Årvikneset varsel om utvida planområde 09.10.2014

Transcription

Årvikneset varsel om utvida planområde 09.10.2014
Ing. Egil Ulvund A/S, 5627 Jondal
Dato: 09. oktober 2014
Adresseliste
Detaljreguleringsplan for: Del av gnr/bnr 43/5 m. fl. og 42/1 m. fl. fritidsbustader
Årvikneset, Jondal kommune. Varsel om utvida planområde, orientering m.m..
Viser til varsel om oppstart av privat detaljregulering dagsett 16.11.2012. Forslagsstillar er eigarar av
gnr/bnr 42/1 (Hans-Olav Flatebø Gausvik) og 43/5 v/Asbjørn Rognaldsen.
Planframlegg har fått noko endra og utvida plangrense i høve til varsla planområde, og berørte
offentlege myndigheiter, festarar og heimelshavarar i planområdet vert med dette varsla om utvidinga
samstundes som det vert gjeve høve til å koma med innspel og merknadar til planframlegget slik det
føreligg pr. 06.10.2014. Endringa ligg sør i planområdet - sjå figur 1. Det totale arealet for
planområdet vert auka frå 470,6 daa til 477,0 daa. Utvidinga omfattar areal til utbetring av avkøyrsle
til naustområe frå fv. 107, eksisterande veg til naustområde og heile eksisterande naustområde.
Figur 1. Utvida planområde.
1.1 Arealbruk i planområdet.
Arealbruken i planområdet pr. 07.10.2014 er vist i figur 2. Hovudføremålet med planarbeidet er å
leggja til rette for etablering av nye fritidsbustader i tilknyting til eksisterande byggjeområder for
fritidsbustader. Det er 39 eksisterande fritidsbustader innanfor planområdet - 12 stk. på 42/1 og 27 på
43/5. Det er sett av areal til 13 nye fritidsbustader på 42/1 og 25 nye på 43/5. Totalt 95,8 daa inkl.
eksisterande (53,3 daa) og nye fritidsbustader (42,5 daa).
_______________________________________________________________________________________________
Ing. Egil Ulvund AS
E-post: [email protected]
Sætveithagen, 5627 Jondal
Mob.tlf.: 916 82 072
Org.nr.: 958 185 049
1
Figur 2. Arealbruk i planområdet pr. 07.10.2014.
_______________________________________________________________________________________________
Ing. Egil Ulvund AS
E-post: [email protected]
Sætveithagen, 5627 Jondal
Mob.tlf.: 916 82 072
Org.nr.: 958 185 049
2
Vidare er det sett av areal til høgdebasseng for drikke- og brannvatn (0,6 daa), slamavskiljar (0,5 daa),
samleplass for bos (0,2 daa) og småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone (0,4 daa).
Det er vist naustområde med eit totalt areal på 3786 m2. Av dette er 2516 m2 eksisterande
naustområde på gnr/bnr 43/82 (2303 m2), 43/87 (107 m2) og 43/88 (106 m2). Utviding av naustområde
mot vest på fylling og i skjering til saman 1270 m2.
Heile gnr/bnr 43/82 er på 2998 m2. Av dette utgjer køyreveg 132 m2, annan veggrunn 97 m2,
friluftsområde 466 m2 og naustområde 2303 m2.
Det er ca. 1165 lengdemeter nye vegar innanfor planområdet. Samla vegareal for nye og eksisterande
vegar inkl. fylkesvegen er 13,4 daa. Annan veggrunn (areal til veggrøfter, skråningar, frisiktsoner
m.m.) er på 16 daa.
Det er 3 områder for jordbruk på til saman 58 daa. Friluftsområder utgjer 160 daa.
Areal i sjø er regulert til bøyehamn (6,8 daa), friluftsområde (113,2 daa) og kaste- og låssettingsplass
(8,1 daa).
1.2 Bygningar.
Planframlegget legg opp til at det på kvar tomt kan førast opp frittliggjande fritidsbustad i ein etasje. I
tillegg kan det førast opp ein frittliggjande bygning som uthus/carport/anneks. Største bebygde areal
for fritidsbustad inntil BYA = 120 m2. Største bebygde areal for uthus/carport/anneks inntil BYA = 35
m2. 2 parkeringsplassar med samla BYA = 36 m2. Total BYA = 191 m2 pr. tomt. Dette gjeld både
for eksisterande og nye tomter.
