Skard-stipendet til Leikvoll
Transcription
Skard-stipendet til Leikvoll
Medlemsblad for Noregs Mållag • Nr. 4 – september 2010 Takkar av – Eg er redd for at norsk kan forsvinne. Dei som ikkje er redde for det, bryr seg ikkje, seier avtroppande språkrådsdirektør Sylfest Lomheim. Side 12–13 Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai Foto: Bjørn Sigurdsøn/Scanpix Foto: Kjartan Helleve Språkmedviten film MEIR DIALEKT: – Autentisitet har blitt eit heidersord, og då er det betre om folk snakkar slik dei vanlegvis gjer. Skodespelarane er best «som seg sjølve», seier filmprofessor Gunnar Iversen. SAUDA: Men ingen film utan filmtriks. Av ymse grunnar, inkludert økonomiske, er filminnspelinga flytta til Rogaland. Sauda skal fungere som Førde. SIDE 6–7 DANMARK MARK LOKALAVISER AVISER UNGDOMSLITTERATUR Dialektdøden Danmark er truleg det mest einsarta språksamfunnet som finst i verda i dag, hevdar professor Tore Kristiansen. Runar Gudnason freistar å seie han i mot. Side 18-19 Siste skanse? Favoritten Språket i lokalaviser kan fungera som ei motvekt i språkutviklinga i kommunane rundt Bergen. Dei er eit utstillingsvindauge for levande nynorsk. Side 20–21 I vår vart Landet under isen kåra av ungdomar til den beste ungdomsboka i 2009. – Det er mest uråd å få betre kompliment, seier Lars Mæhle. MIDTEN Foto: Kjartan Helleve SPELEFILM: Olaug Nilssen si bok Få meg på, for faen blir no film. – Me har brukt mykje tid og ressursar på å finne fram til skodespelarar som har Førdent Brede Hovland. dialekt, seier produsent Draum og Dikt og Kunst ero bleike og blodlause mot det fyrste Augnekast af Livet i si Sanning, naar me sjaa det i rette Laget. Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai Utgjeven av Noregs Mållag Tilskrift: Postboks 474 Sentrum 0105 OSLO Redaktør: Kjartan Helleve [email protected], 23 00 29 32, faks 23 00 29 31 I redaksjonen: Magnus Bernhardsen, Hege Lothe Aasmund O. Vinje leiarteigen Heimeside: www.nm.no Abonnement: 250 kroner per år Utforming: Språksmia AS [email protected] Til ...J. onas .......... ... Frå Fra ..H ...å ...v ...a..r ...d . Hoppe etter Lomheim Det er uklårt kven som blir ny leiar i Språkrådet. Sjølv om det i lang tid har vore klårt at Sylfest Lomheim skulle gå av som direktør 1. september, så har det ikkje lukkast Kulturdepartementet å tilsetje ein erstattar. Det var berre ei handfull håpefulle som hadde søkt innan fristen. Hovudjegerar har nok ein gong synt at kulturfeltet ikkje er deira sterkaste side. Spørsmålet er om dei leitar på dei rette stadene. Under Lomheim har Språkrådet blitt meir synleg, men det viktigaste er at rådet har blitt ein autoritet med ankerfeste langt inn i regjeringskvartalet. Det er no tett på å bli eit statleg språkdirektorat. Oppgåva er å vere staten sin forlenga arm i språkspørsmål og å syte for at språkpolitikken som Stortinget vedtek, blir gjennomførd. Lomheim har lagt ned mykje arbeid i dette, men har samstundes vore ein synleg ambassadør for språk. Det er vel og bra, men det skil seg frå arbeidet til andre direktoratsdirektørar. Akkurat denne biten er det truleg mange potensielle søkjarar som kvir seg for. Eg trur ein ville ha tent på å understreka dei byråkratiske kvalitetane ein direktør bør ha, meir enn dei språklege. Ein direktør som blir driven av at rett skal vere rett. Så får heller me andre avlaste Språkrådet i kampen for å setje språk på dagsorden. Kjartan Helleve, redaktør 2 Teikning: Kjartan Helleve Ei klage er ei gåve FOR NOKRE VEKER sidan fekk eg ein e-post eg var veldig glad for. Det var ein venn som foreslo ei språkleg forbetring av e-postsignaturen min. Eg vart sjølvsagt veldig glad for å få slikt eit godt vennleg råd. Slike innspel gjer at eg vert betre i arbeidet mitt. E-posten var ei gåve eg var takksam for. Eit råd om korleis ein kan verte betre i arbeidet sitt, inkludert korleis ein kan betre språket sitt i skriftleg og munnleg kommunikasjon, er nett dette – ei gåve. Sjølvsagt kjennest det litt flaut nett i det ein oppdagar at ein har gjort noko feil, men dette går raskt over når ein tenkjer på korleis ein kan slutte med nett denne feilen. Om e-posten hadde vore skriven i skadefryd, hadde det nok vore litt annleis. Då hadde gåva hatt ein bitter smak. NÅR EG HAR kjøpt noko i butikken som ikkje held den kvaliteten som er lova, så prøver eg på same måte å gå tilbake til butikken for å klage. Både fordi eg kanskje vil ha eit nytt, og fungerande, produkt som erstatning, men òg fordi eg veit at eg hjelper butikken til å verte betre. For kvar person som klagar, er det mange fleire som ikkje bryr seg, men som kanskje vel å kjøpe varene sine i ein annan butikk i staden. Og dette tapar butikken på. Når nokon derimot kjem tilbake til butikken for å klage, så kan butikken gjere noko med det. Kanskje produktet er for dårleg til at det bør førast, eller kanskje er det ein feil med produktet som kan rettast opp om ein Håvard B. Øvregård, leiar berre får beskjed. Ofte opplever eg at den eg snakkar med i butikken, vert glad for at eg klagar. Slike butikkar handlar eg meir i, for dei har forstått kva som skal til for å tilfredsstille kundane sine. Dei syner ei yrkesstoltheit som eg set pris på. EG PRØVER ALLTID å vere høfleg når eg klagar. Ikkje berre fordi det er ein god regel å vere høfleg med folk, men også fordi eg veit at eg får betre service om eg er høfleg. Og når eg først har byrja handle i ein butikk, er det i mi interesse at dei tek klagene alvorleg, og ikkje opplever at innhaldet i klaga vert overskugga av skadefryd. No er offentlege etatar noko anna enn ein tilfeldig butikk. Det er ikkje slik at du berre kan gå og handle i ein annan offentleg etat om du ikkje er nøgd med den informasjonen du får. Dette gjer det berre endå viktigare å klage. For om ikkje du gjer dei merksame på feilen dei har gjort, så er det naturleg at dei held fram med han. I Mållaget har vi offentleg språkbruk som eit prioritert område. Det er viktig for oss at offentlege organ er gode språklege føredøme når det gjeld klårt og forståeleg språk generelt, og særleg er vi opptekne av at dei brukar nynorsk der dei skal. Dette betyr at du skal kunne få informasjon frå statlege etatar på nynorsk, og at ein viss del av informasjon og materiell skal vere på kvar av dei to målformene nynorsk og bokmål. Vi ser at dette ikkje skjer utan at nokon klagar. Difor er det viktig at vi alle seier frå når ein offentleg etat ikkje leverer godt språk på riktig målform. Om ein ikkje klagar, så vert ting truleg ikkje betre. Og då skal vi ikkje vere redde for å «plage» nokon med å gje beskjed. Det er nett det motsette vi gjer, vi gjev ei gåve når vi gjer nokon merksame på korleis dei kan gjere jobben sin endå betre. STATEN VIL HA slike klager. Når eg les nettsidene til prosjektet «Klart språk i staten» kan eg ikkje forstå anna enn at dei vil verte glad for kvar liten e-post som gjev dei høve til å verte betre. På www.klarspråk.no har dei skriveråd, informasjon om kurs, støtte og ressursar som kan nyttast. Målsetjinga si har dei òg med. I eit sitat frå Stortingsmeldinga «Mål og meining› som seier: «Det offentlege har eit særleg ansvar for å stå fram som eit godt føredøme når det gjeld å bruka eit godt og klart språk.» DETTE ER EI særs god målsetjing. Eg oppmodar alle om å hjelpe staten i dette: Gje ei klage i gåve til staten! NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Foto: Samlaget/Silje Holte Skard-stipendet til Leikvoll Sigmund Skard-stipendet på 25 000 kroner gjekk til forfattar Jan Roar Leikvoll. Han får prisen for det som er starten på ein viktig og original forfattarskap. Det er Det Norske Samlaget som deler ut stipendet. folk intervjuet – Allkunne skal utvikle seg Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har teke over som dagleg leiar i Allkunne. Det kom overraskande på henne sjølv. Foto: Samlaget – Det var ikkje slik at eg gjekk rundt å venta på at stillinga skulle bli ledig, men med det same eg såg utlysinga tenkte eg: ja!, fortel Rotevatn. – Den einaste hindringa var at det var meininga at den nye daglege leiaren skulle sitje på Samlaget. Eg kunne ikkje tenkje meg å flytte attende til Oslo, men søkte no likevel. Og no sit eg her i Hovdebygda, midt i nynorsken sin navle. – Kva var det som lokka med jobben? – Det er jo midt i det eg er oppteken av og har arbeidd med: innhaldsproduksjon, journalistikk, kvalitet og språk. Det er fleire hjartesaker i éin jobb, i tillegg til digital publisering som eg òg interesserer meg for. Eg set òg pris på at det er ein redaksjon her, som tek arbeidet sitt alvorleg. Dessutan er det jo spanande å arbeide med noko som eg ser på som kulturpolitisk viktig. Olga Meyer 80 år Olga Meyer runda 80 i byrjinga av august. Ho vart peikt ut til heidersmedlem i 2000, og har hatt ei lang rekkje verv i organisasjonen. Ho var med på å skipe Mediemållaget i 1977, og var leiar i laget frå 1992–94. Olga Meyer har vore ein aktiv møtedeltakar på landsmøte, årsmøte i Mediemållaget og årsmøte i Kringkastingsringen. Me gratulerer med vel overstått! Vurderer biletbruk – Allkunne har vel ein jobb å gjere med å bli synleg? – Ja, om me samanliknar oss t.d. med Wikipedia, så vil det vere som David mot Goliat. Men me er noko anna. Artiklane våre er skrivne av profesjonelle folk, dei er vurderte av ein redaksjon og skal vere språkleg sterke. Eg seier ikkje at det er uråd å finne det NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Bjørn Sortland festspelforfattar i 2011 Bjørn Sortland frå Bømlo i Sunnhordland blir festspelforfattar under Dei nynorske festspela 2011. Han er den attande forfattaren som får denne æra. Festspela 2011 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. til sundag 26. juni. OPPSTART: – Framleis er me for smale for ålmenta, men me er framleis i oppstartsfasen, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, ny dagleg leiar i Allkunne. Foto: Foto Bjørn Vatne/I&Μ AUDHILD GREGORIUSDOTTER ROTEVATN ◆ Ny dagleg leiar i Alkunne ◆ Rådsmedlem i Norsk Barneblad, sit i fagutvalet for periodiske publikasjonar i Kulturrådet, styremedlem i aksjonen «Stopp datalagringsdirektivet» og styremedlem i NRK. ◆ Fekk Kringkastingsprisen i 2004 og Alf Helleviks mediemålpris i 2005. Kjelde: Alkunne same i andre oppslagsverk, men hjå oss held alle artiklane same høge kvalitet. Framleis er me for smale for ålmenta, men me er framleis i oppstartsfasen. Me skal utvikle oss som nettstad og som oppslagsverk. – Kva oppgåver ventar? – Mellom anna skal me sjå på korleis me kan få bilete på plass. I dag er det ikkje bilete på Allkunne, og det burde det vere. Tekstane er, og skal vere det viktigaste. Men det er ikkje unaturleg at ein illustrerer artikkelen om Ivar Aasen med eit bilete eller ei teikning. – Kva med lenkjer til kjelder og andre nettstader? – Artiklane er originalskrivne tekster og kjeldene er ofte ikkje digitaliserte. Difor er kjeldelistene på Allkunne ikkje lenka til andre nettsider. Men dette vil endre seg etter kvart som fleire og fleire kjelder blir digitaliserte. Skal skrive lite sjølv – Nasjonalbiblioteket legg jo ut den eine boka etter den andre. – Ja, ikkje sant? Der kan ein jo søkje direkte i verka, og det vil vere naturleg å sjå på korleis me kan kople oss opp mot slike digitale kjelder. – Om du skulle ha skrive noko, kva ville det ha vore? – Det måtte moglegvis blitt om norske redaktørar og journalistar, som eg kan ein del om. Men eg tek ikkje sikte på å skrive så mykje i fyrste omgang. No har eg i alle fall meir enn nok med å setje meg inn i dei ulike arbeidsoppgåvene. Eg har nett fått opplæring i publiseringsverktøyet, så eg har lagt ut nokre nye ting på framsida og retta ein feil i artikkelen om meg sjølv. – Var det ein alvorleg feil? – Eg tok berre vekk «påtroppande», slik at det vart «... er dagleg leiar i Allkunne». KJARTAN HELLEVE [email protected] Foto: Samlaget/Silje Holte – Korleis då? – Når no meir og meir informasjon blir digitalisert og lett tilgjengeleg på nettet, så er det viktig at det finst informasjon som ein veit er rett, som er sikker og som har eit godt språk. Særleg viktig er jo dette for skuleelevar, som ikkje har så god trening i å kunne sortere informasjon dei finn t.d. gjennom søk i Google. Slike søkjemotorar sorterer ikkje etter kvalitet. Eg har enno ikkje møtt redaksjonen, men lese gjennom e-postutvekslingar der det er eit høgt detaljnivå. Det er verkeleg bra at ein tek det så på alvor. – Dei er ikkje sure i Samlaget av di du sit i Aasentunet? – Nei, det kan eg aldri tenkje meg. Samlaget og Aasentunet er like viktige i Allkunne, og eg kjem til å ha mykje kontakt med dei. Eg ser det som ein fordel at eg sit såpass tett på Ottar Grepstad, som er hovudredaktør. Foto: Aschehoug Høg kvalitet Tvitekkja blir fungerande direktør i Språkrådet Fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja vil fungere som direktør i Språkrådet frå 1. september til Kulturdepartementet har peikt ut ein ny direktør. Tvitekkja har vore fagkoordinator sidan 2007 og er med i Språkrådets leiargruppe. Ho har arbeidd i Språkrådet sidan 2004. 3 Kortare festspel gav fleire gjester Dei nynorske festspela hadde ti prosent fleire gjester enn i fjor sjølv om festivalen i år var korta ned frå fem til fire dagar og programmet inneheldt 14 færre arrangement enn i 2009. – Dei nynorske festspela erfarte det same i år som andre festivalar har gjort før. Det løner seg å fortette til færre dagar og ha eit passe høgt arrangementstal, seier programansvarleg Åshild Widerøe. Over 6200 gjester slutta opp om 51 arrangement under festivalen, og billettinntektene blir om lag 25 prosent høgare enn i fjor. Festspela blei opna av kulturminister Anniken Huitfeldt, som framheva at dette er ein viktig festival og ein av dei få som lykkast med å krysse dei mange sjangergrensene mellom litteratur, språk, musikk og biletkunst. På fleire av arrangementa framførte forfattarar, musikarar og fagfolk originalstoff som ingen før hadde høyrt. Festspela kunne by på artistar som song på norsk for første gong, plateslepp, originalforedrag som berre blir framførte denne Storgutprisen til Odd Nordstoga – Det står i statuttane mine som artist at eg skal fronte nynorsk, seier Odd Norstoga. Det er Litteraturdagane i Vinje som deler ut Storgutprisen, og kandidatane er dei eller den som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk. Det er åttande gong prisen blir delt ut, og mellom tidlegare vinnarar finn ein Ivar Eskeland, Berge Furre, Ragnhild Sælthun Fjørtoft og Liv Signe Navarsete. Det gjer Odd Nordstoga audmjuk. – Eg har fått prisar før, men denne set eg høgt. Det er litt av ei liste med vinnarar, og det er folk eg ser opp til. Eg er vel den yngste som har fått prisen, og trudde at ein måtte halde på litt lenger enn det eg har gjort. Svært glad er eg uansett. – Du skulle vel uansett spele på Litteraturdagane? – Ja, og takk for det. Då slepp eg å halde så lang takketale. – Blir du aldri lei av å bli trekt fram som nynorskbrukar? – Nei, eg gjer i grunnen ikkje det. Mange artistar har ei eller fleire idealistiske saker dei brenn for. Sissel Kyrkjebø er t.d. ambassadør for Unicef Noreg. Eg er ein ambassadør for nynorsken. Det er ein av dei tinga eg byggjer på som artist. Skulle eg byrje å tukle med det, tuklar eg med heile uttrykket mitt. Det er nedfelt i statuttane mine. – Mi rolle som artist er å lage songar om det folk går rundt og tenkjer på. Det er noko eg har blitt meir medviten om. Eg skal på ein måte knyte meg til dei, halde dei i handa med songane mine. Skal det fungere, må eg vere personleg og nytte mitt eige språk. – Du byrjar å få konkurranse frå andre artistar på dette feltet. Det er fleire som syng på norsk og dialekt no enn då du byrja. – Det er det. Eg trur mange direktørar i plateselskap ser dette som ei vinnande oppskrift. For å nå ut i Noreg, byggje ei langvarig karriere som artist, så er norsk vegen å gå. – Det rare er at det ikkje er fleire unge damer som gjer det. VEGEN Å GÅ: – Det rare er at det ikkje er fleire unge damer som ser at norsk er vegen å gå dersom ein ønskjer å nå ut i Noreg, byggje ein langvarig karriere som artist, seier Odd Nordstoga. Foto: oddnordstoga.no Eg har all respekt for at artistar som Susanne Sundfør og Hanne Hukkelberg vel å syngje på engelsk. Men eg skulle gjerne sjå ei tilsvarande dyktig dame syngje norsk. Så der er det ein ledig stol. KJARTAN HELLEVE kjartan.helleve@nm Litteraturdagar for tiande gong Litteraturdagane i Vinje vert i år skipa til for tiande gong i tida 17.–19. september. Litteraturdagane byrja ved at Ragnvald Christenson samla saman nokre likesinna og skipa til eit seminar om Aasmund Olavsson Vinje i samband med at Olav Vesaas kom med bok om diktaren. Tanken om Storegutprisen var òg Ragnvalds idé. Etter kvart har det balla på seg. No er dagane utvida med program frå fredag til sundag. 4 Målet er å bli litt betre kjend med forfattarar frå Vinje og andre delar av landet. Tilskipinga samlar 500–800 gjester, og er det einaste av sitt slag i Telemark. Kvart år er det eit tema, som t.d. ein diktar eller sjanger. I år er det novella som er på menyen. Difor er nokre av dei beste novellistane i landet inviterte, representerte ved Kjell Askildsen, Hans Herbjørnsrud og Merethe Lindstrøm. Dei lokale kreftene har sine representantar i Olav Vesaas, Stein Versto og familien Nordstoga. På festkvelden laurdag skal både Odd og Aasmund syngje, sistnemnde skal òg fungere som festleiar. Vinnarane av Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2009 og Vinjes eigne debutantar i fjor møtest i samtale og til opplesing: Eivind H. Evjemo, Kjersti A. Skomsvold, Erlend Kaasa og Kjersti Rorgemoen. På matmenyen står mellom anna suppe, graut, pizza, kling og gomme. STOREGUTPRISEN ◆ blir delt ut av Litteraturdagane i Vinje. Prisen går til dei eller den som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk. Prisen har namn etter diktsamlinga Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje. ◆ Tidlegare prismottakarar: Ivar Eskeland (2002), Berge Furre (2003), Ragnhild Sælthun Fjørtoft (2004), Bjørn Bø (2005), Sigmund Groven (2006), Liv Signe Navarsete (2007), Audun Svartdal (2008), Nina og Øystein Rudi (2009) eine gongen, nyskrivne tekstar og bøker som enno ikkje er publiserte. Programmet inneheldt morgongymnastikk med festspeldiktaren Rønnaug Kleiva, opning av naust, kunstutstilling med bruksgrafikk der Ivar Framtida.no lansert Unge er opptekne av framtida. Dei vil vera med i debatten og seia kva dei meiner. Med nettavisa Framtida. no får dei ein treffplass for å styrkja og visa fram engasjementet sitt. No kan du lesa om nasjonalforsamlinga for unge som startar til hausten, aukande forskjellar i skulen og korleis du kan finna favorittboka di. – Eitt av måla våre er å vera ein viktig arena for engasjementet til unge, og sjå nyhende frå ein ung synsvinkel. Eit anna mål er å auka valdeltakinga blant unge ved valet, og styrkja nynorsken, seier prosjektleiar for Framtida.no, Svein Olav B. Langåker. Det er lagt opp til stor grad av brukaraktivitet på Framtida.no, til dømes skrive- og fotokonkurransar, debattar, bloggar med meir. Fem lokalaviser, Dag og Tid, lnk.no og Magasinett leverer stoff frå starten. I tillegg er 15 unge og engasjerte kommentatorar frå heile landet knytte til Framtida.no. Prosjektet er støtta av Kulturdepartementet. Dei som står bak nettstaden, er ABC Startsida, Landslaget for lokalaviser (LLA), Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Mot til å meina, Magasinett og Pirion. – LNK har lenge sakna ein nettstad som denne, og trur Framtida.no vil bli ein viktig treffplass for brukarar i dei 120 medlemskommunane våre og for ungdom over heile landet, seier Vidar Høviskeland, leiar i LNK. – LLA ser på Framtida. no som ein ny og spennande arena for debatt og samfunnsengasjement. Vi i LLA og lokalavisene er opptatt av nettopp dette i lokalsamfunna landet rundt, og vi gler oss over alle tiltak som vil styrka ungdomen sitt engasjement for små og store saker. Framtida.no vil venteleg bli eit friskt supplement til lokalavisene sjølve, seier Geir K. Hus i LLA. – Det er viktig med ein nyhendearena som tar unge sine spørsmål og unge sine synspunkt på alvor ut over det som gjeld dei direkte sjølv, seier Einar Schibevaag, prosjektleiar for Mot til å meina-prosjektet. (Pressemelding) NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Norge på potetbotnen Aasen er motivet og debatt om nynorsk som underhaldningsspråk. Kringkastingssjef HansTore Bjerkaas utfordra journalistutdanningane i landet til å rekruttere fleire nynorskbrukande journalistar. Dei nynorske festspela blei også avvikla på færre stader enn før. Mest brukt var utescena og salen i Ivar Aasentunet. – Det gjorde det lettare å vere festivalgjest og skape ei roleg og intens festivalstemning, seier Widerøe. Nordmenn et minst poteter i Europa, melder NPK. Rettar som frosenpizzaen tek over poteta sin plass på tallerkenane. Ein ny botnrekord for poteteting kom i 2009. No vil EU og den italienske stat auke eksporten av nypoteter til Norge. Dei siste samanliknbare tala frå jordbruksorganisasjonen FAOSTAT, viser at kvar nordmann berre et 32 kilo poteter, medan pastaglade italienarar åt 39 kilo per snute. – No må dei nesten bestemme seg for kva dei skal prakke på oss, seier Ragnar Hovland i ein stutt kommentar. – Dei kan ikkje få i både pose og sekk, for å seie det på den måten. Nekta å betala fartsbota då ho kom på bokmål Knut P. Bøyum i Fjærland fekk i sommar si første fartsbot etter 25 år som trafikant. Men då førelegget kom i posten, var det skrive på bokmål. Det kunne ikkje Bøyum vera med på. (FIRDA) – Då var det ikkje nokon hugnad lenger, seier ein djupt vonbroten nynorskfanatikar i Fjærland. 