Tilbakemeldingspraksis – tilbakemelding som støtte for

Transcription

Tilbakemeldingspraksis – tilbakemelding som støtte for
Tilbakemelding for
elevar si læring og
utvikling
Utdanningsdirektoratet, pulje 5 (VFL)
Oslo, 13.april 2015
Siv Måseidvåg Gamlem
[email protected]
Mål – intensjon for foredraget
At du som tilhøyrar etter presentasjonen
• kan argumentere for korleis tilbakemelding støtter
læring og utvikling
• kan forklare korleis tilbakemelding kan vere verdilaus
for læring og utvikling, eller hemme/fremje læring
• kan uttrykke styrker og svakheiter i eigen
tilbakemeldingsspraksis (skulen sin
tilbakemeldingskultur) basert på teori
• kan seie noko om behov for utvikling og endring av
eigen tilbakemeldingspraksis (skulen sin
tilbakemeldingskultur)
Siv Måseidvåg Gamlem
Dei fire prinsippa i «Vurdering for
læring»
Elevar lærer best når dei…
1. forstår kva dei skal lære, og kva
det blir venta av dei
(læringsmål)
2. får tilbakemeldingar som fortel
dei om kvaliteten på arbeidet
eller prestasjonen (kjenneteikn
på måloppnåing)
3. får råd om korleis dei kan gjere
det betre (suksesskriteria)
4. er involverte i sitt eige
læringsarbeid, mellom anna ved
å vurdere eige arbeid og eiga
utvikling
(eigenvurdering/sjølvregulering)
Brosjyre, U.dir
Siv Måseidvåg Gamlem
Tilbakemelding er… (definisjon)
Informasjon som vert gitt eller søkt etter
av ein lærar, elev eller medelev
angåande kvalitetsaspekt av eigen
(eller andre sin) prestasjon og
forståing.
Formålet er at informasjonen skal gi ei
retning for vidare arbeid og læring.
(Gamlem, 2014b)
Siv Måseidvåg Gamlem
Underveisvurdering og tilbakemelding
Gamlem (2014b), Pedlex
Gamlem (2015), Gyldendal Forlag
Tilbakemelding i klasserommet
Forsking viser at
tilbakemelding har ulik
(effekt) påverknad på
læring
•
Over 1/3 av tilbakemeldingar
hemmar/verdilaus for læring
– God effekt: info om
kvalitet ved oppgåve og
korleis forbetre
– Mindre effekt: karakter,
poeng, personretta ros …
(Black & Wiliam, 1998; Hattie & Timperley,
2007; Kluger & DeNisi, 1996)
Siv Måseidvåg Gamlem
“The power of feedback”
(Hattie & Timperley, 2007 – modifisert modell)
Mål: Tilbakemelding skal redusere skiljet mellom
mestring og ønska mål
Måtar å redusere skiljet
Halde/auke innsats eller forlate, justere mål
Kvar er elev? Kvar skal elev? Korleis komme vidare?
Oppgåve - Prosess – Sjølvregulering – Person
Siv Måseidvåg Gamlem
Tilbakemeldingsnivå (Hattie & Timperley, 2007)
Informasjon om korleis kome vidare ut frå ulike
perspektiv:
•
•
•
•
Oppgåvenivå: Oppgåvespesifikk. Fokuserer på spesifikk oppgåve,
produkt (rett, feil, manglar, utsjånad…)
Prosessnivå: Fokuserer på prosessar og læringsstrategiar for å
forbetre oppgåva, produkt og læringsprosess. (t.d. lesestrategi,
skrivestrategi, samarbeidslæring, hjelp- og feilsøking).
Sjølvreguleringsnivå: Utvikle eleven sin kompetanse til å bruke
vurderingsspråk/eigenvurdering («kvar er eg – kvar skal eg – korleis
kome vidare?»)
Personnivå: Informasjon vert retta mot person – tek fokus vekk i frå
arbeidet/oppgåva
Fokuser på oppgåva, prosess og strategi - heller enn
person!
