saman så
godt det let seg gjera. Ole var flink brevskrivar og sende brev heim til yng­
stebroren Torger Bm·vik, som dreiv småbruket heime i Borvik samstundes
som han var smed. Ole fortel i breva m.a. om ein John Kaldestad (Nilsa­
John) som døydde i desember 1929, og at familien hans møtte opp til grav­
ferda i Eagle Grove, deriblant broren Nils Kaldestad. Ole fortel vidare om
Abel Risnes og kona, som ikkje hadde vore blant dei heldigaste av utvan­
drarane. Dei hadde til saman lO bom, men kona kom på sjukehus og Abel
levde i små kår på slutten, og måtte få sitt brød av fattigkassa. Ole vitja
denne sambygdingen frå Husnes ofte, skriv han. Den same Abel Risnes
hadde ein bror i Amerika som heitte Lars, men han budde langt derifrå, i
staten Minnesota. Andre namn som er nemnde i breva, er Johannes Enes,
og i eit brev frå 1931 skriv Ole: «Nils Røssland (Siri-Nils som vi brukte at
kalde ham hje1m11e) har en datter som arbeider på postkontoret her. Hun
var saa snild og bragte mig Brevet paa selve Juledag. Denne Pige er en
Christelig, meget flink Dame og er meget avholdt her i Byen».
Me skulle tru at immigrantane ville kjøpa land og slå seg på farming i
dette rike jordbruksmmådet. Men både Ole og svogeren Erik fekk seg i
staden arbeid i den amerikanske jernbanen. Det ser ut til at jernbanesel­
skapet heitte «The Great Atlantic & Pacific Tea Co»., for Ole har nytta eit
ark av ei arbeidsliste for dette selskapet i eit brev heim til broren Torger.
Det er nernnt at Ole avanserte til formann og førde liste over arbeidstida
til dei han hadde ansvaret for. Det var private kompani som stod for byg­
ging og drift av j embanane i USA, og det var mange av dei.
Det er tydeleg at bygging av jernbaneliner var ei hovudoppgåve i
mange år i denne staten som elles i USA. Bortsett frå transport med båt på
dei store elvane, var jernbane den einaste kollektive transportmåten i
førre hundreåret. Køyrevegar var det lite av, og det var enno langt fram til
bilane vart allemannseige. B ygging av jernbane gjekk så fort at dei såg til
sides med tryggleiken. Det førde til at det lenge var mange og store ulyk­
ker med j ernbanen i USA.
38
O m E rik og Kari O line
Erik hadde eit krevjande og fårleg arbeid ved j ernbanen, etter di han var
med i eit såkalla «Rescue Team». Dette veit me litt om, fordi det finst eit
brev han skreiv 16. januar 1887 heim til sin «Gode Ven Knudt L. Vaage»
på Sunde. Desse to karane var omlag jamgamle, og vaks opp i lag heime
i Våge. Etter knapt 3 år i Amerika, synest det som om Erik alt då har teke
til å blanda inn mange engelske ord. Eg skal prøva å attfortelja innhaldet,
der han mellom anna fortel om arbeidet sitt.
«Eg har fått eit anna arbeid sidan sist eg skreiv til deg. No driv eg med
å setja i stand jernbanevogner, og står med trearbeid når eg er heime. Men
eg må rykkja ut kvar gong det har gått lokomotiv og vogner av skjenene,
og det er eit hardt arbeid, særleg om vinteren. Min divisjon rekk 150 miles
vestetter, 60 miles nord, og kring 160 miles søretter. Eg har ei vogn med alt
det verktøy som trengst, og mykje tau og blokker. I den eine enden er det
eit kammers med omn og køy. Dertil har eg ei vogn med ein stor sving­
kran, så mitt fartøy og min seglas kan samanliknast med ein skitpram.
Den 6. j anuar i år rende tre lokomotiv saman 8 miles vestom her.
Klokka 7 om kvelden byrja me å laga veg eller bane på eine sida og
arbeidde heile natta. Det var ei kald natt så øyro og nasen min vart for­
frosne. Me arbeidde 4 dagar før me vart ferdige med jobben. Eg har no 15
cent for timen. Om vinteren arbeider me 9 og om sommaren lO timar for
dagen. Det er den faste arbeidstida, men eg har overtid kvar månad.
S omme døger kan eg ha opptil 20 og 22 arbeidstimar. Sist desember tente
eg tilsaman 46 dollars og 60 cent.
No skal eg fortelja deg kva som førde til at eg fekk dette arbeidet. Det
var ei natt denne vinteren at to lokomotiv gjekk av skjenene her i nærlei­
ken, og vi arbeidarane fekk ordre om å rykkja ut for å få dei opp att. Ein
stor jibb (kranarm) skulle innkøyrast på den tida. Det var ein tyskar som
hadde leiinga av det heile. Han var ein flink tømmermann, men han
kunne ikkj e stella med tauverk. Han og fleire stod og skulle skjera inn ei
talje, men dei kunne ikkje få det til. Eg stod lenge og tøymde meg, men til
slutt gj ekk eg fram og skar inn talja. Fleire store basar såg på at eg gjorde
det. Ei tid deretter kom ein av basane attende til meg og spurde om eg var
sjømann, noko eg svara j a til. Han spurde så om eg ville læra han for­
skj ellige knutar som kunne vera tenlege i arbeidet, og det var eg viljug til.
39
Så spurde han om eg hadde hug til å byta arbeid og vera med ut og berga
vogner. Eg trong ikkje tenkja meg om to ganger for å seia ja til det. Eg
står no høgt i kurs hos basane her, og i vinter har eg ofte vore ute på slike
oppdrag. Men det er fårleg arbeid.
I år (1886) kom det ei ny jernbaneline gjennom her, og no kan me
kjøpa kol mykj e billegare, men likevel vil det vara mange år før eg kan
kalla meg ein skuldfri mann. I dag, 18. januar, vart ein lokomotivførar
ihelslegen med det same han skulle hoppa av eit lokomotiv i fart. Nei, no
lyt eg slutta med denne railroad bisnes».
Erik seier at han strevde i tre kveldar med å skriva dette brevet. Han
forte! elles at det i Iowa rår ein sterk Californiafeber, vetTe enn Amerika­
feberen i Noreg, trur han. Sjølv er han ikkje påverka så mykje, men han
seier at mange alt er reiste, og at Kari og Gjert'n tenkjer på å fara. Det
same gjer Johannes Enes. Ordet går at verlaget er så mykje betre der vest,
mest ingen vinter, og dei haustar to gonger om året. Dertil er dagløna 2 til
2 112 dollar frå S an Francisco og søretter. Ein av grunnane til denne flyt­
tinga vestetter var at farmarane hadde dårleg avling 1886 på grunn av
tørke. Det er ikkje lenger så lett å svinga seg opp raskt i Amerika, meiner
Erik. Mange av dei store fm·mm·ane sit med mykje skuld, og skulle dei
gjera opp sitt bu, ville dei finna at dei ikkje eig ein cent.
Det går fram at Erik alt har sitt eige hus i Eagle Grove, og at han i det
siste har trekt og tapetsert innvendig og panelt av på lemen, så han har eit
varmt hus å bu i med familien sin. Det er kome to born til her i Amerika,
det er sonen Gunder og ei dotter Sara Lorentze, sistnemnde fødd 15. sep­
tember 1886, og oppkalla etter bestemora heime i Borvik. Så no er dei 5 i
alt. Det kom seinare ei dotter til. Ho vart kalla Clara.
Det var heldig for Erik at han var nevenyttig og kunne både det eine og
det andre. Han var 35 år det året han utvandra til Amerika, og hadde vore
med på j aktebygging og jaktefart heime, mellom anna saman med faren
Gunnar.
Til slutt i brevet kjem han med ei vedgåing til sin gode ven Knut: «Jeg
skal sige dig Knudt at der er ingen dag med mindre jeg skulde have løst at
være hjemme. Ikke det at jeg angrer paa at jeg reiste hertil, men alligevel
er jeg home syk og lenges efter hjemmet».
Me veit frå Amerikabrev som kom heim til Borvik at Erik var ute for
ei fallulukke kring 1927 og brekte hoftebeinet, så han måtte halda senga
40
mykje fordi han ikkje lenger kunne stå på føtene sine. Han hadde ikkje så
mykje vondt, «men spiser og sover og røger sin pibe», og så får han dag­
leg visitt av svogeren Ole, som også prøver å hjelpa syster si, ho Kari. Dei
har fått laga til ein stol som går på hjul, og hjelper Erik opp i den såleis at
han kan koma seg inn i andre rom i huset. Erik var 78 år då dette hende,
og kona Kari 74 år. Borna var vel farne or heimen då.
Kari døydde i 1934, Erik må venteleg ha døydd omlag på same tid eller
tidlegare, for i 1934 er det i eit brev opplyst at Kari (og Erik) sitt hus står
tomt, og at yngste dotter deira, Clara, eig det. Men ho er ikkje gift, arbei­
der på ein butikk i Eagle Grove og bur hos syster si, Sara Lorentze, som
er enkje. Huset stod då nett slik Kari døydde frå det med innbu og det
heile. Clara ville ikkje leiga det ut heller.
Pernille Gj ertine
Korleis gjekk det med Pernille Gjertine Gunnarsdotter Borvik f. i Husnes
3. juni 1862 (til vanleg kalla berre Gjertine), som også kom over som 20åring i 1884? Me veit at ho vart gift i Amerika med ein nordmann (hal­
snøybu?) som heitte Mathias Eide, og at dei flytte vest til staten Wash­
ington og slo seg ned der. Dei hadde visst fleire døtrer, den yngste heitte
Hazel. Ole skreiv heim i 1929: «Mat. Eide bor alene i sit hus ude i
Washington. Erik havde Brev fra ham for to U ger siden». Etter det må me
tru at Pernille Gjertine er død omlag på den tida.
Av heimsende bilete ser det ut til at familien har ått ein liten motorbåt
på ei elv, og det er sagbruk på motsett side av denne elva.
Ole Gundersen Borvik
Ole Gundersen Borvik, eller berre Ole Gundersen som han kalla seg i
Amerika, var 10 år yngre enn svogeren Erik, etter di han var fødd i Husnes
20. februar 1859 på husmannsplassen Borvik under garden Bogsnes.
Husmannsplassen var gamal, og stovehuset var bygd saman med løa.
Plassen var slett ikkje liten, for faren Gunnar Torgeirsson Borvik kunne
ha opptil 3-4 kyr og 10-12 smalebeist, gris og høns. Dei sådde 6-7 tønner
havre og liknande med poteter. Dessutan låg plassen fint til ved sjøen,
med gode fiskeplassar kring nesa.
41
Ole var berre 25 år gama! då han braut opp frå heimen og reiste over til
Amerika i 1884. Begge foreldra var då over 60 år, og heime var berre yng­
stebroren Torger på Il år att. Det var i Eagle Grove i Iowa han slo seg til.
Eg kan ikkje av kyrkjeboka for Husnes finna at Ole gifte seg før han
reiste over til Amerika. Kona si må han ha funne der borte. Som alt nemnt
fekk han seg arbeid ved jernbanen, og bygde seg hus. Ole og kona fekk
etter kvart 6 born, dvs. fem søner og ei dotter, som var yngstebarnet.
Namn på borna:
a) Gustav, f. 18 .. , gm ........ , bur i Eagle Grove. B arn?
b) Oskar, f. 1894, gm . . . . . . . . , d. 1918. l barn
c) Magnus, f. 1898, gm . . . . . . . . , styrar av bank i Norway, Iowa d. 1939, 41
år, i ei bilulykke.
d) Son. . . .... .
e) Son ..... .. .
d) Mabel, f. 1900, gm . . . . . . . . , lærarinne i Alliance, Nebraska, som
arbeidde på postkontor i Laramie, Nebraska. Hadde ein son på 15 år
i 1940.
Ole skreiv heim at då Nord-Amerika gjekk med i første verdskrigen,
melde tre av sønene seg friviljug til hæren. To av dei var i Frankrike i
lengre tid, men den tredje var i Amerika og slapp reisa over. Alle kom vel
og uskadde heim att. I 1921 var fire av sønene gifte, to med norske jenter
og to med tyske. Tre av sønene budde då i Eagle Grove, og ein i «Syden»,
men i 1929 forte! han at berre Gustav då bur i Eagle Grove, to av dei er
flytta til New Mexico.
Ole har ei tid abonnert på bladet «Visergutten» og fått det sendt heim
til bror sin i Bm·vik. I 1927 vart Ole råka av slag, som gjorde at han ikkje
kunne utføra noko særleg av arbeid lenger. Men han var oppegåande og
kunne rusla rundt huset sitt. Han tok seg og turar innom Abel Risnes, som
var 76 år i 1929, og budde då saman med dotter si, men han er ille plaga
av gikt. Han forte! at denne dottera til Abel har stor familie.
I 1931 skreiv Ole heim og skildra dei dårlege tidene i det rike Amerika.
Mange greidde ikkje betala renter og avdrag på fm·mane sine, og måtte gå
frå dei. Arbeidsløysa var stor: «Aviserne siger at 8 Millioner Arbeidere
har intet at bestille og saaledes maa ty til Øvrigheden for at faa noget at
sprse».
42
t
I 1934 melde Ole at kona hans har lege sjuk seks vekers tid, men hadde
kome seg litt, så ho kunne sitja oppe ei tid av dagen. Ikkje lenge etter
døydde ho, 80 år gamal. Også systera Kari, snart 80 år, var svært sjuk, og
syntest ikkje å ha lenge att å leva. Også ho døydde det året. Det vart stuss­
leg for Ole etter at han hadde mist både kona si og syster Kari. I eit jule­
brev i 1934 fmtel Ole at også Johansine Kaldestad, kona til Nils Teigane,
døydde i november månad det året. Vidare legg han til: «Vi har nu Vinter
i Amerika, temmelig koldt og megen Sne saa det er ikke godt at stikke
Næsen ud om Morgenen ... » .
Ole måtte flytta heim til eldste sonen Gustav etter at kona døydde frå
han i 1934. Han fmtel at han har spart og lagt til side pengar slik at han har
til sine daglege utlegg. Dessutan leigde han då ut begge dei to husa sine,
og hadde litt inntekt av det.
Kring 1938 fekk han frå folk i Husnes ei oppmoding om å freista samla
inn pengar blant utvandra husnesingar til nytt orgel i kyrkja der heime.
Om resultatet av denne innsamlingsfreistnaden skriv Ole: « ... det var ube­
hageligt at j eg ikke fik flere Penge ind til Orgel i Husnes Kirke, men
sagen er den at de er ikke alle velstaaende som kom fra Husnes og bor i
Eagle Grove .. » .
Ole Gundersen døydde 25 . juli 1940, 81 år gamal. Det var dottera
Mabel som i brev heim til Torger Borvik melde frå om dette. Det siste
halvtanna året hadde han butt hos henne i Nebraska, og var sengelig­
gjande mykj e av denne tida. Han vart gravlagd på familiegravstaden i
Eagle Grove, og seks sønesøner bar båra. Alle dei fire barna til Erik og
Kari møtte også opp i gravferda.
Ole har mang ein gong gått der i Amerika og lengta heim til Husnes og
til Borvik der han reiste ut frå i 1884. Men noko vitjing til gamlelandet
vart det aldri. I eit brev til broren Torger i 1935 skriv Ole bl.a.: «Jeg tæn­
ker paa eder daglig og ønsker at jeg var der og fik tale med eder - om det
var bare en dag, men det blir visst aldrig her i Tiden ... Jeg synes godt om
Nyheder fra Hjemmet, jeg har ikke glemt eder ennu. Jeg er snart 76 Aar
og har været her 52 Aar til Vaaren og alt er ligesom en Drøm ... » .
.
Særleg takk til Torleif Borvik som har stilt bilete og gamle
amerikabrev til disposisjon under arbeidet med denne forteljinga.
43
AV ÅsE MARIE HELLESØY
Frå Omvikdalen
til USA som 8-åring
Familien var på kaffibesøk til slekt i Skeishagen i Rosendal. Brått seier
far min til husfar Einar Høyland, - «Du Einar, vi reiser til Amerika». Som
sagt så gjort. Slik tok det til at familiane Einar Høyland og Ivar K. Mehl
reiste saman til U.S .A. Dei to fedrene drog av stad i april 1 952 for å gjera
alt klart til å få resten av familiane bort seinare. Einar reiste til slekt i
staten Illinois, mens pappa reiste til bror sin, Lars Mehl, i Iowa. Det var
dumt at pappa reiste frå oss syntes eg, men han hadde fortalt mykje om då
han var i U.S.A. som ung, og det var spanande å vita at dette skulle eg få
sjå. B estmor og bestefar, Brita og Knut Mehl, hadde også vore i Amerika
og besøkt to av borna sine, som hadde emigrert. Bestemor f01talde om
fine damer med silkekjolar, med nydelege hattar, glitter og stas.
Forventningane til å få reisa til Amerika var store.
Det halve året som følgde var fyllt av førebuingar til reisa. Mamma var
utruleg flink å få ting gjort. Alt i huset skulle seljast, pappa hadde avvikla
gardsdrifta før han drog. Det var mange turar til B ergen for å få alle «papi­
rene» i orden. Som 8-åling var det stor spenning då vi var på Hordaland
politikammer for å få passa våre. Til og med meg tok dei fingeravtrykk av.
Det gjorde svært stort inntrykk på meg, og eg er ganske sikker på at denne
handlinga er det som har gjort meg til slik ei snill «jente» heile livet!
I midten av november 1 952 stod mamma, bror min Kaare 1 6 år og eg
8 1/2 år, ombord på M/S «Stavangerfjord», i lag med Brita Høyland og
44
borna (tremenningane mine) Leif Konrad 1 3 år, Sigrun 9 år og Kristi
Margrethe 7 år, og vinka farvel til Bergen og Noreg.