10. juli var han på Vikingrock i Gudvangen. På veg heim att har han trakka litt hardt på gasspedalen, truleg oppglødd av god vikingrock, forklarer han. I alle fall må han ha køyrt i 90 kilometer i timen i 80-sona i den automatiske trafikkontrollen, utan å registrera noko blitslys. Knapt ein månads tid etter fekk han varsel om at han var teken i kontroll. – Når du etter 25 år endeleg får ei trafikkbot og melding om at du vil få tilsendt eit forenkla førelegg, så stig forventningane. Så eg gjekk der og venta på postdama. Men då eg opna konvolutten med bankande hjarte og skjelvande hender, står det bokmålsord som «overtredelse, siktede, kjørt, ilegges og forenklet forelegg». – Magien var borte og heile høgtida øydelagd, seier Bøyum som fekk ei bot på 1600 kroner, subsidiært tre dagar i fengsel. Førelegget var utskrive av Politiets ATK-senter for Sogn og Fjordane politidistrikt. FORENKLA: – Eg ønskjer ikkje å oppmoda om høg fart. Men når ein endeleg får ei fartsbot, så må ein i alle fall ha krav på at ho kjem på riktig målform, seier nynorskfanatikar Knut P. Bøyum etter nedturen der det forenkla førelegget kom på bokmål. Foto: Gaute Bøyum Dvergsdal – Følte ho flein av meg – Det var då eg tok til å lura. Politiet er eit offentleg tiltak, og det går ikkje an å handsama ein lovbrytar på denne måten. Vi har visse rettar, og éin av dei er at vi skal tilskrivast på riktig målform. Han ringde sakshandsamaren og klaga si naud, der han forklarte at ein stor dag plutseleg var gjord liten. – Dama var hyggjeleg og høfleg, men eg følte at ho sat og flein av meg mens eg forklarte korleis eg hadde det. Men problemet skulle enkelt la seg ordna, eg ville få nytt skriv på nynorsk om to dagar. Bør vera unødvendig Det stemte, og denne gongen var det straks meir høgtid. No kan eg NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 godt skriva under at «sikta vedtek førelegget», seier Bøyum. – Det einaste eg kan klaga på, er at forbrytaren er busett i Norge og ikkje i Noreg, men det kan eg leva med, legg han til. Derimot tykkjer han alle skriv til innbyggjarar i nynorskfylket Sogn og Fjordane bør koma på nynorsk. Sidemål får dei halda seg med austpå, meiner han. – Det burde ikkje vera nødvendig å måtta masa på offentlege etatar om dette. Eg trudde Jens Brekke hadde berga det meste, men han har tydelegvis ikkje køyrt for fort, seier Bøyum. SIGURD LØSETH/FIRDA [email protected] Krava kjem automatisk på bokmål Alle krav som Statens Innkrevjingssentral sender ut, er på bokmål. Om ein då ikkje bed om å få det på nynorsk. – Som ein offentleg etat fylgjer me mållova, seier informasjonssjef Tore Bratt. – Alle som skriv til oss på nynorsk, får svar på nynorsk. Er det nokon som vil ha kravet sitt på nynorsk, så får dei det. Utover det er alt som kjem frå oss, på bokmål. Krav frå oss blir genererte automatisk. Blir du fotografert av ein fotoboks, blir det formidla elektronisk, og eit brev blir skrive ut utan at nokon har handsama det manuelt. Hadde det vore eit punkt om nynorsk eller bokmål i dei sentrale registra som me hentar ut adresser frå, ville det sjølvsagt vore råd å senda ut krav på nynorsk til dei som hadde valt det. Men så lenge slik informasjon ikkje er lagra, er det uråd for oss å vita om vedkomande vil ha kravet på nynorsk eller bokmål, seier Bratt. – Burde ikkje noko av det de sender ut, ha vore på nynorsk, t.d. krava som går til Sogn og Fjordane? – Det er ikkje opp til oss å vur- dera, for det er språkpolitikk. Det er i så fall noko Språkrådet bør ta tak i. Me fylgjer berre lova, og der står det ingenting om det. – Vil Knut P. Bøyum få framtidige krav på nynorsk? – Nei, det kan eg ikkje lova. Me sender ut 1,3 millionar krav i året. Sjølv om han no ligg inne i vårt register som ein som vil ha nynorsk, blir ikkje alle desse krava sjekka manuelt. Difor får han truleg ei eventuell framtidig bot på bokmål òg. KJARTAN HELLEVE [email protected] 5 Med førdedialekt i Få meg på, for faen skal bli film. Og Sauda skal bli til Førde. Ei filminnspeling kan vere eit kaos. Alt kan gå galt, og det kan vere alle slags moglege problem som må løysast. Vel, slik er det ikkje denne dagen. Innspelinga av Få meg på, for faen, filmatiseringa av boka til Olaug Nilssen, går tydelegvis etter planen. Noko produsent Brede Hovland syner på klårast mogleg måte, han står og fiskar etter makrell i fjorden. Fisk får han òg. Scena som skal spelast inn i dag, er møtet mellom Alma, som har fått seg arbeid som kassedame, og mora som handlar og helsar på. Coop-butikken i Saudasjøen er ein typisk lokalbutikk, og eigaren såg seg ikkje tent med å stengje dei tre dagane det skal spelast inn film. Det er grunn til å tru at han angrar litt på det, for ei filminnspeling tek mykje plass. Inne er det folk over alt, lyd, ljos, kamera og assistentar som spring etter teip eller noko. Ein kunde freistar seg likevel på kjøpe seg nokre skulebollar. – Oi, seier han. – Dette var veldig!, før han finn bollane og stiller seg i køen bak Henriette Steenstrup som spelar mora. Han får beskjed om å bruke ei anna kasse, og ein tilsett hjelper han. – Stille! Klar til opptak! Skrik innspelingsleiaren. – Stans trafikken! Det er ein enkel jobb. Med éin bil i halvtimen, er det ikkje akkurat tett trafikk forbi butikken. Henriette Steenstrup seier replikken sin, snur seg og går ut av butikken. Om og om igjen. Det blir ikkje mange minutt film, men det tek si tid. Enklare utanfor Oslo Eg håpar på å få eit ord med regissør Systad Jacobsen, men ho er travelt oppteken med å gjere klar den neste scena. Produsent Hovland finn tid til endå nokre kast i fjorden. Han er samd i at det er perfekt å spele inn film på ein stad som Saudasjøen. – Me i (produksjonsselskapet) Motlys lagar nesten ikkje film i Oslo, sjølv om det er der me held til. Det er dyrt, ofte komplisert og det kan vere problematisk å få lov til å stengje gater som me stundom må gjere. Når ein kjem til ein mindre stad som dette, så er det ein heilt annan positivitet som møter oss. Det er lettare å få hjelp av folk, og det er lettare få lov, seier Hovland. Han fortel at det er fleire grunnar til at dei hamna akkurat her. Dei fått økonomisk støtte frå Filmkraft Rogaland, som er eit regionalt filmfond. Filmkraft Rogaland har eit ynske om å trekkje med innlandet i arbeidet sitt, og særleg rike Suldal kommune, som er inngangsporten til Sauda. Og Brede har sjølv sprunge rundt i Sauda i barndomen, då han har slekt her. Så han ringte til eit søskenbarn for å sjekke om han hadde tru på ei filminnspeling i området. Søskenbarnet meinte det var ein knakandes god idé, og fann fram til alle dei innspelingsplassane dei trong. 6 FAKTA Filmen Få meg på, for faen er basert på Olaug Nilssen si bok frå 2005. Regissør er Jannicke Systad Jacobsen. Ho har tidlegare laga fleire dokumentarfilmar, dette er hennar debut som langfilmregissør. Produsent er Motlys, som mellom anna har filmsuksessar som Mannen som elsket Yngve og Gymnaslærer Pedersen. Premieren skal vere i 2011 Og dei måtte vere ein stad som kunne fungere som Førde. Språket viktig – Regissør Jannicke Systad Jacobsen har vore oppteken av å halde på så mykje som råd er frå Olaug si bok, så langt det let seg gjere. – Inkludert språk? – Ja, særleg det. Difor har me brukt mykje tid og ressursar på å finne fram til skodespelarar som har rett dialekt. Helene Bergsholm som speler Alma, kjem frå Førde, og me hadde aldri reist så langt utan at det var viktig for oss. Så ho og den næraste gjengen hennar snakkar Førde-dialekt. Andre karakterar skal nok i utgangspunktet vere frå same staden, men der er Førde meir definert som Vestlandet. Difor blir det nok eit mangfald av vestlandsdialektar, inkludert nokre mindre roller frå Sauda. Men akkurat der kjenner Jannicke på om det kan bli for mykje, så me får sjå kva som hender med dei i etterarbeidet. Kan hende me må leggje på litt Førde-dialekt, seier Hovland. Jølster er ikkje Førde Nokon ropar på han, det er noko med ein pipelyd som dei ikkje heilt greier å lokalisere. Framleis ikkje nokon passande pause til å snakke med sjefen. Men Helene Bergsholm står og ventar på utsida av butikken. Det har det blitt mykje av. Venting og atter venting. – Men det går greitt. Eg har alltid hatt lyst til å sjå korleis ei filminnspeling fungerer, og ein får vel knapt noko betre høve enn dette. Ho har inga skodespelarerfaring frå før, hadde ikkje høyrt om korkje boka eller forfattaren, men stilte opp til ein audition på skulen. Etter det vart det fleire prøver og testfilmingar før ho endeleg fekk rolla. – Eg var veldig nervøs dei fyrste dagane. Eg likar i utgangspunktet ikkje å stå framføre folk og var redd for at eg ikkje skulle få det til. Etter kvart har det gått mykje enklare, og folk er snille med meg. Så eg skal nok kome meg gjennom det. – Er det kjekt at alle snakkar Førde-dialekt? – Vel, alle gjer vel eit forsøk. Ho som speler veninna mi i filmen er jo frå Jølster. Eg høyrer klår forskjell, men er ikkje sikkert om alle dei andre gjer det. Men eg tykkjer dei andre skodespelarane er veldig flinke. Dei har fått replikkane sine innspelt på band av ei dame på universitetet i Oslo, og øvd seg etter det. Men dei er òg flinke til å spørje meg om det er noko dei lurer på korleis blir sagt. Men språk endrar jo seg. Eg snakkar jo annleis enn kva eldre folk heime gjer, og slik er det jo. Ord som snik seg inn her og der. Så eg har vel ikkje akkurat nokon fasit. – Blir det meir film etter dette? – No skal eg filme kvar einaste dag i sommar, og så er det rett attende til skulen. Eg har jo aldri hatt ambisjonar om å bli skodespelar, men me får sjå. Så er det klart for opptak igjen. Framleis ingen Systad Jacobsen å snakke med. Eg fortel produsent Hovland om at Helene ikkje hadde høyrt om Olaug Nilssen før ho gjekk på audition. – Det går bra. Dette er ein ungdomsfilm som skal stå på eigne bein, og den viktigaste målgruppa er dei er mellom 14 og 23 år. Men så er det dei som er litt eldre som moglegvis har høyrt om boka eller teaterstykket, som me òg håpar skal kunne like filmen. No er ikkje heile boka med, men berre den delen som handlar om Alma, men folk som har lese boka vil nok kjenne seg att. – Kva seier forfattaren til det? – Det er heilt i orden for henne. Ho har ikkje vore med på manusarbeidet, men har fått lese i gjennom det. Ho var glad for at me hadde teke ut dei mest litterære delane. Det som er så herleg med denne historia og som motiverer oss, er at det ikkje ligg noko tragisk i botnen. Mange barneog ungdomsfilmar som blir laga i Noreg, har ei eller anna tragisk NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Saudasjøen ROLEG: Det er rolege dagar for dei som skal stanse trafikken forbi butikken i Saudasjøen. Filmprofessor Gunnar Iversen Foto: NTNU Språk blir viktigare – Medvitet kring språk i film har auka, seier filmprofessor Gunnar Iversen. LETTARE: – Når ein kjem til ein mindre stad som dette, så er det ein positivitet som møter oss. Det er lett å få hjelp av folk, og det er lett få lov, seier produsent Brede Hovland. hending i botnen, eit dødsfall, incest eller barneheim eller noko. Det er denne filmen fri for. Dette er meir reelle problemstillingar som vanlege unge jenter slit med, fortald på ein absurd og humoristisk måte. Og me håpar å kunne greie å overføre stemninga i boka til filmen. Henriette Steenstrup kjem ut frå butikken og er ferdig for dagen. No må dei vere ferdige, no må eg då få snakke med regissøren snart. Men nei, det er fleire opptak att og ingen pause NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 i sikte. Steenstrup skal bli køyrd til flyplassen i Haugesund og eg ser eit høve til å få gratis skyss. Norwegian stadfestar at eg kan få plass på flyet, og eg takka ja til tilbodet om å sitje på. Systad Jacobsen får vente. – Det er fyrste gong sidan teaterhøgskulen eg må bruke ein særskild dialekt, fortel Steenstrup medan me blir køyrde utover Saudafjorden. – Men det går bra, tykkjer eg. Det er som filter som hindrar deg i å bruke dine eigne seiemåtar, og slik er det jo alltid. Men det var godt å få å øve seg litt med dei banda, og det er godt å ha nokon frå Førde som ein kan søkje hjelp frå. – Blir det ein bra film då? – Eg trur han blir veldig bra. Han minner om Fucking Åmål, med same bitande replikkar frå smarte jenter. Når jentene set i gang, så er det akkurat som å høyre tre jenter som skal på fest. Eg gler meg veldig til å sjå han ferdig. KJARTAN HELLEVE [email protected] PÅ NÆRT HALD: – Eg har alltid hatt lyst til å sjå korleis ei filminnspeling fungerer, og ein får vel knapt noko betre høve enn dette, seier hovudrolleinnehavar Helene Bergsholm. Her saman med ein medspelar. STATISTAR: Det trengst alltid nokon folk som går forbi i bakgrunnen. Her frå eit oppslag på Coop-en på Sand. Alle foto: Kjartan Helleve I 2001 kom filmen Mongoland, av Arild Østin Omundsen. Han vart laga av ein gjeng vener i Stavanger for ein slikk og ingenting, og skilde seg ut på mange måtar. Viktigast var likevel at han introduserte dialekt i norsk film på ein ny måte. Under innspelinga av var filmskaparane redde for at ingen skulle skjøne kva som vart sagt i filmen. Dei snakka til og med om å tekste filmen, slik at dei på austlandet skulle få med seg handlinga. Redsla synte seg å vere overdriven. Både Pia Tjelta og Kristoffer Joner fekk sine gjennombrot i filmen, og dei fekk lov å halde på dialekten sin i andre filmar. No er det knapt ein norsk film der ikkje ein eller annan snakkar dialekt. Stavangerfilmane vart laga med lokale skodespelarar, og har difor ei klår geografisk plassering. Det same kan ein seie om filmar som er laga i Bergen, med ungdomsfilmen Vegas som det ferskaste dømet. Tradisjonelt sett har likevel eit overveldande fleirtal norske filmar har eit slags folkeleg bokmål som mal. – Medvitet om språk har nok vore lite, og dette heng saman med fleire ting, seier Gunnar Iversen. Han er professor i filmvitskap ved NTNU i Trondheim. – Filmbransjen held jo stort sett til i Oslo, og skodespelarane har stort sett kome frå teatera der, eller snakka bokmål. Dessutan har budsjetta vore små og det har gått utover skodespelarinstruksjon og språkmedvit. I dag er det noko annleis, så medvitet – og variasjonen – har auka på språkområdet. Men det finst tidlege unnatak. Fyrste spelefilm med nynorsk tale var Liv (1934), og fyrste spelefilm frå Stavanger, med lokalt jærmål, var På Brattevoll (1938). – Handlar det om at budsjetta har blitt større eller at filmskaparane har høgare tankar om kva dei held på med? Ei slags profesjonalisering? – Ja, det er heilt klårt. Fyrst og fremst er det ei oppvurdering av skodespelarane sitt arbeid og skodespelarinstruksjon. Vidare kan ein jo spekulere i andre faktorar. For det fyrste er jo autentisitet blitt eit heidersord, og då er det betre om folk snakkar slik dei vanlegvis gjer. Dei er best «som seg sjølve». Dette ser ein jo i musikkverda òg. For det andre er mogleg å tenkje seg produsentar som tenkjer at skodespelarar frå fleire delar av landet, spreier nedslagsfeltet til filmen. – Når no talet på nye norske filmar aukar, kan dette med språk og regional tilknyting nyttast for å skilje seg ut? – Ja, eg trur klart at dette blir viktig som distinksjon i ein ny marknad. KJARTAN HELLEVE [email protected] 7 Mållagsrabatt hjå Bokdykk Noregs Mållag har gjort avtale med nettbokhandelen bokdykk.no om rabatt for mållagsmedlemer. Kva tilbyr dei? Er du medlem, får du 12,5 prosent rabatt på nye bøker og innimellom gode tilbod på bøker som er over eitt år gamle. Det er ikkje høve til å gje større rabatt enn 12,5 prosent på bøker før tidlegast 1. mai året etter dei er utgjevne. For bøker som er eldre enn det, vil Bokdykk no og då senda ekstra gode medlemstilbod til mållagsmedlemer som er registrerte i kundebasen deira. Bokdykk.no overtok drifta av barnebokklubben Blåmann sist vinter, og er medviten om å marknadsføra nynorskbøkene på heimesida si. Korleis går du fram? Fyrste gongen du vil kjøpa bøker frå bokdykk. no, registrerer du deg som vanleg kunde, og tingar dei bøkene du vil ha. Summen som då kjem opp, vil vera utan rabatt. Etter at du har sendt inn tinginga, sender du ein e-post til [email protected] der du opplyser at du er mållagsmedlem. Bokdykk vil då leggja det inn i kundeopplysningane dine, og så kjem rabatten automatisk, både for den fyrste tinginga og for alt du måtte kjøpa seinare. God bokhaust! Klart for tre kampanjeveker i barnehagane i haust Godt materiell til barnehagane Skal vi nå ungane med meir nynorsk, må vi gå gjennom foreldra og tilsette i barnehagane. Difor er det trykt mykje godt materiell som laga kan ta i bruk heilt gratis. Det er lesetipsheftet som heiter God lesestart, som er retta inn mot både foreldre til ungar i barnehagen og til dei tilsette. I tillegg til eit flygeblad som er retta spesielt i mot foreldra og eit flygeblad som er retta til dei tilsette. ◆ Sjå eiga lysing og ting i dag eller sjå innom nettsidene: www.nm.no/krambua.cfm – Det er barnehagar i alle kommunar i Noreg. Både offentlege og private. Alle desse barnehagane set pris på besøk, seier Helga Hjetland, styremedlem i Noregs Mållag. Kampanjen Gjennom ord blir verda stor er den nye storsatsinga til Noregs Mållag. Nytt godt gratis materiell er klart, og det er stor interesse for kampanjen. Styremedlem Helga Hjetland er ei av dei som har spesielt ansvar for å følgje opp barnehagekampanjen frå styret. – Kvifor skal dei lokale mållaga ta tak i denne kampanjen? – Eg trur det må vere ei kjekk oppgåve å ringje til ein barnehage og seie at vi har nokon som kan fortelje til ungane, eller vi har nokon som kan lese for ungane eller vi har ei god nynorsk barnebok vi vil gje i gåve, seier ho. Viktig oppgåve Språkstimulering er ei av dei viktigaste oppgåvene for barnehagen. Stortingsmelding 41, Kvalitet i barnehagen (2008-2009) framhevar at dette er ei grunnleggjande oppgåve for barnehagane. For Mållaget vert det viktig å sikre oss at nynorsken vert ein del av språkmiljøet og språkstimuleringa i barnehagen. – Det som er viktig for Mållaget, er at ungane får høyre nynorsk i barnehagen både gjennom bøker og song. Borna tykkjer det er spennande å bli lesne for og tykkjer språk er spennande, seier Helga Hjetland. Oslo, i Kirkenes og på Kyrkjebø vil takke ja til besøk. Og eg trur tilsette i barnehagane treng å bli meir medvitne om at vi til dømes snakkar ulikt her i landet og kvifor vi snakkar på forskjellige måtar. Det er klart at det er ein fordel for dei som skal lære nynorsk som sidemål seinare, at ikkje nynorsken er framand. – Gjer vi noko med denne saka, så har vi gjort noko viktig i år òg, smiler Helga Hjetland. Lokal aktivitet Materiellet eignar seg til utdeling i barnehagane, og mange av lokallaga tek sikte på nettopp det. Fleire lag har tinga materiell, og utetter hausten er det gode sjansar for at fleire tek tak i saka. Nokre fylkeslag førebur samlingar av lokallag i sitt fylke for å informere om og planleggje kampanjen for meir nynorsk i barnehagane. Følg med i informasjon frå fylkeslaget. Det er mange spennande samarbeidspartnarar for deg som er aktiv i eit lokallag. Til dømes Barneboklubben Blåmann. HEGE LOTHE [email protected] Nasjonal kampanje Og både ho og styret er tydelege på at dette er ein kampanje for heile landet. – Eg trur både barnehagane i Kampanjeveker Kampanjen vert ikkje avslutta og oppsummert før på landsmøtet til Noregs Mållag i april 2012. Det er altså ein kampanje som skal vare i bortimot to år. Men for å få heile organisasjonen i sving denne hausten, skal vi ha tre kampanjeveker der alt handlar om nynorsk i barnehagar. Kampanjevekene er frå måndag 25. oktober til og med sundag 14. november 2010. Desse vekene vil tilsette, styremedlemer og andre målfolk reise ut i barnehagane og i lokallaga og snakke om nynorsk i barnehagen. ◆ Ynskjer de å få besøk i kampanjevekene? Kontakt Hege Lothe: [email protected] eller 578 65 360 eller 926 48 348 (m). Aksjonskokebok Det er laga eit eige hefte som er sendt ut til alle lokallaga. Dette heftet legg det politiske grunnlaget for kampanjen. Kvifor vi meiner at nynorsk skal vere ein del av språkstimuleringa i barnehagen, og kvifor vi meiner at dette er aktuelt for barnehagar over heile landet. ◆ Du kan tinge denne nyttige aksjonskokeboka gratis (i så mange eksemplar du vil) frå Noregs Mållag. Send e-post til [email protected] 8 VIKTIG: – Gjer vi noko med denne saka, så har vi gjort noko viktig i år òg, smiler Helga Hjetland, styremedlem i Noregs Mållag. Samarbeid med Blåmann Blåmann barnebokklubb kan sende flygeblad med velkomsttilbod som lokallaget kan dele ut, eventuelt saman med bokgåve. Lokallaget kan også få tilsendt bøker som kan brukast som bokgåver til barnehagane, gratis eller til svært redusert pris avhengig av bokønske og tal på bøker. Blåmann barnebokklubb kan sende bokmerke med «Gjennom ord blir verda stor»-slagord og Blåmann-info, opplyse om kva for barnehagar som alt er medlemer, informere om kampanjemateriell og tilbod som er sendt og sende materiell i etterkant av besøk frå Mållaget. Lokallaga kan kontakte barnehagestyrar på telefon i etterkant av at Blåmann har sendt ut tilbod. Dei kan gje bokgåve med Blåmannbok/bøker til barnehagane, saman med informasjon om bokklubben, oppfordre barnehagane til å melde seg inn. Gje medlemskap i Blåmann i gåve til barnehagane. Barnehagen får då tre bøker gratis, og lokallaget får rekning på bøkene barnehagen mottek vidare i ein avtalt periode. Lokallaget kan kontakte lokalavisa dersom de planlegg større tiltak, som til dømes bokgåver og gåvemedlemskap til alle barnehagane i kommunen. ◆ For meir informasjon: Ring Blåmann barnebokklubb ved Erle Stokke, telefon 23 24 27 00 eller send e-post: [email protected] NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 – Skolemotivasjonen startar i barnehagen Tiltak mot fråfallet i den vidaregåande skolen må starte alt i førskolen. Svake prestasjonar i siste fase av ungdomsskolen er den tydelegaste direkte årsaka til skolefråfall seinare, går det fram av ein rapport forskingsinstituttet Nova har laga på oppdrag frå KS. Barna må bli betre i språk, le- sing og andre ferdigheiter som gir grunnlag for læring seinare, er éin av konklusjonane i rapporten. Forskinga tyder på at forskjellane mellom flinke og mindre flinke elevar, som igjen har samanheng med fleire sosiale indikatorar, blir ofte forsterka gjennom skolegangen. Derfor bør tiltaka starte tidleg, for eksempel gjennom bevisst utvikling av språket til barna i førskolen. Nova-forskar Sabine Wollscheid, som i rapporten «Språk, stimulans og lærelyst» har gått gjennom tidlegare forsking som er gjort om dette, seier at fråfallet ofte startar lenge før