Kulturminneverdiar på Hardangervidda
Transcription
Kulturminneverdiar på Hardangervidda
NIKU OPPDRAGSRAPPORT 136/2015 KULTURMINNEVERDIAR PÅ HARDANGERVIDDA Grunnlag for utarbeiding av kulturminneplan for Hardangervidda nasjonalpark og landskapsvernområda Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn Austfjell Knut Fageraas, Anne-Cathrine Flyen og Siv Leden NIKU Oppdragsrapport 136/201 Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) Storgata 2, Postboks 736 Sentrum, 0105 Oslo Telefon: 23 35 50 00 www.niku.no Tittel Kulturminneverdiar på Hardangervidda Grunnlag for utarbeiding av kulturminneplan for Hardangervidda nasjonalpark og landskapsvernområda Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn Austfjell Rapporttype/nummer NIKU Oppdragsrapport 136/201 Publiseringsdato 01.11.2015 Prosjektnummer 1020503 Oppdragstidspunkt 27.03-01.11.2015 Framsidebilete Stølsmiljø, Hellehalsen ved Langavatn, Hardangervidda nasjonalpark. Foto: K. Fageraas, NIKU 2015 Sider Tilgjenge 48 Open Forfattar(ar) Knut Fageraas, Anne-Cathrine Flyen og Siv Leden Avdeling Samfunn og forvaltning Prosjektleiar Knut Fageraas Prosjektmedarbeidar(ar) Anne-Cathrine Flyen, Siv Leden, Anneli Nesbakken og Åse Dammann Kvalitetssikrar Sveinung Krokann Berg Oppdragsgjevar(ar) Hordaland fylkeskommune Samandrag Hardangervidda har ei omfattande og variert mengd kulturminne og kulturmiljø frå alle periodar av dei meir enn 8000 åra menneske har brukt og hausta ressursar i dette høgfjellsområdet. Bevaring av desse kulturminna er ein del av verneformålet for nasjonalparken og landskapsvernområda. Det å ta omsyn til brukarinteressene slik at det kan drivast landbruksverksemd, jakt, fiske og anna friluftsliv, som det har vore gjort opp igjennom tida, er òg del av verneformålet. Det gjev samstundes utfordringar for forvaltinga i verneområda som må finne balansen mellom vern og bruk. Denne rapporten gjev eit grunnlag for utarbeiding av kulturminneplan for kulturminne frå nyare tid for Hardangervidda nasjonalpark med tilgrensande landskapsvernområde og skal bidra til å leggje føringar for forvaltinga av kulturminna i verneområda. Oppdraget har vore å utarbeide kategoriar av kulturminne, definere vilkår for verdisetting, lage ei overordna, fagleg prioritert verneliste av verneobjekt og utarbeide retningsliner for vedlikehald, restaurering og tilbygg/påbygg av bygningar, samt eventuelt nybygg. Vi har identifisert ti kategoriar kulturminne på Hardangervidda og utarbeidd ein modell for verdivurdering av kulturminna. Det er mange kulturminne med høg verneverdi i verneområda. Vi har foreslått nokre av desse som vi har kunnskap om, til ei konkret verneliste. Modellen for vernevurdering skal òg kunne brukast for å identifisera naudsynte tiltak og ressursbehov i forvaltinga. Basert på dei rammene som forvaltingsplanen og andre styrande dokument gjev, har vi laga retningsliner for korleis kulturminna skal takast vare på, utbetrast og eventuelt gjenreisast, samt korleis nybygg best kan realiserast med minst påverknad på eksisterande kulturminne og landskap. Emneord Hardangervidda, nasjonalpark, Skaupsjøen/Hardangerjøkulen, Møsvatn Austfjell, landskapsvernområde, kulturminne frå nyare tid, kulturminneplan, forvaltingsplan, ruinar, steinbu, turisthytte, støl, seter, fiskelæger, jaktbu, sleper, samiske kulturminne Avdelingsleiar Sveinung Krokann Berg 3 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Forord Hardangervidda er den største nasjonalparken i fastlands-Noreg. Han vart oppretta i 1981 på særskilte vilkår sidan så mykje som 52 % (1772 km2) av arealet er privat eigedom med omfattande bruksinteresse. Verneføresegnene slår fast at bruken av vidda med tradisjonell utnytting av ressursane skal kunne halde fram så sant han er tilpassa verneformålet. Dette har vist seg å vera ein vanskeleg balansegang, og har gjeve utfordringar for både dei offentlege forvaltingsstyresmaktene og for dei private grunneigarane. Utarbeiding av ein kulturminneplan skal bidra til å leggje føringar for både vern og bruk av kulturminne på Hardangervidda. Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) har fått i oppdrag av Hordaland fylkeskommune å utarbeide ein rapport som grunnlag for ein plan for kulturminne frå nyare tid, basert på den gjeldande forvaltingsplanen for Hardangervidda nasjonalpark og dei to tilgrensande landskapsvernområda Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn Austfjell. Utkast til plan for før-reformatoriske kulturminne er ferdigstilt av Hordaland fylkeskommune forut for arbeidet til NIKU. Denne planen skulle vera til inspirasjon, men ikkje mal, for arbeidet med kulturminna frå nyare tid. Oppdraget til NIKU omfatta å kategorisere, verdivurdere og gje retningsliner for forvalting av kulturminna frå nyare tid i dei tre verneområda. Rapporten skulle leggje særleg vekt på bygningar og omfatte retningsliner for vedlikehald, restaurering, tilbygg/påbygg og eventuelle nybygg, sidan det er dette det knyter seg størst brukarinteresser til. Ei utfordring i arbeidet har vore det veldige arealet som kulturminneplanen skal dekkje, og det store talet og mangfaldet av kulturminne og kulturminnetypar som finst i verneområda. Oppdraget er gjennomført ved ein gjennomgang av eksisterande kjelder, registreringar og tilgjengeleg informasjon og litteratur om kulturminne frå nyare tid. I tillegg kjem den kunnskapen som medlemmane i prosjektgruppa hos oppdragsgjevar, og andre ressurspersonar som er kontakta undervegs, har bidrege med. For å få betre kjennskap til og forståing for nokre av kulturminnekategoriane i verneområda, samt nokre av dei utfordringane som forvaltinga og eigarane har når det gjeld kulturminna på Hardangervidda, vart det gjennomført ei synfaring over tre dagar til kulturminnelokalitetar inne på Hardangervidda. Det har ikkje vore mogleg å skrive denne rapporten med full oversikt over kva som finst av kulturminne på Hardangervidda, eller kva tilstand dei er i. Ei rekkje oppfølgjande tiltak er nemnde til slutt i rapporten for å betre grunnlaget for forvaltinga. Prosjektgruppa i NIKU har vore leidd av etnolog Knut Fageraas. Medarbeidarar har vore sivilarkitekt Anne Cathrine Flyen, sivilarkitekt Siv Leden, etnolog og jurist Åse Dammann og arkeolog Anneli Nesbakken. I startfasen leidde landskapsforskar Gro Jerpåsen prosjektet for NIKU. Prosjektet er finansiert av Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland og Buskerud fylkeskommunar og Riksantikvaren. Arbeidet med kulturminneplan for verneområda på Hardangervidda er eit samarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland, Buskerud og Telemark, samt Fylkesmannen i Hordaland på vegne av Fylkesmennene i Buskerud og Telemark. Hordaland fylkeskommune ved fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd har prosjektansvaret hos oppdragsgjevar, medan prosjektleiar hos oppdragsgjevar har vore Ole Vegard Skauge. 5 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Innhald 1 Innleiing ........................................................................................................................................... 7 2 Kulturminnekategoriar .................................................................................................................... 8 3 Verdivurdering av kulturminna ..................................................................................................... 14 3.1 4 5 6 Modell for verdivurdering ..................................................................................................... 16 Verdisetting av kulturminna .......................................................................................................... 19 4.1 Verneverdi knytt til kategoriane ........................................................................................... 19 4.2 Verneliste for kulturminne og kulturmiljø............................................................................. 21 Retningsliner for forvalting ........................................................................................................... 26 5.1 Lovverk og føresegner ........................................................................................................... 26 5.2 Overordna føringar ................................................................................................................ 26 5.3 Regional og lokal byggeskikk ................................................................................................. 26 5.4 Retningsliner for endring og bruk ......................................................................................... 27 Forvalting av kulturminne og kulturmiljø ...................................................................................... 28 6.1 Retningsliner for kvar kulturminnekategori .......................................................................... 29 7 Oppfølgjande tiltak ........................................................................................................................ 44 8 Litteratur og kjelder....................................................................................................................... 46 6 NIKU Oppdragsrapport 136/201 1 Innleiing På bakgrunn av St. meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, vart det starta opp arbeid med nye verneføresegner for Hardangervidda nasjonalpark og dei tilgrensande landskapsvernområda Skaupsjøen/Hardangerjøkulen og Møsvatn Austfjell. Dei vart vedteke i 1997. I medhald av desse nye verneføresegnene vart det laga ein forvaltingsplan for verneområda. I planen, som vart gjort gjeldande frå 2003 og revidert i 2011, vart det peikt på behov for fleire viktige oppfølgjande tiltak, mellom dei, utarbeiding av ein kulturminneplan. Kulturminneplanen skal byggje på den gjeldande forvaltingsplanen, men vil gje meir praktiske og spesifiserte retningsliner for forvaltinga av kulturminna enn det forvaltingsplanen gjer. Hardangervidda har ei omfattande og variert mengd kulturminne og kulturmiljø frå alle periodar av dei meir enn 8000 åra menneske har brukt og hausta ressursar i dette høgfjellsområdet. Bevaring av desse kulturminneverdiane er ein del av verneformåla både for nasjonalparken og dei to landskapsvernområda. Samstundes går det fram av forvaltingsplanen for verneområda frå 2011 at forvaltinga av kulturminne og kulturmiljø har vore lite prioritert (s. 29), og at det er eit generelt inntrykk at utviklinga for kulturminnevernet har vore særs uheldig i verneområda (s. 32). I tillegg vert det konstatert at det har vore høgt konfliktnivå mellom dei sentrale forvaltingsstyresmaktene og dei lokale brukarinteressene om korleis forvaltinga av nasjonalparken skulle ivaretakast. Trass i eit lågare konfliktnivå etter at forvaltingsplanen vart vedteke, er det framleis ei stor utfordring å finne den rette balansen mellom vern og bruk i høve til verneformålet (s. 17). Dette gjer det naudsynt med ein kulturminneplan, som skal vere ei rettleiing både for den offentlege forvaltinga, grunneigarane og andre brukarar med omsyn til ivaretaking av kulturminne og kulturmiljø. Ein kulturminneplan for verneområda på Hardangervidda skal gjelde alle kulturminne, inkludert dei som ikkje har anna formelt vern enn det som følgjer av at dei ligg innafor grensene for nasjonalparken og landskapsvernområda. I nasjonalparken skal det utøvast eit strengt vern. Verneforskrifta seier at alle kulturminne i nasjonalparken skal vernast mot inngrep. I landskapsvernområda er det dei kulturminna som set preg på landskapet, som er verna. Vurderingane i denne rapporten bør ha konsekvensar for randområda, for å få ei harmoniserande forvalting innafor og utafor verneområda. Som ramme for forvaltinga trengst ei kategorisering av kulturminna som kan bidra til oversikt og systematikk. Det finst inga fullstendig oversikt over kulturminna eller kulturmiljøa i dei tre verneområda, eller tilstanden deira. Mange registreringar er gjort i Askeladden, Riksantikvarens offisielle database over kulturminne i Noreg, gjennom ei rekkje registreringsprosjekt som er utførte frå 1960-åra og framover, men dei er langt frå uttømmande for kva som finst av kulturminne i verneområda. I utgangspunktet er berre kulturminne som er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og bygningslova, eller er kulturminnefagleg vurderte som verneverdige i annan samanheng registrerte i databasen. Det finst mange andre kulturminne, som ikkje er registrerte i Askeladden, men som har høg verneverdi. På den andre sida har ikkje alle kulturminne som er verna i medhald av verneforskrifta for verneområda like høg verneverdi. NIKU har difor laga ein modell for verdivurdering av alle kulturminna i verneområda. Denne kan gje grunnlag for prioritering av tiltak og utarbeiding av retningsliner for vern og bruk. Modellen kan òg brukast for verdivurdering av kulturminna i randområda. 7 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Det er eit mål for forvaltinga, og for utarbeiding av kulturminneplanen for Hardangervidda, å leggje til rette for at høgfjellsområdet framleis skal vera ein ressurs for bygdesamfunna omkring og at landbruk og annan tradisjonell bruk skal halde fram (jf. Forvaltingsplanen s. 4 og 37). I så måte er føresegnene for Hardangervidda nasjonalpark meir liberale enn for dei andre nasjonalparkane. Tradisjonane knytte til den historiske ressursbruken er immateriell kulturarv som har verdi i seg sjølv og skal vidareførast, men utan at det det går utover verneverdiane til dei faste kulturminna. Desse spesielle tilhøva gjer at forvaltinga og utforminga av retningsliner for vern og bruk av kulturminna på Hardangervidda er utfordrande. Kulturminneplanen skal bidra til å finne den rette balansen mellom verne- og bruksinteressene. Forvaltingsplanen seier at der det er konflikt mellom vern og bruk, skal omsynet til verneinteressene gå føre brukarinteressene. Bruk er likevel naudsynt for at mange kulturminne, ikkje minst bygningar, skal bli haldne ved like og tekne vare på for ettertida. 