Fylkesmannen si fråsegn

Transcription

Fylkesmannen si fråsegn
Sakshandsamar:
Sigrid Ølmheim - 57643152, E-post: [email protected]
Anne Fasmer Eide - 57643011, E-post: [email protected]
Oddgeir Aardal - 57643077, E-post: [email protected]
Vår dato
Vår referanse
16.09.2015
Dykkar dato
06.07.2015
2013/1500 - 421.3
Dykkar referanse
13/580-66/K1 - 142/ANES
Flora kommune
Markegata 51
6900 Florø
Fråsegn til offentleg ettersyn av arealdelen til kommuneplanen med
konsekvensutgreiing til Flora kommune
Vi viser til oversending dagsett 06.07.2015 og til avtale om utsett høyringsfrist til 16.09.2015.
Fylkesmannen meiner at Flora kommune har gjort eit omfattande arbeid med revisjon
av arealdelen til kommuneplanen. Vi har likevel ein del merknader og tilrådingar til
planen og vi fremjar fleire motsegner der den planlagde arealbruken er i konflikt med
nasjonale eller vesentlege regionale interesser. Dei fleste motsegnene er knytt til
konfliktar med strandsonevernet. Motsegnene gjeld eit stort tal område, men er i stor
grad knytt til delar av områda med krav om å trekke føremålsgrensa vekk frå sjøen. Vi
fremjar også motsegner knytt til bygging innanfor prioriterte naturtypar.
I tillegg tek vi atterhald om bruk av motsegn på reguleringsplannivå. I områda dette
gjeld er konsekvensane for interesser som vi skal ivareta ikkje godt nok utgreidde til
at vi kan ta endeleg stilling til arealbruken no.
Fylkesmannen reknar med at planen må sendast ut på ei andre gongs høyring, og vi
vonar at vi gjennom god dialog med kommunen vil kunne kome til semje når det gjeld
motsegnene.
1 Innleiande merknader
Fylkesmannen ønskjer å gi kommunen ros for prosessen rundt revideringa av arealdelen.
Det har komme inn mange private innspel til kommuneplanen som kommunen har teke
stilling til. Mange innspel som er i sterk strid med nasjonale eller viktige regionale interesser,
er luka ut på eit tidleg tidspunkt og fleire av tilrådingane i konsekvensutgreiinga er følgde
opp.
Den planlagde arealbruken er forankra i eit ønskje om vekst og utvikling i kommunen, noko
Fylkesmannen meiner er positivt. Vi ser at kommunen sin strategi for utvikling er å legge til
rette for enklare byggjeprosessar ved å opne opp for ein stor variasjon av føremål i store
delar av kommunen. I hovudsak er dette gjort ved å sette av område til arealføremålet
«LNFR for spreidde bustader, fritidsbustader og næringsbygg» (seinare nemnd LNF spreidd
utbygging). Det er planlagt med stor overkapasitet i staden for å legge til grunn ein
arealrekneskap som syner framtidige behov for arealbruk i kommunen. Den utstrakte bruken
av LNF spreidd utbygging gjer det også vanskeleg å vurdere konsekvensane av
arealbruken. I tillegg er det i føresegnene forsøkt opna opp for bruksendring av
Hovudkontor
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Telefon: 57 64 30 00
Telefaks: 57 65 33 02
Org.nr 974 763 907
Landbruksavdelinga
Fjellvegen 11, 6800 Førde
Postboks 14, 6801 Førde
Telefon: 57 64 30 00
Telefaks: 57 82 17 77
E-post:
[email protected]
Internett:
www.fylkesmannen.no/sfj
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
2/17
sjøbuer/sjøhus til bustader, fritidsbustader og næring, naust, og private kaiar og bryggjer i
store deler av strandsona i kommunen. Slik vi ser det er arealdelen lite føreseieleg og det er
vanskeleg å konkret vurdere konsekvensane av arealdisponeringa som kommunen legg opp
til. Planframlegget gir liten styring både for kommunen sjølv og for innbyggjarane og for
næringslivet.
Vidare ser vi at det er lagt inn byggjeområde for m.a. fritidsbustader som er i strid med
overordna føringar for forvaltning av strandsona. Det hadde vore ønskjeleg at føresegnene
og opplagt konfliktfylt arealbruk vart drøfta med Fylkesmannen før offentleg ettersyn av
planen slik at talet konfliktområde i planen kunne vorte mindre. I gjennomgangen vår av
planframlegget har vi i hovudsak konsentrert oss om arealbruk og føresegner som er i strid
med nasjonale eller viktige regionale interesser innanfor våre ansvarsområde.
2 Merknader til konsekvensutgreiinga
Det er utfordrande å sette seg inn i kva konsekvensar forslaga til nye byggeområde kan få
sidan det ikkje føreligg konsekvensutgreiing for kvart byggjeområde. I konsekvensutgreiinga
er område med geografisk nærleik vurderte samla. Klassifisering av verdi, omfang og
konsekvens for fleire område er slått saman og det er uklårt for oss kva område
klassifiseringane gjeld for eller om dei er eit gjennomsnitt for områda samla. Vi meiner at
byggjeområda må utgreiast og vurderast kvar for seg, slik at det kan takast stilling til kvart
enkelt område separat, og vurderinga vår er at konsekvensutgreiinga ikkje oppfyller
lovkravet slik den er utforma. Vi kommenterer elles ikkje fastsettinga av verdi og konfliktgrad
for enkeltområde og –tema.
Det går fram av rettleiar T-1493 Konsekvensutredninger side18: «Konsekvensutredningen
av kommuneplanens arealdel skal beskrive virkningene av enkeltområder og av de samlede
arealbruksendringene i planforslaget». Vurderinga av dei samla konsekvensane av
planforslaget er etter vår meining noko tynn, og dei negative konsekvensane kjem ikkje godt
nok fram. Særleg tenker vi på dei mange LNF-områda for spreidd bygging langs sjøen og at
det i føresegnene vert forsøkt opna for oppattbygging og bruksendring av sjøhus i store
delar av kommunen. Ulike arealføremål kan reise høgst ulike problemstillingar, og vi finn at
verknaden og konsekvensen av enkeltområde og av dei samla arealbruksendringane ikkje
kjem godt nok fram i konsekvensutgreiinga.
Etter det vi kan sjå er ikkje arealbruken vurdert opp mot naturmangfaldlova (nml.) og dei
miljørettslege prinsippa i §§ 8-12. Dette burde vore gjort, spesielt for dei nye
byggeområda/tiltaka som ligg i område med registrerte naturverdiar.
Naturmangfaldlova set sterkare krav til vurderingar av tema som t.d. biologisk mangfald ved
sakshandsaming etter plan- og bygningslova. I arealdelen til
kommuneplanen/kommunedelplanar er vurderingar etter nml. aktuelt både for enkeltområde
og ikkje minst for planen samla. Vi ser det her som viktig at vurderingar av "samla
belastning" vert vurdert i lys av nml §10. Lova set krav om dette.
Vi konstaterer at det i etterkant av konsekvensutgreiinga er fleire område som er tekne ut av
planen, og områdeavgrensingar og arealføremål er endra. Det er positivt at kommunen
følgjer opp tilrådingar i konsekvensutgreiinga, men vi minner om at store endringar kan
utløyse krav om ny konsekvensutgreiing for områda dette gjeld. Endringane gjer at
konsekvensutgreiinga og planmateriellet elles ikkje alltid samsvarar, noko som reduserer
lesbarheita av planen og konsekvensutgreiinga. Vi hadde gjerne sett at endringane var
lagde fram på ein oversiktleg måte eller at konsekvensutgreiinga vart oppdatert som følgje
av endringane.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
3/17
Fleire av områda for LNF spreidd utbygging grensar heilt ned til strandkanten, men med
byggjegrense noko tilbaketrekt frå sjø og vassdrag. Likevel kan vi ikkje sjå at dette har fått
utslag med særleg negativ konsekvens i konsekvensutgreiinga. Etter vurderinga vår kjem
ikkje dei negative konsekvensane for strandsona godt nok fram, og vi er derfor ikkje einige i
alle vurderingane som kommunen har gjort. Vi saknar også ei tydelegare vurdering av
korleis dei planlagde føremåla let seg kombinere med kringliggjande arealbruk.
