Vangen 2

Transcription

Vangen 2
6
tysdag aktuelt
HORDALAND 29. OKTOBER 2013
KULTURHUSET: På plenen utanfor kulturhuset er det både ynskjebrunn og fiskedam. Frå venstre: Synniva Ullestad Relling, Elin Mæland, Tanya Kaldestad, Eila Fjose og Kristin Nesheim Barbo.
Draumevangen
Tenk deg Vangen, med
store skulpturar, ynskjebrunn, hoppeslott
og Drive-in kino. Når
14-åringar lyftar blikket
mot fratida ser dei også
langt forbi Voss Cup.
På Voss ungdomsskule, i eit heilt
vanleg klasserom, sit 19 jenter og
klekkjer ut heilt uvanlege idear.
Her har dei teke føre seg ting dei
meiner manglar på Vangen.
– Utfordringa har vore å tenkja
på kva me treng og ikkje nødvendigvis kva me har lyst på, seier
Eila Fjose.
Gruppa hennar har teke føre
seg området mellom kulturhuset
og motellet til Fleischer. Her er
det ynskjebrunn, leiker for born
og ein fiskedam mellom tinga dei
meiner manglar.
Og at dei dermed tenkjer seg ny
bruk av områder som i dag er i
bruk til Voss Cup tek dei på strak
arm.
– Voss Cup er ei helg i året. Me er
her heile året, seier jentene.
DRAUMEVANGEN. – Me har tenkt
litt på ulike område der borna kan
leika, og ein stad der vaksne og
eldre kan sitja litt i ro, seier Fjose.
Ved sida av kulturhuset står det
eit stort tårn som er laga av glas.
Her er tanken at folk kan gå inn i
tårnet og sjå Voss gjennom glaset.
Oppe på taket på kulturhuset er
HOVE PÅ CUP-ARENA: Kva med eit smalahove utanfor kulturhuset? Her
vil elevane heller ha skullptur heile året, enn fotball ei helg i året.
det bar og stolar, der ein kan sitja
og nyta utsikta.
– Så har me tenkt at det kan vera
ein kafé her, kanskje inni kulturhuset. Det er jo brukt av mange
studentar som treng ein plass dei
kan kjøpa mat.
Utanfor er det klatrevegg og fiskedam. På plenen utanfor er det
òg ein stor skulptur av eit smalahove. Her er ideen at ein kan gå
inn i hovudet og klatra på det.
SKULPTURAR. På Torget dominerer store skulpturar, hundepark
og grasplen.
Hundeparken er betjent og her
kan ein plassera hunden dersom
ein vil handla eller ta seg ein kopp
kaffi i fred.
– Me har tenkt på turistane
som kjem, derfor vil me gjerne
ha skulpturar av til dømes nokre
som padlar i elv og går på ski, slik
at folk som vitjar Voss kan sjå kva
det er å finna på her, seier Lund.
Eit senter for Voss, som eit slags
opplevingssenter er også sett opp
på Torget. På Torget er det òg ein
stor grasplen, der ein kan sola seg
eller ha ein picnic.
– Elevane tenkjer veldig estestisk
kunstnariske utrykk, seier lærar
Renate Lunde.
Dei har fått i oppgåve i valfaget
«Produksjon av varer og tenester»
å finna ut kva som kan gjera sentrum meir attraktivt. Ideane har
dei forma i plastelina.
– Dei har verkeleg interessante
perspektiv og i dette faget skal
elevane trenast opp til å tenkja
FOR TURISTAR: Elevane meiner at det å syna fram skulpturar av
aktivitetar på Voss er ein god idé.
på alt, frå ide til ferdig produkt,
seier Lunde. Faget er heilt nytt, og
19 jenter i niande klasse har valt
dette for fyrste gong.
RÅD Å REALISERA. – Mykje av det
som elevane har kome fram til,
kunne faktisk vore realisert, seier
Lunde.
Ein gjeng har teke føre seg Prestegardslandet, der kreativiteten
blomstrar.
Her er det basseng i Vangsvatnet, ei stor statue av Kari Traa og
buer der dei sel popcorn og smågodt.
– Me har laga ein Drive-in kino,
og eit stort parisarhjul, seier
Bendicte Bakketun Kyte.
Rundt omkring framføre
utescena,er det plassert ben-
ker, der folk kan slå seg ned og
nyta utsikta over Gråsida.
– På vatnet ligg det båtar og nokre av dei dreg gummihjul som
ein kan liggja i, seier Benedicte
Bakketun Kyte.
Kvart område er brukt til noko
nyttig, og her har elevane også
tenkt næringsutvikling, med handel i dei ulike buene.
– Det har vore ein kjekk prosess
å tenkja på kva som manglar her
på Voss, seier Fjose.
brynhild steine | tekst
vidar herre | foto
[email protected]
Sjå biletserie:
avisa-hordaland.no