Sak 3/15 - Aurland Fjellstyre

Transcription

Sak 3/15 - Aurland Fjellstyre
Aurland fjellstyre Årsmelding for 2014
(Utkast til fjellstyremøte 10.2.15)
1
FØREORD
I denne årsmeldinga har me prøvt å ta med det viktigaste av det som fjellstyret har arbeidd
med i året som har gått, i tillegg til oversiktar over fiskefangst, felte reinsdyr, hjort og ryper
o.a. Årsmeldinga ligg ute på fjellstyret si nettside www.aurland-fjellstyre.no. Der finn ein og
meir informasjon om tilboda i statsallmenningane i Aurland.
Aurland, den 28.1.13
Erling Nesbø
fjellstyreleiar
May- Britt Martinsen
Bente Steine
Bjørn Ebne
John Håland
INNHALDSOVERSIKT
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
10.
FJELLSTYREARBEID OG -SAKER I 2014
OPPSYNS- OG SEKRETÆRORDNING
FRILUFTSTILTAK FOR BORN OG UNGE
FJELLSTYREHYTTER, NAUST OG BÅTAR
REIN OG REINSJAKT
ELG- OG HJORTEJAKT
SMÅVILT
FISKE
ANLEGGSPLANAR I ALLMENNINGEN
ØKONOMI
Framsidefoto:
-
Vedlegg:
- Fangststatistikk fiske, Aurland statsallmenning 2014
- Fiskeutsetjinga i Aurland statsallmenning i 2014
- Fjellstyrerekneskapen for 2014
2
side 3
”
4
”
5
”
6
”
8
”
9
”
9
”
11
”
12
”
12
1. FJELLSTYREMØTE OG SAKER I 2014
Det vart halde 7 møte og handsama 39 saker dette året.
Fjellstyremøte den 7. februar:
1/14. Referat og meldingar
2/14. 2/14. Fjellstyret si årsmelding for 2013
3/14. Fjellstyrerekneskapen for 2013
4/14. Kjøp/leige av firmabil til fjellstyret
5/14. Omfanget av naudsynt kvelds- og helgearbeid for fjelloppsynet
6/14. Ny utforming av kontrollkort for villreinjakt
7/14. Møteplan for 1. halvår
Fjellstyremøte den 25. februar:
8/14. Referat og meldingar
9/14. Val av medlem og varamedlem til styret for Aurland Setjefisk SA
10/14.Val av medlem og varamedlem til styret for villreinutvalet for Nordfjella
11/14.Utlysing av jaktfelt 1 (nedre) i Nordheimsdalen for hjortejakta 2014 og 20115
Fjellstyremøte den 27. mars:
12/14. Referat og meldingar
13/14. Endring av aldersgrense for tildeling av fellingsløyve for villrein
14/14. Jakttida for småviltjakta hausten 2014
15/14. Søknad om fellingsløyve for fritt dyr til jaktkarusellen
16/14. Saker til årsmøtet for villreinutvalet for Nordfjella den 5. april
17/14. Instruks for bruk av tenestebil
Fjellstyremøte den 13. mai:
18/14. Referat og meldingar
19/14. Jakttida for småvilt i Aurland statsallmenning for 2014
20/14. Søknad om tilskot til gjennomføring av jegerprøvekurs- Aurland jakt- og fiskelag
21/14. Høyring: Forslag til fråsegn om avgiftsfritt feste for steinbu i Stemmerdalen –
eigar Terje Thy
22/14. Prisar på fellingsløyva for rein
23/14. Prisar på overnatting på fjellstyrehyttene
24/14. Trekking av hjortejakta i jaktfelt nr. 1 i Nordheimsdalen
Fjellstyremøte den 11. juni:
25/14. Referat og meldingar
26/14. Høyringsuttale frå Aurland fjellstyre vedrørande melding om 420kv-leidning
Aurland – Sogndal
27/14. Samjaktavtalen for Nordfjella
28/14. Broksfjellet statsallmenning – reinsjakta 2014
29/14. Plan for fiskeutsetjinga i statsallmenningen i 2014
30/14. Trekking av fellingsløyva for villrein
3
Fjellstyremøte den 5. november:
31/14. Referat og meldingar
32/14. Oppsummering av reinsjakta 2014
33/14. Oppsynsbudsjettet for 2015
34/14. Trekking av vinnar av «skrapdyrordninga»
35/14. Søknad om løyve til oppsetjing av jervebås i statsallmenningen
36/14. Søknad om gåve til auksjon i samband med støtte for Sogn jord- og hagebruksskule
Fjellstyremøte den 12. desember:
37/14. Referat og meldingar
38/14. Fjellstyrebudsjettet for 2015
39/14. Høyring: Rehabilitering av overløp Langavatnet og Vestredalsdammen
Elles vart det, i samarbeid med grunneigarlaget for villreinvald, halde eit jegermøte i august.
