Skatteetaten Rettleiing til RF-1177 Landbruk og RF
Transcription
Skatteetaten Rettleiing til RF-1177 Landbruk og RF
Skatteetaten Rettleiing til RF-1177 Landbruk og RF-1175 Næringsoppgåve 1 2014 til bruk for skattytarar som har bokføringsplikt, og som driv verksemd innanfor jordbruk/gartneri, skogbruk, pelsdyrnæring og reindrift Nytt for 2014 RF-1175: Ingen nye postar RF-1177: Postane 273, 331 og 434 er oppretta for å tilpasse skjema RF-1177 til Næringsoppgåve 2. Post 440 er oppretta for å skilje ut tilfella der det berre kan reknast ut eitt samla jordbruksfrådrag som kan fordelast på deltakarane. Ektefellar der begge krev jordbruksfrådrag må òg krysse "ja" her Presisering! Postane 7000 – 7080 skal berre nyttast til transportmidlar! Kostnader knytta til maskiner og reiskapar som vert nytta i produksjonen (eks. traktor, gravemaskin, skurtreskjar, lassbærar, showel mm.), skal førast i postane 6200, 6695 og 7500. Kven skal levere Næringsoppgåve 1: Næringsdrivande pliktar å levere næringsoppgåve jfr. ligningsloven § 44 (1). Næringsoppgåve 1 er spesielt tilpassa for dei næringsdrivande som ikkje har årsrekneskapsplikt etter rekneskapslova § 1-2. Næringsdrivande som leverer næringsoppgåve, har bokføringsplikt etter bokføringslova. Dersom eit føretak / ein næringsdrivande som ikkje har årsrekneskapsplikt etter rekneskapslova, frivillig utarbeider fullt årsoppgjer etter reglane i rekneskapslova, kan RF-1167 ”Næringsoppgåve 2 2014” nyttast i staden for Næringsoppgåve 1. Dei som ikkje blir rekna for å vere næringsdrivande (ikkje leverer næringsoppgåve), men som driv utleige av fast eigedom, skal nytte skjemaet: RF-1189 ”Utleige m.m. av fast eigedom 2014". Dette gjeld også for utleige av jordbruksareal og våningshus. Enkeltpersonføretak som har fleire enn 20 tilsette, eller som samla har eigedelar med verdi over 20 millionar kroner skal levere Næringsoppgåve 2. Kommunale føretak som er ein del av kommunen som juridisk person, og som følgjer kommunale prinsipp ved utarbeiding av årsrekneskap, skal i utgangspunktet levere Næringsoppgåve 1. Dersom det RF-1178N kommunale føretaket frivillig utarbeider fullt årsoppgjer, oppgjort og vurdert etter føresegnene i rekneskapslova, kan føretaket i staden levere Næringsoppgåve 2. Biletkunstnarar som berre driv produksjon av kunstverk som nemnt i lov av 19. juni 2009 nr. 58 om meirverdiavgift § 3-7 fjerde ledd, skal ikkje levere Næringsoppgåve 1. Desse skal levere RF-1242 ”Næringsoppgåve for biletkunstnar 2014". Ansvarlege selskap og kommandittselskap skal i utgangspunktet levere Næringsoppgåve 1 (RF-1175) som vedlegg til selskapsoppgåva dersom selskapet har mindre enn fem millionar kroner i salsinntekt, færre enn fem tilsette og færre enn seks deltakarar. Selskapet kan velje å levere Næringsoppgåve 2 (RF-1167) i staden. Dersom ikkje alle vilkåra som er nemnde ovanfor, er oppfylte, eller ein av deltakarane er ein juridisk person med avgrensa ansvar, har selskapet årsrekneskapsplikt. Selskap med årsrekneskapsplikt skal levere Næringsoppgåve 2 saman med selskapsoppgåva. Aksjeselskap skal bruke Næringsoppgåve 2 (RF-1167). Samvirkeføretak som driv verksemd og har salsinntekter under to millionar kroner per år, har berre bokføringsplikt. Dei kan velje om dei vil levere Næringsoppgave 1 eller 2. Skattefrie institusjonar som likevel har skatteplikt, og som har bokføringsplikt, kan bruke Næringsoppgåve 1 (RF-1175) som vedlegg til RF-1028 Sjølvmelding for aksjeselskap o.a. 2014. Særskilt for primærnæringane Driv ein i tillegg til jordbruk/gartneri, skogbruk, pelsdyrnæring eller reindrift anna verksemd med omsetning i året på kr 30 000 eller mindre, skal inntekter og utgifter for denne verksemda takast med i driftsresultatet for primærnæringa(ne), og desse inngår i grunnlaget for utrekning av personinntekt og jordbruksfrådrag. Er omsetninga i ”anna verksemd” over kr 30 000, og denne inntekta ikkje er resultatet av tenester/utleige knytt til maskinar/utstyr som hovudsakleg (60 % eller meir) er nytta i primærnæringa, er dette ei eiga verksemd, og inntekta frå ho må førast opp særskilt i post 0402 side 4, og inntekta må førast i kolonne E. Berre ei næringsoppgåve! Det skal berre leverast eitt eksemplar av Næringsoppgåve 1, sjølv om det vert drive fleire næringar. Dette gjeld både elektronisk innsending og innsending på papir. Kven kan få fritak for levering av næringsoppgåve? For enkeltpersonføretak som driv verksemd, og som i året ikkje har hatt brutto driftsinntekter (post 9900 i næringsoppgåva) over kr 50 000, er det innført ei innrapporteringsordning med fritak for å levere næringsoppgåve som vedlegg til sjølvmeldinga. Ordninga er ikkje tilpassa for alle. Ordninga kan m.a. ikkje nyttast av dei som har årsresultat som, no eller seinare, skal inngå i gjennomsnittslikna skogbruksinntekt eller reindriftsinntekt. Meir om ordninga, og kven som kan nytte ho, finn du i RF-2003 ”Starthjelp for næringsdrivande 2014” Vedlegg til næringsoppgåva Alle næringsdrivande innanfor jordbruk/gartneri, skogbruk, pelsdyrnæring og reindrift skal saman med næringsoppgåva levere skjemaet RF-1177 ”Landbruk 2014” Denne rettleiinga (RF-1178) er laga særskilt for desse. Alle som leverer Næringsoppgåve 1 (RF-1175), må normalt også levere RF-1084 "Avskriving 2014", og dersom det er aktuelt, skjemaet RF-1219 "Gevinst- og tapskonto 2014". Enkeltpersonføretak som har næringsinntekt, skal også levere RF1224” Personinntekt frå enkeltpersonføretak 2014”. Krev ein frådrag for kostnader i samband med stasjonsvogn, varebil, lastebil under 7,5 tonn eller personbil (nytta meir enn 6000 km i næring), skal RF-1125 ”Bruk av bil 2014” leverast saman med sjølvmeldinga. Om levering av oppgåva Sjølvmelding, næringsoppgåve og andre pliktige skjema kan, dersom ein har tilgang til internett, leverast elektronisk via Altinn, sjå rettleiinga til sjølvmeldinga og nettstaden www.skatteetaten.no. Leverer ein næringsoppgåve m.m.på papir, er det høve til å sende inn datautskrift i staden for næringsoppgåve, jf. forskrift gitt av Skattedirektoratet 24. oktober 1988. Forskrifta stiller detaljerte krav til innhaldet i utskrifta, og til utforming og kvalitet/format. Opplysningar om rekneskapsførar Etter § 3 i lov om autorisasjon av rekneskapsførarar skal namn og forretningsadresse på ekstern rekneskapsførar førast på alle dokument som rekneskapsføraren utarbeider for oppdragsgivaren. Det er avsett eit eige felt øvst på side 1 for dette. Det skal kryssast av for å vise om den eksterne rekneskapsføraren har ført rekneskapen og/eller har fylt ut næringsoppgåva. Ein revisor kan utarbeide årsrekneskapen for ein ikkjerevisjonsklient utan å vere autorisert rekneskapsførar, sjå midlertidig forskrift 24.11.2011 nr. 1134. Etter den midlertidige forskriften må ikkje føretaket registrere revisoren som rekneskapsførar i Einingsregisteret. Er ikkje revisoren registrert i Einingsregisteret som føretaket sin rekneskapsførar, skal det ikkje kryssast av for ekstern rekneskapsførar dersom der er denne revisoren som har ført rekneskapen og/eller fylt ut næringsoppgåva. Skatteplikt til fleire kommunar Dersom det føreligg skatteplikt til fleire kommunar, skal sjølvmeldinga med alle pliktige vedlegg leverast til eitt skattekontor. Det same gjeld deltakarlikna selskap som leverer selskapsoppgåve med pliktige vedlegg. Enkeltpersonføretak med skatteplikt til fleire kommunar vert oppfordra til å levere RF-1034 ”Skjema for fordeling av stedbunden inntekt og formue mellom kommuner 2014” som vedlegg til sjølvmeldinga. Særleg om bruken av forteikn i skjema Hovudregel I utgangspunktet skal alle tal innrapporterast utan forteikn når det klart går fram av leieteksten om talet skal leggjast til eller trekkjast frå i forhold til den samanhengen det er ført inn i. Det skal ikkje brukast minusteikn når teksten fortel at det dreier seg om kostnader, underskott o.a., og tilsvarande ingen plussteikn ved inntekter, overskott o.a. Eit unntak frå dette kan illustrerast ved følgjande eksempel: Ein utleigeaktivitet har i inntektsåret gitt større utgifter enn inntekter: Inntekter kr. 30 000 Utgifter kr. 35 000 Underskott kr. - 5 000 For å føre dette underskottet på 5 000 kroner inn i ein post med leietekst "Inntekt ved utleige", må ein setje beløpet med negativt forteikn for å kunne trekkjast frå – det er ein kostnad (det motsette av leieteksten) og ikkje ei inntekt. Presiseringar Dersom eit felt har førehandstrykt forteikn (positivt eller negativt), skal talet som blir innrapportert, vere utan forteikn. Forteikn skal brukast berre i dei tilfella då ein ønskjer å innrapportere eit beløp med omvendt forteikn av det som er førehandstrykt. I sum og resultatfelt bruker ein alltid minusteikn når summen er negativ. Side 1 i næringsoppgåva Når det gjeld enkeltpersonføretak, skal fødselsnummer (11 siffer) førast på næringsoppgåva, og når det gjeld selskap, skal organisasjonsnummer førast på. Dersom føretaket ligg i