File

Transcription

File
Norsk minigrammatikk – nynorsk
Hovudformer og sideformer
Substantiv
Adjektiv
Verb
Samsvarsbøying av perfektum partisipp
Kort om pronomen
Skrivereglar
Og eller å?
Når skal vi setje komma?
Store og små forbokstavar
Særskriving eller samanskriving
Når forenklar vi dobbeltkonsonanten?
Deling av ord ved linjeskifte
Bruk av bindestrek
Bruk av apostrof
Bruk av skråstrek
Då eller når?
Endå eller enno?
Vanskar når du skriv nynorsk – ei rettleiing
Genitiv på -s
Om bruken av passivformer på -st [-s]
Om nokre fleirtydige bokmålsord
Ordval
Ord på an-, be-, -heit, -else
Hovudtrekka i bøyingssystemet er omtalte. Dei som bruker læreboknormalen, vil ha nytte av å
studere kapitlet Samsvarsbøying av perfektum partisipp. Dei som bruker sideformene, kan få
det mykje lettare ved å følgje det som står under punktet System utan samsvarsbøying.
Kapitlet Skrivereglar, omhandlar språkspørsmål som vi strevar med både i bokmål og nynorsk.
I kapitlet Vanskar når du skriv nynorsk – ei rettleiing, har vi peika på ein metode til å ta i bruk
mest mogleg av dei språklege ressursane i nynorsk. Målet er å hjelpe brukarane til å nå fram
til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk.
Hovudformer og sideformer
I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde] kallar vi sideform eller klammeform. I
skulearbeid kan du velje fritt om du vil bruke hovudformer eller sideformer.
I lista står skule el. skole. Her er begge hovudformer. Då taler vi om jamstilte former.
Jamstilte former kan brukast i alle samanhengar.
Det vi kallar rettskrivinga, omfattar hovudformer, jamstilte former og sideformer.
Læreboknormalen omfattar berre dei to første: hovudformer og jamstilte former.
Læreboknormalen må brukast i lærebøker og i statstenesta. Utover det kan ein bruke
rettskrivinga i alle samanhengar.
I lista finn du hovudformer, jamstilte former og sideformer. Sideformene står i skarpe klammer
etter hovudformene, f.eks. tolmodig [tålmodig] –, -e. Klammeformene finn du på deira plass
i alfabetet slik:
[bilde] bilete -et, –, -a
[gjøre] gjere [gjør] gjer, gjorde, gjort
Når ikkje anna er markert, har sideforma same bøying som hovudforma.
Somme sideformer gjeld for heile grupper av ord. Dei sideformene som ikkje er oppførte under
kvart ord, listar vi opp her:
1
svake hokjønnsord har i ubestemt form eintal sideform på [-a]
Eksempel: ei jente [ei jenta]
2
sterke hokjønnsord har i bestemt form eintal sideform på [-i]
Eksempel: sola [soli], bygda [bygdi]
3
svake hokjønnsord har i fleirtal sideformer på [-or] og [-one]
Eksempel: viser [visor] og visene [visone]
4
inkjekjønnsord har i bestemt form fleirtal sideform på [-i]
Eksempel: husa [husi], menneska [menneski], skjema(a) [skjemai]
5
adjektiv som endar på -leg, har sideform på [-lig]. Eksempel: vanleg [vanlig]
6 infinitiv på -a. Eksempel: arbeida, skriva
7
kløyvd infinitiv (infinitiv på -e og -a etter visse reglar).
8
sterkt presens på [-er]. Eksempel: han finn [han finner]
9
perfektum på [-d]. Eksempel: har lært [lærd], har sendt [send]
10 system utan samsvarsbøying
Substantiv
HANKJØNN
1 Hankjønn er markert slik: hest -en, -ar, -ane, hage -en, -ar, -ane
a Hankjønnsorda får i regelen -ar, -ane i fleirtal
Vi bøyer:
ein hest – hesten – hestar – hestane
ein hage – hagen – hagar – hagane
I lista står: lærar -en, -ar, -ane. Vi bøyer:
ein lærar – læraren – lærarar – lærarane
Bøy på same måten: arbeidar, fiskar, forfattar, kjellar, snikkar, tyskar.
I lista står: dam dammen, dammar, dammane. Vi bøyer:
ein dam – dammen – dammar – dammane
I lista står: rikdom -dom(m)en, -dom(m)ar, -dom(m)ane. Vi bøyer:
ein rikdom – rikdomen – rikdomar – rikdomane eller
rikdom – rikdommen – rikdommar – rikdommane
b Ein del hankjønnsord får samandraging i fleirtal (men ikkje i eintal).
I lista er det markert slik: finger -en, fingrar, fingrane. Vi bøyer:
ein finger – fingeren – fingrar – fingrane
Slå opp og bøy: hammar, meister, ransel, regel, sommar, støvel, sykkel, vinter.
2 Hankjønnsord med ei anna fleirtalsbøying:
a Nokre hankjønnsord får omlyd og -er, -ene i fleirtal:
I lista står: bonde -en, bønder, bøndene. Vi bøyer:
ein bonde – bonden – bønder – bøndene
Slå opp og bøy: fot, mann, nagl, son.
b Ein god del hankjønnsord får normalt -er, -ene i fleirtal, men har også tillatne
sideformer på
[-ar, -ane].
I lista står: gjest -en, -er [-ar], -ene [-ane]. Vi bøyer:
ein gjest – gjesten – gjester [gjestar] – gjestene [gjestane]
Slå opp og bøy: bekk, gong, gris, medlem, sau, sed (skikk), stad,
streng, ven(n),
veng.
Det same gjeld ord på -nad og framandord på -a.
I lista står: månad -en, -er [-ar], -ene [-ane]. Vi bøyer:
ein månad – månaden – månader [månadar] – månadene [månadane]
I lista står: sofa -en, -er [-ar], -ene [-ane]. Vi bøyer:
ein sofa – sofaen – sofaer [sofaar] – sofaene [sofaane]
Bøy på same måten: bunad, føresetnad, skilnad, søknad, verknad, kollega, opera,
skala, villa.
c Legg spesielt merke til:
ein far – faren – fedrar – fedrane
ein bror – broren – brør – brørne
ein sko – skoen – sko el. skor – skoa el. skorne
ein ting – tingen – ting – tinga [tingi]
HOKJØNN
1 Hokjønn er markert slik: bygd -a, -er, -ene, klokke -a, -er, -ene
a Hokjønnsorda får i regelen -er, -ene i fleirtal
Vi bøyer:
ei bygd – bygda [bygdi] – bygder – bygdene
ei klokke [klokka] – klokka – klokker [-or] – klokkene [-one]
Slå opp og bøy: dør, jakke, jente, kake, skål, årsak.
b Samandraging i eintal og fleirtal i ord som aksel, alen (mål), hulder.
Vi bøyer:
ei aksel – aksla [aksli] – aksler – akslene
ei alen – alna [alni] – alner – alnene
ei hulder – huldra [huldri] – huldrer – huldrene
2 Hokjønnsord med anna fleirtalsbøying:
a Ord på -ing og -ning får alltid -ar, -ane i fleirtal:
I lista står: helsing -a, -ar, -ane. Vi bøyer:
ei helsing – helsinga [helsingi] – helsingar – helsingane
Slå opp og bøy: gjerning, hending, melding, opplysning.
b Ein god del hokjønnsord får normalt -ar, -ane i fleirtal, men har også tillatne sideformer
på
[-er, -ene].
I lista står: hei -a, -ar [-er], -ane [-ene]. Vi bøyer:
ei hei – heia [heii] – heiar [heier] – heiane [heiene]
Slå opp og bøy: elv, helg, myr, reim, øks, øy.
c Ein del hokjønnsord får -er og omlyd i fleirtal.
I lista står: bok -a, bøker, bøkene. Vi bøyer:
ei bok – boka [boki] – bøker – bøkene
Slå opp og bøy: and, bot, gås, hand, kraft, mus, natt, rot, stong, strand, tann, tong.
d I lista står: ku -a, kyr, kyrne. Vi bøyer:
ei ku – kua [kui] – kyr – kyrne
Slå opp og bøy: glo, klo, rå (til segl), tå.
e Legg spesielt merke til:
ei mor – mora [mori] – mødrer – mødrene
ei dotter – dottera [dotteri] – døtrer – døtrene
ei syster – systera [systeri] – systrer – systrene
[ei søster – søstera – søstrer – søstrene]
f Former på -a(a):
I lista står: mamma, mamma(a), mammaer, mammaene
Vi bøyer:
ei mamma – mamma el. mammaa [mammai] – mammaer – mammaene.
Slå opp og bøy: ballerina, dadda, diva, madonna, saga.
