Kringom 1-15 - Kringkastingsringen
Transcription
Kringom 1-15 - Kringkastingsringen
1 15 Oddny Miljeteig Side 10 Ragnhild Bjørge Intervju side 4-5 Nynorsk Ordbok Side 9 Medlemsblad for Kringkastingsringen 1 - 2015 Leiar NRK med konkrete språksatsingar Inger Størseth Haarr Styreleiar i Kringkastingsringen I 2013 vart arbeidet med språk i i NRK organisert på ein ny måte. Ordninga med språkkonsulentar vart gjort om til ei heiltidsstilling som språksjef, og tidlegare nyheitsjournalist Ragnhild Bjørge vart tilsett i den nye stillinga. Kringkastingsringen møter leiinga i NRK ein gong i året, for å minne dei om kor viktig det er at nynorsk og dialektar får den plassen dei skal ha i NRK. I desse møta fortel NRK korleis dei jobbar med språk, og me fortel kor me tykkjer dei kan gjere ein betre jobb (framleis greier ikkje NRK å nå kravet om 25 prosent nynorsk, noko som er ein openberr gjengangar på desse møta). 2 I fjor møttest me i januar, etter at Ragnhild Bjørge hadde vore i stillinga i om lag fire månader. Nynorskprosenten hadde gått opp i mange kanalar, og me snakka mykje om nynorsk på nett i dette møtet. I januar i år var me igjen på Marienlyst, og no merker me verknadene av tilsetjinga av den nye språksjefen. NRK kunne fortelje om heilt konkrete tiltak dei har sett i gang. Det er formidla tydlege forventningar til leiarar og språkkontaktar i heile organisasjonen, om å følgje opp språkkrava. Leiar Ope møte om journalistutdanningane Der det tidlegare kunne vere tendensar til store ord og lite handling, fekk me i år høyre om bestillingar til regionkontora om målsetjingar for nynorsk på nett, nye språknettsider, satsing på rask tilbakemelding på spørsmål og interne og eksterne spørjeundersøkingar om språk. Desse satsingane har allereie ført til ei tydeleg auka merksemd om språkspørsmål internt i NRK, fortalde Ragnhild Bjørge. I møtet vart det òg framheva at ei oppmoding til auka bruk av nynorsk må kome frå leiinga både sentralt og lokalt, slik at journalistane får tydelege signal om at ein gjerne vil sjå og applauderer auka bruk av nynorsk. Slike signal frå leiinga skal ikkje undervurderast - særleg ikkje i ein situasjon der 35 til 40 prosent av dei tilsette i NRK opplyser at dei meistrar nynorsk godt eller særs godt. Det er noko som heiter at ein skal ikkje selje skinnet før bjørnen er skoten. NRK har, som nemnt ovanfor, framleis ein veg å gå. Likevel har me tru på at det konkrete arbeidet som no er sett i verk vil få resultat både på kort og lang sikt. Karoline Marøy Dagleg leiar i Kringkastingsringen 25 mars arrangerer Kringkastingsringen eit ope møte med fokus på journalistutdanningane. Me ynskjer å arbeide for at det skal verte fleire journalistar som kan nytte nynorsk i sitt mediearbeid. Målet er å kartleggje utfordringane ein har i dag, samt ha ei idémyldring om kva tiltak som trengst for å få meir nynorsk i media. Møtet vert arrangert i samarbeid med Mediemållaget på skrivarstova klokka 17001830. Frå klokka 1900 er det årsmøte i Kringkastingsringen der ein blant anna skal vedta arbeidsprogram og budsjett for 2015. Sakspapir vert lagt ut på www.kringkastingsringen.no. Det vert enkel servering. Me er svært takksame for alle innspel som kjem inn. Har du eit godt tips, forslag, eller vil du seie di meining; Send oss ein e-post til [email protected] eller eit brev til Kringkastingsringen, postboks 9161 Grønland, 0134 Oslo. Vonar me ser deg på møtet! Kringom nr. 1 - 15 Kringkastingsringen PB. 9161 Grønland 0134 Oslo [email protected] www.kringkastingsringen.no Formgjeving: Karoline Marøy Trykkeri: Grøset Trykk AS Redaktør: Karoline Marøy Takk til alle bidragsytarar. 