Arealplan, vedlegg 9 Vurdering av merknadar
Transcription
Arealplan, vedlegg 9 Vurdering av merknadar
SANDE KOMMUNE KOMMUNEPLAN 2013-2025 AREALDEL Vurdering av innspel Vedlegg C2 Side 2 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Sande kommune Saka sitt namn: Kommuneplanen sin arealdel, rullering Dokumentet sitt namn: Vedlegg C2 – Vurdering av innspel Saksnr: Kommunen sitt saksnr. Oppdragsgjevar: Sande kommune Oppdragsgjevar sin representant: Planleggar Oddbjørn Indregård AG Plan og Arkitektur AS: Oppdragsleiar: Siv.ing./planleggar Kåre Gjengedal Medarbeidarar: GIS-ingeniør Eldar Hansen 20.5.2013 Revisjon nr. Dato Tall sider rapport Kg kg Utarbeidd av Kontrollert Godkjent Signert rapport original er arkivet hjå AG Plan og Arkitektur AS Oppdragsnr. Dokument nr Namn på fil 2081 06-0 P:/prosjekt/2081/plandata tekst/vurdering_merknader/ C2-vurdering_merknader.doc Sande kommune Side 3 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Følgjande innspel er komne inn som følgje av forvarsling: 1) Aurvoll Eigedom AS dat. 19.11.2008 2) Roppen Samdrift ANS dat. 20.11.2008 3) Roger Gjerde dat. 24.11.2008 4) Knut A. Skoge dat. 25.11.2008 5) John Gjerde AS dat. 26.11.2008 6) Roger Gjerde dat. 26.11.2008 7) Synnøve Knotten dat. 26.11.2008 8) Hans Brekke dat. 27.11.2008 9) Asbjørg Muren Ulvund, mfl. dat. 28.11.2008 10) Oddmund Sandanger og Arne Værnes dat. 2.12.2008 11) Kvamsøy Bygde- og næringslag dat. 5.12.2008 12) Åge Sandvik dat. 7.12.2008 13) Guttorm Oksavik dat. 8.12.2008 14) Brigu Hav og Land dat. 8.12.2008 15) Oddvin Rusten dat. 8.12.2008 16) Unny Haugen dat. 9.12.2008 17) Oddvin Rusten dat. 14.12.2008 18) Bjørn Haugen dat. 2.2.2009 19) Styringsgruppa for bygdemobiliseringsprosjektet dat. 7.1.2009 20) Ronny Strandbø dat. 17.3.2011 21) Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal dat. 11.4.2011 22) Rådet for likestilling dat. 12.4.2011 23) Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum dat. 18.4.2011 24) Gijs Mijland dat. 24.4.2011 25) Direktoratet for mineralforvaltning dat. 27.4.2011 26) Noregs vassdrags- og energidirektorat dat. 27.4.201 27) Per Halle dat. 28.4.201 28) Møre og Romsdal fylkeskommune dat. 29.4.2011 29) Fylkesmannen i Møre og Romsdal dat. 3.5.2011 Side 4 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Sande kommune 30) Øystein Baade (oppstartsmelding regulering) Følgjande innspel er komne inn etter fristen: 31) Annbjørg Flatøy dat. 24.5.2011 32) Larsnes Idrottslag dat. 5.7.2011 33) Norunn og Peder Eltvik dat. 12.7. 2011 34) Bjørn Baade dat. 19.8.2011 35) Sande kommune dat. 6.10.2011 36) Helge Støylen dat. 1.11.2011 37) NLG Invest AS dat. 1.11.2011 38) Ørsta Byggservice AS dat. 22.11.2011 39) Per Mulvik AS dat. 25.11.2011 40) Kenneth Sætre dat. 28.11.2011 41) Petter Gunnarstein dat.30.11.2011 42) John Brekke dat. 2.12.2011 43) Sande kommune dat. 5.12.2011 44) Jørgen Ristesund dat. 7.12.2011 45) Sande kommune dat. 19.12.2011 46) Sporstøl Arkitekter AS dat. 13.1.2012 47) Jarl Martin Møller dat. 25.1.2012 FOLKEMØTER: Følgjande innspel er komne inn i samband med folkemøte på Kvamsøya: 48) Oppsummering folkemøte Kvamsøya dat. 14.9.2011 Følgjande innspel er komne inn i samband med folkemøte på Voksa/Sandsøya: 49) Oppsummering folkemøte Sandsøya dat. 15.9.2011 50) Gjermund Bringsvor dat. 16.9.2011 51) Sandefisk Marine AS dat. 16.9.2011 52) Gijs Mijland dat. 16.9.2011 53) Bjørn Petter Haugen dat. 29.9.2011 54) Sandsøy Fiskarlag ved Bjarne Voksøy dat. 27.9.2011 55) Eina Strand dat. 28.9.2011 Sande kommune Side 5 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen 56) Karin Flatøy Svarstad dat. 1.10.2011 57) Sandsøy Fiskarlag ved Bjarne Voksøy dat. 4.10.2011 Følgjande innspel er komne inn i samband med folkemøte på Gjerdsvika: 58) Oppsummering folkemøte Gjerdsvika dat. 19.9.2011 59) Matias Gjerde dat. 20.9.2011 60) Nina Larsen dat. 23.9.2011 61) Stig Gjerde dat. 23.9.2011 62) Trond K. Hide og Arnfinn M. Hide dat. 25.9.2011 63) Inger Johanne Lillestøl og Bård Møller dat. 2.10.2011 64) Monrad Hide dat. 4.10.2011 65) Arne Værnes og Oddmund Sandanger dat. 22.10.2011 Følgjande innspel er komne inn i samband med folkemøte på Larsnes: 66) Oppsummering folkemøte Larsnes dat. 22.9.2011 67) Oddbjørn Indregård dat. 25.9.2011 68) Breivik Kalkeverk v/ Arne Dyrhol dat. 29.9.2011 69) Oskar Rekdal dat. 4.10.2011 Følgjande innspel er komne inn i samband med folkemøte på Gursken: 70) Oppsummering folkemøte Gursken dat. 21.9.2011 71) Per Sandvik dat. 20.9.2011 72) Kurt Haukeland dat. 22.9.2011 73) Henriette Sætre og Espen Vike dat. 23.9.2011 74) Pergunn Rødseth Gjerdsbakk dat. 26.9.2011 75) Kjell Hauge dat. 26.9.2011 76) Hans Brekke dat. 27.9.2011 77) Kleven Maritime dat. 28.9.2011 78) Gursken IL v/ Kato Myklebust dat. 5.10.2011 Følgjande innspel er komne inn i samband med møte m/ næringslivet: 79) Oppsummering møte med næringslivet dat. 21.9.2011 Følgjande innspel er komne inn i samband med møte m/ særskilde grupper: 80) Oppsummering møte med særskilde grupper dat. 22.9.2011 Sande kommune Side 6 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Følgjande innspel er komne inn i samband med møte m/ elevar på ungdomsskulen: 81) Oppsummering møte med elevar på ungdomsskulen dat. 26.11.2011 Andre innspel: 82) Eigar av gnr. 28 bnr. 2 v/ Edel Frantzen dat. 14.1.2011 83) Olai Støylen dat. 5.3.2013 Dei areala som er teke med i planen som følgje av innspela er vurderte i forhold til KU og ROS i eige vedlegg. Sande kommune Side 7 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Utdrag frå og kommentar til dei enkelte innspela: 1. Aurvoll Eigedom AS Utdrag: Vi ønsker i samband med dette at det stykket vi har kjøpt i tillegg til vår eigedom "Myrland" i Myklebustmyrane vert regulert om til framtidig industriformål. Dette gjeld gnr. 18 og bnr. 75 sjå vedlegg. Vi ønsker å opparbeide stykket etter kvart som vi har trang for det. Bruksområde kan vere alt frå lagerplass, oppsetting av bygningar m. m. Kommentar: Omsøkte område er ei utviding av industriområdet i Myklebustmyrane. Der er i framleis ledige industriareal i området, men det vil vere naturlig å vidareføre og på sikt utvide dette arealet til industri. Innspelet er dermed samanfallande med gjeldande strategi. Ved regulering av området må grense mot sør og aust følgje eksisterande skogsveg/gangveg. Innspelet er i høve ovanemnde kome i møte. 2. Roppen Samdrift ANS Utdrag: Som kjent er jordbruksvegen vår ved Hallevatnet teken inn i eksisterande plan, og merka som "hovedturveg, noverande". Statens Kartverk har no stadfest at der ingen rettar er knytt til denne vegen, utan dei som er gjevne av oss. Vi har tidlegare sett fram krav om at denne vegen skal ut av kommuneplanen. Dette kravet står ved lag. Kommentar: Innspelet rettar seg mot å ta ut eit eksisterande element i gjeldande plan. Innspelet er i strid med gjeldande strategi retta mot auka fysisk aktivitet i nærområde. Turstiar i Larsnesskogen er eit element i denne strategien. Eit samanhengande turvegnett er både ei kortsiktig og ei langsiktig målsetting. Kommunen kan skaffe seg rett til å bygge vegen gjennom godkjenning av reguleringsplan og får dermed gitt ekspropriasjonsrett i hht. plan- og bygningslova. 3. Roger Gjerde Utdrag: Kråa er på nedsida av hovedvegen nærmaste nabo til Gaustad Marine. Området mellom mi garasje og denne bedrifta bør også kunne brukast til næringsverksemd. Ber om at dette området vert omregulert til industriformål. Kommentar: Gjeld eit område i Hallebygda. Er i dag LNF-område i gjeldande k-plan. Omsøkte område er svært avgrensa i areal. Det har dermed ikkje potensiale for eit framtidig industriareal. Enkelt tiltak kan verte vurdert. Innspelet vert med dette avvist. 4. Knut A. Skoge Utdrag: Søker med dette om utvida gul farge innenfor rød markering på vedlagde kart. Markert med minimal og maksimal område. Gnr/Bnr 86/22. Kommentar: Eigar av gnr. 86, bnr. 22 – lokalisert i nærområdet til Larsnes sentrum. Ønskjer at delar av eigedommen vert lagt ut til byggjeområde i k-planen. Som del av vurderinga av korleis bustadbygging i og kring Larsnes sentrum kan leggast til rette har vi vurdert fortetting og utbygging i dette området. Konklusjonen er at eignaheita og potensialet for slik utbygging her er svært avgrensa. Vi har difor ikkje funne å rå til innspelet eller for så vidt vidare bygging her. Vi ser likevel ikkje vekk frå at ei avgrensa fortetting innan areala som allereie er sett av til bustadføremål i gjeldane K-plan likevel kan vere moglege å bygge på. Utviding av noverande bustadareal vert ikkje kome i møte. 5. John Gjerde AS Sande kommune Side 8 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Utdrag: 1. Åpnast for fritidsbebyggelse frå Nøre molo og mot Hide, frå Søre molo og til Holane. Dette gjeld nedsida av hovedvei. 2. Det bør planleggast gangvei frå S-laget til Sandanger Hermetikk. Stor trafikk av gåande kvar dag. 3. Det er behov for oppstillingsplass for bilar i nærheita av badeplassen (tidlegare Leif Longva / Valborg Espenakk) ved sommarstid kan her vere kaotisk på fine sommardager. 4. Det bør planleggast å utvide byggefeltet vidare utover frå Dekjene og mot Hjalmar Gjerde. 5. Det bør åpnast for spredt bebyggelse i heile Gjerdsvika. 6. Det er behov for areal innafor moloen til naust/rorbuder. Kanskje arealet mot sjøen ved fotballbana kan brukast. Kommentar: Gjeld Gjerdsvika. Ad 1: Fritidsbebyggelse frå Nøre molo mot Hide: Viser til andre innspel. Søre molo – Holane er eit eksponert område som ikkje bør utbyggast. Byggeområde for fritidshus vert prioritert i området Stokset - Hide knytt til stadbunden næring, innspelt vert dermed avvist. Ad 2: Gangveg i hht innspel frå S-laget til Sandanger vert innarbeidt i planen. Ad 3: Parkeringsplass i hht innspel vert innarbeidt i planen. Ad 4: Byggeområdet i hht innspel er innarbeidt i planen. Ad 5: Det er i dag utlagt store areal gjennom heile Gjerdsvika. Desse vert vidareført i planen. Ad 6: Naust i hht innspel er innarbeidt i planen 6. Hans Brekke Utdrag: Eg er eigar av gnr 88 bnr 2 Brekke. I samband med rullering av arealplanen ønskjer eg at byggjeområdet som er i gjeldande plan blir utvida slik som innteikna på vedlagte kart. Bakgrunnen for dette er at eg ønskjer å ha høve til å sette opp eit hus eller ein garasje mm dersom eg ønskjer det. Kommentar: Gjeld Brekke i Gursken. Innspelet rettar seg mot å utvide byggeområdet i gjeldande K-plan på Brekkane. Området bør kunne utvidast mot austom tunområdet på 88/2. Ein bør avgrense utvidinga mot nord (kommunevegen) og mot synd til Brekkeelva. Det må setjast krav om gruppevis utbygging. Innspelet er delvis tatt omsyn til. 7. Roger Gjerde Utdrag: Det bør åpnast for spredt bebyggelse gjennom heile Hallebygda! Denne åpninga bør kunne foreinast med landbruksinteressene i bygda. Kommentar: Hallebygda er i dag LNF-område med byggeforbod i K-plan. Muligheit for spreidd bygging er ein bærande bjelke i gjeldande K-plan og er fastsett skal halde fram som del av plantrategien. Ut frå ei vurderinga kvar vi meiner spreidd bygging kan tillatast er det i planframlegget vist til eit slikt område i K-planen. Eit område frå Halletun og vestover mot 27/1 vert lagt ut til område for spreidd bustadbygging. Innspelet er dermed delvis hensyntatt. 8. Synnøve Knotten Utdrag: Det bør åpnast for spredt bebyggelse gjennom heile Hallebygda! Denne åpninga bør kunne foreinast med landbruksinteressene i bygda. Kommentar: Jf. merknad nr 7 ovanfor. Side 9 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Sande kommune 9. Asbjørg Muren Ulvund, mfl. Utdrag: Vi vil med dette leggje fram ønskje om at det i den reviderte arealplanen vert teikna inn gangveg på strekninga frå Magne Hjelle til Coop Marked i Gjerdsvika. Kommentar: Gangveg er innarbeidd i planen. 10. Oddmund Sandanger og Arne Værnes Utdrag: Vedrørande nausttomter til Gnr.6 Bnr. 2 og 21 på Kuberget/Gjerdsberget vest for Adolfbuda. Kuberget er delt i to like deler, der østre del, nærast Adolfbuda tilhøyrer Bnr. 2 og 21, og vestre del tilhøyrer Bnr. 1 og 20. Ved siste revisjon av arealplan har våre nauttomter på Kuberget blitt regulert til FRAMTIDIG FRIOMRÅDE, dette vart gjort utan vårt vitende, vi krev no at dette vert regulert til nausttomter, som det var tidligare. Viser også til at området er oppsprengt og planert til nausttomter. Kommentar: Gjeld Gjerdsvika. Tomtene ligg aust for reguleringsplan for hamna i Gjerdsvika, og nord for område lagt ut til noverande fritidshus - naust. Arealet er i gjeldande plan lagt ut som LNF-område med byggjeforbod. Innspelt går ut på å endre eit mindre avgrensa LNF-område til byggeområde. Kring dette området vert det lagt til rette for vidare utbygging av både næringsverksemd og naustbygging. Det er viktig for den samla kvaliteten på området at der er eit areal som kan stå att utan byggverk og som kan nyttast til felles samlingspunkt, ev opparbeidast som friområde og vere del av ei sosial ramme rundt fritidsaktivitetane knytt til sjøen. Eigarane er elles gjennom planframlegget gitt tilgang til alternativt areal i samband med utfylling i same område. Innspelet er ikkje tatt omsyn til. 11. Kvamsøy Bygde- og næringslag Utdrag: 1. Traseane vedr. Sande Fastlandssambandet, må innregulerast. (HASTESAK) 2. Det er stor semje om å gjennomføre ei betydeleg utviding av "kan områda". Dette kan regulerast i form av antall bueingar i dei ulike områda, samt at både grunneigar og kommunejpolitikarar må samtykke i kvart enkelt tilfelle. 3. Ein foreslår ei betydeleg utviding av arealet som er innregulert for hytte/fritidshus i Ristesund. 