2 Kulturminnekategoriar Kulturminnelova har ein brei definisjon av kulturminne, og reknar som kulturminne alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet, inkludert lokalitetar det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til (kulturminnelova § 2). På Hardangervidda omfattar det alt frå arkeologiske funn etter dei fyrste jegerane og fangstfolka til nyare innretningar, spor etter samisk verksemd, ruinar og buer etter driftetrafikk, gjeting og setring, samt andre byggverk for husly, lagring, fritidsbruk, turisme og busetnad – og vidare eit nett av sleper og anna infrastruktur, lokalitetar det knyter seg historiske hendingar til og munnleg tradisjon som segn og namnebruk. Kulturminnelova definerer kulturmiljø som område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng (ibid.). Dei fleste kulturminna på Hardangervidda inngår i eit kulturmiljø i samanheng med andre kulturminne eller landskapet ikring. Difor skil vi ikkje mellom kulturminne og kulturmiljø i kategoriseringa. I ei verdivurdering av kulturminna spelar samanhengen dei har i eit kulturmiljø ei stor rolle. Forvaltingsplanen nemner mange typar kulturminne på Hardangervidda. Desse dekkjer alle periodar av historia, inklusive før-reformatoriske kulturminne (s. 30-31). Det er kulturminne knytte til fangst og fiske som vitnar om ein meir enn 8000 år gamal tradisjon, og som omfattar både bu- og fangstplassar etter jegerkulturar frå eldre og nyare tid. Kulturminne knytte til ferdsel og eit nett av gamle vegar og sleper finst over heile Hardangervidda. Det gjer òg kulturminne etter stølsdrift gjennom fleire tusen år. Driftetrafikk, som kom i gang frå 1600-talet, har etterlate seg eigne kulturminne. Fleire stader i verneområda finst kulturminne etter fast busetnad. Ein ueinsarta type er tekniske kulturminne som omfattar alt frå spor etter førhistorisk jernutvinning til demningar og vegar frå nyare tid. Forvaltingsplanen skil mellom kulturminne knytte til gamal – i stor grad før-reformatorisk – ferdsel, og desse tekniske kulturminna. Til sist er det nemnt segn, tradisjonar og namnebruk knytte til bestemte stader som er viktige kulturminne for å forstå historia til Hardangervidda. På bakgrunn av formålet med kulturminneplanen – mellom anna med et særleg omsynet til vern og bruk av bygningar, og ruinar av bygningar – trengst det delvis ei anna kategorisering for kulturminne frå nyare tid. Kategoriseringa for nyare tids kulturminne er basert på følgjande fire parametrar: • • • • Type kulturminne Et særleg omsyn til bygningar Verneverdi Retningsliner for tiltak og bruk 8 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Utifrå desse parametrane har vi kome fram til ti kategoriar av kulturminne. Dei omfattar kulturminne både i nasjonalparken og landskapsvernområda, og kan også omfatte kulturminne i randområda til verneområda. KATEGORI: TYPE KULTURMINNE: Ruinar av buer (stein eller tre) Ruinar hovudsakleg etter gamle steinbuer knytte til jakt, fangst og fiske, driftetrafikk og støling. Ståande buer nytta i tradisjonell ressursbruk: jakt- og fiskebuer, fiskelægre, felægre og stølsbuer. Steinbuer er typiske kulturminne i denne kategorien. Alle spor etter samisk verksemd. Dette omfattar samisk verksemd knytt til tamreindrift, også frå dei seinaste åra opp til i dag. Alle spor etter ferdsel. Det finst eit nett av gamle sleper, bruer, klopper og vad som er viktige kulturminne i denne kategorien, saman med vardar, trapper og andre anlegg i samband med ferdsel. Spor og innretningar etter jakt, fangst og fiske (ikkje bygningar/ruinar av bygningar, som er eigne kategoriar). Dette er kulturminne etter omfattande utnytting av ressursar i høgfjellet. Store bygningar og bygningskompleks i bruk som turisthytter og fjellstover. Dette gjeld historiske hendingar, segn, tradisjonar og namnebruk som er viktige for å forstå historia til Hardangervidda. Små til middels store bygningar som til dømes hytter, naust, løer og stølshus bygde i tre. Mellom anna demningar, bygde strukturar og andre anlegg og installasjonar som ikkje går inn i nokon av dei andre kategoriane. Alle typar bygningar knytte til fast busetnad: bustader, driftsbygningar, uthus og anna. Ståande buer (stein eller tre) Samiske kulturminne Ferdselsårer og -spor Innretningar for jakt, fangst og fiske Store bygningar/bygningskompleks for turisme Landskapselement knytte til munnleg tradisjon Mindre bygningar for fritid og næringsverksemd Tekniske kulturminne Bygningar for fast busetnad Ruin felæger, Halnetunga på Hardangervidda. Foto: O.V. Skauge, 2015 9 NIKU Oppdragsrapport 136/201 1. Ruinar av buer (stein eller tre) Ruinar av buer er karakteristiske kulturminne som finst spreidde i landskapet på Hardangervidda. Dei fleste ruinane består av murar som står att etter gamle steinbuer, og som representerer den særskilte byggetradisjonen på høgfjellet med ei mange hundreår gamal historie. Denne kategorien kulturminne omfattar alle ruinar etter buer på Hardangervidda både av stein og tre, uansett funksjon, så lenge dei har vore knytte til tradisjonell ressursbruk i jakt, fangst og fiske, driftetrafikk eller støling. Dei kan i noko monn skiljast frå kvarandre utifrå plassering i landskapet, korleis dei inngår i eit kulturmiljø av andre bygningar, eller i høve til naturtype som seier noko om tidlegare funksjon, til dømes preg etter beiting. Buene har vore nytta som ly for menneske og dyr, fangstlager, eller til ysting og avdrått på stølane. 2. Ståande buer (stein eller tre) Denne kategorien kulturminne omfattar alle ståande steinbuer og buer av tre som har vore brukte til jakt, fangst og fiske, stølsdrift, driftetrafikk og annan ferdsel. Han omfattar såleis både jaktbuer, fiskelægre, felægre og stølsbuer. Kategorien omfattar buer som har forfalle, men som framleis er bevarte i så stor grad at dei kan rekonstruerast. Det er ulik byggjetradisjon på ulike delar av Hardangervidda, særleg er det skilnad mellom Vest- og Austvidda. I aust, der det var det lettare tilgang til tømmer, var bygningar av tre vanlegare. Mange sel på stølane er bygde i tre, særleg på Austvidda, medan skut og flor gjerne er i stein. Funksjonen desse bygningane har hatt, er ei kjelde til kunnskap om og oppleving av kulturhistoria på Hardangervidda. Materialbruk og utforming fortel konkret om ulike byggjetradisjonar. Bygningane har framleis verdi for bruk, for jakt- og fiske og anna fritidsbruk. Som ruinane av buer skil dei seg ofte frå kvarandre ut i frå plassering i landskapet og kva kulturmiljø dei inngår i. Dei ståande buene er som oftast tydeleg del av eit kulturmiljø med andre byggverk, eller av naturtypar prega av beiting og menneskeleg verksemd. 3. Samiske kulturminne Det er eit ope spørsmål om det finst eldre spor etter samisk verksemd på Hardangervidda enn det som er knytt til kjend tamreindrift. Kulturminne etter tamreindrift er det i alle høve ein del av, men ikkje alle desse kulturminna kan reknast som samiske, sjølv om all tamreindrift kan seiast å byggje på samisk kulturarv (jf. Bitustøyl 2013). Nokre namn viser at stader/objekt har eit klårt samisk opphav, eller har vore i samisk bruk. Samisk verksemd på Hardangervidda i dag etterlet seg òg spor som med tida kan bli viktige kulturminne. 4. Ferdselsårer og -spor Ferdsel har sett mange spor på Hardangervidda, og ferdselshistorikken på vidda er mangearta og går langt attende i tid. Det finst ei rekkje gamle sleper, anlegg og spor etter ferdsel og annan trafikk i høgfjellet og ned mot bygdene. Dei fleste er frå nyare tid og omfattar varderuter, traktorvegar og umerkte stigar, bruer, klopper og vad. Nokre stader er det bygt imponerande vardar for gamle vinterruter over fjellet. Dei gamle slepene knytte til steinbuer for jakt, fangst og fiske, felægre og stølar har høg relevans for kulturhistoria på Hardangervidda. Det same gjeld stigar og anlegg som vitnar om friluftsliv i samband med turisme og lokalbefolkninga sin fritidsbruk av området. 10 NIKU Oppdragsrapport 136/201 5. Innretningar for jakt, fangst og fiske Spor og innretningar knytte til jakt, fangst og fiske ber vitnesbyrd om den omfattande utnyttinga av viltressursar som har gått føre seg på Hardangervidda. Jakt, fangst og fiske i nyare tid kan seiast å vidareføre den meir enn 8000 år lange historia om utnytting av ressursar i høgfjellet. 6. Store bygningar/bygningskompleks for turisme Store bygningar og bygningskompleks i verneområda omfattar utelukkande fjellstover og turisthytter. Dei inngår i eit nett av gamle sleper, stigar og løyper på kryss og tvers over heile Hardangervidda, og ber vitnesbyrd om ein utbreidd fotturisme, som er langt større enn i dei fleste andre verneområda i landet. Den eldste av desse overnattingsstadene vart opna i 1871, men har ei eldre historie som støl. Andre vart bygd nye. Det finst 15 turisthytter innafor nasjonalparken og landskapsvernområda (4 private, 11 betente og ubetente turistforeiningshytter). Det finst 2 fjellstover i Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde. Storleiken og standarden på hyttene er varierande. Nokre er store bygningskompleks som har utvikla seg over tid. 7. Landskapselement knytte til munnleg tradisjon Den munnlege tradisjonen er viktig for forståing av kulturhistoria til Hardangervidda. Mange stader har stor symbolverdi gjennom historiske hendingar, segn, tradisjonar, namnebruk m.m. Hendingar frå andre verdskrig er eit døme på munnleg tradisjon som er knytte til bestemte stader og bygningar. Slike hendingar er ofte knytte til kulturminne som inngår i dei andre kategoriane, slik som bygningar. 8. Mindre bygningar for fritid og næringsverksemd Ein god del små og middels store bygningar knytte til fritid og næringsverksemd finst spreidde omkring i verneområda på Hardangervidda. Mellom anna finst det nokre hyttefelt som vitnar om auka fritid for befolkninga og utviklinga av hytteliv i høgfjellet. Det er totalt sett mange hytter, naust, løer og andre bygningar i verneområda. På Austvidda, særleg i landskapsvernområda, er det ein god del stølshus som inngår i denne kategorien. Dei er i storleik større enn buene på høgfjellet. Dei fortel om stølsdrifta på Hardangervidda, men skil seg ikkje vesentleg frå stølshus som finst i andre stølsområde i landet, og er difor ikkje særprega for byggjeforma og -skikken på høgfjellet, slik som dei små buene. Restar og hustufter etter dei mindre bygningane i tre som ikkje kan reknas som ruinar av buer, er del av denne kategorien. 9. Tekniske kulturminne Denne kategorien kulturminne er vid. Han femner demningar, bygde strukturar og andre anlegg og installasjonar som ikkje inngår i nokon av dei andre kategoriane. Nokre av dei tekniske anlegga som reknast som kulturminne, vart bygde seint i det 20. århundre. 10. Bygningar for fast busetnad Bygningar i denne kategorien ligg for det meste i bygdene innafor landskapsvernområda, men det er òg fast busetnad innafor nasjonalparken. Kategorien omfattar alle typar bygningar knytte til fast busetnad: bustader, driftsbygningar, uthus og andre bygningar. 11 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Kart 1 – Steinbuer og ruinar av steinbuer i nasjonalparken og landskapsvernområda. Uttrekk frå Askeladden (freda kulturminne, samt SEFRAK-registrerte bygningar) 12 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Kart 2 – Utval typar av kulturminne, inkl. steinbuer og ruinar (ruinar av steinbuer). Uttrekk frå Askeladden (freda kulturminne, samt SEFRAK-registrerte bygningar) 13 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Karta på side 12 og 13 er laga på bakgrunn av uttrekk frå databasen Askeladden og viser kvar ein finn kulturminne og kulturmiljø i verneområda på Hardangervidda. Dei gjev eit bilete av den geografiske utbreiinga av ulike kulturminnekategoriar 1, men omfanget av registreringane av både bygningar og andre typar kulturminne i databasen er usikkert. Det same gjeld korleis kulturminna er kategoriserte. Dette gjer det vanskeleg å ha ei klar formeining om kor representative uttrekka er når det gjeld kulturminna i verneområda. Det er dessutan vanskeleg å avgrense uttrekka til dei kulturminnekategoriane vi har definert i denne rapporten. Databasen har vidare mange kulturminne som ikkje er kartfesta og som ikkje er med på karta på dei førre sidene. Karta har likevel god informasjonsverdi på eit overordna nivå når det gjeld å gje eit bilete av den geografiske utbreiinga av kulturminne og kategoriar av kulturminne på Hardangervidda. Kart 1 (s. 12) viser alle kartfesta Askeladden- og SEFRAK-registreringer av kategorien steinbu eller ruin av steinbu i databasen. Formålet med kartet er å vise geografisk utbreiing av nokre av dei mest karakteristiske kulturminna på Hardangervidda. Samanhalde med dei karta vi brukte på synfaringa i nokre delar av verneområda, viser dette kartet på langt nær alle ruinar av steinbuer som finst, til dømes rundt Halnefjorden. I Askeladden er dei ruinane av steinbuer som ikkje står på kartet på neste side, sannsynlegvis registrerte berre som “ruin”. Alle ruinar som finst i verneområda er heller ikkje registrerte i databasen. Kart 2 (s. 13) viser geografisk plassering av eit større tal kulturminnekategoriar som er kartfesta i Askeladden og SEFRAK. Dei fleste bygningstypar er tekne med. Ljos blå-grøne prikkar, som viser kategorien ruin (bygningsrest) i Askeladden, er sannsynlegvis for det meste ruinar av steinbuer. Saman med registreringar av “steinbu” i Askeladden, og SEFRAK-registreringane av “steinbu ruin/revet” og “steinbu ståande”, gjev det eit bilete av det store talet og plasseringa av desse kulturminna over det meste av verneområda. 