1.3 Skredfare.
Det er utført skredfarevurdering av COWI AS for planområdet som føreligg i rapport dagsett mars
2013. Samandrag i rapporten lyder slik: "Reguleringsplanen på Årvikneset skal utvidast med om lag
37 nye hyttetomter. Området ligg delvis innanfor aktsemdgrensene for snøskred og steinsprang i
www.skrednett.no. Då må det gjerast ei nærare undersøking av skredfare og eventuelle sikringstiltak
må gjennomførast før utbygging. COWI AS vurderer at reguleringsplanområdet tilfredsstiller
tryggleikskrava for skred for bygningar i tryggleiksklasse 2 i TEK § 7.3 dersom ein ikkje byggjer
innafor faresone som er gjevne, eller utfører sikringstiltaka som er skissert i kapittel 7."
Vidare heiter det i kap. 7 Omsynssone og tiltak: "Ut frå vurderinga i kapittel 6 er det steinsprang frå
mindre brattkantar i lia ovanfor dei søraustlege eksisterande hyttene som er dimensjonerande skredhendingar (ytre grense for skredutløp) for eit faresonekart. For flaumskred og overfløyming er det
etter fagleg skjønn teikna ei omsynssone rundt bekken. Steinsprang frå brattkantane i søraust kan
etter vår vurdering ramme området meir enn ein gong per 1000 år. Denne delen av planområdet
stetter følgjeleg ikkje krava i TEK 10 om høgst ei skredhending per 1000 år. Faregrensa for
steinsprang med nominelt sannsyn 1/1000 (Fig. 12) har me teikna på grunnlag av observerte blokker i
terrenget og terrenghellingskart. Omsynssonene er laga på grunnlag av steinsprangfare og
flaumskred i bekk. Begge typane skredfare er moglege å eliminere med relativt enkle inngrep. For å
bygge på dei to eksisterande hyttene som ligg innafor faresonene må ein utføre sikringstiltak. Det
enklaste tiltaket for å eliminere steinsprangfaren er steinsprangmur bak hyttene. For flaum- og
flaumskredfare er det enklaste å bygge ein meir solid ledemur langs bekken."
Faresoner i reguleringsplankartet for ras- og skredfare (H310) og flaumfare (H320) er teikna som vist i
COWI AS sin rapport.
1.4 Framdrift i planarbeidet.
Det er tanken å senda framlegg til reguleringsplan med alle plandokument til Jondal kommune til 1.
gongs politisk handsaming innan utgangen av januar 2015. Saka skal handsamast av Hovudutval for
Teknisk og Næring (HTN) som gjer vedtak om evt. endringar i planframlegget og/eller gjer vedtak om
utlegging til høyring og offentleg ettersyn. Berørte partar skal då varslast om dette av Jondal
kommune, og får frist på min. 6 veker til å koma med innspel og merknadar til planframlegget. Deretter
skal planframlegget inkl. innspel og merknadar handsamast på nytt i HTN som evt. kan gjera vedtak
_______________________________________________________________________________________________
Ing. Egil Ulvund AS
E-post: [email protected]
Sætveithagen, 5627 Jondal
Mob.tlf.: 916 82 072
Org.nr.: 958 185 049
3
om endringar i plankart og føresegner. Endeleg planvedtak vert gjort av Jondal kommunestyre dersom
det ikkje føreligg motsegn til planen frå offentleg myndigheit.
Vidare informasjon kan ein få ved å venda seg til:
Planleggjar: Ing. Egil Ulvund A/S, tlf. 91682072. E-post: [email protected].
Forslagsstillar: Asbjørn Rognaldsen, tlf. 91756946. E-post: [email protected]
Eventuelle merknadar og innspel til utviding av planområdet og framlegg til reguleringsplan slik den
føreligg i dag, kan sendast innan 03.11.2014 til Ing. Egil Ulvund A/S, 5627 Jondal. Alle relevante
mottekne merknadar, innspel, dokument o. l. vil fylgja planframlegget når det vert oversendt Jondal
kommune for handsaming og vedtak.
Reguleringsplankart og adresseliste kan lastast ned frå http://www.ulvund.net Dersom det er trong for
planframlegg i papirformat send ein e-post til planleggjar om dette.
Med helsing
Egil Ulvund
Kopi: Asbjørn Rognaldsen, 5626 Kysnesstrand
Hans-Olav Flatebø Gausvik, 5626 Kysnesstrand
_______________________________________________________________________________________________
Ing. Egil Ulvund AS
E-post: [email protected]
Sætveithagen, 5627 Jondal
Mob.tlf.: 916 82 072
Org.nr.: 958 185 049
4