Her finn du heile sluttrapporten

Transcription

Her finn du heile sluttrapporten
MELDERSKIN - sikring Skarsklyp
Sluttrapport
Fakta:
Start mandag 15.06.2015 - slutt fredag 10.07.2015
90 høgdemeter - frå 790 m.o.h. til 880 m.o.h.
244 meter ny stitrasé
256 trappetrinn
Berre stein frå staden
Takk for hjelpa!
Ei fin markering i "Friluftslivets år", og
eit viktig bidrag til den jordkskjelvramma bygda Khunde i Nepal.
Side 1
Saka gjeld litt frå søknaden vår om midlar:
Melderskin er eit populært turmål. I 2014 var det
1752 personar som skreiv seg inn i vardeboka. Alle
desse må passera Skarsklyp omlag halvvegs. I
tillegg kjem dei som ikkje skreiv seg inn i boka, og
dei som returnerte før toppen. Diverre har det øvst i
Skarsklyp kome fram mykje laus stein dei siste åra.
Snøfonna som ofte ligg i klypet fram til fyrst i juni,
arbeider i steinrøysane og løyser ut nye steinar kvart
år. RT-turgruppa har fleire gonger rulla ned store
steinar i kontrollerte "ras". Mindre steinar er samla
saman så godt det let seg gjera. Likevel får vi stadig
melding om lause steinar og redde turfolk. Vi har no
planar om å leggja stien på sørsida av Skarsklyp.
Døme på laus stein. Under snøen er mykje meir.
Side 2
Velkomst og orientering
Geirr Vetti og fire sherpaer kom til Rosendal laurdag 13. juni. Etter at dei var innlosjerte i ei moderne fjordhytte
hjå Folgefonn Feriegard, vart laurdagskvelden nytta til "bli-kjent" samvær. Nigma (30 år) hadde vore to gonger i
Norge før og Fuhra (23) ein gong. For Bam (29) og Nima (24) var det fyrste gongen.
Daglege rutinar vart gjennomgått. RT skal kvar morgon mandag-laurdag henta sherpaene ved hytta kl. 06:30 og
køyra dei til Kletta. Retur frå Kletta kl. 18:30. Avhengig av kor mykje dei hadde å bera av verkty og anna, var
gangtida opp ca. 1:15 time frå Kletta, og 0:45 time ned att. Dei syter sjølve for matlaging i hytta. Der er moderne
kjøkken og elles nødvendige hjelpemidlar som t.d. oppvask- og klevaskemaskin. For å kvila ut etter tungt
steinarbeid går dei til ro før kl. 21:00 kvar kveld.
Side 3
Kviledagar
Sherpaene er Buhddistar og har laurdag
som kviledag, men når dei er i Norge
innordnar dei seg etter våre skikkar og
tek fri på sundag. Dei tre sundagane her
hjå oss vart brukt til nettopp det; kvile,
men også til diverse turist- og sosiale
aktivitetar. Som eit eksempel på
oppleving kan nemnast at båttur var ei
fyrstegongsoppleving for Bam og Nima.
Arbeidet
Arbeidet starta opp mandag 15. juni. Dei bar då opp mestedelen av verktyet, m.a. lange og tunge spett.
Spettet, eller "Nepali-gold" som dei seier, er det viktigaste verktyet deira. Traséen for den nye stien var
på førehand grovplanlagt, men vart no nøyare gjennomgått saman med dei utførande spesialistane. Dei
fekk frie tøylar til å gjera arbeidet på sin måte, og å leggja traséen der det høvde med tilgang på stein og
terreng. Sjølv om dei ikkje hadde nokon utnemnt leiar, var det eldstemann Nigma som stod fram som
naturleg midtpunkt.
Side 4
Side 5
Venene våre frå Nepal er ikkje berre steinarbeiderar av
ypperste klasse, men framstår også som arkitektar og
ingeniørar...! Sjå bileta før/etter frå same staden.
Som vi hadde rekna med var det rikeleg med god stein i området, men etter kvart vart det lang bering. Etter avtale
med Geirr Vetti, vart vi einige om å bruka helikopter. SNO, Nasjonalparkstyret og Kvinnherad kommune gav
nødvendige løyve. Høveleg stein vart lesst opp i 26 BigBag'ar, og i tillegg vart 21 store enkeltsteinar stroppa kvar
for seg. Onsdag 24. juni brukte Fonnafly under to minutt pr. hiv på å løfta sekker og steinar bort til
arbeidsplassen.
Å vera vitne til samarbeidet mellom sherpaene var ei stor oppleving. Dette er tungt arbeid.
Ungdomar frå Nepal og Norge
kommuniserte heilt "outstanding" i ein komplisert arbeidssituasjon.
Side 6
Økonomi
Kostnadsoverslaget frå Geirr Vetti var utrekna etter 500 timar. Det var tidleg klart at dette var alt for lite,
kvaliteten på arbeidet vart av ein langt betre standard enn det vi hadde forventa. Sidan vi hadde fått nokre uventa
store og gledelege pengegåver, vart vi einige om å engasjera dei fire Sherpaene for tilsaman tre veker. Dette var
mogeleg avdi nokre av Geirr Vetti sine planlagte prosjekt måtte utsetjast p.g.a. mykje snø i fjellet.
Etter tre veker var det utført eit fantastisk arbeid, og Skarsklyp var i realiteten sikra. Men med tanke på forventa
sterkt aukande fjellturisme i framtida, ville vi for ytterlegare rassikring gjerne knyta den gamle stien til den nye
litt lengre nede i lia. Saman med Sherpaene fann vi fram til ein trygg og god trasé. Vi fekk lov på to av sherpaene
i fem dagar ekstra. Til dette greidde vi å skaffa ekstra sponsormidlar.
SKARSKLYP - oppsummering for fire veker arbeid, 15.06.15 - 10.07.15
4 mann arbeidde 10 timar pr dag 6 dagar i veka, timepris kr 537,50 inkl. mva.
Geirr fakturer oss ikkje for gåtid til/frå arbeidsplassen.
Mat er inklusive i timeprisen.
365.500 Fakturert for 4 mann i 3 veker. 10 timar x 4 x17 = 680 timar. Fridag 25.6.
53.750 Fakturert for 2 mann i 5 dagar. 10 timar x 2 x 5 = 100 timar.
18.750 Geirr, reisekostnader.
438.000
31.000 Folgefonn Feriegard: Hytte, sengesett og utvask. (Dei sponsar med kr 7.700,-).
38.343 Fonnafly.
5.000 Nye sekker (156,25 x 26). Buførevegen fakturerer til oss.
800 Gåver til sherpaene. Fire bøker "Høgt og lågt i Kvinnherad".
580 Konsert Sondre Lerche for Fuhra og Nigma som arbeidde siste veka.
513.723 Ut
488.200 Gåver
31.023 Turgruppa sin kontante eigenandel
513.723 Inn
Gåver av varierande storleik, i alfabetisk rekkefylgje:
Berler ll As
Yngve Bryn
Knut Galtung Døsvig
Folgefonn Feriegard
Fredheim Gartneri As
Harding Safety As
Hellesøy Verft As
Magne Hus
Hans Olav Lindal
Kvinnherad Elektro As
Kvinnherad Turlag
Rosendal Bygg & Varme As
Rosendal og Omland Vassverk
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad
Sunnhordland Kraftlag
Varehuset Rosendal AS
Takk også for velvilje frå grunneigarane Linda og Stian Krossøy, Rosendal Elv og utmarkslag, Folgefonna
Nasjonalparkstyre, Statens Naturoppsyn og Kvinnherad kommune.
Side 7
Nokre punktvise meiropplysningar:







