tlf: 56192760 (adm) 56192763 (oss) Sosialt mål: Eg viser omsorg for

Transcription

tlf: 56192760 (adm) 56192763 (oss) Sosialt mål: Eg viser omsorg for
tlf: 56192760 (adm) 56192763 (oss)
Sosialt mål: Eg viser omsorg for mine medelevar, har respekt
for skulens reglar og tar ansvar for å halde orden kring meg.
Matte. Desimaltal
Norsk skriftleg - samandrag
Norsk munnleg – Leseboka
Litterær samtale s. 165
Engelsk. Australia
Naturfag. Med snøre frå svaberget
Samfunnsfag
Konflikt og konfliktløysing
KRLE
Kva bestemmer handlingane våre?
Gym
Sivert, Andreas, Adrian (mån)
Rosalinn og Mathilde (fre)
Ordenselevar:
Susanne og Heidi
Addisjon og subtraksjon av desimaltal på tallinje, i hovudet og
med oppstilt metode.
Kunne skrive nøkkelord og lage eit samandrag ut frå desse.
Kunne lese ein felles tekst og referere og reflektere over innhald
og hovudmoment i teksten.
Øve på presentasjon av ditt australske dyr.
Kjenne att torsk, sei, makrell, sjøaure og sild.
Lære å sjå ei sak frå fleire sider og kunne drøfte ulike løysingar. Drøfte
kva som fører til at konfliktar oppstår.
Kjenne til kva som bestemmer handlingane våre.
Kunne planlegge og utføre gymaktivitetar og vera tydelege leiarar.
Kunne utføre ein aktivitet som vert styrt av medelevar.
Lytte, utføre og reflektere over aktivitetane.
[email protected]
[email protected]
Norsk: Les si. 157 – 160. Reflekter over innhaldet og skriv svar på spørsmåla som står i dei
Tysdag
gule boksane. Skriv eit nøkkelord frå kvar side. Hugs underskrift på orddiktaten. 
Matematikk: gjer nr. 1.24 og 1.25 s. 12
Engelsk: Wb s. 14 + s. 9. Tb: Alle les s 24 og 25. Øv på presentasjonen av dyret ditt.
Onsdag Norsk: Les s. 160 – 165. Reflekter over innhaldet og skriv svar på spørsmåla som står i dei
gule boksane. Skriv eit nøkkelord frå kvar side.
Matematikk: gjer nr. 1.26 s. 12 (kalkulator!) og 1.27 s. 13
Torsdag Norsk: Skriv den grøne boksen s. 165 i lekseboka. Samtal heime om det du har lese.
Engelsk: Wb s. 15. Gloser: newspaper=avis, office=kontor, polite=høfleg,
curious=nysgjerrig, interview=intervju. Øv på presentasjonen av dyret ditt.
Step 1: les s 24 og 25
Step 2: les s 24 og 25
Fredag Norsk: Les heile teksten og lag eit samandrag av nøkkelorda du har funne.
Matematikk: gjer nr. 1.28 og 1.29 s 13
INFO
 Måndag 7. september er det kurs for dei nye trivselsleiarane i Osterøyhallen. Eige skriv heim sist
torsdag.
 Kontramelding: Inga mobbeundersøking i kommunen før foreldra har blitt skikkeleg informert frå
skuleleiinga. Fellesskriv kjem.
 Det vert fjelltur på valdagen måndag 14. september.
 Minner om KLASSEFORELDREMØTE, tysdag 8. september 18.00 – 19.00
 Vi har fått info/brev frå Lenna Pamela Nostas som er ansvarleg for SOS-barnebyar i Bolivia. Denne
gongen sende óg fadderbarnet vårt Jhon nokre ord til oss: « For me, my sponsors are friends who
remember me».Sponsorlista heng på skapdøra .Kryss av når du har betalt. Sparebøssa til månadens 10-ar
står på kateteret.
 Engelsk gloseprøve: Elleve hadde alt rett, 5/5. Åtte hadde 4.5/5. Finpuss litt til så har du det!
 K&H-gruppa til Elna tar med seg eit syltetøyglas med lokk til onsdag.
Ha ei fin septemberveke! Helsing Anita og Elna