17.03.2015 - Hå kyrkjelege fellesråd

Transcription

17.03.2015 - Hå kyrkjelege fellesråd
Møtebok for Nærbø sokneråd
Møtedato:
Møtetid:
Møtested:
17.03.2015
kl. 18:00-21:00
Nærbø kyrkje (Grupperom 3 / spiserom)
Tilstede:
Tron Gudmestad, Gunvor Berge Risa, Marie Lie Harbo, Svein Helge Harbo, Maria Reime Birkeli, Ingrid
Ljøkjel Wold, Tone Torland Aarsland, Arne Reidar Hæåk, Håkon Høyland.
Meldt forfall: Soknepresten
Innkallinga vart godkjent
Meldingssaker
Sak 000013 Arbeid i kyrkjelyden
Samtala om:
Personar i kyrkjelyden opplevde at bønnestasjonen under gudstenesta var for nær personar som
sat på bakarste benker og derfor burde bønnestasjonen vera ein annan plass. Kari Torland gir
tilbakemelding om dette til temagudstenesteutvalet.
Sak 000014 Idemyldring til kyrkjelydsbladet
- Soknerådet ynskja kortare frist til utgiving av kyrkjelydsbladet.
- Takk til Ungdomspresten.
Sak 000015 Referat frå styremøte i Kyrkjelydsbladet.
Referat vart lagt fram.
Sak 000016 Referat frå møte i gudstenesteutvalet.
Referat vart lagt fram..
Sak 000017 Veival for framtidig kyrkjeordning-høyring februar til mai 2015
Svein Helge Harbo orienterte om «Veival».
Sak 000018 Samling med stab og sokneråd på Himmel og Hav Sola
Soknerådet i Nærbø inviterer igjen staben til ein «delekveld».
Måndag 23. mars kl. 18:00 drar me frå kyrkja.
Der vil me få eit måltid varm mat og eit ord for dagen, før me set oss i salongen og drøser
omkring forventningar og samarbeid mellom sokneråd og stab. Drøsen skal ikkje vera heilt utan
mål og meining, difor vil me at de alle skal tenka litt på desse spørsmåla:
• Kva forventningar har du til dei andre i sokneråd og stab? (her må me vera konkrete, og ikkje
berre «at dei gjer jobben sin»)
• Korleis vil eg at sokneråd og stab skal samarbeida?
Så håper me at me får ein fin kveld med mange gode innspel!
Sak 000019 Årsmøte for kyrkjelydsbladet blir 24. mars kl. 20:00-21:30 i Nærbø kyrkje
Er det moglegheit for at sponsorer kan spørjast frå april til april i staden for rett etter nyttår?
Denne saka kan nemnast på årsmøte:
Sak 000020 Årsmøte 15. mars kl. 19:00
Trond leda møtet og la fram årsmelding og rekneskap.
Kari bestilte pizza. Tone og Ingrid tok med kake.
Andakt ved Jon Aarsland
Kateket la fram trusopplæringsplanen
Soknepresten orienterte om gudstenestereformen
Soknerådet rydda etter årsmøtet.
Påskefrokost
Det blir ikkje påskefrokost 1. påskedag dette året.
Invitasjon til Sjømannskirkens regionårsmøte 2015 på Undheim.
Nærbø kyrkjelyd har fått invitasjon til å delta med ein utsending på Sjømannskirkens
regionårsmøte på Undheim den 26. april. Kari Torland har fått Torgunn Nærland til å vera
utsending for Nærbø kyrkjelyd.
På dåpsskulen og konf.camp ser me at ikkje alle medlemmer ligg inne i medarbeidaren og
dermed ikkje fått invitasjon om dåpsskulen og konf. camp. Dette problemet ligg hjå kyrkjerådet.