3 Planjuridiske merknader
Det er ikkje Fylkesmannen si oppgåve å kontrollere at innhaldet i kommunale planar er
lovleg. Vi strekar difor under at vi som hovudregel berre vil påpeike juridiske feil og manglar i
eit planframlegg dersom forholdet kan ha betyding for ivaretakinga av vesentlege regionale
eller nasjonale interesser. Juridiske merknader ut over dette vert gjeve som generelle råd og
rettleiingar til kommunen. Fylkesmannen legg elles til grunn at eventuelle planføresegner
som ikkje har heimel i lov, vert rekna som retningslinjer utan rettsverknad. Generelt peiker vi
også på at planføresegner bør knytast til objektive og konkrete normer og terskelverdiar.
Planføresegner som inneheld skjønnsmessige kriterium kan føre til at kommuneplanen vert
svakare og mindre føreseieleg som styringsdokument.
Vi nemner generelt at det ikkje er høve til å gje føresegner om sakshandsaming og
bestemde dokumentasjonskrav.
Pkt. 1.2 Forholdet til eksisterande planar.
Under punkt 1.2 står det at reguleringsplanar som skal gjelde framfor kommuneplanen
inngår i kartet som omsynssoner, jf. plan- og bygningslova (pbl.) § 11-8 bokstav f. Det står
vidare at dei generelle føresegnene pkt. 2.3, 2.5 og 2.7 i kommuneplanen skal gjelde føre
dei vidareførte reguleringsplanane. Når det gjeld bruken av pbl. § 11-8 bokstav f, er det
presisert at denne omsynssona berre skal brukast der gjeldande reguleringsplanar skal
vidareførast uendra. Vi viser til produktspesifikasjonen for plankart Del 1 pkt. 1.5.2. som
seier følgjande:
«Hensynssone 910 skal kun benyttes der en reguleringsplan skal videreføres
uendret. Det anses ikke som uendret videreføring hvis det oppstår motstrid mellom
kommuneplanens arealdel og reguleringsplanen, for eksempel fordi kommunen
fastsetter generelle bestemmelser til kommuneplanens arealdel som skal gjelde foran
reguleringsbestemmelsene i planen. Med mindre også reguleringsbestemmelsen
endres tilsvarende, kan hensynssonen i et slikt tilfelle ikke benyttes, jf. pbl. § 11-9.»
I pkt. 2.1 har kommunen gjeve føresegner om krav om reguleringsplan, jf. § 11-9 nr. 1.
Unntaka frå plankravet i bokstav b og c bør heimlast i § 11-10 nr. 1. Føresegner om unntak
frå plankrav kan gjevast dersom det er gjeve føresegner om utbyggingsvolum og uteareal,
og forholdet til transportnett og anna lovverk er ivareteke, jf. § 11-10 nr. 1.
Pkt. 2.2 (Rekkefølgjekrav) set krav om samla plan for nødvendig infrastruktur før arealet vert
teke i bruk. Vi minner om at § 11-9 nr. 4 først og fremst gjev heimel for å bestemme at
utbygging i områder for bygg og anlegg skal skje i ei bestemt rekkjefølgje, og at det ikkje er
høve til å gje føresegner om dokumentasjonskrav som elles ikkje framkjem av lova.
Pkt. 2.3 er ikkje heimla i § 11-9 nr. 1-7. Vi minner om at det ikkje er høve til å gje føresegner
om sakshandsaming og bestemte dokumentasjonskrav. Krav til dokumentasjon følgjer av
plan- og bygningslova, t.d. ROS-analyse etter § 4-3, og krav til handsaming av plan- og
byggjesaker følgjer dels av pbl. kap. 12, og dels av byggjesaksdelen med forskrifter. Vi legg
til grunn at dokumentasjonskrav i føresegna er å sjå på som retningslinjer, som eventuelt må
vurderast i samband med konkrete saker. Etter § 11-9 nr. 8 er det høve til å gje føresegner
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
4/17
om forhold som skal avklarast og belysast i vidare reguleringsarbeid, mellom anna
føresegner om miljøoppfølging og –overvaking, etter at planen er vedteken.
I punkt 2.4 bokstav b står det at det for eksisterande bygningar innanfor byggeforbodssona
langs sjø kan gjevast løyve til tilbygg og riving. I neste setning står det at det kan gjevast
løyve til naust, kaiar og liknande innanfor byggeforbodssona. Det er ikkje høve til å gje slike
reine dispensasjonsføresegner om dei nemnde tiltaka. Unntak frå det generelle tiltaksforbodet i strandsona kan berre tillatast ved dispensasjon etter plan- og bygningslova § 19-2.
Pkt. 2.4 bokstav c fastset ei generell byggegrense 30 meter frå vassdrag. Etter plan- og
bygningslova § 1-8 skal kommunen etter § 11-11 nr. 5 vurdere å fastsette ei grense på inntil
100 meter frå vassdrag der bestemte fastsette tiltak mv. ikkje skal vere tillatne. Vi saknar ei
konkret fastsetting av kva bygge- og anleggstiltak som skal vere forbodne i 30-metersgrensa
og eventuelt for kva område langs vassdraga forbodet skal gjelde for.
Pkt. 2.4 bokstav d. Vi minner om at frådeling i utgangspunktet er omfatta av tiltaksforbodet i
§ 1-8, der det ikkje er gjeve anna byggegrense. Forbodet gjeld ikkje frådeling ved innløysing
av utbygd festetomt etter tomtefestelova, jf. § 1-8 andre ledd siste setning.
Pkt. 2.7 bokstav b og c. Brygger og kaiar må søkast om og vere i tråd med lov og plan som
elles. Det er ikkje høve til å gje reine dispensasjonsføresegner i kommuneplanen. § 11-9 nr.
6 gjev berre heimel for generelle føresegner om miljøkvalitet, natur, landskap og
grønstruktur. Vidare kan det gjevast føresegner om estetiske omsyn både for bygningar og
anlegg, og for landskapsutforming og landskapsestetikk. Nr. 6 gjev også heimel for å
fastsette forbod mot, eller vilkår for plassering av mellombelse og flyttbare bygningar,
konstruksjonar og anlegg.
Pkt. 2.8 gjev føresegner om omsyn til bevaring av eksisterande bygningar og bygningsmiljø.
Vi minner om at mellom anna fortetting av slike miljø og nye hus på gamle sjøhusmurar er
søknadspliktig og må vere i tråd med lov og plan som elles.
Pkt. 3.
Generelt om punkt 3.
Til dei forskjellige underformåla er det mellom anna gjeve føresegner om utbyggingsvolum,
funksjonskrav, ute- og opphaldsareal og utnytting av bustadmassen. Slike føresegner bør
heimlast i § 11-9 nr. 5 som gjev heimel for generelle føresegner til kommuneplanen om:
«byggegrenser, utbyggingsvolum og funksjonskrav, herunder om universell utforming, leke-,
ute- og oppholdsplasser, skilt og reklame, parkering, frikjøp av parkeringsplasser etter § 28–
7 og utnytting av boligmassen etter § 31–6…»
§ 11-10 nr. 1-2 gjev heimel for unntak frå plankrav for mindre utbyggingstiltak under visse
føresetnader, og for føresegner om fysisk utforming av anlegg, først og fremst fysisk
utforming av veganlegg, trafikkareal og trafikkinnretningar.
Vi minner om at der det ikkje er gjeve anna byggegrense i kommuneplanens arealdel eller
reguleringsplan, gjeld tiltaksforbodet i strandsona. Tiltaksforbodet i strandsona gjeld også for
naust, kaier og brygger, med mindre det er anlegg og opplag som skal tene til landbruk,
fiske, akvakultur eller ferdsel til sjøs, jf. § 11-11 nr. 4.
Retningslinjer som er i strid med arealføremåla med tilhøyrande føresegner kan vere
misvisande og bør takast ut.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
5/17
I pkt. 3.1 er det gjeve føresegner for underformålet bustadområde. Eventuelle unntak frå
plankravet i område for bygg og anlegg må gjerast etter § 11-10 nr. 1. Dette gjeld alle
område for bygg og anlegg.
Pkt. 3.7 gjeld andre typar bygg og anlegg. Formålet omfattar ikkje formåla som er lista opp i
bokstav a. Slik vi forstår det er det heller ikkje kommunen sitt ønskje å opne for alle desse
underføremåla på kvart felt. Vi tilrår at formålet andre typar bygg og anlegg utgår og at
områda vert kategorisert etter kva arealføremål som er aktuelt for kvart område. Vi syner til
kart- og planforskrifta vedlegg I. Vi minner om at tiltak må vere i tråd med lov og plan, og at
det ikkje kan gjevast reine dispensasjonsføresegner i plan.
