I kongens klær Side 2

Transcription

I kongens klær Side 2
vika S karven
lokalavis for Vik i Øygarden
1. mai – 2012 Nr.1 – 12. årgong
Utgjevar: Vik Grendalag
www.vikaskarven.net
I kongens
klær Side 2
Vil ha meir engasjement i Knappen
Bjørn Smauget beundrar
dugnadsånda hos vikamannen.
Side 4-5
Klar for skulen
20 elevar møtte til innskriving
på Toftøy skule.
Side 3
Toftøydagen
under planlegging
Ny Toftøydag vert arrangert
10. juni. 10 år etter første gong.
Side 7
2
Pernille gjer teneste
i Kongens garde
Når gjestar skal ha
audiens hos kongen,
er det Pernille Vik
som tek i mot dei.
hjelpsam og gav god støtte.
– Heldigvis har eg lett for å
læra språk, seier Pernille som
har planar om å læra seg både
russisk og fransk.
Pernille Vik som er oppvaksen i Knappen, er ei jente som set seg mål og likar
nye utfordringar. Andre året
på videregåande skule sette
ho kursen for Mexico som
ein del av den videregående
utdanninga. Ho kom til ein
vertsfamilie som kun snakka
spansk, men Pernille let seg
ikkje skrema.
Tek i mot statsbesøk
I august 2011 fekk ho innkalling
til militærteneste, og etter ein
månad som rekrutt, vart ho overført til Garden. Sidan vart ho
plukka ut som ein av tre i kullet
til å vera slottsordonans.
– Den utfordringa sa eg ikkje
nei takk til. Eg er nysgjerrig av
natur, og det ville koma vel med
i møte med med nye menneske.
Dagen på Slottet startar ca kl.
08.00 i nystrøken uniform. Pernille har i oppdrag å leia personar som har fått audiens hos Kongen, fram til rommet på Slottet
der Kongen møter gjestane sine.
Dette kan vere einskildpersonar
eller statsbesøk frå utlandet.
Rundt juletre med Sonja
Då Vikaskarven snakka med
Pernille, var ho heime til juleog nyttårsfeiring. Men før ho
reiste frå Oslo, var ho med på
juleball på Slottet der ho gjekk
rundt juletreet og held Dronning
Sonja i handa.
– Det var stas å kunna syngja
julesongar saman med dronninga. Dette er eit minne eg seint vil
gløyma.
Ho ser likevel ikkje for seg ei
framtid i forsvaret, og legg difor
uniformen på hylla i august.
– Det er havet som lokkar meg.
Med Austevolls- og Øygardsblod i årene, må eg sjå sjø, og
helst ha arbeidet mitt på sjøen,
avsluttar Pernille.
Ikkje nok med engelsk
– Eg må hiva meg rundt og
lære språket fortast mogleg,
tenkte ho.
– Her dugar det ikkje berre
med engelsk.
Vertsfamilien var veldig
øygarden
elektriske as
Tlf. 5638 9424 Faks: 5638 8040
Øygardsvegen - 5336 Tjeldstø
Epost: [email protected]
3
Fulle av
forventning
20
forventningsfulle born møtte opp
på Toftøy skule for
innskriving til 1. klasse.
BYRJAR TIL HAUSTEN: Alisa, Emilie, Victoria, Stefan, Michael, Andrea, Karina Rebekka,
Rowena, Sarah Emilie, Tobias, Andrea, Lukas, Sandra, Julie, Ralfs, Nils Petter, Johannes, Varg,
Tordar, Isak.
KIWI
mini
pris
Spenninga var stor både
mellom dei nye elevane
og foreldra, då dei kom
til innskriving tysdag 14.
mars. Etter at rektor Elise
Nyborg Christensen presenterte seg og skulen, og
alle elevane fekk sei navna
sine, bar det til klasserommet.
Foreldra fekk informasjon frå rektor medan ÅseMay Solsvik Blom, som
skal vera kontaktlæraren til
den nye 1. klassen, aktiviserte dei forventningsfulle
elevane.
Den engasjerte læraren løyste opp dei spente
barnekroppane med kjent
allsang og
leik. Enkle
”lekser” fekk dei nye elevene prøva seg på også.
Når skulen startar i august vil klassen ha auka
til 22 elevar, ifølgje rektor.
4
Ønskjer seg størr
Formannen i Knappen
grendelag skulle ønskja
det var like god dugnadsånd i Knappen som på
Vik.
– Det er til tider dårleg oppmøte
når me forsøkjer å få til felles
prosjekt her i Knappen. Det hadde
vore flott om folk tok seg tid til
å prioritera dugnadar og sosiale
hendingar, seier Bjørn Smauget,
formann i Knappen velforening.