3 Verdivurdering av kulturminna Mange av kulturminna i verneområda har eit strengt formelt vern ved at dei er automatisk freda etter kulturminnelova. Dette gjeld alle kulturminne frå før år 1537, alle ståande byggverk frå før år 1650, og alle samiske kulturminne som er eldre enn 100 år. Avklaring om eit kulturminne er automatisk freda, er ein avgjerande føresetnad for fastsetting av verneverdi og retningsliner for forvalting og bruk, og må liggje som eit premiss for kulturminneplanen. Det må òg avklarast om nokre av bygningane knytte til fast busetnad er verna etter plan- og bygningslova. Alle kulturminne innafor ein nasjonalpark er i prinsippet verna. I landskapsvernområde er det kulturminne som pregar landskapet, eller på anna måte har betyding for landskapet, som har ei form for vern og skal takast vare på (Miljødirektoratet og Riksantikvaren 2015). Kulturminne blir tilskrivne verdi utifrå kva betyding dei har for oss menneske. Ein viktig verdi er kva kunnskap kulturminna kan gje, ved at dei er kjelder til kunnskap om liva og verksemda til menneske i fortida. Der det ikkje finst nokon skriftlege dokument eller munnleg tradisjon, kan kulturminna vera 1 Askeladden inneheld SEFRAK-registrerte bygningar. SEFRAK (Sekretariatet For Registrering Av faste Kulturminne i Noreg) er eit landsdekkjande register over eldre bygningar og andre kulturminne. SEFRAKregistreringa vart gjennomført som feltarbeid i åra 1975-1995. I Finnmark vart ståande bygningar bygde før 1945 registrerte, medan det for resten av landet vart registrert bygningar bygde før 1900. I alt er det registrert ca. 515.000 einingar i SEFRAK-registeret landet over. 14 NIKU Oppdragsrapport 136/201 dei einaste kjeldene til historia. Kulturminne har òg stor verdi ved å gje opplevingar. I tillegg kan dei ha bruksverdi. Kunnskap, oppleving og bruk er ei tredeling kulturminnestyresmaktene ofte brukar for verdisetting av kulturminne. Dette er mellom anna presisert i den nye rettleiaren frå Miljødirektoratet og Riksantikvaren om Kulturminner i områder vernet etter naturmangfoldloven (2015, s. 23). Der nemnast òg ei tredeling mellom lokal, regional og nasjonal verdi, som er ein annan ofte brukt måte kulturminnestyresmaktene vurderer verdien til kulturminne (ibid.). I tillegg blir tilstanden til kulturminna vurdert. Alle kulturminna på Hardangervidda har potensial for kunnskap, opplevingar og bruk for mange menneske – lokalt, regionalt og nasjonalt. Potensialet er avhengig av kulturminnas tilstand. I nasjonalt perspektiv representerer mange av kulturminna på Hardangervidda viktige kategoriar. Kulturminne i utmark er eit hovudtema Riksantikvaren har definert i den gjeldande fredingsstrategien sin fram mot 2020 (Riksantikvaren 2015). Dét er også kulturminne knytte til nasjonale minoritetar, ferdsel og rekreasjon, fritid og folkehelse. Riksantikvaren har definert ti hovudtema for kulturminne som er underrepresenterte på fredingslista, men som skal prioriterast framover for å følgje opp stortingsmålet om at eit representativt utval kulturminne skal vera freda innan 2020. Dei ti temaa er sett opp i prioritert rekkjefølgje: 1) forsvars- og krigshistorie, 2) nasjonale minoritetar, 3) kulturminne i utmark, 4) handel, 5) fellesskap og demokrati, 6) rekreasjon, fritid og folkehelse, 7) ferdsel, 8) industri, 9) busetnad etter industrialiseringa og 10) etter-reformatoriske, arkeologiske kulturminne. Mange av dei kulturminna som finst på Hardangervidda, høyrer til dei prioriterte kategoriane i denne fredingsstrategien. Dette høgnar verneverdien deira. Sandhaug turisthytte på Sentralvidda. Turisthyttene er eit karakteristisk innslag på Hardangervidda og har verneverdi som kulturminne utifrå historia deira knytt til fotturismen i dette høgfjellet. Dei har òg verdi utifrå verknaden i landskapet, som vitne om menneskeleg bruk av høgfjellet. Det er likevel andre kulturminne som har høgare verneverdi som historiske dokument på Hardangervidda. Foto: K. Fageraas, NIKU 2015 15 NIKU Oppdragsrapport 136/201 3.1 Modell for verdivurdering Modellen som ligg til grunn for vurdering av verneverdi for kulturminne på Hardangervidda i denne rapporten, tek utgangspunkt i verneformålet for nasjonalparken der kulturhistoria er eit viktig aspekt. Vidare byggjer den på dei gjengse måtane for vurdering av verneverdi for kulturminne, og overordna føringar frå nasjonale styresmakter, inklusive vurdering av tilstand. For øvrig må det avklarast om eit kulturminne er freda (automatisk freda eller freda ved enkeltvedtak), eller verna i medhald av plan- og bygningslova. Følgjande steg har vore utgangspunkt for modellen for verdivurdering av kulturminne på Hardangervidda: 1. Vurdere kor relevante kulturminne er for verneformålet for verneområda Hovudmålet for vern av Hardangervidda som nasjonalpark er å ivareta eit særleg verdifullt høgfjellsområde med natur- og kulturverdiar. Som nasjonalpark har verdiane Hardangervidda representerer, nasjonal verdi. I dei to NOU’ane Om Hardangervidda som var skrivne forut for etableringa av nasjonalparken, vert natur- og kulturverdiane til Hardangervidda omtalte som eineståande både i nasjonal og internasjonal samanheng (NOU 1974: 30 A, NOU 1974: 30 B). I innstillinga til Stortinget om etablering av nasjonalparken vert det slått fast at det er dei generelle verneverdiane som må vera utgangspunkt for vurderingar av området (Innst. S. nr. 361 (1978-79). Det er dei generelle, overordna kulturminneverdiane, framfor dei regionale og lokale, som etter dette må prioriterast i kulturminneplanen. 2. Vurdere kor representative kulturminne er i høve til relevansen (jf. førre punkt) Det er dei kulturminna som best representerer kontinuiteten i den meir enn 8000 år gamle historia om utnytting av ressursar på Hardangervidda, som har høgast verneverdi. Det er desse som best representerer det eineståande i den nasjonale og internasjonale samanhengen. Dette gjeld spora etter jakt, fangst og fiske, ferdsel, driftetrafikk og støling. Det er utmarksbruk som er kjernen i kulturhistoria til dette høgfjellsområdet. I prinsippet er det ingen verdiskilnad på kulturminne som representerer denne utmarksbruken i nasjonalparken samanlikna med i landskapsvernområda, sjølv om kulturminne innafor nasjonalparken har eit strengare vern. Uavhengig av område, vitnar kulturminna om den same historia om utnytting av ressursar på Hardangervidda. 3. Vurdere kulturminna ut i frå øvrige kulturminneverdiar gjengs i kulturminneforvaltinga I ei nærare identifisering av verneverdi må kulturminna vurderast utifrå kva kunnskap, oppleving og bruk dei kan gje. Nokre døme på slike verdiar er følgjande kulepunkt (ikkje uttømmande): Kunnskapsverdiar: • • • • • • • Alder Opphavleg/ autentisk Sjeldsynt/vanleg Samanheng/ kulturmiljø Arkitekturhistorisk Historieforteljande Kjeldeverdi Opplevingsverdi: Bruksverdi: • • • • • • • • • • • Tidsdjupn/ kontinuitet Samanheng/ heilskap Estetisk verdi Patina/atmosfære Identitetsverdi Arkitektonisk verdi Historisk verdi 16 Praktisk nytte Funksjonalitet Brukspotensial Kommersiell verdi/ verdiskapingsverdi NIKU Oppdragsrapport 136/201 Desse verdiane seier ikkje noko om prioritering mellom verneinteresser og brukarinteresser. Bruksverdiar er ein del av verneverdiane til eit kulturminne. Det er ikkje alltid eit klårt skilje mellom verdiar knytte til kunnskap, oppleving og bruk. Til dømes kan i prinsippet oppleving vera eit bruksaspekt, og kunnskap eit opplevingsaspekt. Bruk kan òg vera del av opplevinga av eit kulturminne, kanskje særleg når det gjeld ein bruk som vitnar om korleis den har vore i gamal tid. Nokre av verdiane er meir eller mindre sjølvforklarande. Andre, særleg under kunnskap og oppleving kan trengje ein nærare definisjon. Somme av desse står i eit forhold til kvarandre. Det gjeld til dømes skilnaden mellom arkitekturhistorisk verdi og arkitektonisk verdi, der det fyrste viser til den kunnskapen ein kan få frå eit kulturminne om arkitekturhistorie, og det andre er den opplevinga av arkitektoniske kvalitetar kulturminna gjev. Det same gjeld historieforteljande verdi og historisk verdi, der det fyrste viser til den kunnskapen ein kan få om historia frå eit kulturminne, og det andre den opplevinga av den historiske dimensjonen det gjev. Ei vurdering av kulturminna utifrå kunnskaps-, opplevings- og bruksverdiar kan gjerast med ei vekting av verdikategoriane og innbyrdes mellom ulike verdiar innafor kvar kategori. Ser ein til verneformålet og -forskrifta for nasjonalparken, må verdiar knytte til oppleving og bruk forståast som like viktige som kunnskapsverdiar, sidan formidling av kulturhistoria og framleis ressursutnytting er sentralt. Derimot kan einskilde verdiar rangerast høgare enn andre, til dømes kunnskapsverdiar som alder og representativitet, opplevingsverdiar som samanheng i heilskapleg kulturmiljø, og bruksverdiar som praktisk nytte. 4. Vurdere kulturminne utifrå den tekniske tilstanden deira Til sist må den tekniske tilstanden til kulturminna vurderast. Teknisk tilstand spelar inn på kva verdi kulturminne har med omsyn til både kunnskap, oppleving og bruk. Kor omfattande tilstandsvurderinga skal vera, avheng av kva ho skal nyttast til. For vurdering av verneverdi trengst ikkje nødvendigvis anna vurdering enn om eit kulturminne er intakt, truga eller sterkt truga. Dette er ei vurdering som ofte har vorte brukt når det gjeld bygningar (SEFRAK-registeret). For utarbeiding av ein tiltaksplan for skjøtsel av ruinar, eller eventuelt vedlikehald, utbetring eller restaurering av bygningar, trengst det derimot ei grundigare vurdering av teknisk tilstand, sårbarheit og tålegrenser. Dét vil òg vera naudsynt for å berekna ressursbehov. I tillegg må det avklarast om kulturminna er freda etter kulturminnelova, verna etter plan- og bygningslova, eller i anna samanheng er kulturminnefagleg vurderte som verneverdige. Dei er enklare å forhalda seg til som verneobjekt, enn den store mengda kulturminne som ikkje er det, men som likevel har verneverdiar i medhald av verneformålet og -forskrifta for verneområda. Vi rår til at utarbeiding av tiltaksplan blir basert på ei avklaring om fredings-/vernestatus og prioritering utifrå relevansen, representativiteten og øvrige kulturminneverdiar ved kulturminnet, jamfør pkt. 1-3, samt ressursbehov etter pkt. 4. Ein modell for verdivurdering kan sjå ut som illustrasjonen på neste side: 17 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Basert på dei fire punkta i modellen for vernevurdering kan ein på overordna nivå rangera kategoriane for kulturminne på Hardangervidda utifrå følgjande tredeling: • Høg verneverdi har eit kulturminne på Hardangervidda om det skårer høgt på relevans og representativitet med omsyn til utmarksbruken i høgfjellsområdet. Svært høg relevans og representativitet set kulturminna i fredingsklasse. • Middels verneverdi har eit kulturminne på Hardangervidda om det skårer høgt på relevans og representativitet med omsyn til utmarksbruken i høgfjellsområdet, men ikkje er like karakteristisk for Hardangervidda som dei kulturminna som er vurderte med høgast verneverdi. Enkeltkulturminne kan uavhengig av denne verdisettinga ha status som automatisk freda, vedtaksfreda eller verna etter plan- og bygningslova. • Låg verneverdi har eit kulturminne på Hardangervidda om det skårer middels til lågt på relevans og representativitet med omsyn til utmarksbruken i høgfjellsområdet. Det tyder ikkje at kulturminna ikkje er verneverdige. Etter verneforskrifta er alle kulturminna innafor nasjonalparken verna. I landskapsvernområda skal alle kulturminne som pregar landskapet takast vare på. Enkeltkulturminne kan vera automatisk freda, freda ved enkeltvedtak eller verna etter plan- og bygningslova uavhengig av relevansen og representativiteten deira for utmarksbruken på Hardangervidda. For å kunne setje opp ei konkret verneliste av kulturminne og -miljø, må verneverdi i kvart einskild tilfelle vurderast utifrå dei øvrige kulturminneverdiane knytte til kunnskap, oppleving og bruk. 18 NIKU Oppdragsrapport 136/201 4 Verdisetting av kulturminna Mange kulturminne på Hardangervidda har høg verneverdi. Desse finst innafor dei fleste kategoriane av kulturminne. Det gjeld sjølv om dei ikkje er automatisk freda etter kulturminnelova, eller verna i medhald av plan- og bygningslova. Nokre av desse kan setjast opp på ei konkret verneliste. Utifrå modellen for verdivurdering i kapittel 3 gjeld det særlig kategorien ruinar av buer og steinbuer. Einskilde steinbuer, eller fleire steinbuer i eit kulturmiljø, kan ha særleg høg verneverdi. Samiske kulturminne, som andre kulturminne, har høg verneverdi når dei vert omfatta av automatisk freding. Det finst eksemplar på kulturminne innanfor kvar kategori som har høg verneverdi. Usikkerheit med omsyn til datering av mange kulturminne i verneområda gjer det problematisk å fastsette verneverdi og må avklarast gjennom oppfølgjande tiltak til kulturminneplanen. 