Pkt. 6.1. Retningslinjene er utan rettsverknad. Sidan retningslinene kan vere misvisande bør
dei takast ut. I retningslinjene er det gjennomgåande brukt «skal». Dersom kommunen
ønskjer å behalde alle eller deler av retningslinjene må «skal» endrast til «bør».
Pkt. 6.2. Det er ein fordel om arealformålet vert spesifisert med tilgjengelige SOSI-kodar for
bustadutbygging, fritidsutbygging og næringsutbygging. Vi minner om at der det ikkje er
gjeve anna byggegrense mot sjø, gjeld tiltaksforbodet i § 1-8 som elles, med unntak av
nødvendige tiltak som er opna for etter § 11-11 nr. 4. Tiltaksforbodet omfattar bruksendring.
All utbygging i LNF-spreidd skjer under føresetnad av at formålet, utbygginga sitt omfang og
lokalisering er nærare fastsett i planen. Dette gjeld også små kraftproduksjonsanlegg.
Kriteria for omfang og lokalisering av slike anlegg bør ta utgangspunkt i regionale planar for
tiltak for energiproduksjon dersom slike føreligg.
Plankart
Vi oppmodar om ein gjennomgang av bruk av feltnamn i føresegnene, plankartet og
konsekvensutgreiinga slik at desse dokumenta samsvarar. Ved nokre tilfelle er
byggjegrensene på plankartet vanskeleg å lese, noko som gjer at vi ikkje kan vurdere den
føreslåtte arealbruken. Ved utlegging til 2. gongs offentlege ettersyn må byggjegrensene
visast tydelegare, til dømes med smalare linjer og høgare oppløysing.
4. Merknader til føresegnene for å ivareta sektorinteresser
Manglande plankrav
I planframlegget er det sett av 28 byggjeområde for fritidsbustader, 17 med krav om
reguleringsplan og 11 byggjeområde utan krav om reguleringsplan. Det er også andre
byggjeområde i planframlegget utan krav om reguleringsplan, m.a. fem byggjeområde for
"andre typar bygg og anlegg" og nokre næringsområde. Det er såleis gjort unntak frå krav
om reguleringsplan for ei rekkje byggjeområde i planframlegget. Det er ikkje stilt krav til
samla utnyttingsgrad (tal bygningar/einingar) innafor desse byggjeområda. Kravet til
regulering er m.a. relatert til omfanget av utbygging/grad av utnytting innanfor eit område, og
når dette ikkje går fram av planen har ein heller ikkje grunnlag/heimel til å unnlate å stille
plankrav. Etter plan- og bygningslova § 11-10 nr. 1 er det eit vilkår for slike unntak at det
samstundes er gjeve føresegner om utbyggingsvolum og uteareal, og forholdet til
transportnett og anna lovverk er ivareteke. For dei byggjeområda det berre skal vere mindre
utbygging med eit fåtal einingar, og som såleis skal vere utan plankrav, føreset vi at det vert
teke inn føresegner om maks volum eller grad av utnytting. Her kan ein m.a. liste opp kor
mange einingar som kan byggjast innafor dei ulike byggjeområda.
Vi vil understreke at m.a. mindre byggjeområde i strandsona, t.d. med tre nye einingar, fort
vil måtte reknast som eit større byggje- og anleggstiltak som krev reguleringsplan. Fleire av
byggjeområda for fritidsbustader, som er utan plankrav, ligg nær sjøen (t.d. FB2 og FB6).
Ved utbygging i slike strandnære område, ser vi det som viktig at det vert lagt stor vekt på
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
6/17
god detaljplanlegging/-styring av utbygginga, m.a. for å sikre ei god terreng- og landskapstilpassing. Dette vil best kunne sikrast gjennom ei detaljregulering der arealbruken for heile
området vert vurdert samla og fastlagt i eit plankart med tilhøyrande føresegner. Vi tilrår
såleis å stille plankrav for dei aller fleste byggjeområda for fritidsbustader i planframlegget og for mange av dei andre byggjeområda utan plankrav, der det er aktuelt
med eit visst omfang på utbygginga.
Krav til utnyttingsgrad
Det er ikkje fastsett maks tal einingar innanfor nokon av dei utlagde byggjeområda i
planframlegget. Byggjeområda for fritidsbustader er i stor grad plasserte ned mot sjøen, og
at kommuneplanen ikkje har med maks tal einingar i dei ulike byggjeområda gjer det
vanskeleg å vurdere konsekvensane for t.d. allmenne interesser i strandsona. Kommunen
må ikkje, ut frå lovverket, fastsette dette i føresegnene for byggjeområde med plankrav. Vi
ser det likevel som fornuftig å stille krav til tal einingar i arealdelen til kommuneplanen, ikkje
minst for å gje føringar for utarbeiding av private reguleringsplanar i dei utlagde
byggjeområda. Vi tilrår at talet på kor mange einingar (hytter) det maksimalt vert opna
for innfor byggjeområda for fritidsbustader vert gjeve gjennom juridisk bindande
føresegner. Dette kan enkelt innarbeidast i planen ved å fylle inn ei kolonne med tal einingar
i tabellen under pkt. 3.2. Vi tilrår også å gjere dette for dei andre byggjeområda i
planframlegget.
Krav til storleik og utforming
For byggjeområda som ligg innanfor 100-metersbeltet langs sjøen ser vi det som særleg
viktig at hyttestorleiken vert avgrensa for å sikre ei best mogleg terreng- og landskapstilpassa utbygging. I føresegnene knytt til byggjeområda for fritidsbustader (pkt. 3.2 bokstav
b) er det opna for bygging av hytter med BRA = 200 m2. Vi merkar oss samstundes pkt. 2.7
om estetikk, landskapsomsyn og kvalitet, bokstav a. Her står det m.a. at: "Nye tiltak skal ha
god tilpassing til tomte- og byggjestruktur på staden, terreng og landskap". Dei konkrete
krava til hyttestorleik i pkt. 3.2 opnar i realiteten for at det kan byggjast svært store hytter.
Plassering og bygging av så store hytter (m.a. nær sjøen) vil gje større terrenginngrep og vil
vere vanskelegare å tilpasse i landskapet enn mindre hytter. Vi meiner at det må bli meir
samsvar mellom føresegnene i pkt. 3.2 og pkt. 2.7.
Vi tilrår å stille differensierte krav til hyttestorleiken, tilpassa dei ulike byggjeområda med
plankrav. Dvs. at det for byggjeområde som ligg nærast sjøen, og i tillegg kanskje
eksponert, vil vere rett å avgrense hyttestorleiken meir enn for hytteområde som ligg mindre
eksponert i landskapet og lenger frå sjøen. Vi vil sterkt rå til å redusere maksimalt tillaten
hyttestorleik i sjønære og eksponerte hytteområde. Dette kan enkelt innarbeidast i
planen, anten ved å fylle inn ei ekstra kolonne med maksimum BYA i kvadratmeter for
byggjeområda i tabellen under pkt. 3.2 "Område for fritidsbustader", eller liste opp dei
byggjeområda der hyttene skal ha meir avgrensa storleik. Fylkesmannen meiner at dette vil
gje ei god styring av hyttebygginga som vert tilpassa dei naturgjevne tilhøva i dei ulike
byggjeområda. Dette vil også gi viktige føringar for seinare utarbeiding av private
reguleringsplanar.
I bustadområde og for bustader i LNF-områda for spreidd bygging er det fastsett at BRA kan
vere 400 m². Dette opnar for at det kan byggjast svært store bustader. Mange av områda
ligg dels nær sjøen og eksponert, og bygging av store bustadhus vil m.a. kunne føre til
negative landskapsverknader og store terrenginngrep. Vi vil sterkt rå til å redusere BRA
for bustadtomter. Vi viser elles til merknadene som gjeld differensiering av storleik ovanfor.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
7/17
LNF-område for spreidd bygging
Fylkesmannen ser det som viktig å unngå punktering av delområde som er utan bygningar
frå før, og som har verdi for m.a. friluftsliv og landskap, innafor dei avsette LNF-områda for
spreidd bygging. Vi vil difor sterkt rå til å supplere føresegnene pkt. 6.2 med krav om at
nye bygg som ein hovudregel skal plasserast mest mogleg i tilknyting til eksisterande
bygningar og infrastruktur, og trekkjast så langt som råd tilbake frå strandkanten.