Bjørn (39) har vore busett i Knappen sidan 2000, og der bur han rett
ved Tjuvika saman med Christine
Nygård og dottera Hanne. Det er
ein engasjert velforeiningsleiar
som snakkar med Vikaskarven.
– I tillegg til større engasjement,
skulle eg også ønskja at me kunne
fått til fleire arrangement som
samlar folk.
Opprinneleg er Bjørn frå Fredrikstad, men han har snart budd i bergensområdet i tjue år.
– Eg jobba i Marinen frå 1994,
og i den tida traff eg Christine. Då
var det naturleg å flytta vestover.
Etter å ha budd i Sandviken og på
Knappskog på 90-talet, vart det
bygd hus i Knappen.
– Svigerfamilien min budde
allereie her, og då me fekk tilslag
på ein fin tomt med høve for båtplass, var det eit enkelt val å flytta
til Knappen.
Viktig med sjøliv
Sjølivet har i lang tid vore viktig
for Bjørn, som er vant til båtlivet
frå oppveksten sin i Fredrikstad.
– Kystkulturen har alltid vore
viktig for meg. Landskapet er
forskjellig i Fredrikstad, der det
ørre engasjement
typiske er blankskurte gule berg.
Her i Øygarden er det andre kjenneteikn ved kystlandskapet, men
begge delar er like flott!
Bjørn har vald sjø som element
både når det gjeld jobb og fritid.
I åra 1992-94 var han fiskar, og
jobba då på ein båt med namn
«Onsøyværing».
– I denne tida, som var lenge
før eg flytta hit, vart eg kjent med
Per Tore Vik og Per Vik, og det er
mykje mimring om denne tida når
eg treff på dei.
Dei siste åra har han jobba med å
byggja fire oljeriggar i Kina, som
etter kvart vart forflytta til Noreg.
Transporten frå Kina til Noreg tok
tre månader. Ein av plattformane
har fått base i Ølen, og det er der
Bjørn no har tilhald når han jobbar. Også på fritida er det viktig
med sjø, båtplass i Tjuvika har han
skaffa seg.
Uvanleg valprosess
Det var først i fjor at Bjørn vart
formann i Knappen velforening,
og han kan fortelja om ein noko
uvanleg valprosess.
– Eg vart faktisk vald til formann
under eit styremøte som eg ikkje
var til stades på. Det var først i
etterkant av møtet at eg fekk vita
at eg no var blitt formann, ler
Bjørn, som fortel vidare om nokre
av prosjekta for Knappen velforening.
– Me har fått bygd «Knappenskuret», og det er me nøgde med!
Dette er eit verktøyskur som også
fungerer som utgangspunkt og
møteplass for dugnadar. I samband med «Knappenskuret» er det
også laga til bossplass.
Bjørn viser vidare til at planen
er å byggja tilsvarande bossplassar også to andre stader i Knappen. I tillegg står det på agendaen
ved framtidige dugnadar å byggja
blomsterbed med tilhøyrande mur
nede ved inngangen til byggjefeltet.
– Det er viktig at det ser fint ut,
og det gjeld særskild ved inngangen til Knappen. Vidare er det ein
5
prioritert målsetnad å få bygd terrasse i Tjuvika.
– Planane i Tjuvika er fortsatt
på planstadiet, men me håpar å få
godkjent planane slik at me kan
starta opp med terrassen allereie
no i vår. Når det gjeld ballbinge,
var dette lenge på agendaen, men
dessverre stranda planane på
grunn av mangel på tomt. Me har
likevel ikkje heilt gitt opp planane
om ballbinge, så om nokon har
forslag til tomt, så er me opne for
innspel!
Saknar engasjement
Bjørn saknar deltaking og engasjement på dugnadane i Knappen.
– Me har forsøkt å lokka med
kake, brus og kaffi, men det ser
ikkje ut til å hjelpa noko særleg.
Sjølv om ein ikkje trur at ein er
så praktisk anlagt, så er eg sikker
på at alle likevel kan bidra! Kva
med vaffelsteiking, spør Bjørn.
Han viser vidare til at dugnad ikkje berre handlar om arbeid, men
at det sosiale også er viktig der ein
kan bli kjent med naboar. Også dei
minste har interesse av dugnaden.
– Vedlikehald av leikeplassane
er viktig for å leggja til rette for
leiken til borna. Det er også kjekt
om me kan få til felles Lucia- og
jonsokfeiring.
Bjørn har inntrykk av at det er
fleire som engasjerer seg på Vik.
– Det virkar som om dei får
mykje til på Vik, og eg er imponert over oppmøtet på ulike
arrangement, som til dømes den
årlege krabbefesten og jonsokfeiringa på kaien og moloen.
Bjørn er klar på at han ser på Vik
som ein flott ressurs for Knappen.
– Eg forstår godt at Knappenfolk deltek på arrangement på Vik.
