Ingebjørg Jore (1863-1957) - Vest

Transcription

Ingebjørg Jore (1863-1957) - Vest
Ingebjørg Jore (1863-1957)
1
Ingebjørg Jore
Av Åsta Østmoe Kostveit
Dei siste tiåra av 1800-talet, kanskje serleg 1880-åra, var ei engasjerande
tid med mange politiske, religiøse og sosiale rivningar. I denne tida voks
Ingebjørg Jore opp. Ho var fødd i 1863 på garden Jore i Haddlandsgrend.
Mora var Gunhild Bjørnsdotter Gardsjord (1837-1911) og faren Aanund
Olavsson Gjore (1816-1892). Ved sida av syskenflokken på åtte, var det nok
av ungar og ungdom i grenda, så det var eit levande bygde-miljø. Gardane
ligg gjerde ved gjerde og det var mykje same slekta. Det var som Ivar
Aasen seier det: heime var eg so vida kjend og slapp inn kvar eg vilde.
Frå venstre Ingebjørg, Aanund, Signe (dotter frå fyrste ekteskap), Gunhild og Margit
(Berdal) Olav framme. Seinare kom det seks born til. Foto Knut Berdal, ca 1870.
2
Eit radikalt heimemiljø
Far til Ingebjørg, Aanund, var den fyrste ordføraren i Rauland då bygda
blei eigen kommune i 1858. Han las mykje, og han var flink til å kveda og
kunne mange viser. Frå bokhylla kan ein nemne Holbergs epistler, sogebøker – t.d. Saxo –, praktiske bøker og morskapsbøker, og sjølvsagt
religiøs litteratur. Dei fleste av bøndene i grenda var radikale Venstrefolk,
heldt seg til det «reine Venstre» og var for republikk. Det var eit aktivt
politisk miljø, med kvasse diskusjonar. Og Ingebjørg var ei tenksam og
evnerik jente.
Viggo Ullmann hadde starta
folkehøgskule i Seljord i 1880.
Dei frilyndte tankane fekk inn-
verknad utover bygdene. I 1882
heldt denne skulen til i Vinje på
Mannås-Groven, men flytte så
attende til Seljord. Då hadde
skulen 60-70 elevar frå konfirmasjonsalder til 70-åringar, skriv
Rikard Berge. Det fanst også
annan skulegong. I februar 1888
var det ”dagskule” (amtskule) i
Nigard på Haddland, og i 1887
”skriveskule” på Strondi, d.v.s.
Rauland. Der lærde dei å skrive
norsk, altså landsmål, dei hadde
mykje grammatikk og skreiv
Viggo Ullmann
3
stilar. Ein har ikkje funne ut om Ingebjørg var elev ved folkehøgskulen. I
alle høve har sikkert Ingebjørg hatt skulegang utover folkeskulen.
Men kvardagen var fylt av arbeid som det var i eit tilnærma sjølvbergingshushald. Og Ingebjørg var med, ute og inne. Eit brev til syster Margit
kastar ljos over Ingebjørgs ungdom: …daa eg var ong og var heime og
berre drøymde og lengta, song og dikta slik som du veit.
Alt i 1883 sender ho dikt og ei lang novelle, ”Ragnhild Slettevoll”, til
målbladet Fedraheimen. Novella går som føljetong frå 17/2 til 24/3 1883.
Eg vil tru lesarane venta spente på bladet, for forteljinga har eit driv over
seg som gjer at ein lurar på korleis det endar. Språket hennar er lett med
god ortografi.
Same året skriv ho ei støtte-erklæring til Fedraheimen, og oppmodar
lesarane om å skaffe ein ny tingar kvar, så kan bladet koma ut to gonger i
veka og vil lettare kunne overleva. Han er so løgleg og morosam au den
Fedraheimen, attaat han er so heimskleg. … Og so er han so uvandskleg, at
han narrar Folk til aa skriva i eit Blad.
Men Ingebjørg ser først og fremst at Fedraheimen trengst for målsaka, at
folk får lesa sitt eige mål. Mange i Rauland heldt Fedraheimen, og den
kom nok til å ha mykje å seie for målsak og fridomsrørsler.
Flaggsaka var noko som engasjerte. I 1884 skipa jentene i Rauland saman
med Skyttar-laget (skipa i 1882), til den fyrste 17.mai-festen i bygda. Til
festen sauma Ingebjørg og veninna hennar, Aslaug Berge, eit reint norsk
flagg utan ”sildesalaten”.
4
Ingebjørg og Fedraheimen
Fedraheimen blei starta av Arne Garborg i 1877. I 1885 dreg Garborg på
studieferd til Paris, og kompanjongen Ivar Mortensson (1857—1934) treng
hjelp i avisa. Både Garborg og Mortensson var kjende på Rauland, og
kjende nok også til Ingebjørg. Ingebjørg Jore – «raulandsgjenta» som
Mortensson kallar ho – blir i 1885 tilsett som redaksjonssekretær i
Fedraheimen i Kristiania. Ho er då 22 år gamal, men har synt at ho kan
skrive. Ho blir den fyrste kvinnelege redaksjonssekretær i landet!
Fedraheimen var eit radikalt blad, og det høvde for Ingebjørg. Etter kvart
gjekk ho over frå å skrive lyriske tekstar i avisa, til tekstar om ymse
litterære og politiske emne. Ho argumenterte for saker ho var oppteken av,
som republikk og målsak. I skodespelet ”Ein skulelærar”, som går som
føljetong i avisa i 1888, talar ho for ålmenn røysterett. Handlinga sluttar
brått og uavklåra. Lesaren må sjølv taka stilling og sjølv ”dikte slutten”!
Signaturen ”Ingebjørg” eller ”-bjørg” kan ein finne i avisa frå 1883 fram til
ut 1888, då ho sluttar i avisa. Som redaksjonssekretær skreiv ho sikkert
også ein del usignerte tekstar.
Avisa flytta frå Kristiania til Tynset i 1889 og blei endå meir radikal, miste
derfor tingarar og bladet gjekk inn i 1991.
5
Heime att
Ingebjørg er no truleg heime i Rauland nokre år. I Nigard Midtgarden hjå
tante Margit og lensmann Svein Knutsen, tek dei mot gjester. Der er ho i
1888 og 1889, iallfall i sommarsesongen. Den kjende språkmannen Knud
Knudsen oppheldt seg 8-9 veker i Nigard, sommaren 1888. Han kyter av
stellet og skriv i dagboka si: Lensman var ikke ene om å være en oplyst
man dær i huset. Hans Slægtning Ingeborg, som dagligt tilførte mig føden,
var nidkjær og pennefør norsknorsk.
Til Amerika
På denne tida er det ei ny bølgje av utvandring til Amerika. Frå meste kvar
heim i grenda, drog nokon av garde. Halvsyster av Ingebjørg, Signe og
mannen Knut, hadde reist. I eit brev (1889) grunar syster Sigrid (18711942) på om ho skal på skule, eller reise til Amerika. Ho gifter seg med
lærar Sivert Vaagen (1861-1942) i 1890. Han kom som ung lærar til
Rauland i 1881, vart ein aktiv og vyrd mann, god venstremann og for
norskdom.
Familien Vaagen fortel at Ingebjørg var begeistra for Sivert Vaagen.
Giftarmålet med den yngre systra skulle vera ei årsak til at Ingebjørg drog
til Amerika i 1892. Men det kan óg vera det ”uavklåra” forholdet til Ivar
Mortensson. Ingebjørg skriv til syster Margit, når ho har kome fram til
USA: Eg fekk brev fraa Ivar Mortensson for litt sea. Det var rart du,
mæsama baaten har støytt fraa land i Kr. sand, fekk eg sjaa Ivar paa
brygga. Han var paa foredragsreise. Fekk kje viare tala mæ´n – skreik
berre til kvarandre.
Ingebjørg og Ivar skreiv til kvarandre heilt til Ingebjørg gifte seg i 1897.
6
Ivar Mortensson gifte seg i 1894. Då han blei prest i Fyresdal i 1910, sende
ho ein gratulasjon, men berre signert I.J. og utan adresse. At Ingebjørg
sette stor pris på Ivar, er iallfall sikkert, korleis forholdet elles var. Ho
skriv i 1913: Eg hev aldri kaame til kjent eit menneskje som er so heilt
igjenom godt og edelt som han —
Ivar Mortensson
7
I Amerika
Amerika blei ikkje det Ingebjørg hadde vona på. Ho tente hjå kjenningar
og framandfolk. Løna var ikkje stor, og det var ikkje mogeleg å legge seg
opp noko pengar. Ho kom heller ikkje inn i noko engasjerande miljø. Det
materielle rådde. Her er uhyggeleg i Amerika med det at aand og
intelligens veit dei fleste ikkje kva er for noko – pengar, fint hus, klæder og
mat er alt som trengs, det er emne for samtala og maalet for strævet – iser
blant kvinfolki. (brev 10.12.94)
Sumtid når ho har tid og ”geisten”, sender ho ein og annan epistel til avisa.