Trusopplæringsplanen
- Orienterte om trusopplæringsplanen på årsmøte
- Informere på heimesida når trusopplæringsplanen er godkjent
- Informere i kyrkjelydsbladet
- Informere på gudstenester
Nattverd
Soknerådet føreslår at soknepresten skriv i kyrkjelydsbladet om korleis ein som ikkje klarer å gå
fram til nattverd likevel kan få nattverd.
Sak 014/15 Auke utleigeprisane?
Vedtak:
Soknerådet godkjenner auke i utleigeprisane.
PRISLISTE FOR LEIGE AV NÆRBØ KYRKJE
Konserter (inkl. betjening)
Kommersielle omreisende turnéer på ukedag
Kommersielle omreisende turnéer på helg/helgedag
Lokale konserter
min. kr. 9.000 eller 15% av bto billettsalg
min. kr. 12.000 eller 15% av bto billettsalg
15% av bto billettsalg/kollekt (min kr. 2.500,-)
Inkl. i denne leieprisen er:
Betjening til å styre
*Et grunnoppsett for lyd og lys (kirkens anlegg)
*Brannvakt
Av sikkerhetshensyn skal der ikke leigast ut til store arrangement uten betjening.
Leige av lokaler (uten betjening)
Kyrkjestova (inkl. kjøkken nede)
Noas Ark/ kjeller (inkl. kjøkken nede)
Kyrkjesal (til fordedrag/ konferansar
inkl. kjøkken nede)
Pris
kr. 2000,kr. 2500,kr. 3000,-
Sak 015/15 Søknad om julekonsert den 13. desember 2015.
Vedtak:
Soknerådet godkjenner at Taran AS i samarbeid med Strømmestiftelsen kan ha julekonsert i Nærbø kyrkje
13. desember kl. 21:00. Kari Torland sender leigeskjema.
Sak 016/15 Avslutning av konto i Nærbø Spare Bark 1 SR-Barn
Vedtak:
Saka utsettes til neste møte
Sak 017/15 Lederweekend på Horve
Vedtak:
Soknerådet sponsar midlar til leiartrening på Horve for ca 30 leiarar i 8. klasse og oppover i vår. Midler blir
tatt frå ungdomsarbeid
Sak 018/15 Søknad om ettåring i Nærbø kyrkje
Vedtak:
Nærbø sokneråd godkjenner søknaden for Torgeir Nesse som ettåring i Nærbø kyrkje skuleåret 2015 og
2016.
Sak 019/15 Status 10-årsjubileum
Vedtak:
Laurdag 11. april: Steikja lappar utanfor Coop mega. Husfellesskapet for ungdom v/ Tor Martin Birkeli og
Gunvor B. Risa tek ansvar for dette.
Besøkja eldre og gi ei rose. Lars Sigurd Tjelle ,Randi E. Opstad og Diakoniutvalet .
100 stk T-skjorter med 10 års jubileum Nærbø kyrkje og laga foldar med program til jubileumsveka. Lars
Sigurd Tjelle.
• Søndag 12. april: Familiegudsteneste med Emmaus og Jæren gospelkor. Lars Sigurd Tjelle.
Husfellesskapet v/ Bjarne Harbo og soknerådet har ansvar for kyrkjekaffi. 6. personar frå husfellesskapet
møter kl. 10:00 og har med 5. kaker. Ingrid leverer kanelruller. Maria R. B. og Svein Helge lappar. Tone
bollar og Kari kake. Soknerådet hjelper til på kyrkjekaffien og ryddar etterpå.
• Tysdag 14. april: Arrangement på biblioteket kl.19:00. Lisabet Risa les kyrkjehistorie frå Nærbø
«Nærbøkyrkja gjennom 1000 år». Ingrid L. Wold.
«Barneselskap» i kyrkja kl.17:00. Glad Sang deltek. Jarle Waldemar kjem. Gunn A. Stokka og Helene B.
Kalleberg har ansvar.