Sjøbuer
I planframlegget er det i føresegnene forsøkt opna for bygging og/eller bruksendring av m.a.
gamle sjøbu-/sjøhusmurar. Det går fram av føresegnene at det gjeld bruksendring til m.a.
bustad, fritidsbustad eller næring. Dette gjeld innafor byggjeområde for andre typar bygg og
anlegg, og LNF-område for spreidd utbygging. Det er også forsøkt opna for bruksendring av
sjøbuer i LNF-område gjennom ei retningslinje der det står at: "For sjøbuer skal det kunne
gjevast løyve til bruksendring til bustad, fritidsbustad eller næringsaktivitet". Det er i
planframlegget såleis forsøkt opna opp for at sjøbuer/sjøhus i store deler av kommunen kan
bruksendrast til m.a. bustader og fritidsbustader, utan dispensasjon, utan reguleringsplan og
utan at det går fram av plankartet kor desse sjøbuene/murane er.
Vi har forståing for, og ser verdien av, å ta vare på/byggje opp att ein del av dei gamle
sjøbuene/sjøhusa. Vi vil samstundes understreke at det kjem klart i strid med nasjonale mål
og retningslinjer for forvaltning av strandsona å generelt opne for bruksendring og bygging
av bustader og fritidsbustader i område der det er gamle sjøhus eller sjøhusmurar. I Flora
kommune er det svært mange slike gamle sjøhus eller murar etter slike. Sjøbuene/-husa ligg
naturlegvis heilt nede i strandkanten, og dels i urørte og eksponerte område. Bruksendring
av sjøbuer/sjøhus til m.a. bustader eller fritidsbustader fører såleis til ein arealbruk som
samla sett vil kunne gi store negative konsekvensar for omsyna som ligg til grunn for
strandsonevernet.
Reine sjøbuer har liten privatiseringseffekt og små konsekvensar for tilgang til og bruk av
strandsona ut over nedbygd areal. Bustader og fritidsbustader har ein heilt annan
privatiserande og avvisande effekt enn kva tilfellet er med sjøbuer/sjøhus, både gjennom
bruk og opparbeiding. Dette gjeld sjølv om bygget vert halde i ein nøktern sjøhusstil utan
veranda og liknande (jf. pkt. 2.8 i føresegnene i planframlegget). Ofte vil gradvis
opparbeiding og tilrettelegging av tilgrensande areal forsterke den privatiserande effekten.
Bruksendring av sjøbuer til bustad eller fritidsbustad vil såleis vere uheldig sett i forhold til
allmenne interesser knytt til tilkomst, ferdsel og opphald langs sjøen. Vi viser elles til dei
planjuridiske merknadene i kap. 3 ovanfor som understrekar at det heller ikkje er heimel i
plan- og bygningslova for den måten det i planen/føresegnene er opna for bruksendring av
sjøhusa i kommunen.
Med bakgrunn i dette fremjar vi motsegn mot den delen av planen/føresegnene som
opnar for bruksendring av sjøhus til m.a. bustader og fritidsbustader. Vi vil også
sterkt rå til å stryke retningslinja i pkt 6.1 om at det skal kunne gjevast løyve til
bruksendring til bustad, fritidsbustad eller næringsaktivitet for sjøbuer innanfor LNFområde. I LNF-område vil slik bruksendring uansett krevje dispensasjon både frå
tiltaksforbodet i pbl § 1-8 og frå kommuneplanen.
Omdisponering av sjøbuer/sjøhus bør som hovudregel berre vere aktuelt i spesielle tilfelle,
der ny bruk inneber at eldre bevaringsverdige bygningar blir restaurerte og haldne vedlike,
utan vesentleg ombygging og fasadeendring. Bruksendring bør då primært skje som ledd i
næringsverksemd, og i område som frå før er meir eller mindre privatiserte.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
8/17
Bryggje/kai for tilkomst og båtplass
I dei generelle føresegnene pkt. 2.7 bokstav b står det: "Mindre brygge/kai for tilkomst og
båtplass kan oppførast på bebygd eigedom der det ikkje er slik frå før". Ei slik generell
opning for å byggje private kaiar og bryggjer (med lengd inntil 12 meter på flytebryggjer, jf.
pkt. 2.7 bokstav c) innafor heile kommunen vil auke privatiseringsgraden og vere klart i strid
med viktige omsyn bak strandsonevernet (m.a. allmenne friluftsinteresser). I dei områda der
det er lagt inn byggjegrense tilbaketrekt frå strandkanten vil bygging av kai eller bryggje
krevje dispensasjon frå tiltaksforbodet i strandsona (pbl. § 1-8). Det er ikkje høve til å gje
reine dispensasjonsføresegner i kommuneplanen slik det er gjort i pkt. 2.7 bokstav b og c.
Brygger og kaiar må søkast om og vere i tråd med lov og plan som elles. Vi viser her til dei
planjuridiske merknadene i kap. 3 i fråsegna. Føresegnene i bokstav b og c i pkt. 2.7 må
difor strykast. Dette er å sjå på som eit krav (motsegn).
Byggjegrense
I dei generelle føresegnene pkt. 2.4 bokstav b står det m.a. at: "Naust, kaiar og liknande kan
førast opp innafor byggjeforbodssona". Etter lova er det ikkje opning for slike tiltak i
strandkanten når det i ein plan er sett ei byggjegrense tilbaketrekt frå strandkanten. I
setninga før står det også at det kan gjevast løyve til tiltak som tilbygg og riving. Vi minner
om at også mindre tiltak er omfatta av forbodet i plan- og bygningslova § 1-8, og at det ikkje
er heimel for føresegner om generelle unntak. Det følgjer av § 1-8 tredje ledd at forbodet i
hundremetersbeltet gjeld så langt det ikkje er fastsett anna byggjegrense. Det kan ikkje
generelt opnast for slike tiltak (t.d. naust, kaiar og liknande) innafor byggjeforbodssona, og
desse delane av pkt. 2.4 må såleis strykast frå føresegnene. Dette er å sjå på som eit krav
(motsegn). Vi vil presisere at motsegna også omfattar dei delane av føresegnene der
det står at: "For naust gjeld unntak frå byggjegrenser" (m.a. pkt. 3.1 bokstav d, pkt.
3.2 bokstav d, pkt. 3.7 bokstav i, pkt. 6.2 bokstav n.
Fasadeendringar og innløysing av festetomt er unnateke tiltaksforbodet i pbl. § 1-8,
uavhengig av byggjegrense. Det same gjeld mellombelse tiltak etter § 20-2 c og § 20-3
tredje ledd. Vi viser også til avsnittet over om bryggje/kai for tilkomst og båtplass.
I pkt. 2.4 bokstav d er det lista opp tiltak som kan lokaliserast nærare sjø eller vassdrag enn
dei fastsette byggjegrensene i planen. Dette gjeld m.a. nødvendige bygningar og anlegg
knytt til landbruk, fiske, akvakultur og ferdsel til sjøs. Dvs. at det er opna for t.d. landbrukstiltak heilt ned til strandlinja m.a. innafor heile LNF-området i kommuneplanen. For å sikre ei
rett vekting mellom landbruksomsyn og strandsoneomsyn er det eit krav (motsegn) at
følgjande vert innarbeidd i føresegna. "Naudsynte bygningar og anlegg for landbruk og
gardsbasert næringsverksemd kan oppførast i 100- metersbeltet langs sjø dersom
bygning/anlegg vert plassert i tilknyting til eksisterande tunskipnad, jf. plan- og bygningslova
§ 11-11 nr. 4". Det kan gjerne presiserast at dette ikkje er til hinder for tiltak med sjøretta
funksjon.
Vi ser det i utgangspunktet som positivt at det er lagt inn eit tiltaksforbod i eit belte på 30
meter langs vassdrag. Det er ikkje skilt mellom verna vassdrag og andre vassdrag. 30 meter
som byggjegrense kan enkelte stader vere for kort avstand til å ivareta dei allmenne
interessene langs vassdrag, særleg langs ubygde delar av verna vassdrag. Kommunen bør
vurdere om det er behov for ei nærare differensiering av byggjegrenser langs vassdraga.