Det er to norske aviser som gjerne vil ha ho til å skrive, ”Bodhuggeren” og
”Fremad”. Båe høyrer til populistpartiet, som tikje svara til det radikale
venstre heime. Det republikanske partiet karakteriserer ho slik: lat dei
andre sørge for seg, eg klorar for meg. Interessa for kvinnesak er stadig
der, og ho forargar seg over ein skribent i avisa som skriv mot kvinnesaka
og høgprisar vort ”store kald som hustru og moder” plent som me blei
utskjemde i det naar me vil ha stemmeret. (brev 17.06.93)
Ho tenkjer på å reise heimatt, men kan då ikkje tenkje seg å slå seg ned i
Rauland. Så møter ho ein mann, Arthur Goodspeed, som ho likar godt. Dei
gifter seg i 1897, og fekk tre born, Aanond Jerome, Grace og Marie. Han er
landmålar, og dei bur heller avsides til og langt frå hennar kjenningar.
Dessutan er han også mykje borte, og ho kjenner seg eismal. For at ungane
skulle få skulegong, reiser ho vekk, og etter kvart blir dei to skilde. Det vart
nokre harde år med vask for andre og skriving i Decorahposten, fortalde
ho til grandniesene som vitja henne i San Fransisco i 1951. Då hadde ho
det bra. I alle år heldt ho kontakt med skyldfolka sine i Noreg. Sjølv kom
ho aldri til Noreg att. Ho døydde 94 år gamal i 1957.
8
To pionerar for kvinnesak og målsak i Rauland og Vinje.
Ingebjørg Jore må reknast blant føregangskvinnene som rudde veg for
jamstelling mellom kjønna. Gunbjørg Vinje (Heggestøyl, 1853-1923) frå
Vinje, var ei anna. Ho starta Vinje Kvenderøysterettslag i 1899. Ingebjørg
og Gunbjørg var tremenningar, men det var 10 år aldersskilnad. Ingebjørg
dreg til Amerika før Gunbjørg engasjerer seg i røysterettsaka. Det ser ikkje
ut til at dei har samarbeidd på noko vis. Men båe fortener å bli dregne
fram i dette markeringsåret for målsak og kvinnerøysterett.
Ingebjørg skal ha planta tuntreet i Jore, ein rogn.
9
Kjelder
Berge, Rikard. Vinje og Rauland IV
Bjørhusdal, Eli. Målkvinner før 1900. Hovudoppgåve 2001.
Bjørhusdal, Eli: Gunbjørg Vinje og Ingebjørg Jore. Målsak og kvinnesak på 1800talet. Årbok for Telemark 2005/06
Fedraheimen (www.fedraheimen.no, www.aasentunet.no )
Nokre brev frå Ingebjørg Jore til systra Margit Berdal
Informantar av slekta
Utvalde tekstar av Ingebjørg Jore
Den blouge blomen
Du vesle Blome! du stod so løynde
I haage Gras, eg deg mest kje øygnde,
Eg tott' du var bert eit turka Blad,
Men no eg ser du er ven og rar.
Smaa kvite Bjøllur i Toppen dullar
Og Bladi fint utifraa seg krullar,
Og Stylkjen er baade grann og bein,
Og Angjen din er so fin, so rein!
Du vesle Blom! tru eg var deg like
I vera vene og inkje sprikje *).
Tru eg, som du hadde meire paa,
Enn nokon fyrstundes konna sjaa!
*) Vera stolt.
Fedraheimen 01.09.1883
10
Ragnhild Slettevoll
Tor Slettevoll var ein ovende rike Mann og so gjiruge, at han vilde faa grava unde
seg alt det, han paa nokon Maate kunde faa fat paa. Han bleiv illi lika baate av sine
Grannar og Tenarar, dei maatte jamt hava Skai av han. Gretten og sur var han au
myki og gnog og mulla paa Vond-Or jamt.
Men Aase, Kjeringje var paa ein annan Maate, ho var snild og venleg mot baate
rike og fatike, og mest mot dei fatike Bonni. Det var mangt eit fatikt Baan, som
bleiv baate klætt og vælstelt av Aase. Men Tor lika ’ki, at ho var so til gjeva dei
fatike. Mi hev ’ki Raad til det, sa’ han. Men Aase var ’ki rædd Mannen sin, om han
gnog og mulla, ho fekk mest jamt tala han til nøgjes. Hot skal all denne Maten
vera til, sa Aase, er det ’ki Vaarherre, som heve gjevi oss soso store Gudsgaavur, og
han segjer mi skal hjelpa paa dei som trenge. Ikkje heve mi Bonn som mi kann
rike upp, for du ser mi misser dei atte, sa ho og gret. Hm! sa Tor, graate fyre mi
ikkje heve Bonn, det er daa bare Bry med dei Unganne, ser du ’ki burti Norigar,
hos smaatt det er med dei, det er vist ikkje lengje før Bygdi maa føa de. Du maa
daa alli segja, det er so smaatt med dei burti Norigar, sa Aase, dei klarar seg
somen gott, og alle dei vene Bonni er ei stor Velsigning i Husi. Eg totte, det vøre so
hugnalegt hava Bonn kringom seg; naar ein ol dei upp væl, so kunne ein hava
større Glee av allt det ein hadde. Tor tagde jamt, naar Aase tala, for ho var so væl
lærd Aase, at det var ’ki godt aa tala imot, men han meinte nok tvertimot. Han var
liti lærde Tor, so han snaut kunne lesa i Bok, men det var ’ki største Nytte i aa lesa,
meine han; bare ein kunne bli rik paa noken Maate, so var det heile Saki.
Det saag ut som Ynski hennar Aase vart uppfylt, for ho vart nekomi med ei liti
Gjente, som bleiv kalla Ragnhild. Aase var so glad i denna vesle Gjenta, og no
ynskte ho ’ki anna, hell at det maatte vera dei undt aa faa hava ho. Tor tottest au
vera meir fjaag no, og var myki inni for aa sjaa paa Baane. Men Aase var lengje
sjuk før ho kunne vera uppe atte, og daa var det bare so vitt ho kunne passe vesle
Ragnhild.
11
Tor klaga fyre Aase, at det gjekk ”atskjiligt” til no i Huse, og det var somen sannt.
Tenararne var nok rædde Tor, men likevæl gjekk ikkje Arbeie so væl no, sia ikkje
Aase var tilstaes og styrde og stelte paa sin blie, logne Maate. For Aase var no so
laga, at alle maatte vyre og agta ho, ho var fyr Tenararne mest som ei Mor. Støtt
ha’ ho eitkvart godt Or til sine Folk og rettleidde dei med so mangt, so alle var
glade i ho. Av Tor høyrde dei alli ko Vondor jamt, anten dei arbeidde liti hell myki,
so var det det same; men fyrr hadde Aase vori til styrt med dei, so det gjore ’ki
noko, det Tor gnaalte, men no bleiv dei leide av aa høyra paa det jamt, og so gjekk
det nok ”adskjiligt” til, som Tor sagde.
Det saag mest ut, som Aase skull ’ki bli frisk att, for ho folna burt til kvar Dag, og
sjølv gjekk ho med den Tankjen, at det var ki lengje ho livde. Det sveiv tunge
Tankar for ho no, ho kom ihug den vesle Gjenta, som væl kanskje snart bleiv
morlaus, men ho hadde ’ki sagt noko for Tor endaa. Tor gaadde det nok, men han
var nok grusten og gretten som vanleg; men naar han var einsmall, kunne dei sjaa
han stod lange Lonur paa sama Staen og tenkte, og naar han daa trefte Folk
etterpaa, gjekk han og alli tala.
Ein Morgo var det meir stillt paa Garden hell vanleg, Tenaranne for stillare, og
ikkje høyrde du dei tala eit høgt Or. Det var liksom dei var rædde for gjera noken
til meinars. Husbonden var ikkje til aa sjaa. Aase var nok so klein, at ho alli kunne
koma av Sengji, og Tor ha’ vori inni Sjukeromet heile Notti. Vesle Ragnhild var au
derinne. Aase ville at dei sill’ vera einsmalle, ho laut no tala med Tor om det, som
laag ho so tongt paa Hjarta, for det kunde snart vera forseint. Umsuti for Ragnhild
kunne ho ’ki faa fraa seg, endaa ho viste det var ’ki rett. Mangt og myki bleiv tala
millom dessa tvo; dei ha’ kanskje alli tala so myki med kvarandre paa eit heilt Aar,
som dei gjore paa dessa faa Timarne, som var dei seiste, som Aase hadde aa liva i.
Daa det leid frametter til Middag, kom Tor inn, men han var ’ki kjennande atte,
han ha’ nok loti bøygt seg no, der ha’ nok vori ein sterkare hell han derinne i Dag.
Tenaranne tore alli tala til han, men det saag ut som han venta, at dei ville spyrja
om noko, for han saag paa dei ymse. Endeleg vaaga ei av Jentunne seg til aa
12
spyrja, om det var noko Aase vilde hava, men daa riste han paa Hovui, og sovitt
fekk segja, at ho ha døyt. Dei gret, daa dei høyrde dette, no fekk dei ’ki tala med ho
Aase meir. Tor ville manna seg upp, men han var ’ki god til det, han seig mest som
i Uvit, so han maatte til Sengje. So maatte dei daa sjaa uti Romet, som Døen ha’
gjesta idag. Der var det eit grøtelegt Syn, Aase laag paa Sengje kald og stiv, med
ein Smil baate saar og sæl ha’ ho tryst vesle Ragnhild tett inn til Brosti sitt.
