MARKEDSSYMPOSIET 12.02.2015 Eg stod opp i otta før fuglane

Transcription

MARKEDSSYMPOSIET 12.02.2015 Eg stod opp i otta før fuglane
MARKEDSSYMPOSIET 12.02.2015
Eg stod opp i otta før fuglane feis
Frå Husnes til Bergen er det ei Amerikareis.
Eg skulle på symposium med sjølvaste eliten
Eg skal suga til meg kunnskap, skriva referat og toppa heile driten.
Eg sette meg i Terminus Hall med stor von
Og kjende angen av kapital og indremisjon.
Framme på podiet stod ein stabel med monopol
Eg hadde fått ei flaske vatn og eit grønt eple frå sydtyrol.
Camilla Schutz snakka om at vi gjentar det vi veit, det har lite nytte
I dag kan du glømma jobben, ta til deg kunnskap ved å lytte.
Ho er sjølvaste reklamforeningen og symposiet si mor
Og Morten William Knudsen er programleiar i år som i fjor.
Trude Drevland kom som ein stormvind frå vest
Å høyra på Brann sin største patriot er alltid ein fest.
Ho kasta sin glans med fokus på endringslyst
Ho skulle til Solstrand men måtte innom å sjå til oss fysst.
Med poesi, tagging og teikning skal konferansen bli noko heilt eige
Konferansen skal bli illustrert live av Birgers Oterutleige.
Gøran Adlen er ein framsynt svenske som har hatt både gynekologar og slalåmkøyrarar i hus
Han starta med å sei at framtida er ljus.
I framtida har mennesket skapt nya hot
80 prosent av jobbane i verda kan erstattast av ein robot
Det er vår eigen undergang me styrer i mot
Plutselig kjende eg meg som ein idiot.
Sidan 2002 har verda gått innihampen fort
I 2015 er det blitt eit helvete å laga trendrapport.
Men framtida den er popinator fin
Eg ynskjer meg Barry sin popcornmaskin.
Informasjonsflyten i 2015 går som ei kula
Og 11 prosent av oss prioriterer sms framfor å pula.
Endringane av haldningane i vår generasjon er heilt utrulig
Ein skal no helst skal dø ung så seint som mulig.
Mobiltjenesteutviklarane jobbar på om kapp
Microsoft har utvikla ein ekg bh og du kan lasta ned hunden din via ein app.
Me sjekkar epostar, facebook, twitter og sms på jobb, i soverom og stove
Me er i ferd med å bli nåken toskahåve.
Content marketing er inte någut nytt och udda
Det var i si tid innført av Buddha.
Sosiale media er den arenaen me brukar desidert mest tid
Den fyrste selfien vart teken i 1839.
Trendspanaren har mange hypotesar og mange svar
Og Madonna er eigentleg bibliotekar.
Mot i kvardagen er ute i det fri
Når du kan finna ei rævskår å parkera sykkelen i.
Tankane til trendspanaren er sterke
Det er kundane som eig vårt varemerke
Me må våga, me må elska, me må ha pasjon
Takk Gøran Adlen, du er ein fantastisk person.
Frode Ådland er Schibsted og Bergens Tidende sin marknadsmann
Han er opptatt av dei kulaste devicane han.
Strategien til BT Schibsted er klinkande klar
Dei vil inn i kvar jævla duppeditt me har.
Det er strekkode, qr-kodar og RFID på veg inn i alt i frå pengesedlar til legemiddelindustri
Hitachi har utvikla ein grensesprengane teknologi.
Det kjem beacons over alt i framtida må vita
Bergens Tidende veit kor du er til og med når du skal drita.
800 milliardar enhetar kjem i framtida til å vere på internett
Frå snøfresarar til akebrett.
Frode Ådland, du er ein entusiastisk og kunnskapsrik mann
Det er du som burde vore sjefen i Brann.
Ingrid Birkeland er merkevaresjef i Sparebanken Vest
Årlige marknadsplanar er det ho kan best.
