Innsyn - Kleven

Transcription

Innsyn - Kleven
Internt meldingsblad for alle ansatte i Kleven Maritime
Juli 2010
Kleven Maritime har skrive 5 nybyggingskontaktar
- ein fantastisk start på året!
Av dei forholdsvis få nybyggingskontraktane norske skipsvert har skrive i 2010 har Kleven
Maritime sikra seg 5! I tillegg har den eine kontrakten, den med Eidesvik, ein opsjon på eit farty til.
At kontraktane er skrivne med ”gamle kjente” som vi har personlege relasjonar til, og som kjenner
kvaliteten Kleven Maritime står for, er ekstra gledeleg for oss. At fartya som skal byggast er av
forskjellige design, type og storleik er eit teikn på at vi er allsidige og kan omstille oss og bygge den
type farty som marknaden til ei kvar tid etterspør. Dette er ein viktig eigenskap i ei næring med
store svingingar.
Av dei fem kontraktane er det 4 offshorefarty av forskjellige VS design og ein fiskebåt som er av
NVC design.
I tillegg til at vi har skrive mange nye kontraktar og på den måten sikra god drift både på Kleven
Verft og på Myklebust Verft i lang tid framover, så syner også rekneskapstala for 1. halvår at drifta
går godt.
B 348 til OH Meling
Design VS 485
Leverast frå MVE i februar 2011
B 343 til Prestfjord
Design NVC 368
Leverast frå MVE i oktober 2011
B 344 til Rem Offshore
Design VS 485 Mk II
Leverast frå KVE i juni 2011
B 345 Rem Offshore
Design VS 485 Mk II
Leverast frå KVE i september 2011
B 346 til Eidesvik Offshore
Design VS 489 LNG
Leverast frå KVE i mars 2012
Det er all mogleg grunn til å
være stolt av ha sitt arbeid i
Kleven Maritime!
Lønningsdatoar
Kleven Verft
Feriepengar 25.06.
23.07, 20.08, 27.08, 10.09, 24.09, 08.10, 22.10, 05.11, 19.11,
03.12. utan skattetrekk, 17.12
Månadslønte: Feriepengar 20.06.
20.07, 20.08, 20.09, 20.10, 20.11, 20.12. med halvt skattetrekk.
Timelønte:
Myklebust Verft
Feriepengar 24.06
15.07 (for 1 veke)26.08, 09.09, 23.09, 07.10, 21.10, 04.11, 18.11, 02.12. utan skattetrekk,
16.12.
Månadslønte :Feriepengar 20.06
20.07, 20.08, 20.09, 20.10, 20.11, 20.12. med halvt skattetrekk.
Timelønte:
Nytilsette i Kleven Maritime
Kleven Verft
Frå venstre på fellesbildet: Ilja Stepanov, Osvaldas Buda
og Zigmas Balcauskis. Alle er tilsett på utrustningsavdelinga, og kom hit frå avdelinga i Førde.
Henning Førde, lengst til høgre, er lærling og også han
kom til Ulsteinvik via avdelinga i Førde.
Stein Morten Sjåstad , til venstre,
byrja ved Kleven Verft i april i
år. Han arbeider med
kvalitetskontroll.
Robert Branescu, som er tilset på utrustning, og Vermund Herland, som
har sin arbeidsplass på lageret, var ikkje tilstades slik at vi fekk ta bilde av
dei.
Tilbake i Kleven
Å rekruttere nye medarbeidarar er ein viktig og tidkrevjande prosess. Kleven Maritime vil ha dei beste
som er i marknaden og vi vil ha dei som passar inn i vår organisasjon og blir gode ambassadørar for
oss, både fagleg og sosialt.
Det er alltid ekstra triveleg når personar som har vore tilsett hjå oss tidlegare, og som vi svært gjerne
skulle ha hatt tilbake, takkar ja til ny tilsetting hjå oss.
May Kristin Myklebust har tidlegare vore prosjektleiar både på Myklebust og på Kleven. Etter ei tid i
Canada er ho tilbake som prosjektleiar på Kleven ca 01.august.
Jarle Angelshaug har ei fortid på Kleven som arbeidsleiar på maskinavdelinga og som gruppeleiar på
maskin på teknisk avdeling. Også Jarle har vore ute i verda ei tid, mellom anna i Vietnam der han har
vore byggeinspektør for DOF. Han tek 01. september til i stilling på salsavdelinga som senior sals
ingeniør og salssjef for prosjekt.
Peter Husøy er godt kjent om bord i farty som tidlegare har vore levert frå Myklebust. Mellom anna
var han ein av prosjektleiar for dei franske kystvaktene. Peter har ei tid vore tilset i DNV og vil dra god
nytte av erfaringane sine der i frå når han no tek til som teknisk sjef på Kleven. Peter tek til på Kleven
01. oktober og skal den fyrte tida vere prosjektleiar for eit av dei nye prosjekta.
Sigurd Ertesvåg er ein kar vi har kjent i alle år. Ikkje berre gjennom sitt arbeidet for DNV, der han har
godkjent arbeidet og klarert fartya våre klar for sigling, men han var også teknisk sjef på Kleven i ei
periode. Sigurd har no teke ut pensjon i DNV og tek til i 50% stilling som senior sertifiserings ingeniør
frå 09.august.
Hjarteleg vedkomne alle saman!
Ståle helsar
Eg vil starte sommarhelsinga med å takke alle tilsette for
stor innsats gjennom dette året. Både på Kleven Verft og
Myklebust Verft har vi hatt ekstremt stort trykk, med
mange og store prosjekt samstundes. Krevjande – men det
har gått svært bra takka vere målretta arbeid frå alle
involverte.
Tusen takk til alle tilsette i heile konsernet!
Det gode arbeidmiljøet vi har i Kleven Maritime, med
kompetente, motiverte og lojale tilsette, er vår viktigaste
ressurs. Dette må vi dyrke, ta vare på, og vere
inkluderande for nye tilsette som kjem inn. Her kjem også
arbeid med HMS inn, det er viktig at alle tek sin del, er
solidariske i høve til tryggleik på arbeidsplassen. Men
solidariteten må også gå på å skape eit inkluderande
arbeidsmiljø, og at alle tek del i ansvaret med å skape det.
Vi ser enden på den store Siem-serien, siste båt skal
leverast i april neste år, siste skroget frå Ukraina er no på
veg. Torsdag 15. juli døyper vi to farty i Ulsteinvik, Siem
Ruby og Siem Topaz (utrusta på Myklebust), som er nr 5
og 6 i serien. Etter at desse er leverte, tel vi 7 farty som har
vore leverte så langt i 2010, og som allereie har vore
omtala er dette eit historisk høgt tal med farty levert.
Det er også interessant at på dåpsdagen vil det vere 5 farty i serien på Kleven Verft samstundes –
med ein pris på om lag 600 mill. pr farty er det altså fartyverdiar for om lag 3 milliardar ved kaiene
på Kleven dåpsdagen. Fantastisk – og det illustrerer at denne ordren er ein av dei største i norsk
skipsbygging nokon gong.
