Les hele artikkelen her
Transcription
Les hele artikkelen her
22 laurdag NaMN & NYTT HORDALAND 27. JULI 2013 namn & nytt giftarmål Elin Grøneng og Per-Ole Tysland gifter seg i Stokke kirke laurdag 3. august. Adresse for dagen: Holtan Gård, Holtanvegen 151, 3160 Stokke. Victoria Johansson, Luleå, og Espen Kvamme, Voss, gifter seg laurdag 3. august i Luleå, Sverige. Karoline S. Gjerde og Bjørnar Stensletten Eik gifter seg i Vangskyrkja laurdag 3. august. 80 år Brita Midtun Lie, Voss, fyller 80 år i dag, laurdag 27. juli. ■ Merkedagar 29. juli: Olsok. Frå norrønt ólafsvaka. Dette er festen for Olav den heilage, som vert feira på dødsdagen den 29. juli. Olavsvaka er ei tradisjonell nattevake med gudstenester før Olsokdagen. Organsiering og mandat DALE: Evelyn Boge er leiar i styret for frivilligsentralen i Vaksdal. Ho tek no opp spørsmålet om organisering og mandat for styret, og rådmann Trine P. Grønbech i Vaksdal, lovar at saka vil verta teken opp når feriane er over. Det vil seia i midten av august, og rådgjevar Bjørn Nilsen vert sakshandsamar, skriv rådmannen. ■ Goabadne 75 år Bjørg Himle, Voss, fyller 75 år sundag 28. juli. 60 år Ingvar Hope, Voss, fyller 60 år måndag 29. juli. ■ Til lukka Hipp hurra for Eskil sEksE PEtErsEn som fyller 1 år 28. juli. Me er veldig glade i deg! Klem frå sondre, mamma og pappa. KARNA GILJARHUS STORHEIM Hipp, hurra med 7-årsdagen den 29. juli. Helsing søskenborn, onklar, tanter, besto og besten JØRAN DAHLE 14 år Vår gode gut Jøran fyller 14 år i måro, 28. juli. Me ynskjer deg ein fin bursdag. Glade i deg. Klem frå Martin, pappa og mamma Tuva, 2 år, er blitt stolt storesyster til Maia, født 14. juli. Foreldra er Emma Johanna Krafft og Lars Bonsaksen Haugan. Hipp, hurra! STIG RUNE AARHUS 30 år Gratulerer med dagen, verdas beste pappa og kjærast. Klemmar frå Alma og Hege Stein-Olav HåvardStun Og Mariann aSpHaug gifter seg i Fana kirke laurdag 27. juli. Tonje KleTTe Gratulerer med 15-årsdagen din. Klem frå farmor og farfar Tonje håvik kleTTe 15 år Gratulera med dagen i dag flotte jento vår. Håpar du får ei flott feiring. Glade i deg. Mange klemmar frå elise, ester Arleen, Arve & mamma, Bamse, Besto & Besten KRISTIAN DRAGESET Gratulerer med 18-årsdagen i dag, og snart lappen. Helsing bestemor og bestemor Kjære Bjørg og Torstein Himle For 50 år sidan idag, lova de kvarandre å leva ilag. Stor familie har de fått, me under vengjene dykkar har hatt det så godt. Hjarteleg tillukka med dagen i dag, og med morgodagen og 1. august. For alt de har vore for oss, og er for oss enno, me takkar dykk av hjarta og gjev dykk ein klem. Gler oss til feiring i kveld. Helsing store og små HUGS FULLT NAMN på den du vil gratulera når du tingar «Til lukka». Hugs også namn/adr. på rekningsbetalar. www.avisa-hordaland.no Ólavsøka er nasjonaldag for Færøyane. Før reformasjonen var dette ein av dei viktigaste helgenfestane i Noreg. På grunn av Olav sin spesielle posisjon i norsk historie vart Olsok nasjonal festdag òg etter reformasjonen. I bestefar sine fotef – Takka vere bestefar på Voss vart eg interessert i handverk. Noko eg er veldig glad for. Målet er sveinebrev i møbelsnikring neste haust, fortel Bjørn Egil Tolås (22) frå Evanger. Det er to år sidan Hordaland skreiv om den blide guten som reiste til Dovre for å læra seg treskjering. Framleis er han i fjellbygda nord i Gudbrandsdalen, men det siste året har han prioritert møbelsnikring, noko han skal halde fram med til det nemnde sveinebrevet er i boks. – Tru, håp og kjærleik er viktig for meg. Og