Årsmelding for Aurland fjellstyre 2013

Comments

Transcription

Årsmelding for Aurland fjellstyre 2013
 Årsmelding
for Aurland fjellstyre
2013
Aurland fjellstyre,
januar 2014
1 FØREORD I denne årsmeldinga har me prøvt å ta med det viktigaste av det som fjellstyret har arbeidd med i året som har gått, i tillegg til oversiktar over fiskefangst, felte reinsdyr, hjort og ryper o.a. Årsmeldinga ligg ute på fjellstyret si nettside www.aurland‐fjellstyre.no. Der finn ein og meir informasjon om tilboda i statsallmenningane i Aurland. Aurland, den 28.1.13 Erling Nesbø May‐ Britt Martinsen Bjørn Ebne fjellstyreleiar Bente Steine John Håland INNHALDSOVERSIKT 1.
FJELLSTYREARBEID OG ‐SAKER I 2013 side 3 2.
OPPSYNS‐ OG SEKRETÆRORDNING ” 4 3.
FRILUFTSTILTAK FOR BORN OG UNGE ” 5 FJELLSTYREHYTTER, NAUST OG BÅTAR ” 5 4.
5.
REIN OG REINSJAKT ” 7 6.
ELG‐ OG HJORTEJAKT ” 8 7.
SMÅVILT ” 8 8.
FISKE ” 9 9.
ØKONOMI ” 11 Framsidefoto: ‐ Holmanaustet med nytt tak (foto: Knut Fredrik Øi) ‐ Fjellrypestegg (foto: Harald Skjerdal) Vedlegg: ‐ Fangststatistikk fiske, Aurland statsallmenning 2013 ‐ Fiskeutsetjinga i Aurland statsallmenning i 2013 ‐ Fjellstyrerekneskapen for 2013 2 FJELLSTYREMØTE OG SAKER I 2013 Det vart halde 5 møte og handsama 27 saker dette året. Fjellstyremøte den 7. februar: 1/13. Referat og meldingar 2/13. Fjellstyret si årsmelding for 2012 3/13. Fjellstyrerekneskapen for 2012 4/13. Auke i stillingsprosenten til fjelloppsyn/gjetar 5/13. Regulering av prisar for fiskekort for stong og oter i statsallmenningen 6/13. Søknad om godkjenning av vald for elg og hjort – Aurland nordre statsallm./Breisnes 7/13. Bestandsplan for hjort i Aurland nordre statsallmenning – oppstart av arbeid 8/13. Aurland sikringsradiolag – søknad om tilskot Fjellstyremøte den 13. mars: 9/13. Referat og meldingar 10/13. Samjaktavtale mellom statsallmenningane i Nordfjella 11/13. Bestandsplan for hjort i Nordheimsdalen 2013 – 2016 Fjellstyremøte den 26. april: 12/13. Referat og meldingar 13/13. Søknad om fellingsløyve til jaktkarusellen 2013 14/13. Søknad om oppretting av felles vald for elg i Aurland Fjellstyremøte den 12. juni: 15/13. Referat og meldingar 16/13. Partnarskapsavtale mellom fjellstyret og Aurland barne‐ og ungdomsskule 17/13. Plan for fiskeutsetjinga i statsallmenningen i 2013 18/13. Trekking av fellingsløyva for villrein 19/13. Søknad frå marknadsnemnda for Aurlandsmarknaden om eit Aurlandskort pluss sesongkort for garnfiske til auksjonen under marknaden Fjellstyremøte den 26. november: 20/13. Referat og meldingar 21/13. Oppsynsbudsjettet for 2014 22/13. Søknad frå fjelloppsynet om dekking av skade på privat bil brukt i arbeid 23/13. Førespurnad frå Høgskolen i Bergen om samarbeid om studentprosjekt – rapportering av fjellrypeobservasjonar 24/13. Trekking av vinnar av «skrapdyrordninga» Fjellstyremøte den 9. desember: 25/13. Referat og meldingar 26/13. Fjellstyrebudsjettet for 2014 27/13. Trekking av vinnar av «skrapdyrordninga» 3 I tillegg vart det, i samarbeid med grunneigarlaget