Portrett av ein kvardag

Transcription

Portrett av ein kvardag
Jazzar
opp
jula
Held fast
på 9 mill.
i utbytte
3
Fargerik
russerevy
av KVV
24
Sidan 1951
5
LAURDAG 24 . november 2012
62. årgang • Nr 125 • Laussal kr. 20,-
Rosendal
8 - 21 (20)
Portrett av ein kvardag
Torsdag 22. november. Ein dag til forveksling
lik mange andre hustrige haustdagar. Like fullt
ein merkedag for Grenda sine lesarar. Avisa har
prøvd å ta temperaturen på kvardagslivet i vår
langstrakte kommune. Frå tidleg morgonstund
til seine kvelden har fotografiapparata vore i
sving. I eit ærleg forsøk på å visa både mangfald
og kvinnherske spesialitetar.
7-17
Intim med Jan Eggum?
TURISTHOTELL
Er du én av de heldige? Lørdag 1. desember holder Jan Eggum intimkonsert til noen få utvalgte. Du kan
rosendalturisthotell.no
bli én av dem. Det er svært få billetter igjen, så vær snar om du vil være med på denne fortryllende opp-
Følg oss på Facebook og
blog: rosendal-turisthotell.blogspot.com
levelsen. Billettpris kr 350. Billetter kan reserveres på post@rosendalturisthotell eller telefon 53 47 36 66.
KVARDAG I KVINNHERAD
Grenda







Laurdag 24. november 2012


Eitt døger i
Kvinnherad
Det regnar. Det bles. Dei ljose timane blir færre
og færre. Me er i november. Månaden som korkje
forfattarar eller andre tek i, om dei ikkje må. Det
fo
er ingenting ekstraordinært med november, anna
enn at han er utruleg ordinær. Det er kvardagsmånaden framfor nokon. Ingen tilfeldige feriedagar
som ramlar inn. Ingen raude dagar å kvila seg på.
Berre kvardag. Kvar dag.

Slik er det i heile Kvinnherad. Folk står opp, går
på skule eller jobb, gjer seg ferdige med plikta, et
middag og har litt fritid. 24 timar i døgeret lever
kommunen vår. Uavhengig av årstid, månad og
vekedag.
Grenda har tatt pulsen på ein kvardag i Kvinnherad. Frå Ølve til Baugstranda. Frå Mauranger til
Sydnes. Smakebitar frå torsdag 22. november har
vorte til ein ti sider lang fotoreportasje.
Og best av alt: Me har berre skrapa så vidt i lakken.
››
Foto: Håvard Sætrevik, Jarle Håvik, Gunn-Bente Stølen, Margit Omvik, Morten Nygård, Elisabeth Berg Hass, Maylin Kristiansen, Vidar Alfarnes og Torleiv Sydnes.
7
8
Laurdag 24. november 2012
KVARDAG I KVINNHERAD
Grenda
Rosendal 09.16: Gerd
Håvik har jobba i rådhuset si
kantine i ei årrekkje. Denne
morgonen var ho i full gang
med å smøra rundstykker
og laga anna mat som skal
vera til sals.
– I dag lagar vi litt ekstra
sidan det er kommunestyremøte, fortel ho.
Rosendal 09.39: På kommunen sitt økonomikontor finn vi Beate Eide (t.v.) og
Anita Hille. Dei handsamar inngåande fakturaer, og syt for at papira hamnar hjå
rette vedkomande for godkjenning. – Alt skjer elektronisk. Fyrst scannar vi inn fakturaene, deretter vert dei sendte via datasystemet til den som skal gjera godkjenninga, opplyser Anita.
Utåker 09.30: Terje Eikemo guidar bilane om bord på ferja til Skånevik.
Hatlestrand 09.39: Hatlestrand barnehage hadde gym i gymsalen på skulen. David Eikeland (t.v.), Triana Nerhus, Jenny Håland Lie, Lilli Tuften Aksnes-Øystese, Anne Pernille Nistad
og Merethe Eikeland.
Herøysundet
09.39: Reidar
Uskedalen 08.30: Arn (1,5 år) heng frå seg ytterkleda i garderoben, klar for
ein ny dag i Uskedalen barnehage. – I dag har dei smørefrukost, det gler han
seg stort til, fortel mamma Tone Kristoffersen.
