Påske 2011 - Uskedalen.no

Transcription

Påske 2011 - Uskedalen.no
____________________________________________________________________________________________________________________________
Påska 2011
6. årgang
Laussal kr. 50,-
Mannsvatnet og hyttemiljøet
Fjellstovo - Side 32-39
Uskedal-familie på 3 berga
livet då tankaren eksploderte
Side 6-10
Krigsseglarane frå Uskedalen
Side 18-24
Jostein - fiskaren frå
Uskedalen Side 3
Barn og mobil
Side 14-16
frå
Hobbyklubben
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 2
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Leiar
“Bygda med den gode kvardagen”
- floskel eller realitet?
Godt og vel 3 år er gått sidan det vart halde eit
viktig møte i Gamleskulen om Uskedalen og
forventa utvikling her fram mot 2020.
Det var eit møte med flukt over og vi sette som
konkluderande overskrift “Bygda med den gode
kvardagen”.
Det var ikkje minst innleiarane Bjarte Døssland
og Bjørn Olav Tveit som var synsarar om
framtida for bygda vår og som hevda at
Uskedalen ikkje burde ha dei heilt store
ambisjonane med omsyn til å skapa nye
arbeidsplassar. Det var nok ein sunn og fornuftig
skepsis. Men duoen meinte med rette at bygda
hadde mange gode kort på handa som ein triveleg
plass å bu i.
Dette bør framleis vera den naturlege
konklusjonen på bakgrunn av utviklinga sidan
2008.
For kva har skjedd på dei 3 åra? Med omsyn til
arbeidplassar har det ikke skjedd mykje. Eidsvik
Skipsbyggeri som er den største verksemda vår
slit framleis med ålvorleg ordretørke og Børnes
industriområde har framleis ikkje innfridd
forventningane sjølv om kommunebyråkratane
har brukt til dels store ord. No blir det teke eit
nytt tak, men om det vil verka er ein annan sak.
Då har vi opplevd ei meir positiv utvikling med
omsyn til bustader sjølv om det kanskje først er
no vi tar til å sjå resultata. Geir Rusten har ført
prosjektet Uskedalen Brygge vidare og
Hjønnevåg er i ferd med å gjera eit storløft i
sentrum - med Hagetunet. Også planen i Øvre
Halsabrotet verkar lovande.
Store forventningar er det også grunn til å ha til
Ospelunden, den store bustad-ressursen ovanfor
fylkesvegen. Derimot har arbeidet med det
spesielle prosjektet på Eikelandet stått i stampe,
men no er det kanskje ljos i tunnellen. Også andre
har stadig positive prosjekt på gang og ein av dei
som har gjort ein god innsats i det siste er Frode
Bu.
Uskedalen er som før i ein unik situasjon i
kommunen med omsyn til tomtegrunn for
bustader og no kjem kanskje den store
utløysinga?
Men vi har også andre kort på handa og vi siktar
då ikkje minst til kultur- og idrettslivet som har
eit imponerende tilbod og mange dyktige
støttespelarar. Servicenæringane er til dels i vekst
og det som skjer med SPAR er ikkje mindre enn
imponerende. Nedbyggjinga av bensinstasjonen
er mindre positiv. Men utviklinga ved vertshuset
er igjen inne i ein lovande fase.
Vi har eit bestemt inntrykk av at Uskedalen for
dei fleste som bur her allereie er “bygda med den
gode kvardagen”. No gjeld det berre å satsa på
ein meir offensiv marknadsføring og då gjerne ta
fram att heile slagordet “Bu i Uskedalen - bygda
med den gode kvardagen”
Av Ola Matti Mathisen
Redaksjonen:
Frida Nybakk
Hilde Legland
Ingvill E. Myklebust
Karen Pedersen Brede
Kathrine Saghaug
Malin Bakke Eik
Solveig Haugland
Kontakt:
Hobbyklubben
v/Tore Mathiesen
Muslandsvegen 144, 5463 Uskedalen
Tlf: 93 83 94 45
Ola Matti Mathisen (leiar)
Tore Mathiesen (leiar)
Britt Torill M. Mathiesen (leiar)
Utgiver av Uskedalsposten er Hobbyklubben i Uskedalen som
er ein barne- og ungdomsklubb frå 5. kl og oppover. Vi har
aktivitetar på bedehuset i Uskedalen anna kvar mandag frå kl.
19.00 -20.30.
Trykkeri: AFA AS, Uskedalen
Ola Matti Mathisen
Tlf: 99 37 13 25
E-mail: [email protected]
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 3
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Jostein - fiskaren frå Uskedalen
Av: Hilde Legland
Jostein Legland og Erling Warberg foran bHaugværing. (Foto: Ola Matti Mathisen)
- Kva går jobben din ut på?
- Jobben min går ut på å fiska, og administrera et
rederi.
- Kva er kjekt med jobben din?
- Når vi får masse fisk og å vere på sjøen i fint ver.
- Kor lenge har du jobba med dette?
- Jobba med dette sidan 1989,men eg begynte med
far min på sommar fiske når eg var 8 år gammel.
- Kor mange er med på båten?
- Det er fire stykke som jobber her på båten.
- Kva heitter desse folka?
- Erling Warberg – Eirik Eikeland- David DanielsenJostein Legland.
- Har alle oppgaver på båten?
- Ja, alle har oppgaver på båten.
- Kva oppgaver har dei?
- Litt forskjellig frå vedlikehold, matlaging og
selvfølgelig fiske.
- Kan du beskrive ein dag på båten?
- Leiting etter fisk og fiska.
- Jobber du med dette heile dagen?
- Ja, eg jobber med dette heile dagen som oftest.
- Koffor valde du dette yrke?
- Fordi eg likar å fiske og fiskebåtar, og fordi eg var
med far min å fiska sidan eg var liten.
- Kva drøymde du om å bli når du var barn?
- Eg drøymde om å bli fisker.
- Kva yrke ville du vald vist du ikkje hadde blitt fiskar?
-Kanskje eg kunne blitt ornitolog.
- Kor mykje fisk plar du å få på ein god dag?
-På ein god dag får eg 100 tonn fisk.
- Kor liker du best å fiske?
- Eg liker best å fiske der det er masse fisk.
- Er det noko negativt?
- Ja, for mange arbeidstimar.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 4
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Påskeandakt
Av Camilla Myklebust
Camilla Myklebust med gitaren
sin.
Har du høyrd det er sagt Herrens vegar er uransaklege eller usporlege?(Rom. 11:33)
Jesus når inn til folk på ein heilt unik og spesiell måte. Han kan vera overalt på same tid fordi han er
stått opp fra dei døde og regjerer i universet. Og så kom han frå himmelen og valgte å komma ned hit
til oss for gå lidelsens vei og ta all vår skyld og synd på seg opp på eit kors, han som var heilt rein og
syndfri, for at du og eg, kunne gå fri. Han blei knust for våre misgjerningar, straffa blei lagt på han for
at vi skulle få fred. (Jes. 53) Tenk på da!! Sjølv om du ikkje kan sjå han eller føla han eller trur at du
ikkje høyrer frå han eller får til å tru på han, så ser han di sak og veit alle ting og lengtar og venter på
at du skal invitere han inn i huset ditt. Hjarta ditt. Fordi han er kjærlighet (Joh. 1brev, 4:8). Og han
elskar deg med ein evig kjærlighet (Jer. 31:3).
Jesus nådde inn til meg når ingen andre gjorde det. Eg hadde stengt døra, ein kunne komme heilt dit,
men ikkje lenger. Berre Jesus lot eg komme inn, nettopp fordi eg visste at han kjende meg tvers
igjennom og at han ikkje dømde meg for den eg var. Du kan komma til Jesus igjen og igjen og det
hadde eg gjort, men denne gongen var det annaleis. Eg visste at det livet som eg levde ikkje var rett i
forhold til Guds ord, som eg av ein eller anna grunn alltid hadde trudd var sannheten. Eg sa til han;
Jesus denne gangen vil eg bare ha deg, tilgi meg, eg vil omvende meg fra mitt liv i eit bedrag og løgn.
Kom å ta din plass og fiks mitt knuste hjerte.
Valget førte faktisk til eit vendepunkt i livet mitt. Før hadde eg trudd på han og bedd til han, men eg
søkte han stort sett når ting gjekk dårleg eller skikkelig på trynet, men no flytta han inn og forvandla
meg fra innsida.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 5
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
På ein, eg vil sei, naturlig overnaturlig måte. Plutselig så hadde eg ikkje lyst å drikka meg full lengre,
f.eks. det blei berre heilt feil. Men eg fekk ikkje til å bare slutte å drikke,(skjønte at eg var avhengig
fyrst då eg såg for meg ei veke utan alkohol) men begynte å be til Gud at han måtte hjelpe meg, og
sjølvsagt ville han jo det. Det er snart fire år sidan og eg har ikkje tenkt tanken at eg kunne hatt lyst på
alkohol overhodet etter det. Det var eit av Guds mirakel i mitt liv. Og eg fekk lyst å leva eit reint liv.