Dei hadde så detaljerte planar, dei var heilt i teten
Med det resultat at dei mista fleksibiliteten.
Planlegginga skal no forenklast til beine
Nokre få punkt skal skinne åleine.
Det er små kampar som må kjempast, vi skal vinna alle vi kan
Seier hovudsponsoren til Sportsklubben Brann.
Alt vi kan gjere, gjer vi for at Vestlandet skal bli betre er ein filosofi av beste slag
Derfor gler Ingrid seg til å gå på jobb kvar einaste dag.
No kan dei snu seg på ein femøringen når beslutningar må te
No går det styggfort når dei skal setta rento ne’.
Bertrand Larsen har fått Petter Northug på gli
Det er derfor han er blitt så god på Strateski.
Sparebanken Vest si framtid skal bli trygga
Av unge vestlendingar som vil bygga.
I og med at strategiplanen har blitt trimma og slank
Er Sparebanken Vest i ferd med å bli unge Vestlendingar sin Hjertebank.
Flotte Ingrid, du traff meg du
Du har gitt meg trua på å TRU!
Det var minglepause med knask og knep
Og Husnes for Helvete er blitt et begrep.
No har eg funne twitterkontoen fram
Og trur eg må komma meg på instagram.
Erik Aarebrot er ein spanande fyr vil eg tru
Har har prøvd å unngå å sjå TV sidan 1997.
Erik har vore skjermtroll og heilt gira
Sidan han fekk sin fyrste Commodore 64.
Den digitale overdosen kom med interaktivetet på eit Commodoresmykke
Digital tannpuss på grøn skjerm var toppen av lykke.
Det glade 80 talet innførte skjermpress
Tenk på kjensla av å få inn i heimen ein leige-VHS.
90 talet starta den stigande mediatidstjuvkrisa
Driten starta i 1990 med søndagsavisa.
Skjermtida til Erik vart dobla no
Når han kunne zappa mellom NRK og TV2.
PCen vart plutseleg eit supplement til commodoren
Skjermhistorikken var framleis berre kome til våren.
Han var student, tv-fri, pc-fri og blakke
Skjermnerden stod på bar bakke.
Det var eit år utan tv og data
Det gjekk i øl, vennskap og cd-plata.
Det einaste som då var igjen
Var personsøkaren, hans beste venn.
Men i dag er alle typar skjermar på plass
Han har kindle i senga og ipad på dass.
Men skjermavrusningsviljen er framleis i orden
72 timar skjermfri er førebels rekorden
Han har tapt kampen, han hungrar etter neste Game of Thrones sesong
Han har ikkje tid til å barbera seg eingong.
Fantastisk inspirerande, no har eg muligheten å velga
Eg skal feira med å gje tenåringane mine skjermfri i helga.
Karsten Refsdal har sjølv teke initiativ
Til å forenkla kvardagen og få eit enklare liv.
Heftelsane kjeme rekande på ei fjøl
Målet må vera å auka tilgjengeligheten til seg sjølv.
Kutt ut alt som heiter gule lappar
Kutt drastisk ned på fristande appar.
Han argumenterte for kutting av tidstjuvar på spreng
Og konkluderte med at BT er den einaste avisa du treng.
Det er lett å lukka seg inne i eit skal
No er kvardagen hans heildigital
Kvitt deg med papiret, du kan få det te’
Tenk på at papir er til å tørka seg i hekken me’.
Du treng ikkje vera på twitter å kverulera
Du treng ikkje ta kopi av alt du makulera.
Du kan rydda plass i livet ditt med ryddig telefon
På desktoppen på pcen treng du berre 1 ikon.
Når du har utført endringane, heftige og store
Er monotasking det nye ordet.
Avslutnigsvis tok han eit stillhetsinitiativ
Kutt ned tempoet og få deg eit liv.
Hans-Petter Nygård-Hansen har hatt datamaskin sidan 1979
Den var det forsvarsdeler og kryssfiner i.