Mamma var sterkt prega av avskjedstimen, men eg gledde meg så
enormt til å få sjå pappa igjen etter eit halvt år - at å seia farvel til beste­
foreldre, tanter, onklar, syskenbarn og skulekameratar var ikkje så tungt
for meg. Men den uventa gåva, det norske flagget på sølvstang, som eg
fekk frå småskulen og frk. Syse på Omvikdalen skule gløymer eg aldri.
Den 8 dagar lange turen over Atlanteren var i gang. Båten var kjempe­
flott. Aldri før hadde vi sett slik oppdekking som i matsalen, med kaldt­
bord og haugar med frukt. Vi som bene fekk appelsiner til jul og eple
eller pærer om hausten når vi plukka dei på trea. På båten glinsa dei raude
På veg over Atlanteren med MIS Stavangerfjord i november 1952. F. v.
Sigrunn Høyland Doran, Å se Marie Mehl Hellesøy, Kristi Margrethe
Høyland Biogi. Bak Brita Høyland og Solveig Mehl.
45
amerikanske epla, men smaken var for søt for meg, - det var ein skuf­
felse! Kelnerane serverte den eine retten etter den andre. Det var eit anna
liv enn på garden Vodlane i Omvikdalen !
Mannskapet sørgde for aktivitetar ombord. Det var film for borna. For
fyrste gong å sjå menneske i «levande livet» på len·ett var ei kjempeopp­
leving. Filmen var engelsk med ablegøyer og mimikk som fekk oss til å
hikste-le. Andre aktivitetar var gudsteneste på sundagen, barneselskap,
piano-kon sertar, «hinke paradis» på dekk og det store som vi aldri hadde
sett før - BINGO med pengepremiar. Mødrene våre hadde kjøpt handar­
beid til seg sjølv og oss jentene. Mange timar sat vi med broderiet vårt.
Faktisk blei den vesle servietten ferdig før vi kom fram til New York.
Kaare og Leif Konrad var så store at dei fekk lov å gjera ting for seg
sjølve, men vi j entene måtte vera med mødrene heile tida.
I 7 dagar såg vi berre himmel og hav. Det var kaldt på dekk, veret var
bra, men eg måtte «mata krabben» fyrste dagen ombord for å få magen og
meg sjølv i sjøform. Eg vart noko ottefull då mannskapet kom og «skalka»
lukene ein kveld før vi skulle leggja oss. Heldigvis sov eg gjennom det
heile, for veret blei ikkje så hardt som venta. Dei gyngande dønningane
likte eg. Kanskje minna dei meg om gløymde kjensler frå vogga? Dagane
ombord M/S «Stavangerfjord» gjekk fort og var eit eventyr i seg sjølv.
Så kom den åttande dagen og «land i sikte». Båten glei inn hamna i
New York, forbi kilometervis av store, stygge, skitne hus på kaiane og
svære skyskraparar i bakgrunnen. Endeleg stogga båten ved Norsk­
Amerika Linj a sin kai. Hundrevis av folk var møtt fram.
Kom vi til å finna pappa? Somme hadde fått auga på folket sitt, og
ropte i begeistring til de i. Alle som var møtt fram på kaien måtte halda seg
bak eit kraftig gjerde. Til vår store lettelse stod det to karar åleine ved
foten av landgangen. Det var pappa og Einar! Der var pappa, kledd som
den flottaste amerikanar i grå frakk med pelskrage og ein breibremma grå
hatt. Eg heiv meg rundt halsen på han, og fekk ein uforgløymeleg klem.
Der var heile familien samla igjen. For ei gleda!
Eg minnast at eg kjende angst for den store folkemengda. Mange av
dei var svarte, noko eg aldri hadde sett før. Å halda pappa i handa skapte
den gode tryggheitskjensla eg trong. Han kunne snakka engelsk, så vi
hadde ingen problem med språket. Kaare hadde hatt litt engelsk på
skulen, men dei fleste som var på båten, kunne ikkje eit ord engelsk.
46
Vi skilde lag med Einar, Brita og borna på den kjempesvære kaien. Dei
reiste med bil til staten Illinois der dei skulle busetj a seg. Vi fann vegen til
Grand Central Station for å ta tog til staten Iowa. Det var godt å koma seg
på toget, v ekk frå all støy og skitt i New York.
Den lange togreisa tok mest aldri ende. Landskapet var merkeleg flatt,
snøen låg over dei vidstrakte markene. Brått kom vi til den eine vesle sta­
den etter den andre, med høge tårn opp i lufta. Pappa sa at sidan det ikkje
var fjell der, måtte det byggjast tårn til vatnet for å få trykk i springen
(vannkranen).
Tilsaman tok togreisa til Iowa nesten 24 timar. Vinteren viste seg frå si
sterkaste side med full snøstorm over Midtvesten. Vi såg lite av land­
skapet frå togvindauga for snøfok.
Endeleg framme i Fonda, Iowa, måtte vi gå til fots dei tre kvartala til
Marie og Martin Mehl (pappa sin tante og onkel). Det tunge snøfallet og
den sterke vinden gjorde det umogeleg for brøytebilar å koma fram, men
vi heldt godt i kvm·andre og klarte den strabasiøse spaserturen. Det kom
sanneleg vel med, den varme nye vinterkåpa «Landa-Anna» hadde sydd
til meg like før vi reiste!
Utpå ettermiddagen neste dag då vegane opna, kom onkel Lars Mehl
for å henta oss med bil. Farmen hans var i nærleiken, der venta tante Elsie
og dei tre kusinene mine på oss. Eg hugsar kor dumt det var, at kusinene
ikkj e kunne forstå meg. Vi prøvde med peiking og miming, men uff kor
vanskeleg !
Pappa hadde fått jobb for eit år på ein stor farm ved Renwick, Iowa.
Fm·maren hadde garantert for oss. Det vil sei at alle imrnigrantar måtte ha
ein amerikanar som gav dei arbeid og såg til at dei levde opp til krava
som var sett. Etter eitt år var den kontrakten ute.
Vi fekk bu gratis i eit nytt, fint tenarhus med innlagt WC og bad, noko
eg berre hadde sett hos tante Anna i Haugesund. Ikkje nok med det, på
kjøkkenet var eit kjøleskåp med ein liten frys øverst. Der skulle vi ha
iskremen fortalde pappa. Tenk, is i sitt eige hus ! Det var ikkje til å tru !
Stova var sparsommeleg møblert, men kjøkenbord og senger var på
plass.
Etter å ha vore i den nye heimen vår ein dag eller to, merka vi varmen og
omsorga frå naboane. Nokon kom med fint brukte møblar til oss, andre
med øskj e etter øskje med hermetikk og haldbar mat. For ein mottakelse!
47
Det var løye å smaka på all den nye maten. Mykje hadde vi aldri smakt
før: mais, fersken, frukt-cocktail, alle slags bønner og corn flakes. Det
meste fall i smak, men amerikansk brød var det lite begeistring for.
Brødet var loff, svampaktig og 90% luft, det kom ferdig oppskåre i plast­
posar. Det einaste det eigna seg til var rista brød.
Pappa kjøpte seg ein brukt Plymouth, 46-modell. Bil måtte ein ha med
slike store avstandar. Pappa var nok stolt når han køyrde oss på tur. Eg
måtte kikka ut stoveglaset mange gonger for å sjå om bilen vår framleis
var der.
1 6-årige Kaare måtte rett i arbeid som dreng på farmen til onkel Lars.
Pappa visste det blei knapt med pengar, og det var heilt nødvendig at
Kaare var i jobb. Det var ca. 2-timars køyretur til onkel sin farm. Pappa
hadde sjeldan fri, så vi kunne ikkje reisa og besøkja Kaare så ofte, difor
var det lite vi såg til han det fyrste året.
o
«Panserp iker» anno 1 954. F.v. Kristi Margrethe Høyland Biogi, 9 å1; Ase
Marie Mehl Hellesøy, 10 år, og Sigrunn Høyland Doran Il år.
48
•
Etter å ha vore i det nye landet berre ei veke, byrja eg på skulen l .
desember. Sidan eg ikkje kunne eit ord engelsk, starta eg i fyrste klasse.
Resten av elevane var berre 5 år, og eg 8 1/2 år og dobbelt så høg som dei.
Det tykte eg var dumt, men alle var kjempegreie og hjelpsame.
Eg fekk alltid vera med og leika og dei viste kva eg skulle gjera.
Lærarinna, Miss Reed, tok seg svært godt av meg. Kvar dag sat eg på ein
liten stol ved sida av henne i leseringen. Ho peika i boka mi til kvar ei tid,
mens dei andre elevane las høgt. Eg fekk utallige ark til farging med
bilete av ein ting, og ordet på engelsk stod under. Arka blei laga til mi per­
sonlege ordbok som blei repetert kvar dag.
Til jul skulle klassen min spela jule-evangeliet. Eg fekk rolle som ein
av englane, for englane skulle ikkje sei noko. Ei dama sydde ein nydeleg
kjole til meg. Til å begynna med skjøna eg ingen ting, men då sydama
viste meg bilete av ein engel, forstod eg. Alt gjekk med peiking og
syning. Eg apa etter dei andre «englane», så det gjekk fint. På sjølve
framsyninga då gymsalen var fullsett, stod eg på scenen som ein del av
krybbemotivet i den nydelege kvite kjolen med glittergloria på hovudet.
Der og då tenkte eg, «Maria, Josef, Jesusbarnet, Hyrdingane, Vismenn.
Dei har den s ame Jesus i Amerika som i Noreg». Eg hugsar kor glad eg
vart mens eg stod der, eg fekk ei trygg forvissande kjensle av at eg kom til
å lika meg godt i Amerika.
Den fyrste tida var eg liksom i ei verd for meg sjølv i timane og lytta
og s åg . Litt etter litt kunne eg forstå det som vart sagt. Så byrja eg å seia
enkle ord og korte setningar. Det var moro å snakka eit nytt språk. Alle
oppmuntra meg og det motiverte. Det gjekk greitt å læra, forstå og
snakka, men tyngst var rettskrivinga.
P å Omvikdalen skule hadde eg frk. Syse i l . klasse, og 3 månader av
2. klasse. Ho hadde lært meg mykje rekning, så det faget var kjempelett i
lag med dei nye 5-årige klassekameratane.
Mattetimane gav meg ein følelse av at når eg klarte det faget «på eng­
elsk», måtte eg vel klare det andre også.
Tida fram til sommaren gjekk fort. Eg minnest alt som spennande og
kjekt. B åde born og vaksne var svært snille med oss. Venskap med
Bjarnhild og Peder Hjelmeland og borna (emigrerte frå Omvikdalen i
1948) som budde ein halvtimes køyretur frå oss, hadde mykje å seia for
trivselen den fyrste tida.
49
Eit ektepar i 60-åra på nabofarmen var andre generasjon norsk-ameri­
kanarar. Det var så fint for mamma å få ei veninna som kunne snakka litt
norsk. Ho køyrde mamma på handling, og kom ofte på besøk. Til mamma
sin 40-årsdag laga ho til stort selskap i heimen sin. Det vart halde heilt
hemmeleg til vi kom inn i stova hennar. I det heile kunne vi ikkje fått ein
betre mottakelse.
Høgdepunktet den fyrste sommaren var då Einar, Brita og borna kom
på besøk, og då vi reiste for å sj å heimen deira i Illinois. Det var så kjekt
å treffast att, og høyra korleis dei hadde hatt det dei fyrste seks månadene
i U.S.A. Vi ungane snakka berre engelsk saman. Det var flaut å snakka
norsk. Så raskt gjekk det å læra språket. Foreldra våre snakka berre norsk
i heimen.
På den måten hugsa ungane norsk, og foreldra lærte meir engelsk frå
oss.
Den fyrste sommaren var så varm at dynene som mamma hadde teke
med frå Noreg, måtte stablast på loftet. I det vanlege sommarveret, svært
varmt og høg luftfuktighet, fekk dynene invasjon av l arvar som overtok
dei som klekkestad. Heldigvis vart dette oppdaga i tide, så det heile blei
til eit kjempebål før klekkinga tok til.
Sommarveret baud også på tordenstorm. For ei skrekkoppleving ! På præ­
lien gøymde ikkje fjella ljosken av lynet. Det var som om svarte natta blei til
ljosaste dagen med «sikksakkar» over heile himmelen. Lyden av torebraket
var som paukar rett utfor vindauga. Toresmell og lyn-blitsing var eg reddare
enn noko anna. Å krypa mellom mamma og pappa i dobbelsenga, breia over
hovudet og lukka augo att var det einaste som kunne roa meg.
Om hausten då skulen tok til att, fekk eg hoppa over 2. klasse. Lesing
og skriving i 3 . klasse var noko vanskelegare. Eg hugsar ein gong eg
kjempa med tårene då eg ikkje skjøna alt som stod i boka. Å snakka eng­
elsk var inga sak, men det var så mange nye ord i den tjukke 3 . klasse
leseboka. Mamma kunne ikkje engelsk, men pappa hjelpte meg så godt
han kunne.
I geografi hadde vi om Skandinavia, og eg måtte fortelja klassen om
heimlandet mitt. Med «Rose» trygt i armkroken stod eg framfor klassen
og fortalde. «Rose» var dokka mi som hadde teke turen med oss til
Amerika. Bestemor, Brita Mehl, hadde sydd nydeleg Hardangerbunad til
ho like før vi reiste.
50
21 år gammal møtte Åse Marie Hellesøy kronprins Harald i Iowa.
Før vi ante det, var det fyrste året over, krevjande og rikt på opple­
vingar, og vi flytte frå farmen til «byen». Den lengste tida budde vi i
Story City, Iowa, ein koseleg liten tettstad på flate prærien med ca. 2000
innbyggjarar, mange med norske røter.
Ara i «<unaiten» vart ei fin tid. Ei lita oversikt over dei 1 5 åra eg budde
i Amerika som er bevis på at det var godt å vera norsk i U.S .A.:
- Vennene mine fortalde stolt til andre, «Ho er fødd i Noreg, 1 00%
norsk»
- Potetkakene til mamma, og fint pynta smørbrød blei så populære at
venner føretrekte dei til hot dogs eller hamburger, når vi samlast hos oss.
- Kvar sommar jobba eg på ein «drug store» (apotek m.m). Det var
moro når koselege eldre menneske, mange fødde i U.S .A. og hadde lært
norsk av sine foreldre, kom og prata norsk med skikkeleg gode dialektar.
o
51
- I Story City vart 17. mai feira med fest i kyrkja. Dette blei utvida og
kalla «Scandinavian Days». Arrangementet trekkjer titusenvis menneske
årleg og går over 3 dagar. - Pappa og eg song duett i kyrkja. Då song vi
alltid salmar som var både på engelsk og norsk. Det gjorde inntrykk på
meg å sjå eldre tørka tårene når vi song på norsk.
- «Sunnhordlandslaget» samla fleire hundre norskætta og norske
immigrantar som hadde tilknyting til Sunnhordland kvar sommar. Alt
gjekk på norsk og folk delte oppleving og erfaringar med kvm·andre.
Pappa blei visepresident ei stund, og det synes eg var stas.
- Mens eg tok lærarutdanning på Luther College i Decorah, Iowa var
kronprins Harald på offisiell vitjing til U.S.A. og var innom den norsk­
grunnlagde høgskulen. Svært mange studentar var norskætta. 2 1 år og
einaste norskfødde av 3 .500 studentar, fekk eg vera vertinna kledd i
Hardangerbunad som førte kronprinsfølgjet inn og ut av det store fullsette
auditoriet. Pulsen var temmeleg høg den dagen både av nervøsitet og
fedrelands-stoltheit.
Kaare reiste på besøk til «gamlelandet» etter endt militærteneste. Den
turen blei til fleire, og endte som bryllupsreis for han og Martha
(Hjelmeland) over Atlanteren til Amerika. Det var stas med ei norsk svi­
gerinne i Story City.
Etter 1 1 år i U.S.A. reiste vi på Noregstur om sommaren. A koma
attende til dei skitne kaiane i New York var lite hyggeleg, men å dra inn
sjølufta og kjenna lukta av tong og tare etter all den tida, var som å finna
att noko eg lenge hadde leita etter. Heile sommaren i Noreg var ein drau­
meferie som gjekk altfor fort, før vi måtte returnera.
Dei komande 4 år på college byrja tankar å byggja seg opp. «Kor
høyrde eg heime - i U.S.A. eller Noreg?»
Som nyutdanna lærar reiste eg til Noreg sommaren 1 967 for å under­
visa i engelsk. Svar på spørsmålet fekk eg og. Kjærleiken gav meg svar
på det. No er ringen slutta, og eg har det kjempegodt på Løfallstrand, i lag
med 5 gasta karar i alder 53, 26, 23, 20 og 1 7 år.
Dei 1 5 åra i Amerika er eg svært glad for. Vi som hadde det så godt,
må takka dei tidlegm·e norske immigrantane for dei ærlege, arbeidsame
slitarane dei var. Dei bana veg for oss, og hadde ein slik veremåte at det
amerikanske folk tok mot oss som kom etter med opne armar. Må dei
komande generasjonar følgja opp den arven.
o
52
Av ARLEN TWEDT
Utvandringa frå Helvik
Denne artikkelen er henta frå innleiinga til avhandlinga «Emigration
from Helvik: Descendants of Anders Axelson (Mowat) Helvik who emi­
grated to Iowa 1852-1892» av Arien Twedt.
