Påske 2007 - Uskedalen

Transcription

Påske 2007 - Uskedalen
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------PÅSKA 2007
3. årgang
Pris kr. 40.-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Gründaren av trelastlageret
berga båt ved Falklandsøyane
Det var Tørris Sveinsen Myklebust (1894/1967) som i 1929 starta ein av
Uskedalens mest livskraftige handelsverksemder - Uskedal Trælastlager. Men
i dag er det ikkje så mange som kjenner til at han før den tid var ein framifrå
sjøkaptein, som to år tidlegare berga ein annan norsk båt under stor
dramatikk ved Falklandsøyane langt sør i Atlanterhavet. Til høgre er han
fotografert i New York. Til venstre står tre krumtappar i firmaet i dag: Terje
Myklebust, Berit Guddal og Finn Guddal. (Foto: Ola Matti Mathisen)
Side 7-10.
Fjelly - hytta som har
gjeve ly i 90 år.
Side 14-16
Multikunstnar midt i
Uskedalen
Side 4 og 5.
Herskapeleg i Uskedalen
Kapteinsgården, den einaste verkeleg
herskapelege bygning i bygda, er 232
år. Gjennom tre artiklar vil vi fortelja
historia om huset og dei som har budd
der. Dette biletet er eit fotografisk
klenodium, truleg frå omkring 1865.
Fotograf: Johan Koren Dahl (d.e.)
Side 23-25.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 2
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------Leiar
Dalen med dei mange mogelegheiter
Børnes er eit framifrå område – det har til og med
ei djupvasskai som er lite nytta. Den kunne også
vore nytta til cruisebåtar, men no ser det ut som
Halsnøy stikk av med den godbiten……
(Foto Ola Matti Mathisen)
I fjor skreiv eg på denne plassen om magasinet
”Båtliv” som hadde nytta orda ”Et herlig stykke
Norge” som ein karakteristikk av Uskedalen.
Etter møtet som Bygdeutviklingsprosjektet heldt
på Solheim Turiststasjon for stutt tid sidan, vil eg
leggja til ”Dalen med dei mange mogelegheiter”.
Orda er ikkje mine, det var ein sentral person i
næringsutviklinga i Kvinnherad som kom med
dei under møtet: Knut Førland var raus med
rosen til bygda vår og det potensiale som ligg
her, men som vi bør bli meir offensive til å
marknadsføra.
Eit anna ”prosjekt” som Knut Førland kom inn på
under møtet var Uskedalen som arena for
fjellklatring. Han hadde hatt bortimot ei ahaoppleving på nettet då han såg kor kjent vår dal
er for for sine mogelegheiter i så måte rundt om i
verda. No er vel ikkje fjellklatrarar kjente for å
leggja så altfor mykje pengar att etter seg i dei
lokalsamfunn dei frekventerar. Men det bor bør
gå an å få til ringverknader rundt klatringa og
klatringa som ein ”PR-vimpel” for Uskedalen er
klår nok.
Førland kom naturleg nok også inn på det som
kan kallast ”det maritime miljø”. Han streka
under at båt-turisme er eit svært godt produkt og
at Uskedalen er ein perle i denne samanhengen.
Vertshuset er ein svært viktig brikke i denne
”turist-pakka” og den nye
eigar av Vertshuset, Mats Røssland, er vaken for
dei mogelegheiter som ligg her. Han lanserer til
dømes eit data-tilbod for båtfolket og skal byggja
minigolfbane.
Ikkje minst viktig er det å understreka det
Førland sa om Børnes næringsområde.
Kvinnherad saknar sårt slike område for å halda
på ein industri som trugar med å dra frå
kommunen og det er all mogeleg grunn til å stille
dette spørsmålet: Kvifor har ikkje kommunen
gjort meir for å leggja til rette for industrien og
kvifor har dei ikkje då teke i bruk slike område
som allereie ligg der? Ja, korleis det eigentleg
står til med kommunen sin tiltaksfunksjon bør bli
eit svært aktuelt tema i valkampen.
Men det er viktig å se på heile tilbodet i dette
området som ein heilskap. Når reguleringsplanen
om stutt tid blir lagt ut vil eg vona at den kan
tilfredsstilla alle aktørar slik at gamle stridsemne
ikkje set stengsel for det som bør skje framover.
Redaksjonen:
Hanna Kjærland ( 15år )
Ann-Mari Kristoffersen (15 år )
Ola Matti Mathisen (leiar)
Tore Mathiesen (leiar)
Britt Torill M. Mathiesen (leiar)
Kontakt:
Hobbyklubben
v/Tore Mathiesen
Musland 2, 5463 Uskedalen
Tlf: 53 48 66 24/93 83 94 45
For å ”stjela” ei anna setning frå det Knut
Førland sa under møtet: ”Skal vi oppnå noko må
vi stå skulder ved skulder”.
Ola Matti Mathisen
Ola Matti Mathisen
Tlf: 99 37 13 25
E-mail: [email protected]
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 3
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Rettvis, trufast og audmjuk
Av Ole D. Hagesæther, biskop
Biskop Ole D. Hagesæther.
Då Uskedalsposten bad meg skrive andakt til påskenummeret, måtte eg berre svare ja. Minnet
frå opninga av ”barnekyrkja” i desember 2004 har eg med meg som ei glad hending. Vi var så
mange. Vi var så nær kvarandre. Og så var det alle englane som skuleborna hadde forma med
streng og vliselin. Ein av dei var ”tom i hovudet”, slik eg sjølv er mange gonger. Men eg veit
kvar eg kan finne hjelp og rettleiing.
Tidleg kom eg til at eg måtte ha eit program for livet. Eit livsmotto ville eg ha, ord som kunne
sette retning og mål. Eg fann det i studietida hjå profeten Mika, kapittel 6 vers 8:
”Herren har då sagt deg, menneske, kva godt er, og kva han krev av deg: At du skal gjera
rett, visa trufast kjærleik og ferdast audmjukt med din Gud” (Mika 6,8).
Av bibelordet ser eg først korleis eg skal leve i verda som samfunnsborgar og medmenneske:
Eg skal gjere det som er rett. Derfor blir det så viktig for meg at Guds vilje blir mi lov.
Så eit ord om dei nære relasjonane som ven og son og ektemann og far: ”Trufast kjærleik”
skal vere rettesnora.
Og så til sist: Gud, han som skapte meg og som gjev meg livet, han har gjeve seg på vandring
saman med meg. Takksam og audmjuk skal den vere som har fått så godt eit reisefylgje. Går
det godt, så skal han ha æra!
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 4
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Multikunstnar midt i Uskedalen
Av Ola Matti Mathisen
Turid Hellås Lakselv og Tor Jan Lakselv heime i Uskedalen – med eit måleri og eit relieff. (Foto: Ola Matti
Mathisen)
Det bur ein multikunstnar med eit frodig og
mangfoldig talent midt i Uskedalen. Men det er
nok ikkje alle uskedelingar som veit det, for
tromsøværingen Tor Jan Lakselv (67) er heller
smålåten og har halde ein relativt låg profil
sidan han og kona Turid Hellås Lakselv (frå
Sandvoll) busette seg her i 1998. Dei bur rett i
mot bensinstasjonen, saman med dottera Tove
Lill og svigersonen Ronny.
- Eg er nok meir kjend i Hallingdalen enn her,
seier Tor, som no har vore fast ansatt sidan i
1998 for å gje det namngjetne Hermon
Høyfjellssenter i Sudndalen i Hol kommune ein
heilt spesiell og fascinerande profil.
Han hadde aldri før prøvd teknikken murpuss i
relieff som han har nytta der, men han har og
synt sine evner som treskjærar ved senteret.
Eigarane Ruth og Arne Håtveit har gjeve
kunstnaren heilt frie hender og angrar slett ikkje
på det.
- Eg har sagt at dei kanskje burde skifta
kunstnar, men dei vil ikkje ha nokon andre.
Eg formar relieff i pussen og fargesetter etterpå,
forklarar Tor når han er heime att i Uskedalen
etter ei lang arbeidsøkt på Hermon. Han har også
hatt utsmykkingsoppdrag på Bergsjøstølen som
ligg i Ålsfjellet.
Ellers har han sett spor etter seg mange stader i
landet og dette er nokre døme på det:
Ved Saga Maritim Hotell i Haugesund løyste
han ei stor utsmykkingsoppgåve og det same
gjorde han ved Fjordhotellet i Rosendal.
Oslo Lysverker fekk ein spesiell modell av nettet
sitt ved å engasjera Tor og det same fekk Ullevål
Stadion då fotballforbundet ville illustrera kvar
det blir spela fotball i landet.
Men aller høgst av modellkarta sine set nok Tor
det han laga for Norsk Hydro for omkring 25 år
sidan, som rokk frå golv til tak og som viste
konsernet sitt aktivitetsområde offshore.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 5
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Sidan 1998 har Tor hatt fast jobb ved
Hermon Høyfjellssenter i Hallingdal og
gjeve det eit særpreg som ein knapt finn
maken til nokon annan stad. (Foto:
Ronny Lakselv).
Tor er ein svært allsidig
kunstnar! (Foto: Ronny
Lakselv)
Oppdraget krevde mykje arbeid, ikkje minst på
førehand, og folk i konsernet uttala at dei aldri
før hadde sett eit så presist arbeid. Hydro-kartet
vart laga til oljemessa i Stavanger, men har sidan
vandra verda rundt.
Apropos modellar: Tor har laga ein modell av
gruvesamfunnet Litlabø på Stord slik det tok seg
ut på 1930-talet.
Han er også målar, teiknar og skulptør.
- Han får til alt mulig, seier ei stolt Turid. Ho er
den største inspirasjonskjelda hans.
Tor har sett spor etter seg så mange
stader – mellom anna i resepsjonen på
Fjordhotellet i Rosendal. Koparrelieffet
av Kvinnherad har imponert mange.
(Foto: Ola Matti Mathisen)
frå tyskarane etter at faren hadde fått eit vink i
tide.
Ferda gjekk til familiebruket på Kvaløya i
Troms. Etter konfirmasjonen arbeidde Tor først
ved ein mekanisk verkstad i Tromsø og deretter
ved Helly Hansen i Moss.
Så gjekk han inn i Frelsesarmeen og møtte ho
som skulle bli kona hans – begge var kadettar og
vart assistentar på offisersskulen. Seinare vart
Tor feltoffiser i Bergen medan kona vart sendt til
Trondheim.
Tor har no vore kunstnar på heiltid i rundt 35 år
Det vart 10 år i Frelsesarmeen for begge. Dei
og stort sett tent til livets opphald på det. Han er
slutta i Frelsesarmeen 15. juni 1966 og gifta seg
ein kunstnar av natur og har gåvene frå faren,
10 dagar etterpå!
som var svært interessert i teiking, måling og
At Tor er ein god trekkspelar, songar og talar
treskjering. Mulitikunstnaren er sjølvlærd, men
seier seg nesten sjølv.
har hatt nytte av eit ikkje fullført studium i
- Eg trudde eg skulle bli i Frelsesarmeen livet ut.
konstruksjons- og projeksjonsteikning.
At eg i staden hamna i kunsten var nok rett, seier
- Og så har eg hatt mye nytte av mi tid som
Tor når han summerar opp livet sitt.
offiser i Frelsesarmeen, legg han til og opnar for
Paret bygde hus og flytta til Sandvoll etter tida i
historia om livet sitt:
Frelsesarmeen. Der budde dei til i 1995 og så vart
det tre år i Tromsø før Uskedalen vart neste
Han har farsrøtene frå Laksefjord på
stopp. Og her blir dei.
Helgelandskysten medan ein kjem til Finland viss - Du akter ikkje å pensjonera deg?
ein skal leita etter røtene på bestemorsida.
- Slett ikkje, men eg ynskjer å avvikla dei tunge
oppdraga etterkvart og satsa meir på å halda kurs
Men han vart født i Bremanger i Ytre Sogn og
i treskjæring, Eg har hatt slike kurs i Tromsø,
var der til familien i 1943 måtte flykte nordover
Skien og på Stord og trivs med det.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 6
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
10 på gata!
Av Ann-Mari Kristoffersen (15 år) og Hanna Kjærland (15 år)
Spørsmål:
1: Kva skal du gjera i påsken?
2:Har du påskeegg, og kva har du i det?
Martin H.
Arnesen
- Eg skal gå på ski.
- Ja, men trur ikkje
det er noko oppi.
Aslaug
Hjelmeland
- Då skal eg stå
på ski, vera i
fjellet og vera
med venner.
- Ja, det har eg.