Hjelmeland (93)
tilbringer som
vanleg dagen
i snikkarboden
nede ved fjorden.
– Hadde det ikkje
vore for boden
min, hadde eg
nok ikkje vore
i live, seier den
spreke 93-åringen
som har drive
med treskjæring
sidan ungdommen.
KVARDAG I KVINNHERAD
Grenda
Laurdag 24. november 2012
9
Husnes industriområde 10.14: Dag-Erik Sleire Opdal øvekøyrer ein truck,
medan Marie Louise Kleppe og Olav Vaka ventar på tur. Det er Petol AS som
held truckførarkurset.
Sæbøvik 10.05:
Torsdag er komledag.
Også på Halsnøy. Dilldamene Kari Medhus
Eide (t. v) og Siv Anita
Brovold førebur middagen.
Herøysundet 09.28: Ståle Harsvik frå Kvinnherad Fjellsprengning sprenger vekk
eit høgt berg som skal bli til hustomt.
Sandvoll 09.45: 1. klasse Skarveland skule. Joar Haugland Langeland (t.v.), Andreas Eikemo
Ersland, Ingeborg Eikemo Ersland, Sofie Ness, Hedda Elisabeth Heimvik, Jasmin Hasan og lærar
Janne Seim.
Uskedalen 08.45: Knut
Hansen og Trude Skogtun er i gang med ein ny
arbeidsdag på Kvinnherad
Vekstbedrift. Hansen lagar
ein benk og Skogtun ein
flettekrakk.
10
KVARDAG I KVINNHERAD
Laurdag 24. november 2012 Grenda
Dimmelsvik 12.45: Foric Senad i Totland Transport leverer medisin frå apoteket til
Rosendal 11.22: I ein pause i kommunestyremøtet mista Leif Sverre Enes (H)
Anne Mette Sandal på Statoil i Dimmelsvik.
vassglaset i golvet så det gjekk i knas. Sigmund Nordfonn (Frp) såg til at oppryddinga gjekk skikkeleg føre seg.
Sundal 12.00:
Skulekameratane
Emma Øyre (t.v.),
Thea Lykke Sundal
og Brage Gjerde
unnar seg ein matbit
etter at dei har laga
lysestakar som skal
bli julepresangar. I
tillegg har dei vore i
gymsalen og øvd på
songen og dansen
dei skal framføra på
juletrefesten.
– Me var svoltne no,
seier dei.
Omvikdalen 10.30: Sigmund Hjelmeland i arbeid med ny røyrgate opp til Aterstad.
Hatlestrand 12.00: Tupperwareparty. Frå venstre
konsulent Malena Aasen,
Liv Djuvsland, vertinne Alice
Tuften, Bjørg Femsteinevik,
Marta Bergtun, Magnhild
Boland, Anne Karin Lindskog
og Olaug Marie Hjortås.
Hatlestrand 12.30: Skyene er i ferd med å sprikka opp over fjorden, men Melderskin ligg framleis i skuggen.
KVARDAG I KVINNHERAD
Grenda Laurdag 24. november 2012
Sunde 11.21:
Betsy Sunde (t.v.),
Anne Helen Enes
og Inger Haugland ser etter
hurtigbåten som
dei skal reisa med
til Stord.
Omvikdalen 11.45: Svein Hjelmeland har slakta
ein pikhydning som Kjetil Mehl har skote.
Valen 10.15: Randi Selle og Lena Fatland lastar opp med klementiner på Spar Valen.
Ænes 11.10: Dei er
halvvegs i livet sitt no,
laksen som sym i merdane til Marine Harvest
sitt oppdrettsanlegg
utanfor Svoldalsneset.
– Dei kom som 120
gram tunge yngel i vår.
Til sommaren er dei
vonleg mellom 4,5 og 5
kg og slakteklare, fortel
driftsleiar Remi Ellingsen
(t.v.) og Trond Reime.
Laksen hoppar lystig
medan Hardangerfjorden er flat som eit stovegolv denne torsdagen.
11
12
KVARDAG I KVINNHERAD
Laurdag 24. november 2012 Grenda
Omvikdalen 10.30: Sigmund Hjelmeland i arbeid med å laga
røyrgate opp til Aterstad.