for villreinvald, halde til eit jegermøte i august før reinsjakta. Elles har fjellstyret dette året vore representert i, eller medlem i, følgjande organ:  Villreinutvalet for Nordfjella, styret (Erling Nesbø)  Aurland Setjefisk SA, styret (John Håland)  Aurland Fiskeadministrasjon, styret (Håkon Øydvin)  Regionalt oppsynsutval – ROU (Erling Nesbø)  Fjellstyra på Hardangervidda (observatørstatus, Erling Nesbø)  Rådgjevande utval for verdsarvområdet Nærøyfjorden (Harald Skjerdal)  Hjorteutvalet for Aurland (Håkon Øydvin)  Norges fjellstyresamband  Campus Aurland – grønt kompetansenettverk 2. OPPSYNS‐ OG SEKRETÆRORDNING Desse tre har i 2013 vore tilsette i fjellstyret:  Håkon Øydvin (fjelloppsyn, driftsleiar setjefiskanlegg)  Knut Fredrik Øi (fjelloppssyn/gjetar, kommunal viltforvalting)  Harald Skjerdal (fjelloppsyn, dagleg leiar, 50 % stilling) I tillegg vart det leigd inn noko sommarhjelp til setjefiskanlegg og gjetarjobb. Arbeidet til fjelloppsynet i 2013 fordelte seg slik: 1633 timar arbeid for fjellstyret utgjer 40 % av arbeidstida. 2423 timar arbeid for andre oppdragsgjevarar utgjer 60 % av arbeidstida. 4056 timar totalt. Timeverka som vart utførde for andre oppdragsgjevarar fordelte seg slik (2012‐ tala i parentes): Oppdragsgjevar Arbeidsoppgåver Timar Aurland Setjefisk BA Driftsansvar setjefiskanlegg, 749 (653) stamfiske, fiskeutsetjing Villreinutvalet for Nordfjella Sekretærarbeid, teljingar, 574 (420) jaktoppsyn Statens Naturoppsyn Rovviltkontakt, oppsyn, 179 (228) skjøtselsoppdrag NINA Merkeprosjektet for villrein 73 (54) Aurland/Lærdal Kommune Viltforvalting 833 (605) Elveeigarlag Aurland og Fiskeoppsyn 15 (0) Lærdal Totalt: 2423 (1960) 4 Kontroll‐ og reaksjonsstatistikk for fjelloppsynet i Aurland i 2013: Tal kontrollar Tal rapporterte Tal saker Tal saker oppgjort på informerte
staden Småviltjakt ‐ ‐ ‐ Storviltjakt 43 ‐ 1 Fiske 49 2 9 Motorferdsle 19 1 1 Vernereglar 1 ‐ ‐ Anna ‐ ‐ ‐ SUM 112 3 11 232 3. FRILUFTSTILTAK FOR BORN OG UNGE Fjellstyret og Aurland Barne‐ og ungdomsskule inngjekk ein partnarskapsavtale i 2013. Avtalen er ei stadfesting og vidareføring av samarbeidet som har vore mellom fjellstyret og skulen gjennom mange år, og som inneber tilskiping av fiskedagar med garn i Stemmerdalen for skuleklassar, og prøvefiske i vatn i allmenningen. Følgjande tiltak for born og unge vart gjenomførde i regi av fjelloppsynet i 2013: ‐ Prøvefiske i nedre Dyranosvatnet med 7. kl. ABU den 27. august, 15 elevar deltok ‐ Fiskedag med 1.‐2. kl. ABU i Stemmerdalen den 27. august, 29 elevar deltok ‐ Fiskedag med 3.‐4. kl. ABU i Stemmerdalen den 28. august, 29 elevar deltok ‐ Fiskedag med 1.‐4. kl. Flåm skule i Stemmerdalen den 29. august, 25 elevar deltok Til saman 98 born og 14 vaksne var med på desse fiskedagane. Ei tilskotsordning som er oppretta av ROU/Statskog SF dekkjer det meste av transportutgiftene. 4. FJELLSTYREHYTTER, NAUST OG BÅTAR Fjellstyret disponerer 5 opne hytter som alle som vil kan nytta mot å betala ein overnattingspris på kr. 80. Det er gratis for born og ungdom under 20 år.  