Eg får eit
påskeegg av
mammo mi.
Cathrine
Haugland
- I påsken skal eg
vel opp til
Mannsvatnet, viss
det er snø.
- Ja, der har eg
mykje snop.
Aslaug Lyse
-Då skal eg vera
heima i Uskedal.
- Der har eg
mykje godt snop.
Michael Røssland
- Då skal eg ha det
kjekt saman med
familien min.
- Der har eg mykje
snop.
Sigurd Børve
- Då skal eg gå på
ski.
Marit Hauge
- Heima
- Nei, det har eg
ikkje.
Lovise Sunde
- Det veit eg ikkje
enno.
- Eit svært egg
med mykje
forskjellig godt.
Jorun Lise Feet
- Vera heima,
skal få besøk av
mange ungar.
- Ja, marsipan.
Og mykje anna
snop i eit stort
påskeegg til
ungane.
Karoline Neset
- Då skal eg vera
heima og gå på
tur.
- Eg har mange,
med mykje snop.
- Der har eg mykje
smågodt.
FLYFOTO AV USKEDALEN
Kun få flyfoto av Uskedalen att til sals. Bileta er
teke av Erlend Moen. Bilda er lagt ut for sal hos:
Kunst og Ramme
Uskedalen (Byggeriet)
Tlf. 41 50 41 15 / 53 48 75 23
Pris 20x30 95,Pris 30x45 145,Pluss innramming.
-20% på innramming av flyfoto.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 7
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Gründaren av trelastlageret
berga båt ved Falklandsøyane
Av Ola Matti Mathisen
Terje Myklebust, Berit Guddal og Finn Guddal har sin daglege arbeidsplass i
Beinavikjo. (Foto: Ola Matti Mathisen).
Det var Tørris Sveinsen Myklebust
(1894/1967) som i 1929 starta ein av
Uskedalens mest livskraftige
handelsverksemder - Uskedal
Trælastlager. Men i dag er det ikkje
så mange som kjenner til at han før
den tid var ein framifrå sjøkaptein,
som to år tidlegare berga ein annan
norsk båt under stor dramatikk ved
Falklandsøyane langt sør i
Atlanterhavet.
- Eg har gode minner om bestefar. Vi bodde
saman på Endregard – han nede og vi oppe – og
vi hadde god kontakt. Eg minnast han som ein
gamal, snill mann og hugsar spesielt ein gong
han hadde fått ein globus, Då fortalde han med
stor innleving kvar han hadde vore på kloden,
seier sonesonen Terje (født 1950) som er dagleg
leiar av trelastlageret i dag. Tørrris fekk slag i
sine seinare år og var ikkje så mykje med i drifta
frå byrjinga av 1960-talet. Då gjekk sonen hans
og Terje sin far Torolf (født 1927) for ålvor inn
og tok ansvaret.
Men aller først skal det forteljast meir om Tørris
Tørris Sveinsen Myklebust grunnla
trelastlageret. Her er han
fotografert i USA i tida då han var
til sjøs. (Arkivfoto: Terje
Myklebust)
som sjømann og om bergingsbragden langt frå
Hardangerfjordens strender. Det skjer med støtte
i avskrift av radiokorrespondansen og referat frå
sjøforklåringa, som den historisk interesserte
Terje kan visa Uskedalsposten.
Tørris var berre 21 år då han avla
styrmannseksamen i 1915 og berre 27 då han tok
skipsførareksamen i 1921. Han må ha vore ein
svært dugande sjømann, noko han til fulle synte
då han som førar av DS Augvald av Haugesund
berga DS Ullstad av Arendal i heftig uvær
utanfor Falklandsøyane. Det skjedde medan
Augvald, med 38 mann ombord, var undervegs
frå Buenos Aires i Argentina til Taalatal i Chile i
ballast. Om kvelden 29. desember 1927 ba
Ullstad om assistanse då båten hadde brukke
rorstamma og dreiv hjelpelaus i sterk vind og høg
sjø. Båten var lasta med stykkgods og kol og var
undervegs til Sørshetland.
Augvald nådde fram til havaristen tidleg neste
morgon (30. desember) etter at naudmeldinga var
sendt og båten låg og dreiv med vinden. Det vart
fylt vatn i romma på Augvald for å gjera båten
betre skikka til oppgåva. Slepinga inn til Port
Williams, som må ha vore ein svært krevjande
operasjon i det heftige veret, starta midt på dagen
og var vellukka gjennomført seint om kvelden
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 8
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Dette er Augvald, som Tørris var kaptein på då det vart
dramatisk langt sør i Atlanteren. (Arkivfoto: Terje
Myklebust)
Far og son Myklebust: Torolf og Terje. (Arkivfoto:
Terje Myklebust)
den 1. januar. Under sjøforklaringa i Rotterdam
26. juli 1928 vart Tørris spurd om ”slepingen var
forbundet med livsfare”. Det nekta han for:
”Direkte livsfare kan jeg ikke si, men vel stor
risiko seet i det hele”.
enkelt å tjena pengar i dei harde trettiåra. Ei
pakke med fire toms spikar kosta kr. 1.80, men
det var mykje den gongen. No kostar den same
pakka 110-120 kronar.
Men han sa vidare at det var svært stor risiko då
han andre gongen freista å manøvrera Augvald
opp mot Ullstad og ikkje ynskte å setja båt på
vatnet fordi livbåten til Ullstad hade vorte knust
ved første freistnad. Arendal-båten låg då og
slingra og tok vatn over dekket. Om natta mellom
31. desember og 1. januar måtte slepet stoppa då
dei ikkje makta å halde styring på dei to båtane.
Då var det svært problematisk å halda dei frå
kvarandre. Styringa av Ullstad var i det heile
ikkje lett.
Under siste fase av bergingsoperasjonen var også
ein kvalbåt som heitte Hauken med, men det vart
sagt under sjøforklåringa at dette ikkje hadde
vore naudsynt.
Medan denne dramatikken utfalda seg, hadde
Tørris familie med tre små born heime i
Uskedalen. Han var gift med Margit (født
Mathisen, frå Skånevik). Dei hadde
tvillingjentene Karen og Else, som var født i
1921 og Torolf, som var født i 1927. Det var nok
ikkje minst omsynet til familien som fekk han til
å gå på land og bli trelasthandlar i 1929. Det var
ingen som dreiv i den bransjen i Uskedalen og
den næraste konkurrenten var i Herøysund.
Tørris slo seg ned på Eikelandet, der han kjøpte
nokre gamle sjøbuer som han bygde på
etterkvart. Startkapitalen trur Terje var
bergingslønna frå Falklandsøyane og nokre
pengar på bok etter åra til sjøs.
Den nye trelasthandlaren hadde ikkje mykje å
hjelpa seg med. Han hadde ikke eingong råd til ei
trillebår, fortalde sonen Torolf. Men det var ikkje
Tørris hadde ikkje store staben. Han tok inn folk
frå tid til annan og ein av dei trufaste var Nils
Myklebust.
Den tidlegare sjøkapteinen hadde også eit
”tilbakefall” og det knytte seg til den mykje
omtala båten Solfjell, som vart gjort ferdig like
etter krigen. Tørris bygde den i Eidsvik
Skipsbyggeri for 90.000 kroner og var partseigar
i den saman med mellom andre Konrad
Sekkingstad og Endre Dyrøy. Dette var den
første store båten som gjekk ut frå
skipsbyggeriet. Tørris var i starten også
mannskap på han.
Mannskap på Solfjell var også den unge sonen.
Torolf var lærling hos Wickmann på Bømlo før
han gifta seg i 1950 og han stilte frå tid til annan
opp som maskinist på Solfjell.
Torolf var mellom anna med då det vart
transportert material og anna nordover til
gjenreisinga av Finnmark etter krigen.
Rekneskapsboka til Solfjell fortel også om
vellukka deltaking i Islandsfiske.
- Far var ikkje så mykje med på trelastlageret før
1950. fortel Terje.
Firmaet var heller ikkje stort på denne tida.
- Viss ikkje utbyggjinga av SØRAL hadde kome
og gjeve store ringverknader i lokalsamfunnet frå
starten av 1960-talet, ville det stått dårleg til med
Uskedal Trelastlager og lokalsamfunnet i det
heile. Denne storsatsinga gjorde det travlare for
alle, seier Terje.
No har han for sin del vore i firmaet i 42 år. Han
starta som 15-åring i 1965 og minnast at
konkurransen ikkje var så hard på 1960-talet,
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 9
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Uskedalen Eigedomsutvikling kjøpte det gamle
trelastlageret og reiv det. (Arkivfoto: Terje Myklebust)
Over: Uskedal Trelastlager starta på Eiklandet, men
sommaren 2006 vart dei siste restar av bygningane der
reve. Her skal det reisast bustadhus. (Foto: Ola Matti
Mathisen)
Venstre: Denne notaen frå trettitalet fortel om eit anna
prisnivå enn i dag. (Arkiv: Terje Myklebust)
Gravdal Skipsbyggeri på Sunde var den største
konkurrenten. Men så byrja ferdighusfabrikkane
å gjera seg gjeldande og Uskedalsbedrifta kasta
seg naturleg nok med i dansen. Trelastlageret
byrja med ferdighus i 1968/69 etter å ha kjøpt
teikningar frå arkitekt Arne Sviland på Sandnes.
- Husa var lettseljelege og transaksjonane gjekk
ofte kvikt føre seg. Det vart skreve under
kontraktar utan eit einaste tal, fordi dei skulle
førast på etter kontakt med Husbanken, minnast
Terje.
Trelastlageret gjorde det godt med ferdighus. I
fleire år var dei oppe i leveransar av 35-40 hus i
året og husa vart leverte til heile Kvinnherad og
også til Skånevik. Det vart ei travel tid og lageret
på Eikelandet vart for lite. I 1971 vart storbygget
i Beinavikjo reist etter at tomta var kjøpt av den
siste sjefen for den nedbrente hermetikkfabrikken
– Gunnar Flatebø. Dei hadde sjølve ein stab som
kunne variera mellom 10 og 15 og leigde ellers
inn snikkarar.
Ferdighusproduksjonen heldt seg oppe til rundt
midten av 1980-talet, men konkurransen vart
etter kvart hardare og leveransane gjekk ned.
Terje fortel:
- Det var fleire og fleire som skulle dele ein
marknad som minka og det vart mykje
vanskelegare å tjena pengar. Ei nedskjæring og
tilpasssing vart naudsynt. Vi kutta ut lagerhaldet
på Eikelandet og butikken i Uskedalen og femseks personar vart oppsagde. Men vi heldt fram
med butikken på Husnes, som var starta i 1976
og som gjekk godt. Den opphøyrde først for
nokre få år sidan. I 2001 starta vi butikk att i
Uskedalen – i tillegg til lageret i Beinavikjo. No
har vi sju årsverk og ni på lønningslista.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 10
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Kåre Guddal utanfor butikken – i 2007. (Foto: Ola
Matti Mathisen)
Akkurat no har vi tre tømrarar og byggjer
eit hus på Valen for Byggpartner
Kvinnherad. Det er lenge sidan sist vi bygde
hus og vi vil helst ikkje inn i huskarusellen
att. Vi satsar heller på rehabilitering,
garasjar, golvleggjing, måling og
tapetsering ved sida av salet av alle slag
byggjevarar.
Å byggja eit nytt hus i dag er ein
tidkrevjande, svært byråkratisk og krevjande
prosess. Det blir stutt sagt for mykje styr og
tidsspille.
Men viss vi ynskjer det kan vi levera både
Mesterhus og Systemhus – dei er ei del av
Byggeriet.
- Kva er konsekvensen av at dykk er tilnytta
denne kjeden?
- Stort sett gjer vi framleis som vi vil, men
vi har store fordelar av samla innkjøp og
felles marknadsføring. Dette har i det heile
vore ein svært vellukka operasjon. Vi
bestemmer vareutvalet sjølv.
Dette ferdighuset bygde Uskedal Trelastlager i
Halsane i 1980 – for veterinær Karl Johannes
Hellestveit.
Det nye anlegget i Beinavikjo vart reist i 1971 og dette
biletet vart teke like etterpå. (Arkivfoto: Terje
Myklebust).
- Kva skjer så med Uskedal Trelastlager? Vil
generasjon nummer fire ta over?
- Jau, det er arvtakarar, svarar Terje Mykebust.
