Referat frå styremøte i Vestfold sau og geit

Transcription

Referat frå styremøte i Vestfold sau og geit
Dei som møtte: Lars Bjarne Linneflaatten, Preben Fossaas, Torstein Lie, Åsne Fineid,
vara May Britt Michelsen og Gaute E Holtung
Forfall: Magnus Heian
Referat frå styremøte i Vestfold sau og geit
hjå Preben Fossaas 8. juni.
Sak
9/15
Innkalling og sakliste godkjent med tillegg under
eventuelt.
Møtereferat frå møte 12 mars 2015 godkjent.
Sak
10/15
Innkommen post og referat

Lars Bjarne og Preben referera frå landsmøte i NSG. Mykje tid gjekk
med til å behandle lagslovene.

Jordbrukstingingane. Gjekk gjennom utsendt tabell.

Vedtak om kvote for betinget skadefelling av gaupe, brunbjørn, jerv
og ulv i region 2 Sør-Norge i 2015/2016 tatt til orientering.

Aktuell informasjon frå NSG
-NSGs lagslover vedtatt av Landsmøtet 19. mars 2015
-Oversikt over sentralt tillitsvalgte i NSG etter
representantskapsmøtet og Landsmøtet 17.-19. mars 2015
Vestfold sau og geit bør legge litt arbeid i å finne kandidatar som
representerar "sentrale strøk" av austlandet.

Sak
11/15
Representant til region avlsråde er Lars Bjarne Linneflaatten med
Terje Gjersøe som vara.
Planlegging av sumarturen til Buskerud
Sumarturen vert til haust-tur. Det er stor interesse for å reise til slakteriet
på Gol og sjå på slakting av småfe. Da det ikkje er slakting på Gol fredagar
i august er nye forslag 16-17 oktober eller 23-24 oktober aktuelle dagar.
Torhild avklarar med slakteriet egna tidspunkt og lagar eit forslag til
program
Planlegge felles sosial aktivitet- saueQuiz v/ Åsne.
Sak
12/15
Planlegging av haustmøte 8 september på Nortura Tønsberg møterom
Telemark/Vestfold k.l 19-22.00 (møterom bestillt)
Avlsbesetningar/Bruksbesetningar.
Værringens (avlsbesetningane) oppgåve og ansvar for
å skaffe værer til bruksbesetningane i Vestfold.
Værringens oppgåve og misjon.
Lars Bjarne får ein halv time til ein pedagogisk
framlegging av tema med eit lite historisk tilbakeblikk.
Sauekontrollen – innavlsstyring v/ Torhild 30 min
Korleis velje ut ein vær etter dine ynskje ?
Bruke sauekontrollen og hente fram indeksar på granska værer via NSG
sine nettsider.
Fordelar og ulemper med å bruke granska vær / kåra vær.
Uttak av livlam v/ Torhild 30 min
Småraselaget – Gamaltypisk spælsau 30 min
Preben har ansvar for å finne foredragsholder.
Orientere om raselagets arbeid i samband med avlsarbeid. Låst
rasekode er eit verkemiddel. Bruk og bevaring av rasen.
Livdyrselgere må ha/få forståing for viktigheten av avlsarbeid.
Her er kåring eit stikkord !!
Lars Bjarne bestiller pølse/brød
Sak
Gjennomføring av styremøte på skype
13/15
Neste styremøte vil foregå på Skype. Åsne og Torhild tar eit "testmøte"
Torhild prøvar å skaffe ein konferansemikrofon.
Sak
14/15
Eventuelt

Hund og sau ( elgjakt) Problemet rundt elgbikkjer og sau har ingen
tenkt på.
VSG vil be NSG vurdere problemstillinga. Er det ei sak som burde
tas tak i
Standard avtale ??

Utleige av værer i regi av Vestfold Værring.
o Bestille av Morten Ueland
o Får informasjon om kor væren står oppstalla.
o Må hente, av leigetaker, innan ein bestemt dato.
o Væren er til leige, men kan kjøpes.
o Ved leige- værringen bestemmer slaktetidsrom, væren må
da meldes inn og leveres frå leigetakers eigendom.
o Dersom væren ikkje er slakta innan fristen vil eit
tilleggsgebyr tilkomme.
o Granska vær merkast med kvitt merke.
o Oppmode sauefolket om å stille på kåring. Invitasjon til
kåring bør gjennomgås og oppdateres. Informasjon om
kåring skal også leggast ut på VSG sine heimesider.

"Moralsk støtte i dårlege tider"
Det handlar om å bry seg. Involver nye sauebønder i det
fellesskapet Vestfold sau og geit er. Inviter med naboen ved ulike
tilstelningar og arrangement.

Kven betaler kva for kåringane ?
Det må være ein regel at den som tar utgiftene også må ta
rekningane. Det bør være klare avtaler mellom værringen og VSG.
Rekninga frå Terje Bakken (kåringsdommar på pels og småraser)
vart betalt av VSG i 2015.
Oppmodar værringen om å legge fram årsmelding og rekneskap
på VSG sitt årsmøte.