Fjellstyret har dette året vore representert i, eller medlem i, følgjande organ:








Norges fjellstyresamband
Villreinutvalet for Nordfjella, styret (Erling Nesbø)
Aurland Setjefisk SA, styret (John Håland)
Aurland Fiskeadministrasjon, styret (Håkon Øydvin)
Regionalt oppsynsutval – ROU (Erling Nesbø)
Fjellstyra på Hardangervidda – FH (observatørstatus, Erling Nesbø)
Rådgjevande utval for verdsarvområdet Nærøyfjorden (Harald Skjerdal)
Hjorteutvalet for Aurland (Håkon Øydvin)
2. OPPSYNS- OG SEKRETÆRORDNING
Desse tre har i 2013 vore tilsette i fjellstyret:
 Håkon Øydvin (fjelloppsyn, driftsleiar setjefiskanlegg)
 Knut Fredrik Øi (fjelloppssyn/gjetar, kommunal viltforvaltar)
 Harald Skjerdal (fjelloppsyn, dagleg leiar, 50 % stilling)
I tillegg vart det i to månader leigd inn sommarhjelp til setjefiskanlegg, oppsyn og gjetarjobb.
Dette engasjementet hadde Erlend Øydvin.
Arbeidet til fjelloppsynet i 2014 fordelte seg slik:
1910 timar arbeid for fjellstyret utgjer 44,5 % av arbeidstida.
2387 timar arbeid for andre oppdragsgjevarar utgjer 55,5 % av arbeidstida.
4296 timar totalt.
4
Timeverka som vart utførde for andre oppdragsgjevarar enn fjellstyret fordelte seg slik
(2013- tala i parentes):
Oppdragsgjevar
Aurland Setjefisk BA
Villreinutvalet for Nordfjella
Statens Naturoppsyn
NINA
Aurland/Lærdal Kommune
Elveeigarlag Aurland og
Lærdal
Andre
Arbeidsoppgåver
Driftsansvar setjefiskanlegg,
stamfiske, fiskeutsetjing
Sekretærarbeid, teljingar,
jaktoppsyn
Rovviltkontakt, oppsyn,
skjøtselsoppdrag
Merkeprosjektet for villrein
Viltforvalting
Fiskeoppsyn
Timar
665 (749)
(NVE, Naturdata)
Totalt:
25 (0)
2387 (2423)
491 (574)
332 (179)
7 (73)
856 (833)
11 (15)
Kontroll- og reaksjonsstatistikk for fjelloppsynet i Aurland i 2013:
Småviltjakt
Storviltjakt
Fiske
Motorferdsle
Vernereglar
Anna
SUM
Tal
kontrollerte
Tal rapporterte
saker
2
35
39
21
97
1
3
4
Tal saker
oppgjort på
staden
1
1
3
5
Tal
informerte
192
3. FRILUFTSTILTAK FOR BORN OG UNGE
I samsvar med partnarskapsavtalen som er inngått mellom fjellstyret og Aurland barne- og
ungdomsskule, vart det gjennomført fiskedagar for fleire skuleklassar sist haust. Fjellstyret
dekkjer busstransporten for klassane som er med, og får noko tilskot frå Statskog SF
(gjennom regionalt oppsynsutval) til dette. Desse klassane deltok:
5
26. august:
1.-2. klasse ABU, 24 elevar og 3 vaksne. Trekte 4 garn som var sette ovanfor
terskelen i Stemmerdalen kvelden før. Fekk 7 fisk på garna. Desse vart tekne
ut av garna, sløgde og steikte på steinhelle over bål. Erlend og Harald var med
frå fjelloppsynet.