INKJEKJØNN
1 Inkjekjønn er markert slik: hus -et, –, -a, eple -et, –, -a.
Inkjekjønnsord får normalt inga ending i ubestemt form fleirtal
Vi bøyer:
eit hus – huset – fl hus – (alle) husa [husi]
eit eple – eplet – fl eple – (alle) epla [epli]
Slå opp og bøy: bibliotek, gode, menneske, merke, problem, skip.
2 Avvik frå hovudmønsteret:
a Merk bøyinga av desse tre inkjekjønnsorda:
eit auge – auget – fl auge – (alle) auga e l l e r
eit auga – auga – fl augo – (alle) augo
eit hjarte – hjartet – fl hjarte – (alle) hjarta
[eit hjerte – hjertet – fl hjerte – hjerta] e l l e r
eit hjarta – hjarta – fl hjarto – (alle) hjarto
eit øyre – øyret – fl øyre – (alle) øyra
[eit øre – øret – fl øre – (alle) øra] e l l e r
eit øyra – øyra – fl øyro – (alle) øyro
b barn kan i fleirtal heite anten barn – barna eller born – borna [borni]
c Framandord på -um:
Vi bøyer: eit faktum – faktumet – fl faktum – (alle) faktuma [faktumi] eller
eit faktum – faktumet – fl fakta – (alle) fakta el. faktaa [faktai].
Slå opp og bøy: antibiotikum, kvantum, narkotikum, nøytrum, pensum, visum, votum.
d Framandord på -eum og -ium:
Vi bøyer: eit jubileum – jubileet – fl jubileum – (alle) jubilea [jubilei]
Slå opp og bøy: mausoleum, museum.
Slik bøyer vi også ord på -ium:
eit akvarium – akvariet – fl akvarium – (alle) akvaria [akvarii]
Grunnstoffnamn og andre kjemiske nemningar har derimot regelrett bøying:
natrium – natriumet, helium – heliumet
Slå opp og bøy: auditorium, helium, herbarium, kadmium, laboratorium,
(masse)medium, podium,
radium, studium, territorium.
e Samandraging i eintal og fleirtal av ord som endar på trykklett -el, -en, -er:
Bestemt form eintal:
Orda på -el, -der, -ter har som hovudregel valfritt samandraging eller full form:
fengslet el.
fengselet, hindret el. hinderet, teatret el. teateret.
Orda på -en, -er, -dder skal alltid ha full form: asenet, våpenet, aberet, krydderet.
Bestemt form fleirtal:
Orda på -el har som oftast samandraging: fengsla [-li].
Orda på -der og -ter får som oftast valfritt samandraging eller full form:
hindra [-i] el. hindera [-i], teatra [-i] el. teatera [-i].
Orda på -en, -er, -dder skal som hovudregel ha full form: asena [-i], abera [-i],
kryddera [-i], men: våpna [-i].
Slå opp og bøy: filter, gelender, gitter, kateter, kjøkken, lager, laken, ludder, mirakel,
mønster, orkester.
f Former på -a(a):
I lista står: tema -et, –, tema(a)
Vi bøyer: eit tema – temaet – tema – tema el. temaa [temai]
Slå opp og bøy: drama, komma, mantra, panorama, skjema.
ORD SOM KAN HA FLEIRE KJØNN
I lista står: kasse -a, -er, -ene, el. -en, -ar, -ane. Altså bøyer vi anten: ei kasse – kassa –
kasser
– kassene, eller ein kasse – kassen – kassar –kassane
Bøy desse orda i det kjønnet som passar best med talemålet ditt:
-a el. -en: bane, bøye, farge, klasse, olje, pakke, plante, tale
-a el. -et: draft, eige, gardin, okle, ryggstø, rør, skrift (i tydinga hefte), syn
-en el. -et: kompas(s), kyss, minutt, sekund, smil
-a, -en el. -et: greip (reiskap), vis (måte)
Adjektiv
1
I lista står: god godt, -e. Vi bøyer:
ein god mann – ei god kone – eit godt barn – gode naboar
a Nokre adjektiv får dobbel t i inkjekjønn:
blå – blått – blå(e)
feit – feitt – feite
flat – flatt – flate
grei – greitt – greie
Slå opp og bøy: grå, hard, heit, kvit, raud, snau.
b Konsonantforenkling framfor ny konsonant (i inkjekjønn)
trygg – trygt – trygge
tjukk – tjukt – tjukke
tynn – tynt – tynne
[tunn – tunt – tunne]
Kvifor likevel fullt (av full) og visst (av viss)?
Slå opp og bøy: gløgg, stygg, snill, vill.
c Samandraging og konsonantforenkling (i fleirtal)
ussel – usselt – usle
vakker – vakkert – vakre
Slå opp og bøy: ekkel, lekker, gammal.
2 Viss adjektivet skal ha -t i inkjekjønn, er det alltid markert i lista: stor -t, -e. Men ein god
del adjektiv får ikkje -t i inkjekjønn. Det gjeld mellom anna alle endestavingane -ete el.
-ut, -ig, -ug, -isk, -leg [-lig]: flokete el. flokut, gjerrig el. gjerug, energisk, farleg
[farlig]. Vi har sett ein tankestrek (–) når det ikkje skal stå -t: absurd –, gammaldags –,
glad –, norsk –, solid –.
Nokre adjektiv blir ikkje bøygde i det heile: gasta, grepa, korny, prima, rosa, sekunda.
3 Adjektiv på -en bøyer vi slik:
a I lista står: doven dove el. -i [-ent], dovne. Vi bøyer: ein doven mann – ei doven
[dovi] kone – eit dove el. dovi [dovent] barn – dovne folk.
Slå opp og bøy på same måten (finn høvelege substantiv): erfaren, furten, gedigen,
open,
tosken, tvungen, ueffen, vaken.
b Adjektiv på -en som eigentleg er perfektum partisipp av sterke verb, bøyer vi på same
måten,
bortsett frå at dei ikkje har sideforma [-ent] i inkjekjønn. I lista står:
vaksen vakse el. -i, vaksne.
Vi bøyer: ein vaksen mann – ei vaksen [vaksi] kvinne – eit vakse el. vaksi menneske
–
vaksne folk (sjå Samsvarsbøying av sterke verb).
Bøy på same måten: bunden, durkdriven, forfallen, forfrosen, innpåsliten, velkommen,
sjølvskriven,
svolten.
c Adjektiva eigen og liten:
min eigen gut – mi eiga [eigi] jente – mitt eige barn – mine eigne bøker
ein liten gut – ei lita [liti] jente – eit lite barn – små(e) gutar. I bestemt form: den,
det
litle, lisle el. vesle; dei små(e).
4 Gradbøying (komparasjon)
Vi gradbøyer adjektivet i positiv, komparativ og superlativ:
a rik – rikare – rikast
dårleg – dårlegare – dårlegast
b Adjektiv på -el, -en og -er får samandraging:
simpel – simplare – simplast
galen – galnare – galnast
vakker – vakrare – vakrast
Merk: løyen – løgnare – løgnast
nøyen – nøgnare – nøgnast
c Uregelrette komparasjonar er alltid markerte i lista:
få(e) – færre – færrast
gammal [gamal] – eldre – eldst
god – betre – best
mykje el. mye – meir – mest
stor – større – størst
tung – tyngre – tyngst
lang – lengre – lengst
ung – yngre – yngst
liten – mindre – minst
vond, ille – verre el. vondare – verst el
mange – fleire – flest
vondast
d Omskriving med meir og mest:
sinna – meir sinna – mest sinna
(men sint – sintare – sintast)
krevjande – meir krevjande – mest krevjande
rotet(e) – meir rotet(e) – mest rotet(e) eller
rotut – meir rotut – mest rotut
Verb
1
INFINITIV
a-infinitiv: lesa, skriva
e-infinitiv: lese, skrive
kløyvd infinitiv: [lesa, skrive]
Dei to første er jamstilte i læreboknormalen, den tredje er tillaten sideform. Bruk den
infinitivsforma
som ligg nærmast opp til målføret ditt. I denne lista har vi brukt e-infinitiv.
Dei refleksivforma verba (dei på -st [-s]) har alltid -a i infinitiv: finnast [finnas], synast
[synas].
Om bruken av passivformer på -st, sjå eget avsnitt.
2
PRESENS PARTISIPP
endar alltid på -ande: etande, gåande, lysande.
3
i
SVAKE VERB får i preteritum endingane -a, -de, -dde eller -te. Vi deler dei vanlegvis inn
fire grupper:
a a-verb (kaste-klassa). I lista står: kaste -ar, -a, -a. Vi bøyer:
å kaste – kastar – kasta – har kasta
Dette er den største gruppa av svake verb og den einaste med -ar i presens.
Slå opp og bøy: angre, ende, forsikre, handle, hente, kalle.
b e-verb (dømme-klassa). I lista står: lyse -er, -te, -t.
