Informasjon til sensorane i VGO
Transcription
Informasjon til sensorane i VGO
Vår dato: 10.11.2015 Til sensorane Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001 Stavanger Besøksadresse: Lagårdsveien 44, Stavanger T: 51 56 87 00 F: 51 52 03 00 E: [email protected] www.fylkesmannen.no/rogaland INFORMASJON TIL SENSORANE - SKRIFTLEG EKSAMEN HAUSTEN 2015 VIDAREGÅANDE OPPLÆRING Fylkesmannen viser til e-post om oppnemning som sensor og takkar for at du tek på deg sensoroppdrag ved skriftleg sentralt gitt eksamen hausten 2015. Eksamensadministrasjon (PAS2) Som sensor skal du bruke det nye systemet Eksamensadministrasjon (PAS2). Du loggar deg på frå hovudsida til Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/ Sjå under Verktøy - Eksamensadministrasjon (NY). Du loggar deg på med MinID, BankID eller Feide. Dersom du har problem med innlogging, ta kontakt med din fylkeskommune. Vi vil sende ut lenke til ny video om «Sensors arbeid» så snart den er klar. Sjekk personopplysningane dine Du må kontrollere og ev. oppdatere personopplysningane dine under Brukerprofil. Feil i postadresse kan føre til at papirsvar ikkje kjem fram. Feil i e-postadresse kan føre til at du ikkje får viktig informasjon. Informasjon om eksamensadministrasjonssystemet Det vil liggje lenker til eksamensoppgåva og ev. digitale oppgåvesvar. Du kan få både digitale oppgåvesvar og papirsvar. Oppgåvesvar som blir leverte digitalt er tilgjengeleg for begge sensorane dagen etter eksamen. Dersom du manglar oppgåvesvar, må du ta kontakt med skolen og medsensor med ein gong. Dersom det blir klart at kandidaten ikkje har levert oppgåvesvar, skal du føre ”MB” (mangler besvarelse) i karakterfeltet. Dersom du er i tvil om eigen habilitet som sensor, ta kontakt med oss så snart som mogleg. Om papirsvar Dersom du tek imot papirsvar, må du kontrollere at dette er oppgåvesvar som du skal sensurere. Du må kontrollere skole og kandidatnummer på oppgåvesvara opp mot opplysningane i eksamensadministrasjonssystemet. Viss du har teke imot oppgåvesvar som ikkje samsvarer med informasjonen her, må du straks ta kontakt med skolen. Dersom skolen har sendt oppgåvesvar til deg ved en feil, må skolen opplyse kven som er rett sensor. Du må vidaresende til rett sensor så snart som mogleg. Alle papirsvara må vere sendt vidare innan halvgått tid mellom eksamen og fellessensuren. Medsensor skal ta papirsvara med til fellessensurmøtet. Du skal ikkje notere på papirsvara. Send oppgåvesvara som ekspress over natta. Dette føreset at medsensor er til stades når sendinga blir levert på døra. Avtal derfor med medsensor kva adresse som skal nyttast (heime/skole). Ta vare på kvitteringar. Utgifter til porto fører du på reiserekninga. Sensorane skal ikkje drøfte oppgåvesvara før fellessensurmøtet. Føring av karakterar i eksamensadministrasjonssystemet Husk å registrere karakterforslaga dine i eksamensadministrasjonssystemet før fellessensurmøtet. På fellessensurdagen arbeider sensorane saman og blir einige om endeleg karakter. Du skal oppbevare notat og forslag til karakterar i minst eitt år. Retningslinjer for arbeidet til sensor Som sensor er du forplikta til å halde deg orientert om og følgje dei retningslinjene og reglane for sensur som til ei kvar tid blir gitt av Utdanningsdirektoratet. Retningslinjene for sentral sensur finn du her. Eksamensrettleiingar ev. sensorrettleiingar for sentralt gitt skriftleg eksamen finn du her. Rutinar ved mistanke om plagiat eller fusk Du kan lese om kva som blir rekna som fusk og plagiat her. Har du mistanke om fusk undervegs i sensureringa, tar du kontakt med Fylkesmannen. Fylkesmannen kontaktar så rektor, som skal avgjere om eleven har fuska. Du skal sensurere oppgåvesvaret på vanleg måte. Honorar Frå 1. mai 2015 er satsen for sensoroppdrag kr 314 pr. time. Du kan lese meir om dette her Fellessensur Fagkodane i P- og T-matematikk: Clarion Hotel Air, Sola, måndag 4. januar 2016 kl. 09:00. Det blir servert lunsj. Bestilling av reise og hotellrom Dersom du må reise frå bustaden før kl. 06:00 på fellessensurdagen, kan du bestille overnatting. Hotellrom og flyreise blir bestilt via Berg-Hansen. Reisa skal skje på billigaste måte, reise og tid sett under eitt. Bestill fly og hotell her Bestillingsfrist – 1. desember Etter fristen må du bestille reise og eventuelt hotellrom sjølv og legge ut for kostnadene. Ombordstigningskortet frå utreisa må du legge ved reiserekninga. Reiserekning Sensorane skal bruke DFØ (Direktoratet for økonomistyring) sin portal for reiserekningar og utlegg. Portalen er ei heildigital løysing som staten brukar. Informasjon og rettleiingar finn du her Kontaktpersonar Anne Marie Melberg Skaar, tlf. 51568730, [email protected] Bjørg Karin Gilje Hetland, tlf. 51568742, [email protected] Julie Eliassen, tlf. 51568779, [email protected] Fram til 22. desember. Side 2 av 3 Dette brevet blir lagd ut på www.fylkesmannen.no/rogaland. Vi ønsker lykke til med sensurarbeidet og velkommen til fellessensurmøte 4. januar 2016. Med helsing Hallgeir Bø ass. utdanningsdirektør Anne Marie Melberg Skaar rådgivar Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ikkje underskrift. Saksbehandlar: Anne Marie Melberg Skaar Saksbehandlar telefon: 51 56 87 30 E-post: [email protected] Side 3 av 3