annan kommune enn bustadkommunen til utøvaren, er det adressa til føretaket som skal førast inn i skjemaet. Her skal ein òg føre opp kor mange årsverk som er utførte av tilsette i rekneskapsåret. Som eksempel reknar ein to 50 %stillingar som eitt årsverk. Spesifikasjon av varelager Skattemessig verdi av varebehaldning skal settes til kjøpsverdi. For varer som er tilverka i verksemda, blir verdien av behaldninga sett til tilverkingsverdi, det vil seie verdien av direkte tilverkingskostnader som råstoff, halvfabrikata, hjelpestoff (brensel, smørjemiddel, produksjonsstraum o.a.) og produksjonslønn. Tilverkingsverdien for ei rekkje produkt og dyreslag er rettleiande oppgitt i dei årlege takseringsreglane til Skattedirektoratet. I følgje forskrift til bokføringslova § 6-1 skal varelager dokumenterast med ei spesifisert oppstilling. Dokumentasjonen skal oppbevarast saman med rekneskapen i 10 år. Til hjelp for å få ei god og oversiktleg varelagerliste med oppstilling over dyrestatus og anna varelager ved slutten av året, inklusive endringar i året, er det utarbeidd eit varelagerskjema, RF1179, for primærnæringane jordbruk, skogbruk, pelsdyrnæring og reindrift. Side 2 Det er ikkje påbode å nytte skjemaet. Både takseringsreglane og varelagerskjemaet er å få på skattekontoret, og dei ligg ute på Internett under www.skatteetaten.no Post 0110 Råvarer og innkjøpte halvfabrikata Her fører ein alt innkjøpt varelager. Dette skal verdsetjast til innkjøpspris. Post 0120 Varer under tilverking Her fører ein m.a. planter i planteskular, gartneri o.a. Post 0130 Ferdig eigentilverka varer Her fører ein lager av produkt som skal seljast (korn, tømmer m.m.). Pelsdyrnæringa fører verdien av marknadsførte skinn her. Post 0140 Innkjøpte varer for vidaresal Blir det ved sida av jordbruk, gartneri, skogbruk, pelsdyrnæring eller reindrift drive anna næringsverksemd med omsetning under kr 30 000, skal ev. lager av innkjøpte varer for sal førast her. Post 0150 Buskap Posten skal nyttast berre for buskap innanfor jordbruk. Pelsdyrnæring og reindrift nytter post 0165. Sum buskapsverdi – verdien på dei dyra som er oppgjevne i skjemaet RF1177 ”Landbruk 2014”, side 1 – skal overførast til RF-1030 ”Sjølvmelding for næringsdrivande 2014” post 4.4.2. Ved verdsetjinga av buskap nytter ein satsar som er oppgitt i Takseringsreglane. Storfe, gris, sau, geit og fjørfe (bortsett frå høns) som var vaksne ved starten av året, og som framleis er i behald ved slutten av året (gjeld også ved kjøp av heil besetning i året), skal ved slutten av året verdsetjast etter utrekna gjennomsnittsverdi av alle vaksne dyr innanfor kvar enkelte dyreart ved starten av året. Som vaksne dyr ved starten av året reknar ein i denne samanhengen storfe over 2 år, avlsgriser over 1/2 år og geiter over 9 månader, og sauer, gjæser, ender og kalkunar som var over 1 år. Nye dyr (av desse dyreslaga) som er komne til i året ved eige oppal, skal i prinsippet verdsetjast etter sjølvkost (tilverkingsverdien). Ein skal ikkje rekne med verdien av eige arbeid med fôrproduksjon, fôring og stell i samband med oppalet. Innkjøpte avlsdyr skal setjast til same pris som dyr av eige oppal. Fôringsdyr og ungdyr innkjøpte med tanke på sal som slakt eller livdyr, skal verdsetjast til innkjøpspris med tillegg av utrekna fôrutgifter o.a. fram til årsskiftet. Yngre dyr av eige oppal blir verdsette i forhold til einingsprisane for nye vaksne dyr etter forholdstal, sjå takseringsreglane. Som nemnt ovanfor under ”Spesifikasjon av varelager” er det utarbeidd eige skjema RF-1179 "Varelager i landbruk 2014" til hjelp for utrekninga av verdien på utgåande balanse. Post 0160 Sjølvproduserte varer som skal nyttast i eigen produksjon Her fører ein verdien på sjølvprodusert varelager (typisk fôrlager) som skal nyttast i eigen produksjon. Verdien inngår ikkje i skattepliktig formue i sjølvmeldinga. Post 0165 Rein og pelsdyr Her fører ein verdien av levande rein og pelsdyr, - dvs. tal frå skjemaet RF1177 ”Landbruk 2014”, side 1 multiplisert med sats per dyr frå Takseringsreglane § 3-1-4. Her kjem i tillegg verdien av pelsdyrskinn som ligg på bedrifta sitt eige lager. Det må korrigerast for post 0165 i post 2058 eller post 2059 på side 4 (sjå rettleiinga under ”Næringskostnader utan frådragsrett/ eigenkapitalkorreksjonar”). Post 0170 Sum Summen i post 0170 skal førast til post 1495 i balansen. Når det gjeld overføring til formuespostane i sjølvmeldinga (RF-1030), skal summen av postene 0110 – 0140 og post 0165 førast i post 4.4.3. Posten 0150 skal førast til post 4.4.2, medan post 0160 ikkje skal reknast som skattepliktig formue. Skattemessig verdi på kundefordringar Sjablongutrekna tap på kundefordringar er omhandla i forskrift frå Finansdepartementet 19. november 1999 nr. 1158 § 14-5 bokstav b. Post 0300: Nyetablert verksemd kan velja å skrive ned uteståande kundefordringar med 2 % ved utgangen av etableringsåret og dei to følgjande inntektsåra, jf. skattelova § 14-5 fjerde ledd. Da skal ein kryssa av i post 0300. Rubrikkane for konstatert tap på kundefordringar og kredittsal skal ikkje fyllast ut, men nedskrivinga på 2 % skal førast i frådragsrubrikken for 2014 - post 0320. Postane 0310 - 0332 Her tek ein med både fakturerte og ikkje fakturerte kundefordringar. Under post 0310 fører ein kundefordringar til pålydande per 31.12.2014 og 31.12.2014. Skattemessig nedskriving på kundefordringar fører ein i post 0320. Skattemessig verdi i post 0330 kan i særskilde høve verte negativ. Nedskrivinga skal alltid visast ved at beløpa i rubrikkane er utfylte. Skattemessig verdi i post 0330 skal fordelast på postane 0331 og 0332 og førast over til balansen. For at fordringar som vedkjem ulike næringar (f.eks. leveranse av poteter og ved til same kjøper) skal kunne haldast frå kvarandre ved utrekninga av ev. sjablongmessig tap, bør varesal frå forskjellige næringar ikkje fakturerast på same faktura. Side 2 og 3 i næringsoppgåva Generelt om resultat og balanse: Resultat og balanse skal vise det skattemessige resultatet og dei skattemessige verdiane. Nummereringa er så langt som mogleg i tråd med Norsk Standard, NS 4102, 5. utgåve. Det er likevel nytta fire siffers nivå. Skattemessig resultatrekneskap Post 3000 Salsinntekt og uttak – avgiftspliktig I denne posten fører ein alle avgiftspliktige salsinntekter og avgiftspliktige uttak. Salet/uttaket skal førast eksklusiv meirverdiavgift. Post 3100 Salsinntekt og uttak – avgiftsfritt innanfor meirverdiavgiftslova Her fører ein sal og uttak som er avgiftsfritt, men som ligg innanfor avgiftsområdet – dvs. at inngåande mva. kan frådragsførast, jf. mva-lova §§ 14 siste ledd, 16 og 17. Eksempel på kva som førast her, er sal til utlandet, naturaluttak til privat og kår (f.eks. mjølk, kjøtt, poteter, ved m.m.) og inntekt frå vedlikehald/brøyting av offentleg veg. Post 3200 Salsinntekt og uttak – utanfor meirverdiavgiftslova Her fører ein inntekt av sal/uttak av varer og tenester som fell utanfor meirverdiavgiftslova. Posten skal vere inkludert andre spesielle offentlege avgifter, men rabattar, returar o.l. skal vere trekt frå. Side 3 Post 3400 Offentleg tilskott/refusjon Her fører ein alle skattepliktige tilskott og refusjonar som ikkje skal trekkjast frå i kostprisen – også tilskott som blir innbetalt på skogfondskonto. Sistnemnde skal og førast til kostnadspost 7700. Tilskott som skal trekkjast frå i kostprisen, skal førast på RF-1084 ”Avskriving 2014”. Post 3600 Utleige av fast eigedom Her fører ein inntekter frå utleige av all fast eigedom – også leigeverdi av kårbustad. Post 3605 Leigeinntekt fast eigedom, avgiftspliktig Her skal førast m.a. leigeinntekt av fast eigedom når leigemottakaren er frivillig registrert i meirverdiavgiftsregisteret. Post 3650 Utleige av rettar Her fører ein m.a. inntekter frå utleige av jakt- og fiskerettar, sal av fiske- og jaktkort og liknande, inkludert eiga utnytting av jaktog/eller fiskerett. Post 3695 Andre leigeinntekter Her fører ein inntekt frå utleige av driftslausøre o.a. som er avgiftspliktig. Post 3890 Inntektsføring frå positiv gevinst-/tapskonto Det skal førast ein gevinst- og tapskonto for kvar næring. I denne posten fører ein årsdelen av skattepliktig inntekt frå positiv gevinst-/tapskonto. Kvar gevinst- og tapskonto skal rapporterast inn på skjemaet RF1219«Gevinst- og tapskonto 2014». Post 3895 Inntektsføring frå saldo Her fører ein den skattepliktige delen av negativ saldo for 2008. Eventuelt vederlag ved realisasjon av driftsmiddel som ein vel å inntektsføre heilt eller delvis i realisasjonsåret, skal førast her. Beløpa skal hentast frå RF-1084 ”Avskriving 2014” post 107 og/eller post 110. Post 3900 Anna driftsrelatert inntekt Inntekter som ikkje kan førast i postane ovanfor, fører ein her, m.a.: renter på kundefordringar, skattepliktig del av uttak frå skogfond (frå RF-1177 ”Landbruk 2014” post 308), erstatningar for tap av dyr og uttak av fôr til privat