27. august:
3. og 4. klasse ABU, 28 elevar og 3 vaksne. Same opplegg som dagen før – fekk
11 fine aurar som vart sløgde og steikte på steinhelle over bål. Erlend var med
frå fjelloppsynet.
28. augsut:
Flåm skule 1.-6. kl, omlag 30 elevar og 3 vaksne. Same opplegg som
føregåande dagar – fekk 8 aurar som vart sløgde og steikte på steinhelle over
bål. Erlend og Harald var med frå fjelloppsynet.
3. september: 7. klasse ABU, 16 elevar og 2 vaksne. Tok opp prøvegarnserie i
Vestredalsvatnet. Fekk vèl 30 fiskar på 12 garn. Håkon var med frå
fjelloppsynet. Elevane vog og mælte fisken, og laga rapport frå prøvefisket.
Fisken vart frosen og eten på klassen sin haustfest i oktober.
Andre informasjonstiltak for skuleungdom og studentar:
-
Omvising i fiskehuset for 2 grupper studentar (7+35) frå universitetet i Kassel,
Tyskland.
Omvising i fiskehuset for 18 elevar frå Sogn jord- og hagebruksskule
Føredrag kurs i regi av UMB – Ås, på jordbruksskulen. 11 studentar frå ulike land.
Omvising i fiskehuset for 15 studentar frå høgskulen i Bø, tema fiskeforvalting i
Aurland.
Omvising i Brendeli (Nordheimsdalen) for gruppe på 12.
4. FJELLSTYREHYTTER, NAUST OG BÅTAR
Fjellstyret disponerer 5 opne hytter som alle som vil kan nytta mot å betala ein
overnattingspris på kr. 100. Prisen vart auka med kr. 20 før sesongen i 2014. Det er gratis
bruk av hyttene for born og ungdom under 20 år.





Storebotnhytta (bygd i 1982, 7 sengeplassar)
Melahytta (bygd i 1983, 14 sengeplassar)
Hellenuthytta (bygd av Oslo Lysverker i 1965, 6 sengeplassar)
Mellomvasshytta (bygd i 1985, 6 sengeplassar)
Berdalsbu (bygd av Oslo Lysverker på 1960-talet, overteken av fjellstyret i 2008,
4 sengeplassar)
6
To hytter i Nordheimsdalen - hytta i Brendelid og hytta ved Sagi - står opne, og kan nyttast
på same måten som fjellstyrehyttene nemnde ovanfor, i samsvar med ein avtale som er
inngått mellom fjellstyret og allmenningsstyret.
I tillegg eig fjellstyret desse hyttene:


Gjetarhytte i Brubotn (bygd av Oslo Lysverker i 1966, overteken av fjellstyret i
1992. Base for sesongoppsyn/gjetar)
Utleigehytte i Håbergsholene (overteken av fjellstyret frå Statnett i 2006, vert
leigd ut til interesserte, 10 sengeplassar, leigepris fastsett av fjellstyret)
Bruken av fjellstyrehyttene har auka ein del i 2014 i høve til tidlegare, ut frå tala i
fjellstyrerekneskapen. Særleg galdt dette utleiga av hytta i Håbergsholene, som går gjennom
nettportalen Inatur.no.