Frå 1 85 2 og nesten 40 år framover vart Iowa målet for mange emigrantar
frå Hel vik. Dei valde jordbruk som hovudyrke, og kjøpte gardar rundt om
i heile staten, frå Clinton i aust til Palo Alto i nordvest. «The Helvigs»
(vanlegaste stavemåten brukt av desse nye immigrantane), hjelpte til med
å etablera bygdesamfunna Calamus, Roland, Thor og Ruthven. Mange av
etterkomarane deira lever framleis i desse områda.
Helvik ligg i Herøysund i Kvinnherad. Garden vart gitt til Anders
Axelson Helvik omkring 1 650 av far hans, Axel Mowatt. Helvik var ein
svært stor gard, meir enn dobbelt så stor som middelstorleik på ein gard
på den tida. I 1 657 hadde Anders tre hestar, 1 8 kyr og ni kalvar, 1 2 geiter
og 1 8 sauer. Til garden høyrde også skog, sag, mølle og ein kirsebærhage.
Anders Axelson Helvik gifte seg med Anne Catrine Carlsdatter von
Marquis frå Tyskland. Dei hadde 1 1 bom, og garden vart delt mellom to
av sønene, Ivar og Anders. Alle Helvik-emigrantane ættar frå ein av
desse to.
Dei fleste Helvik-emigrantane vart fødde frå byrjing til midten av
1 800-talet, og emigrerte til USA på 1 850- og -60-talet. Dei fleste vaksne
emigrerte før borgarkrigen, men sidan familiane som kom etter krigen
hadde fleire bom, var topp-året for utvandring rett etter krigen i 1 866.
Helvik-emigrantane kom frå fire hovud-familiar:
53
IVAR SINE ETTERKOMARAR:
Frå familien til Ivar Abelson ( 1 785-1 824)
Abel Iverson ( 1 8 14-1 895)
Samson Iverson ( 1 8 1 7-1 893)
Iver Iverson (1 824-1 893)
John Johannesson ( 1 830-1 893)
Frå familien til Ole Abelson ( 1 789-1 870)
Kari Olsdatter ( 1 8 1 5-1 864)
Guro Olsdatter ( 1 820-1 902)
Anders Olson ( 1 821-1903)
Ole Olson ( 1 823-)
Kari Olsdatter ( 1 825-1902)
Abella Olsdatter (1 827-ca 1 860)
Abel 01son ( 1 829-1900)
ANDERS SINE ETTERKOMARAR
Kari Andersdatter ( 1784- 1 8 80)
Frå familien til Petter Olson ( 1 783-183 1)
Anders Petterson ( 1 8 1 6- 1 90 l )
Ragnild Pettersdatter ( 1 8 1 8- 1 888)
Christian Christianson ( 1 856- 1 9 10)
Andrew Christianson ( 1 86 1- 1 942)
Petter Petterson ( 1 821-)
Ole Petterson ( 1 827-)
Frå familien til Ola Johannesson ( 1796-)
John Olson ( 1 827- 1 895)
Knud Olson ( 1 828-1904)
Anna Olsdatter ( 1 832- 1 9 19)
Britha Olsdatter ( 1 833- 1 9 1 2)
54
Frå Kvinnherad til Kendall
Det var til Kendall og særleg rundt Lisbon dei fleste helvikarane kom
saman med mange andre frå Kvinnherad. Vanlegvis forlet dei Kvinnherad
tidleg på våren og si gla frå Bergen til Quebec i Canada. Reisa over kunne
ta frå ein månad til seks veker. John Johannes forlet t.d. B ergen 6. mai
1 856, og var framme i Kendall 14. juni. To av halv-brørne hans, Abel
Ivarson og Samson Iverson, reiste i april 1 866, og turen deira frå Bergen
til Quebec tok seks veker.
Dei to fyrste helvikarane, Abel Olson og Petter Petterson, fann seg
arbeid som sjømenn på Dei store sjøane. Resten av 1 850-åra drog
Mange kvinnheringar slo seg ned som farmarar i Iowa. Bilete viser
typiske familiebruk, ein brukstype som no er på veg ut. Anna og Olai
Twedt kjØpte garden øverst i bilete i 1 902, og Allie, dotter deira, kjØpte
den fremste garden i 1908. Allie var gift med Jacob Twedt, og på denne
garden vaks artikkelfmfattaren opp.
55
helvikarane rett frå Quebec til Lisbon. På den tida var det dyrt å kjøpa
land i Kendall, så dei slo seg ned rundt Lisbon lenge nok til å spara
pengar så dei kunne flytta ein annan stad. Truleg arbeidde dei som gards­
arbeidarar.
Knud Olson kom til Iowa i 1 854 saman med ein anna helvikar, Abella
Abelsdatter. Far til Knud, Ola Johannesson, døydde året etter. Neste år, i
1 856, kom bror til Knud og to søstrer til Lisbon, slik at alle syskena var
samla der ei tid. Mora deira var og med, men ho døydde tre veker etter dei
var framme. Det kan ikkje ha vare lett å riva seg laus frå Norge, slik
denne familien gjorde, dei som reiste visste nok at dei truleg aldri ville sjå
igjen resten av slekta.
Desse nye emigrantane fann styrke i trua når dei prøvde å tilpassa seg
eit nytt land. I Lisbon søkte helvikarane til kyrkja til pastor P. A.
Rassmusson, ein mann dei møtte igjen når dei flytta til Iowa. Han emi­
grerte i 1 850 for å undervisa utvandrarborna, men bestemte seg for å stu­
dera teologi. Han vart pastor i Lisbon i 1 854, og grunnla seinare kyrkje­
samfunn i Roland, Calamus og andre norske nybyggjarsamfunn i Iowa.
Vidare til Iowa
Abella Olsdatter var den fyrste helvikar som sette foten i Iowa. Ho kom i
1 856 saman med mannen, Hans J. Tvedt. Gruppa deira på over 50 norske
emigrantar, dei fleste frå Kvinnherad og Skånevik, reiste frå Lisbon til
Northern Story tildeg i mai for å starta ein ny koloni. Medan dei slo leir
ved Cedar River, fødde Abella eit j entebarn. Veret på reisa var bra, men
den fyrste vinteren i Iowa var vanskeleg med nesten ein meter snø.
Angella døydde før 1 860, men Roland vart heimen til dei fleste belvika­
rane i Iowa. Neste år flytte Knud Olson til Roland med familen sin, og i
1 859 kom Abel Olson og kona. Etter borgarkrigen kom mange fleire hel­
vikarar til Roland.
I 1 85 8 byrj a helvikarane å flytta til Calamus i Clinton. Den fyrste nor­
ske kom til Calamus i 1 853 og nokre andre kvart år til 1 860. John Olson
var den fyrste helvikar som flytte dit, og i åra som følgde kom også søster
hans, B etsy Olsdatter og John Johannesson. Like etter kom Anna
Olsdatter, den andre systera til John. Calamus vart heimen til Ola
56
J ohannesson sine bom, bortsett frå Knud, som var i Roland. Med Knud i
Roland forsette den regelmessige kontakten mellom helvikarane i dei to
bygdene.
Emigrantane frå Peter Olson si grein av familien slo seg ned på ulike
stader. Den eldste sonen, Anders Petterson, emigrerte i 1 856 saman med
ein yngre bror, Ole Petterson. Det er ikkje kjent kvar dei var dei fyrste
åra, men i 1 86 1 flytte Anders med famlien sin til Winneshiek, Iowa, der
det budde mange norske. Anders og den eldste sonen hans vart verande i
Nordaust Iowa til slutten av 1 860-talet, då dei flytte til Hudson i Sør­
Dakota. Eldste dotter til Anders kan ha følgt med dei, fordi ho er gravlagd
der saman med faren. Ein annan son, Tollef Petterson, kjempa i borgar­
krigen, og slo seg så ned i B looming Praire, Minnesota. Både Ole og
Tollef vart valde til offentlege verv. Ole var representant til Dakota teri­
torriale forsamling, som skapte statane Nord-Dakota og Sør-Dakota.
Seinare sat han to periodar i den lovgjevande forsamlinga i Sør-Dakota.
Tollef var folkevald i Steele County, Minnesota.
Heimatt
I 1 882 emigrerte Anders sin nevø, Christian Christiansson med kone og
bom til Thor. Ti år seinare emigrerte også bror til Christian, Andrew, med
kone og fire bom. Chlistian dreiv jordbruk og Andrew jobba på jernba­
nen. Begge brødrene hadde store familiar, noko som kanskje forklarer
kvifor ein skreiv Helvig og den andre Helvick.
Svært få av helvikarane reiste tilbake til Norge på besøk, men
Christian gjorde det. Kona hans døydde i 1 908 av tyfus, og han reiste til­
bake til Norge året etter, gifte seg, og reiste tilbake til Thor. Også John
Johannesson reiste tilbake til Norge, sommaren 1 859 for å vitj a foreldra.
Våren etter gifte han seg og reiste frå Kvinnherad 6. mai til Clinton.
I 1 880- og -90-åra var det i det minste fire helvikarar frå Roland som
flytte til Palo Alto for å slutta seg til den nye busetjinga der. Ein av Abel
Ivarson sine søner, Iver A. Helvig, hadde budd i Calamus etter at familien
emigrerte i 1 866. To år seinare gifte han seg med ei frå Story og flytte til
Roland, og i 1 884 flytte han vidare til Lost Island nord for Ruthven. Han
hadde kanskje alt eit søskenbarn som levde der, Iver Sampson, eller
57
kansje flytta dei dit saman. Ein annan helvikar som slo seg ned dit var
Andrew Olson. Han emigrerte til Roland i 1 878 og flytte til Ruthven få
år seinare.
Roland-helvikarane
Dersom ein reknar etter tal, var Roland favorittplassen til helvikarane.
Alle som ein av Ivar sine etterkomarar, 39 i alt, levde rundt Roland på eit
eller anna tidspunkt, og dei fleste vart verande der. Gm·dane deira låg i
Howard og Warren i Northern Story, Scott i Hamilton og Concord i
Har·din. Med så mange helvikarar som levde på same staden, kan ein
undra seg på korleis dei unngjekk forveksling. Dette vart ordna ved at
nokre gav opp gardsnamnet og byrja å bruka familienamnet, t.d. Samson
(endra til Sampson), Iverson og Olson.
Norsk-amerikanarar med røter frå Tveit i Herøysund: Fremst Anna
Twedt, John Twedt, Ellen Twedt Sampson. I midten Lizzie Ruthe1jord,
Clara Highland, Cm-rie Peterson, Hannah Grove. Bak: Joseph, Jacob og
A lbert Twedt.
58
B erre tre helvikarar heldt fram med å bruka gardsnamnet. Ein var
Knud Olson Helvig som dreiv gard søraust for Roland. Det var bene
naturleg for han å bruka Helvig sidan han var den fyrste mannlege ætling
som slo seg ned i Roland. Ein annan var Abel Iverson Helvig som kom ni
år seinare. Abel slo seg ned nordvest for byen. Han brukte truleg Helvig­
namnet fordi han var den eldste sonen i si familie-grein. Den andre helvi­
karen som brukte Helvig-namnet var Askel S. Helvig. Han er den einaste
helvikar som ein veit om har gått på college, Luther College i Decorah frå
1 867-69. Han underviste i engelsk i skulen i Roland på 1 870-talet, og
vart seinare handelsmann i Roland. Han kom frå ein familie med 1 3 bom,
1 1 gutar, og det er ikkje ovenaskande om Askel fann det enklare å heita
Helvig enn Sampson.
Far til Askel var Samsom Iverson. Han emigrerte i 1 866 med si andre
kone, Christi, og 1 1 bom. Christi døydde kort tid etter at dei kom til
Clinton. Det var ein av Samson sine søner, Oscar, som var den andre hel­
vikaren som var med i borgarkrigen. Han emigrerte i 1 86 1 , vart innrullert
i hæren året etter, tilsynelatande laug han om alderen sin. Broren Iver,
som hadde immigrert i 1 860, og faren, som framleis budde i Norge,
skreiv brev for å få han oppsagd, men Oscar tente i hæren til 1 865.
Husmenn
Då Askel S . Helvig emigrerte, levde truleg far hans på ein husmannsplass
kalla Stølen. Det var vanleg at bonden hadde så mange husmenn som det
var trong for til å vera med og driva garden, og dette forklarar kvifor det
kunne vera så mange som reiste frå ein gard. Også Iver Iverson, som
emigrerte i 1 8 6 1 , levde på ein husmannsplass, kalla Haugen. Han gifte
seg med søskenbamet sitt, Kari Olsdatter, søster til Abella. Eit av borna
deira døydde truleg på reisa til Quebec.
Abella hadde også ei anna søster som heitte Kari. Dette var ikkje
uvanleg i norske familiar. Kari ville truleg også ha emigrert, men døydde
ved ein barnefødsel i 1 864. To år seinare emigrerte mannen hennar, Jon J.
Tvedt og borna til Roland. Dette var same året som Abel og Samson
Iverson emigrerte, så det var ei stor gruppe med helvikarar som kom det
året.
59
Eldste sonen til Kari og John var Johannes, og her finn me eit anna
døme på ekteskap mellom Helvik og Tveit (Tvedt). Grunnen til så mange
ekteskap mellom dei to slektene, var at gardane grensa til kvarandre, slik
at giftarmål var naturleg. Johannes si kone heitte Guro Andersdatter
Helvik, og ho var gravid då dei emigrerte. Ho fødde så snart dei nådde
Chicago, men fekk seinare barselseng-feber og døydde.
Johannes Tvedt forlet Chicago før resten av familien og drog, til Story
med tog. B arnebarnet hans skriv i ein biografi: «Alle pengane han hadde
i lomma, og alt han eigde, var bene 75 cents, og han skulda ein mann i
Chicago 53 dollar. Han kunne snakka engesk såpass at han klarte seg då
han kom fram til Nevada, og snart fann han ut kvar han kunne gå for å
finna slektningane, ein avstand på 1 5 miles. Han budde hos dei eitt år, og
arbeidde for dei, og fekk om lag 1 5 dollar i månaden, ei svært høg løn på
den tida.»
I 1 878 emigrerte mor til Kari, Abella og Abel, i ein alder av 94 år. Ho
vart følgd av ein anna son, Anders Olson, og ei dotter, Guro Olsdatter.
Mora, Kari Andersdatter, levde saman med Abel i to år før ho døydde.
Tenk for ei oppleving det må ha vore for henne å sjå korleis borna hadde
det i Iowa.
Sjølv om det nok var slitsamt å etablera seg i Iowa, forlet dei også eit
strevsamt liv. Agnes Sjurson, oldebarn til Abel Iverson, hugsar å ha blitt
fortald: «Dei kom fordi dei visste at i Norge var det inga framtid for dei,
og dei ønskte at ungdommen skulle få eit betre liv. I Norge måtte dei
fleste menn og gutar reisa til sjøs, og mange omkom. Kvinnene tok vare
på sauene og kyrne, og om sommaren jaga dei kyrne opp i fjella, og
nokon vart verande der og såg etter dei. Det var ein vanskeleg situasjon.
Bestemor fortalde ho var så svolten. Mora gjekk ofte utan mat fordi ho
ville borna skulle ha det». I det ho reflekterer over livet til Helvik-immi­
grantane og borna deira sitt liv, seier Agnes: «Me står på deira skuldrer.
Dei heldt ut mykje for at me skulle få det godt.»
(Omsetjing og redigering: Ivar Vaage).
60
Av ODDMUN D TOFTE
The Landa Clan
Ei utvandring frå Landa på Halsnøy i
1 866
I slutten av april i 1 866 gjekk 34 menneske frå Landa på Halsnøy ombord
i ei lita j ekt som tok dei nordover til Bergen. Dette var fyrste etappe på ei
lang og slitsam reis til det nye landet på andre sida av Atlanterhavet.
Desse utvandrarane utgjorde fire huslydar. Med eitt unntak var alle
nære slektningar. Den eldste av dei var Brita Gjertsdatter Landa. Ho var
då 66 år gamal og enkje. Ho hadde eigentleg aldri tenkt at ho skulle dra
frå fedrelandet på sine gamle dagar, men omstenda tala sterkt for at ho
blei med. Dei tre yngste i laget var fødde i januar same året.
Ein kan spørj a om grunnane til at mest ei heil slekt bestemmer seg for
å bryta opp og byrja på nytt ein annan stad. Motiva til Landa-folket var
truleg stort sett dei same som for andre immigrantar på denne tida. Dei
var vanlege bønder og fiskarar i tronge kår som augna ei von om eit betre
tilvere ein annan stad. Homestead-lova, som vart vedteken i 1 862, gav
innvandrarar rett til 650 mål land mot at dei dekka utgiftene til oppmå­
linga. Ein kan forstå at jordlause halsnøybuar greip sjansen no. Ein viss
mon av eventyrlyst var nok også med i biletet. Det var knapt blanke
nauda som tvinga dei or landet.
Dessutan var ikkje dette ei ferd heilt og fullt ut i det ukjende for
Landa-familiane. Frå midt på 1 850-talet hadde slektningar drege ein­
skildvis over til Illinois og seinare til Iowa. Med skyldfolk meir eller min­
dre etablerte i Midt-Vesten kjendest ikkje det nye landet så framandt og
langt borte, og då borgarkrigen var over i 1 865, byrja dei å bu seg på å
61
forlata gamlelandet. Mykje tyder på at utreisa hadde vare på tale ei stund,
men krigen hadde lagt ein dempar på reiselysta.