Storebotnhytta (bygd i 1982, 7 sengeplassar)  Melahytta (bygd i 1983, 14 sengeplassar)  Hellenuthytta (bygd av Oslo Lysverker i 1965, 6 sengeplassar)  Mellomvasshytta (bygd i 1985, 6 sengeplassar)  Berdalsbu (bygd av Oslo Lysverker på 1960‐talet, overteken av fjellstyret i 2008, 4 sengeplassar) 5 To hytter i Nordheimsdalen ‐ hytta i Brendelid og hytta ved Sagi ‐ står opne, og kan nyttast på same måten som fjellstyrehyttene nemnde ovanfor, i samsvar med ein avtale som er inngått mellom fjellstyret og allmenningsstyret. I tillegg eig fjellstyret desse hyttene:  Gjetarhytte i Brubotn (bygd av Oslo Lysverker i 1966, overteken av fjellstyret i 1992. Base for sesongoppsyn/gjetar)  Utleigehytte i Håbergsholene (overteken av fjellstyret frå Statnett i 2006, vert leigd ut til interesserte, 10 sengeplassar, leigepris fastsett av fjellstyret) Bruken av fjellstyrehyttene har auka ein del i 2013 i høve til tidlegare. Særleg galdt dette utleiga av hytta i Håbergsholene, som går gjennom nettportalen Inatur.no. Arbeid på fjellstyrehytter og ‐naust i 2013: I tillegg til vanlege driftsoppgåver som inntransport av ved og gass, henting av bos, reinhald, vask av sengeklede o.a. vart følgjande arbeid utført:  Melahytta: Øvste delen av den isolerte stålpipa vart utskift.  Naustet ved Holmavatnet: Naustet fekk nytt impregnert tretak (hadde frå før berre takpapp)  Ei opphaveleg privat oppsett brakke i Grønebotn vart overteken av fjellstyret og deretter, i samråd med Statskog SF, vedteke riven i 2012. Dette vart gjort av fjelloppsynet i juli 2013. Nordheimsdalen Ingen særskilte tiltak på hytter eller bruer, men oppryddinga etter stormen «Dagmar» langs kløvjavegen oppover i dalen heldt fram. Det vart kappa ein del nedblesne tre frå Øygarden og oppover mot stølen Nordheimsdalen. Naust og båtar Fjellstyret hadde dette året 10 båtar liggjande ved vatn i allmenningen, til bruk i samband med fiske. Alle båtane er utstyrde med årar og redningsvestar.  Nedste Storebotnvatnet (naust og båt)  Fremste Melavatnet  Hellenutvatnet (naust og båt)  Holmavatnet (naust og båt, båten tilhøyrer Aurland jakt‐ og fiskelag)  Langavatnet ved Kongsheller  Svartavatnet  Nedste Mellomvatnet  Alvsvatnet (båten låg tidlegare ved nedste Grovgjuvvatnet, men vart flytt hit før sesongen)  Katlamagasinet (båt i fiskesesongen)  Nedre Berdalsvatnet 6 Dei båtane som ikkje ligg i naust vert lagra ute om vinteren. Båtar som ligg ved regulerte vatn med store endringar i vasstand i fiskesesongen krev noko tilsyn gjennom sesongen, for at dei ikkje skal bli liggjande utpå når vasstanden stig. 5. REIN OG REINSJAKT Fellingsresultatet for Aurland statsallmenning, totalt for Aurland og for heile Nordfjella villreinområde jakta 2013: Vaksen bukk Bukk 1 ½ år Bukkekalv Vaksen simle Simle 1 ½ år Simlekalv Felt i alt Tildelt kvote Fellingsprosent Aurland statsallm. 