Sundagstur til Flatholm i 1955. Kindt-hytta var under
byggjing og frå venstre står Berit, Terje, Tørres, Anton,
Erling og Tor – alle med etternamnet Myklebust! (Arkivfoto:
Terje Myklebust)
Bedrifta dreiv også ein periode med produksjon av
betong-element på Sunde og denne
ekspedisjonsbygningen for HSD i Rosendal var eit av
resultata. Bygningen er seinare flytta frå kaien til
Kvinnherad Elektro. (Arkivfoto: Terje Myklebust)
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 11
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 12
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
TUNET I DET BLÅ – på Skorpo
Av Olaf Agnar Gausvik
Over: Herbrand Lavik skreiv
”Tunet i det blå” under
krigen
Venstre: Skorpo i dag i
fugleperspektiv. (Foto:
Erlend Moen)
”Godtskalk på Hatt giftet seg tre ganger.
Første gangen giftet han seg for pengene.
Andre gangen giftet han seg for ætten. Men
tredje gangen, da han fikk Bol Eiriksdatter
heim, da mente folk at det måtte være lysten
som dreiv.”
Slik innleier Herbrand Lavik romanen ”Tunet i
det blå” som kom ut på John Griegs Forlag i
1945. Lavik hadde då budd i Uskedalen og på
Skorpo ei tid og var blitt godt kjend med bygda
og folket der. Og vi skal ikkje ha lese mange
sidene før vi kjenner oss att både på øya Hatt og i
fjorden, bygdene og på gardane rundt omkring.
Snilstveitøya er blitt til Segeløy, Ulvanåso til
Svanetind og Tysnes til Frøysnes. men
geografien er ikkje til å ta feil av.
Når Bol ser over sundet mot Hatt, er biletet slik:
”Der lå den, smal og svart og kvass, halve milen
lang, med veldige ufser og mørke sva. Den var
som et knivsblad, rusten etter sidene, skåret i
eggen. Men enda skar den seg byrg og bratt fri av
sjøen og landet. En vill og styrløs linje tversover
himlingen. Bare innerst seig den noe utover, den
krøkte ryggen og spente veldige, svarte knær mot
folket i dalgapet.”
Handlinga er lagt til dei harde åra heilt i byrjinga
av 1800-talet. Napoleon herjar ute i Europa og
engelske krigsskip prøver å isolera Noreg frå
Danmark og resten av verda. Livet og levekåra til
folket i den vesle fjordbygda blir skildra så
realistisk og detaljrikt at ein blir storleg imponert
over all den kunnskap Lavik må ha site inne med
og som han greier å formidla på ein svært
realistisk og truverdig måte. Vi møter bønder,
husmannsfolk, tauser og drengjer, offiserar og
handelsmenn i kvardag og høgtid, får leva med i
deira tru og overtru, og får klår forståing for kor
avhengige dei var av naturtilhøva og dei
avlingane dei kunne pina ut av jorda, og dei
skattane som futane til ein krigsglad konge pinte
ut av folk.
Dette åleine gjer boka svært lesverdig og
interessant som rein lokalhistorie.
Likevel er det lagnaden til den sterke og
rakryggja ungjenta Bol frå Ørrust som er det
berande temaet i boka, og som gjer sterkast
inntrykk. Draumen hennar om å bli gardkone på
Hatt, går i oppfylling, ”men det visste hun, at det
var ikke Gotskalk hun giftet seg med. Det var det
trolske riket hans på Hatt, dette tunet i det blå.”
Men denne draumen kjem til å kosta henne dyrt i
form av beinhardt slit.
Møtet hennar med husdyra på Hatt, skildrar
Lavik slik: ”Det var verre enn hun hadde trodd.
Vrålet stod under taket, og stanken tok om
strupen på henne. Kyrne skramlet og kavet for å
komme seg på føtter, no det kom folk, men to av
dem greidde ikke å sette klauv under seg. Skrinne
som hesjer var de, en kunde se kalven i dem,
uflidde og bustete, møken lå i skover på dem.
Møken hadde de bare hatt bortover mot gluggen,
den borterste kvigen stod i møk til hasene, det
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 13
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Skorpo er eit fristande turmål. (Foto: Ola Matti Mathisen)
hadde vært sleipt og vått på båsgolvet hennes, så
hun hadde skamfert seg mot fjøl og stokk, når
hun glidde. Juret var bare skorper, og på den ene
lenden hadde hun et stygt sår aom aulte av
makk.”
Men med klokskap og hardt arbeid får Bol
garden på fote. ”Det var makt i ønskene til Bol.
Det gikk dem godt. En stor sommer var den
andre sommeren på Hatt. Det var som det blømte
under hendene hennes.”
Forholdet til Gotskalk er det tyngre å gjera noko
med. Hatt-bonden er ein godlynt mann, ”men for
alt det han ellers vilde henne, kunne han like godt
ha ligget ovenpå fellen som en annen
lørdagsfrier.”
Men så tek handlinga ei ny, men kanskje ikkje
heilt uventa retning.
Fjorden gikk svart og litt hyfsen, det var ingen
fartøyer å se uten en råseiler som kom ut av
Nauasund, den lå mot Nordøyane og skulde inn
fjorden.” ”Det dømte fartøyet kom med slikt mot
og slik ofse.” ”No kunde de se folk om bord.
Men bare en mann. Han stod ved rorkulten og
peikte fartøyet sitt rett mot den smale sandfjøren i
botnen av vågen, han vilde strandsette skuten.”
Og mannen som her strandset ein slupp med ei
god kornlast, er Heine Vargås, sjømann og
bjørnejeger som har fått skote av seg eit par
fingrar under tenesta som kongeleg gardist i
København.
I spenning fylgjer vi så det dramatiske livet til
folket på Hatt gjennom personlege og sterke
opplevingar, med Norges-historia som bakteppe.
Boka til Lavik er det framleis mogeleg å få fat i.
Med litt søking på Internett og kontroll av listene
til ulike antikvariat, fann eg i alle høve eit
eksemplar for utrulege 60 kr pluss frakt. Det
beste bokkjøpet eg har gjort på lenge.
Som sitata ovanfor syner, er språket i boka
spesielt. Det er i utgangspunktet eit korrekt
riksmål, men med eit ordval og innlagde
vendingar som gjev det både ein tidsrett stil og
eit fint dialektpreg.
Eg har høyrt fortalt at ein uskedeling som hadde
lese boka, ein gong spurde Herbrand Lavik om
det var slik at det var gjennom sine mange
samtalar med gamle Haktor på Skorpo at han
hadde funne fram til nokre av dei spesielle orda.
Lavik skal ha sagt at svaret var å finna ved å slå
opp i ”Riksmålsordboken”.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 14
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Fjelly - hytta som har gjeve ly i 90 år !
Av Hanna Kjærland (15 år )og Ann-Mari Kristoffersen (15 år).
Haust ved Fjelly.
(Foto:Audun Eik).
Dei fleste uskedelingar har eit nært
forhold til heimen sin, men og mange set
stor pris på vår felles hytte på
Hauglandsfjellet, Fjelly. Den har vore ein
populær valfardsstad i heile 90 år, både
for gamal og ung. Mange har nok hatt
mange flotte naturopplevelsar rundt
Ungdomsslaget si hytte ved Mannsvatnet.
Dette er ei hytte som byr seg fram til
sosialt fellesskap. Den kan gje ly til mange,
både store og små.
Det var Dagny Tyse som først hadde ideen om
hytta. Ho var lærar her i Uskedalen. Ideen var at
dei som gjekk i fjellet skulle ha ly når dei var på
fjellet. Det blei valt ei nemd som skulle arbeida
vidare med saka, dette var Jonas Våge(formann),
Sigurd Dønhaug, Harald Myklebust , Peder
Musland og formann i ungdomslaget Karl Eik.
Nemda gjorde eit godt arbeid, eit arbeid som det
står vyrdnad av, og som ho har æra av i dag og.
Jonas Våge var arbeidsformann på hermetikkfabrikken i Beinavikjo. Han fekk mellom anna
alle på fabrikken til å gje ei dagslønn kvar til
hyttebygginga. Det var 5,- kr og mange gav
sjølvsagt meir. Den største gåva kom likevel frå
Sjurd Lote i Haugesund. Lote kjende til
Uskedalen då mange jobba hjå han på sildearbeid om vinteren. Han var og ein stor avtakar
av sauekjøt frå Uskedalen.
Bygginga av hytta starta i 1917 med mange
frivillige. Fire Andreasar ( A. Haugland,T.
Haugland, Dønhaug og Musland ) bar opp
ramma. Gutar og jenter møtte fram til Kjeldhaug,
alle bar opp det dei klarte av material. Og dei
kom heilt fram til Storhaug den fyrste kvelden.
Nemda, saman med mange andre, brukte mange
laurdagar den sommaren til å få alt på plass. På
Mannsvatnet vart alt lagd på flåter og drege etter
liner langs stranda. Johannes Wang stod for
oppreising av hytta, kledning og sutak med papp.
Så vart resten av arbeidet gjort av frivillige på
dugnadar.
I 1918 kom skifertaket opp. Dei som skulle opp
til hytta, fekk beskjed om å ta med seg ei hella
opp. Det blei ganske mykje bæring.
Inne i hytta var det bare nokre køyer. Madrassene
var av halm og lyng. Det var tregolv der. Men
den var ikkje skikkelig isolert, dei prøvde på
noko men det blei ikkje gjort ferdig. Det var røyr
til vedomnen.
På 50-talet var hytta ganske til nedfalls, hytta
stod open og dyra brukte den som ly. Omnen var
nedrusta og hytta var ikkje noko triveleg. Då vart
Arne Terje Haugland valt til formann i
hyttestyret, og ei storstilt oppussing av hytta blei
starta. Thor H.Myklebust vart kontakta, og han
gjekk over hytta og la ein plan for kor arbeidet
skulle starte. Oppussinga kosta sjølvsagt pengar,
men dei slapp å ta opp eit lån. Dette unngjekk dei
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 15
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Sentrale personar i
ungdomslaget: Hytteveteranane Arne Terje
Haugland og Audun
Eik og formann
Thomas F. Eide.
(Foto: Ann-Mari
Kristoffersen)
grunna gode inntekter på dans og kakelotteri. Det
var ikkje sjeldent at 5-600 billettar vart selde på
ein dans. Blautekakene forsvant som ein røyk!
Hytta blei ikkje berre pussa opp, men dei fekk og
båten opp, dette er den same båten som ligg der
oppe i dag. Den vart bygd av Alfred Eidsvik, han
som starta Eidsvik Skipsbyggeri.
Dei starta med å bera båten opp ein laurdag. Då
folk kikka ut på søndag morgon, var det allereie
tjukt i folk som bar båten saman oppover lia mot
hytta. Dugnadsånda var stor!
Når hytta sto ferdig oppussa på midten av 60talet, vart ho svært mykje nytta. Arne Terje
Haugland fortel at fleire hundre var oppe fleire
dagar i påsken. Det var både slalom og hopprenn.
Bruken av Uskedalsfjella dabba kraftig av etter at
vegen til Blådalen vart opna for allmenn ferdsel.
Naustet kom opp på 70-talet. Byggmester var
Bjørn Ove Sunde.
Båten er fortsatt godt brukande, men den må
fiksast litt. Det er ein liten lekkasje i båten.
Naustet har fått nytt tak ein gong. Ellers er det
berre småting som har blitt fiksa, nye naustdører
og den slags.
I 1998 vart hytta pussa opp til slik ho er i dag.
Tak, veggar og golv vart isolert. Det var ikkje råd
å byggja det nye saman med det gamle då hytta
var blitt så skeiv. Edvin Kjærland var med og
gjorde mykje godt arbeid. Solcellepanelet kom i
2000, dette gjev lys i hytta. Ellers er det vedomn
og gass til oppvarming og koking.
Over: Naustet er bygt – for om lag 30 år sidan. (Foto:
Kristian Bringedal)
Under: Dugnad på Fjelly omkring 1970. Trygve
Fredheim i dørglytten (Foto: Mari Haugland)
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 16
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Då Gerhard Skaala eigde Fonnafly vart fly mykje nytta til
materialtransport til Mannsvatnet – for ein rimeleg penge.
Dette bildet er teke omkring 1975 og framfor flyet står
brørne Atle og Stig Fredheim. (Foto: Mari Haugland)
I den nye delen er det liggeplass til heile ni stykk,
inkludert hemsen. Men, dei fire gamle sengene
gjev liggeplass til åtte, viss dei er gode vener.
Det er klart at det i alle år har vore ei storstilt
dugnadsånd, når det gjeld Fjelly. Framleis er
mange av dei eldre ildsjelene like viljuge til
innsats.
Kva tid kom utedoen til hytta? Og kva hadde dei
til do før?