eg likar å tru at bestefar Jakob Lien, som gjekk bort 100 år gamal i år, fylgjer med meg. Forutan å vera gardbrukar dreiv han med møbelsnikring og treskjering. Så han er ei viktig inspirasjonskjelde, fortel Bjørn Egil som me møter på heimebane. Eit husvære med bilete av bestefaren på ein godt synleg plass. Ikkje minst er det lett å sjå at her bur det ein handverkar. Matbord, stolar, hjørneskap og tallerkenhylle er noko av produksjonen hans så langt. Før han reiste heim på sommarferie, var han dessutan kursinstruktør for born og ungdom med snikring og tredreiing på timeplanen. Så ein kan trygt seie at Bjørn Egil har teke fleire og nye steg sidan han kom til Dovre i 2010. Reflektert læremeister – Dessutan har eg lært vaksne å laga sveip, noko som også var svært interessant. Men særleg artig er det å sjå korleis ungar tek til seg kunnskap. Og det varmar sjølvsagt ekstra at den yngre garde ikkje berre er opptekne av datamaskin, iPad, mobiltelefon, fjernsyn og alle moglege spel, seier Bjørn Egil som har gjort seg sine tankar om korleis me lærer. – Det er viktig at ein ikkje står over ungane heile tida, men at dei får arbeida litt på eiga hand. For ein lærer best når ein får prøva og feila. Dessutan er det ikkje farleg å skjera eller slå seg litt. Noko eg sjølv har rikeleg røynsle med frå min gode oppvekst. Til dømes då eg klatra heime på fjellgarden. Eg datt sjølvsagt ned og slo meg, men det var effektiv læring, seier den unge vossingen, medviten kor viktig det er å vera i aktivitet. STOR PRODUKSJON: Bjørn Egil Tolås (22) frå Evanger kom til Dovre for tre år sidan f preg av. Matbord, stolar, hjørneskap og tallerkenhylle er noko av produksjonen sist s Ynskjer å bidra – Målet mitt er ikkje å verta verdsmeister, men eg ynskjer å gje min skjerv til samfunnet. Sjølv om ein møter motgang, er det viktig ikkje å gje opp, seier Bjørn Egil som har muskelsjukdomen SMA. – Me lærer så lenge me lever, og for meg er det meiningsfullt å kunna skapa noko. Leonardo da Vinci hevda at alt blir skapt gjennom det vi føler og tenkjer, noko LÆRAR: – Det er ekstra gjevande å sjå at ungar set pris på handverk, seier Bjørn Egil Tolås (22) frå Evanger. Vestlendingen som kom til Dovre for å læra treskjering for tre år sidan, var i sommar instruktør i snikring og tredreiing. Her er det osloguten Brage Eckhoff Planke (11) som får gode råd av Bjørn Egil. laurdag NaMN & NYTT HORDALAND 27. JULI 2013 Namnedag ■ 27. juli: Marita, Rita 28. juli: Reidun, Reidar 29. juli: Olav, Ola, Ole ■ Primstaven 29. juli: Øks, høygaffel På desse sidene vil me fortelja smått og stort frå der du bur. Kven er leiar i laget ditt etter årsmøtet? Har verksemda di fått ny leiar? Skriv gjerne minneord og omtale til åremålsdagar. Gratulasjonshelsingar må det betalast for. Annonser til desse sidene kan sendast til: [email protected] Faks 56 53 03 08 • Tlf. 56 53 03 00 • Hordaland, P.b. 38, 5701 Voss. far Pengar til idretten 23 BILETE: Vil du kjøpa bilete (15 x 21 cm) som Hordaland har teke, så ta kontakt med fotodesken tlf. 56 53 03 26, sentralbordet tlf. 56 53 03 00 eller ting på nettutgåva vår: www.avisa-hordaland.no ■ Dødsfall † Vår kjære mor, svigermor, bestemor, oldemor, syster, svigerinne og tante DALE: I slutten av juni hadde idrettsrådet i Vaksdal møte, og dei delte då ut 27.000 kr i tilskotsmidlar til idrettslaga. Kirsti Mossefinn Dale IL fekk 17.400 kr i tilskot for deltaking i Sandefjord og Lyngdal Cup. Eksingedalen IL fekk 4000 kr for vaksdalsmeisteskap i skistafett, og BUL fekk like mykje for eit