3 NRK Vitjing hjå NRK Kringkastingsringen, Noregs Mållag og Norsk Målungdom møtte Thor Gjermund Eriksen, Øyvind Lunder, Steinar Nielsen og Ragnhild Bjørge frå NRK onsdag 21 januar. På møtet var Inger Størseth Haar frå Kringkastingsringen, Gro Morken frå Noregs Mållag og Karl Peder Mork frå Norsk Målungdom. Under møtet er NRK tydelege på at språkoppdraget er viktig, og at dei ynskjer å ha eit stort fokus på dette framover. Å ha levande debatt og stor merksemd om språk på redaksjonsmøta, i tillegg til samtalar med språkkontaktar i dei ulike distriktskontora er mellom dei tiltaka som har vorte vektlagde. NRK har også gjennomført ei kartlegging av status på språkarbeid i alle redaksjonane. - Det er viktig å ta omsyn til dei konkrete utfordringane på kvar einskild avdeling, seier Bjørge. I tillegg har dei ei målsetjing om at dei tilsette i NRK raskt skal få hjelp og tilbakemeldingar når dei har spørsmål. - Alle redaksjonar er bedne om å ha ambisiøse mål for omfanget av nynorskbruk på nett. Kringkastingssjefen presiserer at regionkontora er viktige, både for å bringe lokalenyhende ut lokalt, men òg for å bringe nyhende frå heile landet til heile landet. Det er viktig med signal frå leiinga i heile organisasjonen om at ein oppmodar til bruk av nynorsk, slik at både nynorskjournalistar og bokmålsjournalistar får sjølvtillit til å ha nynorsk som arbeidsspråk. 4 Intervju med Ragnhild Bjørge Inger Størseth Haar Styreleiar i Kringkastingsringen Etter halvtanna år som språksjef i NRK - rett nok medrekna ein periode i fødselspermisjon - er det tid for å høyre med Ragnhild Bjørge kva NRK har oppnådd etter oppretting av den nye stillinga som ho er tilsett i. Kva arbeid har de sett i gang etter at språksjefstillinga vart oppretta? - Språkarbeidet i NRK er organisert med ein språkkontakt i kvar redaksjon. Språkkontaktane har to dagar i månaden av stillinga si til språkarbeid. Det siste året har språksjefen møtt leiarar og språkkontaktar ved alle distriktskontora. Me har snakka om kva dei ynskjer, kva som vert forventa av dei, og korleis leiarane og språkkontaktane bør samarbeide for å oppnå måla dei har sett seg. Språkkontaktane gjer eit veldig konkret arbeid, og det er viktig å ta omsyn til dei ulike utfordringane i dei ulike redaksjonane. - Alle regionkontor har fått beskjed om å setje opp mål for kor stor del av innhaldet på nettsidene deira som skal vere på nynorsk. Når me no ser desse samla, ser me at ”rekneskapen” ikkje går opp - me når ikkje opp til 25 prosent ut frå det regionkontora har meldt inn. Difor må me ta ei ny runde på dette. I ei intern spørjeundersøking melde 36 prosent av journalistane i NRK at dei er gode eller særs gode i nynorsk, så det skal ikkje vera språkkompetansen til dei tilsette det står på. NRK - Snart lanserer me nye språknettsider, der det meste av innhaldet skal vere ope tilgjengeleg for alle. Her finst det lydordlister, reglar og retningsliner, og ein språktest der tilsette kan teste seg sjølv. Her vert både nynorsk- og bokmålkunnskapar testa. Det har vore eit klart ynske i organisasjonen å få verkty som gjer det lettare å tematisere språk ved nye tilsettingar, og no oppmodar me til å bruke språktesten i intervju med søkjarar. Korleis jobbar de med dialektrøkt? - Dialektrøkt er noko av det vanskelegaste i arbeidet til språkkontaktane. Språket i NRK skal vere tydeleg, forståeleg og