Men vi skal vidare etter Siem-ordren, og det er gledeleg å konstatere at Kleven Maritime tek sin del
av nybyggingsmarknaden – sjølv om det samla sett ikkje vert kontrahert mange båtar. Det er
brukbar aktivitet i marknaden, men eit kjenneteikn er at salsprosessen no tek lengre tid, vi brukar
lang tid på å få alt på plass. Dette gjeld også finansiering, så finanskrisa heng framleis igjen på ulikt
vis. Vi trur på meir kontrahering i tida som kjem, men det er tøff konkurranse om prosjekta, og vi
må halde fram med å styrke konkurransekrafta vår, slik at vi kan vinne prosjekt som også gir
rimelig trygg inntening.
Eg håpar alle tilsette får høve til å ta velfortent ferie, med avkopling og gode dagar. Det å gjere noko
anna inn i mellom arbeidsdagane er viktig, då er ein meir klar for kvardagen igjen etter ferien.
God sommar!
Dette skjer
Bnr. 332 Siem Ruby gjennomførte vellukka tekniske prøveturar i tida 25.06.10 - 05.07.10.
Bnr. 333 Siem Diamond ligg for ferdigstilling ved utrustingskaia.
Bnr. 334 Siem Opal ligg for tida til utrustning og skal opp på lekter 09.07.10.
Bnr. 335 Siem Garnet vart sjøsett laurdag 03.07.10.
Bnr. 330 Siem Topaz er ferdig med uttestinga og skal døypast 15.07. Fellesdåp med Siem Ruby.
Bnr. 343 Prestfjord hadde brennestart på stålet 1. juli. Skroget er venta til verftet i mars 2011.
Bnr. 348 Siddis Mariner er under slep og skroget er snart på plass på Myklebust.
Bnr.332 Siem Ruby tok slepeprøve på Rovde 06.07. Resultatet blei 310 t, som er ny rekord.
28. august er det planlagt sommarfest på Ishavsmuseet for tilsette ved Kleven Verft .
Liknande arrangement er under planlegging for tilsette på Myklebust Verft.
29. september spelar Hødd mot Byåsen kl. 14. Vi har reservert Høddvoll og Høddvollhuset for Kleven
Maritime sine tilsette og planlegg familiearrangement med servering før kampen.
Slik ein prosjektleiar ser det…….
Prosjekttida for HF- prosjektet på Kleven Verft og Myklebust Verft nærmar
seg no slutten og Thorvald Grønli, som har vore prosjektleiar for dette
arbeidet, gir oss her nokre synspunkt på prosjektet
– sett frå hans ståstad.
Thorvald Grønli og Kristina Skogstad er her fotografert under vaffelservering i platehallen på Kleven.
Kristina
har ogsåogvore
aktiv i HF-prosjektarbeidet
på Kleven
og kan
Myklebust.
• Kleven
Myklebust
er gode arbeidsplassar.
Men
bli enno betre!
•
•
•
Tryggleik eksisterar nok i stor grad på våre skipsverft, og vi har vore vitne til forbetringar, men
alle verfta her omkring, utan unnatak, kan bli endå betre.
Utanlandsk arbeidskraft, i lag med dei norske, jau visst går det fint, men ikkje automatisk, ikkje
utan at vi gjer visse grep! Det har vi gjort, men det er framleis naudsynt å ha solid fokus på
dette.
Det mellommenneskelege, som spelar ei så stor rolle i alle møte oss imellom, legg ein for liten
vekt på til dagleg! Følelsar og tankeverksemd går nok på høggir, men utfordringa ligg i det å ta
tak i problema, og i så måte er vi alt for redde!
Til dei som valte å satse på dette prosjektet, og dei som også spurte meg om å leie det, må eg berre her
få lov til å takke for tilliten. Eg kan i alle fall seie med handa på hjarte, at oppdraget har vore til stor
glede for meg!
Då eg fekk utfordringa som innebar å leie arbeidsmiljøprosjektet på Ulstein og Kleven/Myklebust var
det mange blanke ark. Tanken min var då at etter 2 år skulle vi kunne sei at : Det, og det og det, har vi
gjort noko med, eller starta å endre på, eller aller helst: Dette har vi no betra radikalt! Og noko av det
har absolutt gått slik eg vona, medan andre ting berre vart verande på ideplanet!
Verftsarbeid kan vere intenst og krevjande, og ein må kunne jenke seg, for det er framom alt anna eit
gigantisk teamwork. Nokre av dykk gjer dette på ein framifrå måte, og de imponerar meg! Og det er
så mange som verkeleg jobbar skjorta av seg (gjeld alle tre verfta), så arbeidsmoralen er knallbra, på
grensa til det usunne av og til!
Like fullt merka eg meg at det tok nokre månader frå ein gjekk vekk frå å snakke om ”Thorvald sitt
prosjekt”, til å signalisere at dette faktisk er noko vi eig saman. Eg trur at litt for mange fokuserer
einsidig på det materiell og det økonomiske, og då vert eit arbeidsmiljøprosjekt lett oppfatta som
avsporing frå det ein ”eigentleg” driv med!
Eg vel å tru at fleire har fått eit endra syn på dette. Merkelappen ”Thorvald sitt prosjekt” forsvann når
einskildpersonar tok ansvar, fekk ansvar, fekk kome med idear, fekk påverke. Og resultata kom etter
kvart som idear kunne utviklast, og setjast ut i livet. Og den dagen alle ser at ”vesle meg”, eller vi som
gruppe, kan utgjere ein forskjell, då har vi kome langt. Og i avdelingsarbeidet som store delar av
produksjonen har vore gjennom, har vi kome kvarandre tettare inn på klinga, og på ein veldig
konstruktiv måte! Og då er det kjekt å vere prosjektleiar.
Då vi starta opp for to år sidan sa mange: ”Dette har vi prøvd før”, medan fleire no vedgår: ”Vi
har faktisk teke nokre skritt i riktig retning!”
Visst er det triveleg når noko så enkelt som eit ”vaffelstunt” kan gjere ein blåmåndag til ei triveleg
arbeidsdag, eller at HMS vert so viktig at alle menn og kvinner slusast inn til å lære seg
hjarte/lungeredning, eller at fleire nasjonar møtast til venskapleg fotballdyst ein sundag, eller
arbeidsleiarar samstemt lovprisar ”kurs i fleirkulturelt arbeidsliv”. Men mykje trivelegare er det når
ein oppdagar at ein formann og hans arbeidsfolk vert enno meir samkøyrde, og då også truleg meir
effektive , men aller viktigast: Meir harmoniske.
Tryggleik og trivsel er ikkje interessant dersom det er noko forbigåande, men dersom det er
grunnlaget for arbeidskvardagen vår, året gjennom og år etter år, då er det gull verd for ei verksemd!
”Men har det ikkje vore tunge dagar då?”, undrast sikkert nokon.
Jau visst har det det! ”Kan ikkje den dagen der….”, ”prøvetur Mister, vi tek det att”,…..
”kollisjon med anna møte”, ….. ”vi har ein båt å byggje her, du….”.
Jau då, det har vore mange slike skjer i sjøen. Eller når du merkar at folk ikkje vil spele på lag, ikkje
gidd, ikkje eigentleg har lyst til å endre på noko som helst. Eller når vi ikkje rekk over alt det vi ynskja
å gjere. Eller du pirkar bort i eit område som ligg på sida av mandatet, og du har så grueleg lyst, men
lyt det ligge. Jau, då kriblar det etter å gjere både det eine og det andre, eller du kjenner at motet
forsvinn. Men dei dagane har vore så få, at eg bles i dei!
