førhistorisk gravfelt / prehistoric burial ground

Transcription

førhistorisk gravfelt / prehistoric burial ground
SJO
FØRHISTORISK GRAVFELT / PREHISTORIC BURIAL GROUND / VORHISTORISCHES GRÄBERFELD
N
GB
D
Gravfeltet på Sjo har vore eit omfattande felt. Vi har opplysningar om omlag sytti einskildobjekt; gravrøyser og haugar,
steinkransar og bautasteinar. I dag ligg berre restar att. På
neset ved Larsstø finst framleis nokre få gravhaugar/røyser, eit
par steinkransar og ein bautastein. Ein annan bautastein står
ved vegen til Heio. På sørsida av hovudvegen ligg ein gravhaug
og ei gravrøys. Haakon Shetelig, seinare professor ved
Bergens Museum, skriv i boka «Vestlandske graver fra jernalder»
() at den største gravhaugen (E) kan vera frå bronsealder
(- f.Kr.), medan gravene omkring truleg er frå
jarnalder ( f.Kr.- e.Kr.).
På feltet er det avdekt både brende og ubrende graver.
Mellom gjenstandsfunna er ei urnegrav (branngrav) frå
folkevandringstid (350-550 e.Kr.) og ei klebergryte frå yngre
jarnalder, som låg kvelvd over ei dunge brende bein.
Dei gode jordbrukstilhøva og dei mange fornminna på desse
gardane kan tyda på at området rundt Larsstø ein gong har
vore eit politisk og religiøst maktsenter. Kanskje har det lege
ein kongsgard her.
The burial ground at Sjo was a large one. We have information on around seventy individual objects here - stone and
turf barrows, stone circles and standing stones. There are only
remnants now. On the headland at Larsstø there are some
barrows left, a couple of circles and a standing stone; there is
another stone near the road to Heio. To the south of the main
road is one turf and one stone barrow. In his book Vestlandske
graver fra jernalder (West Norwegian Iron Age graves) ()
Haakon Shetelig, subsequently professor at Bergen Museum,
wrote that the largest barrow (E) may be from the Bronze Age
(- B.C.E.) while the surrounding graves are probably
from the Iron Age ( B.C.E.- C.E.).
Both burnt and unburnt graves have been uncovered on the
field. Among the objects found are a pot burial from the
Migration period (350-550 C.E.) and a soapstone pot from the
Late Iron Age, which lay upended over a pile of burnt bones.
The good agricultural conditions and the many ancient
monuments on these farms may indicate that the district
round Larsstø was once a politico-religious centre. There may
have been a ‘royal estate’ here.
Das Gräberfeld in Sjo war ein sehr großes Feld. Es liegen
Daten über etwa 70 einzelne Objekte vor; Grabsteine und
Geröllgräber, Steinkränze und Bautasteine. Heute sind nur
noch Reste zu sehen. Auf der Landzunge bei Larsstø gibt es bis
heute einige wenige Grabhügel/Geröllgräber, ein paar
Steinkränze und einen Bautastein. Ein anderer Bautastein
steht an der Straße nach Heio. Auf der Südseite der
Hauptstraße liegen ein Grabhügel und ein Geröllgrab. Haakon
Shetelig, der später Professor am Bergen Museum wurde,
schreibt in seinem Buch »Westnorwegische Gräber aus der Eisenzeit«
(), daß der größte Grabhügel (E) möglicherweise aus
der Bronzezeit (- v.Chr.) stammt, während die
umliegenden Gräber wahrscheinlich aus der Eisenzeit
( v.Chr.- n.Chr.) stammen.
Auf dem Feld wurden sowohl gebrannte als auch ungebrannte
Gräber gefunden. Zwischen den gefundenen Gegenstäden
befinden sich ein Urnengrab (Feuergrab) aus der Zeit der
völkerwanderung (350-550 n.Chr.) und ein Specksteintopf
aus der jüngeren Eisenzeit, der umgedreht über einem Haufen
mit Knochenresten lag. Die guten Bedingungen für den
Ackerbau und die vielen vorhistorischen Funde auf diesen
Höfen lassen den Schluß zu, daß das Gebiet um Larsstø einmal
ein politisches und religiöses Machtzentrum war. Vielleicht
befand sich hier ein Königshof.