Brita Gjertsdatter Landa, som er nemnd ovanfor, var mor og sviger­
mor til tre av familiane i gruppa. Ho var bestemor til dei fleste borna og
grandtante til dei andre. Mannen hennar, Jørgen Amonson Landa, var jek­
teskipper og reiste på Nord-Noreg. På den siste turen sin hadde han den
eldste sonen med seg. Under arbeid med segla fall sonen overbord. Faren
gjorde ein desperat freistnad på å berga han, men begge kom bort. Dette
hende i 1 840 ein stad på Stad-havet. Det var ein mann til ombord, som
greidde å berga jekta og bera fram sørgjebodet til familien på Landa.
Enkja sat att med mange barn. Det siste kom til verda nokre månader
etter katastrofen. Det var naturleg å kalla denne jenta opp etter faren,
difor fekk ho namnet Jørgelina.
For Brita var situasjonen i ! 866 denne: Ei av døtrene hennar var nyleg
Turen over A tlanteren var strabasiøs for de i fyrste utvandrarane, båtane
var ove1fylte og passasjerane måtte leva svært tett innpå kvarandre.
62
død, nokre av barna var alt dregne til Amerika'), og no la dei andre barna
hennar planar om å fara same vegen med familiane sine. Berre ein av
sønene, Johannes, kom til å stagga att i gamlelandet'). Truleg ville det
verta einsamt for henne å bli verande att medan dei fleste av folket hennar
budde på andre sida av Atlanterhavet. Gard og grunn vart seide, og ho
valde å følgja med. Ho levde til 1 874 og er gravlagd på Fjeldberg
Cemetery i nærleiken av Huxley i Iowa.
Dei andre som drog var fø1gjande:
A. Gje1t Jørgensen Landa ( 1 826-190 1) og kona Kristine ( 1 826- 1 9 1 8)
B arna deira:
l . Kari 1 854-1936
2. Jørgen 1 857-1927
3 . B rita 1 859-1 920
4. Asbjørn 1 862-1948
5. Amon 1 864- 1 9 14
B. Brynhilda Jørgensdatter ( 1 834-1 888) og ektemannen Lars Sæbø
(Thompsom) (?- 1 9 1 1)
B arna deira:
l . Jørgen 1 8572 . Malene 1 8593 . Thomas 1 862-1 902
4. Amon 1 864-1 8663)
5 . Thor 1 866 (fødd straks før utreisa)
C. Anna Jørgensdatter ( 1 835-19 1 0) og ektemannen Haldor Baardsson
(1 828-1 893)
B arna deira:
l . Jørgen 1 854-1937
2. Sesilia 1 857-1935
3. B rita 1 859-1 868
4. B erdine 1 86 1-1940
5 . Karen 1 863-1921
6 . Kari 1 866-1945 (fødd straks før utreisa)
63
D. Amund Asbjørnsøn Landa og kona Brita Hetlesæter Landa.
Borna deira:
l . Asbjørn 1 852-1 935
2. Marie 1 854-1 8 85
3 . Kari 1 855- 1 932
4. Ola 1 857- 1 886
5. Gje1t 1 860-1 896
6. Helene 1 8 64-1 882
7. B rynhilda 1 864-86
8 . Amund 1 866-1937 (fødd straks før utreisa)
Førebuing
Førebuinga til amerikareisa tok til alt i 1 865 . Vinteren gjennom var kvin­
nene opptekne med å spinna, veva, strikka sokkar og sy andre plagg som
måtte til på reisa, og som dei trong den første tida i nybygda.
Maten til overfarten måtte dei ta med seg. Dette sette store krav til
noggrann planlegging. Det står ikkje noko i kjeldematerialet om kva
Landa-folket hadde med av proviant, men pioneren Ole Rynning rådde til
å ta med salt flesk, spekekjøt, salta og røykt sild, tørrfisk, smør, ost, sur­
mjølk, øl, mjøl, erter, gryn, rugkavring, kaffi, te og sukker. Dessutan
hadde dei fleste med store mengder flatbrød. Det var nok slik kost dei
hadde med frå Landa og.
Mat, klede og anna naudsynleg utrustning vart forsvarleg stuva i
solide trekister og tiner. Hus og heim vart avhenda5), og vener og skyld­
folk kom og tok farvel. Dei fleste var vel vitande om at dei truleg aldri såg
meir til einannan.
Victor Emanuel
Immigrantane kom til Bergen ein av dei siste dagane i april. Planen var at
skipet skulle segla straks, men den gamle skuta var langt frå seglklar, og
først den 7 . (5. ?) mai fekk dei koma ombord. Tre av mødrene hadde bom
som var fødde s å seint som i januar same året, og alle hadde smårollingar
som nok var endå vanskelegare å halda styr på. Ei vekes venting utan å
koma seg nokon stad var eit vonbrot.
64
Lasta med l 03 utvandrarar, proviant og utstyr forlet skuta Bergen.
Veret var ulageleg over Nordsjøen, og mange vart sjøsjuke. Dei gjorde
ein kort stogg i London, før dei tok fatt på Atlanterhavet. No fekk dei god
bør og brukande ver, så alt gjekk vel til den 19. mai, pinsedagen. Då
vakna dei opp til ein overhendig storm. Korkje kapteinen eller mannska­
pet trudde skipet ville greia seg i dei enorme bølgene. Berre høgare mak­
ter kunne berga dei. Landa-folket bad til Gud medan stormen rasa, og vat­
net fossa over dekk.
Bønene hjelpte, og skipet, som nok hadde vore ute i hardt ver før, reid
stormen av, og den 8. juni ankra dei opp i Montreal. Gjennomsnittstida
for immigrantskutene i 1 860 var 39 dagar, så reisa må eigentleg ha gått
uvanleg fint. Det er ikkje sagt noko om alvorleg sjukdom eller dødsfall
under overfarten, noko som framleis var heller vanleg. Me kan førestilla
oss korleis dei hygieniske tilhøva ombord i eit slikt utvandrarskip var.
Folk budde tett, matstellet var primitivt, og kroppsvask og anna personleg
hygiene vart tungvint. Små og store ungar kraup og aula over alt og sette
store krav til tålmodig omsorg. Det må nemnast at det i 1 863 hadde kome
ei ny lov som mellom anna regulerte passasjertalet på immigrantskutene.
Dette gjorde at tilhøva ombord no var monaleg betre enn på 50-talet.
I frarnandt land
Me kan tenkja oss korleis det var å bli sett i land i Montreal som framand
i eit ukjent land. Framleis hadde dei fire familiane ei lang og slitsam ferd
framføre seg. Mange immigrantar opplevde no å bli forsvarslause offer
for tvilsame agen tar for jarnvegs- og dampskipselskap som prøvde å lura
dei siste dalarane frå dei. Mange let seg lura, ukjende som dei var både
med tilhøva og språket. Imrnigrantane på Victor Emanuel var heldige her
også. Kapteinen tok på seg å føra flokken opp St. Lawrence elva, over
Ontariosjøen og fram til immigrantbyen Hamilton. Frå no av gjekk ferda
vidare med j arnbane. Kapteinen såg passasjerane sine vel ombord på
toget. Som mange av dei norske immigrantskiprane vann denne mannen
seg eit ettermæle som ein dugande og oppofrande reiseleiar.
65
Nysilt mjø lk
To veker etter at dei ankra opp i Montreal, kom dei fram til den vesle sta­
sjonsbyen Nevada i Iowa. Dei var ein dag før reiseruta, så det var ingen
på stasjonen og tok imot dei. Først dagen etter kom dei tre brørne Thor,
Gje1t og Jørgen (Johan) Hendrickson6) for å møta nykommarane.
Denne første natta fekk dei husly i ein halvferdig bygning som visst­
nok skulle bli hotell. Dei var nok blant dei første gjestene, for dei måtte
sova i kjellaren. Men Landa-folket var rørte over gjestfridomen likevel,
og tala ofte seinare om det gode mennesket som let dei sova gratis i det
halvferdige huset sitt. Dei gløymer heller ikkje bonden som kom til
utkanten av småbyen om kvelden for å mjølka kyrne sine. Då han fekk
anga på framandfolka, snudde han og forærte dei ei bytte med nysilt
mjølk. Dette gjorde inntrykk etter alle vekene undervegs, og halsnøybu­
ane kjende seg velkomne i det nye landet. Neste dag drog dei i opne vog­
ner over ein regntung prærie fram til garden til Gje1t Landa i Elkhart
Township, Polk City.
Gje1t og huslyden hans, saman med dei to brørne som er nemnde
ovanfor, hadde kome frå Lisbon i Illinois i april. Gjert hadde teke seg
land, og tømmerhuset hans var under bygging. Det vart eit hjarteleg gjen­
syn. For Thor Hendrickson var nok dette ein ekstra stor dag. Kjærasten
hans, Siri Sydnes, var blant nykommarane. Det høyrer med til historia at
Thor og Siri gifte seg 17. september same året.
På berr bakke
Landafolket var vane med enkle kår, men dei hadde aldri kjent seg som
fattigfolk. No v ar dei bokstavleg tala på berr bakke. Med dei jordiske
eignelutene sine samla i tre opne vogner, visste dei at den første tida ville
bli hard å koma gjennom, sjølv i dette vidstrekte, grøderike landet der
husmannsgutar kunne slå seg opp til velståande farmarar. Men dei var
takksame for at dei hadde kome trygt fram til Amerika, og for at dei stort
sett var friske og sterke etter reisa. Borna var yre og lykkelege over å ha
solid grunn under føtene. Dei sprang høgt og lågt. Mødrene, som ikkje
hadde hatt vaskedag på seks veker, gjekk ned til bekken ikkj e så langt frå
gardshuset for å gjera unna ein høgst naudsynt klevask. Gjestfridomen
66
som prega nybyggarane, var til hjelp i mange samanhengar, men det var
ikkje mogeleg å hysa alle desse menneska i ei lita tømmerhytte særleg
lenge.
Gjert Jørgensen fann ei lita hytte eit stykke nord for det som no er
Huxley til sin familie. Lars Sæbø fekk seg eit husvære i andre høgda i eit
lite hus like nord for det som no er Fjeldberg kyrkjegard. Haldor
B aardsøn (B arnes) fekk bu i seks veker hjå ein familie som kalla seg
Sævareid, til dei kunne få leiga seg eige hus i nærleiken. Alle familiane
vart verande i området.
Livet på p rærien
Motgang og problem høyrde til pionerlivet. Første sommaren miste Sæbø
Thompson-familien den to år gamle sonen, Amund. Han var veik etter
den lange reisa, og medisinar fanst ikkje. Manglande tilgang på medisinar
kom til å bli eit stort problem dei følgjande åra. På grunn av dei mange
sumpane og myrane (sloughs) i det flate prærielandet, var malaria ein
frykta sjukdom. Reint vatn var ikkje alltid lett å få tak i, og ved fanst det
knapt på det trelause slettelandet. I førstninga vart nordmennene nokså
avskremde av det kraftige toreveret som kunne koma som kasta over dei
sommarstid. Snøstormane om vinteren var ikkje noko nytt og ukjent, men
dei var mykje meir intense enn heime på Halsnøy, og her ute var det ing­
enting som livde.
Språket var eit stort problem i byrjinga. Det var borna som kom best frå
dette. Dei plukka snart opp dei nye orda, og dei laut følgja dei vaksne
kringom og fungera som tolkar. Når det skulle gjerast innkjøp, måtte ein
eller fleire av ungane vera med, elles gjekk det heilt i stå. Dei store avstan­
dane gjorde at einsemda vart ein hovudfiende. Det hende at mødrene la
arbeidet til side, tok den minste ungen på ryggen og gjekk fleire kilometer
for å vitja ein slektning. Dei fleste sleit med dei same kjenslene, så det
gjorde godt å få dela sorger og gleder med kvarandre.
Men Amerika var ikkje noko vonbrot. Halsnøybuane var opp i under
over den rike, svarte matjorda som velta opp bak plogen. Dette var noko
anna enn dei steinete småteigane i Landahagen. Her var også store meng­
der vadefuglar som slo seg ned på myrane og innsjøane vår og haust. I
byrjinga var dei dyrkbare områda ikkje så store på grunn av alle dam-
67
mane og myrane. Det tok tid før desse kunne drenerast bort og gi areal til
meir åkerland. Likevel var dei takksame for den første avlinga, og alt
sommaren etter at dei kom til staden, reiste dei kyrkjehus på dugnad.
Det var mykje slit i byrjinga, men ettersom åra gjekk, såg dei resultat
av arbeidet sitt ute på prærien. På mindre enn 20 år hadde dei bygt seg
gode, romslege hus på landeigedomane sine, dei hadde skaffa seg dyr,
uthus og reiskap og sat i rimeleg trygge økonomiske kår.
De i fyrste utvandrarane drog vestover prærien til fots eller i op ne okse­
kjerrer.
68
The Landa Clan
I september 1 926, seksti år etter at dei kom til Iowa, samlast dei attle­
vande frå dei fem familiane frå Victor Emanuel. Den første generasjonen
var borte, og borna deira var alt gamle folk. Dette treffet resulterte i at
immigrantane frå Victor Emanuel og etterkomarane deira vart samde om
å koma saman ein gong i året. Dette vart tradisjon. Etter kvart utvikla det
seg ein heil organisasjon, og det var ikkje lenger mogeleg å samlast i pri­
vate heimar. Difor har desse treffa seinare vorte lagde til offentlege parkar
o.l. På dette viset har samkjensla og minnene om gamlelandet fått leva
vidare i nye generasjonar.
Soga om utvandrarflokken frå Landa er i hovudsak basert på ei nedteik­
ning utarbeidd av George Bames frå 1 932'). Dette vesle heftet har seinare
vorte revidert og fungerer som slektshistorie for «Landa-klanen». Det er
ikkje noko særskilt med denne soga. Frå dei fleste bygder i Sør-Noreg kan
ein forte1ja liknande utvandrarhistmiar frå den første tida etter den nord­
amerikanske borgarkrigen. Det var no masseutvandringa verkeleg skaut
fart. Dei fleste av desse sogene har gått i gløymeboka, men nokre lever
vidare, mellom anna av di slektsmedvitne norsk-amerikanarar har vore
framsynte nok til å setja den munnlege tradisjonen ned på papiret.
KJELDER:
George Barnes, Arnas A. Landa Lars H. Larson: History of the Landa
Clan,
1932.
Semmingsen Ingrid: Veien mot vest, Aschehoug 1941
Havnelid, Anders: Gards- og Ættesaga Eid og Fjelberg,
0
Ein av sønene, Thor, immigrerte i
1992
1861. Året etter melde han seg som frivillig og kjempa for Nord­
Statene under borgarkrigen. Han overlevde kamphandlingane, men døydde av sjukdom
7. mai 1865.
Han er grav lagd på soldatkyrkjegarden i Mobile Alabama.
1860 med ei ung enkje på Tofte og tok over garden der.
2)
Johannes Jørgensen gifta seg i
3l
Amon døydde straks etter at dei var komne fram til Iowa.
4)
Ole Rynning skreiv i
1837-38 ei lita bok på 38 sider om Amerika: «Sandferdig beretning om Amerika,
til opplysning og nytte for bonde og menigmand». Svært mange hadde kjennskap til denne boka.
69
�) Det dreier seg her om bnr.
/>)
7, inngjerde under Landa.
Desse var nære slcktningar som hadde utvandra frå Halsnøy omlag ti år tidlegare. Thor Hcndrickson var
framfor alt møtt fram for å ta mot kjærasten sin, Siri Sydnes, som var med i reisefølgjet.
7)
George Barnes (Jørgen Baardson)
1854-1 937 var eldste son til Anna Jørgensdauer og Haldor
Baardsson. Han var tolv år då han reiste frå Noreg i
1 866.
Ei utvandrarskute blir gjort klarfor turen over Atlanterhavet, ca 1860.
70
·
Kristi
Pedersdotter
Eidsvik, frå
Øvre Sætre på
Løfallstrand,
framfor huset
sitt i Palestine,
Iowa.
Av REIDAR SÆTRE
Nybyggjarar i
Story County, Iowa
Story City i Story County i Iowa er i dag venskapsby til Kvinnherad. Ein
stat i U.S .A. er inndelt i counties, eit county er inndelt i townships. I Story
county er det i alt 1 6 townships. I dennne artikkelen skal vi skriva litt om
dei aller første som gav Palestine Township namn og som busette seg der.
Mange kvinnheringar har dei seinare åra teke turen til dette området i
Amelika for å besøkja slekt og sjå på stader der avdøydde skyldfolk
budde og arbeidde. Vi veit at svært mange frå bygdene våre som reiste
over havet, slo seg ned i dette området.
Når ein les i ulike gards og ættesoger, står det ofte to-tre ord bak
somme narnn : Drog til Amerika. Stundom står årstalet då reisa fann stad,
oftast ikkje. Frå einskilde bygdelag og slekter drog mange over havet til
den nye verda. 5. juli 1 825 la den første store gruppa ut frå Stavanger med
kurs mot vest. 52 menneske med smått og stort gjekk ombord i jekta
«Resturasj onen». Tre månader seinare, 9. oktober, nådde dei hamna i
71
New York. Dei slo seg ned i den nordvestlege delen av staten New York
ved Ontariosjøen. Plassen der dei rydja nytt land kalla dei Kendall.
Mannen som hadde planlagt reisa og ordna med land, var den norske
utvandringa sin far, Cleng Peerson frå Tysvær. Etter ei l O års tid førde
han dei fleste av landsmennene sine til det neste nybyggjarområdet for
nordmenn i Amerika, Fox River Valley i Illinois, ca. l O mil sørvest for
Chicago. Ormådet var også kalla Norway. Mange samla seg rundt Lisbon
i Kendall County. (Kendall-namnet hadde dei nok teke med seg frå den
første plassen dei slo seg ned).
Frå 1 834 til 1 854 drog mange, også frå våre bygder, til dette området.