korrekt, men det finst ikkje noko fasitsvar på når eit dialektord hindrar forståing. Mange av dei tilsette i NRK har ein sterk identitet i dialekta si, dei har stor kunnskap om den, og dei har gjerne jobba hardt for å kunne bruke den. For språkkontaktane er det vanskeleg å diskutere når ”Det er dialekta mi”-argumentet kjem opp, og derfor er me i gang med å lage retningsliner for dialektrøkt, mellom anna saman med professor Unn Røyneland. Når dei nye retningslinene er ferdige, skal dei følgjast opp med regionale samlingar og språkkontaktane får opplæring av kunnige folk. Kva rolle har språk i NRK sin strategi? - Språk er nemnt som eitt av fem hovudpunkt i NRK sin langtidsstrategi for 2015 - 2020. Men språk vert ofte implisitt - det vert fort sånn at ein ikkje snakkar om språk med mindre det er store feil. Jobben min er å gjere språkarbeidet eksplisitt, det må vere tema på redaksjonsmøte og elles i kvardagen. Kva er målet for språkarbeidet? Hovudmålet er at NRK-språket skal bli betre, då er det viktig å auke medvitet om språk. Dessutan vil me sjølvsagt at nynorskprosenten skal auke. Det er òg eit mål å lette kvardagen for nynorskskrivande journalistar. I dag er det ofte slik at programleiarar som brukar nynorsk sjølv må omsetje tekstane dei skal lese opp, og det vil me endre. Ein viktig faktor her er å auke sjølvtilliten til dei journalistane som i utgangspunktet skriv bokmål, slik at dei vågar å prøve seg på nynorsk - for det er jo ingen som liker å gje andre ekstraarbeid. - Kva skjer med språkarbeidet i NRK når fleire av produksjonane vert laga eksternt? - Dette har ikkje vore så mykje diskutert endå. Men frå min ståstad er det opplagt at NRK må stille krav når me tingar eksterne produksjonar. Om regjeringa landar på at NRK i endå større grad skal bruke eksterne produksjonsselskap, må dette verte ein større diskusjon. - For nokre veker sidan var Språkrådet i media og kritiserte NRK sin bruk av Østfold-dialekta. Kva ansvar har NRK for å utfordre dialekthierarkiet? - Det er synd at mange østfoldingar ikkje bruker dialekten sin, og NRK oppmodar journalistar med Østfold-dialekt til å bruke den der NRK opnar for å bruke dialekt. Dialektsærdrag frå Østfold er like mykje verdt, og like viktige, som andre dialektsærdrag. Den tjukke østfoldL-en skal vere like velkomen som skarre-R-en i rogalandsdialektene. Samtidig er det vanskeleg å instruere østfoldingar til å bruke dialekta si. Det me kan gjere er å applaudere dei som gjer det, og jobbe for gode haldningar internt. Slike debattar er med på å auke medvitet internt i NRK, og det er veldig bra at dei som jobbar i NRK får med seg at dei språkvala me gjer har ein effekt - og kan såre folk. 5 Rapport Rapport om målbruk i offentlege teneste Karoline Marøy Dagleg leiar i Kringkastingsringen I følgje tala frå Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013, som språkrådet har laga på oppdrag frå Kulturdepartementet, har ein framleis eit godt stykke att før krava i mållova er nådde. I gjennomsnitt var det 14,7 prosent nynorsk på nettsidene til dei statsorgana som har rapportert inn tal til Språkrådet. Språkrådet har ført tilsyn med målbruk i sentrale statsorgan, der føremålet var å undersøke i kva grad statsorgan oppfyller krava i lov om målbruk i offentlege teneste. Til saman fekk Språkrådet inn rapportar frå 141 av 184 statsorgan. Med eit gjennomsnitt på 14,7 prosent, ligg ein langt frå lovkravet om minst 25 prosent av både nynorsk og bokmål på nettsider og i andre tekstar til publikum. Sjølv