eleven begynner i vidaregåande skole. Fleire faktorar spelar inn, men generelt er dårlege skoleprestasjonar mot slutten av grunnskolen den viktigaste direkte årsaka til fråfall seinare. – Årsakene er ofte samansette og kan liggje i ulike fasar, gjerne tidlegare i oppveksten og i overgan- gane mellom ulike skoletrinn, seier Wollscheid. (NPK) Kven manglar? Det har vi spurt alle medlemene i Noregs Mållag om. Til no har det kome inn 500 svar på dette spørsmålet. INSPIRASJON: – Målprisen er ei stor inspirasjonskjelde for vidare språkarbeid, sa rektor Sigmund Grønmo (t.h.) då han tok imot pris frå leiar Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag. Foto: Hege Lothe Målprisen til UiB Universitetet i Bergen har teke eit nasjonalt ansvar for å ta i bruk nynorsken. Difor fekk dei Målprisen 2010 av Noregs Mållag. Prisen vart delt ut under den offisielle opninga av det akademiske året ved Universitetet i Bergen. Då samla både studentane og dei tilsette seg på Musèplass framfor monumentale Bergen Museum. Det bygget var utgangspunktet for grunnlegginga av universitetet. På podiet framme sat rektor, direktør, ordførar, statsråd Tora Aasland, studentleiaren og i år, leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård. Heilt uventa for andre enn svært få involverte fekk han og Mållaget høve til å dele ut Målprisen 2010 til Universitet i Bergen. I pristala la han vekt på kor viktig det er at universitetet tek språkspørsmålet på alvor. – For nynorsken og målsaka er Universitetet i Bergen det viktigaste universitetet. De tek eit nasjonalt ansvar for nynorsken – noko som er avgjerande for nynorsk som akademisk språk. For nye studentar som møter høgre utdanning for aller fyrste gong, er det veldig lett å velje bokmål fordi det er det lettaste og fordi alle andre gjer det. Difor er det svært viktig at Universitetet i Bergen held fram med å gje fagleg ryggstø for studentar og forskarar til å bruke nynorsken, sa Håvard B. Øvregård. Han sa også i si pristale på engelsk, til dei utanlandske studentane, at han var der for å overrekkje ein pris til universitetet fordi dei bruker eit nasjonalt språk på ein god måte. Og han meinte at dette også sa noko om korleis universitetet tek vare på språkleg mangfald i fleire samanhengar. Då Håvard B. Øvregård bad om å få fram Sigmund Grønmo, rektor ved Universitetet i Bergen, til å ta i mot prisen, fekk han stor applaus og trampeklapp frå studentane. Rektor Sigmund Grønmo takka varmt for prisen. – Universitetet ser dette som ei påskjøning og set stor på denne heideren. Det er ei stor inspirasjonskjelde for vidare språkarbeid, sa Sigmund Grønmo. I etterkant av utdelinga spurde Norsk Tidend om kvifor han valde å halde opningstala si på nynorsk. – Eg prøver å veksle mellom å både skrive og halde talene på nynorsk og bokmål. Men det er fyrste gong at eg har gjort det ved opningshøgtida, og eg må seie at eg vart inspirert av at eg visste prisen skulle bli delt ut litt seinare i programmet, smilte Sigmund Grønmo. Han kommenterte også eit moment i pristala om at Språkrådet har kritisert UiB for å ha for mykje nynorsk på enkelte felt. – Eg har tidlegare sagt, og det står eg for, at det er ein kritikk eg tek med stor ro, fortel Sigmund Grønmo. HEGE LOTHE [email protected] NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Halde medlemstalet – Kor mange medlemer bør Mållaget verve for å halde på medlemstalet i dag? – Vi må nok ha opp mot tusen nye betalande medlemer for auke medlemstalet. For organisasjonen er dette ei kjempeoppgåve, men for kvar og ein av oss er det kanskje ei meir overkomeleg oppgåve å utfordra folk til å verte medlemmer Medlemstalet ◆ Det var 10 125 betalande medlemer i 2009. Ein tilbakegang frå året før med 126 medlemer. ◆ Beste medlemstal frå siste ti åra er 11 001 betalande medlemer i 2000. ◆ Siste åra har det vore nedgang i medlemstalet i ungdomslaga, medan andre lokallag aukar medlemstalet ◆ Fylkeslag med framgang siste året er Valdres, Aust-Agder, Sogn og Fjordane, Nordmøre, Nordland og Troms og Finnmark. i Mållaget, seier Bernhardsen. Det er mogleg å sikre seg veldig flotte premiar. Den som vinn heile vervekampanjen, kan vinne ei reise for 10 000 kroner. I tillegg er det to andre som vinn reiser for fleire tusen kroner. – For somme er nok sjansen til å sikre seg eit eksklusivt mållagskrus med Aasen-sitat vel så viktig. Det får ein om ein vervar to medlemer. Det går ikkje an å kjøpe dette kruset, fortel Bernhardsen. Det vert også laga eigne krus for dei som vert beste vervarane i fylket sitt. – Til no har om lag to hundre sendt inn framlegg til namn. Dette er eit høgt deltakartal, men vi ventar endå skarpare konkurranse innan vervekampanjen vert avslutta 1. november. Hugs: Alle som sender inn namn, får refleksband som takk. Det kan kome godt med når det mørknar på hausten. HEGE LOTHE [email protected] Fest for Eldrid Lunden og Kåre Lunden 9. oktober 2010 Heimbygda Naustdal velkomen til fest for forfattarane! • Marknad og open konferanse kl. 11:00-15:00 på Naustdal barne- og ungdomsskule. Gratis inngang. Foredrag, danseframsyning og konsert! Medlemsrekord i LNK Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har no 121 medlemmer. Det er medlemsrekord. Kommunane Osterøy og Austrheim var dei siste som melde seg inn att i organisasjonen. Vervekampanjen «Kven manglar?» gjer eit poeng av at det er mange som kjenner nokon som gjerne kunne vore medlem i Mållaget, men kan hende ikkje har blitt spurt. – Du sender oss namn på folk du ønskjer skal få tilbod frå Noregs Mållag, og vi sender eit tilbod til dei med eit brev og ein giro på 200 kroner, fortel Magnus Bernhardsen, som er organisasjonskonsulent i Noregs Mållag og har ansvaret for å registrere alle nye namn. – Korleis har responsen vore? – Det har vore veldig god respons. Så pass god at eg ikkje har fått sendt ut tilbod til alle enno. Vi har fått inn over 500 nye namn til no, smiler Bernhardsen. I januar følgde eit Kven manglar-flygeblad med Norsk Tidend. I sommar vart tilsvarande flygeblad sendt med avisa Dag og Tid, i tillegg til at alle medlemene i fylkeslaget Vikværingen fekk eit flygeblad i posten. – All verveaktivitet har gjeve oss 616 nye namn til no i år. Av desse har 312 betalt medlemskapen. Dette er samla tal for all verveaktivitet i 2010. I haust legg vi ut førebels oppsummering av Kven manglar-vervekampanjen. Full oppsummering lyt vente til etter 1. november. VERVEKAMPANJE ◆ Fyll ut vedlagde verveflygeblad og send inn ◆ Frist: 1. november ◆ Har du fleire namn? Send til e-post: [email protected] Samanslutninga av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak har som mål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. – Det er bra for oss som nynorskkommune å vera tilslutta ein slik organisasjon. Ein motivasjon for å melda seg inn att var at vi ville styrkja bibliotekprosjektet i Nordhordland; Nye tider – ny norsk, seier rådmann i Austrheim kommune, Jan Olav Olsen. (NPK) • Festkveld kl. 20:00-01:00 i Fosshalla. Inngang 250,-. Festmat, song, underhaldning og dans! Påmelding: tlf. 57 81 61 00 /[email protected] innan 1. okt. 2010. Les meir på www.naustdal.kommune.no 9 Fremjar barnebøker på nynorsk HEFTE: Arild Torvund Olsen i Ulstein Mållag står bak heftet over nynorske barnebøker som Noregs Mållag gir ut. Arild Torvund Olsen i Ulstein Mållag ønskjer å fokuserer meir på nynorske barnebøker. No har Noregs Mållag laga hefte over bøkene, og Torvund Olsen håper at foreldre og born no går for bøker på nynorsk. – Det starta med at vi i Ulstein Mållag såg at mange foreldre ikkje kjøpte nynorske barnebøker. Det vart prata om at «det ikkje finst gode barnebøker på nynorsk», fortel Torvund Olsen, som til dagleg jobbar ved Nynorsksenteret i Volda. Han fekk ideen om å lage eit hefte der folk kunne finne fram til barnebøker på flott nynorsk. – Vi sette oss ned og fann gode forslag til korleis vi skulle få bøkene fram i lyset, og sende dette til Noregs Mållag sentralt. – Dei likte ideen, og det vart laga eit hefte, seier han vidare. Heftet er gratis, og i det finn ein gode tips til bøker for born og ungdom. Etter at heftet var ferdigstilt, tok Arild Torvund Olsen kontakt med Eiken Libris i Ulsteinvik. – Eg spurde om dei ikkje kunne stille ut nynorske barnebøker. Dei likte ideen godt, så no er der ei flott utstilling. Med tida vil Torvund Olsen i 150 år med Ferdaminni Sumaren 1860 nådde Aasmund Olavsson Vinje Inderøy, sitt nordlegaste stopp på Ferdaminne-ferda. Dét tykte Inderøy Mållag var verdt eit jubileum. Målpris til Bergfinn Aabø Juristmållagets målpris for 2010 vart på årsmøtet delt ut til pensjonist Bergfinn Aabø, Oslo. Målprisvinnaren er fødd i 1928 og er frå Stavanger. Han har vore ein sentral person i Juristmållaget over tid. Juristmållaget vart opphavleg skipa i 1934, men aktiviteten låg nede etter nokre få år. Med studenten Bergfinn Aabø i leiarstolen vart laget oppattskipa i 1954. Han sat som leiar i tre år i fyrste omgang. I 1964 kom han inn att som styreleiar, eller formann som det heitte på den tida. Denne gongen sat han i fem år. Då Juristmållaget i 1990 låg nede utan aktivitet, var det han som endå ein gong skulle gje laget nytt liv. Og laget livna til, med prisvinnaren som leiar heilt til 1998, då han var 70 år gamal. Men han gav seg ikkje med innsatsen for Juristmållaget då heller. Han er framleis i dag revisor for Juristmållaget. Og sjølv om han no er 82 år gamal år, har han stilt opp som føredragshaldar på årsmøtet. Fengar Ferdaminni? Dersom ein skal tru dei nærare seksti seminardeltakarane som deltok på «Inderøysommar – Ferdaminne 2010», er svaret eit rungande ja. Leiar Jon Grønlid i Inderøy Mållag har arbeidd med seminaret sidan tidleg i vår, og var strålande nøgd med både seminaret og deltakartalet: – Vi ynskte å markere Ferdaminni, markere nynorsken og ein av dei fyrste nynorskbrukarane. I tillegg ynskte vi å gjere ein innsats for bygda. Eit slikt semina r kan vere med på å gjere Inderøy kjend, i tillegg til å skape positiv merksemd kring nynorsken og litteraturen, fortel Grønlid. Han meiner Ferdaminni er eit jubileum verdt: – Ferdaminni held kanskje på å bli litt gløymt? Det er jo ei nyskapande bok som fortener merksemd, påpeikar leiaren i Inderøy mållag. Inderøy er ein spesiell stoppestad på reiseruta til Vinje. Dette er den aller nordlegaste plassen forfattaren er innom, og han får god omtale i Ferdaminni. Landets fremste Inderøy Mållag hadde sikra seg nokre av dei fremste Vinje-ekspertane i landet til seminaret. Jon Severud kom i vår ut med boka «Ei gjenreise – Ferdaminne etter A. O. MINNEST FERDA: Jon Grønlid, leiar Inderøy Mållag, takkar (frå høgre) Olav Vesaas, Per Egil Hegge, Jon Severud, Foto: Jens Kihl Gunhild Kvernes og Roger Moen for innsatsen på Festkvelden. Vinje», der han går opp litterære og geografiske spor etter boka og forfattaren. Olav Vesaas står bak Vinje-biografien «Ein tankens hærmann». Gunhild Kvernes jaktar på informasjon om Rosa Kjeldset – kvinna Vinje gifte seg med året før han døydde. Inderøyingen Per Egil Hegge har gjort seg mange tankar om Vinje som journalist. Ferdaminni er ein klassikar i den nynorske bokheimen. Vinje kom med denne reiseskildringa i etterkant av reisa til kroninga av Karl IV i Nidarosdomen. Boka er hylla for sine ordtak, uthengingar, dikt, essay og alt anna, og er blitt kalla «den fyrste norske gonzo- journalistikken». Ho blir framleis trekt fram som eit døme på korleis essay skal skrivast. Vinje drog frå Oslo til Eidsvoll, Odalen og aust mot Sverige, opp Østerdalen over Dovre til Orkanger og Trondheim, nord til Inderøy før ein båttur tok Vinje til Romsdalen. Til slutt gjekk ferda ned Gudbrandsdalen før ferda enda heller brått på Hundorp. Viktig for mållaget – Mållaget gjorde opptakta til seminaret, men både Inderøy historie- og museumslag og Nordnorsk pensjonistskole er med. Kommunen har også vore veldig velvillige. Når alle bidreg med litt pengar og litt arbeid, blir det bra, meiner primus motor Grønlid. – Og for andre mållag som gjerne vil ha folk til å kome; kva er løyndomen? – Det har nok litt med marknadsføring å gjere. Vi har samarbeidd med kommunen, ulike seniororganisasjonar og mållag i området. I tillegg er vi veldig stolte av dei gode namna på programmet vårt. Særleg er det spanande å høyre meir om Rosa Kjeldset, som vi veit lite om frå før, meiner Jon Grønlid. JENS KIHL Nytt mållag i Austevoll ! t t i d t e k å r Vi s s p Ting t-skjorta på: www.ilovenynorsk.no Me har alle storleikar for små og store. 10 Denne våren vart Austevoll Mållag starta opp att. Den nyvalde leiaren heiter Eli Kari Algrøy. – Det har vore eit sakn at det ikkje har vore mållag i Austevoll. For ei tid tilbake var det eit aktivt mållag, og då hugsa eg at vi hadde nokre festlege møte, fortel Eli Kari Algrøy. Etter at eit interimstyre i samarbeid med Hordaland Mållag hadde førebudd oppstarten og kalla inn til møte, var laget rett og slett nystifta. – Vi vil starte opp tre grupper som skal ta seg av tre typar oppgåver. Den eine gruppa skal tilby verksemder å hjelpe til med korrektur på nynorske tekstar. Ei gruppe skal samle og ta vare på ord og uttrykk frå austevolldialekten. Den siste gruppa skal arbeide med å by inn til bokbad, seier Eli Kari Algrøy. – Vi samarbeider med eit nytt bakeri som heier Kulturbakeriet. [email protected] Det held til i kjellaren på den gamle prestegarden på Storebø. Det er veldig populært og vi har allereie hatt eitt bokbad saman med Kulturbakeriet, der Einar Økland kom. Det var heilt fullt og kjempepopulært, fortel Eli Kari Algrøy. Det er mykje bruk av bokmål i næringslivet og i kommunen, og det nystarta mållaget meiner dette er viktig å gjere noko med. – Trass i at Austevoll er ein nynorskkommune, er det lett å gå over til bokmål. Det må vi prøve å gjere noko med, seier Eli Kari Algrøy. HEGE LOTHE [email protected] Norsk Tidend rettar I førre nummer trykte me eit bilete som var teke av Mariell Øyre utan at nokon hadde spurd henne om lov. Det var i tillegg feilaktig kreditert. Me seier oss leie for det. NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Ulstein Mållag sende hefta ut til barnehagar. – Eg tenkjer å sende ut heftet til barnehagane i kommunane omkring på Sunnmøre etter kvart, slik at dei veit kva som finst. Dette tenkjer eg å gjere no til hausten, seier han. Torvund Olsen er klar på at ein må få folk til å finne fram til alle dei gode bøkene skrivne på nynorsk. – Dei gode nynorske barnebøkene finst. Det er berre å gjere folk merksame. – Det kjem ut mange kvart år, og mange av dei som kjem ut, vinn prestisjetunge prisar for beste barne- og ungdomsbøker. Både i juryar og blant dei unge sjølv, fortel han. No vonar han at foreldre og born vil finne fram til barnebøkene på nynorsk – som kanskje er betre enn dei på bokmål? Hans-Olav Rise, Vikebladet Vestposten Musikk gjer verda stor Mållaga på Agder nyttar musikarar som ambassadørar for nynorsk i barnehagane. Musikarar er Knut Kjetil Møen og Inger Lise Stulien Robstad pluss eit lite spedbarn som såg dagens ljos for fyrste gong no i april. I september og oktober skal dei tre reise på turne til barnehagar på Agder. Konserten vert gjennomført akustisk, og det er barn frå 3 år og oppover som er målgruppa. Stulien Robstad har hatt fleire song- og bokkveldar i regi av Noregs Mållag og Blåmann Barnebokklubb, for å prøve å motivere born og unge til å lese og syngje meir på nynorsk. Ho har dessutan vitja skular med same opplegg og mål for auga, og ho vart tildelt Målblomen i 2003 av Noregs Mållag for innsatsen for nynorsk songkultur på Agder. På denne barnehageturneen som er sponsa av Mållaga på Agder, tek Knut Kjetil med seg kassegitaren, og Inger Lise kjem til å syngje mange trivelege melodiar frå songheftet Syng sjølv, som barnehagen får eitt eksemplar av inkludert i konserten. Til heftet fylgjer det òg ein gratis cd med songane på, slik at både dei tilsette og ungane kan lære seg dette skikkeleg – sjølv om konserten er ferdig og Inger Lise og Knut Kjetil har reist heim til Evje. Bjørnsonstipendet til Løvåsen – Bjørnsonstipendet 2010 er tildelt ein forfattar det er grunn til å ha betydelege forventningar til. Sigmund Løvåsen har gitt ut tre kritikarroste romanar, og vi ventar i spenning på det som skal kome, sa Randi S. Øgrey, direktør i Bokhandlerforeningen då prisen vart delt ut under Bjørnsonfestivalen i Molde tysdag 31. august. Øgrey la vekt på at årets stipendvinnar er ein stilsikker forteljar som gjennom sine romanar leiar lesaren gjennom eit landskap han kjenner godt. Sigmund Løvåsen (f. 1978) frå Trysil debuterte med romanen Nyryddinga på Samlaget i 2003, ei bok han fekk både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lytternes NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Inger Johanne Sæterbakk Det begynte på ei solseng i kokvarmen på verandaen bak barndomsheimen min. Der eg har vakse opp i ein heilt normal familie med mor, far og to barn. Eg bladde opp på første side og heile føremiddags-P2 forsvann i ein stor jafs og eg merka ikkje eingong at eg høyrde på nyheiter på samisk, for eg var så opphengt. I oppveksten din i eit land som eg òg voks opp i nokre år seinare, men ikkje så mykje seinare, vi hadde framleis ikkje fått mobiltelefon og Internett, og foreldra våre hadde framleis huslån med renta frå helvete. Det heilt normale åttitalet. Det heldt fram på nattoget til Bodø. Mens Trøndelag forsvinn i skumringa, forsvinn side på side med daud og drit. Eg vaknar få timar seinare, går av toget og sit snart på ein kafé og les siste side, mens eg ventar på at den nærmaste bokhandelen skal opne. På ein benk på torget i Bodø er eg i gang med vaksenlivet i Stockholm og snart sit eg på ein båt ut til Helgelandskysten, sjøsjuk, småsur og sogen inn i eit liv som ikkje er mitt. Nok ein gong. Vitja planleggingsdag – Som ein lekk i barnehagekampanjen i Agder, vitja vi Ravnedalen barnehage i Kristiansand på planleggingsdagen deira, fortel skrivar Borghild Løver. – Fyrst innleidde skulemålsskrivar i Noregs Mållag, Ingar Arnøy om bakgrunnen for barnehagekampanjen. Det tyktest som om dei tilsette slett ikkje vart skræmde over å høyre kva ansvar dei har for å bu borna til å bli verkeleg tospråklege. Snarare vart dei nyfikne på dei tankane skulemålsskrivaren la fram om det å føre borna inn i den tospråklege norske skriftkulturen. Dinest la vi fram ei boksamling, og då kasta dei tilsette seg over bøkene. Dei drøfta att og rapport SYNGJE: Inger Lise Stulien Robstad har hatt fleire song- og bokkveldar i regi av Noregs Mållag og Blåmann Barnebokklubb. Foto: inger-lise.no fram kva bøker dei likte, og kva bøker dei ynskte låne frå oss. Vi var der i mindre enn romanpris for. Løvåsen er nestleiar i Den Norske Forfattarforening. Romanen Brakk, som kom i Sigmund Løvåsen 2006, er ein Foto: Tove K. Breistein frittståande oppfølgjar til Nyryddinga. Begge bøkene er omsette til tysk og gitt ut i Sveits. I romanen Mamsell Iversen (2009) viser Løvåsen seg frå ei litt anna side som forfattar. Dette er ei frisk bygdelivsskildring med handling frå slutten av 1800-talet, der den prostituerte vevaren Mamsell Iversen mistenkjer seg sjølv for å ha drepe Pauline Lindstad. Med brå skift mellom burlesk humor og gravalvor vert vi kasta inn i bygdas to timar, men vi trur verknaden kan bli veldig bra, fortel Løver. (Mållaga på Agder) mange historier og møter fleire fargerike karakterar. Bjørnsonstipendet er Bokhandlerforeningens forfatterstipend, oppretta i samarbeid med Den norske Forfatterforening og Bjørnsonfestivalen i Molde. Prisen er på 15 000 kroner. Tidlegare har prisen gått til forfattarar som Karl Ove Knausgård, Johan Harstad, Carl Frode Tiller, Endre Ruset og Gunnhild Øyehaug. Sigrid Moldestad heidra med målpris Folkemusikaren Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord er heidra med målpris for god nynorsk og dialekt i musikken sin. Ho fekk prisen frå Gloppen Mållag. I grunngjevinga blir det lagt vekt på at ho syng på nynorsk, brukar gode lokale ord Sigrid Moldestad Foto: Runar Sandnes og uttrykk, og at ho marknadsfører seg på nynorsk. Sigrid Moldestad fekk målprisen i samband med kyrkjekonserten på Norsk Country Treff i Breim i sommar. – Det er stas å bli sett pris på, og det er kjekt at nokon meiner eg har eit godt språk. Eg er veldig glad i både målforma og målføret mitt. Dei er både poetiske og kraftfulle. For meg er det ikkje eit alternativ å uttrykkje meg på nokon annan måte, seier Sigrid Moldestad til NRK. Eg veke seinare, på veg ned Gudbrandsdalen i ein buss. Vidare til Vågå, i buss. I eit telt i Jotunheimen les eg til nattemørkret stoppar meg. Eg drømmer at eg er deg og vaknar i panikk og er glad når eg finn ut at eg er meg. Eg tar deg med i sekken opp til 1800 m.o.h. Der blir du utkonkurrert av ein som skravlar om ting eg ikkje bryr meg om. Hadde eg vore deg, ville han komme dårleg ut. I bind 6. Heime igjen, nyheitene på samisk summar framleis i bakgrunnen, eg er snart på siste side igjen, sender mor mi på butikken, ho kjem heim med bind 3 og 4. Når eg skal skrive boka om mitt liv er dette sommaren då eg vart hekta på å reise kollektivt. Eg tar bussen fram og tilbake til nærmaste by og held på å glømme å gå av kvar gong. Oppslukt i bind 3. Eg er på grillfest og fortel anekdotar frå livet mitt. Og oppdagar midt inni historia at ho ikkje er mi. Men di. Eg peprar mor mi full med historier frå barndomen din og diskuterer favorittar med vennar. Venninna mi liker bind 4 best, sjefen min 1, 2 og 5, sommargjestane som var innom held seg til 2 og 3. Ein morgon vaknar eg med fylleangst. Din fylleangst. Etter offentleg fest på Senja. Og eg kjenner at det er på tide å ta ein pause. Frå deg, Karl Ove Knausgård. Men tusen takk for no. Sommaren 2010 ville ikkje vore den same utan deg. 11 Om det er eit partal, så gjev eg mest opp med ein gong. Men får eg eit godt oddetal, som t.d. 13 eller 59, så er det full pinne. Slik har det vore i mi tid i Språkrådet òg, full rulle. Sylfest Lomheim Nok no I løpet av sju år i direktørstolen hjå Språkrådet har Sylfest Lomheim gitt norsk språk eit andlet. No er det nok. – EG BESTEMTE MEG allereie då eg byrja i stillinga at eg skulle sitja i sju år. Det måtte vera eit oddetal, og ni år vart for lenge, seier Lomheim. – Kvifor oddetal? – Eg dyrkar irrasjonalitet, og særleg det med tal. Når eg stiller på startstreken i t.d. eit langrennsløp, så må eg ha eit godt oddetal. Om det er eit partal, så gjev eg mest opp med ein gong. Men får eg eit godt oddetal, som t.d. 13 eller 59, så er det full pinne. Slik har det vore i mi tid i Språkrådet òg, full rulle. Men no er det nok. Det er ikkje slik at eg absolutt ville slutta, men eg er hundre prosent sikker på at dette er rett tidspunkt. – Kjem du til å få abstinensar i haust? – Noko anna vil overraska meg. Men eg får vera mann nok til å takla det. Maktfaktor 1. september gjekk Sylfest Lomheim for siste gong ut av dørene på Språkrådet som direktør. 