meisterskap individuelt. Stanghelle IL fekk 3100 kr – 1500 til kurs i kajakkpadlading og 1600 kr i støtte til Gymfest Vest. Endeleg fekk Stamnes IL 2500 kr til eit føredrag om sunt kosthald, går det fram av ei særutskrift frå idrettsrådet sitt møte. f. Dolve 1.10.1926 sovna stille inn, Voss sjukehus, 19. juli 2013 jAN-EGiL DyViK | tekst [email protected] Etter mor sitt ynskje har gravferda funne stad i det stille. Effektiv trafikkopplæring AS VAKSDAL: Effektiv trafikkopplæring AS er nyregistrert i Brønnøysundregisteret. Selskapet si verksemd er sal av trafikkopplæring og tilknytte varer og tenester. Geir Rolland er dagleg leiar i selskapet, medan Ove Rolland er styreleiar. Styre består elles av Bo Daniel Rolland og Geir Rolland. Eit strevsamt liv har ebba ut, ei flittig hand har dovna. Din arbeidsdag har teke slutt, ditt gode hjarta sovna. Brita – Jørgen Sigrunn – Henry Lars Ronny, Veronika, Mona Kevin Slekta elles ■ Preikelista Sundag 28. juli På Krossaset kl. 13.00, olsoksamling ved Melve. I Torvedalen turisthytte kl. 14.00, 100-årsjubileum for Torvedalsstemna. Friluftsgudsteneste ved Thaule. I St. Olavs senter kl. 11.00, katolsk messe. Måndag 29. juli På Leiro (Eidsland) kl. 18.00, olsokstemna/friluftsgudsteneste ved Bø. Felles avgang frå Myster kl. 16.30. Ved dårleg vêr vert gudstenesta i Eidsland kapell. for å læra handverk. Etter to år med treskjering har han no gjeve seg i kast med møbelsnikring. Noko husværet hans ber skuleår. eg kan skrive under på utan å blunka, seier vossingen. Som også ynskjer å setja sitt personlege preg på det han lagar. Gjerne med innslag frå heimbygda. – Matbordet laga eg av ask og furu frå Voss. Dessutan fylgde eg heile prosessen frå treet stod på rot, via familiesaga heime til eg tok fatt på Dovre. – Dine planar etter at du er ferdig møbelsnikkar? – Eg saknar Voss, men eg veit ikkje sikkert kva det blir til. Det store målet er å kunna etablera eigen verkstad. Dessutan vil eg gjerne halda fram som instruktør. Det er viktig at fleire, både gamle og unge, får smaken på handverk, avsluttar Bjørn Egil Tolås. OVE KiRKESTUEN | tekst og foto FyKSESUNDET: Utsikt frå Løkjedalsnuten mot Botnen. Seniortur til Hodnaberg VOSS: Voss Utferdslag senior skipar til sundagstur til Hodnaberg i morgon. – Turen går med privatbil. Deretter fylgjer me T-merka sti. Passerer nedre Kvålstjørna og fortset til Kiellandsbu. Denne ligg på Løkjedalsnuten og har utsikt mot Botnen inst i Fyksesundet. Retur etter same sti, opplyser turleiarane. Ved dårleg vêr kan turen verta lagt om. Utferdslaget melder at dette er ein lett tur som høver som familietur, men stien er ikkje for barnevogn. Venteskuret vert flytta EIDSLAND: Det vert no arbeidd med å flytta venteskuret på Eidsland fram til den nye veglina. Det pågår anleggsarbeid på vegen frå Dalseid til Eidsland, og det vil no verta teke kontakt med prosjektleiaren for dette arbeidet, slik at skuret kan flyttast. Det skriv seksjonsleiar CarlErik Nielsen ved Voss og Hardanger distrikt, i eit brev til Karin Flatekval. Ho tok saka opp med distriktskontoret i april, og Nielsen seier seg lei for den lange sakshandsamingstida også. Saka skulle alt ha vore løyst, og Nielsen finn det merkeleg at ikkje arbeidet er utført. Ein del uheldige omstende gjer at saka enno ikkje har funne si løysing, skriv Nielsen. GRAVMINNE FAKSIMILE: Hordaland 23. juni 2011 Utstillingane kan sjåast i butikken i Voss Handelshus på Palmafossen. Me lagar modellar etter ynskje. Me tek òg på oss oppussing av gravminne. Voss • Tlf. 56 51 75 33