Løfallstrand 13.08: Arbeidet med Årsnes-parsellen kom eit hakk
vidare då delar av ein bergnabbe vart sprengt vekk.
– No må me køyra til noko meir massar, slik at me får laga oss ein
rampe. Då kjem boreriggen seg opp til neste nabbe, seier Knut
Hjelmeland til gravemaskinførar Håvard Øvsthus.
Ølve 13.30: Etter eit uhell for nokre år tilbake fekk
Magnus Solheim frå Ølve protese på høgrefoten. Han
var på veg for å trekka teiner då han kom ut for dårleg
vêr. Han havarerte på ein holme med den 14 fot store
båten sin, og fekk foten i klem mellom båten og land.
Etter at han ikkje kom heim til avtala tid, vart kona uroa
og sendte eine sonen ut på leit. Magnus vart funnen i
god behald, men foten var så dårleg at den ikkje kunne
reddast. Den pensjonerte Harding-arbeidaren har hatt
mange opphald på Haukeland sjukehus for tilpassing
av protesa, og samstundes får han behandling hos
fysioterapeut Knut Alvheim, som har kontor på Ølve
Alderspensjonat.
– Knut gjer ein fantastisk jobb, det må du berre få med,
seier Magnus.
Til vanleg kan ein knapt sjå at pensjonisten har ein
halv fot mindre. Hab skryt over teknologien no til dags.
Fysioterapauten og pasienten fortel om ei hending på
eit venterom på Haukeland der eit eldre ektepar frå
austlandet sat og venta på tur.
– Du beveger deg så bra at ein ikkje kan sjå at du har
protese på foten, sa dei til han. Magnus sjølv påpeika
at teknologien var komt utruleg langt, berre sjå. Så
viste han dei den friske foten. Forbausa over kor naturtru foten var, måtte han til slutt vedgå at dette var
den friske foten. Men det går gjetord om mannen med
glimtet i auga på Haukeland den dag i dag.
Magnus Solheim er tilbake i båten og fiskar krabbe og
hummer så ofte han kan.
Uskedalen 13.48: Nok ein skuledag er over,
og elevane er på veg heim til lekser, middag
og fritidsaktivitetar.
Husnes 12.21: Stian Huse (t.v.) og Bjørnar Hivand i Posten handterer dei mange pakkane som kjem no i førjulsstrida.
KVARDAG I KVINNHERAD
Grenda Laurdag 24. november 2012
13
Rosendal 13.30: Oddbjørn Kloster
i HMR Elektro installerer styresystem
for varme på nye Rosendal ungdomsskule.
Sæbøvik 11.31: Klokka på Øyatun har ringt og storfriminuttet er over. Men gutane i ballbingen legg gjerne til nokre intense overtidsminutt. Jan Einar Joleik Risa (t.h.), Eirik Netteland Landa, Thorvald Solheim, Brede Mehammer Tofte, Tobias Trovik Tvedten, Magnus Eide, Jens
Christian Teigen Sætre og Mike Sander Hillestad Brekke.
Løfallstrand 13.20: - Det blir ein lang dag i dag, melder postbod Sigbjørn
H. Nerhus når han puttar Grenda i postkassane på Løfallstrand.
Arbeidsdagen hans starta i Dimmelsvik i titida. Denne dagen reknar han
med at siste avis, julereklame og brev blir levert i Gjetingsdalen kring halv
fem.
Husnes 11.36: Daniel Solberg (t.v.), Johannes Taranger, Håvard Voster
Bakke og Siri Skogseth, alle fyrsteårselevar ved Elektrofag på KVV, tek ein
pause på Yngves konditori innimellom opphenginga av julelys langs Opsangervatnet.
Ølve 13.15: Kristian Lillefosse og Ronja Kirketeig (fremst) i Ølve Barnehage besøkte bokbussen
og lånte seg kvar si bok. Bak rattet sit Per Myklebust.
14
Laurdag 24. november 2012 Grenda
KVARDAG I KVINNHERAD
Høylandsbygd 14.35: Aage Petter Fjelland flytta
år i Bergen. Med den velklingande tittelen chartering
for flåten til Eide Marine Services over heile verda.