hest. Inntektsført vederlag ved realisasjon av ikkje-avskrivbare driftsmidlar må førast her i post 3900. Mottekne sjukepengar skal ikkje førast her, men skal førast direkte i sjølvmeldinga, postane 1.6.3/1.6.4 og 2.7.13. Dersom beløpet går inn i rekneskapen, skal det førast som eigenkapitalkorreksjon på side 4 i Næringsoppgåve 1 – post 2058. For næringsdrivande som er medlemmer i samvirkeføretak er etterbetaling, bonus og kjøpsutbytte normalt skattepliktig næringsinntekt når grunnlaget for etterbetalingen og/eller bonusutbetalingen er handelen med samvirkeføretaket og handelen har tilknyting til medlemmet si næringsverksemd. Post 4005 Varekostnad Her fører ein samla kostnader til kjøp av varer som skal inngå i produksjonen/omsetninga. Også kjøp av dyr/buskap skal førast her. Om spesialreglar for innkjøp av pelsdyr og rein, sjå rettleiinga til post 120 i RF1084 ”Avskriving 2014”. Endringa i lager av råvarer, produksjonsmiddel, innkjøpte halvfabrikata og innkjøpte varer for vidaresal skal inkluderast i denne posten. Denne finn ein ved å summere endringane i lagerbehaldningane som går fram av postane 0110 og 0140 på side 1. Post 4295 Behaldningsendring av varer under tilverking og ferdig eigentilverka varer Her skal ein føre endring i verdi på: lager av produserte varer, lager av varer under tilverking, buskap og lager av sjølvproduserte varer som skal nyttast i produksjonen. Ein behaldningsreduksjon aukar kostnadene og skal førast som positivt beløp utan forteikn. Ein behaldningsauke reduserer kostnadene og skal førast med minusforteikn. Endringsbeløpet kjem fram ved at ein summerer endringane i lagerbehaldningane som går fram av postane 0120, 0130, 0150 og 0160. Post 4500 Framandyting og underentreprise Her fører ein kostnader til innleigde tenester knytte til produksjon, t.d. veterinærtenester, maskinleige m/førar, frakt, landbruksvikar o.a. Post 4995 Behaldningsendring av eigentilverka anleggsmiddel Er det lagt ned eigeninnsats på bygging/tilverking av avskrivbare bygningar og anlegg, fører ein verdien av eigeninnsatsen her, med negativt forteikn. Ved utrekning av verdien av eige arbeid kan det i praksis leggjast til grunn ei godtgjering som tilsvarer tarifflønn til ufaglært arbeidskraft. Beløpet skal leggjast til kostprisen og avskrivast saman med resten av bygningen. I praksis godtek ein at skattytarar innanfor jordbruk let vere å inntektsføre verdien av eige arbeid på avskrivbare bygningar og anlegg. Verdi av eige arbeid kan då ikkje takast med i inngangsverdien og grunnlaget for avskriving. Denne posten bruker ein òg ved eventuell tilbakeføring av aktiverte kostnader – posten kan bli både positiv og negativ. Post 5000 Lønn, feriepengar o.a. I denne posten fører ein alle former for lønn i tenesteforhold, også naturalytingar i form av fri kost og/eller losji o.a. Lønn som er utbetalt til eigne barn, skal takast med her. Beløpet som blir ført her, er både innmeldings- og arbeidsgivaravgiftspliktig. Post 5420 Innmeldingspliktig pensjonskostnad Her fører ein kostnader til løpande pensjonsutbetalinger. Alle innmeldingspliktige kårytingar inklusive leigeverdi kårbolig og kontantkår skal førast her, jf. post 247 i RF-1177 ”Landbruk 2014”. Post 5600 Arbeidsgodtgjering til eigarar i ANS/DA o.a. Her fører ein arbeidsgodtgjering til deltakar i deltakarlikna selskap etter selskapslova § 2-25, jf. § 2-26 første ledd. Post 5900 Annan personalkostnad Her fører ein mellom anna gåver til tilsette. Innbetalt premie etter lov om yrkesskadeforsikring skal førast her. Post 5950 Eiga pensjonsordning Her fører ein innskot etter reglane i innskotspensjonslova § 2-3 andre ledd for sjølvstendig næringsdrivande og personleg deltakar i deltakerlikna selskap. Post 6000 Avskrivingar på varige driftsmiddel og immaterielle rettar Her fører ein skattemessige avskrivingar henta frå RF-1084 ”Avskriving 2014”. Både saldoavskrivingar (inklusiv ev. avskriving på tom positiv saldo) og lineære avskrivingar skal vere med her. Ev kostnadsfordeling knytta til innkjøp av pelsdyr eller rein skal óg førast her. Side 4 Post 6200 Energi, brensel mm. vedrørande produksjon Her fører ein mellom anna kostnader til drivstoff til maskiner og reiskapar som vert nytta i produksjonen (eks. traktor, gravemaskin, skurtreskjar, lassbærar, showel mm.) Post 6395 Renovasjon, vatn, avløp, reinhald o.a. Her fører ein den delen av nemnde kostnader som gjeld bruk av bygningar, anlegg o.a. i næringsverksemda. Den delen som gjeld kårbustad og eventuelt utleigd hus, skal førast her, og korreksjon må gjerast i skjema RF-1224 ”Personinntekt frå enkeltpersonføretak 2014” for utrekning av personinntekt. (tillegg i post 1.5). Post 6400 Andre leigekostnader Leigekostnader i samband med alle andre objekt enn lokale (post 6300) skal førast her. Eksempel kan vere leigekostnader i samband med fast eigedom (jord/beite), maskinar, transportmiddel, inventar o.a. Post 6600 Reparasjon og vedlikehald av bygningar Her fører ein alle kostnader, inkludert kostnader til innleigde tenester, til vedlikehald av driftsbygningar. Tilsvarande kostnader til utleigde bygningar/bustader der leiga er inntektsført under post 3600, skal òg førast her. Kostnader som fører bygget til ein betre stand enn det tidlegare har hatt, blir ikkje rekna som vedlikehald. Slike kostnader må reknast som påkostnader og skal aktiverast. Vedlikehaldskostnader på kårbustad skal òg førast her. Kostnader til vedlikehald av bygningar som ikkje har verka i verksemda (t.d. kårbustad eller utleigebustad), må leggjast til i post 1.5 i RF-1224 ”Personinntekt frå enkeltpersonføretak 2014”. Post 6695 Reparasjon og vedlikehald – anna Her fører ein reparasjon og vedlikehald på maskinar, utstyr o.l. som blir brukte i verksemda. Det gjeld også traktor, gravemaskin, skurtreskjar, lassbærar, showel m.m. Reparasjon og vedlikehald på transportmiddel skal førast under post 7020. Post 6700 Framand teneste Her fører ein kostnader til f.eks. eksterne rekneskapsførarar, revisorar, advokatar, konsulentar o.a. Slike kostnader og sakskostnader kan vere frådragsgodkjende dersom saka hjelpa er knytt til, direkte gjeld skattepliktige inntekter eller frådragsgodkjende utgifter. Ikkje frådragsgodkjende utgifter skal førast i post 2053. Post 6995 Kostnader til kontor, elektronisk kommunikasjon, porto mv. Her skal ein føre kontorkostnader, herunder kostnader til elektronisk kommunikasjon (telefon, mobiltelefon, internett osv.). Denne posten må sjåast i samanheng med post 7098 og rettleiinga her gjeld begge postane. Om elektronisk kommunikasjon: Nytter du elektroniske kommunikasjonsmidlar i verksemda skal dei samla kostnadene førast i post 6995. Det skal skje ei sjablongmessig inntektsføring av den private delen med kr 4 392 i post 7098 uavhengig av antall kommunikasjonsmidlar og uavhengig av den totale kostnaden. Beløpet i post 6995 skal førast inklusive mva på den private delen, men redusert med mva på næringsdelen. Når det gjeld fordeling av mva mellom næring og privat, må den faktiske bruken av kommunikasjons-middelet/midlane leggjast til grunn utan å sjå hen til sjablongen. Postane 7000, 7020 og 7040 Kostnader som berre gjeld transportmidlar I postane 7000, 7020 og 7040 fører ein dei respektive kostnadene i samband med stasjonsbilar, lastebilar og personbilar (brukte meir enn 6000 km i året i næring). Krev ein frådrag for bilkostnader, skal skjemaet RF-1125 "Bruk av bil 2014” leggjast ved. Skattemessige avskrivingar på transportmiddel skal førast i post 6000. Bompengar, parkeringsutgifter, ferjebillettar o.a. fører ein på post 7155 eller 7165 som ein reisekostnad. Post 7080 Bilkostnader, bruk av privat bil i næring Dersom det ligg føre nøyaktig registrert bilbruk i næring, kan ein sjølvstendig næringsdrivande i eit enkeltpersonføretak krevje frådrag for bruk av privatbil inntil 6000 km i verksemda etter satsane for bilgodtgjering. For 2014 er satsen kr 4,05 per km. Beløpet skal og førast som eigenkapitalkorreksjon i post 2057 på side 4. Frådrag etter sats kan krevjast for inntil 6000 km per bil. Det er i desse tilfella ikkje plikt til å levere bilskjema. Denne posten kan ikkje nyttast for ANS/DA o.a. Utbetaling av godtgjering til ein deltakar for bruk av eigen bil i verksemda skal førast som leigeutgift i post 6400. Post 7098 Privat bruk av el. kommunikasjon Sjå rettleiinga til post 6995! Beløpet ein fører i post 7098, skal førast som privat uttak i post 2068 på side 4. Post 7099 Privat bruk av næringsbil Her skal ein tilbakeføre fordel ved privat bruk av næringsbil ved at standard fordel utgjer 30 % av bilen sin listepris som ny til og med kr 275 700 og 20 % av overstigande beløp. For bilar registrert første gong før 1. jan. 2011, blir det ved utrekninga teke utgangspunkt i berre 75 % av bilen sin listepris på tidspunktet for førstegongsregistrering. Tilbakeføring for privat bruk skal ikkje overstige 75 % av dei samla utrekna kostnadane ved bilhaldet. Kostnadane