Eg sluttar nemleg av prosjektet med veldig mange gode tankar. Og synest også at det er viktigast å sjå
mot framtida! Det er jo også det eg inst inne vonar kan bli resultatet av prosjektet; At verftet/verfta tør
å gå vidare med fleire av dei prosessane som har kome i gong på ulike område. Slik at ikkje Kristina,
eller Billy, eller verneombod, eller personalsjef, eller Ståle eller andre åleine skal ha eit ansvar for sine
kjerneområde, men at vi blir eit team som drar i same retning. At vi ser nokre felles mål, og utviklar ein
kultur der folk verkeleg trivst og har det bra på alle måtar!
”Vår forretning, våre produkt og relasjonar skal bygge på tillit. Vi skal våge, vi skal hjelpe – alt
med engasjement!” det er ord på heimesida til Kleven. Og det er kjempebra! Men skal slike ord ha
meining ut mot kundar og samfunn, så må det først vere rotfesta innad i eigne rekkjer. Og der er vi
ikkje i mål enno!
Eg har personleg møtt mykje av den ”hjelpementaliteten”, og ein haug med positive einskildmenneske,
og til alle dei vil eg takke for eit strålande samarbeid! Heile prosjektgruppa har teke ansvar, men utan
det gode samarbeidet med personalsjef Margitt, og Gunnar på Myklebust, så hadde dette gått dårleg.
Og det å jobbe so tett med fellesforbundet , ja det har vore uvurderleg, og det gjeld begge verfta. Men
ein spesiell takk til deg Olav, som eg jamt og trutt lærar noko av!
Mykje av løyndomen ligg gøymt i dette, trur eg, å sjå at vi har bruk for kvarandre, og at vi tør å
”…våge med engasjement”. Men det skjer ikkje i det lukka rom, det skjer når vi saman går laus på
oppgåvene!
Dersom fleire no er medvitne om at vi har noko å strekke oss mot, då kan framtida bli veldig
spanande. Og faktisk trur eg då at litt av det vi har jobba med i prosjektet kan vere gode byggesteinar
for Kleven og Myklebust i morgon. Lukke til!
Dykkar: Thorvald Grønli
Dette har vi brukt tid på
-Mykje av dette skal det arbeidast vidare med og vedlikehald trengs heile tida
Å ha gode rutinar og å sjå kva som er viktig å fokusere på er utfordrande og krev både tid og
engasjement. Det at vi dei siste to åra har hatt HF-prosjektet gåande har gjort at vi har sett inn eit ekstra
gir og fleire har vorte engasjert i arbeid med å forbetre mykje. Ofte kjem tiltak og nye ordningar
”smygande” og vi tenkjer ikkje over kva vi har fått til.
Vi kan være stolte av arbeid som er gjort, både i og utanfor HF-prosjektet, i arbeidsgrupper og i den
daglige drifta på verfta.
Dette er noko av det vi har brukt tid og krefter på:
HMS og tryggingsarbeid
• HMS introduksjon til alle nytilsette etablert
• Tryggingsfilm er laga for å betrer introduksjonsprosedyren
• HMS er på agendaen på avdelingsmøta i produksjonen
• Innført policy og regelverk for rusmisbruk i arbeidstida samt starta alkotesting av personell
• ”HMS Innsikt”, nytt informasjonsblad med HMS som tema. Kjem ut på fleire språk.
• Oppdatering av alle tilsette og innleie på våre HMS rutinar er gjennomført
• Felles HMS planar og tiltak i konsernet
• Sikkerheitskort på fleire språk vert utlevert til nytilsette og besøkande
• Kurs vert arrangert for leiefirma, mellom anna kurs i ”Varmt arbeid ” og ”Bruk av lift”
• Nytt avviksskjema og nye rutinar for melding når avvik oppstår. Avvika vert no registret i
TASK modulen for å følgje utviklinga samt sikre handteringa av rapportane
• Forsterking av industriverna med kompensasjon for deltaking
• Kursing av eigne tilsette i HMS og sikringsarbeid
• ”Safety day” er arrangert på KVE. Liknande dag under planlegging på MVE
Informasjonsarbeid
• Informasjonsplan for å sikre meir og betre informasjon
• Faste datoar for informasjonsmøte, avdelingsmøte og utgiving av Innsyn.
• Det er definert agenda for avdelingsmøta i produksjonen
• Etablert ”HMS-innsikt”. Eit informasjonsblad om HMS.
• Laga og gitt ut ”100- ord ”. Polsk/norsk ordliste
Trivsel og arbeidsmiljø
• Personalhåndbok med regelverket er utbetra og tydeliggjort
• Opplæring for leiarar i regelverk og rutinar rundt personalarbeid, utvikling og leiing
• Medarbeidarsamtalar er gjennomført for funksjonærar
• Arbeidsmiljøsamtaler i prod. med fokus er på kva som fungerer og er bra i avdelinga.
• Betre rutinar for oppfølging og tilrettelegging ved sjukefråvær
• Fokus på sosiale tiltak som bowling, fotballturnering, firmaavtale på treningssenter,
vaffelsteiking, tilgong på firmahytte, og andre sosiale samlingar
• Kleven Turlag med turprogram
Utanlandske arbeidstakarar
• Arbeidsleiarane våre lærar meir om ”Leiing i fleirkulturelt arbeidsliv”
• Språkkurs
• Fotballturneringar for fleire nasjonar og lag
• Katolske gudstenester på polsk
• Samarbeid med biblioteket som no har bøker på polsk og som kan skaffe lektyre på fleire språk
•
Avtalen med treningssenteret for arbeidarar med turnusordning
Godt arbeid utført av mange!
Kjempekontraktar til Kleven Maritime
Kleven Maritime har inngått
kontrakt med Eidesvik
Offshore om bygging av 1+1
avanserte plattform
servicefartøy av typen VS 489
LNG. Fartøya skal utrustast
ved Kleven Verft, levering er
sett til 1. kvartal og 4. kvartal
2012.
Eidesvik Offshore er i fremste
rekke på miljøfokusert drift
av offshorefartøy, med fleire
farty drivne av LNG. På same
tid stadfestar Kleven
Maritime sin posisjon som
pioner i levering av miljøvennlige farty drivne av LNG. Dødvekt er på heile 6 500 tonn, lengde 90
meter, bredde 21 meter, dekksarealet er på over 1 050 m2. Dei miljøvenlege LNG dual fuel motorane
sikrar lave utslepp av NOx og reduserte utslepp av CO2. I tillegg skal fartya utrustast med rensesystem
for ballastvatn, som er eit komande miljøkrav for denne type farty. Wärtsilä skal levere design,
generatorsett, automasjon og elektriske system.
Vidare har Kleven Maritime inngått
kontrakt med Meling Supply AS om
utrustning av eit avansert fleirbruks
plattformservicefarty, design VS 485,
designa av Wärtsilä Ship Design Norway.
Meling Supply AS er eit dotterselskap i
reiarlaget O. H. Meling & Co. AS i
Stavanger. Fartyet skal utrustast ved
Myklebust Verft og leveringsdato er sett
til 28. februar 2011. Dette er tredje
kontrakta til Kleven Maritime innan kort
tid av same type design.
– Relasjonane mellom Meling og Kleven
har vore gode gjennom mange år, og for
oss er det flott å kome tilbake med eit nytt prosjekt, seier administrerande direktør Olav H. Meling i
O.H. Meling & Co. AS.