om målbruken i staten framleis ikkje oppfyller krava i mållova, er det ei positiv utvikling på fleire felt. Særleg når det gjeld sosiale medium, som til dømes Facebook og Twitter. Her har fleire statsorgan gjort ein god innsats. I rapporten kjem det fram at målbruken i sosiale medium er anten svært svak eller svært god. -Statsorgana kommuniserer stadig meir på sosiale medium, difor er det positivt at fleirtalet er medvetne om at mållova gjeld også når dei vender seg til publikum på Twitter og Facebook, seier Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet. Blant dei statsorgana som jamleg leverer rapportar og tiltaksplanar, opplever Språkrådet at endringane er til det betre. 6 -Vi ser at statsorgan som arbeider systematisk med målbruk, får gode resultat, seier Solbjør. Ho strekar under at målbruk er eit leiaransvar. Leiarar som gjer det klart at reglane i mållova skal følgjast, og som får på plass rutinar for dette, lukkast. -Dessverre er det ikkje alle statsorgan som har tatt tak i problema dei har med å følgje mållova. Staten er pålagd å følgje regelverket og skal ta dei språklege rettane til folk på alvor. Framgangen vi har sett på dette feltet, er positiv, og vi vonar å sjå at han held fram, seier Solbjør. Lov om målbruk i offentleg teneste, med kortnamna mållova og målbrukslova, regulerer bruken av bokmål og nynorsk i staten. Lova og forskriftene til lova har føresegner om jamstilling mellom bokmål og nynorsk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune, bruken av nynorsk og bokmål i statsorgana, retten for kommunane og fylkeskommunane til å krevje skriv frå statsorgan på bokmål eller nynorsk og føresegner om dei rettane privatpersonar og private instansar har til å få brev, skjema og liknande frå statsorgan på si eiga målform. Kulturdepartementet administrerer lova, fører tilsyn med målbruken i departementa og følgjer opp klagesaker. Språkrådet fører tilsyn med statsorgan under departementsnivå, informerer om lova og følgjer opp klagesaker. Nynorskpraktikantar Nynorsk mediesenter Kull 22 - 2015 Bård Holmen Solvik, fødd 1985, Førde Gunnhild Årdal, fødd 1987, Jølster/Florø Olav Åsen Haugsgjerd, fødd 1988, Grendi i Setesdal Signe Fuglesteg Luksengard, fødd 1990, Leveld, Ål kommune Steinar Daltveit, fødd 1989, Valestrand, Osterøy kommune Nynorsk avissenter Kull 4 - 2015 Hallgeir Berge, 30 år, Strandebarm Tove Elise Thue Dale, 30 år, Ålesund Ingvild Rørtveit Myklebust, 21 år, Nedstrand i Tysvær kommune Åsta Urdal, 27 år, Vassenden i Jølster kommune 7 Twitter #nynorsk Håkon Remøy @hrem93 Eg vil berre seie frå, at eg hadde sett pris på om de teksta noko av serie- og filmutvalet dykkar på nynorsk @Netflix #nynorsk Karl Peder Mork @karlpedar Hei @Regjeringen. Kvifor er ikkje nettsidene på #nynorsk lengre? Fredrik Hope @hopelaus Vi i @malungdommen forventar nynorsk miljøferje på nynorske fjordar! #nynorsk #ferje Odin Omdal Hørthe @Velmont Italiensk skivinnar til NRK-reportar: ”Neeeeei! ”Jeg” er bokmål. Eg!” Eg <3<3<3 utlendingar som held på #nynorsk Arill Riise @TV2Arill Det beste som er skrive om nynorsk på lenge er skrive på bokmål i @DagensNaeringsl @ noregsmallag @kringkasting @nynov140 Siv Tufte @Sivius1 JA til meir #nynorsk i Donald! ”Kvakk! Her dukkar ”Rarill Kriise” opp i Donald” – TV2.no 8 Norsk Ordbok Norsk Ordbok Karoline Marøy Dagleg leiar i Kringkastingsringen Universitetet i Oslo vedtok 10.06.14 å avvikle arbeidet med språksamlingar og Norsk Ordbok frå 2015. Det vart difor etablert ei gruppe med