ved bilhaldet består av dei faktiske driftskost-nadane med tillegg av ei utrekna årleg saldoavskriving på 17 % utrekna med utgangspunkt i bilen sin listepris på tidspunktet for førstegongsregistrering. Beløpet skal òg førast som privat uttak i post 2075 på side 4. Post 7155 Reise-/diett- og bilgodtgjering, oppgåvepliktig Her fører ein alle kostnader til reise, diett og bilgodtgjering som er innmeldingspliktige. Ikkje oppgåvepliktige reisekostnader skal førast i post 7165. Post 7495 Kontingentar Her fører ein frådragsgodkjende kontingentar. Kontingentar som ikkje er frådragsgodkjende, skal førast i post 2052. Post 7500 Forsikringspremie Her fører ein forsikringskostnader med unntak av bil- og personalforsikringar som skal førast under høvesvis post 7040 og 5900. Forsikringspremie i samband med kårbustad skal førast her – korreksjon må gjerast i RF-1224, post 1.5 (Frivillig tilleggstrygd for næringsdrivande fører ein direkte til frådrag i sjølvmeldinga og i post 2078.) Side 5 Post 7700 Annan kostnad, frådragsgodkjend Her fører ein driftskostnader som ikkje blir tekne med i dei andre postane, m.a.: årsavgift på traktor, avverkingsavgift, måleavgift, innbetalingar på skogfondskonto (medrekna offentlege tilskott) og kostnader til anlegg av skogsvegar. NB! Oppstår gevinst ved realisasjon av heil buskap, og driftsgreina er avslutta, og ein ønskjer å føre gevinsten over til gevinst- og tapskonto (jf. skattelova §14-44 (6)), må differansen mellom salsbeløpet (postert under postane 3000/3100) og ”varelager”-endringa i buskap (post 0150) førast her. Post 7700 skal óg nyttast for å nøytralisere gevinsten ved betinga skattefri avsetjing. Post 7890 Frådragsføring frå negativ gevinst-/tapskonto Her fører ein til frådrag tapet i året frå negativ gevinst- og tapskonto. Sjå elles rettleiinga til post 3890. Post 7895 Konstaterte tap på fordringar Her fører ein endeleg konstaterte tap på fordringar. Det er berre tap på fordringar i næring som gir frådagsrett. Post 7896 Andre konstaterte tap Alle andre tap med frådragsrett t d tap på kontraktar - fører ein her. Post 7897 Endring i skattemessig nedskriving kundefordringar Her fører ein endringa i skattemessig nedskriving på kundefordringar. Beløpet kjem fram under post 0320 (side 1) som forskjellen mellom avsetninga dette året og året før. Er avsetninga i år større enn førre års avsetning, skal differansen stå som eit positivt beløp (utan forteikn). Dersom avsetninga i år er mindre enn året før, skal differansen stå som eit negativt beløp (med forteikn minus). Kapitalpostar Post 8060 Valutagevinst (agio) Her fører ein gevinst på fordringar og gjeld i utanlandsk valuta. Det er dei skattemessige reglane for utrekning av gevinst/-tap som skal brukast. Post 8099 Anna kapitalinntekt som ikkje er spesifisert i RF-1084 ”Avskriving 2014” og/eller RF-1219 ”Gevinst-og tapskonto 2014”. Her fører ein mellom anna det beløpet som skal inntektsførast når skattytar ikkje har oppfylt vilkåra for reinvestering etter skattelova § 14-70 (vilkårsbunde skattefritak ved ufrivillig realisasjon). Rentestøtte, forvalta av Innvasjon Norge, og ev. gevinst ved sal av våningshus, kårbustad og bortbygsla tomt skal førast her. Her fører ein også ev. del av overskott og evt. skattepliktig del av gevinst ved realisasjon av part(del) som ANS/DA måtte ha ved deltaking i anna ANS/DA. Ikkje skattepliktige eller ikkje frådragsgodkjende beløp knytta til realisasjon av partar (delar), skal berre førast i postane 2054/2053 på side 4 – for avstemming av eigenkapitalen. OBS! Personleg deltakar (enkeltpersonføretak) som i sin rekneskap har ført gevinst/tap ved realisasjon av part (del) og/eller del av over-/underskott i deltakarlikna selskap, skal føre dette i post 0416, sjå denne. Post 8160 Valutatap (disagio) Her fører ein tap på fordringar og gjeld i utanlandsk valuta, jf. post 8060. Post 8199 Annan kapitalkostnad som ikkje er spesifisert i RF-1219 ”Gevinst-og tapskonto 2014”. Kostnadar, tap og underskott knytta til inntekter som fell inn under post 8099, skal førast her. Sjå rettleiinga til post 8099. Post 9930 Næringsinntekt/Underskott Her kjem fram næringsinntekt/underskott som for enkeltpersonføretak må førast over til side 4, post 0401. ANS/KS/DA og samvirkeføretak fører over beløpet til side 4, post 0410. Balanse – skattemessige verdiar Likningslova kapittel 4 pålegg alle føretak som driv verksemd å utarbeide eit skattemessig årsoppgjer basert på realisasjonsprinsippet. Balansen i næringsoppgåva skal derfor førast etter reglane i skattelova, og det er dei skattemessige verdiane som skal leggjast til grunn. Eksempel: Saldogruppe a fører ein i balansen post 1280 med saldoverdi for gruppa per. 31.12. Viss eit føretak går over frå årsrekneskapsplikt til bokføringsplikt, blir pliktig næringsoppgåve endra frå 2 til 1. Dette kan påverke kva som skal førast som inngåande balanse. Sjå nærmare forklaring under postane 9996–9998. Postane 1080, 1105, 1115, 1120, 1205, 1221, 1225, 1239 og 1280 – saldoar - driftsmiddel Her fører ein sum saldoverdi for kvar enkelt gruppe. Beløpa hentar ein frå RF-1084 ”Avskriving 2014” som skal leggjast ved næringsoppgåva. Eventuell tom positiv saldo (saldoverdi utan driftsmiddel) skal også førast her og takast med som verdi av eigedelen i balansen. Post 1130 Bygg, anlegg, maskiner under bygging – til eige bruk Posten skal nyttast når driftsmidlet som er under bygging/konstruksjon, skal nyttast i eiga verksemd. Post 1131 Bygg, anlegg, maskiner under bygging – for sal Posten skal nyttast når objektet som er under bygging/konstruksjon, skal seljast. post 0332 (etter frådrag for eventuell nedskriving). Post 1599 Andre fordringar Her fører ein m.a. meirverdiavgift til gode. Skattemessig eigenkapital Skattemessig eigenkapital er den skattemessige verdien av føretaket. Etter avstemming av eigenkapitalkontoen på side 4 skal posten 0425 stemme med post 9960 i balansen, ”Sum skattemessig eigenkapital”. Ikkje skattlagd eigenkapital Post 2095 Negativ saldo Her fører ein sum negativ saldo per 31.12. for den eller dei saldogruppene som ifølgje RF-1084 "Avskriving 2014” kjem fram med slik saldo. Beløpet er ei ikkje skattlagd inntekt. Post 2096 Positiv gevinst- og tapskonto Her fører ein beløp henta frå skjemaet for "Gevinst- og tapskonto 2014" (RF1219). Beløpet er ei ikkje skattlagd inntekt. Gjeld Post 1295 Avskrivbare eigedelar utanom saldosystemet Her fører ein avskrivbare eigedelar som blir avskrivne lineært, og som skal gå fram av RF-1084 ”Avskriving 2014” Verdien av innkjøpte pelsdyr/rein som blir nedskrivne etter reglane om kostnadsfordeling, skal førast her. Post 2220 Langsiktig føretaksgjeld til finansinstitusjonar Her fører ein den gjelda som etter reglane om utrekna personinntekt kan handsamast som ”føretaksgjeld”. Sjå nærare om dette i post 2.10 i rettleiing RF-1225 ”Rettleiing til RF1224 Personinntekt frå enkeltpersonføretak 2014”. Post 1299 Negativ gevinst- og tapskonto Driv ein fleire næringar, skal det førast ein gevinst- og tapskonto for kvar næring. I post 1299 fører ein beløp henta frå RF-1219 ”Gevinst- og tapskonto 2014”, post 16. Post 2600 Skattetrekk og andre trekk Her fører ein skatt og ev. bidragstrekk o.a. som er trekt av lønnsutbetalingar til tilsette. Post 1495 Varelager Her fører ein den skattemessige verdien av varelager henta frå post 0170. Post 1500 Kundefordringar Her fører ein skattemessig verdi av kundefordringar frå post 0331 (etter frådrag for eventuell nedskriving). Post 1530 Opptjente, ikkje fakturerte driftsinntekter Her skal ein føre opptjente driftsinntekter som ikkje er fakturerte. Beløpet skal hentast frå Side 6 Post 2097 Vilkårsbunden avsett gevinst o.a. Her fører ein avsetning etter ufrivillig realisasjon etter reglane i skattelova § 14-70. Her fører ein også ev. ”avsetning” etter reglane om ekstraordinær fordeling av avverking i skog etter naturkatastrofe. Side 4 i næringsoppgåva Postane 0401 – 0403 Postane skal berre nyttast av enkeltpersonføretak, og dei er ein spesifikasjon av postar som skal førast over til RF-1030 ”Sjølvmelding for næringsdrivande” og til RF-1224 ”Personinntekt for enkeltpersonføretak 2014” Post 0401 viser sum samla næringsinntekt (ev. underskott) som er overført frå post 9930 på side 2. I post 0402 kolonne A skal ein føre opp kva for type (typar) næring ein driv. I kolonnen under ”ID” skal dei enkelte næringane (dersom det blir drive fleire næringar) nummererast samanhengande. Same talet skal setjast i rubrikken ”Nærings-ID” på skjemaet RF-1224 ”Personinntekt frå enkeltpersonføretak 2014”. OBS! For næringar som etter FINforskrift til skattelova, § 12-20-1, jf. § 10-42-3, skal ha felles utrekning av personinntekt, skal det nyttast same tal. Eks.: Driv ein eigedomsmeklarverksemd, jordbruk og skogbruk, blir nummereringa slik: Eigedomsmeklarfirma (1), Jordbruk (2) og Skogbruk (2). Talet frå post 0401 skal overførast til kolonne B. Blir det drive fleire