Eg likar meg godt på Vik sjølv, og
eg har alltid mange å snakka med
når eg er på Vik. Samtidig ønskjer
me også å få til vellukka arrangement her i Knappen, men det viser
seg at det er vanskelegare å få til.
Bjørn spekulerer i at årsakene til
dette kan vera yngre folk i Knappen og mindre lokal tilknytning.
6
Familienytt
Til
Ola og Kari
Gebursdag
80 år
Per Landro
fødd 23. mai 1932
75 år
Magnus Vik
fødd 25. mai 1937
70 år
Norvald Harald Vik
fødd 7. juni 1942
65 år
Anders Vik
fødd 4. april 1947
Wenche Amundsen
fødd 26. mai 1947
55 år
Einar Torsvik
fødd 12. mai 1957
50 år
Johnny Arild Dåvøy
fødd 9. april 1962
45 år
Målfrid Vik Sønstabø
fødd 2. mai 1967
40 år
Ole Jakob Vik
fødd 1. juni 1972
Gitte Vik
fødd 2. juni 1972
Død
Bertha Vik Jensen
fødd 9. januar 1942
død 18. april 2012
Fødd
Jonathan Kleppe
fødd 27. februar 2012
foreldre Kine (Vik) og Andreas
Kleppe
Jakta på postar er i gong
No kan du leita etter
postar i heile Øygarden. Denne gongen
kan du bruka smarttelefonen som kart.
Kanskje var du ein av dei
som brukte kvar ledig
helg og kveld til å leita etter postar på Toftøyna på
1980-talet?
med i trekninga av premiar når jakta vert avslutta
til hausten.
Sist gong folk på
Toftøyna gjekk etter postar vart det nærast ei folkerørsle alle dreiv på med.
Asbjørn Toft hugsar godt
suksessen på 80-talet.
– Det var veldig stor
deltaking den gongen.
Det var sikkert 150 personar som deltok.
star vert ein minst like
stor suksess denne gongen, og at fleire får oppleva å koma i god form
i den fantastiske naturen i
Øygarden.
Håpet er at jakta på po-
No kan du på ny gå på
jakt etter postar, om enn
ikkje på heilt same måten
som då Toftøy IL sto bak
jakta.
– Sist måtte du bruka
tid heime og planleggja
turen, og du måtte bruka
kart og kompass for å
orientera deg fram. No
ligg postane i stiane, eller
rett utanfor stien. Det er
mykje enklare og meir
oversiktleg denne gongen,
seier Asbjørn Toft, leiar i
Toftøy Nærmiljøutval.
Jakta på postane vert arrangert av nærmiljøutvala
i Øygarden saman med
kommunen. Postane er
plassert rundt om kring
i heile Øygarden, ikkje
berre på Toftøyna. Totalt
er det plassert ut 11 postar frå Hellesøy i nord til
Toftøy i sør.
Postane er også merka
med GPS-koordinat, slik
at dei som har smarttelefon kan bruka den
som navigasjonsverkty.
Slik kan jakta verta veldig sutalaus. Alt du treng
gjera er å ta på deg skoa
og gå på tur.
– Målet med prosjektet
er å laga meir attraktive
turstiar slik at folk skal ta
med seg familien og reisa
rundt i kommunen og gå
på tur, seier Toft.
Dei som ikkje har fått
kart i postkassane eller
har mista kartet, kan henvenda seg på servicetorget
på rådhuset på Rong for å
få nytt kart. Dei som har
klipp frå alle postane vert
POSTAR: Norvald Vik demonstrerer korleis postane ser ut.
7
g
Vårdikt
Vår er best
ingen protest.
Vår er gøy
med masse støy.
Eg hoppar ut av glaset
og spring barbeint rundt i
graset.
Huff så mykje pollen
eg får så vondt i knollen.
Eg treffer vener uti sola
eg et is og slurper cola.
Dikt om våren
Ute er det fint og grønt.
Livet er fint og skjønt.
Det er våren som kommer
og snart er det sommer.
ÅRSMØTE: 15. mars hadde Vik Grendelag årsmøte. Kort fortald går grendelaget godt.
Klare for ny Toftøydag
10 år etter første
gong, er det klart
for ein ny Toftøydag.
Alle som har noko
å syna fram, vert
oppmoda om å delta.
seier Asbjørn Toft, leiar
i Toftøy nærmiljøutval,
som har fått ansvar for å
koordinera arrangementet.
Alt ligg til rette for folkefest på Vik når det skal
arrangerast ny Toftøydag
10. juni.
Programmet for Toftøydagen i år er ikkje spikra
enno, men det er klart at
det ikkje vert eit så sterkt
fokus på båtliv på vågen
som det var sist gong.
Sist gong det vart arangert Toftøydag, i 2002, var
det i underkant av 300
personar som møtte opp
rundt vågen på Vik. Den
gongen var høgdepunktet dei 11 oselvarane bemanna med fiskarar som
synte fram båtar, liner,
hummarteiner og anna
som høyrer fiskerikulturen på øyna til.