FORNMINNA ER FREDA ETTER «LOV OM KULTURMINNER»9. JUNI 1978 NR.50.
VIS RESPEKT OG OMTANKE FOR DEI VERNA VERDIANE; VÅR FELLES
KULTURARV.
HORDALAND FYLKESKOMMUNE, KVINNHERAD KOMMUNE
Garden ved sjøen
Den engelske kongsdottera
Teiknforklaring:
Gardane Eide og Sjo var opphavleg èin gard. Eide er det gamle namnet på staden der
Halsnøya er smalast. I eldre tid drog folk båtane sine over Drageid, mellom Sæbøvik og
Larsstø. Sjo, «ved sjøen», vart seinare skilt ut frå Eide.
= Gravhaug/gravrøys/steinkrans
= Bauta
= Steingard
= Bygning
= Veg
I 1622 gjekk det ut kongebrev frå Christian IV til alle biskopar i Danmark-Norge om å
«opsøge og antegne alle slags Antiquiteter og Documenter» i bispedøma. I 1626 drog
difor prestesonen Jonas Skonvig kring i Bergens Stift. I tillegg til å laga kommenterte
oppteikningar av ulike fornminne, samla Skonvig òg forteljingar som folk på staden
kunne ha om dei. Det knytt seg ofte mytar og soger til fornminna; slik kunne folk
tolka og forstå desse merkelege minnesmerka frå farne tider. På Sjo vart Jonas Skonvig
fortalt ei soge som nokre gamle menn hadde høyrt for mange år sidan:
Skule
10
Antikvarane kjem
Gjennom snart 400 år er gravfeltet på Sjo vitja og omtalt av mange av dei mest kjende
«klassiske» antikvarane i Noreg. Alt i 1626 vart staden skildra, i tekst og teikning, av
prestesonen Jonas Skonvig. Tidlegare stortingspresident og grunnleggjar av Bergens
Museum W. F. K. Christie, var her; i 1824 og i 1832. Han teikna ei kartskisse. Biskop
Jacob Neumann, som og høyrde til Museets stiftarar, kom hit i 1838. Han let
reisefellen, Peter Stuwitz, gjera ei skisse av feltet. I ettertid har det vore vanskeleg å
utarbeida eit nøyaktig kart over feltet på grunnlag av desse teikningane, som no berre
finst i kladd. Fortidsminneforeningens formann Nicolay Nicolaysen, vitja Sjo i 1867.
Han kunne melda om ei kiste, danna av fire steinar med ein femte overliggjande stein,
i ei stor røys. Kista var omlag 1,75 m lang og mannsbrei, men smalare i aust enn i
vest, noko som tyder på ei ubrend grav. Konservator Anders Lorange, frå Bergens
Museum, kom hit i 1881 og skulestyrar Bendix E. R. Bendixen i 1894. I 1905 gjorde
professor Haakon Shetelig ein kroki av sjølve neset. Ingen av dei siste kjende til
Stuwitz sitt arbeid. Feltet er skildra av konservator Per Fett i «Forhistoriske minne i
Idrettsbane
B
6
Sæbøvik
C
HER STÅR DU NO
D
E
I gammal tid stod eit slott her på staden. I slottet budde ein konge. Han drog til England for å be om den engelske
kongsdottera si hand, men då han kom fram, var det krig i landet. Den engelske kongen ga han lovnad om at
dersom han ville hjelpa til mot fienden, skulle han få eit godt svar. Den norske kongen «undsatte ham straks med
den største magt, han kunde tilveie bringe». Men då krigen tok slutt, ville ikkje den engelske kongen halda løftet
sitt. Den norske kongen nytta då all si list, og fekk kongsdottera med seg til Noreg utan faren sitt samtykke. Tre år
seinare drog den engelske kongen til Noreg med 3 skip. Han la seg til ved Hille, ei halv mil frå slottet. På fredeleg
vis gav han seg i veg til slottet der svigersonen budde. Men om natta slo han i hel den norske kongen, sette fyr på
slottet, og førte dottera si attende til England.
