Til deg som skal behandlast med cellegift

Transcription

Til deg som skal behandlast med cellegift
Bedriftsnavn: Helse Bergen
Til deg
som skal behandlast
med cellegift
1
Viktig å vita om cellegift
Cellegift (cytostatika)
Formålet med denne brosjyren er å gi generelle opplysningar om
cellegift og bruken dei har i behandling av kreft.
Spørsmål om behandlinga i ditt spesielle tilfelle, bør du retta til
legen som er ansvarlig for ditt behandlingsopplegg.
Kva er cellegift?
Cellegift, cytostatika, er medisinar som vert brukt for å kjempa
mot og drepe kreftceller. Cellegiftbehandling kan ha ulike
føremål.
• Kurera kreftsjukdom
• Gjere svulsten mindre før operasjon eller strålebehandling
• Drepe kreftceller som kan finnast andre stader i kroppen etter
operasjon eller
strålebehandling
• Halda sjukdommen i sjakk og hindra plagar som har årsak i
sjølve kreftsvulsten.
Korleis verkar cellegift?
Kreftcellene får cellegifta tilført via blodet. Cellegifta blir tatt opp
i kreftcellene og verkar slik at celledelinga blir hemma eller
stoppa. Kreftcellene vert øydelagde og tapar evna til å formeira
seg. Ein kombinerer ofte ulike cellegifter i ein
cellegiftbehandling. Dei ulike stoffa angrip kreftcellene på ulike
måtar. Val av behandlingsopplegg, kombinasjonar eller
enkeltstoff, avheng av kreftdiagnose og sjukdomsutvikling.
Korleis blir cellegift gitt?
 Intravenøst i ei blodåre
 Som tablettar eller kapslar som må svelgjast
 Som injeksjon i ein muskel
 Innsprøyting i holrom i kroppen (blære, brysthole osv.)
 I ryggmargen (intrathecalt)
2
Cellegift blir som oftast gitt intravenøst. Sjukepleiar set ein tynn
venekanyle inn i ei blodåre på underarmen, eller det vert lagt inn
eit sentralvenøst kateter.
Cellegift blir gitt som eit drypp gjennom ein plastslange, oftast
via ei infusjonspumpe. Behandlinga kan vara frå få minutt til
fleire timar eller døgn.
Mogelege biverknader
Biverknader skuldast at cellegift også har verknad på kroppens
normale celler. Dette gjeld særleg celler som deler seg raskt
(som hårrøter, beinmarg og slimhinner). Normale celler har
større evne enn kreftceller til å reparera seg sjølv og
påverknaden vert derfor forbigåande.
Dei ulike typane cellegift kan gi ulike biverknader. Grad av
biverknader kan vera vanskeleg å vete på førehand, då det vil
vere individuelle forskjellar. Før behandlinga startar vil
ansvarleg lege og sjukepleiar informera deg om biverknader
cellegifta kan gje.
Effekt på beinmarg
Beinmargen lagar:
Raude blodceller (erytrocytter) transporterer surstoff rundt til
cellene i kroppen.
Cellegift kan føre til nedsett produksjon av røde blodceller, noko
som vil kunne medføre lav blodprosent. Det kan føre til at ein
kjenner seg slapp/svimmel. Nokre gonger kan det bli aktuelt
med blodoverføring.
Kvite blodceller (leukocytter) utgjer kroppens forsvar mot
bakteriar og virus. Lågt tal av kvite blodceller gjer kroppen meir
utsett for infeksjonar. Ein bør då unngå personar som er forkjøla
eller har infeksjonar.
Kontakt Kreftavdelinga på telefon 55 97 20 10 dersom du
opplever nokre av desse symptoma:
 feber (over 38 °C)
 frostbyer
 slapphet
3
Blodplater (trombocyttar) bidreg til å stanse bløding.
Cellegiftbehandling kan gi nedsett produksjon av blodplater i
beinmargen. Du kan då lettare få blåmerker og blødingar,
spesielt frå hud og slimhinne (munn og nase). Du bør bruka
mjuk tannbørste, elektrisk barbermaskin og unngå skader og
rifter i huda.
Effekten på beinmargen er forbigåande. Vanlegvis er
produksjonen av raude blodceller, kvite blodceller og blodplater
lågast ca. 7 – 12 dagar etter cellegiftbehandlinga, deretter tek
produksjonen seg opp igjen.