1. oktober tek han til som professor i norsk ved Universitetet i Agder i ei 60 prosent stilling. I løpet av dei åra har Språkrådet gått frå å vera ein kamparena for bokmål og nynorsk, til å bli ein synleg maktfaktor i norsk Språkpolitikk. – Overgangen frå Norsk språkråd til Språkrådet var ei organisatorisk og språkpolitisk endring. Språkrådet er tettare knytt til det politiske. Det går ein akse frå Stortinget, via Kulturdepartementet og til Språkrådet. Kommunikasjonslinja er no tydeleg, ryddig og klår. Norsk språkråd var rett nok statleg finansiert, men meir uavhengig. For å kunna påverka må ein knyta seg til makta. No kan Språkrådet meir seiast å vera eit språkdirektorat. Dette var eit av måla til Bondevik 2-regjeringa, det var Valgerd Svarstad Haugland som starta prosessen, og som tilsette meg. Meir synleg – Og meir synleg? – Departementet og Stortinget ville at rådet skulle bli meir synleg. Det har moglegvis vore den viktigaste oppgåva. Det måtte henda noko. – Har du ei kjensle av å ha lukkast? – Skal eg vera ærleg, så må eg seia ja. 12 Ein skal fylgja dårleg med i det offentlege ordskiftet om ein ikkje har fått med seg at det er eit statleg organ som heiter Språkrådet. Den neste direktøren må jo gjera det på sin måte, og neste fase kan sikkert vera annleis. Men eg trur me har funne ei form som fungerer. – Du har blitt sett på som nynorsken sin mann. Har det vore vanskeleg å balansera mellom dei to språka? – Ikkje i det heile. Somme har hevda at direktøren i Språkrådet må vera språkleg nøytral. Men er det noko direktøren i Språkrådet ikkje skal vera, så er det nøytral. Han eller ho må jo ha hjarte for språk, som eg har for nynorsk. – Er du redd for at han skal forsvinna? – Eg er redd for at norsk kan forsvinna. Dei som ikkje er redde for det, bryr seg ikkje. Framtida til norsk kjem ikkje av seg sjølv. Me må gjera det som er naudsynt for at bokmål og nynorsk skal overleva som funksjonelle skriftspråk, i skulen og i samfunnet. Då må me arbeida kollektivt og politisk. Eg plar å seia: haldningar, haldningar og haldningar. Det er berre å sjå seg rundt i det norske språksamfunnet: er det verkeleg så gode haldningar til dette spørsmålet at me ikkje treng å gjera nokon innsats? Eg meiner det er totalt uansvarleg ikkje å gjera noko. Men eg er ikkje defaitist, eg er politikar. Difor veit eg at framtida ikkje er gitt, framtida er slik me prøver å få henne til å bli. Nynorskfolk må ta ansvar – Det er jo rart at med ein levande språkstrid i gjennom mange år, så er det ikkje større forståing for språkspørsmål enn at Unge Høgre kan ha fritak frå sidemål som ei av sine viktigaste kampsaker. – Eg blir alltid alvorleg når eg kjem inn på dette spørsmålet. Eg tykkjer det er trasig å oppleva både diskrimineringa av nynorsk og at folk prøver å skvisa det minst brukte av dei to språka våre. Dei skulle jammen ha nytta kreftene sine på noko anna. – Der har me problemet: å vera provosert over diskrimineringa, samstundes som me skal syna fram nynorsk som levande og positivt. Korleis skal me balansera det? SYLFEST LOMHEIM Avtroppande direktør etter sju år i Språkrådet, professor i norsk ved UiA frå hausten Tidlegare programmedarbeidar i NRK, var den første som brukte nynorsk i Sportsrevyen i 1969–70, språkkonsulent i NRK 1980–94 og medarbeidar i programposten Språkteigen frå 1990. Han var tilsett ved Agder distriktshøgskole frå 1977 med omsetjingsteori og translatørutdanning som spesialområde og var rektor i perioden 1987–92. I 2003 blei han professor ved Høgskolen i Agder. Var statssekretær i Barne- og familiedepartementet i regjeringa Jagland i 1997. Han har mellom anna utgitt bøkene Skrifta på skjermen (2000), Språkteigen (2002) og Språkreisa (2007). Kjelde: Allkunne.no – Det er berre éi oppskrift for det. Alle nynorskfolk må ta ansvar ved å bruka nynorsk på ein måte som styrkjer han, og ved å bruka snakketøyet. Eg snakkar jo om nynorsk og bokmål i alle moglege samanhengar, og det er ikkje den vidaregåande skulen i Oslo som eg ikkje har vitja. Nokre gonger har Are Kalvø vore med, og det har bestemt vore vitjingar som har vore bra for nynorsken. Det handlar jo om å ta frå folk fordomane, som er haldningar som ikkje er grunna i saklege fakta. Me må dessutan ha politikarane i ryggen, og det har me. Stortinget har gjort alle dei vedtaka som har vore viktige for språkutviklinga i Noreg. Problemet er at dei ulike statsorgana ikkje har vore like flinke til å fylgja opp desse vedtaka. Det har me òg brukt tid på i denne perioden. Må knyta seg til makta – Blir det ikkje då vanskeleg å kritisera makta, når ein er så knytt til henne? Blir det ikkje slik at ein må sjekka oppover for å finna ut kor langt ein kan gå i visse saker? – Ja, det kan du seia. Men eit språkorgan som ikkje er knytt til statsforvaltinga på den måten Språkrådet er, vil ikkje ha nokon påverknadskraft. Staten vil ikkje ha eit organ som dei ikkje kan gje føringar til, det er imot Stortinget sin praksis. Dei opprettar organ, gjev dei midlar og gjev dei føringar. I det perspektivet er ikkje Språkrådet annleis enn andre organ som er knytte til eit departement, t.d. dei ulike direktorata. – Samstundes ligg det jo i føringane frå Stortinget at me skal vera ei vaktbikkje for samfunnet, inkludert staten. Om Språkrådet ikkje kritiserer staten når dei ikkje fylgjer sine eigne vedtak, så gjer ikkje rådet jobben sin. Då Stortinget vedtok Språkmeldinga 28.april 2009, så vedtok dei ein offisiell språkpolitikk for heile samfunnet. Det inkluderer statsforvaltinga, korleis språkpolitikken skal fungera i staten. I det dokumentet ligg mandatet til Språkrådet, og dei skal arbeida for målsetjingane i det dokumentet. Og eg kan lova deg at det er nok å ta tak i når det kjem til staten sjølv. Meir positiv – Det står vel litt om det i Språkstatus 2010. – Det er sant. For fyrste gong brukte me ein heil månad på å skriva ein statusrapport for tilstanden i det norske språksamfunnet. Denne rapporten leverte me til Kulturdepartementet. – Språkstatus skal basera seg på fakta og statistikk, og skal innehalda minst mogleg synsing. Då er det dei vesentlege problemstillingane me ser på, som t.d. undervisingssektoren, språket i forvaltinga og i kultursektoren. Ein slik rapport skal Språkrådet senda til Kulturdepartementet kvart år, og kvart fjerde år skal Kulturdepartementet senda ei språkmelding til Stortinget. Frå no av skal altså Stortinget ha norsk språk oppe til debatt i kvar einaste stortingsperiode. Det betyr at dei må fylgja med på ein annan måte enn før. Og om eg var skeptisk til utviklinga for norsk språk då eg vart tilsett, så er dette ein grunn til at eg er ein tanke meir positiv no. Det politiske medvitet er like viktig som det kollektive medvitet. – Det minner litt om det kapitlet i årsmeldinga til Mållaget som heiter «MålpoNORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Foto: Språkrådet Foto: Språkrådet Foto: Språkrådet Foto: Språkrådet Foto: Bjørn Sigurdsøn/Scanpix Foto: Språkrådet Foto: Bjørn Sigurdsøn/Scanpix KJENT POSITUR: Ein alltid agerande Sylfest Lomheim, med smilet på lur og alltid klar til samarbeid. Her saman med både Elin Aamodt, leiar i artistorganisasjonen Gramart og Finn Bergesen jr., dåverande administrerande direktør i NHO. litiske arbeidsfelt». Det inneheld vel ørlite meir synsing enn kva de tillèt dykk. Men det tek tid, ja. – Utfordringa er vel den same for dykk, at dette arbeidet ikkje må ta for mykje tid. Det hadde ikkje vore noko problem å sysselsetja heile staben på Språkrådet i eit heilt år med å laga ein tjukk og gjennomarbeidd rapport. Men det skal ikkje gå for mykje ut over andre arbeidsoppgåver. – Det er vel litt avslørande med slike dokument. Det er jo fort å sjå at ein burde ha gjort meir på visse område. – Ja, og det skal ein ikkje vera redd for. Ein skal ikkje gøyma vekk noko eller pynta på situasjonen på nokon måte. Er det svart hol der innsatsen ikkje har vore god nok, så skal Språkrådet skriva det. Ein indirekte kritikk av seg sjølve, område der dei ikkje har fått det til og moglegvis feila. Den viktigaste funksjonen til Språkstatus er å informera om korleis det språkleg står til i Noreg. Men om det blir nytta intelligent, så vil det vera eit godt grunnlag for Språkrådet sine strategiske vurderingar. NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Eit hav av oppgåver – Betyr dette at Mållaget kan sleppa nokre ballar, i vissa om at Språkrådet tek tak i dei? – Ja, til dømes er det heilt feil at det er Mållaget som skal sjekka om staten greier å gje nynorskelevane skulebøker som dei har rett på. Mållaget gjer ein god jobb på dette feltet, men det skal jo ikkje vera slik. Språkrådet har rett til, og skal leggja seg opp i korleis det blir undervist i norskfaget. Utdanningsdirektoratet skal informera Språkrådet når det blir diskusjon om korleis det blir undervist i norskfaget i skulen. Språkrådet har rett til å leggja seg opp i alle problemstillingar som det meiner er relevant for arbeidsfeltet sitt, og det inkluderer t.d. momsfritaket til avisene, bokdistribusjon og norskspråklege leksikon. – Då blir det vel ei utfordring å velja sine kampar? – Å ja, det er eit hav å ta av. Språkrådet må velja dei frontavsnitta som dei finn strategisk rett. Og eg har meint heile vegen at haldningar er det viktigaste, og det kan igjen brytast ned til mindre saksfelt. Til dømes har me snakka mykje om barnehagar, og ynskjer at ungar skal bli medvitne om språk heilt frå starten av. Og når dei så endar opp på universitetet, skal det ikkje vera tvil om kva haldning dei har til språk. Det skal ikkje vera ei ny problemstilling for dei. – Er det haldningar som har endra seg i positiv lei?` – Norsk populærmusikk. Eg vil kanskje ikkje seia at det er Språkrådet si forteneste. Me har samarbeidd med GramArt, og me har gjennomført undersøkingar som syner at det er fleire popartistar som innser at det er økonomisk meir interessant å syngja på norsk og særleg dialekt. Det er ei endring som har kome no på totusentalet. Haldningsendringa har vore merkande. Universiteta må skjerpa seg – Og i negativ lei? – Eg er vel ikkje så imponert over utviklinga på universiteta. Det er rett å prøva å hevda seg internasjonalt, og å publisera på andre språk enn norsk. Men om det fører til at norsk fagspråk på sentrale område blir neglisjert, då er det ikkje like smart tenkt. I alle fall ikkje om dei ser på seg sjølve som aktørar med samfunnsansvar. Det norske samfunnet blir svekt i den globale konkurransen om me ikkje er eit funksjonelt språksamfunn på heimebane. Målet innan forsking og høgare utdanning må sjølvsagt vera å vera best mogleg i framandspråk, men samstundes må ein greia å halda opp norsk fagspråk på sentrale område. Ein må greia å gjera to ting samstundes. – Du kjem ikkje til å sakna ordskifta om neger, nordmann og motemolo? – Det ordskiftet lærde eg mykje av, men du verden kor lei eg vart. Der opplevde eg, som sikkert andre som er med i offentlege ordskifte, at det vart fordummande og enkelt. Men motemolo er jo eit godt ord. Og ikkje gløym suksessen minnepinne i staden for memory stick. Det er eit godt døme på at det norske ordet vart betre enn det originale. Så det er håp, ja. KJARTAN HELLEVE [email protected] 13 Høge tindar, djupe Ein jury av 180 niandeklassingar kåra i vår Landet under isen av Lars Mæhle til den beste barne- og ungdomsboka i 2009. Kulturrådet ville i utgangspunktet ikkje kjøpe ho inn. DET VAR IKKJE den fyrste utmerkinga boka fekk. I mars fekk Mæhle Kulturdepartementets pris for beste barne- og ungdomsbok i 2009 for boka Landet under isen. – Heilt sidan ein byrja å snakke om den såkalla fantasybylgja innan barne- og ungdomslitteraturen, har den store norske fantasyromanen vore etterlyst. No tør me påstå at han har kome, sa juryleiar Silje Hernæs Linhart under prisutdelinga i Nasjonalbiblioteket. Berre dagar seinare fekk Lars Mæhle altså vite at same boka var innstilt til nulling av Kulturrådet. – I dei dagane var det både høge tindar og djupe dalar. – Avgjerda i Kulturrådet vart anka av Samlaget og ankeutvalet gjekk inn for å kjøpe, så det ordna jo seg til slutt. – Var du innstilt på at boka kunne bli nulla? – Nei, det hadde eg aldri drøymt om. Ikkje med den boka, i alle fall. Det er vanskeleg for meg å skjøne kva utvalet tenkte på, og det einaste eg kan kome på, er vel at det er ei fantasy-bok. Kan hende ligg det ein sjanger-arroganse bak, at dei tenkte boka ville selje seg sjølv og at ho difor ikkje trong å bli kjøpt inn. Før Landet under isen vart nominert til Bragepris i fjor haust, var det berre Aftenposten som hadde meldt boka. Med nomineringa og Kulturdepartementets pris, vart boka synlegare og salstala gjekk opp. Til no er det seld om lag 3000 utgåver, i tillegg til eit visst sal gjennom Barnas Bokklubb. Det er rekord for Mæhle. – Som forfattar av nynorske barne- og ungdomsbøker, så har ein ikkje dei største forventingane til sal, særleg ikkje med ei bok på 550 sider. Men no har det jo gått veldig bra. – Boka di kom samstundes med ei anna populær nynorsk barne- bok, Tonje Glimmerdal. Utan den hadde det vel kanskje blitt endå fleire utmerkingar på deg? – Tonje Glimmerdal er ei veldig god bok, og ho fortener alle prisar ho kan få, moglegvis inkludert den eg fekk frå Kulturdepartementet. – Eg er glad for den heideren eg har fått, men det kjekkaste var UPrisen som eg fekk utdelt på Lillehammer. UPrisen er Foreningen !les sin ungdomspris. Juryen er 180 niandeklassingar frå sju ungdomskular, frå Nordland til Aust-Agder. Fem bøker blir nominerte, og elevane skal røyste fram den boka dei tykte var best. Den er ungdomane sin eigen pris, og når målgruppa for boka mi gjev meg den, så er det mest uråd å få ein betre kompliment, seier Leif Mæhle. Mellom univers Landet under isen skil seg frå dei bøkene han har skrive tidlegare. Bøkene om Harry og Ivar er velkjende, det same er dei fem bøkene om Knoterud FK som har kome i Leseløve-serien. I tillegg har han skrive fleire romanar for ungdom, der debutboka Keeperen til Tunisa er den mest kjende. Landet under isen er noko heilt anna. – Eg har jo skrive mykje humoristiske bøker, og sjølv om det er vanskeleg nok, så har dette vore ei større utfordring. Eg brukar jo dei tre verdsreligionane som eit bakteppe for ei krimforteljing og ei parallell verd, så det er ei mykje meir komplisert forteljing. To gonger tidlegare har eg prøvd meg på denne boka utan å få det til. Når eg så fekk eit stipend, greidde eg å få tid og energi til å kome meg gjennom historia, men eg var framleis usikker på om eg skulle greie å lande trygt på beina. – Det må vere vanskeleg å halde seg unna dei verste klisjeane når ein skriv ei fantasy-bok? LARS MÆHLE ◆ Frå Nordmøre, bur i Oslo ◆ Har skrive meir enn ti bøker for barn og unge, mellom dei Keeperen frå Tunisia, bøkene om Harry og Ivar og serien om Knoterud FK. ◆ Fantasy-romanen Landet under isen (2009) vart nominert til Bragepris, vann Kulturdepartementets pris for beste barne- og ungdomsbok i 2009 og UPrisen 2010 for beste ungdomsbok. ◆ Keeperen frå Tunisia er filmatisert, har fått tittelen Keeperen til Liverpool og kjem på kino i oktober. uansett, men på barnesteget er dei veldig direkte. Når eg les om morosame episodar, slap-stick og slikt, så humrar dei litt. Men om eg les frå ei Harry og Ivar-bok, og Ivar har på seg ein snurrebart, då kan dei godt skogg-le i fem minutt. Det er slike detaljar som eg ikkje skjøna var viktig for ungane. No har eg jo blitt meir medviten på slikt, både korleis dei ser ut, kva dei har på seg og korleis dei rører seg. – Kva med dine eigne ungar? – Eg har prøvd litt på femåringen, men utan suksess. – Kva bok var det? – Det var ei av lettlesbøkene, den om Krølle-Knut. Men det var uaktuelt. «Å nei, ikkje den!» Ho er kanskje litt for ung enno. Ikkje faneberar – Samstundes skal ein jo vere tru mot sjangeren, så visse element må jo vere med. Originaliteten må kome i tillegg, og i mitt tilfelle så var det jo blandinga mellom fantasy og krim. I tillegg søkte eg originalitet gjennom komposisjonen. I ei vanleg krimforteljing fylgjer ein ofte utviklinga i saka kronologisk, medan denne boka hoppar meir, både i tid og mellom dei ulike universa. – Ikkje dumme – Var du redd for at det ville bli for komplisert for lesarane dine? – Nei, i grunnen ikkje. Ungdomar er ikkje dumme, og dei har sett og lese slike springande historier før, særleg gjennom film. Det at eg sjonglerer med tidsplanen, er ikkje noko problem for dei. – Korleis veit du kvar grensa går? – På denne boka har eg faktisk hatt to ungdomskonsulentar, dottera og sonen til ein kollega på Gyldendal. Dei er godt opplesne på sjangeren, og var til god hjelp når alt skulle strukturerast. Etter at eg hadde levert inn fyrste utgåva av manus, så vart det mykje omarbeiding og omstokking. Då var dei gode å ha. – Du merkar vel kva som fungerer når du les opp for ungar. – Ja, det er kjemperart. Ungdomsskuleelevar sit stort sett i ro – Eg har lagt merke til at bøkene om Knoterud FK kjem både på nynorsk og bokmål. Eg reknar med det er det er du som har pressa gjennom det? – Det er det ikkje. Det var Cappelen Damm som sjølv kom og spurde om det. Eg hadde jo i utgangspunktet skrive boka på bokmål, men tykkjer sjølvsagt at det berre er flott at ho kjem ut på båe språka. Dette er jo ikkje spesielt for mine bøker, dei har jo gjort det same med Hans Sande sine Leseløve-bøker. Eg har ikkje nokon agenda for nynorsk. Det viktigaste for meg er at eg tykkjer det er det finaste språket, med mest musikalitet og heilt klårt det som fungerer best for meg som forfattar. – Men møter du ikkje fordomar? – Eg møter forbausande lite fordomar når eg reiser rundt og les for ungdomar. Om det er nokon som reagerer, så er det i så fall vaksne. I Oslo har eg jo opplevd lærarar som seier «Oi! Skriv du på nynorsk? Det visste me ikkje då me bestilte deg». Og så har eg møtt lærar som medvite tingar meg, slik at det er andre enn dei sjølve som kan argumentere for kvifor nynorsk er bra. Men eg vil ikkje vere nokon faneberar, og kome med politiske argument. Min jobb er å skrive spanande bøker og på den måten få fleire til å lese nynorsk. e dalar Ungdommar er ikkje dumme. Det at eg sjonglerer med tidsplanen, er ikkje noko problem for dei. Lars Mæhle – Då blir du vel ein slags faneberar likevel? – Eg blir vel det. Må gripe høvet – I sommar har det vore eit ordskifte om den kjønnsdelte barnekulturen, at jenter skal vere rosa prinsesser og gutane blå racerbilkøyrarar. Har du heist nokon fane der? – Eg tenkjer ikkje anten gutar eller jenter. Men med eit par av ungdomsbøkene har eg prøvd å skildre korleis gutar kan vere harde på utsida og samstundes mjuke på innsida. Særleg i boka Harry Houdinis elefant der eg skildrar eit rimeleg tøft fotballmiljø, der det blir snakka tøft og hardt, men at det ligg andre ting under. Det kraftige språket gjorde jo at den boka vart trekt fram som eit døme på bannskap i ungdomsbøker, men eg følte det urettferdig. Eg ville jo skildre kor sårbar ein er under, det var jo det viktigaste for meg. – Er ikkje det typisk for korleis ein skriv om barnelitteratur i media? – Det er jo mykje dei same ordskifta som dukkar opp, og det går ofte i om det er for mykje bannskap og sex i barnebøker eller nulling av bøker. Men det er jo ein gong slik det fungerer, og det nyttar ikkje berre å stå på sidelinja å grine. Eg har i alle fall ikkje lyst til å vere med i noko hylekor. – Somme etterlyser fleire meldingar og merksemd? – Eg vil gjerne lese meir om barne- og ungdomslitteratur i avisene, men samstundes må ein jo gripe dei høva ein har til å syne seg fram, som til dømes å reise og vitje skuleklassar. Slike ting kan ein jo styre sjølv. Forfattarar som Illustrasjon: Kjartan Helleve Ingelinn Røssland og Arne Svingen har turnert veldig mykje, og det har lyft forfattarskapen deira fram, og bygd opp ei interesse rundt bøkene. – Ein kan ikkje skride til dette med for høge ambisjonar. Det viktigaste er at ein tolmodig, utan at det er garanti for suksess, at det går bra til slutt. I Maria Parr sitt tilfelle så gjorde ho det jo bra frå starten av, og det er av di ho skriv gode bøker. Samstundes kan det vere andre som skriv gode bøker, men som ikkje får noka merksemd eller sal av den grunn. – Og brått får ein boka si nulla av Kulturrådet. – Ja, ikkje sant. – Kjem det meir fantasy frå deg? Ein oppfylgjar? – Eg har ingen konkrete planar om det, men boka er ikkje meir lukka enn at kan eg bruke personar og miljø ein gong til. Men med små ungar, så kvir ein seg for å gje seg i kast med eit slikt svært prosjekt. – Hm. – Men kva med havet? – Havet? – Ja, du inviterte meg til ein samtale om litteraturen, livet og havet. Og så langt har me vel snakka mest om litteratur, litt om livet, men ingenting om havet. – Orsak. Er havet viktig for deg? – Nei. Eg har ikkje eingong lese Moby Dick. Men Robinson Crusoe, som vel handlar litt om havet. – Kva med 'Mytteriet på Bounty'? – Den har eg òg faktisk lese. – Ok. Er du nøgd då? – Ja, då er det bra. KJARTAN HELLEVE [email protected] Kven manglar? VERV TO OG FÅ EIN SPESIALKOPP! VERV MEST OG VINN EI REISE TIL 10 000 KRONER!