Arbeid på fjellstyrehytter og -naust i 2014:
I tillegg til vanlege driftsoppgåver som transport av ved og gass, henting av bos, reinhald,
vask av sengeklede o.a. vart følgjande arbeid utført:





Storebotnhytta: Hytta vart beisa, 2 strøk. På naustet ved nedste Storebotnvatnet vart
det lagt ny takpapp, sidan mykje av den gamle var flekt av i storm hausten før.
Utedoen retta opp og beisa.
Mydlovasshytta: Hytta vart beisa, 2 strøk. Alle vindauge tekne heim, glasa kitta opp
att, sprossene beisa. Glaskarmane inne vart målte.
Melahytta: Det vart laga nye vindaugslemmar av vassfast kryssfinèr.
Naustet ved Hellenutvatnet vart beisa, litt oppretting av vindskei m.m.
Hytta i Håbergsholene: Nokre aluminiumspanner på taket måtte skiftast.
Nordheimsdalen
Ny bru over elva vart bygd hausten 2014. Denne kryssar elva like framom «hytta ved sagi,»
d.v.s. nesten nede ved fjorden. Arbeidet vart gjort av fjelloppsynet, men gjekk inn som ein
del av tenestekjøpet til SNO – Aurland. På hytta i Brendelid vart det teke storvask.
Naust og båtar
Fjellstyret hadde dette året 10 båtar liggjande ved vatn i allmenningen, til bruk i samband
med fiske. Alle båtane er utstyrde med årar og redningsvestar.




Nedste Storebotnvatnet (naust og båt)
Fremste Melavatnet
Hellenutvatnet (naust og båt)
Holmavatnet (naust og båt, båten tilhøyrer Aurland jakt- og fiskelag)
7






Langavatnet ved Kongsheller
Svartavatnet
Nedste Mellomvatnet
Alvsvatnet
Katlamagasinet (båt i fiskesesongen)
Nedre Berdalsvatnet
Dei båtane som ikkje ligg i naust vert lagra ute om vinteren. Båtar som ligg ved regulerte
vatn med store endringar i vasstand i fiskesesongen krev noko tilsyn gjennom sesongen, for
at dei ikkje skal bli liggjande utpå når vasstanden stig.
5. REIN OG REINSJAKT
Fellingsresultatet for Aurland statsallmenning, totalt for Aurland og for heile Nordfjella
villreinområde jakta 2014:
Vaksen bukk
Bukk 1 ½ år
Bukkekalv
Vaksen simle
Simle 1 ½ år
Simlekalv
Felt i alt
Tildelt kvote
Fellingsprosent
Aurland statsallm.
14
6
18
41
3
7
89
152
58,6 %
Aurland totalt
28
13
30
79
6
16
172
315
54,4 %
Nordfjella
123
38
76
225
17
43
522
1200
43,5 %
Det vart tildelt 1200 fellingsløyve for rein i Nordfjella i 2014, det same som året før. 181
innanbygds jegerar søkte om fellingsløyve på statsallmenningen, noko som var ein nedgang
frå 193 i 2013. I tillegg var det 25 utanbygds søkjarar. Fjellstyret hadde 152 fellingsløyve til
fordeling, i tillegg til 9 løyve på Broksfjellet, som ligg innanfor Hardangervidda
villreinområde. Ved avslutta kortsal synte det seg at det var reinskort til alle innanbygds
søkjarar som ynskte det. 9 av dei utanbygdsbuande søkjarane på varalista fekk tilbod om
kort. Elles fekk 19 innanbygdsbuande jegerar påskrift av fjellstyret på til saman 32 kort frå
nabokommunar, slik at desse kunne nyttast i Aurland.
