Allergivaksinasjon - Helse Møre og Romsdal HF
Transcription
Allergivaksinasjon - Helse Møre og Romsdal HF
ØNH Ålesund sjukehus Pasientinformasjon Til deg som skal starte opp med allergivaksinasjon Velkomen til Øyre- Nase- Hals poliklinikk Telefon: ØNH-pol: 70 10 52 70 (man-fre 0800-1530) Ålesund sjukehus sentralbord: 70 10 50 00 NØDNUMMER: 113 Helse Møre og Romsdal HF – Postboks 1600 – 6026 Ålesund www.helse-mr.no www.helse-mr.no Behandlingstid Etter vaksinasjonen Oppdosering: Ein gong i veka i sju veker. Vedlikehald: Kvar åttande veke i ca. tre år. Generell informasjon Etter kvar vaksine blir du observert i 30 minutt. Det er viktig du ikkje forlet tildelt plass i tilfelle du skulle bli uvel eller besvime. (Husk å gå på toalettet før konsultasjonen.) Unngå allergieksponering for kjente allergener i oppdoseringsperioden i den grad det er mogleg. I tilfelle, bør vi vente ei veke med vidare vaksinasjon. Etter at du kjem heim, skal du vere obs på seinreaksjonar (6-24 timar). Noter ned desse til neste konsultasjon. Enkelte føler seg litt trøytt etterpå, noko som er normalt. Dersom du har tatt ein annan type vaksine, må vi vente i ei veke med vidare allergivaksinasjon. Om du har feber eller ein infeksjonssjukdom må du også vente til du er blitt frisk. Den dagen du får vaksine skal du ikkje anstrenge deg fysisk og du skal unngå varme bad, badstu og alkohol. Det er også greit å unngå alkohol eit par dagar før vaksinasjonen. Dette for å avgrense reaksjonane på vaksinasjonen. Vi kontrollerer lungekapasiteten din før og etter injeksjonen. Vi kontrollerer også stikkstaden. Antihistamin/ astmamedisin Skulle du får generelle reaksjonar og du er i tvil, skal du ta kontakt med lege. Er det noko du lurer på, så ta kontakt med oss på telefon: 70 10 52 70 Helsing oss på ØNH-poliklinikk, Tlf 70 10 52 70 Astma skal vere godt regulert. Forordna antiallergisk/ antiastmatisk medisiner skal oppretthaldast. Dersom du bruker medisinar ved behov, kan du gjerne ta dei med. Husk å ta antihistamintablett før vaksinering, minimum ein time før. www.helse-mr.no www.helse-mr.no