Vi bøyer: å lyse – lyser – lyste – har lyst
I lista står: leve -er, -de, -d el. -t. Vi bøyer å leve – lever – levde – har levd el. levt
I lista står: lære -er, -de el. -te, -t. Vi bøyer:
å lære – lærer – lærde el. lærte – har lært [har lærd]
I lista står: dømme [døme] -er, dømde [dømte], dømt. Vi bøyer: å dømme [døme] –
dømmer [dømer] – dømde [dømte] – har dømt [har dømd]
Denne gruppa har alltid -er i presens. I preteritum bruker ein endinga
1 -te når stamma endar på f, k, l, p, s, t
2 -de når stamma endar på d, g, v
3 -de el. -te når stamma endar på r. Unntak: Alle verb på
-ere, får framleis -te som eineform, f.eks. studere -te
4 -de [-te] når stamma endar på m, ld, nd, ng
Merk: Verb der stammen endar på m, n, l, r, rd, nd, ld, ng, og som har
-d i preteritum, har klammeform på [-d ] i perfektum.
Fleire eksempel på bøying av e-verb:
arbeide – arbeider – arbeidde – har arbeidd el. arbeidt
leige – leiger – leigde – har leigd el. leigt
nemne – nemner – nemnde [nemnte] – har nemnt [har nemnd]
treffe – treffer – trefte – har treft
Slik kan vi også bøye dei alternative kortverba som står slik i lista: blø(de) blø(de)r,
blødde,
blødd el. blødt. Vi bøyer: å blø el. bløde – blør el. bløder – blødde – blødd el. blødt.
Merk: å bøye – bøyer – bøygde – har bøygd el. bøygt.
Slik går også smøye, tøye.
Merk også: å nøye (seg) – nøyer – nøgde – har nøgd el. nøgt. Slik går også pløye.
Endeleg: å vie – vier – vigde – har vigd el. vigt.
Merk deg dette: Når preteritumsendinga er -a, er presensendinga alltid -ar. Verb med
andre preteritumsendingar, -dde el. -de el. -te, får -er i presens.
Viktig: Alle framandord på -ere får berre -te i preteritum – som i bokmål. Det gjeld
utan unntak.
I lista står: studere -er, -te, -t. Vi bøyer:
å studere – studerer – studerte – har studert. Bøy også annonsere, demonstrere,
regulere,
resonnere, trafikkere.
Som det går fram av eksempla ovanfor, har perfektum dobbeltformer på -d eller -t når
stamma endar på d, g, v, vokal eller diftong.
c j-verb (telje-klassa). I lista står bøyinga: telje tel, talde [talte], talt.
Desse verba bøyer vi slik:
å fortelje – fortel – fortalde [fortalte] – har fortalt [har fortald]
å krevje – krev – kravde – har kravd el. kravt
Bøy på same måten: skilje, smørje, spørje, symje, temje [temme], velje, venje
[venne].
Telje-klassa har einstavingsform i presens og oftast vokalskifte i preteritum og
perfektum.
Utan vokalskifte er for eksempel desse verba:
selje – sel – selde – selt
setje – set – sette – sett
[sette – sett – sette – sett]
d Kortverb (tru-klassa). I lista står: tru trur, trudde, trudd el. trutt. Vi bøyer:
å tru – trur – trudde – har trudd el. trutt
Slik går kortverb som bu, snu, glo, nå. Her kan vi òg plassere dei alternative kortverba
som står slik i lista: blø(de), blø(de)r, blødde, blødd el. blødt. Sjå punkt b.
På liknande måte bøyer vi verb som breie, greie, leie, spreie. Dei står oppførte slik:
breie breier,
breidde, breidd el. breitt. Slå opp dei andre!
4 UREGELRETTE SVAKE VERB
a Modale hjelpeverb:
byrje eller burde – bør – burde – burt
kunne – kan – kunne – kunna
måtte – må – måtte – måtta el. mått
skulle – skal – skulle – skulla
tore – torer el. tør – torde [torte] – tort
vilje – vil – ville – vilja
b Vi bøyer nokre verb til:
eige – eig – åtte [eigde] – ått [eigd el. eigt]
gjere [gjøre] – gjer [gjør] – gjorde – gjort
ha(ve) – har [hev] – hadde – hatt
leggje [legge] – legg – la(gde) – lagt
seie – seier – sa – sagt
teie – teier – tagde – tagd el. tagt
vete el. vite – veit – visste – visst
5
STERKE VERB
I lista fører vi opp dei sterke verba i infinitiv, presens, preteritum og perfektum, f.eks.
finne finn, fann,
funne el. -i.
Vi bøyer: å finne – finn – fann – har funne el. funni. Slå opp og bøy: ete, falle, grave,
kom(m)e,
liggje [ligge], ta(ke), vekse, få, sjå, slå, stå.
Nokre få har konsonantskifte i preteritum, som f.eks. binde – bind – batt – bunde el.
bundi. Sterke
verb har sideform på [-er] i presens.
Samsvarsbøying av perfektum partisipp
Til no har vi berre omtalt inkjekjønnsforma av perfektum partisipp. Den finn du i ordlista (talt
av telje, bunde av binde). Men bortsett frå a-verba (som har -a i alle kjønn og tal) har
perfektum partisipp bøying i kjønn og tal i samsvar med ordet dei står til. Samsvarsbøyinga
kan falle litt vanskeleg, mellom anna fordi ho er på retur i mange dialektar. Vi skal derfor sjå
litt nærare på denne bøyinga, som vi bruker i to tilfelle:
1 som predikativ etter vere, verte, bli
2 som attributt føre substantiv
1
SAMSVARSBØYING AV SVAKE VERB
a a-verb. Inga samsvarsbøying, men -a i alle kjønn og tal: Han, ho, det, dei blei vraka;
vraka
mann, vraka kvinne, vraka framlegg, vraka medlemmer.
b e-verba har slik samsvarsbøying (slå opp verba i lista!):
Han, ho, blei dømd [-t], det blei dømt, dei blei dømde [dømte]; den, det, dei
dømde [dømte]; dømd [-t] mann, dømd [-t] kvinne, dømt menneske,
dømde [dømte] personar.
Han, ho blei opplærd el. -lært, barnet blei opplært, alle blei opplærde el. -lærte;
den, det, dei (opp)lærde el. (opp)lærte; (utanåt)lærd el. (-)lært song, (utanåt)lærd
el. (-)lært vise, (utanåt)lært dikt, (utanåt)lærde el. (-)lærte viser.
Fleire eksempel, skjematisk oppstilte:
I lista står:
Hankj/Hokj
Inkjekjønn
Fleirtal og bf
fylle -er, fylte, fylt
fylt
fylt
fylte
føre -er, -de el. -te, -t
førd el. ført
ført
førde el. førte
kjøpe -er, -te, -t
kjøpt
kjøpt
kjøpte
byggje -ggjer, bygde,
bygd
bygd el. bygt
bygde
[bygge -er]
–"–
–"–
–"–
leve -er, -de, -d el. -t
(opp)levd
(opp)levd el. -levt
(opp)levde
arbeide -er, arbeidde,
(ut)arbeidd
ut)arbeidd el.
(ut)arbeidt
(ut)arbeidde
bygd el. bygt
arbeidd el. arbeidt
stengje -er, -gde, -gt
[stenge -er, -te, -t]
stengt
stengd
–"–
[stengt]
stengde
[stengte]
Set inn dei rette perfektum partisipp-formene med variantar:
(fylle) Sekken blei ....., sekkene blei .....
(kjøpe) Boka blei ....., bøkene blei .....
(byggje) Huset blei ....., husa blei .....
(arbeide) Planen blei (ut) ...., planane blei (ut) .....
(stengje) Døra var ....., huset var ....., dørene var .....
c j-verba har også samsvarsbøying (slå opp telje i lista!):
Flokken er (opp)tald [-talt], folket er (opp)talt, pengane er (opp)talde [-talte]; den, det,
dei (opp)talde [-talte]; (opp)tald [-talt] sum, (opp)tald [-talt] mengd, (opp)talt beløp,
(opp)talde [-talte] pengar.
I lista står:
Hankj/Hokj
Inkjekjønn
Fleirtal og bf
velje vel, valde
vald [valt]
valt
valde [valte]
[valte], valt
spørje spør, spurde
spurd [spurt]
spurt
spurde [spurte]
seld [selt]
selt
selde [selte]
[spurte], spurt
selje sel, selde
[selte], selt
Set inn dei rette perfektum partisipp-formene:
(velje) Han blei ....., ho blei ....., det blei ....., dei blei .....
(spørje) Han blei ....., ho blei ....., det blei ....., dei blei .....
(selje) Garden blei ....., hytta blei ....., huset blei ....., gardane blei .....
d kortverba.