4. Ein har lagt inn areal for hytte/fritidsbustad rundt "Neskleiva" 5. Ein bør ha mulighet for nytt industriområdet, nord for hamna. 6. Vegen gjennom industriområdet til Brimer, bør leggast på oppsida av utelageret/muren til Brimer. Kommentar: Gjeld Kvamsøya. Ad 1: Ad 2: Viser til arbeidet med kommunedelplanen. Eksisterande plan har store samanhengande areal for spreidd busetnad fordelt over store deler av øya. Dette vert vidareført i planen. I tillegg vert det lagt ut eit byggeområde i Myra, samt ei utviding av eksisterande byggeområde på Hauge. Ad 3 og 4: Det er lagt inn fritidshus og naustområde på ”Hamna”/Kletten, Ristesund, Nesekleiva, Kvamme og Kvamsøy hamn. I tillegg er det lagt inn eit område på Basseneset for spredd fritidsbustader. I Ristesundet vert det lagt inn ei avgrensa utviding av eksisterande byggeområde for fritidshus. Ad 5 og 6: Veg og utviding av industriområde er lagt til rette i planen. Som det går fram ovanfor er mange prinsipp og idèar er tatt omsyn til. Sande kommune Side 10 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen 12. Åge Sandvik Utdrag: Viser til vedlagt kart og vil fremmer forslag om at også arealet mellom eksisterende veg og strandlinje vert inkludert i LNF området med sprett fritidsbebyggelse. Deler av føreslått område er alt benyttet til sprett fritidsbebyggelse i fonn av naust og nausttomter. Det er derfor naturlig med en videre utvikling av fritidsbebyggelse i dette område, da det ikke finnes tilrettelagte alternativ i området. Grunnen består av myr, lyngmark og berg og er ikke dyrket. Kommentar: Gjeld område i Sandvika, Gursken. Området ligg nord for område 10 i gjeldande K-plan – område for spreidd bygging av fritidshus i gjeldande k-plan. LNF-område i dag. Fritidsbeyggelse i eksisterande plan vert vidareført. Naustområde er lagt inn i planen. 13. Guttorm Oksavik Utdrag: Justering av grense for akvakultur: I Oksavika 78/1 har det gjennom fleire generasjonar vore brukt laksenot. Seinaste siste sommar var nota ute den tida det var løyve til å fiske med kilenot. Dette fisket vil vi halde fram med. Ikkje berre fordi det gjev eit fint tilskot til næringsgrunnlaget på garden, men fordi dette er ein viktig tradisjon å halde vedlike. Slik eg forstår er området der vi brukar laksenot inne i eit skravert område på kartet. Det tyder då på at nokon kan plassere oppdrettsanlegg eller anna installasjon her. For å hindre evt. konflikt mellom desse interessene bed eg om at det skraverte feltet for akvakultur som ligg frå Oksavika og vestover vert teke ut av planen, eller at området vert innkorta i austre delen slik at den ikkje rekk lenger enn til neset i Oksavika. Areal til hytter: På neset i Oksavika og vestover er eit fint område for hytter. Her er frå før ei hytte plassert på Lisjeneset. Eg bed om at området frå denne hytta og vestover til bytet mot Torset vert regulert til hytteområde. Dette gjeld frå kommunevegen og nedover, men ikkje heilt ned til fjøra. Kommentar: Gjeld Larsnes/Skredestanda. Det er i gjeldande plan lagt ut område for akvakultur utanfor Oksavika. Akvakultur i Oksavika er ikkje nytta i eksisterande planperiode. Innspelet vert dermed hensyntatt i ny plan. Det er i planen lagt opp til eit område for spreidd utbygging av fritidshus på Oksavikneset. Innspelet vert dermed tatt omsyn til i ny plan. 14. Brigu Hav og Land Utdrag: Nausttomter: I det skarverte feltet merka A har vi forslag om at det vert lagt til rette for utbygging av nausttomter på Voksa(slik det eigentleg er i dag). Frå gamalt av ligg det i dette området nausttomter som høyrer til grunneigarar på Voksa, oss, Freystein Baade og Øystein Baade. Arealet ligg praktisk tilrette for å bygge naust utan store terrenginngrep, og det er registrert interesse frå båteigarar på Sandsøy/Voksa. Kommentar: Naustområde i Kvennasundet er tatt inn i planen. Campingplass: I det skraverte feltet merka B har vi forslag om campingplass for bobilar og campingvogner. Arealet i steinbrotet på Marøya er i dag eit heller skjemmande areal i innkommstporten til øyane her ute. Ved å foreta nokre justeringar i terrenget som f jernar dei brattaste skjæringane i bakkant av bruddet, samtidig som ein opnar opp mot vest og utsikta mot horisonten, vil det være mogleg å bygge eit trappeterreng innover i bruddet. Ved også og behalde jordvollen mot sør og kanskje plante den med verneskog, vil ein skjerme mot innsikt frå trafikken frå Voksa. Det er her mulig å bygge ut med både vatn, avløp og strøm i samband med det komande hyttefeltet i området. Arealet ligg fint til for turistar som vil ha ein plass for campingvogn/bobil Sande kommune Side 11 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen som ligg usjenert til og ikkje forstyrrar fastbuande, samtidig som det er gode muligheiter for friluftsliv. Grunneigarar er vi. Kommentar: Som del av tilrettelegging for næringsutvikling (jf arbeidet med fastlandssambandet) er nordsida av Marøya fremja som eit større samanhengande næringsareal. Dette er, så langt vi greier å sjå, einaste større areal som kan leggast til rette for næringsutvikling med tilknyting både til landevegen og til sjøen med djupvasskai. Å etablere meir fritidsaktivitet i same område kan vi ikkje rå til. Innspelet om campingplass vert dermed ikkje teke til følgje. Hyttefelt: I det skraverte feltet merka D har vi forslag om eit nytt hyttefelt. Når det første hyttefeltet på Marøya no endeleg kan kome i gang for utbygging ser vi at det planarbeidet kan ta lang tid, og meiner dette området bør leggast inn i kommuneplana ved denne rulleringa slik at det er mulig å begynne å tenke planarbeid i komande planperiode. Kommentar: Viser til kommentaren ovanfor. Innspelet om hyttefelt vert dermed ikkje teke til følgje. Småbåthamn: I det skraverte feltet merka D har vi forslag om småbåthavn. Etter å ha registrert ein del etterspørsel om båtplassar og med dei planane vi ser for oss i dette området, meiner vi det er behov for ei ny småbåthamn. Vi meiner å ha observert området i ulike vèrforhold og det vil være fullt mogleg å bygge ei trygg hamn i her. Plass for parkering og landgang vil være frå arealet nærmest ferista på Marøya og med flytebrygger langs Voksavegen mot Trettholmen. Arealet på Trettholmen bør haldast som det ligg i dag, med høve til næringsverksemd. Kommentar: Som det går fram ovanfor er nordsida av Marøya og vidare nordover fremja som eit større samanhengande næringsareal. Ut frå desse planane er det ikkje plass til hamn. Vi viser elles til lokalisering av hamn i området Størevika. Her er lagt til rette for fritidsbebyggelse og hamn. Sjølv om lokaliseringa er annleis enn fremja er ideen om hamn innarbeidd i planframlegget. Fastlandssambandet: I høve planane om veg til Kvamsøya og Åram har vi registrert at det verserer ein del planer som vil berøre oss som grunneigarar ganske omfattande. I den samanheng vil vi presisere at vi gjerne vil være med på prosessen så tidlig som mulig som part og grunneigarar og samarbeidspartnarar. Vi har og ein del planer for utnytting av eigendomen vår som kanskje må endrast i høve desse planane. Det ville derfor være av stor interesse for oss å bli orientert om kva idear som ligg føre i denne saka. Kommentar: Viser til arbeidet som er sett i gong med kommunedelplanen. Prosessen her vil også omfatte samarbeid med berørte partar. Planen vil avklare val av trase for fastlandsambandet. 15. Oddvin Rusten Utdrag: Eg har eit jordstykke på kanskje 10-12 mål som i flg. arealplanen er avsett til jordbruk. Vest for mitt stykke er det fire bustadhus, og ein barnehage. På stykket austanfor står der to bustadhus, og resten er avsett til "framtidig bustadbygging". Det er vel då naturleg at stykket mitt får same kategori i arealplanen som naboane på begge sider. Eg har merka av området på vedlagde kartutsnitt. Kommentar: Gjeld område på Sandsøya, gnr. 73, bnr. 47. Er i gjeldande K-plan lagt ut som LNF-område med byggjeforbod. Arealet i vest er i gjeldande kommuneplan lagt ut som noverande byggjeområde. Området i aust er lagt ut som framtidig byggeområde. Ut frå ei samla vurdering av tomtebehovet er innspelet i hovudsak teke omsyn til og innarbeidd i planframlegget. Sande kommune Side 12 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen 16. Unny Haugen Utdrag: Som eigar av gnr.86 bnr.7 i Sande kommune ynskjer eg å kome med innspel til revisjon av eksisterande arealplan. Komande arealplan vil etter mi oppfatning verte gjeldande i mange år framover og utfordringa for Larsnes området vil være å få tilrettelagt bustadfelt som er stort nok og attraktivt nok for nyetablerar. Det nye bustadfeltet som skal erstatte Hallelia vil imidlertid ikkje være på plass før om tidlegast 4-5 år og imellomtida vil det være mangel på bustadtomter i Larsnes området. Eg ynskjer difor at byggeområdet for bustader på min eigedom kan utvidast noko mot nordvest (sjå vedlagt kartskisse) Vidare ynskjer eg sekundært å få vurdert om det er muleg å innplassere ein mindre naustområde mot Holmesundet (sjå kartskisse). Sjøområdet her er grunt og kan innvinnast med utfylling i sjø. Vil vidare påpeike at det ikkje er samsvar mellom eksisterande arealplan og reguleringsplan for Larsnesområde når det gjeld Holmesundet. Kommentar: Gjeld område sør for Larsnes -Vikane. Vi har vurdert innspelet slik at det frå noverande avsett bustadområde bør etablerast naustområde nord om dette. Det er stort behov for naust, men i dette området er det også gjort kulturminneregistreringar. I planframlegget er vist både vernesone og omsynssone. Som del av eller før regulering bør difor spørsmålet om kulturminne avklarast. 17. Oddvin Rusten Utdrag: Viser til brev av 8. desember vedr. rullering av arealplan. Eg kom der i skade for å gje opp feil bruksnr. Det rette er gnr. 73 bnr. 47. Kommentar: Innspelet takast til vitande. 18. Bjørn Haugen Utdrag: På vegne av eierene av gnr.69 bnr.5 og bnr.7 ønsker jeg å komme med innspill i forhold til forestående rullering av arealplan. Sandsøya har de siste årene hatt mange etableringer innen fritidsboliger/rorbuer og dette vil kunne være et av de viktigste vekstområdene for Sandsøya også i de kommende år. Målsetningen i denne sammenheng bør være å kunne etablere et så stort volum innen dette området at det kan generer arbeidsplasser lokalt på Sandsøya. Når det gjelder området som vi eier, så ligger dette sentralt på Sandsøya og vi ønsker at hele eiendommen på sikt kan benyttes til fritidsboliger / rorbuer. Vi er videre kjent med at både fastboende og eiere av fritidsboliger er opptatt av mangelen på småbåtplasser. I denne sammenheng mener vi at sjøområdet tilknyttet våre eiendommer bør vurderes i en slik sammenheng. For noen år tilbake ble det etablert 2 store naturreservat på Sandsøya. Disse reservatene ligger sentralt på Sandsøya og hadde store muligheter i forhold til fritidsboliger og småbåtmiljø. Det bør derfor ikke i fremtiden legges restriksjoner på områder som kan ha utviklingsmuligheter. Kommentar: Gjeld eit område på Sandsøya. Er i gjeldande plan LNF-område og område for spreidd bustadbygging. Innspelet omfattar eit stort område. Der er ulike interesser knytt til området. Skulen og barnehagen nyttar vika som del av undervisninga. Samtidig er fritidsbustader eit ”aktivum” for øya. Det er ei målsetting å prioritere fast busetnad i den vidare bruken av areal. Vi har difor vurdert framlegget slik at ein del av omsøkte tiltak kan takast inn i planen, men på ein slik måte at sjølve vika vert oppretthalden som LNF-område. Innspelet er såleis dels teke inn i planframlegget. Sande kommune Side 13 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen 19. Styringsgruppa for bygdemobiliseringsprosjektet Utdrag: 1. Vi ber Sande kommune om å søkje å leggje meir til rette for spreidd bustadbygging i krinsen vår. Det er ei kjensgjerning at det ikkje alltid er like attraktivt å etablere seg i eit kommunalt bustadfelt når ein først går til det steget å føre opp sin eigen bustad. Vi må streke under at vi ser på dette som eit VIKTIG PUNKT når det gjeld framtidsutsiktene. 2. Det er mangel på nausttomter i krinsen vår, både for fastbuande og dei med tilknyting her som bur andre stadar i landet. Vi ber kommunen medverke aktivt til at Sandsøya og Voksa får fleire nausttomter, anten det er snakk om fjøreareal eller naustrekkjer lenger oppe på land. Denne førespurnaden kjem på vegner at dei som har fritidsfarty, ikkje yrkesfiskarar. 3. Kommunen bør også starte planlegginga av kvar det kan verte fleire småbåtplassar - då dette raskt kan kome til å verte ei utfordring i åra som kjem. Kommentar: Gjeld Sandsøya og Voksa. Ingen konkrete geografiske område nemnt. I planframlegget er område for spreidd busetnad utvida, nye bustadområde er tekne inn, nye naustområde er komne med og småbåthamner er utvida og ny kome til. Innspelet er dermed teke omsyn til. 20. Ronny Strandbø Utdrag: I den gjeldende arealplanen er deler av 87/4 definert som areal til offentlige bygning. I samband med rullering av gjeldande arealplan, vil eg legge inn ønskje om følgjande endring. Heile 87/4 bør regulerast til bustadområde. Grunngjev dette med: • Der er mangel på sentrumsnære bustadtomter. • Har fått informasjon om at der er ønskje om utviding av arealet for offentleg bygning, i andre retningar av Larsnes skogen. Kommentar: Gjeld Larsnes (sør for skulen). Delar av eigedommen er i gjeldande plan lagt ut til eksisterande bustader. Resten av eigedommen er lagt ut til offentlege bygningar. Innspelet er i konflikt med dei behov Larsnes skule har til uteområde/bruksområde. Vi vil ikkje rå til endring av framtidig skuleareal til bustadtomter. Viser elles til planframlegget. Det gamle tunet på 87/4 kan pr i dag nyttast som areal til nye bustadar. 21. Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal Utdrag: Arealdel: I gjeldende arealplan for sjøområdene er det avsatt 12 egne fiskeområder i det juridisk bindende plankartet. FdirMR ser på dette som svært positivt. Fiskeområdene inngår ellers i flerbrukskategorien NFFF (natur, ferdsel, fiske og friluftsliv) og NFFF A (natur, ferdsel, fiske, friluftsliv og akvakultur). Fiskeridirektoratet tilrår generelt at viktige gyte- og oppvekstområder, kaste- og låssettingsplasser og områder for aktive redskap (f.eks. reketrålog snurpenotfelt) avsettes som egne fiskeområder. I viktige registrerte gyteområder, som også ofte er viktige fiskeområder, har vi i hovedsak tilrådd avslag på akvakultur søknader. FdirMR finner det derfor naturlig at disse avsettes som egne fiskeområder der de er registrert. Den samme begrunnelsen gjelder for avsetting av områder for aktive redskap, og registrerte kaste- og låssettingsplasser, som fiskeområder (F). Det kan være et alternativ å utarbeide temakart for å sikre denne type aktivitet, noe som i enkelte tilfeller kan være en god løsning. Utarbeidelse av temakart kan løse mange konflikter, likeså være en viktig del av arealplanprosessen. Men dersom temakart velges, må kommunen ta høyde for at disse ikke er juridisk bindende på samme måte som arealplankartet vil være. Planprogram: Under “Utbyggingsområde” (strand- og sjøområde) signaliserer kommunen fokus på havbruksinteressene. De tradisjonelle fiskeriinteressene er imidlertid ikkje nevnt konkret, og kan etter vårt syn med fordel tas inn i samme del. FdirMR er også av den oppfatning at det vil vere naturleg og formålstjenlig at kommunen også signaliserer en spesiell oppmerksomhet på havnestrukturen, og at spørsmål og utfordringer i denne forbindelse avklares”. Sande kommune Side 14 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Kommentar: Det er ikkje etablert eiga referansegruppe der havbruksnæringa har vore med. I prosessen har vi hatt møte med ”næringslivet” og havbruksnæringa var då med, jf også folkemøte som har vore halde i alle bygdene. Når det gjeld areal til akvakultur er det gjort endringar i planframlegget slik: - Landbaserte anlegg er tekne ut i den grad dei ikkje er eller har vore i drift på lang tid. Dette gjeld Nupaholmen, Saude og i Sandshamn. - Akvakulturområde i sjøen i områda o Skrede o Torset/Oksavik o Trettholmane o Arealet ved Haugsholmen er justert litt for å få plass til ein molo. Som tillegg er kome inn i planen: - Hummarpark Flesane Dette siste området er kome inn som følgje av eit forsøksprosjekt som er ønska vidareført og som kommunen ser positivt på. Det er ei målsetting i kommuneplanarbeidet å utvikle både gode bumiljø (med alt som høyrer til, m.a. fritidstilbod knytt til sjø) og gode vilkår for næringsutvikling. Det er avgjerande for begge målsettingane at fritidstilboda knytt til sjø vert best mogleg både for fastbuande og for fritidsbusetnaden. Dei målsettingane som vert vist til i innspelet er ikkje alltid samanfallande med kva vilkår kommunen må ha for eiga utvikling. Slik planframlegget no er meiner vi at havbruks- og fiskerinæringa er godt i varetekne. Kommunen er ikkje villeg til å bandlegge større areal enn som vist. Når det gjeld fiskerihamnene, så har det vore ei god utvikling for desse i kommunen. Kommunen ser fram til vidare samarbeid for å betre hamnene og vilkåra for havfiskeriet i kommunen. Så langt vi kan sjå er nødvendige omsyn tekne. 22. Rådet for likestilling Vedtak: Rådet er positiv til at planarbeidet no er oppstarta, og at den nye Plan- og bygningslova med verknad frå 1.7.09 vert lagt til grunn i rulleringa av arealdelen. Eit sentralt fokusområde i den nye planlova er kravet om universell utforming som planleggingsprinsipp. Rådet ser også positivt på at rådet vert med i ei eiga arbeidsgruppe som omtala i plan- og bygningslova § 5.1. Kommentar: Det er halde møte med ”særlege grupper” i planarbeidet. Innspel er søkt innarbeidde. Vi viser til føresegner til planen. 23. Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum Utdrag: Me kan nemne at deler av planområdet utgjør prioritert marinarkeologisk område, som betyr at me generelt vurderer potensialet for automatisk freda eller verna kulturminne i sjø som større her enn i andre områder. Me kan nemne at ved område rundt Haugsholmen er det meldingar om to skipsforlis med stor sannsynligheit for fleire. På SV del av Kvamsøya skal det være gode ankringsområder. I tilknyting til gamle ankrings- og hamneområde finner ein gjerne marine kulturminne og maritime kulturmiljø, og slike stader vurderer me også som viktige for marinarkeologien. Me visar også til kulturminnedatabasen Askeladden. Bergens Sjøfartsmuseum oppmodar Sande kommune om føljande: å sørgje for at planlagde områdedisponeringar som omfattar sjøareal har ein klausul i kommunedelplanens forskrifter om at dei skal utredast med regulerings- eller byggeplan, og dermed lagt fram for museet for uttale via fylkeskommunen. å sørgje for at kommunedelplanens føresegner har eit påbod om at alle planlagde enkelttiltak som skal utførast i sjø skal leggjast fram for Bergens Sjøfartsmuseum for uttale via fylkeskommunen. Kommentar: Sande kommune Side 15 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Det er teke inn i bestemmingane til K-planen at det ved utarbeiding av reguleringsplanar skal takast kontakt med kulturmynde. Dette følgjer også av vanleg sakshandsaming. Kjende kulturminne er elles avmerka på plankartet. 24. Gijs Mijland Utdrag: Noverande kommuneplan viser bnr 20 og 22 som byggjeområde. I forbindelse med våre framtidige planer ønsker vi det regulert som LNF-område. Kommentar: Gjeld Sandsøya. Området er i gjeldande k-plan lagt ut til framtidig byggjeområde. Området ligg i dag inne som byggeområde. Det er behov for arealet som byggeområde. Innspelet vert avvist. 25. Direktoratet for mineralforvaltning Utdrag: Direktoratet er oppteken av at det vert teken omsyn til mineralressursar i plansamanheng, og at det vert sett av område til råstoffutvinning for å kunne utnytte gode førekomstar, samt for å dekkje lokal etterspurnad av til dømes byggeråstoff, dersom høvelege førekomstar av denne type finst. Vi har registrert at det er sett av eitt område til råstoffutvinning i gjeldande plan (Breivik kalkverk på Larsnes). Kommunen bør i samband med rullering av arealplanen vurdere om det er trong for ytterlegare område til å dekkje den lokale trong for byggeråstoff. Kommentar: Ut over noverande bergverksdrift i områda Breivik og Saude er ikkje nye område for uttak av fjellmassar vurdert. Dette heng noko saman med pågåande arbeid med kommunedelplanar for fastlandssambanda. Desse vil avklare om der som følgje av desse vert overskot på fjellmasse og om massane er eigna til byggeråstoff. Ved seinare rullering av K-planen vil spørsmålet om råstoffutvinning ha eit anna utgangspunkt. Spørsmålet vil då bli teke opp på nytt. 26. Noregs vassdrags- og energidirektorat Utdrag: Kjem med innspel knytt til: Samfunnstryggleik – flaum, erosjon og skred Vassdrag – alle vassdrag med årsikker vassføring bør merkast tydeleg i plankartet. Energianlegg – eksisterande og vedtekne høgspentliner skal visast på plankartet som omsynssoner. Kommentar: Ad samfunnstryggleik: Fylkesgeolog Einar Anda har i all hovudsak vurdert dei enkelte byggeområda som vert foreslått i planen m.o.t. rasfare der areala er registrert som potensielle fareområde i skredkartet til NGI. Nokre areal er komne til etter at vurderinga vart gjort, og desse areala må få si avklaring under reguleringsarbeidet. Viser til eige vedlegg. Vassdrag: I KU/ROS skjemaet er bekkar og vassdrag som går i gjennom nye areal omtala og det er vist til om det må gjerast nærmare vurderingar i tilknyting til reguleringsarbeidet. Vassdraga med årsikker vassføring er tydeleg markert på plankartet. Energianlegg: Eksisterande høgspentlinjer er viste på plankartet med tilhøyrande omsynssoner. Vi kjenner ikkje til nye planlagde linjer. 27. Per Halle Utdrag: I forslag til planprogram nemnast fleire tema som skal utgreiast, m.a. vurdering av areal til bustadbygging og fritidshus. I høve til dette vil eg peike på gnr. 28 bnr. 5 som eit aktuelt areal for bustader og ein del av gnr. 87 bnr. 1 som areal for fritidshus. Sjå kartvedlegg. Sande kommune Side 16 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Kommentar: Gjeld areal ved Larsnes skule og areal vest om rådhuset, Larsnes. I innspelet er det ønskje om utbygging av 87/1 og 28/5. Innspelet rettar seg mot utbygging av bustader og fritidsbustader. Ønska område for bustader vil her konkurrere med planlagt utvidingsareal til skulen, forsamlingshus, idrettsanlegg og areal til ny barnehage. Konklusjonen går fram av framlegg til plan: dei utviding og samling av skule, barnehage mv må prioriterast. Disponering av arealet vest om rådhuset er endra dels til offentlege byggeområde (utviding av rådhuset, utviding av trafikkområdet, gangveg og til friområde. Friområdet og gangvegen skal vere del av sentrum sin grøntstruktur og medverke til å auke bukvalitetane for busetnad i sentrum. Merknaden er ikkje i møtekomen i høve formål, men deler av arealet er vist som bygge- og trafikkområde i planen. 28. Møre og Romsdal fylkeskommune Utdrag: PLANARBEIDET Automatisk freda kulturminne Utgreiing av framtidige utbyggingsområde bør sjåast i lys av måla som er nedfelte i samfunnsdelen om bevaring av kommunen sin miljøkvalitetar for framtidige generasjonar. Automatisk freda kulturminne er ein viktig miljøkvalitet, og ein bør vere medvetne omsynet til berekraftig bruk av desse i planlegging av framtidig arealbruk. I kommuneplankartet skal automatisk freda kulturminne visast som hensynssone D (sosikode H_730) og særskilte vernesoner knytt til dei som hensynssone C (sosikode H_570). Vi ber også om at fornminna vert markert med rune-R i grunnkartet. Vi rår til at ein lastar inn kartdata frå fornminnedatabasen Askeladden og godkjente reguleringsplanar, men understrekar at ikkje alle kjente automatisk freda kulturminne i kommunen er kartfesta i Askeladden. Vi vil fremje motsegn til kommuneplanen der arealbruken er i konflikt med automatisk freda kulturminne. Kulturminne frå nyare tid I planarbeidet er det viktig å ta omsyn til verneverdige kulturminne. Det ved å la dei stå, samt å ta vare på dei gjennom ein berekraftig bruk. Viser til vår uttale til samfunnsdelen. Det er spesielt viktig å ta vare på kulturminne som kan fortelja om Sande kommune si historie og utvikling. Som døme på dette kan vi nemne bygningar og andre kulturminne knytt til sjøbruk, handelstader, fiskarheim, skulestove, ungdomshus, fiskarbondens kulturminne, torvløer m.m. Tettstadsutvikling Vi viser til fylkesdelplanen for senterstruktur og rår til at ein i planarbeidet avgrensar sentrumsområdet. Kommentar: Ad. planarbeidet: Automatisk freda kulturminne: Dei registrerte kulturminna er tekne med på plankartet og vist med omsynssone for bevaring og bandlegging. Det er vidare sett krav i føresegnene om vidare saksgang ved reguleringsarbeid. Under planprosessen har ein søkt å ”styre unna” registrerte kulturminne. Der dette ikkje ha latt seg gjere grunna andre interesser er det i KU/ROS skjemaet vist til at forholdet kring kulturminna skal søkjast løyst under reguleringsprosessen. Kulturminne frå nyare tid: Det er sett krav i føresegnene om vidare saksgang ved reguleringsarbeid i høve nyare kulturminne. Tettstadsutvikling: Sande kommune Side 17 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Tettstaden Larsnes er konkretisert i delplanen for Larsnes. Området er avgrensa mellom Halle Indre i nord til Breivikryggen i sør. Vi har ikkje no funne grunnar for å avgrense tettstaden meir konkret. 