Men etter som tida gjekk, breidde frustrasjonen seg fordi alt land etter
kvart vart oppteke og det som var å få tak i, var altfor dyrt. Mange hadde
kome over havet med von om å få kjøpa billeg jord av styresmaktene,
men det vart det etter kvart uråd å finna i Fox River Valley distriktet.
På denne bakgrunn var det at ei gruppe på fire mann vart valde til å
reisa vestover frå Fox River Valley for å sjå etter nytt land. Namna deira
var: Osmund Sheldahl, Ole Apeland, Ole Fatland og Osmund Johnson.
Osmund Sheldahl kom frå Etne. Garden Sheldahl ligg i vestre enden av
Storevatnet ned mot Etne. Ole Apeland (Apland) var fødd i Sandeid, men
flytta til Kjelsavik mellom Bjoa og Ølensvåg før han drog til Amerika.
Ein av brørne hans slo seg ned på Fjellberg.
Desse fire skulle altså sjå etter nytt land. Planane var at dei skulle reisa
så langt vest som til Omaha. Dei reiste langs den såkalla California Trail.
Denne ruta vart opna vestover etter at det vart funne gull i California i
1 848. Spora etter denne vidgjentne ferdselsvegen mot vest, kan ein sjå frå
lufta den dag i dag.
Desse fire nordmennen reiste ikkje heilt på måfå. I 1 854 kom det til
området kring Lisbon ein nordmann som heitte Nils Olson Næss. Han
kunne fortelj a at der var store vidder med regjeringsland i Iowa som
kunne kjøpast for l ,25 dollar per acer - fint prærieland med tømmer langs
vassdrag og elvar. Nyhende om gode landområde lenger vest, skapte ny
von og kveikte glød blant dei norske i Fox River Valley. Biletet av landet
som venta dei vest for Mississippi, vart for mange meir og meir strålande
etter som tida gjekk. Men folk var usikre. Var denne Næss ein utsending
frå landspekulantar som var ute for å tena pengar eller, var det slik som
han fortalde. Folk hadde ulike meiningar. Somme hevda at det å reisa
72
vestover var å kasta bort livet sitt. Dei trudde at dei endelause viddene
vest for Mississippi berre var umåteleg villmark med kaktus, giftige
slangar og ville indianarar.
Dette var i korte trekk stoda då dei fire forlet Lisbon 24. sept 1 854 i ei
«spring wagon» som vart dregen av to hestar. Dei visste ikkje kor lenge
dei ville verta borte, difor tok dei med seg mat og proviant for mange
veker og klede som kunne halda dei varme i allslags ver. Vi må hugsa at
det alt lei p å hausten og dei skulle inn i heilt ukjent lende.
No viste det seg at turen ikkje baud på store negative hendingar.
Største vanskane hadde dei med å kryssa ein del elvar.
Denne gruppa på fire menn reiste så langt vestover som til Cambridge
i Iowa, rett nord for Des Moins som nett hadde vorte grunnlagt som by.
Då dei forlet Cambridge, tok dei ei rute som førde dei sørvestover. Dei
vart storleg imponerte over venleiken og rikdomen til landet dei såg rundt
seg medan dei tok seg fram i dette området. Etter å ha reist nokre få timar,
stoppa dei om lag 6 km aust for det som i dag er byen Slater. Etter å ha
kvilt ei stund på denne staden, snudde dei nordover og skoda den vennleg
bølgjande prærien - land som var like godt eller kanskje betre enn landet
rundt Lisbon eller Fax River Valley i Illinois. Mot nord møtte dei eit rikt
skogsområde, B allard Grove, med ei fin elv og godt klart vatn. Mennene
var samde om at dette var svært godt land til å rydja nye gardar på.
Skogsområdet kring elva og dei mindre vassdrag ville syta for byggjetil­
fang til nye hus og forsyna dei med brensel i mange år framover. Då dei
kjende på seg at dette kanskje var nett den staden dei var på leiting etter,
bestemte dei seg for å nytta meir tid til å sjå på området omkring. Dei
fann ingen nybyggjarar i traktene, berre ein tilfeldig omstreifar. Dei fann
overflod av god jord og friskt klårt vatn. Det tok dei ikkje lang tid å
avgjera at dette landområdet tilfredsstilte alle krav som hadde vorte stilte.
Det var ikkje trong for at dei heldt fram leitinga etter nytt land lenger vest.
Neste dag reiste dei til Des Moines for å registrera seg som kjøparar av
land både for seg sjølve, familiane sine og venene i Illinois som hadde
vore på leiting etter ny jord. Desse fire mennene hadde vare borte i alt 30
dagar.
At dei kom trygt tilbake og kunne fortelja godt nytt når det galdt nye
landområde, skapte god stemning og glød blant dei som i uvisse hadde
venta på at dei skulle venda attende. Alle, både store og små, var ivrige
73
r
etter å høyra kva dei hadde å fortelja om landet dei hadde funne i Iowa.
For å kunna informera alle utan for mykje forvirring, samlast dei fire som
hadde vore vestover til eit møte. Då Osmund Sheldahl var den mest lærde
og respekterte av dei fire, vart han vald til å gjera greie for det dei hadde
funne. Han skreiv følgjande:
Vi har utført vår mission og fundet et land som overgår våre storeste for­
håbninger i skjøndhet og frugtbarhed. Der er jevne solbelyste bakker,
men ingen stene: rige og saftige gressgange, men ingen flom. Gott vand
og lune skovlunde langs alle vassdrag. Det er visselig et land som, lig
Kabels Kanaan, flyder af melk og honning. Dog ulikt hint lovpriste land
har vi ingen fiender at frygte. Der var store Jebusitter og Amoniter og de
store Anaks sønner som stengte veien for Guds udvalgte folk til Kanaans
Land. En gang var her vel kanske røde indianere som galloperede på jakt
efter store buffalo, men nu har de reist til fjerne jaktmarker. Nu ligger lan­
det fedlyst og stille og venter på os. Brødre, det er et land som Herren har
beredt for os. Fra Norges fjeldkroge kom vi hvor vi maate bryde mark i
stenrig ur paa bratte lid mellom flom og skred, hvor beiter laa i isbrand af
skygge. Den rige muldjord vil rigt belønne vort arbeide. Vi har faaet papir
fra regjeringen hvorved vor ret til landet er sikkeret til siste tid.
Etter fl eire møte vart det avgjort at ei større gruppe skulle reisa til dette
nye området i Iowa våren etter, altså i 1 855. Det vart ei travel tid fram­
over med mange førebuingar. Kvinnene spann, strikka og sydde.
Mennene måtte syta for vogner og trekkdyr til reisa. Det mest særmerkte
med denne første gruppa av nordmenn som reiste til dette området i Iowa,
var at dei organiserte seg som ei menighet. Før dei reiste valde dei Ole
Anfinson til pastor. Han var lekmann. Vi veit at dei første som reiste frå
Stavanger til Amerika 30 år tidlegare, var kvekarar. Denne gruppa var
lutheranarar. Det er all grunn til å rekna med at leiarane var haugianarar.
Dei valde også klokkar og ein som skulle ta seg av kristendomsundervis­
ninga. Menigheten kalla dei Palestina eller «Palestine» på amerikansk.
Grunnen til dette namnet skjønar ein når ein les Osmund Sheldal si skildring av landet dei fann og samenlikninga med «hint lovpriste land».
I boka DRØM OG DÅD Utvandringen til Amerika, skriv Ingrid
Semmingsen: «Vi finner et innslag av haugianere blant de tidlige utvandrerne fra mange bygder, og det er påfallende hvor sterkt haugianisme og
74
,
legpredikanter gjør seg gjeldende blant nordmenene i Amerika fra den
aller tidligste utvandringsperioden» (s.33). «Haugianismen beredte grun­
nen psykologisk sett, bidrog til å løs gjøre folk fra det gamle samfunnet og
sette dem i stand til å oppfatte nye signaler og til å ta en så radikal beslut­
ning som å reise til Amerika omkring 1 840» (s.34).
Den 17. mai 1 855 fann reisa vestover stad. I alt drog 1 06 menneske
med smått og stort - 2 1 farniliar, ei enkja og 5 unge menn. Eignelutane
deira vart p akka på 24 «covered wagons». Dei vart dregne av 1 8 okses­
pann og 6 hestespann. Ei mengd kveg hadde dei og med seg på ferda.
Dette var den største gruppa av norske som kom til Iowa samstundes, og
den einaste som var organisert som ein kyrkjelyd. På Holdeman's «prai­
rie» rett vest for Lisbon samlast ei stor folkemengd og tok farvel då dei
drog. Reisa vestover gjekk bra utan nemnande vanskar. Dei største pro­
blema var å koma over elvar og vassdrag med eit så stort følgje. Dei for
ikkje fort fram. Vegtilhøva var elendige og oksane gjekk seint. Den 7. juni
nådde dei målet. Då hadde dei reist 480 km.
Kvar laurdagskveld slo dei leir for to netter. «Kom i hug kviledagen så
du held han heilag», var eit ord som dei tok på alvor. Sundagen vart nytta
til kvild og oppbyggingsmøte (gudsteneste). På måndagsmorgonen heldt
reisa fram. Den 7. juni sette dei vognene i ein ring, slik dei p la når dei slo
leir, og heldt takkegudsteneste for at dei hadde kome vel fram.
Etter at dei var frarnkomne, skulle landområde delast og kvar familie
finna sin plass å slå seg ned. Dette var nok ikkje heilt lett, då der var bety­
deleg skildnad på kvalitet og verdi på dei ulike områda som vart tildelte.
Så snart kvar hadde fått sitt bruk, begynte arbeidet med å reisa hus for
folk og ly for fe. Til å begynna med fann dei ly for seg sjølve og dyra i det
høge præriegraset som kunne verta like høgt som ein mann sitj ande på ein
hest. Jorda måtte vendast og såast. Grøda måtte vera i hus til hausten kom
og hus bygde. Alt hadde hast. Vi må hugsa at det galdt livet for desse
menneska å få tak over hovudet og å samla i hus det dei trong for å over­
leva, før vinter og uver sette inn. No viste det seg at vintrane som følgde
var svært harde og sommm·en 1 85 8 svært våt, slik at avlinga slo feil dette
året.
Men før dei reiste sine eigne heimar, bygde dei ei enkel kyrkje på
pålar. Kyrkja hadde tak av præriegras, men ikkje veggjer. «The Palestine
Norwegian Lutheren Church» ligg i dag på same staden som denne første
75
kyrkja vart reist. På kyrkjegarden til denne kyrkja kviler mange som drog
ut frå bygdene i Kvinnherad. Eit gudshus var altså det første bygget som
vart bygt.
Deira eigne hus var 4,25m x 5,50m, altså 23,4 m2. Ikkje nett store
plassen å områ seg på for ein familie. Då hausten kom, hadde alle
kome på plass så godt som det kunne la seg gjera. For å hjelpa på mat­
tilfanget hadde dei samla villeple, druer, neter og honning som dei fann
i området. Vilt var det og mykje av på prærien - ender, gjæser, hjort og
andre dyr.
Den 30. september same året auka talet på nybyggjarar med 32. Då
kom fem familiar og ein ung mann frå Lisbon til dette nye område i Iowa.
På grunn av mykj e regn og kaldt ver hadde dei brukt 6 veker på turen,
altså dobbelt så lang tid som dei første som kom. Dei fleste av desse slutta
seg til «Palestine»-menigheten.
I 1857 var den første skulen ferdigbygd. Reisinga av ei ny kyrkja tok
til våren 1 86 1 . Under borgarkrigen måtte dette arbeidet kvila. 2 1 av dei
unge mennene frå den norske kolonien deltok i krigen. Nokre av desse
kom aldri attende, andre kom såra heim att. Osmund Sheldal var nok ein
leiartype i den nye norske kolonien. Han var ordinert til pastor i I 859.
Den første tettstaden i området fekk namn etter han. Byen Slater, som
ligg litt nord for Sheldal, heitte først Sheldal Crossing.
Dei som kom seinare til området og nokre som forlet «Palestine Church»,
organiserte B allar Grove Norsk Evangelisk Lutherske Menighet i 1 865 .
Namnet på denne kyrkja vart forandra til Fjelberg i november 1 867, då
kyrkja vart innvigd. Dette fordi dei fleste av medlemmene kom frå
Fjellberg sokn.
I år 2005 skal det feirast 1 50 års jubileum i Iowa til minne om denne
første gruppa med nm·menn som kom til dei sentrale delene av denne sta­
ten. Arien Twedt, som ættar frå garden Tveit i Herøysund, er drivkrafta
bak planlegginga for denne feiringa.
Det har så langt ikkje lukkast å finna ut om der var nokon frå
Kvinnherad med i det første følgjet som kom til dei sentrale delene av
Iowa, men vi veit at kort tid etter kom mange frå bygdene våre og slo seg
ned her. Både til Story - og Polk Counties kom der tidleg mange kvinn­
heringar.
76
Kristi Pedersdotter Eidsvik ( 1 836-1 924) frå Øvre-Sætre på
Løfallstrand og Tørres Olai Torkjelson ( 1 826-1 868) frå Skåla reiste til
Morris i Illinois i 1 860. Dei gifte seg truleg rett etter at dei kom til
Amerika. I 1 86 1 drog dei til Palestine Township og fekk retten til 647 mål
j ord. Her rudde og bygde dei Skåla Homestead rett aust for Slater. Den
første tida budde dei i ei slags jordhytte (sod cave). Eldste son deira, Peter
O lai Skåla, vart fødd der. Han vart seinare gift med Malinda Apeland frå
Fjellberg. Ho var brordatter til Ole Apeland - ein av dei fire som fann
dette nye området i Iowa.
Kristi Pedersdotter gifte seg opp att i 1 870. I dag er der mange etter­
kommarar etter henne i Amerika. Det meste av stofftilfanget til denne
artikkelen er samla av Richard Skåla (Skala) - ein etterkomar etter Kristi
og Tørres i fjerde generasjon. Han har samla svært mykje om slekta si
både i Amerika og i Norge.
77
Fann lukka i Amerika
John Richardson var frå Uskedalen, og ein av dei mange som for over
havet med store draumm; og draumane vart oppfylte. I 1976 var han til­
bake på heimlege trakter, 90 år og nygift. Å shild Ulstrup laga då eit inter­
vju med han, og denne artikkelen byggjer på kassettopptak frå samtalen
dei ra.
Det var tilfeldig at John hamna i Montana, nær grensa mot Canada.
Meininga hans var å fara vidare til Seattle, ved vestkysten. Men John
hadde ein ven som budde i Montana, og tok jernbanen dit, nær 60 mil, for
å møta venen. Det var ingen veg ut dit, og siste stykket reiste han med
hest og kjerre.
- Fyrste natta låg vi ute, og seint neste kveld var vi framme. Etter
nokre dagar ville eg reisa vidare, men venen bad meg bli. Han trengte
hjelp med sauelamminga. Og så vart eg der.
- Kor lenge vart du ?
- Ja, det var i 1 906, og no har vi 1 976, det vert 70 år det.
Harde tider
Tidene var harde. Du måtte arbeida for maten. Hadde eg hatt råd, hadde
eg fare heim att. I førstninga arbeidde eg og basen åleine. Vi hadde ikkje
heilt greia på tida heller, ikkje kva tid jul var eingong. Vi fekk ikkje noko
avis ut der. Det v ar som å bu på ei aude øy utan båt. Våren vart forferde­
.
leg dårleg. Dyra var so magre at vi kunne ikkje eta dei. Ein dag såg vi eit
pinnsvin oppi eit tre - det var lite tre der. Pinnsvina åt borken. - Eg veit
78
Litt av saueflokken til John Richardson.
indianarane et desse dyra, sa basen. - Kan dei, so kan vi. Vil du drepa og
koka han, så skal eg få han ned, svara eg. Eg kasta eit tau rundt og fekk
det ned. Eg har no smakt verre kjøt.
Vi budde i jordhytter. Fyrst i 1 9 1 5 fekk eg det fyrste huset mitt, då eg
gifta meg.
Om vinteren når det var kaldt - før vi hadde fått gjerde og eg var saue­
gjetar - det var hardt det. Vi kunne ikkje forlata dyra, då fann vi dei ikkje
att. D u kunne ikkje leggja deg ned og det var kaldt som berre pokkeren.
Då tenkte eg ofte: «Kva gale har eg gjort som skal vera i denne elendig­
heta»? Men so tenkte eg og - det kunne vore verre. Det er dei som har site
på straff heile sitt liv. Og eg tenkte på den gamle son gen: «Mill om bakkar
og berg. Men når vårsol i bakkane blenkte ... » Det er sanning i den
songen.
79
Turke
- Korleis fekk du din eigen farm?
- A, eg skulle gjete sauer, og så tok eg sauer til betaling. Landet var
fritt. Eg fekk meg ein rotakjellar og eit sauahus.
I 30-åra kom den verste tørken du kan tenkja deg. Folk fekk inga
avling, dei greidde seg ikkje. Dei lånte litt pengar så dei kunne koma seg
tilbake der dei kom frå. Det vart meir plass til oss som var att. Meir beite
til dyra. Eg kjøpte mykje då, temmeleg billeg. Men det var ikkje mykje
verdt heller.
Eit år var det riktig gale. Beita var heilt uttørka. Då tok vi 3000 av dei
beste sauene, leste dei på toget og reiste 1 .200 mil* til Iowa. Kona mi var
derifrå. Så stia vi sauene der om vinteren. Om våren fekk vi regn og grøne
beite att, og vi tok sauene tilbake til farmen. Sauene såg godt ut no, men
det kosta pengar. Heime hadde eg to karar og ei hyrejente som såg til
resten s å godt dei kunne.
Om sumaren var vi ute heile tida, budde i vogner og tok mat ut der. Så
byrja e g å setj a opp gjerde.
