Halsnøy kloster - Hordaland fylkeskommune
Transcription
Halsnøy kloster - Hordaland fylkeskommune
HALSNØY KLOSTER FREDA KULTURMINNE / PRESERVED CULTURAL HERITAGE N GB Klosteret på Halsnøy var eitt av fem augustinaranlegg i Noreg i mellomalderen, bygd kring 1300, men det har vore klosterdrift her heilt sidan 1100talet. Tradisjonen seier at det første klosteret vart bygt av Erling Skakke i 1164, då den fem år gamle sonen hans, Magnus, skulle kronast til konge av Noreg. Halsnøy abbey was one of five Augustinian monasteries in medieval Norway. It was built around 1300, but there had been a monastic presence here since the 12th century. According to legend, the first monastery was built by Erling Skakke (1115–79) in 1164 to mark the coronation of his fiveyear-old son, Magnus, as king of Norway. Immediately prior to the Reformation, Halsnøy abbey possessed the largest estate of any Norwegian monastery. As such, it was a powerful economic force and conducted extensive trade. skålgropsteinen Bergbileta på denne steinen er dei einaste helleristningane på Halsnøy og Fjelbergøyane, og dei er truleg frå bronsealder – altså minst 2500 år gamle. Motiva på steinen er skålgroper og fotsolar. Av Hordaland sine Skålgropsteinen ligg no i Klosterbrygga. 171 kjende helleristningar Kor den låg opprinneleg, er ikkje kjend. finst det skålgroper på 139 av dei, noko som gjer gropene til det vanlegaste og samstundes mest gåtefulle motivet. Ristningane har truleg vore del av ein fruktbarheitsreligion, og desse motiva er funne over heile Skandinavia. Dette tyder på at dei truleg har hatt ei felles tyding, og at dei er uttrykk for eit nokså einsarta kulturfellesskap. tolking Den mest utbreidde tolkinga er at gropene var offerskåler, der mat, drikke eller kanskje blod blei ofra under religiøse ritual. Kanskje symboliserer dei elden, då dei liknar gropene ein laga i trestykke når ein laga eld med bogedrill i førhistorisk tid? Dei er også tolka som eit symbol på fruktbarheit og som symbol på eigarskap og bruksrett. fotsolar Fotsolar i kontur eller med markerte tær finst ofte parvis som her. Dei har vore tolka som gudane, eller kanskje forfedrane sine fotavtrykk – eit symbol på deira nærvær. KLOSTERET Det første klosteret brann ned etter om lag 100 år. Det nye klosteret blei bygt i kleberstein i gotisk stil. Halsnøy kloster fekk i løpet av mellomalderen store jordeigedomar, og ved inngangen til reformasjonen hadde Halsnøy kloster det største jordegodset av alle norske kloster. Klosteret vart såleis ein stor økonomisk maktfaktor og dreiv med utstrakt handel i inn- og utland. Dei første munkane kom truleg frå Wellowklosteret utanfor Grimsby i Nord-England. Dei var ”kannikar”, som tyder prestelærde. Dei heldt tidebøner og gudstenester og sytte for kyrkjelyden si sjelesorg. Med seg frå England tok dei ny kunnskap om byggjeskikk og kalkbrenning, noko som etter kvart gav klosteret og bygdene omkring gode inntekter. Dei må ha vore dyktige handelsfolk, sidan klosteret etter kvart la under seg store landeigedomar. Frå desse eigedomane fekk klosteret inntekter i form av naturalia; t.d. smør, skinn, fisk, never og frukt. Varene blei selde vidare både i Noreg og til utlandet. Halsnøy kloster hadde eigne båtar til frakt av varene, og eigne handelsbuer og bygardar i Bergen. Mykje av inntektene blei investert i dei store