næringar, skal talet splittast og fordelast på dei respektive næringane. Kolonne C skal berre nyttast av næringsdrivande innanfor skogbruk og reindrift som har gjennomsnittslikning, og dessutan av næringsdrivande som overfører inntekt frå produksjon av biomasse/ved til jordbruk. Sjå nærare om dette nedanfor og under post 432 i RF-1177 ”Landbruk 2014”. Dei som skal gjennomsnittsliknast for inntekt frå reindrift, fører årsinntekta for næringa i kolonne B, og den nødvendige korreksjonen for å få fram gjennomsnittsinntekta (skal hentast frå tilleggsskjemaet post 349) gjer ein i kolonne C. Korreksjon for innskott i / uttak frå ”Avviklings- og omstillingsfond for reineigarar” skal òg førast i kolonne C. Beløpet hentar ein frå post 332 i RF-1177 ”Landbruk 2014”. Dei som skal gjennomsnittsliknast for inntekt frå skogbruk, fører årsinntekta frå næringa i kolonne B, og den nødvendige korreksjon må hentast frå tilleggsskjemaet post 353 og førast i kolonne C. Talet i post 353 er den totale korreksjon både for gjennomsnittslikning og for evt. inntekt som er overført frå skogbruket (biomasse/vedproduksjon) inn i grunnlaget for jordbruksfrådrag. Denne overføringa må ikkje føregå i rekneskapen, men kolonne C må nyttast til dette. Jordbruksinntekta må i kolonne C aukast med det beløpet som er trekt ut av inntekt frå biomasse-/vedproduksjon. Dersom overføringa skjer frå skogbruk, vert beløpet å hente frå post 352/270 i RF1177 ”Landbruk 2014” Dersom overføringa skjer fra ”anna næring” (eks. rein vedproduksjonsverksemd), skal beløpet maksimalt utgjere 55 prosent av brutto produksjonsinntekt i verksemda. Vert biomasseinntekta overført frå anna næring enn skogbruk, må inntekta reduserast i kolonne C like mykje som det overførte beløpet. Korreksjonane i kolonne C skal ikkje reverserast i skjemaet RF-1224 ”Personinntekt frå enkeltpersonføretak 2014” Dei som ikkje nyttar kolonne C, skal overføre tala frå kolonne B til kolonne E. Alle personleg næringsdrivande skal fylle ut kolonne E. Bruker ein fleire linjer i post 402 (gir opp resultat frå fleire næringar), skal dei einskilde overskotta førast til sjølvmeldinga post 2.7. Dei einskilde underskotta skal førast til sjølvmeldinga post 3.2.19. I kolonnen ”Overført til postnr. i sjølvmeldinga” skal det for kvart beløp (overskot ev. underskot) , skrivast fullt nummer på den rubrikken under hhv postane 2.7 og 3.2.19 i sjølvmeldinga som beløpet skal førast i. Beløpa i kolonne E i post 0402 skal førast over til RF-1224 post 1.1. Inntektene frå næringar som har same ”nærings-ID”, skal summerast og overførast til felles RF-1224. I RF1224 må det korrigerast for dei kapitalpostane og eventuelle gevinstar (frå sal av jord/skogbruksareal) som ikkje skal inngå i grunnlaget for utrekning av personinntekt. Sjå om dette i rettleiing RF-1225 ”Rettleiing til RF-1224 Personinntekt frå enkeltpersonføretak 2014”. Krev ein fordeling av inntekta mellom ektefellar eller registrerte partnarar, bruker ein felta F og G. Fordeling av overskot må som utgangspunkt og hovudregel svare til ektefellane sin Side 7 arbeidsinnsats og deltaking i verksemda. Underskot i verksemda skal førast på den av ektefellane som er ansvarleg innehavar for verksemda, eventuelt begge hvis begge er ansvarlege. Fordeling av utrekna personinntekt skjer i RF-1224, og ektefellene fyller saman ut berre eitt eksemplar av dette skjemaet. Deltakarlikna selskap Næringsdrivande ANS/DA/samdrifter o.a., skal ikkje fylle ut postane 04010403. Dette gjeld sjølv om selskapet driv fleire næringar. Postane 0410 – 0416 Enkeltpersonføretak For enkeltpersonføretak inngår desse postane i eigenkapitalavstemminga. For å få ei riktig avstemming er det berre dei beløpa som er ført i rekneskapen, som skal førast i desse postane. I post 0415 fører ein summen av dei postar i rekneskapen som har tilknyting til evt. deltaking i eit deltakarlikna selskap. Sjølve innrapporteringa av skattepliktige inntekter knytta til deltaking i ANS/DA, skjer frå RF1221 ”Deltakaren si oppgåve over formue og inntekt i deltakarlikna selskap 2014” direkte til sjølvmeldinga. Andre utbytte, gevinstar, renteinntekter og kostnader/tap som ikkje er ført i rekneskapen, skal anten førast direkte, eller via pliktig underskjema til sjølvmeldinga. Deltakarlikna selskap For deltakarlikna selskap viser postane 0410 – 0414 det samla årsresultatet som kjem fram i 9940, og som skal førast vidare til selskapsoppgåva, RF-1215 ”Selskapsoppgåve for deltakarlikna selskap 2014” Post 0411 Utbytte på aksjar Det er berre skattepliktig utbytte som skal førast her Post 0414 Gevinst/tap etter realisasjon av aksjar Her fører ein tap som er frådragsgodkjend og gevinst som er skattepliktig etter realisasjon av aksjar, verdipapirfond og/eller grunnfondsbevis som er henta frå RF-1059 ”Aksjar og fondspartar m.m. 2014” Tap som ikkje er frådragsgodkjend eller gevinst som er skattefri etter skattelova § 10-41 andre ledd skal ikkje førast her. Post 0415 3 % av skattefrie inntekter etter fritaksmetoden. Her fører ein 3 % av netto skattefrie inntekter i selskapet etter fritaksmetoden til skattlegging. Dette omfattar følgande av inntektene i selskapet: • utbytte på aksje mm., • utdeling frå deltakerlikna selskap (KS, ANS mm.) Inntekta skal reduserast med tap som det ikkje er frådragsrett for innanfor fritaksmetoden i same periode. Post 0416 Dersom eit enkeltpersonføretak i rekneskapen har teke inn inntekter/gevinstar eller underskott/tap knytta til part(ar) i deltakerlikna selskap, skal desse førast her. OBS! Posten skal ikkje nyttast av deltakerlikna selskap. Er selskapet deltakar i anna deltakerlikna selskap, skal skattepliktige/frådragsgodkjende beløp knytta til deltakartilhøvet førast i postane 8099/8199 – sjå desse Ikkje skattepliktige eller ikkje frådragsgodkjende beløp knytta til realisasjon av andelar, skal berre førast i postane 2054/2053 på side 4 – for avstemming av eigenkapitalen. Post 9940 Årsresultat Dersom oppgåva er innsend frå eit ANS/DA eller KS, skal posten overførast til post 1110 i RF-1215 ”Selskapsoppgåve for deltakarlikna selskap 2014” Postane 2051 – 2079 Desse postane er spesielt retta mot enkeltpersonføretak, men må også etter skjønn nyttast av deltakarlikna selskap i den grad det er nødvendig for å vise ei riktig avstemming. Dei samla uttaka/utdelingane til deltakarane (unnteke arbeidsgodtgjering, som skal førast i post 5600) må til dømes visast her. Spesifikasjon av privatkonto Dette er ein spesifikasjon av post 0422 i eigenkapitalavstemminga. Her fører ein uttak til utøvaren og private kostnader som er førte i rekneskapen for verksemda. Dei private kostnadene skal ikkje førast i resultatrekneskapen, men mot privatkonto. Eksempel: Kostnadar til elektronisk kommunikasjon som er frådrags- godkjende skattemessig, skal førast i post 6995 ”Kostnader til kontor, elektronisk kommunikasjon, porto mv.”. Dersom private kostnader til elektronisk kommunikasjon er betalt over drifta, skal desse føreast i post 2068. Er det ført eit beløp i post 7099, ”Privat bruk av næringsbil”, skal same beløp førast i post 2075. Eigenkapitalkorreksjonarnæringskostnader utan frådragsrett Her fører ein kostnader/inntekter som kan vere førte i rekneskapen, men som ikkje skal påverke skattbar inntekt, f.eks. barnetrygd, sjukepengar for den næringsdrivande, ikkje frådragsgodkjende kontingentar o.a. Det skal også korrigerast her for postar som er førte i næringsoppgåva på side 2 eller 3, som påverkar det skattemessige resultatet utan å medføre endringar i eigenkapitalen eller omvendt. Dette gjeld m.a. - frådragsført heimekontor - frådragsført bruk av privat bil i næring - endring i året av verdien på behaldninga av rein, pelsdyr og pelsdyrskinn på lager. Ein eventuell verdiauke på desse skal førast i post 2058 og ein verdireduksjon i post 2059. Rettleiing til RF-1177 ”Landbruk 2014” I. Diverse opplysingar Her kryssar ein av dei næringane som vert drevne. Skattytarar som heilt eller delvis har gjennomført sal av gardsbruk eller skogeigedom i 2014, pliktar å levere skjemaet RF-1294. Dei som har kjøpt gardsbruk eller skogeigedom i 2014, skal levere skjemaet RF-1013. Det skal oppgis beløp for evt. sal av mjølkekvote. Det må skiljast mellom kvote selt til staten og kvote selt privat. Dei som eig skog som skal gjennomsnittsliknast, men der gjennomsnittslikninga enno ikkje har starta, skal svare på spørsmål om når eigedomen vart kjøpt, og om ein krev at gjennomsnittslikninga startar i år. II. Oversikt over talet på dyr I følge § 6-1 i forskrift av 01.12. 