Ei skjematisk oppstilling:
I lista står:
tru trur, trudde,
Hankj/Hokj
Inkjekjønn
Fleirtal og bf
trudd
trudd el. trutt
trudde
flådd
flådd el. flått
flådde
(ut)breidd
(ut)breidd el
(ut)breidde
trudd el. trutt
flå flår, flådde,
flådd el. flått
breie breier, breidde,
breidd el. breitt
leie, leier, leidde,
(ut)breitt
leidd
leidd el. leitt
leidde
spreidd
spreidd el. spreitt
spreidde
leidd el. leitt
spreie spreier,
spreidde, spreidd el.
spreitt
Set inn dei rette perfektum partisipp-formene:
(tru) Mannen blei ....., barnet blei ....., alle blei .....
(flå) Kua blei ....., lammet blei ....., sauene blei .....
(breie) Dette treslaget er svært (ut) ....., desse plantene er (ut) ..... overalt.
(leie) Ho blei ..... inn, dei blei ..... inn.
(spreie) Gifta blei ..... overalt, etterkommarane hans blei ..... over heile landet, ryktet
blei ..... vidt
omkring.
e Uregelrette svake verb
Ei skjematisk oppstilling:
I lista står:
gjere [gjøre] gjer [gjør]
Hankj/Hokj
Inkjekjønn
Fleirtal og bf
gjord
gjort
gjorde
lagd
lagt
lagde
sagd
sagt
sagde
tagd
tagd el. tagt
tagde
gjorde, gjort
leggje [legge] legg,
la(gde), lagt
seie seier, sa(gde), agt
teie teier, tagde,
tagd el. tagt
Set inn dei rette perfektum partisipp-formene:
(gjere) Vegen er ..... ferdig, mykje er ....., sakene er (av) .....
(leggje) Saka blei ..... på is, sakene er ..... på is, det blei ..... vinn på.
(seie) Dommen er (av) ....., ordet blei ....., orda blei .....
(teie) Sanninga blei ..... i hel, orda hans blei ..... i hel, det er best at det blir ..... med
dette.
f
Eit samandrag:
1 Etter har og hadde bruker vi alltid inkjekjønnsforma: har dømt, lært, arbeidd el.
arbeidt, bygd el. bygt, levd el. levt, valt, trudd el. trutt, greidd el. greitt, lagt, sagt,
tagd el. tagt. Du gjer aldri feil om du bruker t-ending etter har og hadde. Hugs at dending kan brukast i staden for t-ending b e r r e når preteritum endar på
-dde, -gde og -vde, vokal eller diftong. Sjå Verb, punkt 3 b.
2
Sjå på preteritum!
I svake verb er fleirtal (og bestemt form) av perfektum partisipp lik preteritum. Nokre
eksempel: Dei blei
dømde [dømte], dei blei (opp)lærde el. (opp)lærte, husa blei bygde, planane blei
(ut)arbeidde, hendingane blei (opp)levde, dei blei valde [valte], dei blei trudde. Tek vi
så bort e-en, har vi hankj./hokj.-forma: dømd [dømt], (opp)lærd el. (opp)lært, bygd,
(ut)arbeidd, (opp)levd, vald [valt], trudd. Og inkjekjønnsforma endar (eller kan ende)
på -t: dømt, lært, bygt (el. bygd), (ut)arbeidt (el. utarbeidd),
(opp)levt (el. -levd), valt, trutt (el. trudd).
2 Samsvarsbøying av sterke verb
Samsvarsbøyinga er slik (sjå Adjektiv, punkt 3):
Ein skoten elg – ei skoten [skoti] rype – eit skote el. skoti vilt – skotne dyr.
Elgen er skoten, rypa er skoten [skoti], viltet er skote el. skoti, dyra er skotne.
Han er kom(m)en, ho er kom(m)en [kom(m)i], det er kom(m)e el. kom(m)i, dei er
komne.
Regelen er at vi bøyer sterke partisipp i kjønn og tal etter hjelpeverba vere, verte og bli i
samsvar
med det
ordet dei står til.
NB! Du kan gjere det mykje enklare ved å bruke har/hadde i staden for er: Han, ho, det,
dei, vi, folk
har/hadde kom(m)e el. kom(m)i. Då bruker du berre inkjekjønnsforma, og
den står alltid oppført i
lista.
Etter ‘få’ blir systemet slik:
I heilsetningar:
Han fekk tilsendt prøvene eller
Han fekk prøvene tilsende
I som-setningar:
Prøvene som han fekk tilsendt, ... eller
Prøvene som han fekk tilsende, ...
3 System utan samsvarsbøying
Innafor rettskrivinga, men ikkje læreboknormalen, er det no tillate å bruke ubøygd
partisipp av svake og sterke verb i predikativ stilling (etter vere, verte, bli) og delvis i
attributiv stilling (når partisippet står framfor eit substantiv). Ein kan også bruke
kombinasjonen ubøygd svakt partisipp og bøygd sterkt.
Kva for ubøygd partisippform skal brukast? Det er den same som vi bruker etter
har/hadde
I tillegg må vi rette oss etter preteritum når det gjeld svake verb. Har preteritum
dentalen -d, får den ubøygde partisippforma -d, har preteritum dentalen -t, endar den
ubøygde partisippforma på -t. Skjematisk ser dette slik ut med verbet sende som
eksempel:
Preteritum
sende
Perfektum
Ubøygd partisippform
send
han, ho, det, dei har
send
eller
sendte
sendt
han, ho, det, dei har
sendt
Vi ser at det blir dobbeltform av ubøygd partisipp, og vi kan skrive: E-posten er send el.
sendt.
Unntak: Det kan berre heite han, ho, det, dei er gjort, lagt, sagt.
Kort oversikt over systemet utan samsvarsbøying, som elevane kan bruke i alt skriftleg
arbeid i skulen:
1 Predikativ stilling:
E-posten er send el. sendt, meldinga er send el. sendt, brevet er send el. sendt,
pakkene er send el. sendt. E-posten/meldinga/brevet/pakkene er komme el. kommi.
2 Attributiv stilling:
I attributiv stilling blir systemet slik:
Ubestemt form: ein send el. sendt e-post, ei send el. sendt melding, eit send el. sendt
brev, sende el. sendte pakker.
Bestemt form: den sende el. sendte, e-posten, den sende el. sendte meldinga, det
sende el. sendte brevet, dei sende el. sendte pakkene.
b Sterke verb:
Dei sterke partisippa må framleis samsvarsbøyast på vanleg måte i attributiv stilling: ein
skoten elg, den skotne elgen, ei skoten [skoti] rype, den skotne rypa, eit skote el. skoti
vilt, det skotne viltet, skotne dyr, dei skotne dyra, sjå punkt 2 ovanfor. Den ubøygde
partisippforma er den same som inkjekjønnsforma.
Kort om pronomen
Pronomen er vikarord. Dei står i staden for substantiv og adjektiv. Skjematisk oversikt
over personlege
pronomen:
Eintal
1. pers. 2. pers.
Fleirtal
3. pers.
1. pers.
2. pers.
3. pers.
Subjektsform
eg
du (De)
han, ho,
vi el. me
de (De)
Dei
oss
dykk
(Dykk)
Dei
det
Objekts-
meg
deg (Dykk)
form
han el.
honom,
henne el. ho,
det
Klasse- eller gruppeoppgåve: Pronomena kan også vere relative, refleksive, resiproke,
ubestemte,
spørjande, peikande eller uttrykkje eigedomsforhold. Slå opp i lista og finn
fram til slike pronomen!
Nokre eksempel på bruken av pronomen:
1 Bm: Dere må passe dere. Nyno: De må passe dykk.
Høfleg (til ein eller fleire): De må passe Dykk.
Bm: Dere må ta med dere bøkene deres. Nyno: De må ta med dykk bøkene dykkar.
Høfleg (til ein eller fleire): De må ta med Dykk bøkene Dykkar eller: Ver så vennleg(e) å
ta
med Dykk bøkene Dykkar.
2 Bm: hvem, hva, hvor. Nyno: kven, kva, kor el. kvar (om stad).
Oppgåve for klassen: Vi har no behandla fire ordklassar: substantiv, verb, adjektiv og
pronomen.
Leit i lista og finn fram til dei andre seks ordklassane: artiklar, adverb, talord,
preposisjonar, konjunksjonar og interjeksjonar! Alle er med!
Skrivereglar
Og eller å?
1 Konjunksjonen og bind saman ord, setningsledd og setningar av same slag: hus og hytte (to
substantiv). Det var kveld, og alle måtte heim (to setningar).
Viktig: Og bind berre saman ledd som er sideordna.
2 Å er infinitivsmerke og kan berre stå framfor ein infinitiv:
Å skrive rett er ikkje lett.
Merk: så å seie, sant å seie, vel å merke, godt å vite. (Grunngi bruken av å her!)