Den 25. april var det eit katastrofalt jordskjelv i Nepal, med etterfylgjande etterskjelv. 90 % av
bygningane i "våre" sherpaer si bygd Khunde vart sterkt skada. Ei støtte til sherpaene sitt arbeid i Norge
vart såleis denne sumaren meir aktualisert enn nokon gong som "hjelp til eit fattig land."
Det seiest at sherpaene har genetiske føremuner relatert til t.d. lunge-, hjarte, og muskelkapasitet, men
slik vi har opplevd dei er også innsida av hovudet av beste slag. Dei er veldig smarte og praktiske, og har
ei serdeles fin framferd. Dei er IT-kunnige, interesserte i alle ting, og kunnskapsrike om det som rører
seg i det internasjonale samfunnet.
Ansvarlege frå Turgruppa har vitja dei i Skarsklyp minst annankvar dag, og elles halde dagleg kontakt.
Køyring til/frå Kletta morgon og kveld har fungert framifrå. Styrelemer frå "paraplyorganisasjonen" vår
Kvinnherad TL har også vitja dei i Skarsklyp og overrekt KTL-skjorter og KTL-turleiarjakker.
Helikoptersekker og -stropper vart henta på NÅ (Buførevegen). Vi sytte også får skyssing av sherpaene
og verktøy i to omgangar til nytt arbeid på Buførevegen. Samarbeidet med Buførevegenens vener har
vore ei stor glede.
Fire representantar frå Buførevegen vitja elevane på Malmanger skule fredag 19.6. Dei takka for gåve til
jordskjelvramma Nepal og fortalde om Buførevegen. Elevane sat musestille i ein heil time, noko som i
flg. lærarane var heilt uvanleg!
Sherpaene har fått servert ni middagar og andre måltid privat og dei har fått "kilovis" med heimebakte
brød og bollar. Slik omsut gjorde nok spesielt godt for å halda motet oppe i dagar med dårleg ver, og
gjorde til at vi blei ein godt samansveisa gjeng med stor tiltru til kvarandre.
Sumaren sett under eitt var vi heldige med veret. Dei hadde ikkje noko pausebrakke der oppe i fjellet, så
det var imponerande å oppleva deira gode humør også før og etter uversdagar, og i vanskelege og tunge
arbeidssituasjonar.
Klokka 18:00 fredag 10. juli 2015 var det avtalte engasjementet vårt med sherpaene slutt.
Eit "smykke" av eit arbeid som vil sikra fjellvandrar i generasjonar framover var fullført.
Takk for hjelpa!
ROSENDAL TURNLAG - TURGRUPPA
Morten Nygård, leiar
Kåre Eik, prosjekt Skarsklyp
Side 8