Eg fekk lyst å vera god mot meg sjølv.
Jesus vil møta oss der vi er. Vi treng ikkje nå opp til han eller gjera oss bedre enn vi er. Han har ordna
det slik at vi er god nok i det som Jesus har gjort, det var difor han kom ned til oss for at han kunne
møta oss der vi er, så vi er. Så seier han som troner evig og heiter den hellige; I det høge og hellige
bur eg og hos den som er knust og nedbøygd i ånden. (Jes. 57:15) Men ein ting er sikkert; visst du
ikkje har sagt eller gjort eller tenkt noko gale i ditt liv, eller i dag, så treng du heller ikkje Jesus. Han
er ikkje kommet for rettferdige men for syndarar. Og han døydde for alle, for at dei som lever ikkje
lenger skal leve for seg sjølv, men for han som døydde og stod opp for dei (2 kor. 5:15) Eit evig liv.
Med han.
In my fathers hands
Av Camilla Myklebust
It`s been a long and heavy journey
we`ve been on
but tonight this boat is turning heading home
on and on I have stumbled in trying to make it on my own
seeking all kinds of comforts
only to find the cold
but suddenly I can see now
I was never alone
you were on every corner
calling me home
You have known me from the beginning
and before I came to life
and since that day you have been keeping me alive
Now I sing for the joy that you have called me by name
lift me out of the dark
released me from my shame
Jesus, the answer, the road
now my life
now I know where I am going
in my fathers hands
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 6
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Uskedal-familie på 3 berga livet
då tankaren eksploderte
Av: Ola Matti Mathisen
Liv og Jan Henrik Hansen heime i Skårhaug med eit bilete av båten som eksploderte. (Foto: Ola Matti
Mathisen)
17. februar var det 40 år sidan tankaren Ferncastle på 100.000
tonn dødvekt eksploderte i Atlanterhavet mellom
Kanariøyane og Azorene og 7 av mannskapet mista livet.
Blant 36 overlevande var ein familie på 3 frå Uskedalen:
Andremaskinist Jan Henrik Hansen, kona Liv og dottera Liv
Janne som då var 20 månader gammal.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 7
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
”En liten pike med oljeflekker
på kåpen” Biletet teke i Paris av
Billedbladet NÅ.
Heime i Skårhaug sit Liv og Jan Henrik og
minnast den mest dramatiske dagen i livet sitt.
Dei er umåteleg glade for at dei overlevde og for
at dei heller ikkje har hatt seinverknader av
eksplosjonen bortsett frå det dei kallar “litt
frynsete nerver”.
- Eg har ikkje likt meg på sjøen etter det som
skjedde, innrømmer Liv. Men Jan Henrik heldt
fram til sjøs heilt fram til han vart pensjonist som
62-åring i 2005.
Bakarsonen frå Uskedalen starta som byssegutt
på ein HSD-båt i 1959, då han var 16 år gamal.
Sidan var han å finna i maskinen på ein eller
annan Fearnley & Eger-båt heilt fram til 1974 og
til slutt i ein eller annan HSD-båt på heimlege
trakter til han takka for seg på sjøen.
Også kona Liv var ein gong messepike nokre
månader på den samme båten som Jan Henrik,
men ho og dottera var ferierende passasjerar med
Nigeria som mål då tankaren gjekk i lufta.
Men først fortel Jan Henrik om sin bakgrunn og
eit viktig spørsmål er kvifor ikkje også han vart
bakar, som faren Selmer.
-Eg gjorde ein freistnad som 14-åring hos far,
men den endte med at eg kappa av meg litt av ein
pekefingar. Dermed var den karrieren slutt før
han hadde byrja. Eg bestemte meg for å dra til
sjøs då eg var 16 i 1959 og starta som byssegutt i
HSD. Eg jobba med alt mogeleg medan båten
som heitte Eidfjord gjekk med varer frå Bergen
og rundt heile Hardangerområdet.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 8
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
VG-oppslag etter forliset i
Atlanterhavet.
Men eg var ikkje fornøgd, målet var å komma
ned i maskinen og utenriks så snart som mogeleg
og eg ringde til det store Oslo-rederiet Fearnley &
Eger, som hadde over 40 båtar.
Og reaksjonen var den mest positive eg kunne
drømme om: Eg var velkommen om bord i
Ferngrove som smører. De var ein heller liten
stykkgodsbåt som gjekk i linjefart på
Middelhavet og Amerika. Eg mønstra på i
Genova etter å ha reist med tog frå Bergen. Året
var 1960.
-Og snart bar det vel til Amerika?
-Jau, eg hugsar sjølvsagt særleg godt då vi kom til
New York første gongen. Då var det viktig å vera
”ein av gutta”. Det innebar å ha på seg Olabukse
og røykja Camel, noko eg så langt ikkje hadde
våga heime i Uskedalen men som alle dei andre
om bord gjorde, fortel Jan Henrik.
Han heldt fram i maskinen på stadig nye båtar i
same rederi og i 1964 gjekk han den halvårlege
maskinistskulen i Haugesund og vart maskinist.
Også hans framtidige kone Liv frå Eivindvik i
Sogn var med ein tur til sjøs i denne perioden –
ho var messepike i 7-8 månader. Dei vart gift i
1967.
-Korleis hugsar du det som skjedde den
katastrofale dagen i 1971?
- Eg hadde vore om bord i Ferncastle i 2 år. Vi
gjekk med tomme tankar – altså i ballast –
sørover gjennom Atlanterhavet med Nigeria som
mål. Veret var godt og varmt. Vi hadde vore ei
veke i sjøen og hadde ei att til Nigeria. 6 av
mannskapet var i gang med den vanlege
prosedyren med steaming av tankane like foran
styrehuset.
HUSNES STORSENTER - Tlf. 53 47 16 08
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 9
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Tankaren som eksploderte i Atlanterhavet – Ferncastle
Det var ettermiddag og skumring. Eg hadde ete
middag og var på jobb i maskinen att saman med
ein reparatør. Eg skifta brennarar på kjelen.
Også Liv og småjenta, som åt saman med
offiserane, hadde ete. Då kom det ein kraftig
smell, som førte til at lyset gjekk og motorane
stoppa.
3 tankar eksploderte og reparatøren og dei 6 som
spylte tankane vart drepne momentant.
Truleg var det nettopp spylinga som utløyste
katastrofen.
I maskinrommet fauk lause gjenstander omkring
men dei traff lukkeligvis ikkje meg, seier Jan
Henrik, som trudde ein kjele i maskinen hadde
eksplodert.
Tett røyk og damp gjorde det vanskelig å pusta.
Jan Henrik måtte opp, men vart møtt av gloheit
damp og måtte satsa på ei annan veg ut. Då han
til slutt fekk opna ei dør som gjekk utover hadde
han nesten ikkje att surstoff i lungane.
Slik skildra han dei mest dramatiske minuttane
for Billedbladet NÅ like etter katastrofen :
-Det var umogeleg å sjå noko. Lykta hjalp meg
ikkje stort på grunn av tett røyk og damp som tok
til å siva inn. Eg hadde ikkje noko anna å gjera
enn å komma meg opp. Då eg var komme eit
stykke opp leidaren vart eg stansa av gloheit
damp. Eg måtte ned att og freista på ein annan
veg. Eg klarte å komma meg opp over kjelane og
klatra opp den vegen mot døra på babord side.
No var det nesten umogeleg å pusta og eg måtte
anstrenga meg for å spare på pusten. Den heldt
akkurat til eg kom meg ut døra til dekksgangen.
Derifrå sprang eg straks til lugaren min for sjå
etter kona mi og Liv Janne. Då eg ikkje fann dei,
sprang eg ut på poopen og fann dei saman med
dei andre. Mannskapet hadde starta med å gjera
livbåtane klare.”
Jan Henrik fortalde vidare i dette intervjuet at det
gjekk kort tid før dei satt i livbåtane. Det var dei 2
båtane på styrbord fordi det var umogeleg å nå
fram til dei 2 på babord på grunn av flammar og
røyk.
Kapteinen var igjen saman med overstyrmann og
annanstyrmann for å forsikra seg om at ingen var
att. Då dei var ferdige forlet dei skipet med ein
flåte og vart plukka opp.