29. Fylkesmannen i Møre og Romsdal Utdrag: PLANARBEIDET Natur- og miljøvern Stortingsmelding nr. 26 (2006-2007) Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand slår fast følgjande viktige arealpolitiske føringar: Ta vare på område og korridorar som er viktige for biologisk mangfald vilt Landskapsopplevingar friluftsliv Ulike lover, konvensjonar, stortingsmeldingar og rikspolitiske retningsliner utdjupar emna som er nemnt ovanfor: Vassdraga skal forvaltast gjennom heilskapleg arealpolitikk som sikrar vassdragslandskap, vassdragsbelte, vassressursar og leveområde for ferskvassfisk Sikring av større samanhengande område med høg landskaps- og opplevingskvalitet. Miljøkvalitetar i landskapet skal bevarast og styrkast gjennom økt kunnskap om verdiar og bevisst planlegging og arealpolitikk. Fritidsbusetnad skal lokaliserast og utformast med vekt på landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk Sikring av inngrepsfrie samanhengande strandområde som eit natur- og friluftsområde som er tilgjengeleg for alle Ta vare på biologisk mangfald (nøkkelbiotopar, sjeldne og kravfulle vegetasjonstypar). Sikre inngrepsfrie naturområde av ein viss storleik som eit grunnlag for å drive tradisjonelle friluftsaktivitetar. Sikre grøne lunger i nærmiljøet. Vurdere tiltak for å redusere eller fjerne gamle inngrep som ikkje har nokon funksjon. Her kan også leplantingar vere aktuelle. Vi tilrår at desse punkta blir innarbeidd i kommuneplanen. Det er i tillegg ønskjeleg at kommunen, som del av det lokale miljøansvaret, knyt politiske mål og retningslinjer til områda som er viktig for det biologiske mangfaldet. Vi vil også minne om at etter naturmangfaldlovas § 7 skal prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12leggast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde. Det skal derfor klart framgå av avgjersla korleis desse prinsippa er tatt omsyn til og vektlagt i vurderinga av saka. Manglande vurderingar etter naturmangfaldlova vil vere ein saksbehandlingsfeil. For nye utbyggingsområde bør prinsippa i naturmangfaldlova innarbeidast i konsekvensutgreiinga. Landbruk Det er stadig sterkare fokus på jordvern frå sentralt mynde, og vi oppfordrar kommunen om å legge stor vekt på dette omsynet og legge vinn på å finne planløysingar som er gode og berekraftige også i eit jordvernperspektiv. Barn og unge Nokre av følgjande tema/problemstillingar kan vere aktuelle i det vidare arbeidet: Barnetrakkregistrering som kartlegg areal som barn og unge nyttar og som bør sikrast med kommunale eller nasjonale midlar. Ivareta medverknad frå barn og unge (diverse råd) og barnerepresentanten tidleg i planprosessane, og sikre at synspunkt som gjeld barn kjem fram. Ein kan til dømes utvikle eit opplegg i nært samarbeid med skulel barnehage og aktuelle organisasjonar. Dette er allereie godt ivaretatt i planprogrammet. Sande kommune Side 18 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Retningsliner om barn og unge sine interesser i kommuneplanen: t.d. krav om erstatningsareal når friareal går tapt, minstekrav til opparbeiding og utforming av leike areal i bustadområde Gf. T-1I95 barn og planlegging - St.meld. 39 (2000-2001) Utgreie konsekvensar av utbyggingstiltak i forhold til barn og ungdom. Medverke til etablering av gode møte- /opphalds- og leikeplassar - også på tvers av generasjonane. Folkehelse og friluftsliv: universell utforming, turstiar, sikring av areal Sikre grøntstruktur for alle grupper og tilgang til grøne lunger og friluftsområde der folk bur. Koordinering mot idretts- og friluftsplan Trafikktryggleik for gåande/syklande må vege tungt Helse og sosial Å sikre at det er tilstrekkelig med bustader for å dekke befolkninga sine behov i ulike livsfasar, jf sosialtenestelova § 3-5. Å planlegge bustadbygging, tenestetilbod og sjukeheimsplassar med tanke på befolkningsutviklinga i kommunen. Til ei kvar tid ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei faktorane som kan påverke denne, og foreslå helsefremmande og førebyggande tiltak i kommunen, jf kommunehelsetenestelova § 1-4. Sikre brukarmedverknad etter sosialtenestelova, jf § 8-4. Bruke eldreråd og råd for funksjonshemma aktivt i planarbeidet, sjå www.helsedirektoratet.no for handbok med informasjon og rettleiing om råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Universell utforming Planprogrammet viser at universell utforming skal ha ein særskilt plass i rulleringsprosessen. Vi ser positivt på dette. Gjennom fokusområdet universell utforming bør ein arbeide mot følgjande nasjonale mål: Å sikre at planlegginga er inkluderande, slik at alle kan nytte offentlege tenester, tilbod og uterom på ein likestilt måte. Å ivareta det offentlege ansvaret for å god utforming av bygningar og uterom, t.d gjennom å ta inn føresegner i kommuneplanen om krav til universell utforming for tilkomst og uteområde. Aktivt å engasjere diverse frivillige organisasjonar. Kommunalt råd for funksjonshemma skal delta i arbeidet med å utforme føresegner for krav om universell utforming. Friluftsliv for alle: medverke til at alle får høve til å drive friluftsliv; universell utforming av uteområde, stiar, friområde. Sikre at den skriftlege informasjonen som blir sendt ut blir framstilt på ein slik måte at den kan bli oppfatta på ein likestilt måte. Kommentar: Natur- og miljøvern: Vi har gjennom drøftingar og vurderingar søkt å ta omsyn til dei natur- og miljøverdiane som biologisk mangfald, vilt, landskapsopplevingar og friluftsliv representerer i kommunen. Byggbare areal i kommunen ligg oftast i 100 meters beltet og det er såleis ei rekkje moment og avvegingar som må gjerast både fagleg og politisk. Ved konkret vurdering av aktuelle byggeareal har naturmangfald og friluftsliv i ulke former vore viktige moment. I planframlegget meiner vi å ha kome fram til ei balansert omdisponering av areal i høve natur- og miljø. Landbruk: Landbruket i kommunen er ”på vikande front” og det er berre eit fåtal bønder som driv gardsbruka som eineyrkje. Vi har i planframlegget søkt å ta vare på større samanhengande jordbruksareal. Det har vist seg å vere stor interesse for omdisponering av areal blant Sande kommune Side 19 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen grunneigarane (jf innspela). Vi har vurdert kommunen sine samla behov for areal og ønskja i innspela og søkt å kome fram til omdisponeringar som kan tolast i eit lengre perspektiv. Barn og unge: Born og unge er tekne med i planprosessen ved at det er halde møte på ungdomsskulen og det er halde møte med ”særlege grupper. I føresegnene tilplanen er det teke med bestemmingar knytt til born – og unge. Mellom anna krav til leikeplassar, tidspunkt for opparbeiding og areala sin kvalitet. Helse og sosial: Omsorgstenesta i kommunen har vore drøfta og konkret er det i planframlegget teke grep for å sikre meir areal i tilknyting til sjukeheim og eldrebustader. Det er også i innspel kome fram ei rekkje idear i tilknyting til trafikktrygging slik at dei eldre lettare kan bruke Larsnes som sitt nærmiljø. Viser her til nye fortau og gangvegar som er vist i planen. Universell utforming (UU): I vurdering av aktuelle byggeareal er standard som eller nær UU vore moment i vurderinga av eignaheit, jf også KU skjemaet. Det er vidare teke inn i føresegnene til planen at UU skal vere moment som skal utgreiast i reguleringsplan. 30. Øystein Baade Utdrag: Øystein Baade starta opp arbeid med reguleringsplan for del av eigedomen for nokre år sidan. Arbeidet vart forvartsla og det kom inn merknader frå off. mynde. Arbeidet vart stansa i påvente av nærmare avklaringar i K-planarbeidet. Kommentar: Etter merknadane i samband med oppstart av reguleringsarbeidet kom det fram at ei mindre utbygging kunne tillatast. Eit meir avgrensa område er teke inn og innspel er såleis teke omsyn til, jf Fh11. 31. Annbjørg Flatøy Utdrag: Ynskjer at deler av Flatøy gnr. 63 bnr. 4, skal omdisponerast frå landbruk til utvikling av opplevelse, mestrings- og aktivitetssenter for sport-, land- og sjøretta, handverk, kunst og kultur, overnatting, mm. Området som ynskjes å verte omdisponert vil vere lokalisert til ytterkantane av øya og hamna, sik at markane på midten fortsatt vil vere ope for landbruk. Kommentar: Innspelet er teke omsyn til. Det er sett nærmare ”krav” i forhold til utarbeidinga av reguleringsplan. 32. Larsnes Idrottslag Utdrag: Viser til annonsering der ein skal rullere kommuneplanen sin arealdel. Ein vil då få ein plan som skal gjelde for perioda 2012-2022. Larsnes Idrottslag har fleire eigedomar sentralt på Larsnes og vi vil kame med fylgjande innspel for den komande planperioden: Gang/turvegar i Larsnesskogen som ligg i eksisterande plan bør vidareførast i den komande planen Det bør etablerast ein mindre avstikkar til ned i Skitnevika Offentleg område rundt skulen bør utvidast slik vedlagt kartskisse viser Skitnevika som badeplass bør videreførest Larsnes Idrottslag arbeider på sikt med bygging av fleirbrukshall i full størrelse og det er derfor viktig at det vert sikra areal her (jfr. pkt over og kart). Vidare vil vi også gjennomføre bygging av turvegar/gangveg jfr eksisterande plan. Dagens kunstgrasbane vil på sikt verte utvida til full størrelse i retning mot Smalebakken jfr pkt over og kart). Sikring av offentleg areal til å dekke parkeringsbehovet i området jfr pkt over og kart). Sande kommune Side 20 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Kommentar: Av momenta er følgjande gjort i planframlegget: 1. Gangvegnettet i Larsnesskogen er vidareført i hht endringar som er gjort med arealbruken. Det er viktig å ha eit gangvegnett som stettar funksjonane byggeområda og skogen er tenkt til. 2. Gangsti til Skitnevika (badeplassen) er med. 3. Larsnesskogen er i gjeldande plan prioritert til offentlig formål. I det nye planframlegget er dette forsterka med areal til barnehage, idrettsformål, mm. 4. Skitnevika sin funksjon som badeplass er oppretthalden. Areala rundt er i større grad prioritert som friområde, jf fjerning av campingplassen. Innspela er såleis langt på veg tatt omsyn til. 33. Norunn og Peder Eltvik Utdrag: Viser til den kommunale reguleringsplanen for gard nr. 69 br.nr. 6. Vi ønskjer at reguleringsplanen videreføres slik den er i dag. Spesielt det brune feltet synes vi er ideelt til hytte/naust område. Vi synes også det lyse feltet er godt egna til enkeltstående hytter med tanke på utsikten der blir ut over vågen. Kommentar: Gjeldande K-plan vert ikkje endra for dette området no. 34. Bjørn Baade Utdrag: Ønsker at eit område på gnr. 63 bnr. 5 blir lagt ut til hytte og fritidshus, jf. skisse. Kommentar: Vist område ligg i LNF-kan bustad i gjeldande plan. Vert ført vidare. 35. Sande kommune Utdrag: Gursken er vel den bygda der det "sprikar mest" mht nytt bustadområde, i dag er funksjonar som skule, idrettsanlegg, butikk lokalisert i Vågen. Vidare veit vi at gangveg frå Vågen til Almestad vil kome i løpet av nokre få år. Vidare så har vi vassleidning på same strekning. Vedlagt ligg eit kart som viser eit mulig nytt byggeområde på Almestad. Området ligger fram om Haukeland sin eigedom. Ein kan tenke seg at ein etablerer tilkomst til dette området fram med Kleppe (gamle bensinstasjon). Element som taler for ei slik plassering er nærføring til: • Gangveg (kjem om få år) • Skule • Idrettsanlegg • Butikk • Fv61 (buss/busstopp) • Eksisterande vassforsyning Kommentar: Ut frå ei samla vurdering av bustadfelt i Gursken, så er det lagt inn eit byggefelt i området Almestad, område B12. 36. Helge Støylen Utdrag: Innspelet er eit kart som viser ønskja plassering av område for bustad- og /eller fritidsbygg. Kommentar: Delar av eigedommen er i gjeldande plan lagt ut til LNF-kan bustad. Dette vert oppretthalde. Arealet er elles LNF-område. Med den høgdeskilnaden det er gjennom teigen vil det vere vanskeleg å bygge ut området/teigen åleine. I planframlegget er vist andre løysingar for bustadfelt/husgrupper som bør byggast ut før ein legg ut eit større område her. Sande kommune Side 21 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen 37. NLG Invest AS Utdrag: Larsnes Last og Buss driv i dag bilverkstad for større og mindre kjøretøy. Siste åra har det vore investert i nye verkstadhallar og ny lakkboks. Verksemda sysselsett i dag 15 personar, og marknaden er både lokalt og regionalt. Med den kompetanse og lokalitetar som i dag er etablert på Larsnes, er det muligheiter for å vidareutvikle verksemda. For og gjere ei slik satsing er verksemda avhengig av noko meir areal, samt at ein får tilgang til sjø. Eg vil derfor kome med følgande innspel: Utviding av industriområdet: I gjeldande arealplan er tilgrensande areal mot vest avsett til campingformål. Eg ser gjeme at campingformålet kan verte endra til industriformål. Ei slik endring vil eliminere framtidige arealkonflikt mellom industri- og fritidsaktivitet. Vidare medfører endringa ei muligheit for at vår verksemd kan utvikle seg i området. Tilgang til sjø: Ein mulig marknad for verksemda er maritimt retta. Dette betingar imidlertid tilgang til sjø. Tilgangen til sjø er avgrensa til eit "båtopptrekk" mellom sjø og eksisterande verkstadlokalitetar. På Nesetangen er det naturgitte forhold for eit "båtopptrekk". Naturinngrepa for å få dette til vurderer eg som avgrensa, og vil etter vårt syn ikkje medføre vesentlig inngrep i eksisterande "sjøfront". Kommentar: NLG Invest AS er eigar av verkstadbygget på Larsneset. Verksemda er i vekst og spør med sitt innspel om meir areal. Innspelet er i konflikt med fleire forhold, bl.a. er omsynet til spesialområde for kulturminne og allmenne interesser dei største. Ang kulturminner er det i gjeldande reguleringsplan avsett eit område på Nesetongen for flytting av bautasteinane som i dag er plassert ved det kommunale verkstadbygget. Dette området har i dag status som spesialområde. Etter vurdering av om den grøne ”korridoren” vest om verkstadsbygget i noverande plan er realistisk å bygge gangveg i, så er vi komne til at kostnadene vert for store til å bygge gangveg og arealet elles er ikkje særleg tilgjengeleg. Vi rår difor til i planframlegget at NLG Invest AS bør kunne disponere areal for etablering av båtopptrekk her på vestsida. Det er vidare gitt ei mindre arealutviding på nord/vest sida. Det er elles ein føresetnad at disponering av nemnde areal først kan skje som følgje av godkjent reguleringsplan. Vi vil elles vise til at det regulerte trafikkarealet har ubrukte område i sør/aust. Utviding av verksemda må skje innan allereie regulerte areal og dei no viste mindre tilleggsareala. 38. Ørsta Byggservice AS Utdrag: Vi ber om at det blir teke hensyn til tiltakshavers ønske om å disponere deler av gardsnr. 15 bruksnr. 4 til bustader og fritidsbustader. Kommentar: Innspelet er teke in i K-planen. Omsyn må takast i forhold til strandområdet. 