- Utedoen kom vel i ca 1993/94. Då var det stor
opning av doen! Før hadde dei bare frisk luft, kan
du sei. Dei hadde murt ein ring som dei hadde
sett ein planke over, seier Arne Terje Haugland.
- Når det gjeld proviant og liknande, tar vi som
regel med oss proviant opp når vi er på dugnadar,
seier formann i hyttestyret, Audun Eik
- Men veden skaffar vi oss der oppe. Før så var
det slik at du skulle kløyve like mykje ved som
ein hadde nytta. Det kan vel vere ein god regel
også idag, seier Audun.
- Det er ikkje nokon plass å ha veden, slik at den
held seg tørr, men det skal nok koma ein gong,
legg Audun til.
- Er folk flinke med å vedlikehalda hytta/ta inn
ved til nestemann? Har de fått mange klager på at
folk ikkje er flinke nok?
Fjelly like etter at hytta var reist i 1917.
Skifertaket er enno ikkje på plass. Dei som sit
foran er ikkje identifisert.
- Det kunne ha vore betre, men som sagt så er det
vel hyttestyret som har halde på med dette. Dei
som lånar hytta er ikkje pålagd til å gjera det.
- Kva tid på året er hytta mest brukt?
- På ettersommaren er hytta mest brukt. I 2006
var det tidlig i mai månad og, men helst på etter
sommaren/hausten. Hytta har vore lite brukt på
våren / påsken no. Før var det nesten ikkje mulig
å få plass på hytta om påsken. Hytta blei mykje
meir brukt før i tida enn kva den blir no, seier
Audun og Arne Terje.
Det kan ikkje vera prisen det står på, for den er
ikkje avskrekkande. Døgnleige er kr. 75.-, pluss
kr. 25.- pr. person. Kontaktperson er Audun Eik
og Tor Jarle Kjærland.
Vi vonar at 90-årsjubileumet vil føra til at endå
fleire vil ta turen opp i åra som kjem, og få
inspirasjon til å nytta fjellet endå meir. Det gjev
energi til nye tak i kvardagen.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 17
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Daltræk for 100 år sidan
Av Ola Matti Mathisen
kulturhistorisk klenodium som vi skal bringa
utdrag frå både her og i seinare nummer av
Uskedalsposten.
Men det er ikkje mykje opplysning ein får om det
som hender i bygda når ein les dei første numra
av Daltræk (senere Daltrekk). Heller ikkje er det
mykje stoff som attspeglar dei nasjonale
spørsmåla ungdomslaget var så prega av – på eit
høgare organisatorisk nivå. Desse spørsmåla
trengde truleg i mindre grad ned til grunnplanet.
Til dømes kan ein ikkje spora i avisa at 1905 var
eit svært viktig historisk år. Men fråhaldssaka er
det skreve mykje om, særleg med referanse til
aktuelle observasjonar og hendingar i Uskedalen.
Helgheim vart Vonheim, I dette huset vart dei første
årgangane av Daltræk lese opp om sundagskveldane.
(Foto: Ola Matti Mathisen)
”Det er nu om vort ungdomslag et ord jeg
sige vil, hvis I vil laane øre og lytte lidt
hertil.
Hva skal vi nu vel gjøre med denne
sløvhedsaand, som nu for tiden indvikler
vort lag med sine bond ?”.
Denne meldinga på rim stod å lesa i den
handskrive avisa Daltræk søndag den 1.
desember 1907.
Og det var all grunn til å vera ottefull, for det
førre nummer av avisa kom kom ut så tidleg som
27. januar det same året. Ungdomslaget var
tydeleg inne i ei djup krise. Styret vart beden om
å manna seg opp og få fart på laget, for
alternativet var at det ” blir omstyrtet og huset
auksjonert” som psevdonymet ”Frk. Anna”
formulerte det.. Men det gjekk altså bra –
Uskedal Ungdomslag levde vidare og gjer det
framleis. No er laget 119 år gamalt!
Daltræk med undertittelen ”Upolitisk blad for
Uskedals Ungdomslag” vart starta 13 år etter
stiftinga - i 1901 - og ungdomslagshistorikar
Kristian Bringedal har presentert for oss avisa frå
1902 til 1907. Den er eit interessant
Sjølvsagt er det også ofra spalteplass på det
faktum at ungdomslaget fekk sitt eige hus
innunder jul i 1902 (det som seinare vart flytt
oppi dalen og vart til Vonheim).
Pastor Andersen heldt innvigningstale, det vart
sunge ein sang som Andreas Bjelland hadde laga
og Lars Wang deklamerte sitt eige dikt.
”Begge disse gjorde stor succes d`estime”,
kommenterer redaktøren og svingar seg altså inn
i det franske. Redaktøren må ha vore den same
Wang! Her er eit av versa i diktet hans:
” Lad Helgheim leve med søndagsfred
og aldrig legge sit virke ned,
lad altid ungdommen hånd i hånd
gå freidig fremad med fredens ånd,
da vil vor fremtid lysne mer
og ungdomslaget bli os kjær,
da vil vi engang samlet stå
i kampen for vort mål at nå”
Dei handskrive blada har lange tradisjonar her i
landet og i dei frilynde ungdomslaga og andre lag
kom dei til å verta fast innslag på festar og møte.
Og lesinga av Daltræk var utan tvil eit
høgdepunkt under møta på Helgheim, som truleg
alltid vart halde på sundagar. Lars Wang var den
fyrste bladstyraren. Den neste var Anders
Bjelland, og han overtok frå l. januar 1904.
I hundreårsboka skriv Kristian Bringedal at
Daltrekk gjev eit godt innsyn i kva ungdomslaget
stod for, kva medlemene tenkte og meinte og
ikkje minst kva dei tykte var underhaldande og
morosamt. Mykje av stoffet var henta frå ulike
kjelder, men mykje var også skrive av
ungdomslagsmedlemmene sjølve.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 18
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------”Nogle ord til ungdommen og for ungdommen”.
Han spurde: ”Hvorledes skal man vække
interessen for ungdomsarbeidet?”
”Det går ikke an at sperre ungdommen inde og
stænge alle veie for den. Skal ungdommen trives,
bli sterk og optage kampen efter vore fædre, må
veiene ligge åbne for dem, de må få anledning til
at samle sig et fond, nyttig for livet. De må få lov
at hente kræfter af egen erfaring”, skreiv Wang,
Det var ofte store sprang i stoffvalet
Den samme Wang (då redaktør) hadde ein lang,
filosoferande og høgst alvorleg artikkel ved
nyårsskiftet 1902/1903, men like etterpå slapp
han til ein sprelsk og i høgste grad munter
artikkel av Knut Møklebøst under titelen ”Når
man falder i klørne på sinte kvinnfolk”.
Vitsespalte var også eit fast innslag..
Så vakkert innleia redaktøren året 1903.
Hovudvekta låg på det enkle, kjende og
heimlege, Daltræk/Daltrekk var oftast det
vissaste programinnslaget på møta. Når alt anna
svikta, kunne dei lita på avisa. Skriveføre
ungdommar hadde der sine første journalistiske
produkt. Bringedal nemner Bjørn E. Myklebust,
Wilhelm Bjelland, Sigrid Eik og Engel
Steinsletten. Men slett ikkje alle ville sette
namnet sitt under artiklane – dei skreiv under ofte
merkverdige namn som Tobias, Pengelens og
Hoffmann.og mange nytta initialar.
Mykje av innhaldet i avisa hadde ei alvorleg,
idealistisk målsetjing. Likevel var ikkje alt
som stod i Daltræk like positivt, det hende og at
lagsbladet skapte eller skildra strid og
misstemning. Ei delikat sak dei fyrste åra var
tydelegvis at formannen leigde ut Helgheim til
notbøting. Da var innlegga skarpe og den same
formann fekk unngjelda.
Av og til vart innlegga i skarpaste laget. Ein
gong kom det ei presisering frå redaktøren om at
dei som skreiv måtte oppgje namnet sitt til han:
”Fleire modtagne inserater uden navn har også
vært i den grad harselerende at optagelser af
samme ikke har været forenlig med den gode ånd
og samarbeide, som er nødvendig inden et
evneverdigt ungdomslag”.
I eit anna tilfelle sette redaktøren sjølv punktum
”for at bryte alt vrøvl”.
Palmesundag 27. mars 1904 hadde Lars Wang
ein lang og tankevekkjande artikkel under titelen
Utvandringen til Amerika var naturlig nok
framleis eit aktuelt tema og Bjelland hadde ein
artikkel i 1903 med bakgrunn i at ”utvandringen
ofte fortolkes som ”en nationaløkonomisk skade
for vort land og som et evis på liden
fædrelandskjærlighed og nationalfølelse hos vort
folk”.
Her peika han mellom anna på at det i 1902 kom
3,75 millioner kroner attende til Noreg frå
utvandrarane og at det hadde kome over 23
millionar frå Amerika i dei siste ti åra.
Ein protest
Naar nogen siger at ungdomslaget er skyld i
de udsjeielser og lasaronstreger som
undertiden kan finde sted i dalen, da
protesterer vi og siger at sligt er løgn og
sludder.
For det første saa kan det bevises at de som
har særmerkt sig ved sin lasaronagtige
optræden de besøger ikke ungdomslaget
andre tider end naar de har fest og de da kan
fa lure sig ind uden at betale.
Og selv om medlemmer af laget gjør sig
skyldig i noget tatermæssigt saa har man
ikke større grund til at skylde laget derfor
end for eksempel man vilde have til at skylde
prester og lægpredikanter for at her er saa
mange syndere i blant oss.
Redaktionen.
(Daltræk søndag 7. februar 1904)
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 19
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Førehandstinging:
150 sider med underfundige skjemtevers, viser
og meir alvorsame dikt.
Kr. 150,- med dedikasjon.
Kjem i mai
Kontakt:
Thor Inge Døssland
93288237/ 53486575
A1 grafiske
5463 Uskedalen
Tlf. 53 48 25 00 / Fax 53 48 25 01
E-mail:[email protected]
www.eidsvik.no
LISES BRUKT
Mykje fint i gamalt og antikk:
Golvsymaskin – Golvrulle
Bord – Stoler – Senger
Bilder – Steintøy
Radioer – Båtkoøyer – Lykter
Vaskeservant – Nattbord - Kister
Alle bøker ½ pris.
Ope: mån., ons. og tors. 10.30-16.30.
Fre. 10.30-15.30, Laurd. 10.30-15.30.
Tysdager Stengt.
Tlf. 53 48 63 46 / 48 02 16 29
GOD PÅSKE!
RH RACING
DIN KVALITETS RC LEVERANDØR
RH Racing er forhandlar av kvalitets merke som:
Modell Racing Fuel - Futaba radio utstyr -Arc fly
Super tiger flymotorer - Traxxas biler som T-Maxx og REVO
Vi skaffer det meste til ein lavere pris ein dei fleste !!
Uskedalsvegen 685
5463 Uskedalen
E-post: [email protected]
Tlf: 416 13 880
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 20
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Fredagsforum
Av Britt Torill M. Mathiesen
Pianoet er alltid populært. Kaia, Marte og Eirin
Ein tjuvstart på laurdagskvelden!
Etter å ha vore med på Fredagsforum ein kveld i
februar, er det tydeleg at dette er ein aktivitet
ungane frå 4. klasse og oppover set pris på.
Kvelden byrjar klokka sju, men mange ungar er
allereie på plass når eg kjem kvart på sju. Denne
kvelden er det 28 stykker som møtter opp, og det
ligg på rundt dette, seier Mari Ann Myklebust,
som saman med Jan Tvedt er dei trufaste leiarane
på Fredagsforum.
Etter andakten, syng dei, og det er lett å høyra at
ungane faktisk likar å syngje. Det er god trøkk i
dei når dei set i med songen Bli kjent med Jesus.
Fast innslag på Fredagsforum, er loddtrekkning,
gratis lodd - eit til kvar. Johannes Haugland er
den heldige vinnaren i kveld, og jammen er det
mykje spennande i presangen.
Denne kveld er fyrste samlinga etter at
Fredagsforum/Unge Røyster var på felles leirtur
til Solgry i januar. På grunn av dette er dei som er
yngre enn 4. klasse, og som var med på leirtur,
invitert. Alle benker seg for bildeframvising, og
bilda blir livlig kommentert av dei som var med.
Det er tydeleg at det var ein vellykka tur! Etter
bildeframvisning, er det fleire av dei som ikkje
var med som kjem og spør kva tid det er leir
neste gong, og om det er fleire leirprogram. Eg
tippar det blir minst like mange med neste gong
det arrangeres fellestur, og fleire fellesturar blir
det, lovar Mari Ann.