Ferncastle vart etter kvert eit inferno av røyk og
varme, men dei styrte bort og vart ikkje vitne til
at båten gjekk under. Etter omtrent halvannan
time kom den spanske pallebåten Navipesa Dos
frå Bilbao kloss opp til livåtane og plukka opp dei
som sat i dei. Om natta sov mennene i
lasterommet inntulla i ulltepper medan kvinnene
fekk overta lugarane.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 10
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Familien frå Uskedalen på veg heim (Foto:
Billedbladet NÅ)
Også i portugisiske aviser utløyste ulukka store oppslag.
Alle måtte forlata Ferncastle som dei gjekk og
stod utan å få med seg noko.
Liv Janne hugsar rimelegvis ikkje noko av det
som hendte for 40 år sidan.
Kaptein var Bjarne Helvik frå Herøysund og han
leia redningsoperasjonen på eit suverent vis.. Det
var svært høg sjø, men overføringa av folk gjekk
smertefritt sjølv om vesle Liv Janne måtte heisast
over i ei plastbalje. Det var 10-12 personar i den
båten familien Hansen sat i. Etter eit døgn
ombord i den spanske båten vart dei landsett i
Lisboa.
Også ho har satsa offshore men med base på land
– som ingeniør hos Statoil i Stavanger.
Heimkomsten via Lisboa og Paris utløyste mange
spaltemeter i avisene og ikkje minst vart det
skreve om ”en liten pike med oljeflekker på
kåpen”-
Jan Henrik sa i intervjuer då han kom i land at han
måtte halda fram til sjøs fordi det var arbeidsplassen
hans sjølv om det var ein farleg arbeidsplass.
Dessutan hadde han planar om å byggja hus i
Uskedalen og då var det berre å hengja i sa han til
Bergens Tidende.
Ferncastle var elles den andre Ferncastle som møtte
sin skjebne på dramatisk vis i Atlanterhavet. Den
første vart torpedert i 1943 og 24 mann drukna.
KRAMBUA I USKEDALEN - GAVEFORRETNING






Fått inn mykje fint i påskedukar
Fått inn mykje fint i dukar til låge prisar. Fått inn flotte Teflondukar, no halv pris.
Elles ein heil del varer til halv pris. Gåve artiklar.
Sydvester og Bømlahuer.
Den fantastisk gode Evanger eldhusrøykte fårepølsa og korv.
Heimebakte lefser.
Krambua ope: mån., ons. og tors. 10.30-17.00.
Fre. 10.30-17.30, Laurd. 10.30-15.30. Tysd. stengt.
Tlf. 53 48 63 46 / 48 02 16 29
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 11
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 12
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
May-Liss - ny rektor i Uskedalen
Av: Frida Nybakk, Malin Bakke Eik, Kathrine Saghaug, Karen Pedersen Brede
Marie Elisabeth Kaldestad på sitt nye kontor.
Det nye året starta med at Uskedalen
Oppvekstsenter fekk ei ny leiing. Marie
Elisabeth Kaldestad overtok da som rektor
etter Vidar Haugland etter at dei to har
jobba saman dei 2 siste månadane.
Difor har me stilt ho nokre spørsmål om
korleis det er å være rektor på Uskedalen
Oppvekstsenter.
-På kva måte liker du Uskedal?
-Det er kjekke elevar, ansatte og eit fint
oppvekstsenter.
-Kva fag har du med elevane?
-Med elevane har eg sløyd og gym.
-Kva gjer du i fritida?
-Eg er nett ferdig med eksamen, eg er rektor og
bestemor og eg liker å trimma.
-Kva liker du best med å vera rektor?
-Det er å prøva å få ein god skule både faglig og
sosialt.
-Korleis er det å overta ein ny skule?
-Det er kjempekjekt og litt vanskeleg.
-Kva er vanskeleg med rektorstillinga?
-Det er vanskeleg å få tid til alt.
-Klarer du å hugse alle namna?
-Det går på opp, og eg har ein lapp som eg kikkar
på.
-Kva synest du er viktig for dei vaksne å passa
på når dei er med barn?
-Det er viktig at alle er trygge og at dei veit at
barna er ulike.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 13
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Marie Elisabeth Kaldestad saman med Frida Nybakk, Malin Bakke Eik og Tina Bakke Eik.
-Kva er yndlingsfaget ditt i undervisning?
-Eg liker best norsk, ord og setninger.
-Kva tilbakemeldinger har du fått?
-Eg har fått bra tilbakemeldinger.
-Korleis har du fått alle dei studie poengene?
-Gått på skule heile tida, eg var ferdig no til jul og
vurderer å fortsetje.
-Kor mange barn har du tilsaman ?
-Eg har tre egne barn og sju fosterbarn.
-Kvar har du jobba før?
-Bringedalsbygda oppvekstsenter, Undarheim
skule og fleire.
Kunst og Ramme
Vi har flyttet til Halsabrotet 15
Uskedalen
Ring for avtale
Kjetil: 41 50 41 15
Gunn Kristin: 95 18 78 17
ALT INNEN INNRAMMING
Rimeleg overnatting og frukost i ein lun og koseleg
atmosfære, finn du sentralt i Uskedal sentrum.
Ope heile året.
Nausthaugen 1, 5463 Uskedalen
Tlf.: 53 48 60 39 – Mobil: 90 08 41 36 – Fax: 53 47 74 88
www.solheimturiststasjon.no
email: [email protected]
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 14
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Kor viktig er mobilen for oss?
Av: Ingvill E. Myklebust, Solveig Haugland, Kathrine Saghaug
Hilde Legland – 5. klasse
Joakim Myklebust – 5. klasse
-Kva mobil har du?
-Eg har Sony Ericsson W595
-Kva mobil har du?
-Eg har Nokia 5230.
-Kor lenge har du hatt den?
-Eg har hatt den i omtrent to år.
-Kor lenge har du hatt den?
-Eg har hatt han omtrent eit år.
-Kva brukar du mobilen din mest til?
-Eg bruker den mest til å ringa og senda meldingar
med.
-Kva brukar du mobilen din mest til?
-Eg bruker mobilen min mest til å skrive meldingar
med.
-Kor viktig er mobilen din for deg?
-Mobilen min er kjempeviktig for meg, fordi eg kan
ringa til mamma viss det er noko viktig.
-Kor viktig er mobilen din for deg?
-Mobilen min er viktig for meg, fordi då er det lett å
få tak i folk .
-Kor lenge klarar du deg utan mobil?
-Eg klarer meg to år uten mobil, det er eg sikker på.
-Kor lenge klarar du deg utan mobil?
-Eg klarer meg omtrent fire dager utan mobilen min.
-Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil?
-Eg var åtte år då eg fekk min fyrste mobil.
-Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil?
-Eg var sju år då eg fekk min fyrste mobil.
-Kva er bra med å ha mobil?
-Det er bra med mobil fordi da kan eg ringa til folk og
spela på den.
-Kva er bra med å ha mobil?
-Det er bra å ha mobil fordi då kan eg skriva melding
og spele på den.
-Kva kan vera dumt med å ha mobil?
-Det er dumt med mobil fordi du gløymer den overalt.
-Kva kan vera dumt med å ha mobil?
-Det er dumt med mobil fordi telefonselgarar kan
ringa til meg.
-Er det press blant venner om å ha den kulaste
mobilen?
-Nei, det er ikkje press blant vennene om kulast
mobil.
-Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil
med på skulen?
-Eg synest det er teit at det ikkje er lov å ha med
mobil på skulen.
-Er det press blant venner om å ha den kulaste
mobilen?
-Nei, det er ikkje press blant venner om å ha best
mobil.
-Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil
med på skulen?
-Eg synest det går greit at det ikkje er lov å ha mobil
med på skulen.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 15
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Karen Pedersen Brede – 6. klasse
Kathrine Saghaug – 6. klasse
-Kva mobil har du?
-Eg har ein gamal Sony Ericsson.
-Kva mobil har du?
-Eg har Sony Ericsson w1595.
-Kor lenge har du hatt den?
-Eg har hatt den i eit år, men den er tre og eit halvt år.
-Kor lenge har du hatt den?
-Eg har hatt den i eit år.
-Kva brukar du mobilen din mest til?
-Eg bruker den mest til å senda meldingar med og å
ringja.
-Kva brukar du mobilen din mest til?
-Eg bruker mobilen min mest til å skrive meldingar og
spele på.
-Kor viktig er mobilen din for deg?
-Mobilen min er veldig viktig for meg, fordi eg bruker
den til å få tak i andre.
-Kor viktig er mobilen din for deg?
-Mobilen min er veldig viktig for meg.
-Kor lenge klarar du deg utan mobil?
-Eg klarer meg ca ei veke utan mobil.
-Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil?
-Eg var fem og eit halvt år då eg fekk min fyrste
mobil.
-Kva er bra med å ha mobil?
-Det er bra med mobil fordi då får du lett tak i folk.
-Kva kan vera dumt med å ha mobil?