39. Per Mulvik AS Utdrag: Vi har motteke førespurnad om utarbeiding av reguleringsplan for den sjønære delen av eigedomen gbr.11/4. Etter oppstartmøtet med kommunen 18.11.2011 vart ein råda til i første omgang å sende inn innspel til kommuneplanprosessen. Føremålet med å regulere området er ønsket om å føre opp rorbuer på eigedomen. Ein ønsker derfor at gbr. 11/4 sin teig på nedsida av FV10 vert tatt inn i kommuneplanen sin arealdel som framtidig område for fritidsbusetnad. Området ligg i dag som LNF-området utan høve til utbygging av rorbuer. Gbr 11/4 driv ikkje eigen landbruksverksemd og det er ikkje drift på den omtala teigen. Arealet er bratt og lite eigna til landbruksdrift ein kan derfor ikkje sjå at ei omdisponering vil ha negative konsekvensar for landbruksverksemda. Terrenget går til dels bratt i sjø noko som gjer området lite tilgjengeleg som friluftsområde. For grunneigaren vil Sande kommune Side 22 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen omdisponering av teigen frå landbruksareal til fritidsbusetnad medføre nye mulegheiter for aktivitet og bruk av området. Arvingane ønskjer å bygge rorbuer som gjer at del kan oppretthalde tilknytinga til heimplassen. Det er her snakk om fritidshus for privat fritid og rekreasjon. Det er lagt ved ei enkel skisse av tenkt utnytting av teigen på gbr. 11/4. Skissa viser muleg avkøyrsle og område for rorbuer. Avkøyrsla kan om ønskjeleg nyttast av tilgrensande eigedomar om desse ev. er aktuelle som framtidig utbyggingsområde for naust/rorbu/fritidsbustader. Ein ber om at heile planområdet som er vist på skissa vert tatt inn i kommuneplanen sin arealdel som område for fritidsbustader. Tal på rorbuer, plassering, storleik og utforming av rorbuene er ikkje teke endeleg stilling til og detaljar for dette er derfor ikkje tatt inn i skissa. Kommentar: Arealet er LNF-område i gjeldande plan. Strandareal frå kyrkja og ut over fjorden er søkt halden fri for ny bebyggelse. Unnataka er i sjølve tettstadane og på ei strekning frå Goteneset til Hide der fire mindre areal er tilrådt omdisponert grunna tiltaka si form og tiltaka sin samanheng med gardsturisme. Arealet det her vert søkt om ligg i eit område som, sett i lenger perspektiv, kan vere eit framtidig næringsareal. Etter ei samla vurdering er konklusjonen at vi ikkje kan rå til innspelet no. 40. Kenneth Sætre Utdrag: Som eigar av gnr. 17 bnr. 2 på Sætre vil eg med dette imøtegå Myklebust Mek. sine planar om å bandlegge området her til såkalla «maritim klynge». Eg har lenge hatt planar om å nytte dette området mitt mot sjøen til nausttomter. Området egnar seg godt til det, og behovet er så absolutt til stades. Elles sluttar eg meg til merknadane frå Åshild og Jan Myklebust og Kari Lisbeth Ulvestad. Kommentar: LNF-område i gjeldande plan. Arealet langs sjøen er teke inn i planen som naustområde. Innspelet er difor t eke om syn til – eit stykke på veg. 41. Petter Gunnarstein Utdrag: Viser til samtale I dag 30.11.2011 der etterkommerne av eiendommen 61/12 på Kvamsøya vil komme med forslag til den nye arealplanen som skal komme. Vi har merket av et område som er forslått som hytte område i fremtiden. Dette på bakgrunn av at eiendommen vil bli lagt ut for salg til våren 2012. Det er Ingen av de 7 partene som eier er interessert i å overta eiendommen, men de er interessert i at det blir utskilt 1 hytte tomt til hver arvepart (7 stk.) i eiendommen. Da vil merket område være et godt alternativ til dette. Kommentar: LNF-kan bustad i gjeldande plan. Vi har vurdert areal til fritidsbusetnad på øya og det er fremja forslag om fleire nye felt. For dette området er konklusjonen at noverande plan vert ført vidare. Arealet må prioriterast som mogleg lokalisering av bustadbebyggelse. Innspelet om tomter til fritidsbebyggelse vert såleis ikkje komen i møte. 42. John Brekke Utdrag: Merknaden er kart som syner plassering av område for fritidsbusetnad. Kommentar: LNF-område i gjeldande plan. Vi har vurdert areal til fritidsbusetnad på øya og det er fremja forslag om fleire nye felt. For dette området er konklusjonen at noverande plan vert ført vidare. Innspelet om tomter til fritidsbebyggelse vert såleis ikkje komen i møte. 43. Sande kommune Utdrag: Gjeld Gursken – Ytre Hauge. Merknaden er kart som syner plassering av ny samanbindingsveg mellom kommunevegen og fv10 i området ved hamna. Sande kommune Side 23 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Kommentar: Det er teke med ein sambindingsveg mellom desse vegane. Grunnen til dette er m.a. at kommunevegen er i så dårleg forfatning at det ikkje er forsvarleg/tenleg at buss trafikkerer vegen. Ny veg er vist aust om hamna og opp til kommunevegen. I tilknyting til regulering må vegen si plassering nærmare vurderast. Langs fylkesvegen må busslommer etablerast. 44. Jørgen Ristesund Utdrag: Eg ønskjer følgjande skraverte område som område til bygging av fritidsbustader. Vi viser elles til innspel nr. 82. Kommentar: Etter ei nærmare vurdering av kvar attraktive område for fritidsbustader skal leggast til rette viser planframlegget at deler av det viste (skraverte) området kan nyttast til fritidsbusetnad. Det må leggast vesentleg vekt på ålmenta sin rett til bruk av stranda ved utforminga av reguleringsplanen. Deler av det skraverte området inngår elles i LNFB – område, som i gjeldande K-plan. Innspelet er delvis kome i møte. 45. Sande kommune Utdrag: Gjeld Haugsholmen. Merknaden syner plassering av ny molo. Kommentar: Er innarbeidd i planframlegget. Vi har vurdert tiltaket slik at den planlagde moloen vil betre bu- og næringsvilkåra på øya og såleis kunne styrke busetnaden. 46. Sporstøl Arkitekter AS Utdrag: Kulturdrag Voksa. Karin vil at «vi» skal fremje innspel om kulturdrag som vist på kartet. Ho vil stå for utvikling av sjølve kultursenteret. Kommentar: Innspelet om sjølve kultursenteret er teke inn i planframlegget. Kulturdraget må vurderast nærmare i samband med kommunedelplanen for fastlandsambandet. 47. Jarl Martin Møller Utdrag: Grunneigarane på gnr 11 bnr 1, 57 og 58 ønskjer at området som vist på vedlagt kart, dagsett 18.01.2012, vert lagt ut til område for bebyggelse og anlegg, fritidsbebyggelse (5051 1120), der det kan etablerast naust, rorbu, fritidshus eller kombinasjonar av dette. I nærområdet er det i dag 3 eksisterande naust med tilhøyrande kaier og opptrekk. Grunneigarane ser det som tenleg at området vert lagt til rette for dei skisserte tiltaka og viser til at tiltaka må sjåast å vere i tråd med nasjonale retningsliner med omsyn til strandsoneforvaltning. Sande kommune er definert som ei kommune som har mindre press på areal i strandsona og i slike områder er det opning for at det vil vere enklare for kommunen å gi løyve til å bygge. Omsøkt område har ikkje eit særleg press på strandsona vil grunneigarane hevde. Grunneigarane legg til grunn at tiltaka skal lokaliserast til den eksisterande bygningsmassen i området og vil fortette dagens struktur i strandsona (konsentrere) noko som er i tråd med nasjonale retningsliner. Der ligg heller ikkje føre særskilde interesser som eks. friluft, natur, landskap eller kulturminneinteresser som vil verte skadelidande i dette området. Når det gjeld omsyn til plassering ønskjer ein å sikre den nye bygningsmassen i forhold til risiko og sårbarhet knytt til havnivåstigning. Forutan om tiltak på land ønskjer ein at sjøarealet framfor utbyggingsområdet vert lagt ut til småbåthamn, sosikode 6230, der grunneigarane kan etablere naudsynte kaianlegg, opptrekk, flytebrygge og molovern. Kommentar: Sande kommune Side 24 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Arealet er LNF-område i gjeldande plan. Strandareal frå kyrkja og ut over fjorden er søkt halden fri for ny bebyggelse ut over det som inngår i gjeldande planar. Unnataka er i sjølve tettstadane og på ei strekning frå Goteneset til Hide der fire mindre areal er tilrådt omdisponert grunna tiltaka si form og tiltaka sin samanheng med gardsturisme. Arealet det her vert søkt om ligg i eit område som, sett i lenger perspektiv enn denne kommuneplanperioden, kan vere eit framtidig næringsareal. Etter ei samla vurdering er konklusjonen at vi ikkje kan rå til innspelet no. 48. Oppsummering folkemøte Kvamsøya Utdrag: Larsnes som tettstad er viktig også for øyane Må ha fokus på ungdommen slik at dei flytter heim etter utdanninga Basseneset bør leggast ut til fritidsbebyggelse LNF-områda for bygging bør utvidast Det må leggast ut byggeområde mellom hamna og fv-en nord om Brimer Folk må få bygge der dei vil LNF-kan må også gjelde mellom fv-en og sjøen Vi har for lite folk på øya Folk har flytta til andre stader pga problem med å få tomt Må ha tomtetilbod både i felt og spreidd Må ikkje blande fritidshus og bustader Folk som bygg hytte på øya må ha båtplass Mellombelse buløysingar ( brakkeriggar) må nyttast med sikte på at dette resulterer i fast busetnad, jf arbeidsinnvandringa Ca ½ del av tilsett hjå Brimer bur på øya. Mange vil flytte hit når fastlandssambandet er på plass Øyane treng damer Kommentar: Det er i arbeidet med Larsnes lagt vekt på at kommunesenteret er viktig for øyane. Dette gjeld forretningar og service, arbeidsplassane (særleg kvinnelege knytt til helse- og omsorgstenesta) mv. Ei viktig målsetting er å få fram attraktivt tomtetilbod som gjer til at unge vil etablere seg. Difor er det lagt vekt på at både spreidd bustadbygging, bygging i grupper og bygging i meir samanhengande felt skal vere mogleg. Øya har industri som går godt og vidare tilrettelegging er nødvendig – også med sikte på fastlandssambandet som kjem. Industriområde som vist til er difor teke med i planen. Det er og lagt vekt på å legge til rette for naust og småbåtplassar. Kanskje kan dei som bur i fritidsbustader få øya så kjær at dei vel å busetje seg der – kanskje borna når dei veks til (damer..) Hyttebygging er innarbeidd i området Basseneset, samt fleire andre område som er gitt innspel på. Som det går fram over er mange av innspela tekne omsyn til. 49. Oppsummering folkemøte Voksa/Sandsøya Utdrag: For lite fokus på ungdommen, må etablere utleigehusvære Må utvide LNF kan-området på sydsida av Voksa Folk ønskjer kanskje å bu i klynger? Fv-en frå Sande Fisk og oppover bygda er trafikkfarleg Folk vil bu nær sjøen eller oppe i høgda Folk må tilbydast attraktive tomter, naust- og båtplass Sandsbakken er eit aktuelt område, men fornminne ligg i vegen Kvar er attraktivt å bu: o Folk må ha tilgang til sjøen o Nedanfor fylkesvegen ved kyrkja og austover o Området frå Hamna og utover til Våge er fint og bør vere kan- område o Flødene kan vere eit fint område Når fastlandssambandet kjem må vi ha attraktive tomter Vi har lite næringsareal Vi har for mange turistar – vi har for få turistar Sande kommune Side 25 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Gangstøneset kan vere næringsareal Vi har nok hyttetomter på Sandsøya I høve fastlandssambandet ligg den nye kaia på Sandshamn feil grunna trafikkbelastninga. Dei som byggjer fritidsbustad er ikkje turistar, dei er med på å halde oppe butikk, ferje mv. Marøya er ikkje eigna plass for campingplass. Det må vere gangavstand tilsentrum Kommentar: Utleigehusvære har vore teke fram som eit tiltak i fleire bygdelag for å gje dei som flyttar til bygdene eit første butilbod før eiga husbygging vert sett i verk. Problemstillinga som er vist til er at dersom 1. husvære ligg i annan kommune vert kanskje eigen bustad også bygd der. Må avklarast som tiltak i eiga sak. LNFB-området på Sandsøya er utvida mot Våge. Det er lagt inn eit nytt byggefelt i området Støyle ved kyrkja. Bustadarealet i Sandshamn er utvida. Det er ikkje lagt opp til særleg auke i talet hyttetomter, berre i område Sandshamn er nye komne til. På Voksa er det sett av eit område nord om ferjekaia. Elles er det lagt til rette for fleire naust- og båtplassar. Trettholmane er lagt ut til næringsareal som eit større satsingsområde som vert viktig når fastlandssambandet kjem. Vi har elles peika på at fv6 har lav standard og at det er nødvendig å gjere noko med vegbreidd og møteplassar. Som det går fram over er mange av innspela tekne omsyn til. 50. Gjermund Bringsvor Utdrag: Eg representerer i dette tilfelle Vorren Eigedom AS. Vi eig bl.a. eigedomen 67/33 ved Hamnaholmen. Vi har planar om å freiste denne ut med naust og marina. Gjerne i samband med å erverve noko meir grunn. Der ligg vel allereie ein del nausttomter eigd av andre. Vi ber om at det vert teke omsyn til dette ved rullering. Kommentar: Området ligg inn mot vegen/moloen over til Sandsøya i Storevika. Området er i gjeldande plan lagt ut til framtidig naustområde. Ut frå ei vurdering av behov for naust og småbåthamn er m.a. denne eigedomen teken med som naust og område for småbåthamn (jf Fn26 og H6). Innspelet er såleis kome i møte. 51. Sandefisk Marine AS Utdrag: Vi ber om at det området vi har konsesjon for havbeite bør vurderes omregulert frå fiskeplass til akvakultur. Det er forbode å fiske med ein del reiskap i området så det er uheldigt slik det står i dag. Vi har i haust sett ut 80 000 yngel i området og har meir på gang. Om få år håper vi at det viser suksess og at behovet for meir areal kan melde seg. Vi ber om at de tar omsyn til dette. Kommentar: Gjeld område Flesane – Klovholmane. Eit avgrensa areal er visst på plankartet. Det vert ikkje teke stilling til om arealet kan utvidast seinare. Slik utviding må ev takast opp i tilknyting til seinare revisjon av K-plan. 52. Gijs Mijland Utdrag: Vil emfisere at tidligere levert innspill for omregulering tas ikke som utgangspunkt for å dele opp hele tomt til salg. Det som ligger inn i privat reguleringsplan 2007, skal delvis utarbeides. Utgangspunktet vi tok til omregulering var og forblir til grønne omsorg, med anna ord inn på Tunet satsing og kursopphald. Det som ligger inn i vår plan nu er å skille ut 3 tomter ved sjøen til hus eller hyttebygning. Kommentar: Området vert oppretthalde som i gjeldande K-plan. 