Grazax allergivaksinasjon - Helse Møre og Romsdal HF

Transcription

Grazax allergivaksinasjon - Helse Møre og Romsdal HF
ØNH Ålesund sjukehus
Pasientinformasjon
Allergivaksinasjon med
GRAZAX tablettar
Velkomen til Øyre- Nase- Hals poliklinikk
Telefon:
ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530)
Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00
NØDNUMMER: 113
Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund
www.helse-mr.no
www.helse-mr.no
Korleis tar du Grazax
Kva er Grazax
Grazax er den første allergivaksinasjon mot graspollen i
tablettform som du kan ta heime. Tabletten inneheld
standardisert allergenekstrakt av graspollen, og behandlar
allergien ved å gradvis styrke immunsystemet sin toleranse
for graspollen.
Den første tabletten skal du ta hos oss på ØNH pol under
medisinsk tilsyn i 20-30 minutt (ved oppstart av behandlinga).
Grazax tabletten skal leggast under tunga og løyser seg opp i
løpet av nokre få sekund.
Du skal då ikkje svelge på eit minutt, samt unngå mat og drikke
i fem minutt etter at du har tatt tabletten.
Behandlingstid
1 tablett dagleg i ca. 3 år.
Fingrane skal vere reine og tørre når du tar tabletten ut av
pakninga.
Generell informasjon
Unngå allergieksponering i den grad det er mogleg 1-2
månader etter du har starta behandling, då dette kan
forsterke reaksjonane av tablettane. Av den grunn startar vi
ikkje vaksinasjon i pollensesongen.
Ved tannkirurgi, tanntrekking eller større sår i munnen, skal
du ha eit opphald i behandlinga for tilheling.
Praktiske tips
Puss ikkje tennene før du tar tabletten, vent heller til etterpå.
Unngå å klø eller ha kontakt med augene dersom du nettopp
har tatt i tabletten. Vask derfor hendene etter du har lagt
tabletten under tunga.
Eventuelle bivirkningar
Pollen fester seg lett i håret. Skyl derfor håret før du legg
deg.
Tørk ikkje tøy ute i pollensesongen. Pollen festar seg lett i
fuktig tøy.
Husk å ta antihistamin tablett før du kjem til time for
oppstart med Grazax (minimum 1 time før). Ta også
astmamedisin dersom du brukar det.
www.helse-mr.no
Kløe i munn, kløe i øyrene, prikking under tunga, nysing og
halsirritasjon. Desse er ofte kortvarige, milde til moderate og
går over i løpet av ei veke.
Dersom du får alvorlege bivirkningar som pusteproblem eller
problem med å svelge, utslett, stemmeforandring, vert svimmel
eller føler at halsen blir tjukk, skal du skal kontakte lege
umiddelbart.
Er det noko du lurer på, så ta kontakt med oss på telefon.
Helsing oss på ØNH-poliklinikk, Tlf 70 10 52 70
www.helse-mr.no