650 aktive til Ulsteinvik

Transcription

650 aktive til Ulsteinvik
24 SPORT
SUNNMØRSPOSTEN Fredag 27. februar 2015
650 aktive til Ulsteinvik
• 150 funksjonærar skal bidra under norgesmeisterskapen neste helg
FRIIDRETT
I dag er det ei veke til den
store hendinga i lokal friidrett i 2015; Ungdomsmeisterskapen i Ulsteinvik.
– Då fristen for påmelding gjekk
ut onsdag hadde vi fått påmelding frå 650 deltakarar. Vi har
kapasitet til 750-800, men deltakartalet er vi godt nøgde med.
Det er over dobbelt så mange
samanlikna med med seniorNM i Steinkjer, seier Trond
Berg.
Han er leiar av hovudkomiteen for U-NM i den nye
Ulsteinhallen 6., 7. og 8. mars.
– Heile landet er representert
under eit slikt meisterskap, seier
Berg vidare.
For Dimna IL er sjølvsagt eit
meisterskap av ein slik storleik
eit gigantisk løft. Men det har
også store fordelar for idrettslaget som har heile 150 aktive av
ein medlemsmasse på 300.
– Det vil vere 150 funksjonærar i UM og vi nyttar dette
høvet til å bygge vår organisasjon. Eit meisterskap aukar
kompetansen i klubben, men vi
kjem også til å få hjelp av naboklubbane, ikkje minst på dommarsida, seier Berg. Dei har
allereie eit samarbeid med klubbar som Fiskå, Hareid, Ørsta og
Ålesund FIK i høve til treningar
i Ulsteinhallen. Til UM vil nokre
av desse klubbane samt Midsund og Molde stille med dommarar.
– Har overnattingsplassar
vore den største utfordringa?
Toppkamp
i volleyball
VOLLEYBALL
Lørdag blir sannsynligvis 2.
divisjon menn for Møre og
Romsdal avgjort.
De to dominerende klubbene, Blindheim og KFUM
Volda, skal møtes for siste
gang denne sesongen i Voldahallen. Før runden leder
Blindheim serien med tre
poeng. Dette betyr at Blindheim i praksis vil avgjøre
serien om de vinner kampen.
Poengreglene i volleyball er
slik at dersom en kamp
ender 3-2 vil vinnerlaget få
to poeng, mens taperlaget får
ett. Dermed vil også 3-2 til
Volda være et tålelig resultat
for Blindheim. Om Volda
derimot vinner 3-1 eller 3-0
kan vi gå en spennende
serieavslutning i møte. Ved
3-1 til Volda vil Blindheim
beholde ledelsen på bedre
settforskjell, mens 3-0 til
Volda vil sende voldingene
forbi på bedre settforskjell.
Senere på lørdag, etter toppkampen, skal begge lag møte
IL Frode, en antatt svakere
motstander.
FAKTA
• Norgesmeisterskapen i
friidrett for ungdom; 15–22
år vert arrangert i den nye
Ulsteinhallen neste helg.
Første stemnedag er fredag
6. mars.
• 650 aktive gutar og jenter
er påmeldt til UM.
• Dimna IL er arrangør og
dei stiller med 26 aktive
utøvarar.
• 150 funksjonærar er
engasjert for å lose NM
trygt i land.
HER VERT DET FULLT NESTE HELG: Den nye Ulsteinhallen er arena for 650 aktive under norgesmeisterskapen
i friidrett for ungdom neste helg. Det vil vere plass til 1100 tilskodarar på tribuneplass. Og det vert gratis å
komme inn. FOTO: STAALE WATTØ
SJEFEN: Trond Berg er leiar for
hovudkomiteen i U-NM.
FOTO: JARLE MORDAL
– Deltakartalet
er vi godt
nøgde med
TROND BERG
– Vi har fylt opp alle hotell på
søre Sunnmøre, og enkelte deltakarar kjem også til å ta inn på
hotell i Ålesund. Vårt ynskje var
å leige eit hurtigruteskip til
Ulsteinvik. Då kunne vi ha tilbydd 600 senger, men den avtalen glapp, seier hovudleiaren for
UM. Det er berre nokre få ledige
rom på hotell som ligg i nærleiken av Ulsteinvik.
– Vi er glade for at frivillige
frå klubbar som Hødd og sykleklubben stiller opp for å hjelpe
oss, seier Berg.
Gratis. – Kor mange tilskodarar
vert det plass til?
– Det er 900 faste plassar i
hallen. Med provisoriske løysingar i tillegg vil få plass til rundt
1100. Og det vert gratis å komme
inn for å sjå meisterskapen, kan
Trond Berg fortelje.
Dei aktive er sjølvsagt i fokus
under NM. Dimna IL skal sjøl
stille med 26 aktive med verdsmeister i mangekamp; Karsten
Warholm i spissen.
Høgskulen i Volda stiller med
30 studentar som skal sende
«live» frå heile NM, samt at dei
skal lage eigne intervju undervegs.
JARLE MORDAL
[email protected]
Ung Volda-duo
deltek i senior-NM
BORDTENNIS
Mina Molnes Driveklepp og
Sunniva Sjøholt er dei sunnmørske deltakarane under
NM for senior.
Duoen frå Volda og Ørsta Bordtennisklubb er begge fødd i 2001
og sjølvsagt av dei yngste som er
med i eit norgesmeisterskap for
seniorar.
– Det er ikkje heilt umogeleg
at Mina og Sunniva kan ta ei
medalje i lag fredag. Det spelast
med tomannslag i eit NM, og er
våre jenter heldige med trekninga kan dei lukte på ein tredjeplass, trur Tor Hallaråker i
Volda og Ørsta Bordtennisklubb.
Han skal sjølv ikkje til NM
som vert arrangert i Hokksund.
– Våre lagleiarar og trenarar er
slitne etter mykje reising. Difor
leiger vi inn Jan Berner som
lagleiar under NM for Mina og
Sunniva. Han er tilsett i bordtennisforbundet og kjenner
jentene frå stemner når dei har
I NM: Sunniva Sjøholt får bryne
seg på dei beste seniorane i landet
i helga. FOTO: PER MORTEN HALVORSEN
– Jentene
kan lukte på
lagmedalje med
heldig trekning
TOR HALLARÅKER
I NM: Mina Molnes Driveklepp (14) er av dei mest lovande bordtennisspelarane i landet, i dag spelar ho lagkonkurransen under senior-NM i
Hokksund. FOTO: PER MORTEN HALVORSEN
vore med på kadettlandslaget,
seier Hallaråker.
Det er 70. gong at norgesmeisterskapen i bordtennis vert
avvikla og favoritt i dameklassa
er Marte Grutle Aasebø, Fokus,
saman med vinnaren frå i fjor;
15-årige Rebecca Karlsen, B-72.
I herreklassa er det venta å bli
ein kamp mellom tysklandsproffen Geir Erlandsen og ex.
Volda-spelar Espen Rønneberg,
som no spelar for bergensklubben Laksevåg BTK.
Lovande Fredrik Meringdal,
Hjelset/Fram (15) kan ha sjansar for å hamne i ein kvartfinale.
Han er av dei største talenta i
landet på gutesida.
JARLE MORDAL
[email protected]