Det som er sagt under 1 og 2, er grunnreglar. Alle andre reglar om og eller å er
variasjonar over dei.
3 Sideordning (og) eller underordning (å)? Fortidsprøva.
a Vi må prøve og?/å? rekke toget. Vi set den første infinitiven om til fortid. Viss den
andre
følgjer med, har vi sideordning med og. Blir han uendra, syner det at vi har
underordning med å:
Vi prøvde og rakk? / å rekke? toget. Fortidsprøva viser at vi må skrive: vi må
prøve å rekke toget. Her har vi altså ein underordna infinitiv (som objekt).
Bruk fortidsprøva på setninga:
Han måtte love å prøve å slutte å røykje og drikke og krangle og slåst.
Oppgåve: Set inn og eller å: Ho ville ha godt av ... komme ut blant folk ... prøve ... få
meir
kontakt med dei ... treffe nye venner. Bruk fortidsprøva!
b Vi ville ut og?/å? bade. Her er to handlingar sideordna: ville (dra) ut og ville bade. Vi
set den
første infinitiven – dra – om til preteritum: Vi drog ut og bada / Vi drog ut for å bade.
Fortidsprøva avdekkjer to tydingar. Vi kan bruke småordet for når vi meiner
underordning (formål), og vi kan skrive: Vi ville ut og bade. Men: Vi ville ut for å bade.
Eit liknande tilfelle har vi i setninga:
Han skulle vere med og?/å? spele fotball. Fortidsprøva avdekkjer igjen to tydingar:
Han var
med og spelte fotball (sideordning av to verbal), han var med for å / på å spele
fotball (underordning). Med småorda for og på gjer vi det tydelegare kva vi meiner.
c Vil du vere så vennleg og?/å? fylle ut skjemaet. Her viser fortidsprøva at både
sideordning med
og og underordning med å går an: Du var så vennleg og fylte ut skjemaet / Du var
så vennleg
å fylle ut skjemaet. Men underordninga med å står nok sterkare, særleg viss vi
bruker småordet
så: Vil du vere så vennleg å fylle ut skjemaet.
Vi bruker og i setningar som desse: Ver så god og forsyn deg! Ver så snill og kom!
Ver
vennleg og fyll ut skjemaet! Kom inn og få katalogen vår! Kvifor?
Men det må heite: Sjå å bli ferdig! Prøv å begripe! Hugs å slå av anlegget!
d Bli ståande og prate. Her skulle ein vente å. Men fortidsprøva viser oss at det dreier
seg
om to sideordna handlingar: Dei stod og prata. Bruk fortidsprøva og fyll inn: dei blei
liggjande ... sole seg, han blei sitjande ... lese, dei blei gåande ... diskutere,
tilskodarane blei ståande ... måpe.
Når skal vi setje komma?
Komma er eit pauseteikn som vi set der det er naturleg å gjere ein stans i lesinga.
1 Vi set komma mellom alle sideordna setningar. Sideordna setningar er setningar som er
bundne saman
med dei sideordnande konjunksjonane og, men, eller, for. Eksempel:
Han måtte køyre
forsiktig, for vegen var smal og svingete (to heilsetningar). Han sa kven han hadde
sett, og kva
dei gjorde (to leddsetningar).
Merk: men får alltid komma framfor seg, endå om det ikkje følgjer ei fullstendig
setning
etter. Han sa nei, men kom likevel.
Det skal stå komma også mellom korte setningar: Sola skin, og fuglane syng. Når
setningane uttrykkjer same handling, kan komma sløyfast: Dei gjekk og dei gjekk.
2
Når leddsetninga står først i heilsetninga, må det stå komma: Då han hadde gått,
ringde telefonen.
3
Når leddsetninga kjem sist i heilsetninga, skal det stå komma b e r r e når leddsetninga
ikkje er
nødvendig for at heilsetninga skal få full meining: Han er frå Bergen, som er
nest største
byen i landet.
Dei hadde vore i Berlin, som no er hovudstaden i Tyskland.
4
Det skal stå komma etter ei innskoten setning: Eit spørsmål eg stilte meg, var om eg
ville greie
det. Det planleggjaren tok sikte på, var å utnytte arealet godt. Den som søv, syndar
ikkje.
5
Når den innskotne leddsetninga er unødvendig for meininga i heilsetninga, må det stå
komma
både føre og etter: Planutkastet, som er på 75 sider, er lagt ut til gjennomsyn.
6
Det skal stå komma mellom ledda i ei opprekning: Det store, vakre og solvende
området.
Ikkje komma mellom dei to siste ledda der det står og!
Legg merke til forskjellen: Eit fint, opparbeidd bustadfelt (sideordning). Eit fint
opparbeidd bustadfelt (fint står til opparbeidd).
7
Vi set komma føre og etter ein apposisjon: Direktøren ved bedrifta, Jan Johansen, ville
ikkje
kommentere saka.
8
Vi set komma føre og etter svarord og tiltaleord: Nei, vi fann han ikkje. Kom, vi må
vidare! Ja, vi
er klare no. Huff, no regner det att.
9
Vi set komma framfor korte heilsetningar av typen sa han, trudde vi, meinte ho o.l.:
”Eg tenkjer
så ofte på deg,” sa han.
10
Vi set ikkje komma etter infinitivsuttrykk av typen: For fullt ut å forstå dette må vi ha
grundige
kunnskapar. Ved å leggje ruta lenger sør unngjekk vi dei brattaste partia.
Til slutt denne påminninga:
Ein kan i spesielle tilfelle setje komma der det trengst ein stans i lesinga, eller der komma
gjer meininga tydelegare. Tilsvarande kan ein sløyfe komma der det ikkje er grunn til å gjere
nokon stans i lesinga, eller der meininga blir tydelegare utan komma – sjølv om det strir mot
dei generelle kommareglane.
Store og små forbokstavar
STOR FORBOKSTAV
Stor forbokstav bruker vi:
1 når ein ny periode begynner. I ei oppramsing som følgjer etter kolon, bruker vi liten
forbokstav.
Bruk berre desse fargane: gult, grønt og blått. Kjem éi eller fleire heilsetningar etter kolon,
skal
ein bruke stor bokstav. Svaret er: Saka er avgjord.
Merk: Stor forbokstav i forkortingar som edb, hk, tv i setningsstart: Tv-programmet var
godt. Ved namn
av typen de Gaulle, ter Jung, van Gogh kan vi bruke liten forbokstav når namna kjem først
i ei
sjølvstendig setning.
2 i alle særnamn: Anne, Brasil, Asia. Merk: tilnamn utan artikkel: Olav Digre, Sankt Peter,
Tore Hund. Står det derimot artikkel framfor tilnamnet, bruker vi liten forbokstav:
Olav den heilage, Håkon den gode.
I titlar bruker vi liten forbokstav: lektor Hansen, Nils skreddar, Håkon jarl, Jørgen
hattemakar.
3 i høfleg tiltale: De, Dykk, Dykkar. Likeins: Hans Majestet, Hennar Majestet.
4 i namn på aviser, tidsskrift, bøker o.l.: Dagbladet, Samtiden, Juvikfolke (Duun), Det gamle
testamentet
(berre første ordet har stor forbokstav), Bibelen (men studere bibelen sin).
5 i namn på institusjonar: Kongen (om statsorganet, men om privatpersonen: kongen),
Stortinget (om
institusjonen eller bygningen, men eit nytt storting), Regjeringa eller
regjeringa (om institusjonen),
men berre ei ny regjering), Postverket,
Riksrevisjonen, Forsvaret, Miljøverndepartementet.
Men: staten, politiet, posten.
6 i første leddet av namn som består av fleire ord: Dei sameinte nasjonane, Norsk språkråd
(men Språkrådet),
Statens lånekasse (men Lånekassa), Utdannings- og forskingsdepartementet.
Ved namn på private firma og organisasjonar bør vi følgje den skrivemåten som dei bruker
sjølve, f.eks. Det Norske Teatret, Den norske Bank.
Er det første ordet i eit fleirleddsnamn eit særnamn, er det ganske vanleg å skrive også
det andre ordet
med stor forbokstav: Noregs Bank, Oslo Sporveier.
7 i samansetningar der det første leddet er eit særnamn: Oslo-tur, Noregs-reklame, Munchmåleri. Er
samansetninga blitt vanleg i språket, bruker vi liten forbokstav og ikkje bindestrek:
noregsmeister, oslomann, amerikafeber, selbuvott. Er samansetninga blitt særnamn, skriv
vi stor
forbokstav: Dovrefjell, Hardangervidda, Lofotveggen, Suezkanalen, Thranerørsla,
Wienkongressen.
8 i samansetningar der det andre leddet er eit særnamn: Aust-Agder, Nord-Noreg, SørEuropa. Merk:
Midtausten, Vesleasia, Vestindia. Vidare har vi: Utkant-Noreg, Distrikts-Noreg, Aust- og
Midt-Telemark, Sommar-Oslo.