Dødvekta er på ca 4 500 tonn, lengde 88 meter, bredde 20 meter og dekksarealet er på knapt 1 000 m2.
Fartyet har stor innreiing med plass til 64 personer og skroget er klargjort for montering av kran og
helikopterdekk.
Wärtsilä leverer design, automasjon og elektriske system.
Dei nye fartya representerar ein ny generasjon miljøvenlege og driftssikre plattform servicefarty, der
det er lagt stor vekt på miljø, drivstofføkonomi og lastekapasitet både under og over dekk. Med lett
isklasse (ICE C) vil fartya være egna for nordområda. Avansert utstyr for oljeoppsamling (OIL REC
NOFO 2009) og kapasitet som standbyfarty vil auke attraktiviteten i marknaden.
Kontraktane vil gi store leveransar for mange lokale leverandørar, mellom anna Hareid Elektriske
Teknikk, Rolls-Royce Marine og Brunvoll.
Kontraktsverdi for det fyrste fartyet til Eidesvik er på MNOK 440 og MNOK 375 for fartyet til Meling
Supply. Kleven Maritime har no ein ordrereserve på 11 farty til ein samla verdi på 5,3 mrd.
Kveldstankar her oppe i kranstova
-Ein sommardag i 2010
Når du er kranførar, og har vore det ei tid, får du eit litt anna perspektiv på livet enn folk flest.
Her oppe ser du alt som skjer litt på avstand , og du forstår at alle dei som hastar forbi, på veg til og frå sine
viktige jobbar, berre er små og enkle parentesar i historia sitt forunderlege løp.
Og du ser at dei er omtrent like store – og like viktige - for at rette brikken skal kome på plass, til rett tid og på
rett måte. Anten du kallar deg direktør eller læregut – så er du her for å gjere jobben din, så godt du maktar akkurat no og ei lita stund framover. Du ser dei kome inn porten eine dagen – og ut den neste. Dei kjem og går –
både store og små.
Og – utan at dette må brukast mot oss kranførarar – vi får rett som det er litt tid til å reflektere over det som var
og det som er.
Sånn som no i ettermiddag når eg må vere her på overtid, og sola sakte sig utover fjella og nærmar seg Sogespeløya i vest. Det er heilt stilt på fjorden og berre krusinga etter ein palevode er å sjå. Måsane ligg heilt stille og
ventar på neste oppflot.
Det er ei ganske stille stund på verkstedet, og her i denne solvarme vesle ”stova” mi, må eg berre innrømme at eg
har drøymt meg bort eit lite bel. Til den gongen vi var gutungar og låg utafor Sandvika og drog pale til kvelds.
Likare liv enn det du opplevde ein varm ettermiddag i færingen der ute skal du leite lenge etter. Og tenkje seg til
smaken av nykokte pale med nysteikte brødskiver med masse smør.
Og jammen skal det ikkje mykje til her i denne gudegåva av ein fjord vi har fått, for å leve seg inn i Jakob Sande
sitt dikt – ”Då Gud heldt fest i Fjaler”. Det kunne like godt vore opplevd her utmed stranda.
Ja, eg måtte berre resitere det høgt for meg sjølv her eg sat. Og hadde eg hatt mikrofon og høgtalarar skulle eg
jammen ha sunge det ut her oppe i tårnet mitt, som ein imam frå minareten sin nede i austerlanda, fem gonger
om dagen.
Eg skal ikkje gløyme kvelden, augustikvelden, du veit,
eg låg utmed stranda og pilka den stunda då fisken beit.
I vest stod ei diger kveldsol og lutte mot himmelrand,
men det var ei jordisk kveldsol som skein på ei jordisk
strand.
Fargen i sjøen skifte frå blodraud til silkeblå,
og småfisk kring ripa leika med gylte kruner på.
- Botten på femti famnar låg som eit eventyr
med skimt gjenom myrk koralskog av storfisk og
fabeldyr.
Då var det som alt vart omskapt, eg merka det litt i
senn.
Eg var som Johannes på Patmos, Patmos i Bibelen.
Former og farger skifte på strender og firmament,
det som var kjent, vart ukjent, og det som var ukjent,
kjent.
Fjøra med fuglelivet og skogen i lia der
låg omskapt for augo mine, og kom meg med eitt so
nær.
I staden for tjeld og hegre steig ibis og pelikan,
og palmer og seder susa der før det stod bjørk og gran.
Eg såg meg ikring, forbina, og vende meg fyrst mot
aust,
der tempel imot meg lyste istadenfor gamle naust.
Og høgt over spir og kuplar slo regnbogen opp sin krans
mot veldige, ville snøfjell, lauga i måneglans.
Då såg eg kometen komme, han kom som ein storm frå
sør,
og drog over himmelkvelven sitt blodraude ris av glør.
Velsigna, og høgt forbanna han sigla sin kurs mot nord,
til berre ein gyllen avglans låg att over fjell og fjord.
Då var det eg høyrde songen frå slippen på Salbu
strand,
og ut gjenom stengde portar kom syndarar hand i hand.
Med hammar og tong dei helsa eitkvart som dei såg i
sky,
- eg trur at dei såg mot Staden, Jerusalem, Herrens by.
Eg skal ikkje gløyme kvelden, det var ein augustikveld,
Vårherre heldt fest for folket i Fjaler prestegjeld,
- Bergens stift, som det heitte, – Ytre Sunnfjord provsti.
Gud unne oss alle nåden når timen vår er forbi
Og sanneleg såg eg vitterleg føre meg alle syndarane i skitne kjeledressar stime syngande ut porten her på
verksteda med verktøya høgt heva som faner i prosesjon på veg bort på bedehuset for å få vere med på den varsla
himmelferda. Eg gjekk visst i første rada sjølv og song det eg kunne. Ja, det skulle ikkje forundre meg om ikkje
sjølvaste Vyrde Mannskor måtte gi tapt for slik ein song. Og under over alle under - jammen går dei ilag med oss
dei oppa kontora også.
Og tankane gjekk vidare. Til dei gongane vi rodde oppunder kaia på Vågsneset – eller bort på ”Nesa” som vi sa.
Der var det ingen problem for oss ungane å få kome på land og sjå på alt det spennande som skjedde, og puste inn
den gode lukta av tjære og blymønje, linolje og terpentin.
Og ikkje minst så fekk vi oss ei triveleg stund ilag med han ”Gjerde-Magne”. Han heldt alltid moro med oss
ungane og skrøna oss fulle med dei mest fantastiske historier. Og vi fekk lov til å bevege oss fritt rundt på
verkstedet og sjå på alt som gjekk føre seg. Og sanneleg minnest eg vel at han hjelpte oss å lage skytarjern til 17.mai
også. Det var den gongen fyrstikker verkeleg var fyrstikker, med skikkeleg fyrverkeri-stoff i tennsatsen. Det var før
HMS og hjelm og verneombod og farlege arbeidsplassar var oppfunne.
No til dags er det så vidt det er råd å få fyr på sneipen med fyrstikkene som er å få tak i . Dei er knapt verdige å
kallast hjelpestikker lenger. Ja, ja – det er enno bra at røykelova ikkje har nådd hit opp i ”stova” mi. Ja – forresten –
det er godt dei ikkje torer seg opp hit dei høge herrar – for då hadde dei nok fått seg ein støkk over kor fint vi kan
lage det til i ei slik lita attegløyme.