4.1 Verneverdi knytt til kategoriane Utifrå modellen for verdivurdering i kapittel 3 er dei ti kulturminnekategoriane vurderte og gjeve verneverdi på generelt grunnlag utifrå svært høg, høg, middels og låg verneverdi. Verneverdien er generell for den kategorien kulturminna høyrer til, men enkelte typar og enkeltobjekt innafor dei einskilde kategoriane kan ha høgare eller lågare verneverdi enn den generelle for gruppa. Dersom eit kulturminne er knytt til eit anna kulturminne i ein kategori over seg i tabellen, eller høyrer til eit kulturmiljø med kulturminne med høgare verneverdi, vil det høgne verneverdien. Det motsette kan òg vera tilfellet, for ikkje alle kulturminne innafor ein kategori har like høg verneverdi. Tabellen nedanfor er overordna og berre retningsgjevande. KATEGORI: VERNEVERDI: FREDA/VERNA: Ruinar av buer (stein eller tre) Svært høg Må avklarast (eldre enn 1537) Ståande buer (stein eller tre) Svært høg; enkeltobjekt og miljø av ruinar i fredingsklasse Høg Må avklarast (eldre enn 1650) Høg for enkeltobjekt; elles middels til låg Middels; høg dersom knytt til ruinar av buer eller ståande buer av stein eller tre Middels til låg Må avklarast (eldre enn 1537) Middels; enkeltelement høg dersom knytt til gamle sleper og ruinar av buer og ståande buer av stein eller tre Låg; enkeltobjekt høg til middels Låg; middels til høg dersom knytt til gamle sleper; høg dersom knytt til ruinar av buer og ståande buer av stein/tre Låg Må avklarast (eldre enn 1537) Samiske kulturminne Ferdselsårer og -spor Innretningar for jakt, fangst og fiske Store bygningar/ bygningskompleks for turisme Landskapselement knytte til munnleg tradisjon Mindre bygningar for fritid og næringsverksemd Tekniske kulturminne Bygningar for fast busetting 19 Må avklarast (eldre enn 100 år) Må avklarast (eldre enn 1537) Må avklarast (eldre enn 1650) Må avklarast (eldre enn 1537) Må avklarast om freda/verna i medhald av kml eller pbl NIKU Oppdragsrapport 136/201 1. Ruinar av buer Som kulturminne har buene i stein eller tre høg relevans for å forstå historia til Hardangervidda. Utifrå det store talet og utbreiinga av ruinar, kva dei fortel om den historiske ressursbruken og preget dei set på landskapet i nasjonalparken så vel som i landskapsvernområda, har dei den høgaste verneverdien av kulturminna frå nyare tid på Hardangervidda. Alle ruinar etter buer i stein og tre, uansett tidlegare funksjon, har svært høg verneverdi. Aller høgast verdi har dei eldste ruinane. Ruinar som stammer frå 1537 eller tidlegare er automatisk freda. 2. Ståande buer Buene ber vitne om mange hundreår lang byggjetradisjon og ressursbruk på Hardangervidda som har endra seg lite opp igjennom tida, og dei har difor svært høg verneverdi. Tidlegare funksjon har ikkje noko å seie for verneverdien. Enkelte buer som i særleg grad har den opphavlege forma og materiala i behald, er fredingsverdige. Buer eldre enn 1650, er automatisk freda. Alle dei ståande buene, uansett om dei er endra i stor eller liten grad, representerer den tradisjonelle byggjeforma og -skikken på Hardangervidda. Steinbuene står i ei særstilling, og representerer i særleg grad byggjetradisjonane på høgfjellet. 3. Samiske kulturminne Alle spor etter samisk verksemd eldre enn 100 år er automatisk freda etter kulturminnelova og har dermed høgaste verneverdi. Yngre samiske kulturminne har òg høg verneverdi, og vil med tida bli automatisk freda ettersom fredingsgrensa for dei samiske kulturminna er bevegeleg. 4. Ferdselsårer og -spor Gamle sleper, anlegg og spor etter ferdsel ber vitnesbyrd om bruken av Hardangervidda i eldre som nyare tid. Dei fleste av desse kulturminna har middels verneverdi. Nokre har høg verneverdi, slik som spor etter ferdsel knytt til ruinar av buer, eller gamle ståande buer, som har vore brukte til jakt, fangst og fiske, driftetrafikk og støling. Kulturminna knytte til fotturisme og anna fritidsbruk frå den seinaste tida, eller traktorsleper, vegar og anlegg som er relativt nye, har låg verneverdi. 5. Innretningar for jakt, fangst og fiske Generelt har kulturminne etter verksemd knytt til jakt, fangst og fiske i nyare tid middels til låg verneverdi, men om dei har tilknyting til buene, eller ruinar av buer av stein eller tre som vart brukt til denne verksemda, har dei høg verneverdi. Alle før-reformatoriske innretningar knytte til jakt, fangst og fiske er automatisk freda, og alderen må difor avklarast for å vurdere verneverdien til enkeltobjekta. 6. Store bygningar/bygningskompleks for turisme Desse kulturminna har middels verneverdi. Dei har kulturhistorisk verdi knytt til den funksjonen dei har spelt og framleis spelar på Hardangervidda, og som arkitektoniske landskapselement i eit vidstrakt villmarksprega høgfjellsområde. 7. Landskapselement knytte til munnleg tradisjon Historiske hendingar og munnleg tradisjon er immateriell kulturarv. Som fysiske spor i landskapet har landskapselement knytte til munnleg tradisjon, middels verneverdi generelt sett. Dei har høg verneverdi dersom dei er knytte til gamle sleper eller ruinar av buer eller ståande buer av stein eller tre. Mange minne frå andre verdskrig har middels verneverdi. Nokre landskapselement kan vere automatisk freda i medhald av kulturminnelova. 20 NIKU Oppdragsrapport 136/201 8. Mindre bygningar for fritid og næringsverksemd Bygningane i denne kategorien har generelt middels til låg verneverdi. Enkeltbygningar som er knytte til tradisjonell ressursbruk, som støling, kan ha høg verneverdi. Nokre hytter og hyttefelt i verneområda har vorte viktige kulturminne og har middels verneverdi som kulturminne i kraft av å representere hyttebygging og hytteliv som spreidde seg i fjellet med meir fritid og betre økonomi i etterkrigstida. Dei fleste hyttene har likevel låg verneverdi. Elles har bygningane i denne kategorien for det meste låg verneverdi. Det må avklarast om nokre bygningar er eldre enn 1650, og dermed automatisk freda. 9. Tekniske kulturminne Innafor nasjonalparken er alle tekniske kulturminne verna som del av landskapet i medhald av naturvernlova. Det gjeld òg tekniske kulturminne frå det 20. hundreåret. I landskapsvernområda har dei ikkje same grad av vern. Generelt har tekniske kulturminne låg verneverdi utifrå relevans for forståing av den historiske utmarksbruken, men middels til eventuell høg verneverdi om dei er knytte til gamle sleper – og høg verneverdi om dei er knytte til ruinar av steinbuer og ståande buer av stein eller tre. Det må avklarast om kulturminne er automatisk freda i medhald av kulturminnelova, eller er listeførte som verneverdige, til dømes kulturminne knytte til kraftproduksjon (jamfør prosjektet Kulturminner i norsk kraftproduksjon (KINK) – en evaluering av bevaringsverdige kraftanlegg). 10. Bygningar for fast busetting Bygningar for fast busetting har liten relevans for forståing av den historiske utmarksbruken som har prega sjølve Hardangervidda. Dei har difor låg verneverdi som kulturminne i denne samanhengen. Derimot kan slike bygningar i bygdene ha høg verneverdi i annan nasjonal, regional og lokal samanheng, og på den bakgrunn vera verna i medhald av plan- og bygningslova. Det må avklarast om kulturminna i denne kategorien er verna etter plan- og bygningslova, eller kulturminnefagleg vurderte som verneverdige utan formelt vern. Dei kan og vere automatisk freda (eldre enn 1650), og dette må avklarast. 4.2 Verneliste for kulturminne og kulturmiljø Per i dag finst det for lite kunnskap om kulturminna på Hardangervidda samla og systematisert til å setje opp ei relevant og representativ verneliste som dekkjer alle kategoriar kulturminne og kulturmiljø. Utifrå den kjennskapen til kulturminne og kulturmiljø i verneområda på Hardangervidda som er tilegnavi har tileigna oss som grunnlag for denne rapporten, er det likevel nokre klåre kandidatar som utmerkjer seg for ei konkret verneliste. Ei nærare vurdering av desse og identifisering av fleire kandidatar til vernelista, må gjerast som eit oppfølgjande tiltak basert på kartlegging, dokumentasjon og tilstandsvurdering av dei mange kulturminna og kulturmiljøa. Forslag til kulturminne og kulturmiljø til ei verneliste må mellom anna kome frå kommunane. Alle kulturminne som er freda etter kulturminnelova eller verna etter plan- og bygningslova, bør setjast på vernelista. Følgjande kulturminne og kulturmiljø kan utgjera ei førebels verneliste: • Alle ruinar av gamle steinbuer Desse ruinane er så godt som freda utifrå kva som seiest i forvaltingsplanen. Denne kategorien kulturminne er òg vurdert med høgast verneverdi utifrå modellen for vernevurdering i kapittel 3. 21 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Mange kan i tillegg vere automatisk freda etter kulturminnelova. Sjå til dømes ruin ved Halnefjorden side 9. • Nokre særleg representative, ståande steinbuer (einskildståande og miljø av steinbuer) Stølen Peisbotn i Ullensvang, som er eit av dei få intakte stølsmiljøa utan nyare bygg. Riksantikvaren har foreslått denne stølen freda etter kulturminnelova. Den skårer svært høgt på relevans, representativitet og mange øvrige kulturminneverdiar, samt at tilstanden er god. Det at det er eit miljø av steinbuer gjer det særleg interessant som verneobjekt. Sjå bilete neste side. Kvilestaden Heimste Hadlaskard i Ullensvang, som er eit miljø av gamle steinbuer i eit landskap prega av beite. Riksantikvaren har foreslått denne staden freda etter kulturminnelova. Den skårer svært høgt på relevans, representativitet og mange øvrige kulturminneverdiar, samt at tilstanden er god. Det at det er eit miljø av steinbuer gjer det særleg interessant som verneobjekt. Stavalistølen i Stavalidalen i Ullensvang, som er eit miljø av stølsbuer i stein der det har vore drive stølsdrift sidan mellomalderen. Han har verdi òg gjennom nærleiken til Stavali turisthytte som han leverer stølsprodukt til. Den skårer svært høgt på relevans, representativitet og mange øvrige kulturminneverdiar, samt at tilstanden er god. Det at det er eit miljø av steinbuer gjer det særleg interessant som verneobjekt. Holmsbu, Sandhaug i Eidsfjord. Fiskebu som ligg ute på ein holme og vitnar om gamal fiskeaktivitet på Hardangervidda. Sjå bilete neste side. Den skårer svært høgt på relevans, representativitet og mange øvrige kulturminneverdiar. Tilstanden er god, sjølv om nokre av grepa for vedlikehald som er teke ikkje er anbefalt. Sjå bilete side 24. Stølsmiljø ved Langavatn på Hellehalsen, Eidfjord, ei samling bygningar frå stølsdrift som ligg særleg fint til i landskapet med ein turiststig som passerer mellom husa. Består av ei godt halde steinbu, ei eldre og to nyare buar i tre. Dei ligg nær eit fint hyttemiljø som gjev signal om endring i bruk av vidda frå støling til fritid. Sjå bilete på framsida av rapporten. Hedlo i Veigdalen, Eidfjord, er danna av ei stor steinhelle og dekt til med plankeveggar. Vart brukt som ly. Dette er eit særeige kulturminne som skil seg ut, samstundes som det skårar svært høgt på relevans og representativitet. Sjå bilete side 24. • Ferdselsårer og -spor etter slike: Store, Nordre og Søre Nordmannslepa, var dei viktigaste ferdselsårene over Hardangervidda og er viktige kulturminne etter ferdselshistoria på høgfjellet, med høg relevans og representativitet. I dag er dei ikkje lenger nytta i særleg grad og har grodd delvis att. Oppføring på ei verneliste, kan gje slepene merksemd slik at dei vert prioriterte med tanke på skjøtsel og tilrettelegging for bruk. Sjå bilete side 25. Steinvardar frå Bergsmulen-Sysenvatnet. Den kortaste vintervegen mellom Hallingdal og Hardanger var merkt med 40 to meter høge steinvardar med omkring 500 meter mellom kvar. Vardane vart reiste i 1850 og er eit imponerande kulturminne etter tidlegare ferdsel. Dei skårer høgt på relevans og representativitet, samt kulturminneverdiar som sjeldsynt, samanheng, historieforteljande verdi, og ei rekkje opplevings- og bruksverdiar. 22 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Gamal steinbru over Breiåni vitnar om tidlegare tilrettelegging og byggetradisjon for ferdsel på Hardangervidda. Ho skårer høgt på relevans og representativitet, samt på kulturminneverdiar som alder, autentisitet og arkitekturhistorisk verdi, og på verdiar knytte til oppleving og bruk. Sjå bilete side 25. Måbøgaldane i Eidfjord, er ein del av den gamle ferdselsvegen mellom vest og aust over Hardangervidda. Det er laga 1300 trappetrinn og vegen har 125 svingar frå Måbødalen opp til fjellplatået på Hardangervidda. Dei skårer høgt på relevans og representativitet, samt på mange andre kulturminneverdiar, særleg på opplevings- og bruksverdiar. • Andre bygningar Fjellgarden Berunuten ved Møsvatn i Vinje, er eit døme på busetting i høgfjellet, men som no er fråflytt og tener som ope hytte. Han vitnar om landbruksdrifta som har vore og fortsatt blir drive i verneområda. Han skårer høgt på mange av kunnskaps-, opplevings- og bruksverdiane, og har både relevans og representativitet som kulturminne om kulturhistorie på Hardangervidda. Stølen Peisbotn, Ullensvang. Kjelde: Forvaltingsplanen for Hardangervidda frå 2011 23 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Holmsbu, Sandhaug i Eidsfjord. Foto: K. Fageraas, NIKU 2015 Hedlo, Eidfjord. Foto: O. V. Skauge, 2015 24 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Søre Nordmannslepa. Foto: O. V. Skauge, 2015 Gamal bru over Breiåni. Kjelde: Forvaltingsplanen for Hardangervidda 2011 25 NIKU Oppdragsrapport 136/201 5 Retningsliner for forvalting 5.1 Lovverk og føresegner Alle tiltak på eksisterande bygningsstrukturar og eventuelle nybygg må følgje gjeldande lovverk og dessutan særskilte planar for Hardangervidda nasjonalpark. Aktuelle lovverk, føresegner og planar er • Naturmangfaldlova • Kulturminnelova • Plan- og bygningslova • Forskrift om vern av Hardangervidda nasjonalpark – Odda, Ullensvang og Eidfjord kommunar, Hordaland, Vinje og Tinn kommunar, Telemark, Hol, Nore og Uvdal kommunar, Buskerud • Forvaltingsplan for Hardangervidda nasjonalpark, Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsområde og Møsvatn Austfjell landskapsområde. I tillegg er det utvikla fleire rettleiarar og handbøker. For kulturminnefeltet er dei viktigaste: • Veileder Kulturminne i områder vernet etter naturmangfoldloven (2015) • Veileder Rundskriv om forvaltning av verneforskrifter (2004) • Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (1983) 5.2 Overordna føringar Etter aktuelle lovverk og føresegner kan vi trekkje ut følgjande overordna moment som retningsgjevande for tiltak på og i bygningar og eventuelle nybygg: • I nasjonalparken skal i utgangspunktet alle verneverdige kulturminne takast vare på. • I verneområda skal kulturminne som pregar landskapet på ein eller annan måte bevarast. • Byggjeaktivitet skal haldast på eit lågt nivå i alle tre verneområde. Det kan berre gjevast løyve til å dekkje grunnleggjande behov for godkjent bruk. Eksisterande bygningsmasse er i utgangspunktet tilstrekkeleg. • Grunneigarar og andre rettshavarar har eigedomsrett og bruksrett, og kan nytte rettane i samsvar med verneføremålet. • Tiltak skal følgje lokale byggetradisjonar. 