-Det er dumt med mobil fordi den går fort tom for
strøm og det kostar pengar å ha mobil.
-Er det press blant venner om å ha den kulaste
mobilen?
-Det er liksom om å gjera å ha kulast mobil, så det er
litt press, men ikkje mykje.
-Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil
med på skulen?
-Eg synest det er dumt at ein ikkje kan ha med mobil
på skulen. Det jo ingen som ringer til meg på skule
tid, og det går jo an ha den på stille modus.
-Kor lenge klarar du deg utan mobil?
-Eg klarer meg utan mobilen i ei uka.
-Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil?
-Eg fekk mobilen då eg var seks år.
-Kva er bra med å ha mobil?
-Det er bra med mobil fordi eg kan senda meldingar,
spela, ringa og høyra på musikk.
-Kva kan vera dumt med å ha mobil?
-Det som kan vera dumt er at eg kjem inn på internett
utan at eg vil.
-Er det press blant venner om å ha den kulaste
mobilen?
-Nei det er ikkje press blant venner.
-Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil
med på skulen?
-Eg synest at det er dumt fordi det er ingen som ringer
i skuletida.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 16
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Kjartan Tungesvik – 7. klasse
Amalie Haugland Røstbø – 7. klasse
-Kva mobil har du?
-Nokia.
-Kva mobil har du?
-Eg har ein Sony Ericsson Xperia U20.
-Kor lenge har du hatt den?
-Ca eit år.
-Kor lenge har du hatt den?
-Eg har hatt den i to veker.
-Kva brukar du mobilen din mest til?
-Ringe og sende meldingar.
-Kva brukar du mobilen din mest til?
-Eg bruker han til å senda meldingar med og ta bilde.
-Kor viktig er mobilen din for deg?
-Ikkje så veldig viktig ,berre av og til.
-Kor viktig er mobilen din for deg?
-Mobilen min er utruleg viktig for meg.
-Kor lenge klarar du deg utan mobil?
-Klarer meg ganske fint så lenge vi har hustelefon.
-Kor lenge klarar du deg utan mobil?
-Eg klarer meg ikkje ein dag utan mobil.
-Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil?
-11 år.
-Kor gamal var du då du fekk din fyrste mobil?
-Eg var 9 eller 10 år då eg fekk min fyrste mobil.
-Kva er bra med å ha mobil?
-Du er meir tilgjengeleg og det er lettare å få tak i
andre.
-Kva er bra med å ha mobil?
-Det er bra å ha mobil fordi du kan høyra på musikk
og du slepp å å vera avhengig av andre sin mobil.
-Kva kan vera dumt med å ha mobil?
-Folk kan ringe med skjult nummer å tulle ringa. Og
folk kan lytta til andre sine telefoner via data.
-Kva kan vera dumt med å ha mobil?
-Det er dumt med mobil fordi du gløymer den nokre
plasser og at den må ladast.
-Er det press blant venner om å ha den kulaste
mobilen?
-Ja, litt.
-Er det press blant venner om å ha den kulaste
mobilen?
-Nei, det er ikkje press blant venner om kulast mobil.
-Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil
med på skulen?
-Greitt.
-Kva synest du om at det ikkje er lov å ha mobil
med på skulen?
-Eg synest det er heilt greitt.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 17
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
TI PÅ GATA
TEKST OG BILDE: Ingvill E. Myklebust, Solveig Haugland, Kathrine Saghaug, Malin
Bakke Eik
Spørsmål:
- Kva vær ynskjer du deg i påske?
- Kor skal du feira påsken?
Ingebjørg
Haugland
-Sol og fint ver.
-Heima og sikkert
gå litt på ski.
Gianni Rebaudo
-Knall sol og
varme.
-Italia.
Gerhard Li
-Fint og sol.
-Veit ikkje.
Malin B. Eik
-Påskever og sol.
-Heima og i
fjellet.
Bjarte Døssland
-Strålande sol.
-Veit ikkje.
Ivar Gundersen
-Fint og sol.
-I Uskedalen og så
håpar eg på
Blådalen.
Inger H.
Myklebust
-Strålande sol og
fint ver.
-Heima med
familien.
Kjersti
Raudstein
-Sol og fint ver.
-Heima.
Maren Huse
Bjørnebøle
- Sol
- Enten heima
eller i Røldal
Rebecca Hauge
- Sol.
- Heima
Påskemat frå havet
Sverre Myklebust Maskinstasjon AS
5463 Uskedalen
Graving ● Sprenging ● Boring ● Masseflytting
Mobil 913 45 035
E-mail [email protected]
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 18
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Krigsseglarane frå Uskedalen
Av: Kristian Olav Bringedal
D/S Corona ( H.M.
Wrangell, Haugesund )
med nøytralitetsflagg
akter.
Dette var i tida før
NORTRASHIP, den
tida vi kallar for Den
gløymde krigen
Tilsaman 9 sjømenn frå Uskedalen var ute
under krigen. Då reknar vi dei som var frå
bygda, men og dei med sterke band til
Uskedalen.
Til samanlikning veit vi at heile 18
sjømenn frå Herøysundet var i
Handelsflåten og Marinen krigsåra 1939 –
1945.
Med eit folketal på rundt 200 ibuarar i
Herøysundet var dette eit svært høgt tal,
tilsvarande 9 %. Bakgrunnen for denne
artikkelen er tekstane vi nytta på
jubileumsutstillingen Krigen og freden
mai 1995. Boka Kvinnheringar i krig og
Markhusarkivet har og vore til stor hjelp.
Den gløymde krigen 1939/1940
Den norske handelsflåten møtte sjøkrigen frå
krigenes fyrste dag.
Fram til 9. april vart 58 norske skip senka i
krigshandlingar og 397 menneskeliv gjekk tapt.
Berre på ein dag, 28. september 1939, vart i alt 3
norske skip senka. Haugesundsflåten hadde eit
tap på 10 skip og 62 menneske omkom før krigen
hadde teke til her heime.
Så langt vi kjenner til, var ingen frå Uskedalen
med i torpederingar i startfasen av krigen.
I Nortraships teneste
I april 1940 var om lag 1000 norske skip spreidde
på alle verdshava.
Britane ville at den norske flåten skulle segla
under britisk flagg, men den norske regjeringa
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 19
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Kaptein Knut O. Bringedal ( i midten ) ombord i M/T K.J. Knudsen saman med Sam S. Skogland frå reiaren og
Van Riel ( skipsagent )
Tankaren K.J. Knudsen var klar for levering frå Gøtaverken i juni 1940.
For at ikkje skipet skulle koma på tyske hender, vart den registrert i eit nytt selskap og omdøypt til Belona og
lagt i opplag i Gøteborg. Dette var eit proforma vedtak. Bringedal var skipper på K.J. Knudsen frå overlevering
7. august 1945 til han på nytt tok ut ny motortankar Elin Knudsen frå Belfast i 1945, Noregs største skip på den
tid.
vedtok 22. april at alle skip over 500 brutto
registrerte tonn skulle samlast i eit reiarlag,
NORTRASHIP, verdas største statseigde reiarlag.
Den norske handlesflåten vart svært viktig i den
allierte krigføringa,- særleg med å halda livslina
mellom USA og Europa open med å få fram
materiell og utstyr til dei krigførande
avdelingane.
Men, det kosta. Nær på 4000 sjømenn fekk si
grav på havet.
Ein av desse, Hans Laurits Landa, kom frå
Uskedalen ( Sjå eigen artikkel )
500 skip, halve flåten, gjekk tapt.
I Heimeflåten si teneste
Vi må ikkje gløyma heimeflåten. Då landet vart
okkupert, var om lag 800 skip innafor det tyske
maktområde. Mesteparten av skipa var under 500
brutto tonn og vart sett i fart av Skipsdirektoratet
eller rekvirert av okkupasjonsmakta.
Om lag 13000 norske sjømenn gjorde teneste om
bord i heimeflåten og av desse omkom 974.
Tapsprosenten var såleis like stor her som det vi
kjenner frå Nortrashipsflåten. Dette var ein seglas
”mellom ven og fiende” og prisen var høg i tap av
skip og menneskeliv. Det er uvisst om nokon frå
Uskedalen var i heimeflåten. Dersom nokon har
informasjon, er vi takksame for tilbakemeldingar.
Krigsseglarane frå Uskedalen
Dette er ei kort skildring av dei 9 frå Uskedalen i
NORTRASHIPS teneste.
Meir utfyllande artiklar med bakgrunn i
sjøforklaringar og andre hendingar kjem vi
attende til i seinare utgåver av Uskedalsposten.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 20
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
M/T O.A. Knudsen, Haugesund, torpedert 5. mars 1942 ved Bahamas
Knut O Bringedal, f. 1894, skipsførar
Knut O Bringedal var flaggskipper hos Knudsen OAS
i Haugesund. Knut tok motortankar O.A. Knudsen ut
ny frå Hamburg i 1938.