2004 til bokføringslova, er bokføringspliktige pålagde å dokumentere varelageret sitt gjennom Side 8 ei «spesifisert oppstilling» (varelagerliste) som er beskrive i forskrifta. Av lista skal m.a. verdien av kvar enkelt vare gå fram, og dei nødvendige spesifikasjonar som viser korleis denne ev. er utrekna. Til hjelp for næringsdrivande i jordbruk er det på skattekontoret og på Internett (www.skatteetaten.no) utlagt ei varelagerliste for primærnæringane (RF-1179). Den kan brukast for oppteljinga og verdsetjinga av dei ulike dyregruppene som skal førast i tilleggsskjemaet. Skjemaet har sumrubrikkar for dyretal som viser til tilleggsskjemaet (RF-1177). Lista inneheld dei spesifikasjonane som er nødvendige for å vise utrekninga av dyra/behaldningane sin verdi i sluttbalansen. Lista er også tenkt til oppteljing av anna varelager i jord- og skogbruk. Lista er ikkje pliktig vedlegg, men likningsmaktene tilrår likevel at skjemaet vert levert saman med sjølvmeldinga. Ei utfylt varelagerliste skal uansett liggje som vedlegg til rekneskapen. III. Opplysingar om arealbruken Her fører ein ei oversikt over leigd, bortleigd og dyrka areal og kor mange dekar som er brukte til dei vekstane som er nemnde i postane 125–128. IV. Opplysingar om bueiningar på garden som blir nytta eller skal nyttast til utleige Dersom eit hus som normalt blir nytta som kårbustad, for ein periode blir leigd ut, skal dette òg takast med her. Dersom det er fleire enn 3 bueiningar på garden som blir leigde ut, skal det givast tilsvarande opplysningar i eige vedlegg. V. Bruk av tidlegare framførte underskott våningshus Postane 201–209 skal berre brukast dersom det blir kravd frådrag for tidlegare framførte underskott ved ”drift” av våningshus frå perioden 1995 – 2004. Post 201 Årsresultat jordbruk Talet skal hentast frå næringsoppgåva post 0402 E. Talet viser netto resultat i næringa. Også part av overskott/underskott frå ansvarleg selskap i jordbruk/pelsdyrnæring skal takast med her. Post 203 Her fører ein positiv skattepliktig inntekt i året frå skogbruk, som skal hentast frå post 0402E i næringsoppgåva. Også del av overskott/underskott frå ev. deltakarlikna skogsameige (frå post 1140 i RF-1221) skal takast med her. Post 204 Her skal ein føre årsoverskott frå pelsdyrnæring. Post 205 Her fører ein eventuelle utbetalte sjukepengar på grunnlag av personinntekt i dei næringane som er nemnde ovanfor. Post 206 Null eller negativt beløp her betyr at det ikkje er grunnlag for frådrag for tidlegare framført underskott frå drift av våningshuset. Post 207 Her trekkjer ein frå jordbruksfrådraget i året, som ein hentar frå post 438 på side 4. Post 208 Dersom beløpet i post 208 blir positivt, kan tidlegare framførte underskott trekkjast frå så langt beløpet rekker. Utrekninga skjer i post 209, og beløpet skal førast til post 209c. VI. Utrekning av den delen av tidlegare framført underskot ved ”drift” av våningshus som kan takast til frådrag i inntekta dette året. Post 209 Her reknar ein ut den delen av tidlegare framført underskott som kan nyttast dette året. Denne delen kan ikkje overstige rest av disponibel jordbruks-/skogbruks- og pelsdriftsinntekt fråtrekt jordbruksfrådraget (beløpet i post 209c), og han kan heller ikkje overstige allmenn inntekt (før frådrag for framførte underskott), post 209b. Det betyr at dersom talet i post a (summen av ikkje nytta framførte underskott) er lågare enn både post b og post c, skal talet førast i post a til post d. Dersom tala i post b og/eller post c er lågare enn post a, skal det lågaste talet førast til post d. Beløpet i post 209d skal førast til sjølvmeldinga post 3.3.11 og kjem direkte til frådrag i den allmenne inntekta i året. VII. Oversikt over framførte underskott Postane 220 a-c Postane skal gi ei oversikt over framførte underskot frå tidlegare år som ikkje er nytta, over kva som blir nytta i året og kor mykje som står att og kan nyttast seinare. VIII. Opplysingar om kår og kårbustad Dersom alle opplysningar om kårbustaden vart gjevne i fjor, og det ikkje føreligg endringar i år, skal det ikkje gjerast noko avkryssing. Går det fram av kåravtala at kårmottakar skal bere alle kostnadene vedr. kårbustaden, er det berre postane 244 – 247 som er aktuelle. Post 242 Posten skal berre fyllast ut dersom bustaden er i bruk i samsvar med inngått kåravtale, eller at han innan kort tid skal takast i bruk som kårbustad. Post 243 Det vart i 2008 gjeve nye retningsliner for utrekning av leigeverdien på kårbustaden/leilegheita. Gjeldande leigeverdisatsar finst i Skattedirektoratet sine takseringsreglar for 2014, § 3-2-4 Reglar: Bruksareal er alt areal innanfor yttervegg som er innreidd til bustadformål, med minimum 190 cm takhøgde. . Arealet inkluderer kott, gangar, vindfang mm. og innreidde rom i kjellar og på loft. Dersom bustaden/leilegheita ikkje har bade-/dusjrom eller wc, skal leigeverdien reduserast med 25 %. Er avstanden frå bustaden/leilegheita til kommuneadministrasjonen over 15 km, skal leigeverdien reduserast med 25 %. Dersom begge ovannemnde vilkåra er oppfylde, er reduksjonen samla 40 %. Bur kårmottakar og kårytar i same bustad/leilegheit, skal leigeverdien til kårmottakaren, utrekna etter sjablong- verdiane, reduserast med 40 %. Kårytaren får i desse tilfella frådrag for 60 % av kostnadene (drift og vedlikehald) på bustaden. Post 247 Her står summen av kårytingane, som skal lønnsinnmeldast på kode 216. (IX. Utrekning av frådrag for skiferprodusentar i Nord-Troms og Finnmark) Feltet er fjerna. Nærare om utrekning og føring av frådraget, sjå under felt XVI på side 10 i denne rettleiinga. X. Skogbruk – rekneskapsutdrag Her fører ein ei oppstilling over brutto driftsinntekter i skogbruksnæringa frå postane 3000–3900 i Side 9 næringsoppgåva. Etter frådrag for driftskostnader i post 268 kjem driftsresultatet fram i post 269. Post 270 Her fører ein frådrag for eventuell overføring (valfri) av ei sjablongutrekna inntekt frå biomasse/vedproduksjon til jordbruk for å auke grunnlaget for jordbruksfrådrag. Posten skal fyllast ut sjølv om skogbruket ikkje blir gjennomsnittslikna. Den sjablongutrekna inntekta som kan førast over, skal maksimalt kunne utgjere 55 % av bruttoinntekta frå produksjonen av ved/biomasse. Post 271 Her korrigerer ein for eventuelle kapitalinntekter/-kostnader som inngår i driftsresultatet, men som ikkje skal takast med i gjennomsnittsutrekninga. Eksempler er inntekter frå utleige av tomtegrunn og inntekter frå fallrettar. Leigeinntekter frå jakt, fiske, torvtak, grustak og liknande skal ikkje trekkjast ut. Gevinst eller tap ved realisajon av fast eigedom må trekkjast ut, då desse ikkje skal takast med i gjennomsnittsutrekninga. Gevinst eller tap som vert inntekts- eller kostnadsført via gevinst- og tapskonto, må førast i post 272 Post 272 Posten er nødvendig for dei som nyttar Næringsoppgåve 1. Der framstår postane vedr. gevinst- og tapskonto i postane 3890 og 7890 på side 2. Det må derfor i denne posten gjerast frådrag/tillegg for beløpa som er ført i postane 3890 og 7890. Post 273 Når skattytar leverer næringsoppgåve 2, må denne posten nyttast for å korrigere for forskjellar mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar, tilbakeføring av renter ført i næringsoppgåva, korrigering for skattefrie inntekter/ikkje frådragsgodkjende kostnader m m Post 274 Beløpet i denne posten skal overførast til post 345 for gjennomsnittsutrekning. XI. Ekstraordinær fordeling av avverking etter naturkatastrofar Ved ekstraordinær hogst pga. naturkatastrofe som f.eks. brann, vindfall, billeangrep o.l. kan det søkjast om at nettoinntekta av slik skadehogst blir fordelt til skattlegging over fleire år enn normalt. Det er opp til Skattedirektoratet å gi samtykke til slik fordeling, men det blir normalt delegert skattekontoret. Det må søkjast særskilt om slik fordeling innanfor sjølvmeldingsfristen for det året då slikt skadekvantum er levert. Søknaden må innehalde oppgåve over kor mykje nyttbar tilvekst skogen hadde før skaden, og ein attestasjon frå skogkunnig over kor mykje skadd kvantum som er avverka. Vilkåra for inntektsfordeling er at det samla kvantum skadevirke utgjer minst 300 m³. Er den nyttbare tilveksten før skaden på over 100 m³ , må skadekvantumet utgjere minst 3 års tilvekst. Nettooverskottet av den ekstraordinære hogsten skal fordelast slik at det kvart år blir lagt til årsinntekta eit beløp som svarer til 1 1/2 års tilvekst, inntil heile inntekta i samband med hogsten av skadevirket er teken med til inntekt. Årleg skal det takast til inntekt minst kr 10 000 av fordelingsbeløpet. Overskottet av den ordinære hogsten + delen av overskottet frå den ekstraordinære hogsten dannar årsinntekta frå skogen. Dersom ein skogeigar som har fått fordelt inntekta ekstraordinært, overdreg skogeigedommen før det skadde kvantumet er kome med fullt ut ved fastsetjinga av årsinntekta frå skogen, er skogeigaren forplikta til å ta med heile det gjenståande beløpet som årsinntekt i det siste heile inntektsåret han driv skogen. For å halde rekneskap med ikkje skattlagd del av avverking etter naturkatastrofar er det under romartal V laga ei oppstilling som viser kor mykje som er inntektsført i året, og kor mykje som står for att seinare inntektsføring, jf. postane 281–286. XII. Utrekning av skattepliktig del av nytta skogfond. Alle