Rosendal 15.28: Kommunestyremøtet er
ferdig, og Håkon Uppheim er på pletten og
tek ned flagga. Han har vore flaggansvarleg på
rådhuset i snart 20 år.
– Vi flaggar når det er kommunestyremøte, på
alle offisielle flaggdagar og elles når det skjer
noko ekstra, seier Håkon.
Baugstranda 15.00: Dei må til det
høgastliggjande poststativet i kommunen når dei skal henta Grenda for dagen,
Linda Bauge og dottera Maren Vika. Men
kva gjer vel det, når utsikta er så storslagen som ho er derifrå.
– Me ser Vannes, Skånevik, Utåker,
Halsnøy, Stord og Bjoalandet. Utsikta er
betre enn frå stovevindauga, seier Linda,
og nikkar bort mot garden som ligg litt
meir i livd.
Der står fire ammekyr og ein hest, som
har selskap av 160 villsauer.
Rosendal 17.54: Julegateopning
og gløgg høyrer saman. Daniel Skeie
(t.v.) og John Arne Olsen nytte både
varm drikke og ein drøs i Skålagato.
KVARDAG I KVINNHERAD
attende til Halsnøy etter ti
agent sel han inn tenester
Grenda Laurdag 24. november 2012
15
Sæbøvik 15.20: Komle i panne har vorte til komle på fat. – God mat og sosialt på same tid, skryt Gjøa
Kvalnes (t.h.). Kring bordet sit også Anton Romsø, Marit S. Tvedten og John-Gunnar Lundquist.
Rosendal 13.45: Vidar Moss hos Moss
& Søllesvik jobbar her med forskaling
av det nye biobrenselanlegget.
Sæbøvik 13.45: Ein bjørkestubbe er i ferd med å bli til fine trefigurar i sløyden
Sydnes 15.15: Sjølv i 2012 kan Kvinnherad med
for Susanne S. Bø (t.v.), Caroline Sjo og Nelly Matre.
rette omtalast som eit ferjerike med fire ferjesamband. Billettør Audun Gausvik er i sving med
å geleida bilar om bord i MF «Sveio», som ligg
ved ferjestøet på Sydnes.
Husnes 17.00:
KHK-jenter 10
år på trening i
Husneshallen.
Sæbøvik 16.30: Symjegruppa til Halsnøy IL samla i det våte element. Alva Østhus (t.v.), Erika Paulona
Nylund Nygaard, Therese Hellen, Thea Madeleine Hillestad Brekke, Christoffer Hillestad, Jens Østvik
Emmerhoff og instruktør Sølvi Marie Berge.
16
Laurdag 24. november 2012 Grenda
KVARDAG I KVINNHERAD
Omvikdalen 18.30: Idar Rangsæter fører ordet under årsmøtet i Lauvsprett 4H.
Rosendal kl. 20.15: Ingvild Sjo avsluttar dagen med
ein solid vask av bakeriutsalet til Peder Bakar.
Sæbøvik 17.55: Ikkje nett nattope, men like fullt tidleg mørkt for dei som skal fylla bensin eller
kjøpa seg ei pølse på veg heim frå sein jobbing.
Ølve 18.00: Heile 83 av dei aktive fotballspelarane i Strand-Ulv møtte til avslutning i Ølve ungdomshus med pizza, brus, kaker, quiz og disco.
KVARDAG I KVINNHERAD
Grenda Laurdag 24. november 2012
17
Ølve 20.00: Dagen er på hell, og månen skal snart trengja gjennom skyene. Snart er 22. november 2012 historie.
Rosendal 19.30: Malene Seberg Åkra må i stallen. Denne kvelden gjev ho fjordingen «Knallern» ormakur, noko han lyt ha fire
gonger i året.
Sandvikjo 17.21: Tor Sandvik har full kontroll på vêret denne torsdagen. Han melder om 5,6 mm nedbør, 10,3 meter per sekund som
sterkastevind og ein middeltemperatur på 8,0 grader.
- Høgaste temperatur var 11,9 grader, lågaste 5,8. Det ser ut til at november faktisk blir varmare enn oktober, seier Tor.
Rosendal 20.00: Siv Lorentzen er instruktør i zumba kvar torsdag i Rosendal Samfunnshus, og piskar sveitten fram hos alle.