53. Bjørn Petter Haugen Sande kommune Side 26 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Utdrag: Eiere av gnr. 69 bnr. 5 og bnr. 7 ønsker med dette å utdype allerede eksisterende innspill til kommende rullering av arealplanen. Vedlagte konseptskisse viser et utkast til konsept som kan være utgangspunktet til innspill i kommende arealplan. Områdene merket med orange farge ser vi for oss kan være areal som kan utbygges til turisme. Området tilknyttet sjøfronten kan være areal som kan utfylles og mudres slik at det kan bygges rorbuer på hele sjøfrontområdet. Øvrig areal merket orange vil kunne være sjønære hytter/boenheter som på en helhetlig måte kan benytte marina og eventuelle fellesareal mot sjøen. Området merket med grønt ser vi for oss kan være boenheter (enebolig, rekkehus, generasjonsboliger) som også på en helhetlig måte får tilgang til marina og friareal som defineres inn mot en totalplan for området. Vi ser for oss en regulering av områdene merket med orange og grønt som gir sterke føringer for estetikk og byggeskikk på Vestlandet og som gir en enhetlig struktur (både i forhold til størrelse, fargevalg og likhet). Vi ser for oss et konsept som appellerer til allsidighet og som ønsker velkommen både barnefamilier og folk som har fokus på det maritime miljø, fastboende og turister. Dette fordrer eksempelvis et fokus som åpner for fellesarealer/friarealer og aktivitetsområder som har fokus på det maritime aktiviteter der sjønære lekeplasser, badeplass og aktivitetsområder reguleres inn i totaliteten. Kommentar: Innspelet viser ei omfattande utbygging der heile den resterande vika vert omdisponert til byggeføremål. Det er, som nemnt i kommentar til innspel nr. 18, knytt fleire interesser til arealbruken i dette området. Skulen nyttar vika i undervisninga, barnehagen nyttar vika som tur- og opplevingsområde. Vi har i planarbeidet drøfta oss fram til ei mellomløysing der både barnehage, skule og ei viss utbygging er søkt samordna. Utgangspunktet er at alle tiltaka er viktige for Sandsøya. Ved at dei ulike bruksområda tek omsyn til kvarandre trur vi kombinasjonen slik planframlegget viser vil fungere. Innspelet er delvis kome i møte. 54. Sandsøy Fiskarlag v/ Bjarne Voksøy Utdrag: Sandshamn: ber om at planlagt renseanlegg for kloakk sør for veien ved Nyhamna ca. 100 m. fra moloens bebyggelse blir realisert. Foreslår at det legges ut kommunale flytebrygger på sørsiden av molo ved Nyhamna. Ber om at resten av Nyhamna/hamna fortsatt skal vere avsatt til fiskeriformål. Kommentar: Innspelet må avklarast i reguleringsplan. 55. Eina Strand Utdrag: Voksa: Foreslår at det blir tillatt med spredt bolig og hytteområde på eiendom gnr. 63 bnr. 6. ber om at vegen gjennom gnr. 63 bnr. 6 blir lagt ut til bruk som privat vei jf. § 8 i Vegloven. Med veirett til eiendommene som er knyttet til veien. Sandshamn: Foreslår at det blir åpnet for utvidelse av området for spredt boligbygging fra havna opp mot nåverende bebyggelse i Våge. Og området fra Bringsvoren til Sande/Kinna. Kommentar: Voksa: Deler av eigedomen 63/6 - på Voksa - er i gjeldande K-plan i dag vist for spreidd bustadbygging, dette vert ført vidare i planen. Når det gjeld vegen sin status, så følgjer det av veglova. Saka må takast opp som eiga sak. Sandshamn mv: Området for spreidd busetnad mellom Hamna og Våge er utvida , fleire innspel på dette. Eit område på Sande er utlagt til byggeområde. Elles er område for spreidd busetnad på KinnaSkare vidareført. Sande kommune Side 27 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen 56. Karin Flatøy Svarstad Utdrag: Voksa: I forbindelse med kommuneplanen vil jeg komme med opplysninger om tiltak som er under planlegging på Voksa bruk nr 6368 og 6387. Det planlegges et kultursenter i skulen på Voksa. Det skal oppføres et nybygg i tilknytning til skulen og i arealet rundt skulen er planene å etablere en kulturpark med oppføring av hytte tenkt for overnatting og arbeids opphold for kunstnere. Kultursenteret skal inneholde museum, informasjons aktiviteter, galleri og verksted og undervisningslokale for kunstnere og handverkere samt lokale for butikk utsalg. Dersom forholdene tilsier det er det planer om å flytte det gamle posthuset til området ved like ved skulen. Det skal opparbeides vei og parkeringsplass i tilknytning til skulen samt ny vei til posthuset. Kommentar: Innspelet er kome i møte. 57. Sandsøy Fiskarlag ved Bjarne Voksøy Utdrag: Det foreslås at kommunen legger ut betong-flytebrygger, som måler 80-100 cm over vannflata. Fra enden på den nye moloen i Nyhavna mot øst/sørøst. Denne vil også kunne fungere som bølgebryter, og dermed vere til stor nytte for resten av havna. En annen sak det bes om at teknisk ser på er muddringsarbeid øst for gnr.73 bnr. 63 og gnr.73 bnr. 25 i oppgangen mot "steinrøysa" i innløpet til Nyhavna. Det er et problem med store steiner som ligger igjen etter det forige muddringsarbeidet, i tillegg til at kanten på berget ikke ble tilstrekkelig fjernet ved forrige muddring. Kommentar: Vi ser ikkje at innspelet kan avklarast gjennom K-planen. Saka må takast opp som eiga sak. 58. Oppsummering folkemøte Gjerdsvika Utdrag: Der er ikkje nok plass kring skulen Fleire fritidsbustader styrkar grunnlaget for butikken Alle som bygg hus bør ha båtplass Fritidshus i kombinasjon med landbruk er eit must Området frå Hide til Sanco er eigna til hytter Fleire av gardane frå nordre molo og utover vil ha utbygging av utleigehytter Gardsbruk må ein kunne leve av Grunna Eiksundsambandet og Kvivsvegen søkjer fleire utover mot kysten Småbåthamna er full, ny hamn og nytt naustområde på austsida av hamna Gang-/sykkelveg langs heile bygda Byggefelt må på plass Kommentar: Arealet rundt skulen er utvida, det er lagt til rette for bygging av fritidsbustader i tilknyting til gardsdrift, småbåthamna og naustområdet er utvida, gang-/sykkelvegnette er forlenga. Byggefeltet er utvida. Som det går fram over er mange av innspela tekne omsyn til. 59. Matias Gjerde Utdrag: Gjerdsvika: 1. Gangveg rundt bygda - frå nes til hol. Pr dags dato er det kunn lagt inn ein plan frå kraftstasjonen til HageseIle. For å møte framtidige behov, må gangveg leggast inn for heile bygda. 2. Sjønære hyttetomter frå Nordre Molo til Hide. Som diskutert på møtet, så er det etter måten stor pågang i høve det å kunne bygge sjønære hytter på denne strekninga. Sidan ein her ikkje Sande kommune 3. 4. 5. 6. 7. Side 28 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen røyver verken jordbruksland eller allemannsretten, bør ein her i samband med planen opne opp elt større areal til slik bruk. Anlegg for rorbu/naust/båthamn - frå Stadion til Adolfbuda. Kapasiteten på noverande anlegg i bygda er meir enn sprengt og det er eit presserande behov for å etablere anlegg som kan ta hand om elt volum som dekkjer eit anlegg for framtidige fastbuande og turistar. Det er viktig at eit slikt (større) anlegg knyter seg opp mot busetnaden og på den måten utviklar og strekkjer indre del av bygda ned mot sjøen. Parkeringsplass tilknytta badestranda Sandangersanden. Ei etter måten stor badestrand som bør ha eit høveleg parkeringsanlegg. Vidareføring av fjørestien frå Stadion til og med Sandangersanden. Utsiktstomter for hytter - Øvre Sædalsvegen. Område for møtestad/leikeplass/vrimleareal. Bygda treng ein eller fleire møteplassar som ikkje vert berørt av biltrafikk. Denne må leggast i aksen der folket bur og der folk vil busette seg i framtida. Td. i retning sjøen. Kommentar: I innspelet er alle punkta med unnatak av pkt. 6 teke omsyn til. Dette punktet gjeld hytter i eit område som er ønska fri for utbygging. 60. Nina Larsen Utdrag: Gjerdsvika: Jeg er eier av Stokset, som er avbildet og medsendt. Jeg har pr i dag "Hønsehuset", som står delvis tomt. Dette ønsker jeg, på sikt, å gjøre om til "Vandrerhjem", overnatting. Dette huset kan lages i henhold til retningslinjene om universell utforming. Planen er å lage en type "gardsturisme'" der vi er 4 gårder som samarbeider om å gi et helhetlig tilbud innen ulike aktiviteter. Disse 4 gårdene eies av Trond Bide, Arnfinn Hide, Stig Gjerde og meg selv. Tanken er foreløpig løs, men vi ser for oss friluftsliv hos Trond, hobby osv, slik det alt er hos Arnfinn og Veronica, musikk/kultur hos Stig og mat hos meg. Vi har ikke på nåværende tidspunkt konkrete planer om samarbeid, men mer å dra veksler på hverandre. For å ha et bedre tilbud, ønsker jeg også å ha tilbud om overnatting i hytter/naust. Jeg kunne derfor tenkt meg ca 3 tomter på nedsiden av veien. Da i høyre del av tomta (når du ser mot tomta), slik at evt bebyggelse ikke blir sjenerende for utsikt og lignende. Synes dette er viktig også med tanke på fremtidige generasjoner. Har selv en datter, som pr i dag ønsker å bli boende i Gjerdsvika. Skal hun ha noe å overta, og bygge videre på, må det planlegges nå. Kommentar: I gjeldande plan er eigedomen i LNF-kan bustad på oppsida av vegen og LNF på nedsida av vegen. Innspelet gjeld eit tiltak som i samarbeid med andre grunneigarar skal danne grunnlag for eit felles opplegg med gardsturisme. Vi har vurdert dette innspelet nøye i forhold til det landskapet tiltaket vil ligge i. Vi har etter ei samla vurdering kome fram til at tenkt utbygging kan tillatast og at det aktuelle området toler utbygginga. Vi legg i midlertid vekt på at eitt av resultata vil vere at etablering av gardsturisme er del av konseptet. Slik sett er innspelet eit verkemiddel både til utnytting av garden og til oppretthalding av kulturlandskapet. Innspelet vert teke omsyn til. 61. Stig Gjerde Utdrag: Gjerdsvika: I samband med den nye reguleringsplanen som er under utarbeiding I Sande kommune så ønskjer eg å få til ei omregulering av strandsona på gnr. 2 bnr.2 i Gjerdsvika. Eg skal gjere garden om til ein kultur gard med vekt på musikk, kunst og mat, men også andre aktiviteter som eg har tenkt å ha i fjøra. Eg tenkjer da på ein gapahuk for å lage mat ol. under åpen himmel i Pollevika (den vesle flata mot byttet til Harald Hide). Den største flata har eg tenkt å gjere meir publikums vennleg så den kan brukast til større arrangement, og som fri område. Låven skal verte konsert, utstillings- og konferanse lokale med matservering. Bustadhuset skal nyttast til matlaging og servering og bolig. Eg treng også overnatting for mine gjester og da tenkjer eg å bygge små hotellrom rundt i naturen i strandsona, desse skal så langt som råd byggjast på ein Sande kommune Side 29 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen sånn måte at det forsvinn i naturen, men del skal alle ha utsikt mot storhavet og solnedgangen. Eg ser føre meg 8-10 slike "kuber". Det har vore stor pågang hjå meg av folk som ønskjer å kjøpe tomter også så derfor vil eg også skllje ut 2-3 tomter for salg. Vi er fire grunneigarar som har tenkt å samarbeide og utfylle kvarandre på forskjellige områder, Trond og Bente Hide driver Bøen Gard og viI satse på friluft, Veronika Hide har eit glassmåling verksted, eg skal satse på kultur og Nina Larsen skal bygge steinovnsbakeri. Tilsammen kan vi tilby ei rad med opplevingar for del som ønskjer det. Vi har sjøen, fjellet, kunsten og maten. Kommentar: Viser til kommentar ovanfor, innspel 60. Vi tek no stilling til område for bygging av ”kuber”, noko som vert kome i møte. Det vert viktig for tiltaket at form, volum og plassering av ”kubene” vert vist særleg omtanke. Plassering og omfang av areal til andre nemnde funksjonar vert å kome attende til. Det vert her viktig med samarbeid med landbrukskontoret. 62. Trond K. Hide og Arnfinn M. Hide Utdrag: Hide: Trond K. Hide, eigar av gnr. 1 bnr. 2, og Arnfinn M. Hide, eigar av gnr. 1 bnr. 1, ynskjer å fristille areal for fritidsbustadar i eit område allereie etablert med hytter. Med bakgrunn i dette ynskjer vi områda avmerka på vedlagte kart regulert til dette formålet. Trond K Hide: Driv eiga næringsverksemd på garden (inn på Tunet), og konvensjonelt landbruk. Ser på dette som ei moglegheit for ei utviding av elt allereie eksisterande tilbod. Arnfinn M Hide: Driv eiga næringsverksemde, Hide Gard og Glasdesign (produksjon og salg av glasartiklar samt kurs), og konvensjonelt landbruk. Ser på dette som ei moglegheit for utviding av eit allereie eksisterande tilbod. Vi har vore i dialog med Nina Larsen og Stig Gjerde, og vil samarbeide med dei der det let seg gjere. Vi vil tilstrebe at fritidsbustadane ikkje skal vere prangande, men gå mest mogleg i eitt med naturen og omgjevnadane. Omsøkt areal er ikkje eigna til landbruksføremål, bortsett frå beite, då det er kupert og steinete. Det er allereie oppført to hytter/fritidsbustader i samme område. Kommentar: Viser til kommentar ovanfor, innspel 60. Areal til dei aktuelle fritidsbustadene er tekne inn i planen. Grunngjevinga her er også at tiltaka inngår i opplegg med gardsturisme og aktivitet elles i tilknyting til gardane. Vi ser på dei fire nemnde tiltaka over som positivt i høve næring, busetnad og gardsdrift. 63. Inger Johanne Lillestøl og Bård Møller Utdrag: Gjerdsvika: Som grunneigar av gnr. 6 og bnr. 1 og 20 har vi følgjande kommentar til arealplanen: Kuberga vestover vert omgjort frå friområde til fritidshus/naustområde. Kommentar: Kuberga ligg rett vest for Adolf-buda. I gjeldande plan er området lagt ut til friområde. Som omtala til tilsvarande innspel (nr. 10) er vurderinga at det er viktig å oppretthalde det aktuelle arealet til friområde. 