Fjellstyret gav som tidlegare år eit fellingsløyve for fritt dyr til jaktkarusellen som skyttarlaga
skipar til i samarbeid med jakt- og fiskelaget. Dette er med på å auka oppslutninga om desse
treningskveldane.
«Skrapdyrordninga,» ordninga med premiering av dei som melder inn felte smådyr av simle
og kalv, vart vidareførd i 2014. Fellingsløyve for simle og kalv for jakta 2015 vart trekt ut til
ein vinnar, av dei 10 som hadde meldt inn slike dyr (kalv under 16 kg, simle under 28 kg) og
fått slaktevekt attestert av oppsyn. Fjellstyret meiner det bør vurderast å dela desse løyva
8
på to uttrekte vinnarar ved komande trekkingsrundar. Dette er ei samarbeidsordning med
grunneigarlaget for villreinvald.
Jakta 2014
I Vestfjelli i Aurland var det flokkar med rein heile jakta. Både i Tarven-området og kring
Storskavlen vart det jakta bra. Det var ikkje meldingar om flokkar som reiste sør for
Bergensbana denne jakta. I Austfjelli (sone 1) stod flokkane lenger aust til å begynna med.
Nokre periodar uti jakta var større flokkar innom, men lange periodar var utan dyr i desse
områda. Alt i alt gjorde dette at det hardaste jakttrykket vart lagt på flokkane i sone 2. Heile
133 av dei 172 dyra som vart felte ved bruk av kort tildelt Aurlandsvald vart felte i sone 2.
I Aurland nordre statsallmenning, og elles i områda vest for fylkesvegen Aurland – Erdal, var
det ikkje ingen meldingar om rein denne jakta. Dette har stort sett vore stoda etter at denne
vegen vart oppgradert til nasjonal turistveg, med den trafikkauken det har ført med seg.
Samjaktavtalar
Heller ikkje i 2014 slutta fjellstyret seg til samjaktavtalen som er inngått mellom dei fleste
statsallmenningane og ein del private jaktfelt i Nordfjella. Grunngjevinga til fjellstyret for å
halda seg utanfor, var at ein tykte avtalen vart for omfattande når han skulle gjelda frå 1.
september og 5 dagar i veka (måndag-fredag).
Samjaktavtalen mellom statsallmenningen og dei private jaktfelta i Aurland har vore verksam
med små endringar sidan 1976. Avtaleperioden gjekk ut etter jakta i i 2014, og denne avtalen
må difor gjennomgåast saman med grunneigarlaget for villreinvald før komande jakt.
For statsallmenningen Broksfjellet og 3 private vald som ligg i Aurland innan Hardangervidda
villreinområde vart det inngått samjaktavtale for jakta 2014. Berre eitt dyr vart felt i dette
området.
6. ELG OG HJORTEJAKT
I Aurland nordre statsallmenning (Nordheimsdalen) vart det tildelt 15 hjorteløyve og skote 7
dyr, noko som gav ein fellingsprosent på 46,7. Fellinga fordelte seg med 6 dyr på jaktlaget til
Aurland jakt- og fiskelag, og 1 dyr på jaktlaget som jakta i det nedre feltet fram til utgangen
av oktober. Det vart skote ein elg dette året, ei elgkolle på 1 ½ år.
7. SMÅVILT/ROVVILT
Som dei to føregåande åra, vedtok fjellstyret å ha jaktstart for hare- og rypejakt den 1.
oktober, og jaktslutt 23. desember. Grunngjevinga var at småviltbestanden framleis er svak.
Det var store menger med smågnagarar i utmarka, særleg lomhund, så rovvilt og -fugl hadde
rikeleg med mat. Dette resulterte nok i betre overleving av rypekulla enn det som har vore
tilfelle dei føregåande åra. Ein del fine rypekull vart registrerte av jegerar og fjelloppsyn,
9
sjølv om det var langt mellom kulla. Jaktkortsalet syner ein auke i høve til dei to siste åra.