* Vil bli fleire! Det er over 10 000 medlemer i Noregs Mållag, og vi vil gjerne bli fleire. Du veit sikkert om folk som burde ha vore med, men som av ulike grunnar ikkje er det. No vil vi at du sender namna på desse folka inn til oss. Vi sender så ut eit hyggjeleg brev, der det står at du tykkjer at personen bør melde seg inn. Melder ho eller han seg inn, vankar det vervepremie til deg. til oss. Hugs namn, adresse og e-post, i tillegg til ditt eige namn og adresse. Send ein e-post til [email protected] Kvar medlem som sender inn minst eitt namn får eit refleksband! Vervepremiar Det er mange grunnar til å vere med i Mållaget. Her er nokre av dei: Noregs Mållag arbeider for rettane til nynorskbrukarane arbeider for språkleg mangfald er ein aktiv kulturorganisasjon er eit ryggstø for nynorsk og dialektbruk • • • • Praktisk Ein medlemskap kostar kr 200,-. Då får du tilsendt medlemsavisa Norsk Tidend fem gonger i året, og høve til å vere med i målarbeidet. Året etter innmelding kostar medlemskapen kr 280,- pluss eventuell lokal- og fylkeslagssats. Tilbodet gjeld for nye medlemer. Bruk flygebladet som er vedlagt denne avisa eller du kan sende oss e-post med tips om namn direkte (Desse premiane får du fyrst når dei nye medlemene har betalt.) For kvar andre nye medlem du vervar, får du anten ein spesiallaga kopp med Aasen-sitatet: ”Det endaa koma kann den Dag, daa Retten fram kann sleppa” eller boka Viljen til språk av Ottar Grepstad. Den som vervar mest i kvart fylke (men meir enn fem medlemer) får ein spesiallaga kopp med teksten «Beste vervaren i fylket». Den som vervar flest innan 1. november vinn eit reisegåvekort til kr 10 000,-. Den som vervar nest flest får eit reisegåvekort til kr. 7000,- og den som vervar tredje flest får eit reisegåvekort til kr 4000,Desse premiane vert sende ut etter 1. november, så vi kan sjå kven av dei nyverva som har betalt. * Frist 1. november nmu Janne-Kristin Svarstad Nygård I VINDEN: NMU i aksjon over heile landet: Bergen (Foto:Odin Hørthe Omdal), Stavanger (Foto: ) Maria Svendsen og Oslo (Foto: Tina Fuskanger). Skulestart på aksjonistvis Over store delar av landet har lokallaga i Norsk Målungdom aksjonert dei siste vekene. Studentmållaget i Bergen var først ute, tett følgt av Kongsgård Elevmållag i Stavanger. Seinare følgde Bergen Målungdom, som var på to skular, Studentmållaget i Oslo, Asker og Bærum Målungdom, Firda Målungdom og målungdomar i Ålesund og på Høgskulen i Volda. Utsendingar frå sentralstyret var på besøk på dei fleste aksjonane, og aksjonerte dessutan i Arna og på Voss. Studentmållaget i Nidaros aksjonerte på ein annan måte: dei sende inn eit lesarbrev til studentavisa. Det er tid for skulestart på skulane og universiteta i landet. Nye og gamle elevar og studentar vandrar nye og gamle skule- vegar på veg til kvardagen. Ofte er det ein kvardag der dei ser lite nynorsk rundt seg. Det vil dei gjere noko med. For leiar i Bergen Målungdom, Kristoffer Lim Ersland, var det fint å vere to på aksjon. Han hadde med seg hjelp frå Studentmållaget i Bergen. – Eg visste at eg hadde støtte for det eg sa. Han la vekt på rettane til nynorskbrukarane då han aksjonerte. – Folk kan vere for eller mot sidemål, men dei er alltid samde i at rettar må følgjast. – Utan aksjonar kjem me ingen veg, seier Janne Nygård, leiar i Norsk Målungdom. – Det er berre dersom folket er med, at me oppnår det me vil. TONE ROSSOW [email protected] På tide med nynorsk i nettavisene Når kjøpte du sist papirutgåva av VG, Dagbladet eller Aftenposten for å lese nyhende? For meg og dei fleste andre som har vakse opp med Internett som ein naturleg del av kvardagen, vil nok svaret vere: Hugsar ikkje. Men når las du sist VG, Dagbladet eller Aftenposten på nett? Altfor ofte. For meg er svaret opp til fleire gonger kvar dag. Om det skjer noko spanande i nyhendebiletet kjøper ein ikkje lenger dei riksdekkjande dagsavisene dagen etter, men går med ein gong på nettet for å lese ferske, oppdaterte nyhende. Og papiravisene slit med salstala. Vi lever i eit skriftsamfunn, og ungdom har aldri lese så mykje som i dag. Sjølv dei som ikkje les bøker eller papiraviser, vert dusja ned kvar dag av nettavisartiklar og tekst frå andre internettmedia. Mange av desse er nynorskbrukarar som nesten ikkje får sett språket sitt. DEBUTANTAR: Åtte forfattarar debuterer med vaksenbok på Samlaget i haust. Frå venstre: Sindre Ekrheim, Ingvild Holvik (framme), Kristin Sørsdal (bak), Terje Tørrisplass, Berit Rødstøl (framme), Ragnhild Kolden (bak), Aina Basso og Atle Berge. Foto: Samlaget – Nynorsk skremmer ikkje lesarane – Alle riksaviser bør innsjå at nynorsk kan leve side om side med bokmål. nande forfattarar, tidsskrift og pris til sjølve forlaget i form av U-prisen, ein pris dei fekk for tredje gong. Det var oppmodinga frå forlagsdirektør i Samlaget Tove Lie under lanseringa av den 143. haustlista til Samlaget. – Det blir ingen lesarstorm av nynorsk. Det veit eg som tidlegare avisredaktør, sa forlagsdirektør Tove Lie under haustlanseringa ved Det Norske Teatret. Bakteppe var den nye boka til Ottar Grepstad om utviklinga av nynorskavisene. – Å byte ut «børsspekulant» med «pengepugar» ville bli reine ord for pengane, sa Lie og oppmoda med det Dagens Næringsliv og fleire andre riksaviser til å ta inn nynorsken og sleppe han laus. Og Samlaget kunne vise til suksesstal for fjoråret. I tillegg rapporterte dei om prisvin- Forlagsdirektøren nøydde seg ikkje berre med å sparke til riksavisene. Ho nytta også høve til å slå eit slag for e-bøkene. – Å krevje moms for e-bøker er ikkje ei klok avgjerd, sa Lie. Ho meiner dette kan tvinge bokbransjen til å flagge ut ebok-satsinga for å kunne konkurrere med utanlandske ebøker som allereie blir selde i Noreg utan moms. – Det er ikkje på denne måten vi vil kunne halde fram med å vere det beste boklandet i verda. Høyrer du, kulturminister Huitfeldt? NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Spark til regjeringa Elleve debutantar Forlagssjef Margit Walsø presenterte haustlista, ei liste med heile elleve debutantar. – Me har særs varierte debutantar dette året. Dei har skrive alt frå romanar, lyrikk og barnebøker, sa Walsø til Nynorsk pressekontor. Ein av dei, Aina Basso, las høgt frå boka «Fange 59. Taterpige». Ho har skrive ein 1700-talsroman med handling frå Trondheim. Samlaget karakteriserer Basso som ei komande stjerne i den norske litteraturverda, og romanen hennar er skrive i det dei kallar «eit visuelt og poetisk» språk. Ein annan debutroman som fekk merksemd var «Lykkefeltet» av Ingvild Holvik. Forlagssjef Margit Walsø sa at ingen skriv romanar om å bli vaksen som denne forfattaren. Mellom anna har kritikarar sagt at «romanen gneistrar». – «Lykkefeltet» er viktig samtidslitteratur, sa Walsø. Dei gir også ut fleire diktbøker. Mellom anna har Cornelius Jakhelln for første gong skrive ei diktsamling på høgnorsk, inspirert av mellom andre Olav Aukrust, Aasmund Olavsson Vinje og Håvamål. Men handlinga er lagt til vår tid, i Paris, i Roma, Berlin og Setesdal. Suksess med omsette bøker Samlaget kjem til å halde fram med å gi ut omsette bøker, noko dei har hatt stor suksess med. I år er det særskilt den danske forfattaren Pia Juul som får merksemd. Ho er ein samtidspoet og kortprosaforfattar, men har no skrive romanen «Mordet på Halland». – Ein kritikar har sagt at denne boka bør fortærast med kniv og gaffel over heile landet av alle som er mette på krim, sa Walsø og fortalde at boka har fått den største litterære prisen i Danmark. TONE GULLAKSEN/NPK For å lære eit språk må ein sjå det i bruk, men kvar gong ein norsk ungdom klikkar seg inn på ei nettavis vert han eller ho frårøva sjansen til å lære litt nynorsk. Dei riksdekkjande dagsavisene lid diverre enno under eit frykteleg forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Nynorskbrukarar er like mykje forbrukarar som bokmålsbrukarar, og vi fortener i like stor grad som andre å sjå språket vårt i bruk. Dessutan ville det utvilsamt gjort sidemålsopplæringa lettare for dei med nynorsk som sidemål, om dei fekk sett språket andre stader enn i Tarjei Vesaas-romanar. Vi har freista få nynorsken inn i dei nemnde avisene før utan å nå målet. Kampanjen Slepp nynorsken til! frå 2005 var velregissert og vellukka på mange måtar, men avisredaktørane rikka seg likevel ikkje. Eg trur at mange av argumenta avisfolka kom med den gongen mot nynorsk i avisa, ikkje er like gyldige når ein overfører dei frå papiravisa til nettavisa. Norsk Målungdom skal denne hausten arbeide hardt for å få oppheva forbodet mot nynorsk i nettavisene. Av di det er viktig at nynorsken vert meir synleg i det offentlege, av di nynorskbrukarar fortener å sjå språket sitt der dei er og av di det er på tide. 17 – Dei danske dialektane er døde, påstår professor Tore Kristiansen ved Københavns Universitet. Berre variantar av køb og her snakkar alle københavnsk, alt anna er utenkjeleg. Så det er fleire faktorar som forklarar kvifor dei to tiåra er katastrofale, sett frå eit dialektsynspunkt. – Men alle desse faktorane du nemner, har me òg i Noreg på same tid ... – Ja, det har me, og det er interessant! Også på andre område som kan målast, som urbanisering og geografisk og sosial mobilitet, er Noreg og Danmark mykje meir like enn ulike. Men på eitt punkt er dei forskjellige, det har med ideologi å gjere, og det kjem til uttrykk tre plassar. I skulen: I Noreg har det sidan 1878 vore forbode for lærarar å rette i elevane sitt talespråk; lærarane har vore forplikta til å snakke slik som ungane, ikkje omvendt. I media: Du kan ikkje slå på radio eller tv i Noreg utan å høyre ein masse språkleg variasjon, og det har berre vorte meir og meir. Media kan brukast forskjellig; til einsretting som her i landet, eller til støtte for mangfald og variasjon som i Noreg. Og i rettskrivinga: Den einaste fasiten folk har for korleis ein uttalar ord, er rettskrivinga. Ein kan høyre folk vise til skrivemåten når dei er ueinige om korleis eit ord skal uttalast. Trass i at forskjellane mellom skrive- og uttalemåte er enorm i dansk, der er dei snart på nivå med engelsk. DANMARK FØR EG FLYTTE til Danmark for femten år sidan, hadde eg både forelska meg i ei dansk jente og i det danske språket. Forelskinga i jenta gjekk over, men språket kan framleis gi meg sommarfuglar i magen. For meg er det noko arkaisk, danna og elegant over dansk. Skriftspråket, altså. Eg treng ei antonymordbok for å beskrive det danske talespråket. Men eg likar det òg. Dei to uttrykka er så ulike og gir meg så forskjellige kjensler og assosiasjonar, at det kan verke rart at dei er i slekt. Det er to heilt forskjellige verder, som eg elskar av heilt forskjellige grunnar, og det kjennest som reint tilfelle og flaks at eg finn begge i det same landet. I Danmark slo me oss ned i kjærastens heimby, Aalborg i Nordjylland. Eg begynte å snakke jeg-språk for å gjere meg forstått, for eg var for språkleg forfengeleg til å dumme meg ut på elendig dansk. I staden begynte eg å studere språket på Aalborg Universitet. Jydane sitt forhold til eige talespråk overraska meg mykje. Eg møtte svært få som kalla det dialekt; dei fleste kalla det jysk aksent, altså eit avvik frå riksdansk. Eg prøvde å overbevise dei om at dei hadde ein dialekt, men no kjem altså denne professoren og påstår at eg har tatt feil heile tida. Sosial avstand avgjerande Fyrste sidan Holberg Tore Kristiansen er ein av dei store autoritetane innan dansk dialektforsking og sosiolingvistikk, og han er nordmann. Eg besøkjer han på Københavns Universitet der han er den andre nordmannen som har vorte utnemnd til professor i dansk, den fyrste var Ludvig Holberg for to hundre år sidan. Me snakkar norsk med kvarandre, men eit professorat og fagleg tyngd er tydelegvis ingen garanti mot språkforvirring; som så mange andre nordmenn i Danmark, snakkar Kristiansen norsk med tidvis kraftig dansk tonefall, hyppig bruk av danske ord og setningskonstruksjonar – og ein og annan tjukk austlandsk l. – Dei danske dialektane døydde ein gong mellom 1960 og 1980. Så det er kanskje meir rett å seie at eg forskar på variasjonar i moderne dansk talespråk. Hovudoppgåva mi er å beskrive og forklare korleis Danmark vart radikalt endra frå tradisjonelt dialektsamfunn til eit einsarta standardspråksamfunn. Danmark er truleg det mest einsarta språksamfunnet som finst i verda i dag. Kristiansen fortel at det skjedde noko radikalt i seksti- og syttiåra, då dei unge rundt i lokalsamfunna slutta med å overta språket til dei tidlegare generasjonane. Det var dels foreldra si eiga skuld, dei ville ikkje overføre dialekten til ungane, og ungane ville ikkje ta over foreldras dialekt. Men å erklære dei danske dialektane døde 18 RIKSDANSK: I det danske offentlege rommet er det sjølvsagt at ein snakkar så godt riksdansk Foto: Nicolai Perjesi/VisitDenmark som ein kan, og det vil i dag seie meir eller mindre københavnsk. høyrest likevel brutalt ut for meg. – Tar du litt hardt i? Eg høyrer jo framleis forskjell på folk frå Sjælland og Jylland. – Du høyrer forskjell fordi det er tre prosodiske faktorar som lever vidare hos dei unge i landet: intonasjon, trykk og støyt. Men bortsett frå dei, er det ingenting igjen av det som var særtrekka med dialektane. Og det finst ungar i dag, til dømes i Sønderjylland eller på Bornholm, som tileignar seg noko som liknar på den tradisjonelle dialekten, som dei kan bruke når dei snakkar med besteforeldra sine. Men det finst ikkje barne- og ungdomsmiljø som fungerer på dialekt, så i den forstand er det ikkje eit funksjonelt språk lenger. Ein føresetnad for at eit språk skal kunne leve, er at det vert vidareført som bruksspråk av dei nye generasjonane. Københavnsk – Kvifor skjer dette? – Det skjer svært mykje på alle område i samfunnet i løpet av desse tjue åra. Mange får mykje lengre utdanning, kvinnene kjem ut på arbeidsmarknaden, og i Danmark har me ein endå betre utbygd barnehagesektor enn i Noreg, så alle kjem i institusjon frå dei er heilt små. Her, og i det offentlege rom i det heile tatt, er det sjølvsagt at ein snakkar så godt riksdansk som ein kan, og det vil i dag seie meir eller mindre københavnsk. Men den aller viktigaste grunnen er at alle får fjernsyn, Skulen, media og rettskrivinga er ifølgje Kristiansen tre institusjonar der Danmark og Noreg fungerar diametralt motsett. Dei danske verkar einsrettande og uniformerande, dei norske understøttar mangfald. – Men det er vel andre ting enn institusjonar som har verka inn? Den tidlege språkhistoria er òg ulik i dei to landa, der me i Noreg har hatt mange fleire dialektar, noko som igjen heng i hop med geografi. – Det er faktisk ikkje rett. Tidlegare har Danmark vore minst like dialektoppsplitta som Noreg, så denne store forskjellen er noko nytt, det er noko som har skjedd i vår tid. – Dette er ei stor overrasking for meg. Er ikkje dei store geografiske avstandane avgjerande for dialektmangfaldet i Noreg? – Geografiske avstandar treng ikkje å bety dialektgrenser. Når det gjeld språkvariasjonane som oppstod i industrisamfunn i byane, det ein kan kalle sosiolektar, så snakka gruppene forskjellig sjølv om ein budde i same by og møttest kvar dag, men her var den sosiale avstanden avgjerande. Og vatn har som regel vore meir samlande enn skiljande. Der er til dømes mange fellestrekk mellom språket i København og i Skåne, og det er òg grunnen til at me har den bløde kyststribe på Sørlandet, for der har vore kontakt over sjøen til Danmark. Sjokkerande Då den tjuefire år gamle Tore kom til København i 1974, var han ein radikal og idealistisk språkstudent som snakka SUFNORSK TIDEND NR. 4 – 2010 enhavnsk SLUTTA: Ein føresetnad for at eit språk skal kunne leve, er at det vert vidareført som bruksspråk av dei nye generasjonane. Det skjer ikkje med dialektane i Danmark, seier Tore Kristiansen. Foto: Helge Sandøy mål. Møtet med det danske språkklimaet var eit stort sjokk. – Eg kom frå eit Noreg som den gongen var inne i ei dialektbølgje, målrørsla stod sterkt, me var nettopp ferdige med kampen mot EEC, og alle hadde funne ut at å slåst om skriftspråksformer var nyttelaust viss du ikkje innsåg korleis språket hang saman med det økonomiske og det kulturelle – det politiske. Så kjem eg til eit samfunn som er fullstendig bevisstlaust omkring denne problematikken, og der det er OK for programleiarar i fjernsynet å smile ironisk og nedlatande når ein hadde høyrt ein vestjysk fiskar uttale seg om noko – for ikkje å snakke om at dei vart teksta, og vert det enno! Det var verkeleg sjokkerande, og når eg tok det opp med dialektkollegaer, syntes dei at eg var merkeleg. Det ville ikkje fungere annleis, meinte dei. Og det er jo sant, for danskane er ikkje vande med å høyre språk som er annleis enn københavnsk i offentlegheita. Tale og skrift Då den tjuetre år gamle Runar kom til Aalborg i 1995, var altså dialektane allereie døde. Men dei aller dummaste og mest einfaldige karakterane i teiknefilmar var alltid dubba med jysk prosodi. Det var ikkje så sjarmerande. Det mest sjokkerande for meg var likevel at sjølv mitt velartikulerte munnlege bokmål var vanskeleg å forstå for mange – og vart oppfatta som svensk av alle. Kvifor er danskane så elendig til å forstå oss? Eller er det berre me som er uvanleg flinke til å forstå dei? – Dette har faktisk òg noko med institusjonen rettskriving å gjere. Dels fordi me i Noreg har to skriftspråk med rettskrivingar som ligg nær kvarandre, men især fordi me innanfor begge har høve til å skrive ord på forskjellige måtar, og me har mellom anna bøyingsendingar som speglar ulike system i dialektane. Elevar her i Danmark, og stort sett i heile verda, lærer at der er eit 1:1-forhold mellom korleis du skriv og snakkar, og ein har ingen valalternativ. I Noreg kan du ikkje NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 gå gjennom skulen utan å lære ein masse om dei talespråklege variasjonane i landet, og ikkje minst, du lærer at tale og skrift er to forskjellige ting. Dette er avgjerande for å få eit ope og tolerant forhold til, og ei djupare forståing av språk. Det gjer òg at nordmenn er dei beste i Norden til å forstå dei andre nordiske språka. For norske språkbevisste folk er det ein populær hobby å riste oppgitt på hovudet over alle dei engelske låneorda i dansk. Men igjen avlivar Tore Kristiansen ei seigliva myte: Kristiansen var ein del av det samnordiske forskingsprosjektet «Moderne importord i Norden» som har presentert resultata sine i ei rekkje bøker dei siste åra. Dei har mellom anna sett på bruken av engelske ord i aviser i 1975 og 2000. – Det er norske aviser som har flest importord, mens Danmark er på andreplass, og Noreg har den klart største stigninga frå 1975. Mange danskar ler jo litt av at Noreg, og især Færøyane og Island synest det er så viktig å lage avløysarord og lage kampanjar og utlyse konkurransar for å engasjere folk. Men danskane er faktisk betre til å finne på avløysarord, og det kjem heilt av seg sjølv. Og når me måler folks haldningar til den engelske påverknaden i språka, og deltakarane veit kva dei svarar på, så er danskane dei mest opne og positive til engelsk. Nordmenn er mykje meir negative, og mest negative er islendingane og færøyingane. Og dette er jo heilt i tråd med språkpolitikken i dei forskjellige landa. Slik sett reproduserer folket den offisielle politiske diskursen som språkråda står for, og det på imponerande vis! Så her er språkpolitikken effektiv, skremmande effektiv. Men når me undersøkjer dette utan at deltakarane veit kva dei er med på, er danskane dei mest negative, og nordmenn dei mest positive. Kvar ein kjem ifrå Slike bevisste og underbevisste språkhaldningar er noko sosiolingvisten Kristiansen er svært opptatt av. I tillegg til å vere lei seg på vegner av dei døyande danske dialektane, var den ferske cand. mag-en frustrert over sine danske kollegaer. Han opplevde at den ideologiske sida av avdialektiseringa vart bagatellisert og gjord usynleg. Raddisen frå Noreg var overbevist om at utviklinga mot standardspråksamfunn handla om verdikonfliktar, og etter ei rekkje undersøkingar, står det klart: – Når me spør dei unge rett ut, vil dei på Fyn meine at fynsk er det finaste, aalborgensarane synes nordjysk er finast osb. På andreplass kjem riksdansk, og det dei oppfattar som københavnsk kjem langt ned på lista. Men når me lagar undersøkingar der dei ikkje veit at dei legg haldningar for dagen, får me det omvendte mønsteret. Då vert københavnsk kraftig oppvurdert, og deira eigne talespråksvariantar kraftig nedvurderte. Det opplever Danmark er truleg det mest einsarta språksamfunnet som finst i verda i dag. Tore Kristiansen det københavnske som meir sjølvsikkert, spennande og kulare. – I vår globaliserte verd, med så mykje sosial og geografisk mobilitet, har det å skape sin eigen identitet vorte sentralt. Så då er det kanskje ikkje like viktig at ein kan høyre kvar ein kjem i frå lenger? Ein hentar identitet og fellesskap andre plassar? Er språk som identitetsskapande faktor mindre viktig for dagens menneske? – Nei, ikkje mindre viktig. Eg trur språket framleis er det viktigaste identitetsskapande middelet me har, og at det alltid vil vere slik. Du kan fjerne kle og alle tenkjelege markørar frå eit menneske, men språket vil alltid vere der og signalisere noko om kven du er. Det som har endra seg, er spørsmålet om det er viktig å signalisere kvar du kjem ifrå. Men her er det igjen ein forskjell mellom Danmark og Noreg, for heime er det framleis slik at folk er interesserte i kvar du kjem ifrå. Det fyrste spørsmålet når du skal identifisere nokon, er «kvar kjem du i frå?» Det spør danskane aldri om! Dei spør «hvad laver du?» Det er den arbeidsrelaterte identiteten, og ikkje den geografiske, som betyr noko. – Kvar kjem du ifrå? – Godt spørsmål. Dei fem fyrste åra budde eg i Sogn og snakka sognamaol. Seinare voks eg opp i Trysil og Årnes, og så flytte eg til Frankrike som syttenåring, der eg gjekk på kostskule i tre år. – Så kva forhold har du til dialekten din no? Har du ein dialekt? – Tja, nei ... Eg kom tilbake til Noreg og gjekk på Blindern i dei åra akademikarane begynte å snakke med a-endingar som dei TORE KRISTIANSEN ◆ Professor ved Nordisk Forskningsinstitut, Københavns Universitet ◆ Er knytt til Center for Sociolingvistiske Sprogforandringsstudier (DGCSS), der det blir forska på korleis og kvifor Danmark har endra seg frå eit dialektsamfunn til eit standardspråksamfunn normalt ikkje hadde. Språket mitt er ei salig