Det er tid for andakt, og i kveld trekkjer Mari
Ann fram den lille Bibelen, Johannes 3.16. ” For
så elska Gud verda, at han gav Sonen sin den
einbårne, så kvar den som trur på han ikkje skal
gå fortapt, men ha evig liv.” Det er nokre
spørsmål undervegs frå ungane, og det synest
Mari Ann er heilt greit, så alle får svar før ho
fortset.
Plutseleg blir det stor uro i salen, og på ein, to,
tre, er det danna seg to sirlige rekkjer foran Jan,
som står og sel snacks. Brus, sjokolade og chips.
Fast stykk-pris på kroner 10. Når handelen er
unnagjort, samlar nokre seg i sofagruppa i
veslesalen. Praten går livlig. Andre spelar biljard,
bordtennis eller prøver pianoet. Gutar spring etter
jenter og jenter spring etter gutar. Det er
fredagskveld og ungane kosar seg saman på
bedehuset etter ei travel veke.
Vi synest det er fint at ungane kan samlast på
denne måten på bedehuset, seier Mari Ann. Vi
har eit avslappa opplegg når det gjeld ro i salen.
Det er kun under andakten at vi krev ro, så dei
kan få med seg det vi vil fortelja dei. Klokka går
mot ni, og enkelte foreldre som kjem for å henta
med bil, kjem innom og slår av ein prat. Ungar
som kom på sykkel, tek fatt på heimvegen, etter
nok ein fin kveld på Fredagsforum.
Har du lyst å vera med neste gong, så er det berre
å møta opp fredag 13. april klokka 19.00!
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 21
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Også Uskedalen har fått sitt Fløyen!
Av Ola Matti Mathisen
Over: Aud Myklebust har
allereie skreve mange dikt på
Fløyen.
Dette er eit av dei stuttaste ho
har skreve: ”Den som ikke har
sett en høne spankulere rundt i
grønt gress en varm sommerdag,
vet lite om hva verdighet er”.
Venstre: Det nye atelieret ber
preg av at det er ein allsidig
kunstnar som held til der. Her sit
Aud ved veven. (Foto: Ola Matti
Mathisen).
Bergen er ikkje lenger åleine om å ha eitt
Fløyen. Også Uskedalen har no fått sitt, for
det er namnet på atelieret til den allsidige
kunstnar Aud Myklebust. Fløyen ligg i
lauvskogkrullen like ovanfor det som ho og
mannen Arne har hatt som feriehus sidan
1977 og som dei har døypt Lyshuset. Men
uskedelingane nyttar helst namnet Myro om
staden.
Aud (født Sørheim) og Arne er fanastrilar, men
Arne har djupe røter i Uskedalen og dei er båe
sterkt knytta til bygda vår. Rundt om i
Kvinnherad finn ein fleire vevnader som Aud har
laga og sist påske kom vevnaden ”Kom til meg”
på plass i det nye bårehuset. Aud har i mange år
kombinert vevnad og måling med husmoryrket
og overfor Uskedalsposten avslørar ho enda ei
side av det kunstnarlege talentet sitt, nemlig
diktskrivaren!
- Eg har skreve samstundes med målinga men eg
har halde ein lav profil som diktskrivar. Eg starta
med diktskrivinga for 30 år sidan då eg vart sjuk
og sengeliggjande. Eg klara ikkje å skriva, men
eg las dikta inn på band. Det hjalp meg til å bli
frisk att, men eg vart ikkje det før etter 15 år,
fortel Aud.
I det siste har ho dikta meir enn ho har vevd og
måla og etter siste julehelg hadde ho 30 dikt på
PC-en som ho enno ikkje hadde skreve ut.
Kanskje kjem ho snart ut med ei diktsamling?
Ho har fått oppmodingar frå fleire om å ta
kontakt med eit forlag.
Og arbeidsplassen heretter, anten det er dikt,
måleri eller vevnader det handlar om, er Fløyen.
- Når eg skal arbeida no, går eg opp på Fløyen,
fortel Aud.
- Og der får du vera i fred?
- Det hendar at Arne kjem etter, men då sit han i
ro med kryssordet sitt!
Det sjarmerande, vesle huset er bygt av familien
frå botn til topp og vart ferdig sist sommar.
Eigentleg har planen til Aud vore å få eit atelier
også heime på Nordås i Bergen.
- Eg ser ikkje bort frå at det framleis kan bli reist
eit lite hus der og, men plassbehovet her i
Uskedalen måtte løysast først. Her opplevde eg at
alle romma vart opptekne og eg var litt i vegen
med målarsakene mine. Dessuten vart det ei viss
luktplage frå desse, oppsummerar Aud.
Atelieret Fløyen er det ein kan kalle ein reinvestering, ho har bygt det for pengar ho har tent
på vevnader.
I Uskedalen arbeider Aud best, for her har ho
ikkje så mange rundt seg som ventar noko av
henne. Og på Fløyen stortrivs ho. Med
panoramaet frå dalen og Ulvanåso til Gavlen
framfor seg blir ho lett inspirert.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 22
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Aud og Arne Myklebust ved
Fløyen, som dei med rette er
stolte av. (Foto: Ola Matti
Mathisen)
- Fløyen er svært viktig for meg. Når familien
nede i Lyshuset blir stor og kanskje litt støyande,
kan eg finne stilla her. Det er det beste ved denne
satsinga, seier Aud, som no har ei god tid som
kunstnar.
Ho har ei bestilling inne på ein biletvev til
Birkeland Menighetshus på Nesttun og ofte er ho
og Arne ute i lag og foreiningar med eit program
som er ein kombinasjon av dikt og bilete av
hennar vevnader og måleri. Bankmannen har
vore kordirigent i 50 år og nokre gongar har han
med seg eit heilt kor i tillegg til at han spelar til
songane!
Dikta til Aud er i stor grad bygt på eigne
opplevingar, ikkje minst frå barndommen.
- Det er noko som treff folk, er hennar erfaring.
GOD PÅSKE
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 23
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Den lange slektlina på Kapteinsgården
Av Ola Matti Mathisen
Historia om Kapteinsgården byrja i 1775, men slektslinene knytta til det herskapelege huset går mykje lenger
attende. Mellom desse bileta skiljer det truleg 142 år. Det gamle biletet er truleg teke rundt 1865 og må reknast som
eit fotografisk klenodium. Fotograf er Johan Koren Dahl (d.e.). Han var både gullsmed og fotograf og den første i
landet som fotograferte på papir. Det nye biletet er teke sommaren 2006. (Foto: Ola Matti Mathisen).
Det er, ærleg tala, ikkje så mange hus i
bygda vår som kan kallast ”fiin gammel”,
for å stjela eit omgrep frå ein annan sektor.
Men det er ingen tvil om at Kapteinsgården
på Nedre Feet, som fekk namnet etter
militærkaptein Christian Lerche Dahl
(1798/1871), kan kallast det, herskapeleg
som han er i sin bergenske empirestil. Så
vart han då også freda så tidleg som i 1923.
Uskedalsposten skal i fleire artiklar
framover sjå nærare på denne særprega
eigedommen. Først kjem turen til slektlina
på Kapteinsgarden, som i seg sjølv er
imponerande nok. I neste nummer held vi
fram med denne lina.
Vi må heilt attende til det 17. hundreåret for å
nøsta opp starten på den lange lina. Der finn vi
sjøkaptein Niels Dahl, som truleg var ein av dei
første byborgarane i Kristiansand. Niels var
truleg gift med en Maren, og Mathias Dahl
(1695/1764) var truleg den eldste av fire barn.
Truleg var familien fattig, men Mathias må ha
hatt noko skulegong ettersom han var høgst
skrivefør. Han må også ha lært noko hollandsk,
for ei tid fekk han hollandske aviser frå Bergen.
Kammertenaren som vart forvaltar
Det vart fortald at faren Niels leid skipbrot på
Jyllands-kysten og omkom. Truleg var også
Mathias sjømann ei tid. Ein gong han var i
København og leita etter arbeid, fekk han veta at
den norske adelsmannen, statthaldar i Norge
Ditlef Vibe søkte etter ein tenar. Mathias gjekk til
byslottet der Vibe budde og bar fram ærendet sitt
til ei tenestejente. Ho stilte seg tvilande, for langt
finare og meir anselege søkjarar var avvist. Men
Mathias lot seg ikkje skrema. Han melde seg for
Vibe og fekk jobben.
I 1723 døydde baron Axel Rosenkranz til
Rosendal utan å ha mannlege etterkommarar.
Difor vart godset i samsvar med vilkåra
attendeført til Kongen. Han selde det vidare til
Ditlef Vibe for 20.000 riksdalar. Kammertenar
Mathias Dahl må ha vunne tillit hjå Vibe, for i
1725 vart han tilsett som forvaltar på godset.
Allereie året etter gifte Mathias Dahl seg med
Marie Füiren Frimann (1700/1778), dottera til
soknepresten i Kvinnherad, Wilhelm Frimann
(1668/1749), som var gift med Maren Koren fødd
Arentz. Mor hennar hadde først vore gift med
presten Claus Koren og slik kom Koren-namnet
inn i Dahlslekta.
Mathias var Rosendal-forvaltar i 20 år. Etter få år
overdrog Vibe godset til svogeren sin, geheimråd
Vincent Lerche, men Mathias heldt likevel fram
som forvaltar. I 1745 vart godset imidlertid selt
til biskop Londemann, som var sokneprest i
Fana, men som seinare vart adla under namnet
Rosenkrone. Londemann sa opp Mathias og
ansette i staden sin tenar Søren Elkjær som
forvaltar. Som arbeidslaus og med stor familie
måtte Mathias flytte frå Rosendal. Svigerfaren i
Omvikdalen, sokneprest Willum Frimann, var
rik. Han vart også ”den gamle Willumen” og han
var svært populær.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 24
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Wilhelm Frimann (1668/1749)
Maren Koren født Arentz (1665/1728)
Men ein kunne ikkje venta at han skulle forsørgje
den tallrike Dahl-familien. I sitt 38 år lange
ekteskap fekk Mathias og Marie 11 barn og av
dei åtte søner.
Sandvik og seinare på Indre Fet. Han var først
gift med Inger Worm Fürstenberg (1727/1807)
og seinare med Mathilde Fleischer. Niels var
løytnant ved Søndre Søndhorlenske Kompagnie,
men tok avskil på grunn av sjukdom, med
kapteins grad. Seinare fekk han majorsgrad. Han
hadde ingen barn etter seg.
Niels var ein original, blir det fortald. Sjølv etter
at han hadde slutta i det militære gjekk han alltid
i den raude majoruniforma si og hadde i tillegg
ein veldig parykk. Barna hadde mykje moro då
han slapp seg laus, for han var full av morosame
historiar. Han kunne også store stykke av
Holberg utanåt.
Sokneprest Willum Frimann åtte Indre Fet i
Omvikdalen og den garden fekk Mathias bu på så
lenge han levde.
Han var framleis i sin beste alder, reiste til
København og kjøpte seg eit krigskommisariat.
Frimann etterlet seg ein stor formue som døtrene
Marie Dahl og Johanne Marie Schmidt ervde.
Mathias vart då ein rik mann, heilt uavhengig av
andre. Då Frimann hadde gått bort, vart Indre Fet
delt mellom sokneprest Wilhelm Schmidt og
Mathias Dahl, dei to svigersønene til Frimann.
Seinare vart garden ved ei odelssak løyst av
sonesonen Henrik Miltzov Dahl og far hans,
Johan Koren Dahl.
Mathias døydde i 1764 og kista vart sett ned
under kyrkjegolvet i Kvinnherad kyrkje, rett ut
for forvaltarstolen.
Med parykk og majoruniform
Dei tre døtrene og tre av sønene til Mathias og
Marie døydde ugifte og av dei andre fem var det
to som busette seg i Omvikdalen og Uskedalen.
Niels Dahl slo seg ned på farsgarden Indre Fet og
Johan Koren Dahl overtok Nedre Fet. Johan
bygde Kapteinsgården i 1775 av tømmer frå
familieeigedommen på Valen, og han og Else
flytta inn til bryllupet.
Løytnant Wilhelm Frimann Dahl hadde fått
Handeland, mens Henning Frimann Dahl enda på
Tysnes og Christian Lerche Dahl vart sivil
embetsmann.
Niels Dahl (1734/1815) budde ei tid på øvre
Niels fekk oppleve det sjeldne at den første kona
hans, vart svigermor til to av brørne hans.