Naust
I planframlegget er det ikkje sett av eigne byggjeområde for naust. I staden er det opna for
naustbygging i eigne føresegner for naust under følgjande føremål/byggjeområde:
Bustadområde, område for fritidsbustader, andre typar bygg og anlegg og LNF-område for
spreidd utbygging. Vi kan ikkje sjå at det går fram av planen kor mange naust som skal
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
9/17
kunne byggjast innafor desse områda. Samla sett utgjer området eit svært stort areal, utan
at planen gjev styring på kor mange naust som skal kunne byggjast eller ei nærare
presisering på kor og korleis naustbygginga skal skje. For å gje opning for bygging av naust
i dei ulike områda er det i føresegnene gjort unntak frå byggjegrensa langs sjøen for naust.
Dette er det som nemnt ikkje heimel til å gjere (jf. motsegn ovanfor). Slik planen no ligg føre
er det i realiteten ikkje lagt til rette for bygging av naust.
Der det i kommuneplanen er tenkt å opne for spreidd naustutbygging i LNF-område kan
dette i planen gjerast på følgjande måte med heimel i pbl. § 11-11 nr. 2. I Nasjonal
produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister står det følgjande:
Ved bestemmelser til arealformål etter § 11-7 nr. 5 og 6 angir en at det er
adgang til spredt utbygging av naust, og gjennom SOSI koden
KpBestemmelsesOmråde stedfestes plasseringen i plankartet. Det kan
eventuelt også gis påskrift for eksempel «N» eller «naust». Dersom kommunen
(unntaksvis) ønsker å legge til rette for konsentrert naustutbygging på et
avgrenset område, kan dette i plan vises som eget arealformål etter § 11-7 nr.
1. Man anvender da kode 1110 eller 1120 i vedlegg I til kart- og planforskriften
med påskrift «naust» i kartet. I bestemmelse skal det angis at det gjelder krav
om reguleringsplan etter § 11-9 nr. 1 for slik utbygging.
I LNF-område for spreidd bygging av naust må det gå tydeleg fram kor mange naust det vert
opna for (jf. 11-11 nr. 2 om "bebyggelsens omfang"). Viss det er ønskje om å setje av eigne
byggjeområde for naust, tilrår vi at dette vert gjort t.d. i tilknyting til byggjeområde for
fritidsbustader og/eller bustader ved sjøen.
Føresegnene har ein del gode føringar når det gjeld utforminga av nausta og det er presisert
at dette er bygningar for oppbevaring av båt, utstyr for båt og fiskereiskap. Vi synest derimot
at BRA = 60 m2 er for stort når det gjeld reine naustbygningar. Vi vil sterkt rå til å
redusere BRA til maksimalt 40 m2 innanfor eventuelle byggjeområde for naust og i LNFområde for spreidd bygging av naust. Viss kommunen ønskjer å opne for større naust enn
dette, tilrår vi at dette vert avgrensa til nokre delområde/byggjeområde for naust der
kringliggjande miljø og terrengtilhøva tilseier at det kan byggjast noko større naust.
5 Natur- og miljøfaglege merknader
I gjennomgangen av planframlegget har vi lagt vekt på å vurdere ny arealbruk som er med i
konsekvensutgreiinga. Vi har i mindre grad sjekka ut sjølve plankartet, som omfattar både
vidareført arealbruk frå gjeldande kommuneplan og ny arealbruk. Vi har lagt særleg vekt på
dei delene av planen vi meiner er mest konfliktfylte i planframlegget. Arealbruk som kjem i
konflikt med nasjonale eller viktige regionale interesser gir grunnlag for bruk av motsegn.
Kommunen meiner at dei rikspolitiske retningslinjene for differensiert forvalting av
strandsona opnar for meir utbygging i strandsona enn tidlegare. Vi vil understreke at dette
må seiast å vere ei lite nyansert tolking av retningslinjene, då opninga for utbygging nær
sjøen er særleg knytt til næring ved sjøen (reiseliv og turisme) og andre sjøtilknytte tiltak.
Det er vidare presisert at kommunen i kommuneplanen skal vurdere behovet for utvikling av
eksisterande arealbruk, og behovet for tilpassing av eventuell ny utbygging. Dei statlege
planretningslinjene er ikkje ulike dei regionale retningslinjene for forvaltning av strandsona i
fylkesdelplanen for arealbruk, og som har vore retningsgjevande for gjeldande praksis i
Sogn og Fjordane.
Vi tek atterhald om bruk av motsegn i byggjeområde der det er stilt krav om reguleringsplan,
men ikkje sett byggjegrense.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
10/17
5.1 Merknader og motsegner knytt til område langs vassdrag
Det er lagt til rette for utbygging langs fleire vassdrag i Flora kommune. Langs vassdrag er
ikkje strandsonevernet like strengt som langs sjø, men det skal likevel takast omsyn til
landskap, naturmiljø og friluftsliv, jf. pbl. §1-8. Vi merkar oss at byggjegrensa i nokre av
områda er trekt nær strandkanten utover på markerte nes. Bygging ute på slike nes vil
som hovudregel kome i konflikt med allmenne interesser knytt til sjø og vassdrag, jf.
pbl. §1-8, og vi fremjar difor motsegn med krav om at byggjegrensa vert trekt tilbake
slik at nesa vert skjerma mot bygging. Vi fremjar delmotsegn mot følgjande område
med krav om å trekke føremålsgrensa vekk frå vasskanten: SPB59, SPB61a og
SPB61b. SPB58 ligg i nærleiken av vassdrag og er eit ubygd område som må (motsegn)
takast ut av planen. Innanfor FB30 tilrår vi sterkt at det vert sett byggjegrense mot elva
grunna flaumfare.
Solheimsvassdraget med kringliggjande område er registert som verna vassdrag.
Vassdragsvernet gjeld først og fremst mot kraftutbygging, men det skal også ved andre tiltak
takast særleg omsyn til verdiar knytt til landskap, naturmiljø og friluftsliv. På bakgrunn av
dette fremjar vi motsegn mot FB22, FB23 og FR2 som alle er plasserte på ubygde oddar i
eksponerte område. Vi fremjar også delmotsegn mot SPB48, SPB52, SPB56, FB24 med
krav om å trekke føremålsgrensa tilbake frå vasskanten. SPB53 omfattar store urørde
område, og vi tilrår at føremålsgrensa vert trekt vekk frå desse.
Råstoffutvinning
Det er sett av tre område for råstoffutvinning ved Lykkjebøvatnet. Innanfor RS2 er det
allereie etablert eit område for råstoffutvinning om lag 50 meter frå vasskanten. Det er i
planframlegget opna for å utvide området for råstoffutvinning heilt ned til vatnet. Nærsona
langs vassdrag er generelt viktig å ta vare på av omsyn til allmenne friluftsinteresser,
landskap og naturmiljø, og råstoffutvinning heilt ned til vatnet vil vere konfliktfylt for
desse interessene. Aktiviteten vil også auke faren for ureining til vassdraget. Vi viser her til
vassressurslova § 11der det m.a. heiter: ”Langs bredden av vassdrag med årssikker
vannføring skal det opprettholdes et begrenset naturlig vegetasjonsbelte som motvirker
avrenning og gir levested for planter og dyr”. Vi fremjar med bakgrunn i dette motsegn
mot utviding av RS2, og krev at utvinningsområdet ikkje må strekkje seg lenger mot vatnet
enn eksisterande område gjer i dag.
5.2 Merknader og motsegner knytt til strandsona langs sjø
LNF spreidd utbygging
I saksutgreiinga meiner kommunen at nye utbyggingsområde er konsentrerte rundt
eksisterande busetnad. Vi kan ikkje sjå at dette er tilfelle i alle områda. Mange område som
er sett av til LNF spreidd utbygging er store og omfattar ubygd terreng. Vi tilrår sterkt at
desse områda vert avgrensa mot eksisterande busetnad av omsyn til ivaretaking av
urørd natur. Vi tilrår også sterkt at det ikkje vert opna for bygging på kollar i
landskapet, åsryggar og smale område med sjø på begge sider. Sjølv om områda ligg
langs etablerte vegar bør utbygging konsentrerast rundt allereie bygde område. Fleire av
områda kan med fordel delast opp.
Innanfor nokre område som er sett av til LNF spreidd utbygging finst det prioriterte
naturtypar verdi A og B. Dette gjeld mellom anna SPB14 og SPB20. Vi fremjar delmotsegn
mot områda med krav om å trekke føremålsgrensa vekk frå naturtypane.