Fartyet var den største tankbåten i Noreg på den tida,heile 16150 tdw.
Skipet vart torpedert i mars 1942 på reise frå Port
Arthur, Texas, til Liverpool med 16000 tonn
brenselolja. Etter ei dramatisk hending med fleire
torpederingar og kanoneld frå dei tyske ubåtane U126 og U-504 vart båten senka den 5. mars.
Ein engelskmann omkom ombord. Ein av det norske
mannskapet døydde på sjukehus straks etter. Kaptein
Knut O Bringedal og fleire av mannskapet gjekk med
granatsplintrar i kroppen så lenge dei levde.
Han var skipsførar på tilsaman fem skip i krigsåra og
var med på to svært dramatiske torpederingar.
Knut segla på tankbåtar i Knudsen til han gjekk land
på 1960 talet.
I eit seinare nummer av Uskedalsposten skal vi skriva
meir om den dramatiske torpederinga med O.A.
Knudsen i 1942.
D/S Corona, Haugesund, torpedert 5. februar 1943 mellom Torbruk og Bengazi på Libyakysten
Olav Ivar Bringedal, f. 1908, 1. styrmann
Olav Bringedal segla på D/S Corona i reiarlaget H.M.
Wrangell, Haugesund.
Han var saman med Ole Meidell Klette frå
Herøysundet som førte båten på Østen fram til krigen.
Klette vart teken i land i Nord Kina som hamnelos og
vart seinare internert av japanarane til krigen var over.
Ny kaptein vart E. Endresen og Olav Bringedal var 1.
styrmann.
Corona hadde Kina krew, 50 kinesarar og 7 norske
offiserar, i tillegg til kanonmannskap. Den 5. mars
1943 vart Corona torpedert på reise i
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 21
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
konvoi frå Alexandria til Bengazi av den tyske ubåten
U-617.
Lasta var krigsmateriell, ammunisjon og 49 britiske
soldatar.
Båten heldt seg flytande og vart taua til hamn i
Tobruk og strandsett og fortøyd i eit anna vrak. Båten
sokk, vart heva, men sokk igjen nyårsdag 1945.
Bengazi og Tobruk er i desse dagar mykje omtala i
media etter frigjeringsopprøret i Libya.
Olav Bringedal segla vidare med M/T Arena i Kure
Olsens rederi, Kristiansand.
Det må nemnast at Olav Bringedal kom frå kvalfangst
med Suderøy 2 i 1936.
Etter ein månad ferie reiste han i utanriksfart og
mønstra av i september 1945. Då hadde han vore
borte frå heimen i Uskedalen i godt over 9 år.
Han gjekk straks inn på skipperskulen i Farsund, i kull
med skipsførar Lars Storås frå Herøysundet
Knut O Bringedal var onkel til Olav.
Trygve Hermansen, f. 1884, skipsførar
Trygve Hermansen var kaptein i Westfal Larsens
rederi i Bergen.
Han førte skipet M/T Nordanger, 9000 tdw., bygd i
Amsterdam i 1925.
På den tida var dette det største skipet i landet.
Hermansen sen. stod om bord i Nordanger fram til
mai 1944. Skipet gjekk for det meste med
krigsmateriell mellom Amerika og Europa.
Nordanger vart og nytta som oljedepot for allierte skip
i Gibraltar.
I 1944 kom han i land og vart knytta til
NORTRASHIPS kontor i New York.
Trygve Hermansen segla ikkje etter krigen. Han
arbeidde innan shipping i Oslo. Huslyden hans hadde
fast bustad i Uskedalen i krigsåra.
Vi har ikkje bilete av Nordanger.
M/S Trondanger, Bergen, ikkje torpedert
Reidar Odd Hermansen, f. 1919, matros
Reidar Hermansen var son til Trygve Hermansen.
Dei segla i det same reiarlaget, Westfal Larsen i
Bergen.
Reidar var om bord på M/S Trondanger, 9800 tdw.,
bygd i Amsterdam i 1932.
Trondanger vart saman med to andre systreskip rekna
for å vera teknisk svært avanserte, med 7 sylindra
maskin og med ein toppfart på 16 mil.
Hermansen segla med dette skipet i heile krigen. Båt
og mannskap overlevde fem dramatiske år,- som
oftast i Nordatlantisk konvoi med mykje
torpederingar.
Reidar Hermansen kom heim fyrst i 1948.
Han hadde då vore borte frå bygda og heimen i 8 år.
Reidar Hermansen var son til Trygve Hermansen, vart
gift og busette seg i Herøysundet.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 22
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
M/T Eli Knudsen ( tidlegare O.A. Knudsen ), Haugesund, torpedert 22. juni 1940 sør for Irland
Peder Døssland, 3. styrmann, f. 1914
Peder Døssland segla også i reiarlaget Knudsen OAS.
Han gjekk om bord i M/T Eli Knudsen i mars månad
1940. Knut Bringedal tok båten ut ny i 1925, den
gongen som O.A Knudsen. Når den nye O.A Knudsen
kom til i 1938, skifta båten namn til Eli Knudsen.
Peder Døssland segla fyrst som matros, seinare som 3.
styremann. Skipsførar var Mathias
Midtbøe. På reise frå Aruba til England med 13000
tonn diesel /brenselolje vart Eli Knudsen 22. juni 1940
torpedert av den tyske ubåten U-32 med sjef Jenisch,
sør for Irland. Dette var den fyrste torpederinga av ein
Haugesundbåt etter 9. april. Skipet heldt seg flytande,
vart teke under slep, men gjekk ned 24. juni.
Mannskapet vart berga, sette om bord i HMS
Sandwich og tekne inn til Liverpool.
Peder Døssland segla på fire andre norske skip i
krigsåra.
M/T Sommerstad, Oslo, ikkje torpedert
Sigurd Torvald Myklebust, f. 1910, 3. maskinist
Torvald Myklebust segla på fire ulike skip i krigsåra.
Den lengste tida gjekk Myklebust i konvoi mellom
Amerika og England.
Lasta var krigsforsyningar.
Ein av båtane hans var M/T Sommerstad, 8670
tdw, bygd i 1925 for reiarlaget Klaveness i Oslo.
Myklebust kom om bord som 3. maskinist 28. mars
1943 og stod krigen ut. I åra 1940/41 var han på M/S
L.A. Christensen, ein Tønsbergbåt som vart torpedert
10. juni 1942.
Krigstida tok på. Torvald måtte to gonger innom
sjukehus i England.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 23
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
M/S Martin Bakke, Haugesund, ikkje torpedert
Svein Myklebust, f. 1901, stuert
Svein Myklebust mønstra på M/S Martin Bakke i
Knud Knudsen O.A.S. i desember 1939. Han stod om
bord på same skipet til avmønstring i januar 1947.
Martin Bakke gjekk for det meste i troppetransport
Amerika – Europa.
Båten vart ikkje torpedert, men dei var likevel med på
dramatiske hendingar i konvoi. Kaptein var Einar
Hetland. Svein Myklebust var stuert.
Martin Bakke deltok i operasjon Torsch i november
1942 og skipet var eit av dei fyrste som gjekk inn på
hamna i Casablanca. Dei var då lasta med lossekranar
og utstyr for den amerikanske invasjonsstyrken.
Svein Myklebust og Sigurd Torvald Myklebust var
brør.
M/S Sofie Bakke, Haugesund, sokk 4. august 1940, skipskollisjon
Alfred Stensletten, f. 1920, matros
Aldred Stensletten segla på M/S Sofie Bakke i
Knudsen O.A.S.
Båten var på 8849 tdw, ny i 1938 og bygd på
Gøtaverken.
Aldred var berre 18 år i 1940. Han er såleis den
ynsgte krigsseglaren frå Uskedalen. Han reiste ut
to år før, 16 år gamal, med Knut Bringedal på
M/T O.A. Knudsen ( torpedert i februar 1942 )
Sofie Bakke sokk 4. august 1940 etter ein
kollisjon med eit svensk skip ved nordaustkysten
av Skottland, på reise frå Chile til London med
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 24
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
råvarer til aluminiumsfabrikkane der.
Arnfred Thunold frå Dimmelsvik/Uskedalen var
maskinsjef på same båten.
Thunold er ikkje omtala i denne artikkelen. Han
er heller ikkje nemnd i boka Kvinnheringar i krig.
Det må vera eit mistak som må rettast ved
korrektur.
Alfred Stensletten kom på sju andre båtar og
segla alle krigsåra, for det meste i Atlanterkonvoi.
Han kom heim etter krigen, tok
kystskipperskulen, styrmannskule og
skipperskule og segla seinare som skipsførar på
Knudsenbåtar fram til 1980.