9 i namn på geografiske område, planetar, stjernebilete: Nordsjøen, Venus, Mjølkevegen. I
astronomisk
samanheng skriv vi: Jorda, Sola og Månen, f.eks. Månen krinsar rundt Jorda. Men elles
bruker vi liten
forbokstav: Snart kan jorda vere overbefolka.
LITEN FORBOKSTAV
Liten forbokstav bruker vi:
1 i alle samnamn: vår, papir, ideologi, svenske, amerikanar, kinesar.
2 i forkortingar for måleiningar av typen dB, pH i setningsstart.
Oppgåve: Bruk ordlista og retningslinjene ovanfor til å finne ut kva for nokre av desse orda
eller ordgruppene som skal ha stor forbokstav: høgsterett, arbeidstilsynet, edb, nato, barneog familiedepartementet, ”blir du med?” "ja, men du må vente litt", norsk rikskringkasting,
rikstrygdeverket, bygdøy allé, folkemuseet, stuartane, afrikanar, svensk, politiet, posten,
kommunestyret, formannskapet, luftforsvaret, flyvåpenet. (Finn fleire!)
Særskriving eller samanskriving?
1 Vi skriv orda kvar for seg når det ikkje er spesielle grunnar til å skrive dei saman: av
garde, der inne,
etter at, etter kvart, for at, for så vidt, i dag, i går kveld, i morgon, kan hende, om att,
om bord, om igjen, på eiga hand, så nær som, til dømes.
Valfritt: i alle fall el. iallfall, i det el. idet, for di el. fordi, for resten el. forresten, så pass el.
såpass.
2 Ord med fleire delar som blir uttalte med eitt hovudtrykk, skal skrivast saman: imens,
imedan,
20-årsalderen. telefonkatalog, tredjegradsforbrenning.
To preposisjonar skriv vi alltid saman: iblant, ifrå, igjennom, imellom, imot.
3 Av og til kan vi få fram ulike tydingar alt etter om vi vel særskriving eller samanskriving: Er
mannen
altfor sur – gjer alt for å blidgjere han. Det var ein gong ein mann. Ikkje
eingong du møtte opp. Etter som (etter kvart som), men ettersom (sidan). Elske ein over
alt i verda, men vere overalt.
Når forenklar vi dobbeltkonsonanten?
Dobbeltkonsonanten blir forenkla i bøyingsformer når det kjem ein ny konsonant i tillegg.
Dette gjeld særleg ved:
1 adjektiv: sann – sant, sikker – sikre, vill – vilt
2 e-verb: byggje – bygde – bygd/bygt, minne – minte – mint, skjenne – skjente – skjent
3 substantiv: middel – midla, sommar – somrar, sykkel – syklar, vaffel – vaflar
Kvifor heiter det likevel: fullt av full, visst av viss, sleppte av sleppe, søkkte av søkkje,
tynnte av tynne?
Framfor genitivs-s held vi på dobbeltkonsonanten: til fjells, til topps
Deling av ord ved linjeskifte
Vi deler ord ved ny linje slik:
1 Samansette ord deler vi i dei enkelte ledda: barne-hage, fjell-tur, første-reisgut el.
førstereis-gut.
Slik deler vi også ord med lett kjennelege etterledd som -aktig, -else, -heit, -inne,
-isme,
-skap: narr-aktig, betenn-else, leileg-heit, songar-inne, kapital-isme, tru-skap.
2 Ved usamansette ord skal det gå ein konsonant til ny linje: ro-pe, vel-te, vin-ne, mak-rell,
vans-keleg.
Merk: Del ikkje -gj-, -kj-, -sj- og -ski-! Derfor: føl-gje, lig-gje, bik-kje, sø-kje, na-sjon,
dro-sje, eta-sje, ma-skin.
3 Framande samansetningar kan delast både etter regel 1 og regel 2:atmo-sfære el. atmosfære,
inter-esse el. inte-resse, pro-blem el. prob-lem.
Det same gjeld ord med bøyingsending og nokre avleiingar: hus-et el. hu-set, vegg-ene el.
veg-gene, (ho) kjøp-er el. kjø-per, reis-ande el. rei-sande, snikk-ar el. snik-kar, snikr-ing
el. snik-ring.
Bruk av bindestrek
Vi bruker bindestrek
1 til å dele ord ved ny linje: barne-hage, atmo-sfære, ro-pe.
2 ved samanstilling av siffer og bokstavar: 1800-talet, 50-årsjubileum, 8-toget,
A4-format, P2-program. DC9-fly, 1.-divisjonslag, 17. mai-tale, 4H-lag.
3 ved samanstilling av initialord og bokstavar: FN-pakta, OECD-rapport, CO-innhald, iktutvikling, farge-tv,
edb-utstyr. Det gjeld også bøygde former av initialord og forkortingar:
tv-en el. TV-en, vit.ass.-en. Når
samansetninga blir skriven med små bokstavar og lesen
og oppfatta som eit vanleg ord, kan vi sløyfe
bindestreken, f.eks. aidssjuk, alkotest,
lokførar, popgruppe.
4 når samansetningsledd er utelate: sommar- og vinterhalvåret, av- og påstiging, hagebord og
-benker.
5 når det er tenleg å skilje ledda i ei samansetning: i-land, ja-stemme, norsk-svensk
samarbeid, vegg-til-vegg-teppe, svart-kvitt-bilete, nord-sør-dialog, gå-sakte-aksjon, god-dagmann-økseskaft-svar, heime-åleine-fest,
berg-og-dal-bane, tur-retur-billett, øyre-nasehals-spesialist.
Sjå òg Store og små forbokstavar, punkt 7
og
8.
Bruk av apostrof
Vi bruker apostrof
-
til å markere at bokstavar manglar: go'ungen, på trå'n, gla'nytt, 'n Ola, Kupper'n
-
til å markere genitiv ved ord som sluttar på -s, -x eller -z: Lars' bil, SAS' rutetider, Marx'
skrifter, Grete Waitz' innsats
- apostrof kan brukast i forbokstavsord som endar på liten bokstav: Natos planar eller
Nato's planar, Aps
politikk eller Ap's politikk. Men skriv vi forbokstavsord med store bokstavar, bruker vi
ikkje apostrof og skriv: NATOs planar og APs politikk
Utover dette bruker vi ikkje apostrof ved genitivs-s. Fleire eksempel på det: Bondeviks
initiativ, Grethas
salong, Harald Vs regjering eller Harald 5.s regjering
Bruk av skråstrek
Vi bruker skråstrek
-
til å vise alternativ: av/på-knapp, han/ho, ja/nei-svar. Her betyr skråstreken eller.
Vi bruker mellomrom før og etter skråstreken når minst eitt av alternativa består av to
eller fleire ord: Ta med varm jakke / regntøy til å vise tidsrom: skuleåret 2005/06, veke
50/51. Dreier det seg om eit lengre tidsrom, bruker vi tankestrek og skriv 2005–09
-
når vi skriv forkorta måleiningar: km/t eller km/time eller km/h
Då eller når?
1 Då – den gongen då (fortid).
Då han stod opp, var veret fint. Då han ser nøyare etter, oppdagar han faren som ventar
(historisk
presens). Merk: No, då veret har letta, kan vi begynne att. I dag, då
situasjonen er meir avklara,
kan vi planleggje vidare.
2
Når
– kvar gong når (om tid).
Når det ringjer (ringde), går (gjekk) elevane inn (kvar gong). Når det ringjer (har ringt) i
morgon på
denne tid, er eksamen over (om framtida).
3
Når kan også vise til ei årsak og ha tydinga "ettersom". Når det er (var) slik, kan (kunne)
ikkje vi gjere meir.
Endå eller enno?
1
Endå er gradsadverb. Planane blir endå meir omfattande.
2
Endå er vedgåingskonjunksjon. Framgangen er liten, endå (om) han gjer sitt beste.
3
Endå i tydinga "ein – til". Endå ein ny plan er lagd fram.
4 Enno og endå er likestilte som tidsadverb. Planen er ikkje lagd ut til gjennomsyn enno
eler endå.
Vanskar når du skriv nynorsk – ei rettleiing
I vår spesielle språksituasjon med to offisielle målformer vil det rett som det er oppstå
situasjonar der vi får vanskar med å finne dekkjande ord og uttrykk i nynorsk når vi vil bruke
formuleringar vi kjenner frå bokmål. Vi skal innom nokre problemområde:
Genitiv på -s
Genitiv på -s i bestemt form er mykje brukt i bokmål, i nynorsk lite. Men vi må ikkje gløyme at
det i nynorsk er andre uttrykksmåtar som vi bruker mykje i tale:
1 Preposisjonane til, av, på, i, for, med, frå, åt. Det er foreldra til eleven (bm elevens
foreldre). Gjennomføring av planane (bm planenes gjennomføring). Mannskapet på skipet (bm
skipets mannskap). Statsoverhovudet i landet (bm landets statsoverhode). Formålsparagrafen
for skulen (bm skolens formålsparagraf). Formålet med avtalen (bm avtalens hensikt).