Nei, no tek visste eine tanken den andre. Her mimra eg om tida før i verda og hamna rett opp i Lisjebø Dagfinn si
røykelov. Ja, ikkje han Dagfinn som hadde butikk i ei skytje uta på skulen ut på Hauge, men han Høybråten som er
inngift i slekta hans Pellemann uta Lisjebøna, de veit.
Når vi først var komne på land her på Nesa, så måtte vi no sjå oss rundt på det som gjekk føre seg. Og låg no
”Ragnvald 1” på slippen for ein sommarpuss, eller ei overhaling så slapp vi gjerne ned i lugaren i matpausa der
han ”Teige-Per og han Arnvid Saure” meir enn gjerne heldt gauk både med oss gutungane og med kvarandre. At
han Per Saure prøvde å roe dei ned, hjalp lite minnest eg.
Han Gjerde-Oskar var også eit vanleg syn her på den tida, og når eg sit her oppe og mimrar må eg berre humre
over historia om han Hermann Sætre frå den gongen han skulle inn på Neset til han Oskar å få reparert propellen
sin. Han hadde fått slått av eine propellvingen oppe i fjøresteinane, og no måtte han ty til han Oskar for å få den
reparert. Ja, han Oskar visste råd, han sveisa og slipte og fiksa den så godt at den vart som ny – ja, han justerte den
også slik at farten faktisk vart betre på båten til Hermann enn den var før. Men, som alle her i Gursken veit.
Hermann var ikkje seg sjølv lik om han ikkje måtte lage ei historie av dette.
Ein dag han og Ingvald Wiik sat nede på benkane på butikken hans Mølle og rølte, fortalde han om denne
reparasjonen.
Og det vart om lag slik:
”Jau, ej tenkte no at ej skulde ha denj tiltrua til ’nå Oskar slik at hanj skulde få prøve seg på å reparere propelli. Ej
kunnje no ha gjort det sjøl, men hanj fekk no prøve si. Han sveisa og pussa det lisje likaste hanj va kar fore. So sette
vi båti på sjønj, og ej skulde gå utat i støda. Men ej hadde ikkje gått longt før ej forsto at her var det noko so va
ravande gale. Det va berre so vidt båti seig, og når vi fekk lagt hånå attåt land og såg utfor ripa så vakje det
vanskile å sjå ka so va gale. Denj propellvengji so han Oskar skulde ha reparert hong berre slapt ned og dengla”.
Ja.ja – om det ikkje er heilt sant – så er det i alle fall godt logje.
Nei, no prøver dei visst å få kontakt med meg desse flittige maurane nedpå bakkenivå. Det er jammen artig å
oppleve kor alle desse babylonarane som er komne til oss veit å gjere seg forstått. Dei skulle sett og høyrt oss
gamlekarane no – om kor internasjonale vi har vorte. Eg snakka jammen meir engelsk enn eg snakka Gursking no
for tida. Det går no forresten nesten ut på det same. Det er gresk for dei fleste begge deler.
Då vi var unge var det berre ein danske ut i ”Myrå” og ein austlending fram i ”Gardå” som var det eksotiske
innslaget her i fjorda. Ja, her var no rett nok nokre kvinnfolk framma Leikong, og ei ova Kristiansunds-kanta eller
kvar dei var ifrå, men jamnt over var det trauste og trygge Gurskingar det meste, fleire generasjonar bokover.
Ja, ikkje for det – det var meir kiving mellom Inste-Gurskinga og Yste-Gurskinga den tida enn det er med alle dei
tilreisande i dag. Det var ikkje uvanleg at det flaut litt blod laurdagskveldane den gongen. Trivelege og flinke folk
dei aller fleste likevel – både den tida og no.
Visste de forresten at då Gurske-kyrkja skulle byggast var det sånn strid mellom bygdelaga at dei starta
frikyrkjemeinigheit i Gjerdsvika og bygde bedehus på Knotten omtrent på same tid? Vi er nok av ein stridige sort,
spør du meg.
Men same kor stridige dei var, det skulle jammen vore artig å sjå augene på gamlekarane dersom dei hadde sett
båtane vi sender ut fjorden i våre dagar. Dei he det finare på do der om bord enn dei fleste hadde det i
bestestovene sine den gongen.
Det er jammen ikkje mykje slapt over propellvengene på desse farkostane, nei.
Ja, når vi snakkar om do. Eg hugsar han Alf Notøy når han fortalde om vinnarlukka si. Han tok mykje lodd i sine
dagar, sa han, men einaste gongen han vann var når dei trekte lodd om bord i Notøy om kven som skulle tøme
dostampen. Då vann han kvar einaste gong.
Nei, no kan ikkje eg site her å vase for meg sjølv lenger. Dei ropar slik på meg at eg berre må sjå til å få sving på
denne krana ein siste gong i kveld. Jammen trur eg ikkje han snakkar kav Sandsøying han som ropar. Og no når
sola nærmar seg yste Rødset, er det vel snart på tide å kome seg heim igjen. Ja, det er nesten som eg gløymer meg
og ser etter færingen eg kom roande hit med som gutunge.
Eg skulle no forresten ha egna ei line før kveldsnytt.
Jammen godt Han held si gode hand over oss kystfolket her i Nordvest enno – og takk for at makrellen snart er på
veg.
Finns det noko betre mat her i verda enn påsalta makrell med nypoteter med skal på og nykokte rabarbrasupe? Det
må i so fall vere blodferske pale uta Sandvikstranda.
”Ein betraktar og fintenkjar”
Samarbeidet mellom Kleven og Rem held fram
Rem Offshore har bestilt sitt 11. og 12.
farty frå Kleven Maritime.
Fartya skal leverast i juni og september
2011 og sikrar kontinuitet i arbeidet på
Kleven Verft.
Tilsette både i reiarlaget og på verftet er
glade for å ta opp att samarbeidet.
Desse fartya har fått byggenr 344 og 345,
er av typen VS 485 MkII, designa av
Wärtsilä, har eit dekksareal på over
1000m² og har ei lengde og bredde på
85x20 m.
Plan over stålbygging for Bnr. 344 / 345
Selskap
Farge
Utska
Stocznia Gdansk
Konrem Nauta
Kleven Verft - Rovde
Reiarlaget Prestfjord er også tilbake hjå Kleven
Det har ikkje vore skrive mange byggekontraktar på nye fiskefarty dei siste åra.
Det er derfor ekstra gledeleg at vår
samarbeidspartnarar frå slutten av 80 åra
kjem attende til oss når dei skal ha seg nytt
fiskefarty.
Nye Prestfjord har fått byggnr. 343, er
designa
av
Rolls-Royce
og
har
typebenemninga NVC 368.
Skroget til Prestfjord skal byggast ved
Stocznia i Polen og ferdig utrusta farty er
berekna levert frå Myklebust i oktober 2011.
Glade kontaktskrivarar frå
Kleven, Rolls-Roys og Prestfjord
”Prestfjord” som var levert frå
Kleven Verft i 1987
Ny metode for å organisere arbeidsplassen
Kleven Verft satsar på 5S
5S er ei metode med referanse til ei liste av fem
japanske ord, som oversatt byrjar med bokstaven
S. Metoden karakteriserast ofte som
«standardisert opprydding», men er mykje meir
enn dette. 5S er ein filosofi og ein måte å
organisere og administrere arbeidsplassen og
arbeidsflyten med den hensikt å forbetre
effektiviteten ved å eliminere sløsing, forbetre
flyt og redusere overflødig prosessering.