• Onsdag 15. april: Stavanger bispedømmes kirkesangforbund skal vera med med Hovlands
pilgrimsmesse og Jæren kammerkor. Anne Sofie Haarr deltek. Lars Sigurd Tjelle er liturg. Stein Johnsen er
kyrkjetenar.
• Fredag 17. april: Global kafé på kommunehuset kl. 18:00-20:00.
• Fredag 17. april: Ungdomsarrangement. Dag Øivind Østereng saman med ungdommar.
• Laurdag 18. april: Vi over 60 kl 14:00. Svein Helge leiar møte. Ragnhild Elisabeth Hoel og Randi E.
Opstad deltek med song. Jan Roald og Karin Dahlstrøm deltek. Tor Syvert Aass skal visa ein bildeserie frå
kyrkja i 10 år.
- Arrangement på biblioteket kl. 12:00. Film «Fride på skipet» for barn frå 5-7 år. «Frida åtte år bur på
verdens største sykehusskip. Kvar dag opplever Frida noko spennande». Ingrid har ansvar.
• Søndag 19. april: Jubileumsgudsteneste. Ragnhild E. Hoel tek kontakt med musikkorpset og Jæren
kammerkor. Prost Kjell Børge Tjemsland deltek. Lars Sigurd Tjelle.
- Soknerådet bestiller ei stor jubileumskake og ispinnar.
Kari Torland har sendt invitasjon til dei personane som soknerådet har bestemt.
Sak 020/15 Auka stillinga til trusopplæraren i Nærbø sokn
Vedtak:
Nærbø sokneråd vil auke stillinga til trusopplæraren i Nærbø sokn med 20% frå 60% – 80% frå 01.08.15.
Soknerådet ber fellesrådet om å godkjenne denne auken.
Sak 021/15 17. mai 2015
Vedtak:
Organisering av 17. mai 2015.
 Tron Gudmestad er med i 17. mai komiteen og tek ansvar at lyset kjem på den 16. mars kl. 16:30.
Soknerådet møter for bæring av stolar.
 Joleif Hobberstad gjer klar mikrofonen. Tron Gudmestad tek ansvar og set ut stolar ved Nærbø gml.
kyrkje ved Kransenedleggjing etter gudstenesta.
 Jan Arne Wold tek ansvar for lyd.
 Svein Helge Harbo tek ansvar for å få pianoet på plass.
 Kyrkjevertar: Åslaug, Svein Helge Harbo og Kari Torland.
 Jæren gospelkor deltek.
Sak 022/15 Søknad om ein kulturkveld/konsert me fokus på det Tobias Skretting har skre
Vedtak:
Soknerådet godkjenner kulturkveld/konsert med fokus på det Tobias Skretting har skreve. Desse vert med :
«Lappeteppe», Tor Salte og «Freemenn».
Overskotet av konserten skal gå til eit bistandsprosjekt i Kamerun som støttes av Rogaland Bygdekvinnelag,
Rogaland Bondelag, Rogaland 4H.
Sak 023/15 Visitas i Nærbø kyrkje
Vedtak:
Det blir visitas i Nærbø kyrkje den 8.-13. mars 2016
Sak 024/15 Evaluering av årsmøte 2015
Vedtak:
Soknerådet drøfta desse sakene:
- Ulike meiningar om kva gudstenester det skal vera nattverd.
- Nokre ønska ikkje både dåp og nattverd på gudstenestane.
- Ungdomsarbeid etter konfirmasjonen.
- 50 konfirmantar ønskjer å vera med i husfellesskapsgrupper. Kari Torland hadde liste med namn frå staben
som soknerådet skal ringja og spørja om å ha heimegruppe heime hjå seg. Ønskjer grupper frå påske og
fram til jul.1 til 2 gonger i månaden.
- Sokneråd og stab skal drøfta ungdomsutval på samling på Himmel & Hav måndag 23. mars.
For Nærbø sokneråd
Kari Torland
Sekretær