Områda for LNF spreidd utbygging strekker seg ofte heilt ned mot strandkanten, men har
byggjegrenser noko tilbaketrekt frå sjø. Byggjegrenser langs sjø hindrar bygging heilt ned i
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
11/17
strandkanten, men opnar likevel opp for private tomter heilt ned mot sjøen. Av omsyn til
allmenne interesser (m.a. naturmiljø, landskap og friluftsliv) fremjar vi derfor motsegn
mot slike område, og krev at føremålsgrensene vert trekte tilbake slik at ho samsvarar
med byggjegrensa. Areal utanfor den nye føremålsgrensa må setjast av til LNF-område.
Vi fremjar motsegn mot delar av desse byggjeområda med krav om å ta ut deler av
områda eller å trekke føremålsgrensa og/eller byggjegrensa meir attende frå sjø:
SPB5-7, SPB13, SPB14, SPB16, SPB18-SPB26, SPB28, SPB29, SPB31-35, SPB37-40,
SPB42-45, SPB49, SPB51, SPB61a, SPB62, SPB66/H7, SPB68. Vi fremjar også
motsegn mot heile SPB55 med krav om å trekke området ut frå planen.
Vi kan ikkje finne SPB67 på plankartet og kan ikkje ta stilling til dette området.
Vi kan ikkje sjå at SPB69 er konsekvensutgreidd sjølv om dette er vist som framtidig. Vi
føreset at dette vert gjort før 2. gongs høyring av arealdelen gitt at dette er eit nytt område.
Fritidsbustader
Det er lagt opp til byggjeområde for fritidsbustader i eksponerte område nær sjøen der
føremålsgrensa går heilt ned i strandkanten. Områda er i mindre grad påverka av tekniske
inngrep frå før, som til dømes hytter og vegar. Utbygging i slike område vil vere i konflikt
med dei allmenne interessene bak strandsonevernet. På bakgrunn av ovanståande
fremjar vi motsegn mot følgjande område: FB4, FB5, FB6, FB8, FB9, FB18, FB29,
FB32, FB33. Hytteområde bør i større grad plasserast i tilknyting til eksisterande hytter og
infrastruktur og meir tilbaketrekt frå strandkanten.
I fleire av dei avsette fritidsbustadområda er det rom for fortetting/utbygging, men
føremålsgrensa er trekt heilt ut i strandkanten. Føremålsgrensene i desse områda må
trekkast tilbake og areal utanfor føremålsgrensa må settast av til LNF. Vi fremjar på
bakgrunn av dette delmotsegn mot desse områda: FB2, FB3, FB7, FB11, FB13, FB14,
FB15, FB33.
Vi tilrår også sterkt å trekke føremålsgrensa tilbake frå sjø i FB20. Vi merkar oss at
området ikkje har byggjegrense og at det ikkje er krav om reguleringsplan for området.
Oppføring av bygg eller andre tiltak vil då krevje søknad om dispensasjon frå §1-8. I område
utan krav om reguleringsplan tilrår vi at det vert sett byggjegrense mot sjø.
Vi kan ikkje finne FB21 på plankartet og kan ikkje ta stilling til dette området.
Vi kan ikkje sjå at FB15 er konsekvensutgreidd og vi tilrår at dette vert gjort før 2. gongs
høyring av arealdelen.
Andre typar bygg og anlegg
Også innanfor dette føremålet går føremålsgrensa heilt ned til sjø. Vi krev (delmotsegn) at
føremålsgrensa vert trekt tilbake for B1 og B3. Areal utanfor byggjegrensa må settast av
til LNF-område. Området må avgrensast til å ikkje omfatte ubygde nes og holmar.
BA1 og BH1 er delvis eksisterande anlegg, men er utvida i nord og sør. Vi krev
(delmotsegn) at felta vert avgrensa til eksisterande anlegg. Etablering av C1 vil måtte
innebere store terrenginngrep. Landskapet er eksponert og området ligg i strandsona og
grensar til omsynssone for friluftsliv, og vi fremjar derfor motsegn mot C1 med bakgrunn
i pbl §1-8.
Innanfor B4 og I1 (Industri) er det lagt opp til store utfyllingar nord for Florø sentrum. Etter
vår vurdering er det ikkje gjort ei grundig nok konsekvensutgreiing til at vi kan ta stilling til
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
12/17
den planlagde arealbruken, og vi fremjar motsegn mot områda med krav om å ta ut
arealføremåla. Områda er omfatta av bandleggingssoner i påvente av reguleringsplan. Vi vil
presisere at rettsverknaden av sonene berre er bandlegging med tanke på framtidig
reguleringsarbeid, og inneber ikkje noko førehandsgodkjenning av gitt føremål. Vi held
likevel på retten til å kome med motsegn mot heile eller delar av detaljreguleringsplanen
dersom planane kjem i konflikt med nasjonale eller viktige regionale interesser innafor våre
ansvarsområde.
BA4 og FE3 er tenkt som privat molo i eit vêrhardt område. Vi forstår behovet for gode
hamner, men meiner dette er eit vesentleg inngrep i ei elles lite utbygd strandsone. Vi rår
ifrå BA4 og FE3 og oppmodar om å samlokalisere hamner i dette området.
Spreidd LNF Hytter
SPH1 strekkjer seg mot nord og sør i eit eksponert og urørd område. Vi fremjar
delmotsegn mot området med krav om å trekkje tilbake føremålsgrensa.
N1 og N2
Næringsområda N1 og N2 er meint som utleigehytter i strandkanten og vi tilrår at
arealføremålet vert endra til fritids- og turistføremål (sosikode 1170). Vi kan ikkje sjå at det
er naudsynt å sette av så store areal til utleigehytter og krev derfor (motsegn) at N1 vert
avgrensa mot vest og N2 mot aust av omsyn til landskapsverdiane i strandsona, jf.
pbl. §1-8.
Vi kan ikkje sjå at N3 er konsekvensutgreidd. Vi føreset at dette vert gjort før 2. gongs
høyring av arealdelen gitt at dette er eit nytt område.
Hamn og ferdsel i sjø
H1 ligg i eit urørt område, og vi fremjar motsegn mot området. Ei eventuell ny hamn bør
lokaliserast i tilknyting til eksisterande busetnad.
Vi tilrår at H4 og FE5 vert trekt lenger nordvest for å verne om elvedeltaet lenger søraust.
Deltaet er eit viktig landskapselementet og er eit mogleg beiteområde for fisk.
Småbåthamn
BH2 omfattar eit stort område som delvis grensar mot fritidsbustadområde og delvis mot
urørd natur. Vi stiller spørsmål ved behovet for å sette av eit så stort område for
småbåthamn og fremjar delmotsegn mot BH2 med krav om å avgrense området til
utbygde område.
5.3 Andre merknader
Bustader
Det er lagt til rette for fire reine bustadområde i planen. Vi vurderer felt B9 som uheldig då
området ligg i urørd natur, er rasutsett og ikkje er knytt til eksisterand busetnad, og vi tilrår å
ta ut dette feltet. Det må knytast plankrav til B9 dersom ikkje feltet vert teke ut av planen. Vi
tilrår også å ta ut felt B8, då SPB25 og SPB26 truleg dekker behovet for nye bustader i
området. Vi vil sterkt rå til at maks tal nye einingar vert fastsett for alle bustadområde.
Fritids- og turistføremål
FR1 er tenkt sett av til ørneobservatorium. Vi føreset at det vert teke tilstrekkeleg omsyn til
den prioriterte naturtypen i området.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
13/17
Akvakultur
A1 er plassert i eit område med raudlista sandskjel. Denne arten er i sterk tilbakegang og vi
er derfor kritiske til denne plasseringa. Vi vil klart tilrå å ta ut eller flytte denne
akvakulturlokaliteten for å unngå konflikt med sandskjelområdet.
A7 er plassert under 1 km frå Gnareneset som er registrert som eit regionalt viktig
friluftsområde. Vi tilrår at kommunen finn ei anna og meir eigna plassering for A7.
Innanfor A15 er det i dag eit midlertidig akvakulturanlegg som no er tenkt gjort permanent.
Det er mange fritidsbustader i området. Akvakulturanlegg er visuelt skjemmande,
ureinande/støyande og til ulempe for båtbruk i området. Vi har motteke mange kopiar av
merknader til akvakulturanlegg i dette området. På bakgrunn av konflikten med
fritidsbusetnad og friluftsinteresser tilrår vi å ta ut A 15 av planen.
Vi viser elles til Mattilsynet si fråsegn til kommuneplanen datert 11.09.2015 der dei tilrår at
området aust for Hovden vert skjerma mot etablering av matfiskoppdrett av laksefisk med
open merdteknologi. Vi stiller oss bak fråsegna og tilrår at dette vert følgt opp.