14 13 9 18 3 10 67 151 44,4 % Aurland totalt 31 19 24 49 13 16 152 315 48,3 % Nordfjella 138 53 63 169 31 46 500 1200 41,7 % Fellingskvoten i Nordfjella villreinområde auka frå 1100 dyr i 2012 til 1200 dyr i 2013. For Aurland statsallmenning sin del gav dette 151 fellingsløyve, som skulle fordelast til ei søkjarliste på 193 innanbygdsbuande søkjarar. Etter avslutta sal var det berre sistemann på varalista som ikkje hadde fått tilbod om kort. I tillegg var det 16 utanbygds søkjarar. Eitt fridyrsløyve vart som vanleg gjeve av fjellstyret til jaktkarusellen som vert skipa til av skyttarlaga i samarbeid med Aurland jakt‐ og fiskelag. I tillegg har fjellstyret, i samarbeid med grunneigarlaget for villreinvald, ei ordning med at fellingsløyve for simle/ungdyr pluss kalv vert trekt mellom dei som feller simle elller kalv under visse vektgrenser. To jegerar melde inn slike «skrapdyr» til veging under jakta. På statallmenningen Broksfjellet sør for Myrdal, som ligg innanfor Hardangervidda villreinområde, vart det tildelt 8 fellingsløyve og felt 3 dyr. Jakta i 2013 I sone 1, nord for fv. 50, stod flokkane langt nord og aust i byrjinga av jakta. Omlag midt i jakta tok dei ein sving innom Aurland, og det vart skote ein del her, før flokkane returnerte mot Lærdal att. I sone 2, sør for vegen Aurland – Hol, var det derimot bra med dyr det meste av jakta innanfor kommunegrensene. Det vart ikkje meldt om at det reiste flokkar over Bergensbana mot Osafjellet denne hausten. Vest for fylkesvegen Aurland‐– Erdal vart det ikkje observert rein i jakta. 7 Samjaktavtalar  Samjaktavtalen mellom statsallmenning og private jaktfelt i Aurland gjeld til og med jakta 2014, deretter må han forhandlast for ein ny periode. 65 % av dyra som vart felte i Aurland under jakta 2013 vart felte gjennom bruk av denne avtalen.  Den «store» samjaktavtalen for Nordfjella: Under forhandlingane om vidareføring av denne avtalen våren 2013 enda det med at Aurland fjellstyre valde å trekkja seg ut. Hovudgrunnen var at fjellstyret ynskte å redusera tal dagar i jakta som avtalen som skulle gjelda, noko som dei andre fjellstyra i Nordfjella ikkje kunne vera med på.  For den vesle allmenningen på Broksfjellet vart det inngått samjaktavtale med to tilgrensande, private vald.  Ordninga med at innanbygds jegerar kan få tak i fellingsløyve i nabokommunar og nytta desse i Aurland er framleis mykje brukt. 21 jegerar fekk godkjent bruk av i alt 34 løyve på denne måten. Fjellstyret har innført eit gebyr på kr. 200 per løyve for vakse dyr og kr. 100 per kalv for å godkjenna slik overføring. 6. ELG OG HJORT I Aurland nordre statsallmenning (Nordheimsdalen) vart det tildelt 15 hjorteløyve og skote 10 dyr, noko som gav ein fellingsprosent på 66,7. Fellinga fordelte seg med 8 dyr på jaktlaget til Aurland jakt‐ og fiskelag, og 2 dyr på jaktlaget som jakta i det nedre feltet fram til utgangen av oktober. Det vart ikkje skote elg dette året, sjølv om jaktlaget i det øvre feltet såg nokre elgar. 