Siv Måseidvåg Gamlem
Bruken av «personretta ros»
Personretta ros vert ofte nytta i tilbakemeldingar – men
har liten positiv effekt på læringsarbeidet.
Fordi:
- flyttar fokus vekk frå oppgåva og over på person
- gir ingen informasjon om korleis kome vidare
«Det lærte du raskt, sannelig er du smart!»
(Dweck, 2008)
Dersom eg ikkje
lærer raskt, er
eg ikkje smart
Siv Måseidvåg Gamlem
Den gode tilbakemeldinga…
Siv Måseidvåg Gamlem
(Mark Barnes, 2012)
Tenk, snakk, del!
• Kva utfordringar
vil det gi for
elevar når
tilbakemeldingar
manglar ut frå
ulike nivå?
Siv Måseidvåg Gamlem
Ei tilbakemelding er meir enn berre ei opplysning – den
assisterer læringsprosessar fordi elevane tek omsyn til
innhaldet: påverkar kognisjon og oppfatning av eiga læring
(Butler & Winne, 1995; Hattie & Gan, 2011, Perrenoud, 1998).
Den oppgåva
blir vanskelig,
vil eg få den
til?
Korleis lage ei
god
oppsummering?
Siv sa eg må
jobbe betre –
men korleis?
Sist brukte
eg tankekart
– det
fungerte!
Innsats
eller
unnvike?
Sist fekk eg
(poeng,
karakter)
Motivasjon
Attribusjon
Domene kunnskap
Sjølvregulering
Siv Måseidvåg Gamlem
Tilbakemeldingar
Effekt og verdi på ei tilbakemelding kan relaterast til formål; som gir føring
for innhald og timing (Gamlem, 2014a; Sadler, 1989, 2010)
• Summativ tilbakemelding
er ei oppsummering av
eleven sitt endelige bidrag
(arbeid/framføring), inneheld
ein karakter eller poeng
• Kan hjelpe til med å forme
neste prestasjon eller
prosess, men er gitt for seint
til å kunne nyttast i høve til
oppgåve som vert vurdert
• Formativ tilbakemelding –
informasjon om eleven sitt
arbeid medan det er i
prosess
• Identifiserer kvaliteter (sterke
og svake sider) ved
prestasjon, gir innspel til
utvikling
• Er med på å ‘forme’ eleven
si oppgåve/forståing
• Målet er å få eleven til å yte
best mulig – vere til støtte for
læring og utvikling
Siv Måseidvåg Gamlem
Underveisvurdering - tilbakemelding
Skal tilbakemeldinga ha ein formativ funksjon må den
kunne nyttast for vidare læring – forme læring.
– Vere integrert og gi rom for refleksjon/endring;
«moment av eventualitetar og framhald»
Lærar sine
forventningar
til eleven
Målorientering
Motivasjon
Læringsmiljø
Siv Måseidvåg Gamlem
Oppgåve:
Teikn eit portrett
- Lærar rettleiar elev(ar)…
og 5 økter seinare…
Tilbakemelding - rettleiing
- «Learnable
components» (skygge,
lys, avstand/djupne,
relasjon mellom
element, heilheit)
- eleven må få vite kva
aukar kvalitet
(kjenneteikn på
måloppn.) og korleis
(kva gjere)
Døme henta frå Dweck, 2008:69
Siv Måseidvåg Gamlem
Elevar løyser
oppgåver,
diskuterer og
responderer ut i frå
«si forståing»
- Korleis bygge
kunnskap og
kompetanse ut frå
eleven si
(for)forståing?
Siv Måseidvåg Gamlem
-
(Gamlem, 2014b)
Forståing om «kvar eg skal»
Sadler (2010): «Kvifor ser ikkje tilbakemeldingar ut til å
fungere?»