5.3 Regional og lokal byggeskikk Det eksisterer lite litteratur om byggetradisjonar på Hardangervidda. Ein av dei få artiklane som finst omhandlar byggeskikken med steinbuer i høgfjellet (Brekke 1978). Frå gamalt av var ein hevdvunnen rett å setja opp ei bu i fjellet. I dei fleste tilfella var dette enkle eittroms bygningar i stein eller tømmer, som vart nytta til veiding, fangst og gjeting. Buene er eit resultat av naturgjevne føresetnader. Hardangerviddaprosjektet for Tverrvitenskaplig Kulturforskning, 1969-1974, som danne bakgrunn for kapitlet “Kulturminner på Hardangervidda” i dei to NOU-rapportane om Hardangervidda i 1974 (NOU 1974: 30 A, NOU 1974: 30 B), har påvist restar etter liknande steinbuer og datert dei til 1100- og 1200-talet. Byggetradisjonane som kan følgjast frå mellomalderen og framover mot nyare tid knyter seg først og fremst til fangstbuer, stølar og felæger. Byggeskikken er nøktern og funksjonell, men ser også ut til å spegla byggeskikken i bygdelaga omkring. Buene knytte til handelsferder (felæger og driftelæger) og fangst er i hovudsak enkle buer som ligg åleine i fjellet. Det kan tyde på at det først og fremst er i stølsanlegga at skilnaden i byggeskikk mellom aust og vest viser seg. Klyngestølane, dei store fellesstølane med mange brukarar i ei stølsgrend, dominerer 26 NIKU Oppdragsrapport 136/201 biletet på vestvidda. På austvidda ligg stølane for ein stor del meir spreidde og einskildvis. På vestvidda er det steinbuene som dominerer i snaufjellet. Lafta sel der er eit nyare trekk. På austsida har lafta stølshus vore det vanlege gjennom lang tid, og steinbuer finst bere høgt til fjells som fiskebuer eller driftelæger. Steinbuene har hatt jordgolv og ofte ikkje anna ljos enn det som kom inn gjennom døra. Steinbuene var gjerne halvt inngravne i bakken bakanfor. 5.4 Retningsliner for endring og bruk Alle byggverk og tiltak må handsamast individuelt sjølv om dei følgjer oppsette retningsliner. For større tiltak bør det gjennomførast synfaring. Alle bygge- og inngrepssaker utover vedlikehald er søknadspliktige, og må handsamast i samsvar med gjeldande føresegner og lovverk som kulturminnelova og plan- og bygningslova. Framlegget til retningsliner som er sett opp her, tek opp i seg verneføresegna, forvaltingsplanen (herunder Rettleiar for byggesaker i verneområde på Hardangervidda (2011)), rettleiaren Kulturminner i områder vernet etter naturmangfoldloven (Miljødirektoratet og Riksantikvaren 2015) og Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (RA og MD 1983). Det er teke særleg omsyn til buene, som er kulturminne med svært høg verneverdi. Saker som gjeld buer må ha ei særleg grundig handsaming. Desse overordna retningslinene bør liggje til grunn for handsaminga: • • • Det er ønskjeleg å bevare dei buene som i dag ligg i ruinar, best mogleg nettopp som ruinar. Det er ønskjeleg å bevare ein del buer ståande, i god stand og best mogleg autentiske slik at dei kan gje ei oppleving av korleis dei kan ha sett ut og har prega landskapet. Dette vil krevje retningsliner etter tre hovudprinsipp: - Retningsliner for buer som i dag ligg i ruinar og ikkje skal rørast. Dette vil vera retningsliner for enkel skjøtsel og bruk/ikkje bruk (sjå kapittel 6.1, punkt 1. Ruinar av buer) - Retningsliner for buer som delvis ligg i ruinar, men som kan rekonstruerast/restaurerast ettersom dei fyller vilkåra for å gjere dette ut frå rettar eigar og brukar har (sjå kapittel 6.1, punkt 2. Ståande buer). - Retningsliner for buer som er rekonstruerte/restaurerte tidlegare. Dette er retningsliner for enkelt vedlikehald og eventuell ombygging (sjå kapittel 6.1, punkt 2. Ståande buer). Følgjande definisjonar av sentrale omgrep knytte til tiltak på kulturminne er lagt til grunn: • Restaurering: heil eller delvis tilbakeføring av ein konstruksjon til ein tidlegare tilstand. Ved restaureringa må det veljast kva tidspunkt kulturminnet skal førast tilbake til. Den tilstanden konstruksjonen skal tilbakeførast til, må kunne dokumenterast. • Istandsetting/reparasjon: reparasjonsarbeid for å bringe ein konstruksjon, eller del av ein konstruksjon, opp til eit ordinært vedlikehaldsnivå, og i ein slik stand at berre vanleg, jamt vedlikehald vil vera naudsynt etterpå. • Skjøtsel: regelmessige vedlikehaldstiltak for å ivareta eit kulturminne eller kulturmiljø. • Vedlikehald: rutinemessig arbeid for å forhindre forfall grunna jamn og normal slitasje. • Ombygging: heil eller delvis endring av utsjånaden, standarden eller funksjonen til ein konstruksjon. 27 NIKU Oppdragsrapport 136/201 • • Tilbygging: ny konstruksjon bygd inntil ein annan med føremål å nytte han som del av den opphavlege konstruksjonen. Byggetradisjon/-skikk: Måtar å bygge på, skikk og bruk, innafor eit visst tidsrom og eit gjeve område. Omgrepet er først og fremst nytta for bygningar, men kan også nyttast om andre typar konstruksjonar, til dømes bruer. 6 Forvalting av kulturminne og kulturmiljø Retningslinene for forvaltning av kulturminna må vera forankra i lov og føresegner gjeve i medhald av lova. Særleg viktig er verneføresegna og forvaltingsplanen. I Forskrift om vern for Hardangervidda nasjonalpark går det klårt fram at vern av kulturminne og – miljø er ein del av føremålet med nasjonalparken. I § 2. Føremål heiter det: «Føremålet med Hardangervidda nasjonalpark er å verne ein del av eit særleg verdfullt høgfjellsområde på ein slik måte at landskapet med planter, dyreliv, natur- og kulturminne og kulturmiljøet elles vert bevart, samstundes som området skal kunne nyttast for landbruk, naturvenleg friluftsliv og naturoppleving, jakt og fiske og undervisning og forsking». Det blir også slått fast at grunneigarar og andre rettshavarar framleis skal ha eigedomsrett og bruksrett i nasjonalparken, og kan nytte rettane i den grad det ikkje kjem i strid med verneføremålet. I § 4.1 Landskap heiter det mellom anna at landskapet skal vere verna mot utbyggingar, anlegg og andre inngrep av alle slag, medrekna oppføring eller ombygging av bygningar. Forvaltingsstyresmakta kan likevel gje løyve til visse tiltak. I Hardangervidda nasjonalpark skal i utgangspunktet alle verneverdige kulturminne og kulturmiljø takast vare på. Det er likevel ikkje definert kva ein legg i omgrepa kulturminne og kulturmiljø. Verneføresegnene forsterkar vernet ved at det i utgangspunktet ikkje er tillate å oppføre eller byggje om bygningar. For landskapsvernområda krev føresegnene at kulturminne ikkje må påførast skade. Samstundes gjev føresegnene høve til dispensasjon for ombygging, tilbygging og riving av bygningar i alle verneområda. Det blir då svært viktig at verneverdi vert vurdert som del av sakshandsaminga for alle typar bygningar. Etter verneføresegna § 4, punkt 4.1.3 a) – j), kan forvaltingsstyresmakta gje løyve til: a) Ombygging av bygningar innanfor eksisterande grunnflate b) Mindre tilbygg til bygningar c) Riving av gamle bygningar og oppføring av nye med same storleik og for same bruk d) Bygging av naust for opplag av båt og utstyr til fiske e) Nybygg eller større tilbygg til eksisterande bygningar, i særskilte tilfelle i samband med landbruksutnytting, utnytting av statsallmenning eller drift av turisthytte f) Restaurering av steinbuer g) Naudsynt merking og kvisting av nye ski- og turistløyper h) Bygging av bruer og klopper i) Vedlikehald av sleper j) Vedlikehald, naudsynt skjøtsel og ev. restaurering av kulturminne og kulturmiljø Forvaltingsplanen slår fast at omfanget av byggjeaktivitet skal haldast på eit lågt nivå i alle tre verneområda. Det kan berre gjevast løyve til å dekkje grunnleggjande behov for godkjent bruk. Planen slår vidare fast at tiltaket må vere naudsynt, at det skal vere så lite som råd og at det skal vere 28 NIKU Oppdragsrapport 136/201 så skjerma som mogleg i landskapsbiletet. Ein skal unngå nye tiltak dersom eksisterande innretningar kan dekke behovet, og nye tiltak skal om mogleg lokaliserast til eksisterande tiltak. Utforminga skal vere i tråd med lokale tradisjonar, og tiltaket må ikkje medføre negativ påverknad på verdifulle kulturmiljø eller kulturlandskap. 6.1 Retningsliner for kvar kulturminnekategori Framlegget til retningsliner som er skissert i dette kapitlet, tek utgangspunkt i gjeldande lovverk, føresegner, handlingsplan og diverse handbøker som beskreve i kapittel 5.1 og 5.2. Nokre av retningslinene er henta direkte frå desse, men sidan dei fleste retningslinene i lov, føresegn og forvaltingsplan, er relativt overordna, er dei supplerte med nye forslag og utdjupa. På den andre sida, er ein del retningsliner føreslått i handbøker, til dømes Riksantikvaren og Miljødepartementet sitt skriv Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (1983), til dels svært detaljert. Retningslinene nedanfor er forsøkt halde på eit noko mindre detaljert nivå, men enkelte stader er dei likevel relativt detaljerte. 1. Ruinar av buer Desse kulturminna representerer dei viktigaste brukstradisjonane på Hardangervidda. Framlegget til retningsliner for ruinar av buer er difor strengt. Overordna føringar: • • • • • • • Det må ikkje fjernast stein frå ein ruin. Det er ikkje lov å slå opp telt inne i ein ruin. Det er ikkje lov å klatre på ein ruin. Det er ikkje lov å brenne bål inne i ein ruin. Ruinen skal ikkje endrast eller forsøkast rekonstruert på nokon måte. Turgåarar må gjerast merksame på at steinar som har rast ned, ikkje skal flyttast på, men liggje der dei ligg. Buskar og tre som veks inne i, eller oppe på ruinar, bør fjernast varsamt. Annan vegetasjon bør vera i fred. Ytterlegare forfall bør kunne stoppast i utvalde tilfelle. Til dømes kan dette dreie seg om: - sikring/justering av overliggar; - fjerning av rasmasser som trugar ruinen; - leggje på plass stein som er på veg til å rase ut. Nybygg Det bør ikkje vera tillate å bygge nokon form for nybygg i nærleiken av ein ruin. Dette vil påverke opplevinga av det viktige kulturminnet i så stor grad at verneverdien vil bli vesentleg redusert. I tilfelle der lovmessige rettar tilseier at eigar kan ha ei bu til erstatning for ruinen, kan det gjevast løyve til å oppføre nybygg, men då i god avstand frå ruinen. Det bør bli sett ein minimumsavstand på 50 meter, og som føreset at det nye byggverket er lite. Dersom ei eventuell ny bu skal erstatte ei som ligg i eit miljø av fleire (det vil som regel seie at ho er del av eit stølsmiljø), bør det vurderast om den nye bua likevel kan plasserast i dette stølsmiljøet. Ombygging/tilbygg Det bør ikkje vera tillate å bygge på/utvide en ruin på nokon måte. 29 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Rekonstruering/restaurering Ruinar som er så nedbrotne at det ikkje er mogleg å lese den opphavlege, utvendige utsjånaden, bør ikkje rekonstruerast/restaurerast, men få liggje i fred som ruinar (sjå kapittel 6.1, punkt 2. Ståande buer, der det er gjort greie for kva som skal til for å kunne få løyve til å rekonstruere/restaurere ei bu). Vedlikehald, skjøtsel og bruk Desse ruinane skal ikkje takast i bruk som bygningar, og det er derfor ingen særskilde krav til det som kan definerast som vedlikehald. I enkelte tilfelle kan det vera aktuelt med enkle tiltak for å sikre at ruinen ikkje skal forfalle ytterlegere, såkalla forfallsforsinkande vedlikehald. Samstundes er det viktig at ruinane ikkje blir brotne ned av menneskeleg aktivitet raskare enn dei naturleg vil gjere. Det er viktig at ingen menneskeskapte tiltak bryt dei ned. Dette tyder at ruinane så langt råd er skal liggje i fred. Vi føreslår følgjande retningsliner: 2. Ståande buer Dei ståande buene representerer, saman med ruinane av buer, dei viktigaste bruks- og byggetradisjonane på Hardangervidda, og er særeigne kulturminne på høgfjellet. Framlegget til retningsliner for dei er difor relativt strengt. 2 På grunn av manglande oversikt over tidlegare restaurerte buer, er det ikkje mogleg å gje heilt detaljerte forslag for forvalting av ståande buer (tidlegare rekonstruerte/restaurerte og ikkje tidlegare rekonstruerte/restaurerte). Overordna føringar: • • • • • • • Vedlikehald skal oppretthalde opphavleg utsjånad, materialar og konstruksjonar. Nybygg skal vere eit unnatak Dersom det berre er ein låg rest av veggane att, skal bua få ligge i ruin. Det er tillate å restaurere/bygge opp at buer som har bevart så mykje av opphavleg konstruksjon at dei kan rekonstruerast. Tidlegare form og utføring skal vere retningsgjevande. Det gjeld òg tidlegare rekonstruerte/restaurerte buer. Det er ikkje tillate å bygge på/utvide ei bu, heller ikkje ei tidlegare rekonstruert/restaurert bu, utover dei opphavlege ytre måla, korkje i utstrekning (grunnflate) eller høgde. For at buene skal kunne brukast, er det tillate å gjere endringar/ombygging innvendig, innafor opphavleg grunnriss og storleik. Ein moglegheit er å bygge ei trekasse inni. Det kan opnast for å setja inn vindauge i dør og tak, men vert vurdert opp mot plasseringa og utforminga til bua, og opp mot den aktuelle bruken/behovet. Vedlikehald Vedlikehaldet av buer skal berre vera mindre arbeid som ikkje endrar noko ved det utvendige til byggverket, og det bør gjerast med opphavlege materialar og metodar. På buer som er rekonstruerte/restaurerte, vil det ofte vera lagt til nye element på innsida. Såleis blir det ikkje stilt spesielle krav til innvendig vedlikehald, utover at det ikkje skal føre til endringar på utvendig utsjånad, eller skade sjølve byggverket på nokon måte. 2 Handboka Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (RA og MD 1983) gir til dels detaljerte forslag til restaurering og kan brukast som underlag for forvaltinga av buene. Retningslinene som er skisserte i dette kapitlet er ikkje like detaljerte. Detaljerte retningsliner bør takast inn i retningslinene for byggesakshandsaming. 