,
Stor farm
- Kor mykje gjerde måtte du ha?
- A, ein 1 2 mil den eine vegen, og 6 mil den andre.
- Kor langt var det til næraste granne?
- A, ein 30 mil eller noko slikt.
- Kor mange sauer hadde du på det meste?
- 8- 1 0.000. 8.000 om vinteren, men det vart mange tusen lam.
- Kor stor er han denne farmen din?
- 14.000 acres (acre=ca 4 da). Då eg selde ranchen, var det ein av dei
største i staten, der var 3 .000 kyr.
- Men du greidde ikkje heilt å vera pensjonist?
- Nei, eg har att 350 mål med 70 kyr. Du veit, eg kunne ikkje slutta
heilt med det eg har drive med heile mitt liv.
,
,
80
Nygift
- Og no er du tilbake i Uskedalen?
Ja, du veit, eg ville sjå slekta mi. Draumen var å reisa over nokre år og
tena nok pengar til å kjøpa Handelandsgarden til bror min og meg.
Uskedalen, med Englafjell og Nåso og Tveitedalen, fjellet, det var livet
det. Men Handelandsgarden, der var plass nok. Då eg kom tilbake på 50talet, kunne eg kjøpt kva eg ville. Var vel for gammal då med, og garden
var der ikkje lenger.
- Korleis er det å vera 90 år?
- Har ikkje merka noko forskjell. Ein ting har eg funne ut: Er du frisk
og ikkje har noko smerte, er alt bra, men har du vondt, er det same kva
John Richardson
frå Uskedalen gjorde
det godt som farmar
i Montana. Her saman
med kona Anna.
81
alder du har. Eg går ikkje og ventar på å døy. Men reknar heller ikkje med
å leva evig.
- No når du har fått ny og spenstig kona kan du ikkje leggja deg til å
døy.
- Ho er triveleg, og kan ta vare på meg. Ho var i same stoda som meg.
Folk seier: Kvifor gifta seg når ein er så gammal? So lenge, so godt - det
er slik eg ser på det. Går du og syter vert du gammal før tida. No er eg her,
og eg likar det. Må eg døy i morgon er det godt nok for meg. Amerika har
vore god med meg, men dei har ikkje hatt noko bry med meg heller.
* Det er uklart om det her er snakk om norske eller amerikanske mil.
82
Frå Musland til Uskedalen
Historia om Lars og Sarah (Musland) Johnson-familien frå Uskedalen,
Norge, Calamus og Grand Mound, Iowa.
Familien vår kom til USA frå Norge av to hovudgrunnar som er velkjende
mellom historikarar, og truleg av mange andre mindre årsaker som me
aldri vil få vita om. For det fyrste var det små moglegheiter for økonomisk
tryggleik i Norge seint på 1 860-talet og tidleg på 1 870-talet, og endå dår­
legare utsikter for økonomisk framgang. Misnøya kom lett, særleg om ein
ikkje var den fyrstefødde, heller ikkje dei eldste hadde alltid utsikt til fars­
arv eller eigedom som kunne halda dei heime under den skandinaviske
utvandringa til USA. Dei som hadde emigrert frå Norge til øvre midtves­
ten i dette landet i dei fyrste tiåra av 1 800-talet, skreiv heim til slektning­
ane og skildra det rike jordbrukslandet i USA. Mange av dei som hadde
utvandra til øvre midtvesten, tente nok til å støtta dei slektningane som
ynskte å reisa etter. Ein kan undrast på om dei nye norskamerikanarane
lengta etter kjende andlet og røyster frå familien, eller om dei trong ekstra
hjelp på farmen eller tenestejenter ! Dei oppmuntrande breva frå USA var
den andre grunnen til at mange utvandra frå Norge. Andre grunnar som
Lars og S arah Musland Johnson måtte ha for å forlata Norge, har ikkje
overlevd i dei delene av muntleg tradisjon me har. Kanskje var ikkje beste­
far Johnson den fyrstefødde, kanskje økonomiske tilhøve i Uskedalen,
motløysa rådde i Norge på 1 870-talet, kanskje vart dei nedtyngde av skat­
tepolitikken, og av utsiktene til militær verneplikt, kanskje verka det som
om kyrkja fjerna seg frå Johnson sine behov - eller kanskje var eventyret
for lokkande til å motstå - men kom gjorde dei, og så er me her!
83
Musland-Johnson reiste med båt frå Bergen til ei hamn i aust, truleg
New York, slo seg ned i Grand Mound i Iowa mellom andre norske som
heldt på morsmålet i ein generasjon, bad i den lutherske kyrkja på norsk
mål, brukte kjende salmar og liturgi leia av norske prestar, mange av dei
var sende på misjonsmarka ved hjelp av offer frå trugne kristne i Norge.
Lars (f. 1 845) og Sarah (f. 1 843) gifta seg sist på 1 860-talet i Uskedal,
og hadde levd og arbeidd på familiebruket, som framleis eksisterer.
Ekteskapet deira varte i knapt 20 år. Tre av elleve born vart fødde i Norge,
Christeen (f. 1 869), Sarah (f. 1 870), og James (f. 1 872). I 1 874 reiste dei
med båt til USA, utan tvil med mange kjensler i ein tårevåt avskil med
familien ! ! Då dei kom fram, reiste dei truleg i hovudsak med jarnbane og
elve- og kanalbåt, og passerte kanskje gjennom byar som Cincinnatti,
Chicago og Moline. Dei slo seg ned i Grand Mound for å ta opp att kjenn­
skapen med familie og vener som hadde kome tidlegare. Åtte bom vart i
tillegg fødde i Iowa; Hans (f. 1 873), Chris (f. 1 875), Torger Martin
(f. 1 877, d. 1 88 1), Anna Tanina (f. 1 877), Lew (f. 1 880), Trena (f. 1 882),
Mollie (f. 1 8 . . ) og Helmer Theadore (f. 1 887, d. 1 888). Det var vanleg at
bom døydde unge i den tida, og Johnson delte denne røynsla med å mista
to unge søner. Ein kan undra på om Helmer og faren døydde av same
årsak i 1 888. I tida før ein fekk antibiotika var lungebetennelse, ofte
utvikla etter influensa, ei svært vanleg dødsårsak for folk i alle al drar .
At enka, Sarah Johnson var ei heroisk pionerkvinne, er innlysande!
Korleis ho og borna overlevde er av umåteleg interesse for oss. Christeen
og unge Sarah var gifte på den tida då faren døydde, eller kort tid etterpå,
men framleis budde sju born heime med mor Sarah, frå 1 6 år og nedover.
Det er sikkert at alle hjelpte mora med å forsyta familien. Sarah Johnson
overlevde mannen sin med 52 år. Ho forlet denne verda i Story City i
Iowa i 1 940. Gravferda hennar samla ein stor flokk av familien for å
syrgja over døden og feira livet hennar og markere at deira norske immi­
grantopphav var gått bort.
( Frå heftet «Johnson Family Reunion». Omsetjing: Ivar Vaage)
84
AV LILLY JOHNSON ECKSTROM
Minne
For omlag 75 år sidan reiste familiane til Jim, Hans, Chris, Lew, Trena og
Molly ein fredag morgon klokka fire til Grand Muond, Iowa, for å vitj a
søstera deira, Christone Robinson o g familien hennar. Der vart me
verande alle saman i tre dagar. Der var så mykje herleg mat - eg hugsar
særleg Lynne sine trelagskaker. Dei løyste soveproblema på dette viset:
dei to mødrene sov med babyane sine. Mamma med Irene, Maragret og
Minnie sov i soverommet nede, småj entene på golvet i daglegstova, dei
andre kvinnene sov på soveromma oppe, og alle menn og gutar sov på
låven i høyet. Eg trur me var 33 personar der. For ei god tid me hadde !
Me budde rett attmed onkel Chris og bestemor (Sarah) Johnson i Story
City. Ein gong då eg var sjuk hugsar eg at bestemor kom med ein nydeleg
glas bolle fylt med raud kristtorn. Eg har enno skåla.
Familiane til Jim og Hans Johnson flytte til Minnesota då eg var gan­
ske ung. Eg hugsar dei mange besøka deira til Story City. Dei kom med
tog som var framme i Story City omkring midnatt. Me budde omlag seks
kvartal frå stasjonen, og dei kunne gå bort til oss for å få sengeplass for
natta. Me visste aldri når dei kom, men mor hadde alltid mat nok til å ser­
vere ein stor frukost med egg, havregraut, pannekaker, vaflar etc. Far
min, Lew, tok dei med i sin T-ford for å besøka søstrene, Molly og Trena
og familiane deira. Vanlegvis budde dei hos oss i fleire dagar.
Eg hugsar dei store familiemiddagane hos alle onklane og tantene
mine. Me blei inviterte til kvar plass minst to til tre gonger årleg. Det var
to bordsete. Dei vaksne åt fyrst, og borna venta til dei var ferdige og åt
med andre bordsetet. Menyen var vanlegvis kylling eller roastbiff, potet-
85
stappe og saus, erterstuing eller grilla mais, kålsalat, heimebaka brød og
rundstykke og pai til dessert.
På ein av turane fortalde eg mannen min, Hjalmar, at eg hadde ei tante
som budde i nærleiken, så me bestemte oss for å stoppa og gå på besøk.
Me var framme hos tante Christine klokka ni om kvelden, og hadde ei så
fin tid med å bli kjende på nytt. Ho tok meg ut i den store hagen der ho
grov poteter, plukka erter og eple. Til kvelds hadde ho ein herleg middag
på bordet og avslutta med ein fersk eplepai !
Når Eness-familien budde i Arnes var det ei slik glede å plukka kirse­
bær frå deira 50 kirsebærtre. Ein gong me stoppa hos Trena for å besøka
bestemor Johnson fekk me servert «englemat»-kake som Lucelle hadde
laga. Ho hadde nyst vunne ei purpursløyfe på Iowa State College for
«englemat»-kaka si. Her!eg !
Kvar sommar var Alice, syster mi, og eg ei veke hos tante Molly. Ho
var slik ei god kokke ! Eg likte så godt kringla hennar.
Då familien min flytta til Minnesota budde eg hos onkel Chris og tante
Maragret for å gjera ferdig skulen og bli konfirmert. På konfirmasjonsda­
gen min var det servert stor middag til heile slekta på begge sider i hei­
men deira:
Dei tre brødrene Jim, Hans og Lew budde svært nær ved kvarandre i
Minnesota, og på søndagane var me ofte samla. Lew hadde ein iskremfry­
sar og kyr som skaffa fløyte, og Jim hadde ishus med is til å frysa iskremen.
Jim hadde også ein stor jordbæråker. Me hadde alltid det gode heime-her­
metiserte biffkjøtet, heimebaka brød og rundstykke, småkaker og kaker.
Alle bakte alltid ei kake på laurdagen. Tante Cena laga så god «solskin»­
kake. Når veret var fint hadde me ofte piknik ved Kansas-sjøen.
I dei seinare år reiste Alice, Hjalmar og eg til Wisconsin for å besøka
Thomas og Betty Eness. Medan me var der, kom Arnold og Galdy Nelson
også, slik at me var fire syskenborn samla. Me hadde ei god stund og opp­
friske gamle minne. Dette var siste gong eg såg Arnold før han døydde.
Tom og Betty hadde laga eit så godt kveitebrød frå deira eigen kveite, me
nytte også Wisconsin-osten og valneter. Tom og Betty tok oss med for å
vitja borna og sjå det vakre landskapet i området, medan Inga var heime
og laga eit herleg måltid til oss.
Sist sommar reiste dei tre brørne mine, Gayord, Donald, Luane og
konene deira, syster mi, Irene og eg til Wisconsin for hjelpa Tom og Betty
86
med å feira deira 50 års bryllaupsdag. Eugene var også der, slik at me var
samla sju syskenborn av elleve gjenlevande.
(Oversetjing: Ivar Vaage)
Norske Oppskrifter frå familien Johnson si eiga kokebok
HAARING-KAKA
4 C boiled milk
l C sugar
2 T salt
l 1/2 C !ard
3 pkgs. yeast
l C lukewarm water
l T sugar
12 -15 C flour
(C= kopp=
2,5 dl)
POTATO-CAKES
2 C mashed or riced potatos
2 T margarine
1/4 C cream or milk
1/2 tsp salt
l 1/2 C flour
KUMLA
l picnic ham
4 C grated raw potatoes
3/4 C oatsmjøl
1/2 tsp salt
3/4 tsp baking powder
3/4 tsp soda
2 1/2 C flour
Chris og Lew Johnsen.
87
Av ERLING VAAGE
Lars Vaage alias Lewis Olson
Av dei som reiste til Amerika for å tena seg nokre kroner og så reisa til­
bake til Norge, samla kanskje dei fleste seg i Chicago i åra 1900-1920.
Men nokre slo seg til i Amerika for godt. Ein av desse var Lars Vaage frå
Sunde. Han reiste til Amerika i 1 909, og gav seg til som bygningsarbeidar
i Chicago. Det var mange husnesingar i Chicago på denne tida, og dei
som kom heim att, fm'talde at Lars Vaage hadde vore til støtte og hjelp når
det galdt å finna seg til rette i storbyen.
Gustav Bogsnes, som og drog til Amerika og hamna i Chicago, for­
talde at han vart oppsagd utan grunn då kattar eller andre dyr hadde
trakka i fersk støyp. Då gjorde Lars felles sak med Gustav, gjekk frå job­
ben på dagen og søkte seg arbeid ein annan stad.
Husnesingane i Chicago heldt saman. Ei bjellandsjente, Åsa Karoline
Gunnarsdotter Bjelland, gjorde sitt til å skapa godt miljø. Ho dreiv eit
pensjonat i storbyen, der nordmenn samlast. Ho vart gift med Peter
Langåt, Husnes.
Mange frå Bjelland reiste til Amerika, ikkje få til Chicago. To av dei
var syskenbarna til Lars Vaage, Lars og Hallvard Johannessøner Bjelland.
Tre brør frå grannegarden var reiste over tidlegare, Martin, Lars og
Anders Erikssøner. Mor deira, Kari Larsdotter Eide, var andre kona til
Las Eriksson Bjelland. Ho reiste til Amerika til sønene sine då Lars
dØydde. Fleire enn dei som er nemnde her, reiste frå Bjelland til Amerika,
men dei veit eg mindre om.
Amund Vaage, bror til Lars, var tømmermann i utanriksfart. Han slo
lag med broren som husbyggjar i Chicago i 1 9 12. Her vart han kjent med
88
Lars Vaage frå Sunde reiste til
Chicago i 1909. Han tok nam­
net Lewis Olson, og hjelpte
mange andre sambygdingar til
åfinna seg til rettes i storbyen.
ei sunnfj ordsjente, Nelly Røyset frå Askvoll . I 1 9 1 7 fekk han brev frå far­
bror sin, Hallvard Vaage, med spørsmål om han ville ta over gardsbruket
hans. Amund og Nelly vart då samde om å slå lag og reisa til Noreg og ta
over gardsdrifta, der Amund såg god framtid ved jorddyrking. Han reiste
heim same året. Nelly, som hadde huspost i Chicago, kom noko seinare.
Dei gifte seg straks, i 1 9 1 7.
I krisetida etter fyrste verdskrigen hadde Lars nokre tunge år. Omsider
fekk han ta over ein bensinstasjon. Han gifte seg med ei britisk enke, som
hadde ein son frå før. Sjølv hadde Lars ingen born. I 1 924 var han ein
snartur heime i Våge og gav garden over til yngste bror sin, Ragnvald,
som frå før åtte småbruket Kjørve.
Etter ei tid gav Lars frå seg bensinstasjonen og by1ja å fila sager på
større bygg. I 60-70-åra budde Lars, eller Lewis Olson, som han kalla
89
seg, saman med styksonen, Georg Dennis Olson og kona hans, Ester, i
huset sitt i Oak Park i Chicago. Då det minka med sagfilinga by1ja han å
laga nøklar som han selde rimeleg.
I 1957 tok Lars på nytt ein tur til Våge. Både unge og eldre fekk nyta
godt av arbeidsevna hans. Det fyrste han gjorde var å installere bad og
w.c. til brørne sine. Så måla han løa på garden, maling og kos tar kjøpte og
betalte han av eiga lomme.
Tre år seinare var han igjen tilbake i gamlelandet. Denne gongen fekk
han følgja ein båt der brorsonen, Olav, var elektrikar, og gjorde førefal­
lande tømermannsarbeid på reisa over Atlanterhavet. Det drygde bortimot
jul før han drog tilbake til Chicago. Arbeidslyst hadde han enno. Når det
ikkje var anna å ta seg til, stod han i vedaskuten og laga ausekar som han
gav vekk. Strengsuler laga han og, gjerne med ei lita innskrift på, t.d.
«November 30., a rainy, gloomy day».
Lars døydde i heimen sin i Oak Park, kring 90 år gammal .
Mange husnesingar arbeidde i Chicago. Bilete er frå ca 1915, og dei
staslege karane er (med nokre atterhald): Framme fv. : Abel Røssland,
Nils Røyrvik, Knut K. Røssland. Bak f v. : ukjent, Jon Røyrvik, Amnd
Vaage, Gustav Bogsnes, Lars Vaage og Andreas Arsand.
90
Av ERLING VAAGE
Husnesingar i Seattle
Seattle ligg på nordvestkysten av Amerika. Landskapet kring minner om
Noreg, med skog, lier, fjell og havet utanfor. Skandinavane har for ein
stor del samla seg i bydelen B allard. Oscar Osborne Winther skriv i boka
The Great Northwest: «Dei tilpassa seg lett det sosiale mønsteret til dei
som budde der, er høgt opplyste, og vart fort amerikaniserte. Og så heldt
dei fast på kaffi- og blautkakeselskap».