Innlegg frå lesarane (bm lesernes innlegg).
Som det går fram av desse eksempla, dekkjer genitiv i bokmål eit vidt felt, eit felt vi med
fordel kan nyansere – ved å bruke preposisjonar. Det kan vi også gjere i bokmål. Ein konkret
og nyansert språkbruk gir meir effektiv kommunikasjon. Folk forstår oss betre, fortare og
lettare.
2 Samansetjing:
Skulefana (bm skolens fane). Folkeviljen (bm folkets vilje).
3 Eigedomspronomena hans, hennar:
Motorsykkelen hans Jørgen, kjøttkakene hennar mor, skoa hans far. Denne
uttrykksmåten bruker vi helst i samband med personnamn og orda mor og far.
4 Eigedomspronomenet sin, si, sitt, sine:
Dette er timeplanleggjaren sitt arbeid. Det er Vegvesenet si oppgåve. Denne
uttrykksmåten samsvarer godt med talemålet vest- og nordpå i landet. Han er mindre
brukt i andre landsdelar. Mange vil helst unngå han i skrift (ofte kalla "garpegenitiv").
5 Verbal ordlegging:
Det var før ein hadde gummistøvlar (bm ... før gummistøvlenes tid). Dette er ei erklæring
om den stillinga forbrukarane har i dag (bm ... forbrukernes stilling i dag). Komiteen ser
det slik at ... / Komiteen har komme til at ... (bm ... etter komiteens vurdering ...).
Under punkt 1 hadde vi sju eksempel på genitivskonstruksjonar som vi gav att med sju
ulike preposisjonsuttrykk. Bruken av preposisjonar gjer i regelen framstillinga meir
konkret og dermed lettare å forstå. Vurder effekten av erstatningane for -s-genitivane
under punkt 2–5!
Når dette er sagt, må det leggjast til at genitiv på -s i bestemt form er vanleg i talemålet i
somme landsdelar, f.eks. i Agder og Telemark. Det bør kunne komme til uttrykk i nynorsk
skrift – særleg når det dreier seg om konkrete eigeforhold, f.eks.: elevens talemål,
statens lønnsregulativ, skulens tilbod til elevane, dagens tekst.
Om bruken av passivformer på -st [-s]
På bokmål bruker ein ofte ei -s-form av verbet (f.eks. gjøres) for å lage passiv. Eksempel: "En
ber om at alle gjøres kjent med vedtaket."
På nynorsk må ein her seie: Ein ber om at alle blir gjorde kjende med vedtaket. Berre etter
modale hjelpeverb bruker vi i nynorsk -st-form i passiv, tilsvarande den på -s i bokmål:
Alle må gjerast kjende med vedtaket. Nokre eksempel til:
Bm: Lønna utbetales hver 14. dag. Nyno: Lønna blir utbetalt kvar 14. dag. Men: Lønna s k a
l utbetalast kvar 14. dag.
Bm: Innsendte attester returnes ikke. Nyno: Innsende attestar blir ikkje returnerte. Men:
Innsende attestar
s k a l ikkje returnerast.
Det kan ofte vere tenleg å formulere seg i aktiv:
Bm: Søknad sendes styret. Nyno: Søknaden k a n /s k a l sendast til styret eller Send
søknaden til styret. Denne uttrykksmåten rår vi frå: Søknaden vert/blir å sende styret.
Bm: Bøkene bestilles i bokhandelen. Nyno: Bøkene k a n bestillast i bokhandelen eller
Bøkene bestiller De/de/du i bokhandelen.
Bm: Det vises til § 55 i arbeidsmiljøloven. Nyno: Vi viser til § 55 i arbeidsmiljølova, eller
De/Du finn meir om dette i ..., eller Les meir om dette i ..., eller Sjå § 55 i ...
Nokre verb med -st-form har nærmast aktiv tyding: ferdast, finnast, hørast el. høyrast,
kjennast, lukkast el. lykkast, minnast, ottast, synast. Somme av desse verba har ikkje
tilsvarande former utan -st. Eit par eksempel: Det finst inga løysing på denne oppgåva. Han
syntest boka var interessant. Det har lykkast å finne eit alternativ. Sjå Verb, punkt 1.
Om nokre fleirtydige bokmålsord
I staden for å spørje kva det og det substantivet heiter i nynorsk, bør ein leite seg fram til kva
språkressursar nynorsken har og utnytte dei. Då vil ein oppdage at nynorsken har mykje å by
på av verbal og annan uttrykksmåte. Eksempel:
1 "Mulighet" (verbaluttrykk eller moglegheit, utveg, veg, råd, sjanse, von, løysing).
Bm: Ordningen gir mulighet til bedre innsikt i forbrukernes rettigheter.
Nyno: Ordninga opnar for betre innsikt i dei rettane forbrukarane har.
Bm: Den språkkyndige har mange muligheter i dag.
Nyno: Det står mange vegar opne i dag for den som kan språk.
Mange strevar med dette ordet "mulighet". Det heng ikkje minst saman med at det blir
brukt så mykje i
bokmål, og det som viktigare er, det dekkjer så vidt eit tydingsfelt. På
nynorsk må vi sjå etter
kva område / språkleg realitet "mulighet" i kvart tilfelle dekkjer, og innrette språkbruken
vår etter det. Eit godt hjelpemiddel er å finne ut kva ein seier, eller spørje andre kva dei seier,
og så skrive det. Lèt ein på den måten talemålet vere normgivande for korleis ein skriv, har ein
godt håp om å nå fram til ein god språkbruk. Nokre eksempel til:
Bm: Det er ingen mulighet for å komme videre i denne saken.
Nyno: Det er ikkje råd å komme vidare i denne saka eller Vi kjem ikkje vidare i denne
saka.
Bm: Det ble forsøkt alle muligheter for å komme til enighet.
Nyno: Alle utvegar blei prøvde for å nå fram til semje / til ei ordning / til einigheit.
Bm: Det ligger innenfor mulighetens grenser.
Nyno: Det kan gjennomførast / det er gjennomførleg / det let seg gjennomføre.
Bm: Det er mulighet for at ... Nyno: Det er grunn til å tru at ... / mykje taler for at ... /
det kan hende at ...
Bm: Lånemulighetene er gode i dag. Nyno: Det er lett å få lån i dag.
2
"Antall" (tal (på), mengd, kor mange). Bm: Opplysningene går ut til et stort antall
mennesker. Nyno:
Opplysningane går ut til mange menneske. Bm: Antallet eksemplarer
som skal sendes,
bestemmes seinere. Nyno: Kor mange eksemplar som skal sendast, blir bestemt
seinare.
3
"Betydning" (betyd(n)ing, tyding, å ha å seie, å vere viktig). Bm: Først må ordenes
betydning forklares.
Nyno: Først må ein forklare kva orda betyr. Bm: Det er av stor
betydning for barnas utvikling at de
kan leike trygt. Nyno: Det har mykje å seie for korleis barna utviklar seg, at dei kan leike
trygt.
4
"Ferdighet" (ferdigheit, dugleik, evne, øving, tame, god teknikk). Bm: Han viser sine
ferdigheter.
Nyno: Han viser kor flink han er. Bm: Prosessorientert skriving skal øke skriveferdigheten
hos elevene.
Nyno: Prosessorientert skriving skal utvikle/auke/styrkje skriveevna hos elevane / gjere
elevane
betre til å skrive.
Bm: Det er skolens målsetning å utvikle elevenes evner og ferdigheter. Nyno: Skulen har
som
mål å utvikle elevane åndeleg og kroppsleg og trene dei i å bruke det dei har lært.
Bm: Tryllekunstneren viste sine ferdigheter. Nyno: Tryllekunstnaren viste kunstnene
sine / ferdigheitene sine / briljerte.
5
"Henvendelse" (førespurnad, spørsmål, brev, søknad, rådspørjing, konsultasjon). Bm: Ved
henvendelse til ... Nyno: Når ein vender seg til ... Bm: Henvendelse om oppgjør rettes til ...
Nyno: Spørsmål om oppgjer kan rettast til ... Bm: Personlig henvendelse med skriftlig søknad
og attester ... Nyno: Personlig frammøte med ...