30 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Nybygg Det bør vera ein føresetnad at ståande buer ikkje treng å erstattast av nye, men blir sette i stand og rekonstruerte/restaurerte. Det bør uansett ikkje vera tillate å bygge nokon form for nybygg i nærleiken av ei ståande bu, som vil påverke opplevinga av det viktige kulturminnet i så stor grad at verneverdien vil bli vesentleg redusert. Ei eventuell ny bu til erstatning for ein ruin, bør heller ikkje setjast opp i nærleiken av ei ståande bu. Det bør vere ein minimumsavstand på 50 meter, og at det blir kravd at det nye byggverket er mindre enn maksimumsstorleiken på 45 m². Dersom ei ny bu skal erstatte ei som ligg i eit miljø av fleire (det vil som regel seie at ho er del av eit stølsmiljø), bør det vurderast om den nye bua likevel skal plasserast i dette stølsmiljøet. For framlegg til retningsliner for nybygg: sjå punkt 11. Nybygg til slutt i dette kapitlet. Rekonstruksjon/restaurering Styrande for rekonstruksjon/restaurering bør vera den generelle tilstanden og materiala bua er bygd av. Tre hovudtypar buer kan vere utgangspunkt for rekonstruksjon/restaurering: - Steinbuer Buer bygde i kombinasjon av stein og treverk Buer i tre (eventuelt med steinfundament/grunnmur) Felles for alle typar buer er at dersom dei skal kunne rekonstruerast/restaurerast, bør dei vera i ein slik stand at det er råd å tolke opphavleg utforming rimeleg sikkert. Det må vera tydeleg kva utstrekking bygget hadde (grunnflate), kor høge langveggane var, kor høge gavlane var og kva vinkel taket hadde. Vidare må opphavleg materialbruk vera kjend. Sjølv om ei bu vert rekonstruert/restaurert, er det vanskeleg, og i dei fleste tilfella ikkje mogleg, å tilfredsstille krav etter Norsk Standard eller plan- og bygningslova. Dei tekniske løysingane som er føreslege her, vil berre vera tillempingar av bygningskroppen innafor dei rammene som kulturminnet tillèt, og vil ikkje kunne tilfredsstille strenge krav til bygningsteknikk og lang levetid. Desse buene vil framleis, også etter ei forenkla restaurering, vera enkle buer for kortvarig opphald, og dei vil høgst sannsynleg måtte utbetrast med stuttare intervall enn det som er vanleg når det vert bygd i dag. For buer med mykje treverk vil det ofte vera naudsynt å byte ut mykje av materiala på grunn av råteskadar og kollaps. I slike tilfelle vil det vera viktig å byte ut treverket med materialar av lik dimensjon og type. Taket bør visast spesiell merksemd på alle typar buer. Dersom rekonstruering/restaurering skal gje ei løysing med ei rimeleg levetid, altså at bua ikkje blir skadd av vatninntrenging som kan skade innvendig eller utvendig treverk, bør det vera tillate å bygge opp taket etter tilnærma moderne teknikkar i sjølve konstruksjonen. Likevel bør utvendig utsjånad og materialbruk vera tilpassa den opphavlege. For buer med enkle steinveggar og dei med veggkonstruksjon i treverk bør det vera eit visst takutstikk for å hindre vatn frå taket i å renne inn i trekonstruksjonen. For steinbuer som blir rekonstruerte/restaurerte med ei trekasse innvendig, vil det også vera ein fordel med takutstikk, for at ikkje den nye trekassa vert utsett for vatninntrenging. Men sidan det kan ha vore tradisjon for å bygge utan takutstikk der steinbuene vert sett opp med doble veggar og jord imellom, kan 31 NIKU Oppdragsrapport 136/201 slike rekonstruerast/restaurerast utan takutstikk. 3 Men det kan medføre vatn som treng ned i jordmassen sprenger ut steinveggane når frosten kjem og massen frys. Vanlegvis er det ein fordel å hindre vatn i å trenge gjennom og inn i konstruksjonar, først og fremst der det er treverk til stades, men også for å hindre eventuell muggdanning, som vil kunne gje dårleg inneklima. I steinbuene var dette neppe noko viktig poeng, ettersom dei var rå i utgangspunktet (jordgolv), men ved ei eventuell rekonstruksjon eller restaurering er dette eit poeng. Ettersom det er svært få ljosopningar i dei fleste buer, bør det opnast for at det i spesielle tilfelle kan vera tillate å setje inn vindauge i døra, eller i taket, som er den konstruksjonsdelen som sjeldan er opphavleg, og som oftast må bytast ut. Dersom det blir gjeve løyve til å setje inn takvindauge, må ein likevel vera merksam på at dette er ei vanskeleg løysing reint teknisk sjølv i tak bygde opp etter nye standardar. Endå vanskelegare er det å få eit torvtak tett rundt eit takvindauge. Det kan fort oppstå lekkasjar. Det bør leggjast beslag under torva/steinhellene, dekt av denne/desse. Både for å bevare vindauget, og for å ta omsyn til fjernverknaden av vindauget i taket, bør det setjast lem over takvindauget når bua ikkje er i bruk. Ei ny frittståande trekasse inne i eksisterande steinbu kan vere ei god løysing for å verne den opphavlege bua og gjere den anvendeleg for bruk. Ein slik kasse bør ha avstand til opphavlege veggar, og bør utformast og isolerast som ein moderne konstruksjon (sjå prinsippskisse side 34). 4 Ei slik trekasse bør utformast med treverk i veggar, tak og golv. I prinsippet er ho da mogleg å ta ut att med minimale endringar for den opphavlege konstruksjonen (reversibelt tiltak). Eit unnatak er golvet, dersom det må gravast. Graving vil krevje undersøkingar i grunnen etter § 9 i kulturminnelova. Det bør ikkje tillatast å støype golv på grunnen. Dette vil gjere løysinga langt mindre reversibel. Dersom ei bu som er restaurert tidlegare, har dårlege løysingar, bør ein vurdere å krevje desse løysingane endra etter retningslinene i dette dokumentet, som grunnlag for å tillate eventuelle nye endringar. Det finst ikkje oversikt over tidlegare restaurerte buer til å gje detaljerte retningsliner for forvaltning, men desse overordna retningslinene bør vere førande både for buer som ikkje før har vore rekonstruerte/restaurerte og for tidlegare rekonstruerte/restaurerte buer: - Den opphavlege konstruksjonen bør dokumenterast godt før eventuelle nye arbeid knytte til restaurering/rekonstruksjon blir påbyrja. For å kunne rekonstruerast må det vera så mykje att av ytterveggen at ein kan sjå spor etter opphavleg høgde og takvinkel. Det er tillate å ta ned veggar heilt eller delvis for å bygge dei opp på ny. 3 Riksantikvaren og andre instansar har påpeika at steinbuer med doble veggar og jord imellom opphavleg ikkje skal ha vore sett opp med takutstikk, for å hindre jordveggen frå å tørke ut, slik at massen smuldrar opp og siv ut så konstruksjonen blir ustabil. Det trengs meir kunnskap om kor utbreidd det har vore å bygge utan takutstikk. 4 Slike løysingar med ei trekasse, er skildra i Riksantikvaren og Miljødepartementet sitt skriv Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (1983). Disse løysingane kan nyttast som utgangspunkt. 32 NIKU Oppdragsrapport 136/201 - - - - - - Det bør ikkje vera tillate å bygge på bua, korkje i høgda, breidda eller lengda. Det bør ikkje vera tillate å bygge til eit byggverk på utsida av opphavleg bu, og heller ikkje å bygge saman fleire buer til ei. Utvendig utsjånad bør verte verande så opphavleg som råd. Det er ikkje tillate å erstatte utvendige flater/veggar med anna materiale enn det som var opphavleg. Der det er treverk og som må bytast ut, bør det så langt råd er nyttast materiale lik det opphavlege. Der det ikkje har vore overflatebehandling, bør det ikkje nyttast slik. På steinbuene bør det ikkje nyttast sementbasert mørtel for å feste steinar i veggane, som ikkje er i tråd med opphavleg tradisjon, og er heller inga god løysing reint teknisk. Mørtelen bind dårleg til naturstein, han er stiv og tåler ikkje rørsler i veggen, men sprekk opp. Då kan han falle ut og samstundes rive med seg heile eller delar av steinen. På sikt vil dette bryte ned veggen. Samstundes gjer sementmørtelen veggen for tett, for han har godt av å vera luftig. Det bør berre vera tillate å bytte ut skadd treverk, men det bør så langt som råd skiftast ut med tilsvarande materiale og dimensjon. Det bør ikkje vera tillate å lage ny opning i veggen for å sette inn vindauge, men vurderast ved behov om det kan setjast inn i takflata eller i dørbladet. Det bør vera tillate å bygge ei «kasse» inne i den opphavlege bua, så sant denne ikkje går ut over opphavlege dimensjonar på bua. Ei slik kasse kan om ønskjeleg byggast opp som ein moderne konstruksjon med isolasjon, men bør ikkje på nokon måte skade den opphavlege veggkonstruksjonen. Kassa bør halde avstand til opphavlege veggar, og bør utformast og isolerast som ein moderne konstruksjon, med treverk i veggar, tak og golv. Graving vil krevje undersøkingar i grunnen etter § 9 i kulturminnelova. Det bør ikkje tillatast å støype golv på grunnen. Det bør vera tillate å bygge opp taket/takkonstruksjonen etter moderne prinsipp, men den utvendige utsjånaden skal vera så lik den opphavlege som råd. Dette inneber at moderne materialar ikkje bør vera synlege på utsida. Taket bør ha opphavleg vinkel (eller så nær som det er råd å kome). Taket bør takkast med torv eller steinheller der det har vore vanleg. NB: Det må søkast om å få ta torv og stein til taket. På buer med utvendig veggkonstruksjon i tre bør det vera eit lite takutstikk. Utstikket bør vera 0-5 cm på gavlveggar og om lag 10 cm på langveggar. Steinbuer med enkle veggar bør også ha eit tilsvarande lite takutstikk. Steinbuer med doble veggar kan restaurerast/rekonstruerast utan takutstikk. Med ei slik løysing er det ekstra viktig at det er nok luft mellom steinveggen og den nye trekassa, slik at i alle fall ein del av råmen frå taket/veggane kan tørke opp og luftast ut. Det bør ikkje vera tillate å leggje papp- eller platetak. Dette bør berre nyttast som mellombels naudløysing for å hindre forfall, og bør ikkje godtakast som varig løysing. Pipa skal murast opp i naturstein, men det kan setjast ei stålpipe inni ho. NB: det må søkjast om løyve til å ta stein til pipa. Eventuelle takvindauge bør dekkast til med lem når bua ikkje er i bruk. Ei lem bør også vurderast for døra, eventuelt ei varedør utan vindauge. Dersom det skal setjast luke for døra når bua ikkje er i bruk, kan det vurderast om det skal gjevast løyve til at ein større del av døra kan fyllast med glas. 33 NIKU Oppdragsrapport 136/201 - Det bør vera tillate å setje inn ny dør dersom den opphavlege ikkje er bevart. Ny dør skal vera i ein nøktern stil og lagast som enkel labankdør, samansett av breie bord. Illustrasjonen viser korleis det kan byggjast ei «trekasse» inne i den opphavlege steinkonstruksjonen i ei steinbu. Illustrasjonen er teke frå Riksantikvaren og Miljødepartementet sitt skriv Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (1983). Biletet viser korleis ein moderne konstruksjon med bruk av knotteplast under taktorva kan skjulast av eit lag med never som blir lagt rundt kanten ytst på takflata. Foto: AC Flyen, NIKU 2015 34 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Biletet viser ei litt uheldig løysing med papp som stikk nedanfor takflata. Denne burde vore skjult med never slik som på illustrasjonen over. Døra er sett inn ved hjelp av sementmørtel, noko som gjev ein rufsete og uoriginal utsjånad. Med enkle middel kan dette endrast slik at bygningen framstår meir truverdig som eldre, tradisjonell steinbu. Desse løysingane finst det sansynlegvis fleire døme på. Foto: AC Flyen, NIKU 2015 35 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Biletet viser at det brukt sementmørtel i fugene mellom naturstein. Dette er ei uheldig løysing som ikkje bør nyttast. Sementmørtel er ikkje i tråd med opphavleg tradisjon, og heller ikkje noka god løysning reint teknisk. Mørtelen bind dårleg til naturstein, han er stiv og tåler ikkje rørsler i veggen, men sprekk opp. Då kan han falle ut og samstundes rive med seg heile eller delar av steinen. På sikt vil dette bryte ned veggen. Samstundes gjer sementmørtelen veggen for tett, det ville vera betre om han var luftig. Foto: AC Flyen/NIKU 3. Samiske kulturminne Det er for lite kunnskap kva som finst og type av samiske kulturminne til å kunne gje praktiske retningsliner for handtering av dei. Kulturminna bør kartleggast, og deretter bør det utarbeidast retningsliner for tiltak tilpassa dei aktuelle kulturminna. 4. Ferdselsårer og -spor Bruken av fjellet i vår tid er først og fremst knytt til jakt og fiske og til rekreasjon/turisme. Slepene som blir nytta til frakt av fangst og vilt og til drift av turisthyttene, vil bli haldne i hevd av bruken. Sameleis vil turstigane mellom turisthyttene bli haldne i hevd av bruk. Dei gamle slepene som ikkje lenger er i bruk, er derimot i ferd med å gro igjen, sjølv om det tek lang tid så langt til fjells. Vi vil ikkje føreslå nokon spesielle retningsliner for tiltak på sleper og stigar, men føreslår at bruken av desse blir overvaka slik at eventuell uønskt slitasje kan stoppast og om mogleg og ønskjeleg reverserast. Dette vil bli stadig meir aktuelt knytt til eit klima i endring mot stadig meir nedbør, sterkare vind og endra temperatur. 36 NIKU Oppdragsrapport 136/201 5. Innretningar for jakt, fangst og fiske Desse innretningane kan ofte vera små og ikkje så lette å oppdage i det vid landskapet i fjellet. Dei vil derfor ofte vera sårbare for menneskeleg påverknad. Det vil sjeldan vera aktuelt med tiltak knytte til desse innretningane, utover å ta omsyn til dei når det blir lagt nye stigar eller om det blir reist nybygg. Innretningar med høg verneverdi kan eventuelt skjøttast gjennom at vegetasjon blir halden nede, men på generell basis vil det sannsynlegvis vera lite aktuelt å prioritere dette. 