Ein av dei fyrste som reiste frå Husnes sokn til Seattle, var Gotskalk
Jonsson frå Tveit i Bringedalsbygda. Han kom dit frå Chicago. Frå
Røssland og Kaldestad, fiskarbygdene i Kvinnherad, reiste særleg mange
til Seattle. Ikkje mindre enn tre av borna til Lars L. og Johanna Kaldestad,
nedre (Framigard) :
B ernt M artin var bygningsarbeidar, han drukna i Everet, nord for
Seattle.
Anna Elisabeth (Lisa) reiste til utkanten av Seattle, nordanfor, og
busette seg der med mannen, Chirstian Egaas frå Karmøy, straks etter at
dei var gifte, på Kaldestad.
Knut var gift med Johanna Larsd. Sunde, og dei hadde to bom, Karl og
Johanna. Knut reiste åleine over i fyrste omgang og fiska i lag med svi­
gerfar sin, Lars Sunde. I 1 937 reiste kona og borna over, men året etter
drukna Knut på hamna i Seattle.
B rørne Knut K. og Sten Kaldestad reiste og til Seattle og dreiv fiske i
tretti-åra. Knut reiste tilbake til Noreg etter nokre år, men Sten vart
verande og gifte seg der borte.
91
Kåre Kaledstadfrå Sunde (t. h.) var ein av dei mange husnesingane som
slo seg ned i Seattle og dreiv m.a. med krabbefiske i Alaska.
Karl Kaldestad tok over båten etter faren, Knut og Lars Sunde, og
skaffa seg snart fleire større båtar, og dreiv fiske i stor stil, for det meste
på Alaska. Søstra, Johanna, gift med Winston Va.IT, hadde post som sekre­
tær.
Ikkje langt frå dei bygde Kåre (Cory) Kaldestad hus. Han dreiv fiske
på Alaska, men miste livet ved ei ulukke. Kona, Bjørg, f. Jørgensen, bur i
huset no. Ho var bokhaldar i firmaet Lunde Eletric, eit firma som Olav
Lunde bygde opp, med god hjelp av kona Louise. Ho var einaste dotter av
Lisa og Kristian Egaas. Kåre Kaldestad reiste til sjøs i slutten av tretti-åra
92
og kom over i den amerikanske hæren som løytnant, og slo seg til som
fiskar i Seattle etter krigen.
B ror til Kåre, Leif Kaldestad, reiste og ut til sjøs før siste krigen, og
var ute med avbrot i periodar då han tok offisersutdanning. Han og bygde
seg hus i Seattle.
Oskar Røssland var ein annan fiskar som budde i Seattle. Han vart gift
med ei enkje med born. Asa, gift med Ingvald Ask, var brordatter av
Oskar.
o
93
S/s .,J(ristialliafiord"
Knut Eikeland reiste heim med «Kristiania/Jord» i 1 914. Ein av båtane til
Den norske Amerikalinje, som frakta mange nordmenn over havet.
Av KNUT EIKELAND
Heim til 1 7. mai
Well. - Eg hadde vore burte frå landet nokre år. Vore i Amerika og prøvd
anleggsarbeid og sluskeliv som dei segjer her. Det var gode sorglause
dagar som eg har mange gode minne frå, endå om eg nok sume tider
kunde kjenna meg «heimlaus, frendelaus og lika på leiken ille,» som
gamle Ivar Aasen segjer. Det gjekk gjetord om dette dollarlandet. Her
kunde folk tena seg rike i ei snarvenda. Eg fekk tru umatt. Det var ikkje
lett å verta rik. Ein måtte arbeida og sveitta for kvar den dollar ein kunde
spara seg saman. Men det var så ubegripeleg lett for å øya pengane der­
som ein vilde vera med på det.
Nett som eg var komen meg vel til rettes, fått formannsjobb og vel var
komen i gang og skulde tena pengar, låg tilhøva so til heime at eg måtte
94
segja farvel til USA for godt. Eg måtte heimatt like fattig på gull, men
noko rikare på livsrøynsle, og so hadde eg vore med og fått sett og opp­
levd mangt og mykje som verkeleg var interessant. Dette var i det store
jubileumsåret 1 9 14. Jernbaneselskapet som eg hadde arbeidd for var raus
og gav meg fribillett like frå Montana til NewYork, og det hjelpte på.
Den norske amerikalinja var nett skipa då, og skulde få reisa med den
nye fine «Klistianiafjord». Eg gløymer ikkje då eg atter fekk sjå det kjende
og kjære norske flagget ombord på den gilde skuta. Det finaste flagget i
verda. Og so vera i lag med berre norske då, og berre høyra det norske
målet. Det fagraste målet som i verdi er. Det var livleg ombord i amerika­
båten - 1 200 menneske i alt. Alle som hadde høve til det, måtte heim til
gamlelandet i jubileumsåret. Og dette var jubileumsbåten som skulde nå
fram til Noreg til den 17. mai i det henens år 19 14. Du store tid !
Det var ei «broget» forsamling ombord. Folk i alle aldrar, men mest
eldre folk som hadde vore der burte i 30-40 - j a opp til 50 år - merkte av
slit og tungt arbeid - dei fleste på den amerikanske prærien. Gamlelandet
og fødestaden og alle dei kjende og kjære stadene hadde lege og leika i
hugen i alle desse år. Alle var vel ikkje so rike nett. Dei hadde kanskje
spinka og spara i lang tid for å kunna ta denne turen som dei gledde seg so
til. Med på ferdi var ogso ein heil del prestar og professorar og andre stør­
relsar som skulde representera det utflytte Amerika i gamlelandet på jubi­
leumsfesten. Det kjende St. Olaf College Musikkorps var også med og
heldt eit par konsertar.
Dei fyrste dagane etter me gjekk ut frå New York var det ruskever med
storm - og tung sjø so eg for min del var fegjen eg fekk halda køya dei
fyrste tre dagane, men når stormen gav seg og eg var vorten meir sjøvant
so var det herleg å fara. Etter utrekningane skulde me nå fram til Bergen
om kvelden den 12. mai, og det var ikk:je lite spaning om me greidde å
halda ruta. Tidleg om mm·gonen den 12. mai vakna eg av tåkesirena som
gjekk med faste mellomrom. Huff ! - dette var forargeleg. No nådde me
sjølvsagt ikkje inn til Bergen i kveld, for båten gjekk bene med sakte fart.
Me var komne inn i eit skoddebelte utfor Shetland. Heldigvis var det
ikkje lenge før skodda letta, og me kunne køyra på med full fart att.
Om ettermiddagen i fire-tida kunde me sovidt, langt ute i synsranda
skimta det første syn av gamle Noregs fjell stiga opp av havet, «furet og
værbitte». Det var rart å koma inn under land og sjå det harde, nakne lan-
95
Knut Eikeland,
fotografert i USA i 1912.
det og heimane som var rydja. Det såg ikkje so storveges og flatt ut. Dei
hadde rydj a og klort seg fast der det var lite grande jord, og desse grøne
bøtene lyste so vent opp i landskapet. Eg minnest me for forbi Sunds-kyr­
kja, den fyrste norske kyrkja me såg. Ho var ikkje stor just, men det var
med underlege kjensler dei gamle norskamerikanarane såg det fyrste
gudshuset på norsk jord. Og eg minnest at fleire av dei gamle verbitte
karane gret som born - gret av glede - «tårene rant og vi lot dem renne»
som han sa Eidsvolsmannen. Ja dette var fedrelandet, det gamle kjære
landet som dei hadde drøymt om og lengta etter i mange lange år.
Då me nærma oss Bergen vart me møtt av eit utval av større og mindre
båtar som skulde vera med og ta i mot jubileumsbåten, og !auken i laget
96
var vår eigen kjære «Ullensvang» med heile mottaksnemndi ombord.
Båten lagde innåt oss og dei høge herrane kom ombord og der vart vel­
komsttalar, song og musikk til me i ti-tida om kvelden lagde inn til
Skoltegrunnskaien og me kunde trø i land på norsk jord.
(Skrive i «Heimveg» lagsbladet til ungdomslaget «Hatlestrendingen»,
til ein 1 7. maifest i 1949).
97
Av INGER OG INGRID LUND
Divided heart
Hans Thorson Lund vart fødd 5 . juni 1 904 på garden Lund i Omvikdalen.
Han var den yngste i ein syskenflokk på 6.
Hans var flink med nevane sine, både med teikning og snikring. Han
by1ja på Bergen Fagskole i 1 923 ved avdeling for treteknikk, men måtte
diverre slutta året etter grunna plagsam eksem på nevane.
Etter endt verneplikt i 1 925 gjekk Hans eit år på Kunst og Handverks­
skule på Voss, og i 1 926 reiste han som lettmatros på båten til Søren
Albrethson, d.e. Denne tida på sjøen vart til god røynsle for han seinare i
Amerika.
Som yngste gut på garden Lund, måtte han satsa på anna arbeid sjølv
om han jobba mykje heime på garden og. Han hadde ei tid trudd at han
ville kunne ta over garden ettersom begge dei to eldre brørne hans hadde
anna arbeid utanom garden. Men då han endeleg skjøna at garden ikkje
kunne bli hans, bestemte han seg for å emigrera til Amerika. I denne tida
var Amerika det store forlokkande landet for mange her i Noreg, og tan­
ken på å reisa blei vel sterkare og sterkare ettersom jobbmuligheitane
minka.
Han hadde snakka med ein sambygding om at dei skulle reisa saman.
Denne hadde slekt i Eagle Grove, Iowa, som ville stille seg som «kausjo­
nist» for desse to unge mennene.
Men denne andre omvikdølen ombestemte seg i siste liten, og Hans
Lund reiste åleine til Amerika frå Bergen på gamle Stavangerfjord den
1 3 . mars 1 928. Turen over tok 7 dagar, og Hans kom til New York 20.
mars 1 928. Då han kom i land i Brooklyn, var det ein svensk prest som
98
Hans Thorson Lund reiste
til Amerika i 1928, men
kom tilbake til Omvikdalen
40 år seinare.
tok vare på immigrantane. Han feste merkelappar på dei som fortalde kor
dei skulle av. Hans hadde som sagt tenkt seg inn i landet til Iowa. Frå New
York tok han toget vestover. Etter ein og ein halv dag var han i Chicago og
derifrå for han til Eagle Grove. Han skulle bu og arbeida hjå Hans Sekse
som sjølv hadde budd i Amerika i 2 1 år. På den tida Hans Lund kom til
Eagle Grove jobba Hans Sekse for eit jernbaneselskap. For i det heile tatt å
kunna få arbeidsløyve i Amerika, måtte Hans L. oppgje at han var viljug til
å arbeida på ein farm. Men i staden for gardsarbeid, fekk han seg arbeid
som dekksgut på ei jarnbaneferje som gjekk på dei store innsjøane. Her
tente han heile 80 dollars i månaden og fekk dessutan gratis hus og mat.
Bene ein månad etter at han kom til landet, søkte Hans om amerikansk
statsborgarskap (jfr. Declaration of Intention), så han hadde tydelege planar
om å verta verande i landet.
99
Men på vinterstid var det slutt på ferjefart på grunn av isen på Lake' ane.
Hans hadde på den tid hatt kontakt med ein annan omvikdøl, Ole
Albrethson, og desse to reiste så opp til Canada til endå ein sambygding,
Peder Hjelmeland.
Desse tre karane budde i ei lita hytte vinteren 1928/29 og dreiv med jakt
av rev, elg og bjørn. Dagane kunne bli lange, men med litt fantasi og til­
takslyst fann dei på at det gjekk vel an å laga pølse av alt kjøtet dei fekk.
Slikt hadde dei vel vore med på før heime i Omvikdalen!
Hytta dei budde i, blei kalla for Valhalla Center, og Hans laga ei teikning
av korleis det kunne gå for seg når dei prøvde ut den nye pølsemaskina si.
Som ein ser av teksten under teikninga hadde dei tenkt å ta patent på
denne eineståande oppfinninga!
Hans Lund, Ole Albrethson og Peder Hjelmeland som jegerar og pØlse­
makerar i Canada. Teikning av Hans Lund.
1 00
Porm 2201J-L.
No.
TRIPLICATE
U. 5. DEPARTMENT OF LABOR
H.\TURAUZAnoH SEAIIICE
794'14__
�.._�
�·
s'l t&'11'11
[T· ..
�·�..diq
or -«•4'-t�
�.
DECLARATION OF INTENTION
13rlnvalid for all purposes seven years after the date hereof
S-�-��:�!�u::�DU: TY
.. . ...........
:1\,
.
.
emp-loyeU
'!Hr
---
ss.
.IUllll--Llliill-
------------------------
occupation
I
In the ,__________Q.!�_!___:_�__ ;.J;�.-!§........
...
.
.
Court
of __:....C.UYAti:c.QA...c.Ou�:=l:Y-'!'---------------
-
--------
... . .....
• aged
-------------------------
·----------------------------------------
...25.. .. ...... years,
.
.
• do declare on oath that my personal
r
, height - o- feef
inches,
description is: Col<wn±-te--· complexion
falr
weight .�65........... pounds, color of hair ---'l;.lood-----------• color of eyes ......lrl�W________
other visible distinctive marks ____.n..._______________________
__
·_
,. - -----..oe..
n
n
hVnn
l
O
r
K
1 was
in
.rw&if-------- ---------- -- - �
,. -- ·· l
�
"S
on th e ·---------"--------- day of -----�=<L... ............. ...., anno D om 1 <J
l-
:._�
bo;_
.
;--,�. ����
-
�
.
\...'.
at ------����--- --...,,�,.".",.-�1at.-aMnr.�troat,clC
}"''> n�;ftUa'lltll'l!t
;
_____
l emigrated to the United States of America from ...........Be-.•geft----ll<><"N�--------;----�--------'
- .
...A.arangu.:f�er.d
..; .
; my last
(U lhe •lloa ...-r!Tod �lhorw� lhJoll b7 noool, tbo thon.ct.or or """?'J""'� or ao.ma or tr..arpomtlo11 ..,DIJ>&DJ•honld." �na) l
foreign residence was ---------------:Bozrway------------------------------: I amnn------.marr� ed; the; name
·
.
she
of my husband �� ----------------------------- ; he was born at ----------------�"'\-------···�
on the vessel _
•:\
.............................................
{ wife }
."----·"
{ }
'tand now resides at
.
lt is my bona fide inte"ntion to renounce forever all allegiance and fidelity to\�ny foreign
---------------------------·*·----------------·--···----····--------------------------'
prince, poterrtate,
-
......................,...................�-------------- - .
of whom l am now a subject; I arrived at the port of liew-YoN<:--------------------•-�'1............
in the State of ............!IQ:Y�--------------------------------....... ...... ... ., on or about the --!lll------·.....\.. day
·
of..
.l�.-!X'.C.h
, anno Domini 1).28-----: l am not an anarchist ; i I qm �o.t a
polygamist nor a believer in the practice of polygarny; and it is my intention ·in go9d faith
state, or soverelgnty, and particularly to
................--.Haalc�»--Vlly---lk'l.ng---of--"'•"""'3'.....................................................:....,':
--
.
_______
.
�
.
ei
n of the United States of Am
[SEAL]
-- --
-"���::z:!;S:�� :
__________________________
�� :��;:'�: 3g��
b
.
--
-.•."::'..�,
....!Dno!doda...,.
..
l)
(OriEfn&l•l
�
1'
'
.
Subscribed and swom to before me in the office of the'Cierk of ''
, .
_
said Court !his --16------ day of ,j,pril---, anno Dom m 192
.
1928
'
.fl3:...__..:;_z._:iJ__J�E
_______
By
p
!CJ'fj-"=:fj')JJ
�--(,):,.}
"f['t)-----------• .. ..
J-f!--
\
----···-----·---- -
--·
Court.
Ø0!!Jfi. Jf '!'I;;'A"S'
.. P" ··iiT:Y.... . .... Ckrk.
--
--
·
"""""
.
Immigrasjonspapir - <iformålserlæring». Legg merke til formuleringa
nedst på a rket: «Eg er ikkje anarkist, eg er ikkje polygamist, eller trur på
praktisering av polygami... »(fleirkoneri).
101
I 1 929 kom det store krakket på Børsen i New York, og då vart det og
slutt på jobben på innsjøane. Hans drog så til New York og fekk jobb på ein
passasjerbåt som gjekk på kysten.
Han var også innom husbygging og blei i samband med dette utsett for
ei ulukke i eit hus. Ein vegg i eit høghus raste ned, og mange blei skadde.
Hans var ein av desse, og blei frakta til sjukehuset. Han var mykje skadd og
dekkt med blod og skit, men blei likevel plassert i konidoren. Pleiarane tok
han for å vera neger, men då han rørte på ein finger og dei oppdaga at han
var kvit, blei det fart i handsaminga av han.
Ut i 30-åra var det så lite arbeid å få at han reiste heim i 1 93 1 og var
heime i to år. Heime var det heller ikkje noko særleg arbeid å få, så han
reiste attende til Amerika. Så var det å freista å finne arbeid på nytt, og etter
nokre småjobbar fekk han hyre på ein båt som frakta kol og olje mellom
nabostatane New York/New Jersey.
I 1938 fekk Hans amerikansk statsborgarskap, og hadde by1ja å føla seg
heime i Amerika. Oppgangstidene var i frammarsj, og i -4 1 flytte han til
Chicago. Der var han heldig og fekk jobb på ein oljetankar som gjekk i rute
på innsjøane, og frakta drivstoff til det amerikanske kiigsmaskineriet. 2.
verdshigen var i gang, og i Amerika var registrering av alle stridsdyktige
Hans Lund, Ole Albrethson og Peder Hjelmeland som pelsjegerar
Canada vinteren 1928/29.