Kongen vart gravlagd her, og steinane vart reiste som minne om denne hendinga.
H
P
Larsstø
B
10
Kart over gravfeltet i 1996
Langrøys B er ikkje lett å sjå i dag. Røysa ligg sørvest på neset og har vore 7 m lang
og helvta så brei.
6
Bautasteinen C er omgjeven av ein utydeleg steinkrans. Steinen, som er 5,25 m høg,
70 cm brei og 30 cm tjukk, er av dei største i sitt slag på Vestlandet.
E
C
D
H
P
Kartskisse av W.F.K Christie i 1824 (Universitetsbiblioteket i Bergen)
Sunnhordland», Fjellberg Prestegjeld i 1965,
Universitetet i Bergen.
I kartskissa til Christie frå 1824, er
gravminna og bautasteinane merkte
av med tal og bokstavar med tilhøyrande
forklåring. Vi har nytta dei same
bokstavane og tala på det nye kartet
vi har laga. Slik kan vi sjå kva som
har endra seg sidan Christie kom hit
første gongen, for snart 200 år sidan.
9000
Istid
Eldre Steinalder
Trekantrøys D er dekt med lyng og torv og noko vanskeleg å sjå. Røysa ligg 5 meter
nordaust for bautasteinen. Sidene er 10 meter lange og oddane peikar mot nordnordaust, sørvest og søraust.
Gravhaug E er 25 m i tverrmål og 2,5 m høg, og har hatt fotkjede av store steinar.
I toppen er eit gammalt søkk etter graving, og her ligg det ein jordfast stein. Shetelig
reknar denne haugen til bronsealder. Like nordvest for haugen ligg ein steinkrans som
i dag er dekt med jord. Steinkransen er ikkje avmerkt på Christie sitt kart.
Langhaug H var sterkt skadd alt i 1838. Haugen hadde skarp, avvalma rygg og likna
på eit hustak. Før stod her steinar i kvart hjørne, 2 alen høge, men no er berre ein
stein att. To andre steinar, som i nyare tid har vore nytta til smiestad av båtbyggjarar,
ligg på kanten nord for haugen. Haugen er tidlegare målt til 22 x 6 m og har vore
1.5 m høg.
Bautastein P står tett i vegkanten på vegen mot Heio, 4,25 m høg, 80 cm brei og
20 cm tjukk. Flatsidene vender mot nordaust og sørvest. Bautaen stod i ei trekantrøys,
som er vekke i dag, med sider på 14 m. Oddane peika mot aust, nordvest og sørvest.
Gravrøys 6 ligg søraust for gravfeltet på neset. Ho er 14 m i tverrmål, og 1,75 m høg.
Laust på røysa vart det funne ein skjoldbukl av bronse, datert til folkevandringstid.
Gravhaug 10 er kledd med grastorv og ligg søraust for gravrøys 6. I 1838 vart haugen
målt til 17 m i tverrmål. Haugen vart då utkasta, og ein stor, jordfast stein kom til syne
midt i. Haugen er sidan restaurert, og har no eit tverrmål på 11 m og ei høgd på 1,75 m.
Skjoldbukl av bronse frå folkevandringstid
(350-550 e.Kr.). Funne på gravrøys 6.
4000
1800
500
Yngre Steinalder
Bronsealder
0
Ja r n a l d e r
800
1050
Vikingtid
Mellomalder
1537
Nyare tid
Teikning av Jonas Skonvig, 1626.
Skiltet er laga med støtte frå:
Sæbøvik
Sentrumsforening
Ranavik a/s
Tekst og redaksjon: Kulturseksjonen og
Kulturlandskapssenteret Hordaland fylkeskommune
Foto: Bergen Museum, Fotoseksjonen og Universitetets
Mediesenter
Kart: Sverre Mo
Grafisk formgjeving: Geir Goosen
Produksjon: Artic Reklamebyrå, Bergen