6
"Oppmerksomhet" (oppmerksemd, oppsikt, (åt)gaum, omtanke, helsing, merksemd). Bm:
Han vakte oppmerksomhet i flokken. Nyno: Han vekte oppsikt i flokken. Bm: Barna
trenger oppmerksomhet fra foreldrenes side. Nyno: Barna treng til at foreldra tek seg av
dei. Bm: Han var glad for den minste oppmerksomhet. Nyno: Han var glad for den
minste omtanke / at nokon kom han i hug / berre nokon hugsa
på han.
7 "Uttalelse" (utsegn, fråsegn, ytring, resolusjon, høyring, uttale).
Bm: Partene har avgitt uttalelse i saka.
Nyno: Partane har sagt si meining om saka / har lagt fram synet sitt i saka.
Bm: Partene skal få saka til uttalelse.
Nyno: Partane skal få uttale seg i saka, skal få saka til høyring / uttale.
Bm: Elevrådet vil avgi uttalelse om.
Nyno: Elevrådet vil seie si meining om / leggje fram synet sitt på / vil komme med uttale om.
Ordval
Ei gangbar setning i bokmål er denne: Han foretok en undersøkelse av saken. Skal vi seie det
same på nynorsk, slår vi gjerne opp på foreta og undersøkelse. Ingen av desse orda står i
ordlista. Er nynorsk så fattig? Vi tenkjer oss om. I lista Bokmål -> nynorsk finn vi at foreta
heiter setje i verk, gjere, og undersøkelse heiter undersøking osv. Resultatet blir då på
nynorsk: han føretok ei undersøking av saka. Dette er klønete og papirknitrande ordlegging.
Vi prøver oss på ein meir direkte måte å uttrykkje oss på. Vi merkar at den sentrale meininga i
setninga ikkje blir uttrykt med verbet foreta, men med verbalsubstantivet undersøkelse.
Undersøkelse er laga av verbet undersøke (nynorsk undersøkje), og vi kan enkelt og rett på
sak seie: Han undersøkte saka.
Det vi har gjort, er at vi har trekt verbet ut av verbalsubstantivet og brukt det enkle verbet. Då
slepp vi å ty til det innhaldstomme verbet foreta for å lage setninga. Andre slik nærmast
innhaldstomme verb er: avgi, avlegge, finne sted, foregå, gjennomgå, iverksette, oppvise,
påføre, utføre.
Sjå etter kor mange av desse du finn i nynorsk form i denne ordlista!
Ei setning som den vi nettopp såg på, kan seiast på fleire måtar på bokmål. Vi nemner tre:
1
Han undersøkte saken (konkret og talemålsnært)
2
Han foretok en undersøkelse av saken
3
Han gjorde saken til gjenstand for undersøkelse (abstrakt og substantivrik ordlegging)
Nynorsk: Han undersøkte saka
Formuleringar som 2 og 3 møter vi ofte i offentleg språkbruk og i aviser og tidsskrift. Som
oftast går det greitt å lage dei om til type 1. Viss vi skal seie setningar av type 2 og 3 på
nynorsk, er det greiast først å lage dei om til type 1 på bokmål. Då er det lett å få dei over til
nynorsk.
Vi prøver:
Bm (type 2): den mistenkte avgav forklaring i retten -> bm (type 1): den mistenkte forklarte
seg i retten -> nynorsk: den mistenkte forklarte seg i retten. Bm (type 3): saken ble gjort til
gjenstand for omtale i massemedia -> bm (type 1): saken ble omtalt i massemedia ->
nynorsk: saka blei omtalt i massemedia. Finn fleire eksempel og diskuter kva som er mest
formålstenleg ordlegging!
Klasse- eller gruppediskusjon: Kvar går det viktigaste skiljet i norsk språkbruk – mellom
bokmål og nynorsk, eller mellom ein talemålsnær (type 1) og ein meir abstrakt og
substantivrik språkvariant (type 3)?
Ord på an-, be-, -heit, -else
Ord med forstavingane an-, be- og etterstavingane -heit, -else valdar problem ettersom
nokre av dei er godkjende i nynorsk og andre ikkje. Desse er no godkjende til bruk i nynorsk:
ananbefale
anbefaling
anbod
andakt
andektig
anerkjenne
anfall
anfekting
angi
angivar
angrep
angripar
angripe
angå
anheng
anledning
anlegg
anløp
anmarsj
annamme
anordning
anretning
ansats
ansikt
anskaffing
anslag
anslagsvis
anslå
anstalt
anstendig
anstrengi (seg)
anstøyt
anta
antakeleg
antrekk
antyde (a-bøying)
anvende
anvisar (ved skyting)
anvise (ved skyting)
anvising (ved skyting)
bebebreide
bebreiding
bebuar
bedageleg
bedekkje
bedekning
bederva
bedrag
bedragar
bedra
bedrageri
bedragersk
bedrift
bedyre
bedrøva
bedrøveleg
bedømme
bedømming
bedøve
bedøving
befal
befale
befaling
befolkning
befrukte
befruktning
begavelse
begeistra
begeistre
begeistring
begjær
begripe
begripeleg
begynnar
begynne
begynning
behag
behageleg
behald
behaldar
behalde
behaldning
behandlar
behandle
behandling
beherska
beherske
behjelpeleg
behov
behøve
beklage
beklageleg
bekrefte
bekymre
bekymring
belage
belaste
belastning
belegg
beleggje
belyse
belysning
beløp
bemanne
bemanning
benåde
beordre
beordring
beredskap
berekne
berekning
berykta
berømt
berøre
berøring
besetning
besett
besifre
besifring
besjele
besjeling
beskjed
beskjeden
beskrivar
beskrive
beskriving
beskytte
beskøyt
beslag
beslagleggje
beslå
bestand
bestandig
bestemme
bestemming
bestemt
bestikk
bestikke
bestikking
bestikklugar
bestille
bestilling
bestråle
bestråling
bestøve
bestå
besynderleg
besøk
besøkje
betakke
betale
betaling
betene
betening
betenkt
betennelse
betent
betjening
betjent
betone
betrakte
betrakteleg
betraktning
betutta
bety
betydeleg
betyd(n)ing
beundrar
beundre
beundring
bevare
bevaring
bevege
bevegelse
bevendt
beverte
bevertning
bevilling
bevis
bevise
beviseleg
bevisst
bevisstgjere
bevisstlaus
-heit
allsidigheit
alminnelegheit
anstendigheit
anvendelegheit
beskjedenheit
bevisstheit
bitterheit
drektigheit
dristigheit
dumheit
dyktigheit
dødelegheit
eigenrådigheit
einigheit
elskverdigheit
enkelheit
evigheit
ferdigheit
fleirspråklegheit
frekkheit
fordragelegheit
forfengelegheit
forlegenheit
forsiktigheit
forstandigheit
fortrulegheit
fromheit
fruktbarheit
fulheit
godheit
goldheit
griskheit
grådigheit
gyldigheit
haldbarheit
hastigheit
heftigheit
hemmelegheit
hurtigheit
hyppigheit
høflegheit
innbilskheit
kaldblodigheit
kostbarheit
kunstferdigheit
landflyktigheit
leilegheit
lesbarheit
likegyldigheit
lovmessigheit
lystigheit
meinigheit
minnelegheit
moglegheit
munterheit
myndigheit
narraktigheit
nidkjærheit
nyheit
nysgjerrigheit
nødvendigheit
nøyaktigheit
offentlegheit
openheit
oppriktigheit
overflødigheit
overlegenheit
partiskheit
planmessigheit
plattheit
pålitelegheit
raskheit
regelmessigheit
reinslegheit
riktigheit
rimelegheit
romslegheit
rådigheit
saklegheit
samstemmigheit
sikkerheit
sindigheit
sjeldanheit
sjåverdigheit
skjønnheit
slappheit
sluheit
smidigheit
snillheit
spissfindigheit
språkriktigheit
spydigheit
stadigheit
staheit
standhaftigheit
stoltheit
sunnheit
svakheit
svimmelheit
særdelesheit
særeigenheit
sårbarheit
sårheit
takknemlegheit
tapperheit
tausheit
tilbøyelegheit
tilfredsheit
tilgjengelegheit
tomheit
tospråklegheit
travelheit
trøysamheit
tydelegheit
tåpelegheit
uanstendigheit
uhyrlegheit
underbevisstheit
underdannigheit
ustadigheit
valbarheit
varigheit
veldedigheit
vennlegheit
vennskapelegheit
verdigheit
verkelegheit
viktigheit
vilkårlegheit
villigheit
vittigheit
ytterlegheit
ærbarheit
ærbødigheit
ærgjerrigheit
ærverdigheit
ømfintlegheit
ømheit
ønskjelegheit
øvrigheit
-else
bakkelse
begavelse
beskyttelse
betennelse
forbindelse
fordøyelse
fornøyelse
følelse
hakkelse
hukommelse
innflytelse
oppstandelse
prøvelse
røykjelse
salvelse
skikkelse
skuffelse
spøkjelse
stiftelse
stivelse
størrelse