Dei siste 40 åra har det skjedd meir enn dei siste 10000 år
I løpet av 5 år er det 2,5 milliardar nye nettbrukarar på kloden vår.
Remarketing bør oppta meir av bedriftene si tid
Du må få handel ut av dei som er innom nettsida di.
du må skjønna at folk no hatar reklame
du vifta ikkje med larrissen før du har snakka med ei dame.
Michelin-guiden er både inspirerande og kjekk
Han er eigentleg laga for å selja dekk.
I dag handlar handling om museklikken
Me googlar så jævlig at me kan meir om varene enn han idioten i butikken.
Utan nerden stoppar verden
Kor mange kundar mistar du på ferden?
Notida er blitt totaltforvandla
Tenk om du kan snappa opp alle dei som har vore på sida di og ikkje handla?
Du må finna sporet på kor dei har tenkt seg hen
Og lokka dei tilbake til sida di igjen.
Internett er slett ikkje for pyse
-skal du få suksess må du vera glad i analyse.
Og så fekk me melding frå ein av dei som ikkje er normale
At monopol har røtene sine attende til 1800-talet.
Så var eg lunsjen og slo meg laus
Eg koste meg med varm krabbe og vaniljesaus.
Så var pausen slutt
Otergutta teiknar fantastisk løye uavbrutt.
Eg har ete så mykje at eg kjenner meg dopa
Så kom Tom Georg Olsen, ein av dei beste sjefane i Europa.
Han er dagleg tjenar i Miles, Norges beste arbeidsplass
Han har med seg hundre it-konsulentar som er klare til å gje gass.
Kva er suksessen til dette her?
Er unge Olsen rett og slett ein dyktig emissær?
Det handlar om å ha ein visjon
Og det handlar om å driva misjon
Og eg syns det er tøft rett og slett
At dei har dreve i 10 år utan budsjett.
Det gjeld å ha eit positivt medarbeidarsyn
Og tjenaren må spandera når gutta er på byn
Bjarte Bogsnes har komme med det nye store
Beyond budgeting er det nye ordet.
Og Tom Georg er ikkje i tvil
Om at det er rett å ha ein medvirkande ledarstil.
Han er glad i fotballterminologi
Og han har difor 11 bud i staden for 10.
Forventning og innfrielse er viktig at er så like som det går ann
Det er derfor det alltid går til helvete med Brann.
Han har og fleire viktige punkt på lur
Det er og viktig å omsetja tankegodset til kultur.
Tillit til medarbeidaren er bra
Hos Miles bestemmer den ansatte kva konferranse han skal reisa på og kva mobiltelefon han skal ha
Alle innkjøp er førte i opne loggar
Og tjenaren parktiserer som daglig rosabloggar.
Å laga mykje temakaker kan var eit slit
Dei er flotte å sjå på sjølv om dei av og til smakar drit
Når det er ein jobb der ein har intrikate problem å løysa
Så er det viktig å stoppa opp og tøysa.
Det er viktig å halda på venskapet og halda stemningen fin
I botn er det viktig med ordentlighet og disiplin.
Familiane ynskjer miles og å prega
Det skal vera godt for familien å vera ein Miles kollega.
Å ta norsk bedriftskultur til India går fint ann
Neste generasjons indarar skal skarra og heia på brann.
Eg fekk lyst å begynna i Miles og vera med å leka
Eg klara meg med ein million i året, og eg kan begynna i neste veka.
Tom Georg snakka med entusiasme til ein lyttande sal
Den viktigaste markedsføringa i ein bedrift er den humane kapital.
Eg skal predika arbeidsmiljø til sjefen min utan stans
No skal eg reisa heim og tørka meg med budsjettet hans.
Frode Drønen ville ha oss på nett må vite
Og lokka oss inn på kahoot.it
Her gjekk det unna i fleire rundar
Og plutselig hadde han rekruttert hundre nye horekundar.
Og det som var interessant med det
Er at det er 5 som trur at Brann rykke endå lengre ne’.