blanding. Men han hadde ikkje planar om å leggje om til dansk. – I to år heldt eg fanen høgt og berre snakka norsk, for eg meinte at danskane pinadø måtte forstå det. På universitetet var det ikkje så vanskeleg, men på gata var det så stort eit problem at eg gav opp etter to år. Som lingvistikkstudent kunne eg fort tileigne meg ei form for dansk som vart forstått, men så stoppa utviklinga mi der, det har aldri vorte hundre prosent dansk. Eg hadde nok passert den kritiske alderen der dei færraste kan kvitte seg med morsmålet. Det er kanskje den mest sannsynlege forklaringa. Tore Kristiansen tenkjer seg om ein augneblink, før han klukkar og held fram: – Det kan òg hende at det er den norske identiteten min eg vil demonstrere. Eg heiar jo framleis på Noreg når dei spelar fotballkamp mot Danmark. Gjer du det? – Der er eg faktisk litt splitta. RUNAR GUDNASON [email protected] 19 ord med ola Lokalavisa – utstill Språket i lokalaviser kan fungera som ei motvekt i språkutviklinga i kommunane rundt Bergen. språkspalte ved Ola Breivega Nye og gamle bibelord I 2005 gav Det Norske Bibelselskap ut ei ny omsetjing av Det nye testamentet på nynorsk. Ho kom til same tid og til same pris som den nye bokmålsomsetjinga, så Bibelselskapet fortener ros for den føredømelege språkpolitikken sin. Eg veit at han kostar flesk. FEM ÅR ETTER UTGJEVINGA er det i seinaste laget å skriva ei bokmelding. Det har eg heller ikkje tenkt å gjera. Eg vil berre seia at den nye omsetjinga i mangt og mykje er eit særs fint arbeid. Einaste tunge ankemålet mitt gjeld ordvalet. Jamført med den førre nynorskomsetjinga frå Bibelselskapet (utgjeven i 1978 og revidert i 1985) har målet i den nye lide nokre sørgjelege leksikalske tap. Her vil eg nemna to av dei. I DEN NYE OMSETJINGA har Jesus ikkje lenger læresveinar, no har han fått seg disiplar. Dette lånordet frå latin fører ikkje lesaren nærare grunnteksta. Ho er som kjent skriven på gresk. Kva kan då grunnen til ordbytet vera? Svaret mitt er berre ei gissing, men eg anar at det kan liggja likestillingstankar bak. Svein er unekteleg eit gasta hankjønnsord. Men alle læresveinane var no eingong menn, jamvel om mange kvinner følgde Jesus, les vi. Kan forklaringa rett og slett vera at omsetjarane har ynskt å nytta same ordet på nynorsk som på bokmål? Så er altså samnorskstrevet ikkje over likevel og ovrar seg her i ei nokså sær form. Lat det elles vera nemnt at i den reviderte tyske Lutherbibelen frå 1984 vandrar Jesus framleis ikring med seine Jünger, og i den nye svenske bibelen frå 1999 er han stadig omgjeven av sina lärjungar. KYRKJELYD ER DET ANDRE bortkomne ordet eg vil nemna. No heiter det - skrekk og gru - forsamling. Trass i vår uvedkjende beundring for svenskane er det nok ikkje det svenske ordet församling som har fått omsetjarane til å vraka det tradisjonelle og presise nynorskordet. Eg vonar eg ikkje ber falskt vitnemål mot nokon neste når eg gjev att det eg har høyrt: Ei undersøking skal ha vist at dei unge (kven no det er) ikkje skjønar kva kyrkjelyd tyder. Dei meiner visst det har noko med lyd i tydinga ”ljod” å gjera, kanskje lyden av kyrkjeklokker. Dette høyrest så utruleg at ein må leita etter andre grunnar. Kan det vera at også nynorskomsetjinga er esla til bruk i kristne samfunn som ikkje kallar seg kyrkjer eller kyrkjelydar, men nettopp forsamlingar, og at ordbytet har skjedd for å tekkjast dei? Heller ikkje dét synest eg er nokon god grunn. Men eg har etter kvart vorte så katolsk i hovudet at eg vel må reknast som ugild her. 20 E r lokalavisa nynorskens siste skanse? Spørsmålet kan verka ladd med i overkant mykje dramatikk. Men kvar står eigentleg nynorsken som mediespråk dersom han forsvinn frå lokalavisa? Eg vil hevda at lokalavisa er ein særs viktig forvaltar av nynorsken, og at ho også er viktig for rekrutteringa av nynorskjournalistar til større medieverksemder. Men i kommunane som ligg rundt Bergen, er nynorsken under press. Tradisjonelle nynorskkommunar som Meland, Lindås og Fjell opplever at talet på bokmålskelevar i grunnskulen aukar for kvart år som går. Dersom denne utviklinga held fram, er det relevant å spørja om dette på sikt også vil pressa nynorsken ut av lokalavisa. Nynorsk utfordra i skulen I mai i år leverte eg inn masteroppgåva mi i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen. Med lokalavisene Vestnytt og Os og Fusaposten som utgangspunkt, har eg sett nærare på om, og i så tilfelle korleis språket i lokalavisene rundt Bergen vert pressa av aukande tilflytting frå Bergen i dekningsområdet deira. Eg har også sett på om det er ulike kulturhistoriske føresetnader for ulik språkutvikling i dekningsområda til dei to avisene eg har hatt hovudfokus på. Vestnytt dekkjer kommunane Fjell, Sund og Øygarden, tre kommunar vest for Bergen, tre kommunar som alle er tradisjonelle nynorskkommunar, men også tre kommunar som opplever stor tilflytting frå Bergen. Særleg i Fjell har nynorskprosenten i grunnskulen stupt dei siste femten åra. I dag har meir enn 60 prosent av elevane i grunnskulen i Fjell bokmål, og det er dramatisk for ein kommune som i fjor tok mål av seg til å bli landets fremste nynorskkommune. Slik er det ikkje i Os, jamvel om også denne kommunen har opplevd stor folkeauke grunna tilflytting i same tidsrom som Fjell. Men i Os har berre i underkant av 14 prosent av elevane i grunnskulen bokmål, og eg har freista å finna ut kvifor nynorsken står så mykje sterkare i Os enn i Fjell. Fjell kommune har kortare geografisk avstand til Bergen enn kva tilfellet er med Os. Det er også slik at det er den delen av Fjell kommune som ligg nærast Bergen (Litlesotra) som har hatt størst tilflytting frå grannekommunen. I dag tek det berre 15 minutt å køyra frå Litlesotra til Bergen sentrum. Frå Os til Bergen tek det nesten tre gonger så lang tid. Men ein finn ikkje heile forklaringa her. I Os har ein i større grad makta å integrera tilflyttarane i dei eksisterande bumiljøa. I Fjell har ein etablert store bustadfelt der det før berre var utmark, og i desse bustadfelta har bergensarane etablert seg med sin kultur, sin dialekt og sitt skriftspråk. Dei har hatt fellesskap med kvarandre, og har i liten grad blitt integrerte i ein eksisterande bygdekultur. Litlesotra er i realiteten gått tapt for nynorsken. Tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI) viser at det berre er nokre få elevar som vel nynorsk i grunnskulen i dette området. Lokalavisene si rolle Vestnytt er ei språkdelt avis. Men journalistane står fritt til å velja målform, og per i dag skriv fem av sju journalistar på nynorsk. Os og Fusaposten er ei nynorskavis, og denne avisa har også høgare husstandsdekning enn kva tilfellet er med Vestnytt. Målform verkar med andre ord ikkje å vera avgjerande for om folk les lokalavisa eller ikkje. Det trur heller ikkje redaktørane i dei to avisene. Men dei tviler samstundes på om nynorsk i lokalavisa påverkar ungdom Sak er viktigare enn språk for lesaren av lokalavisa sine språkval i særleg grad, og er slik sett i utakt med journalistane sine. For journalistane i dei to avisene trur i stor grad at lokalavisa er med på å visa nynorsken fram som eit relevant bruksspråk, og at dette også påverkar lesaren. Ei undersøking a-pressa har gjort, viser at ungdom i stor grad les lokalavisa. Men undersøkinga seier ingenting om korleis avisspråket påverkar dei. Så er det heller ikkje slik at lokalavisa er den einaste kjelda til språkleg påverknad. Radio, fjernsyn, Internett og riksaviser er noko av det som påverkar. I bergensområdet er også Bergensavisen og Bergens Tidende ein del av aviskvardagen til dei fleste lokalavislesarane, og i desse to avisene er det bokmålet som dominerer. I ein slik mediekvardag er det naturleg å venda attende til den innleiande påstanden, nemleg at nynorsken i lokalavisene rundt Bergen er truga av bokmålet sin frammarsj. I arbeidet med oppgåva mi har eg snakka med dei fleste redaktørane i lokalavisene i bergensregionen. Somme av dei opplever at nynorsken er under press, somme av dei trur ikkje at nynorsken er truga, medan andre trur at presset vil auka i NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 lingsvindauge for nynorsk sine ved å nytta bokmål. Det regionale samhandlingsorganet for næringslivet i regionen, Business Region Bergen (BRB), er eit godt døme på dette. Elleve av dei tretten eigarane (ulike kommunar og fylkeskommunen) har nynorsk som administrasjonsspråk, medan to av dei er språknøytrale. Likevel meiner selskapet at bokmål bør vera deira administrasjonsspråk, ikkje minst når dei vender seg til potensielle kundar på austlandet. Eit anna døme er handlesenteret Sartor Senter i Fjell, som er eitt av dei største handlesentra i Noreg. Her seier leiinga at dei gjerne skulle nytta nynorsk, ikkje minst for å styrkja den regionale identiteten, men at dei fryktar å tapa kundar i bergensområdet dersom dei gjer dette. I grove trekk kan ein seia at næringslivet i områda rundt Bergen vel bokmål, medan kulturlivet vel nynorsk. Lokalavisene har med andre ord mykje å kjempa mot når dei vel å halda på nynorsken. Det er vel ingen som tviler på at språk og identitet heng saman. Dei tradisjonelle striledialektane i bergensområdet er i endring. Dialekten minner meir og meir om bergensk for kvart år som går, og mange vil nok hevda at den tradisjonelle dialekten er i ferd med å døy ut. Ei avis utan nynorsk vil etter mitt syn svekkja den tradisjonelle dialekten ytterlegare, og dermed også svekkja identitetskjensla til folk. Journalistane i dei to avisene eg har hatt fokus på, deler i stor grad dette synet, og dei ville alle oppleva det som eit tap om nynorsken forsvann frå lokalavisa, både for seg sjølve og for avisene sine dekningsområde. Lokalavisa tradisjonsberar BERGEN: Ein del av Vestlandet, på godt og vondt. åra som kjem. Opplevinga av språksituasjonen varierer, men dei fleste er samde om at eit frieri til bokmålet neppe vil vinna avisene fleire lesarar. Vestnytt er eit godt døme på dette. Trass i stor tilflytting til regionen avisa dekkjer, har opplaget ikkje auka, jamvel om avisa har freista å auka bokmålsprosenten i spaltene sine. Faktum er at avisa framleis slit med å nå opplagstoppen frå 1998 på 6.199 eksemplar, og meir bokmål ser altså ikkje ut til å ha vore til hjelp her. Lokal identitet Eg har tidlegare vore inne på at ulik kulturhistorie også kan vera ei medverkande årsak til ulik språkutvikling i dei to avisregionane eg har hatt hovudfokus på. Os har historisk sett vore mindre avhengig av Bergen enn dei tre øykommunane i vest. Os har også ei anna og meir mangfaldig kulturhistorie enn Fjell, Sund og Øygarden, og handel med Bergen har i større grad vore på osingane sine premissar enn kva tilfellet har vore for strilane i vest. Åsmund Lien, som i dag er leiar for oselvarverkstaden i Os, hevdar at folk som flyttar til Os i større grad er innstilte på å bli osingar enn tilflyttarane til Fjell er på å bli fjellsokningar. Det NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Foto: Tomoyoshi Noguchi/Wikipedia Commons kan henda han har rett i det, og i så tilfelle spelar lokalavisa ei særs viktig rolle. For etter mitt syn er lokalavisa ein identitetsskapande faktor i eit lokalmiljø. Dersom folk les lokalavisa, så er dette også eit teikn på at dei er integrerte i eit lokalmiljø, og dersom tilflyttarar verkeleg er innstilte på å bli raskt integrerte i eit lokalmiljø, så er truleg lesing av lokalavisa ein av dei sikraste vegane fram mot dette målet. Eitt av spørsmåla eg har stilt nynorskjournalistane i Vestnytt, er kvifor dei vel nynorsk som avisspråk, jamvel om dei står fritt til å velja bokmål. Nynorsk som skulemål og røynsle frå andre nynorskaviser er svar som går att. Men dei meiner også at ein region med sterke nynorsktradisjonar fortener å bli dekt på nynorsk i avisa, jamvel om nynorsken som skulemål er på retrett i regionen. Dei meiner nynorsk er ein del av kulturarven i regionen, og at dei som journalistar bør hegna om denne arven. I tillegg står nynorsken sterkare i utkantane av regionen enn han gjer på det bergensnære Litlesotra. Men kor lenge vil journalistane sjølve få velja målform i avisa? For to år sidan kjøpte Bergens Tidende (BT) opp avisa Vestnytt, og det er ikkje den einaste lokalavisa storavisa i Bergen har teke kontroll over dei seinare åra. Aviser som Bygdanytt, Strilen, Askøyværingen og Fanaposten har i dag BT som eigar, og avisa, som har storkonsernet Media Norge i ryggen, er ute etter fleire lokalaviser. Os og Fusaposten er ei av avisene BT ynskjer seg, men førebels har eigarane takka nei til frieriet, jamvel om BT lokkar med store pengar. BT har i dag rundt ni prosent nynorsk i avisa, og her har nynorskprosenten lege dei siste ti åra. Spørsmålet er om BT på sikt også vil styra språkpolitikken i lokalavisene dersom dei trur at dette kan gje økonomisk vinst. Terje Rasmussen, som er BT sin styreleiar i dei ulike lokalavisene, hevdar at dette ikkje kjem til å skje. Men med tap av lokalt eigarskap vert også ideologi erstatta med økonomi, og det er ikkje alle som kjenner seg like trygge på at nynorsken får rå språkgrunnen i framtida dersom storkonsernet meiner det er meir pengar å henta på å nytta bokmål. Næringslivet vel bokmål Kvar står så næringslivet i dei to regionane i høve til nynorsken? Faktum er at næringslivet er lite villig til å nytta nynorsk. Dei meiner dei når betre fram til kundane Eg trur at sak er viktigare enn språk for lesaren av lokalavisa, og eg ser at sjølv tilflyttarane frå Bergen tyr til lokalavisa når skulen vert for liten, skulevegen for farleg eller nye byggjefelt kjem for tett på nabolaget deira. Det gjev meg trua på at nynorsken har ei framtid som skriftspråk i lokalavisene rundt Bergen, og at sjølv «bergensarane» på Litlesotra med tida kjem til å støtta opp om lokalavisa si, uansett kva målform ho måtte ha. For i dette området er nynorsken i stor grad ein del av lokalavisa, og også noko av det som gjer henne til nettopp lokalavisa. Lokalavisa er ein sterk berar av lokal tradisjon og kultur, og er dermed med på å styrkja lesaren si kjensle av lokal tilknyting og identitet. I dette totalbiletet trur eg nynorsken spelar ei viktig rolle for lesaren. Difor er det å håpa at lokalavisene klarar å halda på nynorsken, og at nynorsk som lokalavisspråk kan fungera som ei aldri så lita motvekt i høve til språkutviklinga i kommunane rundt Bergen. BERNT EIRIK NORDVIK [email protected] Bernt Eirik arbeider som lærar ved Tranevågen Ungdomsskule på Ågotnes i Fjell kommune. Kronikken er tufta på mastergradsoppgåva «Lokalavisa - nynorskbastion under press – eit språkkulturelt blikk på avisene Vestnytt og Os og Fusaposten», UiB 2010. 21 Microsoft med film om nynorsk Microsoft Noreg har laga ein film om nynorsk. Opptaka til filmen vart gjort på Høgskulen Stord Haugesund. Oppdraget frå Microsoft sentralt var å laga ein tre minuttars film om kvifor det er viktig å laga det dei kallar Local Language Packs, det vil seia å omsetja programvare til små språk eller minoritetsspråk, fortel høgskulen på nettsidene sine. – Dei ville bruka nynorsk som døme, og har laga ein filmsnutt frå Stord, med utgangspunkt i IKT-miljøet på høgskulen og den nye Nordbygdo ungdomsskule, seier høgskulelektor i norsk, Hege Myklebust. – Dette håpar me kan verta god reklame for høgskulen, Stord, Vestlandet og nynorsken, seier Hege Myklebust (biletet). (NPK) målgåver Noregs Mållag takkar for gåvene Dette er ei liste med dei som har gjeve gåver frå 13. mars til 25. august. Samla gåvesum er 185 415 kroner. Vi er svært, svært takksame for gåvene som vi tek imot for å drive godt og naudsynt målarbeid. AUST-AGDER MÅLLAG Scott Aanby Torfinn Brokke Telleif Engenes Kjersti Fone Kristine Foss Gunnar Hagelia Ester Halvorsen Egil Hansen Gerd Fosse Hovden Arne Kveim Gunnar E. Lande Gunvor Lande Jon Lindset Andrea Maini Pål Nomeland Rune Nylund Sigrid Bjørg Ramse Kari Gerd Riisland Torkjel Segberg Randi Steinsholt Johannes G. Torstveit Helge Ove Tveiten Anker Vassend Jens Vellene Nikolai Åmland Petter Embret Sletten Sondre Svalastog Magnny Sæbø Ola Tronsmoen Bjarne Øygarden Oddmund Åvik AUSTMANNALAGET Bjørn Liavaag Visø Brynjulv Aartun Hans Agneberg Ole Bjerke Anders Bjørge Nils Bjørge Liv Jorun Braastad Jon Steinar Bredeveien Jostein Budal Eirik Bøyum Inger Johanne Dæhlen Arne Eggen Ingvild Marie Eknes Frode Erstad Inger Lise Fiskvik Reidun Formo Kjell Gulbrandsen Odin Hagen Olav Haraldseid Magnhild Harsheim Henrik Fritjof Heijer Bjarte Hole Per Hvamstad Aslaug Kittilsen Håvard Kleiven Ola Klepp Jørgen Kvåle Nils Kristian Lie Asgeir Lilleås Mildrid J. Lunder Anne Midtbø Trygve Nesset Øyvind Nordli Jogrim Nordsletten Odd Arne Nustad Olaf Nøkleby Hogne Skeidsvoll BEINVEGES INNMELDE LAG Anfinn Bondhus Knut Johannes Helvik Knut Langesæter Synnøve A. Rogstad Torbjørg Rossvoll Oddvar Steinrud Karin Steinsletten Audun Sydnes Lars Børge Sæberg Borgny Særsten 22 BUSKERUD MÅLLAG Niri Baklid Maria Høgetveit Berg Gunvald Bergan Herbjørn Brennhovd Torleiv Brennhovd Osvald Medhus Ola Kjetil Oppi-Berntzen Unn Perstølen Anne-Line Ringhus Øyvind Røtvold Knut V. Seim Helga Sveinungard Rolf Harald Sæther Einride Tinjar Sigrun Torsteinsrud Arne Oddmund Tuv Sigurd Tveito FYLKESMÅLLAGET VIKVÆRINGEN Ivar Aasen Aslaug Andersen Norunn Askeland Lillian Austnes Gerd Bjørke Halvard Bjørkvik Lars Borgersrud Berit Brandseth Herfinn Brekke Magnhild Brekke Svein Erik Brodal Karen Bø Jon Eikemo Mass Flatråker Torfinn Fuhr Knut Gjertsen Kåre Glette Oddrun Grønvik Anton Hallenstvedt Karin Helene Haukøya Eva Birgit Heide Edvard Hoem Halldor Hoftun Karl-Anders Hovden Halvor Høibø Ingebjørg Isager Laurits Killingbergtrø Siri Kjær Bård Kolltveit Johannes Kvammen Tove Harriet Eeg Larsen Edvard Lauen John Petter Lindeland Sven Erik Lundby Sandy Lunøe Signe Løberg Astrid Løvik Kåre Martinussen Astrid Midttun Zorica Mitic Harald Martin Mjømen Marit Sandal Mortensen Irene Myrbostad Reidar Nesheim Tore Noer Signe Nordeide Sigurd Nordlie Ellen Oddsen Lyder Olden Dag Omholt Reidun Prestbø Olav Røvang Brit L. Sauge Aasta Siri Schawlann Erik Simensen Olav R. Skage Arve Skutlaberg Mona Grete Storli Leif Sundheim Ellen Marie Svea Sissel L Sæbø Stein Sæbø Tordis Thorsen Jostein Tjore Johan Kristian Tønder Jan Vevatne Kjetil Vistad Arne Wåge Karl Øksnevad Håkon Ørjasæter Bodil Østby Herlov Øverland Kristen Øyen HORDALAND MÅLLAG Ivar Bård Aadland Harald Aga Livar Aksnes Olaf Almenningen Liv Ingrid Alvheim Arne Andersen Randi Andersen Ingvard Andreassen Erik Arneson Edel Augestad Anders Austefjord Olaf Aven Anny Bastesen Daniel Berge Olav Berge Per Berge Eli Bergsvik Dagrun Berntsen Siri Solvik Bertelsen Hjalmar Bjerkeng Bjørn Bjørlykke Asbjørn Bjørnset Solveig Bjørsvik Bergljot Lyssand Bjørø Målfrid Bjånesøy B. H. Aga Blokhus Jarle Bondevik Arne Brattabø Reidar Bremerthun Jostein Buene Hans Bugge Inger Berit Bøyum Rannveig Bårtvedt Willy Clausen Ann-Britt Cook Olav Digernes Hans Birger Drange Jarle Eikemo Nils M. Engelsen Øystein Erstad Odd Ståle Eskeland Knut-Magne Finne Astrid Anne Fjeldstad Normann Fjeldstad Sverre Fjell Tormod Folgerø Jon Fosse Harald Frønsdal Gunnar Johan Furubotten Harald Gammelsæter Helge Gjernes Paul Kåre Gjuvsland Anne Marit Gjøstein Endre Grutle Solveig Grønlien Kåre Grønsnes Nils Grøsvik Arnbjørg Hageberg Kristian Harstad Stanley Hauge Anna Sylvia Haukås Asbjørn Haustveit Aslak L. Helleve Aslak T. Helleve Jan Kåre Henriksbø Kåre Herdlevær Kåre Herfinndal Robert Hermansen Kjartan Hernes Torolv Hesthamar Grethe Nina Hestholm Marit Hjartåker Gudrun Hjelle Kåre J. Hole Morten Holmefjord Karl Johan Holmås Karl Hope Sverre Hope Kjetil Husdal Kari Johanna Håheim Sniolvur Joanesarson Randi Jåstad Åse Marit Kalhovd Inger Lise Kippersund Marit Klette Ståle Kolbeinson Trygve Kråkevik Leif S. Kvinge Torfinn Langelid Kristin Laupsa Haldor K. Lid Lars Gunnar Lie Åsmund Lien Margunn Lillebø Jon Lund Arne Kvalem Lunde Marit Merete Lunde Tjerand Lunde Einar Lygre Tore Lyssand Torstein Løning Erling Løseth Åslaug Mjøs Olav Mjånes Kristi Ytredal Moe Ann-Kristin Molde Sigvald Monstad Olav K. Morken Ola Mykkeltveit Einar Myster Amund Måge Nils N. Nesheim Arne Nilsen Else Leirvik Nistad Øyvind Nitter Randi Nordjord Åshild Nordstrand Susann Ohnstad Johannes Opeland Aud Oppedal Anfinn Otterå Arne Ovretveit Astrid Reigstad Jens Reisæter Inger-Johanne Rossebø Kaare Rundhovde Solveig Røen Håkon Sagen Lars K. Sandven Torstein Sausjord Heidi Seilfaldet Liv Asgjerd Sheer Torbjørg Sjøberg Eli Skeie Gunvald Inge Skeiseid Gunnar Skirbekk Øystein Skjæveland Harald Skorpen Olav Skram Oddvar Skre Randi Skurtveit Marie Skålnes Hermund Slaattelid Torfinn Slettebø Jostein Småbrekke Margrete Sognefest Asbjørn Solberg Harry Solberg Jan Oddvar Solli Olav Soltveit Magnhild Steine Gerhard Inge Storebø Edith Stusdal Rolf Sigmund Sunde Ogmund Sunnevåg Marit Sæle Liv Kari Søyland Erling Thu Erling Toft Arne Tokheim Johan Torekoven Torgeir Torvik Håkon Træland Harry Tunestveit Knut Tveitnes Kristen Underdal Brynhild Utne Rigmor Nesheim Vaular Kari Langklopp Veland Berit Vatne Vik Erling Vikesland Gry Vikesland Åslaug Vikør Inger B. Vikøren Kari Vogt Gustav Wiik Leif Øie Gunvor Øvregård Reidunn Øvretvedt Einar Øyre Kjell Gunnar Ådnanes Olav Ånneland Magne Århus Solveig Åsvang KARMSUND MÅLLAG Solveig Eidhammar Anne-Ma Eidhammer Lars Eikehaugen Jonn Eikeland Eivind Moi Eikje Synneva Flesland Signy Fludal Tone Randi Frette Kirsten Grunnaleite Lars Grønstad Torill Borge Horneland Jan Erik Karlstveit Arne Langåker Kyrre Lindanger Solveig Lunde Paul Mølstre Borghild Sævereide Prestegård Geir Ragnhildstveit Helga Reinertsen Askild Rullestad Trygve Sandvik Svein A. Strømme Arne Vevatne Ingolv Vevatne Åsmund Vinje Ole Dag Østhus Ola Øverland NAUMDØLA OG NORDLAND MÅLLAG Åslaug Arnesen Odd Eidshaug Kjell Nyland Inger Straume NORDMØRE MÅLLAG Jon Kristian Aune Anne Grete Witzøe Botten Styrkår Brørs Eva Susanne Bårdseth Arild Drøivoldsmo Brita Fladvad Rakel Flå Odin Hals Johan Sigmund Heggum Johannes Klaksvik Jorunn M. Kvendbø Nils Tore Leivdal Albert Lervik Ingrid Lysberg Tor Mogstad Finn Gunnar Oldervik Henry Opland Håkon Børset Sæther Kari Sæther Ola Wågbø Randi