Håravfall
Cellegift kan skade hårcellene i hårrøtene. Dette kan føre til at du
mister håret – også kroppshår, augevipper, augebryn og skjegg.
Grad av håravfall er avhengig av kva for type cellegift du får.
Nokre typar cellegift gir ikkje håravfall. Hårveksten kjem tilbake
men det kan ta nokre månader etter at behandlinga er avslutta.
Å miste håret kan være ei påkjenning, fordi utsjånaden i løpet av
kort tid blir endra. Håret fell av flekkvis, det kan derfor vere lurt
å klippe håret kort når ein begynner å miste det.
NAV gir økonomisk stønad til kjøp av parykk eller anna
hovudplagg når du legg fram attest frå legen din.
Dersom du ønskjer parykk, bør den skaffast medan du framleis
har håret intakt. Frisøren kan da lettare gi deg råd om farge og
frisyre, slik at forandringa i utsjånaden blir minst mogeleg.
Som alternativ til parykk kan du bruke solhatt, caps eller anna
hovudplagg.
Mage og tarm vert påverka
Nokre cellegifter kan gi kvalme og oppkast. Det blir gitt gode
medikament mot kvalme i samband med behandlinga og ei stund
etterpå. Avspenningsøvingar kan også hjelpa.
Nokre kvalmestillande medikament kan gje forstopping/treg
mage.
4
Nokre cellegifter kan gi forseinka tarmpassasje (gi
forstopping/treg mage). Det finst medikament som hindrar dette.
Mat som motverkar treg mage er kli, fiberrik mat, svisker og
surmelk. Det er viktig å drikke rikeleg, minst 2 liter om dagen.
Andre typar cellegift kan gi diaré (laus mage). Stoppande kost og
rikeleg med drikke er viktig. Det finst medikament som kan
motverka diaré.
Om tarmfunksjonen endrar seg i løpet av behandlinga, ver snar å
ta dette opp med helsepersonell.
Slimhinnene vert påverka
Fleire cellegifter har verknad på slimhinnene. Dette kan blant
anna gi sårheit i munn og svelg, noko som evt. kan merkast
nokre dagar etter behandlinga.
Smakssansen kan også endra seg under cellegiftbehandlinga.
Det er viktig med god munnhygiene og å gå regelmessig til
tannlege.
Får du vanskar med å ete eller drikke, ta kontakt med lege eller
behandlingsstad.
Slimhinneirritasjon i urinblære kan oppstå.
Eggstokkar og testiklar vert påverka
Cellegift kan skade kjønnscellene hos kvinner og menn.
Behandlinga kan endra kvinna sin hormonbalanse. Dette kan
føra til at kvinner opplever ikkje regelmessig menstruasjon, eller
at den stansa heilt.
Testiklane sin produksjon av sædceller vert påverka. Dette fører
til redusert evne til befruktning. Grad og varigheit av redusert
evne til befruktning er avhengig av det enkelte medikament.
Graviditet bør unngåast grunna mogeleg påverknad av
sædceller/eggceller som kan gi skade i arvematerialet.
Samleie bør ikkje gjennomførast utan bruk av sikker prevensjon
i behandlingsperioden og i minst 1 år etterpå.
5
For å beskytte partner vert menn anbefalt bruk av kondom dei 2
fyrste dagane etter avslutta cellegiftbehandling, da sæd kan
innehalde små mengder cellegift.
Menn kan fryse ned sæd før behandlinga starta.
For kvinner finns det utprøvande metode for nedfrysing av
eggstokkvev.
Ei tid etter gjennomført cellegiftbehandling kan fleire oppleva å
bli foreldre på naturlig vis.
Mogelegheit og eventuelt tidspunkt for dette bør drøftast med
legen som er ansvarleg for behandlinga.
Andre biverknader
Nokre stoff kan gje eit kortvarig ubehag, ei svak sviande kjensle
i blodåra. Skulle du oppleve dette, er det viktig at du gir beskjed
til sjukepleiar.