Døtrene hennar frå eit ekteskap med Niels Griis
Alstrup, Else og Inger, gifte seg med Johan
Koren Dahl (Nedre Fet) og Henning Dahl
(Onarheim på Tysnes).
Dette var eit av mange resultat av at
embetsmannsfamiliane hang i hop. Dei vitja
kvarandre og gifta seg med kvarandre. Innan
Dahl-slekta på desse traktene får ein inntrykk av
at viss dei ikkje fann seg ein ektemake innan
søskenbarnflokken, levde dei heller som ugifte.
Fekk ikkje kjøpa seg offisersgrad
Johan (1743/1831) som var åtte år yngre enn
broren og altså kom til Uskedalen, hadde gode
evner og valde også militærvegen. Men han
prøvde seg først som kontorist, etter å ha reist frå
heimen med 20 riksdalar i lomma. I eit brev til
faren i 1763 bad han faren om eit pengebidrag
slik at han kunne kjøpa seg ein offisersgrad, men
faren sa nei. Då Johan omsider vart løytnant, vart
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 25
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Mathias Dahl
(1695/1764)
Maren Fuiren
Frimann
(1700/1778)
Niels Griis
Alstrup
(1715/1759)
Inger Worm
Fürstenberg
(1727/1807)
det sagt at han fekk graden ved å betala gjelda for
ein overordna.
Etter kvart vart Johan kaptein og sjef for Nordre
Nordhordlands Kompagnie (frå 1789) og for
Nordre Sunnhordlands Kompagnie (frå 1797).
Seinare vart han major og bataljonssjef og i 1808
oberstløytnant. Han vart i 1775 gift med Else
Nielsdatter Alstrup Dahl og dei fekk ni barn. Else
var broren si stedotter, dotter av cancelliråd Niels
Griis Alstrup og Inger Worn Fürstenberg.
Niels var ein framifrå predikant og ivra for
folkeopplysning og sosiale oppgåver. Han budde
heile sitt vaksne liv i Eivindvik der han ein gong
fekk besøk av Henrik Wergeland. Han fekk bygd
veg langs Sognefjorden av eigne midler for ikkje
å måtte ro til skule og kyrkje. Nyleg er det sett
opp eit minnesmerke over han i Eivindvik.
Men kapteinsgarden i Uskedalen var
barndomsheimen hans.
Ho skal ha vore ei kvinne med godt humør og
lyst sinn og på nedre Fet var det godt hjartelag,
liv og lettlynne. Gjestene følte seg vel der.
For så å vende tilbake til faren: Ved
pengereduksjonen i 1813 tapte Johan Koren Dahl
ein stor del av formua si. Då loven om tvungen
innbetaling til Speciebank kom, måtte han ofre
alt det fine sølvtøyet sitt med unnatak av ei
forgylla ølkanne med våpenmerke.
Då han på eldre dagar var redd for pengane sine,
forlangte han at pengeskrinet med jernbeslag
skulle setjast lenger inne under senga då det kom
framande til gards på nedre Fet.
Den mest kjende av dei ni barna deira var den
eldste, Niels Griis Alstrup Dahl (1778/1832),
som vart stortingsmann og prest i Eivindvik i
Ytre Sogn. Ikkje minst vart det lagt merke til då
han i 1814 helt flammande foredrag mot unionen
med Sverige. Han sette i gong ei storstilt
koppevaksinering i Sogn og Sunnhordland og i
heimfylket og vart heidra for det. Under
Framhald i neste nummer av
epidemien var det ingen av dei han fekk vaksinert
Uskedalsposten
som døydde.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 26
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Påskekryssord
16
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
10.
11.
12.
13.
14.
15.
16
Jesus reid inn i Jerusalem på………………
Jesus stod opp frå dei døde……………..
Jesus låg i grava…………………
Jesus innstifta nattverden……………..
Jesus blei hengt på korset…………
Farisearane førte fram falske…………..
Folket jubla og ropte ”Hosianna” til………
Han fornekta Jesus
Pontius Pilatius var………..
Han forråde Jesus………..
Jesus vart grepen då han og læresveinane var i…
Her blei Jesus korsfesta………..
Han dømde Jesus til døden……………
Jesus reid på eit ………… inn i Jerusalem
Jesus stod opp frå dei døde tidleg om……
Mange jøder ville feire …....
(Løysingsord s. 39)
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 27
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Rebuser
Løysing på side 39
Rebus 1
Rebus 2
Rebus 3
Rebus 4
Rebus 5
Rebus 6
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 28
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Påskenøtter for liten og stor.
Oppgåve 1
Ein mann skal frakte ein rev, ei høne og ein sekk
med korn over ei elv. Robåten er så liten at han
kun får plass til seg sjølv og enten reven, høna
eller sekken med korn. Viss høna og reven blir
igjen, vil reven eta opp høna, og viss høna og
sekken med korn blir ståande igjen, vil høna eta
opp kornet. Korleis løyser mannen dette
problemet?
Oppgåve 2
Dersom ein type kaffi er 97% koffein-fri, kor
mange koppar av denne kaffien måtte ein drikke
for å oppnå same mengde koffein som i ein kopp
vanleg kaffi?
Oppgåve 3
Du har to timeglass… eit på 4 minuttar og eit på
7 minuttar. No skal du ta tida på noko som varer i
9 minuttar. Korleis gjer du det?
Oppgåve 4
Det finnes et ord på fire bokstaver som blir
kortere dersom du legger til tre bokstaver.
Hvilket ord tenker vi på her?
Oppgåve 5
Hanne er Berits datters tantes manns datters
søster. Kva er forholdet mellom Hanne og Berit?
Oppgåve 6
I fyrste etasjen på huset ditt er det 3 lysbrytarar
som står i "av"-posisjon. Kvar av brytarane
tenner 1 av i alt 3 lyspærer som befinn seg i
kjellaren. Du kan skru på kva som helst bryter,
men du kan berre gå ein einaste gong ned i
kjellaren for å sjekka lyspærene. Korleis kan du
no finna ut kva brytar som tenner kva lyspære?
Oppgåve 7
Ein familie består av 1 bestefar, 1 bestemor, 2
fedre, 2 mødre, 4 barn, 3 barnebarn, 1 bror, 2
systre, 2 søner, 2 døtre, 1 svigerfar, 1 svigermor
og 1 svigerinne. Når du reknar dette samen finn
du ut at det er i alt 23 personar. Men eigentleg er
det bare… ja, kor mange?
Oppgåve 8
Gartnaren har planta 3 ulike blomar. Det er
stemorsblomar, tulipanar og nellikar. Kor mange
blomar er det til samen når alle unntatt to er
stemorsblomar, alle unntatt to er tulipanar og alle
unntatt to er nellikar?
Oppgåve 9
Korleis kan ein kasta ein ball, få den til å stoppa,
for så at den endrar til motsatt retning berre etter
ei kort stund?
Løysing på påskenøtter side 39.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 29
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
www.kvinnherad-sparebank1.no
Tlf. 53 48 23 00
MØBLAR
TEPPE
SENGETØY
GARDINER
BLACK DESIGN
KRAMBU – USKEDAL
Har fått inn mykje fint og nytt. Ein Heil del
påsketing er innkomne. Flotte påskedukar: 180x130
før kr. 425,- no kr 198,-. 90x90 før kr. 159,- no kr
50,-/75,-. Ellers mykje fint i flotte puter, dukar,
løparar. Har og silkedukar (vindudukar) til lav pris.
Den gode Evangerfårepølsa og heimelaga lefser. Te
i laus vekt, kr. 15,- pr hekto, og kjempegod kaffi
malt eller heil.
Krambua ope: mån., ons. og tors. 10.30-16.30.
Fre. 10.30-15.30, Laurd. 10.30-15.30.
Tysdager Stengt.
Tlf. 53 48 63 46 / 48 02 16 29
Tlf: 53 48 43 60
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 30
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Påskedagane
Leonardo da Vinci måla til tider dårleg gjennomtenkte tekniske eksperimenter. "Nattverden" (149597) som er måla på veggen i ei kyrkje i Milano, er til dømes nesten forsvunne fordi han hadde prøvd
ut ein ny måte å preparere veggen på.
JØDANE SI PÅSKE.
Påsken er den eldste av dei kristne festane. Vi
feirer i dag påsken til minne om Jesus, Jesu død
og oppstode. Jesus dro til Jerusalem for å feire
jødane si påske, som på den tida var ein årsfest
for jødane til minne om israelittane si utvandring
frå Egypt ca. 1200 f.Kr. (2. Mosebok kap. 12.).
Ordet påske har eit noko uklar opphav, men ein
meiner at det stammar frå det hebraiske ordet
pesah, som betyr forbigåelse, skånsel, eller
overskriding.
Ein menar å kunna fastslå at påskefeiringa
opphavlig skulle vera to festar:
Vårfest. Ein fest som skulle sikra året si
fruktbarheit. Ofringa av eit fyrstefødt lam skulle
sikra eit godt og fruktbart år.
Åkerbruksfest. Fyrstegrøda av bygghausten blei
ofra for å heilaga heile avlinga.Uttrykket "det
usyrete brøds fest" skal stamma derifrå.
Då begge desse festane blei haldne på omtrent
same tid, dvs ved vårjamndøgn, blei dei
etterkvart slegne samen til ein fest. Då denne
festen og blei knytta til utvandringa av Egypt,
blei festen primært ei familiehøytid.
Frå kong Josia si kultusreform 622.f.Kr. blei
påskeslaktinga og påskemåltidet kun utført i
Jerusalem. Dette gjorde Jerusalem til ein
valfartsstad, og påsken til året sitt religiøse
høgdepunkt. Jesu foreldre skal kvart år ha
valfarta til denne påskefesten, og slik hadde det
seg at Jesus fyrste gong besøkte tempelet som 12åring.
Å samla sinn og tanker om forteljinga i 2.
Mosebok, er fortsatt ei hovudsak for truande
jødar i dag.
PÅSKEN I NORGE
Den katolske påsken kom til Norge med
kristendommen i løpet av 900-åra. Liturgisk
innehaldt dei element som var tilpassa dei gamle
naturreligionane, og påsken falt og saman med
dei nordiske vårblotane, som blei haldne for å
sikra gudane sin medverknad til siger, fred og til
eit godt år. På grunn av dette kunne dei
oppretthalde ein del av dei gamle rituala i ly av
den mektige påskefesten.
PALMESØNDAG:
Denne dagen fikk navnet etter Jesu inntog i
Jerusalem. Han blei hylla som en konge, da han
kom ridande inn i byen. Folk la palmegreiner og
kappane sine på veien foran han. Dette var den
einaste gongen Jesus lot seg hylla som Messias,
Gud sin eigen son.
I den katolske kyrkja er det den dag i dag vanleg
at kyrkjegjengarane tek med kvistar til
gudstenesta palmesøndag, for å få dei velsigna,
for så å pynta med dei heime. I Noreg blei
palmekvistane erstatta med piletrærskvistar, som
blei delt ut i kyrkja, og som folk tok med seg
heim. Desse kvistane skulle brukast som vern
mot uvetter og ulykker på folk og fe.
Mandag etter palmesøndag, dreg Jesus til
tempelet og ryddar tempelplassen for alle som
kjøper og sel der.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 31
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------fange. Jesus blir ført til Det høge råd. Peter
fornektar Jesus tre gonger før hanen gjel.
Skjærtorsdag betyr eigentleg reinselsesdagenetter Jesu fotvasking. Tydinga kan også ha sitt
utspring i den katolske skikken om å la dei
offentlege botsgjerarane bli reinsa frå syndene
sine denne dagen, vist ved at dei blei frigjevne frå
aska dei fekk strødd på seg askeonsdag.
Påsken er høgtida for det gode sin kamp mot det
vonde. Den middelalderske oppfatning var at
Jesu kors blei hogd på skjærtorsdag, og det blei
difor rekna som synd å bruke øks eller
skjæreredskap denne dagen.
Jesus rir inn i Jerusalem Palmesøndag.
Mondsee ca 1170
Tysdag. Øvsteprestane og dei skriftlærde vil
fjerna Jesus, som dei ser på som ein trussel. Judas
Iskariot får betalt 30 sølvpengar for å forråde
Jesus.
Onsdag samlar Jesus disiplane på Oljeberget.
Han førebur dei på det som vil skje, og på
Jerusalem sin undergang.