Ås ROGALAND MÅLLAG Kjell Aambakk Sigmund Andersen Vidar Austvik Lars Bakka Wenche Berg Bjarte Birkeland Konrad Bråtveit William Bue Marta Bø Olav Bernhard Ekerhovd Svein Eldøy Anders B. Erga Knut Falk Anne Marie Fisketjøn Solveig Moe Fisketjøn Oddvar Flatabø Johan Flem Kåre Flokenes Jon Fosså Ingrid Gjesdal Sigve Gramstad Ranveig Gudmestad Oskar Gusevik Kåre Hagen Sigurd Hagen Kari Ingfrid Hatteland Lidvor Hatteland Marit Hauge Håkon Haus Marit Hegland Rasmus Hetland Tom Hetland Oddrun Hidle Liv Hobberstad Magne O. Hope Terje Håland Carl Aasland Jerstad Tore Joa Sverre Johnsen Odd Jørstad Ellen Harboe Kleppa Georg Løvbrekke Sofie Meling Sigrid Myhre Bjarne Nevestveit NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Nynorskbøker til venterommet Er du lei av å måtte ty til eit vekeblad for å korte ned ventetida på legesenteret? Om du vil, kan du no finne deg ei bok i hylla på venterommet. Gloppen Mållag har nemleg gjeve fleire nynorske bøker i gåve til legesenteret. – På eit styremøte i mållaget Ingvar Olimstad Inge Oltedal Kirsti Oltedal Åshild Osaland Trygve Gjæver Pedersen Svein Risa Ole Bjørn Rongen Audun Rosland Magne A. Roth Rolf Salte Bergljot Selvåg Jostein Selvåg Kari Solberg Eldrid Solheim Tom Soma Torgeir Spanne Jon Stangeland Audun Steinnes Odd Sigmund Sunnanå Einar Sæland Jorunn Søyland Svein Kåreson Søyland Ragnar Time Bodil Tjeltveit Kurt Tunheim Dorthea Tveit Jone Vadla Sigbjørn Varhaug Leidulf Vinningland Ellen Kristine Wiig Oddveig Åm ROMSDAL MÅLLAG Dagrun Gjelsvik Austigard Henning Austigard Marit Bergheim Kristine Eidhamar Aksel Frafjord Gunvor Gammelsæter Einar Gridset Eivind Hasle Tor Kvadsheim Aud Åshild Moen Kåre Vold SOGN OG FJORDANE MÅLLAG Inga Aaberge Karstein Aaberge Kåre Aaberge Oddvar Almenning Ragnhild Anderson Brita Balevik Olaug Marie Bjelde Erling Bjergene Jakob Devik Elin Petra Ryssdalsnes Dombestein Dagrunn Dvergsdal Tryggve Dyrvik Bjørn Eide Tor W. Eikemo Annbjørg Eikenes Arne Eldegard Hans Engesæt Dag-Erik Eriksmoen Ragnhild Bell Espeseth Ståle Fitje Johannes Flaten Hans Fossøy NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Einar Gautefall Borghild Guddal Gunn Marit B Haugsbø Ragnar Hove Else Kristine Husabø Liv Husabø Nils Husabø Sverre Indrehus Liv Janne Kvåle Magny Kårstad Gunnhild Larsen Jon Ove Lomheim Lars Lotsberg Rune Lotsberg Luster Sparebank Reidar Mardal Terje Moe Kjell Magnar Myklebust Knut Ole Myren Sunneva Myrvoll Brynhild Norstrand Stein Næss Per Scott Olsen v. Olfert Øvrebø Radio Luster Jon A. Ramstad Oddbjørn Ramstad Signe Marie Rønnekleiv Bjørn Rørtveit Steinar Røyrvik Karoline Råd Magnhild Sagosen Inger Marie Sande Marta Kari Schawlann Bjarte Sindre Leif Alfred Skaar Johan Andreas Solheim Ola Magne Strand John Støyva Karsten F. Sunde Hans Mark Svedal Rune Sviggum Gunnhild Systad Reidar Tveit Borgny Ulltang Johan Varlid Marianne Øren Liv Østrem SUNNMØRE MÅLLAG Margaret Alme Kristian Almås Åsmund Arne Frode Følling Birkeland Jarle Bortne Oddhild Brandal Ida Brudevoll Ole Arild Bø Tore K Dahl Per Dimmen Jostein Drabløs Jorunn Drønen Oddrun Eidem Liv Eikrem Ståle Eikrem Jens Kåre Engeset Reidulf Frøysa drøfta vi for ei tid sidan at der er så lite å lese på venterommet på legesenteret. Mållaget har delt ut nynorske bøker til barnehagane i kommunen, og så kom vi på at vi kunne gje ein del bøker i gåve til legesenteret, seier Elfrid Rauset, leiar i Gloppen Mållag til avisa Firda Tidend. Øystein Grønmyr Frode Guldal Aashild Haugland Haram Johs. G. Hareide Severin Haugen Sylvi Gulla Hovdenakk Astri Hunnes Ove Kaldhol Jørund Kile Helga Kirkebø Jakob O. Kjersem Gunnar Kjøde Terje Kjøde Aud Langlo Kongsnes Gunvor Krogsæter Liv Kari Krøvel Marit Kvammen Synnøve Langva Else Løndal Idar Mjånes Josten Nedrelid Lars Omenås Kåre Sigmund Opsahl John Osnes Britt Oterholm Petra Pilskog Gudveig Rogne Torleiv Rogne Greg Rotevatn Gunder Runde Olga Støylen Runde Mads Ryste Jarle Solheim Ivar P. Stige Gudrid Tandstad Per Svein Tandstad Ellen Hellebostad Toft Arne Uggedal Randi Flem Ulvestad Eldrid Vik Sveinung Walseth Bjarne Wærdahl Knut Ytterdal Bernt G. Øye Kjell Arne Årseth TELEMARK MÅLLAG Robert Anderson Svanaug Astrup Øyfrid Garborg Sande Aufles Gjermund O. Bakke Eva Bergø Jon Bjones Åse Bratland Kari Skoe Bø Sigrid Bø Olav Rune Djuve Knut Espelid Olav Felland Sigrid Fonnlid Anne Karin Funner Hans Magne Gautefall Lavrans Grimstveit Mona Grønnerud Knut T. Haugen Oddvar Haugland Ingebjørg Haukelidsæter Jarle Helle Johnny Hofsten – Men sjølv om dette er bøker, har vi lagt vekt på å finne kortare tekstar som ein kan rekkje å lese medan ein sit og ventar på å sleppe inn til lege. Vi har naturleg nok ikkje valt ut romanar, seier Elfrid Rauset. I gåvepakken ligg ABC-boka til Olav H. Hauge, «Sunniva og Lars Holmås Ragnhild Hovda Jon Ingebretsen Halvard Jansen Bjarne Jordstøyl Konrad Juveli Åse Klakegg Gunstein Lande Guri Ness Lars Nevestveit Toril Nicolaisen Ellen Bojer Nordstoga Jakob Olimstad Birger Risnes Håvard Russnes Børre Rønningen Endre E. Sandland Martha Holt Skarelven Per Skaugset Gunvor Solberg Jon Solberg Margit Ryen Steen Olav Stranna Anne Marie Tveit Kari Tveit Ingebjørg Helkås Vaa Synnøve Vellene Einar Versto Kari Veum Alv Vik Hans Ødegård Halvor Øygarden Sverre Åsen TROMS OG FINNMARK MÅLLAG Astrid Bondevik Terje Christoffersen Terje B. Dahl Ørjan B. Dahl Vidkunn Eidnes Karl Ragnar Engstad Erlend Fjose Eldbjørg Gjelsvik Kjell Arnt Labukt Sigrun Lunde Magnar Mikkelsen Ole Edgar Nilssen Rønnaug Ryssdal Gunn Utkvitne TRØNDERLAGET Svein Aarnes Egil Ingvar Aune Kjell Bardal Ivar Berg Karl Ove Bjørnstad Grete Oddveig Holen Buhaug Gerd Helene Christiansen Dagfinn Dahl Anne Eldevik Bjarne Espås Ola Stuggu Fagerhaug Tore Fagerhaug Helge Fiskaa Anders Gjelsvik Magnhild Gravdal Andreas Hagen Harald Hernes Jorun Mehlum Sverre Mikal Myklestad Magne Måge Jenny Nyvik Solveig Otlo Helge Raftevold Jostein Rekstad Anna Dorthea Remhaug Kristian Risan Narve Rognebakke Helge Røyseng Ragnhild Saur Anne Kristine Bolme Selnes Rutt Olden Skauge Bergliot Skei Oddny Pauline Skeide Olav Slapgard Jan Solberg Harald Solstad Arvid Henry Staupe Asbjørn Steen Eiliv Størdal Erling Syrstad Jan Sørås Kirsten Tagseth Arnkjell Tingstad Per Inge Venås Jarle Vingsand Anne Kristin Grøn Wanvik VALDRES MÅLLAG Geirtrud Marie Liv Bang Gunnar Belsheim Olav Gullik Bø Randi Før Ingunn Hommedal Bjørg Lerhol Per Lykkja Olav L. Skattebu VEST-AGDER MÅLLAG Roald Andersen Gunvald Bauge Kjell Byremo Jan Engervik Åse-Berit Fidjeland Hallgeir Furnes Anna Gravelsæter Asborg Handeland Magne Heie Bjarne Herstøl Olav Hoftuft Åse Holmen Theodor Hovda Alf Georg Kjetså Olav Arne Kleveland John Lauvdal Oddvar Moen Laurits Repstad Ronny Rognhaugen Svein Slettan Asbjørn Stallemo Nils Harald Stallemo Kaspar Stordrange Alf Helge Vige Gunnar Vollen Alf Johan Øvland Ivar Åmlid Besten» av Einar Gimmestad, små leksikon og bøker om dei gjenkjennande figurane Bø og Bæ. – ABC-boka måtte vi berre ta med fordi Olav H. Hauge har skrive eit dikt om Hyen. Sjå berre under bokstaven Y. YRKESMÅLLAG Bergfinn Aabø Anders Askeland Erlend Bakke Kåre Belsheim Ingvild Bryn Kjellfrid Bøthun Bjørgulf Claussen Knut O. Dale Bjarne Dåe Anne-Marie Botnen Eggerud Lars Ola Eide Arne Ekeberg Per Engene Torgeir Engstad Else Fossgard Haldor Fykse Knut Gjelland Arne Gjeraker Kristian Hagestad Øystein Havrevoll Johannes Havstad Audun Heskestad Norvald Hestholm Helga Hjetland Grete Oline Hole Eirik Holten Olaug Husabø Olav Høgetveit Olav Kuvås Anne Lognvik Sylfest Lomheim Kjell Harald Lunde Martinus Løvik Lars Kolbjørn Moa Næringsbedet i Vatlandsvåg Norsk Plan as Arild Nundal Inger Skretting Opstad Pål Morten Paulsen Einfrid Perstølen Hugfrid Raaheim Ingfrid Rasdal Frode Ringheim Henning Leiv Rivedal Magnus Robberstad Arnlaug Skjæveland Per Skjæveland Kjell Snerte Ingebjørg Sogge Oddmund Svarteberg Arve Sæbø Lars Helge Sørheim Bent J. Tandstad Jakob Thingnes Turid J. Thune Hans Olav Tungesvik Birger Valen Ottar Vandvik Torgils Vågslid Aa. Bjørgum Øwre ØSTFOLD MÅLLAG Ole Johan Bjørnøy Kåre Kjelkenes Arne Kvernhusvik Randi Larsen Inge Monefeldt Gunnar Ottne Nytt om nynorsk «Nytt om nynorsk» vert sendt ut som elektronisk nyhendebrev kvar tredje veke. Alle som ynskjer det kan ta imot denne e-posten. Det kjem til nye kvar veke og det er om lag 350 som mottek nyhendebrevet. «Nytt om nynorsk» er nyttig for alle som er aktive i eit lokallag eller berre ynskjer å følgje med på kva Noregs Mållag er oppteke av. Meld deg på via nettsidene www.nm.no eller send e-post til Hege.Lothe@ nm.no Noregs Mållag på Twitter Noregs Mållag er på Twitter. På dagen 125 år etter jamstellingsvedtaket i Stortinget fekk vi eigen twitterkonto. I skrivande stund er det 160 følgjarar av Mållaget. Følg oss gjerne på @noregsmallag NM på Facebook Vi har vore på Facebook i nokre år. Det kjem jamt til nye vener, og i skrivande stund er det 1363 som er vener av Noregs Mållag på Facebook. Sjå innom sida og få med deg siste nytt, med kommentarar og liknande. Nær 60 000 artiklar Oppslagsverket på nynorsk er no på same nivå som det bokmålsWikipedia hadde i 2006. Nynorsk Wikipedia vart starta i juli 2004. No nærmar nettstaden seg 60 000 artiklar, trass i at mange nynorskbrukarar ikkje veit om at dei har eit alternativ til bokmålsversjonen. 23 Finsk prisvinnar på norsk kleiva Anna Kleiva Snakk om: yr! Ei natt i Bergen, der ein vaknar av at det bles litt vel mykje inn mot persiennene. Men idet ein klatrar ut av senga for å lukke vindauget, oppdagar ein at vinden er heilt varm, at det framleis er sommar ute. Ein morgon i Bergen, der ein vaknar til den same konstante temperaturen. Og den særeigne kjensla av å sleppe persiennene ned att, fordi sola skin rett inn på dataskjermen, og akkurat i dag er ein faktisk nøydd til å sitje inne med dataskjermen. Sitje og godsnakke med sjølvdisiplinen sin. Eg lurer av og til på om det er noko med meg, om det berre er eg som er spesielt glad i det ukvardagslege (visse har hevda det). I alle fall sit eg her i nok ein sein sommarmånad og kjenner meg litt halvfull. Altså halvfull på sommar. Han kunne godt halde fram enda lenger! Men Bergen møter meg med kvardag: forelesingar og ein kompis som har rukke å finne seg ein sommarflørt sidan eg såg han sist! Kven er det som får til sånt på 1 ½ månad eigentleg? Eg ventar kanskje ikkje på summer lovin, happen so fast lenger – men kvar vart det av f.eks. dei gloheite kveldane framfor tven heime i Gudbrandsdalen? Eller Ferieturen? Det er nettopp dette som er så idiotisk med sommaren. Ein går rundt i juni og bles opp ei stor boble av ei årstid. Vel, eg kan godt fortelje kva som skjedde med Ferieturen. Han vart sett på sparekonto fordi det var så lite pengar der inne. Og dei gloheite kveldane? Det var ikkje så mange av dei; eg var kanskje bortreist eller skulle tidleg opp på jobb dei gongene dei dukka opp. Og det er jo ei lita norsk forbanning dette, at vi alltid trur sommaren skal vere tre månader med sol (kanskje éi veke regn). Slik var det nemleg før. Alle veit at det var sol kvar dag i sommarferien før. På 90-talet. På 80-talet. På 50-talet, heilt bombesikkert. Sommaren 2010 derimot, var ein moderne sommar. Dvs ein sommar då avisartiklar om utandørsarrangement brukte 1/3 av plassen på å referere kva vêr yr.no varsla. yr.no tok feil. Alle vart sure på yr.no (så sure at Dagsrevyen måtte lage eit innslag der ein av meteorologane deira fekk vere gjest, og forklare kvifor det var så vanskeleg å spå vêret akkurat i sommar). Og dette er ikkje eit reaksjonært innlegg i klimadebatten; eg trur vêrforholda er i endring. Dette handlar heller om at vi, ved hjelp av blant anna yr.no, trur vi kan kontrollere sommaren.* Visst har det vore vêrmelding på tv til alle tider, men time-for-timevarsla på yr, som ein kan sjekke på iPhonen når som helst (og som stadig endrar seg!), er meir tilgjengelege. Så kan ein sitje på puben, og dyppe tre ansikt og heile samtalen ned i ein liten brønn av ein skjerm. Der nede planlegg ein ei solrik utflukt dagen etter – medan den verkelege verda gir regn og sjokkerte miner. Ikkje berre eg, men heile Noreg, er ein einaste kosesjuk klem rundt sommaren. Det er jo ikkje så rart, vi har så lite varme, stakkars oss. Men kva skal vi eigentleg med sommaren om han berre går føre seg på Internett? Om vi berre forheld oss til det vêret skjermen viser, ikkje himmelen? Eg kastar alt eg har i hendene, går ut i sola, håper på regn i morgon (ljugarkors). * Andre ting vi håper å kontrollere: menneska rundt oss. På mobilradar.no kan du «posisjonere menneskene du bryr deg om ved hjelp av avansert mobiltekonologi – og få deres posisjon avmerket på et 3D-kart.» 24 Det er ikkje ei kvardagshending at ei finsk barnebok blir gitt ut i norsk omsetjing. Dermed er det grunn til å leggje merke til EskoPekka Tiitinen: Ulltoppane, omsett av Liv Hatle, utgitt på Bokvennen forlag i år. På finsk kom boka først ut i 2008, og ho har sidan fått den høgthengande Finlandiaprisen. Eg-forteljar i teksten er 15-åringen Eino. I første kapittel fortel han om røtene sine i Karelen, og språkvanskar den første tida i byen der familien no bur. Men røtene er sterkare enn problema. Eino gjer seg nokre tankar om arven han ber på frå tidlegare generasjonar, og mora fortel om overlevingsevna i slekta, der ein surdeig «har fylgt slekta i meir enn to hundre år»(34), og «surdeigen berga oss» (s.st.). Snart kjem ei anna historie i framgrunnen og blir den sentrale handlinga: Eino og tre kameratar – to gutar og ei jente – finn ut at dei vil starte eit band. Første oppdrag får dei alt før bandet har hatt si første øving, da lokallaget av Raudekrossen ber dei kome på julefesten deira og spele. Bandet blir stifta i byen, der Ulltoppane Esko-Pekka Tiitinen Bokvennen forlag, 2010 barnebok ungdomane har alt dei treng av moderne utstyr; tekstmeldingane på mobilen flyg snøgt fram og tilbake mellom dei, og heime ser dei ein DVD om Raudekrossen og grunnleggjaren Henri Dunant. Dunant blir førebiletet for dei, han som midt i krigen kunngjorde at «alle var brør, at ingen var fiendar» (78). Bygd og by, gamalt og nytt blir stadig kopla saman, og samankoplinga pregar den kreative prosessen. Også det framande og det heimlege møtest; ungdomsband finst overalt i verda, ofte med utfordrande namn og klede, men desse ungdomane kallar seg Ulltoppane og har svære ullsokkar på hovudet som kostyme. Men for Eino meir enn dei an- dre tek det tid å finne ut kva det inneber å ha Henri Dunant som ideal. Samarbeidet i bandet trugar med å bryte saman da Eino gir uttrykk for ambisjonar om å skilje seg frå massane og vere best av alle. Dei tre andre protesterer, og dei får tukta Eino for overmennesketankane hans. Andre motsetningar ser vi ikkje; hos dei vaksne i heimane og på skulen møter dei samstemt oppmuntring. Vi følgjer øvingane gjennom dei få vekene fram til festen, med stadig nye versjonar av tekstar og melodiar. Einos første utkast til grunntekst handlar om fire nyfødde barn, og vi skjønar at spedbarna svarar til medlemene av det nyfødde bandet. Motivet nyfødde foreldrelause barn blir utbrodert i stadig nye versjonar, og her kan boka verke både langdryg og poenglaus. Dette er ei barnebok, men kor mange barn blir fanga inn av førestellingar om navlestreng eller spedbarn i stellebag? Spenning og dramatikk er for det meste fråverande, og handlinga fram mot konserten kan lenge verke nokså spinkel. Men humor i replikkane og i Einos tankar finn vi rikeleg av, i fantasifulle og sprelske innfall. Lunden gjer Shakespeare lettar Den kjende amerikanske litteraturteoretikaren Harold Bloom hevdar at Shakespeare står heilt i sentrum av den vestlege, litterære kanon. Og det er vel eit synspunkt det er vanskeleg å vere usamd i. Difor er det gjevt at versforteljinga Venus og Adonis (1593) no endeleg finst på norsk. Kåre Lunden er mest kjend som historikar, men har òg omsett den engelske mellomalderdiktaren Geoffrey Chaucer. Og no har han brynt seg på ein storleik som William Shakespeare (15641616). Så her debuterer han altså som Shakespeare-omsetjar. Merkeleg nok var òg Venus og Adonis Shakespeares debut på prent. Saman med The Rape of Lucrece var dette dei einaste verka han sjølv lèt prente. I Venus og Adonis rører me oss i mytens rike, og som så ofte tek Shakespeare utgangspunkt i velkjende kjelder, ikkje minst frå den romerske diktaren Ovid, frå hans Metamorfosar, Bok 10. Men karakteristisk nok diktar Shakespeare vidare på forteljinga, og på avgjerande punkt er det fleire avvik frå Ovid. Dette er handlinga, kort fortalt:: Kjærleiksgudinna Venus forelskar seg i den vakre ynglingen Adonis, men Adonis er meir oppteken av sitt virke som jeger og avviser standhaftig Venus' amorøse tilnærmingar: «Er du så stridlynd, stålhard som stein?», bryt ho ut. (s.13). Handlinga bølgjer att og fram i vakre, biletrike vers, og vert driven fram av kjær- Venus og Adonis William Shakespeare Omsetjing og etterord ved Kåre Lunden Aschehoug, 2009 lyrikk leiksdramaet mellom Venus og Adonis, mellom Venus' desperate framstøyt, og Adonis' forsøk på å vri seg unna. Det heile endar på tragisk vis – under jakt vert Adonis til slutt drepen av eit villsvin. Og sorgfull trekkjer Venus seg attende til si gudeverd: «Slik trøytt av verda går ho hastig bort». Sjølv etter elizabethanske forhold må diktet ha vore noko vågalt, men det var skrive for eit aristokratisk miljø som sette pris på den burleske komikken som òg til fulle finst i diktet. I etterordet legg Lunden stor vekt på dei omsnudde kjønnsrollene – kvinna som den aktive part – og på kjønnsleg ambivalens. Det er liten tvil om at det er ei gedigen oppgåve Lunden har gjeve seg i kast med. Venus og Adonis er halden i ei streng bunden form: Diktet er på heile 1194 verslinjer, delt inn i strofer på 6 vers med enderim, i mønsteret ababcc. Versemålet er femfota jambisk, altså trykklett og trykktung staving, og kvar linje har ti slike stavingar. Og det seier seg nesten sjølv at det er umogleg å halde på alle desse formgrepa i ei overføring til eit anna språk. Omsetjaren må gjere nokre val. Anten må han eller ho prøve å halde på enderimet og soleis ofre mykje av den opphavlege meininga, eller han eller ho må ofre enderimet og halde på rytmen og den opphavlege meiningen. Lunden har valt det siste alternativet; han har gjeve opp enderimet, men prøver å halde på den femfota, jambiske rytmen. Dét maktar han ikkje alltid heilt, av grunnar han har gjeve godt greie for i etterordet. Soleis kling første strofe i Shakespeares original: Even as the sun with purple-coloured face Had ta'en his last leave of the weeping morn, Rose-cheeked Adonis hied him to the chase. Hunting he loved, but love he laughed to scorn. Sick-thoughted Venus makes amain unto him. And like a bold-faced suitor 'gins to woo him. Og så Lundens omsetjing: Då sola med sitt purpurraude kinn til gråtfull morgon hadde sagt farvel, Adonis, raudleitt, NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Mot slutten har boka sterk stigning. Under den siste øvinga kjem Tom, ein av bandmedlemene, med eit bidrag som har ei heilt anna tyngd enn tekstane dei før har øvd på. Tom er opphavleg afghanar, no adoptert i Finland. Han er verkeleg foreldrelaus, og songen viser at han veit mykje om krig og naud. Den lange og velformulerte songen hans er ei sterk oppleving for dei tre andre, først her blir bandet født for alvor; dei er «som nye menneske» (119). Songen blir gjentatt på konserten, og vekkjer stor applaus. Toms song sameiner det nære, heimlege og det fjerne, og gjer Dunants likskapsideal og fredsideal nære og levande. Om bandet lenge har verka meir enn rimeleg barnsleg, viser slutten at det har gått gjennom ein mogningsprosess. Eg kjenner ikkje originalteksten, men Liv Hatles språkføring – ikkje minst i dikt og songar – verkar livfull og sikker. Målgåver til å servere — — Åsfrid Svensen — — re å lese skunda seg til jakt som var hans liv; men kjærleik skydde han, då hugsjuk Venus hastar til hans sti, og lik ein vågal friar talar ho: Det er kanskje noko uheldig at Lunden ikkje har prøvd å halde på parallellismen i fjerde vers, «Hunting he loved, but love he laughed to scorn». Slike retoriske og smykkande grep er eit særmerke for dei elizabethanske diktarane; liknande grep vart også nytta av John Donne, Shakespeares samtidige. Lundens versjon vert dessverre bleikare. Fleire av dei formskapande grepa som Shakespeare nyttar forsvinn altså i Lundens versjon, til dømes enderima, den faste rytmen og i stor grad også parallellismar og allitterasjon – altså dei gjevaste ingrediensane i den bundne forma. Kva tilbyr Lunden som erstatning for dette? Som han seier i etterordet, vert det ei slags omdikting til det såkalla blank verse, altså urima jambisk pentameter. Mykje av den språklege, musiske magien forsvinn, men likevel står det mykje fint att. Shakespeares engelsk er krevjande, biletrik og differensiert. Lunden gjer Shakespeare lettare å lese, og han har godt nok poetisk gehør til at utgivinga let seg forsvare. Kjetil Berthelsen NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Til barnehagekampanjen: stk. kaffikrus (2008) Svart dekor og gulltekst. Kruset er nytrykk av jubileumsserviset. Det går mangt eit menneske og ser seg fritt i kring for Ivar Aasens skuld Tarjei Vesaas 1950 stk. tekrus med skål (2008) kr 150 Svart dekor og brun tekst. Nynorsken kviskrar: Dette går ikkje an. Kristin Auestad Danielsen,2007 — stk. TIPSHEFTE som gjev god lese- start med gode tips til nynorske barnebøker. 16 sider. Gratis! stk. frukostasjett (2008) kr 100 Svart dekor og brun tekst. Nokon må elske ordet og reinske bort ugras der det gror. Nokon må bruke ordet. Berre ved bruk blir det vakkert. Marie Takvam, 1987 stk. tekrus med skål (2007) kr 120 Oransje dekor og svart tekst. OSS, RETNING Eg veit ikkje kvar vi skal. Men eg gler meg medan vi kjem dit. Ann Kavli, 1996 — stk. FLYGEBLAD til dei tilsette: «Gjennom ord blir verda stor»kampanje for nynorsk i barnehagen. 4 sider. Gratis! til å markere — stk. FLYGEBLAD til foreldra: Medlemskap i gåve: Kjenner du nokon som burde ha vore med i Mållaget? Gje dei medlemskap i gåve! Dette kostar 200 kroner. «Gjennom ord blir verda stor»kampanje for nynorsk i barnehagen. 