- Fordi eleven ikkje forstår kvar han skal; forstår ikkje kva
som kjenneteiknar ein god prestasjon (kvalitet)
- Forståing av tilbakemelding mot suksesskriterium krev:
-
Kjennskap til mål (produkt, prosess)
Beskriving (døme)
Modellering
Forhandling
Øving/erfaring
Siv Måseidvåg Gamlem
Faglig dialogisk tilbakemeldingsinteraksjon
…er ønska og nyttig fordi:
• Lærar/medelev tek
utgangspunkt i eleven sitt
arbeid
(kunnskap/forståing)
• viser veg gjennom
rettleiing
• bygg ut fra eleven si
forståing (sine dugleikar)
• …og klargjer manglande
forståing/(mis)oppfatning
(Gamlem & Smith, 2013)
Siv Måseidvåg Gamlem
«Ønske om tilbakemelding»
…eller er det ein
«lengsel etter
anerkjenning»?
• «den positive»
tilbakemeldinga
• tilbakemelding ut frå
ønske vs. nytte
Siv Måseidvåg Gamlem
Vurdering for læring – tilbakemelding
i ein «inkluderande skule»…
… kvalitet i
tilbakemeldingar ser
ut til å vere relatert til
lærar si oppfatning
om elev sitt
mestringsnivå og
engasjement i
læringsaktivitet
(Black & Wiliam, 1998; Engelsen, Eide & Meling,
2009; Gamlem & Smith, 2013; Gamlem, 2014)
Siv Måseidvåg Gamlem
Tilbakemelding ut frå mestring på
oppgåve - «tilpassa opplæring»
• låg mestring på oppgåve; bruk umiddelbar
tilbakemelding (oppgåve, prosess, sjølvregulering)
• manglande erfaring/låg mestring på oppgåve; bruk
forklarande eller korrigerande tilbakemelding
(oppgåve, prosess, sjølvregulering)
• høg mestring på oppgåve; bruk utfordrande
tilbakemelding som t.d. hint, ledetråd (oppgåve,
prosess, sjølvregulering)
• høg mestring på oppgåve; bekreftande
tilbakemelding kan vere tilfredsstillande (oppgåve,
prosess, sjølvregulering)
• (…) Basert på Shute 2007 i Gamlem 2015, s.96.
Siv Måseidvåg Gamlem
«Kvalitet» i tilbakemeldingsinteraksjon
• støttande klima (godt læringsmiljø)
• bygg ut frå elevinnspel, spørsmål, arbeid (sløyfer)
– elevane sine erfaringar, forståing og måtar å tenke på
•
•
•
•
•
•
kjennskap til læringsmål (suksesskriteria)
bruk av dialog
oppgåve, prosess og sjølvregulering (læringsautonomi)
metakognitive aktivitetar (refleksjon, djupnelæring)
støtte til vidare læring og utvikling (lærar som coach)
engasjerte og involverte deltakarar
(Gamlem & Munthe, 2014)
Siv Måseidvåg Gamlem
Tenk, snakk, del!
Kva vil vere viktig
informasjon å ta
med vidare for å
utvikle
tilbakemeldingsinteraksjonar i
klasserommet kvifor?
Siv Måseidvåg Gamlem
Læringsdialog tilbakemeldingsinteraksjon og
arbeidsmåtar i klasserommet
• EXIT-kort
• Spørsmål og svar (tenketid)
• Tenk, gå saman og del! (Think, pair &
share)
• ABCD-kort
• Finn og juster! (Eigavurdering)
Siv Måseidvåg Gamlem
Exit-kort
Intensjon med oppgåve?
Døme på tema:
• Pytagoras læresetning
• Konstruksjon av vinklar
• «Tre ting du har lært
om hinduismen»
• «Lag ein definisjon på
(demokrati)»
• (…)
(Gamlem 2014b, s.50-51)
Siv Måseidvåg Gamlem
Spørsmål og svar - tenketid
Intensjon med aktivitet?
• Kva spørsmål vert stilt til elevar?
• Korleis vert svar/respons nytta for djupare læring –
auka forståing?
(Gamlem 2015, s. 70)
Siv Måseidvåg Gamlem
«Tenk, gå saman og del» - (ITP)
Intensjon med aktivitet?