Hans L. Landa, f. 1903, skipstømmermann
Fall for fedrelandet.
Landa har fått namnet sitt på bautaen på
Stemneplassen i Uskedalen.
Sjå eigen artikkel
Heimreisa
Krigsseglarane våre kom heim puljevis.
Peder Døssland kom til Bergen med Lyra i august
1945.
Det same veit vi om Torvald Myklebust som kom
til Bergen med same båten i september.
Knut Bringedal kom til Noreg 9. august
Dei, som kom til landet i 1945, fekk ei uventa
mottaking på kaien i Beinavikjo.
Uskedal Musikklag saman med mykje
byggdefolk møtte fram kvar gong og hylla dei
med musikk og takk for innsatsen deira for heim
og fedreland.
Det var gripande stunder.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 25
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
STORT UTVALG!!
HUSFLID PRODUKTER
TREVARE PRODUKTER
HAGE – UTEPRODUKTER
TRYKKING PÅ DIV. ARTIKLER
VED
-tar imot bestilling og kjører ut.
VASKERI
-dyner, madrasser, tepper, klær,
soveposer, kjeledresser m.m.
UTEOPPDRAG
-rydding av skog/hage, rive
bygninger, oppsett av gjerde o.l.
TLF: 53 47 55 00
epost: [email protected]
Stian Haugland tlf. 95 78 48 08
Tor Ove Haugland 90 51 14 71
Arne Johs. Haugland tlf. 95 78 62 39
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 26
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Hans Laurits Landa – fall for fedrelandet
Av Kristian Olav Bringedal
Skipstømmermann Hans Laurits Landa ( 1870 1942 )
I bokverket Våre falne les vi om Hans
L. Landa:
Møbelssnikker og skipstømmermann,
Kvinnherad.
Født 30. juli 1903 i Kvinnherad.
Sønn av Hans Landa, f. 1870, og Engel f.
Eik, f. 1876. Gift 1939, 1 barn.
Var tømmermann på d/s Norse King.
Da skipet var på reise mellom Swansea og
Boston, ble det torpedert 28. desember
1942. Mannskapet ble tatt opp av et
eskortefartøy, men ble dagen etter satt om
bord igjen i skipet, som satte kursen for
Asorene, men forsvant sporløst. Det ble
sist sett 29. desember 1942.
Vi vil i denne artikkelen finna meir ut om Hans
Laurits Landa og om torpederinga av Norse
King. Norse King tilhøyrte reiarlaget Odd
Godager i Oslo.
Det var eit dampskip på 8800 DWTog var bygd i
1920.
Skipet vart ført av kaptein Lorentz Tvedt.
Hans L. Landa er skipstømmermann om bord.
Norse King gjekk frå Belfast i konvoi den 19.
desember lasta med 5400 tonn kol for Boston.
I konvoien var det 45 skip eksortert av ei
kandadisk jagar og 5 korvetter. Norse King hadde
ei særleg opppgåve i konvoien, nemleg bakerst
som redningsskip ( likpellar)
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 27
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Deler av mannskapslista på Norse King, Oslo.
Over 20 ubåtar vart frå tysk side sett inn mot
konvoien.
I eit 3 dagars slag mellom 27. og 29. desember
vart 14 handelsskip senka.
Norse King var på kvelden 28. desember treft av
ein torpedo frå ubåten U 591. Mannskapet vart
berga om bord i eit eksortefarty.
Dei heldt seg i nærleiken av den flytande Norse
King. Mannskapet vurderte det slik at båten
kunne bergast, gjekk om bord, fyrte opp og gjekk
mot Asorene.
Eit anna skip i konvoien meldte frå at dei
observerte Norse King kl. 06.45 neste morgon
med 6 knops fart og livbåtane klare langs
skutesida.
Det var det siste ein høyrte frå Norse King med
eit mannskap på 35.
Tysk informasjon fortel at Norse King vart på
nytt torpedert ved middagstid same dag, altså 29.
desember av ubåten
U 435 med kapteinlt. Strelow. Dei tyske
opplysningane fortel ikkje noko om mannskapet.
Ubåten forliste nemleg og gjekk til botnar eit
halvt år etter dette.
Frå eit skip som krigsforliser utan sikre
observasjonar og der alle kjem bort, har ein ikkje
sjøforklaring og halda seg til.
Ubåten, der alt vert loggført, forliser.
Dermed veit vi lite om dei siste timane om bord
på Norse King. Truleg omkom langt fleire enn 35
menn. Båten hadde i tillegg plukka opp
overlevande frå den intense torpederinga over 3
dagar. Det vi kan halda oss til, er skipsdagbøker
frå andre farty i konvoien,- mellom anna frå
Ravnefjell og boka til sjøkaptein Peder Kr.
Nilsen.
Her er jula 1942 og sjøslaget skildra.
DIN LOKALE LEVERANDØR
TELEFON 53 48 61 01
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 28
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Oppgåve 1
Ved ein strek skal du få eit bilmerke.
X8IX8
Oppgåve 2
Ved to streker blir svaret riktig.
I0+I0=4
Oppgåve 3
Ved ein bein strek og ein strek med bue på slutten
skal du få ein hund.
OOO
Kva ord blir desse bokstavane, som vi har stokka
om. (Tema er påske) Fasit neste side.
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
llngkyi
rtsoek
agfdlgarne
gåedokpts
aggalot
riapmasn
lesdakjoo
gilpmri
Klarer du og svare på spørsmål om sjokolade?
1. Kva heiter sjokoladen som deler namn med ein naboplanet i solsystemet?
2. Kva sjokolade vart kalla tursjokoladen?
3. Freia begynte å lage Kong Haakon-konfekt i 1905. Same år gikk Noreg ut av union med kva land.
4. Kva heiter den skumfylte sjokoladen som er forma som bjørnar?
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 29
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
På skulen klarer eg ikkje og jobbe eller
konsentrere meg. Kva skal eg gjere?
Svar: slutte på skulen.
-Kva er det som går og går og aldri kjem til døra?
- Klokka, selvfølgeleg.
- Nei, det er bestefar som har satt bukseselene fast
i gyngestolen.
Ein gamal dame går bort til ein liten gut å spør:
-Kva heiter du lille venn?
-Eg heiter det same som lommeboka til pappa.
-Kva heiter den då?
-Tom!
- Kva kommer det av at du er så høg, når broren
din er så liten?
- Det er fordi han berre er halvbroren min.
-Doktor doktor, eg snorker så høgt at eg vekker
meg sjølv! Kva skal eg gjera?
- Sove i eit anna rom.
Kva slags tøy kan ikkje vaskast?
Svar: syltetøy.
Kva tegner aper?
Svar: apestreker.
Kva er gult og vått?
Svar: Ei banan i regnveret.
Kva dyr kan dette ned frå himmelen?
Svar: Rein.
Her har du en enkel SUDOKU.
- Alle de tomme feltene må fylles med et tall fra 1 til 9.
- Hver eneste rad og rekke må inneholde alle tall fra 1 til 9.
- Hvert storfelt på 3x3 felter må også inneholde alle tall fra 1 til 9.
- Ingen tall kan brukes mer enn én gang på en rekke, rad eller storfelt.
Lykke til!
6
3
2
1
8
2
4
8
6
Svar på oppgaver:
Oppgåve 1.
VOLVO
Oppgåve 2.
TO+T0=4
Oppgåve 3.
DOG
Bokstavoppgåve:
Kylling
Korset
Langfredag
Påskegodt
Golgata
Marsipan
Sjokolade
Pilgrim
4
7
1
6
3
2
8
7
9
5
2
9
8
4
6
7
3
1
4
1
5
7
8
2
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 30
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Livet på Skorpo for meir enn 100 år sidan
I julanummeret av Uskedalsposten i 2008 hadde vi ein reportasje om Livet på Skorpo
for meir enn 100 år sidan. I den anledning så har Uskedalsposten fått eit brev fra
Margaret Mehus hvor hun kommer med historien og kven som er med på bilete.
Margaret Mehus
Grevlingveien 27
2050 Jessheim
18.mars 2011
Livet på Skorpen rundt forrige århundreskifte
Kom over et morsomt lite hefte - Uskedalsposten.
Det som gjorde det ekstra morsomt for meg var at det handlet om livet på Skorpen.
Min mormor Else Marie Langballe var gift med Niels Koren Lund fra Undarheim på
Husnes.
Hos mormor og hjemme, ble stedet omtalt som Onarheim. Så min mor var kusine med
Ragna Hjelmeland og Gunvor Næs
Jeg har vært på besøk på Skorpen i forbindelse med slektstreff på Stord og et par
ganger hos familien til Bernt og Tordis. Fikk da en morsom omvisning på øya og ble
hyggelig tatt i mot.