medlemer frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen i Volda, Det Norske Samlaget, Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum, som har sendt ei skisse for ein ny driftsorganisasjon til Kulturdepartementet. Saka skal avgjerast i 2015. . Ein prosjektorganisasjon for ferdigstilling av prosjektet har vore i drift frå 2002 og vert avvikla i 2015. Norsk Ordbok er det største prosjektet i norsk humanistisk forsking, som samlar representantar for mange vitskapsmiljø på tvers av skiljet bokmål-nynorsk. Språksamlingane inneheld enorme mengder data til bruk i språkgransking, med eit nynorskkorpus med over 100 millionar ord, eit leksikografisk bokmålskorpus med over 100 millionar ord, og ein nasjonal stadnamnbase med om lag 700.000 namn. Med over 300.000 oppslagsord er Norsk Ordbok både fagleg og teknisk eit av dei fremste ordbokverka i verda. Norsk Ordbok skal gi «ei uttømmande vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane frå 1600-talet til i dag, og av det nynorske skriftmålet». Verket dekkjer alle norske dialektar, med det også talemålsgrunnlaget for bokmål. I kronikken står det ”Driftsorganisasjonen må vere dynamisk, smidig, fleksibel og utnytte det sterke sidene ved ulike institusjonar. Difor er ei delt løysing den beste. Universitetet i Bergen har eit breitt samansett språkmiljø og bør forvalte samlingane Høgskulen i Volda er ein smidig og effektiv institusjon som bør ta seg av ordbokredaksjonen”. Frå slutten av 1800-talet har språksamlingar vorte bygd opp systematisk i Noreg. Det Norske Samlaget utvikla ein plan for Norsk Ordbok frå 1930, og styrte redaksjonen til 1972, då UiO tok over ansvaret som ein del av verksemda ved det nyoppretta Norsk leksikografisk institutt. Nynorsk kultursentrum har teke på seg ansvaret for å finne eit alternativ til korleis ein kan drive Norsk Ordbok framover. I ein kronikk som var på trykk i Bergens Tidende 25. februar, skriv Lodve Solholm, styreleiar i Nynorsk kultursentrum, at den beste løysinga vil vere ei delt løysing med base i Bergen. Forslaget går ut på å flytte språksamlingane i Oslo til Bergen, medan dei samlingane som vert forvalta regionalt ved ulike institusjonar vert verande der dei er. Vidare i kronikken står det ”Den delte løysinga utnyttar soliditeten i eit stort universitet og smidigheita til ein høgskule og gjer at fleire miljø eig i prosjektet. Den norske kombinasjonen av dialektmangfald, to jamstilte norske språk og eit jamt sterkare vern for samiske språk og nasjonale minoritetsspråk har følgjer for korleis språkressursane best kan forvaltast”. Les heile kronikken til Lodve Solholm på www.aasentunet.no 9 Vervekampanje Intervju med Oddny Miljeteig Når tidlegare kunnskapsminister Kristin Halvorsen føreslo å senke krava til sidemålsopplæringa, svarte Oddny Miljeteig med ei aktiv vervekampanje for Noregs Mållag. ”Du køddar ikkje med språket mitt”, svara ho den gongen. Kva var det som motiverte deg til å starte denne vervekampanjen? - Forslaget til Utdanningsdirektoratet som ville vere undergangen for sidemålsopplæringa, og ergo eit tydeleg angrep mot nynorsk som jamstillingsspråk. Eg var ei av fleire som verva. Noregs Mållag fekk ganske mange medlemer etter dette forslaget. Kor mange medlemar klarte du å verve? - Det er 485 eller 486 til saman, men eg er ikkje ferdig med å verve enda. Så mange medlemer er heilt utruleg, det synest eg sjølv også. Eg skal klare 500, sjølv om det har gått litt sakte no i det siste. Kva kjenneteiknar ei god