Stolsvassdammen opna med stil Side 4-5 - E

Transcription

Stolsvassdammen opna med stil Side 4-5 - E
22.000 lesarar
Åpent lokalt avfallsmottak
hver lørdag
kl. 10-13
TORSDAG 12. august 2010 | nr. 92
SPENT
FØR
avspark
Side 19
72. årg. | kr. 15 | Følg med på hallingdølen.no
Nes: Ny
Sted:
Tittel
Volkswagen-butikk
Sted:
Ål:
Legg
Tittel
press på utbyggaren
Sted:Fylket
Gol:
Tittelvil verne Furuheim
SIDE 3
Stolsvassdammen
opna med stil
Side 4-5
Side
Side6-7
xx
Side
Side xx
12
Side xx
14
HALLINGDAL
RENOVASJON
INTERKOMMUNALT SELSKAP
www.hallingdalrenovasjon.no
MEINER: «Alle skjønar at
velferds- og forbrukarsamfunnet krev felles løysingar, ikkje
minst for det vi kastar i søppeldunken. Men gamle vanar er
som kjent ofte vonde å vende»
Side 2
4
NYHEITER
TORSDAG 12. AUGUST 2010
Symbolsk handling: Den gamle og den nye dammen vart trekt saman av Lars Ivar Eriksen Larsgard (7) og styreformann Erik Nygaard i E-CO Energi. Lars Ivar har vore med goffa
Ein dam for
framtida
■ Nye Stolsvassdammen offisielt opna
Han har alt vore
operativ i snart
eitt år. Men fyrst
i går vart den nye
Stolsvassdammen
offisielt innvigd.
Kjell Slåtten
[email protected]
Dam høyrer til det våte element.
Det såg det ut som vêrgudane
var vel vitande om, der dei opna
himmelslusene frå morgonen
onsdag.
Men tidleg på ettermiddagen
bråsnudde dei, henta fram sola
og bestemde seg for å vere med å
kaste glans over seremonien ved
Stolsvatn.
Ballett på gamledammen
Etter at to busslaster med spesielt inviterte gjester, mellom dei
alle ordførarane i Hallingdal,
rådmenn og notabilitetar frå ECO, var ankomne, tok seremonien til med ein kombinasjon av
balansekunst og ballett på toppen av gamledammen. Aktørar
var Eskild Rønningsbakken og
hans kollega Tim, til akkompagnement frå Terje Isungset, som
NYHEITER
TORSDAG 12. AUGUST 2010
5
SJÅ FILM PÅ
.no
Byggjarane: Erik Nygaard, styreformann i E-CO Energi, anleggsleiar
Stein Engen og prosjektleiar Knut Helge Kjærvik.
Gløtt av sol: Frammøtte gjester kunne gle seg over opphald i regnet
og blå himmel.
På stram line: Balansekunstnaren Eskild Rønningsbakken gjorde
kunster på gamledammen.
Bjørn Larsgard og hans dokumentasjon av bygginga sidan han var 2 år. (Alle foto: Sigmund Krøvel-Velle)
stod i vatnet og spelte munnharpe.
Deretter vart det, som ei symbolsk handling, strekt ei line frå
den gamle til den nye dammen.
Ei line som sju år gamle Lars
Ivar Eriksen Larsgard frå Hovet
fekk stramme til, saman med
styreleiar Erik Nygaard i E-CO
Energi.
Glad og stolt
Nygaard var deretter den som
fekk æra av å erklære nye dam
Stolsvatn for innvigd. Han
kunne forsikre at han var både
glad og stolt, og takka alle som
på ein eller annan måte har
ytt sitt bidrag til den nye dammen.
Nygaard nemnde det store engasjementet som i si tid hadde
vore i Hallingdal for ny dam, og
forsikra at det hadde gjort inntrykk. Men alle undersøkingar
konkluderte med at den gamle
dammen var sikker. Når styret
i dåverande Oslo Energi likevel
vedtok å byggje ny dam, var det
fordi analysar viste at det ville vere meir føremålstenleg på
sikt.
– Det har vorte eit praktanlegg, som skal stå her i generasjonar. Og akkurat som den
gamle dammen var leiande i sitt
slag, er også den nye det. Men
det viktigaste med den nye dammen er at E-CO kan halde fram
med det me er best på, å produsere rein og fornybar energi, avslutta han.
Merkedag for Hol
Ordførar Erik Kaupang i Hol
gratulerte med dagen og nølte
ikkje med å karakterisere dette
som ein merkedag for Hol. Han
viste til at det hadde rådd stor
uvisse rundt tryggleiken ved den
gamle dammen, og at dette hadde vore ei reell frykt hjå mange.
Han konstaterte at arbeidet
med ny dam var gjort på ein ryd-
Frå opninga: Ein merkedag for Hol sa ordførar Erik Kaupang.
dig og grei måte, og at det har
vore ei udelt positiv oppleving å
ha hatt arbeidsfolket i bygda.
Kaupang nemnde den store
innverknaden Oslo Lysverker og
seinare E-CO har hatt, og har,
for utviklinga i Hol og Hallingdal. Men hundrevis av millionar
kroner som årleg strøymer til
hovudstaden, viser også tydeleg
kvar verdiskapinga skjer, understreka han.
Han retta ein stor takk til
alle som har stått på for at Hol
er den kraftkommunen den er i
dag, og nemnde spesielt Osvald
Medhus.
Etter talane lokka lurblåsar
Eilif Gundersen dei frammøtte
over til Bruddtjern, fiskevatnet som er skapt i krateret etter
steinbrotet. Der hadde adm. direktør i E-CO Tore Olaf Rimmerei hjelp av snart åtte år gamle
Julian Alexander Gimnes til å
setje ut 100 fine ørretar i det nyskapte tjernet.
Ope hus
Etter opningsseremonien ved
Stolsvatn, heldt feiringa av dagen fram ved kraftstasjonen i
Hovet. Der var det ope hus og
festprogram med film, meir balansekunst og annan underhaldning.