5S er ei metode for å organisere ein felles
arbeidsplass for å gje best mogeleg moral og
effektivitet. Målet er at alle til ei kvar tid veit
kvar alt er og ikkje brukar tid på å leite. Det skal
vere raskt å sjå at noko manglar frå sin dediserte
plass. 5S fokuserer på kva som skal behaldast,
kvar det skal oppbevarast og korleis.
Ein godt organisert arbeidsplass er naudsynt for
stabilitet. Ha klare standardar for kvar utstyr
høyrer til, fører til visuell kontroll. Det vert
enkelt å sjå kvar ein har avvik frå standarden.
Grunnlaget for å få til kontinuerlig forbetring og eit godt samspel er skikkeleg orden, system og trivsel
der ein arbeider. Rotete produksjonslokale er ein utriveleg arbeidsplass.
Å lage arbeidsplassen ryddig og organisert vert kalla 5 S i ”Lean” produksjon. 5 S er ein systematikk for
å sjekke tilstanden på arbeidsplassen, finne områda som vi må forbetre og gjennomføre forbetringar på
ein systematisk måte, samt måle effekten av tiltaka.
Dei 5 Sane står for:
1 - Seiri (整理) Sortere: Gjennomgå alt verkty, materiell, utstyr, mm. på arbeidsplassen og behalde berre
det naudsynte. Alt anna kastast eller lagrast ein annan stad.
2 - Seiton (整頓) Systematisere: Fokuserer på effektivitet ved å organisere verkty, materiell og utstyr på
ein slik måte at flyten i arbeidet blir mest mogeleg effektiv ved å ha alt utstyr på rett plass der det
trengst. Stikkord er: reolar, hyller etc
3 - Seisō (清掃) Skinne: Systematisk rydding slik at alt utstyr blir satt tilbake på sin opphavlige plass etter
bruk. Dette skal vere ein del av dei daglege rutinane og ikkje basert på skippertak med rydding når det
er blitt rotete.
4 - Seiketsu (清潔) Standardisere: Standardisere arbeidsoppgåver og rutinar slik at einkvar veit eksakt
kva eige ansvarsområde er.
5 - Shitsuke (躾) Sikre: Vedlikehalde og forbetre standardar og rutinar. Straks dei føregåande 4S-er er
innført, blir dei den normale arbeidsforma. Det skal sikrast at fokus vert halde og at ein ikkje glir tilbake
til gamle arbeidsformer.
5 grunnar til å innføre 5S
1. Trivsel: samhandel for ein betre arbeidsplass. Vi utviklar oss som team gjennom 5 S.
2. HMS: redusere risiko for skadar og farlege forhold
3. Tilgjengelegheit: syte for at maskiner og utstyr er i orden og på plass når vi treng det.
4. Redusere sløsing ( eks. dobbeltarbeid, venting, etc.)
5. Betre arbeidsprosessar: 5 S stabiliserar prosessane våre, som er grunnlaget for standardisering og
kontinuerleg forbetring.
Vedlikehaldsavdelinga på Kleven er valt ut til å køyre pilotprosjektet på dette systemet (det er IKKJE
fordi dei treng det mest!!) Jogeir Skinnes er ein av dei som skal får 5S opp å gå på Kleven og han skal
vere eit bindeledd mellom ”vedlikehaldarane” og produksjonssjefen. Terje Høydal hadde 31.mai
oppstartmøte med dei tilsette på vedlikehaldsavdelinga som kvar på sin plass skal få systemet til å
fungere.
Denne gjengen skal innføre 5S på vedlikehaldsavdelinga
Ikkje rart gjengen vart motivert når Terje viste bilde og teikningar som syner eksempel på før og etter
innføring av 5S. Vi ønskjer gjengen lukke til.
– Og….. vi som ikkje er med i dette pilotprosjektet kan nok også ta til oss litt av denne lærdomen!
FØR
ETTER
Eksempel på at
5S har nytta!
Ikkje papirlaust endå……
Framleis blir der levert ein god del dokumentasjon
av den gamle gode papirsorten. Innsyn knipsa ei
smørblid Lillian Røyset på Myklebust bak permane
som skulle leverast om bord i byggnummer 52, KV
Sortland.
Det blir levert om bord tre sett manualar som
høyrer til det meste av maskineri og utstyr som er
montert om bord. – Dette er eit krav i
spesifikasjonen. Det er klart det er viktig at
mannskapet om bord har denne dokumentasjonen
på plass når dei skal betene alt utstyret om bord,
seier Lillian.
Vi bygg Siem Garnet
.
Siem Garnet er eit godt eksempel på
den spesielle byggemetoden Kleven
har spesialisert seg på.
Ein byggemetode som gjer at vi er
konkurransedyktig,
og
som
kombinert med at vi kjøper ferdige
skrog i utlandet, gjer oss svært
fleksible med tanke på bygge- og
leveringstid.
Byggnr. 335/337 Siem Garnet, som
blei sjøsett frå bedding på Kleven
Verft laurdag 03.07, blei bygd som
modular på 3 forskjellige plassar i
Polen pluss på Rovde. Modulane
vart frakta til Ulsteinvik på lekter og
kjørt inn på bedding ved hjelp av
”multi-wheelers”. På bedding vart
modulane montert saman og meir
utstyr kom på plass om bord.
Maskinromsmodulen blei tidlegutrusta inne i hallen på Kleven Verft
og frakta til bedding der i frå.
Denne byggemetoden sikrar god
kontroll
med
framdrifta
på
stålbygginga og gir oss moglegheit til
korte leveringstider, seier Thore
Veddegjerde som er prosjektleiar og
har eit overordna ansvar for både
kvalitet og leveringstid.
- Vi har brukt om lag 3 månadar på å
montere saman Siem Garnet på
bedding. Etter sjøsetting vil det ta ca
4 månadar å ferdigutruste fartyet og
gjere det klar for levering til reiar,
fortel Thore. Fartyet skal vere ferdig
uttesta og klart til overlevering i
oktober i år.
Siem Garnet er nr. 8 i rekka av i alt 10
stk VS491 som Kleven Maritime skal
levere til Siem Offshore/SingaStar.
Thore fortel at sjølv om vi no har fått
både lang og god erfaring med å
produsere denne fartytypa og at
samarbeidet med reiaren sine
representantar er godt, så er det
alltid spanande og med mange rare
magefølelsar
ein
går
inn
i
uttestingsperioda.
- Mykje KAN gå galt, men det GJER
DET IKKJE, avsluttar Thore.
7 leverte skip fyrste halvår 2010
Mars
Troms Vision
B.339
VS 495 MPSV
Troms Offshore
Mars
Siem Sapphire
B.328/331
VS 491 CD
Siem Offshore
April
KV Bergen
B.49
VS 794 CGV
Remøy Management
Mai
Siem Aquamarine
B.333/331
VS 491 CD
Siem Offshore
Juli
Siem Topaz
B.334/330
VS 491 CD
Siem Offshore
Juli
KV Sortland
B. 52
VS 794 CGV
Rem Management
Siem Ruby
B.342/332
VS 491 CD
Siem Offshore
Ordrar i Kleven Maritime
Full drift på Rovde
Full fart på Rovde
Etter ei tid med lav aktivitet på anlegget på Rovde så er der no full drift igjen.