beløp som går inn på skogfondskonto, skal kostnadsførast i post 7700 i næringsoppgåva. Dette gjeld også offentlege tilskott som går inn på kontoen. Oppstillinga her viser utrekninga av totale skattepliktige inntekter frå utbetalingar frå skogfond og offentlege tilskott. Inntektsbeløpet skal overførast til næringsoppgåva. Frigitte skogfondsmidlar som blir brukte til skogkultur, bygging og opprusting av skogsvegar, sommarvedlikehald av skogsbilvei, miljøtiltak m.m. blir etter hovudregelen tekne til inntekt med 15 prosent. Sjå nærmare i Finansdepartementet si forskrift til skattelova § 8-2-1. Post 307 Er det utbetalt beløp frå skogfondskonto i året til formål som ikkje skal ha skattefordel, fører ein denne her. Post 301 Utbetalte beløp frå skogfondskonto til formål som er omfatta av reglane om delvis skattefridom, skal førast både i post a og i post b. Post 308 Summen som kjem fram her, inngår i post 266 i RF- 1177 og i post 3900 i RF-1175 (evt. RF-1167). Post 302 Det er berre i brukte, tidlegare trekte og innbetalte skogfondsmidlar det kan givast skattefordel. Alle tilskott må trekkjast ut før utrekninga av skattefordel. I denne posten fører ein offentlege tilskott som er innkome på skogfondskonto i året, og som er ytt til dei same tiltaka som i året er dekte av skogfondsmidlar under post 301. Post 303 Her kjem grunnlaget for utrekning av skattefordel fram. Post 304 Her fører ein den utrekna skattefordelen. Post 305 Dersom det i inntektsåret er kome inn offentlege tilskott på skogfondskonto til ei investering som er føreteke tidlegare år, og som det tidlegare år er utrekna skattefordel på, skal beløpet førast her. Post 306 Det skal ikkje gjevast skattefordel for brukte skogfondsmidlar som seinare blir dekte inn av offentlege tilskott. Når eit offentleg tilskott til eit godkjent tiltak blir innbetalt på skogfondskontoen, og det tidlegare år er rekna skattefordel på brukte skogfondsmidlar til same tiltak, må ein tilsvarande prosent som vart rekna som skattefri av avgiftsmidlane, reknast av det offentlege tilskottet, og leggjast til som skattepliktig inntekt i denne posten. Beløpet i post 305 skal vere grunnlaget for denne utrekninga. Er det gjeve tilskott som er like stort eller større enn brukte skogfondsmidlar til same formål, skal heile den tidlegare utrekna skattefordelen tilbakeførast. Etter at skattefordel er tilbakeført, er tilskottsmidlane som seinare går ut frå skogfondskonto, skattemessig å behandle som skogfond (som det kan gjevast skattefordel på dersom dei blir brukte til formål som oppfyller vilkåra for dette). Side 10 XIII. Spesifikasjonar av formuesverdiar knytta til skogeigedom Formuesverdien på den økonomisk drivverdige skogeigedomen og formuesverdien på andre formuesgoder knytta til skogeigedomen, skal reknast ut kvar for seg, og dei skal førast i kvar sine postar i høvesvis sjølvmelding / selskapsoppgåve. Formuesverdien på den økonomisk drivverdige skogen står oppført i den førehandsutfylte sjølvmeldinga. Formuesverdien på tilknytta rettar som vert utnytta økonomisk, skal derimot reviderast kvart år. Post 311 Her reknar ein ut formuesverdien av jaktrettar som vert utnytta av skogeigaren sjølv. Det skal ikkje reknast ut formuesverdi dersom det ikkje er gjeve fellingsløyve på minst eitt dyr på eigedomen. Tal felte dyr må multipliserast med verdiane for fordel av eigen utnytta jaktrett som går fram av takseringsreglane til Skattedirektoratet for 2014 § 3-2-5, og produktet må multipliserast med ein ”netto” kapitaliseringsfaktor som for 2014 er sett til 10, sjå Takseringsreglane § 2-1-6. Post 312 Etter tidlegare endring av tomtefestelova vert festaren av tomter til bustad- og fritidseigedomar sett på som eigar av retten og skal formuesskattleggjast for for desse. Bortfestaren skal formuesskattleggjast for eit kapitalisert krav på festeavgift og ikkje for festeretten. Da utrekninga av formuesverdien er den same i begge høve, skal beløpet reknast ut som tidlegare og som vist nedanfor. Postane 313 - 315 I desse postane fører ein kapitalisert formuesverdi på andre rettar knytta til skogeigedomen. Utrekninga av formuesverdiane skjer ved at brutto leige-/festeinntekter vert multiplisert med kapitaliseringsfaktoren. Det er berre leigeinntekta for sjølve retten som skal gå inn i utrekninga. Vederlag for andre ytingar (guiding, utleige av båt, hund, overnattingsstad mv.) skal haldast utanfor. Med ”brutto” meiner ein at kostnader til administrasjon ikkje skal trekkast ut. skattemessige verdiar, tilbakeføring av renter ført i næringsoppgåva, korrigering for skattefrie inntekter/ikkje frådragsgodkjende kostnader m m Ved verdsetting av bortleigde grustak, steinbrot og liknande viser vi til fråsegn frå Skattedirektoratet gjengjeve i ”Dommer, uttalelser mv. i skattesaker og skattespørsmål” 1983, side 773. Post 332 Beløpet i denne posten skal førast over til post 345 for gjennomsnittsutrekning. Post 316 Summen i post 316 skal for enkeltpersonføretak førast i sjølvmeldinga post 4.5.4. Ansvarlege selskap (ANS/DA/skog-sameie) fører beløpet i selskapsoppgåva post 512. Aksjeselskap må inkludere beløpet i sjølvmeldinga post 401 D. XIV. Reindrift – rekneskapsutdrag Her fører ein ei oppstilling som viser driftsresultatet i reindriftsnæringa og utrekninga av reindriftsfrådraget. Post 322 I denne posten fører ein alle inntekter av vidareforedla produkt frå rein, og tilverka biprodukt frå rein, mellom anna husflidsvarer. Inntekt frå sal av slaktedyr og biprodukt til slakteri og oppkjøparar er ikkje omfatta av denne posten. Slike beløp skal førast på post 321. Postane 321 og 322 skal til saman gi grunnlag for utrekning av produksjonspremie etter reindriftsavtala. Post 328 Etter frådrag for sum driftskostnader, kjem det spesifikke driftsresultatet for reindriftsnæringa fram i denne posten. Post 329 Her korrigerer ein for eventuelle kapitalinntekter/-kostnader som ikkje skal takast med i gjennomsnittsutrekninga. Post 330 Posten er nødvendig for dei som nyttar Næringsoppgåve 1. Der framstår beløpa vedr. gevinst- og tapskonto i postane 3890 og 7890 på side 2. Det må derfor i denne posten gjerast frådrag/tillegg for beløpa som er ført i postane 3890 og 7890. Post 331 Når skattytar leverer næringsoppgåve 2, må denne posten nyttast for å korrigere for forskjellar mellom rekneskapsmessige og Post 333 Her fører ein avsetningar og uttak til/frå Avviklings- og omstillingsfond for reineigarar. Differansen mellom uttak og innskott som kjem fram i post 333, skal overførast til post 0402 kolonne C i RF-1175, (ev. post 0402 kolonne C i RF-1167). Er uttaket størst, blir det eit tillegg i korreksjonsposten. Er avsetninga/innskottet størst, blir det eit frådrag i korreksjonsposten. Reindriftsfrådrag Frådraget vert rekna ut etter dei same reglane som for jordbruksfrådrag, sjå under ”Felles reglar for jordbruksfrådrag, reindriftsfrådrag og “skiferfrådrag””. Der finst óg gjeldande satsar for frådraget. OBS! I grunnlaget for reindriftsfrådraget skal passive kapitalinntekter/-utgifter og beløp frå gevinst- og tapskonto knytta til denne næringa, haldast utanfor, jf. postane 329 og 330. Post 334 og 335 Her går utrekninga av reindriftsfrådraget fram. Dette skal overførast til sjølvmeldinga post 3.2.16. Dersom gjennomsnittslikninga ikkje er påbegynt, hentar ein beløpet som skal førast i post 334 frå post 332. XV. Gjennomsnittsutrekning av skogbruks- og reindriftsinntekt Skattepliktig næringsinntekt frå skogbruks- og reindriftsnæringa skal, når vilkåra er oppfylte, fastsetjast på grunnlag av ei gjennomsnittsinntekt. Eig ein særskilt likna skog i fleire kommunar, bruker ein kolonnane A– C, og gjennomsnittsutrekninga blir gjennomført for kvar skog. Namnet på kommunen skogen ligg i, skal førast over kolonnen. Gjennomsnittsutrekning av skogbruksinntekt frå ANS/DA/sameige skal gjerast i eige skjema, RF-1220. Post 345 Her fører ein driftsresultatet for siste inntektsår (eksklusiv kapitalpostar), som ein hentar frå postane 274/332 Side 11 ovanfor for høvesvis skogbruk og reindrift. Post 347 Her kjem den utrekna gjennomsnittsinntekta for reindrifta fram. Post 348 Her fører ein det korrigerte driftsresultatet frå reindrifta, som ein hentar frå post 345. Post 349 Her kjem differansen mellom årsinntekta og gjennomsnittsinntekta i reindrifta fram, som det må korrigerast for i næringsoppgåva for at ein skal få fastsett den skattepliktige inntekta. Beløpet skal overførast til post 0402C i RF-1175 (eventuelt post 0402C i RF-1167). Post 350 Her kjem den utrekna gjennomsnittsinntekta for skogbruket fram. Post 351 Her fører ein det korrigerte driftsresultatet i skogbruket som blir henta frå post 345. Post 352 Dersom det skal overførast ei inntekt frå skogbruket (biomasse/vedporoduksjon) til jordbruket, fører ein beløpet frå post 270 inn i denne posten. Post 353 Her kjem den korreksjonen som skal førast i post 0402C i RF-1175 fram. (eventuelt post 0402C i RF-1167). XVI. Jordbruk/gartneri/pelsdyr – rekneskapsutdrag, og grunnlag jordbruksfrådrag Feltet skal fyllast ut, sjølv om ein ikkje krev jordbruksfrådrag. Dei som krev jordbruksfrådrag, skal krysse av på spørsmåla i post 439. Postane 411–429 Her fører ein ei oppstilling over brutto driftsinntekter i j/g/p (postane 3000 – 3900 i næringsoppgåva) fråtrekt totale driftskostnader – som fører til driftsresultatet i post 429. Dette er utgangspunktet for evt. utrekning av jordbruksfrådrag. Jordbruksfrådrag Ved utrekninga av allmenn inntekt kan det gjevast eit jordbruksfrådrag i positiv næringsinntekt frå jordbruk, gartneri, pelsdyrnæring og birøkt. Det vert ikkje gjeve jordbruksfrådrag i inntekt frå skogbruk og reindrift. Om frådrag for næringsdrivande innanfor reindrift, sjå nedanfor. Det blir kravd at den som har rett på jordbruksfrådrag innanfor dei nemnde næringane, driv denne verksemda med ein ikkje uvesentleg produksjon og omsetnad av eigne produkt. Frådraget er knytt til driftseininga. I dei tilfella ei driftseining består av fleire bruk, blir det gitt berre eitt frådrag. Der fleire brukarar som er eigarar av kvar si driftseining, driv former for samdrift, blir det gitt eitt frådrag til kvar enkelt brukar. Inntektstypar som gir rett til jordbruksfrådrag, vil vere dei som er omfatta av Finansdepartementet si forskrift til skattelova § 8-1 del B. Her inngår og inntekter frå ”anna næringsverksemd”, når bruttoomsetjinga ikkje overstig kr 30 000. Når dei øvrige vilkåra er oppfylt, vil også kapitalinntekter som normalt vart ført i den tidlegare næringsoppgåva for jordbruk inngå i grunnlaget. For å ha rett til frådraget må brukaren i over halvparten av inntektsåret 2014 ha vore busett på driftseininga. Uavhengig av kravet om busetjing blir det gitt jordbruksfrådrag til skattytar som driv birøkt eller pelsdyroppdrett som næring, dersom dei andre vilkåra er oppfylte. I særskilte høve knytt til generasjonsskifte – der den yngre generasjonen har overteke bruket – kan det dispenserast frå bukravet. Også forpaktarar som ikkje kan bu på bruket, kan få dispensasjon frå bukravet. I alle tilfelle må den som har rett til frådraget, bu rimeleg nær driftseininga (under 20 km vil alltid blir rekna som ”rimeleg nær”). ”Skiferfrådrag” Har du næringsinntekt frå skiferproduksjon i Finnmark eller kommunane Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord i Troms, kan du krevje eit spesielt frådrag i inntekta. Frådraget må du sjølv rekne ut og føre i sjølvmeldinga post 3.2.17. Om satsane og øvrige reglar, sjå nedanfor. Felles satsreglar for jordbruksfrådrag og reindriftsfrådrag: Frådraga utgjer for 2014 kr 63 500 pluss 38 prosent av den inntekta som overstig kr 63 500, opp til eit maksimalt frådrag på kr 166 400 per driftseining. For skiferfrådrag gjeld desse satsane: Frådraget utgjer for 2014 kr 54 200 pluss 32 prosent av den inntekta som overstig kr 54 200, opp til eit maksimalt frådrag på kr 142 000 per driftseining. Det vert aldri gjeve meir enn eitt frådrag per skattytar. Når skattytar driv meir enn ei av næringane jordbruk, reindrift og skiferproduksjon, skal frådraga reknast ut for kvar næring. Det kan til skattytar som har krav på meir enn eitt av frådraga, maksimalt gis kr 166 400 i frådrag. Generelt: Frådraga kan berre redusere inntekta frå desse verksemdene ned til null. Er inntekta frå slik verksemd t.d. kr 14 000, blir frådraget kr 14 000. Den verksemda som skal kunne gi rett til frådrag, må ha vore driven over halvparten av inntektsåret. Personar som deler inntekt frå den aktuelle næringa og leverer felles næringsoppgåve, skal fordele frådraget mellom seg i same forhold som dei respektive inntektene. For jordbruks-frådrag er det nok at ein av desse er registrert som busett på driftseininga, jf. ovanfor. OBS! Ved utrekning av grunnlaget for reindriftsfrådraget og skiferfrådraget skal passive kapitalinntekter knytt til desse næringane haldast utanfor. Utrekning av jordbruksfrådrag Postane 430–436 Her fører ein dei postane som i tillegg til driftsresultatet går inn i grunnlaget for utrekning av jordbruksfrådraget Postane 431 og 432 Her fører ein dei kapitalinntekter/kostnader som ikkje inngår i driftsresultatet, men som er knytta til jordbruksdrifta. Post 433 Valfritt kan dei som ønskjer det, ta ei sjablongutrekna inntekt frå biomasse/vedproduksjon i skogbruk eller anna næring inn i jordbruksinntekta for å auke grunnlaget for jordbruksfrådrag. For dei som overfører denne inntekta Side 12 frå skogbruk, skal beløpet hentast frå post 270 i skjemaet RF-1177 ”Landbruk”. Dette gjeld også i dei tilfella der skogen ikkje blir gjennomsnittslikna. Dersom overføringa skjer frå ”anna næring” (eks. vedproduksjonsvirksomhet), skal beløpet maksimalt utgjere 55 prosent av brutto produksjonsinntekt i verksemda. Inntekta i den næringa som biomasseinntekta er overført frå, må reduserast samsvarande i næringsoppgåva post 0402 kolonne C. Post 434 Når skattytar leverer næringsoppgåve 2, må denne posten nyttast for å korrigere for forskjellar mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar, tilbakeføring av renter ført i næringsoppgåva, korrigering for skattefrie inntekter/ikkje frådragsgodkjende kostnader m m Post 435 Her kjem ein fram til den totale ”næringsinntekta” frå jordbruk/gartneri/pelsdyrnæring/birøkt. Inntekta inngår i grunnlaget for utrekning av jordbruksfrådraget. Post 436 For deltakar i samdrift/ANS/DA i jordbruk eller pelsdyrnæring som evt. gjer krav på jordbruksfrådrag, skal den delen av grunnlaget for utrekning av jordbruksfrådraget som er knytta til selskapet førast her. Beløpet må hentast frå ”Deltakeroppgåva” RF1221, post 1155 minus post 1156. Nærare om utrekning av grunnlaget, sjå rettleiing til ”Deltakeroppgåva” RF-1222. Deltakar i samdrift ANS/DA som har krav på jordbruksfradrag, men som ikkje leverer eiga næringsoppgåve og RF-1177, reknar ut frådraget sitt ut frå grunnlaget som kjem fram i post 1155 i ”Deltakaroppgåva” RF-1221. Post 437 Her kjem det totale grunnlaget for utrekning av jordbruksfrådraget fram. Post 438 Her fører ein det utrekna jordbruksfrådraget. Posten skal berre fyllast ut når vilkåra er oppfylte, sjå overskrifta "Jordbruksfradrag" framanfor. Post 439 For å kunne fylle ut post 438 "Utrekna jordbruksfrådrag" må du ha svart "Ja" på begge kontrollspørsmåla i post 439. Vilkåra om butid kan være oppfylte dersom du har teke over eigedomen i generasjonsskifte, men framleis bur utanfor sjølve bruket. Dessutan kan du som forpaktar oppfylle krava til butid dersom du er forhindra frå å bu på eigedomen fordi bortforpaktaren bur der. Post 440 Her må det svarast på om inntekt av jordbruk/gartneri/pelsdyr som skal gå inn i grunnlag for jordbruksfradrag i post 437, stammar frå ansvarleg selskap med ei felles driftseining. Felles driftseining inneber at eininga maksimalt kan oppnå eitt jordbruksfradrag, som må delast mellom deltakarane. Ektefellar der begge krev jordbruksfrådrag må òg krysse "ja" her. XVII. Ektefellefordeling av dei spesielle frådraga Dei som krev fordeling av desse frådraga mellom ektefellar, må fylle ut feltet nedst på side 4 og føre beløpa i dei postane som det er vist til ovanfor. XVIII. Opplysingar vedr. gevinst (ved realisasjon av grunnareal frå jord- og skogbruk) som oppfyller vilkåra for fritak for utrekning av personinntekt, jf. sktl. § 12-11 (4) hage anser ein å ligge utanfor landbruksverksemda. Dersom det frå eit alminneleg gardsbruk eller skogbruk er realisert grunnareal som skal nyttast til ”tomt”, og den samla gevinsten i året ikkje overstig kr 150 000, skal gevinsten ikkje takast med i grunnlaget for utrekning av personinntekt. Er samla gevinst kr 150 000 eller lågara, skal han skattleggjast berre som kapitalinntekt. Overstig samla gevinst kr 150 000, skal heile gevinsten inngå i grunnlaget for utrekning av personinntekt. Om kva som skal sjåast på som ”tomt”, sjå sktl. § 9-3 (8) bokstav a og d. Det avgjerande er om prisen på grunnarealet i stor mon er bestemt av at arealet skal nyttast til anna formål enn jord- og skogbruk. Sal der kor kjøperen tek sikte på vidare utnytting av grunnarealet til landbruksverksemd, fell soleis utanfor fritaket. Sal av grunnareal tilknytta våningshus, kårbustad eller privat Post 451 Her fører ein utrekna inngangsverdi på arealet (inkl. evt. oppregulering). Post 452 Her kjem gevinsten fram. For å kome inn under regelverket, må gevinsten ikkje overstige kr 150 000. Side 13 Post 450 Her fører ein vederlaget (evt. fleire). Post 453 Dersom gevinsten skal førast over gevinst- og tapskonto (RF-1219), må det leverast eit eige eksemplar av skjemaet for denne gevinsten. Den del av gevinsten som skal takast til inntekt i året, skal førast i denne posten. Dersom heile gevinsten er inntekstført i året, fører ein same beløp i post 452 og post 453. Beløpet skal førast over til ”Skjema for utrekning av personinntekt” (RF1224), post 1.6, og gevinsten blir dermed trekt ut av personinntektsgrunnlaget.