– Ein slik kulturdag har
vore etterspurd nesten årleg sidan me arrangerte
det den gongen. Det var
jo ein stor suksess, og dei
arrangerer jo festivalar
og kulturdagar i nord og
i sør. Då bør vel me på
Toftøyna også vera med,
Vil ha bidrag
– Me skal ha aktivitet på
vågen, men sist gong var
det den store mønstringa.
No skal det vera litt meir
blanda, seier Asbjørn.
Hovudattraksjonen denne
gongen vert forhåpentleg
å få synt fram så mykje
som mogleg av det folk
lagar sjølv som har med
kulturen vår å gjera.
– Det skal vera ein
kultur- og marknadsdag.
Planen er å få folk som
lagar noko sjølv til å ha
utstillingsbodar. Der manglar me litt enno, så dei
som har noko dei vil syna
fram eller selja, må berre
ta kontakt, seier Asbjørn.
I tillegg til salsbodar og
framsyningsbodar kjem
det også til å vera sal av
mat. Eit anna høgdepunkt
vert utstilling av gamle
bilete. Det er den same
utstillinga som vart stilt ut
på biblioteket for nokre år
sidan.
Vestgar kjem
Båten Vestgar kjem også
til Toftøydagen. Den
flotte veteranbåten var i
si tid flaggskipet til Øygardsbåtane L/L. No
er den restaurert og på
Toftøydagen kjem den til
å ha open båt og servering
av lapskaus om bord.
Toftøy skulemusikkorps
kjem også til å opptre.
Aktivt grendelag
Vik Grendelag er også aktivt med for å få til ein velukka Toftøydag, og leiar
Thora Vik er på mange
måtar initiativtakar.
15. mars hadde Vik
Grendelag årsmøte der
det kom fram at grendelaget hadde eit normalt
aktivt år i 2011.
60 hustander på Vik og
Knappen betalar kontingent til grendelaget, og
økonomien er god.
Krabbefesten på kaien,
jentefesten i naustet til
Geir Atle Vik og jonsokfeiring
gav klingande
mynt i kassen.
Vikaskarven, som kjem
ut fire gongar i året, går
økonomisk i balanse.
Over 300 bygdebøker
er selde, men framleis er
det over 100 bøker att på
lager.
Grendelaget vil også
jobba med å få til eit landnotkast i Svelgen. Dette
var eit årlig føretak på
våren for nokre tiår tilbake. Svelgen var sjølve
”grautfatet” til vikamannen.
Sola er varm og fin,
det er fint når ho skin.
Blomane spring ut,
og fuglane syng så fint.
Vår
Vår i år
no skal vi ikkje bruka skia
det er feile tia.
Eg har ilt i eit lår
men no er det vår
så eg tenker ikkje på eit lår.
I vår skal eg gjera
alt muli
for
det er kuli.
Vår
Våren er her
På alle trær
Eg kjenner det på mine tær
Og får sår på mine knær.
Av med lue og sjal
Eg vil ut og spille fotball
Av: 4. klasse Meland skule
8
Ny sjark i
Vikavågen
Returadresse: Vikaskarven
Norvald Vik
5337 Rong
Påskesuksess i bedehuset
Den pensjonerte fiskaren
Per B. Vik har kjøpt ny
sjark. Slik ser den ut.
Ingjersjåden
er riven ned
Eit tradisjonsrikt bygg
mellom butikken og lagerhuset er no fjerna. Ingjersjåden hadde utspelt
si rolle, og no er det lagt
brustein på tomten.
VikaSkarven
Adresse: 5337 Rong
Internettadresse:
vikaskarven.net
Epostadresse:
[email protected]
Redaktør:
Øystein Vik
I redaksjonen:
Norvald Vik
John Solsvik
Nils Jakob Solsvik
Bjarte Vik
Fire nummer pr. år.
Trykkeri:
Bodoni Trykk
Den tradisjonelle påskefrukosten på Vik bedehus skjærtorsdag samla fullt hus også i
år.
Heile 160 menneske tok turen innom bedehuset og fekk oppleva
både påskefrukost og påskebodskapen.
Ein liten del av barnekoret song,
og det var mykje allsang med flotte
påskesongar.
I februar hadde bedehuset
årsmøte, og det går fram av årsmeldinga at det er stor aktivitet
på huset. Nesten alle dagar i veka
er det ulike arrangement for born,
ungdom og vaksne.
Økonomien er brukbar, men det
er behov for fleire givarar skal aktiviten haldast oppe. Det er Morten
Torsvik som er leiar for bedehuset.
Inderøy Taxi & Transport
Tlf. 905 99 059 – Toft, 5337 Rong
No og med minigravarutleige