Ho sov den vesle so søtt og gott. Ragnhild var bare eit Aar no, daa ho miste Mor si,
so ho ha’ ’ki nokon Tankje om, kot Mor var værd.
Det var daa ikkje so lengje, før Tor retta seg atte, han ha’ so myki gjera no, so det
var ’ki Tid til vera klein.
Men daa Likfere hennar Aase hadde vori, vart det omlegt paa Slettevoll, ein kunne
sanne, at Stytta som helt Huset uppe, var burti. Mannen gjekk der sur og gretten,
verre hell daa Aase livde. Det einaste som kunne kveikje honom var, naar vesle
Ragnhild gjekk og sulla med Baanelæte sine og rødde med dei. Han kunne daa
sometier klappa ho og ynskje at ho var vaksi.
Burte paa Nordigar var der mange Bonn, men Mann og Kjering var strævsame og
nyttuge, so dei slo seg igjenom toligt. Men Tor tottest det var gruselege, naar alle
desse sat med Bori til Mats, det kunne ’ki stoppast noken Ting, om dei so tok det
tor Bekkjen. Og alli kunne han skyne hos dei der kunne vera so glade, for naar dei
var paa Arbeid, kunne ein høyra Song og Løgje, alt gjekk som ein Leik. Folk totte
det var bare Gama aa vera der og arbeide. Vesle Ragnhild var myki der burte og
bræla med dei smæste Bonne og Gunhild Kjeringi stelte med ho som med sine
eigne, so Ragnhild kalla ho Mor ho au. Sigurd Nordigar var paa sama Alder som
Ragnhild og desse tvo helt seg mest ihop. So gjekk Aare.
Men no laut Ragnhild læra og lesa, men kven skulle læra ho; Tor kunn ikkje, og
om han hadde kunna, so fekk han ’ki Tid hell.
13
No kann alt Sigurd Bokstavanne, fortalde Ragnhild til Far sin. Tor meinte daa han
laut lære ho so nokolite, sovit ho kunde klara seg au, men kven sille han faa til det.
Tenaranne ha’ han ’ki Stundir for, men han brydde seg no ’ki meir om det hell.
I Bygdi var ei som dei kalla for vise Tone. Ho og Aase hadde jamt vori so gode
Venir. Tone var Dotter ette ein gomole Klokkare i Bygdi, so ho hadde blivi so godt
upplærde baate til lesa og skriva, at det snaut var noken i Bygdi som stod ho i so
Maate. Ho var noko utette Aare no, men ho var like lentuge og kvik enno.
Ungdomen samla seg kringom ho, naar ho var tilstades, for ho kunne fortelja so
mange Sogur og kvea so vene Visur, det var ei Syn. _ Ein Dag kjem ho gangande
til Slettevoll, helsa daa so vyrdsamt paa alle, og Tor bad ho setja seg. Ho laut no bli
vyrd som ein æra Gjest, hori ho kom.
No kjem au vesle Ragnhild springande inn og fortel det til Far sin, at no kann ho
Bokstavanne ho au, Sigurd ha’ lært ho dei, sa ho. Tor svara ’ki noko større paa det.
Tone akta væl paa Ragnhild og seiste sa ho: Aanei kor ho er lik henne Aase, sama
Augo so kvike og livande, ja der fær du deg ei god Trøyst paa dine gamle Dagar
Tor, la’ ho til, ho kann allt Bokstavanne høyrer eg. Nei eg hev ingjen som kan lære
ho, eg er ’ki noko til det, og Tenaranne hev eg ’ki Tid for, sa Tor, og glodde at
Golvi.
Men, trur du ’ki det daa, sa Tone, at Aase ha’ vilt Ragnhild ha’ skult lært noko no,
om ho hadde livt; ho er no paa ottende Aare. Ja, ja ha’ bare ho Aase livt, so ha’ ’ki
eg loti havt sodant Bry med denna Gjentungjen, men eg lyt no koste paa ho og
læra ho, sovitt ho kann sleppa fram for Presten, so bleiv eg au lærde, og eg hev
komi væl fram. Ja men du maa koma ihug, at det er ’ki no som i gamle Dagar, og
jamvæl kanskje i okons Ungdom, sa’ Tone. Daa var det ’ki fari ette, om Gjentunne
kunne ’ki bare si Katkisme og ikkje so væl den eingong. Det var mange som sa’ til
Far min kot det kund løna seg for han aa kosta sodan Lærdom paa meg, ha’ eg
endaa vori Gut, so hadde det daa vori Von om eg kunne blivi Skulemeistare, men
14
for ei Gjente er det til ingjen Nytti, men eg hev Far so myki og takka for. No skal
du au Tor koste paa ho Ragnhild og gjeva ho ein god Lærdom, for du er rik nok til
det. Du skal sjaa kor hugnalegt det vøre, naar Ragnhild kunne lesa for deg i
Bibelen hell ei onnor god Bok, det kann driva burt mange tunge Tankar og gjeva
deg mangein Kveik. Tor stod som i Tankar; hos mange Gaangjer ha’ han ’ki høyrt
Aase tala paa sama Maaten. Men han ville døyva dette Minne, som ville smetta seg
fram, og so kom han med det sama: Ja, det er som eg hev sagt, eg lyt faa lært ho
noko, men kven eg skal faa til, det veit eg alli, for her er ’ki Skulemeistare som
kann.
Du veit eg var her nest fyre Aase døyde, sa’ Tone, og daa rødde mi so mangt, mi
ha’ mest vori som Systar. Ho bad meg daa om eg ville hava eit Auga med henne
Ragnhild, og dersom du no ville, at eg skulle læra ho aa lesa og arbeide au, so vil
eg gjera det, for det lova eg henne Aase.
Jamen du blei væl kallege dyre, kot vill du hava for aa læra ho litt aa lesa, men om
du kann læra ho til arbeide det meste ho kunna, det ville eg helst, det er betre hell
Lesnad.
Aa, sa Tone, eg er no ’ki so om Fortenesta som om eg kunne gjera noko gott for
Folk, eg meinar eg skal hava nok til eg skal døy, so mi skal ’ki somyki røa om noko
Betaling.
Eg hev nok funni den rette hera, tenkte Tor, bare ho no ikkje lærde ho formyke
med Lesnad, so eg kann sjølv faa raa med ho, som eg vil, men skal ho læra ho upp
slik som ho er sjølv, so er det ’ki gott aa klara seg, for det er plent som dei kunne
eitkvart desse Klokinganne dei kallar; aaja eg vil daa late Tone reisa med ho ein
Ture, og sjaa kos det lagar seg, men teke det ein galen Veg, so skal eg nok faa ho
heimatte.
Med Tor stod og gruna soso, hadde Tone tekje Ragnhild paa Fangje og Ragnhild
var so pratsam, at Tone bleiv glad i ho, for ho saag det var baate Vit og Vilje i
15
Gjentungjen, og ho ynskte bare ho fekk ho no, før det vart forseint. Men Lykka
var, at ho hadde vori so myki burt paa Nordigar og høyrt so myki gott der. Naar
Gunhild fortalde Bonne sine, sat vesle Ragnhild og lydde so trugje som noken av
dei andre.
Ja, so bleiv det daa til det at Tone skull læra Ragnhild, for so hev daa eg gjort mitt,
meinte Tor; men det kann no ’ki vera so lengje, ho tarv vera hjaa deg, sa han til
Tone, før ho kunne hava lært so ho klarar seg.
Eg set alli noko Tid sa’ Tone, men eg skal daa vist gjera det eg kann, for at du kann
faa Gleda av Dotteri di. So er det best ho fær med seg Bibelen ette Mor si, for den
skal ho kunna lesa i, baate fyr seg sjølv og Far sin. Tor viste ’ki hos det var laga
med denne Tona, han maatte gjera, som ho sa, og kom fram med Boki, som alli
ha’ blivi bruka no sia Aase livde. Forunderlegt nok, Haandi has skalv, daa han helt
den Boki som Aase hadde so kjær, men han let seg ’ki merkje med noko. Han kom
no ihug kor titt Aase las i denne Boki, han kom ihug hot ho ha’ sagt med han, nest
fyre ho døyde, at han laut vera god mod Ragnhild og læra ho upp til ei god Kvinna.
Ragnhild var ’ki ufegje i aa reisa med Tone, dei hadde alt blivi Govenir. Ho bleiv
daa feratil med sitt Stell; men Sigurd hadde ho au gjønne vilt havt med seg; men
daa Tone sa’ at no laut dei sjaa, kven som kunne læra meir, medan dei var fraa
kvarandre, daa let Ragnhild om det, at ho skull vinne.
So laut dei daa vera ferige, og Tone bad Ragnhild segja farvæl solengje, so tok ho
Far sin og alle dei andre i Haandi, alle totte dei leit, daa ho skull reisa. Tenaranne
var so glade i ho, for ho var so snill og so pratsam, og Tor gjekk uti Kamerse, han
vil ’ki syne, at han totte leit, ho Ragnhild reiste. Det er daa godt meinte Tone,
Hjartai has er daa ’ki hart som Stein, det saag eg no, Ragnhild kann gjera myki
godt fyre Far sin ho, det vil eg vona.