• Refleksjon og
samarbeid
–
–
–
–
Svare på spørsmål
Løysing av oppgåve
Lage oppsummering
(…)
(Gamlem, 2014b, s. 53)
Siv Måseidvåg Gamlem
ABCD-kort
• Unngå ”hand opp for
den som kan”- system
som involverer alle!
• Spørsmål skal ta
utgangspunkt i
tenking/refleksjon
• Unngå I-R-E
(Gamlem, 2014b, s.51-53)
Siv Måseidvåg Gamlem
Dialog, involvering og vurdering (ABCD-kort)
• Kva brøk er minst?
A)
1
6
B)
2
3
C)
1
3
D)
1
2
• Kva brøk er størst?
A)
4
5
B)
3
4
C)
5
8
D)
7
10
• Kvar er verbet i
setninga?
The dog ran across the road
A
B
C
D
(Gamlem, 2014b, s. 53)
Siv Måseidvåg Gamlem
Dialog, involvering og vurdering (ABCD-kort)
Typar av tilbakemelding – og nytteverdi for læring
(Butler, 1988)
Type
Prestasjon
Holdning
Karakter/poeng
Ingen auke
Høg mestring/skåre: positiv
Låg mestring/skåre: negativ
Kommentar
30% auke
Høg mestring/skåre: positiv
Låg mestring/skåre: positiv
Karakter/poeng +
kommentar
?
?
Kva med dei som fekk karakter/poeng + kommentar:
A Prestasjon: 30% auke. Holdning: alle positiv
B Prestasjon: 30% auke. Holdning: Høg mest./skåre: positiv. Låg mest./skåre: negativ
C Prestasjon: ingen auke. Holdning: alle positiv
D Prestasjon: ingen auke. Holdning: Høg mest./skåre: positiv. Låg mest./skåre: neg.
Siv Måseidvåg Gamlem
Dialog, involvering og vurdering (ABCD-kort)
Oppgåve i matematikk: (kontroll – parallelle linjer)
• Kva figur har eitt sett med parallelle linjer?
• Kva figur har ingen parallelle linjer?
• Kva figur har to sett med parallelle linjer?
• Kva figur har tre sett med parallelle linjer?
A
B
C
D
Siv Måseidvåg Gamlem
Dialog, involvering og vurdering (ABCD-kort)
Kva er «formativ vurdering»?
A
Ein skuleleiar brukar testresultat til å
planlegge workshops for lærarar
B
Ein skule testar elevar kvar 10.veke for å
kunne predikere kven av elevane som vil
kunne passere eksamen/ei stor prøve
C
Bruk av exit-kort spørsmål: Kva er skilnaden
på masse og vekt?
D
Ein lærar analyserer resultat frå
«Elevundersøkelsen»
Siv Måseidvåg Gamlem
«Finn og juster»(Eigenvurdering)
Intensjon med aktivitet?
• «Sjekkliste» undervegs/ før innlevering – medelev
sjekkar…
• «Lærar markerar det som er feil…» (NB! Kompetanse
og forståing)
Siv Måseidvåg Gamlem
Empirisk studie av lærarar si læring
om tilbakemelding…(1) (Gamlem, 2014c)
• Forståing om formål med tilbakemelding ikkje
sameina mellom lærarar ved den same
skulen.
• Endringsprosess for lærar er personlig og i
relasjon til forståing om tilbakemeldinga sin
intensjon.
• Forståing (og praksis) vert framtredande når
den enkelte lærar skal reflektere over nye
mulige løysingar for endring/utvikling.
Siv Måseidvåg Gamlem
Empirisk studie av lærarar si læring
om tilbakemelding…(2) (Gamlem, 2014c)
• Lærarar med etablert forståing som er i tråd
med teoriar/praksis presentert er meir tilbøyelig
til å ytterligare endre, utvikle og forbetre i same
retning.
• Lærarar har individuelle læringsbaner basert på
oppfatning og etablert tilbakemeldingspraksis,
lærarar treng støtte/ekstern ekspertise til rekonseptualisering.