På side 28 i Uskedalspostens julenummer i 2008 er det et bilde som viser en samling
på Skorpen med ukjent historie. Den har imidlertid jeg; Året er 1894 og det er dagen
etter festlighetene i anledning av forlovelsen til min mormor Else Marie og Niels.
Navnelisten legges ved.
Det var også morsomt å lese om Langballe eplene, selv om de ikke skal være av de
beste så har vi bestillt 8 trær hos gartner Jørgen Hass i Rosendal . De var så snille å
ville finne tak i podekvister og gjøre et forsøk. For litt tid tilbake ringte han og fortalte
at nå var podingen vellykket .
Nå blir det epletrær til våre 4 døtre og trær til hagen på hytta på Halsnøy.
Jeg er gift med Einar Mehus fra Halsnøy og føler at jeg har gode røtter i Kvinnherad.
Med hilsen
Margaret Mehus
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 31
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Bilete som var på trykk i Uskedalsposten Jula 2008 med følgende bilete tekst ” Samling av mange på Skorpo
rundt årdhundreskiftet, men kva som gjekk føre seg veit me ikkje.”
De 24 på bildet er følgende:
Fra venstre i bakerste rad:
1.
Oscar Langballe (dessverre bare venstre arm,
bror av Else MKL)
2.
Jacob Aga, bankdirektør, søstersønn av
bestemor Lund, sønn av Sara Utne, gift med
Ole Aga
3.
Margrethe Galtung, datter av Cathinka Undal
4.
Nils Koren Lund
5.
Ingeleiv Lund, søster av NKL
6.
Else Marie Knagenhielm Lund
7.
Sara Koren Lund, søster av NKL
8.
Jacob Lund, bror av Nils KL
9.
Jacob Mæland, hotelleier på Granvin
10.
Magdallena Lund (Bergen), kusine av NKL,
datter av kaptein Magdalon Lund
11.
Brynjulf Langballe, bror av Else MKL.
12.
Johan Koren Dahl, juveler
13.
Thormod Tendeland, fetter av Else MKL på
fars side, var da huslærer i hennes hjem,
senere skolebestyrer i Moss.
14.
15.
16.
Anton Langballe. bror av Else MKL
Michael Langballe, bror av Else MKL
Victor Langballe, bror av Else MKL
Fra venstre i forreste rad:
17
Dora Eggers, ubeslektet, guvernante hos
Lunds, senere hos Langballes, senere
tannlege i Oslo.
18.
Marie Lund, søster av Nils KL
19.
Marie Lund, NKLs mor
20.
Anne Margrethe Langballe, søster av Else
MKL
21.
Margrethe Langballe, Else MKLs mor
22.
Francisca Dahl, ubeslektet
23.
Jenny Langballe (barnehode bak 22), søster
av Else MKL)
24.
Leif Lund, bror av Nils KL
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 32
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Fjellstovo – ei databok om Mannsvatnet og hyttemiljøet
Av Ola Matti Mathisen
Dag Hermansen, her nede på Neset. (Foto: Ola Matti Mathisen) og kveld ved Mannsvatnet (Foto: Dag
Hermansen)
Dag Hermansen, geolog og busett i
Bergen, er ein trufast ferie- og fritidsgjest i
Uskedalen. Han er ikkje berre hyttebuar på
Neset, men også ved Mannsvatnet . Der er
han ein av 6 medeigarar i ei av dei 12
hyttene i området. 8 av dei er gamle, den
fyrste bygd i 1917. 4 er nybygde eller
ombygde.
det her var utretta storverk og gjort eit arbeid som
det stod vyrdnad og byrgskap av. Dagny Syse,
lærar frå Stord, hadde ideen og Sjur Lote i
Haugesund var den største bidragsytaren. Men
historia om Fjelly kan ein lesa i uskedalen.no, og
no skal vi inn på linken til ”vår” hytte, som også
var eit krevjande prosjekt. Samanlikna med
dagens helikoptertransport verkar det nesten
utruleg.
Her har Dag lagt ned mange dugnadstimar med
fysisk arbeid, men det begrensar seg ikkje til det.
Han har også gjort ein storinnsats med samling,
systematisering og redigering av skriftleg og
fotografisk materiale både om Fjellstovo og om
resten av miljøet rundt vatnet. Materialet er så
omfattande at det må kallast ei databok. Det er
ein imponerende historisk dokumentasjon som
truleg saknar sidestykke her i fylket.
8 kameratar sat i Fjelly midt under andre
verdskrigen då ideen kom opp om byggjing av ei
ny hytte.
Kjell, Eirik, Bjørn, Gjert, Nils, Tor, Magne og
Lars var einige om at hytta måtte liggja på
nordsida av vatnet, innunder Solfjell.
Konklusjonen var at dei skulle gjennomføra
prosjektet med eigne krefter og 8-gruppa
bestemte størrelse og korleis dei skulle skaffa
materialar og få dei på plass.
Grunnstammen er historia om Fjellstovo eller
Nesjahytta. Om den får vi veta det meste, mellom
anna gjennom attgjevinga av hyttebøkene heilt frå
1950 og langt framover. I tillegg er det som er
skjedd med hytta og livet der skildra grundig i
tekst og foto. Her kan ein lesa om alt frå ein
båtskade til montering av hageslange med dusj.
Men historia om hyttene ved Mannsvatnet starta
altså i 1917 og det var med ungdomslagshytta
Fjelly som vart reist ved ein fantastisk
dugnadsinnsats. Skriftstyrar Kristian Olav
Bringedal skreiv i ungdomslaget si 100-årsbok at
Lars Rød, faren til Nils, Magne og Lars, gav
gruppa lov til å hogga i utmarka i Rødslio, Emne
til rammer, stender, golvbjelker og sperr vart
øksa til ved Rødselet og bore opp på Steinheiane.
Tømmer til bordkledning og sutak vart hoggen
ved Rødselet og dregen til bøgarden til Lars.
Hesten Hulda drog siste stykket fram til sjøen og
så vart tømmeret slept med 2 robåtar til Rosendal
for saging til bordkledning og tak. Ein motorbåt
slepte ferdigskore virke attende til Rød og alt
byggemateriale vart samla ved bøgarden til Lars.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 33
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Restaurering i 2006 (Foto: Dag Hermansen)
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 34
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Resultatet har vorte svært fint (Foto: Dag Hermansen)
Hyttekos ved Mannsvatnet (Foto: Dag Hermansen)
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 35
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Mannsvatnet frå lufta (Foto: Frode Leikvoll)
Frå denne og opp til eit stykke nedanfor bøgarden
i Rødselet vart det strekt opp ein løypestreng og
alle materialar og anna utstyr sveiva opp for hand
og deretter bore opp på Steinheiane.
Deretter overtok hesten Hulda transporten inn til
Mannsvatnet. Sjølve byggjinga gjekk lett
samanlikna med denne operasjonen.
I mange år vart hytta mykje nytta av 8-gruppa
med slekt og vener. Men kameratane fekk nye
interesser og nokre reiste bort. Gruppa minka og
det gjekk ut over vedlikehaldet. Heldigvis har
etterkommarar overteke, vølt og utvida hytta som
har vorte svært fin.
Dei opphavelege eigarane var Kjell Yri, Gjert
Myklebust, Tor Myklebust, Lars Rød, Nils Rød,
Magne Rød, Bjørn Myklebust og Eirik
Myklebust. No er eigarane Johanna Yri, Dag
Hermansen, Anne Lise Vågen, Gunn Sølvi
Kristoffersen, Harald Snilstveit og Annlaug Rød.
Fotografia er eit kapitel for seg i databoka til
Hermansen, ikkje minst på grunn av høg kvalitet.
Til dømes kan ein nyta ein slides-serie på 400
bilete. Her er det ikkje minst mange flotte naturbilete. Og ein får sjå flyfoto frå området som må
vera ein datateknisk triumf: Dei er drapert over
ein tredimensjonal terrengmodell og det skaper
ein fascinerande effekt. Det er også ein god del
svart/hvitt-bilete av betydeleg historisk verdi.
Imponerande er det også at ein får oppdaterte
vervarsel for Mannsvatnet – time for time!
Dag har all grunn til å vera fornøgd med
prosjektet, men han seier til Uskedalsposten at
han ønskjer at kvar og ein av hytte-eigarane skriv
ned ei lita historie om historia, gjerne med bilete.
Det vil gjera framstillinga meir komplett.
Hvis også du vil nyta databoka Fjellstovo er det berre
å gå inn på nettet og skriva namnet, så får du opp heile
materialet. Også vi tek gjerne imot meir stoff om
denne hytta og natur og miljø rundt Mannsvatnet. Det
er ein av dei mange naturperlene i og omkring
Uskedalen og ein stor ressurs for turisme og
rekreasjon. Er du i tvil om kvalitetane til området, kan
du berre spørja Dag Hermansen!