5. juli starta stålbygginga til byggnr. 344, Rem Commander til Rem Offshore. Dette gjer at både
produksjonshallane og bustadriggane igjen kan fyllast opp med produksjonsarbeidarar.
I veke 27 vart det også sett i sving ytterlegare to sveiserobotar som skal automatisere sveisearbeidet på
Rovde. Erfaringa med den fyrste roboten, som alt har vore i sving ei tid, er gode og forventningane er
store når no dei neste to skal i drift.
På Rem Commander skal det ved anlegget på Rovde byggjast 9 stålseksjonar (ca. 500 tonn) som skal
utgjere maskin- og thrustarrom. I hallane vil om lag 40 personar vere i arbeid. I tillegg kjem Kleven sine
eigne tilsette.
Den siste stålseksjonen på bygg 344 skal leverast frå Rovde i slutten av september, og då byrjar arbeidet
med bnr.345 der ein skal gjere same arbeidet som på bnr.344. Siste stålseksjonen på bnr.345 er planlagt
levert frå Rovde i slutten av desember
Bnr.334 ved kai på Rovd samtidig som bnr.331 utfører slepeprøve
På bildet ser vi b.nr 331 utfører slepeprøve på det nye slepefestet samstundes som b.nr 334 ligg ved kaia på Rovde
Slepefeste
Vi har montert
slepefeste ved
anlegget på
Rovde for å
kunne teste ut
slepekapasiteten
til fartya i SIEM
serien.
Bnr.331 var fyrste
fartyet som fekk
prøve det nye
slepefestet og det
gjekk fint.
Plassen der dette
festet er montert
egnar seg godt til
slik testing der
både djupne på
fjorden og
avstandar elles er
viktige element.
Kapasiteten til
festet er 600 tonn.
Vaskar 17-18 bustadhus i slengen
Myklebust Verft har aldri nokon gong sluttført fire så store prosjekt på eitt halvår før: To kystvakter og
to svære ankerhandteringsfartøy. Ein fredag etter at ringesignalet var gått, gjekk Innsyn opp på brua om
bord i Siem Topaz. Her treff vi brenneoperatør Marianne Moldskred Hauge og sveisar Ingrid Vik
Amundsen. – I sluttfasen på prosjekta er det både mindre brenning og sveising, så då tek vi på oss å
følgje opp vaskinga om bord, seier dei to blide damene. Skuleelevar og ei rekkje lag og organisasjonar
tek på seg jobben med å vaske ned dei ferdige båtane.
Blid gjeng frå Larsnes IL og Myklebust Verft på brua om bord i Siem Topaz: Frå v.: Helga Kristin Tødenes,
Toril Merete Urkedal, Marianne Moldskred Hauge, Ingrid Vik Amundsen og Frode Fuglseth.
Mange bygdelag stiller opp
– På denne båten er det to skuleklassar frå Hareid og folk frå idrettslaga på Larsnes og i Tjørvåg som har
teke på seg nedvasken, fortel Marianne. – Det blir seine kveldar og helgajobbing i denne perioda, fortel
Ingrid. Komande veke blir det tre lange vaske-kveldar før Siem Topaz skal vere skinande klar til
dåpsfesten ved Kleven torsdag 15. juni. Dei to har nettopp fått unna kystvakta KV Sortland. Her var det
skulekorpset i Gursken som stilte opp. – Denne gjengen brukte vi også på forrige kystvakta som blei
levert i mars. Då var det reinhaldsarbeidar Bodil Hauge som leia arbeidet om bord i fartøya. Også
idrettslaget i Gursken har teke sine areal om bor i fartøya.- Foreldra er flittige og gjer svært godt arbeid.
No er dei to spente på å møte nye ansikt frå Tjørvåg og Hareid.
Store areal
Mange detaljar på brua får siste finpuss.
På nokre veker i februar/mars og juni/juli vert om lag 7000
kvadratmeter innreiing vaska ned. Frå golv til tak, i benkar og
skap, frå brupultar til toalettrom. Om vi seier at eit bustadhus er på
200 kvadratmeter så kjem vi opp i 35 bustadhus. – Vi må tilpasse
oss prøveturane og med korte fristar så er det flott at bygdelaga
stiller med mykje folk slik at vaskinga blir raskt gjennomført.
Begge damene deltek aktivt i vasken inn i mellom ”sjefinga”. Dei
syter også for å legge på reint sengetøy til prøvetursmannskapet. –
Vi må drage same vegen for at båten skal bli ferdig – vi står gjerne
litt ekstra på for å kome i mål, avsluttar Marianne.
Ingen veit kva morgondagen bringer…
Kvart år oppleve mange at ein av deira næraste vert alvorleg skada eller sjuk og at tilgong på organ vert
eit spørsmål om liv eller død.
Dei fleste av oss vil nok takke ja til å motta organ dersom det kan redde livet vårt. Men har vi tenkt
godt nok over, og sagt i frå, om vi er villige til sjølv å vere organdonator?
Hundrevis av nordmenn ventar i kø på eit nytt, livbergande organ. Mange dør i køa.
Organisasjonen Organdonasjon skal denne hausten ha ei informasjonskampanje spesielt
retta mot ungdom. Kleven Maritime er med som sponsor for denne aksjonen.
Kva skal du gjere?
- Fyll ut donorkort
Gå inn på:
www.organdonasjon.no
Husk å:
-
Fortel dine næraste om
ditt standpunkt
Fakta om organdonasjon
Dersom ditt livet ikkje er til å redde så kan det bli spørsmål om donasjon. Då vil legen spørje dei
etterlatne om dei kjenner di haldning til donasjon, og be om løyve til å bruke organ for å redde
andre.
Det er det standpunktet du skriftlig eller munnleg har gjort til kjenne som skal gjelde, men det
er dei etterlatne som må svare på dine vegne. Det er difor viktig at du informerer dine næraste
om ditt standpunkt, så sleppe dei å ta avgjersle på dine vegne.
Ein donor kan redde fleire liv. Vi har alle sju organ vi kan gi vekk; hjerte, to lunge, to nyre, lever
og bukspyttkjertel.
Frå polsk til norsk
Sidan april i år har fleire av våre polske arbeidarar byrja på norskkurs i regi av Kleven Verft.
Språkkurs er eit tiltakt både Kleven og Myklebust har sett i gong for å auke norskkunnskapen til dei
tilsette, noko vil gjere kommunikasjonen på verfta enklare.
Kursdeltakarane på dette kurset er delt inn i to grupper utifrå kva nivå dei låg på før kurset starta. I fylgje
lærar Guri Alme er elevane svært positive og lærevillige, og ho tykkjer at dei har hatt ein bra framgong.
På bilete til vestre ser vi, frå venstre: Grzegorz Bojarski, Norbert Huszczo, Rafal Kmiec, Emanuel Legan, Artur
Nawrocki, Pawel Stanislaw Knop. Bak står lærar Guri Alme.
Endringar i styra i Kleven Maritime
Styra i Kleven Maritime , Kleven Verft og Myklebust Verft har alle tre den same styresamansettinga frå
dei aksjonervalde og i tillegg har styra i Kleven Verft og Myklebust Verft 2 styremedlemar kvar som
representerar dei tilsette.