bygningsanlegga. indre klosteranlegget og kyrkjeruinen rive av løytnant Andreas Juel, og nytt våningshus blei bygd av steinen. I 1956 kjøpte Sunnhordland Folkemuseum klostertunet, som omfattar klosterruinane, våningshuset frå 1841, hageanlegg, naust og bryggje. BYGGA Klosteret blei som nemnt bygt i kleberstein, med såkalla kistemurar bundne saman av, og dekte med kvit kalkmørtel. Utvinning av kalkstein og kalkbrenning er kjend i Sunnhordland frå mellomalderen. Den første gongen kalkbrenning er nemnt i skriftlege kjelder, er faktisk i samband med klosteret. Kyrkja, som var den dominerande bygningen, har truleg vorte skadd tidleg. I dag står berre ein liten rest att frå det sør-austre hjørne. Det er det ytre klosteranlegget som er best bevart. Vestfløyen står under tak og inneheld restar etter bakaromnar, malttørke og røykomn. Murrestar i det sør-vestre hjørne har vore årsak til mange spekulasjonar. Kanskje har det vore badstove, eller kanskje kisterom, eller kanskje noko heilt anna? Nordfløyen har òg tak og inneheld fire mindre rom som var nytta fram til nyare tid. REFORMASJONEN Ved reformasjonen i 1536 blei klosteret lagt ned og gjekk då over til å vera krongods, på same måten DAGENS ANLEGG Ruinane utan tak er dels prega av restaurering på 1930-talet. Fleire av dei var truleg grunnhøgd i våningshuset som vart rive kring 1841, då det nye bustadhuset vart teke i bruk. Dette siste bygget er sentrum i museumsområdet Halsnøy kloster, som elles består av ruinar, park med store edellauvtre, bryggje og naust. Det er òg laga til kulturløype i nærområdet. Plan over klosteret (etter H.E.Lidén) som mange andre klostereigedomar i Noreg. Frå 1539–1659 blei Halsnøy kloster organisert som eit len med eigen lensherre og fengsel. Gjest Baardsen sat her i 1814, men rømde ved å grave seg ut under døra. I 1664 gjekk klosteret inn under Bergenhus stiftamt og blei drive som futedistrikt saman med Hardanger og Voss. JUEL FAMILIEN Futen, kammerråd Andreas Juel fekk i 1758 kjøpt futegarden Kloster, og frå 1758 og fram til 1956 har garden Kloster blitt driven som storgard/herregard av Juel-familien. Kring 1840 blei restane av det Sunnhordland Museum har eigd museumsområdet sidan 1955 og nyttar det som ein kulturell arena med omvising for turistar, skulebesøk, foredrag, konsertar, utstillingar og ulike aktivitetar. Museet skipar årleg til arrangementet Klosterdagen, med god hjelp frå eit aktivt venelag. Venelaget vart stifta i 1986 og driv med dugnad og syter for praktisk organisering og hjelp til ei rekkje av dei kulturelle tilskipingane ved Halsnøy kloster. Følgjer du kulturløypa rundt i området, kan du oppleva eit rikt kulturlandskap og fleire ulike skilta kulturminne. Augustinarmunk KULTURMINNE: KLOSTERET ER EIT VERNEVERDIG KULTURMINNE: EIN DEL AV VÅR FELLES KULTURARV. KULTURMINNE ER FREDA AV LOV OM KULTURMINNE. VIS RESPEKT OG OMTANKE. KVINNHERAD KOMMUNE, HORDALAND FYLKESKOMMUNE Let alltid att grinder. Hund skal haldes i band. Trakk ikkje på dyrka mark. Far varsamt i høve kulturminne. Takk for at du tek med deg alt boss. Tekst, bilder og kart: Arkikon Redaksjon: Arkikon og Hordaland fylkeskommune Grafisk formgjeving: Arkikon / Geir Goosen s t ø t t a av s p a re b a n k e n v e s t , h o r d a l a n d f y l k e s k o m m u n e , f j e l l b e rg k ra f t l a g o g g j e n s i d i g e s t i f t i n g a