So reiste daa Ragnhild med Tone.
16
Den Jorvegjen, som Tone hadde ervt ette Far sin, heitte Hagjen. Han var inkje
stor, berre ein liten Flekke, men so vælhalden og fin, at det var rart aa sjaa. Det
laag so i Livd for Vind og Veer, og Aai rann so stilt og klaart der nære ved _ det var
so onalegt aa vera der. Tone ha’ det no so i Lag det ho drogst med, at ein maatte
bli fegjen av aa koma inn til ho au! Gamle Folk meinte no so plent, der laut vera
Tussehaugar, og at Tone var Govenir med dei, det var ’ki tvila paa, for ho var alli
raadlaus for noken Ting. Tone let dei røa som dei vilde; ho var like vyrde og agta
hor ho kom.
Hera var daa ho vesle Ragnhild no. Det var bare ein Fjordungs Veg fraa Slettevoll.
Ho fann seg so godt fornøgd i Lag med Tone, dei passa so væl ihop au. Tone var so
væl laga til kunna rettleide eit ungt Baan, og Ragnhild ville so gjønne læra.
Ragnhild ha’ ’ki lengje vori hjaa Tone for ho kunne lesa, mest i ko Bok det var, og
til meir ho lærde til størri Lyst fekk ho til det, so Tone var som ho fælte seg for Tor
kunne bli sinna, men det fekk ’ki hjelpe. Ho ville at Ragnhild helst skulle fylgje sin
eigjen Hug naar det gjekk ut paa det som godt var, og Tones Ynskje var at ho
kunne faa hava ho hjaa seg til ho hadde gjengje for Presten. Dei hadde mange
onalege Stundir isaman dessa tvo; om Kveldo, men Tyri loga paa Gruva, sat Tone
og spann og vesle Ragnhild paa ein liten Stol innmed, og daa kunn Tone fortelja
om sine Ungdomsdagar og om Mor til Ragnhild; daa lydde den vesle meir hell
vani, naar Tone fortalde hos snild Aase var mot alle, og so frametter. So sa’ ho til
Ragnhild at ho laut bliva ei slik god Gjenta som ho Aase var, og Ragnhild lova at
ho ville bli god som Mor si. Om Tussar og Huddir kunn au Tone myki, so Ranghild
fekk høyra noko av kvart. Ho fekk au læra av kvea og syngja, det var mangein som
maatte stansa utfor Dynni paa Hagjen bare for og lya paa det, naar dei song. Ja
det hadde vori godt om Ragnhild hadde maatt vori der til ho kunn paa ein Maate
styra seg sjølv, for der hjaa Tone bleiv ho utvikla baate paa Lekam og Sjæl.
Paa Slettevoll var det endaa meir sturt og stusle no sea vesle Ragnhild ikkje var
der, Tenaranne sakna ho so. Det var som noko verre hadde komi i Garen, for Tor
tottest plent versne med Lonunne sine. Han var au burte so titt, og naar han daa
17
kom att, var han endaa verre. Ingjen viste kor han helst kunn vera, for ikkje var
han til Hagjen og saag til Ragnhild, han kom der alli. Ja hor kunn han daa vera?
Ikkje umogleg han gjekk paa Friarveg. Folk tymta somen so ymist om det, men
kor han daa sill kunna vera det kunna dei ’ki koma ette. Sladrekjeringarne kom no
au til Hagjen og fortalde dette, so Tone kom i ei stor Uro for det sama, for hendte
det, so maatte Ragnhild heimatte.
Tor ha’ gjenge lengje og tenkt og gruna, hos han helst sill stella seg, men no hadd
han komi paa ein Tankje, og det tvila han alli paa anna det var det beste for baate
han og Ragnhild. Det var nok Tors Tankje aa gjifta seg atte.
Austafyre Aasen laag ein tvo tri Garar; paa den eine av desse Garanne var tvo
gamalvorne Syskyn _ Gut og Gjente. Dei livde ’ki onalege Dagar ihop desse tvo,
ein kunn ’ki høyra kot Trættur jamt. Tileg ha’ dei mist Foreldri, so dei kom til
raada seg sjølve, men dei sette daa ’ki til det dei hadde hell, for der sat ein
Girugskap i dei baae, som var so stor, at dei snaut nentest eta mette seg. Guten
heite Olav og Gjenta Kari. Folk kalla ho for det javne Kari Linka, for ho hadde slikt
eit Lag at naar ho gjekk, so hadde ein løglege Linke med seg. Ho var eit adskjiligt
Menneskje denne Kari, men ho var rik, so dytte det yvi det vonde ho gjore; men
alli vart ho le-i nokenstad der ho kom, alli hadde noken Gute, om han laut vera av
dei simplaste der gjekk i Bygdi, vilt havt ho. Eingong kom der ein Hestehandlare,
og han laga seg som han ville fria til ho, narra so av ho mange Pengar og ville
kaupe til Brylups, sa han, og ho var stuvi nok til aa tru paa han; men no ha’ ho
venta paa han i mange Aar, og ikkje vart han til høyra hell sjaa. No hadde ho ikkje
meire Von om han. Dei var svert ”smukke” naar der kom rike Folk til Gards, men
kom der ein fatik, bleiv han jaga som ein Hund. Tenarar fekk dei alli til vera hjaa
seg, dei maatte mest vera eine og trætte med seg sjølve.
Til denne Kari var det nok Tor gjekk paa Friing, og ho var nokso fjaag og glad kan
ein vita, for ho ville alt for gjønne gjifta seg, og der kom ho til Gard og Eigedom so
god som han fanst i Bygdi.
18
No, tenkte Tor, vil eg ’ki hava Ragnhild hjaa Tone lenger, no vil eg hava ho
heimatt, hot tru ho heve no lært mest av, eg vonar ho likar ikkje gildt lesa, ja eg
kann no faa sjaa, eg lyt fara derburt ette ho. Tor laga til Hesten og kjøyrde til
Hagjen. Det var no mest eit Aar, sia Ragnhild hadde tala med Far sin, for han ha’
alli komi der, og naar Ragnhild ha’ vori heimatte eit Par Gaangjer, daa var ’ki Tor
heime. Det var seint ein Kveld Tor reiste til Hagjen. Daa han kom fram, bleiv han
standande utfor Dyri for aa lye, dei song derinne, men kven kunn det vera, det var
tvo som song, alli kom han ihug at vesle Ragnhild alt kunne syngja so; men det
Maali var so kjennslegt, han skalv der han stod, for han totte plent det var Aases
Maal, og han treiv i Klinka som i Fæla, inn steig han, og kven annan hell Tone og
vesle Ragnhild sat og song med Bori. Dei maatte braadleg slutte, for dei bleiv
undra yvi slikt Tak i Dyri, men daa dei no fekk sjaa kven det var, bleiv dei meir
forundra, daa han au saag so bleik ut.
Ragnhild var den fyste til koma seg, ho gjekk fram og glaapte paa Far sin, men han
slog Augo ned. Kor her er lengje sia eg saag deg Far, sa ho, kvi hev du alli komi hit
førre? Tor kunn ’ki faa fram eit Ord endaa, men seist fekk han daa upp Mæli og
fortolde, at han no ville hente Ragnhild heimatte. Skal eg so faa lesa heime daa, sa’
Ragnhild, det er so Moro aa lesa tykj’ eg, Tone segjer, at eg er so god til lesa au no,
daa skal eg koma til lesa for dikon heime om Kvello, og so kann eg syngje au. Soso
helt Ragnhild paa med sine Røur, og Tone lest, som ho alli gaadde noken Ting.
Tor laut daa til spyrje Tone hot ho laut hava, for ho hadde havt Gjentungjen og
lært ho, det er nok høyrande ho hev ’ki gjort bare lesi hera hjaa deg, sa’ han, men
eg lyt no væl betala deg likevæl.
Eg hev alli tenkt paa og teki noko Betaling, men eg hadde gjønne vilt havt ho
lenger, det heve vori meg sodan ei Glea aa lært vesle Ragnhild, ho heve alstøtt vori
meg til Hugna. No vil du hava ho heimatte, og so maa eg segja ein Ting med deg:
du maa ’ki vera stri med denne vesle, ho er so mjuk, ho treng ikkje talast hart til,
arbeide kann ho det ho hev Kreftir til, men det maa vera med Maate, eg heve havt
ho til arbeit liksomyki som lesi, men ho heve meire Lyst til lesa, so hev ’ki eg
19
meinka den Lysti som laag i Hugjen paa ho, men hell utvikla den.
Vesle Ranghild var so forviti for aa koma heimatte au, ho lengta ette Sigurd, dei
ha’ alli trefts bare tvo Gaangjer, sia Ragnhild reiste heimefraa og det var med
Kjyrkja; no ha’ ho so myki aa fortelja han. _ Men hos kunne dei taka ut i so myrke
Kvellen. Jau Tor skunda paa, og Tone bar fram Pargasi hennar Ragnhild, og alt
bleiv pakka til.
No kom Ragnhild til sjaa paa Tone, og det rann Taarir paa Kinni hennar, Ragnhild
bleiv undri og tala so laagt, at ikkje Far hennar kunn høyra det; om ho ville helle,
at ho skull vera der hjaa henne, du heve alli graati fyrre, sa Ragnhild.