6. Store bygningar/bygningskompleks for turisme Nybygg Det kan vera aktuelt med nybygg som sikringsbu, eller anna frittståande bygg, i tilknyting til turisthytte. Dersom det kan dokumenterast behov for dette, bør gjevast løyve til slike nybygg (i nokre tilfelle, til dømes når det gjeld sikringsbu, er løyve naudsynt før igangsetting av tiltaket). Det bør stillast krav om at slike nybygg skal tilpassast verneverdige bygningar og bygningsmiljø, men det er vanskeleg å gje spesifikke retningsliner ettersom desse anlegga er så ulike. Ein bør vurdere verknaden til nybygget frå både fjernt og nært hald. Enkelte bygningsmiljø i fjellheimen er bygde på i mange omgangar, og verneverdien kan vera vanskeleg å sjå. Ettersom dei fleste av desse anlegga er relativt store, blir dei synlege i landskapet på ein heilt annan måte enn små, private hytter og buer. Det bør gjerast ein enkel gjennomgang av turisthyttene, der ein mellom anna vurderer påbyggingsskikken. Mange av anlegga består av svært store einingar som er bygde på i alle retningar. Dei følgjer ikkje alltid nokon regional eller lokal byggeskikk, men sin egen påbyggingsskikk. I verneområda er det eit poeng at dei skal tilpassas landskapet. Kanskje ville anlegga blitt noko mindre ruvande om bygningsmassen vart utforma som fleire mindre bygg. Oppføring av nybygg vil uansett vera søknadspliktig etter plan og bygningslova. Ved all nybygging må det vurderast om det er forsvarleg å gjere inngrep i grunnen, med omsyn til eventuelle automatisk freda kulturminne, og all graving må avklarast etter kulturminnelova § 9 5. Ombygging/tilbygg Det kan vera aktuelt med ombygging av eller tilbygging til turisthytter og fjellstover. Slitasjen på fleire av desse anlegga er høg, og stadig nye krav til drifta frå helsestyresmakter og andre gjer det naudsynt å gjennomføre bygningsmessige tiltak frå tid til annan. I kulturminnesamanheng bør det stillast krav til at slike arbeid skal tilpassast eventuelle verneverdige bygningar og bygningsmiljø, men det er vanskeleg å gje spesifikke retningsliner ettersom desse anlegga er så ulike. Det bør gjerast ei spesifikk vernevurdering i kvart enkelt tilfelle, og at generelle retningsliner for å ivareta eventuelle verneverdiar blir sett opp. Ombygging og tilbygg vil som regel vera søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Restaurering Det kan vera aktuelt med restaurering av turisthytter og fjellstover. Ofte viser dette seg å bli såpass omfattande at det snarare kan kallast ombygging. Sjå derfor punktet over. 5 §9: «Ved planlegging av offentlige og større private tiltak plikter den ansvarlige leder eller det ansvarlige forvaltningsorgan å undersøke om tiltaket vil virke inn på automatisk fredete kulturminner […].» 37 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Vedlikehald Det bør ikkje bli stilt særskilte krav til vedlikehald av desse anlegga utover at vedlikehaldet berre skal oppretthalde kvaliteten, og ikkje føre til noka endring. For anlegga blant turisthyttene med høgast verneverdi, bør det utarbeidast spesielle retningsliner med krav om å oppretthalde opphavleg utsjånad, materialar og konstruksjonar. Vedlikehaldet skal berre vera mindre arbeid som ikkje endrar noko ved det utvendige til byggverket. Vedlikehaldsarbeid bør i desse tilfella gjerast med opphavlege materialar og metodar. Samstundes er det ofte slik at ein eventuell verneverdig bygning berre er ein del av den totale bygningsmassen i desse anlegga. Ofte kan han også vera bygd inn i heile bygningskomplekset. Dette tyder at det vil vera naudsynt å utarbeide individuelle avtaler/krav til vedlikehald. 7. Landskapselement knytte til munnleg tradisjon Landskapselement kan vera sårbare for eventuell menneskeleg påverknad. Det vil likevel sjeldan vera aktuelt med tiltak knytte til dei utover å ta omsyn til dei når det blir lagt nye stigar eller reist nybygg. Landskapselement knytte til dømes til tidlegare beitebruk/stølsvollar med høg verneverdi kan eventuelt skjøttast gjennom at vegetasjon blir halden nede, men på generell basis vil det sannsynlegvis vera lite aktuelt å prioritere dette. Nokre av landskapselementa kan vere automatisk freda i medhald av kulturminnelova, og det bør gjerast ei kartlegging med sikte på å avklare dette. 8. Mindre bygningar for fritid og næringsverksemd Nybygg Etter dei generelle føresetnadene i verneføresegna og forvaltingsplanen om at landskapet skal vera verna mot utbygging og ombygging, og at nybygg skal haldast på eit minimum, bør det føresetjast at nybygging i denne kategorien bygningar vil vera sjeldan. Det er naturleg å tenkje at eventuelle nybygg berre vil vera aktuelt som erstatning for bygningar som av ein eller annan grunn ikkje lenger er råd å bruke. Dersom verneverdien på bygningen som ikkje lenger skal/kan brukast er høg, bør det vurderast om denne bygningen kan bevarast som kulturminne. Ein problemstilling er at han då neppe vil bli halden ved like, og vurderinga vil derfor kunne avhenge av om denne bygningen kan bli verneverdig som ruin (som han etterkvart vil bli til). Dersom verneverdien er låg, bør det setjast krav om at bygningen blir riven før ny blir reist. Dersom den gamle bygningen låg i nærleiken av eit anna kulturminne med høg verneverdi, bør det gjerast ei vurdering av om den nye bør setjast opp på same stad som opphavleg, eller om han bør flyttast bort frå kulturminnet. Denne vurderinga vil mellom anna avhenge av kor gamal bygningen som skal erstattast er i høve til det aktuelle kulturminnet/kulturmiljøet. Ei eventuell ny plassering må òg vurderast nærare med omsyn til fjernverknad. Nybygg bør tilpassast byggeskikken i dimensjon, form og detaljering, typisk for den nøkterne byggestilen på Hardangervidda, og til natur og dyreliv når det gjeld plassering. Tilpassing med omsyn til verknaden i landskapet på avstand er vesentleg for vurdering av eit nybygg. Nybyggets verknad i landskapet på avstand er vesentlig. Ved all nybygging må det vurderast om det er forsvarleg å gjere inngrep i grunnen, med omsyn til eventuelle automatisk freda kulturminne, og all graving må avklarast etter kulturminnelova § 9. Sjå punktet 11. Nybygg seinare i dette kapitlet. 38 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Ombygging/tilbygg Arbeidet må følgje generelle krav i plan- og bygningslova. Det bør setjast krav om å dokumentere den opphavlege konstruksjonen før nye arbeid blir påbyrja, dette er spesielt viktig dersom verneverdien er høg eller middels høg. Vernestatusen til bygningen må avklarast før det blir gjeve løyve til noka form for ombygging/tilbygg. Dersom det skal vera aktuelt med påbygging/ombygging av eksisterande hytter, bør uansett regelen om ikkje å overstige 45 kvadratmeter gjelde. Elles bør moglegheit for påbygging avhenge av om bygningen har vernestatus/verneverdi og om han ligg nær eit viktig kulturminne. Ligg det til dømes ei bu i nærleiken, bør avstanden til denne avgjere om det vil vera råd å bygge til etter same prinsipp som avstand og storleik skissert i punktet Storleik under punkt 11. Nybygg. Ei eventuell ombygging eller tilbygging bør ikkje endre karakteren til bygningen monaleg. Bygningskroppen skal framleis ha ein nøktern utsjånad. Dersom bygningen ligg ute i viddelandskapet, bør utvendig fargebruk haldast nøytral og ikkje altfor ljos, slik at bygget ikkje blir for synleg på avstand. Dersom opphavleg fargebruk er av ein type som ikkje er ønskjeleg (til dømes for ljos, kvite vindauge, mykje metall i vindauga, etc.) bør det vurderast om det skal setjast krav til annan fargebruk ved ombygging. For innvendig utforming bør det ikkje gjelde særskilte krav. Restaurering Arbeidet må følgje generelle krav i plan og bygningslova. Som for ombyggingsarbeid, bør vernestatusen til bygningen avklarast før det blir gjeve løyve til noka form for restaurering. Bygningane bør følgje hovudprinsippet om nøktern utføring. Dersom hyttene ligg i nærleiken av eit kulturmiljø, bør dette medføre noko strengare krav til utvendig utføring. Dette bør først og fremst gjelde fargebruk og taktekkingsmateriale. Den restaurerte bygningen bør ikkje påverke opplevinga av kulturminnet i vesentleg grad. I fjellet tyder dette som oftast at han bør vera så nøytral som råd. Det bør setjast krav om å dokumentere den opphavlege konstruksjonen før nye arbeid blir påbyrja, dette er spesielt viktig dersom verneverdien er høg eller middels høg. For innvendig utforming bør det ikkje gjelde særskilte krav dersom verneverdien er låg. Dersom interiøret til bygningen skulle ha høg eller middels verneverdi, bør det også stillast krav til eventuell innvendig restaurering. Desse krava vil avhenge av kva som er verneverdig ved interiøret til bygningen. Slike vurderingar må gjerast i forkant, dersom det ikkje allereie finst ei vernevurdering. Vedlikehald Det bør ikkje stillast særskilte krav til vedlikehald av desse hyttene, utover at vedlikehaldet berre skal oppretthalde kvaliteten, og ikkje føre til noka endring. 9. Tekniske kulturminne Nybygg Nye tekniske installasjonar bør følgje eigne retningsliner. Ved eventuelle nye anlegg må det takast omsyn dersom desse blir lagt i nærleiken av eller skal erstatte eldre anlegg med høg eller middels verneverdi. Dersom eit eldre anlegg med høg verneverdi må erstattast av eit nytt, og det 39 NIKU Oppdragsrapport 136/201 gamle har høg verneverdi, bør det vurderast om det gamle kan behaldast som eit rent kulturminne (ute av bruk). Ved all nybygging må det vurderast om det er forsvarleg å gjere inngrep i grunnen med omsyn til eventuelle automatisk freda kulturminne, og all graving må avklarast etter kulturminnelova§ 9. Undersøkelsesplikt m.v. Ombygging/tilbygg Naudsynt ombygging av tekniske kulturminne i bruk med omsyn til sikkerheit bør vera tillate. Dersom kulturminnet som skal byggast om har høg verneverdi, skal det takast omsyn til verdien ved ombyggingsarbeid. Behovet for slike arbeid på kulturminne med høg verneverdi bør dokumenterast godt, og det bør ikkje tillatast ombygging som endrar preget til kulturminnet i vesentleg grad. Store endringar kan vera meldepliktige og krevje løyve både etter plan- og bygningslova og verneføresegne. For tekniske kulturminne med høg verneverdi bør ein streve etter å la det gamle stå og føye til nyare delar for å fylle naudsynte behov. Eventuelt nye tillegg må ta omsyn til verdiane ved det gamle, men kan gjerne skilje seg frå opphavleg konstruksjon, slik at det er råd å sjå kva som er nytt. For tekniske anlegg med låg eller middels verneverdi, vil det truleg ikkje vera aktuelt med restaurering, men snarare ombygging eller riving og oppsetting av nytt. For anlegg med høg verneverdi må ein sjå til å dokumentere den opphavlege konstruksjonen godt før eventuelle nye arbeid vert påbyrja. For anlegg med middels verneverdi bør det vurderast om den skal verte dokumentert før ombygging eller eventuelt riving. Restaurering Naudsynt restaurering av tekniske kulturminne i bruk bør vera tillate. Dersom dei har høg verneverdi, skal det takast særskilte omsyn til dette ved restaureringsarbeid. Dette inneber at dei ikkje skal endrast og at arbeid skal gjerast med same type materialar og konstruksjonsløysingar som opphavleg. Unntak frå dette er krav til sikkerheit som må ivaretakast. Dersom slike krav kjem i konflikt med verneverdiane, må det vurderast i kvart einskilt tilfelle korleis det skal handterast. Vi føreslår følgjande generelle retningsliner for tekniske kulturminne med høg verneverdi: - Naudsynte utskiftingar bør gjerast så likt det opphavlege som mogleg. Overordna utsjånad bør ivaretakast, men dersom det må gjerast endringar av omsyn til tryggleiken, bør desse utførast så varsamt som mogleg. Jamnleg ettersyn og vedlikehald bør etterstrevast då dette kan hindre skader i å utvikle seg med påfølgjande behov for store utskiftingar. Sørg for å dokumentere den opphavlege konstruksjonen godt før nye arbeid blir påbyrja. For tekniske kulturminne med låg eller middels verneverdi vil det truleg ikkje vere aktuelt med restaurering. Vedlikehald Det bør ikkje stillast særskilte krav til vedlikehald av tekniske kulturminne utover at vedlikehaldet berre skal oppretthalde sikkerheit og kvalitet, og ikkje føre til noka endring. 40 NIKU Oppdragsrapport 136/201 10. Bygningar for fast busetting Det ligg i definisjonen at bygningar for fast busetting er i bruk og såleis må kunne utviklast og endrast i takt med behova til brukarane. Desse bygningane ligg ikkje inne på sjølve vidda, men i bygdene ikring. Dei vil derfor ikkje sette like stort preg på sjølve vidda. Nybygg Det vil vera naturleg at krav til nybygg er mindre strengt for denne kategorien enn for kulturminnekategoriar som ligg inne på sjølve vidda. Det bør likevel stillast klåre krav til å dokumentere behov for (og rettar til) nybygg. Vi føreslår ikkje særskilte krav til nybygg utover dei generelle krava etter plan- og bygningslova, og eventuelt kulturminnelova dersom nybygget vil liggje i nærleiken av freda bygg eller anlegg. Ved all nybygging må det vurderast om det er forsvarleg å gjere inngrep i grunnen med omsyn til eventuelle automatisk freda kulturminne, og all graving må avklarast etter kulturminnelova § 9. Undersøkelsesplikt m.v. Ombygging/tilbygg Før iverksetting av ombyggingsarbeid bør eventuell vernestatus og verneverdi kartleggjast. Dersom bygningen er freda etter kulturminnelova eller verna etter plan- og bygningslova, vil det gjelde særskilde krav. Dersom verneverdien til bygningen er låg, vil det ikkje vera særskilte krav til ombygging/tilbygg innan denne kategorien utover dei generelle krava etter plan- og bygningslova, og eventuelt kulturminnelova dersom bygget ligg i nærleiken av freda bygg eller anlegg. Store endringar kan vera meldepliktige og krevje løyve både etter plan- og bygningslova og etter verneføresegnene. Restaurering Som for ombyggingsarbeid, bør eventuell vernestatus og verneverdi kartleggjast før iverksetting av restaureringsarbeid. Dersom bygningen er freda etter kulturminnelova eller verna etter plan og bygningslova, vil det gjelde særskilde krav. Dersom verneverdien til bygningen er låg, vil det ikkje vera særskilte krav til restaurering innan denne kategorien utover dei generelle krava etter plan- og bygningslova, og eventuelt kulturminnelova dersom bygget ligg i nærleiken av freda bygg eller anlegg. Store endringar kan vera meldepliktige og krevje løyve både etter plan- og bygningslova og etter verneføresegnene. Vedlikehald Vi føreslår ikkje særskilte krav til vedlikehald for bygningar i denne kategorien utover dei generelle krava etter plan- og bygningslova, og eventuelt kulturminnelova dersom bygningen er freda. 