7. SMÅVILT 2013 var det andre året med sterkt innskrenka jakttid for rype og hare på statsallmenningen i Aurland; jaktstart 1. oktober og slutt på jakta til jul. Jakttida skal takast opp att til ny vurdering no i vinter. Det fine hausteveret i første halvdel av oktober gjorde at det likevel var ein del som kjøpte jaktkort og kom seg ut på jakt – jfr. oversikten over jaktkortsalet nedanfor. Nokre jegerar som kom austfrå vart stoppa av stengd Geiteryggtunnell og måtte av den grunn avlysa planlagd jakt. Informasjon om stengd tunnell vart tidleg i jakta lagt ut på fjellstyret si salsside på Inatur. Innkomne fellingsrapportar tyder på at rypebestanden framleis er tunn – 0,3 felte ryper pr. jeger/dag er omlag like lågt som føregåande år. Fordelinga av selde jaktkort i 2013 og dei fem føregåande åra: 1 dag 2 dagar 3 dagar 1 veke Sesong Sum: 8 2013 42 54 14 2 7 119 2012 27 12 4 3 2 48 2011 47 55 45 20 21 188 2010 56 72 45 18 30 221 2009 47 74 41 16 33 211 2008 47 40 38 8 29 162 Innkomne rapportar frå jegerane viser følgjande innrapporterte felling av småvilt i 2013 og dei 7 føregåande åra: År: Tal rapportar % levert rapport Tal jaktdagar Felte ryper/dag Felt vilt: Fjellrype Lirype Hare Villmink Raudrev Røyskatt Ramn Kråke 2013 32 2012 11 2011 33 2010 36 2009 41 2008 17 2007 74 2006 76 26,9 22,9 17,5 16,3 19,4 10,5 31,8 39,8 54 22 93 80 97 32 139 152 0,28 0,25 0,3 0,4 0,7 0,8 0,6 0,6 15 1 ‐ ‐ ‐ ‐ ‐ ‐ 5 ‐ 1 ‐ ‐ ‐ 1 1 25 ‐ 5 ‐ ‐ ‐ ‐ ‐ 29 4 1 ‐ ‐ ‐ ‐ ‐ 60 3 2 ‐ ‐ ‐ 1 2 25 1 1 ‐ ‐ ‐ ‐ ‐ 74 4 2 ‐ ‐ ‐ ‐ ‐ 80 15 2 ‐ ‐ ‐ ‐ ‐ 8. FISKE Fiskesesongen 2013 vart starta tidleg, grunna lite is og snø. Lange periodar utover hausten var det bra ver, så det burde ha lege til rette for eit godt garnfiske. Slik vart det ikkje – samla fiskefangst på garn vart 1171,6 kg, ein nedgang på over 400 kg, eller 26 %, frå året før. Fiskefangsten på stong og oter vart derimot rekordstor. Heile 350 kg fisk vart fiska opp i vatna i allmenningen på denne typen reiskap, ut frå innkomne rapportar. Grunnen til at garnfisket vart så mykje dårlegare enn året før, er nedgang i fangstane i Nyhellermagasinet. Nedgangen var på heile 818 kg i dette vatnet, frå 1194 kg i 2012 til 376 kg i 2013. Grunnen til nedgangen er uviss, men ei årsak kan vera at mykje av den eldre, store fisken i magasinet har gått ut, og at dei yngre årsklassane ikkje har fisk stor nok til å gå i garna med dei mest nytta moskeviddene (39‐45 mm). Dette vil i så fall retta seg etter kvart. Dei gode fangstane på stong i vatnet tyder på at det i alle fall er god nok rekruttering til bestanden. 9 Tal frå fangststatsitikken for 2013: Selde garnkort: Innlevert fangstrapport: Tal garnnetter: Tal fisk: Kg. fisk Største fisk: Fiskeinnsats pr. fiskar Sesongfangst pr. fiskar Fangst pr. garnnatt: Gjennomsnittstorleik: 112 109 (97,3 %) 1545 3882 (av dette 972 på stong/oter) 1522 kg ( ” ” 350 kg på stong/oter) 1,1 kg 16,3 garnnetter 12,3 kg (gjennomsnitt av dei som har fiska) 0,76 kg (2,7 fiskar) 0,43 kg (0,40 kg når ein tek med fangsten i tynningsfiske/prøvefiske). Prøvefiske og tynningsfiske Eitt vatn i allmenningen, Nedre Dyranosvatnet, vart prøvefiska dette året. 7. klassen ved ABU stod for dette fisket, saman med