Nei, sa’ Tone, du lyt no vera med Far din og vera lyug mot han, og so maa du ’ki
gløyme meg hell. So lyt du kome ihug Bøni di om Møno og Kvell og so vera ei snild
liti Gjente.
Ragnhild lova alt, og so maatte dei daa ut.
Tor ville ’ki gjeta noko om sine Gjiftetankar med Tone, men ho kunne godt høyra
det maatte vera noko han ikkje ville ut med.
Det var daa ’ki lengje Folk turvte drygje, for Sundagjen ette, at vesle Ragnhild
hadde komi heimatte, stelte Tor seg upp med sine Stasklæe, sylvknappa Vest og
Trøye, og saag so blank ut, som han skull vera Brudgom, og det skull han au
maavita. Det var stelt so, at ho Kari og Tor skulle møtast med Kyrkja, for aa vigjast
stillt, dei ha’ skipa alt baate med Prest og Klokkar, og seint om Sundagkvellen kom
Kari som Kjering til Slettevoll.
Tenaranne kom ihug, at det var noko serskilt, med der skulle vera ein liten Vask
om Laurdagjen, men ho vesle Ranghild var uviss om alt.
Det fylgde ’ki mange Gjestinne med Brurefolki, det var bare Bror til Kari, som daa
med sama tok med seg ei Kiste, som ho Kari ha’ væl baate Sylv og Pengar i.
20
Ragnhild bleiv undri yvi, hot dette skulle vera for Slags Stell, men alli tore ho
spyrja.
Denne Kari sat og glodde so paa ho, at ho viste ’ki hori ho skull gange ette; seist
smette ho seg ut og beint til Nordigar med ho. Ho fortalde daa i ei rivande Hast
altsama, om Gjestinne, som var heime og om den Kjeringje som stirde so paa ho.
Gunhild Norigard rødde daa med Ragnhild: at ho meinte ho fekk ei Mor no i den
Kjeringje som ha’ komi der. Far hennar ha’ nok gjift seg med ho i Dag, sa ho, og no
lyt du vera lyug og god mot Far din, og den som han hev valt til Mor fyre deg, gjøv
ho bleiv deg ei god Mor, sa’ Gunhild og strauk ho paa Kinni. Ragnhild vill til
graate, men Gunhild fekk stagge ho sovitt. Denna kann eg alli hava til Mor, sa’ ho,
eg vil hava Tone hell deg, helle eg. Aa, sa’ Gunhild, du skal sjaa, du kjem til like ho,
naar di bli no kjende, det er ’ki noko sæt paa om du ikkje lika ho i Kveld. Tap bare
ikkje Moti vesle Ragnhild mi.
Daa Ragnhild kom heimatte, tore ho alli koma inn att, men ho sprang paa Lofti og
lagde seg, men ikkje kunne ho faa sova, for Augnataki hennar Kari kom for ho
jamt, ho brast i graate og sovna so seist.
Andre Dagjen ha’ Kari full Styrnad yver heile Huse og Tenaranne, men dei kunne
alli lie desse kvasse Augunne hos ette paa dei, det var plent som vonde Kattaugur.
Vesle Ragnhild kunne ’ki hell vera so røduge no, ho fælte seg for Kari, men Kari
gat ’ki noko til ho endaa. Ragnhild sprang til Nordigar kvar Dag, dei maatte støtt
vera ihop ho og Sigurd. Dei ha’ daa sine Bøkar og las, og so fortalde Ragnhild
Sogur, som ho ha’ høyrt av Tone, og so saang dei noko smaa Vers, som dei ha lært
baae.
Men det bleiv snart ein annan Leik for Ragnhild, for ettesom Tidi leid, so fekk
Kari meir og meir bruke Magti si. Ragnhild ha’ enno fengje gjengje si egjo Gaang,
men no fekk ho inkje raade seg i noko, ho laut no arbeide jamt baate seint og tileg.
Naar ho ville lesa, so treiv Kari Boki av ho, og banna paa, at her var ’ki Tid til
21
Lesnad. Alli fekk ho koma til Nordigar hell no, og ikkje til Hagjen til Tone.
Ho var plent vonlaus, for Tor gjekk der i Garen mest som ein Skuggje, det hjelpte
’ki tala med han hell, Kari ha’ full Magt yver han og.
Ragnhild var lyug i alle Ting, men ho var ’ki glad, ikkje maatte ho syngja hell no.
Burte paa Nordigar sakna dei Ragnhild, men dei kom ihug hossi dethae seg, og ein
Dag gjekk Gunhild Norigar burt til Slettevoll. Men du kann nok tru, at ho Kari var
sløg og sleip, ho laga seg daa so bli og fjaag, so du mest kunn tenkja det var eit
Godmenne; ho laga til det beste, som tenkjast kunne for Gunhild og rødde so søtt,
at ein mest kunne supe av ho.
Vesle Ragnhild sat og karda paa ein liten Stol, og Gunhild ville til og røa med ho,
men ho kunne ’ki tala, for Graaten var færig med sama. Mi heve venta so paa deg,
sa’ Gunhild, og Sigurd mest, men det er no væl Moro aa vera heime au no, du heve
fengje deg ei Mor, men du lyt snart koma. Du akar væl og lese au om Dagann.
Ragnhild fekk alli tala, og Kari lest som ingjen Ting, so Gunhild saag at ho ikkje
hadde noko gjera for denna Gaangje, men ho ville fortelja alt til Tone Hagjen, om
det kunne vera ei Von, at ho kunne gjera noko til Bate for Ragnhild, men no ved
Vetretid var det ’ki Von.
So snart Vaaren bleiv daa so stor, at Buskapen maatte ut, so laut det noken til
gjæte, og det var ho vesle Ragnhild som var sett til Juring. Slettevoll og Nordigar
hae Samlagsbeiti, so dei maatte blande Gjæsla; so vart det til det, at Sigurd og
Ragnhild skull gjæte. No ha Ragnhild sluppi to Buri, i Skogjen va ho fri som
Fuglen.
Det var glade Dagar for Sigurd og Ragnhild desse lange Somaardagar, naar det
daa var Godveer, kom Tone til dei i Skogjen, fortalde dei og lærde dei, so ha’
Sigurd, med seg ei Tavle, som dei skrev paa, og no kunne Ragnhild au den Kunsti
aa skriva.
22
So gjekk daa Aare. Om Vetren var Ragnhild stengd fraa all Friheit, medan Sigurd
maatte vera i Skuli burti Bygdi, men det maatte ’ki Ragnhild for Arbeidets Skull,
og ikkje var det noko Plikt med det hell i den Tidi. Men so om Saamoren att, var
det morosame Dagar, daa ha’ Ragnhild si Læretid. Ho eigna daa til seg av Sigurds
Kunnskap, so ho helt væl atte med han i alle Maatar, det gjekk daa ikapp med dei.
Heime paa Slettevoll viste dei ’ki anna hell Ragnhild hadde anvint med Spiti sitt,
for ho kom jamt heim om Kvello med vælgjort Arbeid. Men det var Tones Hjelp
atte, ho gjore Arbeide, Ragnhild skull gjera, so ho kunn faa lesa, for no var det Tidi
dei laut gange for Presten baate Ragnhild og Sigurd, so ville ho so gjønne at
Ragnhild skulle kunna svara godt fyre Presten, det ville vera hennar Glea.
Det var Vaaren, Lauvi ha’ sprutti i Lianne, og Grasi for til bli langt, Gaukjen gol og
Fuglarne kvittra og song, so gamle og unge maatt bli kveikte til nytt Liv. Det var
daa Sondag. Med Kjyrkja var so folksamt i Dag, det var Konfirmasjon der skull
vera. Sigurd og Ragnhild var blant Konfirmanteranne. Baate Foreldri og Syskyni
has Sigur var med, men Ragnhild hadde ingjen fraa Heimen, det var Tone som
fylgde med ho den Dagjen.
Ho er vaksi stor no vesle Ragnhild, men ho ser bleik og aalvorleg ut i Dag. Ho og
Tone stend med ei Greft, som er so pynta. Der ligge Aase Slettevoll, Tone hev
passa paa Grefti og blomsta ho. Det vøre so godt om Mor ha’ livt, sa’ Ragnhild og
brast i graate. Mi skal ynskje Fre yve dei døe, sa’ Tone, væl ha’ det vore betre fyre
deg om Mor di ha’ livt, men no voner eg du heve vunni. Bare du no ikkje slepper
han, som du i Dag skal lova, so kann du gange hugheilt fram i Verdi. Gud løne deg
kjære Tone, sa’ Ragnhild fyre alt du heve gjort mot meg, eg vil vone eg eingaang
kan gjera noko atte fyre deg.
No bleiv Ungdomen ropa fram, og Sigurd og Ragnhild var kvor paa sin Kant
Nommer ein. Og det hadde dei no væl fortent, for alle sa’, at dei alli ha’ høyrt noko
Ungdom, klara seg so godt fyre Presten. Ragnhild ha’ sjella komi ut blant
Ungdomen, so ho snaut kjende noken, men alle kjende ho, og idag var der sodan
23
Glaaping paa ho, at Tone mest bleiv skamfull yve det. Det gjekk allt i Bygdi Ord
um den rike og vene Ragnhild Slettevoll. Der skal koma til bliva Sprong kviskra
some seg imillom. Ragnhild let dei glaape og røa som dei ville.