Idrettsanlegg
SK1 er sett av til ny skytebane. Vi tilrår at det også vert sett av ei tilstrekkeleg stor
omsynssone for støy for å sikre tilstrekkeleg areal og hindre moglege konfliktar med
kringliggjande føremål. Vi minner også om at det må søkast til Fylkesmannen om konsesjon
for skytebana.
Nedlagde skytebaner inneber ein vesentleg miljørisiko og må merkast med omsynssone.
Støy
Fare for støy er omtalt og vurdert i Ros-analysen, men er vurdert som ikkje aktuelt. Vi er
kritiske til denne slutninga og stiller spørsmål ved kva kunnskapsgrunnlag som er nytta som
bakgrunn for vurderinga. Dersom det føreligg støykartleggingar for kommunen bør dette
leggast ved kommuneplanen.
Ureining i grunn og sediment
Fare for ureina grunn er omtalt og vurdert i Ros-analysen, men er vurdert som ikkje aktuelt.
Vi er kritiske til denne slutninga og stiller spørsmål ved kva kunnskapsgrunnlag som er nytta
som bakgrunn for vurderinga. Lokalitetar der det tidlegare har vore industri, skipsverft,
verkstader, bensinstasjonar, gartneri eller anna forureinande verksemd kan ofte ha ureining i
grunnen. Ureina sediment finn ein også ofte der det har vore slike aktivitetar, eller i tilknyting
til eksisterande båthamner og kaier.
Planframlegget opnar for tiltak i sjø som småbåthamner og næringsareal. Når det skal fyllast
ut eller mudrast i område der det er fare for ureina sediment, må miljøtekniske
undersøkingar stadfeste ureiningsgraden. Dette er viktig for å kunne ta førehandsreglar, og
for å setje inn dei rette avbøtande tiltaka som kan hindre spreiing av ureina sediment og
miljøgifter til omgjevnadene under mudrings- og utfyllingsarbeidet. Mudring og dumping i
ureina sediment krev eige løyve frå Fylkesmannen.
Det er viktig at både ureina grunn på land og ureina sediment i sjø blir vurdert og avklart før
tiltak blir gjennomført. Vi viser til at kommunen har eit eige ansvar for å sikre mot spreiing av
ureining. Vi føreset at kommunen følgjer opp dette for utbygging og tiltak, både i område
med plankrav og for utbygging som ikkje vil krevje plan eller dispensasjon.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
14/17
6 Landbruksfaglege merknader
Som sektorstyresmakt for landbruk har Fylkesmannen eit særleg ansvar for at kommunane
tek vare på dei mest produktive jordbruksareala, men samstundes skal jordverninteressene
vegast mot andre samfunnsinteresser, jamfør jordlova § 9. Stortinget har ved fleire høve
understreka at det er viktig å ta vare på den dyrka jorda sidan dette er ein svært avgrensa
ressurs, seinast ved handsaming av St. meld 9 (2011-2012) om norsk landbrukspolitikk. Det
er sett som mål at omdisponering av dyrka jord ikkje skal overstige 6000 dekar per år.
Denne målsetjinga er også vidareført av den sitjande Regjeringa.
Regjeringa har i si plattform også sagt at vi skal ta vare på god matjord, men samstundes
balansere jordvernet mot storsamfunnets behov. Stortinget vedtok samrøystes i april 2014 å
be Regjeringa fremje forslag for Stortinget om ein nasjonal jordvernstrategi.
Vi viser også til jordvernstrategien for fylket, som vart vedteken av det tidlegare
fylkeslandbruksstyret i 2009 og som Fylkesmannen deretter har lagt til grunn i arbeidet med
jordvern i plansaker. Her er det mellom anna sagt at ved utbygging i og nær tettstadane våre
må det leggjast vekt på fortetting, høg arealutnytting og fastsetjing av naturlege grenser
mellom utbyggingsareal og dei større samanhengande jordbruksområda utanfor.
Konkret vurdering av planframlegget
Det går fram av planomtalen at det største utbyggingspresset for bustader og
næringsutvikling er knytt til område som er omfatta av gjeldande kommunedelplanar
(Florelandet/Brandsøy og Eikefjord). Denne planrevisjonen gjeld difor arealbruken i bygdene
og på øyane, der det naturleg nok er lågare byggeaktivitet og mindre press på areala.
Tilflytting og ny busetnad er viktig for å oppretthalde lokalsamfunna, og vi er positive til at det
vert lagt til rette for både busetnad og næringsutvikling i dei meir utkantprega områda i
kommunen.
Det står i planomtalen at det er utarbeidd eit kart over kjerneområde landbruk, men at
omsynssoner for landbruk ikkje er lagt inn i plankartet. Dersom det ligg føre ei kartlegging av
kjerneområde for matproduksjon og kulturlandskap i kommunen, meiner vi at det burde vore
presentert som ein del av plandokumentet og synt att i vurderingane i konsekvensutgreiinga
for dei einskilde byggjeområda.
I fråsegna vår omtalar vi berre dei byggjeområda vi meiner kan vere uheldige for
landbruksinteressene. Dette er faglege merknader som etter vår vurdering ikkje gjev
grunnlag for å reise motsegn mot planframlegget.
Nye bustadområde
På Tansøy er det sett av eit bustadområde B6 på 7daa, som ligg nær dyrka mark. Sjølv om
dette arealet ligg inne mellom og tilknyting til eksisterande busetnad, stiller vi likevel
spørsmål om det er nødvendig å legge ut eit nytt bustadfelt i eit område der det er sett av
rikeleg areal til LNF spreidd. Vi har ikkje avgjerande merknader til dei andre bustadområda i
planen, B7, B8 og B9. Sjølv om bustadområde B7 på Færøy omfattar noko overflatedyrka
mark, er feltet avgrensa av veg mot nord og eit nytt hytteområde mot sør.
Fritidsbustad
På Hammerset på Askrova er det sett av eit nytt hytteområde FB34 på 9 daa, og i hovudsak
består av areal klassifisert som innmarksbeite. Vi meiner det er uheldig å etablere eit
konsentrert hytteområde nær innåt tun og jordbruksareal på ein landbrukseigedom.
Plasseringa er også i strid med jordvernstrategien for fylket, der det står at hyttebygginga
skal styrast til udyrka areal og utan å kome i konflikt med beiteinteresser og kulturlandskap.
Det er sett av meir enn rikeleg med areal til LNF spreidd på Askrova, og vi meiner at
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
15/17
hyttebygging kan styrast til desse områda. Vi rår difor i frå etablering av hytteområde
FB34.
Hytteområde FB33 på Tansøy består av innmarksbeite og ligg nær opp til dyrka mark og i
utkanten av eit større og meir samanhengande landbruksområde. Vi er samd i
oppsummeringa i konsekvensutgreiinga om å konsentrere bustad- og hyttebygging nord på
Tansøy, der det allereie er lagt til rette for LNF spreidd(SPB6). Av omsyn til
landbruksinteressene rår vi i frå etablering av hytteområde FB33 på Tansøy.
Nytt hytteområde FB 30 på Klauveneset består av innmarksbeite, som er i dag fritt for
busetnad eller andre inngrep. Vi vil også her minne om at etablering av hyttefelt på dyrka
areal og innmarksbeite er i strid med jordvernstrategien. Vi rår til å flytte hytteområdet
vekk frå produktivt jordbruksareal. Eventuelt at det vert lagt til rette for hyttebygging i
området litt lenger vest på Klauveneset, der det frå før er delt frå fleire hyttetomter.
LNF spreidd
I planen er det sett av mange, og ikkje minst store område til LNF spreidd utbygging av
bustader, fritidsbustader og næringsbygningar. For heile planområdet er det tale om i alt 29
område med plass til meir enn 200 einingar. Det er såleis lagt til rette for stor overkapasitet,
noko kommunen også peikar på i planomtalen.
LNF spreidd kan i utgangspunktet vere ein god og fleksibel måte å løyse arealbruken i
grendene og bygdene, der det er meir sporadisk byggjeaktivitet og arealpresset er lågt. Vi
er likevel kritiske til å legge ut alt for store område, som gjer at det er vanskeleg å styre
arealbruken og plassere nye bygningar der dei er minst til ulempe for andre
arealbruksinteresser. Dei aktuelle områda for LNF spreidd omfattar også mykje
jordbruksareal i form av dyrka jord og innmarksbeite.