64. Monrad Hide Utdrag: Dette brevet er skrevet på vegne av Margit Skår Ride som eier av gnr. 1, bnr. 4 i Sande kommune. Vi støtter i hovedsak de planer som folkemøtet i Gjerdsvika har utformet med sitt innspill til kommunen, gjennom sjønære hyttetomter og utvidelse av naust/båthavn. Deler av vår eiendom er pr. dags dato hverken brukt eller er særlig egnet som jordbrukseiendom og vi foreslår derfor i dette brevet en ny utnyttelse av deler av eiendommen. Dette går ut på å få regulert en del av vår eiendom (se vedlagt kart) til hyttetomter. Formålet er ikke endelig bestemt, men det kan være både til privat bruk og til næring. I så fall ser vi for Sande kommune Side 30 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen oss en positiv effekt for sysselsetting i bygda. Vi er i ferd med å etablere samarbeid med ledende arktitekter for å lage en enhetlig plan for hele området som er tenkt benyttet. Videre så medfører våre planer en helhetlig tenking hvor miljøet vil få stor fokus, samt at det som bygges skal passe inn i terrenget mht plassering, størrelse, utforming og bruk av materialer. Det tiltenkte området på Hide vil kunne utvikles til turisme og næringsaktivitet med sikte på tilby natur og aktiviteter, således vil en utvidelse av småbåthavn i Gjerdsvika være til stor nytte. Området er lett tilgjengelig fra eksisterende oversiktlige avkjørsel fra hovedveg til tidligere veg og kan enkelt tilknyttes vann fra nylig lagde vannledning til Hide. Kommentar: Frå Gjedsvika og utover til Hide er det berre fremja omdisponering av areal som kvar for seg er små i omfang, som ikkje ligg særleg eksponert til i landskapsrommet og som skal inngå i vidare utvikling av gardsturisme. Det foreslåtte arealet har storleik ca 20 daa og ligg eksponert til. Realisering av eit så vidt omfattande prosjekt i dette området vil, etter vår vurdering medføre at landskapsrom og bygningsstruktur vert vesentleg endra. Vi har gjennom drøftingar kome til at dei fire mindre tiltaka er det som kan gjevast plass til ved denne rulleringa av K-planen. Konklusjonen er at dagens LNFBområde vert vidareført. 65. Arne Værnes og Oddmund Sandanger Utdrag: Ved tidlegare revisjon av arealplan vart naustomtene til gnr. 6 bnr. 2 og 21 på Kuberget, regulert som friområde. Vi krev at ved komande revisjon av arealplanen vert dette endra tilbake til naust/rorbu område som det var tidlegare, då dette er tomter knytt til gardsbruka. Tomtene er også i nær tilknyting til Gjerdsvika småbåtlag. Kommentar: Viser til vurderinga av innspela 10 og 63. 66. Oppsummering folkemøte Larsnes Utdrag: Det er fleire trafikkfarlege punkt lang fv-en i sentrum Treng gangveg langs Hallebygdvegen, Sjukeheimsvegen, rundt Breiviknakken Barnehagen må flyttast til skulen, der den ligg er der ikkje plass til parkering, henting/bringing. Uteområdet er for lite. Skuleområdet er godt eigna. Misser vi skulane i bygdene misser vi også Larsnes sentrum Industriområdet i Kvennhusdalen må gå ut, må satse stort i området Breivika-Sponga. Strandlina i sentrum må utvidast mot sjøen Offentlege areal i sandetunområde er oppbrukt – god ide å flytte barnehagen Må få fleire bustader/leiligheite i sentrum. Viktig. Byggeområdet for hytter vest om Svartevatnet utvidast til å gjelde 86/8 og 11. Naust må få større fokus. Må prioriterast. Bør kunne vere på land med felles opptrekk. Området bak rådhuset må vere friområde og badeplass. Kan heile Holmen vere industri? Viktig med utleigeleilegheiter Viktig med bustadtomter både i Hallebygda og i Skredestranda Kommentar: Det er teke med fleire gangvegar og fortau i planen enn som ligg inne no. Trafikktryggingsplanen må ta tak i enkelttiltak. Det er lagt til rette for flytting av barnehagen og noverande areal er lagt til offentlege bustader (eldrebustader), Industriområde i Kvennhusdalen er teken ut og det er lagt opp til ei større satsing i Breivik/Saude - området. Det er lagt til rette for fleire leilegheiter i sentrum ved endring av arealbruken. Naust er prioritert, jf td. Hallebygda, arealet vest om rådhuset er i stor grad endra til friområde/badeplass, Store deler av Holmen er endra til industri. Det er lagt til rette for bustadbygging i alle bygdene som høyrer til Larsnes. Som det går fram over er mange av innspela tekne omsyn til. 67. Oddbjørn Indregård Utdrag: Sande kommune Side 31 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Hallebygda: Eg eig avmerka areal. 1 samband med arealplanarbeidet kan avmerka areal vurderast som byggeareal. Område nr 1: Hovuddelen av dette byggeområdet er i dag avklart til bustadformål. Deler av dette område er flatt. Eg vil tru at dette området vil vere relativt rimelig å opparbeide, og at området kan bestå av eks tett småhusbebyggelse (førstegangshusvære, eller liknande). For å kunne utnytte det flate arealet mest mulig, vil det vere gunstig å utvide arealet litt - spesielt mot syd ned mot kanten Område nr 2: Dette arealet kan vere eit areal, evt eit reserveareal, til bustadformål (einebustader). Område nr 3: Dette arealet kan også nyttast til utbyggingsformål. I formålsvurderingane bør ein sjå dette arealet i samanheng med anna areal i området. Kommentar: Del av påpeika område 1 ligg allereie inne i K-planen. Områda 1 og 2 er tekne med så langt det passar i høve naturleg arrondering av byggefeltet. Vidare utbygging må sjåast i samanheng med ev utviding opp over av heile feltet (Hallebygda). Arealbruken i vist område 3 er drøfta og det er konkludert med at areala rundt Hallevatnet førebels skal ligge som LNF- område. Innspelet er delvis kome i møte. 68. Breivik Kalkverk v/ Arne Dyrhol Utdrag: Merknaden viser kartvedlegg – viser forslag om at eit større område ved Breivik Kalkverk kan omdisponerast til industri (ca. 200 mål) Kommentar: Innspelet er sett på som eit svært viktig innspel for til rettelegging for ny næringsverksemd. Vi har vurdert heile Breivika og Saude-området og fremjar forslag om at det vert lagt til rette for ei større satsing på næringsutvikling i dette området. Sett i samanheng med kommuneplanen elles vert Breivika og Saude området eit hovudområde for vidare næringsutvikling i kommunen. Innspelet er kome i møte. Innspelet har medført eit svært viktig grep i kommuneplanen. 69. Oskar Rekdal Utdrag: I oversiktskartet for planperioden 2002/2011 er en stor del av Holmesundet merket med blå farge, industri. Dette samsvarer ikke med gjeldende regulering hvor det er tatt hensyn til behovet for friområde. Arealdelen må på dette punktet endres slik at den er i samsvar med gjeldende regulering. Vårt naust i Holmesundet ligger innenfor et regulert friområde. Tidligere var det opplyst at naustet kunne stå i veien for utviding av riksveien rundt Ørbech-halsen. I dag er situasjonen en annen. Vegvesenet har slått fast at naustet ikke kommer i konflikt med Vegvesenet sine planer om utviding her. på bakgrunn av dette ber jeg om at Sande kommune regulerer vårt naust/nausttomt til naustformål, og at dette kommer til uttrykk både i arealdelen av kommuneplanen og i reguleringsplanen. Jeg anmoder kommunen om å ta hensyn til at vår stedsvarige naustrett er meget gammel og har vært holdt i hevd i generasjoner, og at det i dag er et behov for å få visshet for framtiden. Kommentar: Omtala naust ligg i framlegg til plan i friområde. Innspelet er kome i møte. 70. Oppsummering folkemøte Gursken Utdrag: Sande kommune Side 32 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Fylkesvegen mot kyrkja er trafikkfarleg, fv61 er smal –manglar gangveg Vågen – Almestad, brua i Vågen og krysset på øvre Knotten er farleg. I 2004 var det stillstand i skipsindustrien, delvis også i 2008, no går det godt. Vi er sårbare og må ha eit breiare næringsgrunnlag. Kommunen er arbeidsintensiv med stor innpendling, må få fleire av desse til å busetje seg Må utvide arealet til skulen, setje av areal til barnehage, idrettshall mv Må ha hurtigbåtkai i Vågen eller i Haugsbygda Meir bustadareal i Brekke-området. Speidd busetnad ovanfor kommunevegen i Haugsbygda frå skulen innover Myklebust, bustadbygging vestover frå Haugelia Må ha samarbeid kommune/næringsliv for å få til meir fast busetjing av pendlarar Stort behov for utleigehusvære, vanskeleg for ungdom å busetje seg Viktig med areal til spreidd busetnad Nytt bustadområde mot Almestad, bustadområde i Kjellsvika, sjønære tomter frå Dua og inn over Spreidd bustadbygging langs fjorden Treng areal til naust- og båtplassar: Naust i Vågen frå småbåthamna og vestover Bustadtomter og naust framfor fritidsbustader Kommunevegen gjennom Haugsbygda er trafikkfarleg Kommentar: Fleire av dei trafikkfarlege punkta som er peika på er i planen søkt løyst med bygging av gang/sykkelveg. Satsinga på eit større næringsareal i Breivika/Saudeområdet vidarefører idèen om eit breiare næringsgrunnlag. Med den store innpendlinga er der ei utfordring i å få fleire til å busetje seg. Gode tomtetilbod er eit verkemiddel i saka. Behovet for utleigehusvære er vist til i fleire bygdelag. Ved regulering av bustadfelt vil ein vere merksame på dette og innpasse eigna konsentrerte areal til føremålet. Det er teke med bustadfelt i mange av dei påpeika områda. Sameleis naustområde. Kommunevegen i Haugsbygda er ”punktert” ved at det er vist til ein ny veg ned til fylkesvegen ved industriområdet på Hauge. Som det går fram over er mange av innspela tekne omsyn til. 71. Per Sandvik Utdrag: Gurskevågen "Øggarden" gnr.22 bnr. 3. Den tidligere planen med skissert boligfelt i dette området, enda som kjent opp med motsegn fra Fylket, på grunn av landbruks og andre interesser i dette området. Sentrale myndigheters vurdering av slike småskala jordbruksenheter, synes nå å være slik at begrepet bruksverdi ikke lenger er relevant ved prising av tomtearealer og dette vises ved at kommersielt bruk av arealene ikke lenger eksisterer. Alle skoleelever og ansatte ved Gursken Oppvekstsenter, har i alle år hatt fri adgang til Øggarden med ovenfor liggende fjell og skogsområder. Disse arealene har derfor vert i flittig bruk til natur-undervisning og vinteraktiviteter. På grunn av områdets beliggenhet, finner vi her et sjeldent variert plante og dyreliv. Skoleelever og deres foresatte, har bygget en stor såkalt "Gapahuk" i øvre del av skogsområdet med tett tak og plass til en skoleklasse. Vi ber derfor om at ansvarlige, ved videre håndtering av arealplanen, tar vare på den unike verdien av dette området og at det blir skjermet for framtidig kommunal utbygging. Kommentar: Del av gnr 22 bnr 3 er fremja nytta til idrettshall, veg og område for ev ny barnehage. Samla areal til desse føremåla er ca 18 daa. Arealet tenkt til barnehage vil først bli realisert som følgje av ei strukturell endring av barnehagetilbodet i Gursken og Gjerdsvika. Arealet som ligg på 22/3 utgjer ca 8 daa. Eigedomen vert elles omfatta av nytt vegsamband frå Breivika/Saude som følgje av Rovdefjordbrua. Innspelet vert ikkje kome i møte. 72. Kurt Haukeland Utdrag: Sande kommune Side 33 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Som bebuar og grunneigar av gnr. 22 bnr. 11 er familien svært bekymra for at eigedommen skal omregulerast til bustadfelt. Då vi flytta tilbake til Sande og bygde på garden var det ikkje i våre tankar/intensjonar og ende midt i eit bustadfelt. I ei kommune som reklamerar med «utanfor allfarveg – heldigvis» burde det ikkje vere nødvendig og omregulere gardstun til bustadfelt. Vi oppfordrar derfor på det sterkaste, at våre synspunkt blir teke omsyn til i utarbeiding av den nye arealplanen. Det å trivast der ein bur er svært viktig, også for oss som allereie bur her. Kommentar: Deler av gnr 22 bnr 11 inngår i byggefelt B12 kalla Almestad. Dette omfattar ca 7 daa. Avstanden mellom byggefeltet og tunet på garden er ca 120 meter. Område BA8, som er tenkt til ny idrettshall, ny veg og ny barnehage går inn på dyrkamarka til garden og omdisponerer ca 10 daa frå 22/11. Dette vil flytte ”skuleområdet” vesentleg nærmare tunet enn slik det er i dag. Avstanden mellom barnehagearealet og gardstunet (nærmaste bygg) vert ca 43 meter. Idrettshallen, omlegging av vegen samt realisering av byggefeltet er kanskje dei første tiltaka som skjer. Bygging av ny barnehage er ikkje avklara enno, men ligg som ei muligheit om samordning av barnehagane i Gjerdsvika og Gursken vert aktuelt. Alle dei nye tiltaka kring skulen kjem som følgje av betring av fritidstilbod og venta vekst i folketalet. 