Me Messe gjekk ho og Tone burt til Nordigarsfolki, og der tok dei daa baatte ho og
Sigurd i Haandi. Baate Tone og Foreldri has Sigurd viste nok, at Sigurd og
Ragnhild helt av kvarandre, men dei lest som ingjen Ting. Dei hadde daa Fylgje
paa Heimvegjen, og Sigurd og Ragnhild kom til gange fyri dei andre. Du er so
bleik i Dag, Ragnhild, sa’ Sigurd og glaapte paa ho med sit opne kjærlege
Augnekast, er du ikkje frisk, hell hev ho Kari vori har med deg atte. Jau eg er frisk,
sa’ Ragnhild, men eg tykkjer det hev vori so rart i Dag.
Mi bli no ikkje lengri rekna fyre Bonn Sigurd, og det hev vori mine glade Dagar,
om Somro, naar mi heve gjætt ihopp. No er væl dei Dagar ende, no kan ’ki du vera
Hjuring lengri. _ Nei no skal eg nok slutte, eg hadde gjønne vilt gjætt i Somaar au,
men Far segjer at det er ’ki høvelegt, daa eg no er so stor. Eg skal nok paa
Seminaret til Hausten trur eg, sa Sigurd, og saag paa ho, men ho ha’ Taarir i Augo,
daa ho glaapte atte. Ho sto ei Stund so, men seist sa’ ho, du skal hava so inderleg
Takk fyre Baanedaganne daa Sigurd, eg vil alli gløyme den Tii, gjøv mi jamt kunn
vera som Bonn, det blir alli slik Glea naar ein bli vaksen trur eg. No fær ’ki mi vera
ihop og leike meir, for Baanetidi er no ende. Men so desmeir kann mi tenkja paa
kvarandre, sa Sigurd. Vil du verkeleg tenkje paa meg daa Sigurd, sa Ragnhild so er
eg endaa sæl, men eg hev liksom so vont i meg. Du maa daa ’ki sture og hava
nokoslag vonde Tankar om Framtidi no, du er ung og frisk paa Sjæl og Kropp, sa
Sigurd, og no laut dei læ baae tvo.
No kom dei til Vegeskile og Tone og dei andre ha’ komi etti. Dei takka daa for i
Dag og kvar reiste heim til sitt.
Daa Ragnhild kom heimatte var der Gjester, men dei var i Nystoga. Kari kom inn
daa Ragnhild ha’ komi og var i sodant Godlag at Ragnhild var reint undri, ho ha’
24
alli sett ho slik sia ho kom der. Ragnhild skulle no uti Stoga paa hare Livet, og ho
fylgde daa med. Dei kom no uti Stoga, og kven sat der med Boret trur du , jau den
kjære Bror til Kari, som no var ein Sveinkall paa eit halvt hundra Aar, og so Tor,
han var au meir rødug i Dag. Ragnhild skulle au innaat Boret og eta, men ho fekk
’ki ne ein Biti, for denne Olaven sat og stirde paa ho med slike brenande Augo at
Ragnhild viste seg ’ki betre Raad hell gange fraa Boret, men det fekk ho no ikkje,
for det var noko dei vilde fortelja ho sa’ baate Kari og Far hennar. Ragnhild tenkte
det maatt vera noko aa Vangje, med det denne Olaven ha’ vori der so titt no paa ei
Stund, og ho gav seg daa Tid til aa høyra ka det var.
Mi heve no stelt det so, sa’ Tor, og skralta, at du skal verta Kona has Olav, no er du
vaksi Gjente, og han er den rikaste Gut her er i Bygdi. Det var no ho Kari, som
sette meg paa denna Tanken, og eg finne no au det maa vera det beste. Ja, sa’
Kari, mi vil no laga til Bryllaup det fortaste mi kann; væl ha eg no skult vona noko
meir Arbei av Ragnhild for det Stræv eg hev havt med ho, men ein maa daa sjaa og
faa ho godt gift au, ette de at eg daa er sette til Mor yvi ho.
Ragnhild skalv, men likevæl reiste ho seg, dei bleike Kinni vart endaa bleikare og
Lippurne var plent kvite. Eg vil lye deg i alt det eg kann Far, sa’ ho med fast og
sikker Røyst, men alli kann eg vera denne Olavens Kona, di lyt daa fare at med
meg som di vil. No bleiv Kari rasande, ho banna paa det, at ho skulde inkje sleppa
og truga med vondt. Men Tor var daa inkje so hard endelege. Ho gjev seg nok til
imorgo, meinte han.
Det var lengje, før Ragnhild kunne sanse seg etter dette. Det var fyrst um Kvelden,
daa dei hadde lagt seg, daa kom det for ho, hot som hadde hendt, ho laag og inkje
kunne faa sova. Aa gjev eg var dø som Mor, tenkte ho, og brast i Graate. Du min
Gud, du lyt hjelpe meg, eg er so eismo. So kom ho paa hot som fyristo imorgo atte.
Bare ho hadde nokon aa raaføre seg med, bare Tone hadde vori der, so hadde dei
aldri tora truga ho.
25
No var det plent stillt paa Garden, ho høyrde ’kje ein Knyste. Daa kom ho paa ein
Tanke: Om eg strauk til Tone med sama, ho er den einaste, som no kann hjelpe.
So reis ho braadt upp og fekk paa seg Klædi og smatt ut, utan at nokon høyrde det,
og til Sprangs bar det med ho, og ho stansa inkje, fyrr ho kom til Hagjen, og daa
var det yver Midnatts-Leite. Ho banka daa paa; Tone kom endeleg ut, men daa
vart ho forfælt, daa ho saag Ragnhild der ved desse Tider, so syndleg utsjaaande
ho var av Regn og Væte, og forkomi saag ho ut. Men Ragnhild kunne alli tale for
bare Graat. Men seiste fekk ho daa Mælet upp sovidt, at ho kunne fortelje altsama,
hos det hadde gjenge te. Tone sagde inkje stort, berre riste paa Hovudet og fekk
ho aat Sengi. Men Ragnhild laag lenge og inkje fekk sova, endaa ho var hosta
trøytt. Det rann fyr ho alt som hadde hendt idag, at ho hadde stadet paa
Kyrkjegolve og alt det Presten hadde tala og so alt heime, denne Olaven, og no
hadde ho flogi ut fraa Heimen sin og det paa slik ein Dag. Ho hadde alli tenkt paa
det vidare fyrre, men no kom det so tungt paa ho med ein Gong, korleids det daa
skulde bli dette. Naar no Kari kom og vilde faa ho heimatte. Nei, nei, heimatte
hadde ho inkje Hug til aa reisa etter dette.
Um Morgonen, daa Tone var uppkomi, var det det fyrste Ragnhild sagde: Kjære
Tone lat meg bli her med deg, det er umogelegt aa reise heimatt for meg no.
Ja so bleiv det te det, at Tone tok paa seg Helgeklædi og lagde iveg til Slettevoll, og
Ragnhild bleiv atte heime hjaa ho, og undrest paa hos det vilde gange, men ho
tottest au vera som so trygg, naar ho visste Tone vilde hjelpe, for fekk bare Faren
raa, so visste ho, at han alli kunde staa seg i Orlage med Tone, men det var Kari ho
var rædd.
Daa Tone kom fram, gjekk ho inkje inn med det same, avdi ho inkje vilde raaka
Kari, men spurde bare etter Tor. Daa han so kom ut, helsa ho vyrdsamt Goddag;
ho saag væl, at Tor var upp-øst og vond, men ho let bare som ingen Ting og kom
farande so fint og fortalde um at Ragnhild hadde komi der um Notti. Tor vart still
26
og mælte ingen Ting, men Tone gjekk hardt inn paa han, og seiste laut han gjeva
seg paa det, at Ragnhild skulde faa vera hjaa Tone so lenge. Men eg ska daa spyrja
Kari fyst, meinte han. Nei det vilde inkje Tone høyre paa, ho meinte, at han laut
raa yver Datter si so pas sjølv, og han kunde ingenting svara imot dette.
Ragnhild bleiv verande paa Hagjen med Tone.
Daa det leid til Hausten, var det den Tid, at Sigurd skulde reisa paa Seminaret.
Daa han alt var paa Turen, laut han innum paa Hagjen og segja Vælfar med
Ragnhild. Dei var uglade baae tvo no, dei skulde skiljast. Men Tone trøystte dei,
det beste ho kunne.
Ja men dei kunne daa truge Ragnhild til aa taka ein annan, meinte Sigurd.
Nei, nei, svara Ragnhild, eg vil aldri heimatt til Slettevoll eg. Tone lyt syte for meg,
hossi det so gjeng; for kjem eg heimatt, so hev Kari sodan Magt yver Far, at det
nyttar inkje, um eg bed han hjelpe meg.
Daa Sigurd reiste, var han lettare um Hjarta, enn han hadde tenkt seg.
So leid det tvo Aar.