1 02
1
menn i full gang. Hans var heldig og slapp militætteneste, men som sjø­
mann var han ein del av den amerikanske handelsflåten (U.S. Merchant
Matines).
Livet ombord på ein oljetankar på den tida var ofte svært krevande. Med
slik farefull last måtte arbeidet på desse båtane utførast med stor varsemd
og omtanke. Hardt arbeid var det særleg når tankane skulle vaskast før ny
type drivstoff skulle pumpast inn. Men det vm· ikkje berre slit og ulempe på
båtane. Forpleining var av høg kvalitet, og Hans brukte ofte frivaktene sine
til m·beid med eitt eller anna prosjekt. Anten det var utfØtt i tre eller anna
materiale, så var det det norske som skilde seg ut. Han bygde vikingskip­
modellar, j a, jmnvel hardingfele og ymse vakkert utforma ting i smijam.
Fritida brukte han og til å lesa seg gjennom kravet for ei betre stilling på
båten, og oppnådde i løpet av nokre år å få skipsførm·sertifikatet.
Han møtte svætt mange tysnesingar på båtane, andre kvinnheringar såg
han lite til. Ofte var heile dekkrnannskapet norsk. Mange av desse reiste
heim til Noreg om vinteren og kom attende til Ametika i sommarhalvåret.
I bytjinga av 50-åra slo Hans rot og gifta seg med Inger frå Raufoss som
han møtte i Chicago ! Dei bygde seg hus søraust for Chicago og fekk seg ein
son og ei dotter.
Om vinteren var båtane i opplag på grunn av is på innsjøane, og Hans
kunne difor vera meir heime med familien, i motsetnad til i sommarhalvå­
ret då det kunne gå ofte ei veke og meir mellom kvm· gong båtane var inne
til ny last. I kvar einaste ferie og einskilde høve elles, var reiserute til fami­
lien dei statane som minna mest om Noreg, det vil seia nord-midvesten og
Canada.
I 1 969 slutta Hans Lund etter 28 år teneste i same firma, Standard Oil
Amoco, og han flytte attende til Omvikdalen, der han bygde seg hus på
tomta på heimegarden og slo seg ned der saman med kona og dottera. Han
døydde i 1 992.
I alle desse 45 åra Hans budde i Amerika, hadde han sikkert denne drag­
ninga og visse om at han ville koma heim att til «fedrene-jorda», men vi
veit at ein tanke stundom slo ned i han: Var det rett å forlate det landet,
Ametika, som hadde visst å verdsetja innsatsen hans og også gitt han trua
på eit meiningsfylt liv? Norsk-amerikanarar er ofte karakteriserte som dei
med eit «divided heatt» (to-delt hjarte) ...
103
Oftl/ze 6ze(IC Cl <4'9' tiJt ih-Je i l'etC/l; q'/ /lltl4'f/C/lJ tfet Cl tfgr flht;J(ytkfl9' atft
Aøze /l�ef:fia /Jl[rj. Yo/ Am lllll1{9'c ytl/{9'C tc1{9't aljo/ .Jkakle cfkrct'd til tfy>;
/IlC/l g(figje!lgre yut!lllez .Jaa Am elet yaactJ{Jz6i. oHrm./0' tmka til6ake
,.ocra eim tk(/t('/ At'm ria Ao.J rto/ q'7 ;Nrt tletjoz/lokl tif .J!ot! i til /lr/?alltlm
Jaa /laz clet§it'et /It{"</ rlllktlm/�'7 til /Jlal?f/C 6etmkelgr/lctez.
Øq'/ ez elet mgr llleJt 0111 at .Øøze at d ih-A-e /llaa Am1c 11q9'd i //lO(
Ailla/ltlat; ./C:'/
ez.
dh'gr at a(!jmcle af./C:'/ Amjdlet i /ltal�9'c ti119' IIW'l./�'9'
/laa6ez at a1tt dl /la{le m{yJ{Jzlat;
cA!;, Am
l'i
CZi/llez
i .Jilz:fikle Jkikeloe &ze q'7 /7ilrk!e Jaa elet
a
/ladt
at t'æze tltle q'/ Jtelle mecl !lizc'tl!ttzC/l<j 11aaz elet ez ,.oaa elet koklotc . .%9' 6oz
/lo.J _;70/la;t/leJ %t{'/lall<l lllla�/C:'/ ikke ez ll<le ,.oaa m6ekle. .;70/la;l/lO J!aaz
J{tJ:/Ov Jaa tlk/t §O</t; /la;z ez. Jieldtn -!j'kl{y. !&w Øø;z/lat{9' Jktaz .J(":f yotlt
./t::'/ Am lllli1{9'C .'7al{9'ez talt lltecl /la;z Jidm /la;z tlaz til ø1Gr9'e q9' /la;z Am
;mget at./Oztelle /la;z /laz 6e<lt mgr at /lilJe <4''7 ;zaaz./�'9' c5'krm
&le
!7Jz{ybe;z Jtaaz. J{'/ lllo/Ct§O<It Aez ez omtz&tf:foztm <lcwa Jitkw /ltf/l t1az /lez
/loJ _;70/lan;to, §a/Ille .Øz('/t eg !lio;te Jtam J{y egJaa lll�r;dyorlt /la;l/OJ­
tzez
/4 .9izeatme eg cliJJe Jkq,fiz /la;z zikel{y læemaacle.
.!/bdez of' %tq/a;zd.t7am <let O§Jå llltff/Ctyodt./o/
lll!l
i 6eJ�'7 Ao.J /la;z
./ttJt_/Øz./ttl <let tJaz:/Øute .f/l/1{9'Jo/ Am Jet /la;z .rJiez /la;z lo/Il til O'lf1tezika
1 04
Kari (Helvig) og Johannes Haugland, husvertane til brevskrivaren, Paul
Haugland.
Aatz Am .Ømt det mqet !70elt Jklm Aall A-o;;z, til O'ØlleziA-a Aatz Am ;zå
$;�e at laa;ze ad O!l Aa;z A-atz let'e Jaa !/Oelt JOIJt Aatz viL of6el %en
J(aaz J(fj !70elt At1atl .9l!2Je;z a;�aaz 0!1fiuotaz Jaa t'il elet i/,-A-e Aaæ J!oz
.fie;;�a;� 2JaA: 0!7 !70�ez ØøJJiatztl ez.fiiJA-e 0!7 !lam elet mqet!loclt 2JaA:
Am 35 !7izeatm JOIJZ Aatz_/(jJtzez Aatz 6etalez 3 l/P iZJollez Aæzfiz JtøA-et
i./(jJtez
q<f
i
løll, AOil Am gazt ma;�e 9a�ez Jklaz Aall A-om til oØJZeziA-a. &le
Q/ØA-e/ cJfø,fle/Jwt ez 0!/Jaa.fiiJA-e
q<f
e/i tz/t!eJ !70e/t i oØJZeziffa. �
{){{l
6oqc; AOJ !7iziJtqffl/ oØzelelJOil fle(!;enfiz ea A-mt tki.Jkle;z, %z 0!7 AallJ
!/amilie vaz.fiiJA-e. yamle O'Øzelen ez h:uthaz lltt A-all eltz tzo Ille/l Aaa
ez
.fiz elet mote q/c5'a�e;z. Øtm'(f; 0!7 c5'otztzetJa ez Aez la�e Jklaz:/r:'l Am Jet
elem, mea xta vtlt:_/q æd Jaa ez eli.fiiJA-e
qc;
liA-eleclo alle 6e6Jmtefiz Jaa
viljq æc!
105
&IGMecler t1ctjer;
paa ,57;0ecle
ez
cfO
IAA-e .JO/Jl A-cm tYeze q/>lOljC/l iJlleæm:.JOz a/0 !A-bm
ant pez
f7ltoel olfab.Jia 22 til 25 cm! pcz .9JllJel
,Yktt'te 2-1 Otj 25 og cS'/lløz.Jla /cf til 20 cmt pa f/ll/lcl !:!fcr'mrle .Jll/l
ez 3 //-1
ca1t;;ez ptmcl qtJJØrle
.9i:zealm ez 3 //2 cm! pez ptl/lt! .'lltmrlet
.JI{t;ez}Oz lwezl 0/laz !ta o/llh-zb�tj q� .!ltæzim ez ,t;a/lJA-e Oj.Jj.J(!iø;;l lll/lr/t ltez
qy a7 .J!ølz/,-ez .JO/Il ez
{ø'm apa l5 !il 20 !ZJollez pez O'kze or; rlez Ot'et
qtj !ta ez qs!Jtta
tlc! ga/Ille Yaz/lle../Oz .Ja(t; qy jJziJell /za 25 til 30
C/l
!ZJolla pez !Yicze.
.%a
JJlel?tJCY at' llt/Jt
Mr//lilie. S
er; fttta6ez
.!ltra! .%r�yla/tr!
1 06
/lllfrtjl(tJ .u'tt!le /Iler! rle 6ote /7i!/J/la til r/0" qt;
atjr;y./aaz ltøze_jla a{0
olttd CY�Idie
KJETIL HELLESØY
Då eg gjekk i 8. klasse (93-94) på Rosendal Ungdomsskulefekk vi ei stil­
oppgåva som heitte «Bestefarforte l». Ivar K. Mehl, min mmfm; har budd
i USA i 2 periodar. Den fyrste gongen som ung og den andre etter å ha
gifta seg og stifta familie.
Bestefar fortalde
«Eg reiste til Amerika, første gongen i April 1 927. Det var med gode,
gamle M/S «Stavangerfjord» det bar over Atlanterhavet. Søster mi,
Martha, og eg reiste i lag. Vi skulle til onkel Martin i Iowa der eldste bror
min, Lars, hadde vore i 4 år. Det tok oss 9 døger i frykteleg stonn, eg
gløymer det aldri, men vi kom til New York. Vi forstod ingenting av språ­
ket, men kom oss vidare inn gjennom flata landet med tog til Chicago. Då
vi kom fram til jernbanestasjonen i Chicago, kom billetøren med eit
skjema han la framfor meg. Han sette eit kryss på skjemaet, sikkert der eg
skulle skriva namnet mitt, men eg ville ikkje skriva under på noko eg
ikkje visste kva var. Eg gjorde meg ikkje meir føre enn at eg sette eit
kryss til. Det godtok billetøren. Så bar det vidare med tog til Fonda i
staten Iowa. Lars 'n var og henta oss med firehjulskjena og to hestar. Det
var i vårløysinga. Dei to fyrste «miles» (3,2 km) gjekk bra for der var
gmsa veg, men den siste «mile» ( 1,6 km) var det berre mold. Vi seig ned
i molda like til nava, det var ei sværa oppleving. Omsider kom vi fram til
Mehla-farmen.
Vi blei vel mottekne på alle måtar, men eg blei ikkje verande der, for
Lars'n hadde fått jobb til meg hos Jens Hatteberg. Han var oppante
107
Grønstølen på Hatteberg i Rosendal. Eg var der til august for då var vi
ferdige med å skjera kornet. Kornet skar vi med sjølvbindar med fire hes­
tar som drog, det gjekk fint. Jens køyrde sjølvbindaren, og eg som var
dreng, sette kornet oppi «sjakken» som det heitte, ti kornband i kvar
«sjakk». Der stod det til det var tørt. Å treskj a, det var fine greier. Vi
hadde ein stor dampmaskin til å snu treskjeverket. Eg likte arbeidet godt.
Jens Hatteberg hadde ikkje trong for dreng lengre. Så kom eg til onkel
Martin på Mehla-farmen, der eg var resten av tida eg var i Amerika.
Ein vanleg arbeidsdag starta klokka 5 om morgonen og vi gjekk rett ut
i løa. Lars 'n stidde hestane, eg stidde kyrne og mjølka dei for hand, og
onkel Martin stidde grisene. Dette arbeidet tok ein times tid. Så var det
inn å eta frukost, varm havregrynsgraut om vinteren og corn flakes og
skiva om sumaren. Då vi hadde ete, gjekk vi ut og sela på hestane, og ut i
åkrane bar det. Om våren var det å pløya og horva. Då vi var ferdige, var
det såinga sin tur. Eg styrde sju hestar på ein gong, og dei drog ein dobbel
plog. Det var sju par taumar å halda styr på. Dette arbeidet likte eg veldig
godt. Fyrst sådde vi havren og så maisen. Det var ein kunst å så mais, for
rastene måtte vera heilt parallelle begge vegar, slik at ein kunne horva
Skuronn på prærien i I927. Ivar K. Mehl arbeider på farmen til Jens
Hatteberg i Iowa.
1 08
vekk ugraset i åkrane ved å fyrst gå med hestane på langs, og andre
gongen på tvers.
Farmen var 1280 mål, og vi hadde ti hestar. Kvar dag klokka 1 2 stod
sola midt sør, og då var det tid for middag. Middagspausen varte i l 1/2
time, for hestane måtte ha tid til å eta og kvila. På kjøkenet var det kjøtt
som stod på menyen kvar dag (vi slakta sjølve). Etter ein liten middags­
lur, for vi ut på åkrane igjen til klokka var 6. Kveldsmaten kom etter sti­
inga for kvelden. Når vi var ferdige å eta, var det ikkje meir å gjera den
dagen. Om kvelden sette vi oss i stova og såg i «Searsand Roebuck» eller
«Montogomery Ward»-katalogane. Desse avbilda og forklarte alle varene
som dei to største varehusa i USA kunne tilby kundane sine. I dei svært
tjukke katalogane var det alt frå knappenåler, kjøkkenutstyr, kle, sko,
maling, verktøy, hestesalar, - ja, alt du trong. Dette kunne vi skriva etter
og få i posten, men for det meste var det bene moro for oss å sjå på alle
bileta og undra oss over alt du kunne få tak i.
Eg reiste til Amerika, for det var ikkje arbeid å få her heime i 1 920-åra.
Det såg ut som det var Amerika som var håpet for alle. Det var svært
mange, ca 1 00 «Mehlarar» og «Hattebergarar» frå Rosendal som utvan­
dra då (og tidlegare) til Fonda, Iowa. Dei harde 1 930-åra kom og det vart
svært vanskelege tider i Amerika.
Etter å ha vore der i 6 år, fann eg det best å reisa heim igjen til Noreg.
Ein ting er sikkert, eg angra aldri på den turen.»
109
11 0
Skriftstyret takkar desse annonsørane for kjærkommen stØtte:
iTRAVELNET_I
JPr
KVIN NHERA
REISEBYRÅ asø"'
Boks !53
N-5460 Husnes
•
Tlf./Fax: 53 47 17 1 1
PsKL
Sunnhordland Krafllaø A$
Boks 24
540 l Stord
Tlf.: 5 3 49 60 00 Fax: 53 4 1 4 1 70
•
Den norske Bank
Kvinnherad
�
Husnes Butikksenter
•
5460 Husnes
Tlf.: 53 47 14 22
Vi har mulighetene - du har valget
tlli
ftttii�Nit
iiB�
�'��
�
Boks 3
•
5460 Husnes Tlf.: 53 47 1 7 99
•
•
#. tt.MB
N-5450 Sunde
Tlf.: 5 3 48 2 1 00 Fax: 53 48 2 1 O I
•
~
5460 Husnes Tlf.: 53 47 3 1 I l
K. Øvrevik Eftf.
Torghuset - Husnes - Tlf.: 53 47 1 6 44
Kvinnherad * Libris
Torghuset
•
5460 Husnes
•
Tlf.: 53 47 1 6 26
•
�
HAKTORSON
Blornstefbutikk
Husnes Butikksenter
•
Tlf.: 53 47 14 46
~
5460 Husnes
•
Tlf.: 53 47 1 5 44
mKVINNHERAD
�#:&/
5464 Dimmelsvik Tlf.: 53 47 56 00
•
Magne lvarsøy
Arkitekt, M.A. N . L
5460 Husnes
Tlf.: 53 47 1 0 9 1
IIR>hord�as
Autorisert regnsk.ap�føret!iclskllp
5460 Husnes
•
Tlf.: 53 47 I l I l
SPAREBANKEN�VEST
EIN STABIL OG TRYGG BANK
- MED GODE TILBOD TIL PERSON OG BEDRIFT -
111
S/S SKIRNIR
Per Henrik Opdal A/S
5450 Sunde
�ØY
... 1IRELAST AlS
5454 Sæbøvik
Tlf. : 53 47 13 26
5454 Sæbøvik
•
Tlf.:
53 47 1 7 60
Sunde Transport
•
•
Tlf.:
Tlf.:
53 47 17 28
5460 Husnes
53 47 1 3 94
Valen
•
•
Tlf.:
53 47 50 00
5470
Rosendal
•
Tlf.:
53 48
I l
20
u moe
5472 Seimsfoss
Tlf.:
53 47 1 7 05
•
Tlf.:
53 48 I l 66
Byggekompaniet A.s
5450 Sunde
•
Tlf.:
53 47 16 88
A/s Uskedal
Trelastlager
5463 Uskedalen - Tlf.: 53 48 6 1
1 12
�
•
Valen matsenter
545 1
5460 Husnes
EiURD SKD
FOTIHUSET
Bogsnesvn.
S Ø RA L
Husnes Butiklcscntcr- Tlf. 53 47 27 30
J/J.���,'�
5460 Husnes
53 47 41 40
Senter Sko
5450 Sunde
Tlf.: 53 47 1 O 28
Aksen
Tlf (054) 74 140
Tlf.:
�
..Q. -:-:::---­
• H U S N E S 7' APOTEK +
____
5460 Husnes
•
•
OI
GJ ENSI DIG E
Vest
5470 Rosenda l - Tlf. : 53 47
91
80
113