SKJÆRTORSDAG:
Skjærtorsdag var dagen då Jesus åt påskelammet
saman med disiplane sine. Før måltidet vaska
Jesus læresveinane sine føter. Denne fotvaskinga
var ein vanleg skikk i Israel, og den blei gjort av
tenarar eller slavar. Peter reagerte på at Jesus tok
på seg denne jobben, men godtok det då Jesus sa
at det var ein del av fellesskapet. Det var også i
forbindelse med dette at Jesus gav Peter
åtvaringa om at han kom til å fornekte Jesus tre
gonger innan hanen hadde gale neste morgen.
Etter fotvasken gjekk Jesus gjennom ritualet som
innstifta nattverden.
Han tok eit brød, braut det og sa: "Dette er min
lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til
minne om meg." Så tok han kalken etter måltidet
og sa: "Denne kalken er den nye pakt i mitt blod.
Gjer dette så ofte som de drikk av den, til minne
om meg." (1.kor.11, 23-25)
Innstiftinga av nattverden skulle minna om Jesu
liv, død og oppstode. Nattverden har også i dag ei
sentral rolle i gudstenesta på skjærtorsdagen.
Då måltidet var slutt, tok Jesus læresveinane med
til Getsemanehagen. Der skulle Jesus be, og
læresveinane skulle våke over han. Læresveinane
sovna. Judas forrådte Jesus, og Jesus blei teken til
LANGFREDAG:
Jesus blir stilt for Det Høge Råd for 3.gong. Det
Høge råd ville anklaga Jesus for å kalle seg
Messias. Dei førte Jesus til Pontius Pilatus då dei
trengte løyve frå det romerske styre for å henretta
Jesus. Pilatus fann inga skuld hjå Jesus, og sendte
han til Herodes. Heller ikke Herodes fann at
Jesus var skuldig i det han blei anklaga for,
anklagen bestod blant anna av oppvigleri. Pilatus
lot Jesus bli piska, soldatane sette på han ei
tornekrone og raud kappe for å gjera narr av ham,
og dei håna og slo ham. Pilatus meinte denne
audmjukinga ville blidgjere massene, men desse
ønska Jesus død, då han hadde gjort seg sjølv til
Gud sin sønn.
Jødane pressa Pilatus til å avgi krossfestingsdomen, ved å anklaga Pilatus for å vera utro mot
keisaren. Pilatus gav dei mogelegheita til å frigje
Jesus, ved å gje dei valet mellom Jesus og
Barrabas- ein opprørar og mordar- då han som
vanleg i denne høgtida skulle frigje ein fange.
Folket valde Barrabas.
Judas fekk dårleg samvit då Jesus fekk
dødsdomen. Han gjekk for å bekjenna syndene
sine for øversteprestane, men desse ville ikkje
høyra. Judas kasta sine tretti sølvpengar i
tempelet, og gjekk så og hengte seg.
Jesus måtte sjølv bæra korset sitt gjennom
Golgata. Han segna om på grunn av all torturen,
og ein tilfeldig tilskuer blei kommandert til å
bæra korset videre. To andre ble også korsfesta
samen med Jesus. Desse blei bundne på sine
kors, mens Jesus blei nagla fast. Dette for at han
skulle døy raskare. Jesus ba for sine fiender
medan han hengde på korset, og han ropte etter
Gud, sin far.
Det hevdast at då Jesus døydde, hende det
merkelege ting. Mørket som haddde lege over
landet vart borte, det var eit voldsomt jordskjelv
og forhenget i tempelet rivna i to, frå øvst til
nedst.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 32
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Korsfestelsen.
Matthias Gruewald
ca. 1510-1515.
Jesus blei kledt i liksvøpe og lagd i ei grav. Foran
inngongen velta Josef ein stor stein for at liket
skulle få liggje i fred.
Langfredag går for å vera ein av dei helligaste
dagane i året- vår kollektive sørgjedag. Nesten alt
ein skulle foreta seg denne dagen skulle minna
om Jesu liding. Dagen skulle opplevast som
pinefullt lang, og spesielt for borna var dette ein
lang dag. Det skulle ikkje lekast, springast, dei
skulle ikkje vera ute og ikkje gå på besøk. Det
var lange høgtlesingar og folk fasta. Ein del
stader var det forbod mot å arbeida, medan det
andre stader skulle arbeidast med det tyngste og
verste arbeidet ein visste.
LØRDAG:
Jesus hadde sagt han skulle stå opp etter tre
dagar, så det ble sett vakter for grava slik at
læresveinane ikkje skulle kunna stjele liket og
seia at han hadde stått opp frå dei døde.
.PÅSKEDAG:
Maria Magdalena, Jesu mor- Maria- og to andre
kvinner kjem til grava. Då dei kjem fram, såg dei
at steinen var velta bort. Då dei gjekk inn i grava,
såg dei ein engel som fortalde dei at Jesus var
oppstaden, og han ba dei sei til læresveinane at
dei skulle dra til Galilea, der han skulle møta dei.
Maria Magdalena kom seinare tilbake til grava,
og stod ved grava og gret, da to englar kom og
spurde om kvifor ho gret. Ho gret for at Herren
var borte, og fordi ho ikkje visste kvar han var
lagt. Da viste Jesus seg for henne, og han ba
henne sei til læresveinane:" Jeg fer opp til min
Far, og dykkar Far, og til min Gud, og dykkar
Gud."(Joh. 20 11-16)
Om kvelden, låste læresveinane seg inne, for dei
var redde for jødane. Plutseleg var Jesus midt
iblant dei. Han viste dei såra i hendene og på
føtene, for å visa dei at han ikkje var nokon ånd.
Jesus brukte kvelden med læresveinane til å
snakka med dei om Det Gamle Testamentet.
I Romerkyrkja var dette den store dåpsdagen.Dei
som blei døypt denne dagen, var dei som hadde
delteke i fastetida si dåpsopplæring.
Kyrkjeskikkar som var med å markera
1.påskedag som ein gledesdag, var at det skulle
kimast i klokker i alle kyrkjer og klostre, og det
blei sett (vår)blomar på alteret for å symbolisere
gjenoppstått liv. I tidligare tider var det også
vanlig å dra opp på ein topp eller ein ås i
nærleiken for å sjå soloppgangen denne dagen.
Dei gjekk for å sjå sola danse. Gammal folketru
sa at sola oppførte seg annaleis denne dagen, og
merkeleg nok så blir sola bragt ut av bane
påskemorgonen. 1. påskedag er den dagen som
gjennom alle tider har samla flest folk til
gudsteneste. Det blir og haldne gudstenester og
påskefrukostar i den norske fjellheimen denne
dagen.
Dette var mykje fakta, men påsken sitt budskap
er til oss alle. Vi må sjølve ta eit val til Jesus, og
påsken sitt budskap – Jesus seier han har teke all
vår synd på seg, og vi står skyldfrie overfor Gud.
Vi vèl sjølv om vi vil høyra han til. Han gjev oss
muligheten til å koma.
GOD PÅSKE TIL DYKK ALLE!
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 33
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Frå trommesett i musikklaget til Kaizers Orchestra
Av Thor Inge Døssland
Rune Solheim trakterte trommene i
Uskedal Musikklag med stor
musikalitet og utsøkt presisjon i tre
sesongar.
Kaizers Orchestra. Rune Mink Kaizer, som han og vert kalla, nr.3 frå
venstre. Låtskrivar og frontfigur Jannove Ottesen nr. 2 frå høgre.
Mange svært dugande musikarar i ulike
genrar har først starta som korpsmusikantar.
Slik har det vore også i Uskedalen. Ikkje alle
er like kjende for alt bygdefolket. Når det
gjeld tidlegare musikklagsmedlemmer, er det
ikkje tvil om at Rune Solheim er den som
flest etterkvart har lytta til i
musikksamanheng. Saman med Kaizers
Orchestra har den unge og stødige
slagverkaren i musikklaget frå 1992 til 1995,
opptredd på mange av dei store rockescenane
i verda. Dei har og vore trekkplaster på
mange av dei store og kjende festivalane.
Hausten 1989 starta denne eventyrlege karriera
bak trommene. Starten var på mange måtar litt
tilfeldig. Første året på ungdomsskulen melde
Rune og fire klassekameratar seg på i ein
landsomfattande konkurranse for ungdom der
temaet var hærverk.(Ein av dei fire var forøvrig
ein yngre bror av Michael Røssland, med
fornamn Even.) Dei laga låten ”Gå ikkje
amokk”, spela den inn på tape, og i konkurranse
med 18-åringar vart dei fem 13-14-åringane kåra
til vinnarar.
Då dei mangla trommis til innspelinga, fall det
naturleg at Rune tok den jobben. Han avslørte
snart talentet sitt, og han trong ikkje mange
øvingar for å imponera musikklæraren sin på
ungdomsskulen, uskedelingen Jan M. Gjertsen.
Det høyrer med til historien at låten vart gjeven
ut på singel, og den var til og med ein tur innom
Norsktoppen.
Dette prosjektet utvikla seg til gruppa Ytre Luten,
og i tillegg var Rune i åra framover aktiv i bandet
til Ten Sing-koret på Husnes. Bedehuset vart
øvingslokale, og timane med øving vart mange,
særleg i helgane.
Då Rune starta på den vidaregåande skulen,
hadde han eit ønskje om å utvikla seg vidare
mellom anna ved å læra seg å spela slagverk etter
notar. Uskedal Musikklag trong forsterkningar i
slagverksseksjonen. Den lukkelege løysinga vart
då at musikklaget fekk ein særdeles stødig
trommis dei tre følgjande åra. Det var ikkje berre
i det musikalske han var stødig; han stilte
punktleg opp på alle øvingar og i alle
samanhengar elles. Konsentrert og lærevillig.
Korpset var desse åra inne i ein svært god og
aktiv periode, og deltok m.a. i to konkurransar
kvart år. Rune var såleis med begge gongene
korpset deltok i Jarlsberg Brass i Tønsberg, i 93
og 94. Han saug til seg mykje lærdom frå
dirigentane Kjartan Wang Olsen og Per Olav
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 34
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------Paulsen, og frå slagverkaren Heine Kaldefoss frå
Sagvåg som vart mykje nytta som instruktør i
korpset i denne perioden.
Etter avslutta vidaregåande skule var han først
innom eit år på folkehøgskule før lærarutdanning
ved høgskulen i Bergen stod for tur. Då skaut
karriera verkeleg fart. Då eg trefte han i denne
perioden, og var spent på om han framleis dreiv
med musikken, kunne han fortelja om stor
aktivitet. Han fortalde at han var komen i
kontakt med flinke musikarar. Ein av dei omtala
han som svært dyktig og ufatteleg kreativ; Jan
Ove Ottesen, med far frå Sagvåg.
Han var og elev hos den kjende og allsidige
slagverkaren Frank Jackobsen. Då eg tilfeldig
trefte Jakobsen ved eit seinare høve kunne han
beretta om ein særs lovande og talentfull
slagverkar som hadde hatt svært stort utbytte av
tida i Uskedal Musikklag. (Same Jakobsen kjem
forresten og har seminar i skulemusikken
14.april).
Samarbeidet med Jan Ove Ottesen og gjengen
resulterte i gruppa GNOM som gav ut Cd`en
MYS med materiale av Ottesen; roleg og
viseprega rock. Kvaliteten var upåklageleg, men
den store responsen og det store salget uteblei.
Ottesen ønskte seg vidare på sin musikalske veg,
og han sa farvel til den stillfarne viserocken og
GNOM. Han ville ha Rune med vidare på ferda,
og Kaizers Orchestra vart etablert.
Gjennombrotet let ikkje venta på seg, debutplata
”OMPA TIL DU DØR” gjekk unna som varmt
kveitebrød. Alle berre måtte ha denne plata.
Bandet vart lagt merke til langt utanfor
landegrensene; særleg vart det lagt merke til at
dei kombinerte trøorgel og utradisjonelle
slagverksinstrument som oljefat og bilfelgar.
Frå Jærbladet saksar vi etter at bandet hadde
spela for 5000 Oslo-folk på konsertar på
Rockefeller: - Ottesen syrgjer for ein fargerik
presentasjon av dei einskilde bandmedlemmane,
slik som for trommeslagar Rune Solheim: ”På
ting og tang, bøtter og spann, ein lyktastolpe og
eit trommesett til femti kroner: Ruuuuune!!
Kaaaiiiiser!!”
Sjølv om gruppa har gode salstal å visa til, er det
som live-band dei er verkeleg kjende. Såleis har
dei opptredd på mange av dei verkeleg store
rocke-festivalane og – scenane.
Innimellom arbeidet med Kaizers har Rune og
arbeidd med andre musikkprosjekt. Dei seinare
åra har han samarbeidd med klassekameraten frå
ungdomsskulen, Øystein Kloster, i prosjektet
Kloster. Desse kom nyleg ut med Cd. Dei hadde
release-konsert under Kvinnherad kulturfestival,
og omtalen har vore god.