Ragnhild var hjaa Tone. Ho bleiv høg og vælvaksi, raudleit og ljos; det var ei staut
Gjente.
Kari var so sinna baate paa Tone og Ragnhild, som ho kunne vera; og no var ho
endaa verre au, for Tor gjekk so ofte til Hagjen for aa tala med Ragnhild.
Ho hadde sendt mang ei Bøn til Vaarherre for Far sin Ragnhild, og naar han var
der, las ho jamt noko for han anten av Bibelen hell av nokor onnar Bok. Han gat
ingen Ting Tor, men etter kvart tottest han bli stillare og mjukare.
So var det ein Laurdagsaftan um Vaaren. Ragnhild vilde gange stad med Blomar
til Grefti aat Mor si.
27
Daa ho kom paa Kjyrkjegaren bleiv ho var noko innmed Grefti, og daa ho saag
betre etter, var det han Tor. Ragnhild kom uformerkt yvi han, Taarir rann paa
Kinni.
Guskjelov! tenkte Ragnhild no trur eg Tor kjem til og tenkje meir aalvorlegt. Ho
gjekk no beint fram til Far sin, og daa han saag Ragnhild tok han ho i Armanne
som eit Baan.
Mit vene Baan du lyt gjeva til Far din, allt det han heve gjort gali, det kjem til
fylgje meg alle Dagar, men du heve gjort meg mjukare, Gud signe deg for det. Det
kjem no til bliva sure Dagar for meg ihop med ho Kari, Gud gjeve meg til, at eg tok
ho til Mor fyre deg Ragnhild.
Du maa au gjeva meg til Tor, sa’ Ragnhild fyre eg ikkje heve vori heime og hjelpt
deg, men eg heve jamt grua meg for at ho Kari kunne truga meg til taka Olav, men
no hev eg Hjelp i deg; og eg lyt vera deg til Hjelp Tor du er no so gomol.
Med dei stod og tala soso, kom der ein byklædde, høge fermlege Kare inn paa
Kjyrkjegaren. Ragnhild kjende han med sama, men ho bleiv standande med Grefti
og saag ende ned, han nærma seg, Ragnhild kjende ho bleiv raud. _ Det var
Sigurd. Her var no eit Aar sia han var heime, han var no fullærde til
Skulemeistare. Han tok Hatten av og helsa paa Tor og Ragnhild, som mest
blygdest fyre aa sjaa paa denne fine Karen. Men dei var snart inni i ei Røa, og daa
fortalde Sigurd, at han skulde vera Skulemeistare der i Bygdi, han ville begjynde
til Hausten. _ Dei let seg ’ki merkje fyre Tor enno, at dei var forlova.
So gjekk dei allesaman til Hagjen til Tone. Ingjen var gladare hell Tone yvi aa sjaa
Tor i Fylgje med Ranghild og Sigurd, og ho gjore plent eit liti Lag for dei.
Dei hadde daa so mangt aa røa um, so Tidi gjekk fort. Men no bleiv det daa avgjort
med Tones Fortale, at ho Ragnhild maatt hava Sigurd naar han hadde komi so vitt
han kunne syte ei Kjering med sitt eigi Arbei og førre ville ’ki eigong Sigurd hava
28
ho. Der sat nok Gjerugheit i Tor enno i Lunevis, men det var daa med Maate.
So ville daa Ragnhild au heimatte med Far sin, og sjaa hosi ho Kari var laga mot
han. No var ho ’ki Baane lengri, no ville ho prøva, om ho kunne gjera noko godt
heime. Eg vil bea ho Kari, tenkte Ragnhild, kanskje ho daa vart mjuk. Men det
glapp. Ho var reint gali baate paa Tor og Ragnhild, mest paa Ragnhild for ho las
om Kvello og Møno fyre heile Husi, og Tor lika det au no, so brydde ho Ragnhild
seg’ki om hot Kari banna, ho var like blid Ragnhild. Til verre vart det for Kari, ho
ville helst hava Trætte, og det hadde ho no fengje med Tenaranne fyrr, men no
hadde det komi som ei go Aand millom dei, dei svara alli ho Kari no. Dette totte
Kari bleiv for svert, ho banna paa det, at anten skulde det bli paa ein annan Maate,
hellaa kunne ho reisa. Ragnhild prøva med aa tala for ho, um dei kunne ’ki liva
ihop i Fred og ikkje med slik Uleven, men daa fekk ho sitt, og ein Dag tok ho radt
heimat til Bror sin. Kari fekk ein til hente alt det, ho hadde komi med til Slettevoll,
men sjølv kom ho inki atte.
So skrei Tidi. Sigurd hadde begjynt med Skulen, og det bleiv ein dugleg Kar.
Ragnhild kjende seg so glad no, ho gjekk titt paa Skulen, for aa høyra paa, og han
fylgde ho daa heimatte og Tor tok imot han, som sin Maag.
Far er so klein i Dag, sa’ Ragnhild ein Dag til ein av Gjentunne, eg lyt faa dikkon til
hente Sigurd og Tone.
Dei sprang so svint det var sagt og snart kom dei.
Eg kjem til døy no, sa’ Tor, eg totte ho Aase ropa paa meg i Nott, aa eg svara ja. No
tar du ’ki vente med aa faa Ragnhild Sigurd, det var gali det ikkje heve vorti fyrre,
men di er ’ki vonde paa meg. Aa du Tone skal hava so mange Takk fyre alt du heve
gjort mot Ragnhild fraa det fyrste, du hadde ho unde Hendar, eg skyna ’ki daa, hot
det var fyre no paa ei Tid. Ragnhild lyt løna deg atte og Gud gjer det no so gjønne.
Han sovna so blilege burt.
29
Ragnhild bad no ho Kari, om ho ville koma til Likfærds, men det ville ikkje Kari.
Ei Tid etter bleiv det lyst for Sigurd og Ragnhild. Du kann tru det var undring i
Bygdi yve Ragnhild, som hadde havt tebods alle dei beste og rikaste Gutar paa via
Leid, at ho ville hava Sigurd, men Ragnhild let dei røa, som dei ville.
No bleiv der eit anna Liv paa Slettevoll, Sigurd bygde upp Skulehus av eigjen
Kostnad tett innmed Slettevoll, dette var no Ragnhilds Ynskje au. Naar ho so
hadde ei liti Tid, var ho med og hjelpte Sigurd med Skulen. _ Eit Par av dei
fatikaste Bonne blei haldne med Kost og Klæe, so dei kunne faa vera paa Skulen,
so bleiv det skjift so til kvart Aar. Dei lika aa hava det livand umkring seg.
Gamle Tone bleiv studdri no, men ho var paa Hagjen enno. Ho gjekk til Slettevoll
ofte og paa Skulen der var ho heime, ho lika seg med Bonne. Sigurd og Ragnhild
ville at ho skulde vera hjaa dei no, og so bleiv det, ho var der til sin døyand, Dag.
Prenta som føljetong i 5 utgåver av «Fedraheimen», 17.02.1883 til 24.03.1883
Ingebjørg Jore i USA på 1950-talet
30
Hausten
Dagjen stuttnar, Lufti kolnar,
Gras vert gult, og Lauv fell av.
Alle Blomanne er folna,
bleike sig dei i si Grav.
Fuglanne 'kji meire kvittrar,
dei hev fokji herifraa
dit som Soli enno glittrar,
dit som Snjo dei aldri sjaa.
Svart ligg Vatnet, det 'kji sankar
Solglans meir, det blenkjer 'kji.
Skjygd er Sol av tjukke Bankar,
tungt dei ligg paa Fjell og Li.
Kalde Vind med Regn i Fylgje
stryke frammed nakne Strand.
Baarunn' hardt mot Sandi skylja,
sprøyter Skome høgt paa Land.
Aa tru eg ha' Svolu-Vengjir
og kunde fjuke burtom Nut
langt, langt til dei friske Engjir,
dit, der Blomen døyr 'kji ut,
dit, der Fuglen allstødt byggjer
kvittrande i grøne Tre,
dit, der Skjy 'kji Soli skjyggjer,
og der Lauvi fell 'ki ne.
Fedraheimen 20/10-1883
31
Nokre Ord til "Fedraheimen" og Lesaranne hans
Eg er no inkje gamalt kjennt med Fedrah, enno, berre sida seinste Nyaar, men i
denne stutte Tidi hev eg daa fenget han so kjær, at eg no inkje vil byte han burt i
nokot anna Blad. Han er so løgleg og morosam au den Fedraheimen, attaat han er
so heimskleg; eg trur kje, det er mange, som vil slutte med han att av dei, som
eingong hev fenget Smak paa han. Og so er han so uvandskleg, at han narrar Folk
til aa skriva i eit Blad. Eg sille ynskje, at mange fleire vilde halda ”Fedraheimen”.
Men so er det Ulukka, at han er so dyre; ”fyr dei Peningarne kann eg faa eit stort
Blad”, segjer dei, og so blir Fedrah. attesett. Men berre me vilde – og var
samstelte, - so kunne me hjelpe paa detta: Me kann skriva til Venerne vaare baade
i Amerika og andre Stader, som inkje kjenner ”Fedraheimen”, og fortelja dei um
han, hell um me vilde sende dei nokre Nommer, so skulde me sjaa, dei hekk paa
Kroken. Eg kann tenkje meg, kos Moro det var, um eg hadde voret i Amerika, aa
faa høyra fraa sine kjære Heimbygdar paa sitt eiget Maal, det vore plent likso godt
som aa tala med ein der heimafraa.