73. Henriette Sætre og Espen Vike Utdrag: Håper dere kan ta med på arealplanen desse områda: - Frå Dueneset og innover Nedre Knotten. - Frå Kjellsvika og utover mot kirka. Og desse plassane tenker vi her kan det være muligheter med sjøtomter for bustadbygging. Kommentar: På Dueneset er det i planframlegget teke med eit bustadfelt på 15 daa og med plass til 5 tomter. I Kjelsvika er teke med bustadfelt, men det er ikkje teke med bustadfelt i Leivika (området mellom Kjellsvika-Kyrkja). Vi viser her til byggefeltet Vikelida – Sætre. Innspelet er delvis kome i møte. 74. Pergunn Rødseth Gjerdsbakk Utdrag: Hausten 2009 starta vi (fIeire familier på Rødseth i Haugsbygda) ein dialog med Rasmus Ekroll vedr. muligheiter for å utvikle eit mindre område til rorbuer. Vi har allereie fått frådelt ei tomt ved sjøen der vi skal sette opp 6 naust medan vi her ønsker å endre til rorbu med muligheit for overnatting. Vi sende difor ein forespørsel til Sande kommune og fekk då til svar at det beste alternativet ville vere å søkje om å få området omgjort til privat reg. plan men at arealet då burde vere større. Vi gjekk difor ilag med to gode naboar som har same interessene for dette området i si heilheit. Eg legg ved ein mail som eg sende til Rasmus den gongen men i ettertid har det vorte sendt inn ein søknad frå Sporstøl arkitekter på våre vegne. Eg lurer no på om de tek dette med i det føreståande arealplanarbeidet og evt. kva tidsperspektiv de har. Det er nokre av oss som kan tenke seg å starte bygging av nausta (på gnr/bnr 10/16 utskilt frå 10/2-2) men vil gjerne på førehand vite om ein på sikt kan innreie disse som rorbu. Tidlegare e-post til planleggar Rasmus Ekroll: Viser til tidlegare dialog i denne saka og vil på vegne av tre grunneigarar på Rødseth i Sande kommune fremje ynskje om privat reguleringsplan for gnr/bnr: • 10/4-4 Arvid Larsen • 10/2~2 Sigbjørn Rødseth • 10/16 utskilt frå 10/2-2 v/Sigbjørn Rødseth • 10/1-4 Gro og Frode Brandal Kommentar: Vi har ei rekkje innspel som går på bruk av strandsone langs kystlina i Gursken og Gjerdsvika. Som det går fram av tidlegare kommentarar rår vi i planframlegget til at kystlinja på denne strekninga ikkje vert vesentleg omdisponert. Det er berre fremja omdisponering av areal som kvar for seg er små i omfang, som ikkje ligg særleg eksponert til i landskapsrommet og som skal inngå i vidare Sande kommune Side 34 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen utvikling av gardsturisme. Dette bryt nok med signal som er gitt før, jf innspelet, Det foreslåtte arealet har storleik ca 79 daa og ligg eksponert til. Realisering av eit så vidt omfattande prosjekt i dette området vil, etter vår vurdering medføre at landskapsrom og bygningsstruktur vert vesentleg endra. Vi har gjennom drøftingar kome til at vidare omdisponering av strandnært areal på strekninga Saure til forbi Gjøneset ikkje skal gjerast i denne rulleringa av K-planen. Konklusjonen er at dagens LNF-område vert vidareført. Godkjent frådeling vert oppretthalden. 75. Kjell Hauge Utdrag: Innspel til ny arealplan: 1. Ønskjer at det vert lagt inn for spreidd busetnad (lysegrønt med gul skravur) frå kommuneveg heilt til fylkesveg for 12/1 og 12/10 i Haugsbygda (mellom vegane). Dette kan vel også gjelde alt areal frå stikkveg i Myrane til budaveg? 2. Ønskjer at det vert merka gult på austsida av austre molo i Haugsbygda. Dette gjeld også fjøreareal med tilhøyrande skjer i området for 12/10. Areal for framtidig bygging av rorbuder/fritidsbustadar. 3. Ønskjer at det fortsatt er orange for området ved skogevatn 21/3. Kommentar: Ad 1: Området for spreidd bustadbygging er utvida til å omfatte deler av vist areal (mot kommunevegen) Ad 2: Arealet er teke inn i K-planen som naustområde (Fn8) Ad 3: Gjeldande plan er oppretthalden. 76. Hans Brekke Utdrag: Merknaden viser kartvedlegg – viser forslag til nytt bustadområde på Brekke. Kommentar: Innspelet er kome i møte ved at eit område på ca 50 daa er lagt til bustadarealet som er visst i gjeldande plan, men det vert lagt til grunn at feltet vert bygd ut med mindre grupper slik at område får eit tun prega uttrykk. B10 inngår i gjeldande plan. Plasseringa av gruppene må også ta omsyn til den dyrka jorda som er i området og arronderinga av desse. Feltet er vurdert som eit langsiktig tiltak med utbygging etappevis med dei tenkte hus gruppene. 77. Kleven Maritime Utdrag: Kleven Maritime jobber for tiden med å erstatte dagens flytedokk på Myklebust med en større og mer tjenlig dokk. En ny dokk vil kunne gi oss økt aktivitet innen service/vedlikehold av større offshorefartøy. Utviklingen rundt verftet Ørskov i Danmark viser at en klyngedannelse rundt en verfts fasilitet skaper konkurransedyktige miljø som igjen gir maritim industriell vekst. Vi har derfor tatt oss den frihet å foreslå hvilke areal som bør reserveres for fremtidig maritim virksomhet i Gursken. Det vedlagte forslaget viser areal til fremvekst av klynge samt MVEs ønske om arealutvidelse. Kommentar: Verftet er ei svært viktig bedrift i kommunen og signal derifrå er vektlagt mykje. I Gursken er verftet omkransa av andre funksjonar som skule, barnehage og spreidd busetnad. Det er ei viktig målsetting for kommunen at eksisterande verksemder får tillagt nødvendig areal for utvikling. Når det gjeld vidare utvikling av den maritime klynga er omfanget av arealet i innspelet frå verftet sett i forhold til anna næringsareal i området Breivika/Saude. Etter ei vurdering av kvar muligheita er størst og friast for etablering av eit nytt større område for den maritime klynga er Breivika/Saude prioritert til dette. Planframlegget no viser difor eit meir avgrensa areal i Gursken enn som ønska i innspelet. Vi har i midlertid freista å kome verksemda i møte ved å legg til areal vestover og nordover. Vi viser også til utvidinga av område kring forretninga i Vågen (F2) der det no er gitt muligheit for etablering av overnattingstilbod. Sande kommune Side 35 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen I avgrensinga i sør er det særleg teke omsyn til potensiell støy frå verftet inn mot skule/barnehage. I nord er avgrensinga gjort ut frå behov for naustområde. I aust er avgrensinga gjort mot fv10. Det er ikkje ønskjeleg å utvide arealet på austre side av fv-en, arealet må framleis prioriterast som LNF-område. Viser her til K-planen si satsing i Breivika/Saude området. 78. Gursken IL v/ Kato Myklebust Utdrag: Gursken IL har i sine framtidsplanar bygging av «Ulsmohall» med kunstgrasdekke 70x40 meter, på den gamle skuleplassen i Vågen, aust for kunstgrasbana. Gursken IL ber om at det vert sett av areal for eventuell flytting av veg inn til «Vågen» austover. Kommentar: I planen er teke med areal til ny idrettshall samt til flytting av vegen. Innspelet er teke omsyn til. 79. Oppsummering møte med næringslivet Utdrag: Utfordringa til næringslivet er korleis ein kan styrke busetnad og folketalsutvikling Myklebust Verft gjer andre ting enn å bygge båtar, suksessfaktoren med reperasjon av større båtar er å kunne gje eit servicetilbod til heile bransjen med lokalisering av sjønær næringsklynge Utviklingstrekk for langsiktig utvikling må kome fram Breivik området har store muligheiter i lengre perspektiv. Kalkforekomstane vil framleis bli tekne ut, men arealet kan gå inn i eit større næringsområde etter kvart (om 10 år). Arealet har godt tilflot og ligg sentral i høve sjøtransport, jf også Stadt skipstunnel. Bør vere godsterminal på området. Storeneset som ligg inntil er på ca 100 daa. Landbasert akvakultur i Saudane og i Nupen er omdisponert til industri. I Haugsbygda må byggefeltet utvidast og ny småbåthamn med 60-80 plassar trengst. Industriutviklinga i hamneområdet i Haugsbygda er spennande utvikling. Bustadfeltet påSætre mot kyrkja vil vere viktig. Må ha samspel mellom industri og busetting. Folk må ha tilgang til naust. Kommentar: Det sjøretta industriområdet i Gursken er gitt vesentlig tilleggsareal mot vest og nord. Tilrettelegginga av industriareal i Gursken er sett i samanheng med ei større satsing i Breivika/Saude området. Viser elles til at ny veg er tenkt mellom Gursken og Rovdefjordbrua i tunell og at dette vil gje lett tilkomst mellom Gursken og Breivika. Breivika/Saudeområdet vert eit hovudsatsingsområde for ny næringsutvikling. Som påpeika er området svært godt plassert i forhold til sjøtransport og området vil ha store muligheiter for eit rikt og varierande næringsliv. Viser elles til pågåande planarbeid med eigen kommunedelplan for Rovdefjordsambandet. I Haugsbygda er både utvida byggefelt og nye område for småbåthamn og naustområde tekne med i planen. Som det går fram over er mange av innspela tekne omsyn til. 80. Oppsummering møte med særskilde grupper (innkalla var repr. for barn- og unge, ungdomsrådet, eldrerådet og råd for funksjonshemma) Utdrag: I møte vart det orientert om: gjeldande kommuneplan (område for område), planprosessen, så langt innkomne innspel, skisse på tiltak m.o.t dei ulike gruppene. Som: Leikeareal og universell utforming. Det kom ikkje fram spesielle synspunkt som vart nedfelt i referat. Det kom heller ikkje inn skriv i etterkant av møtet. 81. Oppsummering møte med ungdomsskulen Utdrag: I møte med ungdomskuleelevane var det lagt opp til aktiv medverknad. Elevane fekk ei orientering om kommuneplanarbeidet m.a. ; innhald, meining og mål. Gjennom gruppearbeid konkretisert elevane i 2 oppgåver: Sande kommune Side 36 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen 1. kva som var bra og kva som var mindre bra i kommunen. I forhold til arealdelen kan m.a. følgjande nemnast (sjå innspel nr. 81): Bra: o Tilgang til aktivitetar; baner, gymsalar, stiar, badestrender, ungdomsklubb, kino o Masse jobbar, trygt, ryddig, gjestfridom, nok mat, nok lærarar o Stadar for eldre å bu, helsestellet, frisk luft, fjellet o Bra at bustader vert prioritert Mindre bra: o Skulevegar, gatelys, manglar gangfelt, dårleg busstilbod, dårleg samband mellom øyane og Larsnes, at fastlandssambandet ikkje er realisert o Manglar ein del aktivitetar (fotballhall, treningssenter, skitrekk, skatepark, alternative fritidsaktivitetar) o Manglar gangveg o For lite sjukeheimsplassar, ikkje overnattingsmuligheiter 2. Kva vil kunne gjere Sande meir attraktivt i framtida: o Halde Sande reint, få kafe, at her er jobbar, språkopplæring, helsetenester o Fastlandssamband, fleire industriområde, busstilbod, tilbod om fleire sportar, fleire kunstgrasbaner, skate-park o bademuligheiter (basseng) o betre vatn, bevare naturen, betre leikeplassar o hotell, pub o fleire leilegheiter, møteplassar, bustadtomtar Elevane viser også til areal som bør vernast – som badeplassen i Gjerdsvika og eit skogsareal lang fv10 sør om elva frå Hidsdalen. Kommentar: Ungdommane opplever ei rekkje forhold i sin kvardag som er både bra og mindre bra. God tilgang på aktivitetar synest viktig, men dei er også innom kvaliteten på skulen og omsorgstenesta. Trafikktryggingsplanen står sentralt i forhold til utbetringstiltak på skulevegar. Slik arealdelen i kommuneplanen no er forma er fleire av forholda som vert peika på teke omsyn til. Dette gjeld: Gangvegar, utviding av areal til skular og barnehagar, plass til idrettshallar Alternative aktivitetar, jf utviding av aktivitetsområde på Leikongeidet, ikkje nedbygging av forslag til ”verna” område. Fokus på bustadareal Vi legg elles til grunn at det i arbeidet med revisjon av Trafikktryggingsplanen vert arbeidd med gangvegar, gangfelt, busskur og gatelys. 82. Gnr. 28 bnr. 2 v/ Edel Frantzen Utdrag: Eigar av gnr. 28 bnr. 2 har utarbeidd ei skisse som viser tenkt utbygging av eigedomen på austsida av Hallevatnet. I skissa inngår 26 hyttetomter med tilhøyrande vegar, småbåthamn med nokre naust og eit område for klubbhus/fellesbygg. Skissa vart presentert for kommunen 14.1.2011 og er teke med som innspel til kommuneplanarbeidet. Kommentar: Prosjektgruppa har drøfta innspelet og har konkludert med at utbygging kring Hallevatnet ikkje skal inngå i K-planen no. I arbeidet med reguleringsplanen for Storehaugen kom det fram at fylkesmannen framleis viser til at det er knytt viktige naturomsyn til vatnet. Framlegget til K-plan viser vesentlege arealendringar kring skulen og ein ønskjer å avvente vidare omdisponeringar av areal i nærområdet til ein har fått erfaringar med korleis bruken av skulen, barnehagen og idrettsanlegget (jf også grasbana) brukar nærmiljøareala. Arealbruken kring Hallevatnet er elles sett i samanheng med bustadfeltet Storehaugen og den samla omdisponeringa av areal i området. 83. Olai Støylen Utdrag: Viser til kontakt pr e- post der de bad om eit oppsett/plan på korleis området er tenkt nytta frå vår, utbyggar, si side. Området det dreiar seg om er nedsida av vegen på Støylane på Sande kommune Side 37 av 37 Vurdering av innspel til revisjon av kommuneplanen: arealdelen Kvamsøya i Sande kommune. Sjå vedlagt kart over området, og planteikning over området. NB dette er eit utkast til forslag. Ideen bak prosjektet er å regulere området nedanfor vegen, få fram infrastrukturen som krevst, og bygge ut hytter for sal i 2 - 3 byggetrinn. Totalt antal hytter på prosjektet vil ligge ein stad mellom 8 og 12 hytter, alt etter storleik, etterspørsel og økonomi og arealbehov. Overgang mellom sjø og bebygt terreng vert mura/plastra steinfylling med moglegheiter for landgang til marina. Det ligg også inne i planane å lage molo for å lage elt sikkert havnebasseng til marinaen. l dag ligg det 2 naust i same området. Dette skal restaurerast og utvidast for å kunne huse utleigebåtar På den vedlagde skissa er det teikna inn ca ønska utvikling av området. Hyttene vil ligge på ca 80 m2 grunnflate, og innehalde hems og det hyttemarkedet krev som standard I dag. Det er viktig å presisere at ved ei eventuell utbygging viI det verte nytta lokale verksemder under oppføringa i alle ledd. Vi meiner at dette er med på å styrke den lokale aktiviteten, slik at ein opprettheld aktivitet i Sande kommune. Når det gjeld det arkitektoniske i utbygginga, vel vi utforming, fargar som ein kan ta att i naturen og området rundt. Vi ønsker å dempe bebyggelsen på ein slik måte at det fell naturleg inn i området. Veg, vatn og kloakk meiner vi bør vere ein grei sak å få til. Med vatn i grøfta på ovanforsida av vegen, vil dette skape ein lett tilkomst. Kloakk vil vi foreslå separate tankar med utslepp på djupt vatn, eller filtergrøft. Tilkomst til hyttene vert frå kommunal veg, med spreiing til kvar einskild av hyttene, samt snu/parkeringsplass på sidene. Kommentar: Vi viser også til innspel nr. 44. Kvamsøya har liten del fritidsbebyggelse og det er ei målsetting i planen å betre dette tilbodet på øya. I planframlegget er sett av eit areal på ca 14 daa med rom for 9 hytter. Det må takast omsyn til ålmenta sin tilgang til og bruk av sjølve stranda.