Ein må vel trygt kunna seia at den tidlegare
musikkslagstrommisen har oppnådd stjernestatus
i både nasjonale og internasjonale rocke-kretsar.
Like fullt er han den same stødige slagverkaren;
med beina trygt og godt planta på jorda. Eit
førebilete for andre!!
”Det droplar og dryp”
Gjennom åra har uskedelingen Olaf
Agnar Gausvik skrive ei rekkje små
underfundige skjemtevers, viser og
meir alvorsame dikt. Mange har
kome på trykk i aviser og blad. I
boka ”Det droplar og dryp” har han
samla mykje av dette.
Om kortversa vil Olaf Agnar gjerne seia at det å
fortelja ei god historie og lokka fram smilet eller
ettertanken ved hjelp av ei god formulering eller
eit uventa sluttpoeng, kan vera vel så
utfordrande, og ofte meir effektfullt, enn å la
ordstraumen flyta fritt.
Han vonar at du får nokre hyggelege stunder
saman med Reinert og dei andre, ikkje alltid like
rakryggja, figurane som dukkar opp i fyrste del
av boka.
Frå stoveglaset sitt ser Olaf Agnar rett ned på
jernbanestasjonen på Nodeland. Toget mellom
Stavanger og Kristiansand passerer her mange
gonger i døgeret, til og frå og i stor fart, av og til
utan å stansa.Dette er ein stad der toget stoppar
berre på signal.
På sine reise gjennom livet har han sett mange
stoppsignal. Berre nokre av dei har han teke på
alvor. Seinare har han kome til å sjå det slik at
desse nedbremsingane for å gjera seg nærare
kjend med stader, menneske, hendingar, tankar,
kjensler og stemningar, har gitt han mykje meir
enn resten av reisa.
I dei gamle rutehefta til Hardanger
Sunnhordlandske Dampskipsselskap hadde slike
stoppestader nemninga stjernestopp.
Det er nokre av Olaf Agnar sine store og små
stjernestopp han har prøvt å få til å lysa litt i den
andre delen av boka.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 35
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Sverre Myklebust Maskinstasjon
AS
5463 Uskedalen
Graving ● Sprenging ● Boring ● Masseflytting
Telefon 53 48 62 55
Telefax 53 48 67 95
Mobil 971 50 715
Mobil 913 45 035
Lokalkontor på Husnes og i Rosendal
Tlf 03100
www.gjensidige.no
DIN LOKALE LEVERANDØR
TELEFON 53 48 61 01
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 36
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
På leir til Solgry
Av Britt Torill M. Mathiesen
Heile gjengen samla
på trappa på Solgry.
Dei fleste er frå
Uskedalen.
19.-21. januar 2007, var Fredagsforum/Unge
Røyster på leir til Solgry. Heile 13 ungar og 4
vaksne stua bagasje i bilane og la ivei.
Vel framme var det god kveldsmat og bli kjent
kveld. Alle fekk rom med kjende venner. Etter
ein lang dag fyrst med skule, så tur og møte, var
det godt å krype i seng. Men, eg tipper at det
ikkje var lett å få sove med eingong, for når ein
er på leir, er det alltid lått og løye når ein har
krøpe under dyna.
Å vera på leir er kjempekjekt, og ein søv ikkje
vekk dagen, så klokka åtte lørdag morgon gjekk
ein leiar rundt i gangen med ei skikkeleg
sauebjølle, og alle gnei søvnen ut av augene,
klare for ein ny dag med mange spennande
aktivitetar. Klokka ni var det frokost. Klokka ti
var det bilbelsamling med song og andakt. Å vera
på leir er jo å bli meir kjent med Jesus. Etter dette
var det fritt for enten å spenna fotball i
innandørshallen, skyte med luftgevær, spele
badminton i møtesalen, eller gå i aktivitetshallen
der det var ulike spell, til og med Play Station var
det. Nokre fekk vera med å laga hobbyting, viss
dei ville det.
atvane og høyra om gocartbanen som kjem til
somaren. På lørdagskvelden var det endeleg
leirkveld, og dette er eit av høgdepunkta på
leirane. Det er song, leikar, sketsjar, andakt og
ekstra god mat. Etter det vi har høyrt så hadde
lederane også ei ganske så morosamt innslag.
Atter var det tid for seng og litt søvn, før siste
dag og heimreis. Alle møtte opp på siste
bibelsamling, og alle song Bli kjent med Jesus av
full hals, og hadde hatt ein fantastisk leir, og
spesielt denne songen har vore ein gjenganger
etter leiropphaldet.
Å vera på leir er og å bli kjent med andre jenter
og gutar frå andre lag og stader. Med på denne
leiren var mange frå Karmøy. Mange fekk gode
kontaktar med desse, og kanskje møtes dei igjen
på leirar seinare ? Etter å ha vore på sin fyrste
leir, er det alltid spanande om ein møter att
kjende når ein igjen reiser på leir.
Viss dette høyrest spennande ut, så skal
Fredagsforum/Unge Røyster reisa på leir fleire
gonger. Å reisa på leir slik som dette fyrste
gongen, er veldig trygt og godt, for det er fleire
kjente vaksne og venner med.” Bli med neste
gong då vel! ”, seier Mari Ann.
Nokre hadde lyst å vera med å laga sketsjar til
leirkvelden, eller andre innslag, og dei forberedde
seg. Nokre av gutane var veldig spent på å sjå
”Eg blir i alle fall med, og eg skal ha rom
nummer 25 !!”, seier Kjartan.
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 37
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
LEIRSTEMNING FRÅ SOLGRY
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 38
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Påskekake!
Velsmakande påskekake
baka av Elin Enes.
Botn:
4
2
3
2
1
eggekviter
dl sukker
dl kokos
ss kveitemjøl
ts bakepulver
Stivpisk eggekviter med sukker. Bland kokos
med kveitemjøl og bakepulver og vend dette
inn i eggekvitene. Ha røra i ei smurt form 26
cm.
Steikes ved 180 grader celsius i ca 30 min.
Vaniljekrem:
4
eggeplommer
0,5
dl fløyte
100 gram sukker
1
ts vaniljesukker
Bland alle ingredienser i ein kjele. Kok opp
på svak varme under stadig omrøring, til
kremen tjukner. Avkjøl.
Frukt:
Bland ca 2 dl frosne multer, eller andre bær,
med litt sukker.
Pisk 3 dl fløyte med 1 ss sukker.
Legg kakebotnen på eit fat og bre den gule
vaniljekremen over. Legg dei halvtinte bæra i
ein fin haug på midten og pynt med piska
krem rundt kanten.
Ein liten kvast med sitronmelisse på toppen,
og kaka er klar til servering.
Denne gongen har vi fått ei kjempegod
kakeoppskrift frå konditoren Elin Enes.
Vaniljekremen er med på å gjera den til ei
skikkeleg påskekake!
Inviter vener eller familie i påsken, og kos
dykk med ein god kopp kaffi og ei stort
kakestykke!
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 39
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Mars-april i kyrkje og bedehus
Uskedalen Bedehus
21. mars - 25. mars: NLM møteveke v/ Tor Fremmegård.
30. mars kl.10.30: Småbarnstreff.
06. april kl.19.30: Påskemøte, Langfredag
13. april kl. 10.30: Småbarnstreff.
13. april kl. 19.00: Fredagsforum.
15. april kl. 10.30: Søndagsskule/BS-agentane.
15. april kl. 19.30: Møte.
16. april kl. 19.00: Hobbyklubben.
23. april kl. 17.00: Yngste- og unge Røyster - våravsutning.
27. april kl.10.30: Småbarnstreff-våravslutning på Kjerland.
27. april kl.19.00: Konfirmantfest.
29. april kl.10.30: Søndagsskule/BS-agentane - våravslutning på Kjerland.
Uskedalen Kyrkje
18. mars kl. 1100 Gudsteneste ved John Victor Selle
20 .mars kl. 1900 Bispevisitas med Biskopen og Åge Sætre
05. april kl. 1100 Gudsteneste med Åge Sætre
08. april kl. 1930 Høgtidsgudsteneste med John Victor Selle
06. mai kl. 1100 Konfirmasjon med John Victor Selle
17. mai kl. 1115 Gudsteneste John Victor Selle
Løysing på påskenøtter og rebuser:
Oppgåve 1
Han tar med seg høna og fraktar den over elva.
Så ror han tilbake og hentar reven som han
fraktar over elva. Tilbake igjen tar han høna med
seg. Så lar han høna vera igjen mens han ror med
kornsekken over elva. Til slutt ror han tilbake og
hentar høna.
Oppgåve 2
33 1/3 kopp.
Det er 3% koffein i en 97% koffein-fri kaffi. I
100 koppar ville det vore nok til 3 kopper vanleg
kaffi. 100/3=33 1/3.
Oppgåve 3
Snu begge timeglassene samtidig. Når 4-minuttar
glaset har rent ut, snu det ( det har no gått 4
minuttar). Når 7-minuttar glaset har rent ut, snu
det (det har no gått 7 minuttar). Når 4-minuttar
glaset no renn ut ( det har no gått 8 minutter), har
7-minuttar glaset stått og rent i 1 minutt. Snu 7minuttar glaset og når det no renn ut, har det gått
9 minutter.
Oppgåve 4
Kort + ere = kortere
Oppgåve 5
Hanne er Berits niese
Oppgåve 6
Skru på brytar nr. 1 og la den stå på i på-posisjon
i 5-10 minutter. Skru så av brytaren.
Skru på brytar nr. 2 og gå ned i kjellaren.
Lyspæra som er mørk og varm tilhøyrer brytar
nr. 1. Lyspæra som lyser tilhøyrer brytar nr. 2.
Lyspæra som er mørk og kald tilhøyrer brytar nr.
3.
Oppgåve 7
Familien består av 7 personer: 3 barn ( 2 jenter
og 1 gutt), deres far og mor, samt deres farfar og
farmor.
Oppgåve 8
Gartneren plantar ein av kvar.
Oppgåve 9
Kast ballen oppover.
Rebus 1 : Spilleautomat
Rebus 2 : Blomkålsuppe
Rebus 3 : Eggedosis
Rebus 4 : Parkometervakt
Rebus 5 : Vinduskarm
Rebus 6 : Svinekoteletter
Løysingsord på Kryssord:
Påske i Jerusalem
April 2006
USKEDALSPOSTEN
Side 40
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Gullholmen
Gullholmen ein solblank haustdag – fotografert innover mot Rosendal. (Foto: Ola Matti Mathisen)
Olaf Agnar Gausvik har sendt oss dette
diktet, som eit apropos til den aktuelle saka
om det skal byggjast bru ut til holmen eller
ikkje.
På Gullholm hadde jo meistertjuven,
Gjest Baardsen sjølv, gøymt seg bort ei natt,
den gong han rømde frå Halsnøy kloster;
så sjølvsagt låg der ein bortgøymd skatt.
SKATTEØYA GULLHOLM
Vi gjorde landnåm og saumfor holmen,
vi grov i mosen og snudde stein,
men såg ’kje snurten av skattekista
og ingen sporteikn av bleike bein.
Då vi var smågutar las vi boka
om Skatteøya og kaptein Flint
som der grov ned sine gulldublonar
og teikna sjøkart og la ut hint.
Vi fylgde Hawkins og Long John Silver,
den sleipe kjeltring og mytterist,
og var ulideleg spent på kven som
sku’ berga gullskatten heim til sist.
Så song vi verset om dau manns kiste,
om femten mann og ei flaske rom,
for der var nærare skatteøyar
enn dei som Stevenson dikta om.
Men godt i le låg det og ein løyndom,
ei sokken skute med morkna spant,
der dykka vi til vi mista pusten,
men tang og tare var alt vi fant.
Vi let oss lura av Gullholm-namnet,
det fekk vi sjå då det lei mot haust
og ospetrea fekk gule lauvblad
som skalv og bivra så hjelpelaust.
Ein sorgfri sommar langs skjær og strender
som lykkejeger og glad pirat,
gav lite gullmynt i mine lommer,
men barndomsminne av høg karat.

Similar documents

Påska 2012 - Uskedalen

Påska 2012 - Uskedalen Ho er innkjøpt av Nasjonalgalleriet og Haugesund Billedgalleri, Kvinnherad kommune og Haugesund kommune og har hatt fleire utsmykkingsoppdrag. Sigrid bur i Drammen og pendlar dagleg til atelieret s...

More information