fjelloppsynet. Prøvefisket synete at vatnet framleis har ein tett bestand med småfisk. Erlend Øydvin heldt fram med tynningsfiske i nokre vatn med for tette bestandar denne sesongen òg, etter avtale med fjellstyret. Det vart teke opp 201 fisk (23,3 kg) i Katlamagasinet og 197 fisk ( 38,6 kg) i nedre Berdalsvatnet under dette tynningsfisket. pH‐målingar I følgjande vatn og elvar tok fjelloppsynet vassprøver og analyserte surleiksgrad (pH) i 2013: Dato Vatn/elv pH 24.5.13 Råsdøla 5,12 24.5.13 Stemmerdøla 5,80 03.6.13 Fremste Melavatnet 5,25 03.06.13 Elva v. Vetlemelen 6,15 03.06.13 Vetlemelavatnet 6,01 03.06.13 Bekk v. Flathella 6,40 Fiskeutsetjing Fjellstyret står for fiskeutsetjinga i alle uregulerte vatna i statsallmenningen, medan E‐co Vannkraft AS har anvaret for å følgja opp utsetjingspålegget i dei regulerte vatna. All fisk vert utsett som sommargammal, og vert produsert lokalt på anlegget til Aurland Setjefisk SA, frå rogn av lokal stamfisk. I 2013 vart det sett ut 6000 fisk i dei uregulerte vatna i allmenningen. Sjølve utsetjinga vert gjort på dugnad. 10 9. ØKONOMI Fjellstyrerekneskapen for 2013 syner at samla inntekter (medrekna renteinntekter) vart kr. 2.213.963 og samla kostnader kr. 2.195.900. Dette gav eit årsoverskot på kr 18.063. Styret meiner at den framlagde årsrekneskapen viser eit rett bilete over eigedelar og gjeld, finansiell stilling og resultat. I samsvar med rekneskapslova § 3‐3 vert det stadfesta at vilkår om framleis drift er lagt til grunn ved utarbeiding av rekneskapen. 11 GARNFISKET I AURLAND STATSALLMENNING I 2013 Vatn
Alvsvatnet
Berdalsvatn nedsta
Dyranosvatn nedsta
Dyranosvatnet øvsta
Holmavatnet
Katlamagasinet
Kjeldhusnosvatn fremsta
Kjeldhusnosvatn heimste
Kreklevatn
Langevatnet/ Adamsvatnet
Langavatn 1393
Langavatn 1396
Langavatn Holene
Ljosegrunnsvatn stora
Melavatn fremsta
Mellomvatn mellom.
Mellomvatn nedsta
Mellomvatn øvsta
Nyhellermagasinet
Stemmerdalen o/terskel
Strupavatn
Svartavatnet
Toddyvatnet
Vargevatn store
Veieverdalsvatn stora
Vetlebotnmagasinet
Til saman
Tal garn
12
40
7
22
100
75
20
4
12
224
12
5
4
6
33
35
26
5
641
9
1
68
4
70
1
109
1545
Tal fisk
Kg. fisk
20
197
15
41
311
136
61
24
26
425
16
4
15
11
125
127
30
4
946
38
0
104
20
115
2
97
2910
Største fisk
10
40
2,5
19
166,8
32
34,2
13,7
13,1
147
5,5
1
4
6
65
64,5
11,25
1,2
376,4
14,5
0,9
0,4
0,27
0,8
1
0,45
0,9
0,9
1
0,9
0,8
0,3
0,45
1
1,1
0,9
0,45
0,35
1
0,6
42,1
9,3
46,2
0,85
45,5
1171,6
0,8
0,75
0,75
0,45
0,7
Oppsummering:
Fangstrapportar
Ikkje fiska
Ikkje sendt melding
Utskrevne kort
% sendt fangstrapport
95
14
3
112
97,30 %
Gjennomsnittleg innsats (av 95 som har fiska) 16,3 garnnetter.
Sesongfangst pr. fiskar : 30,6 fisk, eller 12,3 kg fisk.
Fangst pr. garnnatt: 1,8 fisk eller 0,76 kg fisk
Gjennomsnittstorleik 0,4 kg ser ein vekk frå tynningsfiske/ prøvefiske er gjennomsnittet 0,43 kg.
Garnfisket har vore fordelt på 25 vatn i statsallmenningen
12 Sportsfiske:
Tal fisk:
Kg fisk:
Største fisk:
Alvsvatn
Alvshellervatn
Berdalsvatn nedre
Breibakkane småvatn.