Siv Måseidvåg Gamlem
Kjenneteikn på kompetanseutvikling
•
•
•
•
Individuelle og kollektive prosessar
Refleksjon over erfaringar i praksis
Refleksjon over teoretisk kunnskap
Refleksjonar skal leie til handling
og forbedring (Bjørnsrud, 2014)
Siv Måseidvåg Gamlem
• Å forbetre praksis inneber å
endre vanar - noko som er
vanskeleg:
• Den vanskelegaste delen er
ikkje å få nye idear inn i folk
sitt hovud…
• - men å få dei gamle
ideane/tankane/vanane ut…
• …derfor kan endring ta tid!
Siv Måseidvåg Gamlem
Tilbakemelding som fremjar læring…
(Nicol & Macfarlane-Dick, 2006)
- hjelper til med å klargjere kva god yting er (mål,
suksesskriterium)
- muliggjer ei utvikling av sjølvregulering gjennom utvikling av
eigenvurdering (kvar er eg – kvar skal eg – korleis kome
vidare?)
- gir kvalitetsinformasjon til elevar om deira læring
- oppmuntrar til dialog (lærar-elev, elev-elev)
- oppmuntrar til positiv (indre) motivasjon og tru på mestring
- gir muligheiter til å tette eit gap mellom noverande og ønska
mestring/prestasjon
- gir informasjon til lærar som kan vere verdifull for å legge til
rette for elevar si læring (forme/justere undervisning)
Siv Måseidvåg Gamlem
Kjelder (1)
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Barnes, M. (2012). Narrative feedback revolutionizes Assessment.
http://www.brilliant-insane.com/2012/01/se2r-narrative-feedback-revolutionizesassessment.html
Black, P. & Wiliam, D. (1998). Inside the Black Box. Raising Standards Through
Classroom Assesment. Phi Delta Kappan, 80(2), s.139-148.
Black, P. & Wiliam, D. (2009). Developing the Theory of formative assessment.
Educational assessment, evaluation and accountability, 21(1), 5-31.
Bjørnsrud, H. (2014). Den inkluderende fellesskolen – læringskraft for elever og
lærere? Oslo: Gyldendal Akademisk
Dweck, C. S. (2008). Mindset. The new psychology of sucess. New York:
Ballantine Books.
Gamlem, S. M. (2014a). Tilbakemelding som støtte for læring på ungdomssteget.
Stavanger: Universitetet i Stavanger (Doktorgradsavhandling).
Gamlem, S. M. (2014b). Tilbakemeldinger og underveisvurdering. Oslo: Pedlex.
Gamlem, S. M. (2014c-akseptert). Feedback to support learning: Changes in
Teachers’ practice and beliefs. Teacher Development.
Gamlem, S. M. (2015). Tilbakemelding for læring og utvikling. Oslo: Gyldendal
Akademisk.
Kjelder (2)
•
•
•
•
•
•
•
Gamlem, S. M. & Smith, K. (2013). Student perceptions of classroom
feedback. Assessment in Education: Principles, Policy & Practice, 20(2),
150-169.
Gamlem, S. M. & Munthe, E. (2014). Mapping the quality of feedback to
support students’ learning in lower secondary classrooms. Cambridge
Journal of Education, 44(1), 75-92.
Hattie, J., & Timperley, H. (2007). The Power of Feedback. Review of
Educational Research, 77(1), 81-112.
Kluger, A.N., & DeNisi, A. (1996). The Effects of Feedback Interventions on
Performance: A Historical Review, a Meta-Analysis, and a Preliminary
Feedback Intervention Theory. Psychological Bulletin, 119, 254-284.
Sadler, D. R., (2010). Beyond feedback: developing student capability in
complex appraisal. Assessment & Evaluation in Higher Education 35 (5),
s.535-550.
Wiliam, D. & Leahy, S. (2007). A Theoretical Foundation for Formative
Assessment. I: J.McMillan (Red.), Formative Classroom Assessment.
Theory into Practice. New York: Teachers College Press, s.29-42.
Wylie, E. C. & Lyon, C. (2015). The fidelity og formative assessment
implementation: issues of breath and quality. Assessment in Education:
Principles, Policy & Practice, 22(1), 140-146.