Det kom fleire interessante hypotesar med svar av ulik brøk
Og eg trur det er fyrste gong eg ikkje har opplevd at nåke sånt ikkje går til helvete i fyrste forsøk.
Distribusjonen dei siste hundre åra skrenka seg inn
I frå T-ford via Reitan til Finn.
No kan du bestilla kva som helst via nette eller appa
Du kan bestilla middag på nettet og få matkasse på trappa.
Det blir lettare å vera handlande kvinne og mann
Nå kan du gå på Vinmonopolet og handla i bøtter og spann.
No delar me alt me har, me har ingenting i sjul
Alle pular alle og så deler me til jul.
Kundens tidsalder er no komen til oss
Og du kan allereie ta deg ein interaktiv skitur på Voss.
No er eg så full av kunnskap at eg nesten gret
Eg har oppaggregert meg ein stor kunnskap om interaktivitet.
Kundeopplevelse må me tenkja alle våre dage’
Får du kjetchup og sennep på disken har du drete på drage’.
Bli kjent med kunden din sa han mellom anna
Det er betre med ein blid kunde enn ein som er forbanna.
Jorunn Flydal hadde content marketing på sin agenda
Dei har gjennomført den største undersøkelsen om content marketing i Norge kan henda
Kanskje det for nokon fristar
Å endra status frå annonsør til merkevarepublisistar.
Her gjeld det å halda kursen stø
VG var sure når Betsson hjelpe Tone Damli med å fø?
Content marketing hadde heile salen full peiling på sa dei nå
Eg så ingen benektande hender i veret, men mange ansikt med pinocchionaser på.
Men no er me vel belyste om innholdsmarknadsføring
Det er ei ny form for folkeforføring.
Det er ei marknadsføring som er lurt inn på kvar ein plass
Så du blir lokka til å shoppa mens du sitte på facebook på dass.
Så før du er ferdig med å trøkka på do
Så har ein liten kinamann begynt å pakka dine nye sko.
Og før du har lukka dassen si dør
Har du alt rukke å skifta mobiloperatør.
Dette er marknadsføring med lempe og list
Eg tenkjer at dette skulle besten ha visst.
Hadde besten sitt detta hadde han slått seg på rongo
Då hadde han bestilt seg tresko frå zalando og kåna frå kongo
Nei, jammen har eg lært utruleg mykje i dag
Kvinnherad Breiband skal byrja med content i morgon den dag
De skal bli utruleg gøy
Når me kan tilby interaktive tenester på Haukanes på Varaldsøy.
Takk Jorunn Flydal, no veit eg kva content marketing er
Så no kan eg ta den opprekte handa ner.
No har eg lært utrulig masse
Dette var ein leksjon av høg klasse
ANTI står for A new type of interference, det tok tid for meg å forstå
At heile greia eigentleg berre er eit dritfett reklamebyrå.
Eg er spent på kva Tom Morgan og Endre Berntsen har å sei
Eg gler meg i alle fall til å høyra på dei.
Tom Morgan is like a good wine
A gentleman frå England and a genius in design
Sorry, my english is not so good
Welcome to Bergen and old Norwegian wood
Tore Haugnes skal spele ut dei historiske korta
Han er den einaste i salen med rutete skjorta.
I dag har me sett utruleg mykje framtidsretta sake
Tor skal ta jobben med å trekka linjene tilbake.
Det blir godt å sjå framtida i eit historisk perspektiv
Heilt attende til den fyrste tida med intelligent liv.
Han skal ta oss attende mykje lengre attende enn farmen
Lenge før du kunne risikera å injisert RFID i endetarmen.
Dette har vore ein fantastisk dag
Med forelesarar av beste slag.
Takk Camilla for at eg fekk vere med på dette
Og takk til otergutta for tavla som snart er tette.
No skal eg heim med båten
Er så glad at eg nesten er på gråten
Dette har vore den beste konferansen i Norge
Direkte frå Terminus, Arne Torget