Talet på felt småvilt og utbytet per jeger/dag er og noko større enn det har vore dei siste 3-4
åra. Dette går fram av fellingsstatistikken nedanfor. Den store smågnagarbestanden gav god
mattilgang for fjellreven, som har kome att i området etter utsetjingane i Finseområdet. I
2014 vart det registrert eitt kull med fjellrevungar i allmenningen, i områda ved
Namnlausvatnet/Vargene.
Spor etter jerv var det lite av i Aurlandsfjella i 2014. Det er ikkje meldt om skade på sau/lam
grunna jerv eller andre freda rovdyr i Aurland dette året.
Fordelinga av selde jaktkortfor småvilt i 2014 og dei seks føregåande åra:
1 dag
2 dagar
3 dagar
1 veke
Sesong
Sum:
2014
77
49
37
7
13
183
2013
42
54
14
2
7
119
2012
27
12
4
3
2
48
2011
47
55
45
20
21
188
2010
56
72
45
18
30
221
2009
47
74
41
16
33
211
2008
47
40
38
8
29
162
I tillegg kjem 13 jaktkort selde for området Broksfjellet / Myrdal, som er eit jaktkortsamarbeid
mellom fjellstyret og eit privateigd område. Det meste av kortsalet, både for Aurland statsallmenning
og for Broksfjellet/Myrdal , skjer gjennom nettprotalen Inatur.no.
Innkomne rapportar frå jegerane viser følgjande innrapporterte jaktinnsats og felling av
småvilt i 2014 og dei 8 føregåande åra:
År:
Tal rapportar
% levert
rapport
Tal jaktdagar
Felte
ryper/dag
Felt vilt:
Fjellrype
Lirype
Hare
Villmink
Raudrev
Røyskatt
Ramn
Kråke
2014
81
39,3
2013
32
26,9
2012
11
22,9
2011
33
17,5
2010
36
16,3
2009
41
19,4
2008
17
10,5
2007
74
31,8
2006
76
39,8
166
0,5
54
0,28
22
0,25
93
0,3
80
0,4
97
0,7
32
0,8
139
0,6
152
0,6
83
3
4
1
-
15
1
-
5
1
1
1
25
5
-
29
4
1
-
60
3
2
1
2
25
1
1
-
74
4
2
-
80
15
2
-
10
8. FISKE
2014 vart ein særs god sesong for sportsfisket i allmenningen, medan garnfisket var under
middels. Innrapportere fangstar på stong utgjorde heile 718 kg – meir enn dobbelt så mykje
som tidlegare bestenotering, som var i 2013 med 350 kg. Varm vår og moderate
snømengder gjorde at sesongen kom tidleg i gang. Sommaren var varm og fin, noko som gav
gode sjansar for fisk på sportsreiskap. Nyhellermagasinet har langt frå dei gode fangstane
som vatnet hadde for nokre år sidan. I 2014 var dette vatnet for første gong i «nyare tid»
ikkje på topp på lista over oppteken fangst. Svartavatnet, med 310 kg på garn, låg så vidt
over.
Tal frå fangststatsitikken for 2014:
Selde garnkort:
Innlevert fangstrapport:
Tal garnnetter:
Tal fisk:
Kg. fisk
Største fisk:
Fiskeinnsats pr. fiskar
Sesongfangst pr. fiskar
Fangst pr. garnnatt:
Gjennomsnittstorleik:
94
90 (96 %)
1279
4310
(av dette 1612 på stong/oter)
1861 kg
(” ”
718 kg på stong/oter)
1,7 kg
(fiska i Tissedalsvatnet)
16,4 garnnetter
14,6 kg
(gjennomsnitt for dei som har fiska med garn)
0,89 kg
(2,1 fiskar)
0,42 kg
(garnfanga fisk)
Prøvefiske og tynningsfiske
Tre vatn i allmenningen vart prøvefiska i 2014:
Vestredalsvatnet: Prøvefiska av 7. klassen ved ABU, saman med fjelloppsynet. Fisket syner at
vatnet framleis har ein tett bestand med kondisjon og vekst på fisken under middels. Dette
trass i at det gjennom fleire år er drive aktivt tynningsfiske i vatnet. Det bør fiskast hardare
enn i dag i dette vatnet.