Dyranosvatn øvste
Grodalsstrupen vatn
Grojuv nedre
Grønebergvatnet
Grønebotn småvatn
Grånosvatn
Langedøla
Hedlenuten
Holmahøgdene småvatn
Holmavatnet
Håberg v/under
Langavatn 1393/ 1395
Langavatn/ Adamsvatn
Ljosegrunnsvatn
Ljosegrunnsvatn vetle utløp
Katlamagasinet
Kreklevatn
Kjeldhusnosvatn fremsta
Kjeldhusnosvatn heimsta
Melane småvatn
Melavatn øvsta
Melavatn heimsta
Mellomvatn mellomste
Mellomvatn nedste
Mellomvatn øvsta
Nordalsvatnet
Nyhellermagasinet
Rynjulsvatn
Sleipåvatn øvsta
Stemmerdalen o/terskel
Strupen vatn
Svarthovdvatn
Tissedalsvatn
Toddyvatnet
Vargevatn stora
Vargevatn vesle
Vesterdalsmagasinet
Ukjent
13
2
15
11
8
1
7
1
8
19
9
5
12
16
5
17
31
18
1
2
17
13
28
1
16
11
30
3
8
46
425
5
11
8
25
8
4
20
31
2
7
52
6
0,5
5,5
5
2,6
0,6
2,6
0,35
2,5
7,2
4,2
3,75
5,9
6,4
1,1
3,5
9
12
1,2
0,6
7
7,6
14,6
1
7,8
6
14
0,8
2,1
23,6
115
1,5
4,6
2,9
16,6
4,3
2
9,5
9,5
0,9
2,2
16
Til saman
972
350
Fjellstyrekontoret 4/1-14
Håkon Øydvin
Fjelloppsyn
13 0,8
0,25
0,6
0,7
0,6
0,35
0,35
1
0,6
0,8
0,9
0,85
0,3
0,9
1
1,2
0,3
0,8
0,8
0,9
1
0,9
0,8
0,9
0,3
0,35
0,9
0,85
0,3
0,63
0,9
1,1
0,39
0,9
0,75
0,35
0,4
0,8
FISKEUTSETJINGA I AURLAND STATSALLMENNING 2013
Vatn H.o.h. Austfjelli: Tissedalsvatnet 1405
Toddyvatnet 1488
Heimste Melavatnet 1440
Fremste Melavatnet 1451
Heimste Kjeldhusnosvatnet 1472
Rynjulsvotni 1424‐27
Vatn i Ljosegrunnsstrupen 1461
Hellenutvatnet 1409
Svarthovdvatnet 1450
Småvatn Hundhus ‐ Svarterand 1560‐64
Langavatnet Kongsheller 1448
Stemmerdalshalli/Finndalskjeften 1473‐80
Bolhovd, småvatn 1420
Vestfjelli: Høganosvotni (2‐3) 1400
Langavatnet, nedre 1393
Vargebotnvatnet 1407
Vatn under Håbergsvarden 1388
Mellomvatn mot Håskard 1457
Øvsta Mellomvatnet 1460
Øvsta Grovgjuvvatnet 1434
Kreklevotni, småvatn 1470
Navnlausvatn Skomen 1455
Sum Fjordsenteret oktober 2013 Håkon Øydvin 14 Areal, hektar 45 10 25 35 55 15 10 75 35 20 135 10 5 10 17 16 6 34 13 11 15 149 Sist utsett 2010 2008 2011 2011 2011 2010 2010 2011 2010 2010 2011 2009 2008 2010 2011 2008 2008 2010 2009 2010 2009 2009 Utsetjar Utsett 500 200 200 300 400 200 150 500 300 300 400 200 100 150 250 150 150 400 150 150 250 600 6000 Håkon Øydvin Trygve Skjerdal Odd Lirhus Anne‐Ragnhild Wigen Odd Lirhus Terje Terum Vidar Haugeplass Odd Lirhus Anne‐Ragnhild Wigen Steinar Tønnesen Kjetil Tønnesen Erlend Øydvin Magne Lundeland Øyvind Øyum Rune Tønnesen Knut Fredrik Øi Tunde F. Nesbø Erling Nesbø Harald Skjerdal Merete Rein Audhild Bjune Sandra J./ Inge Kvam