Nokre cellegifter kan gi forbigåande skader av små
nerveforgreiningar, noko som kan gi nedsett kjensle og
kuldekjensle i fingrar og tær. Enkelte cellegifter kan gi feber
same dag. Nokre cellegifter kan gi svekke høyrsel, andre kan gi
pigmentavleiringar (brunlige flekkar) i huda.
Nyrene kan får en ugunstig effekt av cellegift. Nyreskade kan
motverkast ved at store væskemengder blir gitt intravenøst
saman med cellegifta for å sikra god
gjennomskyljing av nyrene.
Andre organ (lever, lunge, hjarte) kan også bli påverka av
cellegiftbehandling.
Det er viktig å gi tilbakemelding til lege og sjukepleiar om
korleis tida mellom cellegiftbehandlingane har vore.
Livsførsel
Det er vanskeleg for dei aller fleste å få veta at ein har kreft.
Både den som er sjuk, familie, vener og kjente står som regel
overfor ein ny, ukjent og usikker situasjon. Det er ein fordel med
mest mogeleg openheit omkring sjukdomen og den behandlinga
6
som skal gis. Den viktigaste støtta for deg i behandlingsperioden
vil vanlegvis vera familie og vener. Du bør fortsette eit mest
mogeleg normalt liv mellom behandlingane. Frisk luft, fysisk
aktivitet og allsidig kost vert anbefalt fordi det verkar gunstig
inn både fysisk og psykisk.
Det er viktig å drikke rikeleg, dette hjelper til med å få skilt ut
avfallsstoffa frå cellegiftbehandlinga.
Alkohol i større mengder bør unngåas, då cellegiftbehandling i
seg sjølv er ei belasting for kroppen.
Enkelt cellegifter kan gi hudreaksjonar i samband med soling.
Snakk med din lege om kva forholdsreglar du bør følgje.
Etter behandling vert avfallsstoffa frå cellegifta skilt ut gjennom
urin og avføring.
Dei fyrste to døgna etter behandlinga bør du ta nokre
forholdsreglar for å beskytta omgivnadane dine.
 Bruk papir for å tørka opp eventuelt søl av urin, avføring
eller oppkast, vask deretter med såpe og vatn.
 Menn bør sitje ved toalettbesøk.
 Skyl ned 2 gonger etter toalettbesøk
 Vask hendene ekstra godt etter toalettbesøk
 Legg bind og bleier i plastpose og knyt opninga saman
 Tekstilar som er tilsølt bør vaskast snarleg
Føljer du førehandsreglane som nemnt her, kan du trygt omgå
andre som før – også barn og gravide.
Seksuell omgang
Cellegiftbehandling føreset ikkje seksuelt fråhald. Kreft er ikkje
smittsamt, intimt samvær gir ingen smitterisiko.
Biverknader av behandlinga kan føre til at ein kjenner seg trøytt
og uopplagd slik at den seksuelle lysta og evna vert redusert.
Partnar til pasient under behandling bør derfor visa omsyn og
forståing.
7
Ein anbefaler bruk av kondom ved samleie dei to første dagane
etter avslutta cellegiftbehandling.
Kreftavdelinga/KOR, Kreftsenter for opplæring og
rehabilitering, har seksolog tilgjengelig for konsultasjonar.
Snakk med din lege dersom du ønskjer kontakt med seksolog.
Alternativ/komplementær behandling
Brukar du alternativ behandling kan dette som oftast skje
samtidig med at du får cellegift behandling. Du må vere merksam
på at enkelte kombinasjonar kan gi ikkje ønska eller alvorlege
biverknader.
Snakk med din behandlingsansvarlige lege om kva alternative
behandling du kan bruke.
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
Telefon: 55 97 20 10
Poliklinikk ____________ tast 1
Poliklinikk sjukepleier ____ tast 2
Post 1 _______________ tast 4
Post 2 _______________ tast 5
Etter kl. 15.30 kjem du direkte til sengepost.
Nettstader for meir informasjon:
http://www.helse-bergen.no/omoss/avdelinger/kreft/Sider/enhet.aspx
www.kreftforeningen.no
www.oncolex.no
http://kreftlex.no/
Godkjent av:
Avdelingsdirektør Olav Mella, dato: 07.03.14
Første utgåve juni 2000, revidert mars 2014
Revidert av fagutviklingssjukepleiar Lise Marie Eide Lien
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
Haukeland Universitetssjukehus, Bergen
8