vervekampanje? - Gjer det enkelt og ikkje sett for høge mål. Ein må ikkje gi seg! Kringkastingsringen har ikkje lokallag, men ein kan spørje folk ein kjenner om å forplikte seg til å verve. I tillegg til å bruke sosiale media for å skape blest rundt vervinga. Korleis bør ein gå fram om ein ynskjer å verve nye medlemar? - Ein må spørje folk om dei vil vere medlem. Det er heilt nødvendig, men blir ikkje alltid gjort. Det er haugevis med folk som aldri har fått spørsmålet. Eg hugsar spesielt ei dame eg tenkte sikkert var medlem i Noregs Mållag, men når eg spurte var det fyste gongen ho hadde fått spørsmålet. Ikkje alle leitar fram 10 informasjonen og melder seg inn sjølve, difor må ein spørje. - Det er mange som kvir seg for å spørje, men det verste ein kan få er eit nei. Kva er det ein særskilt bør passe på? - Nei, det er ikkje noko spesielt. Dei fleste nynorskfolk er alminnelege, høflege menneske. Men ein må vite litt om organisasjonen og saka, men det er ikkje all verda ein treng å vite. Kven er det ein bør spørje om å bli medlem? - Eg har høyrt fleire snakke om at ein bør spør dei han trur vil verte medlem. Eg trur ikkje det, men at ein må gjere det så enkelt at ein spør dei ein synst er kjekke og vettuge folk. Då får ein med fleire enn ein hadde trudd. - Det eg gjorde når eg først starta å verve var å spørje dei eg jobba med og dei som var rundt meg. Etterpå gjekk eg på adresselista på mobilen og sendte melding til alle eg kunne tenke meg hadde lyst til å bli medlem. Eg sendte mange meldingar. Når eg hadde gått gjennom adresselista på mobilen, brukte eg Facebook. Blant anna hadde eg statusar der eg oppmoda folk til å bli medlem og formidla bodskapen direkte derifrå. Slik utvikla det seg. Har du nokre gode tips og triks til medlemane i Kringkastingsringen? - Nei, eg har ikkje nokon konkrete tips. Ein må tørre å spørje og ha tru på det sjølv. I tillegg må ein vere blid og positiv, og vise at ein brenn for saka sjølv. - Eg brukar å seie ”Ivar Aasen treng deg”. Vervekampanje Arthur Klæbo Kringkastingsringen fyller 60 år! Som start på jubileumsåret arrangerer me ein vervekampanje. Målet er å få 100 nye medlemer. Premien er ein iPad mini med Retina skjerm til ein verdi av 4000 kroner. Premien går til den som har klart å verve flest nye medlemer. Kampanjen startar i samband med årsmøtet, onsdag 25 mars, og varer fram til fredag 1 mai. For at vervinga skal telje må den verva personen ha betalt medlemskontingent innan 1 mai. For å bli medlem kan ein anten betale rett til konto 8101 34 42517, sende oss ein e-post på [email protected], eller brev til Kringkastingsringen, postboks 9161 Grønland, 0134 Oslo Merk innsendinga eller betalinga med namn, adresse og kven som har verva. Årspengar er 300 kroner for personar over 25 år og 150 kroner for dei under. Me ynskjer alle lukke til! 11 Sendar/retur: Kringkastingsringen Postboks 9161 Grønland 0134 Oslo Årsmøte Alle medlemer av Kringkastingsringen er velkomne på årsmøte onsdag 25. mars klokka 1700 på Skrivarstova, Lilletorget 1, Oslo. Møtestart klokka 17.00 Ope møte om journalistutdanningane i samarbeid med Mediemållaget Møtestart kl. 19.00 Årsmøte Sak 1. Inger Størseth Haarr opnar møtet Sak 2. Opprop Sak 3. Konstituering Sak 4. Årsmelding 2014 Sak 5. Rekneskap 2014 Sak 6. Arbeidsplan 2015 Sak 7. Medlemspengar 2015 Sak 8. Budsjett 2015 Sak 9. Fråsegner Sak 10. Val Møteslutt 20.30 Matservering: pizza og brus Påmelding er ønskjeleg til: [email protected] Sakspapir vert lagde ut på www.kringkastingsringen.no