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 36
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Arbeidslag – men kva hadde dei som oppgåve?
Eit av dei unike, gamle bileta: Gjengen tek ein pust i bakken. Frå venstre Kjell, Tor, Gjert, Lars, Magne, Eirik
og Lars den eldre. Nils og Bjørn er ikkje med.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 37
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Berre scanninga av hyttebøker har vore ein storjobb. Her er første sida i den første boka.
Nåso i blått (Foto: Dag Hermansen)
Mannsvatnet har også inspirert målarar og her er eit
panorama av Magnus Hardeland med hytta til
venstre. Annlaug Rød eig måleriet.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 38
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Kvar ligg hyttene? Denne presentasjonen i databoka fortel noko om det.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 39
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Fascinerande luftfoto laga med ein spesiell teknikk. Mannsvatnet sentralt i begge bileta.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 40
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Gummi-armband- kva tyder dei?
Av Frida Nybakk
GULE
Svart og kvit gummiarbånd mot rasime
Pengene fra «Live Strong»-armbåndene går til
Lance Armstrong Foundation som jobber for
kreftsaken.
Det fins mange forskjellige gummiarmbånd. Vi ønskte å finna ut litt mer om
dei.
Nike produserer armbåndet, men har ingen
inntekter fra salget. På verdensbasis er det solgt
mer enn 40 millioner armbånd.
Thierry Henry lanserte armbåndene mot rasisme.
Nå er de så populært at leverandøren ikke klarer å
produsere nok.
RØDE
Redd Barna står bak «Asia on my mind»-armbåndene,
og pengene går til ofrene for flodbølgen.
Da sportkjeden Gresvig skulle selge ut 9.000
armbånd, var det kun Oslo butikker som ble valgt
ut.
Totalt ble 75.000 armbånd sendt ut på markedet i
Norden, og i Norge er de røde armbåndene solgt
gjennom kleskjeden B.Young. Pengene som har
kommet inn, er fortløpende sendt videre til Redd
Barna.
Nå ringer ungdom fra hele landet - og fra andre
skandinaviske land - til de 13 utvalgte
sportsbutikkene i Oslo, i håp om å sikre seg
armbåndet, som består av et svart og et hvitt bånd
flettet sammen.
- Jeg er sikker på at vi kunne solgt 50.000100.000 bånd over hele landet, sier salgsleder for
Gresvig Detalj, Anders Kjellen
Butikkene har måttet sette en grense på to bånd
pr. kunde. Etter rundt tre uker er de i ferd med å
bli utsolgt.
Inntektene av salget er øremerket det antirasistiske arbeidet til organisasjonen King
Baudouin Foundation.
Å ta avstand fra rasisme har blitt en trend.
ROSA
De svenske «Älska fotboll»-armbåndene viser at
du er imot fotballvold.
Over 51.000 svensker går nå med det rosa
armbåndet etter at avisen Aftonbladet startet
kampanjen sammen med fotballforeningene i
Sverige. I Norge har blant annet Rosenborgbacken Mikael Dorsin delt ut armbåndene på
Lerkendal.
Rosa sløyfer, rosa armbånd, og vesker med rosa
sløyfer, finn vi og til inntekt for brystkreftsaken.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 41
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Prosjektet er eit fellesløft for heile NRK Super,
og formålet er å inspirere alle barn i Norge til å
sjå kvarandre og bry seg om kvarandre. Alle barn
treng å bli sett og verdsatt for den ein er. Når barn
opplever å bli godtatt av andre barn, gir det
trygghet og auka sjølvfølelse.
HVITE
«Make Poverty History» kjemper mot fattigdom i
verden.
Fredsprisvinner Nelson Mandela er blant de som
har brukt armbåndet. Etter Mandelas besøk i
London i februar ble det i løpet av få uker solgt
200.000 armbånd.
BlimE armbånd, og med blindeskrift.
For å hjelpe oss å få fram dette budskapet,
samarbeider BlimE med 16 ambassadører, åtte
voksne og åtte barn\unge. Disse har fått laga kvar
sin musikkvideo, som Karpe Diem og Gisle
Martens Meyer står bak tekst og musikk for.
For og tydeliggjere at dette er noko vi alle er
saman om, deler NRK Super ut BlimE-armbånd
til alle barn som vil være med i kanpanjen. Dette
turkise armbåndet er kampanjens samlande
symbol, og ved å gå med det viser ein at man er
ein som bryr seg om andre. Båndet er gratis og
fåes ved å fylle ut innsendingsskjemaet på
nrksuper.no
I begynnelsen var alle veldig opptatt av kva det
betydde, og var veldig opptatt av kvarandre. Etter
kvart var det ikkje så veldig interessant.
Den 4. september 2010 starta NRK Super sin
haldningskampanje “BlimE!” i forbindelse med
MGPjr si direktesending frå Oslo spektrum.
Slagordet til kampanjen er “Si hei, vær en venn”.
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 42
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
…..med klær fra
Husnes Storsenter
Postboks 204, 5480 Husnes
Tlf: 53 47 16 26 – Fax: 53 48 12 97
[email protected]
Brekketoppen, 5463 Uskedalen
Vakttelefon 926 40 546 - Tlf: 53 48 63 22




Bilutleie
Understellsbehandling
Viking/NAF redningstjeneste
Sal av Tysse-tilhengarar
SPEKEMAT - KJØTTPØLSER
GRILLPØLSER – BACON
Friheim - 5463 Uskedalen
Telefon 53 47 63 11
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 43
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
KVA SKJER I VÅR?
Uskedalen Kyrkje
Dato
Tid
Nattverd og andre opplysningar
Søndag 03. april
kl. 1930
Samtalegudsteneste, Kristian W Due
Palmesøndag 17.
april
kl. 1100
Gudsteneste Nattverd, Kristian W Due
Årsmøte i kyrkjelyden e. Gudst.
Langfredag 22. april
kl. 1930
Jan Ove Totland
Tysdag 17. mai
kl. 1115
Familiegudsteneste, Kristian W Due
Søndag 22. mai
kl. 1100
KONFIRMASJON, Kristian W Due
Søndag 19. juni
kl. 1100
m/ Nattverd, Pål Dale Kyrkjekaffi
Uskedalen Bedehus
Dato
Tid
Kvar onsdag
Kl. 18.30
Bøne-møte
Mandag 4. april
Kl. 19.00 – 20.30 Våravslutning Hobbyklubben
Onsdag 6. april
Kl. 10.30-12.00
Småbarnstreff
Laurdag 9. april
Kl. 13.00-15.00
Våravslutning Laurdagsskulen på stemneplassen,
Lavoen
Søndag 10. april
Kl. 11.00
Møte
Måndag 11. april
Kl. 17.30-19.00
Røystene
1. påskedag 24. april Kl. 19.30
Møte
Tysdag 26. april
Kl. 18.00
Dugnad på Bedehuset
Tysdag 3. mai
Kl. 19.30
Kristen Muslim misjon
Onsdag 4. mai
Kl.10.30-12.00
Våravslutning Småbarnstreff på Kjærland
Fredag 6. mai
Kl.19.00
Konfirmantfest
Måndag 17. mai
Kl.19.30
17. Maifest
Søndag. 29. mai
Kl.11.00
Nattverdmøte
Torsdag 2. juni
Kl.11.00
Møte
Påska 2011
USKEDALSPOSTEN
Side 44
___________________________________________________________________________________________________________________________________________________________________
Påskemorgen
Påskemorgen slukker sorgen.
Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid;
Den har oss givet lyset og livet,
lyset og livet i dagning blid.
Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid.
Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!
Helvede vredes, himmelen gledes,
himmelen gledes med lovsang ny.
Redningsmannen er oppstanden,
er oppstanden i morgengry!
Sangen toner. vår Forsoner,
vår Forsoner til evig pris;
Han ville bløde for oss å møte,
for oss å møte i Paradis.
Sangen toner. vår Forsoner,
vår Forsoner til evig pris.
Tekst: Grundtvig 1843
Melodi: Lindeman
Jesus lever, graven brast.
Jesus lever, graven brast
Han stod opp med guddoms velde.
Trøsten står som klippen fast
at hans død og blod skal gjelde.
Lynet blinker, jorden bever,
graven brast, og Jesus lever!
Jeg har vunnet, Jesus vant,
døden oppslukt er til seier.
Jesus mørkets fyrste bandt,
jeg den kjøpte frihet eier.
Åpen har jeg himlen funnet,
Jesus vant, og jeg har vunnet!
Tekst: Johan Nordahl Brun 1786
Melodi: Ahle/Briegel