2 sider. Gratis! JA TAKK, eg tingar: — stk. PC-HYLSTER med slagordet Mange røyster – felles mål. Storleik: 15". Kr 150 — stk. MEDLEMSBEVIS som eg kan gje vekk i gåve. Kr 200 — stk. Slepp nynorsken til-JAKKE- — stk. MERKE. Kr 10 (kr 50 for 20 stk) — stk. REFLEKSBAND til å slå rundt armen eller foten for å vere tryggare i trafikken. Med logo og slagord: Mange røyster – felles mål. Kr 20 — stk. FRIMERKEMAPPER frå Posten med førstedagsbrev med frimerket som Posten laga i høve hundreårsjubileet. Kr 50 ord blir verda stor». Gratis for inntil 20 jakkemerke! — stk. RULLEBANNER: «Gjennom ord blir verda stor». 2 meter høg. Kr 500 — stk. PARAPLY (kan slåast saman). Kr 100 Hugs at vi går fort tom for somme artiklar! Det er såleis ikkje sikkert at du får alt du tingar. — stk. VILJEN TIL SPRÅK av Ottar Grepstad. Kr 200 — stk. NØKKELRING, kvar av ringane kan takast av. Fin om du treng å dele nøkkelknippet. Kr 75 — stk. Takk, Ivar Aasen-JAKKEMERKE. Kr 10 (kr 50 for 20 stk) Ting ved å sende e-post til [email protected], ringje 23 00 29 30, fakse til 23 00 29 31 eller ved å gå inn på www.nm.no. Du kan også sende i posten. Porto kjem i tillegg. PARAPLY med trehandtak. Svart med kvit logo og slagord: Mange røyster – felles mål. Diameter om lag 1 meter. Kr 100 — stk. JAKKEMERKE: «Gjennom Namn: Adresse: Postnr. Poststad: 25 fire på gata: Kva er a) trusetrøye, b) bukbøy? Har du andre framlegg til norske ord som kan erstatte eit engelsk? Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai kr 1,00 pr. stk. Alle prisar er eks. mva. Ved lysing i fleire nummer kan vi diskutere særskilde avtalar. Stoffrist nr. 5 – 2010: 25. oktober 2010 Foto: Grace Bryn Foto: Norsk filminstitutt kr 9,00,–/mm kr 0,50,–/mm 45 mm kr 4 000,– kr 7 000,– kr 12 000,– Foto: Erlend Aas Annonsar: Annonseprisar: Tillegg for tekstside: Spaltebreidd: Kvartside: Halvside: Heilside: Tillegg for fargar Ilegg til avisa: Foto: Det norske Samlaget Prent: Nr1Trykk as Opplag: 12 000 Abonnement: Kr. 250,– per år Ola By Rise, : assisterande landslagstrenar, Norge A Aina Basso, : forfattar Nina Refseth, : filmdirektør Nana Rise-Lynum, : barnebladredaktør Tippar bukbøy skal erstatte situps, men det er eit dårleg teikn når nyordet er så rart at ein må gjette. Trusetrøye er endå verre; kanskje singlet? Langt frå blinkskudd her. Forslag til nye ord har eg ikkje på strak arm. Men ein gåtur her i Reykjavik minner meg på kor flinke islendingane er til å verne om språket sitt, og vere kreative på ein smart måte. Skal vi sjå! Eg trur at trusetrøye er det same som body. Bukbøy er vel kanskje situps? Andre ord som kan erstatte dei engelske? Nei, no kjem eg kjem berre på slike som finst, men sjeldan er i bruk: husvogn, snøbrett, (bok- og blad-) bunad. Trusetrøye – kan det vere body? Bukbøy – situps? Sjølv om skrømtskrivar sikkert er etablert, er det mitt beste framlegg, eg kjem ikkje på anna i farta. Men mitt første innfall er at trusetrøye det må bety body. Bukbøy må vere sit-ups – noko eg stadig driv med :-). Akkurat no kjem eg ikkje på noko, men eg ber Språkrådet om å kome med framlegg til norske ord så fort eit engelsk ord eller uttrykk blir registrert brukt. No er eg så van med både body og sit-ups at eg neppe byter dei ut med norske ord. NOREGS MÅLLAG Tilskrift: Boks 474 Sentrum, 0105 OSLO Telefon: 23 00 29 30 Telefaks: 23 00 29 31 E-post: [email protected] Kontoradresse: Schweigaardsgt. 16 Bankgiro: 3450.19.80058 Leiar: Håvard B. Øvregård mobil: 917 73 157 [email protected] Tilsette: Gro Morken Endresen, dagleg leiar, tlf. 23 00 29 37, 957 85 560 [email protected] Magnus Bernhardsen, organisasjonskonsulent, tlf. 23 00 29 34, [email protected] Berit Krogh, økonomikonsulent, tlf. 23 00 29 35, [email protected] Ingar Arnøy, skulemålsskrivar, tlf. 23 00 29 36, 975 29 700 [email protected] Hege Lothe, informasjonskonsulent, tlf. 57 86 53 60, 926 48 348 [email protected] Kjartan Helleve, redaktør Norsk Tidend, tlf. 23 00 29 32, 943 97 998 [email protected] Else Elise Sætre Bullus, kontormedarbeidar, tlf. 23 00 29 30, [email protected] Tarjei Vågstøl, IT-medarbeidar, tlf. 23 00 29 50, 452 31 489 [email protected] Ikkje berre tøys og tull I norsk språk er det et fritt fram å lage nye ord. Her er ny-norsken du ikkje visste du kunne bruke. Trusetrøye, motemolo og bukbøy – er dette tulølgje lespråk? Slett ikkje, ifølgje rar til Språkrådet. Dei oppfordrar d at du seier trusetrøye i staden for body, motemolo for catwalk og bukbøy for sit-ups. – I norsk er det fritt fram å lage nye ord, forklarar Jan Hoel, seniorrådgjevar i Språkrådet. Han arbeider blant anna med å registrere nye ord og omgrep i norsk. – Det er ingen ting som er ulovleg å skrive og det er viktig at nye ord kjem til. Det vi i Språkrådet ynskjer, er at utanlandske ord enten får norske avløysarord eller blir skrivne på ein norsk måte, seier han. Fullgodt NORSK MÅLUNGDOM www.nynorsk.no/nmu Tilskrift: Postboks 285 Sentrum, 0103 Oslo Telefon: 23 00 29 40 Telefaks: 23 00 29 31 E-post: [email protected] Bankgiro: 3450 65 48707 Leiar: Janne-Kristin Svarstad Nygård, tlf.: 916 16 637, 23 00 29 40 [email protected] Skrivar: Tone Rossow, tlf.: 23 00 29 40 [email protected] www.nm.no 26 – Å skrive motemolo i staden for catwalk er difor heilt lovleg i formelle samanhengar, til dømes på norskeksamen, forklarar Hoel. – Vel å merke må ordet blir forstått ut ifrå samanhengen. Men det er fullgod norsk. Språkmannen gir eit eksempel: ordet «greenkeeper». – Ingen ordbøker inneheld «heile» språket. «Greenkeeper» er teken frå engelsk, og viss ikkje det blir erstatta i daglegtale av eit meir norsk ord vil dette hamne i ordboka etter kvart. Her foreslår vi golfgartnar, eit ord som førebels heller ikkje finst i ordboka. Kva ord som vinn fram, vil berre framtida vise. dri gjennom gjennomslag, fortel Hoel. – Det som skjer når eit nytt s fenomen d dukkar opp, er at det me eit namn på det. følgjer med Sidan svært mange fenom eller dingsar no men kjem frå USA, følgjer det med amerikanske namn, noko som ofte blir ståande. OPPRYDDING: Vi nyttar sjølvsagt stålstuten når vi skal fjerne uønskte ord frå språket vårt. AVLØYSARORD Forslag frå Språkrådet: Halloween – graskarkveld Hacker – datasnok Peptalk – kveikpreik Babyboom – babybølgje Cottage cheese – hytteost DJ – plateryttar Eyeliner – augeblyant Food processor – matmølle Golden goal – førstemålssiger Halloween – graskarkveld Hat trick – trillingmål Keyboard – tangentfjøl Push up BH – heve-BH Surround sound – kringlyd Tights – trongbukse Wide screen – breiskjerm Funne på Internett: Standupkomikar – rettoppognedfestlegkar Serveringsdame – teskjeikjerring Podkast – klikksending Bulldosar – stålstut – At vi tek inn nye ord etter som nye dingsar og fenomen kjem til, er éin av grunnreglane i språket, forklarar Hoel. Forslag i søpla Men mange avløysarord får al- Cd, harddisk og stand-up er døme på ord d vi har adoptert. – Men vi har også eksempel der norske ord har teke over, slik som e-post (e-mail), minnepinne (memory stick) og klimaanlegg (aircondition). Ofte er det derimot ei fornorsking av skrivemåten som blir resultatet. – Ta for eksempel «clutsj». Her har vi foreslått koplingspedal, men ordet er blant anna for langt til at det kan slå an. Det engelske «clutsj» fungerer dessutan mykje betre biletleg – noko grip rundt som ei klo. Resultatet er at vi har fornorska skrivemåten til kløtsj. Ser til Sverige Linda Eide, språkglad journalist kjent frå Norsk attraksjon, trur avløysarorda har ei framtid. – Viss folk byrjar bruke desse orda, så har dei absolutt ein sjanse. Til dømes vart snøbrett lenge brukt, sjølv om det no kanskje er på veg litt ut igjen, seier ho. Kveikpreik og datasnok er to av orda frå lista ho trur kan fungere. – Kveik er eitt av yndlingsorda mine, så kveikpreik er eit strålande ord eg vil byrje bruke med det same. Datasnok fungerer også. – Korleis må eit avløysar- ord vere for at det skal bli tatt i bruk? – Viss ordet vekkjer eit smil, trur eg sjansen er større. Eg trur på oppfinnsame metaforar. I tillegg må ordet vere attkjennande for kva det skal bety. – Prøver du byte engelske ord med ny-norske ord? – Eg føler ikkje at eg snakkar engelsk sjølv om eg brukar engelskord. Til dømes seier eg «keine problem» også, noko som er tysk. Men viss det er opplagt at ein må bruke engelske ord, så er det artig å finne norske ord i staden. Spesielt viss eg skriv, kan andre typar ord gjere at folk stoppar opp. Verdsveven brukar eg ofte for å gjere «Internett» meir høgtidleg. Eide synest svenskane er flinkare til å bruke skildrande ord. – Det er trist at lynlås vart erstatta av glidelås. Men i Sverige heiter det altså blixtlås (blixt = lyn). Og så seier dei «doatjej» i staden for korjente («doa», som å syngje «doa-doa», tjej betyr jente). Vegen til ordboka Tilbake hos Språkrådet blir vi oppfordra til å lage nye ord. – Det er ikkje nokon bestemt som fastslår kva som blir dei nye orda, aller minst oss i Språkrådet. Det som oftast skjer, er at gode ord spreier seg av seg sjølv, seier Jan Hoel. – Kva med ord som manglar erstatningsord, slik som «afterski» og «pumps»)? – Det er berre å lage nye ord. Om ti år er ordet ditt kanskje blitt det vanlege ordet og finst også i ordboka. Så blir det opp til deg og meg kva som står i ordboka om ti år. Men uansett kan vi skrive dei orda vi vil. ANDERS MYKLEBUST/NPK NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 sagt sidan sist puslekryssord for barna Nedanfor finn du alle orda som skal vere med i kryssordet til venstre: Kanskje er det her Frp kommer til kort. Hagen, Jensen, TybringGjedde & co har aldri forstått det nynorske bidraget til det norske: Viktigheten av respekt for annerledeshet, mindretallets krav på vern mot flertallet. Ola Borten Moe summerer opp målsaka i Dagsavisen Annemor Sundbø utgir i oktober en ny strikkebok. Den får tittelen «Norske vottar og vantar. Dyremotiv og andre figurar frå norsk strikkearv». (…) Boka blir utgitt av Samlaget og er på nynorsk. Folkeopplysing i Fædrelandsvennen Republikken Vestland er sikkert en fjern slektning av påstanden om at dersom Harald Hardråde hadde vunnet slaget ved Stamford Bridge 25. september 1066, så hadde det vært nynorsk og ikke engelsk som ble verdensspråket. På leiarplass siterer Vårt Land ein altfor lite nytta påstand – Mens Stiklestad-spelet har et litt stivt nynorsk språk er det her et frodig gammeldags språk med keltisk tilsnitt. Seier Oddbjørn Hagen om «Kong Arthurspelet» på Sandsøy i Møre og Romsdal Hau, no fær nynorsken ny norm! Vi festar vilt og skal retta gamle feil(ar). 60 år med samnorsk – no problem! Ny tid, ny måte å skriva mogleg på. Men etter reformrusen må det koma nokre ålvorsord. Vanskeleg ikkje å vere samd med Emil Henry Flakk i Klassekampen – Kanskje betyr nynorsken mykje for meg nettopp fordi det er så mange som er irriterte og forbanna på den. Det er fint å vera med i eit slikt prosjekt. Ragnar Hovland i Klassekampen På engelsk ville det riktige være «Gay Talese’s». På norsk: «Gay Taleses». Desken lager isteden en garpegenitiv, ved hjelp av «sin». Her er Riksmålsforbundet, Noregs Mållag, Språkrådet og alle språkfolk jeg kjenner helt på linje: Garp vil vi ikke se noe til. I Dagbladet må vi det lell. Lars Aarønæs i Journalisten finn eit minste felles multiplum Jeg har latt personene bruke aformer og radikalt bokmål der det passer, for eksempel i dykkermiljøet. Men det passer jo ikke blant statsråder og i regjeringsmiljøet. Tom Kristiansen forklarer Næravisene Øyene både det eine og det andre 2 bokstavar: AU, UT 3 bokstavar: AGE, ETE, RAK, RUE, TAK, TRE 4 bokstavar: ELBA, GÅTE, NEBB, SKAP, VÅRE 5 bokstavar: PETER 6 bokstavar: ATOLLA, AVANSE, EROBRE, KRATTA, RAUTAR, kryssord (Løysing finn du nedst på sida) GAV BRYST HAND- SALSVERKAR PLASS FYR BORTÅT SETTE MÅLAR TIL OPPLIVS DRETT MEL SPEL HAR DET VONDT KU PARTERE FISK MAS MÅL NYE TIL LANDET KVITT DEKKE RUSSISK SVAR KOLLEKT SJØ I AGDER RENN RENNER PRESTEEMBETE SKOGEN SINTE URO VEKT GOD NOK TIL MAT VÆSKEGANG GODS EKSTRA DEI 365 SPYDIG BEHANDLING STAL ØYFOLK GANGSTIG BYBUAR ROMINNHALD TETTPAKKAR BORK GAV ETTER FANGSTBÅT POPGRUPPE I HARDANGER GAMMAL GULT FÅ DET UT BLØMANDE TROLLDOM TVERRSIDE VASSSELE BREI EI MED GEVÆR GÅTT BORT KOSELEG FEILFRI UTBYGG FERDSLEÅRE FINARE RØYKING SKIP UROLEG TYPE KVA TID? BLIR STILL SPELSTYKKE PART SANSELØYSE AVKOM SANDSLETTE GJE LOV LITT SVEVN MIDTBLOKK PUBLIKASJON SLEIPING FORTUMLA UTROP REKLAME INTERN. ORG. DRIVE I EIN VISS DEL AV LANDET DETT MEDVITET LITER SANSAR RENDE TONN VEKEBLAD MORGONEN HANDTRYKK SA NEI OLDER REX løysing EIGE SLEDE- FJELL UNDER- TRELAG PLATE H S A M E K R I O S P Ø A R T R E FARGREIE MEDIE- STAT LEIAR SKRIK QUIZ MYNT FLATEMÅL GILDE RIKS- PAPESTYRE GØYE HUGS S A M R I L A N N T R E E M A T L I R E K ÅTAK STATSRÅD VALSE- GREIE RYTME BUTIKK NORSK FORF. SPONSA HODYR KARPEFISK DET SOM ER ATT NÅ GRANNAR B I F E R D I R E N G K A E K R J E K Ø L D A G A A N L I N G A D B R U R Å F J E R I V A R E E I S L A M E S FISK SJETTE TONEN BLES KALDT ODDE DUUNS FØDEØY TONANDE LYD PLASSERTE SØKK INNAN- LURE FOR STABEL GRANNAR PLANTE UKOKT Æ NAUD R E S T E N S L E I S K KAVE SEG OPP SKJER S N O A R S T S R A E K S S D E SPISS TING HALV- B Å E LANDEMERKE M E D SMEIKJANDE DU OG EG V S M I I N G S Å K U R R E A R Y L L G J E L I N I M I E L S L I R E T I A N S PRON. FUN- BRAKE GERER BERETRE FISK ELV I NORD BLENKJE ROMMÅL ENERGIMÅL JEPPES FOTVIV SOLE KVILER BAKEN KVITT SJETTE BE- UTVIDE FJERDE FRITT BROTS- BAKKE TONEN LEGG SEG TONEN VERK ÅTAKET FROSEN VÆSKE F O R P A F I N MATRETT RETNING GJÆRAR F D D E L I L E S J E F E S A N S E L T A L A U P E U R I N G I L A S T E R E I T A K T L E O N I N G E S E I E R T UKLÅR FIOLIN LUFT BAKST FLIRE Kryssordvinnarar i nr. 3 – 2010 TAUSA HUSDYRET HEILE GNIAR KVIST- UNION ENE VONDT I VESTAGDER KVINNENAMN 1. Ragnhild Saur, Steinkjer 2. Solveig Åsvang, Baldersheim 3. Ingrid Ullestad Moen, Trondheim VOGNENE Send løysinga til: Noregs Mållag Postboks 474 Sentrum 0105 Oslo Frist: 25. oktober 2010 Merk konvolutten «Kryssord». Rett løysing kjem i neste utgåve. Tre vinnarar vert trekte ut og får fin premie. PAVE AVSLAG Namn: TONE REX Adresse: A V A G Å T E R O E L S L K R A A U P E T N S E E T B R E B A U T T T A R A K E R Postnummer/-stad: Løysing på puslekryssord NORSK TIDEND NR. 4 – 2010 Løysing på kryssord 3 – 2010 27 i nynorskens skog Ta kulturlodd! Departementa på klarspråkseminar Kvart år har Noregs Mållag eit Kulturlotteri der inntekta går til å drive betre og meir målarbeid. Lotteriet er ei viktig inntektskjelde for Noregs Mållag. For å kome i mål er vi avhengig av at mange lokallag og fylkeslag tingar lodd for vidaresal. Kvart lodd kostar tjue kroner, og alle lag som sel lodd, får ni kroner for kvart lodd som er selt. Mellom vinstane er eit gåvekort på reise til ein verdi av 5000 kroner, minigrafikk, akevittglas og bøker. Både lokallag, fylkeslag, yrkesmållag, med- I august inviterte prosjektet «Klart språk i staten» alle departementa til eit seminar. Føremålet var å gje departementa høve til å dele erfaringar og motivere og inspirere dei til å kome i gang med klarspråksarbeid. Til stades på seminaret var 18 deltakarar frå 12 departement. Nokre departement er godt i gang med språkarbeidet, medan andre er i startgropa. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har starta prosjektet «Det skal være lett å gjøre rett». Så langt har departementet halde to av fire planlagde skrivekurs, arrangert lunsjkåseri og laga eigne språksider på intranett. Ein eigen språkrettleiar for juridiske tekster er òg i kjømda. (Klarspråk) Dobbel platina til Hellbillies Hellbillies har selt over 60 000 eksemplar av albumet Leite etter lykka, og kan dermed innkassere dobbel platina. – Til dei som måtte tru noko anna: ein må altså ikkje ta på seg raud nase, kopiere andre eller vere med i eit realityshow fo å ha suksess for s artist i Nosom re seier sjefen reg, fo plateselskafor p deira, Bjørn pet R Rogstad i EMI. H skriv k i i eii pressemelding at Han Hellbillies sitt dobbelte platinatrofé «er beviset på at hardt, kompromisslaust arbeid og høg kvalitet sel». «Leite etter lykka» er det tolvte albumet frå hallingane. Det vart sleppt i det 20. året til bandet, og spelt inn etter ulukka som nær kosta vokalist og låtskrivar Aslag Haugen livet i juli i fjor. – Dette skal bli den beste Hellbillies-plata til no, uttalte Lars Håvard Haugen, gitarist og produsent for Leite etter lykka, til NTB før platesleppet. (NPK) – Avisene viktigare enn bøkene – Pressa har vore viktigare enn forlaga i utviklinga av nynorsk skriftkultur. Det er ein av konklusjonane til Ottar Grepstad i den nye boka Avisene som utvida Noreg som Samlaget gir ut i haust. – Like sidan A. O. Vinje tok til å gi ut Dølen i 1858, har fleire lese aviser enn bøker på nynorsk, og avise produserer ene mykje meir tekst på nynorsk enn d som finst i det bokform. Med nettutgåvene sine blir avisene berre endå viktigare, seier Grepstad. Boka brettar ut historia om nynorskpressa 1850–2010. Den kan lesast som ei forteljing om jag etter pengar, grenselaus idealisme og svik mot sine eigne, seier Grepstad. (Aasentunet) Tips oss! Berntsen har trekt seg frå Språkrådet SAMANSLÅING: Norsk kultursentrum tek over ansvaret for Haugesenteret i Ulvik i Hardanger. Ida Berntsen trekte seg fredag 13. august frå vervet som styreleiar i Språkrådet. Nestleiar i styret, Magni Øvrebotten, er no fungerande styreleiar. Berntsen har vore styreleiar sidan 2008, då ho tok over etter Tora Aas- d kan k tinge ti l dd i kulturk lt lemer og andre lodd lotteriet. De kan tinge skrapelodd ved å sende e-post til [email protected] eller ved å ringje 920 82 991 eller 23 00 29 30. land. Til dagleg er Berntsen forleggjar i Cappelen Damm, skriv Språkrådet på heimesidene sine. Berntsen sluttar fordi ho har fått utvida ansvarsområdet sitt i Cappelen Damm grunna ei omorganisering i forlaget. – Dette er den direkte årsaka til at eg no trer ut av vervet som styreleiar i Språkrådet, seier ho. (©NPK) Eit eineståande språkmuseum Nynorsk kultursentrum tek frå nyttår over ansvaret for å etablere, utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik i Hardanger. Det er klart etter at styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum samrøystes har godkjent ein avtale om samanslåing. Målet er å kunne opne Hauge-senteret hausten 2012. Det føreset løyvingar frå Kulturdepartementet, Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad alt i 2011. – Dette kan gjere oss til eit eineståande språk- og litteraturmuseum i Norden, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum. – Olav H. Hauge-stiftinga har god tru på og ventar seg mykje av denne samanslåinga, seier fungerande styreleiar Torunn Hovland Ljone i Hauge-stiftinga. Avtalen er på heile tolv sider og regulerer i detalj både styring, organisering og økonomi. Om kort tid publiserer Olav H. Hauge-stiftinga ein omfattande forprosjektrapport som blir eit grunnlagsdokument for det vidare arbeidet. Nytt museum med klar profil – Hauge-senteret skal få ein klar profil og drive like publikumsretta og sjølvstendig som Ivar Aasen-tunet har gjort i ti år, seier Reidar Sandal. – Ved sida av å leggje grunnlaget for Språkåret 2013 blir utvikling av Hauge-senteret den viktigaste oppgåva vår dei neste åra. – Vi er glade for at Nynorsk kultursentrum vil arbeide for å utvikle Hauge-senteret til eit profilert og fagleg respektert litterært museum, seier Torunn Hovland Ljone. Alt ansvar for utvikling og drift blir samla i Ørsta, men den lokale eigarskapen til Hauge-senteret blir som før. Hauge-stiftinga har dermed framleis ansvaret for det stiftinga eig. Det skal opprettast fleire fagorgan og forum ved Hauge-senteret, og her legg Nynorsk kultursentrum stor vekt på både fagkompetanse, kontinuitet og regional identitet. - For oss har lokal forankring og kontinuitet i arbeidet vore viktige omsyn, seier Ljone. Ulvik herad og Hordaland fylkesting stilte seg i vår samrøystes positive til planen om samanslåing. Også Kulturdepartementet har stilt seg positivt. Avtalen føreset at Ulvik herad, Hordaland fylkeskommune og staten gir dei økonomiske rammevilkåra som er nødvendige for å sikre ei forsvarleg drift av Haugesenteret. Nynorsk kultursentrum Vi vil gjerne vite kva som kravlar og kryp i nynorskens skog. Send e-post til [email protected]. MARKANTE: Heimbygda Naustdal heidrar jubilantane Eldrid og Kåre Lunden. Festdag for to djerve røyster i oktober To markante røyster i den nynorske skriftkulturen, Eldrid Lunden og Kåre Lunden, jubilerer med høvesvis 70 og 80 år i 2010. Heimbygda Naustdal heidrar jubilantane med ein innhaldsrik festdag laurdag 9. oktober 2010. – Vi ynskjer å setje søkjelys på den kritiske krafta i forfattarskapa, deira sentrale posisjon nasjonalt og deira tilskot til den nynorske skriftkulturen, seier rådgjevar for oppvekst og kultur i Naustdal kommune Trine Falkenstein. Det vert eit større arrangement med open konferanse i Naustdalshallen, marknad i og ved Naustdal barne- og ungdomsskule og festkveld i grendahuset Fosshalla. Bak arrangementet står Naustdal kommune, Naustdal Sogelag, Naustdal Mållag, Eldrerådet og Naustdal Ungdomslag. Eldrid Lunden er som lyrikar og professor i skrivekunst ein av dei viktigaste modernistiske lyrikarane våre med ei rekkje publikasjonar og prisar (m.a. Brageprisen, Aschehougprisen, Nynorsk Litteraturpris og Doblougprisen). Ho var med på å stifte forfattarstudiet i Bø, og var ein del av miljøet kring det innflytelsesrike litteratur- og samfunnskritiske tidsskriftet Profil. Kåre Lunden er sivilagronom og historikar. Markant professor ved Universitetet i Oslo gjennom mange år, med heile spennet frå vikingtid til hamskifte, frå 850 til 1850 som forskings- og undervisningsområde. Kåre Lunden særmerkjer seg med eit folkeleg, levande språk og med sterke synspunkt og teoriar. Han har også fått prisar, mellom andre Klassekampen sin kulturpris Neshornet og Norsk Språkpris. – Vi har lagt opp til eit program som vi vonar både lek og lærd vil finne interessant, seier Trine Falkenstein. Arrangementet er støtta av Fritt Ord, Norsk Kulturråd, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Noregs Mållag. (Naustdal kommune)