Kunna me daa faa med oss, um det var berre ein kvor, so blei me daa dugeleg
mannsterke etter neste Nyaar 1). Og mange Tingarar gjer vel eit Blad billigt? Det
kunna daa kanskje koma ut tvo Gonger i Vika, og daa trur eg, at Framtidi av
”Fedraheimen” var sikra.
1/8 83. Ingebjørg.
1) Ja vil alle Tingarar gjera det same som Ingebjørg: faa ein ny Tingar med seg, so
skal Fedraheimen fraa Nyaar av verta større. Bladst.
Fedraheimen 11.08.1883
Til dette oppropet kom det følgjande anonyme tilsvar 29.3.1884:
32
Til dei norske kvendi!
Eg hadde lenge tenkt etter, um inkje eg au kunna hjelpe litetvetta til at den kjære
”Fedraheimen” vaar kunna bli større og viare kjend iblant Aalmugen. Inkje for
det, anna slik ein Gut, som Fedraheimen, nokk hjelper seg sjølv _ med Tidi, men
naar fleire au vilde arbeida med, so gjekk det so mykje fortare. Men so viste eg kje
koss eg skulde fara for aa bli til noko større Hjelp; um eg fekk no med ei heil Tylvt
eg, so kom det kje til aa mona noko, tenkte eg. I rette Tidi kom det Stykkjet av
Ingebjørg her i Haust. _ Ja slik maa det vera. Men skulde det bli nokon stor Mon,
so maatte me vera fleire um det.
Hev kje Kararne Tid til for Politikken si Skuld, so tarv daa inkje det vera noko
Mein for oss Kvendi. Lat oss visa Verdi at me norske Kvendi au kann hjelpa til for
aa faa fram det me hev huglagt, endaa me inkje hev Stemmeret og me soleids inkje
blir reikna for noko, der Striden no er som heitast.
Men me kann vera med paa Maalarbeidet, me kann, som Ingebjørg segjer, faa
med oss fleire til aa halda ”Fedraheimen”. Og naar dei fyrst bli litet kjende med
det vene Maalet vaart, so trur eg at dei tykkjer, som eg: at aldri les hell høyrer eg
noko Salmevers hell gudeleg Stykkje so hjartegripande og varmt, som naar eg fær
det paa mitt eigje Maal.
Er det kje furteleg og stakkarskleg daa, at me maa bruke eit Fremmenmaal; me
hev daa eit sjølve, som stend so langt framum det hitt i Venleik? Aa naar me var so
lukkelege, at me i vaar Tid kunna sjaa Maalet vaart innført i alle dei Bøkar og Bla
me aatte, naar dei fornemme Byfolkji au eingong fekk Hug til sitt Landsmaal og te
bruke det istadenfyr det tonlause danske! Men før det kunna skje, maatte det bli
bruka i Trykkjen, inkje berre i eit hell tvo Bla og nokre Bøkar, men i alle um det
vart mogeleg; og kvifyr inkje? Kann dei kje faa fram Tankarne sine liksogodt i det
norske?
Men, som eg før hev sagt, det er vist Stordeilen av Kararne, som liksom inkje hev
33
Tid til aa vera med paa detta enno, og difyr maa me Kvendi friske oss upp, me
maa alle gjera noko, ingen maa tenkja: Det monar kje um eg er med; men hell
tenkja, som eg:
Eg vil arbeida paa det um eg blei so plent eismall!
Det Maalet me hadde for Auga, stod daa inkje tilbakars for Vinstremennarne sitt,
korkje i Storleik hell Venleik.
Ja, Gjentur, det er kje fortileg me reiser paa oss! Vere med alle!, alle, som kann,
alle som hev nokon Tanke og Kjærleik for det sjølvstenduge Norgje, for solenge
det hev kje anna laant Maal kann det aldri vera sjølvstendugt. Me maa begjynda
med aa faa Fedraheimen større og viare kjend, den skal verta Frækonne, og
arbeider me um det med Hug og Dugleik, so skal me snart faa sjaa Fruktarne.
So ynskjer eg, at ”Fedraheimen” naar det lid uti 84 vil fortelja oss, kormange fleire
Tingarar han hev daa hell i 83 so me fær sjaa kvata me dugde.
Ei Telegjente
Vaarblomen
No skine Soli paa Himlen bjarte,
Og ”Fedraheimen” skal Blomen hava,
Og Grøda glytter or Moldi svarte,
Eg kan ki sende ei betre Gaava,
For Vaaren vene hav Takk daa Gud!
Som ”Fedraheimen” den norske Gut.
Høyr Fuglen synge si Gleda ut:
I vene Vaaren den frit sprang ut,
Ein Blom eg fann hera burti Lide,
Det var daa rart, og paa denne Tide!
Det var ein Kvitveise rein og skjer,
Fedraheimen 07.07.1883
Som vene Gjenta naar ho seg tvær.
34
Ein sumarmorgon
Klokka var berre halv fem, daa eg vaknad upp av ein lett halvdorm. Det var geiti,
som vekte meg; ho reiv ned ei fjøl utanfor veggen. Eg knipte augo ihop for aa faa
sova att; men eg fekk det kje til, og so laut eg upp daa. Det var forvitnelegt aa sjaa,
koss veret lagad seg og – alt det høyet, me hadde liggjande ute! Men det var kje
mykje hugnadlegt aa sjaa ut: heile himmelen liknad eit myrkt, graatt teppe med
smale ljosgraae rispur. Fjelli var so myrke og aalvorslege, dei stod som i venting
paa den laugi, som det saag ut til ikkje var so langt burte; aasusen høyrdest jamt
og so tungt gjenom den stille lufti; det lyddest som um elvi vonad aa verta større
og sterkare snart. Og bjølla fraa bu-grindi totte eg berre ropad so sagte: regn,
regn, regn. Lauvtrei hengde bladi ende ned og var sturne, fordi fuglarne tagde seg
so. Blomarne var syvjuge, dei stod og dubbad, men knipte tett innaat seg bladi, at
regnet skulde daa kje koma midt i kruna.
"Nei, naar det er so lagat ute, so er inne betre", tenkte eg; og so tok eg inn ved og
nørde paa varmen. Eg sat so ei god stund, trur eg.
"No høyrer eg væl snart regnet paa toka", tenkte eg.
Men det drygde, og so vilde eg ut daa og sjaa, um det ikkje snart var der.
Men daa eg kom ut, vart eg var, at dei ljosgraae vegerne uppi skyi hadde vortet
breidare og blaaare, og den liten, dei fyrr hadde havt, hadde flutt seg burt i
dottarne. Der aust, som soli var ventande fyrst skulde glytta fram, var det reint for
skyer; der var ein grøn-blaa lit, skiftande i gult. Den nedlengste skykanten var som
berre gull, lenger innpaa roseraud, og han vart myrkare til lenger upp det kom, so
at det tilslutt berre høvde dei flokarne, som hekk lengst ned i lufti.
Aai song no kvikare og med reinare maal; ho hadde nok maatt slept tanken um
nokon vokster no, men gløymde det yver gleda av aa faa solstraalarne nedi til seg.
Bjørki reiste no hovudet og riste lauvi, og nokre fuglar tok til aa syngja. Lauvros
35
reis upp og skok seg, og daa song bjølla so greidt.
Det ljosnad alt fort, og snart laag morgonsoli og blenkte toppen paa vestfjelli av
den smale dalen; ho gleid nedetter seint, men jamnt. Eg gjekk ned til vatnet og
saag paa dei smaae baarurne, som rullad sagte og lognt inn mot strandi og skylde
berre dei laagaste steinar, glidande attende eit stykkje for paa ryggen av ei større
motbaare aa leggja seg til kvile.
No hadde soli komet ned paa flata, gleid utum vatnet og strauk seg uppyver
bakkarne paa austre sida; i det same kom ein frisk nordanvind, som gjorde
baarurne større og riste i ein stor lauvtett vider, so at ei mengd doggdropar draus
av og ned paa marki i regnboge-fargar; ein av desse vart hangande i ein liten kvit
klokkeblom, som stod derunder, og som reint av eit naudvingel var spard av
ljaaen. Han nikkad og smilte so glad, fordi han enno eit bil fekk njota det fagre
livet; men han hadde augat fullt av taarur for alle dei kameratarne, som laag
ihopkarad der burte, visnad og livlause.
No hadde vegerne deruppe vortet store og myrkeblaae, flokarne kvite og tome og
løyste seg upp til ørsmaae dottar, som ein etter annan vart burte, og snart var
heile himmelen blank, soli sprette seg og log yver heile andlitet, for no var ho
eismal um det store romet; fuglarne song alle, som hadde liv og nebb, so det
ljomad i liderne; og bjørki turvte kje helder lenger syta yver, at det var for stilt.
1884, prenta i Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg
og Ivar Mortensson, Kristiania 1885
Dette heftet er utgjeven i samband med ei
utstilling som markerer 100-års-jubileet for
allmenn kvinnestemmerett i 2013. www.vtm.no
36