Dei som representerar eigarane våre og som sit i alle tre styra er forutan styreleiar Kjersti Kleven :
Odd Tore Finnøy, Thorolf Hestness, Rigmor Kleven og Nil-Fredrik Drabløs.
Tilsette sine representantar i KVE sitt styre er Olav Høydalsvik og Rolf Arne Skår
Tilsette sine representantar i MVE sitt styre er Arne Leif Værnes og Jan Frågodt.
Nils-Fredrik Drabløs og Rigmor Kleven er nye i styra
Nils-Fredrik Drabløs er 66 år og var administrerande direktør i Ekornes frå 1996,
og konsern sjef frå 2002 og fram til i fjor sommar. Før den tid var han Jens Petter
Ekornes si ”høgre hand” i nokre år, frå 1991. Han arbeidar framleis i Ekornes
konsernet med ulike spesialoppdrag. Forutan å sitte i KMA sine styrer så er han
styreleiar i Møre Trafo i Sykkylven og styremedlem i Safe Road i Ørsta. - Vi er
svært glade for å få del i Nils-Fredrik si lange industrierfaring og ser fram til dette
samarbeidet, seier styreleiar Kjersti Kleven.
Når Nils-Fredrik ikkje er ute i spesialoppdrag for Ekornes, eller sitt i styremøte
rundt om, så brukar han mykje av fritida si til å gå i fjellet og på jakt med
hundane sine, og å prøve å vedlikehalde dei gamle husa han bur i på Emblem.
Rigmor Kleven er 39 år og busett med mann og to born på Gjerde i Ulsteinvik. Ho
er dattera til Asbjørn og Bertha Kleven og representerer Kleven Maritime Holding
i styra våre. Rigmor driv Soltun Invest i lag med Asbjørn og søstrene Mary og
Aud. Soltun Invest og Asbjørn har til saman 22,8% av aksjane i Kleven Maritime
Holding.
Rigmor er eigar og drivar av Barnehjørnet i Ulsteinvik og er også medeigar i
Bianco Footwear, skobutikken på Blåhuset. Rigmor har budd i Oslo i mange år der
ho mellom anna var tilsett i Telenor.
Innsyn ønskjer Nils Fredrik og Rigmor velkomne!
Ut av styra gjekk, no i juli, Elfrid Kleven og Arnt Hana.
Elfrid og Arnt er begge ”gamle ringrevar” i styresamanheng i Kleven.
Elfrid var med i KMA styret alt frå då lokale aktørar kjøpe Kleven tilbake frå Kværner i 1999. Ho har
etter den tid vore med i styrearbeidet både i KMA, MVE og KVE.
Elfrid sit framleis i styret til Kleven Invest AS.
Arnt kom til Ulsteinvik som styrerepresentant i Kværner-tida og har mange periodar bak seg i diverse
styrer ,i inn og utand, for Kværner sin skipsbyggingsdivisjon. Arnt kom med i KMA sitt styre i 2003 og
har frå 2007 også vore fast medlem i styra til KVE og MVE.
Vi takkar Elfrid og Arnt for lang og engasjert teneste, - for denne gong!
Eirin tok fagbrev
På bildet ser vi frå venstre: Magnar Sønnesyn, Sindre
Moldskred, som er leiar i fagnemnda for industrielle
fag, Eirin og Hans Kristian Opsal.
Eirin Nedreberg tok nyleg fagbrev som
industrimekanikar. Ho har gått fire år ved
Ulstein
vidaregåande
skule,
teknisk
almennfagleg linje (TAF) og som ein del av
denne utdanninga har Eirin hatt lærlingplass
ved Myklebust Verft. –Eg har likt variasjonen
med studiar og arbeid og har trivast godt
både ved skulen i Ulsteinvik og ved
Myklebust Verft, fortel Eirin. No ventar ho
spent på om ho får positivt svar på søknad
om studieplass ved ein av høgskulane.
Kystvaktserien til Remøy Management er levert
5. juli kunne Myklebust Verft levere den tredje kystvakta til reiarlaget Remøy Management i Fosnavåg.
KV Barentshav, KV Bergen og nå sist KV Sortland, inngår i det som vert kalla Barentshav-klassa. Dei tre
skipa har ein 15-års leigeavtale med Kystvakta.
Endeleg vatten i Donau og skroget på Bnr. 48, KV Barentshav, er under slep til Myklebust
Treig start
Opphavleg var planen å bygge skroga i Russland, men etter kvart blei det klart at dette skrogverftet
ikkje kunne levere som avtalt. Skrogkontraktane blei flytta til Romania og forseinkingar var ikkje til å
unngå. I tillegg blei prosjektet råka av den største tørka i Donau i moderne tid. Økonomien i prosjekta
blei skadelidande og ei reforhandling av kontraktane blei gjennomført.
Skroget til KV Bergen under slep møter KV Harstad
Festpynta KV Bergen på brygga i Bergen by
Verdas mest miljøvenlege kystvaktfartøy
Når no, endeleg, kystvaktserien er gjennomført så er det gledeleg å konstatere dei mange positive
tilbakemeldingane verftet har fått frå mannskap og reiarlag. Reiarlaget sitt høge fokus på miljø har også
gitt mykje positiv merksemd. Med hybrid kraftproduksjon om bord vert Nox-utsleppa reduserte med 90
prosent og Co2 med 24 prosent samanlikna med konvensjonell framdriftsløysing. Mindre støy og høg
komfort for mannskapet er også eit av dei mange tilbakemeldingane frå båtane.
Godt miljø både for det yte miljøet og for dei tilsette om bord pregar dei ferdige kystvaktfartya
God slutt
Bygginga har gått betre og betre for kvar båt, seier prosjektleiar Roger Paul Hauge. Vi hadde god
søsterskipseffekt på båt nummer to og det er svært gledeleg og oppmuntrande at vi på båt nummer to til
tre også oppnådde ei vesentleg forbetring, seier han. Vi meinar vi har levert god kvalitet og utan tvil er
båt nummer tre ein ”toppare”. – Eit svært nært og godt samarbeid med reiarlaget sine representantar har
sjølvsagt vore medverkande til dei gode produkta, avsluttar Roger.
KV Sortland skal døypast på Sortland i august 2010.
Tid for fest og festtalar:
Forsvarsminister Anne Grete Strøm Eriksen var
gudmor for KV Bergen. Her saman med
representant frå forsvaret, reiar Ståle Remøy og
konsernsjef Ståle Rasmussen
Finansminister Kristin Halvorsen var stolt gudmor
for KV Barentshav som vart døypt i Fosnavåg. Her
saman med Venke Nistad frå Giek og vår eigen
styreleiar Kjersti Kleven.
Kleven Turlag sine turar i haust
Vi ønskjer alle velkomne til tur
Onsdag
14.07
Kveldstur
Ulsteindalen ++
Gamle kraftstasjonen i
Ulsteindalen kl 18
Middels tur i
lett tereng.
Søndag
29.08
Klovetinden
Oppmøte i Barstadvika kl 10
Middels tung tur på ca 4 t
Søndag
19.09
Skårasalen
Vi møtast på Pekas i Myrvågane
og fordelar oss i bilar der.
Tung tur som ein må
berekne 7 timar på.
Gjer sommaren
triveleg for deg sjølv
og andre!
Ta ein titt på
klevenmaritime.no
Heimesida vår!