11. Nybygg, mindre hytter Dette kapitlet er ikkje knytt til ein einskilt av kulturminnekategoriane, men gjeld fleire av dem i de tilfella kor det kan vera aktuelt å setja opp nybygg. Dette vil først og fremst vera til erstatning for ei bu som ikkje kan restaurerast, eller ei nyare hytte som ikkje lenger er eigna til bruk, slik at eit nybygg såleis vil liggje oppe på sjølve vidda. Dette må avklarast i kvart einskild tilfelle, både med omsyn til at eigaren har rett til å føre opp nybygg, og at det er eit klårt behov fordi den gamle ikkje kan rekonstruerast eller restaurerast. 41 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Følgjande krav bør gjelde for slike nye buer/hytter: Arbeidet må følgje plan- og bygningslova. Nybygg skal ta omsyn til byggeskikken på i dimensjon, form og detaljering som samsvarer med den nøkterne byggestilen som har prega vidda, og til natur og dyreliv når det gjeld plassering . Det må vurderast ved all nybygging om det er forsvarleg å gjere inngrep i grunnen med omsyn til eventuelle freda kulturminne. All graving må avklarast etter kulturminnelova § 9. Undersøkelsesplikt m.v. Plassering: Som generelt prinsipp bør nybygg vera ei mindre hytte som blir plassert i god avstand frå bygget ho erstattar. Dersom dette er ei einsleg bu, bør avstanden vera minimum 50 m. Dersom bygningen som skal erstattast, ikkje er verneverdig, eller har låg verneverdi, bør det vurderast om han skal rivast og nybygget setjast opp på same staden. Dersom nybygget erstattar ein bygning som er del av eit større kulturmiljø, bør det vurderast om erstatninga kan setjast opp i nærleiken av bygget ho erstattar. Nybygget må få ei nedtona plassering i landskapet og må ikkje leggjast på bakketoppar/åsar slik at ho skape silhuett. Hyttene bør liggje ei og ei i terrenget og ikkje klumpast saman dersom det skal setjast opp fleire erstatningsbuer i same område. Vert dei plasserte saman, vil dei verke langt meir dominerande enn om dei ligg enkeltvis i terrenget. Dette må likevel vurderast opp mot verknaden buene/hyttene vil ha for villreinen. Retningsliner for storleiken til nybygg avheng av avstanden til kulturmiljøet/bua som nybygget erstattar, og om dette/denne har høg verneverdi. Det skal uansett ikkje overstige 45 kvm. Dersom nybygget erstattar ein bygning med høg verneverdi, og det skal plasserast i nærleiken av dette kulturminne (minimum 50 m i frå), bør det vurderast om maks-storleik skal vere ned mot 25 kvm for ikkje å overdøyve kulturminnet. Mindre kvadratmetermål enn 25 bør ikkje krevjast. Utforming: Nybygg bør ha det same nøkterne utsjånaden som pregar bygningane på vidda. Bygget bør vera knapt, med små og lite synlege detaljer, og nøytrale fargar. Takvinkelen bør tilsvara vinkelen dei fleste tak på vidda har/har hatt (22-27 grader er vanleg brukt). Hyttene bør ha takutstikk, men det bør haldast lite, og ned mot 0-5 cm på gavlveggene og om lag 10 cm på langveggene, slik Riksantikvaren og Miljødepartementet rår til i Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda (1983). Det er likevel sjeldan nyare hytter har et så lite takutstikk. Ein mal kan vera dei eldre trehyttene som fortsatt står, slik som i stølsmiljøet på Hellehalsen, Eidfjord, som har et noe større utstikk, sjølv om det fortsatt er relativt lite. Alle nye bygg bør ha saltak i lengderetninga i høve til terrenget. Unntak er bygningar som blir lagt inn i terrenget med gavlen ut, slik dei gamle buene ofte var lagt. Det bør ikkje vera for mange vindauge, og vindauga bør ha små dimensjonar (gjerne oppdelte med sprosser), slik at dei ikkje pregar opplevinga av bygget på avstand, men dette må tilpassast kvar enkelt bygning. Bygget bør ikkje ha meir enn ein etasje. Hems kan eventuelt tillatast, men bør ikkje vera for høg. Grunnmur bør vere lågast mogleg og helst av naturstein (uttak av lokal stein er søknadspliktig). Dersom ramma vert sett på pelar, bør roma mellom dei blendast/skjulast. Terrenget rundt bygget bør ikkje planerast. Materialbruken skal vere tilpassa byggeskikken på vidda med stein, torv, tømmer, panel, trevindauge og tredører. For å kunne ta stein og torv frå nasjonalparken, må det søkjast løyve. Til kledning bør det brukast virke av god kvalitet. Ein bør unngå bruk av villmarkspanel der det ikkje er tradisjon for slik kledning. Kledning av god kvalitet kan gjerne stå ubehandla. 42 NIKU Oppdragsrapport 136/201 Fargebruk: Nøytrale fargar som går inn i naturen, gjerne ubehandla trevirke. Dersom treverket blir måla/beisa, bør det nyttast farge med same verknad som mørk grå eller militærgrøn. Vindauge skal vera i same farge eller tilnærma same farge som vegg. Det blir ikkje sett særskilte krav til innvendig utforming. Illustrasjonen viser døme på korleis ei ny bu kan leggjast inntil og ned i terrenget. Forblenda med naturstein og tekt med torv blir ho lite synleg. Illustrasjonen er også eit døme på korleis det kan setjast opp to bygningskroppar (med til saman 45 kvm) som ofte kan vera ei betre løysing med tanke på fjernverknad enn eitt stort bygg. Denne utforminga har trekk frå byggeskikken på vidda. Illustrasjonen er henta frå Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda utgjeve av Riksantikvaren og Miljødepartementet (1983). Illustrasjonen viser døme på oppbygging av ein ny bygning, forblenda på utsida med tørrmur i naturstein. Denne utforminga har trekk frå byggeskikken på vidda. Illustrasjon frå Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda utgjeve av Riksantikvaren og Miljødepartementet (1983). 43 NIKU Oppdragsrapport 136/201 7 Oppfølgjande tiltak I gjeldande forvaltingsplan (2011) er det peikt på fleire viktige oppfølgjande tiltak for forvalting av verneområda, i tillegg til utarbeiding av kulturminneplan: • • • • Utvikle plan/system for overvaking av verneområda, inklusiv kulturminne. Dei fleste andre nemnde oppfølgjande tiltak er foreslått innarbeidde i ein slik overvakingsplan. Overvakinga skal dokumentere tilstand, påverknad og tiltak som grunnlag for ei heilskapleg miljørapportering av verneområda. Informasjonsplan for å dekkje informasjonsbehov om verneformål, verneverdiar og godkjente brukarinteresser. Dette omfattar mellom anna informasjon om dei særskilte tilhøva i Hardangervidda nasjonalpark, å utpeike stader og lage plattformar for informasjon (internett, innfallsportar til verneområda, brosjyremateriell m.m.), rettleiing til besøkande, skular og barnehagar m.m. Utarbeide ein kortversjon av forvaltingsplanen som informasjon til søkjarar om byggjeløyve og motortransport. Utarbeide skjema for forenkla driftsplan for eigedomar og andre einingar for søknader om byggjetiltak og motorferdsel. Vi støttar oppfatninga om at det er behov for desse oppfølgjande tiltaka, både når det gjeld overvaking, informasjon og rettleiing for eigarar og brukarar. Vi meiner at ein kulturminneplan kan omfatte alle desse punkta når det gjeld kulturminne. For å få til dette på ein tilfredsstillande måte, rår vi til følgjande: • • • • Jamnleg og syklisk overvaking. For bygningar kan det vera naudsynt å registrere endringsgrad i tillegg til tilstand, påverknad og tiltak. Registreringa kan gjerast som i programmet til Riksantikvaren for SEFRAK-kontrollregistrering, slik det vert utført kvart femte år i utvalde kommunar. Der vert det registrert om bygningar er uendra/endra (i stor, middels, liten grad), om dei er tapte, kva tilstand dei er i (intakt, truga, sterkt truga, falle i ruin) og med meir spesifiserte underkategoriar av endring, slik som til dømes tilbakeføring til opphavleg uttrykk m.m. 6 For ei systematisk og ressurssparande overvaking av ei større mengd kulturminne kan det vurderast å ta i bruk flybore laserskanning (LiDAR). Forbetre, kontrollere og samkøyre bruk av Askeladden for registrerte kulturminne og kategoriar av kulturminne på Hardangervidda. Det kan vera føremålstenleg å utarbeide ei handbok for verdivurdering av kulturminne, ikkje minst for bygningar, saman med ei rettleiing for innføring av data i Askeladden, slik at registreringane skjer på ein einskapleg måte. Eit prøveprosjekt med digital registrering (nettbrett) på staden med moglegheit for automatisk in situ innlegging av foto og teikning av kulturmiljø, slik som skjer i Modum i Buskerud (i samarbeid med firmaet Geomatikk), bør vurderast for Hardangervidda. Gjennomføre ytterlegare registreringar av kulturminne på Hardangervidda. Finne ut kor gamle dei registrerte kulturminna i verneområda er for å avklare fredingsstatus 6 Sidan 2010 har NIKU oppdrag for Riksantikvaren med miljøovervakingsprogrammet kalla Gamle hus da og nå. NIKU har også hatt overvakinga av tilstanden til arkeologiske kulturminne på oppdrag for Riksantikvaren. 44 NIKU Oppdragsrapport 136/201 • • • • • • • • Dokumentere karakteren, historikken og tilstanden til ståande steinbuer. Dette gjeld også korleis steinbuer med doble veggar og jord imellom bør handterast. Det kan vere usikkert om buene har hatt takutstikk eller ikkje. Begge takformer kan, på kvar sine måtar, ha både positive og negative konsekvensar for buene. Dokumentere historikken til fjellstovene/turisthyttene og finne praksis for å bevare og forvalte dei på best mogleg måte utifrå historia deira og med omsyn til landskapet Dokumentere byggjeskikken på Hardangervidda, inklusiv regionale skilnader, som grunnlag for forvalting etter den komande kulturminneplanen Identifisere ressursbehov for tiltak med omsyn til skjøtsel, vedlikehald og utbetring av kulturminne som delgrunnlag for prioritering. Utarbeide skjøtselsplanar for utvalde kulturminne/kulturminnekategoriar. Informasjon om søknadsprosess, rutinane i sakshandsaminga og kva tiltak som er tillatne når det gjeld kulturminna. Folkemøta viste kor viktig informasjon om kulturminna til eigarar og andre brukarar er, og at det er forvirring med omsyn til sakshandsaminga når det gjeld kva instans hos styresmaktene som har ansvar for kva, og kva som er tillate tiltak. Det bør informerast om kva ein kan forvente å få løyve til, kva instansar hos styresmaktane ein må kontakte, kva som er kravd dokumentasjon, kor lang tid sakshandsaminga er forventa å ta, og at ein kan be om førehandskonferanse med styresmaktene før ein eventuelt engasjerer arkitekt. Utvide byggjerettleiaren med konkrete tekniske løysingar og tilrådd detaljering og materialbruk med omsyn til bygningar Lage informasjonsopplegg for kulturminna, mellom anna med informasjonsskilt og eventuelt brosjyrer o.l. 45 NIKU Oppdragsrapport 136/201 8 Litteratur og kjelder Bitustøyl, Kjell 2013: Rapport frå prosjektet “Dokumentasjon av sørsamisk kultur sør for Jotunheimen”. Upublisert Brekke, Nils Georg 1978: Byggetradisjonar på Hardangervidda, Fjell og Vidde. Den Norske Turistforening. Årbok 1978. Buer på vidda. Handbok i vøling av buer på Hardangervidda. Riksantikvaren og Miljøverndepartementet. Oslo, 1983. Forskrift om vern for Hardangervidda nasjonalpark - Odda, Ullensvang og Eidfjord kommunar, Hordaland, Vinje og Tinn kommunar, Telemark, Hol, Nore og Uvdal kommunar, Buskerud. Forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark med landskapsvernområde, 2011. Utgjeve av Fylkesmennene i Telemark, Buskerud og Hordaland. Innst. S. nr. 361 (1978-79): Om Hardangervidda. Stortinget. Kulturminnelova [Lov om kulturminner]. Klima- og miljødepartementet. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1978-06-09-50 Miljødirektoratet og Riksantikvaren 2015: Kulturminner i områder vernet etter naturmangfoldloven. Oslo/Trondheim. Miljødirektoratet. Rundskriv om forvaltning av verneforskrifter. Veileder M106-2014. NOU 1974: 30 A: Bruken av Hardangervidda. Oslo: Miljøverndepartementet. NOU 1974: 30 B: Hardangervidda – natur, kulturhistorie, samfunnsliv: frå et utval ved kongelig resolusjon 20. august 1971, utredningen avgitt 21. juni 1974. Oslo: Miljøverndepartementet. NOU 2004: 28: Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold (Naturmangfoldloven). Utredning fra et utvalg oppnevnt ved kongelig resolusjon 20. april 2001. Avgitt til Miljøverndepartementet 7. desember 2004. Oslo. Riksantikvaren 2015: Fredningsstrategi. Fredningsstrategi mot 2020 for kulturminneforvaltningen. Oslo: Riksantikvaren. Rettleiar for byggesaker i verneområde på Hardangervidda. 2011. Utgjeve av Fylkesmennene i Telemark, Buskerud og Hordaland i samband med Forvaltningsplanen for Hardangervidda nasjonalpark med landskapsvernområde. https://www.fylkesmannen.no/Documents/%20 Dokument%20FMTE/Milj%C3%B8%20og%20klima/Forvaltningsplaner/Hardangervidda%20vedlegg_6_-_Rettleiar_for_byggesaker_-_revidert.pdf St. mld. nr. 43 (1978-79): Om Hardangervidda. Oslo: Miljøverndepartementet. 46 Norsk institutt for kulturminneforskning er eit uavhengig forskingsog kompetansemiljø med kunnskap om norske og internasjonale kulturminne. Instituttet driv forsking og oppdragsverksemd for offentleg forvalting og private aktørar på felt som by- og landskapsplanlegging, arkeologi, konservering og bygningsvern. Våre tilsette er konservatorar, arkeologar, arkitektar, ingeniørar, geografar, etnologar, samfunnsvitarar, kunsthistorikarar, forskarar og rådgjevarar med spesiell kompetanse på kulturarv og kulturminne. www.niku.no NIKU Oppdragsrapport 136/201 NIKU hovudkontor Storgata 2 Postboks 736 Sentrum 0105 OSLO Telefon: 23 35 50 00 NIKU Tønsberg Farmannsveien 30 3111 TØNSBERG Telefon: 23 35 50 00 NIKU Bergen Dreggsallmenningen 3 Postboks 4112 Sandviken 5835 BERGEN Telefon: 23 35 50 00 NIKU Trondheim Kjøpmannsgata 1b 7013 TRONDHEIM Telefon: 23 35 50 00 NIKU Tromsø Framsenteret Hjalmar Johansens gt. 14 9296 TROMSØ Telefon: 77 75 04 00