Katlamagasinet: Prøvefiska av Sogn jord- og hagebruksskule. Utfylt fangstskjema syner at
bestanden framleis er for tett, med vekststagnasjon før fisken når 30 cm og k-faktor under
1,0.
Nedre Berdalsvatnet: Prøvefiska av Sogn jord- og hagebruksskule. Utfylt fangstskjema tyder
på at bestanden er tett, med vekststagnasjon kring 30 cm og k-faktor under 1,0.
Sommaren 2014 vart dei ikkje drive noko målretta tynningsfiske i regi av fjellstyret i noko
vatn i allmenningen, noko som har vore gjort fleire tidlegare sesongar, m.a. i dei vatna som
vart prøvefiska sist haust.
11
Fiskeutsetjing
Fjellstyret står for fiskeutsetjinga i alle uregulerte vatna i statsallmenningen, medan E-co
Vannkraft AS har anvaret for å følgja opp utsetjingspålegget i dei regulerte vatna. All fisk vert
utsett som sommargammal, og vert produsert lokalt på anlegget til Aurland Setjefisk SA, frå
rogn av lokal stamfisk. I 2014 vart det sett ut 7800 fisk i dei uregulerte vatna i allmenningen.
Sjølve utsetjinga vert gjort på dugnad, i tillegg til at fjelloppsynet set ut ein del.
9. ANLEGGSPLANAR I ALLMENNINGEN
Fjellstyret har i 2014 fått kjennskap til to større planarbeid som vil innebera store
anleggsarbeid i Aurland statsallmenning dei komande åra, med konsekvensar for fleire av dei
brukarinteressene som fjellstyret skal vareta.
Ny 420 kv kraftline Aurland – Sogndal
Det er av Statnett lagt fram planar om ei ny kraftline som skal erstatta noverande 300 kv
line. Denne går gjennom Aurland nordre statsallmenning. I følgje meldinga som er lagt fram
av Statnett, vert det teke sikte på å vera ferdig med bygginga av ny line i 2019, og å riva den
eksisterande lina året etter. Fjellstyret har i 2014 delteke på eit informasjonsmøte om
prosjektet, i tillegg til at det er halde eit møte mellom repr. frå fjellstyret og
prosjektansvarlege i Statnett, for å drøfta tiltak for å redusera ulemper for brukarane i
allmenningen. Fjellstyret har sendt høyringsuttale til NVE.
Plan for rehabilitering av reguleringsdammar i Aurlandsanlegga
E-co Energi AS er av NVE pålagt å forsterka dei fleste damanlegga sine i Aurland, i tråd med
nye retningsliner som er vedtekne. Dette vil innbera store anleggsarbeid alt frå våren 2015.
Deretter vil det vil verta anleggsarbeid kvart år i sommarmånadene i 7-8 år framover.
Fjellstyret har delteke på orienteringsmøte i regi av E-co Energi, og gjeve høyringsinnspel på
planar for arbeid ved Vestredalsdammen og Langavatnet/Adamsvatn i 2015.
10. ØKONOMI
Fjellstyrerekneskapen for 2013 syner at samla inntekter (medrekna renteinntekter) vart
kr. 2.447.392 og samla kostnader kr. 2.230.208. Dette gav eit årsoverskot på kr. 217.184.
Styret meiner at den framlagde årsrekneskapen viser eit rett bilete over eigedelar og gjeld,
finansiell stilling og resultat. I samsvar med rekneskapslova § 3-3 vert det stadfesta at vilkår
om framleis drift er lagt til grunn ved utarbeiding av rekneskapen.
12