Sjølv om det står i føresegnene til planen at det ikkje skal byggjast på drivverdig dyrka mark
og innmarksbeite, kan det likevel føre til infiltrasjon og driftsulemper for landbruket av å tillate
bygging i dei beste og mest samanhengande jordbruksområda. For landbruket er det
uheldig at enkeltbygg infiltrerer større og samanhengande jordbruksområde, der det ikkje er
bygt frå før. Omsynet til kulturlandskapet talar også for å redusere og avgrense dei områda
der spreidd bygging er tillate.
I denne planen vert det lagt opp til å utvide LNF spreidd til endå fleire og større område. Vi
meiner at ein i staden burde innskrenke desse områda, slik at nye tomter til bustad- og
fritidsføremål og næring først og fremst vert plassert der det er bygt frå før. På denne måten
kan ein halde dei mest verdifulle jordbruks- og beiteareala frie for bygging.
På Askrova er det sett av fleire store område til LNF spreidd. Område SPB5 er på heile 1271
daa og delar av arealet er dyrka mark og er brukt som beite for utegangarsau. I tillegg er det
lagt ut fire område vest på Askrova, SPB 7-10, som til saman er på 380 daa. Vi er kritiske til
å setje av så vidt store areal til LNF spreidd og rår til at ein i staden konsentrerer ny
busetnad og næringsbygg i tilknyting til eksisterande busetnad. I konsekvensutgreiinga er
det konkludert med at særleg SPB 10 vil vere uheldig for landbruket. Vårt landbruksfaglege
råd er å redusere både SPB5 og SPB10, og å avgrense LNF spreidd meir innåt
eksisterande busetnad.
På Rekstad er det også sett av relativt store areal til LNF spreidd, dette gjeld særleg SPB 20
på nordsida av øya, og er på om lag 1100 daa. Også her bør kommunen vurdere storleiken
på område tiltenkt spreidd bygging.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
16/17
I Nordalsfjorden er det sett av store areal til spreidd bygging, som også omfattar dyrka mark
og innmarksbeite. Vi rår til at kommunen redusere samla areal avsett til LNF spreidd i
Nordalsfjorden, særleg dei beste og mest lettdrivne jordbruksareala innanfor områda
SPB 51, SPB52 og SPB 53.
I føresegnene for LNF spreidd står det under pkt. d: «Det skal ikkje byggjast på drivverdig
dyrka mark, på samanhengande innmarksbeite av høg verdi eller på samanhengande
skogsområde med høg bonitet.» Her vil vi tilrå ein litt meir presis definisjon. Sjølv om dyrka
jord ikkje lenger er «drivverdig» til slåttemark, så kan slike areal framleis ha stor verdi som
beite t.d. til utegangarsau ute i øyane. Vi tilrår at det skal stå følgjande i føresegnene:
Det skal ikkje byggjast på dyrka mark, på samanhengande innmarksbeite eller på
samanhengande skogsområde med høg bonitet.
Vi minner elles om at jordlova §§ 9 og 12, om omdisponering og deling, framleis vil gjelde
innanfor område sett av til LNF spreidd, jamfør jordlova § 2. Dette vil medverke til at
landbruksinteressene og jordvernet kan ivaretakast også i område sett av til spreidd
bygging.
7 Merknader knytt til samfunnstryggleik og beredskap
Som ein del av konsekvensutgreiinga er det gjort ein analyse av risiko og sårbarheit (ROSanalyse). Det er manglar ved analysen, særleg når det gjeld omfanget av faretema som er
vurdert. Vi vil difor tilrå at det før planen vert vedteken vert gjort ei ny vurdering av om
det er andre tema som bør omfattast av ROS-analysen.
Analyseoppsettet for kvart område er oversiktleg, men det gir ingen informasjon om kva
vurderingar som er gjort utover dei tema som er valt ut for vidare analyse. Dette gjer det
vanskeleg for oss å vurdere om analysen er grundig nok for kvart område, og om alle
relevante spørsmål er reist, spesielt sett i lys av at det innleiingsvis er valt vekk tema. Dette
gjer det òg vanskeleg å vurdere om det er ROS-forhold som burde vore avklara nærare eller
følgt opp i plankart eller føresegner. Med utgangspunkt i ROS-analysen er det ikkje råd å sjå
om det til dømes burde vore sett krav om reguleringsplan for fleire av utbyggingsområda.
Verksemdrisiko er tydelegvis vurdert som eit uaktuelt tema. Vi kjenner ikkje til om det er
verksemder i utbyggingsområda, og i så fall kva slag. Om det ikkje skulle bli aktuelt å
etablere nye verksemder, kan det likevel tenkjast at eksisterande verksemder vil påverke
risiko og sårbarheit for ny busetnad og andre typar tiltak som no skal kome.
Under temaet brann er det omtalt utrykkingstid, at sløkkearbeid er vanskelegare på øyane
enn på fastlandet, og at ein tettare konsentrasjon av hus fører til større risiko ved brann. Vi
kan ikkje sjå at det er gjort vurderingar av sløkkevasskapasitet eller tilkomst for
utrykkingskøyretøy innanfor utbyggingsområda. Vi ser heller ikkje om det er vurdert om det
er trong for andre beredskapstiltak der utrykkingstida vert lang.
Under m.a. temaet vind er det omtalt at det kan vere aktuelt med krav til robust bygging. Det
går ikkje fram om det betyr at det bør leggjast til grunn strengare krav enn TEK10. I så fall
kan vi ikkje sjå at planføresegnene stiller særskilte krav om dette.
Overvatn er nemnt som tema ein stad i ROS-analysen, då som konsekvens ved
ekstremnedbør. Der står det at «Temaet kan vere relevant, og vert vurdert. Temaet vert
vurdert saman med flaum». Auka nedbør som følgje av klimaendringar gjer overvatn til eit
veldig relevant tema, òg på stader som ikkje er utsette for flaum. Eit viktig spørsmål er difor
kva tiltak som er aktuelle for å sikre at overvatn kan handterast på ein trygg og god måte.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
17/17
8 Merknader knytt til folkehelse og barn og unge
Barn og unge
Barnekonvensjonen artikkel 12 er førande for kommunal og statleg verksemd.
Lova seier at barn og unge, eller ein representant hjå kommunen, skal bli høyrde i saker
som vedkjem dei. I følgje plan og bygningslova skal kommunen ha ei ordning som sikrar
barn og unge ei sentral rolle i alt planarbeid i kommunen. Det er viktig at det vert lagt til rette
for aktiv deltaking tidleg i planarbeidet. Miljøverndepartementet har gitt ut ein temarettleiar
«Barn og unge og planlegging etter plan- og bygningsloven» (2012), som gir oversikt over
føringar på området, og krav til korleis ein skal sikre omsyna til barn og unge i planlegginga,
jf. T-1513 Barn og unge og planlegging etter plan- og bygningslova. Mellom anna skal
kommunen utarbeide føresegner om omfang og kvalitet av areal og anlegg som vert
nytta av barn og unge. Vi kan ikkje sjå at dette er innarbeidd i føresegnene og tilrår
sterkt at dette vert gjort.
Folkehelse
Stiar og snarvegar er eit enkelt middel for meir rørsle i kvardagen og dermed betre
folkehelse. Vi tilrår at det vert lagt til ei føresegn om at eksisterande stiar og snarvegar
og tilkomstar til desse ikkje må byggast att eller bli privatiserte. Vi tilrår vidare at
bustadbygging i hovudsak vert konsentrert rundt eksisterande grender for å minske bilbruk
og legge til rette for transport med sykkel eller til fots.
Føremålet LNF spreidd utbygging er hyppig brukt i planen, noko som opnar for ein
kombinasjon av fleire ulike føremål. Føremålet gir liten styring for samlokalisering av ulik
arealbruk, og vi er positive til punkt 6.2.h i føresegnene som set rammer for
næringsverksemd innanfor LNF spreidd utbygging. Vi understrekar at ny næringsverksemd
ikkje bør plasserast i nærleiken av støyfølsam busetnad slik som bustader, fritidsbustader,
sjukeheimar, skular og barnehagar.
Med helsing
Anne Karin Hamre
Nils Erling Yndesdal
fylkesmiljøvernsjef
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Kopi pr. e-post:
Sogn og Fjordane fylkeskommune, plan- og samfunnsavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga
NVE Region Vest
Fiskeridirektoratet
Mattilsynet region sør og vest